Prop. 133 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordning (EF) nr. 282/2008 er vedteken med bakgrunn i forordning (EF) nr. 1935/2004, som er grunnrettsakta i regelverket til EU om materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel (matkontaktmateriale).

Ved forordning (EF) nr. 282/2008 vert det innført reglar for bruk og produksjon av resirkulert plast som matkontaktmateriale. Mellom anna vert det gjeve føresegner om framgangsmåtar som skal følgjast for å søkje om godkjenning av resirkuleringsprosessar for plast til slik bruk. Desse reglane utdjupar det gjeldande regelverket om matkontaktmateriale med omsyn til resirkulert plast. Resirkulering av drikkevareemballasje av plast i samband med returordningar for matemballasje er eit døme på ein prosess som vil verte omfatta av det nye regelverket.

I forordninga vert det slått fast at berre resirkulerte plastmateriale som er produserte gjennom resirkuleringsprosessar som er godkjende i medhald av framgangsmåtane i forordninga, kan omsetjast. Ifølgje desse framgangsmåtane skal verksemder sende søknader om bruk av konkrete attvinningsprosessar til dei rette styresmaktene i landet. Den rette styresmakta sender søknaden vidare til Europakommisjonen, som skal få hjelp av Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik (EFSA). EFSA er oppretta med grunnlag i forordning (EF) nr. 178/2002 (matlovforordninga), som er gjennomført i norsk rett ved forskrift 22. desember 2008 nr. 1620 om allmenne prinsipp og krav i næringsmiddelregelverket (matlovforskrifta). Hovudoppgåva til EFSA er å vere eit uavhengig vitskapleg sentrum for framskaffing av vitskaplege vurderingar i saker som har direkte eller indirekte innverknad på næringsmiddeltryggleiken. Etter forordning (EF) nr. 282/2008 skal EFSA vurdere om prosessar som det er søkt om, sikrar at plastmateriale og -gjenstandar som vert produserte, er helsemessig trygge, og om dei medfører risiko for endringar i dei næringsmidla som dei vil kome i kontakt med. Deretter skal EFSA leggje fram ei tilråding for Europakommisjonen om kvar einskild søknad. På dette grunnlaget skal Europakommisjonen gjere vedtak om å innvilge eller avslå søknader.

2.1 Nærmare om overføring av vedtakskompetanse til Europakommisjonen

Det er gjort framlegg om at Europakommisjonen skal vere vedtaksorgan for søknader frå norske verksemder, fordi det verken vert rekna som naudsynt eller ønskjeleg at EFTA-organ får kompetanse til å utøve den forvaltingsstyringsmakta som forordninga legg til Europakommisjonen. Det er vanskeleg å sjå at noko organ innanfor EFTA-pilaren i EØS-avtala er eigna til å gjennomføre den typen vurderingar som forordninga legg til Europakommisjonen.

Det er særleg resirkulering av drikkevareemballasje i særskilde returordningar som det er venta søknader om. Det er venta at det vil kome få søknader både frå norske og andre verksemder i samband med forordninga. Ein ventar at dei faglege vurderingane til EFSA i tilstrekkeleg grad vil vareta omsynet til at resirkulerte plastmateriale ikkje skal utgjere ein fare for menneskehelsa.

Noreg er dessutan sikra eit visst høve til påverking gjennom deltaking i den arbeidsgruppa under Europakommisjonen som diskuterer vedtaka før dei vert endeleg fastsette, og gjennom dei høva som regelverket gjev til å be om at ei godkjenning vert vurdert på nytt.