Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å

  • forvalte likestillings- og diskrimineringslova og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett,

  • koordinere likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken, og

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus.

Likestillings- og diskrimineringsombodet sitt mandat er å arbeide for å fremje reell likestilling og hindre diskriminering på alle samfunnsområde. Ombodet gir rettleiing om likestilling- og ikkje-diskrimineringslovgivninga. Diskrimineringsnemnda handsamar klagesaker om diskriminering.

BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremje likestilling knytt til ulike grunnlag. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen, barnekonvensjonen og konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon for kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å bidra til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering ut frå ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa har ansvar for å skaffe fram kunnskap om likestilling på ansvarsområda sine i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremje likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman.

Regjeringa vil i tråd med regjeringsplattforma setje ned eit utval som skal gå gjennom og modernisere barnelova og komme med eit forslag til ei tidsriktig barnelov. Utvalet skal mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar.

I Jeløya-plattforma går regjeringa inn for å dele foreldrepermisjonen i tre like delar. 6. juni 2018 vedtok Stortinget å utvide kvotane ved uttak av foreldrepengar frå 10 til 15 veker, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) og Innst. 340 L (2017–2018). Lovendringene blei sette i kraft frå og med 1. juli 2018. Dette gir tredeling ved 100 prosent uttak: 15 veker til begge foreldra og ein fellesperiode på 16 veker til fordeling. Endringa blir gjord for å auke fedrar sitt uttak av foreldrepengar. 23. mai 2018 sendte regjeringa på høyring eit forslag om å innføre eigne reglar for uttak av foreldrepengar med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon). Forslaget i høyringsnotatet er 19 veker til begge foreldra og 18 veker til ein fellesperiode.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2017 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2017 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnader i 2017 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar, og i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som PMTO (foreldreopplæring). BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2017

Tabell 5.1 Barne- og likestillingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse %

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

33,5

66,5

161

149

92,2

Departementsråd

100

0

1

1

Toppleiing (ekspedisjonssjef, kom.sjef)

40

60

5

5

96,8

Avdelingsdirektør

40

60

15

15

96,0

Fagdirektør, utgreiingsleiar

33

67

15

13,1

98,3

Seniorrådgivar

37

63

81

73,8

101,7

Rådgivar

28

72

18

16

105,2

Førstekonsulent2

13

87

8

8

100,5

Adm. tilsette (Seniorkonsulent og førstekonsulent)

29

71

7

6,5

94,2

Lærling

0

100

1

1

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

2 Utanom administrativt tilsette

Tabell 5.2 Barne- og likestillingsdepartementet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent

Deltid1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

3,7

9,3

11,1

11,2

0,5

3,7

1,1

5,1

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, osv.).

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2017.

3 Prosentdelen av legemeldt sjukefråvær i heile 2017.

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

37,4

62,6

6 402

3 838,3

107,7

Direktørar og avdelingsdirektørar

52,5

47,5

40

38,2

98,0

Seksjonssjefar

29,4

70,6

51

46,8

97,8

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

35,6

64,4

118

110,6

100,4

Avdelingsleiarar i institusjonar

28,6

71,4

224

204,5

99,6

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

23,8

76,2

911

695,6

96,8

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

33,3

66,7

555

474,6

97,4

Rådgivarar

18,0

82,0

577

469,3

101,7

Fagstillingar høgskule lågare grad

10,4

89,6

192

149,2

100,9

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

38,4

61,6

1 989

1 005,0

98,8

Miljøarbeidarar

59,4

40,6

1 588

550,9

100,4

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

8,7

91,3

126

80,5

135,6

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

25,8

74,2

31

13,1

99,9

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

18,9

18,1

43,1

31,5

0,21

0,3

5,89

7,82

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

28

72

137

119,8

77,6

Direktør

-

100

1

1

-

Dagleg leiar / nemndleiar

25

75

12

12

98,8

Nemndleiar

48

52

67

60,5

100,0

Rådgivar

-

100

4

4

-

Seniorrådgivar

-

100

2

2

-

Seniorkonsulent

-

100

11

10,8

-

Fyrstekonsulent

4

86

22

19,1

91,5

Konsulent

-

100

15

7,6

-

Kontorsjef/stabssjef/

prosjektleiar

67

33

3

2,8

70,4

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsettingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

16

5

7

0

3

0,5

5

Tabell 5.7 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

38

62

29

27,8

96

Toppleiiling (ombod)

0

100

1

1,0

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

40

60

5

5,0

94

Seniorrådgivar

54

46

10

10

92

Rådgivar

29

71

7

7,0

107

Fyrstekonsulent

20

80

6

4

107

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.8 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

3,5

0

0

9,3

11,6

0

2,1

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

25,0

75,0

20,0

19,8

105,5

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

6,0

0,0

0,0

0,0

0,0

0,7

0,4

Tabell 5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

32

68

53

45

100,4

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Avdelingsleiar

40

60

5

4,2

96,8

Fagdirektør

40

60

5

5,8

101,8

Seniorrådgivar

39

61

28

24,0

100,3

Rådgivar

17

83

12

9,1

102,7

Fyrstekonsulent

0

0

-

-

-

Konsulent

0

100

1

0,9

-

Konsulent (timebetalt)

0

100

1

0,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 5.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

1,9

1,9

1,9

3,8

-

5,7

4,7

0,7

Tabell 5.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (kjønn, lønn) per 31. desember 2017. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Lønn

M

K

Totalt (N)

Årsverk (N)

M

K

Totalt i verksemda

9

91

11

10,2

108

100

Tabell 5.14 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2017. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

10

10

10

0

10

0

0,5

5.4 Barne- og likestillingsdepartementet

BLD har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BLD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet. I 2017 var 28,3 prosent av søkjarane menn. Per 31. desember 2017 er 66,5 prosent av dei tilsette kvinner og 33,5 prosent menn.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. I stillingsannonsane blei alle kvalifiserte søkjarar uavhengig av bakgrunn oppmoda om å søkje. Departementet legg til grunn prinsippet om moderat kvotering av underrepresenterte grupper.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner i gjennomsnitt tener 92,2 prosent av det menn tener.

Per 31. desember 2017 arbeidde 3,7 prosent av mennene og 9,3 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som både har ein deltidsstilling og til dei som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2017, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 11,1 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 11,2 prosent.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjorde per 31. desember 2017 62,6 prosent og mennene utgjorde 37,4 prosent. Forholdet mellom kjønna er om lag uendra samanlikna med 2016.

Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Bufetat er representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med mange andre statlege verksemder. Statens mangfaldsnettverk har, med økonomisk støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, eit prosjekt som er sett i verk for å kartleggje rekrutteringspraksisen med omsyn til mangfald i verksemdene. I prosjektet skal ein utarbeide tiltak for å medverke til ein ikkje-diskriminerande rekrutteringspraksis i statlege verksemder.

Tabell 5.3 viser at det er overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er vel 59 prosent menn. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, som er ei lita gruppe blant leiarane. Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. I den grad ein kan peike på skilnader i lønn, går dei i favør av mennene i stillingsgruppa seksjonssjefar og fagstillingar på høgare nivå. I desse gruppene har kvinner 97,4 og 96,8 prosent av lønna menn har. Samla for verksemda tener kvinner 107,7 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar som er overrepresentert av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 36 prosent av den totale arbeidsstokken. Dette er ein reduksjon på 1,3 prosentpoeng sidan 2016 og 3 prosentpoeng sidan 2015.

5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2017 var 28 prosent av dei tilsette i verksemda menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 48 prosent av dei tilsette var menn.

Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle kvalifiserte, uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar.

Det er eit mål at alle lokale skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

5.7 Forbrukartilsynet

I det store og heile var situasjonen i 2017 som i 2016. Det var 62 prosent kvinner, ein auke frå 61 prosent i 2016. I mellomleiinga var det tre kvinner og to menn. For Forbrukartilsynet totalt er lønna til kvinner 96 prosent av lønna til menn. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå 2016. I eit par stillingskategoriar ligg kvinner høgare enn menn.

Ved rekruttering er det stor merksemd rundt kjønnsbalanse. Kunngjering av ledige stillingar inneheld ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte, blir oppmoda til å søkje uansett alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Det har i 2017 vore 68,5 prosent kvinnelege søkjarar til utlyste stillingar. Dette er om lag same nivå som i 2016. Ingen av søkjarane opplyste om at dei hadde nedsett funksjonsevne. I 2017 hadde Forbrukartilsynet tre tilsette med ikkje-vestleg bakgrunn, noko som utgjer om lag 10,7 prosent av dei tilsette.

Sjukefråværet i 2017 var på 2,1 prosent, ein liten auke frå 2,0 prosent i 2016. Det er ikkje registrert legemeldt sjukefråvær på menn, slik at alt fråværet gjeld kvinner.

Krava til universell utforming er dekte på nettsidene.

5.8 Barneombodet

Situasjonen i 2017 var om lag som i 2016. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinneleg tilsette, og per 31. desember 2017 var 75 prosent av dei tilsette kvinner. Trass i eit sterkt ønske om betre kjønnsbalanse blei ubalansen større i løpet av året. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er éin mann, resten er kvinner.

Personar med funksjonsnedsetjingar har ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. 10 prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller fagstaben. Kvinner tener 105,5 prosent av lønna til menn på kontoret. Årsaka til dette er at Barneombodet er kvinne, og av dei tre andre i leiinga er det to kvinner. I ei verksemd med berre 20 tilsette får dette stor effekt.

Det gjennomsnittlege kvartalsvise fråværet har hatt ein liten auke for menn frå 2016 til 2017 – frå 0,0 til 0,7 prosent. For kvinner ligg sjukefråværet på same nivå som i 2016, med 0,4 prosent.

5.9 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass i høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Frå 2016 til 2017 var det inga endring her. LDO har framleis 32 prosent menn. Av 53 tilsette per 31. desember 2017 var 28 seniorrådgivarar, og av dei var 39 prosent menn. Det er ein auke frå 36 prosent året før. Av dei 5 fagdirektørane er 40 prosent menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i mellomleiinga er uendra sidan 2016.

Den overordna personalpolitikken til LDO omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og godt tilgjenge. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.

Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • at kjønnsfordelinga i verksemda er jamn

  • at det skal vere minst 40 prosent av kvart kjønn i leiarstillingane

  • at minst 15 prosent av dei tilsette i verksemda skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala ovanfor er oppfylte.

Ombodet har ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå måla. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin i kvar kategori inviterast til intervju. LDO nyttar òg til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar.

Likestilt rekruttering har to hovudmål:

  1. å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande

  2. å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt

Som ein del av arbeidet har LDO utvikla eit rammeverk for likestilt rekruttering. Alle styrande dokument for rekruttering og eigen rekrutteringspraksis er gjennomgått for å identifisere diskrimineringsrisiko.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

Per 31. desember 2017 hadde sekretariatet elleve tilsette – ti kvinner (91 prosent) og ein mann (9 prosent).

Sekretariatet har fastsett mål om å rekruttere fleire menn ved nytilsetjingar.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Per 31. desember 2017 hadde sekretariatet tre tilsette med minoritetsbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Sekretariatet kan enkelt leggje tilhøva til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

For å nå betre ut til grupper med framand språkbakgrunn, er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet omsett til engelsk. Nettsidene er òg utforma slik at dei skal vere lette å lese for svaksynte.

5.11 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Sekretariatet hadde per 31. desember 2017 fem tilsette kvinner og ingen menn. Tre av dei tilsette hadde mellombels stilling.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Sekretariatet har ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i eigen årsrapport.

6 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa vil fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Regjeringa vil byggje politikken sin på målet om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Nedanfor er dei mest sentrale tiltaka for å fremje fornying, forenkling og forbetring på politikkområda til BLD.

Ny adopsjonslov blei sett i kraft 1. juli 2018. Det var behov for ei ny og meir moderne adopsjonslov, og den nye lova avløyste adopsjonslova av 28. februar 1986 nr. 8. Den nye adopsjonslova har blitt meir oversiktleg og brukarvennleg. I den nye lova er òg praksisen til adopsjonsstyresmaktene og retningslinjer lovfesta. Den nye lova blir eit enklare verktøy for adopsjonsstyresmaktene i saksarbeidet deira, og kan gi betra rettstryggleik.

Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval som vil gjennomgå og modernisere barnelova, inkludert å vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap, og å gjennomgå barnerettane, spesielt i eit internasjonalt perspektiv.

Barnevernslovutvalet hadde som mål å gjennomføre ein språkleg, teknisk og strukturell gjennomgang av barnevernlova og vurdere korleis lova kunne gjerast enklare. Utvalet leverte forslag til ny lov i NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse. Nokre av forslaga frå utvalet blei vedtekne av Stortinget ved behandlinga av Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre.) og tok til å gjelde 1. juli 2018. Departementet arbeider med eit høyringsnotat om forslag til ny barnevernslov. Målet er betre rettstryggleik og eit meir forståeleg, tidsriktig og brukarvennleg lovverk.

Barnevernsreforma blei vedteken av Stortinget i juni 2017. Endringane som følgjer av reforma, vil tidlegast gjelde frå 2020. Målet med reforma er å gi kommunane sterkare insentiv til å arbeide førebyggjande og komme tidleg inn med naudsynte tiltak i familiane. I tillegg skal finansieringssystemet bidra til at kommunane og Bufetat vel tiltak og tenester som i innhald, omfang og lengd er betre tilpassa behova til barna. Reforma vil mellom anna føre til endringar i kommunane sitt finansieringsansvar for barnevernstiltak og avvikling av refusjonsordninga for utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Kommunane vil bli kompenserte for utrekna meirutgifter over rammetilskotet. Kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er eit viktig tiltak for å førebu kommunane på barnevernsreforma.

Det blir arbeidd aktivt med forenkling og modernisering i det statlege barnevernet. Bufdir har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten i tenestene, samstundes som det er gjennomført effektiviseringar og omstillingar i Bufetat. I perioden 2010 til 2016 er talet på årsverk redusert med over 800. Det har vore nedgang i talet på årsverk i institusjonane og særleg i omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. I tillegg har bemanninga gått ned i inntaksfunksjonane, fosterheimstenesta og innanfor hjelpetiltak. Frå 2016 til 2017 har det vore ein markant nedgang i talet på statlege omsorgssenter og framleis effektivisering i administrative funksjonar. Det har vore ein auke i bemanninga i dei statlege barnevernsinstitusjonane og sentera for foreldre og barn, som følgje av ei ønska vriding mot betre kvalitet og kompetanse i eige tiltaksapparat. Samla sett har dette gitt ein svak reduksjon i talet på utførte årsverk i Bufetat frå 2016 til 2017.

I Bufdir har digitale løysingar og IKT vore prioritert for å gi gode, forenkla løysingar for brukarane. Prosjektet DigiBarnevern er eit samarbeidsprosjekt med kommunesektoren som vil bidra til eit digitalt løft for det kommunale barnevernet og tenestemottakarane. Prosjektet vil utvikle eit digitalt kvalitetssystem som skal gi dei tilsette betre tilgang på arbeidsstøtte og rettleiing. Kvalitetssystemet skal bidra til ein likare og meir kvalitetssikra arbeidspraksis, betre dokumentasjon og meir planmessig medverknad frå barn og familiar. Mykje av dagens manuelle rapportering vil bli automatisert, og dette vil frigjere ressursar i tenestene og gi betre og meir oppdatert styringsinformasjon for leiarar både i dei kommunale tenestene og på statleg nivå.

Høve for digital kommunikasjon mellom dei kommunale barnevernstenestene, samarbeidande aktørar og med brukarane av tenestene vil gi redusert tidsbruk, lågare kostnader og sikrare kommunikasjon enn det som er tilfellet i dag. Tenestemottakarane vil òg få enklare og betre tilgang til dokumentasjon i si eiga sak. Det skal òg utviklast ei løysing for digital innsending av bekymringsmeldingar. I dag skjer dette primært per post, noko som er både tid- og ressurskrevjande. Ei digital løysing vil òg auka informasjonstryggleiken og redusere risikoen for at sensitiv informasjon blir kjend for uvedkomande.

Fylkesnemndene har utvikla eit nytt sakshandsamingssystem, ProSak, som blei teke i bruk i 2016 og 2017. Sakshandsamingssystemet har lagt til rette for likare administrativ sakshandsaming i nemndene og meir digital kommunikasjon. Det blir arbeidd for å utvide sakshandsamingssystemet vidare. Målet er eit heilelektronisk sakshandsamingssystem der all kommunikasjon skal vere digital.

Barnesakkunnig kommisjon (BSK) har frå 1. desember 2016 lagt til rette for at sakkunnige kan sende inn rapportar via Altinn. I 2017 blei over halvparten av rapportane sende inn elektronisk. BSK vil halde fram arbeidet for overgang til elektronisk kommunikasjon med sakkunnige og oppdragsgivarane og tek sikte på å fullføre arbeidet med å leggje til rette for elektronisk utsending av svarbrev.

BLD la i april 2017 fram for Stortinget forslag om å endre reglane for korleis Forbrukarombodet og Marknadsrådet skal handheve marknadsføringslova, jf. Prop. 93 L (2016–2017) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven (håndhevingsreglene). Det blei mellom anna føreslått at Forbrukarombodet skal kunne fatte vedtak i alle saker, at Marknadsrådet skal få ei ny rolle som klageinstans med færre medlemmer, og at Forbrukarombodet skal endre namn til Forbrukartilsynet. Stortinget vedtok lovforslaget 16. juni 2017. Endringane, som tok til å gjelde 1. januar 2018, klargjer rolla til Forbrukarombodet, gjer Forbrukarombodet og Marknadsrådet meir effektive og styrkjer forbrukarvernet.

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet tok i 2017 i bruk ein digital møteportal for overføring av saksdokument. Møteportalen er eit mindre tiltak som verkar forenklande og ressurssparande gjennom å gjere saksdokument tilgjengelege elektronisk for medlemmane av Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Gjennom at medlemmane kan lese saksdokument elektronisk, er behovet for å sende ut store mengder saksdokument på papir redusert.

Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører no Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i etaten. Vedtaksløysinga som blir utvikla i prosjektet, vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar gi nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet har derfor stor innverknad på forvaltninga av ytingar på ansvarsområdet til BLD. Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute. Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2018–2019) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

7 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for oppfølging av tiltak innanfor fleire av delmåla og for det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 5 «Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner».

FNs berekraftsmål nr. 1: Utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BLD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom».

Årsakene til fattigdom er mange. Regjeringa og NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har peikt på auka yrkesdeltaking som fremste tiltak for å redusere barnefattigdom. Innsatsen omfattar både universelle ordningar og målretta tiltak for særskilde grupper. Strategien mot barnefattigdom – Barn som lever i fattigdom – var den fyrste i sitt slag og blei lansert våren 2015. Målet med strategien var å førebyggje at fattigdom går i arv, og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Dei 64 tiltaka i strategien skulle bidra til at alle barn får like moglegheiter til å delta og utvikle seg. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet. Sjølv om strategiperioden for Barn som lever i fattigdom var ferdig i 2017, vil dei ansvarlege departementa følgje opp ei rekke av tiltaka frå strategien framover. Det blei i 2017 utarbeidd ein statusrapport for arbeidet mot barnefattigdom. Den vidare innsatsen vil mellom anna byggje på tilrådingar frå NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene, statusrapporten frå arbeidet mot barnefattigdom og evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Sjå omtale under programkategori 11.10.

FNs berekraftsmål nr. 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Noreg har investert i universelle velferdsordningar som gjer det mogleg for foreldre å kombinere arbeid med omsorg for barn, som foreldrepermisjon og barnehagar. Auken av kvinner i arbeid dei siste tiåra har vore viktig for den økonomiske veksten i landet. Likevel har Noreg framleis likestillingsutfordringar, til dømes vald i nære relasjonar, ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, få kvinner i leiinga i selskap i privat sektor og låg yrkesdeltaking blant ein del grupper kvinner med innvandrarbakgrunn.

Kvar sektor har eit eige ansvar for å fremje likestilling. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle. Regjeringa vil arbeide saman med sivilsamfunnet, næringslivet, partane i arbeidslivet og andre aktørar for å styrkje likestillinga.

Delmål 5.1 handlar om å gjere slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. 1. januar 2018 tok likestillings- og diskrimineringslova til å gjelde. Målet med ei felles lov er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. For meir informasjon sjå programkategori 11.40.

Delmål 5.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og barn. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av ei rekkje handlingsplanar på feltet. Et liv uten vold – handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017) og ein tiltaksplan for å førebyggje og motverke vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom: En god barndom varer livet ut (2014–2017) blei avslutta i 2017. Ein del av tiltaka er førte vidare i Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017–2021, jf. Prop. 12 S (2016–2021). Opptrappingsplanen blei handsama av Stortinget 25. april 2017. Planen skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen har høg prioritet. BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10.

I tillegg følger regjeringa opp Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). I 2018 vil regjeringa leggje fram ein strategi for integrering. Innsats mot negativ sosial kontroll og vald knytt til ære er éin hovudinnsats.

Regjeringa arbeider òg med ein ny handlingsplan for å førebyggje og kjempe mot valdtekt. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet.

Noreg deltek aktivt i internasjonale forum mot vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn, både i regi av FN og i regi av Europarådet. I 2017 ratifiserte Noreg konvensjonen frå Europarådet om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen). I 2018 ratifiserte Noreg konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Det er vedteke endringar i ekteskapslova om å innføre ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Endringane gjeld frå 1. juli 2018. Departementet greier også ut ekteskapslova § 18 a om barneekteskap og bigamiske ekteskap inngått i utlandet, med sikte på eventuelle lovendringar. Kunnskapsdepartementet koordinerer politikken mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremje delt ansvar i hushaldet og familien», jf. Delmål 5.4. 6. juni 2018 vedtok Stortinget å utvide kvotane ved uttak av foreldrepengar frå 10 til 15 veker, jf. Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) og Innst. 340 L (2017–2018). Lovendringane blei sette i kraft frå og med 1. juli 2018. Dette gir tredeling ved 100 prosent uttak: 15 veker til begge foreldra og ein fellesperiode på 16 veker til fordeling. Endringa blir gjord for å auke fedre sitt uttak av foreldrepengar. Kvotane til mor og far fremjar delt ansvar i hushaldet og familien.

Delmål 5.5 handlar om å «sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå i avgjerdsprosessane i det politiske, økonomiske og offentlege liv». Kvinner er godt representerte i leiande stillingar i politikken, organisasjonslivet og offentleg sektor. I privat sektor er berre to av ti toppleiarar kvinner. Regjeringa arbeider med tiltak for å betre situasjonen.

Delmål 5c handlar om å «vedta og styrkje god politikk og gjennomførbar lovgiving for å fremje likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner på alle nivå». Noreg har komme langt når det gjeld likestilling. Kvinner og menn har dei same formelle rettane og pliktene. Gode omsorgs- og velferdsordningar støttar opp under dei formelle rettane. Det høge talet på kvinner som tek høgare utdanning, og som er i lønt arbeid, har i løpet av dei siste 50 åra bidrege til store endringar i samfunnet. Sjå Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis.

FNs berekraftsmål nr. 10: Redusere ulikskapar i og mellom land

Delmål 10.2 krev at ein «innan 2030 sørgjer for å myndiggjere og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status». Organisasjonane som fremjar likestilling, organisasjonane for funksjonshemma, LHBTIQ-organisasjonar, innvandrarorganisasjonar, religiøse organisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for utvikling og demokratiopplæring. Organisasjonane fremjar synspunkta til medlemmene. Departementa har kontakt med organisasjonane i utforminga og gjennomføringa av politikken. For meir informasjon sjå budsjettproposisjonen programkategori 11.10 og 11.40.

FNs berekraftsmål nr. 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at delen matsvinn per innbyggjar, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, skal halverast. Etter delmålet skal òg svinn i produksjons- og forsyningskjeda reduserast.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og bransjeorganisasjonar innan matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål om matsvinn er det i avtalen fastsett eit mål om at matsvinnet nasjonalt skal reduserast med 50 prosent innan 2030.

BLD har i 2017 og 2018 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. BLD har òg i både 2017 og 2018 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO i oppdrag å skaffe fram meir kunnskap om matsvinn på forbrukarleddet.

Gjennom bransjeavtalen vil BLD halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet. Klima- og miljødepartementet koordinerer arbeidet med bransjeavtalen.

FNs berekraftsmål nr. 16: Fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar om å få slutt på menneskehandel. Arbeidet mot vald og overgrep er organisert gjennom fleire tverrdepartementale handlingsplanar for å dekkje alle former, som tvangsekteskap, kjønnslemlesting, overgrep mot barn og vald og overgrep i nære relasjonar. Ein ny handlingsplan for å førebyggje valdtekt er under arbeid. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep som blei vedteken av Stortinget i april 2017. Planen har særleg vekt på barn. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp handlingsplanen mot menneskehandel, som blei lagd fram hausten 2016. Noreg har i internasjonal målestokk svært få valdsrelaterte dødsfall. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet, som har hovudansvaret for delmåla som er omtalte ovanfor.

Barnevernet i Noreg har som hovudoppgåve å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år får eit bo- og omsorgstilbod under statleg barnevern medan dei ventar på avgjerd om opphald. Tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege. Den norske barnevernlova inkorporerer FNs barnekonvensjon, og lova er gitt forrang gjennom den norske lova om menneskerettar.

Omsynet til det som er best for barnet, er eit grunnleggjande prinsipp og er nedfelt både i barnevernlova og i Grunnlova. Barn har best av å vekse opp med sine primære omsorgspersonar, og barnevernet er fyrst og fremst ei hjelpeteneste. Men dersom barnet til dømes er utsett for omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep, kan det vere naudsynt å plassere det utanfor heimen. Ei slik avgjerd blir gjord av ei fylkesnemnd for barnevern og sosiale saker, eit uavhengig domstolsliknande organ som er leia av ein dommar. Avgjerda kan klagast inn for tingretten.

Barn er sårbare og har derfor eit særskilt behov for vern, bistand og tilrettelagd oppfølging. Utnytting av barn til menneskehandel krenkjer menneskerettane på det grovaste og er ei alvorleg form for kriminalitet. Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel, kan plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke frå foreldra. Føremålet er å verne barnet mot utnyttaren.

Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, blir tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Det ligg også føre ein handlingsplan mot menneskehandel, og tiltak i denne blir følgde opp frå sektorstyresmaktene. Kompetanseheving i barnevernet er ein del av denne.

Personar med nedsett funksjonsevne, nemnde under fleire delmål

Personar med nedsett funksjonsevne i Noreg skal på lik linje med alle andre ha høve til personleg utvikling, deltaking og livsutfalding. Norsk politikk følgjer prinsippa i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne er ei prioritert gruppe i norsk utviklingssamarbeid.

8 Omtale av klima- og miljørelevante saker

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Alt forbruk har klima- og miljøkonsekvensar, direkte eller indirekte. Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i det samla forbruket til norske hushald.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i dei marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

I 2017 var det ein solid auke i svanemerkte produkt på den norske marknaden; frå 15 339 ved utgangen av 2016 til 18 400 ved utgangen av 2017. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor mange produktgrupper i 2017. Størst auke var det for golvbelegg, innandørs måling og lakk, møbel og innreiingar, tekstilar, tonerkassettar og kosmetiske produkt. BLD er nøgd med utviklinga der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BLD arbeider med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tek opp spørsmål som er knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Den største delen av matsvinnet (om lag 60 prosent) kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen. Avtalen byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. I 2017 blei det òg underskrive tilslutningsavtalar med enkeltbedrifter, til dømes alle daglegvarekjedene. BLD deltek i arbeidet og støttar opp om forbrukarretta tiltak.

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD vil i 2019 halde fram med arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarane å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel er dei fremste verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar. BLD vil i 2019 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonane i matbransjen.

BLD vil i 2019 òg føre vidare tiltak som er retta mot skulen, der miljø og berekraft er sentrale tema.

9 Forsking og utvikling

I BLDs forskingsstrategi (2016–2020) trekkjer departementet fram behovet for god dialog med Forskingsrådet og med Bufdir om korleis dei forvaltar forskingsmidlar på vegner av departementet. Departementet ser at det framleis er behov for forsking som grunnlag for politikkutvikling, forvaltning og utvikling av tenestene på områda departementet har ansvar for.

Måla for forskinga til BLD er

  • langsiktig og målretta oppbygging av kunnskap

  • høg kvalitet

  • eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvaltning

I tillegg har regjeringa fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for korleis departementa skal styre Forskingsrådet, i samråd med dei andre departementa og Forskingsrådet. BLD styrer midlane til Forskingsrådet i tråd med dette. Det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2017 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2019. Frå 2018 er alle løyvingar til drift av Forskingsrådet samla på éin post på budsjettet til Kunnskapsdepartementet – sjå nærare omtale under kap. 285, post 55.

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2024, jf. Meld. St. 7 (2014–2015), varslar regjeringa at dei vil halde fram med å føre ein ambisiøs politikk for forsking og høgare utdanning. I meldinga er det lagt auka vekt på kunnskapsutvikling rundt viktige samfunnsutfordringar.

Samtidig med forslag til statsbudsjettet for 2019, legg regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028, som er ein revisjon av den førre langtidsplanen, som er omtalt ovanfor. Den reviderte langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar og gir uttrykk for kva regjeringa ønskjer å prioritere den kommande fireårsperioden. For perioden 2019–2022 lanserer regjeringa tre nye opptrappingsplanar:

  • 800 mill. kroner til eit teknologiløft

  • 450 mill. kroner til FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 250 mill. kroner til kvalitet i høgare utdanning

For nærare omtale, sjå Del III, kap. 5, i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Langtidsplanen gir, saman med forskingsstrategien frå BLD, eit viktig grunnlag for forskingsinnsatsen til departementet. Departementet vil oppfylle sitt sektoransvar for forsking best mogleg innanfor dei tilgjengelege ressursane.

Å byggje forskingskunnskap krev ofte langsiktige investeringar i større prosjekt. Det vil samtidig vere eit kontinuerleg behov for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på området til departementet. Mange av ansvarsområda må sjåast i samanheng med ansvaret som ligg i andre departement. Departementet har mellom anna gitt midlar til to program i regi av Forskingsrådet: HELSEVEL og VAM. Dette har bidrege til tverrsektoriell forsking som er viktig for å utvikle kunnskapsgrunnlaget om barn, familiar og familieliv og forsking om velferdstenestene. Departementet gir òg midlar til ei rekkje kunnskaps- og kompetansemiljø som bidreg til kunnskapsutviklinga på departementsområda. Sjå nærare omtale under dei ulike fagkapitla i budsjettframlegget.

I forskingsstrategien frå departementet går det fram at utvikling av statistikk og indikatorar skal halde fram. Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar. Eit nytt indikatorsett om diskriminering og levekår blant LHBTIQ-personar blei lansert i 2018. Indikatorane gir kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester.

BLD har sett behov for ein gjennomgang og analyse av tilstand og behov på forskingsområda innanfor temaet «Utsette barn og unge». BLD set i 2019 i gang eit arbeid i samarbeid med dei aktuelle departementa. Arbeidet skal leggje grunnlaget for ein målretta, helskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for barn og unge som er i fare for marginalisering og utanforskap, og som over tid kan ha behov for bistand frå ulike hjelpetenester. Føremålet er å fremje ein kunnskapsbasert politikk på området, som skal vere kjenneteikna av høg kvalitet, brukarmedverknad og effektivitet.

I tillegg vil midlar til Forskingsrådet i 2019 bli nytta til programmet VAM II, som erstattar VAM, og til programmet HELSEVEL.

Departementet har òg starta eit arbeid i samarbeid med Bufdir for å få kartlagt kunnskapshòl, viktige utfordringar og relevante forskingsmiljø på områda til departementet. Dette skal gi grunnlag for ei meir systematisk og langsiktig forvaltning av FoU-arbeidet. Bufdir er òg i gang med å utvikle ein kunnskapsstrategi som vil liggje til grunn for korleis direktoratet forvaltar forskingsmidlane dei kommande åra.

10 Arbeid med menneskerettar

FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar». Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne og seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande.

I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av konvensjonane til Europarådet, deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeidet spesielt. Mellom anna koordinerer BLD den norske kontakten med kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI la fram sin femte rapport om Noreg i 2015.

Noreg ratifisererte i juli 2017 Europarådets konvensjon om førebygging og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbulkonvensjonen). Konvensjonen tok til å gjelde 1. november 2017. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp konvensjonen.

Noreg ratifiserte 13. juni 2018 Europarådets konvensjon om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarotekonvensjonen). Konvensjonen tok til å gjelde 1. oktober 2018.

FN-konvensjonar

BLD har ansvaret for å koordinere arbeidet med oppfølging av FN-konvensjonen om barnerettar, FN-konvensjonen om alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen om alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

FN-konvensjonen om barnerettar

Fylkesmannen i Troms fekk òg i 2016–2018 tildelt midlar frå BLD for å arbeide med Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Fylkesmannen i Troms har formidla metodikken til alle fylka. Over halvparten av kommunane/bydelane i landet har delteke i satsingar som er initierte av fylkesmannsembetet, og innført ein variant av metoden.

Noreg leverte sin femte og sjette rapport om nasjonal oppfølging av barnekonvensjonen til FN i 2016. Forum for barnekonvensjonen har utarbeidd ein rapport frå sivilsamfunnet til FNs barnekomité om barnerettar i Noreg med midlar frå BLD.

Norske styresmakter møtte FNs barnekomité i mai 2018 og fekk anbefalingar frå komiteen. BLD er i gang med å planleggje arbeidet med oppfølging av anbefalingane.

FN-konvensjonen om alle former for diskriminering av kvinner

Noreg leverte sin 9. rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i februar 2016. Det er utarbeidd ein «skuggerapport» frå det sivile samfunnet med økonomisk støtte frå BLD. Skuggerapporten sikrar at det sivile samfunnet får lagt fram synspunkta sine. Noreg møtte FNs kvinnediskrimineringskomité i november 2017 for å gå gjennom den siste rapporten frå Noreg, og fekk anbefalingar frå komiteen. BLD har gitt FOKUS (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål) tilskot for å arrangere regionale møte om anbefalingane frå komiteen.

FN-konvensjonen om alle former for rasediskriminering

Noreg leverte i september 2017 den 23. og 24. rapporten til FNs rasediskrimineringskomité. Styresmaktene skal ha dialogmøte med komiteen hausten 2018. Sivilsamfunnet har fått økonomisk støtte frå departementet til å utarbeide ein skuggerapport.

FN-konvensjonen for rettane til personar med nedsett funksjonsevne

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013 og leverte sin fyrste rapport til komiteen i juli 2015. Noreg skal våren 2019 høyrast av komiteen som overvakar konvensjonen. Det er utarbeidd ein skuggerapport frå det sivile samfunnet med økonomisk støtte frå departementet.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Noreg er ein pådrivar for å få på plass eit meir konkret og kraftfullt internasjonalt regelverk som kan sikre rettane til LHBTIQ-personar, mellom anna innanfor FN og Europarådet. Statar er forplikta til å sikre dei grunnleggjande menneskerettane til LHBTIQ-personar, jf. dei ulike konvensjonane om universelle, grunnleggjande rettar. Kva det vil seie i praksis, med utgangspunkt i dei særskilde utfordringane LHBTIQ-personar møter, er utdjupa og konkretisert mellom anna i dei såkalla Yogyakarta-prinsippa og i LHBT-rekommandasjonen til Europarådet (CoE CM Rec 2010/5). Noreg rapporterer i 2018 for andre gong på Europarådets LHBTI-rekommandasjon, (CM/Rec 2010/5).

Noreg kom i 2018 på 3. plass i ILGA Europe si rangering av dei europeiske statane når det gjeld utvikling av politikk og lovgiving på LHBTI-området (sjå utfyllande omtale under kategori 11.40). Våren 2019 arrangerer Noreg IDAHOT-forum i Oslo. Forumet er Europas viktigaste arena for LHBTI-saker, der aktørar frå styresmakter og sivilsamfunn kjem saman for å drøfte saker på den internasjonale LHBTI-agendaen.

11 Oversikt over opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Tabellen under gir ei oversikt over tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep, ansvarleg departement og status, jamfør omtale av opptrappingsplanen under Programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Det blir rapportert om dei ulike tiltaka i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarleg for tiltak i planen frå Prop. 1 S for 2019. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet for rapportering om dei tiltaka dei er ansvarlege for.

Tabell 11.1 Status for tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) per 1. juli 2018

Ansvarleg departement

Tiltak

Status

Alle

1. Gjennomgå etablerte strukturar og system for å vurdere korleis dei betre kan vareta arbeidet mot vald og overgrep

Byrja

Alle

2. Sørgje for at vald og overgrep blir teke inn i samfunnsoppdraget til dei relevante underliggjande etatane

Byrja

BLD

3. I samband med struktur- og kvalitetsreforma i barnevernet fremje ein lovproposisjon som klargjer forventingane til det førebyggjande arbeidet i kommunane

Ferdig

KD

4. Gjere rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen tydelegare når det gjeld arbeidet mot omsorgssvikt, vald og overgrep

Ferdig

BLD

5. Greie ut endringar i krisesenterlova med sikte på å klargjere kva ansvar kommunane har når det gjeld å førebyggje vald og overgrep

Ikkje byrja

HOD

6. Gjere det tydelegare i spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova kva ansvar dei regionale helseføretaka, kommunane og fylkeskommunane, inkludert leiinga, har for å bidra til at vald og seksuelle overgrep blir førebygd, avdekt og avverja ved yting av helse- og omsorgstenester

Ferdig

JD/alle

7. Bidra til at kommunar utarbeider kommunale eller interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Kontinuerleg

JD

8. Vurdere behovet for å utvide avgjerda om avverjeplikta

Ikkje byrja

HOD

9. Sørgje for at RVTS-a i større grad bidreg til lokalt og regionalt samarbeid og samordning av valdsarbeidet

Byrja

Alle

10. Bidra til systematisk samarbeid mellom relevante tenester, til dømes konsultasjonsteam

Byrja

BLD

11. Prøve ut ein modell for handtering av vald og overgrep mot sårbare vaksne, TryggEst

Byrja

BLD/JD

12. Styrkje samarbeidet mellom politi og barnevern

Byrja

BLD

13. Styrkje samarbeidet mellom familieverntenesta og helsestasjonane

Byrja

BLD

14. Klargjere og forenkle avgjerda om opplysningsplikt til barnevernet

Ferdig

KD

15. Vurdere korleis tema som er knytte til vald, kan inkluderast i 0–24-samarbeidet

Kontinuerleg

JD

16. Føre vidare årleg tiltakspakke for å førebyggje vald i nære relasjonar

Kontinuerleg

HOD

17. Utarbeide indikatorar for vald og overgrep slik at kommunane kan følgje med på utviklinga og setje i verk førebyggjande tiltak

Byrja

HOD

18. Avklare korleis Folkehelseinstituttet kan vareta temaet vald og overgrep

Byrja

HOD

19. Gjere det tydelegare kva ansvar RVTS-a har for å hjelpe kommunal sektor i å førebyggje vald og overgrep

Byrja

HOD

20. Sikre at jordmødrer ved alle fødeavdelingar informerer foreldre om risikoen ved å riste spedbarn

Ikkje byrja

HOD

21. Revidere forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta med tydeliggjering av ansvar for å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep

Byrja

HOD

22. Styrkje satsinga på helsestasjons- og skulehelsetenestene

Kontinuerleg

BLD

23. Utvikle ein nasjonal strategi for foreldrestøttande tiltak

Ferdig

BLD

24. Styrkje tilskot til kommunar til foreldrestøttande tiltak

Ferdig

BLD/HOD

25. Utvide programmet Nurse Family Partnership dersom evalueringa viser gode resultat

Kontinuerleg

BLD

26. Greie ut ei lovfesting av det førebyggjande arbeidet til familieverntenesta

Byrja

BLD

27. Revidere Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn

Ikkje byrja

BLD

28. Utvikle digitalt informasjonsmateriell om vald og overgrep til bruk i barnehage og skule

Kontinuerleg

KD

29. Styrkje innsatsen mot mobbing og digitale krenkingar

Kontinuerleg

JD

30. Gjennomføre dialoggrupper mot vald i asylmottak

Byrja

JD

31. Gjennomføre opplæring for bebuarar i mottak om temaa vald i nære relasjonar, vald og overgrep mot barn og unge, og seksuell helse

Byrja

JD

32. Styrkje den barnefaglege kompetansen i mottak

Byrja

Alle

33. Sørgje for informasjon om nettrelaterte overgrep og opprette ein nettressurs med eigne nettkurs for foreldre, barn og profesjonelle aktørar

Byrja

KD

34. Gjere barnehagane og skulane betre i stand til å informere barn og foreldre om nettvett og korleis ein kan avverje internettrelaterte overgrep

Byrja

BLD

35. Styrkje tematikken om internettrelaterte overgrep i foreldrestøttande tiltak

Byrja

BLD

36. Greie ut korleis krav til politiattest kan omfatte yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikkje fell inn under særlovgivinga

Byrja

BLD/Alle

37. Utvikle ein felles nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep

Byrja

KD

38. Fremje forslag om ein felles rammeplan for dei helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningane der kunnskap om vald og overgrep er blant dei temaa som skal inngå

Ferdig

BLD

39. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i familievernet

Kontinuerleg

BLD

40. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i barnevernet

Byrja

JD

41. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i politiet og domstolane

Byrja

KD

42. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i barnehagar og i skular

Kontinuerleg

KD/JD

43. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i asylmottak og tilsette i kommunane som arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar og innvandrarar

Byrja

HOD

44. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i helse- og omsorgstenesta

Byrja

BLD/HOD

45. Utvikle eit nasjonalt opplæringsprogram for kommunane i å samtale med barn og unge om vald og overgrep

Ferdig

Alle

46. Gi betre informasjon om vald og overgrep til befolkninga generelt og til særskilde grupper

Byrja

Alle

47. Greie ut vidare forskingsbehov og utarbeide ein plan for meir forsking på vald i nære relasjonar generelt og vald og overgrep mot barn, eldre og sårbare grupper spesielt

Ikkje byrja

JD

48. Føre vidare forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar utover den noverande femårsperioden (2014–2019)

Byrja

HOD

49. Styrkje forsking på vald og overgrep gjennom HELSEVEL- programmet til Forskingsrådet

Byrja

Alle

50. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i samiske område

Byrja

Alle

51. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i befolkninga med innvandrarbakgrunn

Byrja

JD

52. Gjennomføre ei ny omfangsundersøking om vald i nære relasjonar som ein del av forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar

Kontinuerleg

HOD

53. Vurdere regulering av det høvet barn har til å delta i forsking om sensitive tema

Ferdig

JD

54. Auke kunnskapen om internettbruken blant norske barn ved å delta i internasjonal datainnsamling om risiko og tryggleik for barn på internett (EU-Kids Online-undersøkinga 2017), og sørgje for forsking og analysar av tematikken ved hjelp av relevante FoU-miljø

Byrja

Alle

55. Leggje til rette for at ny forskingsbasert kunnskap om internettbruken blant barn blir nytta i relevant politikkutvikling

Kontinuerleg

Alle

56. Vidareføre arbeidet med å betre statistikkgrunnlaget på valds- og overgrepsfeltet

Kontinuerleg

BLD

57. Utarbeide faglege tilrådingar om kvaliteten og innhaldet i krisesentertilbodet, inkludert tilbodet til barn

Byrja

BLD

58. Vidareutvikle krisesentertilbodet for utsette grupper

Kontinuerleg

HOD

59. Vurdere korleis samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og krisesentera fungerer og kan betrast

Ikkje byrja

BLD

60. Evaluere sentera mot incest og seksuelle overgrep

Ferdig

BLD

61. Fortsette å støtte Stine Sofie Senteret

Ferdig

HOD

62. Utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for behandling og greie ut forløp for valdsutsette og for valdsutøvarar

Byrja

HOD

63. Innføre kompetansekrav i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, mellom anna ved krav til at kommunen må ha knytt til seg psykolog, lege, jordmor, helsesøster og fysioterapeut

Ferdig

HOD

64. Styrkje dei kommunale tenestetilboda gjennom auka psykologkompetanse og helsestasjonsverksemd

Byrja

HOD

65. Leggje til rette for eit meir teambasert helsetenestetilbod

Byrja

HOD

66. Vurdere effekten av integrert rus- og valdsbehandling og vurdere korleis brukarar ser på arbeid med valds- og traumeerfaringar i rusbehandling

Byrja

HOD

67. Styrke behandlingstilbodet for menneske med rus- og/eller psykiske helseutfordringer. Dette inkluderer også menneske med traumeerfaringar.

Byrja

HOD

68. Utvikle verktøy for å kartleggje valdsrisiko

Byrja

HOD

69. Sikre at valds- og overgrepserfaringar inngår i arbeidet med pakkeforløp for psykisk helse og rus, ved utgreiing, tiltak og behandling

Byrja

HOD/BLD

70. Sørgje for at barn og unge ved barnevernsinstitusjonar som slit med traume, blir oppdaga og får naudsynt helsehjelp

Kontinuerleg

HOD

71. Betre behandlingstilbodet til unge overgriparar og vidareføre arbeidet med å spreie gode behandlingsmetodar

Byrja

HOD

72. Vurdere å etablere eit nasjonalt klinisk nettverk for behandling av barn og unge med seksuelle åtferdsproblem

Byrja

HOD

73. Vidareføre arbeidet med å utvikle behandlingstilbod for personar som er dømde for å ha utført seksuelle overgrep

Byrja

BLD

74. Styrkje tilbodet frå familievernet til familiar der det førekjem vald, og styrkje samarbeidet mellom familievernet og ATV

Kontinuerleg

KD/Alle

75. Bidra til at fleire kommunale tenester og statlege etatar etablerer bestillingssystem og rutinar som kan auke bruken av kvalifisert tolk i tenesteytinga

Kontinuerleg

JD

76. Opprette offeromsorgskontor som er knytte til politiet, i dei 12 politidistrikta i landet

Ferdig

JD

77. Sørgje for at det i alle politidistrikta blir etablert eigne fagmiljø for nedkjemping av kriminalitet innanfor vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep

Kontinuerleg

JD

78. Evaluere prøveprosjektet SARA for barn med tanke på å spreie verktøyet til alle politidistrikta

Byrja

JD

79. Evaluere besøksforbodet, inkludert korleis politiet følgjer opp brot på besøksforbod

Byrja

JD

80. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal samarbeide med andre tenester ved bruk av omvend valdsalarm

Byrja

JD

81. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal bruke kode 6 (strengt fortruleg adresse), inkludert korleis dei skal samarbeide med andre tenester

Byrja

JD

82. Setje ned ei gruppe / ein kommisjon som skal gå gjennom eit utval av partnardrapssaker

Byrja

JD

83. Styrkje kapasiteten og kompetansen ved Statens barnehus og ved etterforsking av vald og overgrepssaker mot barn

Ferdig

JD

84. Utarbeide nasjonale retningslinjer for Statens barnehus

Ferdig

HOD

85. Utarbeide retningslinjer for medisinske undersøkingar / tannhelseundersøkingar ved Statens barnehus

Byrja

HOD

86. Gå gjennom betalingspraksisen for medisinske undersøkingar ved barnehusa for å sikre likskap mellom barnehusa

Byrja

JD

87. Greie ut om avhøyr av barn og unge under 16 år som er mistenkte for seksuelle overgrep, skal gjennomførast ved Statens barnehus

Byrja

BLD

88. Greie ut ei lovendring med sikte på å endre foreldreretten og samværsretten til barn der far/stefar eller mor/stemor har blitt dømd for alvorlege overgrep mot eigne barn / stebarn

Ferdig

12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

I tilknyting til budsjettproposisjonen for 2019 er det sett opp standardtabellar med nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet og Forbrukarrådet.

Tabell Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.

Tabell Kontantbehaldningane til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Føremålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

12.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Tabell 12.1 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2015

2016

2017

2018

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

41 262 912

39 542 353

36 845 837

34 868 000

Varer og tenester

15 133 996

13 069 996

13 283 082

15 182 000

Sum driftsutgifter

56 396 908

52 612 349

50 128 920

50 050 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

-158 199

-95 790

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

-158 199

-95 790

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

56 396 908

52 454 150

50 033 130

50 050 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

0

0

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

53 981 000

52 856 000

55 107 000

42 929 000

Andre innbetalingar

344 141

523 259

1 017 802

410 000

Sum overføringar til verksemda

54 325 141

53 379 259

56 124 802

43 339 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

54 325 141

53 379 259

56 124 802

43 339 000

Netto endring i kontantbehaldninga

-2 071 767

925 109

6 091 672

-6 711 000

Tabell 12.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2015

2016

2017

2018

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

53 981 000

52 856 000

55 107 000

42 929 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

100 000

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

53 981 000

52 856 000

55 207 000

42 929 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

344 141

523 259

1 017 802

410 000

Sum oppdragsinntekter m.m.

344 141

523 259

1 017 802

410 000

Sum inntekter

54 325 141

53 379 259

56 224 802

43 339 000

Tabell 12.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2015

2016

2017

Endring

Beløp i NOK

2016–2017

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

14 340 292

15 265 401

21 357 073

6 091 672

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

14 340 292

15 265 401

21 357 073

6 091 672

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

3 498 274

3 236 771

3 133 605

-103 166

Skattetrekk og offentlege avgifter

3 052 208

2 875 001

1 354 124

-1 520 877

Gjeld til leverandørar

-330 921

550 574

2 409 011

1 858 437

Gjeld til oppdragsgivarar

-2 489 231

-2 699 981

1 394 577

4 094 558

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

1 736 142

1 739 218

1 206 048

-533 170

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

5 466 472

5 701 583

9 497 365

3 795 782

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

8 873 820

9 563 818

11 859 708

2 295 890

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetjingar

8 873 820

9 563 818

11 859 708

2 295 890

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

14 340 292

15 265 401

21 357 073

6 091 672

12.2 Forbrukarrådet

Tabell 12.4 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2015

2016

2017

2018

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

90 023 556

95 724 320

95 882 695

109 936 000

Varer og tenester

40 956 217

50 019 323

52 407 238

66 735 000

Sum driftsutgifter

130 979 774

145 743 644

148 289 933

176 671 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

7 054 808

7 778 336

5 762 393

1 900 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

7 054 809

7 778 336

5 762 393

1 900 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

200 000

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

200 000

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

11 949

9 413

1 828

20 000

Sum finansielle aktivitetar

11 949

9 413

1 828

20 000

Sum utgifter

138 246 531

153 531 394

154 054 154

178 591 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

-467 866

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

10 266

0

0

0

Sum driftsinntekter

-457 600

0

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

144 374 194

152 067 171

152 809 252

176 131 000

Andre innbetalingar

2 595 581

1 420 938

2 265 484

2 460 000

Sum overføringar til verksemda

146 969 775

153 488 109

155 074 735

178 591 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

146 512 175

153 488 109

155 074 735

178 591 000

Netto endring i kontantbehaldninga

8 265 643

-43 285

1 020 582

0

Tabell 12.5 Inntekter etter inntektskilde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2015

2016

2017

2018

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

144 374 194

151 321 318

152 434 592

176 131 000

Løyvingar frå andre departement

0

37 500

37 500

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

144 374 194

151 358 818

152 472 092

176 131 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 851 008

2 122 636

1 945 644

2 460 000

Sum bidrag

1 851 008

2 122 636

1 945 644

2 460 000

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

0

0

0

0

Sum oppdragsinntekter m.m.

286 974

6 655

656 999

0

Sum inntekter

286 974

6 655

656 999

0

Sum inntekter

146 512 175

153 488 109

155 074 735

178 591 000

Tabell 12.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2015

2016

2017

Endring

Beløp i NOK

2016–2017

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

39 460 878

39 417 593

40 438 492

1 020 899

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

111 721

118 655

118 338

-317

Sum kontantar og kontantekvivalentar

39 572 599

39 536 248

40 556 830

1 020 582

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

7 511 706

8 565 309

9 379 774

814 466

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 770 517

6 897 675

7 041 122

143 447

Gjeld til leverandørar

7 873 934

5 225 252

7 193 434

1 968 182

Gjeld til oppdragsgivarar

770 312

-45 340

-540 000

-494 660

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

2 787 546

3 348 578

2 919 956

-428 623

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

25 714 016

23 991 474

25 994 286

2 002 813

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

63 394

72 377

72 377

0

Fri verksemdskapital

13 795 190

15 472 398

14 490 168

-982 231

Sum andre avsetjingar

13 858 584

15 544 775

14 562 545

-982 231

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

39 572 599

39 536 248

40 556 830

1 020 582

Til forsida av dokumentet