Ot.prp. nr. 11 (2005-2006)

Om lov om endringer i barnelova mv. (omfang av samvær, styrking av meklingsordningen, tiltak for å beskytte barn mot overgrep, foreldreansvar etter dødsfall, tilbakebetaling av barnebidrag mv.)

Til innholdsfortegnelse

Forslag

til lov om endringer i barnelova mv. (omfang av samvær, styrking av meklingsordningen, tiltak for å beskytte barn mot overgrep, foreldreansvar etter dødsfall, tilbakebetaling av barnebidrag mv.)

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjøres følgende endringer:

§ 38 skal lyde:

§ 38 Foreldreansvar etterdødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersomden attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt å havalda at den andre er død, skal tingretten ta førebelsavgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 60a.

Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar. Dettegjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltalaeller dømd slik det er omtala i første stykketandre punktum.

Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller tingretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga. Tingretten skal taavgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 63.

Andre enn foreldra kan krevje å få foreldreansvaret til barnet etter dødsfall etter reglane i § 63.

For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.

§ 43 skal lyde:

§ 43 Omfanget av samværetmv.

Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersomsamvær ikkje er til beste for barnet, må rettenavgjere at det ikkje skal vere samvær.

Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsrettenpå bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samværskal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til bestmogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, reiseavstandenmellom foreldra og omsynet til barnet elles.Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka, annakvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.

Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for gjennomføringa av samværsretten. Dersom tilsyn vert sett somvilkår for samvær, kan retten i særlege høvepåleggje departementet å oppnemne tilsynsperson.Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegnerom oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet oggodtgjering for dette.

Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 64.

§ 48 skal lyde:

§ 48 Det beste for barnet

Avgjerder om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast og om samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.

Ved avgjerda skal det takast omsyn til at barnet ikkjemå bli utsett for vald eller på anna vis bli handsamaslik at den fysiske eller psykiske helsa vert utsett for skade ellerfare.

§ 51 tredje ledd skal lyde:

Sambuarar med felles barn under 16 årskal ved samlivsbrot møte til mekling.

§ 54 skal lyde:

§ 54 Meklingsattest

Det skal skrivast ut meklingsattest nårpartane har møtt til ein times mekling hos ein meklar.Dersom foreldra ikkje er samde, skal dei verte oppfordra til å meklei inntil tre timar. Dei kan få tilbod om mekling i ytterlegaretre timar dersom meklaren finn at dette kan føre til atpartane kan kome fram til ein avtale. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.

§ 57 skal lyde:

§ 57 Kvar sak skal reisast

Sak etter § 56 må reisast for den domstolen der barnet har heimting på den tida saka vert reist. Dersom saka gjeld sysken med ulikt heimting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har heimting. Dersombarnet bur på sperra adresse, jf. lov 16. januar1970 nr. 1 om folkeregistrering med forskrifter, ellerdet er søkt om eller gjeve løyve til å nyttefiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisastfor Oslo tingrett.

Ny § 60 a skal lyde:

§ 60 a Førebelsavgjerd om foreldreansvar ved sikting m.m. etter straffelova

Retten skal ta førebels avgjerd om foreldreansvareti saker der ein av foreldra som har foreldreansvar, er sikta ellertiltala for forsettleg eller overlagt å ha valda at denandre er død. Det same gjeld dersom den attlevande i slikehøve ikkje har foreldreansvar og krev å få det.Andre kan krevje å få foreldreansvaret. Rettenkan avgjere at ingen skal ha foreldreansvaret. Den attlevande skalberre få foreldreansvaret dersom dette klart er til bestefor barnet.

Reglane i § 63 andre stykkegjeld på same måte ved førebels avgjerd.Er det ikkje teke ut søksmål innan seks månaderetter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller domi straffesaka er rettskraftig, skal tingretten ta ny avgjerd omforeldreansvaret etter reglane i § 63.

Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkjenødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.

§ 63 andre ledd skal lyde:

Der den attlevande er sikta, tiltala eller dømdfor forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død,kan andre alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaretinnan seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfalleneller dom i straffesaka er rettskraftig. Dersom den attlevande krevforeldreansvaret, skal retten berre gå med på kravetnår dette klart er til beste for barnet. Retten tek førebelsavgjerd etter § 60 a.

§ 63 nåværende andre til åttende ledd blir tredje til niende ledd.

§ 64 andre ledd skal lyde:

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Førebels avgjerd etter § 60a kan endrast på same vilkår av den domstolensom tok førebels avgjerd, og slik sak kan reisast av denattlevande eller andre.

§ 80 skal lyde:

§ 80 Tilbakesøkingav fostringstilskotet når farskapen vert endra

Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda. Summenskal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisksentralbyrå frå tilskotet vart betalt, og tildet vert betalt attende. Ei indeksregulering skal likevel først gjerastetter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende farentidlegare har fått i likninga si for betalt tilskot. Fordelenav det tidlegare frådraget i likninga skal setjast til20 prosent.Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare.

Ein mann som er pålagd fostringsplikt,men ikkje farskap, kan krevje pengane betalte attende frå folketrygdadersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet.Første stykket gjeld tilsvarande så langt detpassar.

Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglarom tilbakesøking av fostringstilskot etter lova her.

II

I lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd (barnetrygdloven) gjøres følgende endringer:

§ 9 femte ledd skal lyde:

For at utvidet barnetrygd skal kunne tilståsetter samlivsbrudd mellom samboere med felles barn under 16 år,må det legges fram meklingsattest.

Nåværende femte ledd blir nytt sjette ledd.

III

  1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene til forskjellig tid.

  2. Departementet kan gi nærmere overgangsregler i forskrift.

Til forsiden