Ot.prp. nr. 73 (2007-2008)

Om lov om endringer i arveloven mv. (arv og uskifte for samboere)

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringer i arveloven mv. (arv og uskifte for samboere)

I

I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. gjøres følgende endringer:

Overskriften til kapittel III skal lyde:

Kapittel III. Rett til uskifte på grunnlagav ekteskap

§ 24 annet ledd nytt annet punktum skal lyde:

Ein arving kan òg krevje skifte av buetnår den attlevande ektemaken inngår sambuarskap(jf. § 28 a) og sambuarskapet har vart i meir enn to år,eller sambuarane har, har hatt eller ventar barn saman.

Etter § 28 skal nytt kapittel III A med nye §§ 28 a til 28 g lyde:

Kapittel III A. Rett til arv og uskifte på grunnlag avsambuarskap

§ 28 a Med sambuarskap i lova her reknarein at to personar over 18 år, som korkje er gift, registrert partnereller sambuar med andre, lever saman i eit ekteskapsliknande forhold.

Eit sambuarskap kan liggje føre jamvelom partane for ei tid bur frå kvarandre på grunnav utdanning, arbeid, sjukdom, opphald på institusjon eller andreliknande omstende. Ein reknar det ikkje som sambuarskap nårto personar som etter ekteskapslova § 3 ikkje kan inngå ekteskap,lever saman.

Ein sambuar er etter denne lova kvar ein som leveri sambuarskap etter første, jf. andre ledd.

§ 28 b Den som var sambuar med den avdøde veddødsfallet og har, har hatt eller ventar barn med den avdøde,har rett til arv svarande til 4 gonger grunnbeløpet i folketrygdaved dødsfallet, jamvel om det er livsarvingar etter arvelataren.Same retten til arv utan omsyn til livsarvingar har også densom har vore sambuar med den avdøde i minst dei siste fem årafør dødsfallet, dersom den avdøde harfastsett det i testament.

Sambuaren sin rett til arv etter førsteledd første punktum kan berre avgrensast ved testamentsom han eller ho har fått kunnskap om før arvelataren døydde.Vilkåret om at den attlevande sambuaren må hafått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje dersomdet var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimelegvanskeleg å varsle han eller henne.

Nyttar ein sambuar retten til uskifte etter § 28c, skal det berre reknast med arv frå den førstavdødetil den lengstlevande sambuaren etter første ledd dersomuskiftebuet blir skift med dei andre arvingane til den førstavdødemedan den lengstlevande sambuaren lever.

§ 28 c Den som var sambuar med den avdødeved dødsfallet, og som har, har hatt eller ventar barnmed den avdøde, har rett til å ta over følgjandeeigedelar som den avdøde åtte, uskift med denavdøde sine andre arvingar etter lova

a) felles bustad og innbu,

b) bil og fritidseigedom med innbu som tente tilfelles bruk for sambuarane.

Den attlevande kan på same vis ta overogså andre eigedelar uskift enn dei som er nemnde i førstepunktum, dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykkjer.

Har den avdøde særskilt livsarving,gjeld § 10 tilsvarande for uskifterett etter førsteledd. Den attlevande kan ikkje ta over eigedelar uskift etter første ledddersom han eller ho allereie sit i uskift bu etter ein tidlegaresambuar eller ektemake. Dersom den avdøde sat i uskiftbu etter ein tidlegare sambuar eller ektemake, kan den attlevandeheller ikkje ta over eigedelar frå det førsteuskiftebuet før dette buet er skift.

Sambuaren sin rett til å sitte i uskiftekan berre avgrensast ved testament som han eller ho har fått kunnskapom før arvelataren døydde. Vilkåret omat den attlevande sambuaren må ha fått kunnskapom testamentet, gjeld likevel ikkje dersom det var umogeleg ellerdet etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varslehan eller henne.

Alt den attlevande sambuaren er eller blir eigar avsom høyrer naturleg saman med dei eigedelane han ellerho har tatt over uskift, går inn i uskiftebuet.

§ 28 d Den attlevande sambuaren somtar over eigedelar uskift etter § 28 c, blir personlegansvarleg for skyldnader som kvilte på den avdøde.Han eller ho kan utferde proklama etter kapittel 12 i skiftelova.

§ 28 e Ved skifte mellom arvingane tilden førstavdøde og den lengstlevande eller arvinganetil den lengstlevande skal uskiftebuet delast i høve tilverdien av kvar av sambuarane sine eigedelar i uskiftebuet på dentida då uskiftet tok til. Blir buet skift medan den lengstlevandesambuaren lever, har den lengstlevande sambuaren rett til arv etter § 28b i tillegg til sin eigen part. Skiftelova kapittel 10 gjeld tilsvarande,med unntak av § 63 andre og tredje ledd.

§ 28 f Reglane i kapittel III gjeldså langt dei høver for uskifte på grunnlagav sambuarskap. Der det er gitt særlege reglar for ekteparmed særeige, gjeld reglane for særeige.

§ 28 g Ein attlevande sambuar som vilnytte retten til uskifte, skal innan 60 dagar etter dødsfallet,jf. skiftelova § 81, sende melding til tingretten med opplysingom namn og alder på arvingane og om opphaldsstaden deiraog dessutan ei summarisk oppgåve over eigedelar og gjeldfor seg sjølv og for den avdøde sambuaren. Denattlevande sambuaren og arvingane kan gjere avtale om verditilhøvetav eigedelane i uskiftebuet etter den avdøde og den attlevande,jf. § 28 e første punktum, som skal leggjast vedmeldinga til tingretten. Har det ikkje late seg gjera å få tilein slik avtale, skal den attlevande sambuaren i staden la det blihalde registrering og verdsetjing gjennom tingretten. § 14andre ledd tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande.

Retten skal skrive ut uskifteattest i samsvarmed skiftelova § 89.

Ein sambuar som har rett til å overtaeigedelar uskift, kan krevje dei opplysingane som er nødvendigefor å vurdere den økonomiske stillinga til den avdøde.For dette formålet kan ein sambuar krevje at likningsstyremaktenegir opplysingar om eller kopi av sjølvmelding og likningfor den andre sambuaren. Ein sambuar kan også krevje opplysingarav selskap, føretak eller andre institusjonar som drivfinansieringsverksemd eller forsikringsverksemd, og av andre somhar midlar til forvalting. Kongen kan gi forskrifter til utfyllingav denne paragrafen.

II

I lov 16. juni 1989 nr. 69 om forsikringsavtaler skal § 15-1 tredje ledd annet punktum lyde:

Satt forsikringstakeren i uskiftet bo på grunnlagav ekteskap i samsvar med arveloven kapittel III, inngår forsikringssummen i de midler som skal deles likt mellom førsteavdødes og lengstlevendes arvinger, jf arveloven § 26 første ledd første punktum.

III

I lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap gjøres følgende endringer:

§ 7 bokstav e første ledd første punktum skal lyde:

Hver av brudefolkene skal erklære skriftlig på ære og samvittighet om han eller hun har inngått ekteskap eller registrert partnerskap tidligere, eller om han eller hunsitter i uskiftet bo etter en tidligere samboer etter arveloven § 28c.

§ 8 nytt femte ledd skal lyde:

Første, annet og fjerde ledd gjeldertilsvarende for den som har sittet i uskiftet bo etter en tidligeresamboer etter arveloven § 28 c.

Nåværende femte ledd blir nytt sjette ledd.

IV

I lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring skal § 7-13 tredje ledd første punktum lyde:

Dersom saksøkte er gift eller lever i et ekteskapslignende forhold som har vart i minst to år, eller hvorsamboeren har, har hatt eller venter barn med saksøkte, kan utlegg tas i en ideell halvdel av felles bolig ervervet under samlivet, hvis ikke et annet eierforhold blir sannsynliggjort.

V

1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

2. Reglene i del I gjelder for rett til arv og uskifte etter arvelater som dør etter at loven her er satt i kraft. Endringen i arveloven § 24 gjelder for uskiftebo på grunnlag av ekteskap dersom nytt samboerskap er etablert etter at loven her er satt i kraft.

3. Endringen av ekteskapsloven §§ 7 og 8 i del II gjelder ikke når det er utstedt attest om at ekteskapsvilkårene er prøvd etter ekteskapsloven § 10 før loven her trådte i kraft.

Til forsiden