NOU 2003: 16

I første rekke— Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle

Til innholdsfortegnelse

2 Om spesialundervisninga ikkje fanst

Peder Haug Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning, desember 2002

Eg ser tre hovudgrunnar bak ønsket om å ta bort spesialundervisninga. Den første er at spesialundervisninga ikkje fungerer særleg godt i dag, for mange elevar. Kor mange veit vi ikkje, men vi (forskarar) trur at det kan vere nokså mange. Den andre er at systemet med spesialundervisning reint ideologisk strir i mot andre verdiar skulen også skal fremje, den viktigaste er likskap, likeverd og inkludering. (Dette argumentet er ofte nemnt med tilvising til den inkluderande skulen.) Det tredje er at spesialundervisning er dyrt, og ein kan spare pengar, eventuelt få meir for dei ved å gjere noko anna. Alle desse grunngjevingane meiner eg er legitime.

Kravet til skulen er i dag at all opplæring må vere orientert om dei enkelte elevane og deira personlege utgangspunkt samtidig som ein skal skape eit sosialt og fagleg miljø i klassar og grupper. Problemet er at i praksis synleggjer og segregerer spesialundervisninga enkelte elevar, dels fordi dei blir definerte som avvikarar, og dels fordi dette avviket fører til at dei blir skilde ut frå den sosiale fellesskapen i heile eller deler av tida på skulen. Det er god grunn til å tru at dette kan henge saman med at det eksisterer formelle og juridiske ordningar som skaper eit grunnlag for dette. Ein skal på den andre sida heller ikkje vere framande for at grunnen til at spesialundervisninga opptrer som ho gjer er å finne andre stader. Det kan t.d. vere liten tvil om at ei viktig forklaring på status er profesjonsinteresser og strid om faglege hegemoni. Desse kan ein ikkje eliminere ved å endre ord åleine.

Spørsmålet er om skulen utan spesialundervisning blir ein skule som inkluderer alle sosialt og fagleg. Berre åleine å ta bort systemet spesialundervisning vil ikkje hjelpe stort på situasjonen, meiner eg. Det vil sannsynlegvis berre skape eit uendeleg kaos, uvisse og frustrasjonar, og konsekvensen kan verte endå meir organisatorisk differensiering, men no på eit anna grunnlag enn spesialpedagogiske diagnosar.

Å ta bort ei strukturell ordning og ein individuell rett utan å sette noko anna i staden vil altså vere risikabelt. Difor er spørsmålet kva som skal kome i staden for spesialundervisning om den ikkje skal vere meir. Det ideelle svaret vil vere at då skal skulen utvikle undervisnings-, arbeids- og læringsformer som er tilpassa den enkelte elev, og den skal syte for å dokumentere at den enkelte elev får slik opplæring som trengst for å få tilstrekkeleg utbyte. Ressursar til dette kan leggast inn i overføringane til skulane, som så kan stå nokså fritt til sjølve å bestemme korleis midlane skal nyttast. Det vil truleg krevje at ein står langt friare i organisering av skulen enn i dag. (Det finst døme på skular som har hatt det slik, mellom anna i Italia og Canada.)

Det praktiske problemet er dels at det vil kome sterke reaksjonar på dette frå mange hald, både av prinsipiell (som gjeld rettar osv.), og konkret art (at ein endrar på etablerte ordningar). Det vil bli uttrykt redsle for at det nye ikkje vil ta høgde for den støtte mange treng. Det er også realistisk, ved overgangen frå spesialskular til integrering var og er dette ein del av erfaringa. Fleire barn har fått dårlegare oppfølging enn den dei hadde hatt.

Dels vil utfordringa vere å svare på spørsmålet: korleis skal vi no gå fram, kva skal skulen konkret gjere? Dette siste spørsmålet er etter mitt syn det mest sentrale. Dette meiner eg meir generelt, fordi de nærare vi kjem klasserommet, de mindre kunnskap og innsikt har vi om det som skjer, og om det som burde skje. Utdanningspolitikken rekk direkte sjeldan inn i klasserommet. Spesielt er eg oppteken av dette fordi kunnskapen om korleis drive den skulen det her er tale om knappast eksisterer. Eller, om han eksisterer er han lite kjent. Skal ein lukkast krev det ein stor og truleg samordna innsats for å utvikle denne skulen. Det er i alle fall mi oppfatning at det lyftet er for stort å ta for ein vanleg skule, eller for den einskilde pedagogen. Det trengst støtte både frå forsking og praksis, og med ei relativt stor breidde.

Knytt til dette ligg det mange spørsmål som gjeld ei rekkje andre forhold som ikkje har med sjølve måten å drive opplæring på, eg nemner berre nokre slike som døme på kva det kan handle om:

  • Korleis skal lærarutdanninga ta opp i seg dette. Sjølv om det organisatoriske omgrepet spesialundervisning ikkje trengst, må i alle fall deler av den spesialpedagogiske kompetansen utviklast og haldast oppe. Barn som har lesevanskar vil t.d. finnast, og dei må ha lærarar som kan hjelpe dei. Vi har hatt tre reformer i denne utdanninga dei siste 10 åra, og mi vurdering er at ingen av dei er eingong nær å røre ved dei sentrale utfordringane som skulen står overfor i den samanhengen som her er tema.

  • Korleis skal ein best etterutdanne dei som er i skulen for å kunne gjennomføre dei oppgåvene som her er nemnde? Etablerte pedagogar må få ei innføring i korleis tenkje og arbeide i denne inkluderande skulen som er så sterk at den er overtydande.

  • Korleis skal skulen organiserast som system innanfor kommunen.

  • Korleis skal den enkelte skule organiserast, og innanfor denne, kva skal vere den organisatoriske eininga, skal det vere klasser, grupper, enkeltelevar?

  • Kva skal PPT sine oppgåver vere, har vi framleis behov for PPT, og i så fall til kva?

Eg kan tenkje meg alternativ til det å slette ut spesialundervisninga, kanskje som eit steg på vegen mot ei utvikling der det kanskje blir resultatet til slutt. Det vil handle om å prøve å gjere det systemet vi har betre, få det til å fungere meir i samsvar med dei intensjonane som faktisk gjeld. Det krev at ein i langt større grad enn i alle fall utdanningspolitikken har gjort til no må gå inn i institusjonane og skape forventningar og vilkår for korleis dei skal fungere. (Det er ei form for å desentralisere ansvar, men innanfor stramme sentralt gjevne rammer.) Ei forklaring på tilhøva i dag meiner eg er at signala om korleis skulen skal vere er diffuse på dette punktet.

Dette kan oppfattast som defensivt, men det kan vere meir realistisk og gjennomførleg enn den totale omveltinga som vil vere alternativet. Dette vil føresette forskjellige tiltak. Eg nemner tre døme: Det vil for det første krevje å greie ut nærare sambandet mellom spesialundervisninga og den andre undervisninga. Dette er ikkje gjort i vårt land enno, på ein grundig og overtydande måte. Det kunne også i seg sjølv danne grunnlaget for vidare strategiar for handling, og det vil kunne gje eit tydeleg og kanskje også eintydig signal om korleis skulen skal vere.

For det andre vil ein kunne stille spørsmålet om det er mogleg å kvalitetssikre den spesialundervisninga som blir gjeven på ein betre måte enn i dag, anten gjennom lokal oppfølging og vurdering og/eller gjennom tiltak initierte frå sentralt hald. Då ville ein kanskje på sikt også kunne identifisere alle dei tilfella der spesialundervisninga handlar om andre ting enn å hjelpe elevar, men som heller gjeld å sikre stillingar, støtte lærarar som ikkje meistrar arbeidet sitt, vere eit skjul for skuleleiarar som ikkje meistrar å vere leiar osv., slik ein del av forskinga på feltet kan tyde på skjer.

For det tredje vil ein måtte sette i gang med omfattande og styrte utviklingsarbeid med tanke på å skape andre opplegg og organiseringar av skulen for å nærme seg dei ideala som ein har formulert. Med andre ord meiner eg at kunnskapen om korleis dette kan gjerast er for lite utvikla og for lite spreidd.

Til forsiden