Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 4
Særlege tema

4 Ein sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorane har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådd. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Mangfaldige skogar

I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, prosjektet Miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Død ved er viktig for det biologiske mangfaldet, og årleg aukar mengda død ved med om lag 3 mill. kubikkmeter i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten. Areala med gammal skog i Noreg har vore aukande i lang tid.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2018 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2018. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Det er til no sett til side livsmiljø med eit samla areal på omkring ein mill. dekar. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.

Stortinget har vedteke at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) i Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat og eit objektivt og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. Landbruksdirektoratet lanserte i 2017 ei rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av omgrepsapparatet i NiN. Alle prosjekt med oppstart etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metodikken.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Kulturlandskap og verdifulle naturverdiar i landbruksområde skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal leggjast til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakker. Nasjonalt miljøprogram for perioden 2019–2022 blei ferdigstilt hausten 2018. I 2018 blei det gjennomført tiltak hos 20 260 føretak for 490 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 59 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 39 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er vidareført. I jordbruksavtalen 2019 auka midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 4,5 mill. kroner på bakgrunn av at tal utvalde kulturlandskap skal auke, mens midla til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap blir heldt uendra, slik at det i alt er avsett 23,0 mill. kroner for 2020.

Frå og med 2020 får relevante kommunar ansvar for forvaltning av ordninga med tilskott til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beitar. Det var registrert om lag 2,4 mill. beitedyr i utmark i 2016. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2016. Talet på storfe på utmarksbeite har auka frå 230 000 i 2000 til 250 000 i 2016. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Kulturlandskapet i jordbruket inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere eit trugsmål mot kulturminne. Det gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Varetaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på ein stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk genressurssenter har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 17 i kategorien «kritisk truga» i 2018. To av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare 11 rasar blir rekna som «truga». Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Den samla summen av bevaringsverdige kyr aukar jamt for kvart år og i 2018 var det ei positiv utvikling for alle seks bevaringsverdige storferasar.

Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikkerheitskopiar av frøa i verdas genbankar. I 2018 blei 92 638 nye sikkerheitskopiar av frø frå 30 depositørar sikra i frøkvelvet. Ved utgangen av 2018 hadde 76 internasjonale, nasjonale og lokale institusjonar frå heile verda, lagra i alt 1 075 954 sikkerhetskopiar i frøkvelvet. Sidan 2015 har The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria fått sendt tilbake 92 430 av sine eigne frø frå frøkvelvet. Etter at dei formeira frøa blei 42 729 ferske frø sendt tilbake til frøkvelvet for sikkerhetslagring. I 2018 blei 10 års drift for frøkvelvet markert med ei stor deponering av 77 671 sikkerhetskopiar av frø, med deltaking frå 23 genbanker frå mange land. Etter 2018 er omlag halvparten av alt mangfaldet av matplantar som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, sikra i Svalbard globale frøhvelv.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140, 8. desember 2015, som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2018, jf. Prop. 1 S (2018–2019), i tråd med oppmodingsvedtak 444, 6. februar 2018. Målet for omdisponeringa blei vidareført. For 2018 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 3 561 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark auka frå 22 702 dekar i 2017 til 24 855 dekar i 2018. I alt blei 964 søknader handsama i 2018. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 17 650 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2018 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Etter 2013 har arealnedgangen blitt redusert frå om lag 60 000 dekar per år til om lag 10 000 dekar per år. Godkjent nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del III.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet vårt og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak. Dette er eit bidrag frå landbruket til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Noreg. Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevernmiddel

Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskte verknader på helse og miljø. Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel gjeld i perioden 2016–2020. Planen fastset mål og tiltak for å redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel og for å redusere bruken av slike middel. Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Forureining

Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa med avrenning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men verknaden på vassdraga er ikkje så stor som venta. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til meir avrenning, som skjuler verknaden av tiltaka.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogrammar for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje nærliggjande jordbruksareal. Dette blir følgt opp med forsterka innsats med bruk av miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Noreg har eigne utslepp av luftforureining, og mottek også utslepp frå andre land. Gjennom samarbeid innanfor Gøteborgprotokollen og direktivet om nasjonale utsleppstak (NEC-direktivet) arbeider Noreg for å avgrense slike utslepp. Vi har framleis store utslepp av nitrogenoksid, og mykje svovelsambindingar frå andre land. Desse kjeldene har likevel minka i løpet av dei siste tiåra. Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining går no ut på å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen og NEC-direktivet. I 2017 var desse utsleppa 45 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til ikkje å overskride. Dei høge utsleppstala har ikkje vore kjende lenge, men har komme til syne etter metodeendringar der utsleppstala har blitt oppjusterte.

Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer ved lagring og bruk av gjødsel i landbruket. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utslepp til luft.

Over jordbruksoppgjeret finst støtteordningar for å ta betre vare på gjødsla under lagring og spreiing. I jordbruksoppgjeret 2019 blei tilskott til miljøvennleg spreiing over regionale miljøprogram styrkte. Gjennom investeringsordninga SMIL er det opna for støtte til å installere dekke på opne gjødselkummar.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksisen i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk blei lagt fram av regjeringa og handsama av Stortinget i 2018. Det blir lagt til grunn at økologisk produksjon og forbruk må skje med utgangspunkt i marknaden og etterspørselen etter økologiske produkt. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden. Strategien blir no følgt opp.

I 2018 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg 4,7 pst. medrekna karensarealet. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel auka med om lag 8 pst. frå 2017 til 2018. I alt blei det omsett for om lag 2,8 mrd. kroner i 2017 tilsvarande 2 pst. av totalmarknaden.

Klimautfordringa

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket. Det er behov for meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining. I juni 2019 underteikna regjeringa og jordbrukets organisasjonar ei klimaavtale. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utslippene skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Eit teknisk berekningsutvalg for klimagassutslipp frå jordbruket avslutta sitt arbeid 1.7.2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen.

Skogen og andre areal står for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 25,2 mill. tonn i 2017. Det er ein auke på 17,5 mill. tonn frå 1990. Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2016 (4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar av i alt 53,3 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 5,4 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, redusert behov for mineralgjødsel og betre vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor RMP som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarer til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma BIONÆR og ENERGIX til Norges forskningsråd, Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket og pilotordninga for biogass, som blir forvalta av Innovasjon Noreg, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg og gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som har negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane også vil kunne gi nokre gevinstar for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvêr og gradvise endringar, og samstundes oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av høgare temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk plantar og sortar som kan utnytte ei lengre veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor, sjølv om ein temperaturauke opnar for lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO2-innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO2-opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har lege på eit lågare nivå enn tilveksten, som stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på under halvparten av tilveksten. Framskrivingar viser at hogsten kjem til å auke i åra framover som følje av at ny meir skog blir hogstmogen i område egna for skogsdrift. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa gjer framlegg om å halde fram med tilskott til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog, respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling i 2020. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling, der ein vil sjå resultat allereie etter ti år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført, vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor verknaden vil vere i form av auka CO2-opptak, vil vere avhengig av kor lenge tiltaka varer og graden av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å kunne medverke til eit årleg auka opptak på 3,7 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, innført eit miljøleiingssystem i departementet. Departementet blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EUs frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å ta vare på miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan òg norske verksemder delta.

I denne samanhengen er departementet særleg oppteke av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen er implementerte. Det blei gjennomført ekstern revisjon av systemet hausten 2017 utan særlege merknader.

5 Nasjonal oppfølging av berekraftmål 2

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere den nasjonale oppfølginga av berekraftsmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Landbruk omfattar i denne samanhengen all matproduksjon, inkludert fiskeri og havbruk. Regjeringa sitt mål og bruk av verkemiddel i den nasjonale landbruks- og matpolitikken, helse- og sosialpolitikken og fiskeripolitikken oppfyller i stor grad berekraftsmål 2.

Status for nasjonal matsikkerheit er god og er basert på:

  1. berekraftig forvaltning av naturressursar for matproduksjon

  2. kontinuerleg produksjon av mat frå land og hav

  3. eit velfungerande og rettvist handelssystem

Den nasjonale politikken for å oppnå matsikkerheit og Noregs veg mot å oppnå berekraftsmål 2, er tufta på ein kombinasjon av nasjonale politiske mål og internasjonalt samarbeid og forpliktingar for å sikre nok, trygg og sunn mat gjennom handel med internasjonale partnerar.

Ernæringsstatusen til innbyggjarane i Noreg er i all hovudsak god. Det er utfordringar på dette området, primært knytt til usunt kosthald og mangel på fysisk aktivitet. Til grunn for arbeidet med ernæring ligg Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021). Indikatorane for å måle framgang på ernæring under berekraftsmål 2 viser kva nokre av utfordringane består i. Indikator 2.2.1 om veksthemming og underernæring hos born finst det ikkje data på for Noreg. For indikator 2.2.2, overvekt hos vaksne og born, viser tala at mellom 15 og 20 pst. av born, 75 pst. av vaksne menn og 60 pst. av vaksne kvinner i Noreg har overvekt eller fedme.

Miljø- og klimautfordringar står sentralt i innsatsen for matsikkerheit i eit berekraftsperspektiv. Evna til å tilpasse seg klimaendringane i åra som kjem, vil vere avgjerande viktig for landbrukssektoren for å nå delmål 2.4 om berekraftige matproduksjonssystem. Regjeringa har vedteke at Noreg skal redusere utsleppet av klimagassar med 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990. Fjoråret var eit utfordrande år for norske bønder på grunn av alvorleg og langvarig tørke. Det viste i kor stor grad matproduksjon blir påverka av og må tilpassast klimaendringane.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket i Noreg utgjorde 8,5 pst. av dei samla norske utsleppa i 2017. Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2019 blei miljø- og klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Det er likevel stor uvisse når det gjeld berekningane av utsleppa frå jordbruket. Eit teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket avslutta sitt arbeid 1.7.2019. Utvalet har vurdert moglege forbetringar i utsleppsrekneskapen. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Betre ressursutnytting i heile verdikjeda, også reduksjon av matsvinn, er eit viktig mål for regjeringa. Matsvinn blir følgt opp under berekraftsmål 12. Frå 2010 til 2016 blei matsvinnet redusert med 14 pst. per innbyggjar i Noreg. Bransjeavtalen mellom regjeringa og representantar for alle ledd i matverdikjeda om redusert matsvinn er eit viktig nasjonalt tiltak for å redusere matsvinnet og inneber ei sams forplikting om å redusere matsvinnet med 50 pst. innan 2030. Avtalen er viktig for oppfølging både av berekraftsmål 2 og delmål 12.3. Avtalen skal følgjast opp med eit detaljert system for rapportering for heile verdikjeda for mat, slik at ein og får betre tal og statistikk for utviklinga.

Forvaltning og bruk av genetiske ressursar og anna biologisk mangfald er viktig for matsikkerheit og berekraftsmål 2. Dette krev kontinuerleg og langsiktig innsats. Det er ingen større endring i indikatorane for utviklinga på dette området. Genetiske ressursar frå kulturplantar er bevart dels gjennom eit nordisk samarbeid i NordGen og dels nasjonalt i eigne samlingar.

Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, og bidreg òg til å ta vare på ville slektningar av kulturplantar. Noreg er part i konvensjonen om biologisk mangfald og Nagoya-protokollen, som òg er ein del av den internasjonale ramma for arbeidet med genressursar. Noreg har òg ansvar for Svalbard globale frøhvelv som er eit viktig bidrag til global forvaltning av plantegenetisk mangfald. Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar innanfor vekstar, husdyr og skogtre og samordne arbeidet for å ta vare på ville kulturplantar, gjennom oppfølging av ein strategi for genetiske ressursar.

Internasjonal oppfølging

Internasjonalt blir berekraftsmål 2 følgt opp mellom anna gjennom samarbeidet med FN-organisasjonar som FAO, WFP, IFAD og WHO om matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Noreg bidreg til utrydding av svolt og utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i utviklingsland. Over bistandsbudsjettet støttar Noreg moglegheitene for fattige i låginntektsland til auka inntekter og betre ernæring gjennom verdiskaping i jordbruk, skogbruk og fiskeri. Nyleg la regjeringa fram ein handlingsplan (2019–2023) for å styrkje innsatsen for auka berekraftig matproduksjon, god ernæring, jobb- og verdiskaping, kapasitetsbygging og godt styresett. I oppfølginga av planen vil regjeringa særleg arbeide for å nå småskala bønder- og fiskarar, spesielt i dei minst utvikla landa og i Afrika sør for Sahara. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Retten til mat som ein menneskerett, og vektlegging av likestilling er grunnleggjande for norsk bistandspolitikk. Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer. Noreg leiar også ei global arbeidsgruppe for berekraftig mat frå hav og innlandsvatn for matsikkerheit og ernæring under FNs ernæringstiår som har som mål å bidra til å nå berekraftsmål 2.

6 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa har eit mål om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapen og vil arbeide for ein enklare kvardag for folk og verksemder. Dei seinare åra er det difor lagt vekt på å utvikle stønadsordningar, reguleringar og organisering av forvaltninga som er enklare, meir målretta og som gir betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. I jordbruksoppgjera er det mellom anna gjennomført fleire forenklingstiltak. Desse forenklingane består av endringar av regelverk og stønadsordningar, og fjerning av avgrensingar som har hindra ei effektiv utnytting av kapasiteten i næringa. For å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket er priskontrollen for reine skogeigedommar fjerna, og arealgrensa for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord er heva. Med denne endringa må færre søkje konsesjon og færre får buplikt. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for forvaltninga og dei næringsdrivande.

I den politiske plattforma for den utvida regjeringa frå januar 2019 går det fram at regjeringa vil jobbe for ytterlegare forenklingar på politikkområdet landbruk og mat. Regjeringa vil mellom anna gjennomføre fleire forenklingar som reduserer byråkratiet og gjere kvardagen enklare for bonden, i tillegg til å gi bonden større næringsfridom. Vidare vil regjeringa forenkle regelverket for foredling på eigen gard.

Landbruks- og matdepartementet følgjer opp regjeringserklæringa, både gjennom dei årlege jordbruksoppgjera og andre prosessar rundt lover, forskrifter og andre tiltak. Målet er ytterlegare forenkling, forbetring og fornying i tråd med det som er vedteken politikk for landbruks- og matsektoren.

Forenklingar og forbetringar i underliggjande verksemder

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet arbeider kontinuerleg med å fornye, forenkle og forbetre regelverk, prosessar og system på alle nivå i forvaltninga og særleg ordningane og løysingane mot brukerane. I 2017 starta Landbruksdirektoratet et større arbeid med forbetring for å effektivisere forvaltninga av fond, prosjekttilskott og direktetilskott i landbruket. Mykje av arbeidet har blitt realisert i 2018 og blir sluttført i 2019.

Direktoratet planlegg vidare å utvikle ei digital sjølvbeteningsløysing for reisetilskott til veterinærar. Målet er å forenkle og effektivisere forvaltninga hos fylkesmannen, sørgje for at berekning og vedtak om tilskott blir korrekt, og å gjere det enklare for veterinærane å søkje om og få tilsegn om tilskott.

I 2020 vil direktoratet halde fram arbeidet med å vidareutvikle systema, mellom anna innanfor skogbruk, reindrift, kvoteordninga for mjølk, importvern og råvarepriskompensasjon (RÅK), og ordningar under Landbrukets utviklingsfond.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arbeider kontinuerleg med å forbetre tenestene instituttet leverer. Instituttet sin kart- og statistikkproduksjon har eit breitt nedslagsfelt, og leverer kritisk informasjon til mange viktige prosessar i forvaltninga. NIBIO si satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga på alle nivå, har effektiv tilgang til informasjon om arealressursar. Gjennom gårdskart på internett får den næringsdrivande tilgang til same informasjon som forvaltninga og kan dermed betene seg sjølv.

Vidare arbeider NIBIO med å digitalisere karta i Myrarkivet. Dette vil gje eit godt nasjonalt grunnlag for fremtidige utgreiingar og vurderingar rundt lokalisering av myrareal, informasjon om myrdjupn og myrkvalitet. NIBIOs teneste Skogressurskartet, vil etter at det er oppdatert med den nye nasjonale høgdemodellen, bidra til vesentleg rasjonalisering for næring og forvaltning når det gjeld å gode ressursoversikter på mindre geografiske einingar.

NIBIO har også starta arbeidet med å oppgradere IKT-løysinga for Budsjettnemda for jordbruket. Formålet er å strukturere, kvalitetssikre og effektivisere dei komplekse prosessane som inngår i dette arbeidet.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) undersøkjer prøver frå dyr, fôr og mat. Alle prøvene blir registrerte i instituttet sitt prøvejournalsystemet (PJS), som inkluderer journalføring, analysar, resultat, rapportering og fakturering. Elektronisk prøvesvar og innsendingsskjema (EPI) er ei webløysing som gjer det mogleg for eksterne brukarar å registrere og følgje prøver, ta i mot varslingar og lese prøvesvar. Prøvejournalsystemet er under kontinuerleg utvikling og forbetring og instituttet har organisert dette arbeidet i eiget prosjekt, som en del programmet «Nye VI».

VI er også i gong med eit prosjekt for å digitalisere overvaking av fiskehelsa. Prosjektet omhandlar å digitalisere avlesing og kontroll av prøve frå oppdrettsfisk, framfor manuell bruk av mikroskop. Gjennom prosjektet vil Veterinærinstituttet forenkle bestilling av analysar, gi kundane moglegheit til å følgje bestillingane og tilpasse formidling og forvaltning av analyseresultat og data. Moderniseringa inneber vidare at prøvesvar vil bli formidla raskare til forvaltninga og næringa, som då kan sette i verk tiltak mot sjukdom. Det er estimert at næringa kan spare større beløp på det nye systemet. Moderniseringsprosjektet opnar for ei fagleg nyorientering generelt innan hispatologi, som inneber å nytte digitale prosessar i framtida.

Mattilsynet

Mattilsynet har sett i verk fleire viktige utviklingsprosjekt knytte til arbeidsmetodane sine. Digitalisering skal forbetre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt på. Målet for Mattilsynet er å bruke teknologien til dei oppgåvene den løyser best, og bruke menneskelege ressursar og skjønn til komplekse problem og til rettleiing.

Mattilsynet er godt i gong med eit prosjekt for ein meir framtidsretta kjøttkontroll, som gjer kontrollen meir effektiv og målretta, samstundes som slakteria sitt arbeid blir enklare. Digital systemstøtte skal sørgje for betre informasjonsflyt og utnytting av dataa frå husdyrnæring, slakteri og Mattilsynet sine eigne data. Dette gir betre moglegheit til å prioritere prøveuttak og kjøttkontroll der det gir best verksemd, og dessutan betre moglegheit til å fange opp dårleg dyrevelferd.

Vidare har Mattilsynet sett i verk fleire tiltak for å effektivisere tilsyna, slik at ressursane kan nyttast der dei har størst verksemd, og for å kunne bruke meir ressursar på rettleiing og dialog. Mattilsynet arbeider med å utarbeide eit system for risikoklassifisering av verksemder på kategorinivå, og deretter den enkelte verksemd. Standardiserte registreringer og avslutning av rapportering frå tilsyna på staden er andre døme på pågåande utvikling i Mattilsynet sin metodikk for tilsyn. Mattilsynet arbeider også med å utvikle dataverktøy for å kunne nytte «ferdig på staden-tilsyn» på andre område enn serveringsstader.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet overtok i 2018 ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018). Departementet har mellom anna ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på dette området, og for regelverk om utøving av jakt- og fangst. Det er om lag 500 000 personar som er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift. Midlane går inn i Viltfondet, og blir brukte til å styrkje den lokale viltforvaltninga. Fram til no har dette vore ein prosess der dei rundt 300 000 aktive jegerane som står i Jegerregisteret får brev og giro for innbetaling av avgift på papir. Frå og med 2019 er jegeravgifta digitalisert, og jegerane kan no få jegeravgiftskortet på telefonen. Avgifta kan betalast elektronisk. Frå 2020 vil alle jegerar få all kommunikasjon via Altinn og «Min jegerside». Med dette er systemet for betaling av jegeravgift og dokumentasjon av dette forenkla vesentleg. Målet er å digitalisere all dokumentasjon som jegeren treng under jakt, lisensfelling og fangst. Neste steg blir å digitalisere dokumentasjon av bestått skyteprøve, som er eit krav for å jakte storvilt.

7 Likestilling

Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er viktige for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2018 var 37 700 enkeltpersonsføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Av desse var 16,1 pst. kvinner. I 2017 var talet på jordbruksføretak drevne av kvinner 15,7 pst., mens det var på 12,9 pst. i 1999. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Dette sidan det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonsføretak. Det er også mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drevne som enkeltpersonsføretak, og for slike verksemder som til dømes ansvarleg selskap, har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje Budsjettnemdas tal frå SSB, var det ved utgangen av 2017 om lag 162 300 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal. På 69 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 25 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt. Gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er høgare enn for menn. Derimot er kvinner som driv jordbruksbedrifter gjennomgåande litt yngre enn menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2017 på 48,6 år, noko som er 3,5 år lågare enn for menn. Kvinnelege brukarar er i gjennomsnitt 12 år yngre enn alle kvinnelege eigarar. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølv. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode. Det er vanlegare med høgare utdanning for nye eigarar blant kvinner enn blant menn, og i aldersgruppa under 39 år har 58,9 pst. av kvinnene og 20,9 pst. av mennene utdanning på universitets- og høgskolenivå.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast blant produsentar som driv med storfe. Kvinner driv generelt jordbruksbedrifter med mindre areal enn menn.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skole, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte ein annan kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar over jordbruksavtalen til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar) i landbruket. Kvinneretta tiltak er definert som tiltak som primært har kvinner som målgruppe, gir sysselsetjing hovudsakeleg for kvinner eller har kvinnelege søkjarar. Prosentdelen kvinnelege mottakarar av investerings- og bedriftsutviklingstilskott er framleis høg, særskild innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Prosentdelen av tilsegna til kvinner innan bygdenæringar blei redusert frå 79 pst. i 2017 til 75 pst. i 2018. Prosentdelen løyvingar til kvinneretta tiltak innan tradisjonelt jord- og hagebruk var i 2018 på 46 pst., ein nedgong frå 48 pst. i 2017.

Innovasjon Noreg peikar i årsrapporten sin for 2018 på at årsaka til ein relativt stor prosentdel kvinneretta tilsegner innanfor landbruksbaserte næringar kan vere eit resultat av ei medviten satsing på kvinnetiltak, med handlingsplanar, eit godt fungerande nettverk og informasjons- og mobiliseringsarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Noreg om å arbeide vidare for å auke kvinnerepresentasjonen i styre og i leiinga for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt over utviklinga innanfor aktuelle program og tenester. Det blir rapportert på resultatmål og resultatindikatorar som vedkjem kvinner og kvinneretta tiltak.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane skal òg nyttast til likestillingstiltak i næringa. For 2018 rapporterte fleire fylkeskommunar at midlane mellom anna blei nytta til kvinneretta tiltak som til dømes eigne ammekukurs, og til ulike kvinneprosjekt som «Jenter i landbruket» og organisert kvinnenettverk.

Styrking av velferdsordningane i jordbruket

Gode velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Tilskott til avløysing ved ferie og fritid bidreg til finansiering av leigd arbeidshjelp og på den måten til at husdyrprodusentane kan ta ferie og få ordna fritid. Satsane for avløysartilskott ved ferie og fritid blei auka med nær 6 pst., som utgjer ei auka løyving på 66,4 mill. kroner. Med dette blei maksimalt avløysartilskott per jordbruksføretak heva med 4 700 kroner til 83 400 kroner per år.

Ved jordbruksoppgjeret 2019 var avtalepartane samde om å endre regelverket for tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel, for å gi fedre auka høve til å motta tilskottet når dei tek ut foreldrepermisjon for å ta seg av barnet det første leveåret. Dette gir ein auke i løyvinga til tilskottet på 1,5 mill. kroner i 2020.

Tilgang på kompetente landbruksvikarar er viktig for at jordbruksføretak kan få tilfredsstillande arbeidshjelp i situasjonar med alvorleg sjukdom og skade. Løyvinga til tilskott til landbruksvikarverksemd blei difor auka med 2,3 mill. kroner. Dette for å auke talet på landbruksvikarar og for å heve satsen per årsverk med landbruksvikarbistand frå avløysarlaga. I fjorårets jordbruksavtale for 2019 blei partane samde om ein monaleg auke på 80 mill. kroner i tilskott til avløysing ved ferie og fritid, og ved sjukdom, svangerskap og fødsel mv.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar. I 2017 var 75 kvinner innehavar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer 14 pst. av i alt 541 siidaandelar. Hovuddelen av desse er mellom 31 og 50 år gammel. I alt blir 147 årsverk utførte av kvinner i reindrifta. Dette er en reduksjon på 2 årsverk samanlikna med det førre driftsåret. Av meldingar om reindrift går det fram at kvinner eig 24 pst. av det samla reintalet i Noreg. Avtalepartane er samde om å nytte dei ulike verkemidla som finst for å fremje likestilling i reindrifta. Arbeidet har som mål å oppnå likestilling i eit langsiktig perspektiv, og det er viktig at ein arbeider kontinuerleg med målretta tiltak. Gjennom reindriftsavtalen har reindriftskvinner høve til å søkje om midlar til kvinneretta tiltak. Likeeins kan Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) søkje om midlar til utviklingsprosjekt. Det er viktig at NRL legg til rette for fleire kvinner i eigen organisasjon. Det gjeld både i NRL sitt styre og i lokallaga. Krav om at prinsippa i likestillingslova om kjønnsrepresentasjon ved oppnemning og val skal gjelde som grunnlag for tildeling av støtte til organisasjonen, er førte vidare i Reindriftsavtalen 2019/2020. I samanheng med forhandlingane om Reindriftsavtalen 2019/2020 blei avtalepartane samde om å innføre eit eige tilskott til kvinner med eigen siidaandel.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet1

Departementet har over lang tid hatt merksemd på kjønnsbalanse på leiarnivå i departementet og i dei ulike stillingskategoriane på leiarnivå og i dei ulike stillingskategoriane i departementet. Lønnsforskjellen mellom kvinner og menn er liten i departementet. I stillingsgruppene rådgivar og avdelingsdirektør har kvinnene høgare løn enn mennene. Fleksible arbeidstidsordningar og ordningar for arbeid heimanfrå skal leggje til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn ved behov. Kvinnene utgjer 57 pst. av arbeidsstokken i departementet. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette både i sakshandsamargruppa og i mellomleiargruppa. I tråd med regjeringa si målsetjing om å få flest mogleg i arbeid, òg dei med hòl i CV-en, nedsett funksjonevne og andre som har vanskeleg for å komme inn på den ordinære arbeidsmarknaden, har departementet engasjert ein person i overgangsarbeid gjennom Fontenehuset. Sjukefråværsstatistikken og foreldrepermisjon viser tal frå heile året, dei andre tala er per 1.1.2019. For omtale av likestilling i dei underliggjande verksemdene, sjå dei respektive årsrapportane. Det er ikkje avdekt barrierar mot likestilling i verksemdene.

Kjønnsbalanse

Løn

Tal menn

Menn %

Tal kvinner

Kvinner %

Total (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Kvinner % av menn si løn

Totalt i verksemda

I år (2018)

60

43

80

57

140

728 532

662 570

91

I fjor (2017)

58

42

81

58

139

704 324

641 499

91

Toppleiing (departementsråd, kommunikasjonssjef og ekspedisjonssjefar)

I år

4

67

2

33

6

1 248 750

1 207 500

97

I fjor

4

67

2

33

6

1 210 285

1 172 500

97

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

I år

9

47

10

53

19

854 689

876 215

103

I fjor

8

44

10

56

18

824 825

842 105

102

Kategori 1 (spesialrådgivarar, fagdirektørar, underdirektørar og arkivleiar)

I år

11

65

6

35

17

772 095

735 533

95

I fjor

10

67

5

33

15

748 340

720 512

96

Kategori 2 (seniorrådgivarar)

I år

31

40

46

60

77

644 461

628 698

98

I fjor

30

38

48

62

78

628 869

611 440

97

Kategori 3 (rådgivarar)

I år

5

28

13

72

18

510 680

540 123

106

I fjor

6

32

13

68

19

510 260

525 000

103

Kategori 4 (konsulentar)

I år

-

-

3

100

3

-

491 167

-

I fjor

-

-

3

100

3

-

472 900

-

Deltid

Mellombels tilsetjing

Foreldrepermisjon

Sjukefråvær1

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

2018

5,2

15,0

8,8

1,3

0

3,9

3,3

6,8

2017

4,9

14,3

8,2

6

0

2,4

1,3

5,1

1 Tala frå 2017 viser berre legemeldt fråvær. Tala frå 2018 er samla sjukefråvær fordelt på kjønn.

8 Oversikt over lønnsvilkåra o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter 2018

Kroner

Lønn, adm.dir.

1 766 000

Pensjonsutgifter

132 000

Anna godtgjersle

9 000

Staur gård AS

Utgifter 2018

Kroner

Lønn, dagleg leiar

916 373

Pensjonsutgifter

148 000

Anna godtgjersle

25 186

9 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Norsk institutt for bioøkonomi

  • Veterinærinstituttet

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei oppretta 1.7.2015 ved ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap.

Formålet med nøkkeltala er i første rekkje å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår og rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1112 og 1136.

Kort gjennomgang av tabellmaterialet

Den første tabellen for kvar enkel verksemd gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art. Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Den andre tabellen for kvar enkel verksemd gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde. Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabellen er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Den tredje tabellen for kvar enkel verksemd gir ei oversikt over kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til. Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Tabell 9.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art – Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Utgifter/inntekter

(i 1000 kroner)

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

Budsjett 2019

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

340 384

341 390

374 624

370 000

Varer og tenester

407 752

414 429

402 116

390 000

Sum driftsutgifter

748 137

755 818

776 739

760 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

19 501

37 188

41 830

35 000

Sum investeringsutgifter

19 501

37 188

41 830

35 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

56 606

56 475

0

0

Sum overføringsutgifter

56 606

56 475

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

824 244

849 481

818 570

795 000

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

9 593

9 658

10 512

12 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

59 055

70 469

15 323

28 000

Sum driftsinntekter

68 648

80 128

25 835

40 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

424 885

400 422

418 637

415 000

Andre innbetalingar

395 736

402 360

325 461

340 000

Sum overføringsinntekter

820 620

802 782

744 098

755 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

889 269

882 909

769 933

795 000

3. Netto endring i kontantbehaldninga (2–1)

65 024

33 428

-48 637

0

Tabell 9.2 Inntekter etter inntektskjelde – Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kroner)

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

Budsjett 2019

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

275 673

241 431

265 972

277 322

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

149 212

158 991

152 665

150 349

Sum løyvingar

424 885

400 422

418 637

427 671

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

17 461

24 353

19 813

20 000

Bidrag frå private

75 777

63 005

59 362

59 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

7 934

37 576

12 723

13 000

Sum bidrag

101 171

124 934

91 898

92 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

22 379

27 320

32 421

32 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

8 837

8 398

8 792

9 000

Oppdrag frå private

46 345

53 311

55 591

56 000

Andre inntekter

285 653

268 524

162 594

178 329

Sum oppdragsinntekter mv.

363 213

357 553

259 398

275 329

Sum inntekter

889 269

882 909

769 933

795 000

Tabell 9.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2016–2018 – Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Rekneskapspost

Endring

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

2017 til 2018

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

231 486

261 860

219 082

-42 779

Behaldning på andre bankkonti

7 553

10 605

4 730

-5 875

Andre kontantbehaldningar

8

10

26

16

Sum kontantar og kontantekvivalentar

239 046

272 475

223 838

-48 637

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

39 343

42 512

43 702

1 190

Skattetrekk og offentlege avgifter

38 164

43 439

43 334

-105

Gjeld til leverandørar

28 478

39 055

8 482

-30 573

Gjeld til oppdragsgjevarar

-107 309

-70 140

-70 358

-218

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

61 593

52 778

50 918

-1 860

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

60 270

107 644

76 079

-31 565

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

24 268

31 313

17 810

-13 502

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

106 350

87 584

96 268

8 684

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

130 618

118 897

114 078

-4 818

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

38 879

39 002

25 502

-13 500

Fri verksemdskapital

9 054

6 864

8 149

1 285

Sum andre avsetjingar

47 932

45 867

33 652

-12 215

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

226

67

29

-38

Sum langsiktig gjeld

226

67

29

-38

Sum nettogjeld og forpliktingar

239 046

272 475

223 838

-48 637

Tabell 9.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art – Veterinærinstituttet (VI)

Utgifter/inntekter

(i 1000 kroner)

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

Budsjett 2019

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

232 862

237 107

250 031

256 530

Varer og tenester

125 986

114 226

151 983

164 746

Sum driftsutgifter

358 848

351 333

402 013

421 276

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

8 927

8 452

12 138

7 500

Sum investeringsutgifter

8 927

8 452

12 138

7 500

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

367 775

359 785

414 151

428 776

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

161 380

188 292

176 824

210 995

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

35 154

51 704

11 009

22 000

Sum driftsinntekter

196 534

239 996

187 834

232 995

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

166 577

167 417

208 676

195 781

Andre innbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsinntekter

166 577

167 417

208 676

195 781

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

580

-562

12

0

Sum finansielle inntekter

580

-562

12

0

Sum inntekter

363 691

406 851

396 522

428 776

3. Netto endring i kontantbehaldninga (2–1)

-4 083

47 066

-17 629

0

Tabell 9.5 Inntekter etter inntektskjelde – Veterinærinstituttet (VI)

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kroner)

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

Budsjett 2019

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

83 063

89 108

109 712

106 160

Løyvingar frå andre departement

55 372

53 135

67 528

63 805

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

22 645

25 168

31 435

25 816

Sum løyvingar

161 080

167 411

208 676

195 781

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

75 279

102 688

60 159

78 686

Bidrag frå private

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

2 317

3 194

-714

20 750

Sum bidrag

77 596

105 883

59 445

99 436

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

85 905

105 863

102 427

111 059

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter

39 110

27 694

25 974

22 500

Sum oppdragsinntekter mv.

125 015

133 557

128 401

133 559

Sum inntekter

363 691

406 851

396 522

428 776

Tabell 9.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2016–2018 – Veterinærinstituttet (VI)

Rekneskapspost

Endring

31.12.2016

31.12.2017

31.12.2018

2017 til 2018

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

43 441

90 428

72 881

-17 547

Behaldning på andre bankkonti

Andre kontantbehaldningar

4

83

0

-83

Sum kontantar og kontantekvivalentar

43 445

90 511

72 881

-17 629

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

20 152

20 517

21 603

1 086

Skattetrekk og offentlege avgifter

20 631

21 245

27 189

5 945

Gjeld til leverandørar

-7 893

-3 521

-26 746

-23 224

Gjeld til oppdragsgjevarar

-6 508

3 635

5 286

1 651

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

3 479

13 845

22 290

8 445

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

29 861

55 721

49 622

-6 098

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

-3 493

9 095

19 669

10 574

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

-3 493

9 095

19 669

10 574

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

11 491

23 695

0

-23 695

Fri verksemdskapital

1 406

2 050

3 640

1 590

Sum andre avsetjingar

12 897

25 745

3 640

-22 105

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

4 180

-50

-50

0

Sum langsiktig gjeld

4 180

-50

-50

0

Sum nettogjeld og forpliktingar

43 445

90 511

72 881

-17 629

Fotnotar

1.

Lærlingen og personen i overgangsarbeid er ikkje med i oversikta.

Til forsida