Ot.prp. nr. 67 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I proposisjonen vert det gjort framlegg om endringar i bilansvarslova §§ 7 og 10.

Etter bilansvarslova § 7 tredje ledd bokstav b har skadeliden vognførar eller passasjer som utgangspunkt ikkje krav på erstatning frå trafikktrygdaren dersom han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder, og det er årsakssamanheng mellom påverknaden og skaden. Lovframlegget går ut på at skadeliden passasjer i slike tilfelle skal vurderast etter den allmenne medverkingsregelen i § 7 første ledd. Skadeliden vognførar skal derimot framleis vurderast etter den strengare særregelen i tredje ledd (som etter framlegget vert fjerde ledd bokstav b).

Bilansvarslova § 10 regulerer tilfelle der ei utrygda motorvogn gjer skade på folk eller gods. Utgangspunktet er her at den skadelidne har krav på dekning frå Trafikkforsikringsforeningen. Unntak er gjort for «eigaren» og «brukaren» og den som «køyrde seg i vogna endå han visste at ho ikkje var lovleg trygda», jf. første ledd andre punktum. For eigaren og brukaren gjeld unntaket sjølv om dei ikkje var med i vogna då skaden skjedde. Departementet gjer framlegg om å innsnevre unntaksregelen slik at han berre rammar dei som av fri vilje har teke plass i motorvogna som valda skaden. Etter framlegget vil desse ha krav på erstatning med mindre dei visste at motorvogna ikkje var trygda.

Formålet med endringane i §§ 7 og 10 er å bringe bilansvarslova i samsvar med EØS-retten (motorvognforsikringsdirektiva). Proposisjonen inneheld også drøftingar av om det er andre paragrafar i lova som må endrast av omsyn til EØS-retten, men departementet finn det ikkje naudsynt med fleire endringar.