NOU 2001: 05

Kino i en ny tid— Kommers og kultur

Til innholdsfortegnelse

2 Forskrift om film og videogram

Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar

§ 1–1. Verkeområde

Lova og forskriftene gjeld ikkje på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen.

§ 1–2. Definisjonar

Distributør tyder i denne forskrifta både firma og ansvarleg leiar av firma som driv distribusjon av film eller videogram.

Som distributør av ein film eller eit videogram reknast i denne forskrifta den som er registrert som distributør i Statens filmtilsyn sine register.

Kapittel 2. Kommunal løyveplikt

§ 2–1. Vilkår for løyve for omsetning av videogram

Vilkår om breidd i utvalet ved utleige av videogram, jf. lova § 2 femte ledd, kan innehalde følgjande element:

  • krav om eit mangfald i sjangerutvalet,

  • krav om ein nærare bestemt del videogram som passar for barn og unge,

  • krav om ein nærare bestemt del videogram med norsk språk (originalt eller dubbet).

Vilkår om breidd i utvalet må vere rimelege i høve til kundegrunnlaget og storleiken på verksemda og tilbodet av videogram på marknaden. Vilkår om norsk språk må ikkje hindre omsetning av utanlandske videogram.

Kommunane kan ikkje setje andre vilkår for omsetning av videogram enn dei som er nemnde ovanfor.

§ 2–2. Unntak frå krav om løyve

Det krevst ikkje kommunalt løyve for:

  1. framsyning av film eller videogram der det ikkje krevst særskild betaling for framsyninga,

  2. framsyning eller omsetning av film eller videogram i hotellrom,

  3. omsetning av videogram som berre inneheld

  • opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar,

  • musikk- eller idrettsstoff,

  • dokumentar-, aktualitets- eller nyhendestoff,

  • forskings- eller hobbystoff,

  • opplysnings- eller undervisningsstoff til bruk i undervisninga ved skolar, universitet og høgskolar og ved vaksenopplæring i organisasjonar og institusjonar som er godkjende etter lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring,

  • informasjon om, og reklame for, varer og tenester.

Kapittel 3. Avgift til Norsk kino- og filmfond

§ 3–1. Betaling av avgift til Norsk kino- og filmfond

Det skal førast særskild rekneskap for avgiftspliktig framsyning eller omsetning. Rekneskapen skal reviderast av ein registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen til kommunale kinoar skal reviderast av kommunerevisjonen.

For framsyning av film eller videogram i næring skal avgiftsgrunnlag og avgiftsbeløp kvart kvartal fyllast ut på eit skjema til Norsk kino- og filmfond. Meirverdiavgift skal ikkje reknast inn i avgiftsgrunnlaget.

For omsetning av videogram med trykte registreringsmerker etter § 8–1 fjerde leddet, skal distributøren kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Norsk kino- og filmfond og Statens filmtilsyn, jf. § 10–2.

For omsetning av videogram med registreringsmerker frå Statens filmtilsyn, skal distributøren betale avgifta i samband med kjøpet av registreringsmerker. Norsk kino- og filmfond gir refusjon av avgifta for ubrukte merker.

§ 3–2. Bruk av avgiftsmidlane

Avgiftsmidlane skal nyttast til ulike tiltak innan film- og videogramsektoren. Det er m.a. støtte til:

  • ambulerande kinoverksemd

  • kopiering og distribusjon

  • festivalar

  • teksting

  • dubbing av film for barn

  • støtte til Norsk Filmklubbforbund

  • opplæring og informasjon

  • lanseringsstønad til norske barnefilmar.

§ 3–3. Norsk kino- og filmfond

Vedtektene til Norsk kino- og filmfond skal sikre dei partar som svarer avgift representasjon i styret for fondet.

Budsjettframlegget til Norsk kino- og filmfond skal kvart år, seinast to månader før årsmøtet, leggjast fram for departementet.

Årsrekneskapen til Norsk kino- og filmfond skal reviderast av ein registrert/statsautorisert revisor.

Årsrekneskapen og årsmeldinga til Norsk kino- og filmfond skal kvart år leggjast fram for departementet.

§ 3–4. Unntak frå kravet om betaling av avgift

Det skal ikkje betalast avgift for framsyning av film eller videogram som ikkje krev kommunalt løyve etter § 2–2 pkt. 1 eller 2.

Kapittel 4. Førehandskontroll

§ 4–1. Unntak frå kravet om førehandskontroll

Det krevst ikkje førehandskontroll for framsyning av:

  1. videogram i hotellrom,

  2. filmar eller videogram som klart ikkje er i strid med § 4 i lova og som berre inneheld:

    • program som tidlegare er sende i Norsk rikskringkasting eller som er produserte av eit statleg eller kommunalt organ,

    • opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar,

    • musikk- eller idrettsstoff,

    • dokumentar-, aktualitets-, eller nyhendestoff,

    • program for undervisnings-, forskings- eller hobbyformål,

    • informasjon om, og reklame for, varer og tenester.

Dersom Statens filmtilsyn tidlegare har godkjent ein film eller eit videogram for offentleg framsyning, krevst det ikkje ny førehandskontroll for framsyning i næring av den same versjonen.

§ 4–2. Dispensasjon frå kravet om førehandskontroll

Etter søknad kan Statens filmtilsyn gjere unntak frå kravet om førehandskontroll for film og videogram som er tekne inn i landet for framsyning ved festivalar, filmveker eller i samband med offisielle kulturarrangement.

§ 4–3. Gebyr

For førehandskontroll av film og videogram krev Statens filmtilsyn inn eit gebyr rekna ut etter speletida (lengda) på filmen eller videogrammet. Departementet fastset gebyrsatsen.

Gebyr skal krevjast inn utan omsyn til kva for avgjerd Statens filmtilsyn tek. Statens filmtilsyn kan krevje at gebyret blir betalt på førehand.

For vurdering og klarering av eksemplar av film eller videogram som er blitt vurdert tidlegare, skal det reknast halvt gebyr.

§ 4–4. Opplysningsplikt

Den som vil ha ein film eller eit videogram førehandskontrollert for framsyning i næring, må gi Statens filmtilsyn følgjande opplysningar om filmen eller videogrammet:

  • namn på distributørfirma, med adresse og telefonnummer

  • original tittel

  • norsk tittel

  • regissør

  • skodespelarar

  • produksjonsår

  • produksjonsland

  • speletid (lengd)

  • språk i dialogen

  • kort samandrag av innhaldet i filmen eller videogrammet

  • filmtype (t.d. dokumentar, spillefilm, trailer osv.)

  • talet på kopiar.

Opplysningar gitt i medhold av denne paragrafen skal fyllast ut på eit skjema frå Statens filmtilsyn.

Endringar i desse opplysningane skal meldast skriftleg til Statens filmtilsyn snarast råd.

§ 4–5. Register over vurderte filmar og videogram

Det skal førast register over film og videogram som er førehandskontrollert etter § 4 i lova. Registeret skal òg femne om videogram som er vurderte etter § 7 i lova. For kvar film og kvart videogram skal registret innehalde dei opplysningane som er gitt i medhald av § 4–4, første leddet, og § 7–1, første leddet, samt opplysningar om:

  • vedtak

  • grunngjeving

  • dato for vurdering

  • dato for stempling

  • registernummer

  • distributørnummer

  • speletida (lengda) på filmen eller videogrammet

  • ev. søknad om unntak frå førehandskontroll

  • ev. klage oversendt Klagenemnda for film- og videogram.

Kapittel 5. Aldersgrenser

§ 5–1. Anbefaling

Ved førehandskontroll av film eller videogram for framsyning i næring skal Statens filmtilsyn, i tillegg til å fastsette aldersgrense etter § 5 i lova, gi ei anbefaling om kva for aldersgrupper filmen etter sitt innhald er eigna for. Anbefalinga skal offentleggjerast.

§ 5–2. Instruks for Statens filmtilsyn

Departementet fastset instruks for Statens filmtilsyn sine prosedyrar ved vurdering av film og videogram, etter framlegg frå Statens filmtilsyn.

§ 5–3. Unntak frå fastsette aldersgrenser

Statens filmtilsyn kan, innanfor dei grensene som gjeld for føresette etter § 5 andre leddet i lova, gjere unntak frå dei fastsette aldersgrensene for framsyning av film og videogram som ledd i undervisning.

Kapittel 6. Klagenemnd for film og videogram

§ 6–1. Verksemda i Klagenemnda for film og videogram

Departementet oppnemner Klagenemnda for film og videogram.

Nemnda skal vere samansett av fem personar som blir oppnemnde for ein periode på tre år. Departementet oppnemner personlege varamedlemmer for medlemene. Departementet oppnemner sekretær for nemnda.

Nemnda skal vere fulltalig når det blir teke avgjerd.

§ 6–2. Klageretten til Barneombodet

Vedtak om aldersgrenser etter § 5 i lova kan påklagast av Barneombodet. Barneombodet kan likevel ikkje klage på vedtak om aldersgrense på 18 år, dersom bakgrunnen er at ombodet meiner innhaldet strir mot norma i § 4 i lova, og filmen difor skulle vore forboden.

Barneombodet skal ha melding dersom distributøren av ein film eller eit videogram klagar på eit vedtak i Statens filmtilsyn.

Etter oppmoding frå Barneombodet skal Statens filmtilsyn gi pålegg som nemnt i § 6–3 der det er naudsynt av omsyn til klageretten til Barneombodet.

§ 6–3. Kopi av film eller videogram til bruk i klagebehandlinga

På oppmoding frå Statens filmtilsyn plikter distributør å stille eit eksemplar av ein påklaga film eller videogram til disposisjon for Klagenemnda for film og videogram eller Barneombodet.

Kapittel 7. Registrering av videogram

§ 7–1. Opplysningsplikt

Den som vil ha eit videogram registrert for omsetjing i næring, må gje Statens filmtilsyn følgjande opplysningar om videogrammet:

  • namn på distributørfirma, med adresse og telefonnummer

  • tittel

  • anbefalt aldersgrense

  • produksjonsår (om det kan skaffast, jf. § 7–4)

  • regissør (om det kan skaffast, jf. § 7–4).

Opplysningane skal gis i latinske bokstavar og fyllast ut på eit skjema frå Statens filmtilsyn.

Endringar i desse opplysningane skal meldast skriftleg til Statens filmtilsyn snarast råd.

§ 7–2. Videogramregisteret

For kvar videogramtittel skal videogramregistret innehalde opplysningane nemnt i § 7–1 samt opplysningar om:

  • distributørnummer

  • videogramregisternummer

  • dato for registrering.

§ 7–3. Registrering av videogram som inneheld fleire titlar

Dersom eit videogram inneheld fleire titlar, skal kvar tittel registrerast med dei opplysningane som følgjer av § 7–1 og § 7–2. Dette gjeld ikkje for videogram som er ei samling av fleire titlar og som har ein eigen tittel for samlinga. Statens filmtilsyn avgjer i tvilstilfelle kor mange registreringar som er nødvendige for eitt videogram.

§ 7–4. Manglande opplysningar

Statens filmtilsyn skal normalt ikkje nekte registrering sjølv om det i somme tilfelle ikkje let seg gjere å skaffe fram opplysningar om produksjonsår eller regissør. Distributøren skal opplyse om årsaka til at det ikkje let seg gjere å skaffe fram opplysningane.

§ 7–5. Distribusjonslister

Registrerte distributørar plikter å føre distribusjonslister over dei videogramma dei har distribuert. Listene skal på oppmoding stillast til rådvelde for politiet og/eller Statens filmtilsyn.

§ 7–6. Ulovlege videogram

Når eit videogram

  1. er funne rettsstridig ved dom eller vedteke førelegg, eller

  2. er i strid med § 211 og/eller § 382 i straffelova, etter vurdering av Statens filmtilsyn, eller

  3. ikkje blir sendt inn til Statens filmtilsyn etter krav frå Statens filmtilsyn, skal dette førast i registeret slik at det er klart at videogrammet ikkje kan omsetjast i Noreg.

Statens filmtilsyn skal i videogramregisteret opplyse kva for regel i straffelova videogrammet er i strid med. Det skal også kort gjerast greie for kvifor videogrammet strir mot reglane.

Dersom slike videogram alt er registrerte, kan Statens filmtilsyn gje distributøren pålegg om tiltak for å hindre at kopiar av videogramma blir omsette i næring.

§ 7–7. Videogram som er inndrege eller sperra

Når eit videogram er inndrege eller sperra etter avgjerd av påtalemakta eller forhørsretten fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382, skal dette førast i registeret.

Slike videogram kan ikkje omsetjast før det ligg føre endeleg frifinnande avgjerd i saka.

§ 7–8. Plikt til å sende inn kopi av videogram

Når Statens filmtilsyn krev at eit registrert videogram skal vurderast, skal distributør sende videogrammet til Statens filmtilsyn innan ei veke frå han har motteke meldinga om dette.

Kapittel 8. Merking av videogram

§ 8–1. Utforming av registreringsmerke

Kvart eksemplar av registrerte videogram som skal omsetjast i næring skal påførast eit registreringsmerke utferda av Statens filmtilsyn.

Registreringsmerket skal innehalde følgjande opplysningar:

  • registreringsnummer

  • tittel.

Opplysningane på registreringsmerket skal gis i latinske bokstavar.

Distributøren kan søkje Statens filmtilsyn om løyve til å trykkje registreringsmerket direkte på videogrammet. Statens filmtilsyn gir nærare vilkår for løyve til trykking av registreringsmerke.

Statens filmtilsyn kan gje nærmare reglar om utforming, plassering, betaling, levering og makulering av registreringsmerke.

§ 8–2. Utforming av omslag

Kvart omslag skal på ein godt synleg plass innehalde følgjande opplysningar:

  • tittel

  • tilrådd aldersgrense

  • produksjonsår (om det kan skaffast, jf. § 7–4)

  • regissør (om det kan skaffast, jf. § 7–4).

Opplysningane på omslaget skal gis i latinske bokstavar.

Distributøren må i samband med registreringa i Videogramregisteret sende inn eit eksemplar av omslaget til kvar videogramtittel til Statens filmtilsyn som dokumentasjon for at opplysningane finst på omslaget.

§ 8–3. Aldersgrenser for videogram

Distributøren bør sjå til at alt materiale som finst på videogrammet er eigna for personar som har nådd den tilrådde aldersgrensa, jf. § 8–2.

Dersom videogrammet inneheld materiale som Statens filmtilsyn tidlegare har førehandskontrollert, jf. § 4 i lova, bør videogrammet ikkje ha lågare aldersgrense enn den som vart sett for framsyning i næring.

§ 8–4. Ansvar for merking

Distributøren er ansvarleg for at kvart eksemplar av videogram som han omset i næring er merkt i høve til lov og forskrift.

Merket skal vere påført innan videogrammet vert omsett til forhandlar eller forbrukar.

Kapittel 9. Administrative sanksjonar

§ 9–1. Administrative sanksjonar

Dersom ein distributør handlar i strid med lov om film og videogram eller forskrifter gitt i medhald av lova, eller i strid med pålegg gitt av Statens filmtilsyn etter § 7–6 tredje leddet, kan Statens filmtilsyn inntil det ulovlege tilhøvet opphøyrer nekte å motta film eller videogram frå vedkommande distributør for førehandskontroll eller registrering.

Distributør som har fått løyve til å trykke registreringsmerker, jf. § 8–1, kan ved brot på reglar eller vilkår som nemnt i første leddet miste retten til trykking, for ei periode eller permanent.

Statens filmtilsyn kan fastsette nærmare reglar om handsaminga av spørsmål om bruk av administrative sanksjonar.

Kapittel 10. Gebyr for registrering, merking og vurdering av videogram

§ 10–1. Gebyr for registrering og merking av videogram

For registrering og merking av videogram for omsetning i næring krev Statens filmtilsyn eit gebyr, jf. § 10 i lova.

Statens filmtilsyn fastset betalingsforma.

§ 10–2. Rapportering

Dei som har fått løyve til trykking av registreringsmerker, jf. § 8–1, skal kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Statens filmtilsyn og Norsk kino- og filmfond, jf. § 3–1.

Statens filmtilsyn kan fastsette nærare reglar for rapporteringa.

§ 10–3. Gebyr for vurdering av videogram etter ynskje frå distributør

For vurdering av videogram etter ynskje frå distributør, jf. § 7 i lova, krev Statens filmtilsyn inn eit gebyr rekna ut etter speletida (lengda) på videogrammet.

Gebyr skal krevjast inn utan omsyn til kva for avgjerd Statens filmtilsyn tek. Statens filmtilsyn kan krevje at gebyret blir betalt på førehand.

Kapittel 11. Ikraftsetjing

§ 11–1. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2000. Frå same tid opphevast forskrift av 7. desember 1987 nr. 998 om film og videogram, likevel slik at § 3–1 i denne forskrifta gjeld for rapportering og innkrevjing av avgift som gjeld omsetning før 1. januar 2000.

Til forsiden