Ot.prp. nr. 50 (2008-2009)

Om lov om endringer i forvaltningsloven (habilitet for styremedlemmer mv. i offentlig heleide selskaper)

Til innholdsfortegnelse

5 St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati

Departementet har etter høringen lagt fram St.meld. nr. 33 (2007-2008) Eit sterkt lokaldemokrati . Her drøftes blant annet spørsmålene om kommunenes bruk av selskaper og virkningen på den folkevalgte styringen i kommunene. Departementet gir i stortingsmeldingen uttrykk for følgende syn på disse utfordringene:

Departementet er merksam på den aukande bruken av selskap i kommunane. Det utgjer ei demokratisk utfordring når kommunane vel organisasjonsformer som gjer at verksemd kommunen har ansvar for, vert lagt lenger unna direkte folkevald styring. Dette er ei utfordring kommunane og deira politiske leiarskap må handtera. Saman med kommunale etatar forvaltar kommunale selskap store ressursar på vegner av fellesskapet. Sjølv om selskapa står i ei friare stilling i forhold til folkevald styring enn det ordinære kommunale forvaltningsapparatet, er det viktig likevel at dei er underlagde demokratisk styring og at dei folkevalde også kan stillast til ansvar overfor innbyggjarane ved val for handlingar og resultat selskap står for.

Departementet vil derfor også understreka det ansvaret kommunestyret som eigar har for verksemda selskapa driv. Når eit selskap er etablert, bør ein ha ein eigarkontroll som er godt forankra blant politikarane. Dei fleste selskapsformene legg til rette for eigarstyring i større eller mindre grad. Ulike typar verksemder kan krevja ulike typar styring og kontroll. Det er viktig at kommunane er merksame på dette og har relevant kompetanse som gjer at eigarstyringa vert tilpassa behova.

Selskapsforma bør først og fremst nyttast på område der ho vil gje ein klar gevinst for kommunen og fremjar mål kommunen har sett for verksemda si.

Men selskapsorganisering høver ikkje på alle felt av den kommunale verksemda. Bruk av selskap inneber ei viss fristilling, og den verksemda selskapet skal driva må derfor eigna seg for fristilling. Dersom det er naudsynt å styra verksemda tettare enn det denne fristillinga byggjer på, bør ein vurdera å velja ei anna organisasjonsform. Det er derfor viktig at kommunane gjer gode og kvalifiserte vurderingar av på kva område selskapsorganisering eignar seg, og når det er mindre veleigna. Når ein kommune ønskjer å etablera selskap, bør det gjerast etter ei bevisst vurdering om kvifor dei vel akkurat denne forma, og kvifor denne eignar seg godt for fremja kommunen sitt mål for verksemda, ikkje minst i forhold til å sikra tilstrekkeleg demokratisk styring av verksemda.

Departementet synest det er positivt slik den refererte forskinga viser 1 , at kommunane har ei medvite forhold til selskapa sine. Sjølv om kommunen held ein avstand til dei er dei også bevisste om å gå inn med sterkare styrevirkemiddel dersom dei finn grunn til det.

Dersom ein går svært langt i å nytta alle moglege styringsvirkemeddel, kan ein risikera å mista fordeler som ligg i selskapsorganisering. I rolledelinga mellom eigar og driftsleiing som selskapslovgivinga byggjer på, ligg også ei ansvarsdeling som er vurdert å vera føremålstenleg. Dersom eigaren går svært langt i å nytta ulike styringsverkemiddel overfor driftsleiinga, kan ansvarsforholda verta uklare. Generelt kan det derfor hevdast at selskapsorganisering i utgangspunktet er mindre veleigna der det ofte vil vera trong for å gripa inn i drifta ut frå lokalpolitiske motiv.

Jamvel om kommunane som eigarar i stor grad vel å ta i bruk dei styringsmoglegheitene som selskapslovgjevinga opnar for, kjem ein ikkje bort frå at selskapsorganisering inneber eit brot på normalmodellen med direkte folkevald styring og kontroll med den kommunale aktiviteten. Styring av selskap må skje meir indirekte, på eit meir overordna nivå, og i andre former enn det som er mogleg i forhold til kommunen sine eigne tenestegreiner.

Vidare er det viktig at kommunane der ein har vald å organisera verksemda som eit selskap, gjer bruk av dei moglegheitene for eigarstyring som ligg føre, i den grad det er føremålstenleg. Ein god og gjennomtenkt eigarstrategi kan vera ein veg å gå, som Lokaldemokratikommisjonen òg peikar på. Kommisjonen peikar også på bruk av eigarmelding og eigarmøte mellom kommunen og selskap som andre styringsformer som kan vera veleigna. Der kommunen gjennomfører ei god eigarstyring av selskapa, vert det òg lettare for kontrollutval og revisjon å gjennomføra selskapskontroll etter reglane i kommunelova. Departementet viser til at KS Eierforum driv eit aktivt og solid utviklingsarbeid på dette feltet.

Etter gjeldande rett er det grenser for kva for oppgåver ein kommune kan leggja til eit selskap. Særleg gjeld dette utøving av offentleg myndigheit, men også når det gjeld lovpålagde oppgåver generelt vil det måtte gjerast ei konkret vurdering av om det etter den aktuelle lova er rettsleg høve til å leggja oppgåva til eit selskap. Innanfor desse rammene legg departementet til grunn at det framleis bør liggja til det kommunale sjølvstyret å vurdera om det er føremålstenleg å organisera deler av drifta som selskap der regelverket gjev høve til dette.

Det er likevel grunn til å følgja utviklinga på dette området. Dersom bruken av selskap i kommunal sektor skulle halda fram å stiga i same takt som no, vil ein kunna koma til eit punkt der ein må vurdera om denne utviklinga er tenleg i høve til spørsmålet om folkevald styring og kontroll. Departementet vil samtidig utrykkja tillit til kommunane si handtering av problemstillingar knytte til selskapsetablering og stolar på at den demokratiske styringa av selskapa vert sikra på eit viktig område for kommunane og fylkeskommunane, og at grundige vurderingar vert gjorde før ein vel å organisera verksemda som selskap.

Fotnoter

1.

Ringkjøp, Aars og Vabo 2008.