Ot.prp. nr. 7 (2000-2001)

Om lov om endring i straffelova

Til innhaldsliste

1

I proposisjonen vert det gjort framlegg om å rette opp ein feil i straffelova § 12. Føresegna vart endra ved lov 11. august 2000 nr. 76 om endringer i straffeloven mv. (seksuallovbrudd). Ved ein inkurie fall då ei tilvising til lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse ut. Denne tilvisinga bør takast inn att i lova. Tilvisinga stod i § 12 fyrste leddet nr. 3 bokstav a, som elles viser til ymse føresegner i straffelova. Departementet gjer no framlegg om at tilvisingane i bokstav a berre skal femne om straffelova, og at tilvisinga til lov om forbud mot kjønnslemlestelse vert teken inn i ein ny bokstav h. Dette vil høve bra ettersom bokstav e til g viser til andre særskilte lover (konvensjonar).

For at lov om forbud mot kjønnslemlestelse skal gjelde for handlingar som norske statsborgarar eller personar som høyrer heime i Noreg utfører, eller medverkar til å få utførde, i eit land der slike handlingar ikkje er straffbare, må det visast særskilt til denne lova i straffelova § 12 fyrste leddet nr. 3. Dersom handlinga òg er straffbar i det landet inngrepet vert utført, følgjer det derimot framleis av straffelova § 12 fyrste leddet nr. 3 bokstav c at gjerningspersonen kan straffast i Noreg.

Sjølv om tilvisinga til lov om forbud mot kjønnlemlestelse frå 11. august 2000 ikkje har stått i straffelova § 12 fyrste leddet nr. 3, er dei andre norske jurisdiksjonsreglane så vide at dette truleg ikkje har hatt noko særleg å seie. Kjønnslemlesting er også lekamskrenking. Det følgjer framleis av straffelova § 12 fyrste leddet nr. 1 bokstav a at til dømes straffelova § 229 om skade på lekam gjeld for norske statsborgarar eller personar som høyrer heime i Noreg, sjølv om handlinga vert utførd i eit land der ei slik handling er lovleg. Strafferammene er om lag like strenge som etter lov om forbud mot kjønnslemlestelse.

Eit samtykke frå den som inngrepet vert utført på, kan truleg berre unntaksvis føre til at handlinga likevel er lovleg etter straffelova § 235. Det er lite rom for slikt samtykke etter norsk rett i samband med kjønnslemlesting. For det fyrste kan ingen samtykke til inngrep som medfører «betydelig Skade paa Legeme eller Helbred», jf. straffelova § 235 andre leddet. Etter straffelova § 9 vert det til dømes rekna som «betydelig skade» dersom ei kvinne «blir vanfør eller i høy grad vansiret». For den andre kan heller ikkje føresette samtykke til inngrep på borna sine, heller ikkje mindre alvorlege inngrep.

Framlegget vil ikkje få økonomiske eller administrative verknader.

Til forsida