Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Figur 3.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 3.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

3.1 Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan føre til at vatnet blir ureina.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Ei utfordring er det derimot med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytte til produkt som blir omsette over internett og per postordre. Mattilsynet skal utvikle tilsynet og auke kompetansen for å følgje opp nye omsetnadsformer og auka netthandel.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal difor innrettast slik at dei medverkar til dette. I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer. Det gjeld til dømes sau og lam, egg, svin, fjørfe og mjølk. Jordbruksoppgjeret i 2019 prioriterte difor inntektsmoglegheiter for produksjon av korn, frukt, grønsaker, bær og poteter.

Sjølvforsyningsgraden beskriv heimemarknadsdelen rekna på energibasis. Det vil seie kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av til dømes fisk er ikkje med i berekninga av sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgraden gir først og fremst eit bilete av den prosentdelen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg og kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket, blir særleg påverka av vêret, men òg av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008 auka han med 3 prosenteiningar frå 47 pst. til 50 pst. frå 2014 til 2015. Dette kom i stor grad av gode kornavlingar, og at mykje av kornet hadde matkornkvalitet. Frå 2015 til 2017 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med 1 prosenteining, til 49 pst. som følgje av at matkorndelen gjekk ned. Tørken sommaren 2018 gjekk svært hardt ut over norsk kornproduksjon, noko som gav ein sjølvforsyningsgrad på 45 pst. i 2018. Sjølvforsyningsgraden for 2018 vil ikkje vere samanliknbar med eit normalår. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden i Noreg er låg for energirike plantevekstar og høg for husdyrprodukt med meir proteininnhald.

Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, karbohydrat, feitt og protein, er delen av norskprodusert råvare særleg redusert for feitt- og proteinfraksjonen som følgje av forbodet mot bruk av kjøtt- og fiskebeinsmjøl. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Som følgje av tørken sommaren 2018 vil delen norskprodusert korn vere lågare i 2018 enn i eit normalår. Krav til energi- og proteininnehald i kraftfôret gjer at karbohydratdelen har blitt redusert dei seinare åra. Delen av norskprodusert karbohydrat blir òg påverka av kva type proteinråvare som er nytta – ei proteinråvare med lågt karbohydratinnehald, som mellom anna rapspellets, gir rom for auka bruk av norsk karbohydrat i fôret. Delen av norskprodusert karbohydrat i kraftfôret har auka frå 61 pst. i 2014 til 78 pst. i 2017. I 2018 var delen norskprodusert karbohydrat redusert til 73 pst. som følgje av at tørken sommaren 2018 gav reduserte avlingar.

Signal frå næringa viser at det er rom for meir norskprodusert kveite i kraftfôret fordi kveiten har høgare proteininnehald enn anna fôrkorn. Ein auke i produksjonen av norsk kveite er difor ein viktig faktor for å auke delen norskprodusert råvare i kraftfôret. Delen av norskprodusert feittråvare i kraftfôret har auka frå 45 pst. i 2014 til 52 pst. i 2018.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing at den antibiotikaresistente LA-MRSA bakterien ikkje skal etablerast i norsk svinehald. I 2018 blei det ikkje gjort funn av den bakteriestammen som internasjonalt blir rekna som LA-MRSA i norske svinebuskapar. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 34 pst. til kjæledyr frå 2013 til 2018. Nedgangen er på om lag 24 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel. Forbruket til dei viktigaste matproduserande landdyra er i same periode redusert med om lag 17 pst.

Bruken av antibiotika til behandling av slaktekylling er framleis svært låg. Narasin blei fasa ut som fôrtilsetjingsmiddel til slaktekylling sommaren 2016. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

Generelt er helsa god også hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen chronic wasting disease (CWD) påvist hos villrein og elg. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegging og tiltak for å avgrense og helst utrydde sjukdommen. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Den smitta villreinflokken i Nordfjella sone 1 er teken ut, og det blir gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stader. Dette arbeidet er òg viktig for å sikre at dei dyra som blir nytta til å byggje opp ein ny villreinstamme i Nordfjella, er friske.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Regjeringa har styrkt arbeidet for god dyrevelferd, mellom anna gjennom prøveprosjekt med dyrepoliti i fem politidistrikt.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytte til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr. Mattilsynet gjennomførte i 2017 og 2018 ein tilsynskampanje som viste alvorlege avvik i mange slaktegrisbesetningar i Rogaland. Mattilsynet har, på grunnlag av funna i kampanjen, merksemd på risikobasert tilsyn med slaktegris i heile landet.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

For god utnytting av dei biologiske ressursane er langsiktig avlsarbeid viktig. Gjennom BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Både Geno og Norsvin har i avlsmåla gjennom mange tiår lagt vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt. Det er vektlegginga av eigenskapar som helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar som har bidrege til at den norske grisen og mjølkekua av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) i dag er særs ettertrakta i mange land.

FNs mat- og landbruksorganisasjon, FAO, omtaler NRF som eit godt døme på moderne, god og berekraftig avl. Geno eksporterer NRF-sæd til over 30 land, og det er spesielt den gode dyrehelsa og fruktbarheita som har ført til auka interesse for NRF-kua i mange land.

Norsvin har òg lukkast godt i sitt internasjonale arbeid, og norske svinegen finst no i mange land. I tillegg aukar interessa. Norsvin har ved å kombinere interessene til produsentar, foredlingsindustri og forbrukarar i avlsarbeidet utvikla ein gris med unike eigenskapar. Høg forskingsaktivitet har vore viktig for det nemnde avlsarbeidet. Om lag 30 pst. av Norsvins samla omsetnad blir nytta til forskings- og utviklingsarbeid.

Det er fleire aktive forskingsprosjekt med mål om berekraftig, klimavennleg og auka utnytting av dei biologiske ressursane. Døme på dette er prosjekt som studerer nye norske proteinråvarer, alternative fôrkjelder, auka fôrutnytting, betre fôringsrutinar, avl for auka fertilitet hos storfe, ultralydmåling på levande gris for sikker registrering av intramuskulært feitt, genomsekvensering og genomisk seleksjon av storfe, svin og sau, berekraftig sauehald, veksthusdyrking, karbonlagring i jord, auka produksjon og utnytting av skog og trevirke, plantevernmiddel i mat og miljø, miljøvennleg energi og utvikling av elektrisk traktorrobot.

For auka bruk av dei biologiske ressursane er rekruttering av fagpersonar viktig. Det har dei siste åra vore ein auke i talet på søkjarar til yrkesfaga innan «grøn» sektor, men det er relativt få som vel denne retninga samanlikna med andre programfag. Innan høgare utdanning har det også vore ein positiv trend dei siste åra når det gjeld talet på studentar innan landbruksfag og andre grøne utdanningar, men tala varierer. Fleire kandidatar innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga legg òg grunnlaget for rekruttering til forskarutdanning. Tiltak for å auke rekrutteringa er viktig, og det må stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane.

Presisjonslandbruk er viktig for å redusere bruken av plantevernmiddel (pesticid og herbicid). Fordi ugras som oftast veks flekkvis, kan bruken av ugrasmiddel (herbicid) reduserast ved å tilføre middelet berre der det er eit reelt behov. Tverrfagleg forsking i samarbeid med næringsaktørar, der Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har bidrege med agronomi og plantevernfagleg kompetanse, har ført til at ugrasmiddel kan nyttast etter behov i korn og radkulturar. Ein ny metode er å montere ein DAT-sensor på åkersprøyta. Sensoren «ser» ved spesialutvikla maskinsyn kvar det trengst sprøyting. Den andre måten er ein sjølvgåande robot («Asterix») som ved spesialutvikla maskinsyn avset dropar med ugrasmiddel berre på ugrasblad og ikkje på nytteplantane eller jorda. Det er tverrfagleg forsking som ligg til grunn for begge metodane, med kombinasjon av agronomi, maskinsyn og robotikk. Forskinga har bidrege til utvikling innanfor fleire bedrifter, og det er vist at det kan gi store reduksjonar i bruken av plantevernmiddel.

3.2 Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

For å nå målet om landbruk i heile landet må det leggjast til rette for bruk av beite- og jordressursane. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i jordbruket. I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2018 er det estimert ein reduksjon i det samla jordbruksarealet på om lag 5 pst, jf. tabell 3.1. Registrert totalareal var på det høgaste i 1998.

Frå 2005–2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa av det nye kartverket gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Nedgangen kjem av både meir nøyaktige målingar og at endringar som har skjedd over tid, først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk. Om ein ser bort frå det nye kartgrunnlaget, har arealnedgangen vore på om lag 1,4 pst. i perioden. Etter 2013 er arealnedgangen blitt redusert frå om lag 60 000 dekar per år til om lag 10 000 dekar per år. Sidan 2010 har nesten 170 000 dekar blitt godkjent til nydyrking. Sidan 2016 har over 21 500 dekar blitt godkjent årleg.

I 2004 ble det sett eit nasjonalt mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skulle reduserast til under 6 000 dekar. Dette målet blei nådd i 2013. Ved handsaming av Innst. 56 S (2015–2016) fastsette Stortinget eit nytt jordvernmål på under 4 000 dekar per år innan 2020. KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det blei omdisponert 3 561 dekar dyrka jord i 2018. Dette er ein nedgang på om lag 2 800 dekar frå 2016 og 300 dekar frå 2018.

Reduksjonen i jordbruksareal i drift frå 1999 til 2018 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg. I perioden 2010 til 2018 blei arealet av open åker på Austlandet redusert med i underkant av 90 000 dekar, mens arealet av eng og beite auka med om lag 89 000 dekar. Dette kjem dels av auka storfe- og sauehald. Ein del stader bidreg det òg til å redusere avrenninga til vassdrag gjennom auka grasdekke mellom dyrka mark og vassdrag.

På landsbasis har delen fulldyrka areal hatt ein reduksjon på 3 pst. i perioden 2010–2018, mens delen av eng og beite har auka med 1 pst. i same periode. Kornarealet har gått ned med 8 pst. sidan 2010. Budsjettnemnda for jordbruket ventar uendra kornareal frå 2018 til 2019 i prognosane sine.

Tabell 3.1 Jordbruksareal i drift, 1989–2018, 1000 dekar

1989

1999

2014

2015

2016

2017

2018

Endring 99–18

Endring 14–18

Korn og oljevekstar

3 530

3 346

2 879

2 862

2 892

2 889

2 825

–16 %

–1,9 %

Åker og hage

4 403

3 996

3 326

3 303

3 332

3 318

3 270

–18 %

–1,7 %

Fulldyrka eng og beite

4 443

4 876

4 785

4 799

4 750

4 727

4 791

-2 %

0,1 %

Sum fulldyrka jord

8 846

8 871

8 111

8 102

8 082

8 045

8 061

–9 %

–0,6 %

Anna eng og beite

1 096

1 513

1 757

1 758

1 755

1 806

1 803

19 %

2,6 %

Jordbruksareal i drift i alt

9 942

10 384

9 868

9 860

9 837

9 851

9 864

-5 %

0,0 %

Dekar/innbyggjar

2,35

2,34

1,93

1,90

1,90

1,90

1,86

–21 %

–3,6 %

Systemet for registrering av dyr som gav grunnlag for beitetilskott/utmarksbeitetilskott blei lagt om i 2017/2018. Omlegginga gjer at tala for dyr på beite i 2018 ikkje er direkte samanliknbare med tala frå tidligare år. Om lag 90 pst. av all sau oppfyller vilkåra for beitetilskott. Prosentdelen sau på utmarksbeite aukar etter som buskapane blir større. Prosentdelen storfe på beite har auka mykje dei siste åra, noko som har samanheng med den store auken i beite- og utmarksbeitetilskott. For storfe går prosentdelen dyr på beite ned når buskapane blir større.

På grunnlag av utvalsundersøkinga «Arealrekneskap i utmark» og statistikk frå Landbruksdirektoratet basert på søknader om produksjonstilskott i 2016, gjorde NIBIO i 2018 berekningar av kor stor del av det tilgjengelege utmarksbeitet i kvart fylke som blir nytta av husdyr. Oslofjordfylka, Telemark og heile området frå det tidlegare Nord-Trøndelag til Finnmark har ein utnyttingsgrad som er lågare enn landsgjennomsnittet. I Oppland og fylka langs kysten frå Agder til Møre og Romsdal er utnyttingsgraden for utmarksbeite høgare enn landsgjennomsnittet. Berekningane viser at det er store ressursar i utmarka som ikkje blir utnytta, og at det unytta potensialet er særleg stort i Nordland og Troms.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Jordbruket stod for 1,8 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2018.

Tabell 3.2 Sysselsette personar i landbruket, 2018

Samla tal sysselsette

Sysselsette i Jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av samla sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

120 673

1 833

5,1

320

5,2

2 570

8,3

1 445

9,2

6 168

7,0

Akershus

279 481

1 643

4,6

467

7,6

2 098

6,8

484

3,1

4 692

5,3

Oslo

482 567

169

0,5

165

2,7

4 071

13,1

251

1,6

4 656

5,3

Hedmark

88 135

3 056

8,5

1 131

18,5

1 990

6,4

2 034

13,0

8 211

9,3

Oppland

88 944

3 664

10,2

678

11,1

1 296

4,2

1 200

7,7

6 838

7,7

Buskerud

127 537

1 556

4,4

675

11,0

1 204

3,9

1 177

7,5

4 612

5,2

Vestfold

108 822

1 495

4,2

244

4,0

2 352

7,6

749

4,8

4 840

5,5

Telemark

75 670

982

2,7

430

7,0

530

1,7

337

2,2

2 279

2,6

Aust-Agder

49 159

566

1,6

352

5,7

387

1,2

844

5,4

2 149

2,4

Vest-Agder

89 157

882

2,5

262

4,3

952

3,1

1 135

7,3

3 231

3,6

Rogaland

244 157

4 745

13,3

100

1,6

3 595

11,6

1 253

8,0

9 693

10,9

Hordaland

259 878

1 996

5,6

156

2,5

1 981

6,4

577

3,7

4 710

5,3

Sogn og Fjordane

55 043

1 972

5,5

120

2,0

942

3,0

623

4,0

3 657

4,1

Møre og Romsdal

129 247

1 970

5,5

154

2,5

1 377

4,4

528

3,4

4 029

4,6

Trøndelag

232 129

5 528

15,5

607

9,9

3 781

12,2

2 233

14,3

12 149

13,7

Nordland

117 286

2 069

5,8

188

3,1

670

2,2

600

3,8

3 527

4,0

Troms - Romsa

86 442

964

2,7

70

1,1

922

3,0

157

1,0

2 113

2,4

Finnmark - Finnmárku

37 836

671

1,9

6

0,1

291

0,9

23

0,1

991

1,1

Sum

2 672 163

35 761

100,0

6 125

100,0

31 009

100,0

15 650

100,0

88 545

100,0

Tabell 3.2 viser sysselsette personar i landbruket i 2018. Tala for 2018 er henta frå SSB (registerbasert sysselsetjing). I alt var det i underkant av 90 000 sysselsette personer i landbrukssektoren, ein liten reduksjon frå 2017. Av dei var i overkant av 35 000 sysselsette i jordbruk og reindrift, mens i overkant av 6 000 personar var sysselsette i skogbruk. Samstundes var om lag 31 000 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og i overkant av 15 000 i skogbruksbasert industri.

Ressursane knytte til landbrukseigedommane speler ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 295 619 innbyggjarar i Noreg per 1. januar 2018. Av dei var 369 527 fast busett på ein landbrukseigedom. Det er ein nedgang frå 423 412 personar i 2010. I 2018 var det registrert 144 903 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg. Om lag 111 650 landbrukseigedommar var registrerte med fast busetnad av eigaren eller andre. I snitt bur 3,3 personar på kvar landbrukseigedom, målt ut frå desse tala.

I 2018 budde 7 pst. av befolkninga på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetnad og i småsenterregionar bur ein større del av befolkninga på landbrukseigedommar. Her er det høvesvis om lag 23 pst. og 18 pst. av befolkninga som bur på slike eigedommar, mens tilsvarande tal for storbyregionar er om lag 3 pst.

Eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å halde vedlag målet om landbruk over heile landet. Figur 3.2 viser endringa i produsert mengd fordelt på nokre produksjonar og på landsdel i perioden 2014–2018. Produksjonen av kumjølk er jamt fordelt over heile landet på grunn av kvotesystemet, som mellom anna legg geografiske avgrensingar på kvar ei mjølkekvote kan produserast. Dei siste åra har den samla produksjonen gått ned over heile landet, men som følgje av tørken sommaren 2018 blei kvotene for mjølkeproduksjon auka for å sikre nok mjølk til meieria. Dette førte til at produksjonen av mjølk i 2018 auka samanlikna med tidlegare år. I perioden 2014–2018 har den samla produksjonen gått noko ned på Austlandet, i Ager/Telemark, på Vestlandet og i Nord-Noreg, mens det har vore ein auke i Rogaland og Trøndelag.

Produksjonen av sau- og storfekjøtt har hatt ein auke i heile landet. Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste ti åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016. I dag blir det produsert fjørfekjøtt på Austlandet, i Trøndelag og i Rogaland. Produksjonsauken frå 2017 til 2018 kom i Trøndelag. I Trøndelag har det óg vore ein stor auke i eggproduksjonen dei siste åra, mens produksjonen har vore stabil i resten av landet. Produksjonsauken i svinekjøtt har i størst grad komme i Rogaland. Veksten i produksjon av grønsaker på friland har komme på Austlandet. Åkerarealet har gått ned i fleire landsdelar, men i Nord-Noreg har det gått opp, målt i prosent frå eit lågt nivå.

Figur 3.2 Endringa i produsert mengde fordelt på produksjonar og landsdel, 2014–2018

Figur 3.2 Endringa i produsert mengde fordelt på produksjonar og landsdel, 2014–2018

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå SSB viser at over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2017. Dette er ein nedgang frå 2006, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 64. I 2017 hadde i underkant av 4 500 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 4 300 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 11 pst. i 2017.

Tala for jordbruksverksemdene analyserte på BA-sentralitet viser omtrent same strukturfordeling som året før. Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Størstedelen ligg i småbyregionane (25 pst.), færrast i område for spreidd busetnad (9 pst.). Småbyregionane er òg i 2017 dei regionane som har flest dekar jordbruksareal i drift (2,6 mill. dekar) og mest leigd areal (i underkant av 1,2 mill. dekar). Tala frå åra 2012 og 2017 for desse regionane viser òg at det eigde jordbruksarealet i drift har gått ned frå 1 490 600 dekar til 1 430 300 dekar, mens leigd jordbruksareal i drift har auka frå 1 135 600 dekar til om lag 1 190 700 dekar.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på eige jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 3.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala for 2015 og 2017 viser ein nedgang i jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon berre med eigd jordbruksareal, men òg ein nedgang i talet på jordbruksverksemder som driv produksjon med både eigd og leigd jordbruksareal.

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var på litt under 5,4 mill. dekar i 2017. Det leigde jordbruksarealet var på vel 4,4 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2016 viser dette ein nedgang på 33 100 dekar i det eigde jordbruksarealet i drift og ein auke på 47 600 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene. Gjennomsnittleg areal i drift per jordbruksverksemd var 244 dekar i 2017 (fordelt på 134 dekar eigd areal og 110 dekar leigd areal). Det er 5 dekar meir enn året før og 28 dekar meir enn i 2010. Av jordbruksarealet i drift var i alt 45 pst. leigejord i 2017 og 2016, mot 44 pst. i åra 2015, 2014 og 2013.

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2017

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2017

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden har rett til å disponere over eigen eigedom i tråd med eigne val og prioriteringar. Statistikk frå SSB viser at det var om lag 183 600 registrerte landbrukseigedommar i 2017. Dette er landbrukseigedommar som er sette saman av minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på det eigde jordbruksarealet viser at mange eigedommar har eit lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2016 og 2017. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. Utviklinga frå 2013 til 2017 viser ein auke i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Endringa var omtrent den same for landbrukseigedommar mellom 200 og 300 dekar (om lag 250 eigedommar) og for eigedommar mellom 300 og 500 dekar (om lag 240 eigedommar). Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden. Om lag 7 pst. av eigedommane var registrerte utan eigd jordbruksareal i 2017. Dette er på same nivå som i perioden 2013–2016.

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2018 viser at om lag 18 pst. av dei som fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom, skulle selje jorda som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 599 eigedommar skulle overførast som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar i 2018. I perioden 2009–2015 var den tilsvarande prosentfordelinga på om lag 13 pst. Fordelinga var 14 pst. i 2016 og 17 pst. i 2017.

Av dei 183 600 registrerte landbrukseigedommane i 2017 har i underkant av 162 400 eigedommar (88 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 50 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 22 pst. av eigedommane blir drivne berre ved hjelp av eige jordbruksareal, jf. figur 3.4, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2017. Tala for åra 2016 og 2017 viser ein nedgang for eigedommar med areal som anten blir drive av eigaren sjølv eller av andre ved bortleige, ein mindre nedgang enn føregåande år for eigedommar der eigaren sjølv er bruker av areala, og ein nedgang for eigedommar som berre blir drivne ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 67 dekar.

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2017

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2017

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2017 viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for åra 2013–2016. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Størstedelen ligg i småbyregionar (28 pst.), og det er færrast i område med spreidd busetnad (11 pst.).

Tala for 2017 viser òg, til liks med tala for 2013–2016, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala (6 pst.). Av regionane var det òg småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2017.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønnsemd i landbruket, og er slik det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2018 gjekk 33 pst. av tilskottsmidlane til personlege mottakarar under 35 år. Dette er ein auke på 6 prosenteiningar frå 2017 og ein markant auke frå 2010/2011, då det tilsvarande talet var 19 pst.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskoletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskolenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel landbruksutdanning i vidaregåande skole. Samstundes har interessa for gartnarutdanninga vore så låg at det i fjor var berre ein skole i landet som hadde eit slikt tilbod. I høgare utdanning har interessa for agronomutdanning vore aukande, mens dei andre landbruksrelaterte faga har varierande oppslutning, med søkjartal som svingar frå år til år. Ved mange av naturbruksskolane har det vore ulike tilbod om agronomutdanning for vaksne. Frå 2018 blei det etablert ein nasjonal modell for vaksenagronomen i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane, og interessa for tilbodet er stor.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak, tilrettelegging av tilleggsnæringar og betre lønnsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Tal frå Totalrekneskapet for reindriftsnæringa viser ein auke i resultatmåla frå 2016 til 2017. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital auka frå 87,2 mill. kroner til 11,9 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 95 221 kroner til 119 172 kroner. Det er i hovudsak ein auke i statstilskott og ein reduksjon i kostnadene. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området. Førebelse tal for 2018 viser ein stor reduksjon av resultatmåla. Dette kjem i hovudsak av reduksjon i statstilskotta.

I samsvar med innrapporterte tal er det slakta om lag 62 700 rein i kalenderåret 2018. Dette er ein auke på 3 600 rein i forhold til 2017 (59 100). Innrapporterte slaktedata for 2018 tilseier ei gjennomsnittleg slaktevekt på 19,1 kg (18,9 kg i 2017) for kalv og 21,8 kg (22,3 kg i 2017) for alle slaktedyr, og ein kalvedel på 81 pst. (77 pst. i 2017).

Det er stor variasjon i gjennomsnittsvekt mellom reinbeitedistrikta. Nokre distrikt har gjennomsnittsvekt på under 15 kilo per kalv, og enkelte av desse er heilt nede på 13,8 kilo per kalv. I den andre enden av skalaen er det fleire distrikt som har gjennomsnittsvekt på oppunder 26 kilo per kalv.

Sjølv om slakteuttaket har auka noko frå 2017, ligg det langt under uttaket i 2016, som var på 85 100 dyr. Bakgrunnen for den vesentlege reduksjonen i slakteuttaket dei to siste åra er beitekrisa vinteren og våren 2017. Årsaka til krisa var sein vår med mykje snø og is. Store delar av reindrifta blei ramma av krisa, men Aust-Finnmark reinbeiteområde blei særleg ramma.

Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Sidan driftsåret 2009/2010 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,2 kg per livrein i 2014/2015. Produksjonen per livrein er utrekna til 6,5 kg i 2017/2018.

Det er mange årsaker til tap av rein. Dei viktigaste er rovdyr, sjukdom, ernæringssvikt, reintjuveri eller trafikkulykker. Tamreinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av store tap til rovdyr har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr. Samla tap i driftsåret 2017/2018 var 82 118 rein (68 213 for perioden 2016/2017). Av dei var 63 541 tap av kalv (51 848 kalvar for perioden 2016/2017).

3.3 Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Sjølvforsyningsgraden, eller heimemarknadsdelen målt på energibasis, viser kor mykje av maten vi et som er produsert i Noreg. I fleire tiår har sjølvforsyningsgraden vore om lag 50 pst. Etter nokre år med reduksjon frå 2008 auka sjølvforsyningsgraden med 3 prosenteiningar frå 47 pst. til 50 pst. frå 2014 til 2015, i stor grad fordi kornavlingane var svært gode. Frå 2015 til 2016 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med 1 prosenteining til 49 pst. som følgje av at noko mindre av kornavlinga heldt matkornkvalitet. Slik var det i 2017 òg. Tørka sommaren 2018 gav ein særleg låg sjølvforsyningsgrad på 45 pst. For husdyrprodukt er sjølvforsyningsgraden gjennomgåande høg, mens han er lågare for planteprodukt.

Importen av landbruksvarer til Noreg aukar i verdi, men har dei siste åra hatt eit relativt stabilt volum. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanfor norsk sesong. Samla blei det i 2018 importert landbruksvarer og fiskefôr for 66,5 mrd. kroner. Det er ein auke på 4,5 pst. frå 2017 til 2018. I volum auka importen med 10,5 pst., men dette kom i hovudsak av auka import av fôrvarer og korn på grunn av tørke. Av den samla mengda importerte fôrråvarer var fiskefôr nesten to tredelar og råvarer til kraftfôr i underkant av éin tredel.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarar i aukande grad etterspør. For alle produktgruppene samla auka omsetnaden i daglegvarehandelen med om lag 8 pst. frå 2017 til 2018. Det blei omsett økologiske matvarer for 2,8 mrd. kroner i 2018, noko som utgjer om lag 2 pst. av totalmarknaden. Marknaden for økologiske produkt er såleis framleis liten, sjølv om etterspørselen er aukande.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med lokal identitet, særskild opphav eller særskilde kvalitetar knytte til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka sterkt dei siste åra. Frå 2010 til 2018 er salet meir enn dobla, frå 2,3 mrd. kroner til om lag 5 mrd. kroner. Dei siste to åra har det ikkje vore den same vekstutviklinga gjennom daglegvarehandelen som tidlegare. Salet av lokalmat gjennom denne kanalen utgjer om lag 2,8 pst. av totalomsetnaden av matvarer. Tilsvarande tal for 2010 var om lag 1,7 pst. I tillegg kjem ein monaleg, men ikkje talfesta omsetnad av lokalmat gjennom andre kanalar, som hotell, restaurant og catering (HoReCa), bondens marknad, matfestivalar og direkte sal frå produsentane. Matmerk er gitt i oppdrag å måle salet gjennom den såkalla HoReCa-kanalen, slik at ein betre kan talfeste denne utviklinga i åra som kjem.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og stønadsordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønnsemd i næringa aukar i framtida.

Jordbruket stod i 2018 for 45 700 årsverk, ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønnsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 3,0 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med 2,7 pst., mens produksjonen av planteprodukt har auka med 3,7 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har hatt jamn auke fram til 2018, men det er estimert ein reduksjon frå 2018 til 2019 på i overkant av 2 pst. Det har særleg vore det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka dei siste åra, i tillegg til delar av det grovfôrbaserte. Produksjonen av fjørfe har auka med i underkant av 24 pst. dei siste ti åra, mens svin har hatt ein auke på i underkant av 2 pst. Storfekjøttproduksjonen har auka med 3,5 pst. sidan 2010, men det er estimert ein reduksjon på om lag 3 pst. frå 2018 til 2019. Fram til 2016 var det behov for import av saue- og lammekjøtt. Etter ein påfølgjande periode med overskot i produksjonen av sau og lam, nærmar det seg no balanse i marknaden.

I perioden 2010–2013 fall produksjonen av planteprodukt med i underkant av 3,5 pst. Årsaka til produksjonsnedgangen er både redusert areal og svak avlingsutvikling for korn, særleg knytt til dårlege vêrforhold. Frå 2013 til 2017 auka produksjonen med nesten 11 pst., mellom anna på grunn av svært gode avlingsår. Tørka sommaren 2018 førte til at kornproduksjonen blei redusert med 48 pst. i 2018 samanlikna med 2017. Også for nokre grønsakskulturar var det vesentleg svikt i avlingane, mens andre kulturar, poteter, frukt og bær blei mindre påverka økonomisk, i hovudsak som følgje av vatning av areala. Budsjettnemnda for jordbruket har estimert at den samla produksjonen av planteprodukt vil auke med 2 pst. frå 2018 til 2019. Produksjonen av grønsaker har det siste tiåret auka med over 30 pst., mens fruktproduksjonen har auka med 3 pst. Produksjonen av bær er om lag uendra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, som endringar i eigarskap og organisering i omsetnadskanalane, og som følgje av auka importkonkurranse. Dei siste sesongane har det vore betring for dei fleste grønsakskulturane. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg for grøntsektoren.

Figur 3.5 Endring i produksjonsvolum 2010–2019, ifølgje normalisert rekneskap

Figur 3.5 Endring i produksjonsvolum 2010–2019, ifølgje normalisert rekneskap

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Lønnsemd er den viktigaste drivaren for avgjerdene den enkelte produsenten tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga.

Hovudbiletet for produksjonsutviklinga var tidlegare at vekst i produksjonar kom i dei meir sentrale områda, noko ein har sett ei endring på dei siste åra. Frå 2014 har Vestlandet og Trøndelag auka sine prosentdelar av mjølkeproduksjon, sau, eng og beite. Trøndelag har i tillegg auka marknadsdelane sine av storfekjøttproduksjon. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samanheng med produksjonsutviklinga generelt. Den sterke auken i produksjon av fjørfe, trass i reduksjonen i 2015 og 2016 som følgje av merksemda kring antibiotikaresistens, har først og fremst komme i Trøndelag. Her har også eggproduksjonen auka dei siste åra. Auken i grønsakproduksjon har komme på Austlandet, som òg har hatt ein auke i marknadsdelen av sau. Auken i svinekjøttproduksjon har vore størst i Rogaland.

For mjølkeproduksjon er produksjonsdelinga relativt stabil med produksjon over heile landet, som følgje av at ein kvote ikkje kan flyttast ut av produksjonsregionen. Innanfor produksjonsregionane er det ikkje noko systematisk flytting av kvotar til områda med dei beste produksjonsforholda, men det er ein aukande konsentrasjon av mjølkeproduksjon i dei områda som allereie har sterke produksjonsmiljø. Slike klyngjer av produsentar med eit sterkt fag- og produsentmiljø ser ut til å ha større innverknad på lokaliseringa av mjølkeproduksjonen enn naturgitte produksjonsforhold. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det vedteke å redusere talet på produksjonsregionar for mjølk frå 18 til 14, gjeldande frå omsetnadsrunden 2018. Formålet var å bidra til meir fleksibilitet i tilgangen på kvotar, eit jamnare prisnivå mellom regionane og betre tilrettelegging av driftsomfanget til den enkelte produsenten.

Som følgje av WTO-avtalen frå Nairobi i 2015 må Noreg avvikle eksportsubsidiane innan 2021. Det inneber at mjølkeproduksjonen må reduserast. Partane i jordbruksoppgjeret 2019 blei samde om at det er behov for et best mogleg faktagrunnlag for nedskaleringa, og vil gjennomføre ein prosess hausen 2019 for å utarbeide eit opplegg til korleis nedskaleringa skal gjerast. Det var semje om at nedskaleringa skal bli gjennomført ved bruk av forholdstalet på disponibel kvote og oppkjøp av mjølkekvotar med finansiering over omsetjingsavgifta for mjølk.

Ifølgje nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 16,2 mrd. kroner i 2018. Dette inneber ein reduksjon på 9 pst. frå 2017. Produktivitetsveksten i jordbruket har tradisjonelt sett vore, og er framleis, høg. Jordbrukssektoren har hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 2,4 pst. i gjennomsnitt kvart år dei siste ti åra. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg auke på 1,8 pst. i tilsvarande periode, ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Produktivitetsberekninga frå Budsjettnemnda for jordbruket er lågare enn tidlegare år, noko som mellom anna kjem av at reduksjonen i arbeidsforbruket er lågare enn det som har vore lagt til grunn tidlegare. I tillegg er volumveksten i bruttoproduktiviteten svakare enn tidlegare, mellom anna som følgje av svakare produksjonsutvikling og vekst i energiforbruket.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket har føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønnsemd i næringa kan auke også i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal ha høve til ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendig næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk, og arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit til inntektsutvikling på line med andre i samfunnet. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av den samla produksjonen.

Frå 2017 til 2019 er det berekna at bruttoinntektene i jordbruket vil auke med vel 1 mrd. kroner. Dei direkte tilskotta over jordbruksavtalen er budsjetterte å auke med 1,44 mrd. kroner i same periode. Kostnadene (inkl. rentekostnaden) er estimert til å auke med om lag 2,25 mrd. kroner frå 2017 til 2019. Den kraftige kostnadsveksten frå 2017 til 2018 held altså fram inn i 2019. Ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket har jordbruket dei siste to åra hatt ein samla kostnadsauke på 7,6 pst. Prognosane frå Budsjettnemnda tilseier at vederlag til arbeid og eigenkapital frå 2018 til 2019 vil bli redusert med 6,6 pst. per årsverk. Den svake inntektsutviklinga har fleire årsaker: svikt i marknadsinntektene som følgje av overproduksjon, ein sterk auke i fleire kostnadspostar som mellom anna energi- og realrente, mineralgjødsel, kalk og innkjøpt fôr som følgje av tørka sommaren 2018, fallande produktivitetsvekst og redusert verdi av jordbruksfrådraget som følgje av lågare skatt på alminneleg inntekt. For jordbruksoppgjera under regjeringa Solberg (2014–2019) har vederlag til arbeid og eigenkapital auka med 10,1 pst. Veksten for lønnsmottakarar er i same periode estimert til 13,7 pst.

Tørka sommaren 2018 påverka i stor grad inntektene til mange bønder, gjennom reduserte inntekter og auka kostnader. Budsjettnemnda for jordbruket estimerte tapet i næringa til i underkant av 3,1 mrd. kroner for 2018 og 2019. I tilleggsforhandlingar hausten 2018 blei staten og jordbruksorganisasjonane samde om kompensasjon for skadane tørka førte til. Arealtilskotet for 2018 blei auka med 24 mill. kroner, og husdyrtilskotet blei auka med 285 mill. kroner. I tillegg blei satsen for grovfôr i avlingsskadeerstatninga auka og maksimal utbetaling auka til 1,5 mill. kroner per vekstgruppe. For skadeåret 2018 er kompensasjon og erstatning estimert til å bli om lag 2,4 mrd. kroner.

Landbruksdirektoratet har lagt ned store ressursar på IKT-området dei siste åra. Dei nye IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag for både brukarar og forvaltning og gi ei effektiv og sikker forvaltning. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for fylkesmannsembeta og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet er no tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt finansierte over jordbruksavtalen, mellom anna eStil RMP, eStil PT og Agros.

Ei effektiv og lønnsam utnytting av garden sine samla ressursar

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønnsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønnsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildeling av midlar. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midlane til tradisjonelt landbruk med same metode som for midlar til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag utanom tradisjonelt landbruk har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2018 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg vekst i salsinntekter og verdiskaping enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Sett opp mot tenester og verkemiddel frå andre departement har prosjekt som er finansierte av Landbruks- og matdepartementet, ein like god verknad på desse indikatorane som prosjekt finansierte av andre departement.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. Om lag 84 pst. av tilskottsmidlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, det vil seie knytte til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2018 legg til grunn ein sysselsetjingsvekst på om lag 454 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar. Det er på same nivå som for 2017. INs kundeeffektundersøkingar viser at når det gjeld støtte til tradisjonelt landbruk, ligg ordninga klart over snittet for INs tenester når det gjeld prosjekt som er viktige for betra lønnsemd, overleving og auka omsetnad, mens verknaden for andre landbruksbaserte næringar ligg på same nivå som for snittet for INs tenester for dei same indikatorane.

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er eit breitt anlagt program, etablert i den noverande forma i 2015, med tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter og forpliktande produsentsamanslutningar. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i stor grad er utløysande for realisering av prosjekta. Undersøkingane viser vidare at ordningane medverkar positivt til kompetanseheving og samarbeid. Det er stadig behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar, og kva verknader dei ulike tiltaka har, mellom anna for å utvikle programmet vidare og sikre best mogleg utnytting av midlane. Dei siste åra er det difor gjort fleire evalueringar av mellom anna vekstordninga (hausten 2016 av Oxford Research) og ordninga for forpliktande produsentsamanslutningar/bedriftsnettverk (i 2017 som ledd i ei breiare evaluering av INs generelle ordning for bedriftsnettverk). I 2018 blei det gjort ei evaluering av kompetansesatsinga i programmet. Evalueringane og føringane frå Meld. St. 31 (2014–2015) og reiselivsstrategien blir brukt for å utvikle programmet vidare. IN skal mellom anna utvikle retningsliner for ein fase 2 for vekstverksemder der også kompetanse inngår i pakka som verksemdene kan få tilgang til.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønnsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 928 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2017, hadde 81 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er på same nivå som i 2016. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og Trøndelag og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 64 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 241 500 kroner, ein auke på knappe 1 pst. frå 2016. Gjennomsnittleg omsetnad auka på Vestlandet og i Trøndelag, men gjekk ned på Austlandet, i Agder og Rogaland og i Nord-Noreg.

Figur 3.6 Driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2015–2017

Figur 3.6 Driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2015–2017

Driftsoverskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 83 100 kroner per bruk i 2017. Det er ein auke på 4 200 frå 2016. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike næringane, jf. figur 3.6. Gruppa «Anna tenesteyting» (mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping) har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene. For gruppene turisme og vareproduksjon er det stor variasjon mellom år og mykje lågare driftsoverskott enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser at bidraget frå desse næringane til familieøkonomien samla sett er lite og har lege nokså stabilt på mellom 6 og 7 pst. det siste tiåret. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane, har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for å byggje opp andre næringar. God tilgang på lønt arbeid kan vere ei anna forklaring. Dei store årlege endringane i bidrag frå tilleggsnæringar i Agder og Rogaland er i hovudsak knytte til pelsdyrhaldet som også blir rekna som ei tilleggsnæring i NIBIOs materiale.

Landbruks- og matdepartementet har i regi av NIBIO i 2015 og 2016 fått gjennomført landsdekkjande spørjeundersøkingar til bedrifter innanfor både Inn på tunet og landbruksbasert reiseliv. Undersøkingane viser teikn til både aukande profesjonalisering, god framtidstru, investeringslyst og aukande omsetnad, ifølgje bedriftene sjølve. Matmerk rapporterer at talet godkjende Inn på tunet-bedrifter ved utgang 2018 var 400, og at 31 av desse var nye bedrifter i 2018. For landbruksbaserte reiselivsbedrifter, manglar ei tilsvarande oversikt. Ein indikator kan vere talet på medlemmer hos HANEN. Ved utgangen av 2018 hadde HANEN 558 medlemmer, ein auke på 41 medlemmer frå 2017.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Regjeringa har vedteke at Matnasjonen Noreg skal vere ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat frå land og sjø. Det skal medverke til vekst i matnæringa også i framtida og til at lokalt og regionalt engasjement får ei sams nasjonal overbygning. Ramma er utforma etter innspel frå ei samla matnæring, inkludert råvareprodusentar, industri, lokalmataktørar, kokkar og reiseliv.

Stiftinga Matmerk har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for generisk marknadsføring av økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis matnasjonen Noreg utviklar seg.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. I 2018 leverte Matmerk 4205 revisjonar gjennomførte av til saman 60 KSL-revisorar. Samstundes har Matmerk gjennomført eit stort utviklingsarbeid for datasystemet som ligg til grunn for KSL. Innan 2020 skal prosjektet STEM 2020 medverke til ei samla oppgradering, samordning og digitalisering av både KSL og drifta av heile stiftinga.

Ved utgangen av 2018 var 3830 produkt frå til saman 87 ulike verksemder godkjende for Nyt Noreg-merket. Det utgjer ein netto auke på 250 produkt sidan 2017. Kjennskapen til Nyt Norge-merket hos forbrukarane er høg, og forbrukarane har ei positiv haldning til merket.

Ved utgangen av 2018 var Spesialitet-merket brukt på til saman 534 produkt frå 105 godkjende verksemder. Dette er ein auke på 34 produkt frå 2017. Merket blir tildelt for tre år om gongen. Kvart år er det fleire produkt og verksemder som ikkje får fornya godkjenninga, eller som sjølve vel ikkje å fornye godkjenninga.

Ved utgangen av 2018 var til saman 29 produkt godkjende under ordninga Beskytta nemningar. Målselvnepe var det einaste nye produktet i 2018.

Lokalmatdatabasen, lokalmat.no, blei etablert i 2016 og er ein viktig reiskap for å kople saman produsentar og innkjøparar. Databasen blir drifta i eit samarbeid mellom næringa (daglegvarehandel og hotell, restaurant og catering, HoReCa) og det offentlege. Produsentar som ønskjer å selje til daglegvarehandelen og til HoReCa, må gjennomføre ein eigenrevisjon for å kunne leggje inn produkt i basen. Ved utgangen av 2018 var 540 verksemder med til saman 1980 produkt registrerte i basen. 270 innkjøparar er registrerte og 125 eksterne revisjonar er gjennomførte.

Matmerk driftar òg nettsida Økologisk.no, som gir forbrukarane generisk informasjon om økologisk matproduksjon og økologiske produkt.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntektsutviklinga i jordbruket

Ifølgje prognosane frå Budsjettnemnda vil vederlag til arbeid og eigenkapital bli redusert med 6,6 pst. per årsverk frå 2018 til 2019. Den svake inntektsutviklinga har fleire årsaker: svikt i marknadsinntektene som følgje av overproduksjon, ein sterk auke i fleire kostnadspostar som mellom anna energi- og realrente, mineralgjødsel, kalk og innkjøpt fôr som følgje av tørka sommaren 2018, fallande produktivitetsvekst og redusert verdi av jordbruksfrådraget som følgje av lågare skatt på alminneleg inntekt. For jordbruksoppgjera under regjeringa Solberg (2014–2019) har vederlag til arbeid og eigenkapital auka med 10,1 pst. Veksten for lønnsmottakarar er i same periode anslått til 13,7 pst.

Utvikling i produktivitet

Produktivitetsveksten i jordbruket har tradisjonelt sett vore, og er framleis, svært høg. Jordbrukssektoren har hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 2,4 pst. i snitt kvart år dei siste ti åra. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,8 pst. i same periode, ifølgje Det Tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 0,8 pst. Samla faktorproduktivitet i jordbruket har auka med 1,6 pst. per år dei siste ti åra.

Årets berekning frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at produktivitetsutviklinga er lågare enn ho har vore dei siste åra. Dette har fleire årsaker. Reduksjonen i arbeidsforbruket er lågare i årets berekningar enn det som har vore lagt til grunn tidlegare. Volumveksten i bruttoproduktiviteten er svakare enn i tidlegare berekningsår, mellom anna som følgje av svakare produksjonsutvikling og vekst i energiforbruket.

Investeringar i jordbruket

Det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk auka frå 3,5 mrd. til 4 mrd. kroner frå 2014 til 2016. Tabell 3.3 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2017 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 928 bruk i 2017. Ettersom tala baserer seg på alle deltakarane i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region også vere bruk som ikkje investerte i 2017. Talet for investeringsnivå må sjåast i lys av det. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket vil mellom anna vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 3.3 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket, 2017, fordelt på regionar

(1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

340,9

Andre bygder

387,3

Agder og Rogaland

Jæren

584,4

Andre bygder

485,3

Vestlandet

339,5

Trøndelag

Flatbygdene

477,8

Andre bygder

522,2

Nord-Noreg

386,0

Med utgangspunkt i desse tala finn ein dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2017 på Jæren og andre bygder i Trøndelag.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. I 2018 var 21 738 personar sysselsette i denne næringa. 6 091 av desse var sysselsette i skogbruket med tilhøyrande tenester. I 2018 var bruttoverdien av tømmer selt til industrien på 4,4 mrd. kroner, 22 pst. høgare samanlikna med året før.

Omsetnaden i skogindustrien var på 43,3 mrd. kroner i 2017. Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer til ein verdi av 12,9 mrd. kroner i 2017, 60 pst. var eksport frå cellulose- og papirindustrien. I 2018 blei det eksportert rundt 3,5 mill. kubikkmeter tømmer, om lag på same nivå som året før. Massevirke utgjorde 56 pst. av eksportvolumet.

Det blei i alt avverka 10,8 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2018, 0,3 mill. kubikkmeter meir enn året før. Dette er det høgaste volumet av tømmer for sal til industrien som er registrert. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog på om lag 25 mill. kubikkmeter.

I 2018 blei det i Noreg sett ut i overkant av 38,3 mill. skogplantar. Dette er det høgaste nivået for planting på meir enn ti år. Arealet der det var utført ungskogpleie gjekk ned med om lag 11 pst. til 240 000 dekar. Det blei utført marktilreiing på om lag 71 000 dekar, ein auke på rundt 13 pst. samanlikna med 2017.

Det blei bygd og ferdigstilt 94 km med nye skogsbilvegar og bygd om 283 km med eldre skogsbilvegar i 2018. Dette er ein nedgang på om lag 9 pst. for nybygging og 27 pst. for ombygging samanlikna med 2017. I tillegg blei det bygd om lag 1 572 km med nye traktorvegar, og om lag 34 km blei bygde om. Dette er ein nedgang for nybygging på rundt 9 pst. og ein nedgang for ombygging på 33 pst. frå 2017. I alt blei det investert 214 mill. kroner i skogsbilvegar og 37 mill. kroner i traktorvegar i 2018.

I 2018 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 4,5 mill. dekar skog. Stortinget har vedteke at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) i Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat og eit objektivt kunnskapsgrunnlag som kan etterprøvast, til bruk i vurderingar av bruk og vern. Landbruksdirektoratet lanserte i 2017 ei rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av omgrepsapparatet i NiN. Alle prosjekt med start etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metoden.

Med bakgrunn i behova for tilskottsmidlar som fylkesmennene melder inn, er det grunn til å tru at kartleggingsaktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstrøka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir førte vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra, og nøkkelbiotopar som er øydelagde av hogst eller anna, blir erstatta av nye. På Vestlandet og nordover er det framleis store område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen i desse områda, med tanke på både omfang og regionale tilpassingar.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 1 mill. dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda, og medverkar mellom anna til å auke omfanget av frivillig vern.

3.4 Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag i landbruket. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Nasjonalt miljøprogram for perioden 2019–2022 blei ferdigstilt hausten 2018. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrift. Slike verkemiddel og miljøomsyn omfattar å redusere forureining og ulemper frå jordbruksdrift, og vareta kulturlandskap og naturgode. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) er klima i større grad vektlagt i Nasjonalt miljøprogram. Jordbruksoppgjera dei seinare åra har også styrkt innsatsen for dyr på beite, utvalde kulturlandskap og biologisk mangfald.

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. I 2018 blei det gitt om lag 250 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å målrette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre tiltak, noko som kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Oppslutninga om ordninga har auka vesentleg etter at satsen blei dobla frå 1.7.2017.

Nitrogengjødsel er viktig for plantevekst, men samstundes kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrater. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er viktig for å få ned utsleppa. I 2018 blei det gitt om lag 64 mill. kroner i tilskott til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Det er ein vesentleg auke frå føregåande år. Noregs rapporterte utslepp av ammoniakk overstig forpliktingane etter Gøteborgprotokollen, og det er også av den grunn nødvendig med tiltak for å få ned utsleppa.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2018 redusert til 66 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 79 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2017 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,5 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 4,2 pst. frå 1990 til 2017. I same periode har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa på 3 pst. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er blant hovudårsaka til nedgangen i utsleppet frå jordbruket. Avlsarbeid i mjølkeproduksjonen har bidrege til reduserte klimagassutslepp med 10 pst. per produsert eining frå 1980 til i dag. Trass i auka produksjon har endringar innanfor jordbruket bidrege til at forbrenningsutsleppa i jordbruket er reduserte med 30 pst. sidan 1990, av det er 15 pst. frå bruk av traktorar og andre reiskapar.

Det er stor uvisse knytt til utsleppstala for jordbruket. Ifølgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan på 25 pst. Tilsvarande uvisse for lystgass er ein faktor på 3, som inneber at utsleppa i røynda kan vere alt frå ein tredel av rapporterte tal, til tre gonger dei rapporterte tala. Det trengst meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet for lagring av karbon i jord og om korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbruksorganisasjonane ein intensjonsavtale om reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2017 stod norske skogar for eit nettoopptak på 29,4 mill. tonn CO2. Når anna areal er teke med, blir nettoopptaket 25,2 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har synt ein gledeleg auke dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i framtidsskogen og med det karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Den positive utviklinga har halde fram i 2018. I 2018 blei det planta 38,3 mill. skogplantar, ein auke på 1,9 mill. plantar frå 2017. Noko av auken kan komme av at det er utvikla målretta tilskott til tettare planting og suppleringsplanting for å betre produksjonen og dermed CO2-opptaket i skogen.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljøfortrinn, og Noreg har store skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næringsaktivitet.

Tresatsinga til regjeringa blei frå 2017 ein del av bioøkonomiordninga som Innovasjon Noreg forvaltar. Eit av måla er auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Bioøkonomiordninga byggjer på arbeidet som er gjort i Trebasert innovasjonsprogram, som gjennom fleire år har hatt høg aktivitet. Trebasert innovasjonsprogram har gjennom mobilisering og finansiell støtte bidrege til å realisere alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle den moderne trebygginga slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, eigedomsutviklarar og entreprenørar.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet gir tilskott over jordbruksavtalen til investering i produksjon av småskala bioenergi. Dei seinare åra er det opna for å kombinere bioenergi med solvarme. Frå 2019 fekk ordninga namnet Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Programmet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. I 2018 blei det gitt støtte til 157 prosjekt over programmet, 15 fleire enn i 2017. Mens programmet har eksistert, er det i alt etablert nesten 1 700 gardsvarmeanlegg, 34 anlegg i veksthus, og 216 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 433 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk har òg vore eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med biogasstrategien til regjeringa, som ligg under ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet. Det er til no etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Eit anna utviklingsområde for programmet er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Dersom denne produksjonen blir vellukka, vil det kunne gi ein ny klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140 av 8. desember 2015 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til under 4 000 dekar og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2018, jf. Prop. 1 S (2018–2019), i tråd med oppmodingsvedtak 444 av 6. februar 2018. Regjeringa følgjer opp strategien, mellom anna ved å greie ut eit krav om å tinglyse opsjonsavtalar som gjeld dyrka og dyrkbar jord, og ei generell søknads- eller meldeplikt i jordlova for å regulere landbruket si eiga nedbygging. Målet for omdisponering er vidareført. For 2018 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 3 561 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein difor er under målet for andre år på rad.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk opp med 5 pst. frå 22 702 dekar i 2017 til 24 855 dekar i 2018 og ligg på eit høgt nivå samanlikna med tidlegare på 2000-talet. I alt blei 964 søknader handsama i 2018. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 17 650 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Det økologiske arealet utgjorde 417 977 dekar i 2018, om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet. Medrekna karensareal, det vil seie areal under omlegging, er delen 4,7 pst. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2017. Areala til eng og beite, korn og oljevekstar og poteter stod for nedgangen i det økologiske arealet, mens arealet til grønsaker, frukt og fôrerter auka i 2018. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2017 til 2018 var det ein særleg stor auke i talet på slaktekyllingar, og det var òg ein auke i talet på økologiske verpehøner, mens talet på økologisk storfe var relativt stabilt. Talet på økologisk gris, sau og lam gjekk ned. Talet på økologisk storfe utgjer 3,5 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4 pst. Det var ein auke i produksjonen av økologiske egg og økologisk fjørfekjøtt, mens produksjonen av økologisk storfekjøtt gjekk ned. Produksjonen av økologisk mjølk var stabil.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplantar og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 17 i kategorien «kritisk truga» i 2018. Ytterlegare 11 rasar blir rekna som «truga». Den samla summen av bevaringsverdige husdyr aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2018 var det i alt 13 bevarings- og tradisjonssortar på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for bevaring av norske sortar av grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformeirast.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg klima og andre vekstvilkår. I 2018 var det registrert 2 589 lokalitetar av slåtteenger. Handlingsplan for slåttemark under Miljødirektoratet og andre fylkesvise initiativ bidreg til å halde ved lag slåtteengene gjennom tradisjonell skjøtsel og drift.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Fram til 31.12.2018 var 3 665 individ utprøvde i skogplanteforedlinga på gran. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in situ er det oppretta bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i nokre verneområde. Desse områda bidreg til å sikre den potensielle tilgangen på genetisk materiale frå ulike klima og veksestader. Det er oppretta 23 bevaringsområde for genetiske ressursar for skog som omfattar ti ulike treslag, mellom anna alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran. Det blei i 2018 også etablert åtte bevaringsbestandar for verdifullt genetisk foredlingsmateriale av gran.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2018 har i alt 76 institusjonar til saman deponert 1 075 954 frøprøver i kvelvet. Om lag halvparten av alt mangfald av matplantar som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi kan bidra både til større husdyrproduksjon og avlingar og til betre kvalitet i produksjonen. For å nå måla regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, er det nødvendig med meir kunnskap om agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Denne kunnskapen vil òg kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen frå den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med større kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon kan haldast på eit så lågt nivå som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som kjem fram i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på det same høge nivået dei siste åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjonen og fram til forbrukaren. Resultata frå forskinga skal komme til nytte hos både næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar, med fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar, vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

På området agronomi er det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor, som forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad, og landbruk i heile landet. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har leidd det tverrvitskaplege forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har undersøkt samanhengen mellom agronomi og matproduksjon i Noreg. Døme på tema som er representerte i prosjektet, er betre jordstruktur (jordpakking), miljøeffektar av lystgassutslepp frå ulike driftssystem, og verdien av fysiske og kjemiske forhold i jorda for næringsopptaket til plantar.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Tilskott til skjøtsel av kulturlandskap i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap verkar òg saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet til å ta vare på viktige miljøverdiar i desse verdsarvområda.

Frå og med 2020 får dei aktuelle kommunane ansvaret for forvaltninga av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2018 utgjorde vel 9,8 mill. dekar, om lag det same som i 2014.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet og til å halde utmarka open. Samstundes har det positiv innverknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Verdsarvområda og Utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og difor er det behov for både storfe, geit og sau på beite. I 2016 blei det gitt tilskott til i alt 2,4 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden 2000–2016 auka talet på beitande dyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst.

Nasjonal pollinatorstrategi, som blei lagd fram i 2018, blir følgd opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det tilrettelagt for tilskott for å tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvennlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving skal formidle kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet.

3.5 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har ansvar for samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere tilgjengeleg for folk, organisasjonar og næringsliv, i tillegg til å leggje til rette for auka verdiskaping. Organiseringa av forvaltninga skal vere enkel, og tilgjengelege ressursar skal nyttast effektivt. Brukarane skal oppfatte kommunikasjonen med forvaltninga som god, open og tilgjengeleg, mellom anna gjennom brukarretta digitale tenester.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet og ei oppgåveløysing som er delt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagde til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Dei to underliggjande forskingsinstitutta Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er sentrale kunnskapsleverandørar for departementet, sektoren og næringslivet. Ein nærare omtale av dei underliggjande verksemdene er å finne under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

I tillegg til departementet og underliggjande verksemder har både fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, kommunane og Innovasjon Noreg sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Fylkesmannsembeta er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er administrativt underlagde Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for oppfølging av embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regional nærings- og samfunnsutviklar ansvar for oppgåver innanfor næringsutvikling, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal bidra til gode koplingar mellom landbruket og det regionale plan- og utviklingsarbeidet.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei juridiske og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket og er saksførebuande organ for Innovasjon Noreg (IN) på landbruks- og matområdet.

IN forvaltar midlar til investering og utvikling av verksemder, i tillegg til anna programstøtte til landbruket og andre landbruksbaserte næringar. IN er organisert som eit særlovsselskap og eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører oppgåver for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i årlege oppdragsbrev frå departementet.

Ei moderne, effektiv og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

For å sikre eit berekraftig velferdssamfunn også i framtida blir det stadig viktigare å gjennomgå offentleg bruk av økonomiske ressursar, slik at dei blir brukte effektivt. Det inneber klare prioriteringar av utgiftene i statsbudsjettet og at offentleg sektor viser vilje og evne til å omstille, effektivisere og avbyråkratisere. Effektiv bruk av ressursar inneber både å utføre og å prioritere oppgåvene rett. Regjeringa vil gjennomføre strukturtiltak som bidreg til ein meir effektiv bruk av dei samla ressursane i samfunnet. Dette kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet og samstundes betre kvalitet og resultat. Det er også viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir forenkla og målretta slik at dei samla bidreg til å auke verdiskapinga.

Ei landbruks- og matforvaltning som er effektivt organisert og styrt

Dei seinare åra har organisasjonsstrukturen i landbruks- og matforvaltninga blitt forenkla ved at talet på verksemder under Landbruks- og matdepartementet er redusert frå sju til fire. Talet på nivå og regionar i Mattilsynet er òg redusert.

Landbruks- og matdepartementet er i styringsdialogen oppteke av at verksemdene skal bruke dei tildelte ressursane på ein effektiv måte, og at forvaltninga skal ha god kvalitet. I tildelingsbrev for 2019 har departementet uttrykt forventningar om at verksemdene nyttar løyvingane på ein kostnadseffektiv måte. Utgiftsramma til departementet er i åra 2015–2019 redusert med omkring 62 mill. kroner som følgje av ein generell reduksjon i løyvingar med utgangspunkt i krav om effektivisering og avbyråkratisering (ABE-reforma). I tillegg er løyvingane til enkelte verksemder reduserte utover ABE-reduksjonar med ytterlegare krav til effektivisering. For åra 2015–2019 utgjorde desse kutta 47 mill. kroner for Mattilsynet, NIBIO og Landbruksdirektoratet. I styringa av Landbruksdirektoratet og Mattilsynet har departementet hatt merksemd på at utgiftene til administrasjon skal reduserast, og at verksemdene set i verk tiltak for å bli meir effektive. Landbruks- og matdepartementet legg også vekt på å ha ein effektiv og robust instituttsektor.

Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikken til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene ønskjer departementet klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen, samstundes som verksemdene skal stå tilstrekkeleg fritt til å gjere oppgåvene sine på ein formålstenleg og effektiv måte. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal forbetre den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga etterlever lov- og regelverk. Departementet er oppteke av at underliggjande verksemder har tilstrekkeleg internkontroll og ei tilfredsstillande risikostyring. NIBIO, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har etablert internrevisjon som skal bidra til å forbetre drifta av verksemdene.

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 3.4 viser at det samla talet på årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga har blitt redusert med 7,9 pst. (161 årsverk i perioden 2014–2019). Veterinærinstituttet og NIBIO er ikkje med i årsverkoversikta fordi talet på årsverk for desse ikkje kan samanliknast med dei andre verksemdene, som hovudsakleg er finansierte av statlege løyvingar. Institutta hentar omkring halvparten av inntektene sine frå andre kjelder enn direkte statlege løyvingar. Talet på tilsette vil difor kunne variere med etterspørsel i marknaden og tilslag på midlar til forsking. Institutta er likevel omfatta av krav til avbyråkratisering og effektivisering.

Tabell 3.4 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Endring i pst. 2014–2019

Landbruks- og matdepartementet

148

145

138

139

135

134

–9,5

Mattilsynet

1 319

1 281

1 257

1255

1224

1225

–7,1

Landbruksdirektoratet

217

218

214

216

204

195

–10,1

Fylkesmannen

346

343

332

328

328

315

–9,0

Sum

2 030

1 987

1 941

1938

1891

1869

–7,9

Kjelde: Årsrapportar for Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og fylkesmannsembeta. Årsverk for fylkesmannen omfattar landbruks- og reindriftsforvaltning i embeta.

Landbruks- og matdepartementet har i perioden 2014–2019 redusert talet på årsverk med 9,5 pst. Dette må sjåast i samanheng med at departementet har vore oppteke av reduksjon av administrative stillingar og effektivisering av drifta i tråd med strategien frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for betre og meir effektive administrative tenester i departementa. Løyvingane til drift av departementet har i åra 2015–2019 blitt reduserte med 5 mill. kroner som følgje av ABE-reforma.

Mattilsynet står for den største nedgangen i talet på tilsette, med ein reduksjon på 94 årsverk i perioden 2014–2019. Mattilsynet har i perioden 2015–2019 fått redusert løyvingane med til saman om lag 39 mill. kroner med utgangspunkt i ABE-reforma og fått redusert budsjettet ytterlegare med om lag 31 mill. kroner i særskilde kutt med krav til effektivisering av verksemda. Departementet har lagt til grunn at Mattilsynet framleis skal prioritere det utøvande tilsynsarbeidet. Dei siste åra har Mattilsynet nytta mindre tid på administrasjon og leiing og meir ressursar på kjerneaktivitetar og utvikling. Mattilsynet har også sett i verk tiltak for kostnadsreduksjonar på andre område. Gjennom prosjektet Framtidas arbeidsplass, som starta opp i 2015, har Mattilsynet oppnådd vesentlege reduksjonar i leigd kontorareal og reduksjon i kostnadar frå 2015 til 2019. Gjennom prosjektet har Mattilsynet flytta inn i 40 nye kontorlokale og reduserte samla leigd kontorareal med 35,6 pst., samstundes som kostnader til leige på dei nye kontraktane er reduserte med 8,8 pst.

Landbruksdirektoratet har i perioden 2014–2019 hatt ein reduksjon på 22 årsverk (–10 pst.). Ei viktig årsak til dette er høg turnover på grunn av omstilling og flytting. Direktoratet hadde på tidspunktet for rapportering av 2019-tala tilsett ti nye medarbeidarar med oppstart kommande kvartal. Landbruksdirektoratet har vedteke at prosessen med omstilling også skal innebere effektivisering og reduksjon av tilsette i administrasjonen. Omstillinga av direktoratet er ikkje sluttført. Departementet har dei seinare åra skjerpa krava til effektivisering av drifta av direktoratet. I tillegg til den årlege generelle reduksjonen i løyvingane i tråd med ABE-reforma, fekk direktoratet ein reduksjon i løyvinga til drift for 2018 på 4,3 mill. kroner, i tråd med forventningane om effektivisering som låg til grunn då direktoratet blei omorganisert i 2014. For å følgje opp krav til effektivisering og samstundes kunne prioritere nye satsingar i verksemda reduserte direktoratet budsjetta til lønn og drift i kvar avdeling med 4 pst. i 2018. I tillegg kom eit kutt i ulike felleskostnader på 1,5 mill. kroner for 2018. I 2019 gjennomførte direktoratet tilsvarande interne kutt på om lag 3,5 mill. kroner. For å følgje opp kutt i løyvingane frå departementet og krav til effektivisering har direktoratet mellom anna redusert kostnader til interne tenester og forhandla fram betre avtalar på IKT-drift og vedlikehald.

Sjølv om talet på tilsette og budsjetta til verksemdene i landbruks- og matforvaltninga går ned som følgje av krav til effektivisering og reduksjon i løyvingane, legg departementet til grunn at kvaliteten på forvaltninga og dei faglege leveransane skal haldast oppe. Det heile handlar om å finne betre måtar å arbeide på, prioritere tida betre og innrette verksemda på meir tenleg vis. Gjennom god drift, formålstenleg organisering, modernisering og digitalisering vil ein over tid kunne oppnå innsparingar, auka tilgjengelegheit og meir brukarvennlege tenester.

Samarbeid i sektoren og med andre sektorar

Dei underliggjande verksemdene til departementet har eit omfattande samarbeid. Det gjeld òg samarbeid med dei andre aktørane i landbruks- og matforvaltninga. Det er utforma formaliserte avtalar om samarbeid mellom fleire av verksemdene som mellom anna inneber levering av tenester mellom verksemdene, utveksling av data, kunnskap og kompetanse, og regelmessige direktørmøte.

Landbruksdirektoratet har eit utstrakt samarbeid med fylkesmannen for å oppnå god lov- og tilskottsforvaltning. For å gjere samarbeidet endå betre arrangerte direktoratet i 2018 for første gong ein fagkonferanse over tre dagar for alle tilsette innanfor landbruk og reindrift hos fylkesmannen. Konferansen erstatta om lag 20 årlege fagsamlingar.

Det er også nødvendig for direktoratet å ha eit godt samarbeid og dialog med relevante aktørar innan andre forvaltningsområde. Eit døme på samarbeid med andre forvaltningsområde er det omfattande samarbeidet mellom Landbruksdirektoratet og miljøforvaltninga, der talet på saker på tvers av forvaltningsområda er aukande. Landbruksdirektoratet hadde i 2018 eit nært samarbeid med Miljødirektoratet, særleg innanfor naturmangfald og klima. Landbruksdirektoratet har også eit godt samarbeid med Tolletaten og Skatteetaten når det er nødvendig. Tolletaten og Landbruksdirektoratet fullførte i 2018 eit arbeid med å betre overføring av informasjon mellom IKT-systema hos dei to verksemdene.

Mattilsynet samarbeider med andre etatar i kampen mot arbeidslivskriminalitet og matsvindel. Dette gjeld mellom anna samarbeid med politiet, Tolletaten, Nav og Arbeidstilsynet for å oppnå auka koordinering og styrkt informasjonsflyt mellom offentlege etatar. Mattilsynet og politiet har òg inngått ein avtale om samarbeid for å kjempe mot dyrevelferdskriminalitet, og så langt har det blitt etablert dyrekrimprosjekt i fire av Mattilsynets regionar. Samarbeidet med politiet omfattar mellom anna utveksling av informasjon og samarbeid om oppfølging av meldingar og straffesaker.

Kommunikasjon

Klar, målretta og god kommunikasjon med omverda er nødvendig for at forvaltninga skal vere brukarvennleg. Arbeidet med kommunikasjon i landbruks- og matforvaltninga skal vere i tråd med dei statlege prinsippa om open og heilskapleg kommunikasjon og ta vare på omsynet til medverknad. Landbruks- og matdepartementet arbeider for offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast tilgjengeleg – mellom anna på nettsidene til departementet (www. regjeringen.no/lmd) – og i tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene. Departementet er aktivt på sosiale medium og arbeider kontinuerleg med å bruke ulike kanalar for kommunikasjon. Dette er viktig for å presentere informasjon som skaper interesse, tek omsyn til behovet for brukarmedverknad og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken.

Modernisering og digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Digitaliseringsstrategien for offentlig sektor 2019–2025 fokuserer mellom anna på tenester med brukaren i sentrum, auka deling av data, og styring og samordning for ein meir samanhengande offentleg sektor. I tråd med strategien skal verksemdene i landbruks- og matsektoren halde fram med å tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Tenester som ikkje krev nærleik til brukarane, skal normalt vere tilgjengelege digitalt, og verksemdene skal vurdere om manuelle tenester kan fasast ut der digitale tenester gir eit tilstrekkeleg godt tilbod til brukarane. Digitale tenester bidreg til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet held fram med å utvikle ein systemportefølje som gjer forvaltninga meir brukarvennleg og effektiv. Den nye IKT-løysinga for produksjonstilskott blei ferdigstilt i 2018. Tilbakemeldingane frå sakshandsamarar og søkjarar har vore svært gode. I 2018 starta innføringa av eit IKT-system for tilskottsordningar, Agros. Hovudleveransen i 2018 var saksarbeidsløysing for tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel. Seks veker etter lanseringa var handsamingstida for saker redusert til under to veker. I 2018 starta òg utviklinga av ny IKT-løysing for forvaltning av importvernet og ordninga med råvarepriskompensasjon (RÅK). Landbruksdirektoratet har utvikla to nye skjemaløysingar i Altinn som bidreg til forenkla arkivering av søknader og tilskottsbrev i kommunane og hos fylkesmennene. Det er også utvikla ein geodataplan som skal optimalisere bruken og nytten av geografiske data og geografisk informasjonsteknologi.

Mattilsynet

Digitalisering bidreg til at Mattilsynet forbetrar måten dei løyser samfunnsoppdraget sitt på. I 2018 har Mattilsynet arbeidd vidare med å forbetre utnyttinga av eigne data frå kjøttkontroll. Det inneber ei utprøving av dataterminalar ved sju slakteri. Bruken av terminalane gjer kjøttkontrollarbeidet meir effektivt, og data som blir samla inn, blir meir pålitelege. Løysinga gir Mattilsynet betre oversikt, slik at dei kan prioritere prøveuttak og kjøttkontroll. Mattilsynet er òg godt i gang med eit utviklingsprosjekt på digital systemstøtte for å sikre betre informasjonsflyt og utnytting av data frå husdyrnæring, slakteri og eigne data frå kjøttkontrollen. Nye arbeidsprosessar og systemløysingar gir betre informasjonsflyt mellom Mattilsynet og næringa langs heile produksjonskjeda.

NIBIO

NIBIOs satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga har effektiv tilgang til informasjon om arealressursar. I 2018 er kvaliteten på informasjonen forbetra for å tilfredsstille Riksrevisjonens krav til kontroll med utbetaling av arealtilskott i jordbruket og til ny lov om geodata. Ein ny versjon av nettenesta Gardskart blei lansert i 2018. I gjennomsnitt var det 8 376 oppslag per dag i 2018. Tenesta tilbyr næringsdrivande tilgang til same informasjon som forvaltninga. Såleis kan dei hjelpe seg sjølve og gjere færre førespurnader til forvaltningsorganet. AR5 er eit heildekkjande nasjonalt kart som viser tilstanden for arealressursane ut frå produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er ein viktig reiskap for både verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. NIBIO har i 2018 oppdatert data for 55 kommunar med til saman 1 548 km² jordbruksareal. 75 pst. av kommunane har gjennomført ajourhald av AR5. NIBIO starta oppgradering av IKT-løysing for Budsjettnemnda for jordbruket i 2018. Siktemålet er å strukturere, kvalitetssikre og effektivisere dei komplekse prosessane som inngår i arbeidet.

I tett dialog med Landbruksdirektoratet har NIBIO i 2018 utvikla og sett i drift ein ny versjon av jordregisteret. Løysinga blei teken i bruk av Landbruksdirektoratet i slutten av april 2018.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet har gjennom 2018 hatt auka merksemd på digitalisering ved å bruke teknologi for å fornye, forenkle og forbetre. Veterinærinstituttet har i 2018 vidareutvikla heimesidene, inkludert ny framside og engelske heimesider. Prosjektet «Modernisering Diagnostikk» sikrar at Veterinærinstituttet er i stand til å ta hand om oppdraget med å levere kunnskap på høgaste nivå for å sikre nasjonal beredskap og berekraftig næringsutvikling, primært innan akvakulturnæringa. Prosjektet identifiserer eit stort behov for modernisering av både verdikjeder, prosessar og støtteverktøy.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under kat. 15.10 og kap. 1115.

Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og gi hjelp til andre departement ved eventuelle sektorovergripande kriser. Viktige element i departementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur og å redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i eige planverk og styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i arbeidet med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i den ordinære styringsdialogen.

Departementet øver regelmessig på eige ansvarsområde og deltek òg i tverrsektorielle øvingar. I 2018 deltok departementet i tre øvingar, i tillegg til Nato-øvinga Trident Juncture.

Mattilsynet deltok også i Nato-øvinga Trident Juncture. I tillegg har dei arrangert ei rekkje eigne beredskapsøvingar med ulike problemstillingar. Mattilsynet nyttar MatCIM og Nødnett i beredskapsarbeidet, under øvingar og ved hendingar. Bruk av MatCIM har betra Mattilsynets evne til å handtere hendingar vesentleg, og effektivisert det daglege arbeidet.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet har utarbeidd og teke i bruk nytt beredskapsplanverk. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å halde oppe funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Direktoratet deltok i 2018 i ei forøving til Nato-øvinga Trident Juncture.

Oppfølging av ny sikkerheitslov

Ny lov om nasjonal sikkerheit tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggingsinteressene skal sikrast gjennom å vareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for staten si evne til å vareta dei nasjonale tryggingsinteressene.

For å verne dei nasjonale sikkerheitsinteressene legg regelverket opp til at vi skal verne verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar) som er vesentlege for å vareta nasjonale sikkerheitssinteresser. Departementa skal i medhald av sikkerheitslova § 2-1 identifisere GNF og gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF. I tråd med kgl.res. 20. desember 2018 nr. 24 pkt. 3 bokstav e skal dette gjerast innan rimeleg tid. Kva som er «rimeleg tid», avheng mellom anna av storleiken på den aktuelle samfunnssektoren, omfanget av skjermingsverdige verdiar, kompleksiteten i verdikjedene og den sikkerheitsfaglege kompetansen i departementa.

Landbruks- og matdepartementet tek sikte på å fastsetje GNF i eigen sektor innan utgangen av 2019. I lys av dette vil departementet stadfeste kva for verksemder som er av vesentleg eller avgjerande innverknad for GNF, og deretter gjere vedtak om at lova skal gjelde for visse verksemder dersom det er nødvendig. Verksemder som er eller blir omfatta av lova, skal utarbeide skadevurderingar med bakgrunn i identifiserte GNF. Skadevurderingane vil danne grunnlaget når departementet peikar ut og klassifiserer eventuelle skjermingsverdige objekt og skjermingsverdig infrastruktur i sektoren og fastset fristar for gjennomføring av nødvendige sikringstiltak.

Fram til det er gjort vedtak etter ny lov, gjeld alle vedtak som er gjorde etter den gamle lova. Dette inneber mellom anna at objekt som er klassifiserte etter gammal sikkerheitslov, også er klassifiserte etter ny lov, jf. kgl.res. 20. desember 2018 nr. 2052 pkt. 2 bokstav d.

3.6 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla legg departementet vekt på målretta og effektiv bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse blir gjorde tilgjengelege for næring og forvaltning, og at vi har ein effektiv og fagleg sterk instituttsektor som bidreg til ei god og forskingsbasert forvaltning. I tillegg vil eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga vere viktig.

Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk.

Hovudtyngda av departementets forskingsmidlar blir kanalisert gjennom Forskingsrådets program for berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar (BIONÆR). Programmet dekkjer ei stor tematisk breidd innanfor landbruks- og matdepartementets ansvarsområde. Figur 3.7 viser at BIONÆRs portefølje dei seinare åra har hatt ei relativt uforandra fordeling innanfor dei tematiske områda som programmet dekkjer. Tyngdepunktet i porteføljen ligg på mat, jord og plantar, husdyr og tre. Tyngdepunktet reflekterer landbruks- og matdepartementets prioriteringar og BIONÆR-programmets nærings- og produksjonsorientering, innanfor både primærproduksjon og foredling.

Figur 3.7 Utviklinga i BIONÆR sin portefølje 2014–2018

Figur 3.7 Utviklinga i BIONÆR sin portefølje 2014–2018

Som omtalt under kap. 1137 blir BIONÆRs portefølje komplementert av departementets midlar til program som Stort program energi (ENERGIX), Miljøforskning for ein grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK) og Bioteknologi for verdiskaping (BIOTEK 2021), i tillegg til forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt.

I denne rapporteringa blir det gitt døme på korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, alt frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i matindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved like den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling viktig for auka og meir berekraftig matproduksjon i Noreg.

Dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på mattryggleik. Fleire prosjekt, finansierte av Noregs forskingsråd, forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse og dyrevelferd. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantane.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Difor er internasjonalt forskingssamarbeid på området høgt prioritert av departementet. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid på områda landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar og dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens. Spørsmål knytte til matsikkerheit og klima er òg sentrale forskingsområde i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, der norske forskarar hevdar seg særs godt i konkurranse med andre land.

Boks 3.1 PathSeq – betre mattryggleik i norsk matindustri

Heilgenomsekvensering (WGS) vil kunne bidra til betre mattryggleik i norsk matindustri og er i ferd med å revolusjonere arbeidet med sporing, sjukdomsoppklaring og overvaking av patogene bakteriar. Prosjektet PathSeq har som målsetjing å førebu norsk matindustri på å handtere utfordringar og utnytte moglegheitene som ligg i denne teknologien, med særskild fokus på Listeria monocytogenes, den største utfordringa for mattryggleik i norsk matindustri.

For å lukkast med teknologien er det nødvendig å ha tilgjengelege WGS-data som er relevante for norsk matindustri, og det må utarbeidast praktiske analysestrategiar for å kunne gi bedriftene rett svar i rett tid. Vidare må genetisk informasjon om mikroorganismane kunne delast og samanliknast. Prosjektet vil kartleggje juridiske og forvaltningsmessige aspekt som er relevante for implementering av WGS-metodikk for å regulere og kontrollere matsikkerheit, nasjonalt og internasjonalt. Prosjektgruppa er tverrfagleg og samansett av forskarar frå Nofima og frå Universitetet i Oslo. I tillegg deltek forskarar frå Universitetet for veterinærmedisin i Wien og ni partnarar frå Norsk matindustri. Prosjektet er finansiert av BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd.

For å sikre nok og trygg mat, god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd er det nødvendig med ei kunnskapsbasert forvaltning. I 2012 etablerte Landbruks- og matdepartementet ei finansieringsordning for å styrkje den forvaltningsretta forskinga. Ordninga blei evaluert av Mattilsynet i 2018 og vurdert som svært vellykka. I tillegg til auka kunnskap i forvaltninga meiner Mattilsynet at ordninga har gjort forskarmiljøa meir merksame på at forvaltninga er ein viktig brukar av forsking. På bakgrunn av vurderinga frå Mattilsynet har departementet vidareført ordninga for fem nye år.

Boks 3.2 Prosjektet ANIWEL

Prosjektet ANIWEL, som blei starta opp i 2015, er eit av prosjekta som har fått midlar gjennom ordninga for å styrkje den forvaltningsretta forskinga. Prosjektet kombinerer kunnskap om utfordringane knytte til å implementere omsyn til dyrevelferd – sosialt, politisk, administrativt og økonomisk – med kunnskap om offentleg forvaltning, regelverk og det formålstenlege ved bruk av ulike offentlege verkemiddel. Forskarane vil sjå på korleis ulike offentlege verkemiddel bidreg til å oppfylle formålet med dyrevelferdslova. Eit sentralt aspekt er forholdet mellom Mattilsynet og matprodusentane (bønder, oppdrettarar, slakteri). Prosjektet skal utvikle kunnskap om faktorar som påverkar dette forholdet, og søkjer dermed å forklare effektiviteten (eller mangelen på effektivitet) i implementeringa og handhevinga av dyrevelferdsreglar og å bidra til betre forvaltningsstrategiar for Mattilsynet og for matprodusentar på dyrevelferdsområdet.

Landbruk over heile landet

Forsking på landbruks- og matområdet skal byggje opp under målet om landbruk over heile landet. Føresetnadene for matproduksjon varierer frå landsdel til landsdel. For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det viktig med forskingsmiljø som både er til stades og har rett kompetanse. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har, i tillegg til hovudkontoret på Ås, lokalitetar på til saman 17 stader rundt om i landet. Tilsvarande har Veterinærinstituttet aktivitet i Tromsø, Harstad, Bergen og Sandnes i tillegg til hovudkontoret i Oslo. Det at institutta har stor geografisk spreiing, er viktig for det nære samarbeidet mellom næring og forvaltning i heile landet. I tillegg er det viktig å leggje til rette for landbruksfagleg utdanning i heile landet. Alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskoletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskolenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet: ved Nord universitet, Høgskolen Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrekt land med variert topografi og klima, er auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til ei rekkje forskingsprosjekt på området dei seinare åra. Prosjektet «Beiteressurs, rovdyr og lokalsamfunn» i regi av Ruralis skal utvikle forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan sikre berekraftige rovdyrbestandar og samstundes halde oppe levedyktige beitenæringar. Prosjektet er eit tverrvitskapeleg samarbeid mellom norske og internasjonale forskingsmiljø. Ei rekkje organisasjonar og fylkesmennene i Hedmark, Trøndelag og Nordland bidreg.

I tillegg vil forsking som gir kunnskap om landbruket si rolle for busetjing og sysselsetjing vere sentralt. Ruralis har gjennom basisløyvingane fått midlar til ei strategisk instituttsatsing (SIS) om «Landbruk og bønder i endring – mellom økonomi, politiske skifte og grøne trendar». Dette skal bidra til å gi Ruralis, og med det forvaltninga, oppdatert kunnskap om og for norsk landbruk. SIS-en skal òg bidra til at Ruralis held oppe og utviklar kompetanse om norsk landbruk og norske bønder. Vidare har det vore sett i gang ei rekkje forskingsprosjekt som bidreg til auka kunnskap om ressursgrunnlaget knytt til landbrukseigedommane. Under dette ligg også forskingsprosjekt retta mot reiseliv og Inn på tunet. Mellom anna er NMBU prosjektleiar for det fireårige, tverrfagleg forskingsprosjektet BIOTOUR. Prosjektet har som hovudmål å utforske nøkkelvilkår for vidareutvikling av naturbasert reiseliv i norsk bioøkonomi som grunnlag for næringsutvikling, robuste lokalsamfunn og berekraftig ressursbruk. NMBU leier òg eit forskingsprosjekt om dagaktivitetstilbod på gard for personar med demens.

I tillegg til midlar gjennom BIONÆR-programmet i Forskingsrådet er departementets midlar til programmet Forskningsbasert innovasjon i regionene (FORREGION) sentrale for å støtte opp under målet om landbruk i heile landet. Programmet har som mål å auke verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i heile landet, og det legg til grunn dei unike moglegheitene og utfordringane i kvar region. Målet er omstillingsdyktige regionar, velfungerande næringsmiljø og tilgang til relevant kompetanse.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor ved å stimulere næringane til å forske meir og ved å nytte forskinga til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet støttar opp under innovasjonsaktivitet i næringane gjennom tydelege prioriteringar og god dialog med både næringa og verkemiddelapparatet. Mange verksemder på landbruks- og matområdet har liten tradisjon for eiga forsking, mellom anna fordi det er ei næring som i stor grad består av mindre føretak. Offentleg finansiering av forsking er difor viktig for å ta ut potensialet for verdiskaping og for å halde oppe og styrkje konkurranseevna i mellom anna skog- og næringsmiddelindustrien.

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet i departementet. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX er viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Ein gjennomgang av BIONÆR-programmet utført av Oxford Research AS viser at prosjekta fører til innovasjon, særleg blant industripartnarane. Fleire bedrifter oppgir at dei kjem styrkt ut av prosjekta gjennom betre konkurranseevne, auka lønnsemd, nye marknader eller auka marknadsdelar. Vidare viser gjennomgangen at BIONÆR gir eit solid bidrag til å auke kompetansen i næringslivet og i forskingsmiljøa og har styrkt profilen til forskingsmiljøa nasjonalt og internasjonalt. Støtta frå BIONÆR har ført til at nye innovasjons- og kompetansemiljø blir bygd opp og eksisterande miljø blir styrkte. I tillegg til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN) i BIONÆR og ENERGIX er forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige kjelder til finansiering av næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Bruken av ressursar på forsking i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Mange nye innovasjonsprosjekt er sette i gang, og mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggleiken gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er òg tema som blir undersøkte. Næringsmiddelindustrien har blitt involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er såleis styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som har komme fram av samarbeidet.

Boks 3.3 Kvardagsprodukt laga av økologisk spesialkorn

Smakskorn er eit innovasjonsprosjekt som er tildelt midlar av Noregs forskingsråds BIONÆR-program. Målet er å produsere ein serie nye økologiske kvardagsprodukt av korn frå tradisjonelle kornslag som svedjerug, spelt, nakenhavre og nakenbygg. Smakskorn vil vere eigna for rask tillaging og kunne brukast som alternativt tilbehøyr til middagsmat, i salatar og dessertar, og som ingrediens i til dømes bakevarer og frukostblandingar. Prosjektet har òg som mål å skape eit større mangfald og tilbod av helserette og økologiske produkt samstundes som ein oppnår verdiauke i heile verdikjeda. Prosjektet er eit samarbeid mellom Nofima, Økologisk Spesialkorn AS, Norsk Landbruksrådgiving og Markedspool Salg AS. Prosjektet er finansiert av BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer også opp departementets føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Dei arbeider målretta med å etablere store, tverrfaglege prosjekt som analyserer kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livsløpet, frå etablering til skjøtsel og avverking, og gjer livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruk av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket og omsynet til miljø og biologisk mangfald.

Boks 3.4 Precision

Forskarprosjektet Precision skal utvikle eit rammeverk for presisjonsskogbruk. Målet er å redusere ròte i norsk skog og på den måten forbetre ressursutnyttinga, minimere tap og auke den økonomiske berekrafta til norsk skogsektor. Prosjektet tek sikte på å utvikle eit system som kartlegg førekomsten av ròte ved hogst. Deretter vil data om ròte bli systematiserte og analyserte med tanke på å forbetre modelleringa av spreiingsdynamikken til ròte og gjere det lettare å føreseie ròteførekomst. Auka kunnskap på området vil mellom anna bli nytta i design av foryngingsstrategiar og optimalisering av hogstalder med tanke på ròte. Precision er eit samarbeidsprosjekt mellom NIBIO og NMBU i perioden 2018 til 2021, og er finansiert gjennom BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over, blir utnytta på best mogleg måte. Ein viktig del av dette er satsingar på bioøkonomi dei siste åra. I tråd med bioøkonomistrategien til regjeringa skal satsinga bidra til reduserte klimagassutslepp og betre ressursutnytting.

For å leggje til rette for eit berekraftig landbruk med lågare utslepp vil det mellom anna vere viktig med avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr og sortsutvikling som sikrar eit plantemateriale som er tilpassa klimaforholda. Midlar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og mange av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap om betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Vidare vil produksjon og bruk av fornybar energi vere ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråds store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall vore sentralt for departementet.

Boks 3.5 Lavutslipp 2030

Lavutslipp 2030 er Forskingsrådets satsing på forsking og innovasjon som skal bidra til at Noreg når klimamåla for 2030 og 2050, først og fremst i ikkje-kvotepliktige sektorar. Det blir lyst ut midlar innanfor Lavutslipp 2030 i fleire av Forskingsrådets program, mellom anna i BIONÆR. I 2018 blei det løyvd midlar til to prosjekt for å skaffe fram kunnskap som skal bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbrukssektoren. Det eine prosjektet, Solution towards sustainable Zero Emission Cowshed economically beneficial for the farmer (ZEC), er leidd av SINTEF og vil undersøkje korleis ein kan forbrenne metan i norske fjøs og samstundes utnytte varmen frå forbrenningsprosessen. Det andre er LIVESTOCK – Sustainable Livestock Production, som blir leidd av NMBU. Dette prosjektet vil gi viktig kunnskap om berekraftig fôr, inkludert fôrtilsetjing. Ringverknadene er mellom anna at Noreg vil vere mindre avhengig av importert fôr.

Boks 3.6 Reduksjon av metanproduksjon hos kyr

Eit nytt forskingsprosjekt skal undersøkje korleis metanproduksjonen hos kyr kan reduserast ved å optimalisere rundballeproduksjonen. Forskarar ved NMBU skal ta utgangspunkt i ein databank for surfôr som allereie er etablert av Tine. Kvalitet på surfôret vil vere svært variert, og forskarane skal undersøkje kva for eigenskapar i fôret som har størst verknad på metanproduksjonen hos kyr. Resultata skal brukast til å lage planar for korleis grasprodusentar kan lage eit mest mogleg miljøtilpassa grovfôr. Forskarane på Ås skal samarbeide med forskarar i Sverige, Danmark og Canada.

3.7 Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere løysingar som er tilpassa naturgitte forhold (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basisjordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar. Den siste artikkel 19-avtalen tok til å gjelde 1. oktober 2018 og inneber større kvotar for EU inn til den norske marknaden av mellom anna ost, kjøtt og blomstrande plantar. For Noreg inneheld avtalen større eksportkvotar for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomstrar.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India og Vietnam. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er ein økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Noreg forhandlar òg bilateralt om ein handelsavtale med Kina. Forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. Ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 gav ikkje resultat på landbruksområdet.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar som Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretting av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Forpliktingane inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane. Landbruk var òg eit sentralt tema under den handelspolitiske gjennomgangen av Noreg i WTO i juni 2018. Før neste WTO-ministerkonferanse i Kasakhstan sommaren 2020 vil det bli arbeidd med forslag om endringar av forpliktingane som medlemslanda i WTO har, til dømes bruken av nasjonal landbruksstøtte.

Matsikkerheit

Ein omfattande handel med innsatsvarer, plantar, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO)), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra. Dei nye måla, og tiltaka som følgjer av desse måla, vil gjelde alle land. Innsatsen for å nå måla er ei krevjande oppgåve nasjonalt og internasjonalt.

Folketalet i verda kan ventast å auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen bør difor aukast med 60 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring mellom anna fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. FAO arbeider med matvareutfordringane verda står overfor. Mandatet til organisasjonen er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom, og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar.

Noreg er ein aktiv medlem i FNs komité for matsikkerheit (CFS) og legg vekt på arbeidet med globale retningsliner og rammeverket for matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere ein aktiv medlem i desse organa, med spesielt trykk på blant anna rettane til bønder.

Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for berekraftige matsystem. Regjeringa vil i sterkare grad prioritere arbeid med matsikkerheit innan utviklingspolitikken med bakgrunn i dei store utfordringane innanfor global matforsyning framover.

Internasjonalt samarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Frå 2015 til 2020 er det Slovakia som leier prosessen.

FNs skogforum, UNFF, er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I 2017 og 2018 er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogforvaltning i FN. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek også her.

Forutan arbeidet med matsikkerheit er FAO ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der også Canada og USA deltek. Noreg vil ha formannskapet i Barents Forest Sector Network frå oktober 2019 til oktober 2021.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidaros-deklarasjonen blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. På ministermøtet i Haparanda i Sverige sommaren 2018 vedtok dei nordiske landa ein bioøkonomistrategi som skal vere retningsgivande for det nordiske ministersamarbeidet på dette området. I dette samarbeidet er både skogbruk og jordbruk sentrale element for å sikre utviklinga mot det grøne skiftet. Ministerrådet vedtok òg at det nordiske samarbeidet må finne gode løysingar for å sikre det nordiske genressursarbeidet gjennom NordGen. Samarbeidsministrane (MR-SAM) har nyleg starta arbeidet med revisjon av dei overordna måla for samarbeidet og har så langt peika på strategiske prioriteringar for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden.

Til forsida