Ot.prp. nr. 6 (2005-2006)

Om lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova)

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

Ny framlegging av lovframlegget i Ot.prp. nr. 93 (2004–2005) Om lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova)

Regjeringa gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova). Framlegget svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 93 (2004–2005) Om lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova) som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 93 (2004–2005) vart ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden. I proposisjonen her er det, tatt inn eit likelydande lovframlegg som i Ot.prp. nr. 93 (2004–2005). Lovmotiva er det gjort nærare greie for i Ot.prp. nr. 93 (2004–2005).

Til forsida