NOU 2001: 05

Kino i en ny tid— Kommers og kultur

Til innholdsfortegnelse

1 Lov om film og videogram

Kapittel I. Innleiande reglar

§ 1. Verkeområde og definisjonar 1

Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje tilhøve som er regulerte i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting.

Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.

Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.

Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.

Kapittel II. Løyveplikt og avgifter

§ 2. Kommunal løyveordning 2

Framsyning og omsetning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt. Dette gjeld ikkje omsetning av film eller videogram for vidareomsetning.

Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova § 204 eller § 382 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

Kommunen og Statens filmtilsyn har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.

Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.

Ved omsetning av videogram skal den som omset videogram til kunden i løyvepliktig verksemd ha fylt 18 år. Det kan ikkje omsetjast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet. Kommunane kan fastsetje krav til breidd i utvalet når det gjeld utleige av videogram.

Departementet kan i forskrift gi reglar om breidd i utvalet og gjere unntak frå kravet om løyve.

§ 3. Avgift til Norsk kino- og filmfond 3

Den som driv framsyning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5   % av bruttoomsetninga. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning.

Den som vil ha eit videogram registrert for omsetning i næring, skal betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond pr. videogram. Stortinget fastset satsane.

Departementet fastset i forskrift nærmare retningsliner om avgiftsgrunnlag, utrekning og innkrevjing av avgifter, bruken av midlane og kan gjere unntak frå kravet om avgift.

Kapittel III. Førehandskontroll og aldersgrenser

§ 4. Førehandskontroll 4

Film eller videogram som skal synast fram i næring, må på førehand vere godkjent av Statens filmtilsyn. Departementet kan gi forskrifter om førehandskontroll av film og videogram som skal omsetjast til forbruker.

Statens filmtilsyn må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner krenkjer sømd eller strir mot straffelova § 382.

Den som vil ha ein film eller eit videogram vurdert av Statens filmtilsyn, skal betale eit gebyr som blir fastsett av departementet.

Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om førehandskontroll og betaling av gebyr.

§ 5. Aldersgrenser 5

Film og videogram som skal synast fram i næring, skal anten godkjennast for alle aldersgrupper, sju år og eldre, elleve år og eldre, femten år og eldre eller atten år og eldre.

Når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, kan

  1. barn frå fire år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa sju år og eldre, og

  2. barn frå åtte år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa elleve år og eldre, og

  3. ungdom frå tolv år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa femten år og eldre.

Ved aldersvurdering som nemnt i første leddet, skal Statens filmtilsyn leggje avgjerande vekt på om filmen eller videogrammet kan påverke sinn eller rettsomgrep på ein skadeleg måte. Statens filmtilsyn kan i tillegg uttale seg om ein film eller eit videogram høver for ei viss aldersgruppe.

§ 6. Klagenemnd for film og videogram 6

Enkeltvedtak som Statens filmtilsyn gjer etter denne lova kan påklagast til Klagenemnda for film og videogram. I høve til vedtak om aldersgrenser gjeld fristen på tre månader i forvaltningslova § 29 andre ledd først frå det tidspunkt ein film eller eit videogram blir gjort tilgjengeleg for publikum. I tillegg til distributøren kan Ombodet for barn og unge (Barneombodet) klage på dei aldersgrensevedtaka som har verknad for barn.

Klagenemnda blir utpeikt av departementet, som i forskrift gir nærmare reglar om klageordninga og om verksemda til klagenemnda.

Kapittel IV. Merking og registrering av videogram m.m.

§ 7. Registrering av videogram 7

Videogram som skal omsetjast i næring, må vere registrert i eit videogramregister i Statens filmtilsyn.

Statens filmtilsyn kan vurdere eit videogram før det blir registrert. Også videogram som alt er registrerte, kan vurderast. Eit videogram som Statens filmtilsyn meiner er i strid med reglane i straffelova § 204 eller § 382 kan ikkje registrerast. Det same gjeld videogram som er funne rettsstridig ved dom, vedteke førelegg eller som etter avgjerd av påtalemakta eller forhørsretten skal inndragast eller sperrast fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 204 eller § 382. Ansvarleg distributør kan likevel krevje at videogrammet blir vurdert av Statens filmtilsyn.

Ein kopi av kvart videogram som er vurdert av Statens filmtilsyn, skal arkiverast i Norsk filminstitutt. Det same gjeld videogram som etter dom eller vedteke førelegg er funne rettsstridig og som blir inndrege.

Departementet gir i forskrift nærmare reglar om registrering av videogram.

§ 8. Merking av videogram 8

Videogram som skal omsetjast i næring skal merkast av distributøren.

Departementet fastset i forskrift nærmare reglar for merkinga, og kan i forskrift gjere unntak frå kravet om merking.

§ 9. (Opphevd med lov 28 mai 1998 nr. 33 (frå 1 jan 2000).)

§ 10. Gebyr for registrering og merking m.v. 9

Det skal betalast gebyr for registrering og merking m.v. Departementet fastset nærmare forskrifter om gebyr og om innkrevjing. Stortinget fastset satsane.

§ 11. Innsynsrett

Alle har innsynsrett i registra dersom ikkje lovbestemt teieplikt er til hinder for dette. Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om korleis opplysningane skal kunngjerast for ålmenta, og kan gjere unnatak frå innsynsretten i visse høve.

§ 12. Administrative sanksjonar 10

Departementet kan gi forskrift om høve for Statens filmtilsyn til å nekte førehandskontroll eller registrering av film eller videogram frå distributørar som bryt reglane i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova.

Kapittel V. Strafferettslege sanksjonar

§ 13. Straff 11

Den som ved vilje eller aktlaust bryt denne lova eller forskrifter givne med heimel i lova, kan straffast med bot eller fengsel i opptil tre månader eller med begge delar.

§ 14. Straff for ansvarleg leiar ved omsetning av videogram 12

Ansvarleg leiar for eit distributørfirma kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader om han i næring omset videogram som han kunne straffast for etter § 204 eller § 382 i straffelova om han hadde kjent til innhaldet. Han er likevel straffri om han godtgjer at han ikkje kan leggjast noko til last med omsyn til kontroll av innhaldet i videogrammet eller tilsyn med, rettleiing eller instruks for avløysarar, medarbeidarar eller underordna.

Ved gjentaking eller ved særs skjerpande omstende kan fengsel idømmast opptil seks månader. Det kan likevel ikkje idømmast strengare straff enn etter den lovregelen som kunne ha vore nytta om den ansvarlege leiaren hadde kjent innhaldet.

Påtale etter denne lova følgjer dei same reglane som påtale etter lovreglane som regulerer innhaldet i videogram.

§ 15. Ulovleg omsetning 13

Den som driv omsetning av film eller videogram som er sperra eller inndrege som stridande mot § 204 eller § 382 i straffelova for mindre enn 15 år sidan, kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader.

Påtale blir berre reist når allmenne omsyn krev det.

§ 16. Inndraging 14

Ein film eller eit videogram som heilt eller delvis er i strid med § 204 eller § 382 i straffelova, kan ved dom inndragast utan omsyn til om nokon kan straffast.

Føresegnene i første leddet gjeld ikkje film eller videogram som er i privat eige og som det ikkje er meininga skal spreiast til ålmenta eller synast fram i næring.

Kapittel VI. Gjennomføring av lova

§ 17. Ikraftsetjing 15

Lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset.

Fotnoter

1.

Endra med lov 6 jan 1995 nr. 3 (i kraft 1 feb 1995).

2.

Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76.

3.

Endra med lov 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343).

4.

Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 14 jan 2000 nr. 6 (i kraft 20 jan 2000, etter res. 14 jan 2000 nr. 31).

5.

Endra med lover 20 mai 1988 nr. 34, 11 juni 1993 nr. 92, 16 juni 1994 nr. 19 (i kraft 15 juli 1994, etter res. 16 juni 1994 nr. 480. Endringslova fastset slike overgangsregler: «Ledsagerprinsippet gjelder også for film og videogram med tidligere 15-årsgrense. – Film og videogram med tidligere 10-årsgrense får 11-årsgrense, og film og videogram med tidligere 5-årsgrense får 7-årsgrense. – Filmdistributørene kan søke Statens filmtilsyn om ny aldersklassifisering. Det skal ikke betales ny avgift etter lovens § 4 tredje ledd for behandling av søknader om ny klassifisering for film med tidligere 5- eller 10-årsgrense»).

6.

Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343).

7.

Endra med lover 20 mai 1988 nr. 34, 11 juni 1993 nr. 92, 6 jan 1995 nr. 3 (i kraft 1 feb 1995), 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76.

8.

Endra med lov 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343).

9.

Endra med lover 11 juni 1993 nr. 92, 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343).

10.

Opphevd med lov 28 mai 1998 nr. 33 (frå 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), tilføyd igjen med lov 14 jan 2000 nr. 6 (i kraft 20 jan 2000 etter res. 14 jan 2000 nr. 31).

11.

Endra med lov 20 juli 1991 nr. 66.

12.

Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (i kraft 1 jan 2000, etter res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76.

13.

Endra med lov 11 aug 2000 nr. 76.

14.

Endret ved lov 11 aug 2000 nr. 76.

15.

Frå 1 jan 1988, etter res. 18 des 1987 nr. 965.

Til forsiden