Meld. St. 9 (2017–2018)

Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Stortingsmeldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017. Ho gjev vidare ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg inneheld meldinga ei oversikt over status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no