4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.
Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).
4.1 Statens balanse med notar
Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.
Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.
Statens eigedelar auka med 1 426,2 mrd. kroner i 2025, frå 21 804,9 mrd. kroner til 23 231,1 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 24,3 mrd. kroner i 2025, frå 882,9 mrd. kroner til 858,6 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 450,5 mrd. kroner, frå 20 922,1 mrd. kroner til 22 372,5 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.
Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)
|
Tekst |
Note |
31.12.2024 |
31.12.2025 |
Endring |
|---|---|---|---|---|
|
Eigedelar |
||||
|
60. Kontantbehaldning |
1 |
274 015 |
165 633 |
-108 382 |
|
61. Spesielle fond og forsikringar |
2 |
20 222 284 |
21 733 583 |
1 511 299 |
|
62. Verdipapir |
3 |
178 718 |
178 894 |
176 |
|
63. Utlån og uteståande krav |
4 |
709 188 |
733 985 |
24 797 |
|
64. Ordinære fond |
5 |
54 189 |
58 178 |
3 989 |
|
65. Forskot |
6 |
55 |
88 |
33 |
|
66. Kapital i statsbankane |
7 |
620 |
620 |
– |
|
68. Fast kapital i statsverksemdene |
8 |
294 234 |
286 173 |
-8 061 |
|
69. Eigenbehaldning statspapir |
9 |
65 439 |
62 520 |
-2 919 |
|
70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar |
10 |
-1 482 |
63 |
1 545 |
|
77. Overkurs/underkurs statspapir |
11 |
7 685 |
11 408 |
3 723 |
|
Sum eigedelar |
21 804 946 |
23 231 146 |
1 426 200 |
|
|
Gjeld og eigenkapital |
||||
|
80. Statsgjelda |
12 |
773 551 |
737 486 |
-36 065 |
|
81. Kontolån frå ordinære fond |
13 |
71 075 |
72 969 |
1 895 |
|
82. Verksemder med særskilde fullmakter |
14 |
21 103 |
23 192 |
2 089 |
|
84. Deposita og avsetjingar |
15 |
-5 662 |
-9 474 |
-3 812 |
|
87. Overførte unytta løyvingar |
16 |
22 822 |
34 439 |
11 617 |
|
Sum gjeld |
882 889 |
858 612 |
-24 277 |
|
|
99. Avslutningskonto (eigenkapital) |
17 |
20 922 057 |
22 372 533 |
1 450 476 |
|
Sum gjeld og eigenkapital |
21 804 946 |
23 231 146 |
1 426 200 |
1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.
Notar:
-
Note 1. Kontantbehaldninga til staten minka med 108,4 mrd. kroner i 2025. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.
-
Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 511,3 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 1 522,7 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 35,7 mrd. kroner. Sjå kapittel 3 for nærare omtale. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Statens fond i Tromsø (SFT) auka med 0,5 mrd. kroner til 15,5 mrd. kroner. SFT vert forvalta av Folketrygdfondet etter liknande prinsipp som SPN, og er i kapitalrekneskapen bokført til marknadsverdi. Sjå òg kapittel 4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen.
Statens obligasjonsfond (SOF) er avvikla og kapitalen er tilbakeført til staten med drygt 50 mrd. kroner. Sjå note 17 som syner at tilbakeføringa inkluderer 957 mill. kroner ut over historisk bokført verdi for SOF.
Bokført verdi for Norfund auka med 2,4 mrd. kroner. Staten tilførte Norfund i alt 3,6 mrd. kroner i grunnfondskapital og kapitalinnskot (jf. kap. 162, postane 95/96/97). I tillegg vart det tilført om lag 1,3 mrd. kroner i risikokapital/tapsavsetjing ( jf. kap. 162, postane 75/76/77) som ikkje vert aktivert i kapitalrekneskapen. Inkludert i tala ovanfor er 3,0 mrd. kroner i kapitalinnskot og risikokapital til Klimainvesteringsfondet som inngår i Norfunds investeringsverksemd, og 250 mill. kroner i midlar retta mot Ukraina. Annan nedgang kjem frå Norfunds årsresultat som i 2025 var negativt med 1,2 mrd. kroner. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal med notar for Norfund.
-
Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i sjølvstendige verksemder i staten, auka med netto 0,2 mrd. kroner i 2025. Aksjar under NFD minka med 4,0 mrd. kroner, medan kapitalen i statsverksemdene auka med 4,2 mrd. kroner. Sal av aksjar i Equinor AS, (som ledd i atterkjøpsprogrammet av eigne aksjar), minka kapitalen med 2,9 mrd. kroner. Investinor AS auka med 23 mill. kroner, og Mantena AS auka med 52 mill. kroner. For dei børsnoterte selskapa DNB Bank ASA, Norsk Hydro ASA, Eksportfinans ASA og Aker Solutions ASA minka kapitalen med høvesvis 144 mill. kroner, 83 mill. kroner, 506 mill. kroner og 501 mill. kroner som følgje av atterkjøpsprogram av eigne aksjar i desse selskapa. Bokført verdi av Statskraft SF vart i kapitalrekneskapen auka med 4 189 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen, slik at det vert samsvar med selskapets rekneskap og innskoten, registrert eigenkapital på 48 250 mill. kroner, jf. omtale i Prop. 24 S (2025–2026), Innst. 75 S (2025–2026), vedtak 408.
Det var fleire organisatoriske endringar sette i verk i 2025. Flytoget AS vart overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til å vere eit heileigd dotterselskap under Vygruppen AS. Vidare vart det vedteke at togmateriellet i Flytoget skulle skiljast ut og overførast til Norske tog AS for å samle statens togmateriell i eitt selskap.
Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over aksjeinteressene i staten.
-
Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 24,8 mrd. kroner. Av dette kjem 21,3 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 8,6 mrd. kroner frå Husbanken. Netto utlån under bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 6,2 mrd. kroner.
Investeringslåna til helseføretaka auka med 6,1 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka minka med 9,9 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 65 mill. kroner, og Investinor AS minka med 556 mill. kroner.
Utlån frå Eksportfinansiering Noreg (Statleg eksportfinansieringsordning) minka netto med 785 mill. kroner. I dette beløpet inngår òg omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen og kapitaliserte renter, sjå òg kapittel 2.18 Statlege utlån. Obligasjonslån og hybridlån til Norwegian Air Shuttle minka båe med 1,2 mrd. kroner. Norske tog AS driftskreditt auka med 1,0 mrd. kroner (ny i 2025), medan Norske tog AS lån og obligasjonslån auka med høvesvis 2,4 mrd. kroner og 5,2 mrd. kroner.
-
Note 5. Ordinære fond auka i 2025 med 4,0 mrd. kroner. Klima- og energifondet, inkludert straumstøtteordninga, auka med 6,0 mrd. kroner. Tapsavsetningsfond for lån til NAS minka med 2,4 mrd. kroner, medan andre fond/ordningar under NFD minka med 0,8 mrd. kroner i 2025, (derav også tapsfond for grøn industrifinansiering som utgjer 490 mill. kroner). Fond med tapsavsetjing for risikoavlastningsordning for norsk eksport til Ukraina auka med 125 mill. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 1,1 mrd. kroner. Fond for OPS-prosjekt på veg minka med 286 mill. kroner. Fond under KDD minka med 26,3 mill. kroner. Inneståande i gåveforsterkingsordninga minka med 41,5 mill. kroner. Norsk pasientskadeerstatning – fond for offentleg helseteneste minka med 6,4 mill. kroner. Eigedomsfondet auka med knapt 11 mill. kroner. Garantiordninga for fornybar energi i utviklingsland auka med 375 mill. kroner (ny). Fond for CO2 minka med 2,5 mill. kroner, Svalbard miljøvernfond auka med 11,5 mill. kroner, medan fond under KUD auka med 34,0 mill. kroner.
Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).
-
Note 6. Forskot auka med 32,9 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar auka med 89,0 mill. kroner. Oppgjersordningane som vert balanseførte under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 0740 Helsedirektoratet, minka med netto 23,6 mill. kroner. Forskot på valutakonto EU-prosjekt under SD minka med 32,5 mill. kroner.
-
Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2025.
-
Note 8. Fast kapital i statsverksemdene minka med 8,1 mrd. kroner i 2025. Kapitalen i SDØE minka med 13,7 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 5,5 mrd. kroner. Kapitalen i Statens pensjonskasse auka med 90 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.
-
Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 2,9 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med 1,4 mrd. kroner, og statskassevekslar minka med 1,5 mrd. kroner.
-
Note 10 Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 1,5 mrd. kroner, frå -1,5 mrd. kroner i 2024 til 63 mill. kroner i 2025, slik at statskassa netto har ei fordring på verksemdene på 63 mill. kroner per 31.12.2025. Sjå tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.
Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.
Det vart i 2025 postert netto 41 048,- kroner til kredit konto for forskyving i balansen og til debet kontogruppe 70–72. Dette gjeld fylgjande verksemder (tal i kroner):
|
Advokattilsynet, feil IB i fordring |
23 348,- |
|
Forsvarshistorisk museum, feil IB i kontantbehaldninga |
17 700,- |
|
Samla |
41 048,- |
-
Note 11 Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2025 bokført med 11,4 mrd. kroner. Dette er ei endring på 3,7 mrd. kroner, frå 7,7 mrd. kroner året før. Overkurs/underkurs knyter seg til statsobligasjonar med fast rentesats og statskassevekslar, og vert mellom anna påverka av rentenivå ved utgjeving eller kjøp, løpetida på statspapiret, endringar i rentenivå og forventningar til renta framover.
-
Note 12. Statsgjelda minka med 36,1 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån vart reduserte med 68 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands auka med 31,2 mrd. kroner og statskassevekslar auka med 0,8 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2025 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.
-
Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond auka med 1,9 mrd. kroner i 2025. Kontogruppa omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plassert på konto i statskassa i Noregs Bank. Fond der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Desse fondsmidlane auka med 4,0 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 hadde ein nedgang med netto 2,1 mrd. kroner.
Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad minka samla med 6,7 mrd. kroner. Årsaka er vedtak om å ikkje skriva ut nye gjeldsbrev og at aktive gjeldsbrev frå tidlegare inngåtte forpliktingar kan trekkjast ned. Eit meir detaljert oversyn over kva for gjeldsbrev som er trekte ned går fram av tabell 3.11 i vedlegg 3. Norsk pasientskadeerstatning – privat sektor auka med 19 mill. kroner. Alminneleg garantiordning m.m. under Eksportfinansiering Noreg auka med 4,2 mrd. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet auka samla med 449 mill. kroner. Velferdsfondet for tolletaten auka med 4 mill. kroner. Nasjonalt sikkerheitsfond – verjemål auka med 4 mill. kroner og Kyrkjebevaringsfondet minka med 108 mill. kroner.
-
Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 2,1 mrd. kroner i 2025. Midlane er 23,2 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.
Forsvarets forskingsinstitutt hadde ein auke på 1,4 mrd. kroner og Norsk Romsenter ein auke på 43,4 mill. kroner. Veterinærinstituttet hadde ein auke 9,7 mill. kroner og Meteorologisk institutt hadde ein auke på 10,1 mill. kroner. Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) hadde ein auke med 178,5 mill. kroner, medan universitet og høgskular hadde ein netto auke på 810 mill. kroner. Noregs forskingsråd hadde ein nedgang på 345,8 mill. kroner som kjem av at dei gjekk over til å bli ei bruttobudsjettert verksemd frå 1.1.2025, Norsk kulturminnefond hadde ein nedgang på 11,4 mill. kroner, NIBIO hadde ein nedgang på 29 mill. kroner, medan Statens arbeidsmiljøinstitutt hadde ein nedgang på 15,8 mill. kroner. Andre verksemder hadde ein samla netto nedgang på 2,6 mill. kroner.
-
Note 15. Deposita og avsetjingar minka med drygt 3,8 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med knapt 3,6 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2025 har 10,1 mrd. kroner til gode på SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 10 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen minka med 205 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) er i hovudsak uendra. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.
-
Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2025 til 2026 utgjer til saman 34,4 mrd. kroner, som er 11,6 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2024 til 2025.
-
Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2025 auka med 1 450,5 mrd. kroner, frå 20 922,1 mrd. kroner til 22 372,5 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.
|
Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner): |
2024 |
2025 |
|---|---|---|
|
61. Endra verdi Statens pensjonsfond |
3 958 430 |
1 418 840 |
|
99. Overskot før lånetransaksjonar |
14 748 |
4 488 |
|
87. Endring avsetjing overførte midlar |
-2 018 |
-11 617 |
|
Andre endringar: |
81 803 |
38 765 |
|
61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post |
4 082 |
-1 235 |
|
61. Endra verdi Statens obligasjonsfond, ikkje ført på 90-post |
957 |
|
|
61. Endra verdi Statens fond i Tromsø, ikkje ført på 90-post |
504 |
|
|
62. Nettovinst verdipapir |
5 426 |
2 236 |
|
62. Sal av aksjar, vinst Equinors atterkjøpsprogram |
40 257 |
39 873 |
|
62. Statkraft (korreksjon av tidlegare års kapitalinnskot) |
4 189 |
|
|
63. Lån til Institutt for energiforskning |
14 |
18 |
|
63. Lån for Norske tog AS, ikkje ført på 90-post |
95 |
|
|
63. Hybridlån for Norwegian Air Shuttle AS |
540 |
|
|
63. Anna tap/ettergiving av lån |
0 |
-159 |
|
63. Auka utlån til helseføretaka |
10 692 |
6 612 |
|
63. Driftskredittramme, Norske tog AS, ikkje ført på 90-post |
250 |
|
|
63. Justert driftskredittramme, helseføretaka |
1 813 |
-9 857 |
|
63. Eksportkredittordninga, valutakurseffekt m.m., jf. note 4 |
2 159 |
-1 130 |
|
64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post |
-10 272 |
3 989 |
|
65. HOD, oppgjersordningar for H-resept m.m., jf. kap. 0740 |
2 |
-24 |
|
65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen |
3 |
-33 |
|
68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene |
27 655 |
-8 061 |
|
70-72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt |
-27 |
0 |
|
Sum endring |
4 052 962 |
1 450 476 |
4.2 Finansinntekter og finansutgifter
Staten hadde i 2025 renteinntekter på 46,0 mrd. kroner og renteutgifter på 19,3 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 26,7 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2024 til 2025 auka renteutgiftene med 3,6 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 2,0 mrd. kroner.
Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)
|
2023 |
2024 |
2025 |
||
|---|---|---|---|---|
|
1. Renteinntekter i alt 1) |
35 735 |
48 016 |
45 973 |
|
|
Renter frå statsbankane og statsføretaka |
15 422 |
22 790 |
23 979 |
|
|
Renter av kapital i statens forretningsverksemd |
2 070 |
2 311 |
2 494 |
|
|
Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette: |
18 243 |
22 915 |
19 500 |
|
|
renter av innskot og andre krav |
15 809 |
18 397 |
14 070 |
|
|
renter av lån til helseføretaka |
315 |
405 |
1 076 |
|
|
renter av lån til aksjeselskap |
29 |
34 |
123 |
|
|
renter frå folketrygda |
2 |
2 |
5 |
|
|
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga |
2 088 |
4 078 |
4 226 |
|
|
2. Renteutgifter i alt |
12 185 |
15 735 |
19 314 |
|
|
Av innanlandsk statsgjeld |
11 130 |
13 961 |
17 834 |
|
|
Av utanlandsk statsgjeld |
0 |
0 |
0 |
|
|
Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008 |
1 055 |
1 774 |
1 480 |
|
|
Netto renteinntekter/renteutgifter (-) |
23 550 |
32 282 |
26 659 |
|
1) Sjå òg kapittel 2.18 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportfinansiering Noreg.
Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2025 på 24,0 mrd. kroner. Av dette er 7,7 mrd. kroner frå Husbanken, 14,6 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,0 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 680 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 13 mill. kroner frå SIVA.
Renteinntekter av innskot og andre krav på 14,1 mrd. kroner er i hovudsak førte på kap. 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank 9,4 mrd. kroner. Renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltninga vart 1,9 mrd. kroner. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 296 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 2,4 mrd. kroner, og renter frå Investinor frå såkornfond var 87,9 mill. kroner i 2025.
Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kap. 0732 Regionale helseføretak vart 1,5 mrd. kroner. Renteutgiftene under kap. 1650 Statsgjelda utgjer 17,8 mrd. kroner. Av dette er mellom anna 15,5 mrd. kroner renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er òg 1 737 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 138 mill. kroner i renteutgifter knytte til atterkjøpsavtalar. Det er 410 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagte å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.
Per 31.12.2025 var statsgjelda 737 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2024−2025) Nasjonalbudsjettet 2025, kap. 3.5 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2025 er omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025, kap. 7.
4.3 Garantiar
Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.
Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2024 og 2025. Per 31.12.2025 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 229,8 mrd. kroner. Dette er 1,3 mrd. kroner høgare enn i 2024.
Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2025 netto med 6,5 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) som minka netto med 5,7 mrd. kroner, medan byggjelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien auka med netto 0,9 mrd. kroner. Lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter minka ansvaret med netto 1,3 mrd. kroner.
Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 8,5 mrd. kroner, medan under Samferdselsdepartementet minka samla garantiansvar netto med 0,7 mrd. kroner.
Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2025 var på 702,4 mill. kroner, og dette kjem særleg av utbetalingar under Eksfin, alminneleg garantiordning og gammal alminneleg ordning med 234,8 mill. kroner, byggjelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien med 226,7 mill. kroner og 91,3 mill. kroner til lånegarantiordninga for små og mellomstore verksemder. Det er i tillegg tap på garantiar under Innovasjon Noreg på 144,1 mill. kroner.
Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).
Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)
|
Garantiansvar per 31.12.2024 |
Utbetalt ved tap i 2025 |
Garantiansvar per 31.12.2025 |
|
|---|---|---|---|
|
Utanriksdepartementet |
59 612,9 |
68 083,5 |
|
|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
196,2 |
196,2 |
|
|
Nærings- og fiskeridepartementet |
125 693,3 |
702,1 |
119 188,4 |
|
Samferdselsdepartementet |
22 889,9 |
22 163,0 |
|
|
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet |
11,3 |
0,3 |
6,8 |
|
Finansdepartementet |
19 082,8 |
19 160,5 |
|
|
Energidepartementet |
1 000,0 |
1 000,0 |
|
|
Sum |
228 486,4 |
702,4 |
229 798,4 |
4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen
Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:
-
Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Av Finansdepartementets rundskriv R-101 går det av pkt. 5.1.1. fram einskilde tilfelle der statlege verksemder har unntak frå eit reindyrka kontantprinsipp.
-
Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.
-
Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.
-
Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.
-
Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond, Statens fond i Tromsø og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.
-
Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.
-
Realinvesteringar som er belasta postane 30–49 på budsjettkapittelet til forvaltningsverksemdene vert førte i kapitalrekneskapen, kontogruppe 68 Fast kapital i statsverksemdene. Avskrivingar vert førte som nedgang i den faste kapitalen.
-
Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.
-
Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.
-
Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.