Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

5 Formålet med lova (§ 1 i lov­for­slaget)

Forslag i høyringsnotatet

Formålsparagrafen var formulert slik i høyrings­notatet:

”§ 1. Kommunene og fylkeskommunene skal sørge for at mennesker med funksjonsnedsettelser sikres åpen, bred og tilgjengelig medvirkning i arbeidet med saker som gjelder tilgjengelighet og arbeidet mot diskriminering på grunnlag av nedsatt funksjonsevne, og tjenester for mennesker med nedsatt funksjonsevne.”

Vurderingar frå høyringsinstansane

Det har kome svært få merknader til dette forslaget, men nokre av høyringsinstansane har oppfatta forslaget til formulering av formålsparagraf som innskrenkande. Norges Handikapforbund skriv til dømes:

”NHF mener at denne bestemmelsen er sterkt begrensende hva gjelder formål. Slik vi ser det, er ikke formålet kun å ha en medvirkningsarena, men først og fremst å ha et rådgivende organ for kommunen/fylkeskommunen og statlige etater på kommunalt/fylkeskommunalt nivå, slik det er beskrevet i pkt. 2 i Rundskriv I-42/99.

Opplistingen av saker rådet skal arbeide med er også sterkt begrensende i forhold til intensjonen med rådet. Alle sider av kommunal/fylkeskommunal og statlig virksomhet på kommunalt/fylkeskommunalt nivå vil kunne være viktig for mennesker med funksjonsnedsettelser, for eksempel kvalitet på tjenester, forvaltning, transport, konkurranseutsetting, kommunal/fylkekommunal praksis. Det er viktig å se områdene i sammenheng, og det er viktig at rådet gis mulighet til å arbeide på alle områder som berører mennesker med funksjonsnedsettelser.”

Departementet sine vurderingar

Departementet si oppfatning er at medverknad innanfor heile det saksområdet som rådet skal dekkje, i stor grad må skje gjennom at det blir gitt råd og utforma fråsegner. Medverknad er såleis meint å vere eit meir omfattande omgrep enn rådgiving.

Intensjonen er at råda skal medverke til at tilkomsten for funksjonshemma blir sikra ved at funksjonshemmande barrierar blir fjerna, at direkte og indirekte diskriminering blir motarbeidd innanfor heile det kommunale saksområdet, og at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til dei kommunale tenestene som er nødvendige for at dei skal kunne fungere best mogleg. Råda vil derfor måtte ta opp forhold innanfor plan- og bygningssektoren, samferdsel, skule, barnehage, kultur, idrett, friluftsliv, helse, pleie- og omsorg osv.

Handikapforbundet, og eit par andre høyringsinstansar, oppfattar også opplistinga av saker som sterkt avgrensande. Det var heller ikkje intensjonen til departementet. Departementet foreslår derfor at formuleringa i § 1 blir slik:

Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne .