Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km². Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte føresegner for Svalbard.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2011 totalt 2084 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 450 busette. Busetnaden der er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 39 heilårsbusette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårsbusette. Som ein ser av tabellen har det vore ein kontinuerleg vekst i befolkninga i Longyearbyen fram til 2010 då vi ser ein nedgang. Denne nedgangen er ikkje vidareført i 2011, men er snudd til ein oppgang igjen. For nærare omtale av denne utviklinga, sjå pkt. 2.1.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2003-2011 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Longyearbyen

1773

1831

1932

1905

2018

2068

2112

2041

2084

Ny-Ålesund

35

33

36

37

37

41

37

43

39

Barentsburg

913

812

717

448

525

440

417

491

450

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop 1 S (2011-2012) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2012 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Justisdepartementet vil òg i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Gjennom St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, vart det tatt ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken for mange år framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Det er nedfelt i Politisk plattform for fleirtalsregjeringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i utanrikspolitikken i åra som kjem, og Regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein eigen strategi for nordområda. Nordområdestrategien er langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde. I løpet av hausten 2011 vil det i tillegg bli lagt fram ei ny nordområdemelding.

Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

Regjeringa la våren 2009 fram St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Det har skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram i 2000. Mellom anna er det etablert lokaldemokrati og det har vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen, og i meldinga slår ein fast at det framleis er koldrifta som er den viktigaste berebjelken i familiesamfunnet her. Utviklinga den siste tida kan rett nok tyde på ei utflating av veksten i Longyearbyen, så Regjeringa ser det som viktig å følgje utviklinga nøye framover for å sikre grunnlaget for ein robust busetnad.

Å vere til stades på Svalbard bidrar til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa vil difor arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Klimaendringane i Arktis og den betydinga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard framover blir eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Kunnskap vert omtalt som navet i Regjeringas nordområdestrategi, og Svalbard si rolle som plattform for norsk og internasjonal polarforsking, kunnskap og utdanning var eit hovudtema i svalbardmeldinga.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Redning og beredskap på Svalbard – Sysselmannens helikopterteneste

Klimaendringane skaper moglegheiter for og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flytter nordover. Mindre is vil på sikt òg kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. I svalbardmeldinga er det framheva at Longyearbyen vil kunne få auka betydning mellom anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vart forsterka gjennom Stortinget si behandling av meldinga.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrka redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning er blitt utvida slik at Noreg tek ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard og opp til polpunktet. Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande til unnsetning så raskt som mogleg.

Regjeringa vil òg foreslå å styrkje helikoptertenesta til Sysselmannen slik at Sysselmannen frå 2014 skal ha to likeverdige (store) helikopter (tilsvarande Super Puma-typen). Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda.

Generelt om verkemidla i svalbardpolitikken

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene eit sett av verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet inkludert svalbardbudsjettet, Sysselmannen på Svalbard og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

2.1.1 Samordne og koordinere regjeringas politikk for polarområda

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av politikkområda til fagdepartementa som gjeld Svalbard, er viktig for å nå hovudmåla i svalbardpolitikken. Av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet går det fram at det er justisministeren som leier utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Koordineringa reiser særskilde utfordringar som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhangen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Utvalet arbeider etter ein eigen instruks.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet har møter om lag ti gonger i året.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet gjer at saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker, kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for Regjeringa.

Som ei oppfølging av merknadene frå utanrikskomiteen under handsaminga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, om ei eventuell konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Polarutvalet, har utvalet etablert eit fast årleg kontaktmøte med Lokalstyret. Saman med Justisdepartementets nære dialog med Lokalstyret, medverkar dette til å sikre ei tett kontaktflate mellom Lokalstyret og sentraladministrasjonen.

Det interdepartementale polarutvalet er òg eit viktig verkemiddel for Justisdepartementet i arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga. Polarutvalet si rolle vil vere å halde seg orientert om dei ulike prosessane i fagdepartementa, og slik bidra til at dei særlege forholda som gjer seg gjeldande for Svalbard vert tekne vare på og at initiativ vert tatt på dei områda som er framheva i meldinga.

Utvalet sitt ansvarsområde elles i polarområda

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av Regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Justisdepartementet deltek årleg på møte i Antarktistraktatsamarbeidet. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Noreg hadde i perioden 2006-2008 formannskapet i Arktisk Råd. Danmark overtok denne rolla frå hausten 2009. Frå hausten 2011 overtok Sverige formannskapet. Oppfølging av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda, var to av hovudprioriteringane under det norske formannskapet. Framforhandling av ei ny multilateral avtale for søk- og redning i Arktis, der Noreg har spelt ei aktiv rolle, har vore ei av dei viktigaste sakene under det danske formannskapet. Vidare er det vedteke at det skal opprettast eit permanent sekretariat for rådet i Tromsø. Det er òg laga nye kriterium for opptak av nye observatørar til Arktisk Råd. Prosjektet Arctic Change Assessment (ACA) om korleis landa kan tilpassa seg klimaendringar, er etablert, og det er forhandla fram eit nytt internasjonalt instrument om oljevern i Arktis.

Lovgiving

Regjeringa legg stor vekt på ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard, i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Lovgiving er eit viktig verkemiddel i så måte. Riksrevisjonen peika i sin forvaltningsrevisjon av Svalbard (Dokument nr. 3:8 (2006-2007)) på at Svalbard på nokre område synest å vere underregulert. Òg utanrikskomiteen merka seg i si behandling av stortingsmeldinga om Svalbard, at lovgiving er naudsynt for ei fornuftig samfunnsutvikling.

Regjeringa vektlegg dette, og fleire sentrale lover er gjort gjeldande for Svalbard dei siste åra, mellom anna hamne- og farvasslova, konkurranselova og statistikklova.

Longyearbyen liknar på mange område, og i aukande grad, eit fastlandssamfunn, og ein må stadig oftare vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er likevel spesielle, og i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2, slår ein fast at norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lovreglar gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er særskilt fastsett. I svalbardmeldinga vart det drøfta om prinsippet i svalbardlova § 2 burde snuast, men ein kom fram til at systemet skal oppretthaldast. Utanrikskomiteen slutta seg ved behandlinga av meldinga til at prinsippet i svalbardlova § 2 ikkje skulle snuast, og at dette var ei føremålstenleg løysing, fordi rammene for lokalsamfunnet er noko annleis enn for fastlandet. Dette vil likevel ikkje seie at nye lover og reglar ikkje skal innførast for Svalbard. Tvert imot slår ein i meldinga fast at ny lovgiving for fastlandet skal innførast også for Svalbard, med mindre særlege tilhøve taler mot dette.

På nokre rettsområde er det framleis naudsynt med ein eigen gjennomgang av regelverket for å vurdere om dette skal gjelde for Svalbard. Her må ein vurdere ei rekkje tilhøve, mellom anna om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden eller om det er naudsynt med overgangsordningar. I svalbardmeldinga er det peikt på nokre slike område, til dømes nærings- og selskapslovgivinga. Finansdepartementet arbeider med å vurdere behovet for forskrifter om bruk av rekneskapslova og bokføringslova på Svalbard. Dei andre delane av lovgivinga på dette området, mellom anna aksjelova, revisorlova og stiftelseslova, vil bli vurderte i etterkant av dette arbeidet. Eit anna aktuelt lovområde er helselovgivinga. Helse- og omsorgsdepartementet er i gang med å vurdere om, og i tilfelle i kva mon, helselovene skal gjerast gjeldande for Svalbard. Vidare ser Justisdepartementet på enkelte rettsspørsmål som gjeld utlendingar som oppheld seg på Svalbard, og vurderer om det er naudsynt med særlege reglar her. Direktoratet for tryggleik og beredskap er i gang med å utgreie brannlovgivinga på Svalbard, og arbeider dessutan med ei forskrift om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre i tråd med det som gjeld for kommunane på fastlandet. På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet har Kystverket bede Det Norske Veritas utføre ein risikoanalyse vedrørande vurdering av ei mogleg los- eller kjentmannsteneste for all skipstrafikk på Svalbard, med unnatak av koltrafikken til og frå Svea. Analysen konkluderer med at innføring av ei losteneste eller krav til kjentmannsbevis vil ha moderat til høg effekt på reduksjon av miljørisiko. Regjeringa vil på denne bakgrunn innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i området på same vis som for fastlandet. Det betyr at loslova med tilhørande forskriftar vil bli gjort gjeldande på øygruppa, og at same regelverk på den måten vil gjelde for fastlandet og Svalbard. Det vil bli skipa naudsynte overgangsordningar for å gje berørte verksemder og svalbardsamfunnet tid til å tilpasse seg det nye regelverket.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber også skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må difor tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Dei siste åra er det gjennomført ei rekke endringar i skattesystemet for Svalbard. Målet har vore at Svalbard framleis skal ha eit lågt skattenivå for å bidra til næringsaktivitet og busetnad på øygruppa. Skatteinsitamenta skal jamvel i større mon målrettast mot avkastning av arbeid og næringsverksemd som faktisk har funne stad på Svalbard. Det låge skattenivået speglar òg at det offentlege tenestetilbodet er lågare på Svalbard. Det er òg gjort endringar for å få lik behandling av ulike grupper skatteytarar på Svalbard, og for å tilpasse skattereglane til internasjonale rammevilkår. I 2008 vart det vedteke endringar i skattesatsane. Løn opp til 12 G blir skattlagd med 8 pst. og eventuell overskytande del med 22 pst. For medlemmer av den norske folketrygda, skal det i tillegg svarast trygdeavgift med 7,8 pst. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (nærings- og selskapsskatt) er no 16 pst. I 2010 vart det m.a. vedteke endringar i reglane for skattlegging av personar som pendlar mellom bustad på fastlandet og arbeid på Svalbard, og ei gradvis avvikling av den skattemessige særordninga for lønsskattelegging av tilsette i gruveselskapet Trust Arktikugol i Barentsburg. Det er i tillegg vedteke endringar som har medverka til at skattesystemet for Svalbard har blitt betre tilpassa skattesystemet på fastlandet etter skattereforma i 2006. Mellom anna er delingsmodellen oppheva for Svalbard, på linje med fastlandet.

For ei omtale av dei aktuelle lovframlegga viser ein til Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte- og avgiftsopplegget 2008, lovendringer kapittel 17 (Finansdepartementet) og Prop. 11 LS Skatter og avgifter 2011 kapitel 11 (Finansdepartementet).

Det vert no arbeidd vidare med justeringar i skattesystemet for Svalbard for å sikre ei ytterlegare tilpassing av skattereglane for Svalbard til internasjonale rammevilkår. Sommaren 2011 vart det sendt på høyring forslag til reglar om m.a. endra skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Etter forslaget skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst.). Målet med forslaga er å hindre at det gunstege skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på Svalbard. Høyringsfristen var 29. august 2011. Forslaga blir følgt opp gjennom lovendringar i Prop. 1 LS (2010-2011).

2.1.2 Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er Regjeringas øvste representant på øygruppa, og ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ivareta Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Konsekvent og effektiv handheving frå Sysselmannens side er eit viktig element i norsk forvaltning av øygruppa. Inspeksjon og oppsyn er sentrale verkemiddel for å kunne handheve regelverk der Sysselmannen er tillagt mynde, og slik utføre ei effektiv styresmaktutøving. Det er difor viktig at Sysselmannen utgjer ein handlekraftig organisasjon som evnar å vere til stades over heile øygruppa når det er behov for det.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid på øygruppa, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, samt miljøforvaltning.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I eigenskap av politimeister er Sysselmannen òg leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av å vere fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen på øygruppa. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa, og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Befolkningsauken i Longyearbyen dei siste 10 åra og ei utvikling der stadig fleire lover blir gjort gjeldande på øygruppa, har ført til auke i Sysselmannens oppgåver både i omfang og kompleksitet. Ikkje minst gjeld dette òg fordi interessa for Svalbard er sterkt aukande både frå nasjonalt og internasjonalt hald, i form av politiske aktørar, næringsaktørar, forskingsmiljø og media. Mellom anna som følgje av det som her er nemnt legg Regjeringa vekt på at Sysselmannen må vidareutviklast i rolla som Regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Stortinget slutta seg til dette gjennom si handsaming av svalbardmeldinga, og understreka spesielt at rednings- og politiressursane til ei kvar tid må vere tilstrekkeleg dimensjonerte til å ivareta Sysselmannens ansvar innafor desse områda.

For å avhjelpe nokre av dei utfordringane dette har skapt for Sysselmannens drift, vart Sysselmannens driftsbudsjett styrka med 3,4 mill. kroner og transportbudsjettet med 0,5 mill. kroner i 2010. Vidare blei det løyvd 3,4 mill. kroner slik at arbeidet med naudsynte reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden kunne halde fram. Dette medverkar til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som Regjeringas øvste representant på øygruppa. For å styrkje miljøvernsatsinga på Svalbard, overførde Miljøverndepartementet i 2011 2 mill. kroner til Sysselmannen. Midlane blei brukte til å styrkje bemanninga i miljøvernavdelinga hos Sysselmannen. For 2012 blir det i samråd med Miljøverndepartementet foreslått å vidareføre denne styrkinga ved å rammeoverføre 2 mill. kroner frå Miljøverndepartementets budsjett til svalbardbudsjettet.

Sysselmannens administrasjonsbygning har i fleire år hatt for liten kapasitet. Det blir foreslått at bygningen frå 2012 blir innlemma i husleigeordninga. Planlegging av ei utviding av bygningen er allereie sett i gang. Når bygningen no blir innlemma i husleigeordninga, vil utvidinga kunne realiserast under den såkalla kurantordninga.

Innafor redningsberedskapen arbeider Sysselmannen kontinuerleg med å ha ei best mogeleg samhandling med frivillige i redningstenesta og for å effektivisere utrykkingsfasen mest mogeleg. I takt med at polisen smeltar, er det venta auke i aktiviteten rundt Svalbard og i Polhavet generelt. Dette betyr at Svalbard og Longyearbyen kan få auka betydning som base for redning og beredskap i framtida. Sysselmannens helikopterkontrakt går ut i 2014, og arbeidet med å skaffe nye helikopter er allereie i gang. Regjeringa har bestemt at helikopterberedskapen på Svalbard frå og med 2014 skal styrkjast ved at det i staden for eit stort og eit mellomstort helikopter skal vere stasjonert 2 store redningshelikopter på Svalbard.

Sysselmannens tenestefartøy Nordsyssel er òg svært viktig i den generelle beredskapen og i det årlege arbeidet med inspeksjon av øygruppa. Kontrakten med dette fartøyet gjeld ut sesongen 2012. Sysselmannen og Justisdepartementet er difor òg i gang med vurderingar rundt ein ny kontrakt for tenestefartøy.

2.1.3 Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

Å oppretthalde norske samfunn på øygruppa er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at dei innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå Lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justisdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. Longyearbyen lokalstyre underrettar Justisdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til Lokalstyret. Justisdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Som ei oppfølging etter St.meld. nr 22 (2008-2009) Svalbard er det òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom Longyearbyen lokalstyre og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna skapt behov for fleire bustader, barnehage- og skuleplassar. For å bidra til at Lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart budsjettet deira styrkt med i alt 2,7 mill. kroner frå og med 2010. Regjeringa meiner at arbeidet med barn i Longyearbyen er svært viktig, og ønskjer å vidareføre styrkinga. Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at Lokalstyret skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Auken innan reiselivet har stoppa opp. Dessutan ser ein at kolproduksjonen er redusert og at Store Norske Spitsbergen Kolkompani AS har færre tilsette. Regjeringa varsla i stortingsmeldinga at reduksjonane og nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta, Store Norske, kan innebere at veksten i periodar kan verte negativ, noko ein såg i åra 2009-2010. Dei siste befolkningstala viser no at nedgangen i folketalet er snudd til ein svak oppgang i 2011, jf. tab. 1.1.

Lokale aktørar har teke initiativ til å etablere eit næringsutviklingsselskap i Longyearbyen. Dette er eit positivt initiativ og vil kunne bidra i arbeidet med å etablere og utvikle ny kunnskapsbasert næringsaktivitet i Longyearbyen.

Regjeringa har som mål å oppretthalde Longyearbyen som eit robust familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne føresetnaden er òg gjenteken i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og Stortingets behandling av denne. Den utviklinga ein har sett i Longyearbyen spesielt det siste tiåret, fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare. Det er likevel utfordringar i Longyearbyen med omsyn til mellom anna infrastruktur.

Klima- og forureiningsdirektoratet har pålagt Longyearbyen lokalstyre som eig kraftverket, eit reinsekrav frå juli 2012. Longyearbyen lokalstyre har utgreidd ulike alternative løysingar for å møte reinsekravet. Den føreslåtte løysinga har ein estimert investeringskostnad på 73,1 mill. kroner. Det er sett høge miljømål på Svalbard. Av den grunn er det viktig at kraftverket i Longyearbyen får eit moderne og godt reinseanlegg. Regjeringa forslår difor i budsjettet for 2012 å løyve 14,6 mill. kroner til oppstart av bygging av reinseanlegget. På oppdrag frå lokalstyret er det òg utarbeidd rapportar om val av framtidig energikjelde.

Utanrikskomiteen bad under si behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard Regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet, for å gjere ein slik gjennomgang.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesakshandsaming, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgjeving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Longyearbyen lokalstyre har organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir ivaretekne i Lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom eigne «kommunale» føretak. I alt er tre slike «kommunale» føretak etablerte: Oppvekstforetak KF med ansvar for oppvekst, Kultur- og fritidsforetak KF med ansvar for kultur og fritid og Bydrift KF med ansvar for drift av teknisk infrastruktur.

Infrastrukturen i Longyearbyen – som i stort mon er frå 1970-talet – har vorte dårleg vedlikehalden og i lita mon vore oppgradert til det som er standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Longyearbyen lokalstyre er no i gang med ei vurdering av tilstanden og vil utarbeide ein plan for korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast. Departementet vil komme attende til dette på eit seinare tidspunkt.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2012

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Mellom anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og behandlinga av denne, blei Sysselmannen på Svalbard styrkt budsjettmessig i 2010 for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. Sysselmannens driftsbudsjett vart styrkt med 3,4 mill. kroner, det vart sett av i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. Auken gjorde at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og medverkar til å sikre ein god beredskap på øygruppa. Arbeidet med nødvendige reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden vil halde fram i 2012. I sum medverkar dette til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som Regjeringas fremste representant på øygruppa.

Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre blei òg styrkt i 2010, mellom anna for å møte auka utfordringar i skule- og barnehagesektoren.

Løyvingar til tiltak på Svalbard har i perioden 2006-2011 blitt auka med ca. 70 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • I 2007 vart tilskotet til Svalbard auka med 20 mill. kroner til etablering av ei reservekraftløysing i Longyearbyen.

  • Frå 2008 er det innført eit nytt skattesystem som tilsvarer ein inntektsreduksjon og auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

  • Rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet er lagt om. Dette har gitt ei styrking av tilskotet på 5,5 mill. kroner i perioden.

  • I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) og Innst. S. nr. 355 (2008-2009), blei det løyvd 1 mill. kroner for å utbetre sysselmannens bustad.

  • Svalbardbudsjettet vart i Revidert nasjonalbudsjett 2009 òg styrkt med 1,4 mill. kroner for å vidareføre feltinspektørtenesta i 2009.

  • Forutan styrkinga på 7,3 mill. kroner til Sysselmannen i 2010, vart budsjettet til Longyearbyen lokalstyre styrkt med 2,7 mill. kroner for å møte utfordringane innan skule- og barnehagesektoren.

  • I 2011 vart svalbardbudsjettet auka med 18,1 mill. kroner, der ca. 14,5 mill. kroner av auken gjekk til Longyearbyen lokalstyre. Auken til Lokalstyret bestod i all hovudsak av ei rammeoverføring frå Kunnskapsdepartementet på 11,2 mill. kroner i samband med at Longyearbyen lokalstyre fullt ut overtok det økonomiske ansvaret for barnehagedrifta. Samtidig vart ordninga med øyremerkte tilskot til barnehagane til kommunane avvikla.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2012 er 293,5 mill. kroner. Dette er 26,6 mill. kroner eller 10 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2011. Utover kompensasjon for prisstigning på 6, 9 mill. kroner består denne auken av ei rammeoverføring frå Miljøverndepartementet med 2 mill. kroner, kompensasjon for husleigeauke i samband med innlemming av Sysselmannens administrasjonsbygg i husleigeordninga med 2, 8 mill kroner og ei oppstartsinvestering i samband med bygging av avgassreinseanlegg ved Longyearbyen energiverk på 14,6 mill. kroner. Vidare er det konsekvensoverført kr. 281 000 i samband med ordninga med maksimalpris i barnehagar, innføring av valfag i 8. skuletrinn og bortfall av kontantstøtte til 2-åringar.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2012 er stipulert til 120,7 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 post 50 Tilskot (svalbardbudsjettet). Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2010 var inntektene dette året – som for 2009 – unormalt høge. Dette har gitt eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet i 2010 ikkje mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassa.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2012 er rekna til 168,1 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 57 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20).

Sysselmannens administrasjonsbygg er foreslått innlemma i husleigeordninga til Statsbygg. Husleiga er berekna til 3,35 mill. kroner pr. år. Kapitalelementet utgjer om lag 2,8 mill. kroner, og eit tilsvarande beløp er foreslått rammeoverført til svalbardbudsjettet. Innlemminga er budsjettnøytral. Den resterande del av husleiga blir dekt inn mot ei tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap 20 i svalbardbudsjettet (Statens bygningar i Longyearbyen).

Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av Lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2012 er det foreslått løyvd netto om lag 417 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2011 var om lag 390 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Miljøverndepartementet (MD). Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 132 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 88 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettets kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Det har dei siste åra vore auka forskingsaktivitet og turisme på øygruppa og auka næringsverksemd. Større aktivitet gir ønske om utbygging og utvikling, og fører òg til auka ferdsel og auka press på svalbardnaturen.

Det bur om lag 2 500 personar på Svalbard, men det finst likevel mykje som forureinar på øygruppa. At det bur menneske der og at det finst næringar som gruvedrift, turisme og forsking, påverkar miljøet og fører til utslepp til vatn, luft og grunn. Ei rekkje miljøgifter kjem òg langvegs frå med is og hav- og luftstraumar. Samstundes er det slik at område som ligg langt mot nord opplever større klimaendringar gjennom høgre temperaturvekst og meir nedbør enn område lenger sør. Dette kan òg merkast på Svalbard. Målingar viser at temperaturen stig raskare her enn i resten av Noreg.

Miljøvernarbeidet vil i 2012 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne som følgje av aukande ferdsel, for å sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda sin kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltningsplanar for dei store verneområda er særs viktig, og vil ha høg prioritet. Ein forvaltningsplan skal ivareta verneformålet og samtidig leggje til rette for bruk som er i samsvar med dette formålet. For å oppnå dette er det føremålstenleg å dele verneområda inn i soner med eigne strategiar og retningslinjer for korleis verneformålet skal nåast.

Arbeidet med slike planar for dei store naturreservata på Aust-Svalbard er sett i gang, og eit forslag til plan skal leggjast fram i 2012. Miljøverndepartementet har gitt Sysselmannen i oppdrag å utarbeide eit forslag til nødvendige forskriftsendringar som skal følgje forslaget til forvaltningsplan.

Miljøvernarbeidet vil òg ha fokus på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard. Vi ser her truleg starten på nye omfattande miljøutfordringar, både som følgje av at arter får problem med å tilpasse seg klimaendringane, og som følgje av at nye hav- og kystområde blir isfrie og meir tilgjengelege for ferdsel og anna aktivitet. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde, vil halde fram. Det er òg starta opp eit arbeid med sikte på å gi fleire internasjonalt viktige våtmarksområde på Svalbard status som såkalla Ramsar-område under den internasjonale våtmarkskonvensjonen.

Overvakinga av dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet, blei styrkt i 2011. Samstundes er Svalbards rolle og betyding som internasjonal forskingsplattform styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret IPY, og initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil difor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set oss i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Oppfølginga av miljøvernoppgåvene representerer ei stadig større utfordring for Sysselmannen, og omfanget av søknader etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka, først og fremst som ein følgje av auka forskingsaktivitet og turisme. Den aukande aktiviteten og ferdsla på Svalbard gjer at det òg blir eit auka behov for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Dette omfattar til dømes miljøverntiltak som sikrar verneområda. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining, og vern av kulturminne i og utanfor busetjingane. Miljøverndepartementet løyvde difor i 2011 midlar til to nye stillingar ved Sysselmannens miljøvernavdeling.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Framsenteret (FRAM-Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) vart opna i Tromsø i september 2010. Målet er at dette skal bli eit internasjonalt leiande senter for forsking på klima og miljø i nordområda. Det blir lagt opp til fleirfagleg og tverrfagleg forsking og tett samarbeid mellom naturvitskap, teknologi og samfunnsvitskap. Framsenteret si betyding for Svalbard vil i første rekkje vere gjennom forskingsprosjekt knytt til problemstillingar på Svalbard og som vil kunne bringe fram ny kunnskap for forvaltinga av øygruppa.

Svalbards miljøvernfond tildelte i 2010 totalt 9,915 mill. kroner til 44 miljøvernprosjekt. Våren 2011 tildelte Svalbards miljøvernfond 3,738 mill. kroner til 19 miljøvernprosjekt. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt som gjeld undersøking av kva som forårsakar endringar i miljøet, kulturminne, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilretteleggingstiltak og kartlegging og overvaking av miljøtilstanden. Styret legg opp til to tildelingar også i 2012.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Instituttet brukar òg betydelege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, og på miljøovervaking på Svalbard.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen, og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard er òg styrkt. Instituttet har òg styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Relevante område og tiltak som kan nemnast i denne samanhengen er innsatsen innanfor SEAPOP (kartlegging og overvaking av sjøfugl), etableringa av ICE (Ice, Climate and Ecosystem-senteret) som har styrkt klimaforskinga og -overvakinga, etablering av eit intensivt og ekstensivt vegetasjonsovervakingsprogram for Svalbard (i høve til ferdsel og klima) og iverksetjing av styrkt bestandsovervaking av isbjørn og kvalross. Det har òg vore ein gjennomgang av overvakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og i den samanhengen er det gjort ei styrking og målretta prioritering av indikatorar som vil bidra til å gi grunnlag for vurdering av om miljøforvaltninga når måla sine.

For 2012 er om lag 88 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Den auka faglege aktiviteten til Norsk Polarinstitutt består mellom anna av ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gje oppdaterte digitale kart som mellom anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrkt.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet (NHD) har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2010 hadde SNSK-konsernet 337 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta medverkar vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad på Svalbard.

Konsernet hadde i 2010 driftsinntekter på 1,5 mrd. kroner og eit årsresultat på 298 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2009 var 2,0 mrd. kroner og 363 mill. kroner. SNSK produserte 1,9 mill. tonn kol i 2010 mot nær 2,6 mill. tonn i 2009. Det vart selt 1,7 mill. tonn kol i 2010 mot 2,5 mill. tonn i 2009. Kolprisane var moderate i 2010. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på ca. 2,0 mill. tonn i 2011 og åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets handsaming av prosjektet i desember 2001, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. I Meld. St. 13 (2010-2011)Aktivt eierskap er målet med statens eierskap i SNSK formulert slik:

«Formålet med statens eierskap i Store Norske Spitsbergen Kulkompani er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen opprettholdes og videreutvikles på en måte som understøtter de overordnede målene i norsk Svalbard-politikk. Selskapet skal drives etter bedriftsøkonomiske prinsipper og med sikte på en markedsmessig avkastning på investert kapital. Ut fra nasjonale hensyn mener regjeringen at det er viktig at staten fortsatt er den dominerende aksjonæren i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Arbeidsplassene knyttet til kullgruvedriften har i mange år bidratt vesentlig til stabil, helårlig norsk aktivitet og bosetting på Svalbard. Regjeringen har et langsiktig perspektiv på statens eierskap og vil ikke redusere statens eierskap.»

Meldinga fekk Stortingets tilslutnad 9. juni 2011.

Det er lagt til grunn at gruvedrifta skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske prinsipp og uavhengig av statleg støtte. Samstundes skal selskapet gjennom sitt virke bidra til at samfunnet i Longyearbyen blir halde ved lag. Vidare er det lagt til grunn at tryggleik og omsyn til miljø har høgste prioritet i alle vurderingar knytte til gruvedrifta. Koldrifta er framleis den viktigaste berebjelken i Svalbardsamfunnet.

SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva. Etter avviklinga av Svea Nord legg SNSK i dag opp til vidare drift på fire førekomstar i Svea-området. Føresetnaden er at drifta vert bedriftsøkonomisk lønnsam. Planane blir lagt slik at allereie etablert infrastruktur knytt til Svea Nord-gruva framleis kan utnyttast. Dei fire felta er: Lunckefjell, Svea Øst, «Randsona» og Ispallen, som til saman inneheld totalt ca. 35,8 mill. tonn kol.

SNSK har lagt planar for Lunckefjell som har om lag 8,2 mill. tonn kol berekna for sal. Førekomsten i Lunckefjell vil bli utdriven med basis i infrastrukturen frå Svea-Nord. Selskapet har berekna behovet for nye investeringar til om lag 1 mrd. kroner.

Planar om ny gruvedrift i Lunckefjell utløyser plikt til konsekvensutgreiing etter svalbardmiljølova. SNSK har planar om å eventuelt starte opp tiltaket i 2012, mens hovudproduksjonen eventuelt vil bli starta opp i 2015. SNSK har levert ei konsekvensutgreiing og søknad til Sysselmannen. Endelig behandling i NHD føreset at miljøvernstyresmaktene godkjenner prosjektet. Miljøverndepartementet har vedteke at dei og ikkje Sysselmannen skal behandle søknaden. MD vil etter planen konkludere i løpet av september 2011.

Dersom styret konkluderer med tilråding og opning av Lunckefjell, vil NHD gi ei vurdering av saka. Endeleg behandling i departementet føreset at det vil bli gitt løyve til prosjektet etter svalbardmiljølova. NHD vil i behandlinga av saka leggje vekt på om Lunckefjellprosjektet er økonomisk robust og sjølvfinansierande. NHD har i dette arbeidet engasjert finansiell rådgivar.

Det går fram av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard at Lunckefjellprosjektet i utgangspunktet er ei sak for styret i selskapet. Prosjektet representerer likevel ei betydeleg investering som òg er knytt til risiko, og får betydning for mellom anna eigenkapitalsituasjonen til selskapet og utbyttekapasitet. Dette er sentrale eigarspørsmål, og det er difor naturleg at prosjektet blir lagt fram for generalforsamlinga. I tillegg er dette ei sak av stor betydning også svalbardpolitisk. Dersom Regjeringa si handsaming av saka konkluderer med opning av gruvedrift i Lunckefjell, vil saka bli lagt fram for Stortinget.

SNSK vil elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 17,5 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2012.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Pr. 31.12.2010 var det engasjert 26 personar i Kings Bay AS. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund der forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ei viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

I mai 2011 vart det for sjette gongen arrangert eit internasjonalt symposium i Ny-Ålesund. Tema i år var «I retning av ein grøn økonomi. Teknologien si rolle». Ny-Ålesund-symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring. Symposiet er eit årleg arrangement.

I samband med Stortingets handsaming av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, blei Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk. Av orienteringa går det fram at Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan for etableringa av kraftstasjon. Stortinget vil etter det bli orientert på eigna måte, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009).

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOx, CO2 og partiklar. Ein energianalyse som Kings Bay har fått laga, syner at det viktigaste miljøtiltaket som kan gjerast no i Ny-Ålesund er å gjennomføre ENØK-tiltak. Desse tiltaka vil kunne redusere energibruken til elektrisitet og fjernvarme med om lag 40 pst., noko som vil redusere dieselforbruk og miljøutsleppa av NOx, CO2 og partiklar tilsvarande. Energianalysen tek føre seg både tiltak retta mot energibruken og mot framtidig energiproduksjon. Tiltak som er foreslått i analysen omfattar berre tiltak for å redusere energibruken. Det er ei monaleg utvikling av dieselmotorar for tida. Å skifte ut 12 år gamle dieselgeneratorar med nye, meir moderne og meir effektive maskiner vil komme i ein seinare fase, når teknologien er tilfredstillande. Dei samla kostnadane for å oppnå 40 pst. reduksjon i drivstoffbruk og tilhøyrande reduksjon i forureinande utslepp frå kraftstasjonen, er rekna å utgjere om lag 43,3 mill. kroner. Selskapet sitt normale investerings-, drifts- og vedlikehaldsbudsjett strekkjer ikkje til å gjennomføre ENØK-tiltak i det tempo som internasjonale forskingsinstitusjonar forventar av ein spydspiss for arktisk miljøforsking. For å vidareutvikle staden som ein «grøn stasjon» i tråd med politiske styringsdokument er det difor naudsynt med ei ekstra satsing på ENØK-tiltak.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

I samband med at den nye minerallova tredde i kraft 1. januar 2010, vart det bestemt at Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skifta namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.

Direktoratet administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, mellom anna gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krava som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for Direktoratet: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av Direktoratets verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet.

For 2012 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av Direktoratet under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementets Prop. S (2011-2012).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2012 er det føreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

I 2010 vart det registrert 82 831 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein marginal auke samanlikna med året før då det vart registrert 82 307 gjestedøgn. I alt kom det 34 747 gjester til Svalbard i 2010, noko som var ein auke på 4,4 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Nordmenn stod i 2010 for om lag 69 pst. av gjestedøgna mot 74 pst. av gjestedøgna i 2009. Fleire utanlandske turistar var trenden også på fastlandet.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadane er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det uutnytta potensialet stort. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard utanfor høgsesongane. Talet på yrkesreisande i 2010 er på nivå med 2009-tala. Kurs, konferansar og yrkestrafikken står for 45 pst. av gjestedøgna, og ferie- og fritidsreisande utgjer omlag 55 pst. av gjestedøgna på Svalbard.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Norsk Romsenter Eigedom AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det føreligg planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romfart og forsking (NASA og ESA) og vêrvarsling (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Også fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper no tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for den norske satellitten AISSAT-1. Denne vart skoten opp i juli 2010, og har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare banar. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen, og dette nettet gjer det samtidig mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innafor dei reglane som er sette i forskrifta.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har oppretta Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Skytefeltet stod ferdig i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i desember 2008. Ein ny stor norsk forskingsrakett er planlagt skoten opp i desember 2011.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen, der institusjonen i stadig større grad pregar samfunnsutvikling og visjonar for framtida. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg familiesamfunn i Longyearbyen.

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2010 var 120 studentårsverk, mot 119 i 2009. Om lag 47 pst. av studentane var norske og 43 pst. av studentane var kvinner, same del som året før.

UNIS har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og universiteta UNIS samarbeider med. UNIS skal utøve forskinga og undervisninga si med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

UNIS har utvikla eit system for kvalitetssikring som skal sikre at aktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom student og tilsett, både i vitskapleg og administrativ stab.

UNIS oppnår gode resultat innan både forsking og utdanning, og St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard trekkjer fram at UNIS i løpet av den femtenårige levetida har ekspandert som senter for arktiske studium. UNIS har vidare vorte ein sentral del av kunnskapsplattforma på Svalbard. Etableringa av UNIS har såleis vore svært vellykka.

Verksemda til selskapet medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2010 viser at UNIS kjøpte 58 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen. Relasjonane til russarane i Barentsburg blir utvikla gjennom god kontakt, auka fagleg samarbeid og ved at talet på russiske studentar og tilsette aukar.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS har vakse betydeleg sidan opprettinga og spelar ei viktig rolle på Svalbard generelt, og særleg i Longyearbyen. Regjeringa legg vekt på at UNIS bør halde fram arbeidet med å oppnå gode resultat i forsking og utdanning. Regjeringa ser òg i utgangspunktet positivt på ambisjonane til UNIS om å bli eit leiande senter for arktiske studium.

UNIS vart gitt om lag 97,2 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2011. Regjeringa foreslår å løyve om lag 105,3 mill. kroner til UNIS i 2012 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det omfattar vidareføring av studieplassane som vart tildelte i revidert nasjonalbudsjett for 2009 og i statsbudsjettet for 2011.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet disponerer løyvingar frå ei rad departement og det er ikkje føremålstenleg å skilje mellom kva dei ulike departementa løyver. Framstillinga nedanfor har difor ei vidare ramme enn det som berre gjeld Kunnskapsdepartementet.

Verdas største polarforskingsprogram Det internasjonale polaråret (IPY), gjennomførte to år med intensiv datainnsamling og observasjon (2007-2008) og vart formelt avslutta i 2009. Noreg vart tildelt sluttkonferansen for IPY, som vart halden i Oslo i juni 2010. Det norske programmet gjekk over fire år og vart markert med ei sluttkonferanse i Tromsø i april 2011. Under konferansen vart det lansert ei bok om IPY i Noreg. I alt har om lag 50 000 forskarar frå 63 land delteke i IPY, og Noreg og norske forskingsmiljø har hatt ei viktig rolle. Polaråret har vore eit viktig ledd i internasjonaliseringa av norsk forsking. For heile perioden har Kunnskapsdepartementet løyvd om lag 330 mill. kroner til IPY, dette har finansiert 27 forskingsprosjekt og 22 prosjekt for formidling og utdanning. To tredelar av forskinga har dreidd seg om klima. 35 av dei internasjonale prosjekta og 16 av dei norske har heilt eller delvis gått føre seg på Svalbard.

Ny-Ålesund peiker seg ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng, der styresmaktene gjennom ei rekkje år har investert store midlar i infrastruktur. Regjeringa har som mål å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor dei rammene som miljøomsyn og kapasitet set. Forskarar frå om lag 20 land driv forsking i Ny-Ålesund, der i alt 10 land har eigne forskingsstasjonar.

Også andre program i Forskingsrådet løyver midlar til polarforsking. Viktige program er mellom anna NORKLIMA (Klimaendringar og konsekvensar for Noreg) der om lag 1/3 av midlane dekkjer polare problemstillingar, PETROMAKS (Utnytting av petroleumsressursane), Program for romforsking, Havet og kysten, Miljø 2015 og Aust-Europa-programmet. Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske problemstillingar. På same måten er det skipa ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard. I 2010 brukte Forskingsrådet samla om lag 210 mill. kroner på polarforsking, av dette var ca. 50 mill. kroner relevant for Svalbard.

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. SIOS er eit europeisk prosjekt der målet er å samle og utfylle eksisterande infrastruktur for forsking og måling knytt til geofysiske, biologiske og kjemiske forhold på og rundt Svalbard, slik at dei kan nyttast i integrerte jordobservasjonsmodellar. Noreg tok initiativet til SIOS, der partnarar og assosierte partnarar frå ei rekkje land i og utanfor Europa tek del: Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia, Spania, Nederland, Polen, Tsjekkia, Russland, Kina, Sør-Korea, Japan, India og USA. I 2008 kom SIOS på det reviderte vegkartet for europeisk forskingsinfrastruktur ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure) og i 2010 starta førebuingsfasen for prosjektet. EU-kommisjonen har løyvd 4 mill. EURO til Forskingsrådet til koordinering av denne fasen, i perioden oktober 2010 til oktober 2013. Forprosjektet skal mellom anna kartleggje all relevant infrastruktur på Svalbard, og greie ut behovet for oppgradering og vidare utvikling av infrastrukturen og organisasjonen. Det er etablert ei styringsnemnd for prosjektet med medlemmar frå Forskingsrådet, UNIS, Norsk Polarinstitutt, Bjerknessenteret og Norsk Romsenter, og i tillegg representantar frå Tyskland, England, Italia, Polen og Russland. Om lag 280 mill. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping er øyremerkte til forskingsinfrastruktur i 2011. Delar av midlane vert brukte til prosjektet SIOS.

European Incoherent Scatter (EISCAT)

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys og ozon. Desse er lokaliserte i Tromsø, Kiruna (Sverige), Sodankylä (Finland), og utanfor Longyearbyen på Svalbard. Informasjonen som radarane gir, har i tillegg til grunnforsking, verdi for navigasjon, satellittposisjonering, telesamband med meir. Universitetet i Tromsø driv dei to anlegga i Noreg på oppdrag frå EISCAT. Gjennom ein designstudie finansiert av EUs 6. rammeprogram, arbeider EISCAT med å utvikle eit konsept for eit nytt oppgradert radarsystem. Prosjektet, EISCAT-3D, er òg på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur i framtida, etter framlegg frå Sverige og med støtte frå Noreg og Finland. EISCAT har 4,5 mill. EURO frå EUs 7. rammeprogram for forsking til den førebuande fasen (Preparatory Phase). Dette starta i september 2010 og skal halde fram til 2014. I denne fasen skal prosjektet utviklast vidare både teknisk, juridisk og finansielt. Norsk partnar i prosjektet er institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Tromsø. Sjølve konstruksjonsfasen kan starte etter dette og vil ta to til tre år. Ein reknar med at anlegget kan ha ei levetid på 30 år. Den norske kontingenten for EISCAT var om lag 4,77 mill. kroner i 2011 og vil vere om lag 4,86 mill. kroner i 2012.

For å følgje utviklinga innan den samla polarforskinga, med særskilt fokus på Svalbard, har NIFU publisert utgreiinga «Norsk polarforsking – forsking på Svalbard, nr. 8/2008». Kartlegginga er ei oppfølging av eit tilsvarande prosjekt bygd på data frå 2001. Kartlegginga samanliknar også norsk forsking med utanlandsk forsking. Utgreiinga synte at talet på forskardøgn på Svalbard var om lag 30 000, ein auke på 6 pst. frå 2002. Av desse sto norske forskardøgn for 47 pst. Noreg er såleis ein dominerande forskingsnasjon på Svalbard. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking i 2011 for å kartleggje den vidare utviklinga og verknaden av Polaråret og nordområdesatsinga.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnadar mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ivareta dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Kunnskapsdepartementet gav til og med 2010 øyremerkt statstilskot til barnehagar på Svalbard. Frå 1. januar 2011 vart løyvingane til drift av barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane, og dei øyremerka statstilskota vart avvikla. Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er difor overførte til svalbardbudsjettets kap 3. Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane gjer skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. opp til 12 G, og 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane 16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå kr. 10 000 til kr. 20 000. For nærare omtale av dei einskilde endringane, sjå St.prp. nr 1 (2007-2008) Svalbardbudsjettet og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

I tilknyting til dei endringane som er beskrivne ovanfor, har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet mellom anna sett på praksis for skattlegging ved pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard. I 2010 vart det m.a. vedteke endringar i reglane for skattlegging av slike pendlarar.

Det vert no arbeidd vidare med justeringar i skattesystemet for Svalbard for å sikre ei ytterlegare tilpassing av skattereglane for Svalbard til internasjonale rammevilkår. Sommaren 2011 vart det sendt på høyring forslag til reglar om m.a. endra skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Etter forslaget skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst). Målet med forslaga er å hindra at det gunstege skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetting på Svalbard. Høyringsfristen var 29. august 2011. Forslaga blir følgt opp gjennom lovendringar i Prop. 1 LS (2010-2011).

Svalbard skattekontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11.1998. I samband med at skatteetaten frå 01.01.2008 vart organisert i fem regionar, gjekk Svalbard likningskontor over til å heite Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøvernfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi Regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette innførde Regjeringa 01.01.2007 mellom anna statistikklova for Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. I juni 2010 vart det publisert ein ny rapport som tok føre seg levekåra for dei busette i Longyearbyen. Rapporten er tilgjengeleg frå temasida for Svalbard. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor ASA tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Kabelen vil betre dataoverføringskapasiteten mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen og gi betre utbytte av forskinga innan mange fagområde.

Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekkinga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova vert utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2010 dekte departementet utgifter i samband med barn som mottok tiltak frå barnevernet i samsvar med forskrift om barneverntenesta på Svalbard. Utgiftene er refunderte Longyearbyen lokalstyre via Fylkesmannen i Troms. Utgiftene var i 2010 på 1,1 mill. kroner og er i 2012 budsjetterte til 1,5 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2010 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2012 er det venta at 7 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse er 1,6 mill. kroner svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2012 budsjettert med eit lågt tal for kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har «syte for»-ansvar for helsetenestene på Svalbard. Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal gi nødvendige helsetenester til dei norske busetnadene på øygruppa. Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. Den russiske busetnaden i Barentsburg syter for si eiga helseteneste.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timer i døgnet for skadar og akutte sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, i tillegg til enkelte små og mellomstore planlagde kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelesetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste, fysioterapiteneste og tannlegeteneste (inkludert kjeveortopedi (tannregulering)). Sjukehuset har òg tilbod om bedriftshelseteneste og optikarteneste. Det blir ytt tenester innafor barne- og ungdomspsykiatri. Ein tilsvarande ordning har vore prøvd ut for vaksne i ein to-års periode, men er no avslutta.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste (legevaktstelefon), omgåande hjelp, ambulanseteneste, redningshelikopterteneste (organisert via og i samarbeid med Sysselmannen) og flyambulanse.

Helse Nord RHF har i 2011 vurdert kompetansen og beredskapen ved Longyearbyen sjukehus. Helse- og omsorgsdepartementet har bedt Helse Nord RHF, som ledd i sitt «syte for»-ansvar og innafor gjeldande rammer, vurdere og følgje opp ulike tiltak for å sikre naudsynt beredskap og helsetenester på Svalbard.

Den alminnelege helselovgivnaden er i lita mon gjort gjeldande for Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet har satt i gang eit arbeid med å gå gjennom all helselovgjeving og vurdere om heile eller delar av lovgjevinga skal gjerast gjeldande på Svalbard. Departementet tek sikte på å fremje eit høyringsnotat før sommaren 2012.

4.8 Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Alle dei som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje. Kyrkja er open heile døgnet. Registrerte gjester i 2010 var 17 705, og av desse deltok 5 641 i kyrkjelege handlingar. I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved UNIS. Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest frå Tromsø, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russisk-ortodokse kyrkja. Dette var ikkje mogleg å få til i 2010.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Talet på gustenestedeltakarar har dei siste åra vore på gjennomsnittleg om lag 60 personar pr. gudsteneste. Samla tal for 2010 var at 3 116 personar deltok i gudstenester, som er ein auke frå 2009. 21 barn vart døypte i 2010 og kyrkja hadde 18 konfirmantar våren 2010, som er sju fleire enn året før.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetnaden, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar. Kyrkja har babysong, barnegospelkor, konfirmantarbeid og speidargruppe som del av trusopplæringsplanen. Vern av klima og miljø er naturlege tema innanfor trusopplæringa.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2011-2012) frå Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen, mellom anna Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygning, post- og bankbygningen, fleire lagerbygningar og 111 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygning (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

Forvaltning, drift og vedlikehald av post- og bankbygningen, nokre lagerbygningar, Statsbyggs administrasjonsbygning og alle bustadene vert finansiert over svalbardbudsjettet. Dei andre eigedommane er innlemma i husleigeordninga og vert forvalta under kap. 2445 Statsbygg i statsbudsjettet. Det blir foreslått at Sysselmannens administrasjonsbygning òg vert innlemma i husleigeordninga frå og med 2012. Kapitalelementet i husleiga som skal betalast til Statsbygg vert tilført svalbardbudsjettet og den delen av husleiga som skal dekke drifta av bygget tas over svalbardbudsjettet. Innlemminga er budsjettnøytral.

4.9 Kulturdepartementet

På Kulturdepartementets budsjett for 2012 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det blir over kap. 32.0 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, ytt tilskot til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre. Storleiken på tilskotet blir fastsett av Norsk kulturråd på eit seinare tidspunkt.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 282 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2012. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsforetaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2012 ei løyving på 1,607 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjettkapitel 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 180 000 kroner i produksjonstilskot i 2010. Tilskotet for 2011 vil venteleg bli om lag det same.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2012

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2010, vedteke budsjett for 2011 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2012. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Utgifter

240 828

248 787

293 515

Inntekter

538 724

135 810

172 800

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

0001

Svalbard kyrkje

3 721

4 011

4 100

2,2

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

93 700

108 176

126 681

17,1

0004

Tilskot til Svalbard Museum

5 650

5 852

10 200

75,1

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

33 965

31 900

34 844

9,2

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

73 434

76 775

78 500

2,2

0007

Tilfeldige utgifter

4 150

4 000

4 000

0

0009

Kulturminnetiltak

2 180

2 175

2 162

-0,6

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 415

1 429

1 460

2,2

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

6 500

2 950

3 040

3,1

0018

Navigasjonsinnretningar

3 675

3 756

2,2

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 805

6 300

6 200

-1,6

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

16 077

15 850

14 682

-7,4

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 756

2 860

2 930

2,4

Sum kategori 06.80

250 314

266 886

293 515

10,0

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

01-23

Driftsutgifter

138 896

150 700

148 314

-1,6

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

4 608

4 100

4 300

4,8

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

6 500

2 950

3 040

3,1

70-89

Overføringar til private

100 310

109 136

137 861

26,3

Sum under departementet

250 314

266 886

293 515

10,0

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2010

Saldert budsjett 2011

Forslag 2012

Pst. endr. 11/12

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

4 179

200

200

0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

2 836

900

900

0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 526

3 600

3 600

0

3030

Skattar og avgifter

338 145

171 100

168 100

-1,7

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

-94 931

91 086

120 715

32,5

Sum kategori 06.80

253 756

266 886

293 515

10,0

Til forsida