Prop. 133 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Forordning (EF) nr. 282/2008 overfører styringsmakt til Europakommisjonen. Det prinsipielle utgangspunktet for EØS-avtala er at vedtak av EU-organa (eller EFTA-organa) ikkje skal ha direkte verknad i Norge. Det er likevel vanleg meining at Stortinget etter § 26 andre leddet i Grunnlova kan gje samtykke til ei overføring av styringsmakt som er ”lite inngripande”.

Den konkrete overføringa av styringsmakt inneber at Europakommisjonen får styringsmakt til å gjere vedtak med direkte verknad i Noreg om innvilging av eller avslag på søknader både frå norske verksemder og frå verksemder i EU-statar.

I dette tilfellet gjeld overføringa av styringsmakt eit klart avgrensa område, og det er ikkje venta at det vil kome mange søknader frå Noreg. Industrien som produserer resirkulert plast, har opplyst at denne typen materiale i liten grad vert nytta i kontakt med matprodukt i Noreg. Norsk næringsmiddelemballasjeindustri nyttar i dag stort sett ikkje-resirkulert plast i produksjonen sin.

Noreg er vidare sikra eit visst høve til å påverke avgjerdene til Europakommisjonen, både gjennom deltaking i den arbeidsgruppa under Kommisjonen som diskuterer vedtaka før dei vert endeleg fastsette, og gjennom dei høva som regelverket gjev til å be om at ei godkjenning vert teken opp til ny vurdering.

Overføringa av styringsmakt i medhald av forordninga vert følgjeleg vurdert til å vere ”lite inngripande” samla sett, slik at det vert rekna som tilstrekkeleg at Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen vert innhenta i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Det norske regelverket for materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, er gjeve i forskrift 21. desember 1993 nr. 1381 (matkontaktforskrifta). Gjennomføringa av forordninga i norsk rett vil gjere det naudsynt med ei forskriftsendring.