1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2025.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2024 til 2025 og overført løyving frå 2025 til 2026. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2025. Budsjettutviklinga gjennom 2025 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 26 S (2025–2026) Ny saldering av statsbudsjettet 2025.

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett anslått til 480,2 mrd. kroner, medrekna endringane i stortingshandsaminga. Det var ein auke på 34,4 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2024. Etter dette har underskotet minka med 4,5 mrd. kroner frå nysaldert budsjett til 475,7 mrd. kroner i rekneskapen. Utgiftene vart 8,4 mrd. kroner mindre enn budsjettert, medan inntektene vart 3,9 mrd. kroner mindre. Det er særleg utgiftene under forsvar som vart lågare enn budsjettert. På inntektssida vart skattane noko lågare enn venta, medan inntektene under forsvar vart høgare. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner.

For 2025 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 634,6 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 639,1 mrd. kroner i 2025.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2025, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av fondsmidlar, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

1.1 Hovudtal 1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2025 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 3 149,0 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 3 007,0 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 142,0 mrd. kroner. Statsbudsjettet og statsrekneskapen sitt brutto finansieringsbehov vert gjort opp med statslånemidlar som vert bokført på kap. 5999. Samla inntekter i statsrekneskapen medrekna statslånemidlar vert dermed òg 3 149,0 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2025

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01-29)

278 043

278 043

278 043

0

0

Investeringar (post 30-49)

113 120

113 120

84 406

28 714

0

Overføringar (post 50-89)

2 374 627

1 710 622

1 710 622

0

664 005

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

2 765 790

2 101 784

2 073 070

28 714

664 005

Lånetransaksjonar (post 90-99)

383 186

243 611

243 611

0

139 575

Sum utgifter med lånetransaksjonar

3 148 975

2 345 395

2 316 681

28 714

803 580

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01-29)

262 589

262 589

30 966

231 623

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49)

45 025

45 025

6 737

38 288

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89)

2 462 664

1 982 467

1 559 658

422 809

480 197

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

2 770 277

2 290 081

1 597 361

692 719

480 197

Tilbakebetalingar (post 90-99)

236 727

236 727

194 000

42 726

0

Sum inntekter før statslånemidlar

3 007 004

2 526 808

1 791 362

735 446

480 197

Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-4 488

-188 297

475 709

-664 005

183 809

+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter

146 459

6 884

49 611

-42 726

139 575

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

141 971

Sum inntekter med lånetransaksjonar

3 148 975

Det oljekorrigerte underskotet i 2025 vart 475,7 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, slik dette vart vedteke av Stortinget i desember. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner, jf. òg tabell 1.4. Frå 2025-budsjettet er det innført ein ny årleg korreksjon av statens kontantbehaldning i samband med revidert nasjonalbudsjett. Det inneber at kontantbehaldninga vert redusert eller auka tilsvarande overskotet eller underskotet i statsrekneskapen året før. Dette vert løyvd som ein finanstransaksjon til eller frå Statens pensjonsfond utland. Finanspostar overført til fondet i 2025 er omtalt i kapittel 1.4, der det går fram at overskotet på 14,7 mrd. kroner i rekneskapen for 2024 er tilbakeført til fondet i 2025.

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2025 med 1 450,5 mrd. kroner, som for det meste skriv seg frå auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan auka avsetjing av overførte midlar minkar eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4, note 17.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2024

2025

Endring

Sum eigedelar

21 804 946

23 231 146

1 426 200

Sum gjeld

882 889

858 612

-24 277

Avslutningskonto (eigenkapital)

20 922 057

22 372 533

1 450 476

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond utanom finanstransaksjonar

1 418 840

Overskot før lånetransaksjonar

4 488

Auka avsetjing av overførte midlar

-11 617

Anna endring i eigenkapitalen

38 765

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2025 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap, og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN).

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

664,0

664,0

– Overført statsbudsjettet

480,2

480,2

– Overført frå SPN

11,7

11,7

Renter og utbyte

444,4

18,1

462,5

Overskot

628,2

6,4

634,6

Kapital per 31.12.2024

19 735,1

381,1

20 116,3

Overskot

628,2

6,4

634,6

Valutakursregulering

-1 155,3

-1 155,3

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 910,2

29,3

1 939,6

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

139,6

139,6

Kapital per 31.12.2025

21 257,8

416,8

21 674,7

Endra verdi, fondskapital

1 522,7

35,7

1 558,4

Tross eit høgare oljekorrigert underskot enn i 2024 som er dekt med overføring frå SPU, og lågare netto kontantstraum enn i 2024, syner fondet samla eit overskot på 634,6 mrd. kroner i 2025. Det er ein nedgang på 143,2 mrd. kroner, frå 777,8 mrd. kroner i 2024. Netto auke i kapitalen i Statens pensjonsfond utland, medrekna finanstransaksjonar til fondet, vart 1 522,7 mrd. kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 35,7 mrd. kroner. Samla sett auka dermed kapitalen i Statens pensjonsfond med 1 558,4 mrd. kroner.

1.2 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2024 og 2025.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2025 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Nysaldert budsjett 20254)

Rekneskap 2025

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

2 323 787

2 249 918

2 290 483

2 290 081

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

750 685

672 559

689 219

692 719

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 573 102

1 577 359

1 601 264

1 597 361

B

Utgifter i alt

1 953 331

2 052 803

2 114 894

2 101 784

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

48 526

29 600

33 434

28 714

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 904 804

2 023 203

2 081 460

2 073 070

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

370 457

197 115

175 589

188 297

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1)

702 159

642 959

655 786

664 005

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2)

-331 702

-445 844

-480 197

-475 709

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

346 451

445 844

480 197

480 197

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

14 748

0

0

4 488

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

702 159

642 959

655 786

664 005

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

346 451

445 844

480 197

480 197

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

355 708

197 115

175 589

183 809

-

Overføring frå Statens pensjonsfond Noreg3)

11 700

11 700

11 700

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

422 108

451 559

446 700

462 476

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

777 816

636 974

610 589

634 585

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

792 564

636 974

610 589

639 073

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2025 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 444,373 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) 18,103 mrd. kroner. For 2024 var renter og utbyte i SPU 402,849 mrd. kroner og i SPN 19,259 mrd. kroner. I 2025 vart det eit overskot i Statens pensjonsfond på 634,6 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 628,2 mrd. kroner. I 2024 synte SPU eit overskot på 758,6 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

3) Overføringa frå Statens pensjonsfond Noreg er tatt med i tabellen for hovudtal i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond utanom lånetransaksjonar. Dette inneber at samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond for Saldert budsjett 2025 i denne tabellen avvik frå tidlegare framstillingar.

4) Nysaldert budsjett, vedtatt desember 2025.

Kjelde: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet syner kor mykje av statsbudsjettet som må finansierast med midlar frå SPU. For å berekne underskotet tek ein bort alle inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda. Lånepostar (post 90-99 med utlån frå statsbankane m.m.) kan ikkje finansierast med overføring frå Statens pensjonsfond utland (SPU) og inngår heller ikkje i det oljekorrigerte underskotet, jf. tabell 1.9.

Det oljekorrigerte underskotet, som etter vedtak i Stortinget vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet, utgjer den faktiske bruken av fondsmidlar. I statsrekneskapen svarer denne overføringa til det oljekorrigerte underskotet slik det er rekna i vedtatt, nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i 2025 vart 475,7 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner mindre enn i vedtatt, nysaldert budsjett. Som rekneskapen syner, vart inntektene 3,9 mrd. kroner lågare og utgiftene 8,4 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga.

I innrettinga av finanspolitikken vert bruken av fondsmidlar målt ved det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve. Det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet er etter Stortingets vedtak ved nysalderinga av budsjettet rekna til 528,4 mrd. kroner, som svarer til 2,7 pst. av kapitalen i Statens pensjonsfond utland ved inngangen til året og 12,5 pst. av trend-BNP for Fastlands-Noreg. I saldert budsjett vart strukturelt oljekorrigert underskot rekna til 492,3 mrd. kroner eller 2,7 pst. av fondskapitalen. Av Prop. 26 S (2025–2026) Ny saldering av statsbudsjettet 2025 går det fram at Finansdepartementet vil gje oppdaterte anslag for det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet i 2025 i revidert nasjonalbudsjett for 2026.

1.2.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2024 til 2025

Det oljekorrigerte underskotet i rekneskapen auka med 144,0 mrd. kroner, frå 331,7 mrd. kroner i 2024 til 475,7 mrd. kroner i 2025. Tabell 1.4 syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 168,3 mrd. kroner, eller 8,8 pst., frå 1 904,8 mrd. kroner i 2024 til 2 073,1 mrd. kroner i 2025. Inntektene auka med 24,3 mrd. kroner eller 1,5 pst., frå 1 573,1 mrd. kroner i 2024 til 1 597,4 mrd. kroner i 2025.

Auka utgifter i 2025 har fleire årsaker. Særleg var det ein auke i utgiftene under Forsvarsdepartementet på om lag 57 mrd. kroner som må sjåast i samanhengen med krigen i Ukraina og auka stønad gjennom Nansen-programmet. Stønader under folketrygda auka med 40 mrd. kroner og rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar auka med om lag 22 mrd. kroner. Overføringane til dei regionale helseføretaka er auka med 19 mrd. kroner, men auken må sjåast i samanhengen med auka inntekt som følgje av tilbakeført driftskreditt. Straumstønaden til hushaldningane, Noregspris og stønad til nærvarmeanlegg og fjernvarme auka med drygt 2 mrd. kroner.

Auken i inntektene følgjer særleg av auke i innbetalte skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg på 18,5 mrd. kroner, auka overføring frå Noregs Bank på 12,5 mrd. kroner og auka inntekt når driftskreditten til helseføretaka vart tilbakeført med 9,8 mrd. kroner. Statens renteinntekter og utbyte utanom Equinor auka netto med 4,6 mrd. kroner, medrekna ein auka på 11,7 mrd. kroner som følgje av at overføring frå Statens pensjonsfond Noreg er lagt inn i statsbudsjettet. Inntektene frå statens forvaltningsverksemder vart 9,5 mrd. kroner mindre som følgje av tilbakeført tapsavsetning under Eksfin i 2024. Inntektene gjekk òg ned i 2025 samanlikna med 2024 som følgje av tilbakeføringa av tapsavsetjing for lån til små og mellomstore verksemder og vederlag frå oppdrettskonsesjonar i 2024.

1.2.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda vart 23,9 mrd. kroner høgare i vedtatt, nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 58,3 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 480,2 mrd. kroner i vedtatt, nysaldert budsjett2 for 2025, som er 34,4 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett.

Av 23,9 mrd. kroner i høgare inntekter kjem 11,1 mrd. kroner av auka overføring frå Noregs Bank3, og 9,9 mrd. kroner av tilbakeføring av driftskreditt frå helseføretaka. Anslaget på skatte- og avgiftsinntektene auka med 1,2 mrd. kroner, medan rente- og utbyteinntekter minka med 1,4 mrd. kroner. Under forsvar var det og ein auke i inntektene på drygt 1,2 mrd. kroner.

Utgiftene vart 58,3 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Som for 2024 gjeld dette særleg auka utgifter til forsvaret og stønad til Ukraina som følje av krigen. Også tilskot til kommunar og fylkeskommunar auka betydeleg, saman med overføringa til dei regionale helseføretak. Sjå boks 1.2 om Nansen-programmet for Ukraina.

Budsjettutviklinga gjennom 2025 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 26 S (2025–2026) Ny saldering av statsbudsjettet 2025.

1.2.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2025 er det oljekorrigerte underskotet 475,7 mrd. kroner. Dette er 4,5 mrd. kroner mindre enn vedtatt i nysalderinga, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringa i det oljekorrigerte underskotet 0,1 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og avviket i 2025 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Avviket i 2025 er lite og noko mindre enn avviket på 0,4 prosent av BNP for Fastlands-Noreg i 2024. Sjå boks 1.1 om uvisse i budsjettanslaga.

Boks 1.1 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med desse måla, kan ikkje målast i rekneskapen. Mål, verkemiddel og vurderingar av resultatoppnåing vert nærare omtalt i nasjonalbudsjettet og i departementa sine budsjettproposisjonar.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, er det mykje av den faktiske utviklinga i budsjettåret ein ikkje enda har informasjon om. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal som kan forandre seg gjennom året. Rekneskapen vil i tillegg påverkast av nye politiske vedtak om pengebruk og eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året betydeleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, vart utgiftene mindre enn budsjettert og/eller inntektene høgare enn budsjettert, slik at det oljekorrigert underskotet i rekneskapen vart mindre enn budsjettert. I om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar. Likevel her det dei siste åra vore ein overvekt av år med avvik mindre enn null og avvika i kroner har vore relativt store. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien i 2020 gav større endringar enn normalt, medan endringane etter 2020 er relativt små.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1995 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,2 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1995 til 2025. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1995 til 2025. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2024/2025.

Kjelder: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. Etter dette minka inntektene utanom petroleumsinntekter med 3,9 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka meir og med 8,4 mrd. kroner. Statsrekneskapen for 2025 vert dermed gjord opp med eit overskot på 4,5 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar. Minken i skatte- og avgiftsinntektene på 7,8 mrd. kroner er nærare omtalt i kapittel 1.5.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå vedtatt, nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

-7 843

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

-194

+

Inntekter frå statens forvaltningsverksemder utanom renteinntekter

83

+

Inntekter under forsvaret/ Forsvarsbygg, kap. 4710/4720

2 858

+

Inntekter under politiet. kap. 3440

211

+

Ymse inntekter, kap. 5309

-90

+

Andre inntekter /meirinntekter

1 073

=

Samla endring, inntekter

-3 902

Departementa har rapportert 4,0 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til og av dette gjeld 2,9 mrd. kroner forsvaret. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Utgiftene vart 8,4 mrd. kroner lågare enn i vedtatt, nysaldert budsjettert. Av dette gjeld 5,5 mrd. kroner mindreutgifter under forsvar og då i særleg grad materiellkjøp i samband med militærstøtte til Ukraina og styrking av forsvaret som følgje av krigen. Statleg betalt meirverdiavgift vart 1,2 mrd. kroner høgare enn budsjettert. Dette og andre større endringar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.6.

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530-2790

987

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

441

+

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

137

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

1 188

+

Militær stønad til Ukraina, kap. 1700

-6

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap 1760

-5 508

+

Forsvarets drift, kap 1720-1740

412

+

Forsvarsbygg, kap 1710

-359

+

Noregs Forskningsråd, kap. 285

-924

+

Kystverket, kap. 0916

-745

+

Miljødirektoratet, kap 1420

-737

+

Klima og skogsatsinga, fornybar energi, klimakvotar (kap 0163, 1481 og 1482)

-605

+

Departementas digitaliseringsorganisasjon, kap. 1515

-538

+

Redningshelikoptertenesta, kap. 0454

-494

+

Jernbaneføremål, kap. 1352-1359

-479

+

Omsorgstenester kap 0760

475

+

CO2 handtering, kap. 1850

-440

+

Politidirektoratet, kap 0440-0441

408

+

Andre utgifter, netto

-1 604

=

Samla endring, utgifter

-8 390

Endringar i utgiftene må òg sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, og nivået på overført, unytta løyving.

Overført, unytta løyving til 2026

Frå 2024 til 2025 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 22,8 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2025 til 2026 er på 34,4 mrd. kroner. Det er ein netto auke på 11,6 mrd. kroner, jf. tabell 1.7.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2021–2022

26 768

845

2022–2023

21 648

-5 119

2023–2024

20 803

-845

2024–2025

22 770

1 966

2025–2026

34 332

11 562

Av elleve departement med auke i overført, unytta løyving er auken størst under Forsvarsdepartementet (FD), Klima- og miljødepartementet (KLD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). FD har i alt overført 12,1 mrd. kroner frå 2025 til 2026, som er ein auke på 8,0 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2024 til 2025. Det meste gjeld kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald, der det er overført 8,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på 7,0 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2024 til 2025. Også forsvarets driftskapittel (kap. 1720) og Forsvarsbygg (kap. 1710) syner ein betydeleg auke i overførte beløp. Om lag 4,4 mrd. kroner av overføringane under FD er i 2026 stilt til disposisjon under kap. 1750 Militær stønad til Ukraina. Sjå boks 1.2 om Nansen-programmet for Ukraina.

Boks 1.2 Nansen-programmet for Ukraina

Nansen-programmet er Noregs program for militær og sivil stønad til Ukraina som følge av Russlands angrepskrig mot Ukraina. Programmet vart oppretta i 2023 og har som føremål å bidra til at Ukraina kan verne territoriet sitt og befolkninga si mot russiske åtak, halde oppe samfunnskritiske funksjonar og minske dei menneskelege lidingane. Programmet har vidare som mål å bidra til å gjenreise eit trygt og fritt Ukraina.

Programmet har ei planlagd ramme og varigheit på om lag 275 mrd. kroner i perioden 2023–2030. Noreg gav òg stønad til Ukraina utanom Nansen-programmet i både 2022 og 2023. I perioden 2022 til 2025 har Noreg gjeve 137,8 mrd. kroner i stønad til Ukraina.

Figur 1.2 Noregs stønad til Ukraina, mrd. kroner

Figur 1.2 Noregs stønad til Ukraina, mrd. kroner

Kjelder: Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet

Den militære stønaden under Nansen-programmet har gått til donasjonar av materiell frå forsvarssektoren, fellesanskaffingar gjennom internasjonale mekanismar og direkte kjøp frå forsvarsindustrien. Stønaden omfattar òg omfattande trening og opplæring av ukrainsk personell for å styrkje forsvarsevna til landet. Innsatsen vert koordinert tett med allierte og partnarar for å sikre at materiellet svarer til dei prioriterte behova i Ukraina, er kompatibelt med eksisterande utstyr og vert levert med effektiv logistikk for rask operativ effekt.

Den sivile stønaden har i hovudsak gått til energitryggleik, gjenoppbygging og driftsstønad til ukrainske styresmakter, humanitær bistand og stønad til privat sektor, samt sivil stønad til Moldova. I tillegg forvaltar Norfund investeringsmidlar til Ukraina-fondet, som vart oppretta i 2024 og skal bidra til utvikling av berekraftig næringsverksemd og jobbskaping i Ukraina. Det er noko usikkerheit knytte til 2022-talet på den sivile stønaden, då denne var fordelt på ei rekkje postar i budsjettet.

Medan den sivile stønaden i hovudsak er utbetalt i samsvar med løyvingane, har den militære stønaden vore prega av lågare utnytting enn planlagt. Dette skuldast i hovudsak tidsmessige forskyvingar i utbetalingstakten og forseinkingar i planlagde aktivitetar. Totalt er 4,4 mrd. kroner vedteke overført frå 2025 til 2026, hovudsakleg knytt til følgjande forhold:

  • 3,4 mrd. kroner skuldast tidsbruken ved inngåing av forsvarlege avtalar, komplekse merkantile forhold for innkjøp i Ukraina og forseinka leveransar frå industrien.

  • 608 mill. kroner skuldast tilskotsordningar som ikkje vart ferdigstilte for utbetaling i 2025, mellom anna som følgje av utbetalingstakt mot EU. Midlane er juridisk forplikta og er venta utbetalt i 2026.

  • 402 mill. kroner skuldast drift og aktivitetar som vart gjennomførte seint på året, der sjølve utbetalinga først fell i 2026.

KLD har overført 2,2 mrd. kroner, som er ein auke på knapt 1,5 mrd. kroner. Av dette gjeld 771 mill. kroner postar under kap. 1420 Miljødirektoratet og 449 mill. kroner gjeld klima- og skoginitiativet under kap. 1482. Nærings- og fiskeridepartementet har overført 3,7 mrd. kroner som òg er ein auke på knapt 1,5 mrd. kroner. Av dette gjeld knapt 0,8 mrd. kroner kap. 916 Kystverket, medan resten er fordelte på ei rekkje postar.

Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit samla oversyn over endra overføring per departement. Løyvingsrekneskapen, jf. vedlegg 2, tabell 2.1 syner overførte beløp på den einskilde utgiftspost i statsbudsjettet.

Lånepostar i budsjettet har normalt ikkje stikkordet «kan overførast». Frå 2024 til 2025 vart det overført 52 mill. kroner på ein lånepost under Nærings- og fiskeridepartementet, jf. kap. 950 Forvaltning av statleg eigarskap. Frå 2025 til 2026 er det overført 107 mill. kroner på ein lånepost under Samferdselsdepartementet, jf. kap 1358 Norske tog.

1.3 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2016

2,7

2017

2,0

2018

0,9

2019

1,8

2020

8,7

2021

-1,0

2022

1,5

2023

2,5

2024

3,1

2025

4,1

For saldert budsjett 2025 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,7 prosent. Etter vedtekne budsjettendringar 1. halvår 2025 vart han rekna til 5,4 prosent og etter nysalderinga til 4, 9 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2025 er veksten rekna til 4,1 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

1.4 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet med rekneskapen for 2024 og budsjett og rekneskap for 2025. Endringar i lånetransaksjonar frå nysaldert budsjett til rekneskap er nærare spesifisert i tabellane 1.10 (utgifter) og 1.11 (inntekter).

Statens utbetalte lånetransaksjonar (lån frå statsbankane m.m.) med fråtrekk av tilbakebetalingar av lån til staten og overskotet på statsbudsjettet i rekneskapen utgjer statens netto finansieringsbehov. Med tillegg av betalte avdrag på statsgjelda framkommer statens brutto finansieringsbehov. Endringar i gjeldsavdrag på statsgjelda er påverka av avdragsprofilen på denne gjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.

Det vart i 2025 overført 139,6 mrd. kroner til Statens pensjonsfond utland, jf. kap. 2800 Statens pensjonsfond utland, post 96 Finanspostar overført til fondet. I tillegg til overføring av inntekter på 42,7 mrd. kroner knytte til Equinor ASA sitt atterkjøp av aksjar, er det på kap. 2800, post 96 løyvd tilbakeføring frå statens kontantbehaldning til SPU med høvesvis 82,1 mrd. kroner i ein ekstraordinær tilbakeføring og 14,7 mrd. kroner i årleg korreksjon for å tilbakeføre overskotet i rekneskapen for 2024, jf. omtale i avsnitt 8.1 i Prop. 1 S (2024–2025) og avsnitt 2.14 i Prop. 146 S (2024–2025).

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2025 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Nysaldert budsjett 20252)

Rekneskap 2025

Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

189 165

245 702

264 315

262 627

-

Tilbakebetalingar

131 378

133 183

192 027

194 000

-

Overskot i statsbudsjettet

14 748

0

0

4 488

=

Netto finansieringsbehov

43 039

112 519

72 288

64 139

+

Gjeldsavdrag

64 795

63 817

75 497

77 832

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

107 834

176 336

147 785

141 971

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

42 801

0

42 726

42 726

-

Utlån, aksjeteikning m.m.

0

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland 1)

42 801

0

42 726

42 726

1) Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda er overført til Statens pensjonsfond med 139,6 mrd. kroner, jf. kap. 2800, post 96. Tilbakeføring av 96,8 mrd. kroner frå kontantbehaldninga til SPU inngår i tabellen i «Utlån, aksjeteikning m.m.»

2) Nysaldert budsjett, vedtatt desember 2025.

Kjelde: Finansdepartementet.

Samla utgifter til utlån vart 1,7 mrd. kroner mindre enn i vedtatt, nysaldert budsjett. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Husbanken, kap. 2412

-3 115

Innovasjon Noreg, kap. 2421

840

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 1565

669

Eksportkredittordninga, kap. 2429

-209

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

136

Norske tog, kap. 1358

-150

Forskot på rammetilskot til kommunar, kap. 571

89

Eigenkapitalinnskot, kap. 0950

52

Andre utlån, netto

0

Samla endring utlån

-1 688

Samla mindreutgifter knytte til lånetransaksjonar på 1,7 mrd. kroner svarer til 1,0 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgifter på utlån under Husbanken som svarer til 11,1 prosent av løyvinga og meirutgifter under Innovasjon Noreg og bustadlånsordninga som svarer til høvesvis 1,4 og 6,1 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart 2,0 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Husbanken, kap. 5312

1 064

Eksportkredittordninga, kap. 5329

747

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 4565

349

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-195

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

5

Andre tilbakebetalingar, netto

4

Samla endring i tilbakebetalingane

1 973

Netto utlån vart dermed 3 661 mill. kroner mindre enn i vedtatt, nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 4 488 mill. kroner, vart netto finansieringsbehov 8 148 mill. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2025 vart 77 832 mill. kroner, som er 2 335 mill. kroner meir enn i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed 5 813 mill. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. I 2025 var det inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2025 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.5 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2025 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 416,4 mrd. kroner i 2025, ein auke på 18,5 mrd. kroner eller 1,3 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Nysaldert budsjett 2025

Rekneskap 2025

Skattar på formue og inntekt

444,6

434,9

435,9

432,8

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

454,5

466,6

472,9

471,3

Tollinntekter

3,9

3,9

3,9

3,8

Meirverdiavgift

387,9

409,3

401,5

397,9

Avgifter på alkohol

16,4

16,8

16,4

16,5

Avgifter på tobakk

7,7

7,6

7,8

7,8

Avgifter på motorvogner

20,6

18,9

19,5

19,8

Andre avgifter

62,2

65,0

66,3

66,5

Sum skattar og avgifter

1 397,8

1 423,0

1 424,2

1 416,4

I statsrekneskapen for 2025 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 6,6 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er minka med 0,5 prosent gjennom 2025. Ved nysalderinga av 2025-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 424,2 mrd. kroner, som er 1,2 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 7,8 mrd. kroner mindre enn i vedtatt, nysaldert budsjett. Av dette gjeld 3,1 mrd. kroner skatt på formue og inntekt, 3,6 mrd. kroner innbetalt meirverdiavgift og 1,6 mrd. kroner innbetalt arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift. Andre skattar og avgifter auka med om lag 0,5 mrd. kroner.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 424,2 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2025 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 432,8 mrd. kroner. Dette var 2,6 prosent lågare enn i 2024. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 471,3 mrd. kroner i 2025, ein auke på 3,7 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 2,6 prosent, til 397,9 mrd. kroner i 2025. Frå 2024 til 2025 auka andre særavgifter og tollinntekter med 3,2 prosent, frå 110,8 mrd. kroner til 114,4 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.6 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE, jf. kap. 5440. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 664,0 mrd. kroner, som er 8,2 mrd. kroner meir enn i vedtatt, nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13. Dette til trass for at anslaget på petroleumsinntektene allereie var justert opp med 12,8 mrd. kroner i nysalderinga av budsjettet.

Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Nysaldert budsjett 2025

Rekneskap 2025

Endring

Petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

382 301

382 899

598

Inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE)

272 300

275 165

2 865

Utbyte frå Equinor ASA

34 618

34 656

38

– Utgifter, statleg petroleumsverksemd

33 434

28 714

-4 720

= Netto petroleumsinntekter

655 786

664 005

8 220

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2025 vart 183,8 mrd. kroner, som er overført frå statskassa til fondet. I 2025 var det òg netto finanstransaksjonar førte på kap. 2800, post 96 på i alt 139,6 mrd. kroner. Medrekna finanstransaksjonar vart det avsett 323,4 mrd. kroner i fondet. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2

I Stortinget si handsaming av Prop. 26 S (2025–2026) om ny saldering av 2025 budsjettet, vart utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner slik at det oljekorrigerte underskotet auka frå 477,6 mrd. kroner til 480,2 mrd. kroner, jf. omtale av budsjettforliket i Innst. 75 S (2025–2026).

3

Noregs Bank fekk eit overskot i 2024 på 95,1 mrd. kroner, mot 70,0 mrd. kroner i 2023. Av overskotet vart 55,1 mrd. kroner tillagt overføringsfondet i Noregs Bank, slik at dette utgjorde 90,3 mrd. kroner per 31.12.2024. Overføringa frå Noregs Bank i 2025 vart fastlagd av bankens representantskap 25. februar 2025 til 30,1 mrd. kroner som er 1/3 av overføringsfondet. Det er 11,1 mrd. kroner meir enn Noregs Bank si eiga prognose som låg til grunn for budsjettframlegget.