Meld. St. 27 (2022–2023)
Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida
Melding til Stortinget
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 20. juni 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Meldinga viser korleis regjeringa legg til rette for at folk har tilgang til arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur. Meldinga viser retning for distriktspolitikken framover, gjennom tiltak som allereie er sett i verk og prosesser som er under arbeid i dei ulike departementa.