3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 21 674,7 mrd. kroner ved utgangen av 2025, tilsvarande ein auke på 1 558,4 mrd. kroner frå utgangen av 2024. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
|
2024 |
2025 |
Endring |
|
|---|---|---|---|
|
SPU |
19 735 145 |
21 257 825 |
1 522 680 |
|
SPN |
381 115 |
416 850 |
35 735 |
|
Sum Statens pensjonsfond |
20 116 259 |
21 674 675 |
1 558 415 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2025 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank, som i 2025 vart revidert av revisjonsfirmaet Ernst & Young AS.
Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane mellom fondet og statskassa spesifiserte.
Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 1 522,7 mrd. kroner i 2025. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 664,0 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2025 vart det overført 480,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2025 òg netto finanstransaksjonar som påverka resultatet i SPU2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 199,3 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 444,4 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 758,4 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 1 151,8 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 1 155,3 mrd. kroner som følgje av styrka kronekurs i 2025. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 2 362,1 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).
Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)
|
Overføring til SPU |
2024 |
2025 |
|---|---|---|
|
Januar |
38 000 |
25 000 |
|
Februar |
30 000 |
29 000 |
|
Mars |
28 000 |
24 000 |
|
April |
29 000 |
25 000 |
|
Mai |
33 000 |
25 000 |
|
Juni |
34 000 |
32 000 |
|
Juli |
34 000 |
32 000 |
|
August |
30 000 |
23 000 |
|
September |
35 000 |
28 000 |
|
Oktober |
35 000 |
29 000 |
|
November |
40 000 |
24 000 |
|
Desember |
43 000 |
31 000 |
|
Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*) |
409 000 |
327 000 |
|
+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor |
-4 046 |
6 445 |
|
- Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar |
398 509 |
323 384 |
|
For lite (-) /mykje overført til SPU i år |
6 445 |
10 061 |
*) For 2025 vart det til saman overført 327,0 mrd. kroner til fondet. I 2024 vart det overført 6 445 mill. kroner for mykje til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2024. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2025 enda opp med å vere 10 061 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2024 skulle tilseie, slik at statskassa har ei fordring på SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2025 er netto avsetjing 323,4 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2025 er bokført til 21 257,8 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 21 267,9 mrd. kroner og mellomrekninga på 10,1 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 7 (2025–2026) Statens pensjonsfond 2026.
Den 27. februar 2026 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2025. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 21 267,9 mrd. kroner ved utgangen av 2025. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 15,1 prosent for heile 2025 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 19,3 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 5,4 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane 4,4 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane 18,1 prosent.
Verdien av den norske krona styrka seg i 2025 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 1 155,3 mrd. kroner lågare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2025 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,04 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 182 mill. kroner i 2025 mot 1 543 mill. kroner i 2024. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 7 537 mill. kroner i 2025, mot 7 390 mill. kroner i 2024. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2025, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 7 (2025–2026) Statens pensjonsfond 2026, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.
Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)
|
Notar |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|
|
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) |
1 |
702 159 |
664 005 |
|
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) |
2 |
42 801 |
139 575 |
|
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) |
3 |
-346 451 |
-480 197 |
|
Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet |
398 509 |
323 384 |
|
|
Avkastning av plasseringane til fondet |
4 |
3 575 870 |
1 199 296 |
|
Samla endring SPU |
3 974 379 |
1 522 680 |
1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
|
Kap. |
Post |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|
|
INNTEKTER |
||||
|
5507 |
Skatt og avgift på utvinning av petroleum |
|||
|
71 |
Ordinær skatt på formue og inntekt |
132 693 |
119 371 |
|
|
72 |
Særskatt på oljeinntekter |
278 774 |
254 382 |
|
|
74 |
Arealavgift m.m. |
1 180 |
1 259 |
|
|
Sum kap. 5507 |
412 647 |
375 012 |
||
|
5508 |
70 |
Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen |
7 695 |
7 886 |
|
5509 |
70 |
Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen |
-3 |
0 |
|
5440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda |
|||
|
24 |
Driftsresultat |
234 153 |
231 623 |
|
|
30 |
Avskrivingar |
29 600 |
38 288 |
|
|
80 |
Renter av statens kapital |
4 026 |
5 331 |
|
|
85 |
Renter på mellomvære |
-11 |
-76 |
|
|
Sum kap. 5440 |
267 768 |
275 165 |
||
|
5685 |
85 |
Utbyte frå Equinor ASA |
62 578 |
34 656 |
|
Sum inntekter frå petroleumsverksemda |
750 685 |
692 719 |
||
|
UTGIFTER |
||||
|
2440 |
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda |
|||
|
30 |
Investeringar |
35 397 |
30 579 |
|
|
31 |
Kjøp av eigedelar |
13 129 |
-1 865 |
|
|
Sum utgifter til petroleumsverksemda |
48 526 |
28 714 |
||
|
Sum netto kontantstraum |
702 159 |
664 005 |
||
|
2800 |
Statens pensjonsfond utland |
|||
|
50 |
Overføring til fondet |
702 159 |
664 005 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
I 2024 og 2025 vart det seld aksjar til Equinor ASA for innløysing for høvesvis 42,8 mrd. kroner og 42,7 mrd. kroner, som ledd i Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar. Inntekta inngår i finanspostar overført til SPU. I tillegg er det på kap. 2800, post 96 løyvd tilbakeføring av til saman 96,8 mrd. kroner frå statens kontantbehaldning til SPU i 2025, jf. omtale i avsnitt 8.1 i Prop. 1 S (2024–2025) og 2.14 i Prop. 146 S (2024–2025). Samla vart det løyvd 139,6 mrd. kroner under kap. 2800, post 96 i 2025. Netto finanstransaksjonar inngår i resultatoppsettet for SPU, jf. tabell 3.3 ovanfor.
|
Kap. |
Post |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|
|
3955 |
Equinor ASA |
|||
|
96 |
Sal av aksjar |
42 801 |
42 726 |
|
|
Sum finanstransaksjonar |
42 801 |
42 726 |
||
|
2800 |
Statens pensjonsfond utland |
|||
|
96 |
Finanspostar overført til fondet |
42 801 |
139 575 |
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
|
Kap. |
Post |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|
|
5800 |
Statens pensjonsfond utland |
|||
|
50 |
Overføring frå fondet |
346 451 |
480 197 |
Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):
|
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|
|
Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta |
||
|
Inntekt/kostnad frå: |
||
|
– aksjar |
2 454 653 |
2 115 405 |
|
– obligasjonar |
70 889 |
243 405 |
|
– unotert eigedom |
-3 789 |
9 063 |
|
– unotert infrastruktur |
-627 |
7 313 |
|
– finansielle derivat |
11 262 |
1 350 |
|
– utlån med sikkerhetsstillelse |
21 622 |
20 801 |
|
– innlån med sikkerhetsstillelse |
-24 810 |
-22 889 |
|
Skattekostnad1) |
-17 211 |
-11 157 |
|
Renteinntekt/-kostnad |
-939 |
-1 042 |
|
Annan inntekt/kostnad |
4 |
-117 |
|
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2) |
2 511 054 |
2 362 132 |
|
Vinst/tap valuta |
1 072 207 |
-1 155 299 |
|
Porteføljeresultat |
3 583 261 |
1 206 833 |
|
Forvaltningskostnad |
-7 390 |
-7 537 |
|
Resultat og totalresultat |
3 575 870 |
1 199 296 |
1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.
2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):
|
Renter |
Utbyte |
Real. vinst/tap |
Ureal. vinst/tap |
Andre postar |
Sum |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: |
||||||
|
– aksjar (4.1) |
276 796 |
783 386 |
1 055 223 |
2 115 405 |
||
|
– obligasjonar (4.2) |
178 836 |
-20 660 |
85 230 |
243 405 |
||
|
– unotert eigedom (6.1) |
9 0701) |
-7 |
9 063 |
|||
|
– unotert infrastruktur (7.1) |
747 |
6 566 |
7 313 |
|||
|
– finansielle derivat (4.3) |
866 |
-4 353 |
4 837 |
1 350 |
||
|
Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1) |
20 801 |
20 801 |
||||
|
Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1) |
-22 889 |
-22 889 |
||||
|
Renteinntekt/kostnad |
-1 042 |
-1 042 |
||||
|
Skattekostnad (10.1) |
-11 157 |
-11 157 |
||||
|
Annan inntekt/kostnad |
-117 |
-117 |
||||
|
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta |
188 477 |
276 796 |
758 373 |
1 151 849 |
-13 362 |
2 362 132 |
Summen av renteinntekter (188,5 mrd. kroner), aksjeutbyte (276,8 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-13,4 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (7,5 mrd. kroner) utgjer 444,4 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.
1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.
Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)
|
Eigedelar |
2024 |
2025 |
|---|---|---|
|
Mellomrekning med statskassa1) |
0 |
0 |
|
Konto i Noregs Bank2) |
19 741 590 |
21 267 886 |
|
Sum eigedelar |
19 741 590 |
21 267 886 |
|
Gjeld og eigenkapital |
||
|
Mellomrekning med statskassa1) |
6 445 |
10 061 |
|
Eigenkapital |
19 735 145 |
21 257 825 |
|
Sum gjeld og eigenkapital |
19 741 590 |
21 267 886 |
1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2025 vart 10 061 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2024 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2025 ei fordring som statskassa har på fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2026. Tilsvarande tal per 31.12.2024 var ei fordring som statskassa hadde til fondet på 6 445 mill. kroner som vart avrekna i overføringane i 2025.
2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:
|
Tal i mill. kroner |
2024 |
2025 |
|---|---|---|
|
Eigedelar |
||
|
Innskot i bankar |
25 550 |
19 394 |
|
Utlån med sikkerhetsstillelse |
1 020 455 |
1 374 213 |
|
Avgiven kontantsikkerheit |
11 340 |
20 426 |
|
Uoppgjorde handlar |
72 619 |
38 765 |
|
Aksjar |
13 290 055 |
14 217 305 |
|
Utlånte aksjar |
862 197 |
1 011 469 |
|
Obligasjonar |
4 481 076 |
4 987 629 |
|
Utlånte obligasjonar |
1 088 846 |
811 514 |
|
Finansielle derivat |
32 904 |
27 597 |
|
Unotert eigedom |
355 769 |
371 524 |
|
Unotert infrastruktur |
25 236 |
60 228 |
|
Fordring kjeldeskatt |
17 938 |
11 594 |
|
Andre eigedelar |
1 690 |
2 165 |
|
Fordring forvaltningsgodtgjering |
0 |
0 |
|
Sum eigedelar |
21 285 673 |
22 953 824 |
|
Gjeld og eigenkapital |
||
|
Innlån med sikkerhetsstillelse |
1 319 892 |
1 370 328 |
|
Motteken kontantsikring |
103 193 |
129 608 |
|
Uoppgjorde handlar |
76 260 |
141 044 |
|
Finansielle derivat |
31 229 |
26 483 |
|
Utsett skatt |
13 170 |
10 744 |
|
Anna gjeld |
147 |
194 |
|
Skyldig forvaltningsgodtgjering |
190 |
7 537 |
|
Sum gjeld |
1 544 083 |
1 685 938 |
|
Eigenkapital SPU |
19 741 590 |
21 267 886 |
|
Sum gjeld og eigenkapital |
21 285 673 |
22 953 824 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 16. februar 2026 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2025.
Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2025 416,8 mrd. kroner, mot 381,1 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2025 var 271,4 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 145,4 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2024 var høvesvis 238,6 mrd. kroner og 142,6 mrd. kroner. Statens eigenkapital i SPN auka med 35,7 mrd. kroner i 2025 frå 381,1 mrd. kroner til 416,8 mrd. kroner, etter eit uttak frå fondet på 11,7 mrd. kroner i 2025.6
I 2025 syner resultatet til SPN eit overskot på 47,4 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Det var ei vinst på aksjar på 40,2 mrd. kroner. Vinsten på obligasjonar og andre renteberande papir var 6,9 mrd. kroner, og det var 1,0 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Spesifikasjonen under tabell 3.5 nedanfor syner at renteinntekter utgjorde 6,2 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 12,6 mrd. kroner. Netto vinst/tap på verdipapir var 29,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 266 mill. kroner, som er 0,067 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2025. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 7 (2025–2026) Statens pensjonsfond 2026.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2025. Avkastninga av fondet i 2025 var på 12,7 prosent før forvaltningskostnader. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 5,2 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 17,2 prosent.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2025 revidert av revisjonsselskapet Deloitte, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)
|
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|
|
Inntekt og kostnad på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet: |
||
|
Aksjar |
20 270 |
40 239 |
|
Obligasjonar og andre renteberande papir |
9 031 |
6 854 |
|
Finansielle derivat og tilknytta sikkerhetsstillelse |
-1 810 |
1 047 |
|
Utlån, innlån og tilknytta sikkerhetsstillelse |
-408 |
-407 |
|
Bankkontoar |
6 |
-36 |
|
Andre porteføljeinntekter/-kostnader |
5 |
4 |
|
Porteføljeresultat1) |
27 094 |
47 701 |
|
Forvaltningskostnader |
-243 |
-266 |
|
Totalresultat SPN |
26 851 |
47 435 |
1) I Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN er porteføljeresultatet spesifisert nærare i note 6. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):
|
|
Utbyte |
Renter |
Vinst/tap |
Andre postar |
Sum |
|---|---|---|---|---|---|
|
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: |
|||||
|
– aksjar (6.1) |
12 634 |
27 637 |
-32 |
40 239 |
|
|
– obligasjonar (6.2) |
7 026 |
-172 |
6 854 |
||
|
– finansielle derivat m.m. (6.3) |
-755 |
1 867 |
-65 |
1 047 |
|
|
– utlån/innlån med sikkerhetsstillelse (6.4) |
-320 |
-87 |
-407 |
||
|
– Bankkontoar (6.5) |
206 |
-242 |
-36 |
||
|
Annan inntekt/kostnad |
4 |
4 |
|||
|
Porteføljeresultat |
12 634 |
6 157 |
29 332 |
-422 |
47 701 |
Summen av renteinntekter (6 157 mill. kroner medrekna renteinntekt tilknytte sikkerhetsstillelse), aksjeutbyte (12 634 mill. kroner med fråtrekk av kjeldeskatt) og netto andre inntekter (-422 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (266 mill. kroner), utgjer 18 103 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.
Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)
|
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|
|
Eigedelar |
||
|
Kontantar og kontantekvivalentar |
4 550 |
6 647 |
|
Stilt kontantsikring knytte til utlån og innlån |
1 020 |
962 |
|
Stilt kontantsikring knytte til finansielle derivat |
2 741 |
69 |
|
Uoppgjorde handlar |
7 |
476 |
|
Aksjar |
232 792 |
248 823 |
|
Utlånte aksjar |
5 786 |
22 340 |
|
Obligasjonar og andre renteberande papir |
137 143 |
147 449 |
|
Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir |
7 415 |
6 701 |
|
Finansielle derivat |
2 767 |
392 |
|
Fordringar |
158 |
138 |
|
Sum eigedelar |
394 379 |
433 997 |
|
Gjeld og eigenkapital |
||
|
Motteken kontantsikring knytte til utlån og innlån |
7 796 |
16 531 |
|
Motteken kontantsikring knytte til finansielle derivat |
0 |
65 |
|
Uoppgjorde handlar |
68 |
68 |
|
Finansielle derivat |
5 361 |
462 |
|
Skuldig forvaltningsgodtgjersle |
39 |
21 |
|
Sum gjeld |
13 264 |
17 147 |
|
Eigenkapital SPN |
381 115 |
416 850 |
|
Sum gjeld og eigenkapital |
394 379 |
433 997 |
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.
Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.
Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 444,4 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.
Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2025 (323 384 mill. kroner) er netto kontantstraum (664 005 mill. kroner), netto finanstransaksjonar (139 575 mill. kroner), og med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (480 197 mill. kroner).
Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.
I Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024 varsla regjeringa at det frå og med statsbudsjettet for 2025 vert innført ei regel for årleg uttak frå SPN. I Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025 føreslo regjeringa eit årleg uttak på tre prosent av fondsverdien ved årets start. For 2025 utgjorde dette 11,7 mrd. kroner. Sjå kap. 5600, post 85 Overføring frå Statens pensjonsfond Noreg.
Sjå fotnotar til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.