Ot.prp. nr. 87 (2005)

Om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

Til innholdsfortegnelse

14 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 1

Nedsett funksjonsevne vil seie tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppsfunksjonane. Det kan til dømes dreie seg om nedsett rørsle-, syns- eller høyrslefunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av til dømes allergi, hjartesjukdommar, lungesjukdommar, nevrologiske sjukdommar eller psykiske lidingar. (Jf. St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer , side 8.) Nedsett funksjonsevne treng ikkje resultere i avgrensingar når det gjeld samfunnsmessig deltaking dersom tilkomsten til barnehagar, utdanning, arbeid, transport, bygningar, bygd miljø, uteområde, informasjon og kommunikasjon, produkt, kultur og fritidstilbod, ferie, hjelpemiddel, helse- og sosialtenester osv. er god nok. Det er ei viktig oppgåve for kommunane og fylkeskommunane å leggje til rette for god tilkomst. Mangelfull tilrettelegging blir ofte oppfatta som faktisk diskriminering av menneske med nedsett funksjonsevne.

Saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne finst altså innanfor heile det ansvarsområdet kommunane og fylkeskommunane har.

Til § 2

Sjå kap. 6 og 7.

Til § 3

Sjå kap. 8.

Til § 4

Sjå kap 9.

Til § 5

Sidan verksemda til rådet omfattar heile det ansvarsområdet kommunane og fylkeskommunane har, vil det vere naturleg at det konsentrerer seg om større og overgripande saker. Det kan avtalast mellom rådet og kommuneadministrasjonen kva for sakstypar rådet skal få til behandling.

Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld einskildpersonar.

Til § 6

Kommunane vedtek mandat og samansetjing innanfor ramma av føresegnene i denne lova. Sjå elles kap. 10.

Til § 7

Sjå kap 11.