8 Framstilling av arealplankartet

Framstillinga av arealplankartet skal følgje reglane gjevne i kart- og planforskrifta §§ 9 og 10, og i den tekniske fagstandarden SOSI Plan, som er ein bransjestandard som skal spegle gjeldande rettstilstand. Realiseringa av fagstandarden skjer ved bruk av nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister (NPAD).

Fagstandarden og NPAD skal dessutan brukast slik at dataa skal kunne takast inn i det digitale planregisteret til kommunane, jf. NPAD del 4. Det er den siste versjonen av fagstandarden for Plan som skal brukast når eit nytt arealplankart skal lagast.

Presentasjonsmålestokk for plankartet til arealdelen i kommuneplanen skal normalt vere i området 1:20 000 til 1: 50 000.

Kommunedelplan er del av arealdelen i kommuneplanen og dermed også ein oversiktsplan, men han omfattar ein avgrensa del av kommunen. Han er ei utdjuping av arealdelen i kommuneplanen, og er derfor gjerne meir løysingsorientert for å gje meir detaljerte føringar for arealbruken.

Presentasjonsmålestokk for kommunedelplan i byggjeområde skal normalt vere 1:5 000 eller 1:10 000. For område med detaljert og samansett arealbruk som krev større målestokk enn 1:5 000, bør det brukast områderegulering etter plan- og bygningslova § 12-2. For store område med einsarta arealbruk og enkle forhold kan det unntaksvis brukast målestokk 1:20 000 eller 1:50 000.

8.1 Generelt om plankartet

  • Plankartet skal på ein tydeleg måte skilje mellom plandata og basiskart. Basiskartet er det kartet som blir brukt for å framstille planvedtaket, det vil seie det kartet som dannar underlag (gjev geografisk referanse) for plandataa, eller «kartet som planen blir teikna på».
  • Underliggjande basiskart blir utforma som strekkart utan fylte eller skraverte flater og framstilt i gråtonar. Fargen RGB 153-153-153 skal nyttast for alle tema på basiskartet. (Ortofoto skal ikkje nyttast som basiskart.)
  • Plankartet må verken underslå relevant informasjon eller framheve bestemt informasjon på ein slik måte som gjev mottakaren eit uriktig bilete av det underliggjande informasjonsmaterialet. Ifølgje plan- og bygningslova § 11-5 skal alt areal i kommunen vere dekt med arealføremål i arealplanen i kommuneplanen. Det er eitt unntak frå denne regelen: Område det er reist motsegn til og areal som er unnateke rettsverknad, kan teiknast kvitt.
  • Elles gjeld at arealdelen i sjøområde ikkje skal strekkje seg lenger ut enn til éi nautisk mil (1852 meter) utanfor grunnlinjene, jf. plan- og bygningslova § 1-2 andre leddet.

8.2 Plannamn

  • Namn på plankart skal ha same namn som i resten av plandokumenta (gjennomgåande namnsetjing).
  • Namn på kommuneplan kan ha følgjande tre former
    • arealdelen i kommuneplanen for …
    • kommunedelplan for …
    • mindre endring av kommune(del)plan …
  • Arealplan skal bruke namnsetjing i tråd medlov om stadnamn

8.3 Teiknforklaringa på plankartdokumentet

  • Teiknforklaringa skal normalt plasserast i nedre høgre hjørne på plankartdokumentet.
  • Målestokken skal visast på plankartdokumentet med målestokktal og målestokklinjal.
  • Teiknereglane for basiskartet treng ikkje å inngå i teiknforklaringa, men kan inngå.
  • Teiknforklaringa skal skilje mellom flater, linjer og symbol som viser rettslege verknader og annan informasjon.
  • Berre fargar og strek- og punktsymbola som er nytta på plankartet, skal visast på teiknforklaringa.
  • Arealplanar som inneheld fleire kartutsnitt, skal ha system for å skilje og identifisere dei ulike utsnitta frå kvarandre og vise samanhengen mellom dei.
  • Dersom planen består av fleire utsnitt, som av praktiske grunnar må fordelast på fleire ark, skal teiknforklaringa innehalde tekst om kor mange separate ark plankartet er fordelt på.
  • Dersom kartutsnitt eller illustrasjonar som er gjort rettsleg bindande gjennom føresegn har avvik frå teiknforklaringa på hovudkartet, skal desse ha eiga teiknforklaring.

Figur 8.1 Døme på teiknforklaring til innhald i arealdelen i kommuneplanen. (Teiknforklaringa manglar dato for uttrekk av basiskart og høgdereferanse)

Figur 8.2

8.4 Markering av koordinatnettet og nordpil

  • Nordpil skal plasserast i teiknforklaringa. Dersom teiknforklaringa skal vere eit eige dokument, og brukast som ein del av fleire plankart, kan nordpil plasserast i kartdelen i staden.
  • Kartet skal orienterast nord–sør. Dette gjeld også dersom plankartet består av fleire utsnitt. Når plankartet blir orientert med anna kompassretning enn nord opp, får omsynssoneskravur og påskrifter feil retning. Anna orientering av kompassretninga enn nord opp i kartet gjer plankartet mindre leseleg, og ein kan tolke plankartet feil.

8.5 Generelt om basiskartet

  • Plankartdokumentet skal gje opplysningar om kva for horisontalt geodetisk grunnlag, høgdegrunnlag og kva for kartprojeksjon (eksempelvis NN2000, UTM sone 32) som er nytta.
  • Uttrekksdatoen for basiskartet skal påførast teiknforklaringa og skal følgje med som metadata ved utveksling av kartdata. Merk at basiskarta, til dømes FKB, matrikkeldata og verneområde, kan ha ulik uttrekksdato.
  • Dato for datauttak bør ikkje vere eldre enn seks månader for FKB-data i område med byar og tettbygde strøk. For grisgrendte strøk, skog- og fjellområde kan eit eldre kartgrunnlag aksepterast.
  • Kjelde for geodata som er brukt i basiskartet, skal gå fram, medrekna opplysningar om ajourføringsdato og eventuell tilleggskartlegging i privat regi. Aktuelle kjelder kan vere FKB eller N50.
  • For digitale plankart må ein sjå til at spesifikasjon som nemnt i første punkt, følgjer med dersom digitale plantema blir eksporterte (utveksla) utan basiskartet.

8.6 Opplysningar om handsaminga av planen

Følgjande informasjon blir lagt inn i tittelfeltet i plankartdokumentet

  • kommunenamnet
  • opplysningar om sakshandsaminga, til dømes dato, arkivreferanse, datoar for handsamingar i planprosessen, tidsrom for offentleg ettersyn og vedtak
  • når planen er utkast til bestemt handsaming
  • kven som har utarbeidd og eventuelt revidert planen
  • når plankartet er godkjend med endeleg verknad
  • dato for kommunen si kunngjering av planvedtaket

8.7 Tekst på plankartet

Teksten på plankartet bør avgrensast for å unngå at kartet blir feiltolka og vanskeleg å lese. Berre tekst som er viktig for å forstå planen, bør nyttast, til dømes referansar mellom føresegner og plankart. Behovet for tekstinformasjon som skal påførast plankartet, må vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Følgjande tekstinformasjon vil i dei fleste tilfelle gje dei mest nødvendige opplysningane

  • Arealføremål med eventuell forkorting for arealføremål kodenamn i kommuneplan). Det er utarbeidd ei liste over kodenamn for alle føremål for å gjere plankartet meir leseleg for fargeblinde. Ved å bruke kodenamna vil plankartet også vere universelt utforma. Liste over kodenamna ligg på Plankartsida.
  • Grad av utnytting, medrekna minimum og maksimum utnyttingsgrad
  • Omsynssone med påført tekst om omsynsonetype og serienummer (omsynsonenamn)
  • Område for føresegner med påført løpenummer (føresegnsområdenamn)
  • Regulert høgd
  • Målsetnad av avstandar og breidder: avstand frå senterlinje til føremålsgrensa, vegbreidde, avstand til byggjegrense med meir
  • Kurveradiusar

8.7.1 Arealføremål

Områdenamn i arealdelen i kommuneplanen på føremålsflater har fleire oppgåver

  • Skal formidle kva føremål arealet blir planlagt nytta til. Bruk kodenamn og forkortingar opplista i teiknereglane eller forkorting for tekst i hovudinndelinga til plan- og bygningslova § 11-7.
  • Skal knyte føresegner til eit definert føremål.
  • Kan nyttast for å definere kva for areal som skal vere til offentlege føremål, fellesareal eller anna eigarform, jf. omtale under om eigarform i plankartet.

Områdenamn skal brukast med inntil 20 teikn, og bør ha denne forma

  • <Bokstavkode for arealbruk><Løpenummer>

Løpenummer blir tildelt fortløpande innanfor same type føremål. Når talet på område av same type overstig ni, nyttar vi leiande null for tala 1–9 (01, 02 osv.).

8.7.2 Omsynssone

Namnet på omsynssona skal påførast plankartet, og skal vise

  • kva slags omsynssone det dreier seg om
  • kjenneteikn for å knyte føresegner til akkurat denne omsynssona
    • Løpenummeret refererer til føresegnene.
    • Omsynssonenamn skal vere på forma:
      • H<Kode for hensynssonetype>_<Løpenummer>

Kommentarar til dei enkelte ledda

  • Alle omsynssoner skal starte med bokstaven H for å vise at dette er ei omsynssone.
  • Kodenummer for omsynssonetype: Alle omsynssoner i vedlegget i forskrifta I er tildelte ein unik tresifra talkode som viser type sone.

Tekst på omsynssoner kan trekkjast ut til teiknforklaringa, slik at det går fram kva for omsynssoner som inngår i planen, og kva for område tala refererer til.

8.8 Bruk av linjer og punkt i plankartet

Kart- og planforskrifta vedlegg I bokstav C slår fast kva for arealføremål og føresegner som kan visast som linjer eller punkt i plankartet.

8.8.1 Samferdselslinjer

Fleire arealføremål som omfattar samferdsel, kan visast som linjer i plankartet. Det omfattar

  • fjernveg
  • hovudveg
  • samleveg
  • tilkomstveg
  • gang-/sykkelveg
  • sykkelveg
  • gangveg
  • turveg eller turdrag
  • skitrekk
  • jernbane
  • sporveg
  • taubane
  • kollektivtrasé
  • farlei
  • småbåtlei
  • vatn
  • avløp
  • kraftleidning
  • overvasstrasé
  • trasé for teknisk infrastruktur

Samferdselslinjer skal teiknast i samsvar med Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 2. Storleiken og forma symbola har på kartet markerer i seg sjølv inga form for arealmessig utstrekning. Breidda som linja er teikna med, har ikkje noko å seie i seg sjølv. Samferdselslinjer er derfor mest eigna til å vise lokaliseringa av linjeføringa, og må som oftast følgjast opp gjennom reguleringsplan for å kunne styre arealbruken langs linja meir detaljert.

Der det ikkje er stilt krav om reguleringsplan, skal arealdelen i kommuneplanen følgjast ved etablering av nye tiltak, jf. plan- og bygningslova § 11-6 tredje leddet. Det gjeld også for tiltak i samsvar med samferdselslinjer.

Følgjande tekniske anlegg knytte til jernbane kan etablerast på slikt grunnlag

  • køyreveg og spor (underbygning/overbygning)
  • rasoverbygg
  • kontaktleidningsanlegg
  • signalanlegg
  • teleanlegg
  • master
  • trafokioskar (banestraumforsyning og elektro)
  • jernbanebruer, overgangsbruer og planovergangar
  • plattformer og tilhøyrande ramper
  • fundament for jernbaneanlegget
  • støttemurar, gjerde, støyskjermar og støyvollar
  • fyllingar, skjeringar og grøfter
  • tunnelar, tunnelportalar, tverrslag og kulvertar
  • skilt som er nødvendige for drift av jernbana
  • anleggs- og driftsvegar
  • og liknande tiltak

Følgjande tekniske anlegg knytte til veg kan etablerast på slikt grunnlag

  • køyreveg
  • signalanlegg
  • teleanlegg
  • master
  • trafokioskar (straumforsyning og elektro til belysning og signalanlegg)
  • bruer og overgangsbruer
  • fundament for stolpar
  • støttemurar, gjerde, støyskjermar og støyvollar
  • fyllingar, skjeringar og grøfter
  • tunnelar, tunnelportalar, tverrslag og kulvertar
  • skilt som er nødvendige for drift av vegen
  • og liknande tiltak

8.8.2 Føresegner fastsette med linjer

Føresegner til arealdelen i kommuneplanen kan fastsetjast som linjer. Det omfattar

  • byggjegrense
  • forbodsgrense sjø
  • forbodsgrense vassdrag
  • strandlinje sjø
  • strandlinje vassdrag
  • midtlinje vassdrag

Føresegner fastsette med linjer er i ein del samanhengar omtalte som «juridiske linjer», bl.a. i Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister.

Linjene for strandlinje sjø, strandlinje vassdrag og midtlinje vassdrag er som regel faktiske opplysningar om topografiske forhold. Fastsetjing av ny strandlinje eller midtlinje gjennom føresegner kan vere aktuelt i nokre tilfelle. Slike tilfelle vil vere utfylling eller flytting av den topografiske plasseringa av strandlinje sjø, strandlinje vassdrag og midtlinje vassdrag.

Føresegner fastsette med linjer skal teiknast i samsvar med Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 2.

8.8.3 Føresegner fastsette som punkt

Føresegner om vegkryss og kollektivknutepunkt kan visast som samferdselspunkt i plankartet.

Samferdselspunkt skal teiknast i samsvar med Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 2. Storleiken og forma symbolet har på kartet markerer i seg sjølv inga form for arealmessig utstrekning. Samferdselspunkt blir brukte til å vise lokaliseringa av punktet, og må som oftast følgjast opp gjennom reguleringsplan for å kunne styre arealbruken på staden meir detaljert.

8.9 Innteikning av føresegnsområde

Område med fastsette føresegner kan visast på to måtar på plankartet

  • med # og løpenummer innanfor eit arealføremål,
  • med # og løpenummer innanfor ein polygon som er avgrensa med føresegnsområde med eigenskapane KpBestemmelsesOmråde og KpBestemmelsesHjemmel

8.10 Eigarform i plankartet

Eigarform er aktuelt å forankre i planføresegner. Føresegner om eigarform er heimla i § 11-10 nr. 3.

Ved framstilling av plankartet skal eigenskapen eigarform brukast på føremålsflatene. Eigenskapen seier ikkje noko om eigarforholda på planleggingstidspunktet, men viser kva for areal det offentlege må sikre seg eigedoms- eller bruksrett til for å få gjennomført planen.

Når føremålsflate er påført med eigarform, skal dette synleggjerast i plankartet. Eigarform skal påførast på plankartet med liten bokstav for ikkje å forvekslast med kortform av føremålsnamn. Aktuelle kodar på eigarform som tekst på plankartet

  • o = offentleg føremål
  • f = fellesareal for markerte eigedomar

Døme på korleis eigarform blir inkludert i føremålsnamnet som ein del av feltnamnet

  • Offentleg; o_Undervisning
  • Felles; f_Parkering

Påskrift på plankartet med «annan», «privat» o.l., (t.d. «privat avkøyrsle») skal ikkje brukast, då dei er heilt utan rettsleg tyding. Eigarformtypen skal likevel brukast når planen blir konstruert digitalt.

8.11 Presisjonen i plankartet

Arealplanen blir vedteken med eit plankart i ein bestemt kartmålestokk. Arealføremål og føresegner fastsette i plankartet vil dermed i utgangspunktet vere fastsette relativt i forhold til kvarandre og andre opplysningar baserte på den aktuelle symbolbruken – ikkje dei underliggjande koordinatane. Til dømes kan det i praksis tyde at ei fastsett føremålsgrense ikkje kan setjast ut i terrenget basert på koordinatverdiane, men må setjast ut basert på ei nærare tolking av fleire opplysningar opp mot kvarandre. For arealdelen i kommuneplanen i utmarksområde kan dette fort dreie seg om forskjellar på titals meter.

Ein arealplan utarbeidd på vektorformat skal innehalde nødvendig informasjon for å kunne handsamast digitalt, med eit eintydig plankart, jf. kart- og planforskrifta § 10 første leddet første punktum. Det omfattar bl.a. krav til data om kvalitet og nøyaktigheit, jf. Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 3.1.

I den digitale planen er alle punkt, linjer og ytre avgrensingar av areal og andre område (polygon) oppførte med kartkoordinat i det nasjonale geodetiske grunnlaget. Dette opnar for ei effektiv gjennomføring av planen ved at koordinatane i planen blir overførte maskinelt til den som skal gjennomføre planen. Ein gravemaskinførar kan til dømes planere ein veg berre basert på den digitale modellen som blir representert gjennom koordinatane i planen. Dette føreset likevel at planen er konstruert med tilstrekkeleg presisjon, noko som igjen føreset at basiskartet og annan geografisk informasjon som planen baserer seg på, har tilstrekkeleg detaljering, nøyaktigheit og kvalitet.

Til forsida