Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under Programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet.

Resultatrapport og strategiar

Organisering og drift av departementet

Departementet har 161 tilsette per 31. desember 2017. Hovudoppgåvene til departementet er knytte til familie, oppvekst og levekår til barn og unge, barnevern, likestilling, ikkje-diskriminering og forbrukarinteresser. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte. For å nå desse måla arbeider departementet mellom anna med innføring av nye arbeidsformer og med kompetanseutvikling. Dette arbeidet held fram i 2019.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BLD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle inntreffe. Departementet har arbeidd systematisk med å utvikle samfunnstryggleiks- og beredskapsfeltet og har gjennomført fleire øvingar i 2017 og 2018, mellom anna i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Utenriksdepartementet og Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). BLD har òg arbeidd for å betre informasjonstryggleiken i sektoren. Som tiltak for å førebu oss på uønskte hendingar i framtida vil BLD i 2019 gå gjennom erfaringar etter beredskapsøvingar for å lære og forbetre planverket i eiga verksemd og underliggjande verksemder. Departementet vil òg i 2019 revidere oversikta over risiko og sårbarheit i sektoren, samtidig som endringar som følgje av ny sikkerheitslov med forskrifter vert innarbeidde i kriseplanverket.

Organisering og drift av underliggjande verksemder

Desse verksemdene ligg under BLD per 1. oktober 2018: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Under presenterer departementet dei viktigaste gjennomførte utviklingsprosjekta og tiltaka i førre periode og dei viktigaste planlagde utviklingsprosjekta og tiltaka i 2019.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Bufdir og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har vore gjennom store omstillingar dei siste åra. I samband med omstillingsarbeidet og effektiviseringa har Bufdir i 2017 også vurdert korleis direktoratet skal organiserast for å møte mellom anna teknologisk utvikling, høgare krav til forvaltinga og auka forventingar frå kommunane. Det er også eit viktig omsyn at Bufdir skal utøve den normerande direktoratsrolla si og rolla som ansvarleg for tenestene og tiltaka Bufetat yter til kommunane, utan at det oppstår rollekonflikt. Ei ny organisering av Bufdir skal etter planen vere ferdig i 2018. Omorganiseringa skal føre til auka kapasitet, betre bruk av kompetanse og effektivisering av interne prosessar og gi ein struktur som legg til rette for god oppgåveløysing.

Bufdir har vidareutvikla dei digitale løysingane for kommunerapporteringa og arbeidd med ei borgarplattform for sikker innlogging. Vidare har Bufdir i 2017 vore staten sin representant i prosjektet DigiBarnevern. DigiBarnevern er ei felles satsing mellom stat og kommune med mål om mellom anna å etablere eit barnevernsfagleg kvalitetssystem med digital systemstøtte, moglegheiter for meldingsutveksling og automatisert rapportering og styringsinformasjon for kommunalt barnevern. Sjå nærare omtale av DigiBarnevern under programkategori 11.20.

Bufdir har utvikla ein IKT-strategi for det langsiktige IKT-arbeidet i direktoratet og utarbeider no strategiske handlingsplanar som mellom anna skal understøtte god IKT-styring, auka tilgjenge og stabil drift. Digitalisering og bruk av teknologi vil framleis vere satsingsområde for direktoratet i åra som kjem.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker fekk inn til saman 4 907 saker i 2017, ein nedgang på 4 prosent frå 2016. Fylkesnemndene har over fleire år arbeidd målretta for å få ned sakshandsamingstida og redusere forskjellar mellom nemndene, noko som har gitt positive resultat. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid i saker med forhandlingsmøte var i 2017 på 47 dagar, ein nedgang på 24 prosent frå 2016. Frå 2013 til 2017 er sakshandsamingstida redusert med 50 dagar, frå 97 til 47 dagar. Det betyr at ventetida for dei som skal ha saker handsama i fylkesnemndene, i snitt er meir enn halvert.

I 2016/2017 tok fylkesnemndene i bruk eit nytt sakshandsamingssystem, ProSak. Det har lagt til rette for likare administrativ sakshandsaming i nemndene og meir digital kommunikasjon. Målsetjinga er eit heilelektronisk sakshandsamingssystem der all kommunikasjon skal vere digital. Som del av den vidare utviklinga av ProSak har det blitt arbeidd med å utvikle ein nettportal for sikker utveksling av dokument mellom fylkesnemndene og eksterne aktørar som kommunar, advokatar og domstolar.

Forbrukarapparatet

Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane forbrukarane står overfor. Regionkontora til Forbrukarrådet blei derfor frå 1. mai 2017 grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. I tillegg endra Forbrukarombodet namn til Forbrukartilsynet 1. januar 2018. Ved endringar i marknadsføringslova og angrerettlova blei Forbrukartilsynet samtidig gitt vedtakskompetanse i alle saker. Marknadsrådet, som tidlegare gjorde vedtak, blei klageinstans. Endringane frå 1. januar 2018 gjer det mogleg for tilsynet å gripe raskare og meir effektivt inn mot næringsdrivande som bryt lovverket.

Likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet

BLD la fram Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven) 5. april 2017, jf. Innst. 388 L (2016–2017). Lovproposisjonen blei vedteken i Stortinget 16. juni 2017, og den nye lova tok til å gjelde 1. januar 2018. Den nye lova la grunnlaget for at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet vart skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene er overførte til Sekretariatet for Diskrimineringsnenmnda, som skal handsame alle sakene i éin instans. Den nye nemnda har fått mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saker. I 2019 vil departementet særskilt vektleggje effektiv nemndshandsaming og korte ned handsamingstida i diskrimineringssaker.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

800

Barne- og likestillingsdepartementet

157 884

160 834

160 854

0,0

Sum kategori 11.00

157 884

160 834

160 854

0,0

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

148 749

150 916

150 743

21

Spesielle driftsutgifter

9 135

9 918

10 111

Sum kap. 0800

157 884

160 834

160 854

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 150,7 mill. kroner i 2019. Dette er om lag uendra frå Saldert budsjett 2018.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Stilling som nasjonal ekspert for Safer Internet under EUs Connecting Europe Facility (CEF) in Telecom vart avvikla 1. september 2018. Det blir derfor føreslått å flytte 0,4 mill. kroner til kap. 800, post 21 mot tilsvarande reduksjon på kap. 542, post 01, jf. nærare omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det blir òg føreslått å flytte 0,5 mill. kroner frå posten mot tilsvarande auke på kap. 100, post 01 for å delfinansiere ei rådsstilling ved den norske EU-delegasjonen i Brussel, jf. nærare omtale i Prop. 1 S for Utenriksdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 10,1 mill. kroner i 2019.

Kap. 3800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Tilfeldige inntekter

234

Sum kap. 3800

234

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil arbeide for ein solid og heilskapleg familiepolitikk. Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Ein god politikk for familiane legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar.

Familieverntenesta utgjer grunnstammen i hjelpetilbodet til familiar når det gjeld samlivsproblem og konfliktar i parforhold, mekling og foreldresamarbeid. Familievernet snakkar med stadig fleire barn i meklingssakene. Departementet vil arbeide for at endå fleire barn nyttar seg av tilbodet om samtale med familievernet. Tilbodet til familiar som opplever høg konflikt, skal òg bli betre. Eit offentleg nedsett utval vil gjennomgå familieverntenesta i 2019.

Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Arbeidet mot vald og overgrep held fram med høg prioritet i 2019, mellom anna gjennom oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep(2017–2021). Vald og overgrep mot barn kan vere vanskeleg å oppdage. Barn vegrar seg gjerne for å snakke om vald og overgrep, særleg når den som utøver vald, er ein som står dei nær. Det er viktig å bryte tabua kring vald, slik at fleire tør å spørje og fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine. Regjeringa vil derfor i 2019 arbeide for å auke kompetansen i tenestene, slik at vald og overgrep mot barn blir avdekt tidlegare.

Dei fleste barna i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår, og ulikskapen i inntektene er små. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt eller levestandard at det avgrensar høvet deira til fullverdig deltaking i samfunnet. Dette rammar barna. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod utan omsyn til kva bakgrunn dei har. Det sosiale tryggingsnettet må styrkjast, slik at fleire blir løfta opp, blir inkluderte og får delta i samfunnet på linje med andre. Regjeringa vil derfor auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

Forskingsrådet skal førebu ein gjennomgang og analyse av tilstand og behov på forskingsområda innanfor temaet «Utsette barn og unge». Denne gruppa vil over tid ha behov for bistand frå ulike hjelpetenester, og det er ei utfordring å gi tidlig nok og god nok hjelp, sjå nærare omtale i del III Forsking og utvikling.

Foreldrepengeordninga er ei sentral del av familiepolitikken. Foreldrepengeområdet er nærare omtalt under programkategori 28.50.

Mål

BLD har for 2019 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

  • I større grad avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Mekling og arbeidet med familiar med høgt konfliktnivå,Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom og Arbeidet mot barnefattigdom.

Resultatrapport og strategiar

Overføringar og støtte til barnefamiliane

Regjeringa vil fremje ein politikk som gir familiar fleksibilitet og valfridom og gjer det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei. Nedanfor blir dei sentrale overføringsordningane til barnefamiliar – kontantstøtte og barnetrygd – gjennomgått i korte trekk. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) forvaltar overføringsordningane. Det blir her òg gitt ein statusrapport om forvaltinga til NAV på området til BLD. Foreldrepengar og eingongsstønad ved fødsel er omtalte under programkategori 28.50.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er eit alternativ til bruk av barnehage for barn mellom eitt og to år. Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Satsen for full kontantstøtte er 7 500 kroner per månad. Det er eit krav om fem års butid i Noreg (eller EØS) for rett til kontantstøtte.

Per mars 2018 får 31 prosent av foreldra til eittåringane kontantstøtte, noko som er 5,5 prosentpoeng lågare enn i mars 2016.

For å forbetre og effektivisere handsaminga av kontantstøttesaker har NAV gjennomført ei spesialisering av sakshandsaminga. I ein overgangsperiode har spesialiseringa ført til lengre handsamingstid og einskilde statistikkutfordringar. NAV har derfor ikkje statistikk for kontantstøtte for 2017. Sidan NAV ikkje har tal for 2017, kan dei ikkje seie om nedgangen i delen kontantstøttebarn starta i 2017. NAV meiner likevel det er grunn til å tru at forklaringa på nedgangen er innføringa av butidskrav frå 1. juli 2017. Årsaka er at for dei eldste eittåringane (21–23 månader) har delen gått ned med om lag 1 prosentpoeng frå 2016 til 2018, medan han for dei yngste eittåringane (13–15 månader) har gått ned med i overkant av 5 prosentpoeng. Dei eldste eittåringane er ikkje råka av lovendringa, då dei allereie fekk kontantstøtte før 1. juli 2017.

Per mars 2018 hadde 1,2 prosent av kontantstøttebarna deltidsbarnehageplass med halv kontantstøtte, og 77 prosent av mottakarane var kvinner.

Stortinget vedtok 11. juni 2018 endringar i kontantstøttelova frå og med 1. august 2018 for å gjere lova meir fleksibel, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) og Innst. 340 L (2017–2018). Foreldre kan ta imot kontantstøtte med 20, 40, 60, 80 eller 100 prosent sats etter følgjande tabell:

Tabell 4.1 Forslag til satser for kontantstøtte i 2019 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Barnetrygd

Den ordinære barnetrygda blei vidareført utan endringar i satsane i 2017 og 2018. I 2017 var det 675 000 mottakarar av barnetrygd, og i underkant av kvar femte stønadsmottakar hadde utvida stønad for einslege forsørgjarar. Menn fekk utvida stønad i om lag ein tredjedel av tilfella. 9 av 10 mottakarar av barnetrygd var kvinner. I 2017 var det om lag 2 400 mottakarar av småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år. Det har vore ein årleg nedgang i talet på personar med småbarnstillegg over lang tid.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet på ansvarsområdet til BLD

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar og ordningar på ansvarsområdet til BLD. Det gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar, eingongsstønad og barnebidrag. Målet er at brukarane skal få rett yting til rett tid.

Heile ytingsforvaltinga har vore gjennom ei omfattande omorganisering. Ved omorganiseringa er sakshandsaminga spesialisert ved at handsaming av einskildytingar er samla i færre forvaltingseiningar.

Ved omorganiseringa har kompetanse- og ressursbehovet på nokre område vore større enn ein hadde rekna med. Dette har i ein overgangsfase ført til noko lengre sakshandsamingstider og restansar.

På ansvarsområdet til BLD har det vore særskilde utfordringar når det gjeld barnebidrag. Arbeids- og velferdsetaten arbeider systematisk for å betre forvaltinga av ytingane for å auke kvaliteten i sakshandsaminga og redusere omfanget av feilutbetalingar. Arbeids- og velferdsetaten sin rapport om verksemda frå 1. tertial viser at ein oppnår måla for sakshandsamingstid for barnetrygd, kontantstøtte og barnebidrag. På foreldrepengeområdet har ein framleis utfordringar når det gjeld utanlandssaker. I 2017 blei det gjennomført systematiske kvalitetsmålingar på seks område, mellom anna barnebidrag. Resultata på bidragsområdet har vorte betre.

I det langsiktige arbeidet med å betre kvaliteten og effektiviteten i måten Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ytingar og ordningar på, står moderniseringa av IKT-systema i etaten heilt sentralt.

Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører no Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i etaten. Arbeids- og sosialdepartementet følgjer opp prosjektet som del av IKT-moderniseringsprogrammet i NAV, men vedtaksløysinga som blir utvikla i prosjektet, vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar gi nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet har altså stor innverknad på forvaltinga av ytingar på ansvarsområdet til BLD.

Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute.

Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2018–2019) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Barnefamilieutvalet blei oppnemnt i juni 2015 og leverte utgreiinga NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene 6. mars 2017. Utvalet har føreslått ei rekkje endringar i det offentlege tenestetilbodet og overføringsordningane til familiar med barn under 18 år. Utgreiinga har vore på brei offentleg høyring med frist 30. september 2017. Departementet følgjer opp utgreiinga og innspela frå høyringa i samarbeid med andre departement.

Fruktbarheit

Det har vore ein nedgang i talet på fødslar i Noreg. Det samla periodefruktbarheitstalet er no 1,62 barn per kvinne, det lågaste talet målt i Noreg. Utviklinga i fruktbarheita har gått ned sidan 2009, då det blei fødd 1,98 barn per kvinne. Fyrstegongsfødande i Noreg blir stadig eldre, og stadig færre får fleire enn to barn.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan studerast på to måtar; ein kan sjå på periodefruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Periodefruktbarheit viser fruktbarheitstalet per kalenderår. Kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet.

Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn. Også dette talet viser ein fallande trend. Kvinner fødde i 1971 var det fyrste årskullet som ved 45 års alder hadde fødd færre enn to barn i gjennomsnitt.

Omtrent ein fjerdedel av menn i Noreg går barnlause gjennom livet. Universitetet i Bergen (UiB) har på oppdrag frå departementet undersøkt trekk ved dei barnlause mennene og samanlikna med menn som har fått barn. UiB har òg undersøkt utviklinga i barnløyse over tid. UiB finn at menn som ikkje har fått barn ved fylte 50 år, er ei svært heterogen gruppe, men at det er langt fleire med låg utdanning og låg inntekt, åleinebuande og trygdemottakarar blant barnlause enn blant fedrar. Vidare finn dei at uførheit i ung alder er den sterkaste einskildfaktoren for om menn ikkje får barn. I motsetning til det som ser ut til å vere ei utbreidd oppfatning, fordeler fedrar og barnlause seg stort sett likt med omsyn til om dei bur i meir eller mindre sentrale/tettbygde område. Delen barnlause har stige med seinare fødde kohortar målt ved både 40, 45 og 50 år. Auken er svakare for etnisk norske menn enn for alle busette samla.

Utviklinga i tala på barnefødslar er ein av fleire faktorar som vil påverke den økonomiske utviklinga i Noreg. Sjølv om fallande fødselstal historisk sett ikkje har vore til hinder for høg økonomisk vekst, er det viktig å undersøkje nærare om nedgangen i fødselstala dei siste åra kan utgjere eit problem for å oppretthalde eit berekraftig velferdssamfunn over tid. SSB har derfor fått i oppdrag å undersøkje dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av høvesvis aukande, fallande og stabil fruktbarheitsutvikling. Prosjektet skal avsluttast innan 1. desember 2018.

Departementet har gitt Institutt for samfunnsforsking i oppdrag å sjå på balansen mellom familieliv og arbeidsliv når det gjeld individuelle val og preferansar knytte til det å få barn. Prosjektet vert avslutta hausten 2018. Rapporten Mellom arbeidsliv og familieliv. Hvilken betydning har arbeidsmarkedssituasjonen for om menn og kvinner velger å få barn? (Rapport 2018:13 frå ISF) blei lagt fram 3. september. Rapporten viser mellom anna at yngre kvinner ynskjer færre barn. Funn i rapporten tyder òg på at auka arbeidstid blant småbornsforeldre isolert sett kan ha medverka til at færre familiar får meir enn to barn. Ein trygg og god inntekt aukar imildertid sannsynligheita for å få barn, det er derfor ikkje sikkert at tilrettelegging for deltidsarbeid ville vera positivt for nye generasjonars fødselstal.

Adopsjon

Bufetat har ansvar for å handsame søknader om innanlands- og utanlandsadopsjon. Når det gjeld innanlandsadopsjonar i 2017, tok Bufetat imot 298 søknader om stebarnsadopsjonar og 48 søknader om adopsjon av fosterbarn. Når det gjeld utanlandsadopsjonar i 2017, tok Bufetat imot 224 søknader. Det kom totalt 127 barn til Noreg i 2017, av desse var 125 formidla gjennom ein godkjend organisasjon og 2 utanom organisasjon. Det har vore ein stor nedgang i utanlandsadopsjonar dei siste 10 åra, men det ser ut til at det har stabilisert seg dei siste par åra. Ei årsak til nedgangen er at fleire barn får eit omsorgstilbod i heimlandet.

Den nye adopsjonslova og dei tilhøyrande forskriftene vart sette i kraft 1. juli 2018. For å skape betre kvalitet har Bufdir starta eit forbetringsarbeid knytt til adopsjonsprosessen, utgreiinga av søkjarane og godkjenningsordninga. I tillegg har direktoratet arbeidd med å gjere sosialrapportane og rettleiingsmateriellet betre og med å utvikle dei adopsjonsførebuande kursa.

Direktoratet arbeider òg med å kartleggje og vurdere behovet for oppfølging av utanlands- og fosterbarnsadopterte og familiane deira. Ulike tiltak som kan sikre betre oppfølging, skal vurderast. Departementet og Bufetat vil i 2019 arbeide vidare med å gjere adopsjonsprosessar raskare og enklare både utanlands og innanlands, jf. Jeløya-plattforma pkt. 3.

Foreldresamarbeid og førebygging av familiekonfliktar

Regjeringa vil leggje til rette for ein god oppvekst for barn og ungdom og gi trygge rammer for familien. Familieverntenesta skal bidra til trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og eit godt foreldresamarbeid til beste for barna. Nedanfor vert det gjort greie for familieverntenesta, arbeidet med mekling og høyring av barn og tilbodet til foreldre som lever i høg konflikt. Det vert gjort greie for oppnådde resultat i 2017 og fyrste halvdel av 2018 på desse områda og for tiltaka departementet planlegg i 2019.

Familievern

Familieverntenesta har eit breitt tilbod og skal hjelpe familiar når dei har relasjonelle vanskar og utfordringar. Tenesta er eit gratis lågterskeltilbod, og ho er tilgjengeleg i heile landet. I perioden 2014–2018 har familieverntenesta vorte styrka med over 160 mill. kroner. Det har gitt eit grunnlag for å styrkje det faglege tilbodet i tenesta og gjere ho meir tilgjengeleg, slik at brukarane får likeverdige tenester uavhengig av kor dei bur. I 2017 fekk familieverntenesta inn nesten 30 000 nye kliniske saker og over 16 000 nye meklingssaker. Eksterne meklarar som er godkjende av Bufdir, utførte over 4 200 nye meklingar. Til saman er dette eit sakstilfang på over 50 000 saker. Dette inneber at om lag 160 000 foreldre og barn har fått hjelp av familievernet og eksterne meklarar i 2017. Det er ein liten nedgang i talet på foreldre som har bede om mekling i 2017. I 95 prosent av sakene fekk foreldra tilbod om time i løpet av tre veker.

Det har vore ei historisk satsing på familieverntenesta under regjeringa Solberg. Aukinga har gitt gode resultat. Fleire personar får hjelp i familievernet. Ventetida er redusert, og kapasiteten i familievernet er auka. Det inneber at ein kan bruke meir tid på arbeidet mot vald og arbeidet for familiar med høgt konfliktnivå. Sjølv om satsinga har gitt resultat, er det viktig å vidareutvikle tenesta slik at fleire familiar kan få hjelpa dei treng. I Jeløya-plattforma står det at regjeringa vil «[f]oreta en helhetlig gjennomgang av familievernet for å styrke tjenesten». Behovet for ein slik gjennomgang er òg understreka av stortingsfleirtalet, jf. Innst. 390 S (2015–2016) og Innst. 14 S (2016–2017). Regjeringa oppnemnde 15. mai 2018 eit offentleg utval som skal gå gjennom familieverntenesta. Utvalet skal drøfte dagens organisering, finansiering, oppgåveløysing og lovmessige rammeverk for familieverntenesta og utfordringar dette gir. Utvalet skal på dette grunnlaget komme med tilrådingar. Vidare skal utvalet vurdere dagens ressursbruk og kvalitet i tenesta sett opp mot måla for verksemda til familieverntenesta. Målet med utgreiinga er at ho skal bidra til å styrkje tenesta slik at fleire familiar kan få den hjelpa dei treng.

Samarbeid mellom familievernet og kommunale tenester har hatt og har høg prioritet i arbeidet til familievernet. Evalueringa av eit treårig (2015–2017) prosjekt der familievernet har hatt eit systematisk samarbeid med helsestasjonar, viste mellom anna at den kontakten helsestasjonane har med barnefamiliar, gjer at spisskompetansen til familievernet kan setjast inn på eit tidleg tidspunkt for foreldre som treng det, og som i liten grad elles oppsøkjer familievernkontoret. I tillegg er det lettare for tenestene å samarbeide når dei kjenner til samfunnsmandatet, kunnskapen, kompetansen og arbeidsoppgåvene til kvarandre. Samarbeidet mellom familievernet og relevante kommunale tenester held fram, og vil òg vere tema for det offentlege utvalet som skal gjennomgå familieverntenesta.

Mekling og arbeidet med familiar med høgt konfliktnivå

Barn som lever i familiar der det er eit høgt konfliktnivå mellom foreldra, kan utvikle vanskar både emosjonelt, kognitivt og sosialt. For at desse barna skal få så gode oppvekstkår som mogleg, tilbyr familievernet hjelp til foreldra gjennom mekling og hjelp til å samarbeide om felles barn. Målet er å førebyggje og dempe konfliktar mellom foreldra.

Foreldra skal få eit tilbod som byggjer på den beste faglege kunnskapen til kvar tid. Meklaropplæringa tek sikte på å auke den faglege og praktiske kompetansen i meklinga, både hos meklarane i familieverntenesta og hos dei eksterne meklarane. Meklaropplæringa inneheld fordjupingstema i samtalar med barn, høgkonfliktmekling, kultursensitiv mekling og etikk, og rettleiing av meklarane. Det er òg obligatorisk praksis, meklingssamlingar og oppfriskingskurs for meklarar.

Utgreiingar av meklingsordninga viser at foreldra treng eit tilbod som er tilpassa deira konflikt og situasjonen i deira familie. Det er sett i gang eit omfattande fagleg, organisatorisk og digitalt utviklingsprosjekt for å tilpasse meklingstilbodet til dei behova brukarane har, og leggje til rette for auka deltaking for barna, sjå nærare omtale under avsnittet om høyring av barn. Det er mellom anna utarbeidd ein digital avtalemal for foreldresamarbeid. Bufdir arbeider no med å differensiere meklingstilbodet betre. Differensieringa tek utgangspunkt i behova til foreldra og skal skreddarsy det faglege innhaldet og oppbygginga av meklinga ut frå graden av usemje og konflikt i kvar einskild familie. Meklinga blir supplert med tilbod om foreldresamtalar, grupper og kurs.

Høyring av barn i mekling

At barn har rett til deltaking, er noko som har komme stadig meir i søkjelyset dei seinaste åra. Barn har rett til informasjon og til å uttale seg i saker som vedkjem dei. Barn skal få høve til å uttale seg før foreldra lagar avtalar om bustads- og samværsordningar.

Etter Grunnlova har barn rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget. Det same går fram av barnelova. Departementet legg vekt på at barn skal få tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling. Talet på barn som blir høyrde i meklingssaker, har auka dei seinaste åra, men er framleis lågt. Departementet har derfor sett følgjande mål for arbeidet med meklingsordninga:

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Det er ein auke i talet på barn som deltek når foreldra møter til mekling, særleg for barn over 7 år. I 2017 blei 21,4 prosent av barn over 7 år høyrde i meklingssakene. Dette er 5,4 prosentpoeng høgare enn i 2016. Departementet arbeider vidare for å styrkje deltakinga til barn og for at fleire barn skal nytte seg av tilbodet om eigen samtale når foreldra er i mekling ved samlivsbrot og foreldretvistar.

Meklarane informerer foreldra om barnet sin rett til å bli høyrt og skal i tillegg gjere foreldra merksame på at barnet kan få ein samtale med meklar. Foreldra blir òg gjorde merksame på at langvarige konfliktar kan vere skadelege for utviklinga og livskvaliteten til barnet.

Bufdir utarbeidde i 2016 ein opptrappingsplan som omtaler ansvaret for å leggje til rette for at barn deltek, og tiltak for at fleire barn skal bli høyrde i meklinga. Viktige tiltak rettar seg mot å gjere foreldra meir motiverte til å ta med barna i meklinga og gjere barna meir motiverte til å bli med i meklinga. Bufdir har revidert opptrappingsplanen i 2018.

I 2018 er det etablert eit spisskompetansemiljø i familieverntenesta for samtalar med barn. Spisskompetansemiljøet skal utvikle metodar for samtalar med barn til bruk for meklarane.

I tillegg til at barn får tilbod i meklingar, får dei òg tilbod av familieverntenesta om samtalar og gruppetilbod der det er vanskar i familien (kliniske saker). Fleire nyttar seg av tilbodet, særleg i saker der foreldre som bur kvar for seg, treng hjelp til å samarbeide om barna. I 2017 deltok barn i litt over 11 prosent av alle kliniske saker i familievernet. Dette er 0,6 prosentpoeng høgare enn i 2016.

Tilbod til foreldre med høgt konfliktnivå

Talet på konfliktsaker mellom foreldre som hamnar i rettsapparatet, er høgt. Det er solid fagleg dekning for å hevde at barn og unge kan ta skade av å leve med foreldre som har store og vedvarande konfliktar, og det er eit mål at saker som er eigna for det, blir løyste på eit tidleg stadium.

Arbeidet med å senke konfliktnivået mellom foreldre er eit langsiktig og viktig mål for departementet. Tiltak som kan redusere talet på foreldretvistar for domstolane, vil òg vere samfunnsøkonomisk lønnsame. Departementet arbeider for at fleire foreldretvistar som eignar seg for det, blir løyste utanfor domstolane. Departementet har derfor sett følgjande mål for 2019:

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

Blant dei foreldra som vurderer å bringe ei sak inn for retten, har delen som inngår avtalar, halde seg stabil over mange år. For familieverntenesta var delen i 2017 på 32 prosent, medan han var på 40,6 prosent for dei eksterne meklarane. For somme i denne gruppa er konfliktnivået høgt, og det kan derfor vere krevjande å komme fram til gode avtalar for barna. Andre har fungerande avtalar, men store problem med å samarbeide. I desse sakene viser det seg ofte undervegs i meklinga at det ikkje er sjølve avtalen som er utfordringa, men samarbeidet mellom foreldra.

Tal frå Bufdir syner at fleire foreldre tek imot tilbodet om fleire meklingstimar. Det er òg ein liten auke i talet på saker med foreldresamarbeid samanlikna med 2016. Dette kan tyde på at foreldre ser at dei kan ha nytte av tilbodet til familievernet. Bufdir vil halde fram arbeidet med å utvikle meklingstilbodet. Foreldre og barn har ulike behov og treng tilpassa bistand. Bufdir vil òg halde fram med å styrkje kompetansen til meklarane og å utvikle faglege rettleiarar og metodar. Målet er å skape likare praksis for mekling og rådgiving etter samlivsbrot.

Talet på foreldretvistar som har komme inn til domstolane, var 2 631 i 2017, noko som er ein liten auke frå året før. Bufdir og Domstoladministrasjonen vil halde fram samarbeidet om å utvikle tiltak som kan føre til at fleire saker blir løyste i familievernet, og at tilboda i familieverntenesta blir kjende og nytta slik at det fremjar det beste for barnet og reduserer konfliktar mellom foreldra.

Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid

Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst. Nedanfor blir det gjort greie for utviklingsarbeid på det familierettslege området. Det blir gjort greie for oppnådde resultat i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og for planlagde tiltak i 2019.

Ekteskapslova

Frå 1. januar 2018 overtok kommunane oppgåva med borgarlege vigslar frå domstolane. Kommunane har no plikt til å ha eit tilbod om vigsel i kommunen for eigne innbyggjarar og for personar som ikkje bur i Noreg, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her. Det alminnelege tilbodet i kommunen til desse gruppene skal vere gratis. Dei som har mynde i kommunen til å utføre vigsel, er ordførar, varaordførar og eventuelle kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir slik mynde.

Stortinget vedtok 28. mai 2018 endringar i ekteskapslova for å innføre ei absolutt 18-årsgrense for å gifte seg i Noreg, jf. Prop. 49 L (2017–2018) Endringer i ekteskapsloven (absolutt 18-årsgrense for å gifte seg i Norge), og Innst. 267 L (2017–2018).

Departementet vurderer innstrammingar i reglane om godkjenning av ekteskap som er inngått i utlandet. Utgreiinga gjeld særleg tilfelle der ein eller begge partar er mindreårige på tidspunktet for vigselen og tilfelle der eit tidlegare ekteskap består (bigami). Eventuelle forslag til endringar i desse reglane vil bli sende på høyring.

Folkehelseinstituttet førebur nå eit forskingsprosjekt om ekteskap mellom søskenbarn. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet skal finansiere forskinga saman. Regjeringa vil ta stilling til forbod i ekteskapslova mot ekteskap mellom søskenbarn når det ligg føre betre kunnskap om omfanget og det er gjort gode nok helsefaglege vurderingar på området.

Barnelova

Stortinget vedtok 11. juni 2018 endringar i barnelova for å gi heimel for å be om DNA-test når ein mann vil erklære seg som far etter barnelova, jf. Prop. 82 L (2017–2018) Endringer i barnelova og statsborgerloven (foreldreskap og statsborgerskap for barn født i utlandet) og Innst. 336 L (2017–2018). Vilkåra er at dette er naudsynt for å fastslå farskapen fordi det er ID-tvil eller grunn til å tru at det er gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet. Manglande heimel kan vere eit problem i land der det ikkje er mogleg å få fødselsattest eller ID-dokument, og i land der slike dokument ikkje er til å stole på. Dersom mannen er norsk statsborgar, blir barnet automatisk også norsk statsborgar og får rett til pass og varig opphald. Utanriksstasjonane har meldt bekymring for at somme erklærer farskap til barn på feil grunnlag for å få norsk statsborgarskap. Stortingsvedtaket er sanksjonert. Før lova kan setjast i kraft, må det på plass ei forskrift om klageinstans.

Regjeringa vil i tråd med regjeringsplattforma setje ned eit utval som skal gjennomgå og modernisere barnelova og komme med eit forslag til ei tidsriktig barnelov. Utvalet skal mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan sikrast like rettar som omsorgspersonar. Utvalet skal òg gå gjennom rettane til barn, spesielt i eit internasjonalt perspektiv.

Barnebidrag

Foreldre skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet. Der den eine eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale barnebidrag. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be NAV om å fastsetje det.

Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å få fastsett barnebidraget. Om lag 45 prosent av dei delte familiane bruker det offentlege tilbodet. I mars 2018 blei det utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 97 500 barn gjennom det offentlege tilbodet. Barna fordeler seg ganske jamt på dei fleste aldersgruppene. Sett i høve til befolkninga 0–17 år i heile landet er det 8,6 prosent av barna som får barnebidrag og/eller bidragsforskot gjennom det offentlege tilbodet. Dei fleste bidragsmottakarane er kvinner, og dei fleste bidragspliktige er menn. Prosentdelen mannlege bidragsmottakarar og kvinnelege bidragspliktige er på 7–8 prosent. Forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på barnebidragsområdet er nærare omtalt under temaet Overføringar og støtte til barnefamiliane.

Tabell 4.2 Barn som får barnebidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

12 412

1 699

Barn 6–10 år

25 110

1 868

Barn 11–14 år

25 117

2 036

Barn 15–17 år

22 959

2 402

Barn 18 år +

2 753

4 058

Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2018. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far, barn som ikkje har fått fastsett bidrag, og barn med bidrag i utanlandsk valuta.

Den 12. april 2016 blei det lagt fram eit høyringsnotat om reglane for barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år, med tilhøyrande endringar i barnelova med forskrifter. Som ei oppfølging av høyringsnotatet er desse endringane gjorde i forskrift av 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot (fastsetjingsforskrifta):

  • Regelen om at bidraget ikkje skal setjast lågare enn utbetalt barnetillegg, skal ikkje lenger gjelde ved delt bustad.

  • Bidragsevnevurderinga skal tilpassast den nye trinnskatten trinn 3 og 4, som erstattar den tidlegare toppskatten.

  • Det skal innførast ein tilgang til å fastsetje gebyr i somme utanlandssaker.

  • Det skal gjerast unntak frå automatisk justering av barnebidrag i somme utanlandssaker.

Endringane tok til å gjelde 1. januar 2018.

Barnelovutvalet, som er omtalt ovanfor under Barnelova, skal mellom anna vurdere kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barnet, vurdere korleis foreldre kan sikrast like rettar som omsorgspersonar.

Foreldrestøttande arbeid

Familien er den viktigaste ramma rundt barns liv og utvikling. Trygge foreldre gir trygge barn. I kvardagen kan alle foreldre møte vanskar og små og store kriser. For nokre er situasjonen meir alvorleg. Det er viktig at foreldre som ikkje maktar å gi barna sine det dei treng og har krav på, får hjelp frå det offentlege eller frå frivillig sektor så tidleg som mogleg. Førebyggjande arbeid og tidleg innsats kan vere heilt avgjerande for familiane som får ein vanskeleg start eller har kriser og utfordringar. Førebygging er samfunnsøkonomisk lønnsamt når det reduserer behovet for meir kostbare tiltak på eit seinare tidspunkt.

Altfor mange barn er utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt frå eigne foreldre eller nære omsorgspersonar. Eitt barn som blir utsett, er eitt barn for mykje. Tidleg hjelp til familiar som har behov for det, gjer foreldra betre i stand til å ta vare på barna sine, reduserer belastingane og betrar høvet til utvikling for barna. Departementet har derfor følgjande mål for arbeidet med foreldrestøtte:

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og for planlagde tiltak i 2019. Familievernet sitt arbeid på området er omtalt under overskrifta Familievern.

Strategi for foreldrestøtte

Regjeringa la i juni 2018 fram ein strategi for foreldrestøtte. Strategien skal førebyggje at barn veks opp med mangelfull eller skadeleg omsorg. Dette er ein del av regjeringa si breie satsing på førebyggjande arbeid og ein del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Målet med strategien er at fleire barn skal leve eit godt liv i eigen heim, gjennom auka innsats på førebyggjande arbeid lokalt og ved at fleire foreldre får konkret hjelp og støtte i foreldrerolla. Med foreldrestøtte meiner ein i denne samanhengen ulike tiltak og tenester som rettar seg mot foreldre frå svangerskapet og til barnet fyller 18 år. Målet er å styrkje foreldra som omsorgspersonar og oppsedarar.

Bruken av sosiale medium blant barn og unge, og overgrep på nett vil vere tema som skal inngå i arbeidet med foreldrestøtte.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil få i oppdrag å koordinere arbeidet med å følgje opp strategien og dei tiltaka BLD er ansvarleg for. Bufdir oppretta i 2017 eit spisskompetansemiljø for førebygging og foreldrestøtte i Bufetat, region sør. Spisskompetansemiljøet skal utvikle erfaringsbasert kunnskap og medverke til kunnskapsbasert praksisutvikling på feltet.

Det er vidare prøvd ut opplegg for rettleiing av foreldre som har ei bekymring overfor barna sine knytt til radikalisering og valdeleg ekstremisme. Opplegget er evaluert av forskingsstiftinga Fafo. Evalueringa viser at det har vore vanskeleg å rekruttere foreldre, og at eit slikt tiltak mot ei særskild målgruppe ikkje fungerte så bra. Samstundes viser evalueringa at det er eit stort behov for foreldrerettleiing blant ungdomsforeldre. Bufdir har i 2017–2018 gjennomført ei ny tilpassing i fleire av kommunane frå utprøvinga. Forsøket blir prøvd ut til ungdomsforeldre med ulike bekymringar. Også dette forsøket har blitt evaluert av Fafo. Evalueringa viste at mange ungdomsforeldre ønskjer rettleiing om korleis dei kan få ein betre relasjon til ungdommen sin, og at dei såg på det som nyttig å møte andre ungdomsforeldre for å snakke om foreldrerolla. Dei fleste foreldra hadde minoritetsbakgrunn. Foreldrerettleiing til ungdomsforeldre blir følgd opp i den nye regjeringsstrategien for foreldrestøtte. Bufdir vil arbeide vidare med å auke bruken av den breiare tilnærminga til støtte til ungdomsforeldre.

Bufdir har fått eit særskilt ansvar for forvaltinga av International Child Development Program (ICDP). Programmet er tilpassa og prøvd ut for ulike målgrupper. Det er òg utarbeidd ein plan for å auke bruken av ICDP som foreldrestøttande tiltak i krisesenter. Det har gitt gode resultat å bruke programmet når nykomne flyktningar skal integrerast. Bufdir har derfor, i samarbeid med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, arrangert landsdekkjande rettleiaropplæring i ICDP for tilsette i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar sidan 2016.

Eit viktig verkemiddel i det foreldrestøttande arbeidet er tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane. Formålet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggje og/eller avverje ulike former for vald og seksuelle overgrep mot barn og til å skape trygge oppvekstvilkår som legg til rette for positiv utvikling. Tilskota skal stimulere fleire kommunar til å setje i verk foreldrestøttande tiltak.

I 2017 fekk norske kommunar om lag 27 mill. kroner i tilskot til foreldrestøttande tiltak. 60 av dei 62 søknadene som fekk støtte, var frå nye søkjarkommunar, noko som er i tråd med prioriteringa i regelverket for ordninga. Det er stor søking til ordninga, noko som tyder på at kommunane ser eit behov for foreldrestøttande tiltak til ulike innbyggjargrupper. I 2018 er tilskotsordninga på 31,3 mill. kroner. Evalueringar som Fafo (2016) og Folkehelseinstituttet (2017) har gjort, viser at foreldrerettleiingsprogramma har positive resultat på foreldrekompetanse, tilknyting og samspel mellom foreldre og barn og på trivselen og den psykiske helsa til barn og foreldre.

For barn i familiar med særleg vanskelege livssituasjonar er det sett i gang ei utprøving av programmet Nurse Family Partnership i Oslo og Rogaland. I Noreg har programmet fått namnet Familie for første gang og skal gi tett oppfølging av utsette fyrstegangsforeldre som treng ekstra støtte. Deltakarfamiliar blir rekrutterte gjennom svangerskapsomsorga og andre fyrstelinjetenester i utprøvingsområda. Programmet blir følgjeevaluert for å kunne vurdere nytteverdi og ei eventuell framtid i norsk kontekst. Utprøvinga av programmet vil ha til saman 150 deltakarar. Følgjeevalueringa av prosjektet skal leverast i 2019.

Foreldrehverdag.no vart lansert i 2016. Målet er å gi foreldre god og kvalitetssikra rettleiing. Nettressursen skal vere eit lågterskeltilbod for alle og ha førebyggjande effekt. Tenesta har blitt godt teken imot og er besøkt av mange i målgruppa. Det blei mellom anna lagt ut ein podcast om papparolla i august 2018.

Regjeringa føreslår til statsbudsjettet 2019 ei satsing på 21,5 mill. kroner til tiltak knytte til nasjonal strategi for foreldrestøtte. Satsinga vil særleg støtte foreldre med innvandrarbakgrunn. Foreldrerolla i Noreg kan skilje seg mykje frå foreldrerolla i landet familiane har flytta frå. Utvikling av foreldrestøttande tiltak må òg ta omsyn til at mange har svake kunnskapar i norsk, lite kjennskap til det norske samfunnet og manglande sosialt nettverk.

Satsinga inneber å styrkje tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane med 20 mill. kroner. Ein monaleg del av prosjekta som får støtte over tilskotsordninga, dreier seg om foreldrerettleiing retta mot minoritetsspråklege foreldre og foreldre som deltek i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Tiltak for denne gruppa vil bli prioriterte i 2019. Foreldrehverdag.no vil òg bli vidareutvikla, slik at innhaldet blir tilrettelagt for innvandrar- og minoritetsforeldre og andre foreldregruppe med særskilde behov.

Ordningane som er omtalte under, vil òg bidra til at fleire foreldre får tilbod om foreldrestøtte.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Den overordna målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Par som har barn, blir prioriterte. Løyvinga til ordninga var på 10 mill. kroner i 2017. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Det blei gitt støtte til 134 samlivskurs og 27 utviklingstiltak i 2017. Programma som blir nytta, blir systematisk brukarevaluerte. Tilbakemeldingane frå brukarane er positive. Ordninga er vidareført i 2018 og i budsjettframlegget for 2019.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn – til dømes barn av psykisk sjuke eller barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Barn og foreldre i vanskelege livssituasjonar skal få hjelp så tidleg som mogleg. Løyvinga til ordninga var på 24 mill. kroner i 2017. Det blei gitt støtte til 34 tiltak. Kommunane rapporterer at tilskotsordninga har medverka positivt til arbeidet med målgruppa og til kompetanseheving i kommunane.

Tilskotsordninga Systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn vart samordna med tilskotsordninga Betre tverrfagleg innsats – utvikling av lokal samhandling i 2018. Bufdir forvaltar ordninga i samråd med Helsedirektoratet. Bufdir vil i samarbeid med Helsedirektoratet hjelpe og rettleie kommunane med utviklingsarbeidet. Ordninga er vidareført i 2018 og i budsjettframlegget for 2019.

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom

Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep omfattar ansvarsområda til fleire departement. BLD koordinerer innsatsen mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar.

Samordning på tvers av sektorar er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep. Fleire departement har samarbeidd om oppfølginga av tiltaka i En god barndom varer livet ut, regjeringa sin tiltaksplan for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) og tiltaka i handlingsplanen Et liv uten vold – handlingsplan mot vold i nære relasjoner(2014–2017). Dei fleste av tiltaka i desse planane er ferdigstilte, og nokre er vidareførte i Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021). BLD koordinerer arbeidet med opptrappingsplanen.

Regjeringa la våren 2017 fram Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse(2017–2020). Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet med planen og BLD har ansvar for fleire tiltak. Arbeidet med å følgje opp tiltaka vil bli ført vidare i 2019. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med ein ny handlingsplan mot valdtekt.

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn, ungdom og vaksne, mellom anna gjennom oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2017 og fyrste halvdel 2018 og planlagde tiltak i 2019 for arbeidet mot vald og overgrep.

Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021)

Regjeringa la hausten 2016 fram ein opptrappingsplan som skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei handsama i Stortinget 25. april 2017 (Innst. 247 S (2016–2017)). I samband med handsaminga av opptrappingsplanen gjorde Stortinget 36 oppmodingsvedtak.

Arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen og oppmodingsvedtaka har i 2017 og 2018 hatt høg prioritet. Den samla satsinga frå saldert budsjett for 2017 på om lag 530 mill. kroner til tiltak i opptrappingsplanen, blei vidareført i 2018. I tillegg blei innsatsen styrkt med ytterlegare 295 mill. kroner i 2018, slik at den samla satsinga for 2018 er på om lag 825 mill. kroner.

Etterforskinga av vald og overgrep mot barn er styrkt, kapasiteten og kompetansen i Statens barnehus er auka. Behandlingstilboda og tiltak som varetek utsette og familiane deira, er styrkte. Frå 1. januar 2018 er helselovene endra for å tydeleggjere ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep. Regjeringa lanserte i juni 2018 ein strategi for foreldrestøtte med mange tiltak som skal bidra til å førebyggje vald. Regjeringa har òg sett i gang arbeidet med ein strategi mot internettrelaterte overgrep og ein kompetansestrategi på tvers av sektorane for heile valdsfeltet.

Familievernet har etablert eit spisskompetansemiljø som spreier kunnskap om vald til familievernkontora, og som har fått fleire terapeutårsverk dei seinaste åra. Det er etablert støttesentre for kriminalitetsutsette i kvart politidistrikt. Alternativ til Vold har opna fleire kontor og behandlar fleire valdsutøvarar, barna deira og partnarane deira.

I 2018 blei det lansert fleire tiltak for å styrkje handlingskompetansen i statlege og kommunale tenester. Det er mellom anna utvikla rettleiarar og informasjonsmateriell som blir brukte i tenestene for å oppdage og følgje opp barn og unge som er utsette for vald og overgrep. Ein fagleg rettleier for krisesentertilbodet blei lansert i juni 2018. Han skal mellom anna medverke til betre kvalitet i krisesentertilbodet for både kvinner, menn og barn. Regjeringa og KS la i november 2017 fram ei felles utsegn om vald og overgrep mot barn. Denne handlar om å samarbeide betre på tvers mellom kommunane og staten for å førebyggje vald og overgrep og om å sikre barna riktig hjelp til rett tid.

Regjeringa vil bidra til at fleire kommunar utarbeider handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Det er utarbeidd ein rettleiar for kommunane i arbeidet med lokale handlingsplanar, og dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) skal støtte kommunane i arbeidet.

BLD har i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet utarbeidd ein rapport som anslår kostnader knytte til tiltak i opptrappingsplanen og oppmodingsvedtak som blei gjorde under handsaminga av planen i Stortinget. Rapporten er publisert på nettsida til Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufdir har fått ansvar for å følgje opp ei rekkje av tiltaka i opptrappingsplanen under ansvarsområdet til BLD. Direktoratet skal mellom anna utvikle ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep i samarbeid med andre relevante direktorat. Kunnskapen om vald og overgrep i offentlege tenester er mangelfull. Ordninga med tverrfaglege konsultasjonsteam skal evaluerast. Vidare skal direktoratet gå gjennom og sjå til at vald og overgrep er godt innarbeidd i rettleiarar, rundskriv og retningslinjer der det er relevant. Direktoratet har òg fått i oppgåve å revidere Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåntering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn i samarbeid med Utdanningsdirektoratet.

Bufdir har eit særleg ansvar for at barn får informasjon om vald og overgrep. Fleire innsatsar er sette i verk i 2017, mellom anna utvikling av digitalt informasjonsmateriell til barn og ein kampanje om vald i nære relasjonar i samarbeid med profilar på Youtube.

Det går føre seg eit kontinuerleg arbeid i fleire direktorat for å vidareutvikle statistikkgrunnlaget på valds- og overgrepsfeltet og for å utvikle indikatorar på vald i nære relasjonar.

I tillegg er det i gang eit forskingsprogram om vald i nære relasjonar (2014–2019). Noreg deltek dessutan i EU-Kids Online-undersøkinga for å auke kunnskapen om korleis barn bruker internett. Det er behov for å vurdere vidare forsking om vald og overgrep, mellom anna om vald og overgrep i samiske område.

Ei samla oversikt over statusen for opptrappingsplanen viser at arbeidet med å følgje opp tiltaka er godt i gang. Tabell 11.1 i del III gir ei oversikt over tiltaka, ansvarleg departement og status. Av dei 88 tiltaka («regjeringa vil»-punkt) i planen er 16 allereie gjennomførte, 49 er byrja, 17 er løpande, og 6 står att å starte opp. Det blir rapportert om dei ulike tiltaka i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarlege for tiltak i planen, frå Prop. 1 S for 2019. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet for ei rapportering om dei tiltaka dei er ansvarlege for. By- og regionforskningsinstituttet NIBR, i samarbeid med Telemarksforsking, har fått i oppdrag å føljeevaluere opptrappingsplanen.

I 2019 styrkjer regjeringa satsinga ytterlegare og føreslår ei tverrdepartemental satsing på 66,5 mill. kroner til oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen:

  • 21,5 mill. kroner til foreldrestøttande tiltak

  • 5 mill. kroner til å implementere og vidareutvikle støtteverktøy for kommunane som skal bidra til å oppdage og følgje opp barn og unge som er utsette for vald og overgrep

  • 19 mill. kroner til styrking av behandlingstilbodet for personar som er dømde for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 4 mill. kroner til å førebyggje vald og overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 17 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot mobbing, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

Arbeidet med å avdekkje vald og overgrep mot barn og unge

Vald og overgrep mot barn kan vere særleg vanskeleg å oppdage. Barn vegrar seg gjerne for å snakke om opplevingane sine, særleg når den som utøver vald er ein som står dei nær.

Det tek ofte mange år før barn fortel om vald og overgrep, og nokon gjer det aldri. Mange yrkesutøvarar som møter barn veit ikkje korleis dei kan spørje når dei har ein mistanke. Å avdekkje vald og overgrep tidleg vil forhindre at nye overgrep skjer. Departementet har derfor følgjande mål i arbeidet mot vald og overgrep:

  • I større grad avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Blant unge som deltok i UNGVold-undersøkinga i 2015, svarer 21 prosent at dei har opplevd fysisk vald frå ein forelder i løpet av oppveksten. Det tilsvarande talet i 2007 var 25 prosent. Reduksjonen har skjedd i den milde valden. Det er stabilitet i den grove valden. I 2015 oppgav 23 prosent at dei hadde opplevd minst ei form for seksuell krenking. Det tilsvarande talet i 2007 var 27 prosent (Mossige og Stefansen 2016).

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2016 viser at det er stadig fleire melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn.

Tabell 4.3 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot 2012–2016

2012

2013

2014

2015

2016

Vald og mishandling

4342

4807

5163

5805

6341

Seksuallovbrot

2131

2184

2251

2613

3564

Det er viktig å få meir kunnskap om omfanget av vald mot barn. Hausten 2018 gjennomfører Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) ei undersøking av omfanget av vald og overgrep mot barn, der barn mellom 12 og 15 år deltek. Undersøkinga vil kartleggje kor mange barn som har vore utsette for vald og overgrep, og korleis dei opplever hjelpeapparatet. Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal, så langt som råd, utgjere ein representativ del av undersøkinga. Undersøkinga skal gjennomførast i utvalde norske skular og ferdigstillast i 2019.

Bufdir har utvikla tre verktøy for kommunane som skal bidra til å oppdage og følgje opp barn og unge som er utsette for vald og overgrep: opplæringsprogrammet SNAKKE, nettressursen Jeg vet og Retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Regjeringa føreslår til saman 5 mill. kroner i budsjettet for 2019 til å vidareutvikle og implementere desse verktøya, sjå nærare omtale under.

Opplæringsprogrammet SNAKKE

Mange yrkesutøvarar har behov for meir kunnskap om korleis dei bør snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, særleg blant dei som har dagleg kontakt med barn og unge gjennom jobb eller fritidsaktivitetar. RVTS har utvikla kunnskaps- og øvingsportalen SNAKKE (jf. snakkemedbarn.no). Ulike faggrupper i kommunane kan auke kompetansen og lære enkle prinsipp for samtale med barn. Ein del av portalen er eit online simuleringsspel som gjer det mogleg å øve på å snakke med barn og unge om vald og overgrep. Portalen blei lansert i april 2018. SNAKKE skal prøvast ut i barnehagar i alle regionar i 2018. Arbeidet med å få fleire yrkesgrupper til å bruke verktøyet held fram i 2019.

Nettressursen Jeg vet

Digitalt informasjonsmateriell til arbeid mot vald og seksuelle overgrep i barnehage og skule er utarbeidd. Nettressursen, som har fått namnet Jeg vet, skal tilby tilsette i barnehagar og skular undervisingsopplegg om mobbing, vald og digitale krenkingar. Å bryte tabua kring vald kan medverke til at fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine og dermed få hjelp tidlegare. Å gjere nettressursen kjend i alle fylke og kommunar er ei viktig oppgåve i 2019. Arbeidet med å gi informasjon om vald og overgrep både til innbyggjarane generelt og til særskilde grupper skal prioriterast.

Retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne

Bufdir har utarbeidd nye retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Retningslinjene skal hjelpe dei som jobbar med barn og unge med nedsett funksjonsevne, til å oppdage og handtere omsorgssvikt, vald og overgrep. Retningslinjene inkluderer òg informasjon knytt til andre utsette barn, til dømes barn med minoritetsbakgrunn. Arbeidet med å implementere retningslinjene held fram i 2019.

Utprøving av TryggEst

TryggEst er ein modell for risikoutsette vaksne over 18 år som har behov for vern mot vald og overgrep. TryggEst skal bidra med kompetanse til fagpersonar som mistenkjer at ein person er utsett for overgrep. Risikoutsette personar kan vere personar som på grunn av eigen livssituasjon får, eller burde ha fått, tilbod om offentlege eller private tenester, og som i liten eller ingen grad er i stand til å ta vare på seg sjølve. Til dømes kan dette gjelde personar med fysisk, psykisk eller kognitiv funksjonsnedsetjing, høg alder, demens eller rusproblem. Bufdir prøver ut modellen TryggEst i samarbeid med 11 kommunar, jf. omtale i Prop. 85 S (2017–2018). Prosjektet skal gå over tre år. TryggEst skal gjere kommunane betre i stand til å ta hand om lovpålagde oppgåver på ein systematisk måte og gi betre vern til risikoutsette vaksne.

Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald

Familieverntenesta kjem i kontakt med familiar der éin eller fleire medlemmer utøvar vald. Arbeidet familievernet gjer mot vald, er styrkt dei siste åra. Fagutvikling skal sikre at familiar der det er vald, blir møtte av kompetente terapeutar ved familievernkontora, og at dei får eit godt tilpassa tilbod, uavhengig av kvar dei bur i landet.

Vald var hovudtemaet i 3,7 prosent av dei kliniske sakene i familievernet i 2017. Dette er stabilt samanlikna med tidlegare år. Nye rutinar for registrering viser at partnarvald var eitt av fleire tema i 9,1 prosent av dei kliniske sakene, medan vald mellom foreldre og barn var eit tema i 5 prosent av sakene. Familievernet jobbar systematisk med å gjere leiarar og terapeutar medvitne både om temaet vald og om rett registrering i slike saker.

Sjølv om familievernet samla sett har lang erfaring i arbeid med familiar der det er vald, er kompetansen ujamn i tenesta i dag. Dette kan føre til eit ulikt tilbod til innbyggjarane. Bufdir har derfor i 2017, i samarbeid med spisskompetansemiljø på vald i nære relasjonar, arbeidd med å utvikle arenaer og verktøy for oppbygging og vedlikehald av naudsynt kompetanse i tenesta over tid og over heile landet.

I 2019 skal det arbeidast vidare med å utvikle eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til valdsutøvarar. Alternativ til Vold (ATV) er ein viktig samarbeidspartnar for familievernet. Det går føre seg eit utstrekt samarbeid mellom lokale ATV-kontor og familievernkontor om fagutvikling, rettleiing og einskildsaker. Dette samarbeidet blir ført vidare. På nasjonalt plan samarbeider ATV med spisskompetansemiljøet for vald ved Enerhaugen familievernkontor. Metoden «Enkel og effektiv aggresjonskontroll», som er utvikla av ATV, skal implementerast i familieverntenesta.

I 2019 vil Bufdir halde fram samarbeidet med ATV om fagutvikling og metode for å styrkje tilbodet til valdsutsette familiar.

Stiftinga Alternativ til Vold

Stiftinga Alternativ til Vold (ATV) har i 2018 fått tilskot til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (utvida mandat).

Behandlingstilbodet skal vere eit lågterskel behandlingstilbod utan krav til tilvising. Ved inngangen til 2018 var det til saman tretten ATV-tilbod. Nokre av kontora har tilbod til familien og barna til valdsutøvaren, og nokre kontor har tilbod til unge valdsutøvarar. Til saman 1 266 personar fekk behandling gjennom ATV-tilboda i 2017. Det statlege tilskotet til ATV blei styrkt med 10 mill. kroner i 2017. Denne auken blei nytta til å tilsetje personar med barneterapeutisk kompetanse og styrkje behandlingskapasiteten ved ATV-kontor i dei større byane. I tillegg blei det etablert to nye ATV-tilbod i Follo og Bodø.

I revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det løyva 1 mill. kroner til styrking av ATV. Midlane gjekk til å vidareføre og styrkje arbeidet med informasjonssamtalar med barn som har opplevd vald i eigen familie, fyrst og fremst ved ATV-tilbodet i Akershus. Dette var i tråd med føringar frå Stortinget.

Driftstilskotet til ATV blei styrkt med ytterlegare 10 mill. kroner i 2018. Midlane skal gå til utvida mandat ved fleire kontor, slik at ATV òg kan gi tilbod til både vaksne valdsutsette og valdsutsette barn. Det auka tilskotet skal òg bidra til styrking av eksisterande ATV-verksemder og til etablering av nye. ATV er godt i gang med arbeidet og vil i 2018 òg sjå på moglegheitene og føresetnadene for å etablere eit ATV-tilbod til befolkninga i Finnmark. Regjeringa vil i 2019 vidareføre støtta til ATV.

Rettsvern for barn mot vald og overgrep

Det er eit viktig mål for regjeringa å styrkje rettane til barn. Stortinget vedtok 15. mars 2018 endringar i barnelova og straffelova for å gi barn betre rettsvern mot vald og overgrep, jf. Prop. 167 L (2016–2017) Endringer i barnelova og straffeloven mv. (bedre rettsvern for barn mot vold og overgrep). Endringane gjeld mellom anna ei ny plikt for dommaren til å vurdere om den dømde i ei valdssak skal bli pålagd kontaktforbod. Endringane er sette i kraft, med unntak av ei endring som gjeld unntaket frå plikta til mekling når ein forelder er dømd for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn. Denne endringa vil setjast i kraft samstundes med forskrift gitt av departementet om nærare føresegner om unntaket.

Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt tilsynsperson

Bufdir har evaluert ordninga med samvær under tilsyn av ein offentleg oppnemnd tilsynsperson. I tilfelle der tilsyn blir sett som vilkår for samvær, kan domstolen i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov taler for det, påleggje den kommunale barnevernstenesta eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samværet. Retten kan gi pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn. Evalueringa tyder på at det er behov for tiltak for å auke kompetansen på området. Bufdir vil følgje opp dette i samarbeid med Domstoladministrasjonen. Det er mellom anna viktig å sjå til at barnet får seie si meining om saka, og at barnet si meining går fram av dei pålegga som domstolen gir.

Utval som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep

Regjeringa tok imot NOU 2017: 12 Svikt og svik frå eit utval som gjekk gjennom saker der barn og ungdom har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Oppgåva til utvalet var å avdekkje om og korleis det offentlege har svikta i slike tilfelle. Tilrådingane frå utvalet er mellom anna å gjennomføre eit kompetanseløft i tenestene som dreier seg om å snakke med barn, og å innføre ei fast undersøkingsordning i saker der barn har vore utsette for vald og overgrep. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. I høyringa var det generelt stor tilslutning til utvalets forslag. BLD arbeider no med å følgje opp utgreiinga frå utvalet i samarbeid med andre departement.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med tilskotsordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep.

Nokre tiltak mot tvangsekteskap får òg støtte. Det har vore stor søkning til tilskotsordninga. Det er gitt tilskot på i overkant av 17,7 mill. kroner til ordninga i 2018. I 2018 fekk Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), Krisesentersekretariatet, Røde Kors’ informasjonstelefon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) driftstilskot gjennom ordninga. Fleire organisasjonar fekk aktivitetstilskot.

Alle rapporteringar for tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådde. Mellom anna har tilskotsordninga bidrege til at meir enn 500 barn har fått eit betre tilbod på krisesenter.

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret opna i mai 2016 og skal tilby eit seksdagars kursopphald for heile familien. I 2018 er det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 30 mill. kroner.

Det kom ikkje inn nok søknadar til å fylle kapasiteten til senteret i 2017, som tilbyr eit vekesopphald for 500 barn i året. I 2017 nytta 181 familiar seg av tilbodet. I desse familiane var det 282 utsette barn. I tillegg har 67 søsken og 230 omsorgspersonar vore på senteret. 39 familiar var fosterfamiliar. Det er ei stor overvekt av familiar frå Agder-fylka som nyttar tilbodet.

Interne evalueringar frå kursdeltakarane viser at dei vurderer å ha god nytte av kurset. Senteret arbeider aktivt for å gjere tilbodet betre kjent. BLD meiner det er for tidleg å seie noko om dimensjoneringa enno, men vil følgje utviklinga vidare.

Som eit ledd i oppfølginga av arbeidet regjeringa gjer mot vald og seksuelle overgrep, blir det i 2019 vidareført midlar til tilskot til ideelle organisasjonar og stiftingar med fleire som arbeider på valdsfeltet. Det gjeld tilskot til tiltak mot vald og overgrep som har som føremål å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og styrkje livskvaliteten og meistringsevna hos barn og unge som er utsette for vald og overgrep. Vidare gjeld det øyremerkte driftstilskotet til Stine Sofie Senteret.

Krisesentera

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, og råd og rettleiing til utsette for vald i nære relasjonar. I 2017 var det 47 krisesentertilbod. Inkludert i dette talet er eit eige krisesenter for menn.

Det budde 1 806 vaksne på krisesentera i 2017, og av dei var 132 menn. 66 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Det var 1 483 barn ved krisesentera i 2017.

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane følgjer opp plikta til å sørgje for eit krisesentertilbod. I 2017 var det fem embete som rapporterte om avvik. Avvika omfatta mellom anna manglande tilbod til barn i følgje med far, manglande internkontroll og manglande tilbod til valdsutsette med utfordringar knytt til rus og/eller psykiatri, funksjonsnedsetjing og til valdsutsette menn.

Utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg valdsutsette grupper i seks kommunar heldt fram i 2017. Målsetjinga er å sikre eit likeverdig tilbod til utsette grupper med tilleggsproblematikk knytt til rus, psykiatri og funksjonsnedsetjingar. Fleire av kommunane har inngått samarbeidsavtalar med relevante hjelpeinstansar og samarbeidskommunar som skal garantere at målgruppa får eit krisesentertilbod eller eit tilsvarande tilbod. Fleire av krisesentera har lagt til rette i eige bygg for å kunne ta imot brukarar med tilleggsproblematikk. Ei gjennomgåande utfordring er korleis ein kan nå fram til utsette for vald med tilleggsproblematikk.

I 2017 blei fleire utfordringar knytte til krisesentertilbodet i dei nordlegaste fylka tydelege. Forsking viser til dømes ein høgare førekomst av vald i nære relasjonar i samiske miljø og at samiske innbyggjarar i mindre grad enn majoriteten nyttar seg av hjelpetilbodet. I tillegg er fleire av krisesentera i denne delen av landet små med lite ressursar. Ei spesiell bekymring gjeld utsette grupper og tilbodet til menn i kommunar med dei minste sentera. Bufdir har arbeidd med desse utfordringane i 2018 saman med Fylkesmannen og aktuelle kommunar i Finnmark.

Tildelte midlar gjennom tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep har i 2017 medverka til at barn på krisesenter har fått gode rom inne og ute, tilrettelagde aktivitetar og auka merksemd frå personalet.

Bufdir har utvikla ein rettleiar for krisesentertilbodet til kommunane. Rettleiaren blei lansert i juni 2018 og skal hjelpe kommunane til å vidareutvikle og auke kvaliteten i tilbodet. Mellom anna er bruk og bestilling av tolk eit tema i rettleiaren.

Regjeringa vil i 2019 setje i gang eit heilskapleg arbeid for å sjå på krisesentertilbodet og vurdere tiltak som sikrar eit godt krisesentertilbod. Mellom anna vil behov for endringar i lova bli vurdert.

Den faglege rettleiinga om innhaldet og kvaliteten i krisesentertilbodet skal gjerast kjend i kommunane. Vidare vil utviklingsprosjektet for å styrkje tilbodet til utsette grupper i krisesentertilbodet bli vidareført og omfatte fleire kommunar. ICDP-programmet har blitt tilpassa foreldre på krisesenter, med godt resultat. Arbeidet med å auke bruken ved fleire senter vil halde fram.

RVTS får årleg i oppdrag å arrangere kompetanseheving for tilsette i krisesentertilboda og i sentera mot incest og seksuelle overgrep, nasjonalt og regionalt. Kompetansetiltaka for krisesenter blir frå og med 2018 sett i større samanheng med tiltak for å auke kompetansen hos kommunane om deira ansvar etter krisesenterlova. Den faglege rettleiaren for kvaliteten og innhaldet i kommunane sitt krisesentertilbod vil vere sentral i dette arbeidet.

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane følgjer opp plikta til å sørgje for eit krisesentertilbod etter reglane i lova. Behovet for tettare samarbeid mellom fylkesmannsembeta og Bufdir om krisesentertilbodet vil bli vurdert nærare.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar, jf. Regelverk for statlig tilskudd til sentre mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentre mot voldtekt. Alle fylka i landet har eit slikt tilbod i dag. Det var til saman 24 senter som tok imot tilskot i 2017. For 8 av desse fanst det sterke grunnar til å dele ut tilskot over den ordinære ramma på 3,9 prosent, slik rundskrivet opnar for. Direktoratet vurderer at dette har medverka til å styrkje kvaliteten ved sentera og gjere dei meir tilgjengelege.

Det er ein klar auke i talet på brukarar av sentera. Totalt 3 504 personar besøkte sentera i 2017, 902 fleire enn i 2016. 80 prosent av dei var utsette for seksuelle overgrep. Berre 8 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn.

Velferdsforskingsinstituttet NOVA evaluerte arbeidet til sentera og rammevilkåra deira i 2017. Ein hovudkonklusjon i evalueringa er at sentera bør bestå som eigne tiltak og som eit supplement til dei ordinære hjelpetiltaka. Den hjelpen dei utsette får i sentera, kan dei ikkje få andre stader, og brukarane verdset at det finst ein stad for dei som er utsette for seksuelle overgrep. Evalueringa vil utgjere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet med tilboda.

BLD vil vurdere nærare korleis resultata frå evalueringa kan følgjast opp.

Deltaking blant barn og unge i organisasjons- og samfunnsliv

Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2017 og fyrste halvdel 2018 og planlagde tiltak i 2019 for arbeidet BLD gjer for at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet.

Ungdomspolitikk

Kvardagen for ungdom er i endring, og dei har utfordringar som fortener merksemd. Gjennom ei eiga ungdomssatsing vil regjeringa få ungdom i tale om utfordringane dei ser for ungdom som veks opp i dag. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å opprette eit ungdomspanel som skal gi innspel i saker som er viktige for ungdom, til dømes integrering, psykisk helse og fråfall i vidaregåande skule. Panelet skal vere breitt samansett, slik at det kan tale for unge i ulike livssituasjonar, med ulike interesser og føresetnader. Ei utfordring for fleire unge er ulike former for press dei opplever gjennom bruk av sosiale medium. Barne- og likestillingsministeren og kulturministeren har derfor bede Medietilsynet og Forbrukartilsynet om å føreslå etiske retningslinjer for blogging i samråd med bransjen.

Regjeringa vil styrkje den heilskaplege innsatsen for å skape gode levekår og oppvekstmiljø for barn og unge. Bufdir skal vidareutviklast som fagdirektorat og vere ein ressurs og retningsgivar på det ungdomspolitiske feltet for kommunane og frivillig sektor. Dette følgjer av Innst. 154 S (2016–2017) om eit nasjonalt kompetansesenter for ungdomspolitikk, ungdomsmedverknad og ungdomsinformasjon. Demokratiopplæring gjennom aktiv deltaking i ungdomsråd og anna organisasjonsliv er eit anna viktig område.

Medverknad og informasjon

Barn og ungdom har rett til medverknad. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at unge utviklar engasjement og medansvar nasjonalt og internasjonalt, og at dei har like moglegheiter til å bruke denne retten.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar for å sikre deltaking for barn og unge, og dei er ein arena for medverknad og demokratisk praksis. I underkant av 139 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane i 2017. Dette går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og nasjonal og internasjonal driftsstøtte til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. Grunnstøtta skal mellom anna leggje til rette for at barn og ungdom deltek i barne- og ungdomsorganisasjonane, og sikre organisasjonane som arena for aktivitet, fellesskap, medverknad og erfaringar med demokratiske spelereglar.

Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+ (2014–2020). Erasmus+ gir tilskot til prosjekt innanfor utdanningssektoren, ungdomsfeltet og idretten. Målet er å fremje interkulturell læring, aktiv deltaking og inkludering for alle typar ungdom. Det har vore ein auke i deltakinga i programmet. I 2017 deltek òg Noreg i fyrste fase av European Solidarity Corps. Dette prosjektet er ein del av ei større satsing på ungdom i EU.

Stortinget vedtok 29. mai 2017 endringar i kommunelova om råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom, jf. Prop. 65 L (2016–2017) og Innst. 318 L (2016–2017). Ved handsaminga av ny kommunelov i Stortinget blei det vedteke at også medverknadsorgan for ungdom blir pålagde kommunane etter kommunelova.

Regjeringa vil leggje vekt på at fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. For å nå målet er det viktig at barn og ungdom får gi og ta imot informasjon på eigne premissar.

Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal til ungdom og er svært godt besøkt. Det er i dag den største nettstaden for denne målgruppa i Noreg. I 2017 var det meir enn 28 millionar sidevisningar, opp 27 prosent frå 2016. Spørsmåls- og svartenesta auka med 119 prosent frå 2016, til om lag 57 000 svar på spørsmål frå brukarane. Målet er å ha ein kanal inn for informasjon til unge om tema dei lurer på. Her finn dei unge kvalitetssikra informasjon om kropp, helse, seksualitet, problem i heimen, mobbing, hatprat og diskriminering, lovbrot, einsemd, forelsking, utdanning og jobb. Ung.no vil bli utvikla vidare i 2019 for at nettressursen skal bli enda meir brukartilpassa, som ein kanal for kommunikasjon mellom staten og ungdom.

Frå 2019 vil prisen til Årets barne- og ungdomskommune bli gjort om til prisen Årets ungdomskommune.

Eit inkluderande oppvekstmiljø

Regjeringa har vidareført arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i kommunane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2018 var løyvinga på om lag 35,6 mill. kroner. I overkant av 60 tiltak fekk støtte i 2018. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar. Arbeid som fremjar integrering, har derfor vore prioritert i 2018.

Resultat frå Ungdata-undersøkinga 2016, resultatrapportering frå tilskotsmottakarane og tidlegare evalueringar (Fafo-rapport 2012:24 og Fafo-rapport 2010:19) tyder på at tilskotsordninga bidreg til å førebyggje negative ungdomsmiljø i utsette område. Tiltaka bidreg òg til å inkludere og skape trygge stadar der barn og ungdom i utsette område i dei største byane kan møtast. I tillegg får kommunane eit sterkare fokus på målgruppa.

Gode og trygge møteplassar for barn og ungdom i byane legg til rette for samkvem på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer. Forsking viser at opne møteplassar er mest brukte av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og at dei derfor utgjer ein viktig del av det heilskaplege tilbodet. Departementet føreslår at ordninga blir vidareført i 2019.

Det overordna målet med tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å styrkje tilknytinga til skule og gi trivsel og meistring. Ordninga skal medverke til at skuleprestasjonar blir betre, og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Tidlegare evalueringar av Los-ordninga (NOVA rapport nr. 13/14) viser at ordninga på kort sikt førte til at 70 prosent av ungdommane fekk forbetra situasjonen sin medan dei tok del i prosjektet. Dette vart målt med kor mange som gjekk på skulen ved prosjektslutt, og kor mange som var i arbeid eller arbeidsmarknadstiltak. Bufdir, som er tilskotsforvaltar, vurderer at kommunane som får tilskot, har høgare fokus på frafallsproblematikk. Løyvinga var på om lag 32,6 mill. kroner i 2018. 78 kommunar fekk støtte gjennom ordninga i 2018.

Regjeringa føreslår å auke tilskotsordninga i 2019 med 20 mill. kroner. Av desse midlane føreslår regjeringa at 1 mill. kroner kvart år skal gå til evaluering og følgjeforsking av tilskotsordninga i perioden 2019–2021. Styrkinga av tilskotsordninga vil føre til at fleire ungdommar kan få oppfølging av ein såkalla ungdomslos, og vil bidra til å redusere fråfallet i vidaregåande skule. Satsinga er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, sjå nærare omtale under overskrifta Arbeidet mot barnefattigdom.

Tilskotsordninga Mangfald og inkludering skal støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga støttar også tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2017 fekk dei 111 søknader og gav stønad til 44 av desse. Midlane går til ulike prosjekt i ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og andre ungdomsmiljø og -grupper. Mange små organisasjonar og ungdomsmiljø får tilskot, og ein stor del av dei er minoritetsorganisasjonar. Ordninga er derfor eit viktig kontaktpunkt mellom LNU og desse organisasjonane.

BLD har støtta forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor2013–2017. Prosjektet la fram dei siste rapportane for perioden i løpet av året, mellom anna rapportane «Samfunnsengasjert ungdom – deltakelse i politikk og organisasjonliv blant unge i Oslo» og «Levende drabantbyer – ungdoms deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter i flerkulturelle lokalsamfunn». Programmet går vidare, og BLD støttar det med midlar som eitt av fleire departement. BLD har gitt forskarane i oppdrag å kartleggje ungdomsråda i landets kommunar.

Arbeidet mot barnefattigdom

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som opplever å ha så låg inntekt eller levestandard at det avgrensar høva deira til å delta i samfunnet på lik linje med andre.

Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å hindre at levekårsutfordringar går i arv og ved å skape like moglegheiter for alle. Talet på og delen av barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, aukar. Tal frå SSB, som er baserte på EU-definisjonen av låg inntekt, viser at det i 2016 var 101 300 barn under 18 år som levde i familiar med vedvarande låg inntekt. Dette utgjer 10,3 prosent av alle barn i denne aldersgruppa. Auken har særleg skjedd blant familiar med ikkje-vestleg landbakgrunn. Dette gjeld spesielt nykomne familiar. Det har òg vore ein auke blant hushald med etnisk norsk bakgrunn. Barn av einslege forsørgjarar er spesielt utsette.

Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2017 og fyrste halvdel 2018 på ansvarsområdet til Barne- og likestillingsdepartementet og planlagde tiltak i 2019 når det gjeld barnefattigdom. Vidare følgjer ein samla omtale av arbeidet til regjeringa. For ein samla omtale av arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, sjå Prop. 1 S for Arbeids- og sosialdepartementet.

Deltaking i sosiale aktivitetar

Regjeringa arbeider for at alle barn skal kunne delta i ferie- og fritidsaktivitetar, jf. Fritidserklæringa. Barn i låginnteksfamiliar deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar enn andre barn, dei oppgir oftare å vere einsame og har færre fortrulege venner. BLD har derfor følgjande mål for arbeidet sitt på fattigdomsområdet:

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom gir offentlege instansar, bydelar, frivillige organisasjonar, stiftingar, barne- og ungdomsorganisasjonar og private aktørar høve til å søkje om midlar. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av låg inntekt blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å gjere det mogleg for fleire barn og ungdom å delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Løyvinga til tilskotsordninga for 2018 var på nærare 270 mill. kroner, og 747 søknader blei heilt eller delvis innvilga. Ordninga prioriterte i 2018 søknader frå kommunar og bydelar med store problem med dårlege levekår, tiltak som skjer i samarbeid mellom frivillig sektor og førebyggjande tenester, tiltak som fremjar integrering av barn og unge med innvandrarbakgrunn, og dessutan tiltak som retter seg mot barn som har foreldre med rusproblem og/eller psykiske vanskar. Over halvparten av dei tildelte midlane gjekk til frivillige organisasjonar. Stadig fleire kommunar får midlar frå ordninga. Talet på kommunar med minst éin søknad var 239 i 2018, mot 196 i 2017. Totalt fekk 225 kommunar tilskot i 2018, mot 170 i 2017.

Fafo (Rapport 2018:04) evaluerte tilskotsordninga i 2018. Dei meiner at det skjer mykje godt arbeid i kommunane for å sikre inkludering av barn og unge i fritids- og ferieaktivitetar og på alternative mestringsarenaer. Det er tilbod om eit stort spekter av tiltak, og kommunane meiner at dei i stor grad lukkast med å tilby tiltak som er opne for alle, ikkje-stigmatiserande og med god kvalitet. Kommunane som fekk tilskotsmidlar, har ein noko større innsats, og lukkast noko betre, enn kommunar utan tilskotsmidlar. Kommunane er òg meir oppmerksame på utfordringane knytte til barnefattigdom enn tidlegare. Dei er meir planmessige i tilnærminga, dei samarbeider oftare med frivillige organisasjonar, og barnefattigdom står oftare på den politiske dagsordenen.

Bufdir utarbeider ei rettleiing for arbeid på tvers av sektorane mot barnefattigdom. Regjeringa ønskjer at kommunane og frivillig sektor tek i bruk denne rettleiinga så snart ho er ferdig. Barnefattigdomsindikatorane vil òg bli oppdaterte med nye tal i 2019. Det vil bli vurdert nye funksjonar for å gjere Bufdir sine nettsider om barnefattigdom endå betre tilrettelagde og tilgjengelege, og dessutan med ny statistikk som kommunane kan ha nytte av.

Gjennom arbeidet med oppfølginga av Fritidserklæringa har frivilligheita komme med eit tydeleg ønske om ei ubyråkratisk løysing slik at barn og unge i familiar med ein økonomisk situasjon som er til hinder for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, likevel skal kunne delta. Mange har ikkje moglegheit til å betale for utstyr, deltaking på stemne, turar og anna. Departementet føreslår 10 mill. kroner i 2019 til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter gjennom Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

Departementet føreslår òg 3 mill. kroner til tiltaket Ferie for alle i regi av Røde Kors og 2 mill. kroner til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT)

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn må òg sjåast i samanheng med målet om auka deltaking for barn i hushald med låg inntekt, sjå omtale under overskrifta Eit inkluderande oppvekstmiljø.

Fritidserklæringa

Regjeringa ønskjer at kommunane skal styrkje samarbeidet mellom sine tenester og dei frivillige organisasjonane for å auke barn og unge si deltaking i aktivitetar. Dette kan til dømes skje gjennom å lage lokale fritidserklæringar. Fritidserklæringa er ein intensjonsavtale mellom regjeringa, KS og frivillig sektor. Gjennom oppfølginga av erklæringa skal stat, kommune og frivillige jobbe saman for at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal få moglegheit til å delta jamt i ein organisert fritidsaktivitet. Fritidserklæringa bidreg til at fleire kommunar har auka interessa for kva frivillig sektorar har å seie for å kjempe mot barnefattigdom. Fleire kommunar vil delta i nettverk om barnefattigdomsarbeidet og nytte erfaringar frå kommunar som har arbeid etter modell frå Fritidserklæringa. Fleire landsomfattande organisasjonar ønskjer å slutte seg til Fritidserklæringa og ser nytte av samarbeidet mellom stat, kommunar og organisasjonar. Næringslivet har òg meldt si interesse for å bidra.

Det er òg naturleg å sjå dei pedagogiske verktøya Bufdir utviklar for kommunane sitt arbeid mot fattigdom i barnefamiliar, i samband med Fritidserklæringa.

Arbeidet mot låginntektsbakgrunn blant barn og unge på ansvarsområda til ulike departement

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, er det sosiale tryggingsnettet og den førebyggjande innsatsen rundt utsette familiar styrkt under ansvarsområda til ulike fagdepartement. Regjeringa føreslår å løyve ytterlegare 181 mill. kroner til arbeidet retta mot barn i låginntektsfamiliar i budsjettet for 2019.

Regjeringas strategi mot barnefattigdom

Strategien Barn som lever i fattigdom (2015–2017), med 64 tiltak, gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Innsatsområdet for strategien ligg fast, og ei rekkje av tiltaka frå strategien blir følgde opp vidare av dei ansvarlege departementa. Samarbeid med fylkesmenn, kommunar og det sivile samfunnet er viktig i arbeidet.

Statusrapporten «Barn som lever i fattigdom – rapport om arbeidet med regjeringens strategi 2015–2017», blei utarbeidd i 2017. Bufdir har hatt ansvaret for rapporten, i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Kulturdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Rapporten presenterer kunnskap, erfaringar og utfordringar frå strategiperioden og dessutan vurderingar av utvalde tiltak. Tilsvarande statusrapportar om fattigdom i barnefamiliar skal utarbeidast annakvart år. Andre rapport kjem i 2019.

Rapporten frå 2017 syner at det no blir lagt større vekt på barneperspektivet på fattigdomsfeltet, og at strategien har medverka til større merksemd om fattigdom som eit levekårsproblem og konsekvensane dette har for barn. Barnefattigdom.no blei utvikla som ein del av strategien. Nettstaden inneheld indikatorar for fattigdom i barnefamiliar på kommune- og bydelsnivå. Nettstaden har vore svært godt besøkt sidan lanseringa i 2016 – med i gjennomsnitt 1 322 økter per månad. Kommunane kan no talfeste kor mange som har levekårsproblem relatert til fattigdom, slik at fleire kommunar kan setje i gang tiltak som treff barn og familiar som treng det.

Eit godt arbeid mot barnefamiliar med vedvarande låginntekt krev tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Rapporten viser at arbeidet som er gjort i perioden, er komplekst og omfattande. Strategien har bidrege til at arbeidet har fått tilført meir midlar, ny kunnskap og nye arbeidsmetodar på feltet. Rapporten er omfattande og innhaldsrik og vil bli nyttig for arbeidet vidare.

Bustad

Regjeringa vil at ingen skal vere utan bustad. Alle skal ha ein trygg og god stad å bu, og vere ein del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn.

Regjeringa vil leggje til rette for at så mange som mogleg som ønskjer det, skal kunne eige bustaden sin. Startlån fremjar eigarlinja ved å medverke til at òg vanskelegstilte skal kunne eige bustad. Husbanken skal prioritere arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige.

Det å leggje til rette for eigna bustad for vanskelegstilte barnefamiliar, er eitt av to prioriterte tiltak i den nasjonale strategien for bustadsosialt arbeid, Bolig for velferd (2014–2020). Tiltaket inneber mellom anna å medverke til at vanskelegstilte barnefamiliar kan kjøpe bustad, og etablere oppfølgingsrutinar og foreldrestøttande tiltak i kommunen. Seks departement er ansvarlege for strategien Bolig for velferd, mellom anna Barne- og likestillingsdepartementet.

Bustøtte skal hjelpe husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å kunne bu trygt og godt. Bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar blei styrkt i 2016 ved at grensa for godkjende buutgifter blei heva. I statsbudsjettet for 2019 føreslår regjeringa, som eit ledd i kampen mot barnefattigdom, å styrkje bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar med ytterlegare 60 mill. kroner. Sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet for nærare omtale.

Områdesatsing

Områdesatsingane er eit viktig tiltak mot barnefattigdom og for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe for områdesatsingane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i samarbeid med relevante departement i 2018 leggje fram ei utgreiing om korleis staten best mogleg kan leggje til rette for effektiv innsats i byområde med særleg store utfordringar. I statsbudsjettet 2019 føreslås det å styrkje Områdesatsing i utvalde byer med om lag 40 mill. kroner. For nærmare omtale av saka, sjå budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Satsinga omfatter òg rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

Betre tverrfagleg samarbeid gjennom 0–24-samarbeidet

Kunnskapsdepartementet leier det femårige 0–24-samarbeidet, der også Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltek. Satsinga gjeld perioden 2015–20. Målet er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og leggje til grunn for varig deltaking i arbeidslivet. Gjennom betre samordna tenester skal utsette barn og unge og familiane deira få tilpassa og tidleg hjelp, slik at dei kan lukkast i skulen.

Barnehage, skule og skulefritidsordning

Eit godt utdanningstilbod bidreg til sosial mobilitet ved å gi unge moglegheiter til å komme ut av ein negativ fattigdomsspiral, slik at fattigdom ikkje blir gjenteke gjennom generasjonar. Barnehage legg eit godt grunnlag for vidare utvikling, mellom anna ved å stimulere språkutviklinga til barna før skulestart. Samtidig gir bruk av barnehage begge foreldra moglegheit til å delta i arbeidslivet. For å redusere økonomiske hinder for deltaking i barnehage har regjeringa innført nasjonale ordningar for familiar med låg inntekt, som redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for tre-, fire- og femåringar. Regjeringa føreslår at ordninga med gratis kjernetid i barnehage blir utvida til å gjelde toåringar frå 1. august 2019. Det er sett av 46 mill. kroner til dette tiltaket.

Forsøk med gratis plass i skulefritidsordninga og områdesatsing i bydelar med ein høg del innvandrarar skal bidra til at fleire barn trivst og lukkast i grunnskulen. Regjeringa har lagt om ordninga for grunnstipend i vidaregåande opplæring for å treffe betre dei elevane og lærlingane som kjem frå familiar med låg inntekt. For meir omtale, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Integreringsstrategi

Innan utgangen av 2018 vil regjeringa leggje fram ein integreringsstrategi med mål om auka deltaking for innvandrarbefolkninga i arbeids- og samfunnslivet. Dei fire innsatsområda er kvalifisering og utdanning, arbeid, kvardagsintegrering og retten til å leve eitt fritt liv. Integreringspolitikken er sektorovergripande, og arbeidet vedkjem fleire departement. Sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Eit meir inkluderande arbeidsliv

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. I 2017 blei det sett i verk ein landsdekkande ungdomsinnsats, og det er innført aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Det er sett ned eit sysselsetjingsutval som mellom anna skal leggje fram tiltak som kan løfte deltakinga i arbeidslivet for utsette grupper.

Deltaking i lønna arbeid betrar levekåra til familien og oppvekstvilkåra til barna på kort og lang sikt. Innsatsen for å få fleire inn i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. Einskilde grupper kan ha særlege utfordringar med å komme seg i arbeid. Regjeringa har teke initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire inn i arbeidslivet.

Arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV) skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. Det gjennomførast ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låg inntekt i NAV-kontor. Eigne familiekoordinatorar følgjer opp familiane når det gjeld arbeid, økonomi, bustad og situasjonen for barna. Forsøket med NAV-tilsette i vidaregåande skule er særleg retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følgje av levekårsutfordringar og sosiale problem. Målet er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og fremje overgangen til arbeid. Sjå meir omtale i Prop. 1 S for Arbeids- og sosialdepartementet.

Samla satsing mot fattigdom blant barn og unge i 2019

Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn og unge ytterlegare i 2019:

  • 20 mill. kroner til Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom (Los-ordninga), sjå omtale under overskrifta Eit inkluderande oppvekstmiljø.

  • 15 mill. kroner til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. 10 mill. kroner skal gå til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, 3 mill. kroner skal gå til tiltaket Ferie for alle i regi av Røde Kors og 2 mill. kroner til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT). Sjå omtale under kapittel 846, post 61.

  • 46 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage for toåringar, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • 60 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Om lag 40 mill. kroner til å styrkje Områdesatsing i utvalde byar, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Satsinga omfatter òg rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

840

Tiltak mot vald og overgrep

203 999

222 329

233 876

5,2

841

Samliv og konfliktløysing

31 410

33 474

35 410

5,8

842

Familievern

531 951

573 789

582 551

1,5

843

Adopsjonsstønad

12 015

12 172

12 525

2,9

844

Kontantstøtte

1 648 760

1 752 180

1 800 890

2,8

845

Barnetrygd

15 032 020

15 070 000

14 830 000

-1,6

846

Familie- og oppveksttiltak

524 828

590 684

660 032

11,7

847

EUs ungdomsprogram

8 950

8 236

8 431

2,4

848

Barneombodet

20 922

21 461

21 968

2,4

Sum kategori 11.10

18 014 855

18 284 325

18 185 683

-0,5

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3842

Familievern

255

715

736

2,9

3847

EUs ungdomsprogram

3 551

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.10

3 806

3 079

3 100

0,7

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Drift

428 993

457 606

467 932

2,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

3 244

3 143

3 218

2,4

60-69

Overføringar til kommunar

354 070

492 394

560 381

13,8

70-98

Overføringar til private

17 228 548

17 331 182

17 154 152

-1,0

Sum kategori 11.10

18 014 855

18 284 325

18 185 683

-0,5

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

20 215

20 109

25 888

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

89 111

95 921

98 607

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858 post 01

65 673

76 085

78 291

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

29 000

30 214

31 090

Sum kap. 0840

203 999

222 329

233 876

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald, overgrep og valdeleg ekstremisme. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

BLD føreslår å auka løyvinga med:

  • 5 mill. kroner til vidareutvikling og implementering av opplæringsprogrammet SNAKKE og førebyggjande informasjonstiltak

  • 0,3 mill. kroner til utgreiing av ei sertifiseringsordning for tilsette i offentleg sektor, jf. vedtak nr. 607 av 25. april 2017 frå Stortinget

I statsbudsjettet for 2016 blei det løyvd 3 mill. kroner på posten til eit utviklingsprosjekt for å prøve modellar som kunne styrkje krisesentertilbodet til utsette grupper. For å sikre ei god gjennomføring av utviklingsprosjektet blir ein del av midlane direkte utbetalte til kommunane som tilskot for å finansiere lokale utviklingsprosjekt. BLD føreslår derfor at kap. 840, post 21 får stikkordet «kan nyttast under kap. 846, post 62», for å sikre korrekt postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 25,9 mill. kroner i 2019.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 23 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med godt tilgjenge. For ein meir utfyllande omtale av tilskotet, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2019. Departementet føreslår ei løyving på 98,6 mill. kroner i 2019.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). RVTS-ane har nytta midlane til sitt arbeid for kompetanseheving og nettverksbygging med meir, innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Det er gjort nærare greie for desse aktivitetane under Resultatrapport og strategiar.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2019. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til arbeidet med å nå måla i handlingsplanane regjeringa har lagt fram mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. For ein meir utfyllande omtale av tilskotet på posten, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 78,3 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. I 2018 er løyvinga nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Departementet legg til grunn at heile løyvinga for 2019 skal gå til dette føremålet. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 31,1 mill. kroner i 2019.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

10 170

10 946

11 263

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

6 213

6 670

7 829

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 393

5 649

5 813

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842 post 01 og 858 post 01

9 634

10 209

10 505

Sum kap. 0841

31 410

33 474

35 410

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter same satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,3 mill. kroner i 2019.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira i å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova, medrekna å sikre god praksis og samhandling i sakene og styrkje kompetansen knytt til samtalar med barn i særleg krevjande saker. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysning.

Barne- og likestillingsdepartementet føreslår å auke posten med 1 mill. kroner. Midlane skal dekkje delar av utgiftene til eit offentleg utval som vil gjennomgå og modernisere barnelova, inkludert å vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap, og å gjennomgå barnerettane, spesielt i eit internasjonalt perspektiv.

Departementet føreslår ei løyving på 7,8 mill. kroner i 2019.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane vert gjennomførte ved Oslo Universitetssykehus.

Departementet føreslår ei løyving på 5,8 mill. kroner i 2019.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv. For ein utfyllande omtale av tilskotet, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 10,5 mill. kroner i 2019.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

306 846

336 952

343 022

21

Spesielle driftsutgifter

33 424

34 251

31 068

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

191 681

202 586

208 461

Sum kap. 0842

531 951

573 789

582 551

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Som ledd i opptrappingsplanen mot vald og overgrep har familievernet blitt vesentleg styrkt. Det er naudsynt å vidareutvikle tilbodet familievernet gir til familiar som lever med vald. Det vil vere behov for stillingar i Bufdir til dette arbeidet i heile perioden for opptrappingsplanen. For å sikre gode og stabile rammevilkår for utviklingsarbeidet i familievernet ser departementet det som føremålstenleg at denne oppgåva blir dekt innanfor ramma av det ordinære budsjettet til Bufdir. På denne bakgrunnen føreslår departementet å flytte 2,2 mill. kroner frå posten til kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 343 mill. kroner i 2019.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta. På denne posten har det vore finansiert prosjektstillingar i Bufdir for å utvikle tilbodet til familiar som lever med vald. For å sikre gode og stabile rammevilkår for utviklingsarbeidet i familievernet ser departementet det som føremålstenleg at denne oppgåva blir dekt innanfor ramma av det ordinære budsjettet til Bufdir. BLD føreslår at desse stillingane blir flytta til kap. 858, post 01. På denne bakgrunnen føreslår departementet å flytte 4 mill. kroner frå posten til kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 31,1 mill. kroner i 2019.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

Departementet føreslår ei løyving på 208,5 mill. kroner i 2019.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

255

715

736

Sum kap. 3842

255

715

736

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2019. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

12 015

12 172

12 525

Sum kap. 0843

12 015

12 172

12 525

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta.

Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 131 søknader om adopsjonsstønad i 2017, mot 116 søknader i 2016. 127 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2017. Departementet føreslår at adopsjonsstønaden blir sett til 96 883 kroner i 2019, tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2018. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2019.

Departementet føreslår ei løyving på 12,5 mill. kroner i 2019.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot, overslagsløyving

1 648 760

1 752 180

1 800 890

Sum kap. 0844

1 648 760

1 752 180

1 800 890

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform for barn, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 1 og 2 år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot for. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i styringsdialogen blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærare omtale av forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på ansvarsområdet til BLD under Resultatrapport og strategiar. Her er det òg gjort greie for endringar i kontantstøtteordninga gjeldande frå 1. august 2018.

Budsjettforslaget byggjer på stønadssatsar og reglar gjeldande frå 1. august 2018 og prognosar for det venta talet på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB og venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Frå 1. august 2018 er full kontantstøttesats 7 500 kroner per månad. Det blir gitt 80 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er til og med 8 timar, 60 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 9 til og med 16 timar, 40 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 17 til og med 24 timar, og 20 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 25 til og med 32 timar. Departementet føreslår å vidareføre satsane for kontantstøtte med uendra nominelt nivå.

Forslag til satsar for 2018 står i tabell 4.1.

Departementet føreslår ei løyving på 1 800,9 mill. kroner i 2019.

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskot, overslagsløyving

15 032 020

15 070 000

14 830 000

Sum kap. 0845

15 032 020

15 070 000

14 830 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova. Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår å vidareføre satsane for barnetrygd med uendra nominelt nivå. Forslag til satsar for 2018 står i tabell 4.4.

Departementet føreslår ei løyving på 14 830 mill. kroner i 2019.

Tabell 4.4 Forslag til satsar for barnetrygd for 2019 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.5 Talet på stønadsmottakarar i 2017. Prognosar for 2018 og 2019.

Gjennomsnitt 2017

Gjennomsnitt 20181

Gjennomsnitt 2019

Barn med barnetrygd

1 136 750

1 141 384

1 129 071

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tabell 4.6 Talet på stønadsmottakarar i 2017. Prognosar for 2018 og 2019.

Gjennomsnitt 2017

Gjennomsnitt 20181

Gjennomsnitt 2019

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

311 116

313 629

308 519

– to barn

266 639

266 226

264 413

– tre barn

82 546

83 177

81 857

– fire barn

12 746

12 788

12 640

– fem eller fleire barn

3 318

3 263

3 291

– sum stønadsmottakarar

676 366

679 082

670 719

Stønadsmottakarar med utvida stønad

123 264

121 441

119 443

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0-3 år

2 368

2 370

1 872

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir detutbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2018 og 2019. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

16 860

13 332

12 650

50

Noregs forskingsråd , kan nyttast under post 21

3 244

3 143

3 218

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

43 286

35 564

36 560

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

138 973

269 441

291 985

62

Utvikling i kommunane

82 700

91 468

133 229

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

133 716

147 326

151 098

71

Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

94 685

19 300

19 860

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

11 364

11 110

11 432

Sum kap. 0846

524 828

590 684

660 032

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. I 2018 er eit forskingsprosjektet om ungdomsdeltaking i kommunale medverknadsorgan (ungdomsråd), under forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor, finansiert over posten. Ein legg opp til å vidareføre finansieringa av dette prosjektet i 2019. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

BLD føreslår å redusere posten med 0,7 mill. kroner fordi nokre prosjekt blir ferdigstilte.

Departementet føreslår ei løyving på 12,7 mill. kroner i 2019.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Løyvinga skal nyttast til ein strategiprosess i regi av Forskingsrådet om vidare forskingsinnsats på området «Utsette barn og unge». Midlane skal òg nyttast til å finansiere delar av eit nytt langsiktig forskingsprogram i Noregs forskingsråd. Programmet skal heite Velferd, arbeid og migrasjon II og skal svare på samfunnsutfordringane på desse områda.

Departementet føreslår ei løyving på 3,2 mill. kroner i 2019.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Løyvinga under posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Føremålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik. Ordninga skal bidra til å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov og utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremjar integrering, er høgt prioritert. For ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Det blei i statsbudsjettet for 2009 sett av inntil 15 mill. kroner til etablering av Grorud fleirbrukshall. Det blei planlagt å utvikle ein kultur- og idrettspark med ein fleirbrukshall der barnehage, idrettshall og kulturhus skulle inngå. Arbeidet med fleirbrukshallen er forseinka. 2,8 mill. kroner vart utbetalte til Oslo kommune i 2009, medan det resterande beløpet blei overført for kvart år fram til 2017. Etter at byrådet i Oslo informerte om at byggjeprosessen skulle starte hausten 2017, og at dei forventa utgifter på rundt 20 mill. kroner, vart det resterande tilskotet på 12,2 mill. kroner utbetalt. I rapportering frå Oslo kommune i juni 2018 kjem det fram at prosjektet framleis er forseinka, og at deler av tilskotet ikkje er brukt. Det er venta at midlane blir brukte i 2018 og 2019.

Departementet føreslår ei løyving på 36,6 mill. kroner i 2019.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet for tilskotsordninga er å gi barn og unge i familiar med låg inntekt høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Målgruppa for ordninga er barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem. Tiltaka skal vere opne, verke inkluderande og ha låge eller ingen kostnader for dei som er med. Ordninga er retta mot alle kommunane i landet, frivillige organisasjonar og private aktørar. For ein meir utfyllande omtale av tilskotet, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

I tillegg har løyvinga på posten vore nytta til tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Røde Kors’ tiltak Ferie for alle og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT. Departementet føreslår å vidareføre ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI, Ferie for alle og organisasjonen MOT i 2019. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

I arbeidet med Fritidserklæringa har det vore etterspurnad etter ein enkel metode for frivillige organisasjonar og idretten å få dekt kostnader til individuelle utgiftar for barn som ikkje har høve til å betale. Departementet føreslår derfor å løyve 10 mill. kroner til å etablere ei pilotordning som skal vare i 2 år, for å få meir erfaring med korleis ei ordning for å dekkje slike utgifter kan administrerast lokalt. Det er mellom anna behov for å få meir erfaring med kor stor etterspurnaden etter ei slik ordning vil vere, korleis ho bør organiserast, og behovet for lokal tilpassing. BLD føreslår at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) får i oppdrag å rekruttere om lag 10 kommunar (eller bydelar i Oslo) til pilotprosjektet. Ved rekruttering av deltakarar vil Bufdir leggje vekt på følgjande: Kommunane/bydelane skal ha ulik storleik basert på innbyggjartal, liggje i ulike landsdelar og variere med tanke på kor stor del det er av barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Det er altså eit mål at ein gjennom pilotprosjektet skal få erfaring frå ulike typar kommunar (og bydelar).

Kommunane må stadfeste deltakinga i pilotprosjektet og akseptere nokre vilkår. Viktige vilkår er at midlane ikkje kan nyttast til anna enn å dekkje individuelle kostnader til fritidsaktivitetar (slik som ulike avgifter), utstyr som er nødvendige for å delta, og avgifter knytte til reiser (stemne/samlingar/tevlingar). Døme på kostnader som ikkje vert dekte, er tiltak som kan få tilskot i Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom (fellesprosjekt for laget/gruppa/organisasjonen) og ordinær kontingent for medlemskap i laget/gruppa/organisasjonen. Kommunane skal sjølve dekkje eventuelle kostnader til administrasjon av pilotprosjektet. Bufdir vil utforme meir detaljerte vilkår for korleis kommunane nyttar tilskot.

Kommunane skal rapportere til Bufdir om mellom anna organiseringa av ordninga i kommunen, administrative følgjer (mellom anna kostnader) og samarbeid med frivillige organisasjonar og idretten. Frivillige lag og idretten skal òg uttale seg i rapporteringa.

BLD føreslår i tillegg å auka posten med 3 mill. kroner øyremerka tiltaket Ferie for alle i regi av Røde Kors og 2 mill. kroner til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT). Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Samla føreslår BLD å auke posten med 15 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 292 mill. kroner i 2019.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Delar av løyvinga går til kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge. BLD føreslår å auke posten med 0,2 mill. kroner til prisen Årets ungdomskommune.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket).

Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonarfor ungdom skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, trivsel og meistring og gjennom dette bidra til betre skuleprestasjonar og til å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. BLD føreslår å styrkje tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom med 19 mill. kroner i 2019.

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved å bli medvitne om kva behov barna har, og få hjelp til å møte desse behova på ein god måte. BLD føreslår å styrkje tilskotsordninga til Foreldrestøttande tiltak i kommunane med 20 mill. kroner i 2019.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn har som føremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. I 2018 har forvaltinga av tilskotsordninga blitt samordna med tilskotsordninga for tverrfagleg innsats på rusfeltet, som blir forvalta av Helsedirektoratet. Tilskotsordningane rettar seg mot dei same målgruppene og har overlappande føremål. Ved å kunngjere ordningane med eit felles regelverk vil ein gjere søknadsprosessen enklare for kommunane, og tilskotsforvaltinga vil bli meir effektiv. Bufdir får ansvaret for tilskotsforvaltinga i samråd med Helsedirektoratet. BLD føreslår i samråd med HOD å vidareføre denne ordninga i 2019.

Alle dei tre ordningane er retta mot alle kommunane i landet. For ein meir utfyllande omtale av tilskotsordningane, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 133,2 mill. kroner i 2019.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei medverkar til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulerte i ei eiga forskrift som er fastsett av BLD. For ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er mottakar av ordninga. LNU får tilskotet under føresetnad av at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift til nasjonalt arbeid.

Departementet føreslår ei løyving på 151,1 mill. kroner i 2019.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysningsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Posten dekkjer òg utgifter til programmet Familie for første gang (Nurse Family Partnership). Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadane til sjukepleiarar som deltek i forsøket.

Det er i 2018 gitt øyremerka tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors og Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt øyremerka tilskot til desse organisasjonane i 2019. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Departementet føreslår ei løyving på 19,9 mill. kroner i 2019.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, einskildpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt, jf. omtale av tilskotsordningane på posten i Prop. 1 S (2017–2018).

Posten dekkjer Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Posten dekkjer òg kostnadene Noreg har i samband med tiltak i regi av partnarskapet mellom Europarådet og Europakommisjonen. I tillegg dekkjer posten tilskot til drift av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme – Youth Can – gjennom tilskot til Institute for Strategic Dialogue.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Barentssekretariatet i Kirkenes får tilskot for å fremje ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til internasjonalt arbeid. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,4 mill. kroner i 2019.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 950

8 236

8 431

Sum kap. 0847

8 950

8 236

8 431

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 8,4 mill. kroner i 2019.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 551

2 364

2 364

Sum kap. 3847

3 551

2 364

2 364

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner i 2019.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

20 922

21 461

21 968

Sum kap. 0848

20 922

21 461

21 968

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet blei oppretta gjennom lov 6. mars 1981 nr. 5 om barneombud. Hovudoppgåva til Barneombodet er å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private og å følgje med på utviklinga av oppvekstvilkåra for barn. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet.

Barneombodet skal

  • ta vare på interessene til barn i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av interessene til barn blir følgde, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FN-konvensjonen om barnerettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken for barn

  • fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt nok informasjon til det offentlege og det private om kva rettar barn har, og om det blir sett i verk naudsynte tiltak

Hovudbrukargruppene til Barneombodet er barn og unge og dei som tek avgjerder som gjeld barn.

Resultatrapport for 2017/2018

Prosjektet Barn med nedsett funksjonsevne resulterte i rapporten Uten mål og mening? Elever med spesialundervisning i grunnskolen, som tek føre seg retten barn har til spesialundervising, og om denne retten blir oppfylt. Rapporten blei lansert i mars 2017. Barneombodet konkluderte med at elevar som får spesialundervising, ikkje får forsvarleg utbytte av opplæringa, at dei har dårlegare psykososialt skulemiljø, og at dei verken blir høyrde eller får medverke i opplæringa si.

Barneombussen besøkte fylka Hedmark, Vestfold, Oppland, Akershus og Buskerud i 2017. Med dette har Barneombodet i perioden 2012–2018 besøkt alle fylka i landet.

Det kom 381 skriftlege førespurnader til Barneombodet om skule og barnehage i brev eller på e-post i 2017, 144 av desse var om mobbing. Barneombodet fekk også 106 spørsmål registrert under kategorien skule/mobbing frå barn og unge via spørjetenesta Spør Barneombodet. I tillegg til dette kjem telefonsamtalar til kontoret og direkte møte med barn og unge på skular som Barneombodet har besøkt med Barneombussen.

I 2017 har Barneombodet arbeidd med oppfølging av fagrapporten Grenseløs omsorg – om bruk av tvang i barnevern og psykisk helsevern frå 2015. I 2017 har Barneombodet gitt innspel til utvalet som skal sjå særskilt på reglane for bruk av tvang i psykisk helsevern.

Barneombodet har i 2017 arbeidd med prosjektet Valdsfri barndom – betre helse. Prosjektet til Barneombodet er delt inn i to delar. Den eine delen handlar om barn og unge sin medverknad i arbeidet mot vald og overgrep. Den andre delen av prosjektet er retta direkte mot avgjerdstakarar som kan bidra til å førebyggje vald og overgrep mot barn og unge.

Barneombodet laga i 2017 ein supplerande rapport til FN-komiteen for barnerettane, og har samarbeidd med Forum for barnekonvensjonen om å leggje til rette for at barn og unge kan produsere sin eigen rapport til komiteen.

Strategiar og tiltak for 2019

Barneombodet har i 2018 gått inn i seks nye år med nytt barneombod. Det skal setjast i gang ein prosess med å utarbeide nye mål og arbeidsmetodar for denne perioden. Nokre mål frå førre periode må vidareførast. I 2019 vil Barneombodet vidareføre desse måla:

Barn med funksjonsnedsetjingar får eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kvar dei bur.

Barneombodet held fram arbeidet med å få gjennomslag for tilrådingane frå rapporten Uten mål og mening? Barn med spesialundervisning i grunnskolen.

Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet

Barneombodet finn nye metodar for å nå barn og unge.

Barn har reell innverknad på utforming av politikk og planar på alle nivå i samfunnet

Barneombodet vil i 2019 arbeide for betre medverknad frå barn og unge i samfunnet og i eigne saker.

Alle barn i Noreg får oppfylt retten til utdanning i ein trygg og inkluderande skule

Barneombodet vil halde fram med arbeidet med det psykososiale skulemiljøet, både gjennom rettleiing og hjelp til foreldre og barn, gjennom føredrag og opplæring og gjennom arbeid overfor fylkesmennene.

Barns levekår

Barneombodet vil intensivere arbeidet for å sikre gode levekår og motverke manglande sosial tilknyting blant barn og unge.

Rapporteringar frå Barneombodet til relevante internasjonale organ er viktige for barn i Noreg

Barneombodet følgjer opp den supplerande rapporten til FN-komiteen for barnerettar.

Gode arbeidsverktøy

Barneombodet vil i 2019 avslutte fase 2 av prosjektet for eit betre arkivsystem.

Ny nettside

Barneombodet vil i 2019 setje i gang arbeidet med ny nettside.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter Barneombodet har. Departementet føreslår ei løyving på 22 mill. kroner i 2019.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp og omsorg til barn som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike årsaker ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng.

Regjeringa ønskjer å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Regjeringa la derfor fram Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) med forslag som særleg styrkjer rettstryggleiken for barn og foreldre. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2018. Regjeringa planlegg å sende eit forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019. Eit mål med den nye lova er å styrkje rettane til barna ytterlegare og at barn får medverke meir i si eiga barnevernsak. Det er òg eit mål at den nye lova skal vere meir forståeleg og tidsriktig.

Departementet arbeider vidare med å førebu iverksetjinga av barnevernsreforma som skal gi større kommunalt ansvar for barnevernet. Reforma blei lagd fram i Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform). Barnevernsreforma skal medverke til sterkare prioritering av førebyggjande hjelp. Tenester som er betre tilpassa den einskilde, er også ei viktig prioritering i reforma.

Kompetanseheving er viktig for å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene og for å førebu kommunane på større ansvar for barnevernet. Regjeringa har dei seinare åra hatt ei stor satsing på kompetanse. I 2017 la regjeringa fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Strategien skal vare til 2024. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvar for tiltaka i strategien. Det er også eit element i kompetansestrategien at direktoratet skal vurdere kompetansekrav, autorisasjon og utdanningsløp innan barnevernet.

Ein viktig del av førebuingane til barnevernsreforma er å utvikle tiltaka i barnevernet vidare. Bufdir skal, saman med kommunar og relevante fagmiljø, utvikle innhaldet i ein ny grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet i det kommunale barnevernet. Tanken er at ein grunnmodell vil gjere det tydelegare kva for oppfølging og hjelp barnevernet bør tilby.

Det er viktig med god kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta. Betre kvalitet i sakshandsaminga krev riktige verktøy. Regjeringa startar i 2019 arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern skal det utviklast nye digitale løysingar som skal betre effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga til barnevernet. DigiBarnevern skal òg leggje til rette for betre styringsinformasjon for leiarar i barnevernet og den øvste leiinga i kommunen.

Regjeringa vil leggje til rette for eit mangfald av aktørar i barnevernet. Det er viktig for å få fram tilbod av høg kvalitet som er tilpassa behovet til det einskilde barnet. Private aktørar står allereie for ein monaleg del av tiltaka i barnevernet. Samstundes er det viktig at tilbod frå private blir brukte på riktig måte. Departementet har starta ein gjennomgang av rammevilkåra for private aktørar i barnevernet, mellom anna for å vurdere behovet for tiltak som gir det offentlege betre moglegheit til å kontrollere og følgje opp innhald og kostnader ved bruk av barnevernstiltak som er leverte av private. Gjennomgangen omfattar bruken av både ideelle og kommersielle aktørar.

Regjeringa ønskjer å styrkje barnevernet sitt arbeid med å få unge ut av kriminelle miljø og forhindre at unge blir rekrutterte til gjengkriminalitet. I 2019 vil regjeringa ha ei særleg satsing på barnevernet i Oslo kommune. Satsinga skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og det lokale politiet og styrkje barnevernet si bruk av tiltak som reduserer alvorlege åtferdsvanskar hos barn og unge. Barnevernet skal, i samarbeid med andre instanser og tenester, gi oppfølging som bidreg til åtferdsendringar, styrkje unge sine relasjonar til positive nettverk og auke deltaking i skule og i fritidsaktivitetar.

Det er ei vedvarande utfordring å skaffe tilstrekkeleg med fosterheimar tilpassa det einskilde barnet, og å sørgje for ein stabil omsorgssituasjon for barn og unge i fosterheimane. Arbeidet med rekruttering av fosterheimar og oppfølginga av tiltak frå Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste og oppmodingsvedtak frå Stortinget held fram i 2019. I tillegg har regjeringa oppretta eit offentleg utval som skal sjå på rammevilkåra for ordinære fosterheimar. Utvalet skal etter planen levere rapporten sin ved utgangen av 2018. Departementet vil etter det ta stilling til korleis tilrådingane frå utvalet skal følgjast opp.

Mål

BLD har for 2019 følgjande mål innan barnevernsområdet:

Mål

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Tiltak i barnevernet, Kompetanseutvikling i barnevernet, Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira og Organisering og samordning nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Tiltak i barnevernet

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Barnevernet hjelper fleire barn enn tidlegare. Tal frå SSB viser at 55 700 barn og unge (0–22 år) fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2017, ein auke på 2 prosent frå 2016. Årsaka til auken er at fleire fekk hjelpetiltak. Om lag fire av fem barn fekk hjelpetiltak, som inneber at barn og unge får hjelp medan foreldra har omsorga for barnet. Resten fekk omsorgstiltak, som inneber at barnevernet tek over omsorga for barnet.

Å styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte som legg til rette for at flest mogleg barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt, er eit av måla i Jeløya-plattforma. Dette er òg eit viktig mål med barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016 – 2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform). I åra framover ønskjer regjeringa å forbetre hjelpetiltaksarbeidet retta mot barn, unge og familiar som er i kontakt med barnevernstenesta i kommunane. Det er viktig at tenestene kan komme tidleg inn med gode hjelpetiltak, slik at problema ikkje blir større og barn må flytte frå foreldra sine.

Det er i dag framleis store variasjonar i fagleg praksis og bruk av ulike hjelpetiltak mellom kommunane. Riksrevisjonen og andre har vist til at mange kommunar manglar dei hjelpetiltaka som barn og familiar i barnevernet har behov for. Dette gir risiko for at barn får ulik hjelp med ulik kvalitet, alt etter kvar dei bur. For å kunne gi familiar og barn god støtte og hjelp, og for å styrkje barna sine omsorgsvilkår, er det viktig at hjelpa og tiltaka som barnevernet tilbyr, er kvalitetssikra. Det er òg avgjerande at samhandlinga mellom ulike tenester er til beste for barna, slik at barn og familiar får koordinert støtte og hjelp.

Departementet har derfor følgjande mål for arbeidet med tiltak i barnevernet:

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018, og planlagde tiltak i 2019.

Regjeringa heldt i 2017 fram arbeidet med å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at tenestene kan komme tidleg inn med gode tiltak og førebyggje at problema blir større.

Bufdir har gitt tilrådingar til ein nasjonal plan for hjelpetiltak i barnevernet. Direktoratet tilrår mellom anna å ta i bruk ein grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet i det kommunale barnevernet, slik at det blir tydelegare kva for oppfølging og hjelp barnevernet bør tilby. Målet er at variasjon mellom kommunane som ikkje er tilsikta, blir redusert, og at kvaliteten på hjelpetiltaka blir betre. Direktoratet skal saman med kommunar og relevante fagmiljø arbeide vidare med å utvikle det faglege innhaldet i grunnmodellen. Arbeidet skal også omfatte ettervern for ungdom i alderen 18–23 år.

Barne,- ungdoms- og familieetaten (Bufetat) tilbyr nokre spesialiserte tiltak til barn og familiar i barnevernet. Departementet skal få på plass tydelegare retningslinjer for innhaldet i, og målgrupper for, dei spesialiserte tilboda i Bufetat. Dette omfattar mellom anna spesialiserte hjelpetiltak og tilbod til familiar med sped- og småbarn som treng hjelp frå barnevernet.

Tilsyn viser at det er naudsynt å betre kvaliteten i undersøkingane og kartleggingane barnevernstenestene gjer av omsorgssituasjonen til barn. Arbeidet med fagleg rettleiing og kompetanseutvikling i denne delen av arbeidet til barnevernet blei intensivert i 2017.

Tiltak utanfor heimen

Tal frå SSB viser at det til saman var om lag 15 600 barn som ved utgangen av 2017 var plasserte utanfor heimen. Dette er noko lågare enn ved utgangen av 2016. Av dei 15 600 var det litt over 70 prosent som flytta til fosterheim, om lag det same som tidlegare år. Delen av barn og unge som bur i bustad med oppfølging, var om lag 16 prosent, noko lågare enn på slutten av 2016. Vidare var det om lag 8 prosent som budde i barnevernsinstitusjon, og 4 prosent som budde i beredskapsheim, om lag det same som i 2016. Figur 4.1 viser korleis dei 15 600 plasseringstiltaka fordeler seg på hjelpetiltak og omsorgstiltak.

Bufdir rapporterer at det så langt i 2018 har vore ein auke i talet på barn med institusjonstilbod, og at auken i særleg grad gjeld barn med samansette utfordringar og omfattande behandlingsbehov.

Figur 4.1 Barn med plasseringstiltak i barnevernet

Figur 4.1 Barn med plasseringstiltak i barnevernet

Kjelde: SSB

Det er ei utfordring å finne gode og målretta tiltak utanfor heimen som gir eit tilpassa og stabilt tilbod av høg kvalitet. Mange av barna har komplekse behov etter ein vanskeleg oppvekst, og mange har behov for hjelp frå fleire tenester samtidig. Det er ei vedvarande utfordring å rekruttere mange nok fosterheimar som passar behova til barna. Det er også vanskeleg å gi eit godt institusjonstilbod til barn med store og samansette utfordringar i grenselandet mellom barnevern, psykiatri og kriminalomsorg.

Kommunane har ansvar for å følgje opp barna og foreldra medan barna bur utanfor heimen. Forsking og tilsyn viser at ein del kommunar ikkje gjer eit godt nok arbeid mellom anna i å kartleggje kva behov barnet har, leggje til rette for samvær og gi råd og rettleiing til fosterforeldre. Det statlege barnevernet skal hjelpe kommunane med å finne tiltak som er til det beste for barnet. Det er utfordrande å gjere dette på ein god nok måte. Slike utfordringar fører med seg auka risiko for ein ustabil omsorgssituasjon og belastingar for barnet.

Departementet har derfor følgjande mål for arbeidet med tiltak i barnevernet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat som er oppnådd i 2017 og fyrste halvdel av 2018, og planlagde tiltak i 2019.

Fosterheim er det mest nytta omsorgstiltaket når barn ikkje kan bu heime. Rekruttering av fosterheimar er ei prioritert oppgåve, og det har vore stor innsats for å skaffe tilstrekkeleg mange fosterheimar. Bufetat rekrutterte likevel nokre færre fosterheimar i 2017 enn i 2016. I 2017 blei det rekruttert 1 284 fosterheimar, ein reduksjon på om lag 3 prosent frå 2016. Grunnen til reduksjonen er auka merksemd om å rekruttere dei rette fosterheimane. Det er framleis mange barn som ventar på fosterheim for lenge.

Oppfølging av tiltak i Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste og oppmodingsvedtak frå Stortinget om fosterheimar skal medverke til vidareutvikling og kvalitetsheving av fosterheimsomsorga. Bufdir har i 2017 utarbeidd ein fireårig plan for å gjennomføre tiltak og oppmodingsvedtaka knytta til meldinga. Dei er i gang med fleire av tiltaka. Bufdir har mellom anna utarbeidd ei tilråding for kva omsyn barnevernet bør ta når dei skal ta stilling til om søsken bør bu saman. For at det skal vere mest mogleg føreseieleg for barnet og fosterfamilien, er det òg blitt utvikla eit samhandlingsforløp for flytting til fosterheim etter modell for forløp i helsesektoren. Det er òg sett i gang eit forskingsprosjekt med mål om å få kunnskap om korleis biologiske barn opplever å være fostersøsken. I tillegg er det sett i gang følgjeforsking på utprøving av ein modell for rettleiing av biologiske barn i fosterheimen.

Arbeidet med å følgje opp tiltak i Meld. St. 17 (2015–2016) held fram i 2019. For å nå målet om stabile fosterheimar tilpassa behovet til det einskilde barnet, er det mellom anna sett i gang arbeid med å utvikle eit digitalt verktøy for å finne rett fosterheim til det einskilde barnet. Det er òg starta arbeid med å utvikle eit digitalt og modulbasert opplærings- og rettleiingsprogram for fosterforeldre.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på rammevilkåra for ordinære fosterheimar. Utvalet skal etter planen levere utgreiinga si i desember 2018. Departementet vil etter det ta stilling til korleis tilrådingane frå utvalet skal følgjast opp.

Spesialiserte fosterheimar er eit tilbod til barn og unge som har eit stort hjelpebehov, og som treng mykje og langvarig oppfølging. Departementet skal få på plass tydelegare retningslinjer for innhaldet i, og målgrupper for, det spesialiserte fosterheimstilbodet i Bufetat.

Overgangen til fosterheim kan bli lettare når barnet allereie kjenner fosterforeldra. Gjennom at barn får tilbod om fosterheim i slekt eller nettverk, kan det òg vere enklare å vareta kontinuitet i språk, kultur og religion. Det har derfor vore satsa på å finne fosterheimar i slekta eller nettverket til barnet. Det har òg blitt lagt vekt på involvering av slekta og nettverket til barnet, mellom anna gjennom bruk av metoden familieråd. Rekrutteringa i slekt og nettverk har auka dei seinare åra. I 2013 var det 2 444 fosterheimar i slekt og nettverk, medan det i 2017 var 3 027 slike fosterheimar. Stortinget handsama Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) den 6. mars 2018. Då vart det lovfesta ei plikt til alltid å vurdere om nokon i familien eller det nære nettverket til barnet kan veljast som fosterheim. Vidare blei det lovfesta at barnevernstenesta ved slike vurderingar skal leggje til rette for nettverksinvolvering når det er føremålstenleg. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2018.

Av dei 15 600 barna som hadde eit plasseringstiltak ved utgangen av 2017, budde om lag 1 250 på institusjon. Dei fleste budde på ein omsorgsinstitusjon. Barn som bur på institusjon, er ei brei og samansett gruppe med ulike behov. Mange har store utfordringar med psykiske vanskar. Bufetat har i 2017 utvikla eit standardisert forløp for omsorgsinstitusjonar. Forløpet omfattar alle fasar frå inntak i institusjon til overføring til ny bustad og skal bidra til lik og kvalitetssikra praksis basert på oppdatert kunnskap. Betre kartlegging skal gi eit meir målretta tilbod. Ein skal sikre medverknad frå barna gjennom systematisk å innhente erfaringar frå dei. I 2018 vil Bufetat setje i verk eit standardisert forløp for barnevernsinstitusjonar i målgruppa «omsorg for ungdom» i alle statlege omsorgsinstitusjonar.

For barn som bur på åtferdsinstitusjonar, har ein innført effektmålingar for å følgje med på om opphaldet gir den hjelpa ein ønskjer. Målingane skal gjerast ved inntak, undervegs og ved avslutninga av opphaldet og skal vise om barnet har hatt ei positiv utvikling når det gjeld dei måla som er sette. Bufdir har starta arbeidet med å setje i verk tilsvarande effektmålingar i omsorgsinstitusjonane. Eit anna tiltak, som blir prøvd ut i nokre barnevernsinstitusjonar, er å hente inn erfaringar frå barn i statlege og private institusjonar kvar månad. Resultata skal nyttast i regionane si styring og utvikling av einingane og direktoratet si styring av regionane.

Arbeidet Bufdir gjer med å standardisere arbeidsprosessar og forløp i barnevernet, vil halde fram i 2019. Dette vil medverke til god kvalitet i tenesta og til at tenesta er føreseieleg, og sørgje for tryggleik for barna og familiane deira. Ein viktig komponent i det standardiserte forløpet er betre brukarmedverknad, jf. målet om betre brukarmedverknad i kommunalt og statleg barnevern.

Det er naudsynt med meir kunnskap om barnevernsinstitusjonar er godt nok tilpassa behova til ulike målgrupper. Bufdir planlegg derfor eit større nasjonalt forskingsoppdrag der samanhengen mellom behova til barn og unge og dagens institusjonstilbod og spesialiserte fosterheim skal belysast nærare.

Akuttberedskapen i barnevernet

Ei undersøking utført av Bufdir i april 2018 viser at om lag 70 prosent av kommunane har ein formalisert akuttberedskap i barnevernet. Departementet vil arbeide for at alle kommunar etablerer sin eigen akuttberedskap eller sluttar seg til eit interkommunalt samarbeid om akuttberedskap. Departementet vil i samband med arbeidet med forslag til ny barnevernslov vurdere forslaget frå barnevernslovutvalet om å lovfeste kommunen sitt ansvar for akuttberedskap.

Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide ei rettleiing om korleis barnevernet bør gjere akuttarbeid i kommunane. Det blir lagt opp til at rettleiinga skal vere klar i 2020. Ei slik rettleiing vil bli eit verkemiddel for at dei tilsette skal kjenne seg trygge på kva dei skal gjere i dei ulike fasane i akuttarbeidet. Det er viktig at praksisen er god, og at han hovudsakleg er lik i dei ulike kommunane, at familiane blir tekne vare på, og at barn blir høyrde av barnevernet og får medverke. Eit FoU-oppdrag som skal setjast i verk hausten 2018, og som skal dreie seg om korleis kommunane jobbar med akuttarbeidet i dag, blir ein del av det faglege grunnlaget for den kommande rettleiinga.

Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

I 2017 var det 44 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år som kom til Noreg, ein stor reduksjon frå 2016 og 2015. I 2016 var talet 102 barn. Det er òg venta at talet på einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2018 vil vere lågt. Reduksjonen frå 2015/2016 til 2018 har resultert i overkapasitet i omsorgssentera. Derfor skal grunnkapasiteten no reduserast, og dei mellombelse omsorgssentera er blitt lagde ned.

Ved busetjing av dei som har fått opphaldsløyve, har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ansvaret for å tildele ein kommune til alle einslege flyktningar under 18 år, også dei yngste. Bufetat har ansvaret for den konkrete busetjinga av dei som er under 15 år. Det overordna målet for etaten er å busetje barna i rett kommune, med rett tiltak etter vedtak om opphald. I 2017 budde det i gjennomsnitt 184 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i omsorgssenter, og det blei busett 286 barn i løpet av året.

Ved busetjing i kommunane får einslege mindreårige flyktningar som oftast tilbod om å bu i bufellesskap med oppfølging eller fosterheimar. Dette er ei utsett gruppe med omsyn til fysisk og psykisk helse. Regjeringa har derfor gitt løyvingar slik at Folkehelseinstituttet, Utlendingsdirektoratet (UDI), IMDi og Bufdir kan prøve ut eit manualbasert lågterskeltilbod basert på traumefokusert kognitiv åtferdsterapi som kan medverke til å redusere psykiske plager hos denne gruppa. Etter planen skal prosjektrapporten vere ferdig i 2018.

Kompensasjon for historiske pensjonskostnadar

Historisk har ein vore samd om at lønns- og pensjonsordningane for tilsette i dei ideelle verksemdene som leverer helse- og sosialtenester til det offentlege, skulle vere tilnærma like dei som gjeld for tilsette i offentleg teneste. Regjeringa føreslo i Prop. 1 S (2017–2018) å etablere ei tilskotsordning for å dekkje historiske pensjonskostnadar hos ideelle leverandørar, jf. oppfølginga av NOU 2016: 12 Ideell opprydding. Eit fleirtal i finanskomiteen meinte at regjeringa måtte arbeide vidare med innrettinga på kompensasjonen før Stortinget kunne ta avgjerd om ei slik tilskotsordning, jf. Innst. 2 S (2017–2018). Regjeringa skal fremje eit lovforslag hausten 2018. Ordninga skal gjelde private verksemder med offentleg tenestepensjonsordning som har levert spesialisthelsetenester og barnevernstenester som staten no er ansvarleg for. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Kompetanseutvikling i barnevernet

Kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta

Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i talet på stillingar i det kommunale barnevernet, men mangel på ressursar og kapasitet blir framleis løfta fram som eit problem i fleire tenester. Det er høg gjennomtrekk i bemanninga, og Helsetilsynet har ved fleire høve vist til svak styring og leiing av barnevernet i ein del kommunar. Bufdir har også, i si kartlegging av kompetansebehov i det kommunale barnevernet, peikt på at dei tilsette treng meir juridisk kompetanse og betre kompetanse i å vurdere omsorgstilhøva til barn.

Helsetilsynet har avdekt svikt i korleis nokre barnevernstenester vurderer meldingar og gjennomfører undersøkingar. Svikten kjem mellom anna til uttrykk gjennom manglande dokumentasjon av faglege vurderingar og barna sin medverknad, hjelpetilbod som er for lite tilpassa behova til barn og familiar, og brot på dei krava som barnevernlova stiller til sakshandsaminga. Dette er også ei utfordring for rettstryggleiken til dei som treng hjelp frå barnevernet.

Dei digitale systema som blir nytta i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta, er utdaterte og gir ikkje dei tilsette den støtta dei treng i det daglege arbeidet. Systema bidreg i liten grad til systematikk, dokumentasjon og kvalitet i sakshandsaminga, og arbeidsprosessane er lite effektive. Barnevernstenesta manglar eit felles fagleg rammeverk som kan gi likare og meir kunnskapsbasert praksis. Dette gir variasjon som ikkje er ønskjeleg i utøvinga av barnevernsfagleg praksis, både mellom tenester og internt i den einskilde tenesta.

Departementet har derfor følgjande mål for arbeidet med kompetanseutvikling i barnevernet:

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018, og planlagde tiltak i 2019.

Styrking av det kommunale barnevernet

Satsinga på stillingar i det kommunale barnevernet har ført til betre kapasitet i tenestene. Tal frå SSB viser òg at kommunane sjølve brukar meir ressursar på barnevernet. I perioden 2013–2017 har talet på stillingar i det kommunale barnevernet auka med om lag 24 prosent, noko som utgjer ein auke på 1 149 stillingar frå 2013. Rapporteringar frå kommunane viser også ein klar nedgang i talet på fristbrot for undersøkingar, trass i at talet på saker har auka. Rapporteringar frå kommunane tyder vidare på at tenestene har blitt betre på å få på plass tiltaks- og omsorgsplanar for barn i tiltak. Samtidig er det framleis store forskjellar mellom kommunar når det gjeld korleis dei oppfyller krava i barnevernslova.

Betre kapasitet i tenestene er viktig for å auke kvaliteten i sakshandsaminga. Dei øyremerkte midlane til stillingar i barnevernet blir førte vidare i 2019. Regjeringa vil også styrkje den kommunale styringa av barnevernet. Dette vil gi den politiske og administrative leiinga i kommunane betre moglegheit til å følgje opp kvaliteten og kapasiteten i sine barnevernstenester. Fylkesmennene held fram med dialogmøte med kommunane, for å setje situasjonen i barnevernet på dagsordenen. Erfaringane så langt viser at møta har bidrege til betre forankring av barnevernet i kommunane. Regjeringa vil i samband med høyring av forslag til ny barnevernslov føreslå krav om årleg rapportering frå barnevernet til kommunestyret om tilstanden i barnevernet.

Bufdir lanserte hausten 2017 ein nettbasert kommunemonitor på barnevernsfeltet. Kommunemonitoren gir informasjon om situasjonen i alle barnevernstenester i landet, men det er framleis behov for betre indikatorar og statistikkutvikling på feltet. Vidare har Bufdir etablert rettleiingsteam som skal følgje opp kommunar med høg risiko for svikt i tenestetilbodet til barn og familiar i barnevernet. 13 kommunar fekk tilbodet i 2018 og blir følgde opp vidare i 2019.

Kompetansetiltak i barnevernet

Departementet la i 2017 fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Strategien skal vare til 2024 og inneheld mellom anna satsing på etter- og vidareutdanningar. Viktige fagområde i utdanningane er kunnskap om barn med traume, medverknad og samarbeid med barn og familiar i utgreiings- og tiltaksarbeid. Satsinga held fram i 2019. Bufdir har ansvaret for å administrere tiltaka i kompetansestrategien. Bufdir skal òg vurdere kompetansekrav, autorisasjon og utdanningsløp for arbeid i barnevernet.

Tenestestøtteprogrammet, som er eit tilbod om etterutdanning og opplæring i undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, starta opp hausten 2017 for om lag 40 kommunar. Grunnleggjande forståing av traume hos barn er blant temaa. Auka kompetanse på dette er mellom anna viktig i oppfølginga av barn som er utsette for vald og overgrep. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning har evaluert programmet. Evalueringa viser at tilbodet har blitt godt motteke av deltakarane, samstundes som det har vore behov for forbetringar. På bakgrunn av evalueringa blei det gjort endringar i opplæringstilbodet før programmet blei utvida til fleire kommunar i 2018. I 2018 deltek over 60 kommunar og om lag 400 tilsette. Den vidare evalueringa av Tenestestøtteprogrammet skal sjå nærare på om deltaking fører til endring av fagleg praksis i kommunane.

Bufdir har også fått i oppgåve å få på plass eit eige opplæringstilbod retta mot barnevernstenestene om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Arbeidet i 2019 vil fyrst og fremst dreie seg om å utvikle og prøve ut det nye opplæringstilbodet.

Tilbodet om vidareutdanningar for tilsette i barnevernet skal utgjere om lag 280 studieplassar i 2019. Tre nye vidareutdanningar på til saman 160 studieplasser starta opp i 2018. Desse skal mellom anna gi tilsette auka kompetanse i sakshandsaming, medverknad, samarbeid og barnevernsfaglege vurderingar. Temaa for utdanningane er baserte på behov i tenestene. Utdanningane er òg viktige tiltak for å nå målet til regjeringa om auka kvalitet i sakshandsaminga og betre medverknad, jf. omtale av mål under Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira. Vidareutdanninga Juss i barnevernsfaglig arbeid blir tilbydd ved Universitetet i Stavanger og OsloMet – Storbyuniversitetet, medan Vurdering av barnets beste er eit tilbod ved Høgskulen på Vestlandet og OsloMet – Storbyuniversitetet. Relasjonskompetanse i samarbeid med barn og familiar er eit tilbod ved VID vitenskapelige høgskole. Talet på søknader har vist at det er stor interesse for dei nye vidareutdanningane blant dei tilsette i barnevernstenestene.

Bufdir skal vidare etablere eit nytt vidareutdanningstilbod i kultursensitiv kompetanse i barnevernet på 30 studiepoeng retta mot dei tilsette i barnevernet. Denne skal erstatte den eksisterande vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv. Grunnen til omlegginga er eit behov for å få på plass ei utdanning på minoritetsområdet som er meir praksisretta og gir større rom for fagleg fordjuping. Det nye studiet skal starte opp hausten 2019. Dei to eksisterande vidareutdanningane i leiing i barnevernet og barnevernsfagleg rettleiing held fram i 2019. Desse utdanningane har høge søknadstal og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare studentar.

DigiBarnevern

Regjeringa føreslår ei satsing på om lag 30 mill. kroner til digitalisering i barnevernet gjennom det kommunal-statlege prosjektet DigiBarnevern. I tillegg har prosjektet fått 4 mill. kroner gjennom medfinansieringsordninga til Difi. Målet for DigiBarnevern er å utvikle nye digitale løysingar som aukar effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet. Satsinga til regjeringa inneber mellom anna utvikling av eit barnevernsfagleg kvalitetssystem med digital understøtting som skal rettleie sakshandsamarar gjennom dei ulike fasane av ei barnevernssak, frå meldings- og undersøkingsarbeid til oppfølging og evaluering av tiltak. Arbeidet med å utvikle det faglege rammeverket for eit digitalt kvalitetssystem starta i 2017.

Ein vil òg starte utviklinga av nasjonale fellesløysingar som legg til rette for betre digital samhandling mellom ulike aktørar i barnevernet, betre styringsinformasjon gjennom meir effektiv rapportering til eiga kommuneleiing og statlege verksemder og ein portal for å sende og ta imot bekymringsmeldingar digitalt. Dei nasjonale fellesløysingane skal integrerast i eit nytt sakshandsamingssystem som blir utvikla av den kommunale delen av prosjektet i samarbeid med Bufdir.

Satsinga inngår i eit omfattande og heilskapleg digitalt løft for kommunalt barnevern. Dette er i tråd med måla i den politiske plattforma til regjeringa og Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge om auka effektivisering og digitalisering av offentleg sektor og forsterka samarbeid mellom staten og kommunesektoren om digitalisering som fremjar brukarorientering, innovasjon og effektivitet.

Konseptfasen for DigiBarnevern blei fullført i 2017 og det blei levert ein rapport med tilråding om kva slags realiseringsstrategi som bør nyttast for sjølve utviklinga og realiseringa av nye digitale løysingar for det kommunale barnevernet. Planleggingsfasen for prosjektet vert avslutta i oktober 2018. Det blir no lagt til rette for å setje i verk gjennomføringsfasen av prosjektet frå 2019.

Barnevernet sitt arbeid med innvandrarar, urfolk og nasjonale minoritetar

Barnevernet skal gi likeverdige tenester til barn, unge og familiane deira uavhengig av status, opphaldsgrunnlag og bakgrunn. I tråd med dette har Bufdir utarbeidd Handlingsplan for å bedre tillit mellom etniske minoritetsmiljøer og barnevernet 2016–2021. Fleire av tiltaka i handlingsplanen er knytte til å auke medverknaden frå barn og foreldre, styrkje kompetansen om minoritetsbarn og familiar i deira møte med barnevernet, utvikle kvaliteten på arbeidet til barnevernet og gjere barnevernet meir ope overfor minoritetar.

Analysefirmaet Ipsos har gjennomført ei undersøking om tilliten til barnevernet blant personar med innvandrarbakgrunn. Undersøkinga viser mellom anna samanhengar mellom landbakgrunn og kjennskap til, kunnskap om og kontakt med barnevernet og oppleving av tillit. Rapporten viser mellom anna at personar som kjenner barnevernet godt, har høgare tillit til barnevernet enn dei som kjenner barnevernet dårleg. Bufdir vil følgje opp resultata i samband med arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet.

Departementet vil i fyrste rekkje arbeide for å styrkje tilliten til barnevernet i minoritetsbefolkninga gjennom tenester som gir høgare legitimitet og auka kompetanse hos tilsette i barnevernet. Handlingsplanen for betre tillit skal gi retning til ei rekkje tiltak som kan medverke til å nå denne målsetjinga. Kunnskap frå nye forskingsprosjekt og andre utgreiingar vil liggje til grunn for arbeidet i 2019.

Forsking og utvikling

Forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle tenestene i barnevernet, slik at barn og familiane deira får hjelp som verkar. Det handlar mellom anna om å ha god kunnskap om korleis tenestene best bør vere organiserte, om god samhandling mellom tenester og kva slags hjelp ulike målgrupper i barnevernet treng. BLD gir derfor tilskot til nokre kunnskaps- og kompetansesenter og tildeler midlar som blir administrerte av Noregs forskingsråd.

Kunnskaps- og kompetansesentera som BLD gir midlar til, har eit særskilt ansvar for å vere forskingsfagleg oppdaterte og gi tenestestøtte til mellom anna barnevernet. Føremålet er å auke kvaliteten på tenestene. BLD gir midlar til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge og til regionsenter for barn og unge si psykiske helse. Føremålet med tildelinga er å gi tenestestøtte til barnevernet. Desse sentera får den største delen av midlane sine frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet tildeler midlar til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og er den klart største finansøren av dette senteret. Senteret arbeider for at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular skal få hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. I 2017 har senteret vidareført arbeidet med å dokumentere erfaringar og resultat for metodane senteret arbeider med, og ei rekkje artiklar er publiserte. Forskinga viser mellom anna at mange barn med åtferdsproblem har utbytte av at foreldra får kortvarig foreldrerådgiving, men at meir intensiv foreldretrening er spesielt effektivt for barn frå familiar med få ressursar. I 2017 har senteret òg bidrege i ei rekkje publikasjonar og delteke både i undervising og på fagkonferansar, med mange deltakarar frå relevante tenester.

Gjennom midlar til programverksemda i Forskingsrådet blir det utvikla kunnskap som er relevant for barnevernet. Gjennom programmet VAM har ein mellom anna fått kunnskap om korleis avgjerdene frå barnevernet i fire ulike land varierer, og at kvaliteten på avgjerdene er avhengig av mellom anna tidspress og saksmengde og om barn blir høyrde. I 2019 blir programmet erstatta av eit nytt program, VAM II, som departementet vil gi midlar til. Barnevernet er også ein del av programmet HELSEVEL, som er inne i det tredje året. I år har mellom anna eit prosjekt, Children at Risk Evaluation, som er eit tverrfagleg og -sektorielt prosjekt for betre å kartleggje helse og utvikling hos barn som har flytta frå heimen, fått midlar. I tillegg inngår barnevernet som ein viktig del av oppdraget Utsette barn og unge, som Forskingsrådet skal fasilitere, sjå nærare omtale i del III, Forsking og utvikling. I 2019 vil departementet vidareføre innsatsen gjennom å gi midlar som Forskingsrådet skal administrere, til programma HELSEVEL og VAM II og til oppdraget som er nemnt over.

Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Arbeid med ny barnevernslov

Barnevernslovutvalet overleverte NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse 29. september 2016. Nokre av forslaga frå utvalet er vedtekne av Stortinget gjennom Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) og tok til å gjelde 1. juli 2018. Departementet arbeider med eit høyringsnotat om forslag til ny barnevernslov. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg og tidsriktig lovverk. Departementet planlegg å sende forslaget på høyring i 2019.

Brukarmedverknad i barnevernet

Barn og unge i barnevernet har rett til å bli høyrde og til å medverke. Medverknad er viktig i alle fasar av ei barnevernssak. Resultat frå brukarundersøkingar og tilsyn viser at mange barn og unge melder om liten grad av medverknad i kontakten med barnevernet. Tilsyn har mellom anna avdekt at barn medverkar i for liten grad når det skal treffast vedtak om hjelpetiltak. Det er også manglar ved korleis retten til medverknad blir tryggja for barn og unge i tiltak utanfor heimen. Å tryggje denne retten betre vil heve kvaliteten på dei avgjerdene barnevernet tek, og bidra til at barn får rett hjelp.

Departementet har derfor følgjande mål for arbeidet med rettstryggleik for barn, unge og familiane deira:

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018, og planlagde tiltak i 2019.

Stortinget har vedteke endringar i barnevernlova som aukar rettstryggleiken og brukarmedverknaden i barnevernet, jf. Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre). Barnevernlova stadfestar no at barnet har ein lovfesta rett til å medverke i si eiga barnevernssak og rett til naudsynte barnevernstiltak når vilkåra for tiltak er oppfylte. Retten til medverknad inneber mellom anna at barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og at det skal leggjast vekt på synspunkta til barnet i samsvar med kor gammalt, og kor modent barnet er.

Det har også blitt vedteke nye krav til dokumentasjon i barnevernet. Det skal gå fram av vedtaka i barnevernssaker kva som er synspunktet til barnet, kor mykje vekt ein har lagt på meininga til barnet, og korleis ein har vurdert barnet sitt beste. Dette gjeld òg i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (fylkesnemndene). Det er også lovfesta at barnevernstenesta skal samarbeide med foreldre og barn så langt det er mogleg. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2018. I arbeidet med ny barnevernslov vil departementet vurdere ytterlegare lovendringar for å styrkje rettane til barnet og deira medverknad i barnevernssaker.

I tillegg til å tydeleggjere at barn og unge har rett til å medverke, vil regjeringa arbeide for å styrkje deltakinga blant barn og unge. Dette er eit viktig element i kvalitetsutviklinga i barnevernet. Medverknad er mellom anna ein sentral komponent i kompetansestrategien i barnevernet og i arbeidet med å betre kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet, jf. omtale under hovudområdet Kompetanseutvikling i barnevernet. Direktoratet gav i 2017 tilskot til Forandringsfabrikken sitt prosjekt Mitt liv, der unge med erfaring frå barnevernet og Forandringsfabrikken deler sin kunnskap om kva som er godt barnevern, med barnevernstenester, fagarbeidarar og KS, for å utvikle god praksis innanfor kjerneområda til barnevernet.

Perspektivet til brukarane er òg ein viktig del av politikkutforminga. I desember 2017 oppretta Bufdir eit brukarråd. Brukarrådet skal mellom anna gi råd om korleis barn og unge bør medverke og fremje brukarperspektiv i viktige saker.

Gjennomgang av barnevernssaker

I 2016 fekk Statens helsetilsyn i oppdrag å gjennomgå eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Dette er ofte komplekse og vanskelege saker, og vi manglar eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere barnevernet sitt arbeid på dette feltet. Både sakshandsaminga i barnevernet, bruken av sakkunnige og sakshandsaminga i fylkesnemnda er omfatta av gjennomgangen. Formålet er mellom anna å få ei brei skildring av situasjonen ved å sjå på prosess og innhald i eit utval saker. Gjennomgangen skal gi meir kunnskap om kompleksiteten i og kvaliteten på arbeidet i barnevernet. Statens helsetilsyn skal levere ein rapport innan utgangen av 2018. Departementet vil deretter ta stilling til korleis rapporten skal følgjast opp.

Adopsjon etter barnevernlova

Ved handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon (adopsjonsloven) slutta Stortinget seg til forslaget om ny adopsjonslov. Det blei samtidig vedteke endringar i barnevernlova, slik at fylkesnemndene skal handsame alle saker om adopsjon når barnevernstenesta har teke over omsorga for barnet. Endringa inneber at fylkesnemndene også skal handsame adopsjonssaker etter omsorgsovertaking når foreldre samtykkjer til adopsjon. Lovendringa tok til å gjelde 1. juli 2018. Sjå også omtalen av ny adopsjonslov under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene legg ut anonymiserte vedtak på Lovdata. Mengda vedtak som har blitt lagde ut, har auka dei siste åra, noko som gir innblikk i arbeidet til nemndene og vedtaka som blir gjorde.

Fem fylkesnemnder har sidan 2016 delteke i eit forsøk med samtaleprosess. Samtaleprosess er ei sakshandsamingsform der føremålet er å redusere konfliktnivået og gjennom meir forståing mellom partane skape løysingar som er til beste for barnet. I 2017 avgjorde nemndene i forsøket 315 saker med samtaleprosess. Det blei i desember 2017 starta opp ei evaluering av forsøket. Resultatet av evalueringa kjem i starten av 2019. Departementet vil, på bakgrunn av resultata frå evalueringa, vurdere om samtaleprosess bør takast i bruk i alle fylkesnemnder.

Frå 2016 har barnevernet kunna fremje sak for fylkesnemnda om pålegg av hjelpetiltak. Føremålet med lovendringa var å betre situasjonen til barnet og førebyggje meir inngripande tiltak som omsorgsovertaking. I 2016 fekk fylkesnemndene 57 saker om pålegg om hjelpetiltak, og i 2017 fekk dei 64 saker.

I NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder? føreslo utvalet at foreldretvistar etter barnelova og tvangssaker etter barnevernlova skal handsamast i nokre tingrettar i fyrste instans. Utgreiinga til særdomstolsutvalet var på høyring i 2017. Departementet samarbeider med Justis- og beredskapsdepartementet om å følgje opp utgreiinga og innspel frå høyringa.

Barnevernstenesta på Svalbard

Departementet viser til komitémerknaden om kapasitet og samarbeidsmoglegheiter for barnevernstenesta på Svalbard i Innst. 14 S (2016–2017) under kapittel 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet. Ein delegasjon frå Barne- og likestillingsdepartementet besøkte Longyearbyen lokalstyre i desember 2017. Longyearbyen lokalstyre viste til at lokalstyret no har to fast tilsette som jobbar med barnevern, og at kapasitet derfor ikkje er ei utfordring. Delegasjonen besøkte også Sysselmannen på Svalbard. Departementet meiner det er positivt at embetet har formalisert arbeidet retta mot barn, unge og uteliv ved at dette no inngår som ein del av dei faste oppgåvene til politiavdelinga. Sysselmannen og lokalstyret viste til at dei samarbeider godt om det generelle barne- og ungdomsarbeidet i Longyearbyen.

Barnevern over landegrensene

Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremyndigheit og tiltak for vern av barn, har vore gjeldande i Noreg sidan juli 2016. Departementet har det overordna ansvaret for konvensjonen, lovgivinga og etatsstyringa av sentralmyndigheita. Som sentralmyndigheit for konvensjonen gir Bufdir bistand i ei rekkje barnevernssaker på tvers av landegrensene. Direktoratet har i 2017 og 2018 lagt ned eit monaleg informasjonsarbeid for å medverke til at aktuelle styresmakter og barnevernstenestene rundt om i landet blir kjende med dei moglegheitene som ligg i konvensjonen, og korleis internasjonalt samarbeid i slike saker skal gjennomførast.

Bufdir reviderer i 2018 rundskriv om sakshandsaming av internasjonale barnevernssaker, for å styrkje kompetansen til barnevernstenesta på dette feltet og komme behova for rettleiing ytterlegare i møte i slike saker.

Organisering og samordning

Ny ansvarsdeling i barnevernet (barnevernsreforma)

Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) til forslaget om barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Reforma inneheld endringar i ansvarsdelinga mellom kommunane og staten. Kommunane skal få eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Målet er at reforma skal medverke til at fleire utsette barn og familiar får den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt. Endringane i ansvarsdelinga kan tidlegast setjast i verk i 2020. Kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er viktig for å førebu kommunane på reforma.

Alta, Røyken og Færder er med i eit forsøk med å prøve ut endra oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommune og stat i barnevernet. Bufdir er prosjektleiar og følgjer opp forsøket. Forsøket skal gi erfaringar og kunnskap som kan medverke til gode endringsprosessar i den nasjonale reforma. Forsøket blir følgjeevaluert med delrapportar i 2017, 2018 og 2019 og ein sluttrapport i 2020. Rapporteringa så langt har vist at kommunane er godt i gang med å løyse dei nye oppgåvene sine. Andre delrapport viste at det fyrste forsøksåret var prega av etablering av nye tiltak, samstundes som det førebyggjande arbeidet og innsatsen på fosterheimsområdet har vore prioritert. Det blir rapportert om at fosterheimsrekruttering er ei utfordring for kommunane. Løyvingane til Bufetat har blitt justerte ut frå forventa utslag av forsøksordninga. Den vidare evalueringa vil gi meir informasjon om korleis kommunane løyser dei nye oppgåvene dei har fått gjennom forsøket.

Gjennomgang av rammevilkår for private aktørar

Private aktørar står for ein monaleg del av tiltaka i barnevernet. I Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) varsla departementet ein gjennomgang av rammevilkåra for private aktørar i barnevernet. Bakgrunnen er mellom anna at kommunane må ha god moglegheit for styring og kontroll av innhaldet i og kostnadene ved fosterheimar leverte av private aktørar når kommunane får større finansieringsansvar. Gjennomgangen vil òg omfatte andre område i barnevernet der private aktørar leverer tenester. Arbeidet starta i 2018, og noko som vil vere sentralt i gjennomgangen, er kva slags verkemiddel det offentlege treng for betre å kunne følgje opp kvaliteten og ressursbruken i tilboda som barn og familiar i barnevernet får frå private aktørar. Gjennomgangen vil omfatte bruken av både ideelle og kommersielle aktørar.

Betre samordning av helsetenester for barn og unge i barnevernet

I 2017 og 2018 har iverksetjinga av den særlege satsinga på betre helsetenester til barn i barnevernet halde fram. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet, slik at barn i barnevernet får naudsynte og forsvarlege helsetenester. Bufdir og Helsedirektoratet held fram med å utvikle kunnskapsgrunnlaget og styrkje samarbeidsstrukturar, og dei sørgjer for naudsynt tenesteutvikling på området. Tiltak som skal medverke til betre psykisk helsehjelp, er prioriterte. Arbeidet skjer i nært samarbeid med brukarorganisasjonar og tenestene, og direktorata erfarer at dette medverkar til å styrkje samarbeidet mellom tenestene.

Vinteren 2018/2019 er det planlagt å opne to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar i to regionar. Institusjonane skal gi eit tilbod til barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes stort behov for psykisk helsehjelp. Både barnevernstenesta og helsetenesta har ansvar for innhaldet i institusjonane. Tiltaka skal medverke til å løyse utfordringa med at spesialisert kompetanse frå helsepersonell i dag er for lite tilgjengeleg for barn i barnevernsinstitusjon med stort behov for psykisk helsehjelp. Utviklinga og etableringa av dei nye institusjonane skal evaluerast.

For å betre tilgangen til behandling er det naudsynt at psykisk helsevern i større grad kan oppsøkje barnet eller ungdommen der han eller ho bur. God psykisk helsehjelp krev òg at tilsette ved barnevernsinstitusjonane får naudsynt rettleiing. Regionale helseføretak fekk derfor i 2018 i oppdrag å utvide det ambulante arbeidet overfor barn i barnevernet, enten dei bur heime, i fosterheim eller i barnevernsinstitusjon.

Nasjonale føringar for innhald i samarbeidsavtalar mellom barnevernstenesta og helsetenesta både på statleg og på kommunalt nivå blir ferdigstilt i 2018, slik at avtalane skal bli betre og meir like.

I 2019 vil arbeidet med å utvikle eit samhandlingsforløp for utgreiing og kartlegging av den psykiske helsa til barn halde fram. Føremålet er å sørgje for at barn blir utgreidd og kartlagde for psykiske plager og lidingar så tidleg som mogleg, slik at dei får tilbod om rett teneste til rett tid både frå barnevernstenesta og frå helsetenestene. På denne måten kan behovet for tiltak utanfor heimen reduserast. Planen er at samhandlingsforløpet skal implementerast i 2019.

I 2019 vil også arbeidet med å leggje til rette for bruk av digitale verktøy (videokonsultasjon) for barn i barnevernsinstitusjon som har behov for psykisk helsehjelp, halde fram.

Hausten 2018 blir det òg utvikla ein felles rettleiar om barn med nedsett funksjonsevne som får tenester frå barnevernet og helsesektoren.

Skulegangen til barn i barnevernet

Det å meistre skulen og fullføre opplæringa er ei sterk trygging mot utanforskap i vaksen alder. Barn i barnevernet får i snitt langt lågare karakterar i grunnskulen enn andre og fullfører i mindre grad vidaregåande opplæring. For at barn og unge i barnevernet skal få god oppfølging, få eit godt utbytte av skulegangen og fullføre vidaregåande opplæring, har Bufdir dei siste åra arbeidd for å skape haldnings- og handlingsendring hos tilsette i heile barnevernssektoren og skulesektoren. For å sjå om arbeidet har ført til endring, blir haldningsundersøkinga til direktoratet i 2014 følgd opp med ei ny undersøking i 2018.

Det er innført ein skuleansvarleg ved alle barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar. Bufdir har òg utvikla digitale kurs for tilsette i skule og barnevern som skal gi kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for og følgje opp skulegangen til barn med tiltak i barnevernet. I tillegg har Bufdir sett i gang utvikla av hjelpetiltaket Skolelos, som skal auke delen barn og ungdom med tiltak i barnevernet som gjennomfører skulegangen. Tiltaka blir førte vidare i 2019.

Arbeid med unge kriminelle

Ungdomskriminaliteten i Oslo har auka etter fleire år med nedgang, og det er eit problem at fleire unge blir rekrutterte til kriminelle miljø.

Barnevernet har eit ansvar for barn og unge som har alvorlege åtferdsvanskar. Regjeringa ønskjer å styrkje barnevernet i Oslo sitt arbeid med å få unge ut av kriminelle miljø og hindre at unge blir rekrutterte til gjengkriminalitet. I 2019 vil det vere ei særleg satsing på barnevernet med ei løyving på 10 mill. kroner. Hovudmålgruppa er dei yngste ungdomane. Satsinga skal medverke til betre og målretta tiltak og oppfølging av ungdom i målgruppa. Det skal leggjast til rette for eit tettare samarbeid mellom barnevernet og politiet, til dømes gjennom lokale prosjekt som tek for seg samanhengen mellom ungdomskriminalitet og dårlege oppvekstvilkår med vald og overgrep i familien. Satsinga skal òg medverke til å gjere dei nye retningslinjene om ansvaret barnevernet har for barn som gjer kriminelle handlingar godt kjent og tatt i bruk i tenestene.

Målet er at barnevernet, i samarbeid med andre instansar og tenester, skal gi oppfølging som reduserer problemåtferd, styrkjer dei unge sine relasjonar til positive nettverk og aukar deltaking i skule og i fritidsaktivitetar. Aktuelle tiltak er metodar for å mobilisere ressursar rundt barn og familiar og metodar som er spesielt tilpassa målgrupper med alvorlege utfordringar. Tiltaka må òg ha som mål å styrkje omsorgen og samspelet i familien. Foreldrestøtte og tilbod om rettleiing vil vere viktig for å betre foreldra si oppfølging og grensesetting av barn og unge som gjer kriminelle handlingar.

Sjå også omtale av regjeringa si satsing mot ungdomskriminalitet og kriminelle gjengmiljø i Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

Menneskehandel

Regjeringa la i 2016 fram Handlingsplan mot menneskehandel. Planen har fleire tiltak for mindreårige, til dømes auka kompetanse i barnevernet, internasjonalt arbeid og oppretting av ei ny koordineringseining. Eit rundskriv om korleis barnevernet skal handtere saker der mindreårige kan vere offer for menneskehandel, blei oppdatert i 2016 og er eit viktig hjelpemiddel for kommunane.

Arbeidet må sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 932 av 14. juni 2017 frå Stortinget.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

219 832

225 888

230 440

2,0

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 729 983

1 025 124

1 089 598

6,3

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 586 553

6 752 462

6 910 253

2,3

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

459 547

213 801

141 429

-33,9

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

275 267

271 888

295 632

8,7

Sum kategori 11.20

9 271 182

8 489 163

8 667 352

2,1

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

369

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 396 243

1 491 567

1 457 236

-2,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

118 728

138 536

110 127

-20,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

1 747

470

484

3,0

Sum kategori 11.20

1 517 087

1 630 573

1 567 847

-3,8

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Drift

7 231 844

7 125 185

7 228 518

1,5

30-49

Nybygg og anlegg

6 763

25 500

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

18 648

18 197

17 631

-3,1

60-69

Overføringar til kommunar

1 910 687

1 211 361

1 253 280

3,5

70-98

Overføringar til private

103 240

134 420

142 423

6,0

Sum kategori 11.20

9 271 182

8 489 163

8 667 352

2,1

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

213 069

225 888

230 440

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

6 763

Sum kap. 0853

219 832

225 888

230 440

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltningsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevernlova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer fylkesnemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige, tvangstiltak for gravide rusavhengige og tvang for personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemnda spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova. Godt over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i dei tolv fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i Sentraleininga for fylkesnemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 230,4 mill. kroner i 2019.

Post 45 Større anskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Midlane på posten har tidlegare blitt brukt til å utvikle og implementere sakshandsamingssystemet ProSak i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Departementet føreslår inga løyving på posten i 2019. Eventuelle ubrukte midlar frå 2018 vil bli overførte for å fullføre utviklings- og innføringsarbeidet.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

369

Sum kap. 3853

369

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

59 539

68 319

69 371

22

Barnesakkunnig kommisjon

7 623

8 003

8 194

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

25 500

50

Forsking og utvikling

18 648

18 197

17 631

60

Kommunalt barnevern

703 271

756 377

777 556

61

Utvikling i kommunane

10 339

20 108

28 671

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

19 700

20 252

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

827 323

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

30 440

27 850

28 658

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

72 800

106 570

113 765

Sum kap. 0854

1 729 983

1 025 124

1 089 598

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak i barnevernet. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av Barnevernets tvisteløysingsnemnd og sekretariat for utval og tidsavgrensa prosjekt i departementet.

Posten dekkjer også tiltak i kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Dette gjeld dialogmøte med kommunane, utvikling av fagleg rammeverk for eit kvalitetssystem og tilbod om rettleiing til barnevernstenester der risikoen for svikt i tenestetilbodet er høg. I tillegg skal løyvinga finansiere fylkesmannen sine oppgåver med å koordinere kompetansetiltak opp mot kommunane, leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Som ein del av den styrkte innsatsen i barnevernet mot unge kriminelle og rekruttering til kriminelle miljø føreslår regjeringa å auke posten med 2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til tiltak retta mot unge kriminelle i Oslo. Sjå også kap. 854, post 61 for ytterlegare omtale av denne innsatsen.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 5,2 mill. kroner frå tiltak som er avslutta for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 69,4 mill. kroner i 2019.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar som er gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Departementet føreslår ei løyving på 8,2 mill. kroner i 2019.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast (NY)

I 2019 skal Bufdir arbeide med digitaliseringstiltak med sikte på å styrkje kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga i det kommunale barnevernet. Arbeidet vil skje gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern og mellom anna inkludere utviklinga av eit nytt sakshandsamingssystem med integrert kvalitetssystem og utviklinga av ein digital portal for sending og mottak av meldingar til barnevernstenesta. Det blir derfor føreslått 25,5 mill. kroner til DigiBarnevern i Bufdir. Midlane skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå eksterne konsulentar til systemutvikling og innføringsstøtte til kommunane. Gevinstane i kommunane av satsinga skal dokumenterast, slik at dei kan overførast til andre område innanfor eller utanfor barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 25,5 mill. kroner i 2019.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta til verksemda til Noregs forskingsråd. Løyvinga skal dekkje ei løyving til arbeid med praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som inngår i programmet Effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) i 2019. Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester, barnevern og familievern. HELSEVEL skal gjennom forsking og innovasjon medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i desse tenestene. Vidare skal delar av løyvinga nyttast til ein strategiprosess i regi av Forskingsrådet om vidare forskingsinnsats på området «Utsette barn og unge». Midlane skal òg nyttast til å finansiere delar av eit nytt langsiktig forskingsprogram i Noregs forskingsråd. Programmet skal heite Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Føremålet med programmet er å forske på samfunnsutfordringar på desse områda og å finne moglege løysingar på utfordringane.

Ei løyving på 1 mill. kroner som dekkjer ei overføring til Sametingets arbeid med barnevern, er flytta frå posten, til kap. 560, post 50, jf. omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 17,6 mill. kroner i 2019.

Post 60 Kommunalt barnevern

Løyvinga skal dekkje særskilde tilskot til om lag 1 020 stillingar i kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet. Løyvinga går til stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2018.

Departementet føreslår ei løyving på 777,6 mill. kroner i 2019.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og fylkesmannsembete. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet.

Departementet føreslår å vidareføre løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk, som er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Målet med ordninga er å styrkje tilbodet i kommunane om tenester og tiltak til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Løyvinga på posten dekkjer òg Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Vidare dekkjer posten den statlege delen av prosjektet Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge i Kristiansand kommune. 1,2 mill. kroner er sette av til dette føremålet.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvakter og politi i 2019. Denne barnevernsvakta vil få midlar over denne posten.

Som ein del av den styrkte innsatsen i barnevernet mot unge kriminelle og rekruttering til kriminelle miljø føreslår regjeringa å auke posten med 8 mill. kroner. Midlane skal gå til Oslo kommune for å styrkje barnevernet sitt arbeid med å hjelpe unge kriminelle og familiane deira. Sjå også kap. 854, post 21 for omtale av denne satsinga.

Departementet føreslår ei løyving på 28,7 mill. kroner i 2019.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018). Målet med vidareutdanningane er å styrkje kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette moglegheit til fordjuping innanfor prioriterte fagområde i barnevernet. Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot til å dekkje vikarutgifter, reisekostnader, litteraturkjøp og liknande. Kommunar vil bli prioriterte, men arbeidsgivarar for tilsette i statlege og private barnevernsinstitusjonar kan òg søkje tilskot. I 2019 gjeld dei prioriterte vidareutdanningane følgjande tema: barnevernsfagleg rettleiing, kultursensitiv kompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av barnet sitt beste og relasjonsarbeid i samarbeid med barn og familiar. Tildelinga blir på inntil 100 000 kroner per student for vidareutdanningar med 30 studiepoeng.

Departementet føreslår ei løyving på 20,3 mill. kroner i 2019.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid med meir, kan nyttast under post 21

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Ordningane skal bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Departementet vurderer at ordningane har positiv effekt. Rapportar frå tilskotsmottakarar kan vise til auka meistringskjensle hos målgruppene, ved at dei i større grad opplever å bli sett og høyrde. Nærare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil komme fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordningane. Innanfor ordningane er 4,5 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken. I tråd med Bestemmelser for økonomistyring i staten skal effekten av tilskotsordningar evaluerast. Departementet planlegg derfor å setje i gang ei evaluering av tilskotsordninga i løpet av 2019. Ordninga med at ein bestemt mottakar får øyremerkte midlar frå tilskotsordninga, vil inngå i evalueringa.

Posten dekkjer også den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (EGCC).

Departementet føreslår ei løyving på 28,7 mill. kroner i 2019.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø og midlar til vidareutdanningar som medverkar til å auke dette kunnskapsnivået.

Om lag 51 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU har eit nasjonalt ansvar for tenestestøtte, for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Både barnevernet og andre relevante tenester er i målgruppa til senteret. NUBU skal utvikle, halde ved like og spreie kompetanse om førebygging og metodar for behandling. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innan arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir også finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Løyvinga til opplæringstilbod retta mot barnevernstenestene, i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet, blir vidareført. Delar av denne løyvinga blir gitt som tilskot til RKBU Nord, RKBU Vest, RKBU Midt, RBUP Aust og Sør og RVTS Sør, som har ansvaret for å gjennomføre Tjenestestøtteprogrammet om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Dette kjem i tillegg til dei generelle tilskota til kompetansemiljøa, som er omtalte ovanfor.

Departementet fører vidare finansieringa til fem vidareutdanningstilbod innan barnevern i 2019:

  • Nasjonal vidareutdanning for leiarar i barnevernet, som RKBU Midt har hovudansvaret for.

  • Nasjonal vidareutdanning i barnevernsfagleg rettleiing, som RKBU Nord har koordineringsansvar for.

  • Juss i barnevernfagleg arbeid ved Universitetet i Stavanger og OsloMet – storbyuniversitetet.

  • Vurdering av barnet sitt beste ved Høgskulen på Vestlandet og OsloMet – storbyuniversitetet.

  • Relasjonsarbeid i samarbeid med barn og familiar ved VID vitenskapelige høgskole.

Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan nyttast på andre tiltak i kompetansestrategien. Vidare skal løyvinga i 2019 dekkje etableringa av ei ny praksisretta vidareutdanning på 30 studiepoeng om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Studiet startar opp hausten 2018 og skal erstatte den eksisterande vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv.

Posten omfattar også løyvinga til Norsk Psykologforening til sakkunnig opplæring. Løyvinga dekkjer i tillegg mentorordninga Positive rollemodellar.

Departementet føreslår ei løyving på 113,8 mill. kroner i 2019.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 749 663

3 751 754

3 836 242

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

22 803

23 559

24 121

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 444 333

2 561 973

2 623 089

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

369 754

415 176

426 801

Sum kap. 0855

6 586 553

6 752 462

6 910 253

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten omfattar lønn og sosiale kostnader til tilsette i det statlege barnevernet, medrekna tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring og utgifter til varer og tenester. I tillegg dekkjer løyvinga i nokon grad lønnsutgifter til tilsette i Bufetat senter for administrasjon og utvikling og tilsette i Bufdir.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Vedtaka styrer inntaket i statleg barnevern. Bufetat er etter barnevernlova pålagd å gi desse barna eit tilbod. Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester, har over tid vore stor. Veksten flata ut i løpet av 2016 og 2017. Løyvinga i Saldert budsjett 2018 og i budsjettframlegget for 2019 er basert på at veksten framleis vil vere låg. Ein auke i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barneverntenester hittil i 2018, gjer denne føresetnaden usikker. Talet på barn som kjem inn i det statlege barnevernet og behov for ulike typer tiltak varierer over tid. Saman med at Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, gjer dette overslaga over utgiftene til det statlege barnevernet i 2019, usikre.

Vinteren 2018/2019 er det planlagt å opne to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som har behov for psykisk helsehjelp samstundes som dei får langvarig og/eller spesialisert omsorg utanfor heimen. Institusjonane blir etablerte i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. Når dei to institusjonane er i heilårsdrift frå 2019, vil det gi ei ny fordeling av utgiftene mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 9 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 732, post 70, jf. omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 3 836,2 mill. kroner i 2019.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i arbeidet til barnevernet, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Departementet føreslår ei løyving på 24,1 mill. kroner i 2019.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Det er i forslag til løyving i 2019 lagt til grunn samme føresetnadar som i Saldert budsjett 2018. Overslaga for dei totale utgiftene i det statlege barnevernet, inkludert kjøp av private barnevernstenester, i 2019, er usikre. Sjå nærare omtale under post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 2 623,1 mill. kroner i 2019.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Departementet føreslår ei løyving på 426,8 mill. kroner i 2019.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

21 540

15 569

16 021

02

Barnetrygd

2 429

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 372 274

1 472 039

1 437 256

Sum kap. 3855

1 396 243

1 491 567

1 457 236

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den einskilde bebuaren ved plassering i statlege tiltak, når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 16 mill. kroner i 2019.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2019.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim eller ved tiltak i heimen. Departementet legg opp til å prisjustere eigendelane til kommunane frå inntil 70 320 kroner til inntil 72 290 kroner per barn per månad for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 33 110 kroner til inntil 34 040 kroner per barn per månad. Kommunane som er med i forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet vil betale særskilt fastsette prisar for statlege tiltak.

Aktivitetsutviklinga dei siste åra og ei vriding frå bruk av institusjon til meir bruk av fosterheim har ført til lågare inntekter frå kommunale eigendeler. I revidert nasjonalbudsjett for 2018 blei derfor inntektene reduserte med 74 mill. kroner. Departementet legg til grunn at den vridinga i tiltakssamansetning som vi har sett dei siste åra, vil vare ved, og føreslår å vidareføre inntektsreduksjonen frå revidert nasjonalbudsjett for 2018. Justert for prisjustering føreslår departementet derfor at kap. 3855, post 60 blir redusert med 76 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 1 437,3 mill. kroner i 2019. Overslaga for inntekter knytte til kommunale eigendelar i 2019 er usikre.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

459 547

213 801

141 429

Sum kap. 0856

459 547

213 801

141 429

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet og søkt vern utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter, arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeidet med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera. Løyvinga dekkjer òg eventuelle kjøp av plassar i private omsorgssenter.

Det var ein sterk nedgang i talet på barn som kom i 2016 og 2017, samtidig som dei som hadde komme tidlegare, etter kvart blei busette i ein kommune. Det er òg venta at talet på einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2018 og i 2019 vil vere lågt. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 75 mill. kroner som følgje av venta reduksjon i talet på barn i 2019. Dette gir ein kapasitet på 50 plassar i dei statlege omsorgssentera. Dette er ein reduksjon på 40 plassar frå saldert budsjett 2018. Det er usikkerheit knytt til talet på barn som til ei kvar tid bur i omsorgssentera. Det kan derfor vere store svingingar rundt dette gjennomsnittet i løpet av året. Kapasiteten som er igjen i statlege omsorgssenter, gir noko rom for slike svingingar.

Departementet føreslår ei løyving på 141,4 mill. kroner i 2019.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

280

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

118 448

138 536

110 127

Sum kap. 3856

118 728

138 536

110 127

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at alle barn i omsorgssenter har butid under eitt år i 2019.

Utrekninga av inntekter på posten tek i dag utgangspunkt i at ein prosentdel av driftsutgiftene ved omsorgssentera kan ODA-godkjennast. Vidare blir ikkje utgifter til ledige omsorgssenterplassar ODA-godkjende i dag. Medlemslanda i OECD har operert med ulik praksis for kva slags flyktningutgifter i eige land som blir rapporterte som ODA. OECD/DAC har saman med medlemslanda klargjort kva slags flyktningutgifter som kan godkjennast som ODA. Som følgje av dette gjekk regjeringa våren 2018 gjennom norsk praksis.

Det blir føreslått at heile utgifta ved omsorgssentera, unnateke administrative utgifter ved busetjing, skal bli godkjend som ODA-utgift frå 2019. Dette inneber at utgiftene til ledige plassar i omsorgssentera òg no skal ODA-godkjennast. Departementet viser til nærare omtale av endringane i godkjenninga av ODA-utgifter i Prop. 1 S for Utanriksdepartementet. Regjeringa føreslår at 110,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 110,1 mill. kroner i 2019.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

261 891

257 671

280 076

21

Spesielle driftsutgifter

13 376

14 217

15 556

Sum kap. 0858

275 267

271 888

295 632

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal fremje utvikling for barn, ungdom, vaksne og familiar og har ansvar for å gjennomføre politikken regjeringa har på området. Bufdir skal også vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for desse fagområda:

  • barnevernet

  • familievernet

  • adopsjon

  • likestilling og ikkje-diskriminering

  • arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Ansvarsområda for direktoratet omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 843 Adopsjonsstønad

  • kap. 846 Familie og oppvekst

  • kap. 847 EUs ungdomsprogram

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

  • kap. 872 Nedsett funksjonsevne

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Bufdir skal òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking og kunnskapssamandrag. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Samarbeidsprosjektet DigiBarnevern medfører nye oppgåver i direktoratet i samband med utvikling, innføring og forvaltning av digitale fellesløysingar for kommunalt barnevern. Posten blir derfor føreslått auka med 4,75 mill. kroner.

Som ledd i Opptrappingsplanen mot vold og overgrep(2017–2021) har familievernet blitt styrkt vesentleg. Det er naudsynt å vidareutvikle tilbodet frå familievernet til familiar som lever med vald. Det vil vere behov for stillingar i Bufdir til dette arbeidet i heile planperioden for opptrappingsplanen. For å sikre gode og stabile rammevilkår for utviklingsarbeidet i familievernet ser departementet det som formålstenleg at denne oppgåva blir teken i vare innanfor ramma av det ordinære budsjettet for Bufdir. Derfor føreslår departementet å auke løyvinga med 6,2 mill. kroner. Midlane blir flytta frå kap. 842.

Bufdir har i dag oppdraget med å utvikle ei mentorordning for unge som er utsette for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald og tvangsekteskap. Departementet føreslår at midlar som går til drift av mentorordninga og fagleg nettverk kopla opp mot bu- og støttetilbodet i Bufdir, blir flytta frå budsjettet for Kunnskapsdepartementets til budsjettet for Barne- og likestillingsdepartementet. Det er derfor føreslått å auke posten med 0,3 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 291, post 21, jf. omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Departementet føreslår å auke posten med 5,1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01, jf. omtale i Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet. Midlane skal nyttast til den planlagde funksjonen som skal arbeide med oppfølging og rettleiing av barnevern og andre relevante etatar i saker som handlar om mindreårige offer for menneskehandel. Bufdir får ansvar for å etablere ein slik funksjon.

Departementet føreslår ei løyving på 280,1 mill. kroner i 2019.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer også utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet.

Posten blir føreslått auka med 1 mill. kroner kvart år til evaluering og følgjeforsking av tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom i perioden 2019–2021.

Departementet føreslår ei løyving på 15,6 mill. kroner i 2019.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

1 747

470

484

Sum kap. 3858

1 747

470

484

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i kurset for foreldre Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 484 000 kroner i 2019.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling. Forbrukarane skal ha gode rettar, og ved brot på rettane skal dei ha eit best mogleg vern. I kjøpssituasjonar skal forbrukarane vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

For å få eit sterkt og effektivt forbrukarapparat blei regionkontora til Forbrukarrådet frå 1. mai 2017 grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. I tillegg endra Forbrukarombodet namn til Forbrukartilsynet frå 1. januar 2018. Ved endringar i marknadsføringslova og angrerettlova blei Forbrukartilsynet samtidig gitt vedtakskompetanse i alle saker. Marknadsrådet, som tidlegare gjorde vedtak, blei klageinstans. Endringane frå 1. januar gjer det mogleg for tilsynet å gripe raskare og meir effektivt inn mot næringsdrivande som bryt lovverket.

Lova om gjeldsinformasjon tredde i kraft 1. november 2017. Med grunnlag i denne har BLD i 2018 gitt konsesjon til to gjeldsinformasjonsføretak. Gjeldsinformasjonsføretaka skal sørgje for at bankar og andre som låner ut pengar, kan dele informasjon seg imellom om gjelda til kundane. Dette gir grunnlag for betre kredittvurderingar og for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

Den teknologiske utviklinga fører til stadig nye endringar innanfor dei fleste samfunnsområde og i forbrukaråtferda. Nesten grenselaus tilgang til informasjon, kommunikasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane nye moglegheiter, men òg utfordringar. På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene. Dei kan òg enklare by fram eigne varer og tenester for sal eller utleige gjennom digitale plattformer. På den andre sida må forbrukarane handtere stadig aukande mengder informasjon, som ofte kan vere motstridande. Rolla som forbrukar blir med det samansett og krevjande. Forbrukarane må òg i aukande grad kunne handtere digitale verktøy og digital kommunikasjon for å delta på mange etablerte marknader. Marknaden for kreditt er eit døme. Med berre nokre få tastetrykk er det blitt mogleg å få innvilga lån. Rolla som forbrukar er særleg krevjande i marknader der vilkåra for kjøp og bruk av tenestene er kompliserte og uklare. Forbrukarrettane blir utfordra på ein annan måte enn før når personopplysingar blir nytta som ei handelsvare mellom næringsdrivande utan at forbrukaren er klar over eller ønskjer det.

Barn og unge er særleg sårbare brukarar av digital teknologi. Dei er aktive på sosiale medium, som har blitt ein stadig vanlegare kanal for påverknad og marknadsføring. Samstundes er barn og unge i mindre grad enn vaksne i stand til å identifisere og forstå reklame. Bruk av sosiale medium ser òg ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar kroppsideal.

Regjeringa vil møte desse og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk. Våren 2019 vil regjeringa leggje fram ei melding for Stortinget der målet er å gjere prioriteringane tydelegare, identifisere utfordringar og fremje tiltak som kan styrkje stillinga til forbrukarane. Det vil bli lagt særleg vekt på den digitale kvardagen til forbrukarane. Stillinga deira i bustadmarknaden og finansmarknaden er òg blant emna som vil bli omtalte.

For særleg å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet, er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 6 mill. kroner frå 2019.

Det som skjer i EU, har mykje å seie for utforminga av regelverk som regulerer forholda for forbrukarane i Noreg. For å medverke til eit høgt og fullgodt forbrukarvern vil BLD halde fram med å engasjere seg i arbeidet til EU med utforming av forbrukarpolitikk og -regelverk. For å styrkje denne medverknaden og medverke til ein aktiv europapolitikk på forbrukarområdet mv. er det oppretta ei rådsstilling ved den norske EU-delegasjonen i Brussel frå november 2018. Råden skal dekkje forbrukarrelaterte oppgåver, men også einskilde andre oppgåver som er knytte til ansvarsområdet til BLD.

I april 2018 blei ein pakke med to direktivforslag, «A New Deal for Consumers», lagd fram av EU-kommisjonen. Hovudføremålet er å modernisere regelverket, styrkje handhevinga og medverke til at forbrukarane får det dei har krav på. For å få innspel til ein eventuell norsk posisjon på direktiva blei forslaga sende på nasjonal høyring av BLD i juni 2018.

Forordninga om samarbeid mellom nasjonale organ med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgivinga (nr. 2017/2394) blei vedteken i desember 2017. Forordninga, som skal medverke til god og effektiv handheving av felleseuropeiske forbrukarvernreglar, trer i kraft 17. januar 2020. Forslag til gjennomføring av forordninga i norsk rett blei send på høyring juni 2018, og BLD arbeider no med å følgje opp denne høyringa.

Ny lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiselova) som gjennomfører EU-direktiv om pakkereiser (2015/2302/EU), tredde i kraft 1. juli 2018. Den nye lova gir mellom anna tydelegare reglar om informasjon og plikter for partane i ein pakkereiseavtale. Ved at forbrukarar over heile Europa får like rettar ved kjøp av pakkereiser og samansette reisearrangement blir grunnlaget for handel over landegrensene styrkt.

Finansielle tenester er tenester alle forbrukarar er avhengige av, men som det kan vere krevjande å setje seg inn i og forstå. Det kan både vere vanskeleg å få oversikt over tilboda i marknaden og avtalevilkåra. Ei ny finansavtalelov er under arbeid. Eit føremål med den nye lova er å sikre forbrukarar betre informasjon før dei inngår avtalar om mellom anna kreditt.

Å kjøpe bustad er ei av dei største investeringane forbrukarar gjer. Regjeringa arbeider for at det skal bli tryggare å kjøpe og selje bustad. Betre opplyste bustadhandlar kan medverke til færre tvistar. Justis- og beredskapsdepartementet vil leggje fram ein lovproposisjon om endringar i avhendingslova som mellom anna vil auke kvaliteten på og bruken av tilstandsrapportar. Som omtalt vil stillinga til forbrukarane i bustadmarknaden òg vere eit viktig emne i stortingsmeldinga om forbrukarpolitikken.

BLD sette i juni 2018 ned eit ekspertutval som skal greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet skal levere utgreiinga si i løpet av 2019. Sjå òg omtale ovanfor av oppmodingsvedtak nr. 890 av 13. juni 2016 og oppmodingsvedtak nr. 200 av 12. desember 2017.

Mål

BLD har for 2019 følgjande mål innanfor forbrukarområdet:

Mål

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

  • Eit godt system for klagehandsaming som er godt kjent for forbrukarane.

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene Klagehandsaming og tilsyn og Informasjon og kunnskap nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BLD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte. Det blir gjort greie for oppnådde resultat i 2017 og i første halvdel av 2018, og for planlagde tiltak i 2019.

Prioritert i 2019 er medverknad og oppfølging av aktuelle prosessar om nytt EU-regelverk som legg føringar for det norske regelverket om forbrukarvern.

Regelverksarbeid

Det som skjer i EU, har mykje å seie for utforminga av det norske regelverket på forbrukarområdet. Deltaking i arbeidet til EU med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å sikre eit fullgodt forbrukarvern.

Etter ein gjennomgang av store delar av forbrukarregelverket konkluderte EU-kommisjonen i mai 2017 med at dette i det store og heile fungerer bra, men at det er behov for visse målretta endringar. Ein pakke med to direktivforslag, «A New Deal for Consumers», blei derfor lagd fram av EU-kommisjonen i april 2018. Forslaga skal både modernisere regelverket, styrkje handhevinga av det og medverke til at forbrukarane i større grad får det dei har krav på.

Forslaga vil gi forbrukarorganisasjonar og andre som kan representere dei kollektive interessene til forbrukarane, rett til å reise sak for ei administrativ styresmakt eller ein domstol for til dømes å få vedtak om kompensasjon for økonomiske tap. Dei vil òg sikre meir proporsjonale, effektive og avskrekkande sanksjonar ved brot på forbrukarvernreglane. Forbrukarane vil få konkrete rettar ved brot på regelverket om urimeleg handelspraksis. Andre delar av forslaga skal sikre viktige forbrukarrettar ved avtalar om digitale tenester som blir betalte med personopplysingar og data. Det blir òg krav om betre informasjon på nettbaserte plattformer og justering av informasjonskrav og reglane om angrerett.

Direktivforslaga blei sende på nasjonal høyring av BLD i juni 2018. BLD vurderer ein eventuell norsk posisjon på forslaga.

Eit anna viktig EU-initiativ er forordning nr. 2017/2394 om forbrukarvernsamarbeid, som blei vedteken 12. desember 2017. Forordninga erstattar gjeldande forordning nr. 2006/2004 og inneheld meir detaljerte og forpliktande reglar om samarbeidet mellom handhevingsorgana i EU/EØS-området ved grenseoverskridande forbrukarsaker. Vidare gir forordninga handhevingsorgana utvida undersøkings- og handhevingsmyndigheit. Handhevingsorgana vil mellom anna enklare kunne undersøkje og stanse brot på forbrukarvernreglar i den digitale sfæren. Dei vil til dømes kunne fjerne innhald på nettsider, appar eller eventuelt stenge tilgangen til dei. Forordninga trer i kraft 17. januar 2020, som òg er fristen for gjennomføringa i EU. Det er venta at forordninga vil bli innlemma i EØS-avtalen i løpet av 2018, noko som vil gi same gjennomføringsfrist for Noreg. Forordninga krev endringar i regelverk som regulerer Forbrukartilsynet, Helsedirektoratet, Legemiddelverket, Luftfartstilsynet, Lotteritilsynet, Medietilsynet, Statens vegvesen, Statens jernbanetilsyn og Sjøfartsdirektoratet. Sommaren 2018 sende BLD på høyring forslag om gjennomføring av forordninga i norsk rett for nokre av handhevingsorgana, mellom anna Forbrukartilsynet. Forslag til endringar i regelverk for dei andre handhevingsorgana vil bli sendt på høyring av andre ansvarlege fagdepartement.

Ny lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiselova) tredde i kraft 1. juli 2018. Lova erstattar den tidlegare pakkereiselova. Den nye lova gjennomfører EU-direktivet om pakkereiser (2015/2302/EU). Direktivet inneheld mellom anna reglar om informasjon, om plikter til partane i ein pakkereiseavtale, om samansette reisearrangement og om ei garantiordning for å verne forbrukaren dersom reisearrangøren går konkurs. Direktivet byggjer på prinsippet om totalharmonisering, det vil seie at alle medlemsstatane skal ha like reglar på områda som direktivet regulerer. Lova gir tydelegare reglar enn den tidlegare pakkereiselova. Den største fordelen med den nye lova er at forbrukarar i heile Europa får like rettar ved kjøp av pakkereiser og samansette reisearrangement. Dermed blir handelen over landegrensene styrkt. Krava til informasjon til forbrukarar før avtale blir inngått blir òg skjerpte. Det er lagt opp til at Forbrukartilsynet skal føre tilsyn med lova.

Lova om gjeldsinformasjon tredde i kraft 1. november 2017. Med grunnlag i denne har BLD i 2018 gitt konsesjon til to gjeldsinformasjonsføretak. Gjeldsinformasjonsføretaka skal sørgje for at bankar og andre som låner ut pengar, kan dele informasjon seg imellom om kundane si gjeld. Dette gir grunnlag for betre kredittvurderingar og for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

Delingsøkonomiutvalet leverte utgreiinga si 6. februar 2017 (NOU 2017: 4 Delingsøkonomien – muligheter og utfordringer). I innstillinga konkluderer utvalet med at delingsøkonomien representerer positive moglegheiter for norsk økonomi.

Det er i liten grad meldt om forbrukarproblem i samband med delingsøkonomien i Noreg. Det er likevel viktig å førebyggje slike problem ved nødvendig og tilstrekkeleg informasjon til forbrukarane. Forbrukarstyresmaktene følgjer utviklinga tett. Forbruksforskingsinstituttet SIFO utarbeidde i 2017 ein rapport om temaet. Forbrukartilsynet rettleier næringsdrivande i delingsøkonomien om korleis dei kan vise omsyn til forbrukarane og informere tydeleg om vilkåra for handelen på dei digitale plattformene. Dette er òg eit av temaa som EU-kommisjonen ser på i det pågåande arbeidet med å forenkle og forbetre dei europeiske forbrukarvernreglane.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardane blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt, og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i utviklinga. Talet på forbrukarrepresentantar i relevante standardiseringsprosjekt var i 2017 stabilt samanlikna med tidlegare år.

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2017. Målet var å få fleire til å ta del i utvikling av standardar, gjennom informasjon og nettverksarbeid. BLD gav i 2017 tilskot til reisestønad til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Føremålet med reisestønaden er å stimulere til auka forbrukarpåverknad i standardiseringa.

BLD vil i 2019 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge. Sekretariatet skal koordinere og formidle kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering, og rettleie deltakarar i standardiseringsarbeid. Forbrukarrepresentantar kan òg i 2019 søkje om reisestønad for å delta i prioriterte prosjekt.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Skal reglane og rammevilkåra til forbrukarane bli gode, er det nødvendig å få fram fakta og kunnskap om situasjonen til forbrukarane.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO, som er ein del av OsloMet – storbyuniversitetet, har i mange år vore ein sentral leverandør av kunnskap på forbrukarområdet. Instituttet hadde i 2017 som oppdrag å føre vidare forsking som departementet har særleg nytte av.

SIFO-surveyen, som mellom anna kartlegg kva haldningar og kunnskapar forbrukarane har om ulike tema, og korleis forbrukarmarknadene fungerer, blei ført vidare i 2017. Denne undersøkinga følgjer utviklinga på ulike forbruksområde over tid. Nokre tema blir følgde opp kvart år, medan andre kjem med ujamne mellomrom. SIFO har presentert dei viktigaste funna i 2017 i to trendrapportar. Funna handlar mellom anna om tema som bruk av usikra kreditt, kvalitet på klede og reklamasjon, kva kunnskap forbrukarane har om rettane sine, handling av matvarer på nett, og mobilapplikasjonar i daglegvaremarknaden. Referansebudsjettet for hushaldsutgifter, som blir nytta av både offentlege og private instansar, blei oppdatert og vidareutvikla med eit forbrukarbasert levekårsmål. SIFO kartla òg korleis forbrukslån blir marknadsført, og kva grupper av forbrukarar som tek opp usikra kreditt.

Departementet ser det som viktig at forbruksforskinga kan gi styresmaktene betre forståing for korleis digitalisering og ny teknologi påverkar tilhøva for forbrukarane. På oppdrag frå BLD kartla SIFO i 2017 både bruken av stordata innanfor områda finans, daglegvarer og media, og barns tilgang på nettilkopla leiker og teknologiar. Det kom mellom anna fram at personopplysingar har blitt ei viktig handelsvare som kan analyserast og nyttast for kommersielle føremål.

Som ein del av grunnlaget for den komande stortingsmeldinga om forbrukarpolitikken, leverte SIFO våren 2018 kunnskapsoppsummeringar om bustadmarknaden, daglegvaremarknaden, det grøne skiftet og digitaliseringa av dagleglivet til forbrukarane.

BLD vil òg i 2019 gi SIFO viktige forskingsoppdrag som er knytte til fakta/dokumentasjon om forbruk, forbrukarhaldningar og tilhøva for forbrukarane. Som ein del av dette vil arbeidet med referansebudsjettet og forskinga om forbrukarøkonomi bli ført vidare. Departementet ser det òg som viktig at SIFO held fram med å kartleggje konsekvensar, moglegheiter og utfordringar som digitaliseringa medfører for forbrukarane.

EU-kommisjonen gjennomfører jamleg undersøkingar om tilhøva for forbrukarane innanfor heile den indre marknaden. Noreg er innlemma i desse undersøkingane gjennom rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. SIFO har fått ansvar for å følgje opp desse undersøkingane, utnytte og tolke data frå dei og gjere resultata tilgjengelege nasjonalt, mellom anna som innspel til forbrukarpolitikken til regjeringa. Det er ikkje lagt opp til endringar i dette i 2019.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir først arbeidet til Forbrukarrådet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa med forbrukarklager omtalt. Deretter blir arbeidet til Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet) og Marknadsrådet omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2017 og inn i 2018, og for planlagde tiltak i 2019.

Prioritert i 2019 er mellom anna styrking av Forbrukartilsynet sitt arbeid med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

Klagehandsaminga til Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet

Forbrukarane skal ha tilgang til god og effektiv løysing av klagesaker utanfor domstolane. Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande handlar ofte om små beløp, og domstolshandsaming vil derfor ofte vere for ressurskrevjande.

På bakgrunn av dette er det over fleire år utvikla eit system for utanrettsleg handsaming av slike saker, som Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av.

Talet på klagesaker til Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet gjekk ned i 2017. Den langsiktige trenden er likevel at talet på klagesaker har auka. Sidan det ikkje er mogleg å føreseie talet på klagesaker, er det utfordrande å unngå at sakshandsamingstida blir lang. I tillegg er det truleg at mange forbrukarar ikkje har god nok kjennskap til systemet for klagehandsaming, og derfor ikkje nyttar det når dei treng det. Systemet for klagehandsaming skal ikkje berre fungere godt i seg sjølv; skal det tene føremålet og bli brukt, må det òg vere kjent for forbrukarar som opplever problem.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er godt kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, delen løyste saker, handsamingstider og brukarundersøkingar er indikatorar for kor godt systemet er. I tillegg kan talet på innkomne saker og brukarundersøkingar seie noko om kor godt kjent systemet er.

Forbrukarrådet meklar no i nær alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. I 2017 fekk Forbrukarrådet inn 8 317 klagesaker frå forbrukarar som opplevde problem. 92 prosent av desse sakene handla om kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. Resten (8 prosent) var saker som gjaldt tenester som ikkje fell inn under forbrukarlovene eller ei klagenemnd, og som Forbrukarrådet starta å mekle frå 1. juli 2015. I tillegg fekk Forbrukarrådet inn nærare 900 saker som fell utanfor rådets ansvarsområde, og som blei viste vidare til rett klageorgan.

Forbrukarrådet klarte i 2017 å løyse 70 prosent av klagesakene. Det var ingen forskjell i delen løyste saker mellom sakene som gjaldt varer, handverkarkjøp og angrerett, og sakene som gjaldt tenester. Fordi Forbrukarrådet no legg ein snevrare definisjon til grunn for kva saker som skal reknast som løyste, kan ikkje delen saker som blei løyste i 2017 samanliknast med delen løyste saker frå tidlegare år.

Etter lov om godkjenning av klageorganer for forbrukersaker skal handsamingstida for klagesakene til Forbrukarrådet som hovudregel ikkje vere på meir enn 90 dagar. Handsamingstida var i 2017 på 89 dagar i snitt, og lovkravet blei dermed ikkje oppfylt for alle sakene.

Med mindre noko uføresett skjer, reknar Forbrukarrådet med å oppfylle 90-dagarskravet i 2019. Mange nye sakshandsamarar som blei tilsette i samband med at Forbrukarrådet blei omorganisert i 2017, vil då ha fått meir opplæring og erfaring. Arbeidsprosessane for klagehandsaminga er òg gjennomgått for å sikre høgare effektivitet og riktig kvalitet.

Brukarundersøkingar som Forbrukarrådet gjennomførte i 2017, viste at mange – både av klagarane og dei klagene retta seg mot – var tilfredse med klagehandsaminga. På ein skala frå 0 til 5, der 0 var dårlegast, fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på 3,7. Dette er same resultat som i 2016.

Dei fleste sakene om varer, handverkartenester og angrerett som Forbrukarrådet ikkje klarer å løyse, blir sende vidare til Forbrukarklageutvalet. I 2017 fekk Forbrukarklageutvalet inn 1 540 saker, mot 2 350 i 2016. Handsamingstida, som i byrjinga av året var på rundt sju månader, kom mot slutten av året ned mot lovkravet om handsaming innan 90 dagar. Restansane blei reduserte med over 600 saker. Reduksjonen i handsamingstida og restansane har både samanheng med nedgangen i talet på saker og gjennomførte tiltak for å auke handsamingskapasiteten. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2017 blei Forbrukarklageutvalet tilført ekstra ressursar, som mellom anna blei nytta til å arrangere fleire utvalsmøte.

Så sant saksinngangen ikkje aukar sterkt, reknar BLD med at Forbrukarklageutvalet framover vil oppfylle 90-dagarskravet for handsamingstida. Sommaren 2018 blei derfor Forbrukarklageutvalet meldt inn som kvalifisert klageorgan til EU-kommisjonen.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området, har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 3 129 førespurnader i 2017, som er noko færre enn i 2016. Av desse var 941 førespurnader frå forbrukarar som søkte informasjon. 1 929 var frå forbrukarar som trong hjelp i samband med klage på næringsdrivande i ein annan EU/EØS-stat. 259 var klagesaker delt med eit søsterkontor. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn. BLD er nøgd med at mange nyttar Forbrukar Europa. Ein reknar med at talet på førespurnader til Forbrukar Europa vil halde seg på eit høgt nivå. I tillegg er Forbrukar Europa utnemnd som norsk kontaktpunkt for den europeiske klageportalen.

Arbeidet til Forbrukartilsynet og sakene til Marknadsrådet

Forbrukarane blir dagleg utsette for store mengder marknadsføring, ikkje berre gjennom trykte medium, radio og TV, men òg gjennom Internett og sosiale medium. Meir av marknadsføringa går føre seg i kanalar og med metodar som for få år sidan var ukjende. Meir eller mindre tydeleg marknadsføring på sosiale medium og bloggsider er døme på det siste. Ein del marknadsføring, til dømes av kreditt, opplever mange som meir aggressiv enn før.

Både av omsyn til forbrukarar og andre næringsdrivande set marknadsføringslova rammer for marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande. Sidan lova åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikre gode tilhøve, har Forbrukartilsynet fått i oppgåve å føre tilsyn med at varer og tenester blir marknadsførte i samsvar med lova, og med at vilkåra næringsdrivande nyttar i avtalar med forbrukarar, ikkje er urimelege.

Dei nemnde utviklingstrekka gjer at ansvaret til Forbrukartilsynet er blitt meir omfattande og utfordrande, og departementet har derfor dette målet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

I 2019 vil Forbrukartilsynet bli bedt om mellom anna å prioritere tilsyn på digitalområdet, bustadområdet og med marknadsføring av kreditt.

Forbrukartilsynet skal gjennom forhandlingar og enkeltvedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som vernar forbrukarane.

Ei prioritering for Forbrukartilsynet i 2017 og 2018 har vore å følgje opp dei skjerpte reglane for marknadsføring av kreditt som tok til å gjelde frå 1. juli 2017. Forbrukartilsynet har informert aktørane, mellom anna gjennom eit seminar for marknadsføringsnettverka til kredittilbydarane, og gjennomført to tilsynsaksjonar som avdekte mange lovbrot. Ei rekkje selskap som etter tilsynsaksjonane fekk brev med krav om å endre marknadsføringa, har innretta seg etter krava. Uavhengig av aksjonane har Forbrukartilsynet òg teke opp fleire einskildsaker, mellom anna marknadsføring av forbrukslån som eigenkapital til bustadkjøp.

Forbrukartilsynet har gått gjennom avtalevilkåra og marknadsføringa til alle nye betalingstenester dei siste åra for å sikre at selskapa ikkje bryt marknadsføringslova og finansavtalelova. Tilsynet med betalingstenester har ført til viktige endringar i avtalevilkåra og til at tenestene no i større grad samsvarer med krava om forbrukarvern i lovverket.

I 2019 vil Forbrukartilsynet halde fram med å arbeide for at marknadsføring av finansielle tenester skjer i samsvar med lovverket, og at kontraktane som blir brukte, er rimelege og balanserte. Særleg vekt vil bli lagt på forbrukslån og forbrukarkreditt.

Bustadmarknaden er eit anna område Forbrukartilsynet har arbeidd med. I 2017 har tilsynet brukt mykje tid på å sørgje for at store og mellomstore utbyggjarar har klare, rimelege og balanserte kontraktar ved sal av prosjekterte bustader. Tilsynet har òg arbeidd for at det skal liggje riktig og balansert informasjon til grunn ved kjøp av bruktbustader. I 2019 vil Forbrukartilsynet halde fram arbeidet med å medverke til at marknadsføring og annan informasjon til forbrukarane i bustadhandelen er riktig og tilstrekkeleg, og at kontraktane som blir nytta, er rimelege og balanserte. Bustadannonseringa er i endring. Forbrukartilsynet vil sjå til at nye former for marknadsføring av bustader skjer i tråd med lova.

Forbrukartilsynet har dei siste åra satsa særskilt på forbrukarvern i den digitale økonomien. Arbeidet er ei satsing som går på tvers av bransjar og sektorar. I 2017 har tilsynet særleg arbeidd med avtalevilkår og forbrukardata. Eit resultat frå arbeidet er ei rettleiing om avtalevilkår som føretak i den digitale økonomien kan nytte for å vere sikre på at vilkåra deira er i samsvar med lovverket. For at forbrukarvernet i den digitale økonomien skal bli betre, har Forbrukartilsynet samarbeidd tett med Datatilsynet i 2017 og 2018, for å klargjere korleis tilsyna best kan bruke person- og forbrukarvernregelverket saman. Dette arbeidet vil halde fram i 2019.

Forbrukartilsynet vil i 2019 arbeide særleg med problemstillingar som den digitale utviklinga reiser. Det overordna målet er å få aktørane til å respektere at reglane som vernar forbrukarar, òg gjeld i den digitale økonomien. Forbrukartilsynet vil avklare korleis regelverket skal nyttast på nye problemstillingar, gjennom rettleiing, dialog og handsaming av einskildsaker i Noreg og internasjonalt. For å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet er løyvinga til Forbrukartilsynet føreslått auka med 6 mill. kroner frå 2019.

Krav til merking av reklame i sosiale medium har vore høgt prioritert i Forbrukartilsynet. Det gjeld særleg der barn er i målgruppa. Våren 2017 lanserte Forbrukartilsynet i samarbeid med Medietilsynet ei oppdatert rettleiing om merking av reklame i sosiale medium som bloggar, Instagram, Snapchat og YouTube. Forbrukartilsynet vil i 2019 auke innsatsen på dette området og slå ned på ulovleg marknadsføring overfor barn og unge i digitale medium.

Forbrukartilsynet vil i 2019 følgje med på at det ikkje blir brukt ulovlege påstandar om effekt i marknadsføring av alternativ behandling, og at anna marknadsføring av helsetenester ikkje skjer i strid med marknadsføringslova.

Forbrukartilsynet fekk frå 1. januar 2018 utvida myndigheit til å gripe inn med vedtak og sanksjonar mot næringsdrivande som bryt marknadsføringslova og andre forbrukarvernlover. Marknadsrådet, som hovudsakleg handsamar saker om marknadsføring, blei frå same dato eit reint klageorgan for vedtaka frå tilsynet. Det står att å sjå kva verknad endringane får for sakene til Marknadsrådet. Endringane har gjort det mogleg å gjere vedtak mot næringsdrivande som bryt lovverket, på ein raskare og meir effektiv måte.

Marknadsrådet fekk i 2017 inn seks saker frå Forbrukarombodet (no Forbrukartilsynet) til full handsaming, mot berre tre i 2016. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 118 dagar, som er i overkant av kravet (under tre og ein halv månad). At kravet til sakshandsamingstida ikkje fullt blei oppfylt, hadde i stor grad samanheng med forhold hos partane. I tillegg til sakene Marknadsrådet fekk til full handsaming, fekk rådet i 2017 inn 22 klager på at Forbrukarombodet ikkje hadde teke saker til handsaming. Sakene til Marknadsrådet er ulike i innhald og omfang, og handsamingstida varierer derfor frå år til år. Talet på saker varierer òg, utan at det alltid verkar inn på handsamingstida.

Informasjon og kunnskap

Informasjon og kunnskapsoppbygging er nokre av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Skal marknadene fungere, må forbrukarane ha kunnskapar om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Dei bør vite nok til å kunne velje bort varer og tenester som ikkje samsvarer med behov og preferansar, og vite korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med kjøp. Over tid kan det at mange forbrukarar vel bort eller klagar på dårlege varer og tenester, stimulere tilbydarsida til å levere betre produkt og vilkår.

I store og kompliserte marknader kan det vere krevjande for forbrukarane å samanlikne prisar og kvalitetar og gjere gode val. Det kan òg vere utfordrande å vite kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Mange forbrukarar kan ikkje nok om eigne rettar og plikter eller om korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med kjøp. Regjeringa arbeider derfor for eit betre informasjonstilbod retta mot forbrukarane, og for å gjere dette tilgjengeleg og kjent.

Dette målet er fastsett for den delen av forbrukarpolitikken som handlar om informasjon og kunnskap:

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Både informasjonsløysingane Forbrukarrådet har ansvar for, og miljømerka Svana og EU Ecolabel er omfatta av dette målet.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta meir informerte val og betre kjenne rettane og pliktene sine. Først blir status og utviklinga for informasjonsverksemda til Forbrukarrådet omtalt, deretter ulike tiltak som skal styrkje undervisinga i forbrukaremne og stimulere til eit meir miljøtilpassa forbruk. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2017 og første halvdel av 2018, og for planlagde tiltak i 2019.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å gi forbrukarane relevant informasjon som dei kan nytte både før og etter kjøp. Forbrukarrådet fekk i 2017 inn rundt 71 800 førespurnader via telefon, e-post og brev, ein auke frå rundt 69 600 i 2016. Auken kom sjølv om Forbrukarrådet har vidareutvikla nettstaden forbrukerradet.no, slik at det har blitt enklare for forbrukarane å finne fram til informasjon på eiga hand. Nettstaden hadde i 2017 i snitt 53 300 unike brukarar kvar veke, mot 56 550 i 2016. Forbrukarrådet ser nedgangen i samanheng med at det i 2017 blei publisert færre testar. Over tid er det at mange nyttar eller kjenner nettstaden, ein viktig føresetnad for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

For å hjelpe forbrukarane til å gjere informerte og gode val, har Forbrukarrådet dei seinare åra utvikla fleire digitale informasjonsløysingar. Løysingane skal medverke til at forbrukarane får tilgang til god og oppdatert informasjon om kva som er tilgjengeleg i ulike marknader. Pris- og marknadsoversikter skal medverke til å styrkje konkurransen til fordel for forbrukarane og medverke til å skape betre balanse mellom profesjonelle aktørar og einskilde forbrukarar.

Det finst ingen objektiv målestokk for kor gode eller kjende informasjonsløysingane er. Truleg kan utviklinga i talet på brukarar og kjennskapsundersøkingar over tid seie noko om dette.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester innanfor bank, forsikring, investeringar og pengeoverføringar til utlandet. Han leverer òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester (distributørar). Medrekna inngang via distributørar, hadde Finansportalen kvar veke i snitt 32 950 unike brukarar i 2017, ein auke på rundt 27 prosent frå 2016. Forbrukarrådet ser auken i samanheng med at det under portalen i 2017 blei lansert ein ny modul som viser pensjonsprodukt med eigenskapar og prisar (pensjonsmodulen). Den nye modulen har gjort det enklare å gjere samanlikningar og ta informerte val i marknaden for slike produkt. Det er i 2018 starta eit arbeid med å modernisere forsikringsmodulen i portalen.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) gir informasjon om kva tannlegar tek betalt for ulike typar tenester. I snitt hadde portalen kvar veke 13 750 unike brukarar i 2017, mot 5 150 i 2016. Auken har samanheng med at tala, i motsetning til tidlegare, inkluderer brukarar via distributørar. At mange nyttar Tannhelseportalen, legg grunnlag for ein meir velfungerande marknad for tannhelsetenester.

Straumprisportalen (strompris.no), som blei lansert i 2015, skal gjere det enklare å samanlikne prisane frå ulike straumleverandørar. I snitt hadde denne portalen kvar veke 7 500 unike brukarar i 2017, mot 5 500 i 2016. Forbrukarrådet ser auken i samanheng med at portalen har fått nytt design, og med bruk av ein ny datamodell.

Forbrukarrådet arbeider for tida med å realisere ei felles merkevareplattform for dei digitale informasjonsløysingane. Dei eksisterande trafikkstraumane på tenestene skal utnyttast betre, og «merkevara» Forbrukarrådet skal i større grad nyttast til å skape større trafikk. Ved å samle informasjonsløysingane på ein stad, håpar Forbrukarrådet å gjere det enklare for forbrukarane å finne fram til dei, og gjennom det auke bruken.

Årleg brukar Forbrukarrådet store ressursar på drift og utvikling av marknadsportalane sine. Blant anna på bakgrunn av dette er det viktig å få klargjort om portalane har den nytteverdien for forbrukarane og effekten på konkurransen i marknaden som er tiltenkt. Tidleg i 2018 gav BLD analyseselskapet Menon Economics i oppdrag å evaluere Finansportalen og samstundes drøfte nytteverdien av marknadsportalar meir generelt. Rapporten frå evalueringa blei lagd fram i september. Denne konkluderer med at Finansportalen medverkar til auka kunnskap hos forbrukarane og lågare søkjekostnader når forbrukarar skal orientere seg i marknaden. Rapporten viser at stadig fleire forbrukarar nyttar Finansportalen når dei skal byte eller reforhandle finansielle tenester, men at portalen ikkje har medverka til auka byte- og forhandlingsaktivitet blant forbrukarane totalt sett. Statistiske analysar gir indikasjonar på at Finansportalen har hatt ein liten positiv effekt på konkurransen, hovudsakleg i marknaden for bustadlån.

På bakgrunn av ein konkurransefagleg gjennomgang, gir Menon Economics anbefalingar om når offentlege marknadsportalar kan vere eigna verkemiddel. BLD vil følgje opp konklusjonane og anbefalingane i rapporten i dialog med Forbrukarrådet og i det arbeidet departementet gjer med stortingsmeldinga om forbrukarpolitikken.

Forbrukarrådet fekk i 2016 i oppdrag å utvikle ein portal for handverkartenester. Portalen skulle mellom anna gi forbrukarane kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten til handverkarar. På grunn av fleire utfordringar knytt til tilgangen på data blei det i 2018 bestemt at arbeidet med portalen skulle innstillast inntil vidare. Hovudutfordringa var tilgangen til gode data om enkeltmannsføretak. Utan gode data om dette ville handverkarportalen gi for få opplysingar om ein stor del av marknaden. Større føretak kunne bli favoriserte framfor mindre. Stortinget blei informert om at arbeidet med portalen er innstilt i Prop. 85 S (2017–2018).

Forbrukerrådet vil likevel gi forbrukarane god og relevant informasjon om handverkartenester. Det viktigaste sett frå forbrukarstyresmaktenes side er å leggje til rette for at forbrukarane i større grad inngår skriftlege avtalar. Heimesida til Forbrukarrådet tilbyr no gratis tilgang til standardkontraktar for handverkartenester. Kontraktane er utarbeidde av Standard Norge i samarbeid med aktørar frå bransjen og styresmaktene. Heimesida inneheld òg informasjon, tips og råd om korleis ein skal gå fram ved kjøp av handverkartenester.

Særskilt om Daglegvareportalen

Forbrukarrådet har på oppdrag frå BLD arbeidd med å etablere ein gratis tilgjengeleg informasjonsportal for daglegvarer (Daglegvareportalen). Tiltaket hadde bakgrunn i oppmodingsvedtak nr. 436 (2014–2015) av 3. mars 2015. Portalen skulle rettleie forbrukarane om vareutvalet i butikkane og eigenskapar ved varene, som næringsinnhald, innhaldsstoff og pris.

For å unngå stillteiande prissamarbeid og vareta konkurranseomsyn utforma departementet oppdraget slik at portalen ikkje skulle vise prisen på kvar einskild vare. I staden skulle Forbrukarrådet setje saman ei varekorg og måle prisen på henne i kvar butikk, slik at forbrukarane fekk presentert ein prisindeks.

Forbrukarrådet valde å løyse dette ved å utvikle to separate verktøy: eit nettbasert verktøy som skulle gi rettleiing om prisnivået i butikkane, og mobiltelefonappen Peiling, som viser annan informasjon om varene, bortsett frå pris, og kvar dei er å få kjøpt.

Arbeidet med prisverktøyet har vore krevjande, og lanseringa er utsett fleire gonger. Det har vore utfordringar med at datagrunnlaget frå bransjen ikkje er godt nok til å få til korrekte prissammanlikningar. Tekniske avgrensingar grunna konkurranseomsyn har òg vore utfordrande. På bakgrunn av ei tilråding frå Forbrukarrådet avgjorde regjeringa våren 2018 at arbeidet med prisverktøyet skulle avsluttast. Stortinget blei orientert om avgjerda i Prop. 85 S (2017–2018). Samstundes blei det uttrykt at det ville vere naudsynt å komme tilbake til spørsmålet om mobiltelefonappen Peiling skulle vidareførast, og dei budsjettmessige konsekvensane av saka, i Prop. 1 S (2018–2019).

Regjeringa har konkludert med at Peiling bør avviklast innan utgangen av 2018. Konklusjonen byggjer på usikkerheit knytt til den forventa nytteverdien av appen, sett opp mot kostnadene ved å føre arbeidet vidare. Kostnadane for ordinær drift er anslått til om lag 6 mill. kroner per år. Vidare er det knytt usikkerheit til kvaliteten på datagrunnlaget for appen. Som følgje av avgjerda om å avvikle Peiling er løyvinga til marknadsportalar føreslått redusert med 6 mill. kroner frå 2019. Regjeringa går òg inn for å avvikle rapporteringsplikta for daglegvarekjedene, som er innført for å kunne tilby oppdatert informasjon i Daglegvareportalen, ved årsskiftet.

Undervising i forbrukaremne

BLD vil at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege, og opplæringa skal gi elevane digital kompetanse og kunnskapar om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar og mediebruk.

Opplæringslova seier at elevane skal utvikle kunnskapar, dugleikar og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – en fornyelse av Kunnskapsløftet blir berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring framheva som tverrfaglege emne som skal prioriterast i fornyinga av skulefag. Emnet folkehelse og livsmeistring skal medverke til at elevane utviklar kompetanse som fremjar helse og set dei i stand til å handtere ulike utfordringar i livet – til dømes mediebruk, forbruk og personleg økonomi. BLD vil i 2019 føre vidare arbeidet med å heve kunnskapen og forståinga om desse tverrfaglege emna.

BLD har i mange år hatt eit samarbeid med Høgskolen i Innlandet om ulike tiltak som gjeld undervising i forbrukaremne. I 2017 arrangerte høgskulen mellom anna fagdagar ved universitet og høgskular, lærarseminar om personleg økonomi og temamøte/seminar om berekraftig utvikling. Høgskulen utvikla og distribuerte òg undervisningsmateriell og leidde ei gruppe som gir departementet råd i arbeidet med forbrukarundervisning. Departementet vidareførte samarbeidet med høgskulen inn i 2018 og vil halde fram med dette i 2019.

Barn og unge blir utsette for eit sterkt kommersielt press. Med auka bruk av digitale medium følgjer eksponering for nye marknadsføringsmetodar. BLD arbeider for at skulen skal ha gode læreverktøy om reklame. Departementet vil derfor halde fram med å distribuere undervisingsheftet om reklame. Målet er å utvikle reflekterte haldningar til reklame hos dei unge, slik at dei blir betre rusta til å stå imot mellom anna kjøpepress og reklame som spelar på kjønnsroller og urealistiske kroppsideal.

I tråd med føremålsparagrafen til skulen skal opplæring i berekraftig utvikling medverke til at elevane lærer å tenkje kritisk og handle etisk og miljømedvite. BLD har i fleire år hatt eit samarbeid med Ungt entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing om berekraftig forbruk. Rundt 2 400 elevar i seks ulike fylke deltok i prosjektet i 2017. Departementet held fram med samarbeidet med UE i 2018 og 2019.

Forbruk og miljø

Regjeringa arbeider for at det skal vere enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val, og støttar opp om arbeidet til Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel). Miljømerking søkjer å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

I 2017 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt: frå 15 339 ved utgangen av 2016 til 18 400 ved utgangen av 2017. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka innan mange produktgrupper i 2017. Størst auke var det for golvbelegg, innandørs måling og lakk, møbel og innreiingar, tekstilar, tonerkassettar og kosmetiske produkt. BLD er nøgd med ei utvikling der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Ei kjennskapsundersøking i 2017 viste at 91 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 87 prosent i 2016). Den same undersøkinga viste at 22 prosent kjende til EU Ecolabel (mot 23 prosent i 2016). Utbreidd kjennskap til miljømerka kan tyde på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

Talet på produkt med miljømerke og kjennskapen til desse merka kan òg seie noko om kvar ein står i forhold til målet som er omtalt innleiingsvis om gode og godt kjende informasjonsløysingar.

Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking vil halde fram med å informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

Matsvinn er eit miljømessig, kostnadsmessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. Sidan godt over halvparten av svinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BLD å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere sitt svinn. Samstundes blir resultata på forbrukarleddet betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere svinnet.

Det blei i 2017 inngått ein avtale om å redusere matsvinn mellom Klima- og miljødepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen. Bransjeavtalen, som gjeld fram til 2030, er ei oppfølging av ein intensjonsavtale frå mai 2015. Avtalen byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. I 2017 blei det òg underskrive tilslutningsavtalar med enkeltbedrifter, til dømes alle daglegvarekjedene.

Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

BLD har i 2017 og 2018 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Matvett er eigd og stifta av sentrale aktørar i matbransjen. Støtta frå BLD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. BLD har òg i både 2017 og 2018 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO i oppdrag å skaffe fram meir kunnskap om matsvinn på forbrukarleddet.

Gjennom bransjeavtalen vil BLD i 2019 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

BLD sette i juni 2018 ned eit ekspertutval med brei representasjon som skal greie ut om det er tenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet skal levere utgreiinga si til departementet i løpet av 2019. Stortinget vil på eigna måte bli orientert om framdrifta i saka. Sjå òg omtale ovanfor av oppmodingsvedtak nr. 890 av 13. juni 2016 og oppmodingsvedtak nr. 200 av 12. desember 2017.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

860

Forbrukarrådet

157 778

160 271

155 094

-3,2

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 058

10 330

10 630

2,9

865

Forbrukarpolitiske tiltak

17 184

19 175

19 671

2,6

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

12 475

13 520

14 122

4,5

868

Forbrukartilsynet

27 044

27 171

33 485

23,2

Sum kategori 11.30

224 539

230 467

233 002

1,1

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

3868

Forbrukartilsynet

16

Sum kategori 11.30

16

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Drift

41 013

42 883

49 851

16,2

50-59

Overføringar til andre statsreknskaper

167 828

169 708

164 756

-2,9

70-98

Overføringar til private

15 698

17 876

18 395

2,9

Sum kategori 11.30

224 539

230 467

233 002

1,1

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Basisløyving

131 758

133 734

134 924

51

Marknadsportalar

26 020

26 537

20 170

Sum kap. 0860

157 778

160 271

155 094

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å vareta interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremme ein klage. Forbrukarrådet har òg fått ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet, med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjering til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett inn for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge (omtalt ovanfor under «Reglar og rammevilkår»).

Forbrukarrådet har gjennomført ei større omorganisering dei siste åra og effektivisert klagehandsaminga. Med bakgrunn i dette føreslår BLD å redusere løyvinga på posten med 2 mill. kroner for at departementet skal kunne prioritere andre område i budsjettet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 134,9 mill. kroner i 2019.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (strømpris.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

Etter planen skulle Handverkarportalen lanserast i 2017. Portalen skulle mellom anna vidareformidle kvalitetssikra informasjon om seriøsiteten i føretak i byggjenæringa. På grunn av fleire utfordringar, særleg med tilgangen til relevante data og at etableringa av Seriøsitetsregisteret er innstilt, blei Stortinget informert om at arbeidet med portalen er innstilt i Prop. 85 S (2017–2018). Som følgje av dette føreslår departementet å tilbakeføre midlane som er overførte frå Kommunal- og moderniseringdepartementet til årlege driftskostnader. BLD føreslår derfor å rammeoverføre 1 mill. kroner frå posten til kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet, post 22 Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling.

Prosjektet med å utvikle ein daglegvareportal, medrekna appen Peiling, blir lagt ned i sin heilskap i 2018, jf. omtale under avsnittet «Særskilt om Daglegvareportalen». Posten blir som følgje av dette føreslått redusert med 6 mill. kroner i 2019. Midlane er nytta på andre prioriterte område i budsjettet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 20,2 mill. kroner i 2019.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Driftstilskot

10 058

10 330

10 630

Sum kap. 0862

10 058

10 330

10 630

Status for verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BLD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Hovedorganisasjonen Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2017 vel 10 mill. kroner i driftstilskot frå BLD. Av dette beløpet blei om lag 1,5 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking nesten 1,2 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 32,9 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Posten dekkjer tilskot til Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei løyving på 10,6 mill. kroner i 2019.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

1 494

2 192

2 244

50

Forsking og undervisning, kan nyttast under post 21

10 050

9 437

9 662

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 328

1 412

1 453

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 312

6 134

6 312

Sum kap. 0865

17 184

19 175

19 671

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Vidare blir posten nytta til å finansiere undersøkingar som skal gi kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknadene tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med forbrukarverksemdene om dette.

Departementet føreslår ei samla løyving på 2,2 mill. kroner i 2019.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet utfører, inntil 8 mill. kroner, blir òg dekte over denne posten. Arbeidet består i konkrete forskingsoppgåver som SIFO utfører basert på kunnskapsbehovet til departementet. I 2019 vil det vere prioritert å skaffe fram fakta og dokumentasjon om

  • utviklinga i forbruket, haldningane og problema til forbrukarane

  • den økonomiske situasjonen til hushalda, med vekt på mellom anna gjelds- og betalingsproblem

  • konsekvensar for forbrukarane av digitalisering

  • effekten av forbrukarpolitiske verkemiddel og tiltak

Departementet føreslår ei samla løyving på 9,7 mill. kroner i 2019.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og enkeltprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa.

Det blir føreslått å føre vidare tilskota til tre særskilde tiltak i 2019:

  • 0,5 mill. kroner til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Inntil 0,1 mill. kroner av tilskotet går til ei tilskotsordning for reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsarbeid. Tilskotet blir fordelt etter kriterium kunngjorde på nettstaden til Standard Norge (standard.no). Fagrådet for forbrukarsaker fører kontroll med tilskotet.

  • Støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap om undervisingsopplegg i ungdomsskulen om berekraftig forbruk.

  • Støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn.

Departementet føreslår ei samla løyving på 1,5 mill. kroner i 2019.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Noreg deltek i EUs forbrukarprogram, Consumer Programme 2014–2020. Dette programmet er i hovudsak ei vidareføring av rammeprogrammet for perioden 2007–2013, Consumer Programme 2007–2013. Sjølv om det førre programmet blei avslutta i 2013, held einskilde aktivitetar fram, og deltakarlanda kan ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret.

Forbrukarprogrammet har som mål å medverke til å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, så vel som retten til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga inneber mellom anna at Forbrukartilsynet og andre tilsyn deltek i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbrukar Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvaltning i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA). Ved handsaminga av Prop. 75 S (2015–2016) i mai 2016 gav Stortinget samtykke til å innlemme arvtakaren ISA2 (2016–2020) i EØS-avtalen.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å anslå utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,3 mill. kroner i 2019.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

12 475

13 520

14 122

Sum kap. 0867

12 475

13 520

14 122

Status for verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har som oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Sakene til Forbrukarklageutvalet legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet handsamar hovudsakleg klager på vedtak av Forbrukartilsynet i saker om brot på marknadsføringslova. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova.

Forbrukarklageutvalet handsamar hovudsakleg tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Etter forbrukarklagelova som tok til å gjelde 1. mars 2017, kan Forbrukarklageutvalet òg handsame prinsipielle saker som er mekla av Forbrukarrådet, og som fell utanfor det vanlege saksfeltet til utvalet. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Alle saker til Forbrukarklageutvalet må først ha vore behandla av Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet, i tillegg til godtgjering mv. til medlemmane av Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Marknadsrådet skal som hovudregel dekkje sakskostnadane for næringsdrivande som får medhald i klager på vedtak fatta av Forbrukartilsynet, sjå omtale under kap. 868 nedanfor. Som følgje av dette føreslår departementet ein auke av posten med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 868 post 01, jf. omtale under kap. 868 post 01.

Departementet føreslår ei samla løyving på 14,1 mill. kroner i 2019.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

27 044

27 171

33 485

Sum kap. 0868

27 044

27 171

33 485

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Hovudmålet for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og gjennom rettleiing og informasjonsverksemd. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane til forbrukarane blir varetekne, og at forbrukarane kan ta informerte val.

Marknadsføringslova regulerer verksemda til Forbrukartilsynet. Tilsynet fører tilsyn med reglane i marknadsføringslova om rimeleg handelspraksis og avtalevilkår som vernar forbrukarane.

Forbrukartilsynet skifta namn frå Forbrukarombodet til Forbrukartilsynet 1. januar 2018. Samstundes tredde endringar i marknadsføringslova sine handhevingsreglar i kraft. Endringane inneber mellom anna at Forbrukartilsynet kan treffe vedtak i alle saker, og at Marknadsrådet er blitt klageorgan. Dette gjer det mogleg for tilsynet å gripe raskare og meir effektivt inn mot næringsdrivande som bryt lovverket.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet.

Som følgje av at Marknadsrådet frå 1. januar 2018 blei klageorgan, har rådet fått ansvar for å dekkje sakskostnader for næringsdrivande som får medhald i klager. I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2018 blei derfor 0,3 mill. kroner flytta frå Forbrukartilsynet til Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet.

Departementet føreslår no å flytte desse midlane permanent. Posten blir derfor føreslått redusert med 0,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, post 01 Driftsutgifter.

Regjeringa går inn for å styrkje arbeidet til tilsynet med digitale spørsmål. Løyvinga på posten er derfor føreslått styrkt med 6 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 33,5 mill. kroner i 2019.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Diverse inntekter

16

Sum kap. 3868

16

Programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den einskilde og samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion.

Regjeringa har som mål for likestillingspolitikken at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å ta eigne val. BLD har det overordna ansvaret for koordinering av politikken på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Sektordepartementa har ansvar for likestillingspolitikken på eigne sektorområde. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Meldinga løfter fram utfordringar som gjeld likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn, presenterte. Regjeringa vil arbeide for å motverke kjønnsdelte utdanningsval. BLD føreslår i statsbudsjettet for 2019 å auke tilskotet til Jenter og teknologi. Det føreslås òg ein auke til tiltak for å auke andelen kvinnelege toppleiare i næringslivet og å motverke kjønnsdelte utdanningsval.

Regjeringa har våren 2018 sett ned #UngIDag-utvalet, som skal greie ut kva for likestillingsutfordringar barn og unge har på sentrale arenaer, som i heim, barnehage, skule og utdanning. Utvalet skal også sjå på likestillingsutfordringar ungdom møter i fritida og når det gjeld sosiale medium og kroppspress. Det er òg ei sentral oppgåve for utvalet å fremje tiltak som kan bidra til meir likestilling for den einskilde og i samfunnet.

Ny felles likestillings- og diskrimineringslov gjeld frå 1. januar 2018. Formålet med lova er eit styrkt, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa etablerte òg eit nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet med verknad frå 2018. Målet er meir effektiv saksbehandling og at det skal få konsekvensar å diskriminere. Den nye lova inneber òg at pådrivarrolla og handhevingsrolla er skilde frå kvarandre.

BLD samordnar gjennomføringa av Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019). Arbeidet omfattar ti departement og ei rekkje direktorat og statlege verksemder, stiftingar og organisasjonar. Handlingsplanen følgjer opp visjonen frå regjeringa om eit samfunn der alle kan delta, gjennom å arbeide for eit universelt utforma samfunn.

Hausten 2016 la regjeringa fram ein strategi mot hatefulle ytringar. Målet med strategien er å medverke til god offentleg meiningsutveksling og å førebyggje og motverke hatefulle ytringar. Strategien gjeld fram til 2020.

Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til LHBTIQ-personar og motverke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa har derfor lagt fram Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020). I 2019 vil departementa arbeide vidare med gjennomføring av tiltaka på eigne område.

BLD vil i 2018 leggje fram ein strategi for betre samordning av politikken og betre gjennomføring av måla regjeringa har sett om likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. Strategien vil bli følgd opp av ein handlingsplan med konkrete tiltak.

BLD har òg starta arbeidet med ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion.

Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, som dekker dei diskrimineringsgrunnlaga og samfunnsområder som den nye likestillings- og diskrimineringslova omfattar, er ei føresetnad for målretta og kostnadseffektiv innsats i åra framover, både frå aktuelle styresmakter, aktørane i arbeidslivet og i det sivile samfunn. BLD vil i 2019, i samarbeid med aktuelle sektordepartement, initiere eit arbeid for å kartlegge utfordringar, identifisere kunnskapshull og vurdere behovet for meir systematisk utveksling/spredning av forsking/kunnskap mellom sektorane.

Mål

BLD har for 2019 følgjande mål innen området likestilling og ikkje-diskriminering.

Mål

  • Ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad.

  • Færre barrierar mot deltaking i utdanning og arbeidsliv.

  • Vareta rettane til LHBTIQ-personar, bidra til openheit og aktivt motarbeide diskriminering.

  • Fremje universell utforming på dei områda der utfordringane er størst.

  • Effektivt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Kjønn, utdanning og arbeidsmarknad, Deltaking i utdanning og arbeidsliv, Diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, Universell utforming og auka tilgjenge og Handhevingsapparatet nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Kjønnslikestilling

Kjønn, utdanning og arbeidsmarknad

Yrkesdeltakinga til kvinner har hatt mykje å seie for den økonomiske veksten i Noreg. Ein forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforskning viser at dersom vi ikkje hadde hatt sysselsetjingsvekst blant kvinner sidan 1972, ville BNP i Fastlands-Noreg summert over 40 år vore 3300 milliardar kroner lågare. Gutar og jenter tek framleis i for stor grad kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval. Særleg i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande skule er fleire av utdanningsprogramma dominerte av eit kjønn.

Likestillingsmeldinga frå regjeringa slår fast at kjønnstradisjonelle utdanningsval bidreg til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, forskjellar i lønn, arbeidstid og arbeidsbelastning. På samfunnsnivå påverkar den kjønnsdelte arbeidsmarknaden rekrutteringa til yrke, næringar og sektorar. Fastlåste mønster i arbeidsmarknaden fører til liten fleksibilitet og resulterer i dårleg nytting av humankapitalen. Departementet har sett dette målet:

  • Ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat på feltet som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og planlagde tiltak i 2019.

Likestillingspolitisk orientering

Barne- og likestillingsministeren la fram ei orientering for Stortinget 22. mai 2018 om status i arbeidet med å fremje likestilling og mangfald i alle sektorar. Eit tema var likestilling mellom menneske, med undertema om diskriminering, negativ sosial kontroll, kroppspress, #metoo, vald i nære relasjonar og kvinnehelse. Likestilling i skule og arbeidsliv var eit anna tema, og dette inkluderte integreringsløftet, kjønnsdelt arbeidsmarknad og utdanningsval, næringsliv og leiarar. Det siste temaet var internasjonalt arbeid. Det var debatt om orienteringa 28. mai 2018.

Prosjektet Jenter og teknologi

Regjeringa har støtta prosjektet Jenter og teknologi i regi av NHO med 2,5 mill. kroner i 2017 og 2,5 mill. kroner i 2018. Målet med prosjektet er å auke delen jenter i teknologifaga på alle nivå i utdanningssystemet ved at fleire jenter vel utradisjonelle utdanningar og karrierar. I 2017 deltok 4 000 jenter i 9. og 10. klasse på arrangement 12 ulike stader over heile landet. Til saman 1 000 jenter mellom 15 og 19 år har delteke på arrangement på høgare utdanningsinstitusjonar. På arrangementa får jentene møte unge kvinnelege rollemodellar som fortel om sine utdanningsval og sine studie- eller arbeidsdagar. Jenter og teknologi er i dialog med fleire utdanningsinstitusjonar om å halde arrangement i framtida. I 2018 blei NHO og NITO einige om å samarbeide om prosjektet.

Jenter og teknologi har nytta tradisjonelle og sosiale medium for å nå dei unge, og for å nå sentrale målgrupper som foreldre og karriererettleiarar. Til dømes har dei utvikla ein film retta mot foreldre, som har nådd over 100 000 personar på Facebook.

Tala på kvinner som søkjer seg til tekniske yrkesfag, fagskule og teknologi- og realfag på høgare utdanning, viser ei svak positiv utvikling.

Like moglegheiter til å velje utdanning og yrke trass i kjønn er sentralt for eit likestilt arbeidsliv. Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2019 å auke tilskotet til Jenter og teknologi til samla om lag 3,5 mill. kroner. I tillegg føreslås ein auke på 1 mill. kroner til tiltak for å motverke kjønnsdelte utdanningsval. Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærarutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Kunnskapsdepartementet føreslår òg 1 mill. kroner til dette. BLD og KD vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningslaupa.

BLD føreslår òg ein auke på 1 mill. kroner til tiltak som kan bidra til å auke delen kvinnelege toppleiarar i næringslivet. I tillegg kjem tilsvarande beløp på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

#UngIDag-utvalet

#UngIDag-utvalet skal mellom anna ta for seg utfordringar som gjeld kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval. Målet er at utvalet skal føreslå gode tiltak for å få unge til å bryte med tradisjonelle kjønnsrollemønster når dei vel utdanning og yrke. Utgreiinga kan gi oss eit kunnskapsgrunnlag for å utvikle ein strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad.

Pilotprosjektet Likestilt arbeidsliv

I 2016 og 2017 har regjeringa støtta pilotprosjektet Likestilt arbeidsliv på Agder med 1 mill. kroner. Målet er at bedriftene som deltek, skal bli sertifiserte som likestilte bedrifter. I 2018 blei 15 offentlege og private bedrifter innstilte som dei første likestilte bedriftene i Noreg. Arbeidet er konkretisert gjennom sju innsatsområde med eigne kriterium. Sertifiseringa er prosessorientert, og bedriftene må kunne dokumentere systematisk arbeid og rutinar på dei ulike innsatsområda. Det er fem kriterium for sertifisering til kvart av dei sju områda: forankring, inkluderande arbeidsmiljø, rekruttering, tilrettelegging, heiltidskultur, livsfase og likelønn.

Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet

Hovudorganisasjonane i arbeidslivet og regjeringa ved Arbeids- og sosialdepartementet og BLD har eit samarbeid om å fremje likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet. Dette trepartssamarbeidet er forankra i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, og likestilling blir jamleg teke opp som tema i rådet. Arbeidsgruppa under rådet sette i 2017 i gang ei kunnskapsoppsummering om likelønnsstandarden på Island. Rapporten blei lansert i juni 2018. Likelønnsstandarden skal sørgje for at kvinner og menn blir betalte likt for same type arbeid i same bedrift. Standarden har førebels ikkje fungert lenge nok til at vi kan fastslå korleis dette verkar. Eit viktig poeng er at standarden gjeld internt i bedrifta, og ikkje generelt i samfunnet. Skilnader i lønn som skuldast at kvinner og menn jobbar i ulike bransjar og sektorar, vil ikkje endre seg.

Partane i arbeidslivet og myndigheitene samarbeider òg om informasjonsmateriell som ledd i arbeidet med å motverke seksuell trakassering.

CORE – Senter for likestillingsforsking

CORE har i 2017 konsentrert si forsking om karriere og toppleiing, lønsforskjeller mellom kjønna, kjønnsdelte utdanningsval og arbeidsmarknadens kjønnsdelte struktur, samt familie- og likestillingspolitikk. Rapporten Kjønnssegregering og mobilitet i det norske arbeidsmarkedet (2017), viser at den viktigaste grunnen til den kjønnsdelte arbeidsmarknaden er utdanningsvala til de unge. Men samtidig viser rapporten at det er ein tendens til at unge arbeidstakare i mindre grad vel kjønnstradisjonelle yrker, kvinner veljar mindre tradisjonelt enn menn og det er ein aukande tendens til at menn med innvandrarbakgrunn går inn i kvinnedominerte yrker. Desse endringstendensane vil gjera sitt til ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad. CORE si forsking viser at det er stor variasjon mellom sektorar på arbeidsmarknaden når det gjeld kjønnssamansetning i toppstillingar. Medan næringsliv og akademia vedvarande er svært mannsdominert på toppen, er kvinner og menn likare representert i toppstillingar i offentleg sektor og i organisasjonslivet.

CORE Topplederbarometer 2018 viser at mannsdominansen er stor i leiinga av norsk næringsliv. I dei 200 største selskapa er det berre 22 prosent kvinnelege toppleiarar, og berre 26 selskap har kjønnsbalanse i toppleiargruppa. Det er ei lita, men positiv utvikling sidan 2014 ved at delen kvinnelege toppleiarar i dei største selskapa har auka frå 18 prosent i 2014 til 22 prosent i 2018. Berre 10 prosent av dei øvste leiarane (CEO / administrerande direktør) er kvinner. Dette er ein auke frå 7,5 prosent i 2016. 39 selskap har ingen kvinner i toppleiinga. CEO-ar blir skifta ut ofte. Over halvdelen, 54 prosent, av alle CEO-ar har vore øvste leiar i under fem år. Men trass i store utskiftingar er det berre 13 prosent kvinner som er rekrutterte til CEO dei siste fire åra. Barometeret viser at om ein ønskjer betre kjønnsbalanse på toppen av næringslivet må ein rette merksemda mot å auke delen kvinner i linjeposisjonar. Erfaring frå slike stillingar blir ofte sett på som naudsynt for å rykkje opp til øvste nivå, som er CEO. Berre 16 prosent av kvinnelege toppleiarar har linjeposisjon med resultatansvar.

CORE har som mål å gjere forskinga tilgjengeleg gjennom enkle framstillingar av likestillingsforsking. I tillegg til CORE Topplederbarometer har dei utvikla CORE-indikatorane «Economic benefits of women in the workforce» og «Kjønn og lønn» og fleire CORE-statusar: «Kjønnsbalanse på toppen?», «Foreldrepermisjon og fedrekvote» og «Hvordan lukker Island lønnsgapet?».

CORE – Senter for likestillingsforsking skal i 2019 halde fram arbeidet og vere eit sentralt miljø for likestillingsforsking om arbeidslivet, med vekt på samspelet mellom familie og arbeidsliv. Senteret skal drive forsking, kunnskaps- og nettverksbygging og formidling av forskingsresultat.

Arbeidet med likestilling i Bufdir

Bufdir er eit fagorgan for gjennomføring av likestillingspolitikken og skal medverke til å styrkje kompetansen i kommunar og andre sektorstyresmakter på likestilling og ikkje-diskriminering.

Nettressursen kjønnslikestilling.no, som blei lansert i januar 2017, viser statistikk, indikatorar og kvalitativ forsking på nasjonalt nivå. I tråd med Statistisk sentralbyrå si vidareutvikling av lønnsstatistikken har Bufdir på kjønnslikestilling.no presentert meir detaljerte analysar av skilnadene i inntekta til menn og kvinner innanfor ulike sektorr, næringar, yrkeskategoriar og i utbetaling av bonus og overtidsgodtgjersler.

I 2018 arrangerte BLD og Bufdir ein konferanse om likestilling mellom kvinner og menn. Dette var den fyrste nasjonale likestillingskonferansen frå styresmaktene si side. Konferansen hadde seksuell trakassering på dagsordenen, med tittelen «#Metoo – hva nå?».

Bufdir skal i 2019 halde fram arbeidet med å samle og systematisere dokumentasjon og statistikk som gjeld likestilling mellom kvinner og menn. Eksisterande indikatorar skal vurderast, og det skal utviklast nye. Nye indikatorar skal publiserast på kjønnslikestilling.no. Arbeidet skal sjåast i samanheng med indikatorarbeidet på andre diskrimineringsgrunnlag og knytast til rapporteringa om internasjonale konvensjonar og rapportering på FNs berekraftsmål. Rammeavtalen med SSB om koordinering av likestillingsrelatert statistikk vil bli forlengd for 2019.

Bufdir er i gang med eit prosjekt om kjønnsdelte utdannings- og yrkesval. Prosjektet skal i første omgang kartleggje ulike tiltak og hente inn kunnskap om temaet.

Tilskot til frivillige organisasjonar på familie- og likestillingsområdet

I samsvar med målet om å sikre drift for frivillige organisasjonar som har arbeid med familie- og likestillingspolitikk i Noreg som kjerneverksemd, er om lag 60 prosent av tilskotsmidlane løyvde som driftstilskot. Likestilling i denne tilskotsordninga inneber likestilling mellom kjønn. Bufdir forvaltar ordninga og nyttar fleire kjelder for å følgje opp at måla blir nådde, til dømes rapportering frå tilskotsmottakarar, evalueringar og forsking.

Av dei 18 organisasjonane som fekk driftsstønad, var sju kvinnepolitiske, ni familiepolitiske, éin mannspolitisk og éin minoritetspolitisk.

Prioriterte prosjektområde var tiltak som gjeld kvinner med minoritetsbakgrunn, rollene til menn og kjønnstradisjonelle utdanningsval. I 2017 fekk 15 organisasjonar tilskot til aktivitetar. Av dei 15 organisasjonane som fekk tilskot til prosjekt, var ti minoritetspolitiske, fire mannspolitiske og ein kvinnepolitisk.

Tilskotsmidlane har bidrege til at målet med aktivitetstilskota blir nådd ved å gi organisasjonane økonomi til å gjennomføre tiltak som er med på å setje dagsorden, supplere og korrigere det offentlege familie- og likestillingspolitiske arbeidet, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar. Tiltaka oppfyller eitt eller fleire av dei prioriterte områda i ordninga.

Likestillingssenter

Reform – ressurssenter for menn, Likestillingssenteret på Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder er kunnskapssenter for å fremje likestilling og mangfald. Likestillingssentra følgjer opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling i arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering. Likestillingssentera har fått meir å seie gjennom arbeid med likestilling regionalt i eigne oppdrag frå Bufdir og andre statlege og kommunale styresmakter.

Personar med nedsett funksjonsevne

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for samordning av politikken retta mot personar med nedsett funksjonsevne. Sektordepartementa har ansvaret for politikk og tiltak for universell utforming på eigne sektorområde.

Deltaking i utdanning og arbeidsliv

Barn med nedsett funksjonsevne deltek mindre i skuleaktivitetar og ordinær undervisning enn andre barn. Manglande inkludering påverkar deltaking og sosialisering utanfor skuletid. Personar med funksjonsnedsetjingar med høgare utdanning har 4,5 gonger høgare sjanse for å vere i arbeid enn personar med funksjonsnedsetjingar som berre har grunnskule. Det er likevel ein monaleg lågare del i denne gruppa som tek høgare utdanning enn elles i befolkninga. I 2016 var 44 prosent av personar med nedsett funksjonsevne i arbeid, mot 73 prosent i befolkninga generelt. I 2016 var delen med nedsett funksjonsevne som står utanfor arbeidslivet, men som ønskjer jobb, på 24 prosent, eller tilsvarande 85 000 personar.

Departementet har dette målet for arbeidet for personar med nedsett funksjonsevne:

  • Færre barrierar mot deltaking i utdanning og arbeidsliv.

Regjeringa vil utarbeide ein strategiplan for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. Målet med strategiplanen er å sikre ein meir koordinert og heilskapleg innsats for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne på statleg nivå og ei meir effektiv gjennomføring av politikken til regjeringa. BLD koordinerer arbeidet med strategiplanen. Planen vil mellom anna vere retta inn mot auka deltaking i utdanning og arbeidsliv.

Strategiplanen skal ha ein strategidel og ein handlingsplandel. Strategidelen skal skildre politiske mål, rammer og prioriteringar, og korleis staten skal innrette verksemda si for å oppnå likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. Handlingsplandelen vil presentere konkrete tiltak som skal bidra til auka likestilling.

Rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

Kommunane er forplikta til å følgje menneskerettskonvensjonar som Noreg har slutta seg til, inkludert FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Likestillingssenteret og KUN fekk i 2017 i oppdrag å hente inn kunnskap frå utvalde kommunar og fylkesmenn om CRPD. Kartlegginga tyder på at kommunane har lite kunnskap om korleis dei bør arbeide for å realisere CRPD. Rapporten blir følgd opp med ulike tiltak for å auke kunnskapen og medvitet om CRPD i kommunane.

Bufdir arbeider hausten 2018 med å fullføre, i samarbeid med Helsedirektoratet, ei felles rettleiing for barnevernet og helsesektoren om tenester til barn med nedsett funksjonsevne. Målet er å gjere det tydelegare kva som er barnevernet og helsesektoren sine roller og ansvarsoppgåver og å klargjere samarbeidsplikta knytt til barn med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester frå begge sektorane.

Auka kunnskap hos kommunetilsette, pårørande og brukarar kan medverke til betre og meir likeverdige tenester for personar med utviklingshemming. Bufdir har utvikla ein nettressurs om rettar for personar med utviklingshemming for å møte informasjonsbehovet hos kommunetilsette, utviklingshemma og dei pårørande. I tillegg samlar direktoratet kunnskap og statistikk på eigne internettsider om levekårsstatus for personar med nedsett funksjonsevne.

Eit viktig arbeid er å få på plass kommuneindikatorar som ein del av statistikken om levekårsstatus frå slutten av 2018. Kommunemonitoren vil styrkje moglegheitene til å samanlikne tenesteytinga i kommunane. Dette vil mellom anna gi eit betre kunnskapsgrunnlag for kommunane i arbeidet med å forbetre tenestetilbodet og levekåra til funksjonshemma.

Bufdir tok i 2016 initiativ til eit arbeid med å greie ut moglegheitene for å utvikle ein offisiell levekårstatistikk for personar med funksjonsnedsetjing. Dette er eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå og NAV og tek utgangspunkt i NAV sine hjelpemiddeldata og uføreregister. Prosjektet er planlagt å gå over i driftsfase frå 2020 og er viktig for å få meir kunnskap om levekåra til personar med funksjonsnedsetjing.

Tilskot for å betre levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne

Bufdir forvaltar tilskot til tiltak for å betre levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne. I 2017 prioriterte direktoratet prosjekt og tiltak som formidlar rettane til funksjonshemma, som medverkar til positive haldningsendringar i samfunnet, og som gjer tenestene for familiar med barn med nedsett funksjonsevne betre.

134 frivillige organisasjonar for funksjonshemma fekk driftsstøtte frå Bufdir i 2017.

Tilskotsordninga til fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne var ny i 2017, og eit resultat av samanslåing av tilskota til «Sommarleir for barn og unge med nedsett funksjonsevne med særskilt store hjelpebehov» og «Ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne». Deltaking i fritidsaktivitetar er viktig for barn med nedsett funksjonsevne. Over 4 000 personar i målgruppa deltok i sommarleir eller velferds- og ferietiltak. Av desse var over halvparten under 26 år.

Stiftelsen SOR arbeider med informasjons- og kompetanseformidling, fagutvikling og sosialpolitiske innspel, med særleg vekt på haldningsarbeid og bevisstgjering om utfordringar og moglegheit for utvikling. SOR arbeider med å fremje rettane til utviklingshemma gjennom samvirke med einskilde personar, frivillige organisasjonar, offentlege etatar, fagmiljø og utdanningsinstitusjonar. SOR står òg bak modellen for inkludering, HELT MED, som handlar om å tilsette personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet. SOR har søkt om midlar og fått tilsegn om prosjektstøtte til HELT MED frå Bufdir.

Diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

BLD har ansvaret for å samordne LHBTIQ-politikken (lesbisk, homofil, bifil, transperson, interkjønn og skeiv/queer).

Bufdir gjennomførte ei innbyggjarundersøking om haldningar til LHBTIQ-personar i 2017. Utviklinga går i positiv retning, men det er framleis mange som har negative haldningar til LHBTIQ-personar. Funna viser at det framleis er barrierar mot samfunnsdeltaking for LHBTIQ-personar. BLD har derfor følgjande mål for arbeidet med diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk:

  • Vareta rettane til LHBTIQ-personar, bidra til openheit og aktivt motarbeide diskriminering.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat på feltet som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og planlagde tiltak i 2019.

I 2018 har ein fullført indikatorar på LHBTIQ-feltet, som dekkjer både etablerte levekårsområde, arbeidsliv og helse i tillegg til LHBTIQ-spesifikke tema. Dei ligg på nettsidene til Bufdir og skal leggje til rette for at ein kan følgje utviklinga i levekåra for LHBTIQ-befolkninga over tid. Nasjonale og lokale styresmakter kan gjere seg nytte av dette kunnskapsgrunnlaget for å utvikle politikk, tiltak og handlingsplanar på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Indikatorsidene blir publiserte i 2018, og haldningsundersøkinga frå 2017 er ein del av datamaterialet. Bufdir vil føre vidare arbeidet med LHBTIQ-indikatorar ved å oppdatere og vidareutvikle nettsidene jamleg.

Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020) blei lansert i juni 2016. Handlingsplanen har innsatsområda trygge nærmiljø og offentlege rom, likeverdige offentlege tenester og betre livskvalitet for særleg utsette grupper. Handlingsplanen vidarefører òg den internasjonale innsatsen frå Noreg si side og samarbeid mellom styresmaktene og organisasjonane på dette feltet. Planen inneheld ei rekkje tiltak. Mellom anna skal levekåra til ulike grupper av LHBTIQ-personar kartleggjast, som til dømes LHBTIQ-personar med funksjonsnedsetjingar og LHBTIQ-personar med innvandrarbakgrunn. Det skal vidare setjast i verk tiltak mot mobbing og trakassering i skulen, og arbeidet mot hatkriminalitet på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk skal styrkjast. Bufdir tok del i utviklinga av planen, og direktoratet har frå 2017 fått ansvaret for å koordinere den faglege og operative gjennomføringa av planen. Bufdir skal i tillegg gjennomføre ei rekkje einskilde tiltak. I 2018 har det òg vore arrangert fleire regionale konferansar om LHBTIQ. Våren 2018 la Bufdir fram ein statusrapport for tiltaka som var gjennomførte i 2017.

ILGA Europe, den europeiske paraplyorganisasjonen for nasjonale LHBTIQ-organisasjonar, rangerer årleg alle dei europeiske landa etter ei vurdering av politikk og lovverk på LHBTIQ-området i kvar einskild stat. Noreg blei i 2018 rangert som nummer tre på denne rangeringa, og rykte dermed éin plass ned samanlikna med 2017. Malta og Belgia fekk betre skår enn Noreg. Noreg er framleis i toppsjiktet blant dei 49 landa som er med i ILGA sin kåring.

I 2019 vil involverte sektordepartement arbeide vidare med gjennomføring av tiltaka i Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020). Den fyrste studien i Noreg om levekåra til personar med variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling vil bli lagd fram. Arbeidet med gjennomføring av ei ny landsomfattande levekårsundersøking blant LHBTIQ-personar i eit livsløpsperspektiv skal førast vidare.

Våren 2019 skal Noreg vere vertskap for IDAHOT-forum i Oslo. Forumet er den viktigaste arenaen for LHBTIQ-saker i Europa, der representantar frå styresmakter og sivilsamfunn kjem saman for å drøfte LHBTIQ-politikk.

Bufdir skal arrangere ein regional LHBTIQ-konferanse i Kristiansand, som vil vere særleg retta mot folkehelsekoordinatorar. Konferansen skal ha eit interseksjonelt perspektiv.

Tilskot til aktivitetar og drift av frivillige organisasjonar og andre, som bidreg til betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar

I samsvar med overordna mål om å sikre drift for frivillige organisasjonar som har arbeid for å betre levekår og livskvalitet for LHBTIQ-personar i Noreg som si kjerneverksemd, er i 2018 om lag 60 prosent av tilskotsmidlane på 11,5 mill. kroner løyvde som driftstilskot til fem organisasjonar i målgruppa. I 2017 gjekk nærare 80 prosent av tilskotsmidlane til drift av organisasjonar, men Bufdir gav i 2018 organisasjonen Blikk aktivitetstilskot og dermed gjekk prosentdelen driftsmidlar ned.

Ordninga gir òg støtte til aktivitetar, slik at frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekår og livskvalitet for LHBTIQ-personar i Noreg, får høve til å gi informasjon/kunnskap og skape merksemd, debatt og haldningsendringar når det gjeld LHBTIQ-spørsmål. I 2017 blei det løyvd tilskot til 14 ulike aktivitetar på til saman om lag 2 mill. kroner og i 2018 til 14 ulike aktivitetar på til saman om lag 4,4 mill. kroner.

Det er òg gitt tilskot til tiltak som tek sikte på å betre kvardagen til målgruppa direkte ved rettsleg hjelp til personar med minoritetsbakgrunn, sosiale samlingar og sommarleirar. Det er gitt tilskot til sju Pride-arrangement – i Bergen, Kristiansand, Oslo, Telemark, Trondheim, Tromsø og Ørsta/Volda – og dermed er store deler av landet dekt. I Noreg er det ikkje gjort målretta forsking på kva verknad slike arrangement kan ha på levekåra til målgruppa, men internasjonal litteratur tyder på at dei er sentrale for mellom anna at gruppa kan vere synleg, og at dei har bidrege til meir positive haldningar hjå majoritetsbefolkninga.

Frå 2017 inkluderer ordninga støtte til prosjekt som er sikta inn på å fremje levekår og livskvalitet blant interkjønnpersonar. I 2017 var det to slike organisasjonar som søkte om og fekk innvilga støtte.

Universell utforming og auka tilgjenge

BLD har ansvaret for å samordne politikken på området universell utforming. Sektordepartementa har ansvaret for politikk og tiltak for universell utforming på eigne sektorområde.

Eit breitt, systematisk arbeid i ei rekkje sektorar har gitt positive resultat. Universell utforming er innarbeidd som ein naudsynt samfunnskvalitet innan blant anna transport, bygg og IKT. Lover, forskrifter og auka kunnskap om universell utforming i offentleg og privat verksemd gir eit godt grunnlag for vidare utvikling på mange område. Regjeringa vil framover konsentrere merksemda om sektorar med store utfordringar. BLD har dette målet innanfor arbeidet med universell utforming:

  • Fremje universell utforming på dei områda der utfordringane er størst.

Omtalen nedanfor gjeld i hovudsak arbeidet i BLD med samordning av Regjeringens handlingsplan for universell utforming 2015–2019 og tek i tillegg føre seg nokre konkrete tiltak. Omtalen gjer greie for resultat på feltet som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og planlagde tiltak i 2019.

Det er løyvd midlar på kap. 872, post 71 til å stimulere utviklinga av universell utforming. Om lag halvparten av desse midlane er sette av til to tilskotsordningar. I 2017 var dette 15,6 mill. kroner, og det blei gitt tilskot til 85 prosjekt i 2017. Tilskotsmottakarane var brukarorganisasjonar, bransjeorganisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og fylke og private verksemder. Tilskotsordningane gir konkrete resultat og har ein positiv effekt på dei områda som dei skal dekkje. Til dømes fekk i 2017 32 prosjekt tilskot i kommunane, mellom anna til kartlegging og prosjektering av universell utforming. Dei prosjekta som elles fekk tilskot, spenner vidt, frå forsking til informasjon. Transportøkonomisk institutt fekk til dømes middel til eit prosjekt om nyttekostnadsanalyse av tiltak for universell utforming, medan FFO fekk støtte til konferansen «Norge universelt utformet – hva nå?».

Regjeringens handlingsplan for universell utforming 2015–2019 har hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir arbeidet på andre viktige samfunnsområde følgde opp. Bufdir utarbeider jamlege statusrapportar for tiltaka i planen på bufdir.no.

Det er 47 tiltak på områda til 11 departement. Arbeidet med dei ulike tiltaka går hovudsakleg etter planen og skal vere gjennomførte som planlagt ved avslutning av planperioden.

Indikatorar for universell utforming viser at tilgangen til deler av samfunnet for personar med funksjonsnedsetjingar er ei utfordring. Dette gjeld særskilt eksisterande bygningar, uteområde og infrastruktur. Her er det til dels store utfordringar. Det vidare arbeidet med universell utforming blir retta inn mot innsats på dei områda der utfordringane er størst, og det blir gjennomført ei evaluering av status for å avklare nærare.

Hatefulle ytringar

Regjeringa la hausten 2016 fram ein strategi mot hatefulle ytringar. Strategien skal motverke hatefulle ytringar på alle diskrimineringsgrunnlaga. Den nasjonale strategien fell godt saman med arbeidet mot kjønnsbaserte hatytringar som var initiert i regi av det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2017.

I arbeidet mot hatytringar både på nasjonalt og nordisk nivå har Bufdir vore ein sentral aktør. Bufdir lyste i 2017 ut tre forskingsoppdrag:

  • Kunnskapsoppsummering og kartlegging av tiltak mot hatefulle ytringar. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter har fått oppdraget. Rapporten viser at mange ulike slags tiltak mot hatefulle ytringar blir gjennomførte både i Noreg og internasjonalt. Samstundes har tiltaka vore lite forska på, og ein veit derfor lite om effekten av tiltaka.

  • Haldningsundersøking om likestilling, diskriminering og hatefulle ytringar. Fafo har fått oppdraget, og resultata er klare tidleg i 2019.

  • Omfanget av hatefulle ytringar. Institutt for samfunnsforsking har fått oppdraget, og resultata er klare tidleg 2019.

Strategien mot hatefulle ytringar blei revidert fyrste gong i 2018 og er utvida med informasjon om ny kunnskap på området og status når det gjeld eksisterande og nye tiltak. Regjeringa har etablert ei eiga referansegruppe i samband med utarbeidinga og oppfølginga av strategien.

Bufdir har etablert nettsida hatytringer.no. Sida inneheld relevant informasjon om arbeidet mot hatefulle ytringar, kva ein kan gjere om ein blir utsett for dette og om arbeidet til styresmaktene.

I 2018 har Bufdir arbeidd med å skape auka merksemd om hatefulle ytringar nasjonalt, mellom anna gjennom regionale dialogmøte og konferansar i samarbeid med lokale aktørar. Bufdir har mellom anna vore medarrangør om temaet hatefulle ytringar under Arendalsuka og i Fagdagene til Nordland fylkeskommune og det fylkeskommunale rådet for nedsett funksjonsevne. Bufdir planlegg òg eit ungdomsseminar i Stavanger saman med Kirkelig dialogsenter.

Bufdir utviklar no ein informasjonskampanje retta mot arbeidslivet om hatefulle ytringar i samarbeid med Geelmuyden og Kiese. Ei referansegruppe er oppretta for å bidra i arbeidet.

Kampanjen #ikkegreit blei lansert i sosiale medium i november 2017 som følgje av satsinga på nordisk nivå. Kampanjen bidrog til merksemd om hatefulle ytringar retta mot unge jenter og vekte stor interesse i sosiale medium. Ein del av kampanjen retta seg mot ungdom, og ein annan del retta seg mot vaksne som er i kontakt med ungdom. Kampanjen vann i 2018 prisen Gulltaggen i kategorien «Sosiale medium» og gull i kategorien «Best persuasive content» i In2Sabre, i konkurranse med byrå og kampanjar frå heile Europa.

Stopp hatprat-kampanjen i regi av Norges Handikapforbund vil i 2018 mellom anna etablere eit Stopp hatprat-akademi og etablere eit praktikarnettverk for ungdomsarbeidarar, lærarar og ungdomsleiarar som ønskjer å få støtte, opplæring og rettleiing i å halde workshopar for ungdommar om hatprat. Regjeringa fører i 2019 vidare støtta til Stopp hatprat-kampanjen. Stopp hatprat arbeider med å etablere seg nasjonalt og gir opplæring til sine eigne stopp hatprat-ambassadørar. Dette er ungdommar frå heile Noreg som representerer kampanjen og deltek i ulike aktivitetar for ungdom. Ei eiga evaluering viser at ordninga fremjar gode førebilete og skaper merksemd om hatytringar. Stopp hatprat har over 10 000 følgjarar på Facebook. Stopp hatprat har i samarbeid med Bufdir arrangert eit debattmøte i Tromsø om hets og hatprat mot samar. I debatten deltok lokale politikarar og sentrale samiske aktørar. Aktivitetane til Stopp hatprat er godt fagleg funderte og byggjer på ressursmateriale som er utvikla av Europarådet.

Arbeidet mot hatefulle ytringar har vore sentralt også i det nordiske samarbeidet. Meir informasjon om dette er å finne i delen om internasjonalt arbeid.

Digitale medium er kanskje den største arenaen for ytringar av diskriminerande og hatefull karakter. I 2019 vil Bufdir lyse ut eit oppdrag som ved bruk av stordataanalyse skal kartleggje omfanget av faktiske ytringar av hatefull eller diskriminerande karakter.

BLD veit lite om avsendarar av hatefulle ytringar og kva for faktorar som ligg til grunn for at personar ytrar seg hatefullt. Bufdir vil difor i 2019 setje i gang eit forskingsprosjekt som har som mål å gi meir kunnskap om hatefulle ytringar.

Etnisitet, religion og livssyn

Ulike rapportar, kartleggingar og statistikk viser at rasisme og diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion og livssyn er eit problem i samfunnet. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter har levert rapporten Holdninger til jøder og muslimer i Norge 2017. Denne viser mellom anna at negative haldningar til muslimar er svært utbreidd i befolkninga, og at både muslimar og jødar meiner at fordommane mot eiga gruppe har auka dei siste åra. 10 prosent av befolkninga meiner at vald og trakassering av muslimar kan forsvarast på grunn av nylege terrorangrep. 20 prosent av det muslimske utvalet og meir enn 11 prosent av befolkninga generelt meiner at trakassering og vald retta mot jødar kan forsvarast når ein tenkjer på korleis Israel behandlar palestinarar.

Bufdir var initiativtakar til eit større nordisk forskingsprosjekt om levekår for samar med nedsett funksjonsevne. Funna viser at desse personane kan oppleve utfordringar i møtet med hjelpeapparatet. Mangel på kulturell forståing og informasjon på samisk blei peikt på som problemområde. Det blei òg løfta fram korleis FN-konvensjonen om rettar for personar med funksjonsnedsetjing bør følgjast opp med eit urfolksperspektiv. Gjennom dette prosjektet er det blitt etablert møteplass for kunnskapsutvikling og erfaringsutveksling for forskingsmiljø frå Noreg, Sverige og Finland.

I samanheng med tidlegare oppdrag om å utvikle indikatorar på alle diskrimineringsgrunnlaga, arbeider Bufdir med å utvikle indikatorar på diskriminering og utviklinga i likestillingstilhøva for etniske minoritetar i Noreg. Det finst mest statistikk om innvandrarar og barna deira. Statistikken om samar er geografisk avgrensa, og det finst lite eller ingen statistikk om nasjonale minoritetar. Bufdir tek sikte på ei lansering i løpet av 2019.

Handhevingsapparatet

Regjeringa etablerte med verknad frå 2018 eit nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Målet er tydelegare roller, kortare sakshandsamingstid og at det skal få konsekvensar å diskriminere. BLD har følgjande mål innan arbeidet med handhevingsapparatet:

  • Effektivt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

Omtalen nedanfor gjer greie for resultat på feltet som er oppnådde i 2017 og fyrste halvdel av 2018 og planlagde tiltak i 2019.

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering tok til å gjelde 1. januar 2018. Lova har samla dei fire tidlegare likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene, likestillingslova, lova om etnisk diskriminering, diskriminerings- og tilgjengelova og diskrimineringslova om seksuell orientering, i éi lov.

Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda tredde i kraft 1. januar 2018. Lova regulerer verksemda til Likestillings- og diskrimineringsombodet og ei ny diskrimineringsnemnd. Likestillings- og diskrimineringsnemnda blei avvikla 31. desember 2017, og ei ny diskrimineringsnemnd er etablert i Bergen frå 1. januar 2018. Den nye lova inneber at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet er skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene er overførte til den nye nemnda, slik at sakene nå handsamast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye diskrimineringsnemnda har mynde til å handheve klagesaker og til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet og erstatning i enkle saksforhold.

Det er henta inn ei utgreiing om det strafferettslege diskrimineringsvernet. Utgreiinga føreslår mellom anna å inkludere kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk som diskrimineringsgrunnlag i straffelova, slik at transpersonar får eit betre vern mot diskriminering. Justis- og beredskapsdepartementet har sendt utgreiinga på offentleg høyring med frist i november 2018. BLD vil følgje opp høyringa i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet.

BLD vil i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere behov for endringar i likestillings- og diskrimineringslova i samband med eit EU-direktiv om tilgjenge på nettsidene og mobilapplikasjonane til offentlege verksemder.

Departementet har hatt på høyring forslag til eit lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering og forslag om ei styrking av aktivitets- og rapporteringspliktene. Departementet arbeider vidare med å følgje opp forslaget etter høyringa.

Det blei halde 10 møte og handsama til saman 58 saker i Likestillings- og diskrimineringsnemnda i 2017. I tillegg blei 12 saker trekte frå handsaming i nemnda. Totalt er derfor 70 saker avvikla i 2017. Nemnda fekk 50 nye saker til handsaming frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2017. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid var i 2017 på 43 veker.

I 2019 skal den nye Diskrimineringsnemnda ha etablert gode rutinar for sakshandsaming og talet på saker som blir handsama i nemnda, skal på sikt auke.

Internasjonalt arbeid

FN

BLD prioriterer deltaking i dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon (CSW) og statspartsmøtet om FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

FNs kvinnekommisjon (CSW) er den viktigaste møteplassen for å diskutere situasjonen for kvinner globalt. I 2018 blei den norske delegasjonen til kvinnekommisjonen leidd av utanriksministeren og barne- og likestillingsministeren. Ved avslutninga av kvinnekommisjonen blei ein einige om eit sluttdokument om årets tema, kvinner og jenter på landsbygda. Noreg var òg representert i statspartsmøtet om FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Organisasjonar for funksjonshemma var med i den norske delegasjonen.

Arbeidet i BLD med oppfølging av FN-konvensjonane er omtalt under kapittel 10 i del III om arbeid med menneskerettar.

Europarådet

Europarådet arbeider med sentrale politikkområde for BLD, som barne- og ungdomspolitikk, familiepolitikk, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikk, valdsproblematikk, sosial tilhøyrsle og medborgarskap. For mandatperioden 2016–2017 møtte Bufdir på vegner av Noreg i styringskomiteane for likestilling (GEC) og ungdomspolitikken (CDEJ) og i ekspertkomiteane for rettar for personar med funksjonsnedsetjing (CAHDPH) (lagd ned i april 2018) og barnerettar (CAHENF). Sentralt står arbeidet med å følgje opp og vidareutvikle strategiane for Europarådet på dei respektive politikkområda. Europarådsstrategien for like rettar for kvinner og menn for 2018–2023 blei lansert i København 3. mai 2018. BLD har det overordna og koordinerande ansvaret for den norske deltakinga i komitéarbeid i Europarådet.

EU/EØS

Noreg medverkar til ny politikk- og regelutvikling innanfor ramma for EU/EØS-samarbeidet for grunnleggjande rettar, likestilling og ikkje-diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering.

Fire direktivforslag på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet frå Europakommisjonen er til behandling i råd og parlament: Ikkje-diskrimineringsdirektivet (2008), Direktiv for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre (2012), tilgjengedirektivet «European Accessibility Act» (2015) og direktivet for betre balanse mellom yrkes- og familieliv (2017). For ein betre balanse mellom familie- og yrkesliv føreslo Europakommisjonen eit nytt direktiv for foreldrepermisjon – det såkalla Work-Life Balance Directive (2017). Dette skal erstatte tidlegare direktiv på politikkområdet. Work-Life-Balance direktivet inngår også som ein del av EU-søyla for sosiale rettar, som også inneheld fleire likestillingstiltak der målet er å få fleire kvinner i arbeid. Direktiva og initiativa har alle til felles at dei er EØS-relevante, og at dei vil kunne setje nokre rammer for politikkutviklinga i Noreg.

BLD vil følgje opp dei strategiske rammene frå EU for utvikling av like moglegheiter for kvinner og menn, personar med funksjonsnedsetjingar og seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (LHBTI) der Noreg har samanfallande interesser og der det er eit tydeleg samspel mellom nasjonale prioriteringar og deltaking i europeisk samarbeid.

Nordisk ministerråd

Noreg heldt formannskapen i Nordisk ministerråd i 2017. På likestillingssektoren var desse temaa hovudprioriteringar: likestilling i arbeidslivet, arbeidet mot vald, arbeidet mot hatefulle ytringar og menn og likestilling. Som følgje av satsinga på nordisk nivå blei det halde nordiske og internasjonale konferansar med tema som vald, hatefulle ytringar og likestilling i arbeidslivet. Det kom ut fagrapportar på arbeidet mot vald og hatytringar, og i tillegg blei det på det sistnemnde området gitt ut informasjonsmateriell retta mot ungdom 13–18 år i alle dei fem nordiske landa (sjå arbeidet på nasjonalt nivå). Når det gjeld arbeidet for å inkludere menn og gutar i likestillingsarbeidet, blei det arrangert to konferansar, ein på Island og ein i Danmark.

Det noverande samarbeidsprogrammet for perioden 2015–2018, «Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden» går ut dette året. Arbeidet med eit nytt program er i gang, og det vil gjelde for perioden 2019–2022. Frå norsk side har det vore viktig å vidareføre arbeidet for å inkludere menn og gutar i det nye samarbeidsprogrammet på likestillingsfeltet.

Hovudprioriteringane på helse- og sosialsektoren i formannskapsåret var mellom anna universell utforming, velferdsteknologi og utsette barn og unge. BLD deler ansvaret for deltaking i embetskomiteen og ministerkomiteen på helse- og sosialområdet med Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. I formannskapsåret var BLD ansvarleg for ein nordisk konferanse om Universell utforming og kvardagsteknologi i Oslo og eit nordisk sidearrangement på statspartsmøtet om CRPD ved FN i New York.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

870

Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda

6 168

18 598

19 006

2,2

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

46 592

56 248

57 099

1,5

872

Nedsett funksjonsevne

243 768

268 015

275 712

2,9

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

55 107

42 821

43 843

2,4

Sum kategori 11.40

351 635

385 682

395 660

2,6

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Drift

26 412

44 899

47 934

6,8

50-59

Overføringar til andre statsreknskaper

55 107

42 821

43 843

2,4

70-98

Overføringar til private

270 116

297 962

303 883

2,0

Sum kategori 11.40

351 635

385 682

395 660

2,6

Kap. 870 Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

6 168

18 598

19 006

Sum kap. 0870

6 168

18 598

19 006

Stortinget vedtok 16. juni 2017 lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombodslova), jf. Prop. 80 L (2016–2017). Lova erstattar lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda av 10. juni 2005 og tredde i kraft 1. januar 2018.

Den nye diskrimineringsombodslova inneber at lovhandhevingsoppgåvene blei skilde ut frå Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 1. januar 2018. Lovhandhevingsoppgåvene blei overførte til ei ny nemnd, slik at alle sakane blir handsama i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda handsamar lov om likestilling og forbud mot diskriminering. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltningsorgan som administrativt ligg under BLD. Nemnda består av tre avdelingar som kvar består av éin leiar og to medlemmer. Det er i tillegg oppnemnt seks varamedlemmer. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om utøvinga av styresmakt i handsaminga av einskildsaker.

Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve, og gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet for Diskrimineringsnemnda. I tillegg kjem godtgjersle med meir til nemndmedlemmer og til eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn.

Departementet føreslår ei samla løyving på 19 mill. kroner i 2019.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

10 924

11 592

13 868

70

Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

18 877

20 982

17 977

72

Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn

11 274

11 578

11 914

73

Likestillingssenter

8 232

8 454

13 340

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

-2 715

3 642

Sum kap. 0871

46 592

56 248

57 099

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Forskings- og utviklingsmidlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt av særleg relevans på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Det føreslås òg ein auke på 2 mill. kroner til tiltak som kan bidra til å auke delen kvinnelege toppleiare i næringslivet og å motverke kjønnsdelte utdanningsval. Det er særskilt relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskole- og barnehagelærerutdanninga. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant.

Departementet føreslår ei samla løyving på 13,9 mill. kroner i 2019.

Post 70 Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tilskotsordninga Familie- og likestillingspolitiske organisasjonar. Målet med ordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet i frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018). Vidare blir posten nytta til tilskot til særskilde tilskotsmottakarar, som blir forvalta av Bufdir og departementet. Posten kan også nyttast til eventuelle etterbetalingar for deltaking i EU-programma PROGRESS (2007–2013) og Daphne III (2007–2013).

Løyvinga har i 2018 vore nytta til driftstilskot til Reform – ressurssenter for menn og til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder. Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (FOKUS) har fått midlar som har bidrege til ulike aktivitetar på ansvarsområdet til departementet. Det er òg gitt tilskot til prosjekt i regi av Kilden informasjonssenter for kjønnsforsking.

Løyvinga til driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn og til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder på 4,6 mill. kroner er frå og med 2019 flytta til kap. 871, post 73.

BLD føreslår å auke tilskotet til Jenter og teknologi i regi av NHO med 1 mill. kroner, til samla 3,5 mill. kroner i 2019.

Departementet føreslår å gi tilskot til desse særskilde tilskotsmottakarane i 2019:

  • Kjernemiljø for likestillingsforskning – CORE

  • Jenter og teknologi, i regi av NHO

  • FOKUS – Forum for kvinner og utviklingsspørsmål

  • Kilden informasjonssenter for kjønnsforskning

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Innsats mot hatefulle ytringar – Stopp hatprat!-kampanjen i regi av Norges Handikapforbund

  • Kommunane som deltek i TryggEst, sjå omtale under Programkategori 11.10

Alle tilskot blir vurderte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei samla løyving på 18 mill. kroner i 2019.

Post 72 Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar (LHBTI), jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar. Ordninga omfattar også driftstilskot til dei landsdekkjande LHBTI-organisasjonane og magasinet Blikk i tillegg til regelmessige aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten for LHBTI-personar.

Departementet føreslår ei samla løyving på 11,9 mill. kroner i 2019.

Post 73 Likestillingssenter

Løyvinga delfinansierer Likestillingssenteret, KUN – senter for kunnskap og likestilling, Reform – ressurssenter for menn og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder. Løyvinga til driftstilskot til Reform – ressurssenter for menn og til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder på 4,6 mill. kroner er flytta til post 73 frå kap. 871, post 70 frå og med 2019.

Departementet føreslår ei samla løyving på 13,3 mill. kroner i 2019.

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

Løyvinga har dekt den norske deltakinga i EU-program innanfor Programkategori 11.40.

Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inneheldt områda sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald. Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper, Daphne III 2007–2013.

Sjølv om programma blei formelt avslutta i 2013, har nokre aktivitetar halde fram, og deltakarlanda har hatt økonomiske forpliktingar i fleire år etter avslutningsåret. Frå og med 2019 reknar BLD forpliktingane sine som ferdige. Eventuelle etterbetalingar vil bli dekte over post 70.

Saldert budsjett for 2018 på posten er 3,6 mill. kroner. BLD føreslår at løyvinga blir omprioritert til andre tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet og forbrukarområdet.

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2019.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

9 320

14 709

15 060

70

Funksjonshemma sine organisasjonar

197 834

213 176

219 358

71

Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

30 136

28 277

29 097

72

Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

6 478

11 853

12 197

Sum kap. 0872

243 768

268 015

275 712

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga skal nyttast til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei samla løyving på 15,1 mill. kroner i 2019.

Post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordningane Funksjonshemma sine organisasjonar og Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Føremålet med ordningane er å gi organisasjonane for funksjonshemma betre høve til å drive interesserepolitisk arbeid, yte service til medlemmene sine og å gi personar med nedsett funksjonsevne gode ferie- og velferdstiltak, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 219,4 mill. kroner i 2019.

Post 71 Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga skal nyttast til tiltak i Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019), og primært til tiltak som går på tvers av sektorar. Ansvaret for eit universelt utforma samfunn kviler på ei rekkje departement, og arbeidet følgjer prinsippet om sektoransvar. BLD har ansvar for å koordinere arbeidet med handlingsplanen. I handlingsplanen står IKT og velferdsteknologi sentralt. Samstundes skal det kontinuerlege arbeidet på viktige samfunnsområde følgjast opp. Det gjeld mellom anna universell utforming av bygg, anlegg, uteområde og transport.

Departementet vil i 2019 gi tilskot til Standard Norge til utvikling av standardar for universell utforming, Norsk design- og arkitektursenter til innovasjonstiltak og kompetanseheving av formgivarar og KS til nettverksprosjekt for universell utforming i kommunesektoren.

Løyvinga skal òg nyttast til tilskotsordninga Universell utforming – kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon, som støttar arbeidet med universell utforming i handlingsplanen, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 29,1 mill. kroner i 2019.

Post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Tiltak for å betre levekåra og livskvaliteten til menneske med nedsett funksjonsevne. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan få støtte gjennom ordninga, jf. omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 12,2 mill. kroner i 2019.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Basisløyving

55 107

42 821

43 843

Sum kap. 0873

55 107

42 821

43 843

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter som er knytt til BLD administrativt. Føremål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova.

Hovudoppgåva til LDO er å fremje likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Ombodet gir òg rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald.

Stortinget vedtok 16. juni 2017 lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombodslova), jf. Prop. 80 L (2016–2017). Lova erstattar lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda av 10. juni 2005 og blei sett i kraft 1. januar 2018.

Den nye diskrimineringsombodslova inneber at lovhandhevingsoppgåvene blei skilde ut frå Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 1. januar 2018.

Ombodet har òg ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjonen (CERD) og konvensjon for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Resultatrapport for 2017/2018

Ei vesentleg oppgåve for ombodet i 2017 var å tilpasse organisasjonen til den nye lova, og dei budsjettmessige konsekvensane av dette. Endringa i diskrimineringsombodslova innebar at handhevingsapparatet på likestillings- og diskrimineringsfeltet blei omorganisert, og at lovhandhevinga blei lagd til eit nytt forvaltningsorgan, Diskrimineringsnemnda, frå 1. januar 2018.

Nedbemanningsprosessen i LDO var avslutta per 31. desember 2017. Denne prosessen innebar at talet på tilsette i LDO blei redusert frå 49 til 38. I samband med endringa i oppgåvene til ombodet er organisasjonen omorganisert.

Aktiviteten i 2017 har vore basert på strategien til LDO for 2017–2022. Hovudsatsingsområda for ombodet er arbeidsliv, skule og utdanning, vald i nære relasjonar, overgrep og seksuell trakassering, helse, bruk av tvang, hatkriminalitet og hatefulle ytringar. Utfordringane til gutar og menn er tema innanfor fleire av desse områda.

Relevant og god hjelp til mange

I 2017 fekk ombodet 2 009 førespurnader om rettleiing og 106 klagar på diskriminering. Dette er ein auke samanlikna med tidlegare år. Dei fleste som tek kontakt for å få rettleiing, har opplevd å bli urettvist behandla på grunnlag av kjønn, nedsett funksjonsevne eller etnisitet.

Det har vore ein føresetnad for eit effektivt likestillings- og diskrimineringsapparat at ombodet tek avgjerder av høg fagleg kvalitet, men òg at sakene blir avgjorde innan rimeleg tid. Ein viktig prioritet i 2017 var å halde sakshandsamingstida for klagesakene nede. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker var 183 dagar i 2017. Dette var i tråd med målet ombodet hadde sett for seg sjølv.

Før omlegginga av handhevingsapparatet blei ein del saker sende til Likestillings- og diskrimineringsnemnda fordi ein av partane var ueinige i utfallet hos ombodet. I 2017 var omgjeringsprosenten i nemnda 13 prosent, som er ein nedgang frå 34 prosent i 2016.

Ombodet sendte 44 saker som ikkje var ferdig handsama over til den nye Diskrimineringsnemnda ved årsskiftet 2017–2018.

Førebyggje diskriminering og informasjon om rettar

I tillegg til rettleiinga av einskilde personar er opplæring ein sentral del av arbeidet i ombodet. For å sikre eit reelt diskrimineringsvern er det viktig at folk kjenner rettane sine. Behovet for kunnskap er stort.

Det er også ein viktig del av arbeidet å gi arbeidsgivarar, styresmakter og andre ansvarlege kunnskap om pliktene deira og om korleis dei skal arbeide aktivt for likestilling og førebygge diskriminering.

I 2017 heldt ombodet om lag 200 føredrag for mange ulike grupperingar, som frivillige organisasjonar, verksemder og arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar. Ombodet tek jamleg imot besøk frå utanlandske delegasjonar som ønskjer kunnskap om ombodsordninga og arbeidet.

I november 2017 arrangerte ombodet ein årskonferanse der ein presenterte ei undersøking om omfanget og ulike former for hatefulle ytringar i offentlege debattar på nettet. Både redaktørar, forskarar og politikarar stilte opp i debatten.

Siste halvdel av 2017 og fyrste halvdel av 2018 har mykje av ombodets arbeid vore prega av #metoo, og arbeidet med å hindre og førebyggje seksuell trakassering av kvinner og menn. I kjølvatnet av #metoo har ombodet merka ein stor auke i talet på organisasjonar, arbeidsgivarar og arbeidstakarorganisasjonar som ønsker at ombodet kan kurse dei i spørsmål om seksuell trakassering.

Tilsyn med FN-konvensjonar

Det lovfesta tilsynsansvaret LDO har for kvinnediskrimineringskonvensjonen (CEDAW) til FN, FNs rasediskrimineringskonvensjon (CERD) og FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) er eit vesentleg utgangspunkt som styrkjer legitimiteten for pådrivararbeidet til ombodet.

LDO leverte sin supplerande rapport til Noregs 9. rapport til FNs kvinnediskrimineringskomité i februar 2017. I rapporten tok ombodet opp fem tema som dei meinte hadde behov for meir treffsikker politikk:

  1. Vald i nære relasjonar

  2. Seksuell trakassering og seksualisert vald

  3. Hatytringar, digital trakassering og digital vald

  4. Menneskehandel

  5. Ulikestilling i arbeidslivet

Dette er område som ombodet har særleg merksemd på i arbeidet sitt. CEDAW-komiteen har tidlegare etterlyst sterkare innsats frå staten på fleire av desse områda. I arbeidet med rapporten har ombodet konsultert det sivile samfunnet.

Strategiar og tiltak for 2019

Likestillings- og diskrimineringsombodet er som følgje av ny diskrimineringsombodslov frå 1. januar 2018 eit reindyrka pådrivarorgan. Ombodet er i gang med å utvikle ny strategi og arbeidsmetode for på ein god måte å fylle pådrivarmandatet sitt. Elles gjeld strategien for ombodet for perioden 2017–2022. Der er dei viktigaste områda arbeidsliv, skule og utdanning, helse, kjønnsbasert vald og hatkriminalitet.

LDO fekk ved den nye lova også ansvar for diskriminering på grunn av alder utanfor arbeidslivet.

LDO held fram med å arbeide for at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til desse og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis. Ombodet vil gi rettleiing til verksemder og vere ein pådrivar for likestilling og mangfald. Dette skjer mellom anna gjennom kurs og foredrag.

LDO vil halde fram med å gi einskildpersonar god rettleiing. Samstundes arbeider ombodet med å utvikle ein strategi for betre å løyse rettleiingsoppgåva si innanfor dei eksisterande ressursane, mellom anna gjennom utvikling av nye og betre nettsider og i målretting av tenesta mot særleg utsette grupper.

Oppgåva til ombodet som tilsynsorgan for tre sentrale FN-konvensjonar er eit kontinuerleg arbeid. Dette blir utført i tett dialog med aktørar frå det sivile samfunnet og offentlege institusjonar.

Post 50 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Departementet føreslår ei løyving på 43,8 mill. kroner i 2019.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for eigne barn. Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For å auke fedre sitt uttak av permisjon, blei fedrekvoten utvida til 15 veker, og morskvoten blei sett til det same, med verknad frå 1. juli 2018. Innleiinga til programkategori 11.10 Familie og oppvekst gir ei samla framstilling av politikkområdet.

Mål

BLD har for 2019 dette målet innanfor denne programkategorien:

Mål

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Dette målet er nærare omtalt nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Bruk av foreldrepengeordninga

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd statistikk med utgangspunkt i fødselstidspunkt for barnet, der dei har følgt uttak av foreldrepengar over tre år. I og med at verknadstidspunktet for endringane i fedrekvoten har vore sett til 1. juli (frå 10 til 12 veker 1. juli 2011, frå 12 til 14 veker 1. juli 2013 og frå 14 til 10 veker 1. juli 2014), har direktoratet sett på uttak for barn som er fødde innanfor det einskilde halvåret for dei nemnde åra. Fedrane tek i stor grad imot foreldrepengar for eit tidsrom som er i samsvar med lengda på fedrekvoten. Til dømes tok 65 prosent av fedrane som fekk barn fyrste halvår 2014 ut akkurat fedrekvoten, det vil seie 14 veker med foreldrepengar, medan litt over 63 prosent av fedrane som fekk barn andre halvår 2014, tok akkurat den nye fedrekvoten på 10 veker.

Det gjennomsnittlege talet på dagar mor og far tek ut, endrar seg i takt med regelverksendringar som omfattar fedrekvote og fellesperiode. I figur 4.2 kan vi sjå at det gjennomsnittlege talet på for-eldrepengedagar far tek ut, aukar når fedrekvoten aukar, og minkar når fedrekvoten blir redusert.

Figur 4.2 Gjennomsnittleg tal dagar med foreldrepengar for mor og far. Barn fødde i det aktuelle halvåret

Figur 4.2 Gjennomsnittleg tal dagar med foreldrepengar for mor og far. Barn fødde i det aktuelle halvåret

Kjelde: NAV

Ser ein på alle foreldrepengedagane som blei tekne ut i kalenderåret 2017, finn ein at fedrar tok ut 19,9 prosent av alle foreldrepengedagane. Dette er 0,7 prosentpoeng høgare enn i 2016 og 1,5 prosentpoeng lågare enn i 2015. Delen fedrar som tek ut meir enn 10 veker, er nesten lik som i 2016, og delen som tek ut akkurat 10 veker (fedrekvoten etter regelendringa), er auka frå 39,2 prosent i 2016 til 40,3 prosent i 2017. Ein stor del av fedrar har over fleire år valt å ta ut akkurat dei vekene som svarar til fedrekvoten. Denne tendensen heldt fram i 2016 og 2017. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår viser ein tendens og gir eit godt bilete av utviklinga, men viser ikkje det heile og fulle biletet av fedre og mødre sitt uttak av foreldrepengar.

Frå 1. juli 2018 blei kvotane utvida frå 10 til 15 veker. Målet med endringa er å auke fedre sitt uttak av foreldrepengar. Departementet har dette målet for foreldrepengeordninga:

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

I Jeløy-plattforma går regjeringa inn for å dele foreldrepermisjonen i tre like delar. 6. juni 2018 vedtok Stortinget å utvide kvotane ved uttak av foreldrepengar frå 10 til 15 veker, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) og Innst. 340 L (2017–2018). Lovendringane blei sette i kraft frå og med 1. juli 2018. Dette gir tredeling ved 100 prosent uttak: 15 veker til begge foreldra og ein fellesperiode på 16 veker til fordeling.

Ein aukande del av foreldra vel 100 prosent foreldrepengar/dekningsgrad i staden for 80 prosent foreldrepengar og lengre stønadsperiode. I figur 4.2 kan vi sjå at delen kvinner med 100 prosent dekningsgrad har auka frå 30 prosent i 2008 til litt over 70 prosent i 2017. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent dekningsgrad er meir økonomisk lønnsamt enn uttak med 80 prosent. Det kan òg tyde på at lengda på stønadsperioden ved 100 prosent dekningsgrad er tilstrekkeleg.

Figur 4.3 Delen kvinner med 100 prosent foreldrepengar/dekningsgrad, 2008–2017. Prosent

Figur 4.3 Delen kvinner med 100 prosent foreldrepengar/dekningsgrad, 2008–2017. Prosent

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Departementet har gitt Institutt for samfunnsforskning i oppdrag å greie ut foreldrepengeordninga for å avdekkje korleis dagens ordning fremjar likestilling og sikrar likestilt foreldreskap. Oppdraget blir avslutta i oktober 2018. Stortinget vil bli orientert om resultata frå evalueringa på eigna måte.

23. mai 2018 sendte regjeringa på høyring eit forslag om å innføre eigne reglar for uttak av foreldrepengar med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon). Forslaget i høyringsnotatet er 19 veker til begge foreldra og 18 veker til ein fellesperiode. I tillegg føreslo regjeringa å endre omgrepa i folketrygdlova, slik at omgrepa «mødrekvoten» og «fedrekvoten» blir bytte ut med «mors del» og «fars del». I høyringsbrevet bad regjeringa høyringsinstansane om å få innspel som reflekterer eit moderne mangfald av familiar og parkonstellasjonar.

I handsaminga av Prop. 74 L (2017–2018) vedtok Stortinget òg å utvide foreldrepengeperioden for fleirlingforeldre. Foreldre som får tvillingar, får 17 eller 21 veker ekstra, avhengig av om dei tar ut foreldrepengar med 100 eller 80 prosent lønskompensasjon. Foreldre som får tre eller fleire barn, får 46 eller 56 veker ekstra.

Tabell 4.7 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2014–2017

2014

2015

2016

2017

Endring 2016–2017

Talet på levandefødde barn

59 084

59 058

58 890

56 633

–2 257

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

77,0

78,5

80,8

80,3

-0,5

Menn, prosent

23,0

21,5

19,2

19,7

0,5

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

86 285

85 367

87 802

84 765

–3 037

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

65,3

68,6

69,1

70,1

1,0

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

59 524

58 382

56 607

55 346

–1 261

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

358 867

369 336

378 314

389 281

10 967

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

407 591

422 018

428 760

427 281

–1 479

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

5,5

5,4

5,1

5,0

–0,1

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

24,8

23,9

22,8

22,4

–0,4

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 178

1 357

920

602

–318

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 583

10 605

10 432

10 957

525

Kjelde: SSB og Arbeids- og velferdsdirektoratet

Eingongsstønad ved fødsel

Kvinner utan rett til foreldrepengar får eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Stønaden er auka fleire gonger sidan 2013, og frå 1. januar 2018 blei satsen auka frå 61 120 til 63 140 kroner. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at omkring 11 000 personar fekk eingongsstønad i 2017. Dette er ein auke på omkring 5 prosent frå 2016.

Tabell 4.8 Sats for eingangsstønad ved fødsel i perioden 2013–2018

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

Sak om foreldrepengar for EFTA-domstolen

ESA, overvakingsorganet til EFTA, meiner den norske foreldrepengeordninga er i strid med likestillingsdirektivet fordi det er ulike reglar for mødrer og fedrar. Dette gjeld mellom anna kravet om at mor må vera i arbeid eller under utdanning eller liknande, for at far skal ha rett til å ta ut foreldrepengar frå fellesperioden. Noreg mottok stevning i saka 18. juli. Saka vil bli handsama av EFTA-domstolen.

Kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte

I Meld. St. 40 (2016–2017) Eksport av norske velferdsytelser føreslår regjeringa å innføre kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte. Regjeringa foreslår vidare å ta kontakt med ESA for å undersøke om kjøpekraftjustering er tillate etter EØS-avtalen. Forslaget inneber at om barnet til den som har rett til barnetrygd og kontantstøtte i Noreg bur i eit anna EØS-land med lågare kostnader, skal ytingane verte justert etter kostnadsnivået i landet der barnet bur.

Då meldinga vart handsama i Stortinget 1. mars, støtta Stortinget forslaget. For å følgje opp Stortinget sitt vedtak, sendte BLD eit brev til ESA 21. mars 2018, og fekk svar 21. juni. ESA meiner at kjøpekraftjustering av kontantstøtte og barnetrygd ikkje vil vere i samsvar med EØS-avtalen.

Ny sjølvbeteningsløysning på foreldrepengeområdet

Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører no Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i etaten. Arbeids- og sosialdepartementet følger opp prosjektet som del av IKT-moderniseringsprogrammet i NAV, men vedtaksløysinga som blir utvikla i prosjektet, vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar gi nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet har altså stor innverknad på forvaltninga av ytingar på ansvarsområdet til BLD.

Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute.

Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

18 481 123

20 061 000

19 220 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

630 555

625 000

610 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

485 643

490 000

485 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

63 177

58 000

63 000

Sum kap. 2530

19 660 498

21 234 000

20 378 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltninga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon er føreslått nominelt vidareført og sett til 63 140 kroner.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på barn i aldersgruppa for foreldrepengar vil bli redusert. Ein reknar òg med at oppteningsgrunnlaget for foreldra som får foreldrepengar, aukar litt meir enn lønnsveksten.

Departementet føreslår ei løyving på 20 378 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilt med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon), jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2018 utgjer grunnbeløpet 96 883 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 581 298 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 16/26 veker avhengig av vald dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktiviteten til mor, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2018 på 63 140 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å vidareføre stønaden nominelt i 2019.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.

Til forsida