Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

8 Interkommunale løysingar? (§ 3 i lovforslaget)

Forslag i høyringsnotatet

Med tilvising til at ein føresetnad for eit velfungerande kommunalt råd er aktive brukarorganisasjonar, noko som kan vere problematisk i små kommunar, skreiv departementet i høyringsnotatet at

”Etter det departementet har fått opplyst, har en del kommuner derfor gått sammen om interkommunale løsninger. Både Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner og Statens råd for funksjonshemmede har i et møte med departementet uttalt seg positivt om dette. Departementet mener derfor at loven bør tillate slike løsninger.”

Vurderingar frå høyringsinstansane

I høyringsnotatet blei det spurt: ”Bør flere kommuner/fylkeskommuner kunne ha felles råd eller annen ordning?”

KS og d ei fleste kommunane som har uttalt seg , er for at det skal gå an å velje interkommunale løysingar. Det same gjeld FFO og dei fleste organisasjonane . Men FFO og mange av organisasjonane meiner at det berre er unntaksvis at det skal vere mogleg med slike løysingar. Ein tenkjer då på små kommunar, der organisasjonsgrunnlaget er lite og det kan vere vanskeleg å finne representantar for menneske med nedsett funksjonsevne.

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke meiner at

”muligheten til å velge interkommunale løsninger først og fremst skal forbeholdes små kommuner der det kan være problematisk å finne aktive brukerorganisasjoner. FFO har i denne sammenhengen tidligere tatt til orde for en grense ved 3500 innbyggere. LHL tar ikke stilling til hvor grensen skal gå; poenget må være at de minste kommunene får en medvirkningsmodell som lar seg gjennomføre.”

Fem av dei seks fylkesmennene meiner at ein bør kunne velje interkommunale løysingar. Det same gjelder Statens råd for funksjonshemma , medan Statens seniorråd er imot.

Departementet sine vurderingar

Det er brei semje om at det bør vere høve til å velje interkommunale løysingar, men organisasjonane til dei funksjonshemma meiner at det skal vere i form av at det kan gjerast unntak spesielt for små kommunar frå den generelle regelen om at kvar kommune skal ha sitt eige råd. Med det eine unntaket som er nemnt i kap.6, er det likevel ingen som foreslår korleis ein unntaksregel skal utformast.

På denne bakgrunn foreslår departementet at det bør vere høve til å velje interkommunale løysingar. Departementet vil likevel presisere at formålsparagrafen i lova klart tilseier at ein bør velje kommunale løysingar der det er mogleg å få det til. På denne bakgrunn meiner departementet også at det er lite aktuelt for fylkeskommunane å velje felles ordningar.