Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

11 Administrative funksjonar (§ 7 i lovforslaget)

Forslag i høyringsnotatet

Forslaget i høyringsnotatet var at kommunane skal ta seg av dei administrative funksjonane for råda. Departementet skreiv også at eit råd skal behandle saker innanfor mange saksområde. Departementet ser det derfor som mest naturleg at sekretariatet for rådet blir knytt til rådmannskontoret. Tilsvarande gjeld for andre representasjonsordningar. Men departementet foreslo ikkje at tilknytinga skal fastsetjast i lova.

Vurderingar frå høyringsinstansane

Det verkar som om det er allmenn semje om at tilknyting til rådmannskontoret/sentraladministrasjonen i kommunen er det mest naturlege for eit råd der verksemda skal femne om nær sagt alle delar av dei kommunale forvaltningsoppgåvene.

FFO meiner at det må kome fram i lovteksten. KS kommenterer ikkje spørsmålet direkte, men meiner, som nemnt tidlegare, at lovbestemte råd eller andre lovbestemte ordningar for brukarrepresentasjon i kommunane/fylkeskommunane bryt med prinsippa i kommunelova om at kommunane og fylkeskommunane sjølve er ansvarlege for å organisere si eiga forvaltning.

Departementet sine vurderingar

Departementet står fast på si tilråding om sekretariattilknyting, men ser det ikkje som aktuelt å lovregulere dette.