Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 800 – 882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Resultatrapport og strategiar

Departementet hadde 159 tilsette per 31. desember 2019.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte. For å nå desse måla arbeider departementet mellom anna med innføring av nye arbeidsformer og med kompetanseutvikling. Dette arbeidet held fram i 2021. BFD arbeider for å følgje opp inkluderingsdugnaden til regjeringa, der målet er at minst fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar som har nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.

Målet for departementet sitt arbeid med digitalisering er å fornye, forenkle og forbetre tenester og arbeidsprosessar. Departementet har i 2020 arbeidd med å følgje opp digitaliseringsstrategien for offentleg sektor og nasjonal strategi for digital sikkerheit. Departementet vil i 2021 arbeide vidare med å følgje opp digitaliseringsstrategien, inkludert satsinga på å utvikle samanhengande tenester som tek utgangspunkt i livshendingar. Departementet vil òg arbeide med oppfølging av digitaliseringsprosjekt i sektoren til BFD.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BFD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle inntreffe. Departementet har i 2020 arbeidd med å handsame utbrotet av covid-19. Målet har vore å handtere konsekvensane av pandemien innanfor sektoren til BFD best mogleg. I sektoren til BFD blei barnevern og vern mot vald i nære relasjonar / krisesenter definerte som samfunnskritiske funksjonar, medan gravferd blei definert som ein samfunnsviktig funksjon. Departementet starta hausten 2020 arbeidet med å gå gjennom erfaringar frå hendinga for å lære og forbetre planverk og krisehandteringsevne.

Departementet har definert ein grunnleggjande nasjonal funksjon (GNF): «Barne- og familiedepartementets (BFD) virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet». Funksjonen er meld til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) i 2020. Funksjonen omfattar den rolla departementet har som fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Vidare omfattar ho utøving av mynde, styring og oppfølging av underliggjande verksemder og dessutan at departementet er i stand til å utøve kriseleiing.

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar innførte regjeringa ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform i 2015. Innhentinga av gevinstar blir sett til 0,5 prosent av driftsutgiftene til verksemda. I tillegg kjem eit mål om å redusere staten sine husleigeutgifter i den private leigemarknaden med 15 prosent over ein periode på 10 år, innført i 2020. BFD fører vidare avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma og målet om å redusere husleigeutgifter i 2021-budsjettet.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

800

Barne- og familiedepartementet

161 524

162 658

161 197

-0,9

Sum kategori 11.00

161 524

162 658

161 197

-0,9

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

152 178

151 109

151 059

21

Spesielle driftsutgifter

9 346

11 549

10 138

Sum kap. 0800

161 524

162 658

161 197

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet. Departementet føreslår ei løyving på 151,1 mill. kroner i 2021. Dette er om lag uendra frå saldert budsjett 2020.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 881, post 21. Sjå nærare omtale under denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 10,1 mill. kroner i 2021.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. Regjeringa meiner familiane bør ha fridom til å velje dei løysingane som er best for dei. Familien er grunnleggjande for utviklinga til barnet og er eit sterkt sosialt fellesskap som legg til rette for ein trygg barndom. Regjeringa vil styrkje tidleg innsats og førebyggjande tiltak som legg til rette for at flest mogleg barn kan få ein god oppvekst i sin familie og sitt nærmiljø.

Familiepolitikken skal støtte opp om barnefamiliane med eit godt utgangspunkt for familielivet, og bidra til å gi barn og unge ein best mogleg start på livet. Ein godt utforma barne- og familiepolitikk inkluderer alle barnefamiliar og skal gi gevinstar for heile samfunnet. Gode levekår og høve til deltaking i fellesskapet skal bidra til tillit mellom innbyggjarane, høg grad av samhandling og ei stabil samfunnsutvikling. Det legg til rette for ein velfungerande økonomi.

Regjeringa har styrkt politikken retta mot barn og familiar. Samla utgjer dette barnereforma til regjeringa, som har som mål å gi alle barn like moglegheiter og betre økonomien i familiar med låg inntekt. Alle barn i Noreg har utstrekte rettar etter barnekonvensjonen og Grunnlova. Samtidig er det slik at mange barn i Noreg i dag veks opp under uverdige forhold. Til dømes blir éin av fem barn utsette for vald i oppveksten, og stadig fleire barn veks opp i låginntekt. Barnereforma omfattar alt arbeidet regjeringa gjer for barn og unge, både dei målretta tiltaka for utsette barn og tiltaka som er retta mot alle barn.

Familieytingane betrar dei økonomiske vilkåra for familiane, både vaksne og barn. Regjeringa føreslår å auke barnetrygda for barn opp til fylte seks år med ytterlegare 300 kroner i månaden frå 1. september 2021. Det gir ein årleg auke på 3 600 kroner. Saman med auken frå 2020 vil satsinga på barnetrygda for dei yngste barna utgjere 7 200 kroner meir i året for småbarnsfamiliar. Det er eit historisk løft i barnetrygda.

Ei styrkt barnetrygd har relativt sett meir å seie for familiar med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. Auken skal òg komme familiar som får sosialstønad, til gode. Regjeringa vil derfor heve dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald.

Kontantstøtteordninga har som føremål å gi småbarnsfamiliane større valfridom til å organisere omsorga for små barn. Regjeringa vil derfor oppretthalde ordninga.

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med fødsel og adopsjon, slik at ein av foreldra kan vere heime med barnet. Ordninga gjer det mogleg å organisere familielivet innanfor trygge økonomiske rammer og samtidig halde på tilknytinga til arbeidslivet.

Eingongsstønad er ei ordning for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Regjeringa føreslår å auke satsen til 90 300 kroner. Dette inneber meir ressursar til familiar som ofte har ein svakare familieøkonomi. Med forslaget frå regjeringa vil eingongsstønaden ha auka med om lag 55 000 kroner sidan 2013. Talet på stønadsmottakarar har i same periode halde seg stabilt. Dette kan tyde på at auken i eingongsstønad ikkje har stor verknad på deltaking i arbeidslivet. Ordningar i samband med fødsel og adopsjon er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår, og ulikskapen i inntekter er liten i Noreg jamført med andre land. Samstundes er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna.

FN-konvensjonen om barnerettane gir alle barn rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg for utviklinga deira. Barn som veks opp i vedvarande låg inntekt, har fleire helseutfordringar, dei bur ofte dårlegare og trongare, og dei presterer svakare på skulen enn andre barn. Det er ein større sjanse for at barn i låginntektsfamiliar har ei svak tilknyting til arbeidsmarknaden som vaksne.

Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod utan omsyn til kva bakgrunn dei har. Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. I haust vil regjeringa leggje fram ein ny samarbeidsstrategi for barn og ungdom som veks opp i familiar med låg inntekt. Målet for strategien er å redusere forskjellar mellom barn og unge når det gjeld høvet til å delta og utvikle seg, samt førebyggje at levekårsulempene går i arv. Strategien har òg som mål å gi barn og unge betre høve til å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til gode helsetenester for alle. Strategien tek utgangspunkt i at ein oppvekst i vedvarande låg inntekt ofte inneber samansette utfordringar. Det er derfor naudsynt med ein brei og samordna innsats på tvers av departementa og tenestene. Strategien skal òg bidra til betre samordning av tiltak retta mot barn og ungdom i låginntektsfamiliar og betre samarbeidet mellom offentleg, frivillig og privat sektor.

Fritidsaktivitetar er ein stor del av livet til barn og ungdom, og utgjer ein viktig arena for barn og unge til å utvikle sosiale ferdigheiter, vennskap og nettverk. Inkludering og deltaking i fritidsaktivitetar kan òg bidra til auka sosial mobilitet. Fritida til barn og unge er meir organisert i dag enn tidlegare. Nokre grupper barn og unge deltek likevel i mindre grad enn andre i fritidsaktivitetar. Årsakene er fleire, men auka økonomisk ulikskap og auka utgifter til organiserte fritidsaktivitetar er to forklaringar.

Gode aktivitetsarenaer med rom for utfalding, samvær og vennskap er viktig i ein god oppvekst. Mange barn og unge kan i tillegg oppleve det som vanskeleg å stå utanfor dei organiserte fellesskapa med jamgamle. Utanforskap er derfor ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før og kan hindre barn og unge frå å delta i samfunnet. Regjeringa føreslår derfor å løyve 120 mill. kroner til å føre vidare og utvide prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning. Fritidskortordninga skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn og ungdom i alderen 6–18 år, med mål om at fleire barn og unge skal få høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Auka deltaking skal gi fleire barn og unge moglegheit til å oppleve meistring, vennskap og det å vere inkludert.

Regjeringa føreslår å styrkje Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge med 38,5 mill. kroner. Av desse vil 2 mill. kroner gå til administrasjon av ordninga i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Midlane skal gi fleire tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar og alternative meistringsarenaer for barn og unge i låginntektsfamiliar. Regjeringa føreslår òg å opne for å gi tilskot til koordinering av innsatsen for barn i låginntektsfamiliar i kommunane, og å løyve stimuleringsmidlar til etablering av nye modellar for samarbeid med frivillige organisasjonar, sosiale entreprenørar og lokalt næringsliv. I tillegg føreslår ein å løyve 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet.

Regjeringa ønskjer å styrkje familiane og slik leggje grunnlaget for livskvalitet og god helse. Gode, trygge og stabile samliv er ein verdi i seg sjølv. Mykje er nytt for fyrstegongsforeldre, og mange foreldre opplever utfordringar i parforholdet den fyrste tida etter at dei har fått barn. For mange barn opplever òg at foreldra går frå kvarandre.

Familievernstenesta er ei nasjonal teneste for familiar som opplever vanskar eller konfliktar. Tenesta hjelper familiar med samlivsproblem og konfliktar i parforhold, og tilbyr mekling og hjelp til foreldresamarbeid. Det er eit mål at fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling i familievernet. Tilbodet til familiar med eit høgt konfliktnivå skal bli betre, og det er eit mål at fleire høgkonfliktsaker skal løysast i samband med mekling ved familievernkontora, slik at vi så langt som råd unngår at foreldretvistar blir handsama av domstolane.

Eit offentleg nedsett utval fekk i mai 2018 i oppdrag å gjennomgå familieverntenesta. Familievernutvalet la fram rapporten sin 21. november 2019: NOU 2019: 20 En styrket familietjeneste – en gjennomgang av familieverntjenesten. NOU-en var på offentleg høyring fram til 1. mai 2020. Departementet vurderer vidare oppfølging.

Regjeringa vil føre vidare tilbod om samlivskurs til fyrstegongsforeldre og auke tilskotet til dei ordinære samlivskursa. Målet er at foreldre skal ha eit godt parforhold, og å gi dei tryggleik i foreldrerolla.

Utprøvinga av Familie for første gang går vidare fram mot 2021. Familie for første gang, òg omtala som Nurse Family Partnership (NFP), er eit program for dei fyrstegongsforeldra som treng ekstra støtte. Familiane får særskild oppfølging av ein familiesjukepleiar og heimebesøk frå tidleg i svangerskapet til barnet fyller to år. Programmet inneber at ulike kommunale tenester samarbeider tett for å hjelpe den einskilde familien. Familie for første gang har vore under utprøving i norske kommunar og bydelar sidan 2016. Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet har gjennomført ei følgjeevaluering, og sluttrapporten frå 2019 viser at resultata frå programmet er gode.1 Programmet treffer ei sårbar målgruppe som ein elles slit med å hjelpe, og som det kan vere vanskeleg å nå med andre tiltak. På bakgrunn av dette føreslår regjeringa å løyve 45,3 mill. kroner til å styrkje og utvide programmet i 2021.

Det er sett av 3 mill. kroner til å utvide, til fleire kommunar, eit pilotprosjekt med foreldrestøtte til foreldre med tenåringar. Dette kan gi meir kunnskap om behova til ungdomsforeldre, korleis ein når fram til målgruppa, og kva som skal til for å få til ei god gjennomføring i kommunane.

Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Arbeidet mot vald og overgrep held fram med høg prioritet i 2021, mellom anna gjennom oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Av dei 88 tiltaka i planen er 37 gjennomførte og 51 påbyrja. Fleire av tiltaka vil gå føre seg kontinuerleg, òg utover planperioden. Vald og overgrep mot barn kan vere vanskeleg å oppdage. Barn vegrar seg gjerne for å snakke om vald og overgrep, særleg når den som utøver valden, er ein som står dei nær. Det er viktig å bryte tabua kring vald og overgrep, slik at fleire tør å spørje og fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine. Regjeringa vil derfor i 2021 arbeide vidare for å auke kompetansen i tenestene, slik at vald og overgrep mot barn blir avdekt tidlegare.

Covid-19 og sårbare barn og unge

Våren 2020 sette regjeringa i verk omfattande tiltak mot spreiing av covid-19. Tiltaka fekk stor innverknad på kvardagslivet til innbyggjarane. Stenging av barnehagar og skular var blant tiltaka og råka familiar rundt om i heile landet. Dette kan ha følgjer for den einskilde og for samfunnet på sikt.

I revidert nasjonalbudsjett for 2020 fremja regjeringa ei tiltakspakke på over 400 mill. kroner til sårbare barn og unge. Tiltaka skulle gå til å betre situasjonen for dei sårbare barna. Mellom anna blei det løyvd ekstra midlar til ferie- og fritidstilbod for barn og unge.

Undersøkingar viser at både frivillige organisasjonar og kommunar har prøvd å gi tilbod til barn og unge i sommar trass i ein krevjande situasjon. Mange tilbod blei gjennomførte, men med redusert kapasitet.

Ved start av skuleåret 2020–2021 skulle både barnehagane og skulane gi fulltidstilbod med ordinære dagar, med mindre lokale helsestyresmakter gjorde vedtak om raudt tiltaksnivå av omsyn til smittevern.

Tenestene til sårbare barn og unge er per medio september i tilnærma normal drift. Nedstenginga av tilbodet kan likevel ha ført til ei opphoping av saker som fyrst blir synleg for tenestene framover i tid. Smitten har dessutan auka etter sommarferien.

Regjeringa vil derfor følgje tett med på situasjonen og tenestetilbodet til sårbare barn og unge, og føre vidare det tette samarbeidet mellom relevante direktorat. Det er viktig at tilbodet til barn og unge blir skjerma framover, så langt råd er.

Delar av pakka på 400 mill. kroner blir ført vidare i 2021. Regjeringa føreslår 8 mill. kroner til Alarmtelefon for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og chatløysing. Regjeringa føreslår å løyve 170 mill. kroner i 2021 til tilskotsordninga til skuleeigarar som skal bidra til at elevar som treng det, skal kunne ta igjen tapt progresjon, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. Regjeringa føreslår i tillegg 100 mill. kroner til habilitering og avlasting for personar som har nedsett funksjonsevne i 2021, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Mål

BFD har for 2021 desse måla på området familie og oppvekst:

Mål

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepssaker mot barn og unge.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå, Høyring av barn i mekling, Foreldrestøttande arbeid og Vald og overgrep nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Kunnskapsbasert politikkutvikling

I utviklinga av treffsikker politikk er det naudsynt med god kunnskap, og det er viktig at departementet følgjer med på korleis dei ulike tenestene og ordningane blir nytta, kva effekt dei har, og korleis bruken endrar seg i takt med endringar i samfunnsutviklinga. Denne kunnskapen kan føre til betre og meir treffsikre tenester og ordningar. Berekrafta i velferdssamfunnet er avhengig av at dei offentlege ressursane blir brukte effektivt.

I 2019 sette departementet i gang arbeidet med ein strategi kalla BarnUnge21. Målet med BarnUnge21 er å skape ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. BarnUnge21 har som mål at færre barn og unge skal falle utanfor gjennom livsløpet, og skal bidra til eit godt grunnlag for prioriteringar framover. Tilrådingane frå BarnUnge21-gruppa kjem tidleg i 2021. I samarbeid med dei relevante departementa vil BFD vurdere og arbeide vidare med dei ulike tilrådingane. For nærmare omtale sjå del III, kapittel 5.

Det er fleire studiar i 2020 og 2021 som vil stå sentralt for kunnskapsgrunnlaget på familie- og oppvekstområdet. Resultata av forskingsaktivitetar under FamilieForSK ved Folkehelseinstituttet vil vere viktige både for den vidare utviklinga av familieverntenesta og for andre tiltak for å støtte foreldre og familiar. FamilieForSK gjennomfører ein fleirårig studie om samhald og konfliktar i familiar i Noreg. Føremålet er å få meir kunnskap om samlivet til foreldra, og korleis tilhøve i familien heng saman med utvikling og trivsel hos barna.

Adoptivbarna og adoptivforeldra kan ha ulike oppfølgingsbehov i mange år etter adopsjonen. Folkehelseinstituttet har derfor fått i oppdrag å kartleggje behovet for oppfølging etter adopsjon.

Statistisk sentralbyrå (SSB) startar ei ny, stor bustads- og samværsundersøking hausten 2020. Undersøkinga vil gi kunnskap om kva løysingar for bustad og samvær delte familiar vel, og korleis dei organiserer kvardagslivet. For departementet vil dette vere eit viktig grunnlag for vidare politikkutvikling på området. Undersøkinga er ei oppfølging av tilsvarande undersøkingar i 2002, 2004 og 2012, og vil derfor vise endringar over tid. Undersøkinga vil bidra til nytt datamateriale som forskarar kan bruke i studiane sine.

Det offentlege har ei viktig rolle i å bidra til god forskingsinfrastruktur, mellom anna ved at relevante data på sentrale samfunnsområde blir oppdaterte. SSB deltek i 2020 i den internasjonale spørjeundersøkinga Generations and Gender-survey, ei deltaking BFD er med og finansierer. Dei dataa som kjem ut av undersøkinga, vil vere viktige for det familiepolitiske området og vil gjere det mogleg med nye analysar av kva preferansar unge har for familie og barn, kva forventingar dei har til samliv, arbeidsdeling og likestilling, og korleis dei kombinerer yrkes- og familieliv.

På oppdrag frå departementet har Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet utarbeidd ei kunnskapsoversikt over kvardagsliv, omsorg, samlivsbrot og familiestøttande tiltak. Oversikta dekkjer tilgjengeleg norsk og nordisk forsking på feltet. Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet har gjennom intervju med barnefamiliar undersøkt kva foreldre og barn driv med i løpet av ein dag, og korleis foreldre løyser kombinasjonen av lønnsarbeid og omsorgsarbeid, og sett på kva slags velferdsordningar dei bruker. Departementet vil bruke kunnskap frå desse studiane i sitt vidare arbeid med familiepolitikken.

Meir konkrete forskingsprosjekt er omtalte under dei ulike områda nedanfor.

I 2021 vil departementet styrkje kunnskapen på det familiepolitiske området ytterlegare mellom anna ved å lyse ut midlar til å analysere funna i Generations and Gender-survey og til vidare forsking på familieliv og ved å bidra med finansiering til gjennomføringa av ei ny SSB-undersøking av tidsbruk.

Departementet føreslår òg midlar til forsking og effektevaluering av tiltak retta mot inkludering av barn og unge i låginntektsfamiliar. Til dette er det sett av 3 mill. kroner.

Økonomien til barnefamiliar og familieytingane

Det som bestemmer dei økonomiske kåra til barnefamiliane, er hovudsakleg inntekter frå arbeid eller offentlege stønadar og eventuelle kapitalinntekter. I tillegg vil det økonomiske handlingsrommet deira vere påverka av overføringar og tenester frå det offentlege. Dei offentlege overføringane til barnefamiliane består av kontantytingar som barnetrygda, offentleg subsidierte tenester, til dømes barnehage, og særskilde skatteordningar for familiar, til dømes foreldrefrådraget for utgifter til pass og stell av barn.

Familieordningane tener fleire føremål. Fyrst og fremst hjelper dei med å tryggje økonomien i familiar. Overføringar frå det offentlege gir denne samfunnsgruppa ein velferdsauke. Barn er ein verdi i seg sjølve og for familien, men det er òg viktig for samfunnet at barn kjem til. Offentlege ordningar kompenserer derfor familiane for delar av kostnadane med å ha barn – noko barnetrygda er eit døme på. Det kan ha samfunnsøkonomiske gevinstar på sikt.

Ordningane har òg andre verknadar. Foreldrepengar er ei økonomisk yting frå folketrygda som sikrar inntekta til foreldra når dei er i permisjon ved svangerskap, fødsel og adopsjon. Foreldrepengeordninga tek omsyn til familielivet og relasjonen mellom spedbarn og forelder. Det er viktig for utviklinga til barnet og for relasjonen mellom forelder og barn. Samstundes gjer ytinga det mogeleg å kombinere det å få barn med det å vere aktiv i yrkeslivet. Ordninga legg til rette for ein god bruk av arbeidskraftressursane og for ei høgare sysselsetjing. Det er viktig for norsk økonomi og for berekrafta i velferdsstaten. Ei mødrekvote og ei fedrekvote skal i tillegg bidra til ei balansert omsorgsfordeling i heimen.

Eingongsstønad er ein minstegaranti som sikrar inntekt for mødrer utan opparbeidd rett til foreldrepengar. Eingongsstønaden er viktig for dei som frivillig eller ufrivillig ikkje er i yrkesaktivitet, og som dermed ikkje er omfatta av foreldrepengeordninga. Mottakarar av eingongsstønad står ofte svakare økonomisk stilt enn foreldre med foreldrepengar. Med forslaget frå regjeringa om ein auke til 90 300 kroner vil eingongsstønaden ha auka med om lag 55 000 kroner sidan 2013. Talet på mottakarar har i same periode halde seg stabilt. Dette kan tyde på at auken i eingongsstønad ikkje har stor innverknad på deltaking i arbeidslivet. Foreldrepengeordninga og eingongsstønaden er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Dei familiepolitiske overføringane blir saman med andre overføringsordningar forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). I avsnittet Forvaltinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet på ansvarsområdet til BFD gir vi ein statusrapport om forvaltinga Nav gjer på området til departementet.

Covid-19-utbrotet og familieytingane

Som følgje av covid-19-utbrotet har det vore naudsynt med nokre mellombelse unntak i overføringsordningane for barnefamiliane. Den 3. april 2020 blei det fastsett ei forskrift om mellombelse unntak frå foreldrepengeordninga. Unntaka legg til rette for at foreldre kan gå tilbake til arbeid i samfunnskritisk funksjon utan å miste foreldrepengerettar. Mellom anna kan foreldre utsetje foreldrepengane ved arbeid på deltid. Det er ikkje mogleg etter dei ordinære reglane. Forskrifta gjeld ut 2020.

Barnetrygd og kontantstøtte fell vanlegvis vekk dersom barnet oppheld seg i utlandet i meir enn tre månader. På grunn av covid-19-utbrotet kan det ha oppstått tilfelle der familiar på ferie i utlandet ikkje har klart å komme seg tilbake til Noreg som planlagt. Dersom opphaldet i utlandet varer lenger enn tre månader, vil barnetrygd og kontantstøtte bli stansa etter dei ordinære reglane. Stortinget har vedteke mellombelse unntak frå barnetrygdlova og kontantstøttelova. Unntaka skal hindre at foreldre mistar barnetrygd og kontantstøtte fordi dei har vore på ferie i utlandet og ikkje kunne reise tilbake til Noreg som planlagt på grunn av covid-19-utbrotet.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei månadleg utbetaling til alle foreldre med barn under 18 år. Utbetalinga skal bidra til å dekkje utgifter i samband med forsørginga av barna. Barnetrygda betrar økonomien i barnefamilien her og no, og som ei kontantoverføring gir ho familien høve til sjølv å prioritere midlane etter eigne behov.

Barnetrygda er universell og eit velferdsgode for alle barnefamiliar. Det kan bidra til ei brei forankring av ordninga i befolkninga. Ytinga er likevel særleg viktig for småbarnsforeldre, som ofte har ein svakare privatøkonomi enn andre samfunnsgrupper. Tal frå SSB viser at når ein deler gruppa med vedvarande låginntekt inn i hushaldningstypar er par med barn under 7 år den største undergruppa. Dei utgjer 18 prosent av dei med vedvarande låginntekt.2 I NOU 2017: 6 drøfta Ellingsæter-utvalet betydinga ulike stønadar har for barnefamiliar med låginntekt. Utvalet viste til ein SSB-rapport som seier at barnetrygda er den einskildstønaden som er viktigast for å redusere førekomsten av låginntekt blant barnefamiliane.3 Ytinga er i så måte eit familiepolitisk instrument i innsatsen mot fattigdom.

Bruk av barnetrygd

I mars 2020 var det 659 727 mottakarar av barnetrygd. Det er ein nedgang på 1,4 prosent frå mars 2019. Årsaka til denne nedgangen er ifølgje Nav i hovudsak at den polske barnetrygda auka sommaren 2019, noko som verkar inn i Noreg gjennom EØS-regelverket. Den polske barnetrygda er no høgare enn den norske, og utlegga til Noreg blir derfor lågare.

Det er mor eller far som tek imot barnetrygda, og viss foreldra har avtale om delt bustad, kan barnetrygda fordelast mellom dei. I dei fleste tilfella er mor mottakar, men sidan 2011 har prosentandelen mannlege mottakarar auka frå 8,8 til 11,2 prosent. Av alle stønadsmottakarane hadde 17,8 prosent utvida stønad for einslege forsørgjarar. Menn fekk utvida stønad i om lag ein tredel av desse tilfella.

Auke i barnetrygda for dei yngste

Den ordinære barnetrygda auka frå 970 kroner til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019. Dette var den fyrste auken sidan 1996. Den 1. september 2020 auka den månadlege utbetalinga med 300 kroner for barn under 6 år.

I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa å auke barnetrygda for same aldersgruppe med ytterlegare 300 kroner i månaden frå 1. september. Den årlege barnetrygda for småbarnsfamiliane vil då vere auka med 7 200 kroner sidan 2019.

Auken i barnetrygda skal òg komme sosialhjelpsmottakarar med barn til gode. Regjeringa vil auke dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for kategorien barn 0–5 år med tilsvarande beløp som auken i barnetrygda. Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet for meir informasjon.

Deltaking i fritidsaktivitetar

Medan kontantoverføringar som barnetrygd går til foreldra og er ei økonomisk støtte familiane kan prioritere bruken av sjølve, er andre velferdsordningar direkte knytte til spesifikke tenester. Det kan vere gratis helsetenester eller skulegang. Fritidsaktivitetar er ein viktig del av livet til barna. Å delta i organiserte fritidsaktivitetar er òg viktigare no enn tidlegare. Høge utgifter til organiserte fritidsaktivitetar er ei av årsakene til at mange barn og unge ikkje har høve til å delta. Departementet har i fleire år arbeidd for å inkludere barn og unge i sosiale aktivitetar på fritida, mellom anna gjennom arbeidet med fritidserklæringa, sjå nærare omtale under Deltaking for alle barn og unge.

Regjeringa har starta eit prøveprosjekt med ei nasjonal fritidskortordning som skal bidra til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn frå 6 til fylte 18 år, sjå meir under omtalen av fritidskortordninga under Deltaking for alle barn og unge. Ei fritidskortordning er med andre ord ikkje ei økonomisk støtte familiane kan prioritere bruken av sjølve, men ei støtte til dekking av deltakaravgifter. Fritidskortet er saman med auken i barnetrygda for barn under 6 år eit viktig tiltak i innsatsen mot barnefattigdom. Les òg meir om samarbeidsstrategien for barn som veks opp i familiar med låg inntekt, i avsnittet Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen 1–2 år. Kontantstøtta gir familien eit alternativ til det å ha barnet i barnehage, sidan utbetalinga av støtta er avhengig av om barnet har barnehageplass eller ikkje. Føremålet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for barna sine, og å gi familiane meir valfridom når det gjeld omsorgsform.

Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Satsen for full kontantstøtte er 7 500 kroner per månad.

Den 1. august 2018 blei det innført graderte satsar for kontantstøtte avhengig av kor lang opphaldstid barnet har i barnehagen. Dei graderte satsane har gitt familien større valfridom. For å ha rett til kontantstøtte må ein ha fem års butid i Noreg (eller EØS-området).

Bruk av kontantstøtte

I mars 2020 blei det utbetalt kontantstøtte for 30,1 prosent av barna i kontantstøttealder, noko som er 5,3 prosentpoeng lågare enn i 2013.

I perioden mellom 2013 og 2018 blei det utbetalt kontantstøtte med full sats for mellom 98 og 99 prosent av dei barna som fekk kontantstøtte. Frå utgangen av mars 2019 til utgangen av mars 2020 har denne delen blitt redusert til rundt 95 prosent.

Det er vanlegare å bruke kontantstøtteordninga i familiar med innvandrarbakgrunn enn i familiar utan innvandrarbakgrunn. Tal per 1. september 2018 frå SSB viser at 28 prosent av eittåringar med innvandrarbakgrunn fekk utbetalt kontantstøtte. For eittåringar utan slik bakgrunn var talet 17 prosent. Ordninga er òg meir brukt blant foreldre med låg utdanning og/eller låg inntekt.

Tabell 4.1 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2021 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte

Regjeringa arbeider for å avgrense og stanse eksport av velferdsytingar. Innanfor barne- og familieområdet gjeld dette barnetrygd og kontantstøtte. Arbeidet omfattar mellom anna å søkje aksept i EU for kjøpekraftjustering av ytingane. Ei kjøpekraftsjustering tek omsyn til at kostnadsnivået varierer mellom landa i EØS-området, og justerer beløpet på ei yting etter det.

I Meld. St. 40 (2016–2017) Eksport av norske velferdsytelser føreslo regjeringa å innføre kjøpekraftjustering av barnetrygd og kontantstøtte dersom ESA, overvakingsorganet i EFTA, meiner at det er høve til dette etter EØS-avtalen. Då meldinga blei handsama i Stortinget 1. mars 2018, støtta Stortinget forslaget.

For å følgje opp vedtaket til Stortinget sende departementet eit brev til ESA 21. mars 2018. ESA svarte i brev 21. juni 2018 at EØS-avtalen ikkje tillèt kjøpekraftjustering av familieytingar. Austerrike innførte kjøpekraftjustering av familieytingar 1. januar 2019. EU-kommisjonen har ved stemning datert 14. mai 2020 bringa saka inn for EU-domstolen. Regjeringa følgjer saka.

Barnebidrag

Foreldre har ansvar for å forsørgje barna sine. Når den eine av eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkommande betale barnebidrag. Foreldra kan sjølve avtale kor stort barnebidraget skal vere, eller dei kan be Nav om å fastsetje det. Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å fastsetje barnebidraget. Dette har samanheng med at fleire vel private avtalar i staden for den offentlege ordninga med fastsetjing og innkrevjing av barnebidrag. Om lag 45 prosent av dei delte familiane bruker det offentlege tilbodet. Per mars 2020 blei det i saker med offentleg fastsetjing utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 88 088 barn. Det er 6,1 prosent færre enn i mars 2019 og 29 prosent færre enn i mars 2011. Til saman er det 7,6 prosent av befolkninga 0–17 år som får barnebidrag og/eller innvilga bidragsforskot med offentleg innkrevjing. Det er ein nedgang frå 8,1 prosent i mars 2019. Dei fleste bidragsmottakarane er kvinner (91 prosent), og dei fleste bidragspliktige er menn (84 prosent). Sjå tabell 4.2 for informasjon om storleiken på barnebidrag gjennom det offentlege.

Barnelovutvalet, som er omtalt under Barnelova, skal mellom anna vurdere kva utforminga av bidragssystemet har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i kva som er best for barnet, vurdere korleis foreldre kan sikrast like rettar som omsorgspersonar.

Tabell 4.2 Barn som får barnebidrag gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

9 569

1 835

Barn 6–10 år

22 438

1 996

Barn 11–14 år

25 033

2 152

Barn 15–17 år

21 303

2 479

Barn 18+

2 438

4 227

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå utgangen av april 2020. Tala omfattar ikkje barn med ukjend far, barn som ikkje har fått fastsett bidrag, og barn med bidrag i utanlandsk valuta.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet på ansvarsområdet til BFD

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar og ordningar på ansvarsområdet til departementet. Dette gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar, eingongsstønad og barnebidrag. Eit mål for forvaltinga er at brukarane skal få rett yting til rett tid. Arbeids- og velferdsetaten rapporterer om at det generelt ikkje er store forseinkingar i utbetalingane, og sakshandsamingstida er i det vesentlege innanfor måla for alle ytingane – sjølv i etterkant av virusutbrotet.

Covid-19-pandemien har så langt i 2020 ført til ei rekkje omprioriteringar i arbeids- og velferdsetaten. Den enorme saksinngangen på dagpengeområdet har kravd ei anna disponering av ressursar. Etaten prioriterer å oppretthalde handsaminga av ytingar til livsopphald, slik at svartidene og talet på saker til handsaming blir haldne nede på eit akseptabelt nivå. Samstundes skal etaten handsame klagesaker. Det er gjort nærare greie for verksemda til arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Etaten har òg viktige oppgåver for familiar med vedvarande låg inntekt og er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å betre kåra for barna i desse familiane.

Arbeids- og velferdsdirektoratet vann Digitaliseringsprisen 2019 for den nye sjølvbeteningsløysinga på foreldrepengeområdet.

Sjå omtale av praksis ved handsaming av søknader om foreldrepengar under programkategori 28.50.

Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt

Noreg er eit land med små økonomiske forskjellar samanlikna med andre land, og dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode levekår. Samstundes er det nokre barn som veks opp i ein familie som har så låg inntekt eller levestandard at det avgrensar høvet deira til å utvikle seg og delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Barn i låginntektsfamiliar har oftare dårlegare helse og svakare skuleprestasjonar, og dei deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Dei har òg større risiko for å ha svak tilknyting til arbeidsmarknaden og å oppleve låg inntekt som vaksne.4

Kostnadene ved å stå utanfor viktige samfunnsarenaer som utdanning og arbeidsliv er store – både for den einskilde og for samfunnet. Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd for den einskilde, og bidreg til å oppretthalde eit berekraftig velferdssamfunn. Tiltak som legg til rette for at alle barn får ein trygg og god oppvekst, og som gir dei betre høve til varig deltaking i samfunnet, kan dermed ha samfunnsøkonomiske gevinstar på sikt.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i fattige familiar, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta over ein periode på tre år. SSB definerer denne gruppa som barn i vedvarande låginntektsfamiliar. Det har over ein lengre periode vore ein auke i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt, sjå figur 4.1. I 2018 vaks 11,3 prosent av norske barn opp i ein familie med vedvarande låg inntekt.

Over halvparten av desse barna kjem frå familiar som har bakgrunn frå andre land, og denne delen aukar. Samstundes har det òg vore ein auke i talet på barn utan innvandrarbakgrunn som veks opp i familiar med låg inntekt. Barn av einslege forsørgjarar er særskilt utsette.

Figur 4.1 Delen barn i alderen 0–17 år som veks opp i vedvarande låginntekt i perioden 1997–2018. Prosent.

Figur 4.1 Delen barn i alderen 0–17 år som veks opp i vedvarande låginntekt i perioden 1997–2018. Prosent.

Kjelde: SSB.

Arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa. Regjeringa vil gjennom målretta tiltak dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i fattigdom, skape like moglegheiter for alle barn og slik hindre at dårlege levekår går i arv frå foreldre til barn. Tiltak som støttar opp om aktiv deltaking i samfunnet på alle arenaer i oppveksten, og som bidreg til auka sosial mobilitet, har høg prioritet.

Samarbeidsstrategi for barn som veks opp i låginntektsfamiliar

Regjeringa vil gi alle moglegheit til å delta, både i arbeidsliv og samfunnslivet. Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn og unge ytterlegare i 2021. Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. I haust skal regjeringa leggje fram ein samarbeidsstrategi for barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Strategien tek utgangspunkt i at ein oppvekst i vedvarande låg inntekt ofte inneber samansette utfordringar, og at det derfor er naudsynt med ein brei og samordna innsats på tvers av departementa og tenestene.

Samarbeidsstrategien vil mellom anna innehalde tiltak som kan gjere det lettare for barn og unge å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt, og som sikrar gode helsetenester for alle. Dei viktigaste tiltaka for å redusere låginntekt er tiltak som legg til rette for auka yrkesdeltaking. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til at foreldre og ungdom kjem i arbeid. Strategien inneheld satsingar på om lag 870 mill. kroner i 2021. I tillegg føreslår regjeringa å styrke arbeidsmarknadstiltak retta mot arbeidssøkjarar i 2021. Satsinga gir rom for å styrke fleire av tiltaka som inngår i strategien. Dette gjeld inkluderingsdugnaden, ungdomsinnsatsen og oppfølginga av unge mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Regjeringa vil i tillegg til tiltaka i samarbeidsstrategien auke Husbankens låneramme med 4 mrd. kroner i 2021 som del av innsatsen mot vedvarande låginntekt

Strategien skal òg bidra til betre samordning av tiltak retta mot barn i låginntektsfamiliar og betre og utvida samarbeid mellom offentleg sektor, frivillig sektor, næringsliv og sosiale entreprenørar. Eit ungdomspanel har følgt strategien, og Redd Barna har gjennomført høyringar med barn under 15 år. Det har òg vore innhenta ei rekkje innspel frå frivillig sektor, sosiale entreprenørar, næringsliv og forskarar.

Auke deltakinga i sosiale aktivitetar

I 2021 føreslår regjeringa å auke barnetrygda for barn opp til fylte 6 år med 300 kroner i månaden, sjå meir under omtalen av barnetrygd. Ordninga er universell, og auken vil relativt sett ha meir å seie for dei med låg inntekt enn for dei med høg inntekt. Auken vil styrkje økonomien til familiar med låg inntekt, og gi barn som veks opp i slike familiar, betre høve til å utvikle seg og delta. Auken i barnetrygda skal òg komme sosialhjelpsmottakarar med barn til gode. Regjeringa vil auke dei rettleiande statlege satsane for økonomisk stønad til livsopphald for den aktuelle gruppa.

Vidare føreslår regjeringa å løyve 120 mill. kroner i 2021 til å føre vidare og utvide prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning. Fritidskortet skal vere ei ordning for alle barn frå 6 til fylte 18 år som skal bidra til å dekkje deltakaravgifter for faste, organiserte fritidsaktivitetar, og er derfor nærare omtalt under Deltaking for alle barn og unge. Det er likevel venta at fritidskortet vil ha mest å seie for barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt, og at deltakinga i fritidsaktivitetar særleg vil auke blant barn i denne gruppa.

Barn i familiar med låg inntekt deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar enn andre barn, mellom anna fordi det kostar mykje å delta. Å delta i sosiale aktivitetar er viktig for å unngå å hamne utanfor fellesskapen, men slike aktivitetar er òg ein viktig arena for læring, for demokrati, for ei meiningsfull fritid og for å få venner. Deltaking i sosiale aktivitetar kan òg auke moglegheitene til barn som i dag står utanfor desse arenaene, på andre område. Departementet har derfor i fleire år hatt ein målretta innsats for å inkludere barn og unge i aktivitetar på fritida, og gjer mykje for at alle barn skal kunne delta i fritidsaktivitetar, organisasjonsliv og samfunnsliv. Departementet har derfor fastsett dette målet for arbeidet med deltaking i sosiale aktivitetar:

  • Auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge gir eittårig tilskot til tilbod om kultur- og fritidsaktivitetar, ferietilbod eller alternative meistringsarenaer. Målgruppa er barn og unge i låginntektsfamiliar.

Tilboda skal ha låge eller ingen kostnadar for brukarane. Ordninga skal leggje til rette for at fleire barn og unge får delta på viktige sosiale arenaer – uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Slik skal tilskotsordninga vere eit verktøy i arbeidet med å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom hjå barn og unge.

Offentlege instansar, bydelar, frivillige organisasjonar, stiftingar, barne- og ungdomsorganisasjonar og private aktørar kan søkje om midlar gjennom ordninga. Det er stadig fleire kommunar som søkjer om tilskot.

Det er estimert at meir enn 50 000 barn og unge i målgruppa i dag tek del i aktivitetar og andre tilbod som følgje av tilskot frå ordninga – ein auke frå tidlegare år. Ei Fafo-evaluering frå 2018 viser at dei fleste tiltaka som får midlar, når måla for ordninga: Fleire barn og unge fekk delta på viktige sosiale arenaer – anten gratis eller med låge kostnader.

Løyvinga til tilskotsordninga for 2020 var på om lag 310 mill. kroner. Løyvinga er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014. For 2020 fekk 249 kommunar tilskot, og 718 søknader blei heilt eller delvis innvilga. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 blei det, på grunn av virusutbrotet, i tillegg løyvd 53 mill. kroner i ekstraordinære midlar til seks frivillige organisasjonar som tilbyr ferie- og fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge.

Fleire tilskotsmottakarar melde frå om at det var vanskeleg å gjennomføre ferie- og fritidstilbod våren og sommaren 2020 på grunn av virusutbrotet og strenge smitteverntiltak. Det blei opna for at frivillige organisasjonar kunne arrangere alternative aktivitetar med tildelte midlar. Inntrykket er at fleire aktørar, særleg i sommarferien, har klart å gi eit tilbod til barn og unge sjølv om ein må rekne med at aktivitetsnivået var noko lågare samanlikna med tidlegare år.

I 2021 føreslår regjeringa å auke tilskotsordninga med 38,5 mill. kroner. Av desse vil 2 mill. kroner gå til forvalting av ordninga i Bufdir. Midlane skal gå til fleire tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar og fleire alternative meistringsarenaer for barn og unge i låginntektsfamiliar. I tillegg er det føreslått å løyve 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet.

For å lukkast med å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar i sosiale aktivitetar er det viktig at stat og kommune koordinerer og målrettar innsatsen sin i samarbeid med frivillige organisasjonar, næringsliv og andre aktuelle aktørar. Regjeringa vil derfor endre regelverket for ordninga. Endringane skal for det fyrste opne for at det på kommunenivå kan tildelast midlar til koordinering og målretting av innsatsen for barn i låginntektsfamiliar. For det andre skal ein gjere det mogleg å gi stimuleringsmidlar til etablering av nye partnarskap med frivillige organisasjonar, sosiale entreprenørar og lokalt næringsliv.

Barnefattigdom.no og digital rettleiing for kommunar

Bufdir har utvikla eit verktøy for å gjere kunnskap om barnefattigdom tilgjengeleg i kommunane. Nettstaden barnefattigdom.no inneheld indikatorar om barn som veks opp i låginntektsfamiliar på kommune- og bydelsnivå. Desse indikatorane kan mellom anna nyttast i kommunalt planleggingsarbeid. Bufdir arbeider stadig med å oppdatere og vidareutvikle nettstaden.

I 2018 blei det mellom anna lagt inn tal for delbydelar i Oslo. Nettstaden er ei viktig kunnskapskjelde for kommunane og andre interessentar. Nettstaden har ein auke i faste brukarar, og i 2019 hadde han 62 900 sidevisingar, frå 15 200 besøkjande.

Mot slutten av 2018 lanserte Bufdir ei digital rettleiing for arbeid på tvers av sektorar for barn som lever i fattigdom. Rettleiinga gir kunnskap og råd om korleis arbeidet mot barnefattigdom kan rettast inn i kommunane, med vekt på mellom anna kommunal planlegging, samarbeid på tvers av sektorar og medverknad. Ho inneheld òg ei samling konkrete døme på tiltak som kan medverke til å inkludere barn i fritidsaktivitetar. Målgruppa er dei som arbeider i ulike sektorar i kommunane, men frivillige organisasjonar og andre kan òg ha nytte av rettleiinga. Bufdir formidlar bodskapet om rettleiinga i ulike forum, og lenkjar dit frå meir etablerte nettstader, som veiviseren.no, for å auke mengda besøk.

Andre satsingar for å jamne ut sosial ulikskap

Eit godt arbeid for barnefamiliar med vedvarande låg inntekt krev eit tverrfagleg samarbeid mellom sektorar. Nedanfor gir vi ein kort omtale av arbeidet som går føre seg under andre departement for å jamne ut sosial ulikskap.

Barnehage, skule og skulefritidsordning

Eit godt utdanningstilbod bidreg til sosial mobilitet ved å gjere det mogleg for unge å komme seg ut av ein negativ fattigdomsspiral. Slik kan ein redusere risikoen for at fattigdom held fram gjennom generasjonar.

Å gå i barnehage legg eit godt grunnlag for vidare utvikling. Det skjer mellom anna ved at det stimulerer språkutviklinga til barna før skulestart. Samtidig gjer bruk av barnehage det mogleg for begge foreldra å delta i arbeidslivet. For å redusere økonomiske hinder for deltaking i barnehage har regjeringa innført nasjonale ordningar for familiar med låg inntekt, som redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage for barn i alderen 2–5 år.

Regjeringa føreslår for 2021 å føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 prosent av den samla skattbare inntekta si for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Alle husstandar med ei samla skattbar inntekt på under 592 167 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2021.

Regjeringa føreslår vidare at inntektsgrensa for gratis kjernetid 20 timer per veke for barn i alderen 2–5 år blir sett til 583 650 kroner frå 1. august 2021.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak. Frå hausten 2020 får kommunane tilskot til å dekkje heiltidsplass for alle barn i asylmottak i alderen 1–5 år.

Låg familieinntekt kan vere til hinder for at barn får gå på skulefritidsordninga (SFO). Regjeringa innførte hausten 2020 ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling for SFO ved offentlege skular. Ordninga gjer at betalinga for ein elev i SFO på 1.–2. trinn maksimalt skal vere 6 prosent av husstanden si samla person- og kapitalinntekt. Regjeringa innførte òg gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Regjeringa føreslår for 2021 å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling for SFO ved offentlege skular til å omfatte 3. og 4. trinn. I tillegg føreslår regjeringa å opprette ei eiga tilskotsordning for SFO ved friskular som ønskjer å tilby tilsvarande moderasjonsordning på 1.–4. trinn. Regjeringa føreslår òg for 2021 å løyve midlar til eit forsøk med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 blei det løyvd 170 mill. kroner til ei tilskotsordning til skuleeigarar som skal bidra til at elevar som treng det, skal kunne ta igjen tapt progresjon som følgje av covid-19. Desse midlane har ein føreslått å føre vidare i 2021.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Arbeids- og velferdspolitikken

Arbeids- og velferdspolitikken er sentral i innsatsen mot fattigdom. Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa sette i 2017 i verk ein forsterka ungdomsinnsats, som held fram i 2021. Innsatsen skal bidra til at unge under 30 år seinast innan 8 veker får tilbod om individuell og tilpassa arbeidsretta oppfølging frå arbeids- og velferdsetaten. Grunna situasjonen på arbeidsmarknaden føreslår regjeringa å styrkje innsatsen overfor unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det er særleg behov for å styrkje innsatsen overfor unge som manglar formell utdanning og unge som treng arbeidserfaring. Det er frå 2017 innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

For ei vellukka integrering er det viktig at dei som bur i Noreg, lærer seg norsk og kjem i arbeid eller utdanning. Arbeids- og sosialdepartementet vil leggje fram ein lovproposisjon hausten 2020, med forslag om å innføre norskopplæringsplikt og vurderingsplikt i samband med vedtak om økonomisk sosialstønad.

Forsøket med Nav-tilsette i vidaregåande skule har særleg vore retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følgje av levekårsutfordringar og sosiale problem. Målet har vore å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Det nasjonale forsøket varte ut 2018, men mange av dei lokale pilotane held fram i éi eller anna form.

Sysselsetjingsutvalet leverte i mars 2019 ein fyrste rapport frå ei ekspertgruppe om tiltak som kan få fleire i arbeid, mellom anna ved å løfte deltakinga i arbeidslivet for utsette grupper. I fase to drøftar partane i arbeidslivet og fagekspertane saman tiltak som kan auke sysselsetjinga, med utgangspunkt i forslaga frå ekspertgruppa.

Deltaking i lønna arbeid betrar levekåra til familien og oppvekstvilkåra til barna. Innsatsen for å få fleire i arbeid er derfor viktig for å motverke at låg inntekt og levekårsutfordringar går i arv. Einskilde grupper kan ha særlege utfordringar med å komme seg i arbeid. Det kan mellom anna gjelde personar med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV-en. Regjeringa har teke initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få fleire inn i arbeidslivet. Det leggast opp til ein styrking av denne innsatsen i 2021. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav) skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i åra 2016–2018 gjennomført ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låg inntekt i Nav-kontor. Eigne familiekoordinatorar har følgt opp familiane når det gjeld arbeid, økonomi, bustad og situasjonen for barna. Prosjektet er evaluert. Evalueringa fann ingen effekt av oppfølgingsmodellen eller det å ha ein eigen koordinator for overgangen til arbeid og dei andre målområda. Familiekoordinatorane opplevde likevel at dei hadde betre føresetnader for å følgje opp familiane på ein heilskapleg og sosialfagleg god måte. Familiane opplevde at familiesituasjonen blei betre, og at relasjonen og tilliten til Nav betra seg. Nav-kontora i prosjektet styrkte barneperspektivet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Meir sosial likskap i helse og livskvalitet

Bruken av og kontakten med helsetenestene har samanheng med kjønn og sosioøkonomisk status. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider for å redusere systematiske forskjellar gjennom oppfølging av Strategi for å øke helsekompetansen i befolkningen 2019–2023 og gjennom Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga.

Dei aller fleste barn og unge i Noreg har god fysisk og psykisk helse. Samstundes er det stadig fleire unge som rapporterer om psykiske plager, einsemd og stress i kvardagen. Regjeringa lanserte i 2019 Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse(2019–2024). Arbeidet med å følgje opp planen er i gang. Med opptrappingsplanen vil regjeringa mellom anna bidra til at barn og unges psykiske helse og livskvalitet skal vere tydeleg i nasjonal, regional og lokal planlegging.

Barn og unge med psykiske plager og lidingar skal få lett tilgjengeleg hjelp som er tilpassa behova deira. I Prop. 1 S (2020–2021) for Helse- og omsorgsdepartementet er det føreslått å løyve 5 mill. kroner til å prøve ut FACT ung, tverrfaglege og oppsøkjande team for unge med langvarige og samansette behov.

Befolkninga i Noreg har rett til lik tilgang på helsetenester, uavhengig av inntekt. Nesten alle barn og familiar er i kontakt med helsestasjons- og skulehelsetenesta. Regjeringa har i perioden 2014–2020 styrkt helsestasjons- og skulehelsetenesta vesentleg. I 2020 blei det løyvd til saman 1,3 mrd. kroner gjennom rammetilskot og øyremerkte tilskot. I revidert nasjonalbudsjett for 2020 blei det, grunna covid-19, òg løyvd 75 mill. kroner for å gjere helsestasjons- og skulehelsetenesta meir tilgjengeleg, inkludert helsestasjon for ungdom (HFU). Auken var ein del av tiltakspakka på 400 mill. kroner til sårbare barn og unge for å betre situasjonen deira. Sjå nærare omtale under overskrifta Covid-19 og sårbare barn og unge. Fastlegar møter mange barn og unge og har ein viktig funksjon når det gjeld å fange opp barn og unge med behov for behandling og oppfølging. Regjeringa vil betre og modernisere fastlegeordninga. Helse- og omsorgsdepartementet la i mai 2020 fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta som inneheld tiltak for å stabilisere og modernisere fastlegeordninga.

Det har vore satsa på å auke kompetansen på psykisk helse i kommunale helse- og omsorgstenester. Frå 2020 er det stilt krav om at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. Frå 2016 til 2019 har det komme til 2 500 årsverk innanfor kommunalt psykisk helse- og rusarbeid. For 2021 er 100 mill. kroner av den føreslåtte auken i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskild satsing på den psykiske helsa til barn og unge. Satsinga er knytta til Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024).

Bolig for velferd styrkjer det bustadsosiale arbeidet

Den nasjonale strategien Bolig for velferd (2014– 2020) gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenestar for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Strategien skal bidra til at kommunane møter ei samordna stat og får betre rammevilkår i arbeidet. For perioden 2018–2020 er det to prioriterte tiltak: 1) etablere arbeidsprosessar for heiltalege tilbod av bustadar og bo- og oppfølgingstenestar for menneskjer med rusrelaterte og/eller psykiske utfordringar som manglar eller risikerer å miste bustad, og 2) leggje til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bor i ei egna bustad. Bolig for velferd har sitt siste verkeår i 2020, og strategien blir sluttevaluert i 2020. Regjeringa tar sikte på å leggje fram ein ny strategi om den bustadsosiale politikken hausten 2020. Dette vil sikre kontinuitet i arbeidet etter at Bolig for velferd (2014–2020) avsluttast. Sjå nærmare i Prop. 1 S (2019–2020) Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Eit mål for regjeringa er at ingen skal vere utan bustad. Alle skal ha ein trygg og god stad å bu. Den nasjonale strategien Bolig for velferd (2014–2020) gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Bolig for velferd har sitt siste år i 2020, og strategien skal sluttevaluerast.

Regjeringa vil leggje fram ein strategi for den bustadsosiale politikken hausten 2020. Strategien vil gjere greie for resultata av Bolig for velferd og tilrå korleis den offentlege innsatsen etter Bolig for velferd bør innrettast. Sjå nærare omtale av Bolig for velferd i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Barn og unge er ei prioritert målgruppe i Bolig for velferd. Seks departement er ansvarlege for strategien, mellom andre BFD. Seks underliggjande direktorat gjennomfører strategien.

Barn i familiar med låg inntekt bur ofte dårlegare og trongare enn andre, og dei bur sjeldnare i ein bustad som familien sjølv eig. Barnefamiliar som bur i kommunale utleigebustader, har oftare ein lågare standard på bustaden sin, og dei har eit meir utrygt bumiljø enn andre. Det er eineforsørgjarane blant barnefamiliane som oftast er vanskelegstilte, og utfordringa er særleg stor i storbyane. Regjeringa vil styrkje innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt.

Regjeringa vil legge til rette for at så mange som mogleg som ønskjer det, skal kunne eige bustaden sin. Startlån fremjar eigarlinja ved å medverke til at òg vanskelegstilte skal kunne eige bustad. Husbanken skal prioritere arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige. Fleire barnefamiliar fekk startlån i 2019 samanlikna med 2018, og 57 prosent av alle startlån gjekk til barnefamiliar. Dette må ein sjå i samanheng med den ekstraordinære satsinga på 110 mill. kroner i tilskot til etablering retta mot barnefamiliar i 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019). Regjeringa føreslår å auke låneramma til Husbanken med 4 mrd. kroner frå saldert budsjett for 2020, til 20 mrd. kroner i 2021. Startlån vil framleis vere prioriterte innanfor låneramma.

Trygge og gode butilhøve er viktig for å redusere fattigdom, og bustøtta er eit effektivt verkemiddel for å hjelpe dei som treng det mest. For å redusere barnefattigdom styrkte ein bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar betydeleg i 2019. I både saldert budsjett og revidert nasjonalbudsjett for 2019 blei bustøtta for denne målgruppa auka med 126 mill. kroner. Desse tiltaka fekk ein varig heilårsverknad på 225 mill. kroner i 2020.

Regjeringa held fram med å gjere bustøtta betre. For å redusere barnefattigdom føreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2021 å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner for å likestille begge foreldra i tilfelle der barnet har delt bustad. Regjeringa føreslår òg å heve buutgiftstaket for barnefamiliar og andre store husstandar litt, og å setje ned grensa for minsteutbetaling av bustøtta.

Sjå nærare omtale av Bolig for velferd i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det er sett av om lag 218 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2020.

I statsbudsjettet for 2021 blir det føreslått ei løyving på om lag 208 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger. Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingane har ein mellom anna sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bu- og nærmiljøa, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultata i grunnskulen, redusere fråfallet i vidaregåande skule, redusere kriminaliteten og styrkje folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke barnefattigdom på både kort og lang sikt.

Sjå nærare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Integreringsstrategi

Regjeringa la i 2018 fram Integrering gjennom kunnskap – regjeringens integreringsstrategi 2019–2022. Målet med strategien er at fleire i innvandrarbefolkninga skal delta i arbeids- og samfunnslivet. Dei fire innsatsområda er kvalifisering og utdanning, arbeid, kvardagsintegrering og retten til å leve eit fritt liv. Integreringspolitikken er sektorovergripande og omfattar fleire departement. Sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet for meir om oppfølginga av strategien.

Deltaking for alle barn og unge

Å delta i aktivitetar er med på å gjere fritida meiningsfull, det er eit høve til å få venner, og det bidreg til å redusere utanforskap blant barn og unge. Fritidsaktivitetar er samstundes ein viktig arena for læring og demokrati.

Det er i dag forskjell på kven som deltek i aktivitetar. Forskjellane baserer seg på kjønn, alder, landbakgrunn og økonomi. Dei som ikkje kan delta i aktivitetar saman med andre barn og unge, kan oppleve det som vanskeleg. Fleire barn og unge vil få vere ein del av fellesskapet i fritidsaktivitetar dersom samfunnet legg til rette for det.

Regjeringa ønskjer at fleire barn og unge skal få ein god oppvekst som dei har glede av, og som dei kan byggje livet vidare på. Nedanfor omtaler vi arbeidet regjeringa gjer med deltaking for barn og unge.

Fritidserklæringa

Regjeringa ønskjer at kommunane skal styrkje samarbeidet mellom tenestene sine og dei frivillige organisasjonane for å få fleire barn og unge med på aktivitetar. Stat, kommune og frivillige skal jobbe saman for at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal få høve til å delta i ein organisert fritidsaktivitet jamleg. Derfor er det etablert eit samarbeid om fritidserklæringa.

Fritidserklæringa er ein intensjonsavtale mellom regjeringa, KS og frivillig sektor. Gjennom ein samla dugnad frå alle aktørar kan tilboda nå alle barn utan omsyn til økonomien i den einskilde familien. Å senke tersklar for deltaking – òg dei økonomiske tersklane – vil kunne gi betre tilgang for økonomisk svakstilte grupper. Erfaringane så langt er gode. Erklæringa kan til dømes følgjast opp gjennom at det blir laga lokale fritidserklæringar, og her har det vore ein auke: I 2018 hadde 11 kommunar ei lokal fritidserklæring; i 2019 var talet komme opp i 15 kommunar. I alt 101 kommunar har eit politisk dokument som omtaler samarbeid med frivillig sektor om deltaking for barn og unge i fritidsaktivitetar.

Fritidserklæringa medverkar til at fleire kommunar har auka interessa for korleis frivillig sektor kan bidra til å dempe konsekvensar av fattigdom blant barn. Dette ser vi mellom anna i evalueringa av den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom.5 Evalueringa syner at fleire kommunar har etablert nettverk og møtepunkt som frivillige deltek i, og at fleire ønskjer å utvikle betre system og rutinar for samarbeid med frivillige. Det er gitt ein nærare omtale av ordninga i avsnittet Barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt ovanfor. Samarbeidet mellom stat, kommunar og frivillige organisasjonar held fram i 2020.

I 2020 blei Ungdom og Fritid, Unge funksjonshemmede og Norsk musikkråd tekne inn som partar i erklæringa. I 2020 skal partane leggje vekt på å auke den lokale implementeringa og bruken av fritidserklæringa, og sørgje for å få på plass gode samarbeid mellom frivillige organisasjonar, næringsliv og kommunane. Partane skal òg ha dialog om arbeidet med fritidskort og samarbeidsstrategien for barn som veks opp i låginntektsfamiliar.

Under namnet Bli med – aktiv fritid for alle blir kommunar, fylkeskommunar og lokale frivillige organisasjonar inviterte av Bufdir, Frivillighet Norge og KS til å delta i nettverk for å få barn og unge med på frivillige og organiserte aktivitetar. I 2020 blei det etablert fleire nettverk, eller læringsløft – i Nord-Noreg, på Sør- og Vestlandet og for resten av landet – med om lag ti kommunar per nettverk. Gode døme frå læringsløfta er dokumenterte og skal publiserast i den digitale rettleiaren for kommunar.

Prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning

Gode og trygge fritidsarenaer som gir barn rom for å vere saman, utfalde seg og få venner, er viktig i ein god oppvekst. Likevel står mange barn og unge utanfor etablerte fritidsaktivitetar. Årsakene til dette kan vere fleire, men større økonomisk ulikskap og høge utgifter knytte til organiserte fritidsaktivitetar er blant forklaringane. Andre tilhøve som speler inn, er nedsett funksjonsevne og psykososiale tilhøve.

Fritida til barn er i større grad organisert i dag enn tidlegare. Å stå utanfor fritidsaktivitetane er derfor ein større risikofaktor og ei større utfordring enn før. Det kan setje grenser for deltaking på meir formelle arenaer seinare i livet.

Regjeringa har derfor sett i gang eit arbeid med å greie ut og prøve ut ei nasjonal fritidskortordning. Ei fritidskortordning skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6–18 år. Målet er at fleire barn og unge skal få høve til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Samarbeid mellom kommune og frivillig sektor er sentralt i ordninga.

I 2019 gjennomførte Oslo Economics på oppdrag frå Kulturdepartementet ei nasjonal kartlegging av eksisterande fritidskortordningar. Kartlegginga viser at om lag 20 prosent av kommunane har ei fritidskortordning. Dei fleste av ordningane er retta mot barn i låginntektsfamiliar, og dei omfattar i liten grad faste, organiserte fritidsaktivitetar. Same år greidde Agenda Kaupang, på oppdrag frå Bufdir, ut mogelege digitale løysingar for fritidskortet. Bufdir har òg gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse av fritidskortet og alternative tiltak.

I 2019 starta utprøvingar av fritidskortordning i Arendal og Vadsø, og i 2020 blei det sett av 60 mill. kroner til ei utviding i fleire kommunar. Hausten 2020 startar ytterlegare 10 kommunar/bydelar opp. Føremålet med prøveprosjektet er å finne ut korleis ei fritidskortordning kan innrettast på ein treffsikker og effektiv måte, slik at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar. Prøveprosjektet vil bli evaluert gjennom prosjektperioden. Evalueringa skal mellom anna sjå på implementeringa av ordninga, på måloppnåinga i kommunar som deltek, og på kva som hindrar barn frå å delta på fritidsaktivitetar. Evalueringa vil i fyrste omgang følgje kommunane fram til sommaren 2021. Kunnskapen frå evalueringa vil ein bruke til å gi tilrådingar om korleis ei nasjonal ordning for fritidskort eventuelt kan innrettast.

Gjennom hausten 2019 nytta over 300 barn ordninga i Vadsø og 4000 i Arendal. Dette er om lag ein tredjedel og halvparten av barna i målgruppa i dei to kommunane. Kommunane kom i gang seint på hausten, og erfaringane viser at det tek tid å få i gang ei fritidskortordning. Begge kommunane planla å auke innsatsen for rekruttering til fritidsaktivitetar våren 2020 – med mål om at fleire skulle nytte seg av ordninga. Dette blei utfordrande då mange fritidsaktivitetar blei innstilte i denne perioden på grunn av smitteverntiltaka.

Erfaringane frå utprøvingane er at frivillige organisasjonar og andre som tilbyr fritidsaktivitetar, er sentrale for utviklinga av ordninga. Fleire av kommunane i prøveprosjektet har sett kriterium for organisasjonar som vil vere ein del av ordninga. I tillegg er det viktig å involvere fleire av dei kommunale tenestene i ordninga, mellom anna for å få ut informasjon til alle barn og familiar og for å rekruttere barn som ikkje har delteke i fritidsaktivitetar tidlegare.

Erfaringane frå både Arendal og Vadsø syner at det er behov for å rette særskild oppmerksemd mot barn med større behov for støtte, og for å sjå fritidskortet i samanheng med andre tiltak. Arendal har oppretta «fritidskort pluss», ei tilleggsordning der kommunen nyttar lokale midlar til å gi eit styrkt tilbod til familiar med låg inntekt og dei som har behov for meir støtte enn det ordinære fritidskortet. Ein har òg forsøkt å hjelpe med midlar til transport gjennom støtte frå fylkeskommunen. Vadsø kommune jobbar for å samordne fritidsfondet sitt med fritidskortet. Fritidsfondet i Vadsø er eit samarbeid mellom Vadsø kommune, frivillig sektor og næringslivet i Vadsø kommune, og har som føremål å leggje til rette for at barn og unge frå familiar med svak økonomi kan delta i organiserte fritidsaktivitetar.

Arendal kommune har utvikla ei digital løysing som barn/føresette kan nytte for å velje aktivitet og (del)betale med fritidskortet. I Vadsø kommune kan barna (6–18 år) søkje om fritidskort på nettsida til kommunen. Bufdir jobbar for å utvikle ei felles teknisk løysing for fritidskort som skal vere klar i 2021. Erfaringane frå Arendal og Vadsø syner at ulike kommunar har ulike behov, og at dette kan føre til utfordringar. Då ordninga skulle utvidast hausten 2020, blei det derfor lagt vekt på å setje saman eit variert utval kommunar.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga i 2021 med 120 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning. Auka deltaking gjer at fleire barn og unge får oppleve meistring, vennskap og det å vere inkludert. Det blir vidare sett av midlar til å utvikle ei teknisk løysing som eventuelt kan nyttast i ei nasjonal utrulling.

Deltaking i frivillige organisasjonar

Frivillige organisasjonar innanfor idrett, kunst og kultur tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge, og er viktige arenaer for utviklinga av fysisk, kulturell og sosial kapital. Omfanget av frivillig innsats blant foreldre er betydeleg på kultur- og fritidsfeltet. Dersom foreldre av ulike årsaker ikkje kan engasjere seg i fritida til barna, kan dette føre til at barna ikkje deltek. Skal vi lukkast med å inkludere fleire i frivillige aktivitetar, er det derfor viktig at vi når både barn og foreldre.

Det er eit overordna frivilligpolitisk mål å auke deltakinga i frivillige organisasjonar. På frivilligområdet prioriterer regjeringa både breie og målretta tiltak, og ønskjer å

  • halde ved lag støtta til dei breie og universelle ordningane som gir frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere medlemmar og til ta vare på eit mangfald av frivillige aktivitetar. Dei viktigaste ordningane på dette området er Frifond, momskompensasjon for frivillige organisasjonar og nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

  • halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet. Eit nytt tiltak på dette området er Frivillig kulturliv, som er særleg retta mot barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, etter modell frå Inkludering i idrettslag.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kulturdepartementet.

Tilskot for å fremje eit inkluderande oppvekstmiljø

Regjeringa har ført vidare arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge. BFD forvaltar fleire tilskotsordningar som skal bidra til eit inkluderande oppvekstmiljø.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn skal støtte opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i bykommunane/bydelane. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2019 var løyvinga på om lag 41,5 mill. kroner. I overkant av 73 tiltak fekk støtte i 2019. Løyvinga blei ført vidare i 2020 og var på om lag 42,8 mill. kroner. Det er 77 tiltak som får støtte i 2020.

Gode og trygge møteplassar for barn og ungdom i byane legg til rette for samkvem på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer. Forsking viser at opne møteplassar er mest brukte av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og at dei derfor utgjer ein viktig del av det heilskaplege tilbodet. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2021.

Det overordna målet med tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å styrkje tilknytinga til skulen og gi trivsel og meistring. Ordninga skal medverke til at skuleprestasjonar blir betre, og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Tidlegare evalueringar av Los-ordninga (NOVA-rapport nr. 13/14) viser at ordninga på kort sikt førte til at 70 prosent av ungdommane fekk forbetra situasjonen sin medan dei deltok i prosjektet. Dette blei målt etter kor mange som gjekk på skulen då prosjektet blei avslutta, og kor mange som var i arbeid eller arbeidsmarknadstiltak. Bufdir, som er tilskotsforvaltar, vurderer at kommunane som får tilskot, er meir merksame på fråfallsproblematikk. NOVA har fått i oppdrag å evaluere ordninga.

I 2019 blei tilskotsordninga auka med 20 mill. kroner til om lag 52,6 mill. kroner, og over 70 kommunar og 8 bydelar i Oslo fekk støtte gjennom ordninga. Styrkinga av tilskotsordninga fører til at fleire ungdommar kan få oppfølging av ein såkalla ungdomslos, og vil bidra til å redusere fråfallet i vidaregåande skule. Satsinga er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom.

I 2020 blei 5 mill. kroner flytta frå tilskotsordninga til eit pilotprosjekt for programfinansiering av 0–24-samarbeidet. Sjå nærare omtale under overskrifta Betre tverrfagleg samarbeid gjennom 0–24-samarbeidet. I 2020 er løyvinga på om lag 48 mill. kroner, og 94 kommunar får støtte. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2021.

Tilskotsordninga Mangfald og inkludering skal støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga støttar òg tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. Det er Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) som forvaltar ordninga. I 2019 fekk dei 83 søknader og innvilga 33 av desse. Midlane går til ulike prosjekt i ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og andre ungdomsmiljø og -grupper. Mange små organisasjonar og ungdomsmiljø får tilskot, og ein stor del av dei er minoritetsorganisasjonar. Ordninga er derfor eit viktig kontaktpunkt mellom LNU og desse organisasjonane. Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2021.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar for å sikre deltaking for barn og unge, og dei er ein arena for medverknad og demokratisk praksis. I overkant av 161 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane i 2019. Dette går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og til driftsstøtte til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 92 organisasjonar fekk nasjonal grunnstøtte, og 31 fekk internasjonal grunnstøtte. Grunnstøtta skal mellom anna leggje til rette for at barn og ungdom deltek i barne- og ungdomsorganisasjonane, og sikre organisasjonane som arena for aktivitet, fellesskap, medverknad og erfaringar med demokratiske spelereglar. I budsjettet for 2020 var det sett av over 166 mill. kroner til føremålet. I Prop. 127 S (2019–2020) blei det løyvd 10 mill. kroner ekstra til nasjonal grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonar for å hjelpe organisasjonane med tapa dei lir som følgje av covid-19.

Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2021.

Den digitale kvardagen til barna

Ein stor del av oppveksten til norske barn skjer på nettet. Internett er ei kjelde til underhaldning, sosialt liv og informasjon. Digitale verktøy er naudsynt for læring, vennskap, familierelasjonar og tilgangen til tenester. Kartlegginga Tilgang, bruk, risiko og muligheter. Norske barn på Internett. Resultater fra EU Kids Online-undersøkelsen i Norge 2018, utført av Universitetet i Oslo, viser at 92 prosent av norske barn mellom 9 og 17 år føler seg trygge på nettet. Samtidig er det mange som opplever mobbing, hatytringar, vald eller overgrep. Ei hovudutfordring er å gjere barn betre i stand til å handtere risiko på nett, utan å innskrenke rettane deira, mellom anna retten til privatliv. Det er òg viktig å sjå samanhengen mellom sårbarheit på og utanfor nettet. Vidare kan det vere utfordrande for ungdom å finne fram til riktig informasjon sjølv om dei generelt har høg digital kompetanse. Dette er spørsmål departementet vi sjå nærare på i eit oppveksts- og barnerettsperspektiv.

Innsatsen for å sikre barn digital tryggleik involverer fleire departement. Departementa samarbeider med Trygg bruk-senteret i Medietilsynet, som har som mål å hjelpe barn og unge til å få ein tryggare og betre digital kvardag. Senteret koordinerer innsatsen frå direktorat, statlege etatar, bransjeorganisasjonar, store einskildaktørar og frivillige organisasjonar. Medietilsynet får midlar frå departementa til Barn og medier-undersøkelsen. Undersøkinga er eit nyttig felles grunnlag for alle aktørane på området barn og medium.

I løpet av 2020 tek regjeringa sikte på å leggje fram ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep. Strategien omfattar ei rekkje problemstillingar, mellom anna risiko på nett for barn og unge, hjelpetilbod til utsette og overgriparar og korleis både private og offentlege aktørar kan bidra til betre førebygging. I 2021 skal departementet følgje opp strategien.

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett blei det løyvd 10 mill. kroner til å utvikle innsatsen mot overgrep mot barn over Internett. Midlane er løyvde på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet, jf. regjeringa si tiltakspakke til sårbare barn og unge.

Ungdomsmedverknad og -informasjon

Ungdomstida er ei tid prega av utvikling og modning, viktige overgangar og vegval som får verknad langt inn i vaksenåra. Personar frå 13 til og med 25 år blir rekna som ungdommar og er ei mangfaldig gruppe. Å gi barn og unge høve til å medverke i avgjerder som gjeld deira eige liv, og i samfunnet kring dei, er grunnleggjande for bygginga av det demokratiske samfunnet. Retten barn har til medverknad, følgjer mellom anna av Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12. Bufdir skal utvikle seg som ein ressurs og retningsgivar på det ungdomspolitiske feltet for kommunane og frivillig sektor.

I Prop. 1 S (2019–2020) varsla departementet at regjeringa ville innføre ein ny førebyggingsmodell for kunnskapsbasert utvikling av tiltak for ungdom, inspirert av den islandske Planet Youth-modellen. Sentralt i den islandske modellen er ei heilskapleg tilnærming til ungdom sitt oppvekstmiljø der foreldre, skule, forskingsmiljø og politikkutviklarar kjem saman for å løyse lokale utfordringar, med hovudvekt på utvikling av lokal rusførebygging. I norsk kontekst vil departementet byggje vidare på den islandske modellen. Foreldra si involvering i førebyggingsarbeide vil bli eit viktig element, ved sida av ungdom si eiga røst i lokal tiltaksutvikling. Departementet har valt ein modell som byggjer på strukturar i Program for folkehelsearbeid i kommunane, eit program som har mykje til felles med tilnærminga i Planet Youth. Departementet ynskjer å halde fram arbeidet i 2021, og ser for seg at modellen minst bør ha ein femårig tidshorisont.

BFD har utarbeidd råd om etablering av og rekruttering til ungdomspanel for å gjere det enklare for departementa å opprette ungdomspanel til sin bruk. Det er opp til dei einskilde departementa å ta stilling til i kva saker dei vil bruke ungdomspanel. BFD oppretta i februar 2020 eit ungdomspanel i arbeidet med samarbeidsstrategien for barn som veks opp i låginntektsfamiliar. I august 2020 blei det oppretta eit ungdomspanel i arbeidet med fritidskortet. Bufdir er sekretariat for panela. Etter den nye kommunelova er kommunane pålagde å ha eit medverknadsorgan for ungdom frå kommunevalet hausten 2019. På oppdrag frå BFD og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Bufdir utarbeidd ein rettleiar for kommunar, fylkeskommunar og ungdom i arbeidet med å etablere og drive medverknadsorgan. Rettleiaren tek føre seg sentrale føresegner i lov og forskrift etter at ungdomsråd blei lovfesta hausten 2019, og råd og rettleiing om korleis ein i praksis kan sikre god medverknad gjennom ungdomsråda. Bufdir blir som fagdirektorat eit kontaktpunkt mellom fylkesmennene, kommunane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ulike spørsmål om ungdomsmedverknad.

I 2019 blei Årets ungdomskommune kåra for første gong. Prisen gjekk til Mandal kommune, som fekk han for å ha jobba godt med å førebyggje at ungdom fell utanfor, og for å ha skapt ein kultur for å høyre kva ungdom har å seie, og la dei få erfare demokrati i praksis. Prisen blei delt ut under ungdomskonferansen til Bufdir. Konferansen legg vekt på deltaking, medverknad og erfaringsutveksling mellom ungdom, kommunar og andre aktørar. I 2020 blir ikkje prisen for Årets ungdomskommune delt ut på grunn av pandemien, men han skal delast ut igjen i 2021.

Barnekonvensjonen slår fast at barn og ungdom har rett til å få informasjon, og at staten skal sikre dette. Nettstaden ung.no speler ei sentral rolle i informasjons- og opplysingsarbeidet det offentlege gjer retta mot ungdom. Ung.no er statens informasjonskanal for ungdom og har òg ei spørsmåls- og svarteneste der ungdom kan spørje om det dei lurer på. Målgruppa er ungdom 13–20 år. Ung.no skal gi ungdom lett tilgang på kvalitetssikra informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Undersøkingar viser at 95 prosent av ungdommane i målgruppa kjenner til ung.no.

Ung.no er drifta av Bufdir og samarbeider med mange andre offentlege tenester. Nettstaden er godt besøkt – og i rask vekst. Han gir òg ein enkel inngang til andre aktuelle og kvalitetssikra tenester for ungdom. I 2019 var trafikken på ung.no slik:

  • 38 mill. sidenedlastingar (opp 10,5 prosent frå 2018)

  • 20 mill. besøkjande/økter (opp 15 prosent frå 2018)

  • 48 000 svar på spørsmål (ned 7 prosent frå 2018)

Det er eit mål å samle fleire digitale informasjonstenester for unge på ein stad som dekkjer fleire sektorar. For å vidareutvikle det digitale tenestetilbodet til ungdom har ein etablert programmet Digi-ung. Digi-ung er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og Bufdir. Programmet byggjer på ung.no og har som mål å bidra til meistring og gi hjelp til sjølvhjelp ved å levere lett tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, rettleiing og tenester til ungdom gjennom eit heilskapleg digitalt tilbod på tvers av sektorar. Programmet blei etablert i 2019 og vil halde fram i 2021.

Deltaking i Erasmus+ 2021–2027

Noreg deltek i EU-programmet for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–2020). EU har føreslått eit nytt Erasmus+-program for perioden 2021–2027. Regjeringa tek sikte på å delta i dette programmet. Kunnskapsdepartementet vil vere hovudansvarleg for programmet, medan Barne- og familiedepartementet vil ha ansvar for ungdomsdelen. Regjeringa legg til grunn at programmet vil bli større enn i dag, og ei vidare deltaking i programmet er derfor ei satsing på ungdom. Kostnaden for Noreg ved å vere med i programmet blir òg større.

Hovudmålet for ungdomsdelen av programmet er å gi ungdom moglegheit til å delta aktivt i samfunnet, både gjennom auka samfunnsengasjement og deltaking i demokratiske prosessar og gjennom deltaking i arbeidsliv og utdanning. I tillegg er inkludering eit viktig mål for programmet. Tidlegare program kan vise til gode resultat når det gjeld å inkludere ungdom med ulik bakgrunn. Departementet meiner at målet om inkludering vil gjere programmet til eit viktig tiltak for å nå målet om å auke deltakinga i sosiale aktivitetar blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Programmet er òg viktig for å fremje internasjonal forståing og solidaritet.

Bufdir vil halde fram som nasjonalkontor for ungdomsdelen av programmet. Gjennom Innst. 154 S (2016–2017) er Bufdir etablert som kompetansemiljø for ungdomsarbeid, ungdomsmedverknad og ungdomsinformasjon. Rolla som nasjonalkontor vil vere sentral for funksjonen som kompetansemiljø.

Ved deltaking i programmet vil regjeringa fremje ein eigen samtykkeproposisjon for Stortinget. Kunnskapsdepartementet tek òg sikte på å leggje fram ein strategi for den norske deltakinga i programmet. Meir omtale av programmet finst i Prop. 1 S (2020–2021) frå Kunnskapsdepartementet. Ei endeleg avgjerd om Noreg si deltaking i rammeprogram i EU i perioden 2021–2027 blir teken etter at langtidsbudsjettet til EU er vedteke. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet.

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking viser at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok. Mange familiar med barn som har behov for samansette tenester, har utfordringar i kvardagen. Mange opplever manglande koordinering og lite informasjon om tenestene. Barn, unge og føresette formidlar eit tydeleg ønske om at ulike aktørar som tilbyr hjelp, må jobbe betre saman når det er naudsynt.

Gjennom 0–24-samarbeidet vil regjeringa bidra til at alle barn og unge får den støtta og hjelpa dei treng for å meistre sitt eige liv. Regjeringa vil betre oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom meir samarbeid mellom velferdstenestene. Vidare vil regjeringa gjennomføre ei likeverdsreform som skal gjere det enklare for familiar som har barn med behov for samansette tenester. Målet er mellom anna at familiar skal få samanhengande og gode tenester, og at dei skal oppleve å bli tekne vare på og inkluderte som pårørande. Arbeidet med reforma blir samordna av Helse- og omsorgsdepartementet og skal ferdigstillast våren 2021.

Erfaring syner at praktiseringa av reglane om teieplikt kan skape samarbeidsutfordringar for tenestene. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2019 gjennomført ei utgreiing av reglane om teieplikt, opplysingsplikt og opplysingsrett. Arbeidet skal resultere i ein praktisk rettleiar i korleis regelverket skal forståast og praktiserast.

Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, utarbeidd eit høyringsnotat med forslag til regelverksendringar som skal sikre betre samarbeid mellom velferdstenester for barn og unge som har behov for samansette tenester. Einskilde tenester har i dag berre plikt til å samarbeide med andre tenester når dette vil bidra til å løyse deira eigne oppgåver. Departementa meiner at det er behovet til barnet som skal vere avgjerande for om velferdstenestene har plikt til å samarbeide. Det er føreslått lovendringar for å klargjere, harmonisere og styrkje plikta velferdstenestene har til å samarbeide, innanfor og på tvers av sektorane. Det er òg føreslått å lovfeste ei samordningsplikt for velferdstenestene. Kommunen skal ha ei tydeleg plikt til å avklare kva for ei teneste som skal ha ansvaret for å samordne tilbodet der barn og unge får tenester frå fleire, og der samarbeid er naudsynt for å yte heilskaplege og koordinerte tenester. Forslaga skal bidra til tydelegare ansvarsplassering. Forslaga er sende på høyring med frist 1. november 2020.

0–24-samarbeidet

Kunnskapsdepartementet leier det femårige 0–24-samarbeidet, der òg Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet deltek. Målet er å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet.

Satsinga skulle i utgangspunktet gjelde perioden 2015–2020, men på grunn av den ekstraordinære situasjonen med covid-19-pandemien og smitteverntiltak i 2020 vil 0–24-samarbeidet bli forlengd noko inn i 2021.

I 2020 publiserte Fafo rapporten Trøbbel i grenseflatene – samordnet innsats for utsatte barn og unge, som ein del av kunnskapsgrunnlaget for 0–24-samarbeidet. Rapporten skildrar utfordringar i kommunane knytte til samarbeid på tvers av sektorar og institusjonar.

I 2020 starta eit treårig pilotforsøk for programfinansiering for perioden 2020–2022 i tolv kommunar. Programfinansiering inneber her ei samordning av statlege tilskot retta mot utsette barn og unge mellom 0 og 24 år. Forsøket omfattar fem tilskotsordningar under fire departement og skal gjere det enklare for kommunane å søkje om midlar til lokale tiltak som omfattar fleire sektorar, jf. omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa vil vurdere nærare korleis 0–24-samarbeidet best kan førast vidare.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Målet med tilskotsordninga er å setje kommunane betre i stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom utvikling av kommunale samhandlingsmodellar. 49 kommunar og bydelar fekk støtte i 2019. Kommunane rapporterer på måloppnåing i frå prosjekta som er gjennomført i sluttrapportane, og inntrykket er at prosjekta har god kvalitet og når resultatmåla. Det kommunale arbeidet med tidleg innsats og samhandling på tvers av tenester er styrkt gjennom tilskota til kommunane. Kunnskapsgrunnlaget for ordninga er mellom anna Modellkommuneforsøket og Bedre Tverrfaglig Innsats. Gode kommunale modellar og god arbeidsmetodikk for samhandling på tvers av tenester er avgjerande for at barn, ungdom og familiar skal oppleve eit heilskapleg tilbod i kommunane. Modellkommuneforsøket, som tilskotsordninga byggjer på, blei evaluert av Deloitte i 2015. Kommunane som deltok i forsøket, fekk auka kompetanse og tverrfagleg forståing, dei fekk styrkt samhandlinga si, og dei blei betre til å fange opp barn og unge i målgruppa.

Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga i 2021.

Opplæringsprogrammet Tidlig Inn

Helsedirektoratet og Bufdir har det overordna ansvaret for implementering av opplæringsprogrammet Tidlig Inn. Opplæringa blir gitt til fagfolk frå regionale kompetansemiljø i kommunane og skal – gjennom tverrfagleg samarbeid – styrkje kompetansen til å oppdage og å gi tidleg hjelp til foreldre som har problem med psykisk helse, skadeleg rusbruk og vald. Tidlig Inn har vore evaluert to gonger og er oppdatert med ny fagkunnskap i perioden 2017–2020. Arbeidet med utrulling og implementering av Tidlig Inn vil halde fram. Det er viktig at ein ser opplæringsprogrammet i samanheng med foreldrestøttande tiltak.

Førebygging av familiekonfliktar

Familievern

Familieverntenesta er ei nasjonal teneste som skal hjelpe familiar når dei har relasjonelle vanskar og utfordringar. Tenesta er eit gratis lågterskeltilbod, og ho er tilgjengeleg i heile landet. Familievernet er styrkt med 186 mill. kroner under regjeringa Solberg (2014–2020). Styrkinga har ført til at fleire personar får hjelp i familievernet. Ventetida er redusert, og kapasiteten er auka.

For å gi brukarane eit meir tilpassa tilbod har ein dei seinare åra oppretta fleire spisskompetansemiljø som har eit nasjonalt ansvar for opplæring, kvalitetssikring og rettleiing for fagleg praksis. Spisskompetansemiljøa skal heve kompetansen i tenesta og gi eit meir likeverdig tilbod til befolkninga. Det er oppretta spisskompetansemiljø for foreldrestøtte og førebygging, foreldreoppfølging etter omsorgsovertaking, samtalar med barn og arbeid mot vald og høgkonflikt. Arbeidet familievernet gjer overfor familiar som lever med vald, er omtalt under overskrifta Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald.

Ifølgje tal frå Bufdir fekk meir enn 46 000 familiar tilbod av familieverntenesta i 2019. Den viktigaste grunnen til at folk vende seg til familievernet, var parforholdet. Figur 4.2 viser avslutta saker i familievernet, etter hovudtema.

Figur 4.2 Avslutta saker i familievernet, etter hovedtema. 2018. Absolutte tall.

Figur 4.2 Avslutta saker i familievernet, etter hovedtema. 2018. Absolutte tall.

Kjelde: SSB.

NOU 2019: 20 En styrket familietjeneste – en gjennomgang av familieverntjenesten blei lagt fram i november 2019. Utvalet drøfta mellom anna organiseringa av tenesta i dag, finansiering og oppgåveløysing. Ei hovudtilråding i NOU-en er at familievernet framleis bør vere ei lett tilgjengeleg, førebyggjande lågterskelteneste med høg kompetanse på relasjonar og familie. Utvalet meiner at tenesta bør vere meir tilgjengeleg enn i dag, og at ho bør nå ut til nye grupper. For at ein skal få til det, må andre offentlege tenester kjenne til tilbodet frå familievernet.

Det er eit langsiktig arbeid å sikre betre kjennskap til familieverntenesta. Bufdir og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) jobbar målretta med dette, overfor småbarnsforeldre generelt og overfor minoritetar og menn spesielt. Dette har medverka til at delar av befolkninga har fått meir kunnskap om tenestene frå familievernet. Arbeidet held fram i 2021.

Bufdir stengde familievernkontora nokre veker i 2020 av omsyn til smittevernet, men familievernkontora ga eit tilbod over telefon. Innanfor dei gjeldande smittevernreglane opna familievernkontora opp igjen frå midten av april. I samband med covid-19 har det vore retta stor oppmerksemd mot tenestene til barn og familiar, mellom anna tilbodet frå familievernet. Bufdir har i denne tida gjennomført mange kommunikasjonsaktivitetar retta mot befolkninga.

Mekling og tilbod til familiar med eit høgt konfliktnivå

Høgt konfliktnivå og vedvarande vanskelege relasjonar i familien påverkar helsa og utviklinga til barn negativt. Dette er ei utfordring både for den einskilde og for samfunnet. Vi har kunnskap som syner at barn i slike situasjonar har større risiko for psykiske lidingar, sosiale vanskar og reduserte skuleprestasjonar. Resultata av forskinga til FamilieForSK ved Folkehelseinstituttet er viktige for vidare utvikling av familieverntenesta og andre tiltak for å støtte foreldre og familiar. Studien er omtalt under overskrifta Kunnskapsbasert politikkutvikling ovanfor.

Familieverntenesta rettar særskild oppmerksemd mot familiar med konfliktfylte relasjonar. Det er eit mål at foreldre som går frå kvarandre, sjølve får til eit godt samarbeid om barna. Mekling skal bidra til dette. Dersom konfliktar kan løysast på familievernkontora, sparer dette barna, foreldra og samfunnet for at saka blir teken til domstolen. Det er eit mål at fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, heller inngår avtalar. Statistikk frå Domstoladministrasjonen syner at nokre færre foreldretvistar kom inn til domstolane i 2019 enn året før.

Foreldre må møte til mekling ved samlivsbrot. Det same gjeld når dei er usamde om ordninga for foreldreansvar, bustad eller samvær og vurderer å reise sak for domstolen. I 2019 kravde om lag 22 000 foreldrepar mekling. Om lag 80 prosent av dei mekla på eit familievernkontor, medan om lag 20 prosent mekla hos ein ekstern meklar (til dømes ein advokat, psykolog eller prest). Nokre få saker dreier seg om usemje om flytting, og nokre saker blir sende tilbake frå retten for meir mekling.

Foreldre oppgir kvifor dei møter til mekling. Figur 4.3 syner at mange foreldre som meklar ved samlivsbrot, har eit lågt konfliktnivå. Blant foreldra med eit høgt konfliktnivå, er konflikten i dei fleste tilfella ein foreldretvist.

Figur 4.3 Konfliktnivået blant foreldra som ber om mekling hos familievernet.

Figur 4.3 Konfliktnivået blant foreldra som ber om mekling hos familievernet.

Kjelde: FADO, fag- og journalsystemet til familievernet.

Nokre foreldre møter til mekling med ein ferdig avtale, medan andre har store konfliktar. Derfor har Bufdir utvikla eit differensiert meklingstilbod. Tilbodet bidreg til at meklinga ved samlivsbrot blir betre tilpassa utfordringane i den einskilde familien, noko som er i tråd med Granavolden-plattforma. Målet er å tilpasse hjelpa betre til konfliktnivået. Familiar med høg grad av konflikt skal få meir hjelp. Familiar som i hovudsak er samde, får tilbod om rettleiing og ein digital avtale om foreldresamarbeid.

Som eit tilbod til alle foreldre i brot har Bufdir utvikla foreldresamarbeidsavtalen.no. Nettsida skal hjelpe foreldra til å komme fram til ein avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Når foreldra er godt førebudde og informerte før dei kjem til mekling, kan dei lettare komme fram til ei god løysing til beste for barna. Bufdir vidareutviklar foreldresamarbeidsavtalen.no.

Ifølgje Bufdir har talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet om mekling (fleire timar enn den obligatoriske timen), vore relativt stabilt dei siste fem åra.

Det same har talet på foreldre som har nytta det frivillige tilbodet i foreldretvistsaker. For desse var det likevel ein svak auke i 2019.

Det er eit mål at fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar. Departementet fører derfor vidare dette målet for 2021:

  • Fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar.

Ifølgje tal frå Bufdir blei det i 2019 mekla i nær 7 000 tilfelle kor foreldre vurderte å reise sak for retten. I om lag 30 prosent av desse sakene blei det inngått ein skriftleg avtale. Utviklinga har vore svak. Fleire foreldre inngår avtale ved mekling hos eksterne meklarar enn ved mekling i familieverntenesta. For saker i familievernet var delen 28 prosent, og for saker hos eksterne meklarar var han 42 prosent. Det er variasjon i resultata mellom regionane og til dels stor variasjon mellom dei einskilde familievernkontora. Variasjon er det òg når det gjeld målet om at barn skal bli høyrde.

Sjølv om det ikkje alltid blir inngått ein avtale under meklinga, lagar mange foreldre ein avtale på eiga hand etter at meklinga er avslutta. Mange nyttar den digitale foreldresamarbeidsavtalen. Fleire foreldre vel òg å ta imot dei kliniske foreldrerettleiingstilboda i familievernet og gruppetilbod som til dømes «Fortsatt Foreldre»-gruppene.

Høyring av barn i mekling

At barn har rett til medverknad, er slått fast i artikkel 12 i barnekonvensjonen. Også etter Grunnlova § 104 har barn rett til å bli høyrde og få meininga si vektlagd. Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved handlingar og avgjerder som vedkjem barn. Det følgjer òg av barnelova § 31 at etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på saka det dreier seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie, før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dette gjeld mellom anna i spørsmål om samvær og i spørsmål om kvar barnet skal bu fast. Foreldra skal leggje vekt på det barnet meiner, alt etter kor gammalt og modent barnet er. Barn som har fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerder som vedkjem dei.

Det er foreldra som skal inngå avtalar om barnet når dei ikkje skal bu saman, og som har plikt til å høyre barnet. Alle barn får tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling. Foreldra blir informerte om retten barnet har til å bli høyrt, og tilbod om at meklaren og barnet kan ha ein eigen samtale. I tillegg til samtalar i samband med mekling får mange barn òg tilbod om eigne samtalar eller ei samtalegruppe på familievernkontoret. Dette er eit klinisk tilbod til barn som opplever at foreldra flyttar frå kvarande eller har konfliktar.

Sjølv om ein i fleire år har arbeidd for at fleire barn skal bli høyrde i meklingssaker, er talet på barn som faktisk blir høyrde, framleis ikkje høgt nok. Departementet fører derfor vidare målet for arbeidet med meklingsordninga i 2021:

  • Fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

Frå 2015 til 2019 har talet på saker der barn blir høyrde av ein meklar, dobla seg. Sjølv om dette er ei positiv utvikling, er det framleis for få barn som blir høyrde.

For at barn skal kunne høyrast i mekling, må begge foreldra samtykkje, barnet må sjølv ønskje å delta, og barnet må vere modent nok. I saker der det er eit høgt konfliktnivå mellom foreldra, må meklaren òg vurdere om det er forsvarleg at barnet deltek.

Målet for 2020 er at 30 prosent av barna over 7 år skal bli høyrde. I 2019 var delen 24 prosent. I tillegg blei nær 900 barn under 7 år høyrde.

Det er stor variasjon mellom regionane og mellom dei einskilde familievernkontora når det gjeld kor mange barn som blir høyrde. Variasjonen er òg stor når det gjeld målet om at fleire foreldre som vurderer å reise sak for retten, inngår avtalar. Fleire regionar har utarbeidd planar for å auke bruken av barnesamtalar, og laga lokale handlingsplanar for kontor som ikkje når dei måla som er sette.

For å styrkje kompetansen i familievernet til å snakke med barn har spisskompetansemiljøet for samtalar med barn utarbeidd ei ny rettleiing. Rettleiinga bidreg til at meklarar kan gi barn eit tilbod som er betre tilpassa alderen og behova deira. Spisskompetansemiljøet har òg bidrege til ei systematisk heving av kompetansen til å samtale med barn, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Foreldre som ønskjer å snakke med barna sine sjølve, kan få råd og rettleiing frå familievernet om korleis dei kan få til ein god samtale. Det er òg utvikla ein digital brosjyre som gir foreldra informasjon om kva behov barna har når foreldra flyttar frå kvarandre.

Bufdir og familieverntenesta arbeider målretta for å gjere tilbodet til barn betre kjent, og for å motivere foreldra til å inkludere barna i mekling og i saker som elles verkar inn på situasjonen og trivselen deira. Bufdir vil i 2021 halde fram det langsiktige arbeidet med å gi god informasjon til foreldre og barn om samlivsbrot, og særleg om tilbodet til barn. Digitalt støttet mekling, som er under utarbeiding, er eit prosjekt for foreldre som opplever samlivsbrot. Målet med prosjektet er at auka digitalt tilgjenge til familieverntenesta skal gjere at foreldra kan hjelpe seg sjølve og bli betre førebudde til sjølve meklingsprosessen.

Foreldrestøttande arbeid

Alle foreldre møter utfordringar i foreldreskapet sitt, og det er viktig å ha eit lågterskeltilbod til familiar som slit. Foreldrestøttande arbeid er, saman med samlivstiltak, sentralt i familiepolitikken til regjeringa. Regjeringa vil styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte, slik at flest mogleg barn kan få ein god oppvekst i sin familie og sitt nærmiljø. Regjeringa legg i dette arbeidet mellom anna vekt på at barn og familiar er forskjellige og har ulike behov.

Å styrkje familiane er viktig for å gi vaksne og barn ei trygg ramme rundt livet deira. Barn treng eit godt oppvekstmiljø og å vere del av ein familie med omsorgsfulle foreldre. Dette fremjar den psykiske og fysiske helsa til barna.

Rett og god foreldrestøtte kan betre oppvekstvilkåra for barn og ungdom, spare familiar for vanskar og leggje til rette for langvarige positive verknader for samfunnet. Tidleg innsats kan førebyggje at vanskar eskalerer. Det kan òg medverke til at dei som tek imot tenestene, blir betre i stand til å løyse sine eigne vanskar.

Det er godt dokumentert at målretta støtte til foreldre med særlege behov reduserer risikoen for at barn blir utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. Departementet fører derfor vidare dette målet for 2021:

  • Fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøtte.

Regjeringa sin strategi Trygge foreldre – trygge barn (2018–2021) har som mål at fleire foreldre skal få tilbod om foreldrestøttande tiltak som er tilpassa behovet deira. Strategien har 34 ulike tiltak innanfor ulike sektorar. Tiltaka er i all hovudsak i rute i 2020, og nokre er gjennomførte. Departementet vil òg følgje opp strategien i 2021.

Bufdir har ansvar for å koordinere strategien overfor dei andre direktorata og for at informasjon og kunnskap om foreldrestøtte blir kjend blant relevante aktørar. Foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Program (ICDP) er eit foreldrestøttande tilbod til alle foreldre som mange kommunar tilbyr. Spisskompetansemiljø for foreldrestøtte og førebygging i Bufetat forvaltar ICDP og arbeider med å vidareutvikle tilbodet og bidra til kunnskapsbasert praksis både i familievernet og i kommunane. I 2019 har ein arbeidd med tilbodet til foreldre som er bekymra for ungdommane sine, og tilbodet til innvandrarar som nyleg har komme til Noreg. Spisskompetansemiljøet har sidan desember 2019 gitt opplæring i ICDP til tilsette på krisesenter. Opplæringa blir fullført i løpet av 2020. I 2020 vil det bli laga rutinar for samarbeid mellom familievernet og dei kommunale tenestene. Bufdir har prøvd ut foreldrerettleiingsprogrammet ICDP for foreldre som har ei bekymring for barna sine knytt til radikalisering og valdeleg ekstremisme. Bufdir vil arbeide vidare med å auke bruken av den breiare tilnærminga til ungdomsforeldre. I 2021 vil det starte eit pilotprosjekt med foreldrestøtte til foreldre med tenåringar. Prosjektet vil byggje på eksisterande arbeid, slik at fleire foreldre får eit tilbod i 2021. Prosjektet har ei kostnadsramme på 3 mill. kroner.

For å styrkje bruken av kunnskapsbaserte foreldrestøttande tiltak i dei kommunale tenestene vil regjeringa utvikle ei temanettside med oversikt over slike tilbod og hjelpetiltak i barnevernet.

Nokre viktige tiltak i foreldrestøttestrategien på ansvarsområdet til BFD er omtalte nedanfor. Dette gjeld tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak i kommunane, Familie for første gang og foreldrehverdag.no. Mental Helse – foreldresupport er eit tiltak som har komme til etter at strategien blei lagt fram.

Tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak i kommunane

Tilskotsordninga for foreldrestøttande tiltak i kommunane er teken inn i foreldrestøttestrategien, men er eit eldre tiltak. Prioriteringar i 2019 var minoritetsspråklege foreldre og foreldre som deltek i introduksjonsprogrammet for flyktningar. I 2019 blei 52 mill. kroner fordelte til ulike foreldrestøttande tiltak i 170 kommunar og bydelar. Bufdir fekk 146 søknader, og 103 av desse blei innvilga.

Ein føresetnad for å få tilskot er at kommunane bruker anerkjende metodar for foreldrerettleiing. Tilskotsordninga er ikkje evaluert, men det er gjort effektevalueringar av nokre av programma. Effektevalueringane viser at desse har positive resultat når det gjeld tilknyting mellom foreldre og barn. Tilskotsordninga vil halde fram i 2021. Frivillig sektor kan bidra til å styrkje foreldrestøttetilbodet fordi dei kan nå fleire eller andre foreldregrupper. For å stimulere fleire kommunar til å søkje støtte til tiltak i samarbeid med frivillig sektor føreslår ein frå 2021 å opne for at breiare foreldrestøttande tiltak, som opne møteplassar og avlastingstiltak, blir vurderte som aktivitetar med rett til tilskot. Søknader der kommunen samarbeider med eller involverer frivillig sektor, kan prioriterast.

Familie for første gang

Familie for første gang / Nurse Family Partnership (NFP) er eit førebyggjande tiltak for foreldre i ein særleg krevjande livssituasjon. Familiane kan få heimebesøk av ein familiesjukepleiar frå tidleg i graviditeten til barnet er to år. Utprøvinga av NFP går føre seg i Oslo og Rogaland. To hundre familiar har så langt fått bistand gjennom programmet. Ein evalueringsrapport frå Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet frå 2019 viser at programmet har gode resultat. Gjennom programmet kan ein fange opp sårbare familiar og førebyggje omsorgssvikt og behov for inngripande tiltak.

Det følgjer av Granavolden-plattforma at regjeringa vil utvide programmet dersom evalueringa i 2019 viser gode resultat. Regjeringa føreslår i 2021 å styrkje NFP med 45,3 mill. kroner. Midlane skal brukast til å utvide programmet, styrkje det nasjonale fagkontoret og utføre ein effektstudie på NFP i Noreg.

Programmet er rekna internasjonalt som det best dokumenterte programmet for fyrstegongsfødande i særleg utfordrande livssituasjonar, i Noreg forstått som til dømes barnevernsoppvekst, psykiske helseplager, rus, vald og fattigdom.

Foreldrehverdag.no

Foreldrehverdag.no er ein statleg nettressurs som rettar seg mot heile befolkninga. Foreldrehverdag.no er i 2019 utvikla vidare med tanke på å gi alle foreldre lett tilgang til god rådgiving, hjelp og støtte gjennom inkluderande språk som tek omsyn til kulturbakgrunn.

Det følgjer av foreldrestøttestrategien til regjeringa at tenesta skal vidareutviklast. Det er viktig at denne informasjonskanalen er relevant og oppdatert, og tek opp problemstillingar som foreldre er opptekne av og treng informasjon om. Bufdir vil arbeide mellom anna med å auke kjennskapen til tenesta og med å tilpasse innhaldet og tenesta til ulike tema, foreldregrupper og begge kjønn. Arbeidet med foreldrehverdag.no vil halde fram i 2021.

Mental Helse – foreldresupport

I mars 2020 opna Foreldresupport, ein ny lågterskeltelefon og chattekanal for foreldre som treng hjelp og rettleiing når kvardagen blir krevjande.

Mental Helse driftar telefonen, og Stine Sofies Stiftelse står for opplæringa av dei tilsette. Ein døgnopen lågterskeltelefon kan vere til hjelp i ein vanskeleg situasjon og kan bidra til å hindre vald mot barn. Foreldresupport vil halde fram i 2021.

I revidert nasjonalbudsjett for 2020 fremja regjeringa ei krisepakke på over 400 mill. kroner til sårbare barn og familiane deira. Av desse midlane gjekk 1,8 mill. kroner til å styrkje bemanninga til Foreldresupport, og til å produsere informasjonsvideoar for framandspråklege som ikkje kan lese.

Samlivstiltak

Nokre par treng støtte i ein periode med utfordringar i kvardagen. Eit døme på ein slik periode er når ein får sitt fyrste barn. Samlivstiltak er, saman med foreldrestøttande tiltak, sentralt i familiepolitikken til regjeringa.

Samlivstiltak er eit verktøy for å styrkje parforhold. Tilbodet skal ha låg terskel for deltaking og førebyggje samlivsbrot. Tiltaka kan vere til hjelp gjennom krevjande periodar. Dei kan òg hjelpe til med å byggje forhold som varer. Gode og stabile samlivsforhold gir gode føresetnader for godt foreldreskap. Det er viktig å sikre at flest mogleg barn kan få ein god og trygg oppvekst i sin familie.

For å få betre oversikt over korleis samlivstiltaka verkar, og korleis dei best kan innrettast, er det sett i gang eit større prosjekt for å forske på samlivstiltak i Noreg. Eit sentralt mål med forskingsprosjektet er å utvikle tilrådingar om tiltak på samlivsfeltet, og å leggje til rette for at lokale aktørar får hjelp til å gjennomføre kunnskapsbaserte samlivstiltak.

Tilskotsordninga for samlivstiltak

Tilskotsordninga for samlivstiltak har som mål å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Par som har barn, blir prioriterte. Bufdir delte ut rundt 10 mill. kroner til kommunar og frivillige organisasjonar som arrangerte samlivskurs i 2019. Til saman blei det arrangert fleire hundre kurs i regi av familievernkontor, frivillige organisasjonar og forsamlingar over heile landet.

Det er usikkert i kor stor grad covid-19 har påverka gjennomføringa av samlivskursa, men det er meldt om nokre avlysingar våren 2020.

Regjeringa føreslår å styrkje samlivstiltak med 4,1 mill. kroner. Dette inkluderer ei styrking av sjølve ordninga, og midlar til forvalting. Føremålet med styrkinga er å leggje til rette for at fleire par kan få tilbod om å delta på samlivskurs. I tillegg skal styrkinga nyttast til å redusere eigendelen. På denne måten vil fleire par med svak økonomi få høve til å gå på kurs.

Samlivstiltak for fyrstegongsforeldre

Perioden etter at det fyrste barnet kjem, kan vere særleg utfordrande. Mange par opplever at det er lite tid til parforholdet, og at det er krevjande å vere både kjærastar og samarbeidspartnarar i småbarnsperioden. Departementet har i 2020 etablert ei eiga tilskotsordning for samlivstiltak retta mot fyrstegongsforeldre. Familievernkontor, organisasjonar, kommunar, institusjonar og andre tilbydarar av samlivstiltak kan søkje om midlar til å halde kurs. I tillegg er det sett av midlar til å utvikle eit digitalt tilbod.

Regjeringa føreslår å auke midlane til gjennomføring av nettbaserte samlivskurs for fyrstegangforeldre med 1,6 mill. kroner. Føremålet er å sikre det faglege innhaldet i kursa. Kursaktiviteten var låg våren 2020 som følgje av virusutbrotet. Samlivskurs for fyrstegangsforeldre blir ført vidare i 2021.

Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid

Barn er sårbare og har eit særleg behov for vern, omsorg og kjærleik. God livskvalitet for barn og familiar gir positive effektar for den einskilde og samfunnet. Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid kan bidra til dette. Det er òg viktig at samfunnet har gode ordningar og reglar for å ta hand om barn som ikkje opplever tryggleik i heimen. Regjeringa vil styrkje barnerettane og leggje omsynet til det beste for barnet til grunn.

Barnelova

Barnelova skal sikre viktige omsyn som tilhøvet mellom barn og foreldre, det beste for barnet og likestilling mellom foreldra som omsorgspersonar og forsørgjarar. Lova blei vedteken i 1981 og har vore endra mange gonger. Rettskjeldebiletet har òg endra seg monaleg, og menneskerettar og internasjonale konvensjonar har fått ei meir sentral rolle.

Regjeringa sette 7. desember 2018 derfor ned barnelovutvalet, som skal gå gjennom heile barnelova og modernisere lova. Utvalet skal mellom anna vurdere utforminga av bidragssystemet for likestilt foreldreskap og gå gjennom rettane til barn, særleg i eit internasjonalt perspektiv. Det er gitt eit tillegg til mandatet om at utvalet òg skal vurdere sanksjoner ved hindring av samvær. Utvalet starta arbeidet 1. mars 2019 og skal levere utgreiinga si 1. desember 2020.

Det er i dag eit problem at kvaliteten på sakkunnigrapportar varierer for mykje i foreldretvistsaker, og det kan vere vanskeleg for dommaren åleine å vite kva rapportar som er for svake til å kunne brukast som bevis. Dette kan føre til at det blir teke feil avgjerder, og i verste fall føre til at barn veks opp i uheldige eller skadelege omsorgssituasjonar.

For å avhjelpe dette problemet vil regjeringa følgje opp framlegget til særdomstolsutvalet i NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder? om at barnesakkunnig kommisjon òg skal kvalitetsvurdere rapportar i foreldretvistsaker. På denne måten kan alle partar vere trygge på at rapportane er av god kvalitet før retten bruker dei som bevis. Kommisjonen vurderer i dag berre rapportar i barnevernssaker. Framlegget har vore på offentleg høyring fram til 31. august, saman med nokre andre framlegg om bruken av sakkunnige i foreldretvistsaker. Eit av framlegga er at departementet i forskrift kan setje krav til mandata og rapportane til dei sakkunnige. Eit liknande framlegg har òg vore på høyring i barnevernssaker, sjå nærare omtale under overskrifta Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Målet er å heve kvaliteten og styrkje tilliten til det sakkunnige arbeidet og til avgjerdene som retten tek. Departementet vil arbeide vidare med forslaga på bakgrunn av innspel frå høyringa.

Foreldretvistsaker og barnevernssaker er spesielle samanlikna med andre sakstyper ved at avgjerdene skal byggje på ei vurdering av korleis forholda vil utvikle seg framover under ulike føresetnader. Nokre av avgjerdene er dessutan av dei mest alvorlege og inngripande som samfunnet kan ta overfor einskildpersonar. Den som skal avgjere slike saker, må ha tilstrekkeleg innsikt i psykologisk og barnefagleg forsking for å kunne avgjere den framtidige omsorgssituasjonen til barnet.

Regjeringa ønskjer derfor å delvis følgje opp framlegget til særdomstolsutvalet gjennom å samle rettsleg overprøving av foreldretvistar og barnevernssaker (barnesaker) i nokre tingrettar. Oppfølginga av framlegget skal inngå i arbeidet med oppfølginga av NOU 2019: 17 Domstolsstruktur, som domstolkommisjonen leverte 1. oktober 2019.

Kommisjonen føreslår å utvide rettskrinsane til tingrettane, noko som vil gi større fagmiljø og gjere det mogleg med ei moderat spesialisering. Kommisjonen meiner at det i ein ny struktur bør vere mange nok tingrettar til at dei er i stand til å handsame barnesakene ut frå dei kriteria som særdomstolsutvalet stilte opp. Utgreiinga til kommisjonen har vore på høyring saman med eit alternativt framlegg frå Justis- og beredskapsdepartementet. Det alternative framlegget går ut på å endre rettskrinsane i tråd med det fleirtalet i kommisjonen føreslår, men å halde ved lag alle dei noverande rettsstadene. Sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

I tillegg til utviklingsarbeidet som er gjort med framlegg om nye lovendringar, tok ei tidlegare endring i barnelova til å gjelde 1. januar 2020, jf. lov 31. mars 2017 nr. 13 og Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap). Som følgje av endringa får barn som er fødde frå og med 1. januar 2020, i utgangspunktet foreldre med felles foreldreansvar. Dette gjeld òg for foreldre som får barn utanfor samliv. Det kan tenkjast at eit felles foreldreansvar ikkje er til det beste for barnet i alle tilfelle. Kvar av foreldra kan derfor innan eitt år frå farskapet er etablert, melde frå til folkeregisteret om at foreldreansvaret ikkje skal vere felles.

Ekteskapslova

Sjølv om personar under 18 år ikkje kan inngå ekteskap i Noreg, er det fleire land som tillèt dette. Partar som gifta seg då éin av dei eller begge var mindreårige og utan tilknyting til Noreg, kan seinare komme hit, anten som barn eller som vaksne. For at partane skal bli rekna som gifte i Noreg òg, må ekteskapet anerkjennast etter norsk rett. Det er i dag eit problem at den nedre aldersgrensa for å anerkjenne slike ekteskap er uklar etter norsk rett.

For å motverke desse problema har regjeringa sendt på høyring eit framlegg om å innføre ein klar hovudregel om at partar som gifta seg då ein av dei eller begge var under 18 år, ikkje skal få ekteskapet sitt anerkjent i Noreg. Føremålet er å verne mindreårige som kjem til Noreg, mot å bli rekna som gifte her. Dette vil òg gi eit signal til andre styresmakter om at Noreg ikkje aksepterer desse ekteskapa. Aldersgrensa vil på den måten kunne bidra i arbeidet med å avskaffe den uønskte praksisen med ekteskap mellom mindreårige – òg i andre land.

Det er viktig å ta vare på dei som no er vaksne og har innretta seg i tillit til at dei er gifte. Reglane må dessutan vere i samsvar med dei internasjonale pliktene våre. Regjeringa føreslår derfor i høyringsnotatet at det skal gjelde to unntaksreglar frå 18-årsgrensa. Høyringsnotatet inneheld vidare eit forslag om å utvide fristen for å reise sak om tvangsekteskap. Framlegga er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan Retten til å bestemme over eget liv. Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Høyringsnotatet var på offentleg høyring fram til 23. september 2020. Departementet vil arbeide vidare med forslaga på bakgrunn av innspel frå høyringa.

Departementet vurderer òg innstrammingar i reglane om godkjenning av bigame ekteskap som er inngått i utlandet. Eventuelle framlegg til endringar i desse reglane vil bli sende på høyring.

Familievernkontorlova

Familieverntenesta har eksistert i nærare seksti år og har heile tida innehalde statlege og kyrkjelege familievernkontor. Etter forvaltingsreforma innanfor barnevern og familievern i 2004 blei forvaltingsansvaret for familievernkontora (og det fylkeskommunale barnevernet) overført frå fylkeskommunane til staten, og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) blei oppretta. Eitt av siktemåla var å organisere tenesta på ein fagleg god måte til beste for brukarane. Etter reforma har det samla tenestetilbodet på familieområdet endra seg, og familieverntenesta har blitt styrkt dei siste åra.

Den 15. mai 2018 sette regjeringa derfor ned eit offentleg utval for å gjere ein gjennomgang av familievernet. Utvalet skulle gi tilrådingar som kan styrkje tenesta, slik at fleire familiar kan få den hjelpa dei treng. Den 21. november 2019 leverte utvalet rapporten NOU 2019: 20 En styrket familietjeneste – en gjennomgang av familieverntjenesten til BFD. Rapporten var på offentleg høyring fram til 1. mai 2020. Departementet vurderer vidare oppfølging.

FN-konvensjonen om barnerettane

BFD har ansvaret for å koordinere arbeidet med å følgje opp FN-konvensjonen om barnerettane (barnekonvensjonen). Barnekonvensjonen hadde trettiårsjubileum i 2019, og jubileet blei markert på ulike måtar fleire stader i landet. Bufdir arrangerte ei markering på sjølve dagen på oppdrag frå departementet. Bufdir har samarbeidd om arrangementet med Sjumilssteget si nasjonale arbeidsgruppe for implementering av barnekonvensjonen. Sjumilssteget er eit verktøy for å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i konvensjonen slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. I planlegginga og gjennomføringa av programmet blei det lagt vekt på at barna sjølve skulle vere aktive deltakarar og publikum.

Bufdir trykte òg opp ein ny versjon av plakaten med barnerettane til FN i samarbeid med UNICEF. Plakaten blei sendt til alle skular i heile landet før jubileet.

Arbeidet med å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane, etter metoden Sjumilssteget, blei ført vidare i 2019. Sjumilssteget har òg sett søkjelys på prioritering av barn og unge i fylkesmannsembeta. Fleire nyleg samanslåtte embete har valt å satse særleg på barnerettane.

Departementet arbeider vidare med å følgje opp merknadene frå barnekomiteen i FN. Det har mellom anna vore dialog med Barneombodet og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) i dette arbeidet. I byrjinga av 2020 inviterte departementet sivilt samfunn, Barneombodet, NIM med fleire til dialogmøte for å drøfte oppfølginga av merknadene frå barnekomiteen i FN frå 2018. Ein vil i 2021 arbeide vidare med barnerettane og gjere konvensjonen kjend. Mellom anna skal Bufdir vurdere korleis barnekonvensjonen best kan følgjast opp. I den samanhengen skal dei òg vurdere vidareutvikling av Sjumilssteget.

Europarådet sin strategi for barnerettar

Noreg har delteke i utarbeidinga av barnerettsstrategien til Europarådet, Strategy for the Rights of the Child (2016–2021). Noreg slutta seg til strategien i Sofia i april 2016 og følgjer han opp gjennom tiltak og handlingsplanar i tråd med tilrådingane frå Europarådet. Noreg deltek fast i Europarådet sin komité for barnerettane.

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn og vaksne er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det er òg ei stor likestillingsutfordring. Kvinner er mest utsette for vald i nære relasjonar, valdtekt og seksuelle overgrep. Unge jenter er særleg utsette, men òg gutar og menn blir utsette for vald i nære relasjonar og seksualisert vald.

Vald og overgrep fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt. Arbeidet omfattar ansvarsområda til fleire departement. BFD koordinerer innsatsen mot vald og overgrep mot barn og unge, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar. Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet mot negativ sosial kontroll og tvangsekteskap. Samordning på tvers av sektorar er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep. Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, mellom anna gjennom å følgje opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). BFD koordinerer arbeidet med opptrappingsplanen. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med oppfølging av Handlingsplan mot voldtekt 2019–2022 og arbeidet med den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar som etter planen skal leggjast fram hausten 2020. Planen skal omfatte vald frå noverande eller tidlegare partnar, samt vald mellom generasjonar, det vil seie vald mot eldre og vald mot barn. Denne planen har ein eigen del om vald i samiske område.

Regjeringa har i 2020 starta arbeidet med ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for perioden 2021–2024. Arbeidet blir koordinert av Kunnskapsdepartementet. I løpet av 2020 tek regjeringa òg sikte på å leggje fram ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep. Sjå omtale under Den digitale kvardagen til barna. Oppfølging av regjeringa sin strategi for foreldrestøtte er òg ein viktig del av arbeidet for å førebyggje vald og overgrep, sjå omtale under Foreldrestøttande arbeid.

BFD har ansvar for fleire tiltak i dei ulike planane. Arbeidet med å følgje opp tiltaka vil bli ført vidare i 2021. BFD koordinerer òg oppfølginga av NOU 2017: 12 Svikt og svik frå barnevaldsutvalet, og vil føre vidare arbeidet med å følgje opp dei fleste av tilrådingane.

I 2019 rapporterte Noreg for fyrste gong på konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). Noreg leverte den fyrste rapporten sin på Europarådets konvensjon for å førebyggje og kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen) 15. september 2020. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for omtale av arbeidet med konvensjonen.

Omtalen nedanfor gjeld resultat i 2019 og fyrste halvdel av 2020 og planlagde tiltak i 2021 for arbeidet mot vald og overgrep mot barn og unge. Det blir òg rapportert for hjelpetenestene for valdsutsette og utøvarar, som BFD er ansvarleg for.

Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021)

Arbeidet med å følgje opp Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har høg prioritet. Den samla satsinga i 2021 er på om lag 1,1 mrd. kroner. Dette inkluderer føreslåtte satsingar i 2021 på 87,3 mill. kroner.

I 2019 har det vore satsa på førebyggjande og foreldrestøttande tiltak retta mot kommunane. Etterforskinga av vald og overgrep mot barn er styrkt ytterlegare. Kapasiteten ved statens barnehus er auka. Behandlingstilboda til valdsutøvarar og familiane deira er styrkte, i regi av både familievernet, Alternativ til Vold og spesialisthelsetenesta. I september 2020 opna eit nytt lågterskeltilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep. Tilbodet består av ei informasjonsteneste på nett med chat som er lagt til Oslo universitetssjukehus HF, men som dekkjer heile landet. Dei som tek kontakt og ber om hjelp, skal få tilbod om behandling utan krav om tilvising frå fastlege eller andre. I 2020 er eit behandlingstilbod etablert i Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF. I 2021 skal det etablerast tilbod i Helse Midt-Noreg RHF og Helse Nord RHF.

By- og regionforskningsinstituttet NIBR gjennomfører i samarbeid med Telemarkforskning ei følgjeevaluering av arbeidet med opptrappingsplanen. Ein undervegsrapport syner mellom anna at kommunane er heilt sentrale aktørar i arbeidet for å nå måla i opptrappingsplanen. Dei fleste kommunane jobbar aktivt med temaet vald og overgrep, men store kommunar satsar tyngre og breiare i arbeidet samanlikna med mindre kommunar. Fleirtalet av kommunane som deltek i ei undersøking, oppgir at dei kjenner opptrappingsplanen og meiner at han har påverka arbeidet i deira kommune, jf. NIBR-rapport 2020: 18.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert behovet for å krevje politiattest for nye grupper på tvers av sektorar. Rapporten til arbeidsgruppa har vore på høyring. Departementet er no i gang med å følgje opp høyringa i samarbeid med andre departement. Sjå omtale av saka i del I, oppmodingsvedtak nr. 606 av 25. april 2017.

Bufdir har fått ansvar for å følgje opp ei rekkje tiltak i opptrappingsplanen under ansvarsområdet til BFD. Direktoratet har i 2019 starta arbeidet med å greie ut forslaget om ei sertifiseringsordning for offentleg tilsette som er i kontakt med barn. Det er venta at utgreiinga skal liggje føre tidleg i 2021.

Forsking viser at vald i nære relasjonar har høgare førekomst i samiske miljø6, og at samiske innbyggjarar i mindre grad enn majoriteten nyttar seg av hjelpetilbodet. For at samiske barn skal få kunnskap om vald og overgrep på sitt eige språk, har læringsressursen Jeg Vet blitt omsett til nordsamisk. Bufdir har i 2020 gitt Fylkesmannen i Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag i oppdrag å prøve ut gode modellar for å implementere Jeg Vet i sine fylke. I samarbeid med Karasjok kommune har Bufdir òg sett i gang eit føreprosjekt for å starte opp att og styrkje krise- og incestsentertilbodet i Indre Finnmark.

Regjeringa skal utvikle ein felles nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep. Som ledd i arbeidet har Bufdir i 2019, i samarbeid med ei rekkje andre direktorat, gjennomført ei innleiande kartlegging av føringar, opplæringsstrukturar og kompetansebehov på feltet. Dette er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med strategien. Bufdir har i 2020 fått i oppdrag – i samarbeid med relevante direktorat – å kartleggje vidare kunnskapsbehov på valdsfeltet. Regjeringa har òg starta arbeidet med å utvikle ein tverrdepartemental strategi mot Internett-relaterte overgrep mot barn.

Ei samla oversikt over statusen for opptrappingsplanen viser at arbeidet med å setje i verk tiltaka er godt i gang. Tabell 10.1 i del III gir ei oversikt over tiltaka, dei ansvarlege departementa og statusen. Av dei 88 tiltaka i planen er 37 alt gjennomførte, og 51 er påbyrja. Av desse er 30 løpande, det vil seie at dei går føre seg kontinuerleg, òg utover planperioden. Det blir rapportert om oppfølginga av planen i dei årlege budsjettproposisjonane, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for ei rapportering om dei tiltaka dei er ansvarlege for. Sjå òg statusrapporten for oppfølginga av planen på regjeringen.no under BFD.

Den samla satsinga på i overkant av 1 mrd. kroner i 2020 blir ført vidare. Regjeringa styrkjer satsinga ytterlegare i 2021 og føreslår ei tverrdepartemental satsing på 87,3 mill. kroner til oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen:

  • 45,3 mill. kroner til ei utviding av Familie for første gang

  • 10 mill. kroner til å vidareutvikle Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for familievernet, barnevernet og krisesentertilbodet

  • 8 mill. kroner til Alarmtelefonen for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og chatløysing

  • 15 mill. kroner til å betre behandlingstilbodet til unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 9 mill. kroner i auka løyving til å etablere eit heilskapleg tilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

Satsingane må sjåast i samanheng med Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). I 2021 er det føreslått ytterlegare 135 mill. kroner til denne opptrappingsplanen, kor 100 mill. kroner er føreslått som styrking av kommunane sine frie inntekter, medan 5 mill. kroner er føreslått til ei styrking og evaluering av FACT ung – tverrfaglege og oppsøkande team for unge med samansette og langvarige behov. 30 mill. kroner er føreslått til helsesatsinga i barnevernet, med 2 mill. kroner til evaluering av prosjektet Stillasbyggerne ved Akershus Universitetssykehus, 3 mill. kroner til implementering av pakkeforløp for kartlegging og behandling av somatisk og psykisk helse og rus hos barn og unge i barnevernet og 5 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett til helsekartlegging av barn som vurderast flytta ut av heimen. Barne- og familiedepartementet føreslår over sitt budsjett ei styrking på 20 mill. kroner til helsekartlegging i 2021. Sjå nærare omtale under programkategori 11.20 Barnevernet.

Utval som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep

Barnevaldsutvalet, NOU 2017: 12 Svikt og svik, har 58 tilrådingar som omfattar ansvaret til fleire departement. Nær halvparten av tilrådingane blir alt følgde opp i ein annan prosess som er i gang, til dømes i samband med oppfølginga av opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

Viktige tiltak som er følgde opp, er mellom anna innføringa av skjerpte krav til kva studentar på lærarutdanningane og dei helse- og sosialfaglege utdanningane skal lære om vald og overgrep. Barnehagen og grunnopplæringa har fått nye rammeplanar som gir føringar for kva barn og unge skal lære om vald og overgrep.

Helsedirektoratet la i august 2020 fram ein rapport om status og tiltak for å sikre kvalitet, rekruttering og tilgang på rettsmedisinsk kompetanse. Rapporten blir følgd opp på vanleg måte.

Det er sett i verk tiltak for å styrkje kapasiteten og kompetansen innanfor sosialpediatri i samband med medisinske undersøkingar. Ei ny fagleg retningslinje for svangerskapsomsorg er utarbeidd. Alternativ til Vold (ATV) har fått midlar til å spreie bruken av det valdsførebyggjande programmet Bryt voldsarven. BFD har sendt på høyring eit forslag om at barnesakkunnig kommisjon skal vurdere kvaliteten på sakkunnigrapportar i foreldretvistsaker. I 2019 blei resultata av ei nasjonal undersøking av omfanget av valds- og overgrepserfaringar og omsorgsvikt blant ungdom i alderen 12–16 år publisert. Ei rekkje kampanjar retta mot foreldre og ungdom er sette i verk dei seinare åra for å førebyggje vald. Bruken av kommunale handlingsplanar mot vald og overgrep er kartlagd, og kommunane er oppmoda om å lage slike planar. Ei evaluering av statens barnehus er sett i gang, og det er vedteke fleire lovendringar for å styrkje barns rett til å medverke.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag til korleis regelverk for samordning og samarbeid av tenester til barn kan styrkjast og harmoniserast.

Mange av tilrådingane frå barnevaldsutvalet går ut på å heve kompetansen og kunnskapen i tenestene som møter barn og unge. Ansvarlege departement arbeider med ein kompetansestrategi mot vald og overgrep. Det er òg sett i verk fleire tiltak for å heve kompetansen om vald og overgrep i ulike tenester, og det er utvikla eit opplæringsprogram for å heve kompetansen om samtalar med barn. Regjeringa arbeider vidare for å følgje opp tilrådingar.

Arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge.

Regjeringa prioriterer å førebyggje vald og overgrep. Barn og unge treng god kunnskap om kva vald og overgrep er. Vald og overgrep mot barn kan vere særleg vanskeleg å oppdage når barn vegrar seg for å snakke om opplevingane sine. For mange yrkesutøvarar kan det òg vere vanskeleg å spørje barn når dei har ein mistanke. Å førebyggje og avdekkje vald og overgrep tidleg kan forhindre at nye overgrep skjer.

Departementet har dette målet i arbeidet mot vald og overgrep:

  • I større grad førebyggje og avdekkje valds- og overgrepsaker mot barn og unge

For å kunne målrette arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep treng vi kunnskap om omfanget av vald og overgrep. Hausten 2019 la Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) fram den fyrste studien av omfanget av vald og overgrep der barn og unge ned til 12 år sjølve kunne avgjere om dei ville delta eller ikkje. Undersøkinga viser at omfanget av vald og overgrep er stort. I alt har éin av fem av ungdommane i undersøkinga vore utsette for meir enn éi form for vald eller overgrep. Berre éin av fem ungdommar som er utsette for vald eller overgrep, fortel at dei har vore i kontakt med hjelpeapparatet i samband med erfaringar med vald og/eller overgrep. Det å vere utsett for vald, og oppleve symptom på fysisk og psykisk uhelse, har òg ein samanheng med søvnvanskar og skulefråvær.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2019 viser at det er ein nedgang i talet på melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn, sjå figur 4.4.

Figur 4.4 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2019.

Figur 4.4 Offer under 18 år i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot, perioden 2012–2019.

Kjelde: SSB.

Bufdir har dei siste tre åra arbeidd med tiltak for å førebyggje vald, i tett samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Innsatsen har særleg vore retta mot å prøve ut, vidareutvikle og implementere opplæringsprogrammet Snakke sammen og læringsressursen Jeg Vet i kommunane. Det blei i 2020 løyvd 6,5 mill. kroner til RVTS-ane7 til arbeidet, og Bufdir sette hausten 2019 i gang eit forskingsprosjekt som skal evaluere aktivitetar og samle erfaringar med bruk av verktøyet.

Snakke sammen (snakkemedbarn.no) er ein portal der vaksne kan øve på den viktige samtalen med barn. Målet er at vaksne som treffer barn i barnehagar, skular og helsevesenet, veit kva dei skal sjå etter, og korleis dei kan snakke med barn på ein måte som gjer at barna får tillit og tør fortelje. Snakke sammen blir implementert gjennom eit utval av pilotprosjekt i barnehagar, skular og helsetenesta. Tre nye spelfigurar (avatarar) blei lanserte hausten 2019. I 2019 hadde Snakke sammen 185 500 visingar og nesten 60 000 brukarar. I samband med stenginga av barnehagar og skular i mars 2020 auka talet på visingar og brukarar merkbart. I mai 2020 blei Snakke sammen lansert på nytt i ein ny og meir brukarvennleg versjon. Arbeidet med å utvikle programmet vidare og få fleire yrkesgrupper til å bruke det vil halde fram i 2021.

Jeg Vet (jegvet.no) er eit undervisingsopplegg for barn og unge om vald, overgrep og mobbing. Jeg Vet hadde 850 000 visingar og 74 000 brukarar i 2019. Arbeidet med Jeg Vet skal halde fram i 2021. Læringsressursen skal vidareutviklast og reviderast i tråd med nye læreplanar. Innhaldet skal òg omsetjast til dei tre samiske språka.

I revidert nasjonalbudsjett for 2020 fremja regjeringa ei krisepakke på over 400 mill. kroner til sårbare barn og familiane deira. Fleire av tiltaka i pakka kan bidra til å førebyggje vald og overgrep. Det blei mellom anna løyvd 4 mill. kroner til Alarmtelefonen for barn og unge, 7 mill. kroner til samtaletilbodet Kors på halsen, som er eit tilbod frå Raudekrossen og 1,8 mill. kroner til Mental helse til Foreldresupport og informasjonsvideoer for framandspråklege foreldre. Vidare blei det løyva 10 mill. kroner til innsatsen mot overgrep mot barn over Internett og 150 mill. kroner til helsestasjonar, skulehelseteneste og avlastningstiltak for barn med store behov.

Krisepakka inneheld òg 170 mill. kroner til at skuleelevar får tatt igjen tapt progresjon som følgje av smittevernstiltak, 53 mill. kroner til ferie- og fritidsaktivitetar til utsette og sårbare barn og familiar, 4 mill. kroner til oppfølging av ungdom som gjennomfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, og 2 mill. kroner til aktivitetstilbod for barn i mottak.

Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald

Familieverntenesta kjem ofte i kontakt med familiar der éin eller fleire medlemmar utøver vald eller blir utsette for vald. I 2015 blei det oppretta eit eige miljø med spisskompetanse på arbeidet mot vald i nære relasjonar ved Enerhaugen familievernkontor i Oslo. Dei siste åra har familievernet registrert stadig fleire saker der vald har vore tema. Årsakene til dette er mellom anna at det har vore retta meir oppmerksemd mot arbeid med vald i tenesta, at kompetansen blant dei tilsette er blitt heva, og at ein har lagt betre til rette for å registrere valdssaker i fag- og journalsystemet til familievernet, FADO.

I 2019 var om lag 16 prosent av dei kliniske sakene i familieverntenesta registrerte som tilbod om behandling og oppfølging av familiar som har utfordringar med vald. Dette talet har auka samanlikna med tidlegare år. Familievernet registrerer òg om vald har vore eit tema i meklingssaker. Bufdir opplyser at det blei meldt om vald i saka i meir enn 2 000 av meklingane som blei avslutta i familievernet i 2019. Det utgjorde om lag 13 prosent av dei avslutta meklingane.

Arbeidet familievernet gjer mot vald, er styrkt dei siste åra med omsyn til både kapasitet og fagutvikling. Bufdir har gitt NOVA eit forskingsoppdrag som går ut på å følgje arbeidet mot vald i familievernet, og ein studie blei lansert våren 2020. Studien viser at familievernet kan bidra med oppfølging og hjelp til familiar der det er vald, og med klinisk behandling i dei tilfella der det er forsvarleg. Rapporten synleggjer korleis godt og systematisk valdsarbeid krev mykje av familievernet, og at det er naudsynt med eit tett samarbeid med resten av tenesteapparatet.

På bakgrunn av resultata skal Bufdir i 2021 vidareutvikle tilbodet til familiar som har utfordringar med vald. NOVA har fått i oppdrag av Bufdir å forske vidare på det valdsarbeidet familievernet gjer i ei mangfaldig befolkning.

Alternativ til Vold (ATV) er ein viktig samarbeidspartnar for familievernet. Det går føre seg eit utstrekt samarbeid mellom lokale ATV-kontor og familievernkontor om fagutvikling, rettleiing og einskildsaker. Metoden enkel og effektiv aggresjonskontroll, som er utvikla av ATV, har blitt tilpassa og implementert i familieverntenesta i 2019–2020. Bufdir vil i 2021 halde fram samarbeidet med ATV for å styrkje tilbodet til valdsutsette familiar.

RESAK – Nasjonalt samisk kompetansesenter

Familievernet, barnevernet og det kommunale krisesentertilbodet treng meir kompetanse om samisk språk og kultur. Det er behov for å gi rettleiing til tenestene, og for å utvikle kunnskapsbasert metodikk og verktøy tilpassa behova til samiske barn og familiar. Dette er oppgåver som Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) i dag langt på veg har åleineansvaret for. BFD føreslår å auke løyvingane i 2021 med 10 mill. kroner for å vidareutvikle RESAK til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod. Dette vil bidra til eit meir likeverdig tenestetilbod til samiske barn og familiar og til å styrkje tilliten til hjelpeapparatet i den samiske befolkninga. Sjå òg omtale under programkategori 11.20 og under kap. 840, post 21, kap. 840, post 70, kap. 842, post 01, kap. 854, post 21, og kap. 854, post 61.

Stiftinga Alternativ til Vold

Stiftinga Alternativ til Vold (ATV) får tilskot frå BFD til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit lågterskel-behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (familiemandat). Ved inngangen til 2020 var det 13 ATV-tilbod i Noreg. Til saman fekk 1 649 personar behandling i 2019. Dette er ein auke på 207 personar frå 2018. Til saman 193 barn kom til behandlings- og informasjonssamtalar i 2019, samanlikna med 171 barn i 2018. I alt 155 partnarar kom til slik samtale i 2019.

Figur 4.5 Personar i behandling i ATV, 2010–2019.

Figur 4.5 Personar i behandling i ATV, 2010–2019.

Kjelde: ATV.

Det statlege driftstilskotet til ATV blei auka med 6 mill. kroner i 2019. Denne auken blei i tråd med vilkåra for tildelinga nytta til å styrkje eksisterande ATV-kontor og til arbeidet med å etablere eit nytt ATV-tilbod i Finnmark, med samisk kompetanse.

Årsresultatet for 2019 viser at ATV har om lag 2,5 mill. kroner i ubrukte midlar. Desse midlane vil i 2020 bli nytta til etableringa av det nye kontoret i Finnmark.

Regjeringa auka driftstilskotet til ATV med ytterlegare 6 mill. kroner i 2020. Midlane skal bidra til styrking av eksisterande kontor og til etablering av nye ATV-tilbod. Det er eit mål at den geografiske spreiinga av tilbodet frå ATV skal bli betre. I 2020 opnar eit nytt ATV-kontor i Alta som vil ha utekontorfunksjonar, og eit nytt ATV-kontor i Trondheim. Arbeidet med å følgje opp eit familiemandat ved alle ATV-kontora er eit langsiktig utviklingsarbeid. ATV fekk i 2020 òg 1 mill. kroner til å spreie informasjon om og utvide bruken av kurset Bryt voldsarven, jf. tiltak i strategien for foreldrestøtte (2018–2021). Dette arbeidet blir ført vidare i 2021.

Regjeringa fører vidare driftstilskotet til ATV i 2021.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Frivillig sektor har ei viktig rolle i å førebyggje vald og seksuelle overgrep.

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep. Nokre tiltak mot tvangsekteskap får òg støtte.

Mange har søkt om tilskot, og i 2019 blei det gitt tilskot på i overkant av 18 mill. kroner gjennom ordninga. Dei organisasjonane som har fått driftstilskot gjennom ordninga er Incestsenteret i Vestfold for drift av Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), Krisesentersekretariatet, Raudekrossen sin informasjonstelefon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF).

Rapporteringane om tilskot til tiltak mot vald og overgrep syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådde. Mellom anna har tilskotsordninga i 2019 støtta aktivitetar mot bruk av vald i oppseding i minoritetsfamiliar, informasjonsarbeid om vald i samiske miljø og vald i religiøse miljø, kompetansehevingstiltak innanfor vald og seksuelle overgrep mot gutar og menn og førebyggingstiltak for ulike valdsformer.

Tilskotsordninga blei ført vidare i 2020 med om lag 20,4 mill. kroner. Frå 2020 har òg krisesenter kunna søkje om utviklingsmidlar for å styrkje tilbodet til særleg utsette grupper. Indre Østfold kommune, Krisesenteret i Midt-Troms, Ringerike kommune, Krisesenteret i Vestfold og Trondheim kommune fekk midlar til føremålet i 2020.

Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga i 2021.

Stine Sofie Senteret

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søskena deira. Senteret tilbyr seksdagars kursopphald for heile familien. I 2019 var det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret på om lag 31 mill. kroner. Tilskotet blei ført vidare i 2020 med om lag 32 mill. kroner.

Senteret har kapasitet til å tilby om lag 500 barn eit kursopphald per år. I 2019 gav dei tilbodet til 508 barn – mot 413 barn i 2018. Resultat frå interne evalueringar viser at familiar som har fått tilbodet, erfarer at det har hjelpt dei. Regjeringa vil i 2021 føre vidare tilskotet til Stine Sofie Senteret.

Krisesentera

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. I 2019 var det 45 krisesentertilbod, inkludert eit eige krisesenter for menn.

I 2019 budde 1 800 vaksne på krisesentera. Av dei var 147 menn. I tillegg budde det 1 450 barn på sentera. 63 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Talet på dagsbesøk aukar, og var på 12 454 i 2019, medan talet på bebuarar og dagbrukarar (2 637) er stabilt. Sjå figur 4.6 for utvikling over tid. I samband med utbrotet av covid-19 blei krisesentera rekna som ein samfunnskritisk funksjon. Under utbrotet er det meldt om noko mindre pågang.

Figur 4.6 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2019.

Figur 4.6 Bebuarar, dagbrukarar og dagsbesøk på krisesenter 2005–2019.

Kjelde: Sentio Research.

Eit utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette har halde fram sidan 2016. Målet er å sikre eit likeverdig tilbod til valdsutsette som har utfordringar på grunn av rus, psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjing. I 2019 inngjekk Bufdir ein avtale med Karasjok kommune med mål om å finne løysingar for å rette opp att og styrkje krise- og incestsentertilbodet i indre Finnmark. Vidareutviklinga av RESAK til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for familievern, barnevern og krisesentertilbod vil òg bidra til å styrkje tilbodet for valdsutsette med samisk bakgrunn. Bufdir har òg inngått eit samarbeid med Bergen kommune, som har vedteke å opprette eit eige krisesentertilbod til valdsutsette i aktiv rus. Oslo kommune har styrkt krisesentertilbodet til valdsutsette med rusproblem og psykiske lidingar gjennom samarbeid mellom Oslo krisesenter og Thereses Hus og med DPS.

Erfaringar baserte på utviklingsprosjekta inngår i rettleiinga for innhaldet og kvaliteten i krisesentertilbodet som blei lansert i juni 2018. Fylkesmennene fekk i 2019 i oppdrag å gjere rettleiinga kjend for kommunane og krisesentera. Frå og med 2020 er utviklingsprosjektet lagt inn i ei tilskotsordning. Sjå omtalen av tilskot til tiltak mot vald og overgrep ovanfor.

Rapporten Kommunenes krisesentertilbud – en kunnskapsoversikt, skriven av Nordlandsforskning og Likestillingssenteret KUN på oppdrag frå Bufdir, konkluderer med ei positiv utvikling, med større systematikk i arbeidet, betre planlegging for reetableringsfasen, meir utoverretta arbeid og meir formalisert samarbeid med andre tenester. Likevel er det utfordringar ved tilboda. Det er mellom anna framleis manglar ved tilbodet til brukarar med psykiske lidingar, dei som er i aktiv rus, og dei med funksjonsnedsetjing. Tilbodet til menn, og til menn som har med seg barn, er for svakt mange stader. Tilbodet til barn er blitt betre, men barns rett til skulegang blir ikkje godt nok sikra. Ein er bekymra for sentera med små ressursar, særleg i nord, og for tilbodet til den samiske befolkninga. Vidare er det ei utfordring å få til ei god forankring av lova i kommunane og ei tenleg ansvarsfordeling i reetableringsfasen.

Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig gjorde i 2019 ei vurdering av måten krisesentera handterer personvernopplysingar på. Vurderinga tok høgd for den nye personopplysingslova, som gjennomfører personvernforordninga (GDPR).

Regjeringa vil følgje opp rapportane som er omtala ovanfor ved å greie ut lovendringar og vurdere tiltak for å auke kvaliteten på tilbodet.

Bufdir har i 2020 fått i oppdrag å starte opp forsking på krisesentertilbodet. Det er lyst ut eit prosjekt der ein særleg ber om kunnskap om korleis kommunane handterer det ansvaret dei har etter krisesenterlova, kva slags oppfølging valdsutsette får i etterkant av eit krisesenteropphald, og kva for erfaringar brukarane, både vaksne og barn, har med tilbodet.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar, sjå Regelverk for statlig tilskudd til sentre mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentre mot voldtekt på Bufdir.no. Det er til saman 23 incestsenter, og alle fylka har eit slikt tilbod i dag. Det er òg eit senter mot valdtekt.

Talet på brukarar av sentera har auka fram til 2018. I 2019 var det 2 870 personar som brukte sentera, 18 færre enn i 2018. Av desse var 78 prosent utsette for seksuelle overgrep, 18 prosent var pårørande, medan 4 prosent var både utsette for overgrep sjølve og pårørande til nokon som var utsette. 10 prosent av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn. Sjå figur 4.7 for utvikling over tid.

Figur 4.7 Brukarar av støttesentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2019.

Figur 4.7 Brukarar av støttesentera mot incest og seksuelle overgrep 2009–2019.

Kjelde: Sentio Research.

Bufdir starta i 2019 opp arbeidet med tilrådingar når det gjeld kvaliteten og innhaldet i tilbodet ved sentera mot incest og seksuelle overgrep, medrekna tilbodet til barn. I samarbeid med Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), paraplyorganisasjonen for sentera mot incest og seksuelle overgrep, har direktoratet i 2020 utarbeidd ei fagleg plattform for tilbodet ved sentera. Arbeidet med å utvikle plattforma vidare held fram i 2021.

Utvikling i fødselstala

Utviklinga i talet på barnefødslar er ein av fleire faktorar som vil ha innverknad på den økonomiske utviklinga i Noreg. Sjølv om ein historisk sett har hatt stor økonomisk vekst i periodar med fallande fødselstal, er det viktig å følgje med på utviklinga og mellom anna skaffe seg innsikt i om nedgangen i fødselstala dei siste åra berre utgjer ei utfordring for å oppretthalde eit berekraftig velferdssamfunn over tid.

Figur 4.8 Fødselstal i perioden 1968–2019.

Figur 4.8 Fødselstal i perioden 1968–2019.

Kjelde: SSB.

Som det går fram av figur 4.8, har fruktbarheita gått ned sidan 2009. Då var det samla fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne. I 2019 blei det født 54 500 barn i Noreg, 600 færre enn i 2018. Det samla periodefruktbarheitstalet på 1,53 barn per kvinne inneber at vi for tredje året på rad registrerer rekordlåg fruktbarheit i Noreg. Fyrstegongsfødande i Noreg blir stadig eldre, og stadig færre får fleire enn to barn.

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar; ein kan sjå på samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Den samla fruktbarheita viser fruktbarheitstalet per kalenderår. Kohortfruktbarheita viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid, ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn. Kvinner som fylte 45 år i 2019, har i gjennomsnitt fått 1,96 born. Kohortfruktbarheita har vist ein nedgang over fleire år, men endringa har ikkje vore stor frå år til år.

Trendane for fruktbarheita til menn har tilsvarande mønster som fruktbarheita til kvinner, med aukande alder for fyrstegongsfedrar og nedgang i fruktbarheita. Omtrent ein fjerdedel av alle menn i Noreg går barnlause gjennom livet. Delen barnlause menn på 45 år har auka frå 14 prosent i 1985 til 24 prosent i 2018.8

Folkehelseinstituttet (FHI) har i samarbeid med Institutt for samfunnsforskning (ISF) og Statistisk sentralbyrå (SSB) greidd ut årsaker til og konsekvensar av nedgangen i fødselstala. I rapporten om utgreiinga blir det mellom peika på at det er ganske sannsynleg at fallet i fruktbarheit i Noreg er drive fram av anna enn reint økonomiske forhold. At fall i fruktbarheita er ein trend i fleire land med forskjellig økonomisk utvikling, støttar opp under teorien om at utviklinga kan vere driven av andre faktorar. Det er sannsynleg at endringar i normer og verdiar og endringar i samlivs-, utdannings- og yrkesmønster påverkar utviklinga i tillegg.

Adopsjon

Eit viktig prinsipp i Haagkonvensjonen av 29. mai 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar er at adopsjon til utlandet berre kan skje dersom ein ikkje har greidd å finne ein familie i heimlandet til barnet. Adopsjonar over landegrensene skal skje til beste for barnet, med respekt for dei grunnleggjande rettane til barnet, og skal sikre at bortføring av og handel med barn ikkje skjer. Bufdir er sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen. Hovudføremålet med adopsjon til Noreg er å sikre at barn som ikkje blir tekne hand om av dei opphavelege foreldra sine, får ein god og varig heim i ein ny familie. Adopsjon skal vere til beste for barnet og skal gjennomførast med rettstryggleik.

Bufdir gav i 2019 driftsløyve for 7 år til alle dei tre adopsjonsorganisasjonane Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens barn. Det har vore ein nedgang i mengda utanlandsadopsjonar – frå 127 saker i 2017 til 91 saker i 2019. Bufetat handsama 143 søknader om førehandssamtykke til adopsjonar frå utlandet og 303 søknader om stebarnadopsjonar i 2019. Stebarnadopsjon er den største gruppa innanlandsadopsjonar.

Ved nasjonale spedbarnsadopsjonar gir det fagleg rådgivande utvalet for adopsjonssaker tilråding om val av adoptivforeldre før Bufdir handsamar saka. Utvalet handsama 9 saker om nasjonal spedbarnsadopsjon i 2019.

Det er ønskjeleg å redusere sakshandsamingstida i adopsjonssaker. Bufdir og Bufetat har arbeidd med dette i 2019. Frå 2018 til 2019 har den gjennomsnittlege totale handsamingstida ved utanlandsadopsjonar i Bufetat gått ned med nesten 3 månader – frå 24,5 til 21,6 månader. Dette er tida som går frå Bufetat har fått søknaden, til ei avgjerd er teken. Denne handsamingstida gjeld for alle typar søknader om førehandssamtykke ved utanlandsadopsjon, både dei som krev utgreiing, og dei utan utgreiing, dei som endar med avslag, og dei som blir avviste. Ved innanlandsadopsjon har handsamingstida gått ned med 2 månader frå 2018. I snitt tok handsaminga 18 månader i 2019. Arbeidet med å få ned handsamingstida held fram i 2021. Tiltak er auka opplæring og fleire tilsette som greier ut adopsjonssøkjarar.

I Prop. 1 S (2019–2020) blei det sett av midlar for Bufdir til å utarbeide digital informasjon om vanlege utfordringar som adopterte og adoptivfamiliar kan møte gjennom livet. Mellom anna på grunn av covid-19-pandemien har ikkje direktoratet følgt opp tiltaket. Folkehelseinstituttet gjer ei kartlegging av behova for oppfølging av adoptivbarn og familiane deira. Departementet vil i 2021 vurdere korleis dette bør følgjast opp, på bakgrunn av funna FHI har gjort i kartlegginga, og tilrådingane frå instituttet. Sjå omtale av oppmodingsvedtaka nr. 790 av 7. juni 2017 og nr. 744 av 31. mai 2016 i del I.

Departementet har i 2020 løyvd støtte til ei koordinatorstilling i éin av adopsjonsorganisasjonane. Bufdir har vedteke at stillinga skal leggjast til InorAdopt. Hovudoppgåva til koordinatoren er å fungere som eit lågterskeltilbod for alle adopterte og familiar som har adoptert, og å ha god oversikt over aktuelle instansar som finst for å kunne gi god rettleiing til dei som tek kontakt. Koordinatoren skal òg rettleie adoptivfamiliar og adopterte, mellom anna der adopterte søkjer hjelp til å finne den opphavelege familien sin. Departementet vil halde fram med å finansiere koordinatorstillinga i 2021.

Noreg har tre organisasjonar som formidlar utanlandsadopsjonar til Noreg: Adopsjonsforum, Verdens Barn og InorAdopt. Reiserestriksjonane som blei innførte våren 2020 på grunn av covid-19, innebar at dei tre adopsjonsorganisasjonane opplevde ein vesentleg inntektssvikt. Regjeringa har på denne bakgrunnen fremja forslag for Stortinget om å auke tilskotet til organisasjonane i 2020.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

840

Tiltak mot vald og overgrep

238 128

262 324

271 396

3,5

841

Samliv og konfliktløysing

34 805

53 408

55 555

4,0

842

Familievern

613 699

605 008

612 500

1,2

843

Adopsjonsstønad

8 712

11 000

9 200

-16,4

844

Kontantstøtte

1 611 337

1 560 000

1 510 000

-3,2

845

Barnetrygd

15 756 523

16 459 000

17 358 000

5,5

846

Familie- og oppveksttiltak

687 763

754 786

982 043

30,1

847

EUs ungdomsprogram

8 715

8 597

10 605

23,4

848

Barneombodet

22 280

22 364

22 377

0,1

Sum kategori 11.10

18 981 962

19 736 487

20 831 677

5,5

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3842

Familievern

498

760

784

3,2

3847

EUs ungdomsprogram

2 324

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.10

2 917

3 124

3 148

0,8

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Drift

478 096

506 015

533 670

5,5

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 718

8 073

12 527

55,2

60–69

Overføringar til kommunar

376 027

615 463

767 893

24,8

70–98

Overføringar til private

18 125 121

18 606 936

19 517 587

4,9

Sum kategori 11.10

18 981 962

19 736 487

20 831 677

5,5

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

13 222

23 683

24 719

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

97 375

101 762

104 917

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

96 441

104 954

108 813

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

31 090

31 925

32 947

Sum kap. 0840

238 128

262 324

271 396

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 2,25 mill. kroner til å dekkje delar av etableringa av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod, jf. omtale under overskrifta RESAK – Nasjonalt samisk kompetansesenter ovanfor. Den samla auken i løyvinga til RESAK er på 10 mill. kroner fordelte på ulike postar.

Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 288, post 74, til kontingenten til Erasmus+, jf. omtale under kap. 841, post 22, og kap. 846, post 62.

Departementet føreslår ei løyving på 24,7 mill. kroner i 2021.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 23 incestsenter og 1 valdtektssenter. Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit godt tilgjengeleg tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2021. Departementet føreslår ei løyving på 104,9 mill. kroner i 2021.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor. Løyvinga har vidare dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Det er gjort nærare greie for desse aktivitetane under Resultatrapport og strategiar.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, Mental Helse sin telefon- og chatteteneste for foreldre, ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2021. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet på posten finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Midlane på posten dekkjer òg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan nyttast under kap. 858, post 01».

BFD føreslår å auke posten med 0,5 mill. kroner til å dekkje delar av etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod, jf. omtale under overskrifta RESAK – Nasjonalt samisk kompetansesenter ovanfor.

Departementet føreslår ei løyving på 108,8 mill. kroner i 2021.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018).

Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 33 mill. kroner i 2021.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

12 526

11 623

11 995

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

7 145

11 989

9 811

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 042

5 160

5 325

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01

10 092

24 636

28 424

Sum kap. 0841

34 805

53 408

55 555

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 12 mill. kroner i 2021.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira på å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. Føremålet er å sikre god praksis og samhandling i sakene. Midlane skal nyttast til kompetanseheving knytt til samarbeid mellom familieverntenesta og domstolane, samvær med tilsyn og bruk av sakkunnige i barnelovsaker.

BFD føreslår å redusere posten med 2,2 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak, mellom anna deltaking i Erasmus+ på Kunnskapsdepartementets budsjett. Sjå òg omtale under kap. 840, post 21, og kap. 846, post 62.

Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

Departementet føreslår ei løyving på 9,8 mill. kroner i 2021.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Departementet føreslår ei løyving på 5,3 mill. kroner i 2021.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01, og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer to tilskotsordningar: Tilskot til samlivskurs for fyrstegongsforeldre og Tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak.

Det overordna målet med tilskotsordninga til samlivskurs for fyrstegongsforeldre er å støtte opp om samlivet blant fyrstegongsforeldre. Midlane skal nyttast til å styrkje samlivsforhold og gi inspirasjon, støtte og rettleiing i ein periode med store forandringar og utfordringar. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2019–2020) for Barne- og familiedepartementet.

Det overordna målet med tilskotsordninga til lokale samlivskurs og utviklingstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv. Ein utfyllande omtale av tilskotet står i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner til tilskotsordninga til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Sjå òg omtale under kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei samla løyving på 28,4 mill. kroner i 2021.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

365 328

353 905

359 875

21

Spesielle driftsutgifter

31 279

31 902

28 058

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

217 092

219 201

224 567

Sum kap. 0842

613 699

605 008

612 500

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta. Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner til å dekkje delar av etableringa av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod, jf. omtale under overskrifta RESAK – Nasjonalt samisk kompetansesenter ovanfor.

Vidare føreslår BFD å auke løyvinga med 1,6 mill. kroner. Midlane skal gå til terapeutar i familievernet til gjennomføring av nettbaserte samlivskurs for fyrstegongsforeldre som blei etablert i 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 359,9 mill. kroner i 2021.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta. BFD føreslår å redusere posten med 4 mill. kroner mot tilsvarande styrking på kap. 846, post 50, for å sikre korrekt postbruk. Midlane går til forsking om effekt av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Departementet føreslår å redusere posten med 0,7 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 1700, post 73, under Forsvarsdepartementet. Midlane skal gå til eit forskingsprosjekt om veteranar og deira familiar i regi av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Departementet føreslår ei løyving på 28 mill. kroner i 2021.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

Departementet føreslår ei løyving på 224,6 mill. kroner i 2021.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

498

760

784

Sum kap. 3842

498

760

784

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,8 mill. kroner i 2021. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

8 712

11 000

9 200

Sum kap. 0843

8 712

11 000

9 200

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 131 søknader i 2017, 108 i 2018 og 91 søknader om adopsjonsstønad i 2019. Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2020. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2021 og gjeld for heile kalenderåret.

På grunn av reiserestriksjonar i samanheng med utbrotet av covid-19 er reiser for å hente adoptivbarn blitt utsette. Det er derfor knytt usikkerheit om anslaget for tal på adoptivbarn som kjem til Noreg i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 9,2 mill. kroner i 2021.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot, overslagsløyving

1 611 337

1 560 000

1 510 000

Sum kap. 0844

1 611 337

1 560 000

1 510 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 1 og 2 år som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BFD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i styringsdialogen blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærare omtale av forvaltinga til arbeids- og velferdsetaten på ansvarsområdet til BFD under Resultatrapport og strategiar.

Budsjettforslaget byggjer på dei gjeldande stønadssatsane og reglane og på prognosar for det forventa talet på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB og forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Frå 1. august 2017 auka satsane for kontantstøtte frå 6 000 kroner per månad til 7 500 kroner per månad, og sidan dette har kontantstøttesatsen vore uendra. Frå 1. august 2018 blei det på nytt mogleg å få 20, 40, 60 og 80 prosent gradert kontantstøtte dersom barnet går deltid i barnehage. Det inneber at det blir gitt 80 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er til og med 8 timar, 60 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 9 til og med 16 timar, 40 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 17 til og med 24 timar, og 20 prosent kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er frå 25 til og med 32 timar. Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2021 står i tabell 4.1.

Departementet føreslår ei løyving på 1 510 mill. kroner i 2021.

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot, overslagsløyving

15 756 523

16 459 000

17 358 000

Sum kap. 0845

15 756 523

16 459 000

17 358 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåinga for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova. Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

BFD føreslår å løyve 413 mill. kroner til å auke barnetrygda med 300 kroner i månaden for barn opp til fylte 6 år frå 1. september 2021. Auken utgjer 3 600 kroner i året. Heilårseffekten i 2022 er talfesta til 1,1 mrd. kroner. BFD føreslår å føre vidare satsane for barn frå 6 år og til og med månaden før dei fyller 18 år. Det same gjeld satsane for utvida stønad og småbarnstillegg. Forslaget til satsar for 2021 står i tabell 4.3, 4.4, 4.5 og 4.6.

Budsjettforslaget byggjer på den nye stønadssatsen for barn under 6 år og nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 17 358 mill. kroner i 2021.

Tabell 4.3 Forslag til satsar for barnetrygd for barn under 6 år frå 1. januar 2021 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 354

16 248

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.4 Forslag til satsar for barnetrygd for barn under 6 år frå 1. september 2021 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 654

19 848

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.5 Forslag til satsar for barnetrygd for barn frå fylte 6 år til og med månaden før fylte 18 år for 2021 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.6 Forslag til satsar for utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Utvida barnetrygd

1 054

12 648

Tabell 4.7 Talet på stønadsmottakarar i 2019. Prognosar for 2020 og 2021

Gjennomsnitt 2019

Gjennomsnitt 20201

Gjennomsnitt 2021

Barn med barnetrygd

1 119 782

1 108 541

1 101 089

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.8 Talet på stønadsmottakarar i 2019. Prognosar for 2020 og 2021

Gjennomsnitt 2019

Gjennomsnitt 20201

Gjennomsnitt 2021

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

301 601

298 945

297 226

– to barn

268 514

266 149

264 619

– tre barn

80 617

79 907

79 447

– fire barn

12 376

12 267

12 196

– fem eller fleire barn

3 241

3 212

3 194

Sum stønadsmottakarar

666 349

660 480

656 682

Stønadsmottakarar med utvida stønad

118 532

116 234

113 981

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

1 752

1 495

1 275

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekninga av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2018 og 2019. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

12 559

36 792

60 904

50

Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

2 718

8 073

12 527

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

41 119

42 890

44 220

61

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

104 622

358 969

506 597

62

Utvikling i kommunane

132 911

111 842

112 159

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

156 098

163 088

166 243

71

Utviklings- og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

226 591

21 393

67 278

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

11 145

11 739

12 115

Sum kap. 0846

687 763

754 786

982 043

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg nytta til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet. BFDs del av forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor er finansiert over posten. Ein legg opp til å føre vidare finansieringa av dette programmet i 2021. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

BFD føreslår å auke posten med 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet. Auken er knytt til satsinga på Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, jf. omtale under kap. 846, post 61, og kap. 858, post 01.

BFD føreslår òg å løyve 3 mill. kroner til å utvide eit pilotprosjekt med foreldrestøtte til foreldre med tenåringar. Ein del av midlane vil bli delte ut til kommunar som deltek i pilotprosjektet, sjå stikkordet «kan nyttast under post 62».

Vidare føreslår regjeringa å auke posten med 20 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjektet med nasjonal fritidskortordning, jf. omtale under kap. 846, post 61. Den samla auken i løyvinga til fritidskortet er på 120 mill. kroner fordelte på postane. Midlane på denne posten skal mellom anna gå til vidare arbeid med tekniske løysingar, oppfølging av kommunane og følgjeevaluering.

Departementet føreslår ei løyving på 60,9 mill. kroner i 2021.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane på posten skal nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon (VAM II) i Noregs forskingsråd. VAM II er eit langsiktig program som skal gi ny kunnskap om sentrale samfunnsutfordringar.

BFD avsluttar i 2020 eit strategiarbeid om utsette barn og unge, BarnUnge21, der Forskingsrådet er sekretariat. BFD føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 846, post 50, med 0,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 55, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for BFD.

Vidare føreslår BFD å auke posten med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 842, post 21, jf. omtale under denne posten. Midlane skal gå til forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Departementet føreslår ei løyving på 12,5 mill. kroner i 2021.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Løyvinga på posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Føremålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik. Ordninga skal bidra til å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år frå utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Departementet føreslår å justere nemninga på målgruppa for ordninga til «barn og ungdom i alderen 10–20 år frå utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø». Slik nemninga på målgruppa opphaveleg var formulert, kunne ho lesast som ei oppramsing av ulike grupper: «barn og ungdom i alderen 10–20 år, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø».

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar. Arbeid og innsats som fremjar integrering, har derfor høg prioritet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 44,2 mill. kroner i 2021.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, tidlegare Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av låg inntekt blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å leggje betre til rette for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra. Målgruppa for ordninga er barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem. Tiltaka skal vere opne, verke inkluderande og ha låge eller ingen kostnader for dei som er med. Ordninga er retta mot alle kommunane i landet, frivillige organisasjonar og private aktørar.

Ein meir utfyllande omtale av tilskotet står i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Regelverket for ordninga er frå 2020 endra i tråd med ein fleirtalsmerknad i Stortingets Innst. 14 S (2019–2020):

«Flertallet viser til det gode arbeidet som skjer rundt om i landet som en følge av bevilgninger fra Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge, som i dag forvaltes av Bufdir. Skal man nå Fritidserklæringens mål, krever det godt samarbeid på tvers av organisasjoner og sektorer både lokalt og nasjonalt. Flertallet mener det er hensiktsmessig å åpne for at tilskuddsordningen òg kan gi implementeringsstøtte slik at tilskuddsmidlene kan utnyttes bedre og nå flere i målgruppen. Flertallet viser til at en støtte til implementering av tiltak innenfor rammene av Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn og unge kan være hensiktsmessig for å få bedre effekt av tiltakene. Flertallet ber derfor om en endring av tilskuddsordningens regelverk slik at det også kan gis tilskudd til implementeringsstøtte.»

BFD føreslår i 2021 å auke løyvinga på posten med 36,5 mill. kroner til ei styrking av tilskotsordninga, jf. omtale under kap. 846, post 21, og kap. 858, post 01. Samla er auken i løyvinga på 38,5 mill. kroner, fordelte på dei to postane. Av desse vil 2 mill. kroner gå til administrasjon av ordninga i Bufdir. Midlane skal gi fleire fritidstilbod for barn og unge i låginntektsfamiliar. For å lukkast med å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar i sosiale aktivitetar må stat og kommune koordinere og målrette innsatsen sin i samarbeid med frivillig sektor, næringsliv og andre aktuelle aktørar. BFD føreslår derfor å endre regelverket for ordninga slik at kommunar kan tildelast midlar til koordinering og målretting av innsatsen for barn i låginntektsfamiliar, og at det blir opna for å gi stimuleringsmidlar til etablering av nye partnarskap med frivillige organisasjonar, sosiale entreprenørar og lokalt næringsliv. Bufdir vil gi meir detaljerte retningslinjer for ordninga i eit eige rundskriv.

Departementet føreslår vidare å auke løyvinga på posten med 100 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjektet med nasjonal fritidskortordning, jf. omtale under kap. 846, post 21. Den samla auken i løyvinga til fritidskortet er på 120 mill. kroner fordelte på dei to postane. Det vil bli lagt vekt på at kommunane som deltek, har ulikt innbyggjartal, ligg i ulike landsdelar, har ulike delar barn som lever i vedvarande låginntekt, har ulik erfaring med slike ordningar og har ulik erfaring med å samarbeide med frivillig sektor. Ved utvidinga av prøveprosjektet i 2021 legg ein opp til å bruke søknadene frå då prøveprosjektet blei utlyst i år.

I tillegg har løyvinga på posten vore nytta til tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Raudekross-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI, Ferie for alle, ferietiltak i regi av DNT og organisasjonen MOT i 2021. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Departementet føreslår ei løyving på 506,6 mill. kroner i 2021.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare modellkommuneforsøket). Alle dei tre ordningane er retta mot alle kommunane i landet.

Departementet føreslår nokre endringar i regelverket for tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Departementet føreslår å utvide aldersgrensa for målgruppa slik at denne no er frå 11 til 24 år. Ei nedre aldersgrense på 11 år sikrar at målgruppa femner alle barn i siste år på barneskulen, og kan på den måten bidra til å betre sikre overgangen mellom barne- og ungdomsskulen. I tillegg er det spesifisert at målgruppa for ordninga er ungdom som står i fare for å hamne utanfor skule og opplæring. Dette gir desse overordna rammene for tilskotsordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, trivselen og meistringa og gjennom dette bidra til betre skuleprestasjonar og auka gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Måloppnåinga til eit tiltak blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Målgruppa for ordninga er ungdom i alderen 11–24 år som står utanfor eller står i fare for å hamne utanfor skule og opplæring.

Innsatsen skal særleg rettast mot ungdom som treng ekstra støtte for å få ei betre tilknyting til skule, opplæring eller annan eigna aktivitet. Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Søkjarar kan få fleirårige tilskot frå ordninga, med atterhald om budsjettvedtaket i Stortinget.

Kriteria for tildeling er nærare omtalte i eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved at dei blir medvitne om kva behov barna har, og får hjelp til å møte desse behova på ein god måte. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. For å stimulere fleire kommunar til å søkje støtte til tiltak som blir gjennomførte i samarbeid med frivillig sektor, føreslår departementet å opne for breiare foreldrestøttande tiltak, som opne møteplassar og avlastningstiltak og at søknader som involverer frivilligheita kan prioriterast.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn har som føremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet, og i Prop. 1 S (2019–2020) for Barne- og familiedepartementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 288, post 74, til Erasmus+, jf. omtale under kap. 840, post 21, og kap. 841, post 22. Midlane skal nyttast til å dekkje delar av utgiftene til den norske deltakinga i den nye programperioden av Erasmus+.

Vidare er det sett av 0,25 mill. kroner til prisen Årets ungdomskommune i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 112,2 mill. kroner i 2021.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar. Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulerte i ei forskrift som er fastsett av BFD. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Grunna covid-19 blir aktiviteten i organisasjonane i 2020 ikkje som i eit normalår. Departementet legg derfor opp til at tilskotet i 2022 blir tildelt med 2019 som grunnlagsår for fordelinga, i staden for 2020. Departementet legg óg opp til at Fordelingsutvalet får høve til å gi etableringstilskot for eit fjerde år.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid.

Departementet føreslår ei løyving på 166,2 mill. kroner i 2021.

Post 71 Utviklings- og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Det er i 2020 gitt øyremerkte tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors og Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS). Departementet føreslår at det òg blir gitt øyremerkte tilskot til desse organisasjonane i 2021. Tilskota må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Posten dekkjer òg utgifter til utprøvinga av programmet Familie for første gang / Nurse Family Partnership (NFP). Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadene til sjukepleiarar som deltek i programmet. Bufdir er i dialog med kommunane i programmet, Oslo, Stavanger, Sandnes og Time, om overføring av arbeidsgivaransvar for sjukepleiarane. Ved slik overføring vil kommunane få tilskot frå posten. Dette vil òg gjelde kommunar som blir omfatta av utvidinga av programmet omtalt under.

BFD føreslår å auke posten med 45,3 mill. kroner til utviding av Familie for første gang. Midlane skal brukast til å utvide programmet, styrkje det nasjonale fagkontoret og starte arbeidet med ein effektstudie på NFP i Noreg.

Departementet føreslår ei løyving på 67,3 mill. kroner i 2021.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, einskildpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt, jf. omtale av tilskotsordningane på posten i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Grunna av covid-19 blir aktiviteten i organisasjonane i 2020 ikkje som i eit normalår. Departementet legg derfor opp til at tilskotet i 2022 blir tildelt med gjennomsnittet av grunnlagsåra 2017 til 2019, i staden for 2020.

Posten dekkjer vidare det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). I tillegg dekkjer posten tilskot til det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme – Youth Can – gjennom prosjekttilskot til Institute for Strategic Dialogue.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda. Dette gjeld særleg samarbeidet innanfor rammene av den norske deltakinga i Barentsrådet, mellom anna tilskot til fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Barentssekretariatet i Kirkenes får tilskot for å fremje ungdomssamarbeid i Barentsregionen.

Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til internasjonalt arbeid. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid. Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet.

Departementet føreslår ei løyving på 12,1 mill. kroner i 2021.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 715

8 597

10 605

Sum kap. 0847

8 715

8 597

10 605

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Løyvinga må sjåast i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+. BFD føreslår å styrkje posten med 2 mill. kroner i samband med den norske deltakinga i den nye programperioden for Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 10,6 mill. kroner i 2021.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Tilskot frå Europakommisjonen

2 324

2 364

2 364

Sum kap. 3847

2 324

2 364

2 364

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner i 2021.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

22 280

22 364

22 377

Sum kap. 0848

22 280

22 364

22 377

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga av oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovene som skal verne om interessene til barna, blir følgde, og at norsk rett samsvarer med pliktene Noreg har etter FN-konvensjonen om barnerettane. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barna i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barna.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Barneombodet har fire satsingsområde som skal prioriterast i perioden 2019–2021:

  1. å førebyggje utanforskap blant barn og unge

  2. å tilby best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge

  3. å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet

  4. å sørgje for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

I tillegg til dei fire satsingsområda for perioden følgjer Barneombodet andre viktige prosessar tett. Det gjeld spesielt arbeidet med vald mot barn, eit trygt skulemiljø og implementering av barnekonvensjonen.

Barneombodet arrangerte i mars 2019 ein konferanse om problemstillingar knytte til ungdomsstraff og barn som er i konflikt med lova. Bakgrunnen for dette var eit ønske om å bidra til meir kunnskap om fagområdet, både for politikarar og for dei som arbeider med fagområdet.

I 2019 har Barneombodet sett i gang eit prosjekt om retten barn har til best mogleg psykisk helsehjelp, der ombodet spesielt ser på behandlingstilbodet barn og unge får i spesialisthelsetenesta. Barneombodet har hatt samtalar med både behandlarar, barn og foreldre. Rapporten frå prosjektet kjem hausten 2020.

Barn i barnevernsinstitusjonar har vore eit større prosjekt hos Barneombodet i 2019. Ombodet undersøkte om barn i barnevernsinstitusjonar får den omsorga og behandlinga som dei har krav på etter barnevernlova. Rapporten «De tror vi er shitkids» blei lansert i januar 2020 og inneheldt mange tilrådingar til styresmaktene. Barneombodet følgjer opp tilrådingane vidare.

I 2019 sette Barneombodet ned ei ekspertgruppe med ungdommar for å få råd om kva som er viktig i arbeidet med ein trygg digital kvardag for barn og unge. Ekspertgruppa gav ut ein eigen rapport med tilrådingar for ein tryggare digital kvardag. Barneombodet tok òg råda frå ekspertgruppa med inn i internasjonale prosessar om den digitale kvardagen til barn, mellom anna i utarbeidinga av ein ny generell kommentar frå barnekomiteen i FN og arbeidet i det europeiske nettverket for barneombod, European Network of Ombudspersons for Children (ENOC).

Barneombodet tok i 2019 initiativ til ei slik samordning av arbeidet for ein tryggare digital kvardag ved å invitere til eit høgnivåmøte. Alle inviterte forplikta seg til å signere ei felleserklæring og to eigne tiltak for å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Høgnivåmøtet blei halde i februar 2020, og 35 aktørar forplikta seg til dette arbeidet. Ombodet planlegg eit nytt møte i 2021 for å følgje opp arbeidet.

I 2019 arbeidde Barneombodet for å halde på retten til spesialundervising og setje i gang modellforsøk i utvalde kommunar for å få eit betre tilpassa spesialpedagogisk tilbod.

Strategiar og tiltak for 2021

I 2021 vil Barneombodet særleg arbeide med ny barnevernslov, tverrfaglege tilbod for barn, barn i barne- og ungdomspsykiatrien og kommunale psykisk helsetenester for barn og ulike prosessar for å sikre ein tryggare digital kvardag for barn.

Barneombodet har fire arbeidsmetodar:

  • overvaking for å samle og arbeide med kunnskap. Kontoret lagar på bakgrunn av dette rapportar og annan skriftleg dokumentasjon til bruk overfor politiske styresmakter og samfunnet elles;

  • påverknad for å gi informasjon om kva Barneombodet meiner i faglege spørsmål;

  • opplæring for å bidra til at offentlege styresmakter får naudsynt kunnskap om barnekonvensjonen;

  • rettleiing for å bidra til at privatpersonar, fortrinnsvis barn og unge, skal få informasjon om rettane sine.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet. Departementet føreslår ei løyving på 22,4 mill. kroner i 2021.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudinnhald og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnet sin rett til vern og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å ta vare på og støtte opp om barn og foreldre sin rett til familieliv med kvarandre.

Barnevernet er både ei kommunal og ei statleg teneste. Den kommunale barnevernstenesta har ansvar for oppfølginga av barn og familiar. Det statlege barnevernet, ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), skal yte bistand til kommunar dersom det blir behov for å plassere barn utanfor heimen, og har ansvar for etablering og drift av barnevernsinstitusjonar. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar som det Bufetat har elles i landet. Barnevernstenestene gir i hovudsak hjelpetiltak til barn og familiar som ønskjer det, men kan òg fremje saker om pålagde hjelpetiltak og andre tvangstiltak. Det er fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som gjer vedtak om tvang etter barnevernlova.

Barnevernstenestene tek kvart år imot i underkant av 60 000 bekymringsmeldingar. Rundt ein tredjedel av desse fører til tiltak frå barnevernstenesta. I løpet av 2019 fekk om lag 55 000 barn og familiar hjelp og støtte frå barnevernet. Det er ein reduksjon på om lag 1 000 frå 2018. Av desse får fleirtalet hjelpetiltak. Av barna som fekk tiltak ved utgangen av 2019, var det 72 prosent som fekk hjelpetiltak.

Tvangstiltaka barnevernet har ansvar for, er underlagt strenge rettstryggleiksgarantiar som følgjer av barnevernlova. Når det blir gjort vedtak om omsorgsovertaking fordi dette er til beste for barnet, er utgangspunktet at barnet seinare skal kunne flytte tilbake til foreldra sine, slik at retten til familieliv er tatt i vare. Det har vore ein jamn nedgang i talet på omsorgsovertakingar dei siste åra. I 2019 gjorde fylkesnemndene vedtak om at barnevernet skulle overta omsorga for om lag 900 barn, mot rundt 990 i 2018. Talet på akuttvedtak har òg gått ned. Fylkesnemndene handsama om lag 1 150 akuttvedtak etter barnevernlova i 2019, om lag 100 færre enn i 2018.

Til kvar tid bur om lag 15 000 barn og unge utanfor heimen medan dei får hjelp frå barnevernet. I underkant av 6 000 av desse bur utanfor heimen som eit frivillig hjelpetiltak. Det er i Noreg ein uttalt politikk at barn som ikkje kan bu heime, bør bu i fosterheim, dersom det ikkje finst særskilde behov som tilseier at å bu på institusjon er til beste for barnet. Det bur om lag 1 000 barn og unge i barnevernsinstitusjonar og om lag 11 000 barn og unge i fosterheimar. Dei andre barna som bur utanfor heimen, har ulike tiltak, mellom anna bustad med oppfølging. Det blir satsa mykje på å rekruttere fosterheimar i slekta og nettverket til barnet. Tal frå Bufdir viser at om lag 40 prosent av dei nye fosterheimane i 2019 var rekrutterte blant slektningane eller det nære nettverket til barnet.

Barnevernet rettar stor oppmerksemd mot behova og rettane til barnet. Utviklinga dei siste åra viser at barnevernstenestene har færre avvik frå lovkrav. Samstundes er det likevel utfordringar i tenestetilbodet. Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld talet på årsverk og saksomfanget til sakshandsamarane. Tilsyns- og forskingsrapportar har vist kvalitetsmessige og strukturelle utfordringar i arbeidet til barnevernstenestene. Kvaliteten på tiltaka varierer òg mykje mellom kommunane. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har teke 39 klagar om barnevernssaker mot Noreg til handsaming. Sakene viser mellom anna at det kan vere behov for å justere praksisen i barnevernssaker. Det gjeld særleg krav som blir stilte til sakshandsaminga.

Fleire rapportar og tilsyn har gjort det tydeleg at det er utfordringar knytte til det faglege innhaldet i og styringa av barnevernsinstitusjonane. Det er særleg krevjande å gi eit godt tilbod til barn med store og samansette utfordringar knytte til helse, rus og kriminalitet. Det er behov for å kartleggje helsesituasjonen til barn som skal plasserast utanfor heimen betre. Det er òg behov for eit meir tilgjengeleg psykisk og somatisk helsetilbod til barn i barnevernet, i tillegg til at barnevernet og helsetenestene må samarbeide betre.

For å møte utfordringane på barnevernsområdet har regjeringa sett i verk endringar for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet. I Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) la regjeringa fram fleire forslag som skal føre til eit betre barnevern, mellom anna forslag om å innføre samtaleprosess over heile landet. Samtaleprosess er ein alternativ prosessform for handsaming av barnevernssaker i fylkesnemndene der målet er å gi partane høve til å bli samde om frivillige løysingar til beste for barnet.

Regjeringa planlegg å leggje fram eit heilskapleg forslag til ny barnevernslov for Stortinget våren 2021. I lovproposisjonen vil departementet særleg vurdere grundig dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Høgsterett. Den nye lova vil styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre, gi barnevernstenesta eit betre arbeidsverktøy og styrkje det førebyggjande arbeidet til barnevernet.

Statistikk frå SSB viser at talet på årsverk i barnevernstenestene har auka dei siste åra, frå i underkant av 4 900 årsverk i 2013, til i overkant av 6 200 årsverk i 2019. Tilbakemeldingar frå kommunane tyder likevel på at fleire barnevernstenester framleis opplever utfordringar når det gjeld kapasitet og mangel på tid. Regjeringa føreslår å føre vidare dei øyremerkte midlane til stillingar i barnevernet i 2021. Samstundes vil departementet at kommunane rettar meir oppmerksemd mot bemanninga og tilstanden i barnevernet. Departementet vil gjere dette gjennom tiltak som krav om årleg rapportering til kommunestyret om tilstanden i barnevernet og møte mellom kommuneleiinga og fylkesmennene.

Departementet førebur ansvarsendringane i barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform). Ansvarsendringane skal tre i kraft i 2022. Regjeringa har som mål at reforma skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane, slik at fleire barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt og få hjelp der dei bur. Kompetansesatsinga i barnevernet er ein viktig del av reforma. Oppgåvene til barnevernet stiller høge krav til kompetansen og det faglege skjønnet til den einskilde sakshandsamar. I for mange tilfelle manglar barnevernstenesta grundige vurderingar av behova til barna og kva hjelp dei treng. Regjeringa fører vidare kompetansestrategien for barnevernet. Som del av strategien er det oppretta fleire etter- og vidareutdanningar, og Bufdir har etablert eigne rettleiingsteam som hjelper kommunane med å utvikle arbeidet i barnevernstenestene. Eit forslag om krav til kompetanse og rettleiing av dei tilsette har vore på offentleg høyring. Departementet føreslo mellom anna å krevje mastergrad for tilsette med ansvar for leiing, utgreiingsoppgåver og avgjerder i det kommunale barnevernet og å krevje relevant bachelorutdanning for nytilsette i barnevernsinstitusjonane. Dette skal gi barnevernet betre føresetnadar for å løyse oppgåvene sine på ein god måte og handtere vanskelege saker. Høyringsnotatet vil bli følgt opp i lovproposisjonen om ny barnevernslov.

Det er behov for betre kompetanse på samisk språk og kultur i barnevernet, men òg i familievernet og det kommunale krisesentertilbodet. For å betre tilbodet desse tenestene gir til den samiske befolkninga, føreslår regjeringa å styrkje Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) med 10 mill. kroner i 2021. Målet er å vidareutvikle senteret til eit nasjonalt samisk kompetansesenter.

For å møte dokumenterte utfordringar knytte til manglande systematikk i undersøkingar og manglande dokumentasjon, er det behov for meir tilgjengelege digitale verktøy. Regjeringa vidarefører prosjektet Digibarnevern, som skal bidra til enklare arbeidsprosessar. Digibarnevern vil gi dei tilsette i barnevernstenestene fagleg støtte til å gjere gode vurderingar og vil gjere det enklare å dokumentere dei vurderingane som er gjorde. Våren 2020 blei ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar lansert som ein del av Digibarnevern. Arbeidet med Digibarnevern og det Bufdir gjer med fagutvikling, er viktige bidrag for å betre kvaliteten i barnevernet og motverke uønskt variasjon mellom barnevernstenestene.

Institusjonane skal gi barna tryggleik og forsvarleg omsorg, og bidra til ei positiv endring i situasjonen deira. Bufdir jobbar kontinuerleg med å styrkje kvaliteten på institusjonstilbodet. Dei har prioritert auka systematikk i fagleg innhald og betre styring og kontroll. Mange barn og unge har komplekse utfordringar og behov for hjelp frå fleire tenester. Det er etablert to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar, slik at unge som har behov for både psykisk helsehjelp og langvarig eller spesialisert omsorg, skal få eit felles tilbod av høg kvalitet medan dei oppheld seg i institusjonane. Regjeringa vil auke løyvingane til arbeidet med betre helsetenester til barn i barnevernet med 30 mill. kroner i 2021. Midlane vert tildelt over budsjetta til Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og skal i hovudsak gå til å kartleggje helseutfordringar gjennom rutinemessig, tverrfagleg utgreiing av barn som er plasserte utanfor heimen. Det vil gi barnevernet og helsetenestene eit betre grunnlag for vidare oppfølging av kvart einskild barn.

Fosterheim er det mest brukte tiltaket når barn ikkje kan bu heime. I 2021 vil regjeringa leggje fram ein fosterheimsstrategi. Målet er at alle barn skal ha ein trygg heim. Føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging er viktig for at fosterheimane skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har, og gi barna den tryggleiken dei treng. Regjeringa fører vidare satsinga på fosterheimarbeidet i kommunane og har sendt eit forslag til endringar i forskrifta om fosterheimar på høyring. Endringane skal mellom anna medverke til betre og meir heilskapleg oppfølging av fosterheimane.

Regjeringa ønskjer å betre arbeidet med hjelpetiltak retta mot barn, unge og familiar. I 2020 er det sett i verk eit prosjekt for å prøve ut ein grunnmodell for arbeidet med hjelpetiltak. Målet er å styrkje kvaliteten i hjelpetiltaka og tydeleggjere kva slags oppfølging og hjelp barnevernet skal tilby. Barn som har hatt tiltak frå barnevernet, har rett til hjelpetiltak òg etter at dei fyller 18 år. Aldersgrensa for rett til ettervern skal no utvidast frå 23 til 25 år. Det vil gjere det mogleg for unge å få støtte frå barnevernet lenger inn i overgangsfasen mot vaksenlivet. Målet er at ettervern skal bidra til å forhindre langvarig utanforskap. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til kommunane med 24 mill. kroner, slik at ei lovendring som gjeld ettervern for unge mellom 23 og 25 år kan tre i kraft 1. januar 2021.

Barnevernet under utbrotet av covid-19

Under utbrotet av covid-19 blei barnevernet definert som ein kritisk samfunnsfunksjon under området helse og omsorg. For å kunne ta vare på utsette barn, unge og familiar under utbrotet av covid-19 har både kommunalt og statleg barnevern måtta omstille seg på kort tid. Mange barnevernstenester har halde ved lag tilbodet sitt ved å kombinere det å vere fysisk til stades og å bruke digitale løysingar. Institusjonane har òg vore i stand til å oppretthalde tilbodet under pandemien, og har følgt eigne pandemiplanar. Bufdir kom med tydelege forventingar til korleis barnevernstenestene skulle prioritere oppgåvene sine.

Smitteverntiltaka, og spesielt fråvær av skule, barnehage og fritidsaktivitetar i ein periode, var særleg belastande for barn som allereie var i ein vanskeleg situasjon. Det blei derfor opna for at sårbare barn, inkludert barn i barnevernet, skulle få tilbod om å gå på skulen og i barnehagen på lik linje med barn som hadde foreldre som jobba i kritiske samfunnsfunksjonar.

For å få fram eit kunnskapsgrunnlag for konsekvensane av pandemien, og for å bidra til at sårbare barn og unge blei tekne vare på, etablerte regjeringa ei koordineringsgruppe på direktoratsnivå. Sjå nærare omtale under Hovudprioriteringar i Del I.

Barnevernstenestene fekk inn færre bekymringsmeldingar enn vanleg i perioden mars–mai 2020. Ein var derfor uroa for dei barna ein ikkje visste om trong hjelp. Færre bekymringsmeldingar kan òg ha påverka drifta elles i barnevernet. Det har til dømes vore ein nedgang i talet på nye plasseringar i beredskapsheim, og fylkesnemnda har fått inn færre akuttsaker og klagar på akuttvedtak samanlikna med same periode i 2019. Ein konsekvens av at det kom færre bekymringsmeldingar i starten av pandemien, er at tenestene må vere budde på at det kan komme fleire bekymringsmeldingar denne hausten. I samband med arbeidet med digitale løysingar i barnevernet publiserte Bufdir, i samarbeid med KS, ein nasjonal portal for registrering av bekymringsmeldingar.

Grunna utbrotet av covid-19 har nokre prosjekt og arrangement blitt forseinka eller avlyst. Dette gjeld mellom anna den årlege landskonferansen for barnevernsvaktene og politiet.

For å gjere Alarmtelefonen for barn og unge lettare tilgjengeleg utvida ein i 2020 tiltaket til å vere ope heile døgnet. I tillegg blei tilbodet styrkt med ei chatteløysing i heile opningstida. Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner i 2021 for å vidareføre styrkinga frå revidert nasjonalbudsjett for 2020 med heilårseffekt.

Ved handsaminga av Prop. 112 L (2019–2020) Midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19 slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet om ei mellombels lov. Føremålet med lova er å leggje til rette for at retten barn har til hjelp, omsorg og vern etter barnevernlova, blir varetatt under utbrotet av covid-19. Lova fører vidare dei fleste av reglane som blei fastsette i Midlertidig forskrift om forenklinger og tiltak for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19, av 3. april 2020. Lova gir fylkesnemnda utvida høve til å handsame saker i fjernmøte og med fjernavhøyr og til å avgjere saker ved ein kombinasjon av munnleg og skriftleg handsaming. Også rådslåing og røysting kan skje i fjernmøte. Vidare gir lova Bufetat mynde til å flytte eit barn mellombels frå institusjon, og enklare reglar for fylkesmannen og kommunen for å følgje opp og føre tilsyn med barn i fosterheim og institusjon. Den mellombelse lova er naudsynt for at barnevernet og fylkesnemnda framleis skal kunne utføre oppgåvene sine etter lova på ein forsvarleg måte under utbrotet av covid-19. Dei mellombelse sakshandsamingsreglane i fylkesnemnda gjeld òg ved handsaming av saker etter smittevernlova og helse- og omsorgstenestelova i fylkesnemnda. Lova gjeld til 22. oktober 2020. Departementet har følgt situasjonen i barnevernet nøye. I lys av dagens smittesituasjon og erfaringane med lova meiner departementet at det er behov for å forlengje verketida for den mellombelse lova. Departementet vil i lovproposisjon denne hausten føreslå å forlengje verketida til 1. juni 2021.

Mål

BFD har desse måla på barnevernsområdet for 2021:

Mål

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Desse måla er nærare omtalte under overskriftene Tiltak i barnevernet og Kvalitetsutvikling i barnevernet.

Resultatrapport og strategiar

Tiltak i barnevernet

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

I 2019 fekk barnevernet om lag 58 000 bekymringsmeldingar, og det blei sett i verk undersøkingar i 47 000 saker. Dette er om lag på same nivå som i 2018. Tal frå SSB viser at rundt 55 000 barn og unge (0–22 år) fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2019, ein nedgang på 1 000 barn frå 2018. Fleirtalet av barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet, fekk hjelpetiltak. Dei mest brukte hjelpetiltaka er råd og rettleiing, besøksheim og økonomisk hjelp. Hjelpetiltak inneber hjelp medan foreldra har omsorga for barnet. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Figur 4.9 viser ei oversikt over tiltak i barnevernet ved utgangen av 2019, der det mellom anna går fram at dei fleste tiltaka frå barnevernet er hjelpetiltak (tiltak for å styrkje utviklinga til barnet og foreldreferdigheiter).

Figur 4.9 Barnevernstiltak per 31.12.2019

Figur 4.9 Barnevernstiltak per 31.12.2019

Kjelde: SSB

Tilsyns- og forskingsrapportar har vist kvalitetsmessige og strukturelle utfordringar i arbeidet til barnevernstenestene. Hjelpetiltaka som blir brukte, er for lite tilpassa dei behova barn og familiar i barnevernet har. Det er stor variasjon mellom kommunane i kvaliteten på tiltaka, og mange barn får tiltak over lengre tid utan at barnevernstenesta kan vise til at tiltaka har positiv effekt. Det er òg stor variasjon i kva tiltak kommunane tilbyr, og kor mange ulike tiltak dei har tilgjengeleg. Mange barn som får hjelp frå barnevernet, har òg utfordringar med helsa, og dei får ikkje eit godt nok tilbod om utgreiing og behandling.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barnevernstenesta skal gi hjelpetiltak som møter behova til barn og foreldre.

Å styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte som legg til rette for at flest mogleg barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt, er eit av måla i Granavolden-plattforma. Dette er òg eit viktig mål med barnevernsreforma, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform). I åra framover ønskjer regjeringa å forbetre arbeidet med hjelpetiltak retta mot barn, unge og familiar som er i kontakt med barnevernstenesta i kommunane. Det er viktig at tenestene kan komme tidleg inn med gode hjelpetiltak, slik at problema ikkje blir større og barn må flytte frå foreldra sine.

Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å prøve ut ein grunnmodell for arbeidet med hjelpetiltak i ti barnevernstenester, med oppstart i 2020. Utprøvinga skal gi erfaringar med og kunnskap om bruk av modellen. Det langsiktige målet er at modellen skal takast i bruk av alle barnevernstenestene i landet. Modellen tydeleggjer kva slags hjelp barnevernet bør tilby, og inneheld mellom anna tilrådingar når det gjeld systematikk, arbeidsformer og metodikk i til dømes familierettleiing og ettervern. Bufdir samarbeider med barnevernstenester og relevante fagmiljø i utviklinga av det faglege innhaldet i modellen. Grunnmodellen skal medverke til å styrkje kvaliteten og likeverdet i hjelpetiltaksarbeidet til barnevernet, gjere arbeidet meir føreseieleg og sikre medverknad, slik at hjelpa som blir gitt, er betre tilpassa behova til barna og familiane deira.

Det barnevernsfaglege kvalitetssystemet som blir utvikla i prosjektet DigiBarnevern, vil gi eit rammeverk og fagleg støtte til arbeidet med hjelpetiltak, sjå nærare omtale av DigiBarnevern under Nye digitale løysingar.

Unge som har opplevd omsorgssvikt, har høg risiko for å hamne utanfor utdanning og arbeidsliv. Unge som får ettervern i barnevernet, klarer seg betre i livet enn dei som ikkje får ettervern. Stortinget har slutta seg til forslaget i Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) om å setje aldersgrensa for rett til ettervern opp frå 23 til 25 år. Forslaget vil gjere det mogleg for desse unge å få støtte frå barnevernet lenger inn i overgangsfasen mot vaksenlivet. Målet er at ettervern skal bidra til å forhindre langvarig utanforskap. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til kommunane med 24 mill. kroner til arbeidet med ettervern for unge mellom 23 og 25 år, slik at endringa kan tre i kraft 1. januar 2021. Departementet vil oppmode kommunane om å vidareføre ettervernstiltak for dei unge som har behov for ettervern, men som fyller 23 år før endringa trer i kraft.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med betre helsetenester til barn i barnevernet med 30 mill. kroner i 2021. Midlane skal i hovudsak nyttast til rutinemessig tverrfagleg utgreiing av barn som er plassert utanfor heimen. Tenestene skal vidare implementere eit standardisert forløp (pakkeforløp) for kartlegging og behandling av utfordringar knytte til helse og rus. Sjå nærare omtale under Helsetenester for barn og unge i barnevernet.

Bufetat tilbyr nokre spesialiserte tiltak til barn og familiar i barnevernet. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å få på plass tydelegare retningslinjer for innhaldet i, og målgruppene for, dei spesialiserte tilboda i Bufetat. Dette omfattar mellom anna spesialiserte hjelpetiltak og tilbod til sped- og småbarnsfamiliar som treng hjelp frå barnevernet. Arbeidet inngår som ein del av arbeidet med å førebu innføringa av barnevernsreforma, og departementet legg opp til at retningslinjene vil bli ferdige før ansvarsendringane i reforma trer i kraft i 2022.

Moglegheita til å påleggje hjelpetiltak blei utvida i 2016, men heimelen er lite brukt i praksis. I 2019 vedtok fylkesnemndene pålegg om hjelpetiltak i 36 tilfelle. Ti av desse gjaldt foreldrerettleiing. Bufdir vil våren 2021 leggje fram ei evaluering av heimelen til å påleggje hjelpetiltak.

Regjeringa meiner at ideelle aktørar speler ei viktig rolle i det norske velferdssamfunnet. Det blei i årsskiftet 2019–2020 gjennomført ein konkurranse om plassar i private senter for foreldre og barn, reservert for ideelle aktørar. Avtalane gjeld ut året, med moglegheit for forlenging i inntil to år. I anskaffingsforskrifta har regjeringa forskriftsfesta at oppdragsgivarar kan reservere retten til å delta i konkurransar om helse- og sosialtenester til ideelle organisasjonar.

Tiltak utanfor heimen

Tal frå SSB viser at det til saman var om lag 14 700 barn og unge (0–22 år) som hadde tiltak utanfor heimen ved utgangen av 2019. Det er noko færre enn ved utgangen av 2018. Talet inkluderer ungdom som bur utanfor heimen som ettervernstiltak. Av dei 14 700 barna og unge som budde utanfor heimen ved utgangen av 2019, var det rundt 74 prosent som budde i fosterheim, om lag det same som tidlegare år. Vidare var det rundt 8 prosent som budde i barnevernsinstitusjon, og om lag 4 prosent som budde i beredskapsheim. I tillegg budde om lag 14 prosent i bustad med oppfølging. Dette er i hovudsak ungdom med ettervernstiltak (18–22 år). Barnevernstenesta hadde teke over omsorgsansvaret for 59 prosent av barna med plasseringstiltak. Barn kan òg bu utanfor heimen som eit hjelpetiltak medan foreldra har omsorga for dei. Om lag 38 prosent av tiltaka utanfor heimen ved utgangen av 2019 var hjelpetiltak. I overkant av 2 prosent var akuttiltak og litt over 1 prosent åtferdstiltak. Figur 4.10 viser korleis dei ulike tiltaka fordeler seg, medan figur 4.11 viser fordelinga når det gjeld kvar barna bur.

Figur 4.10 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2019  (0–22 år)

Figur 4.10 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2019 (0–22 år)

Kjelde: SSB

Figur 4.11 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2019 (0–22 år) etter bustad

Figur 4.11 Tiltak utanfor heimen per 31.12.2019 (0–22 år) etter bustad

Kjelde: SSB

Det er ei utfordring å tilby og setje i verk gode og målretta tiltak utanfor heimen som gir eit tilpassa og stabilt tilbod av høg kvalitet. Mange av barna har komplekse behov etter ein vanskeleg oppvekst, og mange har behov for hjelp frå fleire tenester samtidig. Det er krevjande å rekruttere mange nok fosterheimar som passar behova til barna. Det er òg vanskeleg å gi eit godt institusjonstilbod til barn med store og samansette utfordringar i grenselandet mellom barnevern, psykiatri og kriminalomsorg.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit stabilt tilbod som er tilpassa behovet til det einskilde barnet.

Fosterheimar

Fosterheim er det mest brukte tiltaket for barn som ikkje kan bu heime hos foreldra sine. Ifølgje tal frå SSB budde om lag 10 900 barn i fosterheim og om lag 600 i ein beredskapsheim ved utgangen av 2019. Samanlikna med andre land har Noreg lukkast betre med å skaffe fosterheim til dei barna som ikkje kan bu heime. Det er likevel ei utfordring å skaffe nok fosterheimar som er godt tilpassa barna som skal bu der. Det er spesielt vanskeleg å finne fosterheimar som kan ta imot søsken, ungdom, barn med minoritetsbakgrunn og barn med store oppfølgingsbehov. Mange fosterheimsopphald endar med brot, og situasjonen for ein del fosterbarn blir for lite stabil.

Regjeringa vil i 2021 leggje fram ein fosterheimsstrategi. Målet er at alle barn skal ha ein trygg heim. Strategien vil mellom anna byggje på tiltak frå Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste og forslaga som fosterheimsutvalet la fram i NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem. Strategien vil vere konsentrert om fem område:

  1. Tilbodet til barn som treng tiltak utanfor heimen skal vidareutviklast. Målet er at barn som ikkje kan bu heime, skal få eit butiltak som er godt tilpassa deira behov.

  2. Arbeidet med å rekruttere fosterheimar skal vere meir målretta. Målet er å skaffe fleire fosterheimar som gir ein god og stabil omsorgssituasjon for barnet. Det er særleg viktig å auke rekrutteringa av fosterheimar i familie og nære nettverk.

  3. Fosterheimane skal få meir føreseielege rammer. Målet er å sørgje for gode vilkår og gjere det lettare for både kommunane og fosterheimane å vite kva for vilkår som gjeld.

  4. Krava og forventingane til oppfølging av fosterheimar skal bli tydelegare. Målet er at praksisen i kommunane skal bli meir einsarta og tilpassa behova.

  5. Det skal leggjast betre til rette for at kommunane kan drive godt fosterheimsarbeid. Målet er at kommunane skal bli betre rusta til å rekruttere eigne fosterheimar og gi barn og fosterforeldre den støtta dei treng.

Dei siste åra har det blitt sett i gang arbeid på fleire område for å sørgje for at kunnskapsgrunnlaget er godt. Bufdir har i 2020 komme med forslag til målgruppe og retningslinjer for spesialiserte fosterheimar. Menon Economics-prosjektet Opphold i institusjon og best egnede barnevernstiltak når barn skal bo utenfor foreldrehjemmet skal gi ytterlegare kunnskap om tilhøvet mellom fosterheim og institusjon, og korleis tiltak i barnevernet betre kan tilpassast behova til barn som det i dag er vanskeleg å skaffe ordinære fosterheimar til. Endeleg rapport er venta i slutten av 2020.

Føreseielege rammer, god opplæring og oppfølging er viktig for at fosterforeldra skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har og evne å skape tryggleik for barna. Direktoratet har greidd ut korleis godtgjersle av fosterheimar bør innrettast, og når frikjøp av fosterforeldre frå ordinært arbeid kan vere aktuelt. Direktoratet har òg vurdert kva som bør vere innhaldet i opplæringa og oppfølginga av fosterheimane, og har starta utviklinga av ei digital plattform for opplæring og oppfølging av fosterheimar. Dette blir følgt opp vidare i 2021, mellom anna gjennom utvikling av faglege tilrådingar og tydelegare krav til opplæring og oppfølging i forskrift om fosterheimar. Forslag til endringar i forskrifta er på høyring. Forslaga må sjåast i samanheng med endringane som blei vedtekne i Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreformen) og forslaga i NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem.

Satsinga på å styrkje det kommunale fosterheimsarbeidet held fram. Arbeidet skal bidra til at kommunane aukar aktiviteten og samarbeider meir om å få på plass eit godt tilbod til fosterheimane. Arbeidet skjer mellom anna gjennom samarbeid i kommunale læringsnettverk. Fylkesmennene har motivert barnevernstenester til å samarbeide i nettverk og utvikle samarbeidsprosjekt for å styrkje oppfølginga av fosterheimane. Det er tildelt stimuleringsmidlar og sett i gang utviklingsprosjekt i alle fylka. Bufetat har òg fått midlar til å hjelpe nettverka med fagleg støtte og rettleiing. Det vidare arbeidet vil omfatte rekruttering av fosterheimar i familie og nettverk, og fylkesmannen får ei tydelegare rolle i å følgje opp arbeidet til kommunane på dette området. Sjå meir om læringsnettverka under Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene.

Det er sett i verk fleire tiltak for å auke rekrutteringa av fosterheimar. Bufdir har dei siste åra fått auka midlar til kampanjar og marknadsføring for å skaffe fleire fosterheimar. Dei siste åra har det vore eit jamt tilsig av fosterforeldre. Bufetat rekrutterte og gav opplæring til 1 243 nye familiar i 2019. Samstundes har kommunane, saman med Bufetat, rekruttert fleire fosterheimar i familie og nettverk. Dette er eit prioritert område. Prosentdelen fosterheimar i slekt og nettverk har auka dei siste åra. Ifølge statistikk frå SSB var om lag 62 prosent av barna som blei plasserte i ordinære fosterheimar i 2019, og som ikkje hadde hatt barnevernstiltak året før, plasserte i slekt og nettverk. I 2013 var den tilsvarande delen 43 prosent.

I 2021 skal nokre av midlane som Bufdir har brukt på kampanjar og marknadsføring, overførast til fylkesmannsembeta for å styrkje arbeidet embeta gjer med å følgje opp kommunane si rekruttering av fosterheimar i familie og nære nettverk. Departementet ønskjer vidare at fleire aktørar skal bidra i rekruttering av fosterheimar. I 2020 blir det derfor sett i gang eit særskilt arbeid for å styrkje samarbeidet med frivillig sektor. Arbeidet blir i fyrste omgang retta mot ulike trus- og livssynssamfunn.

Regjeringa ønskjer å setje i verk eit prøveprosjekt med hurtig busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar etter modell frå Nederland, der barna får bu i fosterheim medan asylsøknaden deira blir handsama. Aktuelle direktorat har, under leiing av Bufdir, greidd ut forslag til alternative modellar for hurtig busetjing som er eigna til å prøvast ut i Noreg. Departementet vurderer no tilrådingane frå direktorata.

Institusjon

Om lag 1 000 barn og unge i Noreg bur til kvar tid i ein barnevernsinstitusjon. Dei fleste er i alderen 13–18 år, og det er nokre fleire gutar enn jenter. Barnevernet har ansvaret for å gi omsorgs- og endringstiltak til barn og unge med samansette behov som dei ikkje får dekt hos foreldre eller i fosterheim. Førespurnader frå kommunane og vedtak frå fylkesnemndene styrer kor mange barn som skal få eit institusjonstilbod, og Bufetat er etter barnevernlova forplikta til å gi barna eit forsvarleg tilbod. Bufetat avgjer kva slags institusjonstilbod kvart einskilt barn skal få. I Oslo har barne- og familieetaten eit tilsvarande ansvar som det Bufetat har elles i landet.

Bufetat opplever oftare enn tidlegare at einskilde barn med vedtak om institusjonsplass har behov som stiller høge krav til ein spesialisert kompetanse på tvers av tenesteområde. Dei rapporterer om at fleire barn enn tidlegare har store psykiske utfordringar, og at tilfella av vald og truslar i institusjonane har auka.

Fleire barn med behov for tilpassing av tiltak og høgare bemanning har gitt auka utgifter per opphaldsdag i institusjon og auka utgifter totalt for Bufetat. Derfor fekk det statlege barnevernet tilleggsløyvingar i 2018 og 2019 og ein auke i løyvinga for 2020. Det at fleire barn har store og samansette behov, har utfordra kapasiteten i det statlege tilbodet. Dette har ført til at Bufetat i ein del tilfelle har måtta kjøpe institusjonsplassar som einskildkjøp, utanfor det planlagde tilbodet. Nokre av einskildkjøpa har vore til barn med utfordringar som gjer det krevjande å gi dei eit forsvarleg tilbod saman med andre barn. Dei har derfor blitt plasserte i såkalla einetiltak. Einetiltak er tiltak som må brukast med varsemd fordi regelen må vere at unge ikkje skal vekse opp isolert frå andre unge. Det ordinære institusjonstilbodet skal vere tilpassa barn med ei høg problembelasting, og kunne innrettast for å dekkje dei individuelle behova til barna. I nokre tilfelle vil det likevel vere behov for å nytte andre verkemiddel, til dømes høve til skjerming i periodar. Talet på einetiltak blei monaleg redusert frå 2018 til 1. tertial 2020. Perioden med det høgaste talet på aktive einetiltak var 2. tertial 2018, med 150. I 1. tertial 2020 var talet redusert til 63.

Når Bufetat arbeider med langsiktig planlegging og utvikling av institusjonstilbodet, vil etaten ta omsyn til den auken i omfang og kompleksitet i problembelasting ein har sett hos barn som blir flytta til institusjon. Betre behovsanalysar, standardiserte forløp, tilpassing i bruken av turnusordningar og systematisk kompetanseheving er nokre av tiltaka Bufetat set i verk for å tilpasse institusjonstilbodet i tråd med behova. Utviklinga av institusjonsområdet skal bidra til at fleire av barna kan få dekt dei individuelle behova sine innanfor det planlagde institusjonstilbodet.

Det er oppretta to nye omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn og unge med behov for samtidig psykisk helsehjelp og langvarig og/eller spesialisert omsorg utanfor heimen. Det er òg etablert eit samarbeid mellom Bufdir og Oslo kommune mot kriminalitet blant barn og unge, og Oslo kommune skal prøve ut eit institusjonstilbod til barn som har gjort seg skuldige i alvorlege eller gjentekne lovbrot. Sjå nærare omtale av satsinga på betre helsehjelp og arbeidet mot kriminalitet under Organisering i barnevernet og samarbeid med andre sektorar.

Helsetilsynet gjorde i 2019 ein gjennomgang av fire særleg alvorlege saker i barnevernet. I rapporten Omsorg og rammer set dei søkjelys på ei lita gruppe barn som er plasserte på barnevernsinstitusjon. Rapporten peika på at regelverket ikkje er godt nok tilpassa det behovet barna har for ivaretaking, omsorg og behandling. Dette dreier seg om barn som kan utgjere ein fare for seg sjølve eller andre, og som har store psykiske vanskar som dei motset seg behandling for. Bufdir og Helsedirektoratet har saman fått i oppdrag å vurdere om det innanfor dagens tiltaksapparat og regelverk er mogleg å sikre at desse barna får den omsorga og hjelpa dei har behov for.

Sjølv om oppgåvene til tilsette på barnevernsinstitusjon over tid har blitt meir krevjande og komplekse, har dei formelle krava til kompetanse og bemanning i institusjonane ikkje endra seg. Våren 2020 hadde departementet på høyring eit forslag om å innføre krav til at nye tilsette i barnevernsinstitusjonar som hovudregel skal ha relevant bachelorgrad, og dessutan at leiarar skal ha barnevernsfagleg eller annan relevant mastergrad. Departementet vurderer no innspel frå høyringa og vil fremje dei endelege forslaga i proposisjonen om ny barnevernslov. Vi viser til nærare omtale under Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Det blir òg arbeidd med å styrkje kompetansen i institusjonane på kort sikt. Alle tilsette ved statlege institusjonar har i 2019 fått opplæring for å førebyggje tvangsbruk, tryggje tilsette og kvalitetssikre dei tilfella der tvang er naudsynt. Bufdir har òg utvikla eit oppdatert kurs om forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon. Kurset skal gjerast tilgjengeleg for alle tilsette i statlege, kommunale og private institusjonsavdelingar innan utgangen av 2020.

Bufdir gjorde i 2018 ein gjennomgang av 85 institusjonsavdelingar og fann at ei hovudutfordring var manglande systematisk arbeid. Det viktigaste tiltaket for å sikre auka systematikk og lik praksis er innføring av standardiserte forløp for arbeid i barnevernsinstitusjonar. Forløpa skal bidra til ei systematisk gjennomføring av sentrale oppgåver, gode vurderingar og dokumentasjon, slik at alle barn får eit godt og tilpassa tilbod. Det skal vere eit tydeleg mål for opphaldet til ungdommen og god oppfølging av familien og nettverket til ungdommen, skulen og helsa til barnet. Dette skal medverke til god kvalitet på tenesta, og til at tenesta er føreseieleg, og skal sørgje for tryggleik for barna og familiane deira. Ein viktig komponent i det standardiserte forløpet er styrkt brukarmedverknad, sjå omtale under Brukarmedverknad i barnevernet. God kartlegging av barnet er òg ein viktig føresetnad for eit godt og tilrettelagt tilbod, sjå nærare omtale av arbeidet med kartlegging under Helsetenester for barn og unge i barnevernet.

Dei standardiserte forløpa for arbeid i barnevernsinstitusjonar skal implementerast fyrst i dei statlege institusjonane. I 2019 blei standardiserte forløp innførte for alle statlege omsorgsinstitusjonar. Ifølgje Bufdir har dette ført til meir systematikk i arbeidet og meir medverknad for kvart einskilt barn. Standardiserte forløp er òg innførte i dei fleste statlege behandlingsinstitusjonane, men på grunn av covid-19-utbrotet har det vore nokre forseinkingar i opplæringa. På akuttinstitusjonar er standardiserte forløp i ferd med å bli innarbeidd i fagsystemet og eit pilotprosjekt er under planlegging. Implementering av standardiserte forløp i dei private institusjonane vil starte opp i løpet av 2020.

Det er sett i verk forsking og utgreiing i både departementet og direktoratet for å sikre eit betre kunnskapsgrunnlag for å utvikle institusjonsbarnevernet vidare. Det vil bli behov for ytterlegare utgreiing i 2021.

Regjeringa har ført vidare samarbeidsavtalen mellom regjeringa, KS, Hovedorganisasjonen Virke, Frivillighet Norge, Ideelt Nettverk og KS Bedrift om leveransar av helse- og sosialtenester. Samarbeidsavtalen anerkjenner den viktige rolla ideelle aktørar speler i det norske velferdssamfunnet. Regjeringa ønskjer å styrkje posisjonen til dei ideelle aktørane ytterlegare. Bufdir har fått i oppdrag å utforme ein strategi for gjennomføring av oppmodingsvedtaket om å auke delen ideelle institusjonsplassar. Bufdir er òg bede om å prioritere ideelle framfor kommersielle aktørar der det lèt seg gjere innanfor budsjettet og krava til tilbodet som er etterspurt.

Kvalitetsutvikling i barnevernet

Arbeidet med ei ny barnevernslov

Eit forslag til ei ny barnevernslov var på høyring i 2019. Målet er at ei ny barnevernslov skal styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre, føre til betre fagleg arbeid og styrkje det førebyggjande arbeidet. Departementet planlegg å leggje fram eit forslag til ei ny barnevernslov for Stortinget våren 2021. Departementet legg stor vekt på grundige vurderingar av menneskerettane i arbeidet med forslaget. Dommar som er avsagde i EMD og Høgsterett, er ein bakgrunn for dette arbeidet. Departementet planlegg òg å følgje opp fleire andre høyringar i denne lovproposisjonen, mellom anna høyringane med forslag til kompetansekrav og tydelegare regulering av bruken av dei private aktørane i barnevernet.

Nokre av forslaga frå høyringsnotatet om ny barnevernslov blei lagde fram for Stortinget våren 2020 i Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.). Dette var forslag som kunne handsamast uavhengig av det samla forslaget til ei ny barnevernslov. Stortinget slutta seg til forslaga. Det blei då mellom anna vedteke å setje aldersgrensa for rett til ettervern opp frå 23 til 25 år, å innføre samtaleprosess i fylkesnemnda som ei fast ordning og å endre reglane om det stadlege verkeområdet til fylkesnemndene. I tillegg er det innført krav om ein årleg rapport til kommunestyret om tilstanden i barnevernstenesta. Samtaleprosess blei innført som ei varig ordning 1. juli 2020. Dei andre endringane trer i kraft 1. januar 2021.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har frå 2015 handsama 39 barnevernsklagar mot Noreg. EMD har så langt avsagt ni dommar. Hittil har det blitt konstatert krenking i sju saker, medan Noreg er frikjend i to saker. Ei av domfellingane har ikkje rettskraft. Den 8. juni 2020 oppmoda Noreg EMD om å handsame dei to siste dommane i storkammeret sitt. Prinsippet om det beste for barnet står sterkt i norsk og internasjonal rett. I oppmodinga ba Noreg EMD klargjere vurderingane knytte til vektlegginga av det beste for barnet. EMD avviste å handsame sakene i storkammeret. Etter anke frå ein privat part har EMD bestemt at ein av dommane som konstaterer krenking skal handsamast på nytt i storkammeret. I mars 2020 sende Noreg ein handlingsrapport til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommen i saka Strand Lobben mot Noreg, som storkammeret i EMD avsa 10. september 2019. Oppfølginga skjer gjennom ein forsterka prosedyre. Det skjer når Ministerkomiteen legg til grunn at eit land har eit komplekst problem. Handlingsrapporten omtaler mellom anna tiltak retta mot barnevernssektoren knytte til opplæring om innhaldet i EMD-dommane.

Høgsterett handsama tre saker om barnevern i storkammer i februar 2020. Dommane inneber eit behov for betre og grundigare vurderingar der Noreg grip inn i retten til eit familieliv, og må sjåast i samanheng med eit kompetansebehov i tenestene knytt til regelverk og grunnleggjande forståing av forvaltinga. Dommane frå EMD og Høgsterett påverkar arbeidet med den nye barnevernslova. Departementet har sendt ut eit informasjonsskriv om handsaminga av barnevernssaker for at kunnskap om dommane frå Høgsterett og praksisen til EMD skal bli kjend for barnevernet. I samarbeid med fylkesmennene følgjer Bufdir opp føringane frå EMD og Høgsterett med omfattande kursverksemd og revidering av styrande dokument. Som følgje av rettsutviklinga har Bufdir mellom anna starta opp eit arbeid med å utvikle faglege retningslinjer for fastsetjing av samvær etter at barnevernet har teke over omsorgsansvaret for eit barn, og sett i verk ein studie om samvær.

Barnevern over landegrensene

Regjeringa har som mål å styrkje handteringa av internasjonale saker om vern av barn. Barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land, kan vere ekstra krevjande for barnevernstenestene å handsame. Eit godt samarbeid med utanlandske styresmakter i internasjonale barnevernssaker er særs viktig. Bufdir er norsk sentralstyresmakt for Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremynde og tiltak for vern av barn, og yter hjelp i barnevernssaker der barn har tilknyting til fleire land. Behovet er stort, og vi ser ein tydeleg effekt av arbeidet som blir gjort. Konvensjonen, rettleiing og den konkrete handteringa av kvar sak, styrkjer rettstryggleiken for barn i tilfelle der ein tidlegare ikkje hadde noko internasjonalt regelverk eller ein koordinerande instans som kunne ta dette ansvaret. Frå 1. mars 2020 er Bufdir òg sentralstyresmakt for Haagkonvensjonen 1980 om sivile sider ved internasjonal barnebortføring, og Europarådskonvensjonen 1980 om å anerkjenne og fullbyrde avgjerder om foreldreansvar og om å gjenopprette foreldreansvar.

Barn av framandkrigarar som kjem til Noreg, skal bli møtte på ein god måte, og dei skal få forsvarleg omsorg og behandling. I 2019 utarbeidde Bufdir informasjon til barnevernstenester om handsaming av saker som gjeld barn av framandkrigarar. Bufdir har ein koordinerande funksjon for å hjelpe barnevernstenester i slike saker.

Barn som blir etterlatne i utlandet, kan vere i ein svært vanskeleg situasjon. Samstundes kan norske styresmakter i liten grad yte hjelp til barn når dei fyrst er etterlatne i utlandet. Det er derfor viktig å avverje at eit barn reiser ut av landet, dersom det er mistanke om at barnet vil bli etterlate. I 2019 utarbeidde Bufdir retningslinjer for tenesteapparatet om handsaming av slike saker, i samarbeid med fleire departement og direktorat.

Kvalitet i sakshandsaminga i dei kommunale barnevernstenestene

Barnevernstenestene er svært merksame på behova til barna. Utviklinga dei siste åra har vore positiv. Fleire barn får hjelp, og rapporteringar frå kommunane tyder på betre oppfylling av lovkrav.

Sjølv om utviklinga i dei kommunale barnevernstenestene har vore positiv, er det store kvalitetsforskjellar mellom kommunane. Rapportar frå mellom anna Helsetilsynet og forsking har vist at det er stor variasjon i korleis informasjon blir systematisert og analysert. I mange tilfelle manglar grundige vurderingar av behova til barna og kva slags hjelp dei treng. Kompetanseutfordringar har blitt framstilte i fleire forskingsrapportar, offentlege utgreiingar og meldingar. Mangel på kapasitet, stor arbeidsbelasting og høg turnover har òg blitt framheva. Helsetilsynet har ved fleire høve vist til svak styring og leiing av einskilde barnevernstenester. Kor viktig det er med høg rettstryggleik og grunnleggjande forvaltingsforståing blir òg underbygd av handsaminga av norske barnevernssaker i EMD.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Auka kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta.

Regjeringa la hausten 2017 fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Strategien skal vare til 2024 og inneheld ei rekkje tiltak for å møte utfordringane som blir trekte fram i rapportar frå Helsetilsynet og andre. Strategien skal bidra til meir langsiktige og berekraftige strukturar for kvalitetsutvikling. Fleire av kompetansetiltaka handlar om å auke kvaliteten i utgreiingar, avgjerder og sakshandsaminga i barnevernet. Sjå nærare omtale av tiltaka i strategien under Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet.

Betre kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta og god støtte for dei tilsette i tenestene krev riktige verktøy. Det digitale løftet for det kommunale barnevernet vil derfor halde fram i 2021, sjå nærare omtale under Nye digitale løysingar.

Regjeringa har ført vidare satsinga på øyremerkte stillingar i det kommunale barnevernet. Øyremerkinga har bidrege til betre kapasitet i tenestene. Tal frå SSB viser òg at kommunane sjølve bruker meir ressursar på barnevernet enn før. I perioden 2013–2019 har talet på årsverk auka med i underkant av 30 prosent, noko som utgjer om lag 1 400 nye årsverk. Figur 4.12 viser utviklinga frå 2013–2019 i årsverk per 1 000 barn i befolkninga.

Figur 4.12 Årsverk i barnevernstenesta per 1 000 barn

Figur 4.12 Årsverk i barnevernstenesta per 1 000 barn

Kjelde: SSB

Det er samstundes store forskjellar mellom kommunane når det gjeld talet på årsverk og saksomfanget sakshandsamarane har ansvaret for. Tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at fleire barnevernstenester framleis opplever utfordringar når det gjeld kapasitet og mangel på tid. Regjeringa føreslår å føre vidare dei øyremerkte midlane til stillingar i barnevernet i 2021. Samstundes er kommunane best eigna til å prioritere ressursar og tiltak der behovet og nytten er størst. Regjeringa har utvida dei økonomiske rammene til kommunane dei siste åra. Betre kommuneøkonomi gir kommunane større rom for å prioritere barnevernet.

Departementet har sett i verk fleire tiltak for å medverke til at kommunane skal prioritere barnevernet i tråd med behova lokalt. Fylkesmennene held fram med å halde møte om barnevernet med leiinga i kommunane. Målet er at kommunane skal rette meir oppmerksemd mot bemanninga og tilstanden i barnevernet, og å leggje til rette for at risiko og svikt blir handtert raskt og på ein forsvarleg måte. Både embeta og kommunane har meldt om at dialogmøta har medverka til betre kunnskap om og styring av barnevernet. Vidare har Stortinget ved handsaminga av Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) slutta seg til forslaget om å innføre eit krav om ein årleg rapport til kommunestyret om tilstanden i barnevernet. Rapporten skal gi betre innsikt i barnevernstenesta og bør mellom anna informere om kapasitet og kompetanse. Målet er å gi den øvste leiinga i kommunen eit betre grunnlag for å ta hand om ansvaret sitt for barnevernet. Bufdir har publisert ei nettbasert rettleiing som skal bidra til god kvalitet og meir lik standard på dei årlege rapporteringane. Departementet vil følgje situasjonen i kommunane tett, mellom anna gjennom nasjonale oversikter som gir informasjon om tilstanden i dei einskilde tenestene. Fylkesmennene skal særleg prioritere å følgje opp dei kommunane som har utfordringar i barnevernstenesta.

Fylkesmannen har òg hatt i oppgåve å etablere læringsnettverk for kommunane i sitt fylke. Arbeidet skal mellom anna medverke til betre kapasitet for å utvikle tiltak, og at kommunane samarbeider om tilbod til barn og familiar i barnevernet. Fylkesmannen koordinerer arbeidet i nettverka og forvaltar stimuleringsmidlar til lokale utviklingsprosjekt. Det er oppretta nettverk i alle dei nye fylka. Det varierer kor formaliserte nettverka er, og kor mange kommunar som deltek i kvart fylke. Utviklingsprosjekta som nettverka har sett i gang, tek utgangspunkt i lokale behov, og det er derfor stor breidde i innhaldet i arbeidet. Evalueringa av tiltaket så langt viser at innsatsen fylkesmennene legg ned for å drive fram utviklingsprosjekta, har mykje å seie. Fleire av nettverka har fokusert på kompetanseheving, medan det òg er ønskjeleg at arbeidet i nettverka skal bidra til utvikling av felles tenester og tiltak til barn og familiar. Bufdir vil følgje opp resultata frå evalueringa og i samråd med fylkesmannen vurdere korleis tiltaket kan bli meir målretta.

I løpet av 2018 og 2019 har 13 kommunar fått tilbod om rettleiing frå eigne rettleiingsteam som Bufdir har etablert i samarbeid med Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i Midt-Noreg. Rettleiinga har gått over to år og blei avslutta våren 2020. Frå sommaren 2020 blei tilbodet utvida til 19 nye kommunar. Tilbodet er retta mot kommunar med store utfordringar i barnevernet. Rapporteringar frå kommunane tydar på at utfordringane er størst i Nordland, Troms og Finnmark. Kommunar frå desse fylka har derfor vore prioriterte. Rettleiinga er etterspurt, og resultata har vore gode i dei kommunane som har fått tilbod så langt. Tiltaket har medverka til betre styring av barnevernet og ser mellom anna ut til å ha god effekt på kommunane si oppfylling av viktige lovkrav. Resultata er best der kommuneleiinga har vore tett på arbeidet og der stabiliteten i kommune- og barnevernsleiinga er god.

Departementet jobbar breitt for å styrkje omdømmet til barnevernet, både nasjonalt og internasjonalt. Vi har eit samarbeid om dette med både med KS og UD. Barnevernet treng tillit i befolkninga for at flest mogleg skal melde frå om barn som treng hjelp, og med det gjere tenestene i stand til å gi barn god oppfølging. Barnevernet blir ofte eksponert gjennom negative mediesaker. Trass i kritikken viser ny forsking at tilliten er relativt høg, og fleire har eit godt inntrykk av barnevernet no enn for fem år sidan. Det er eit mål at dei mange tiltaka som er sette i verk for å utvikle kompetansen og betre kvaliteten i barnevernstenesta, òg skal betre tilliten til barnevernet.

Tiltak for å betre kompetansen i barnevernet

Hausten 2017 la regjeringa fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet med tiltak for å betre kompetansen i barnevernet. Eit av tiltaka som har gått over fleire år, er Tenestestøtteprogrammet. Det er eit praksisnært etterutdanningstilbod som skal støtte opp under utviklingsarbeid i barnevernstenestene som deltek. Programmet fokuserer på undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, med brukarmedverknad og traumemedvit som tverrgåande tema. I 2020 starta det opp eit eige opplæringstilbod for tilsette i både kommunale barnevernstenester og statlege fosterheimstenester, om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Det samla tilbodet om etterutdanning skal nå ut til om lag 500 tilsette i året.

Dei fem vidareutdanningane for tilsette i barnevernet blei førte vidare i 2019. I tillegg blei ei ny vidareutdanning om minoritetskompetanse i barnevernet etablert. Vidareutdanningane har hatt høge søkjartal. Talet på studieplassar blei auka hausten 2020, slik at tilbodet til saman utgjer om lag 350 studieplassar.

Tiltaka i kompetansestrategien blir følgjeevaluert. Dei førebelse funna tyder på at tiltaka ser ut til å auke kompetansen i både leiing og barnevernsfagleg arbeid, i tillegg til at dei bidreg til betre arbeidsformer i kommunane. Funna har òg gitt grunnlag for justeringar, slik at gjennomføringa av tiltaka blir betre. Evalueringa tyder samstundes på at kompetansetiltaka i mindre grad svarar på strukturelle utfordringar, som mange små tenester og høg turnover. For at tiltaka skal føre til betre tenester over tid, vil departementet leggje til rette for at fylkesmennene og kunnskaps- og kompetansesentera kan ta ein meir aktiv rolle for å støtte kvalitetsutviklinga i tenestene. Dette er særleg aktuelt etter at deltakinga i dei konkrete tiltaka er avslutta, mellom anna gjennom dialogmøte med leiinga i kommunane og ved at fylkesmannen samarbeider meir systematisk med kunnskaps- og kompetansesenter om kva for kommunar som bør få tenestestøtte frå sentera.

Tydelegare krav til kompetanse og betre grunnutdanningar skal òg føre til meir berekraftige strukturar for kompetanseutvikling. Våren 2020 hadde departementet på offentleg høyring forslag om krav til kompetanse i det kommunale barnevernet og rettleiing av dei tilsette. Departementet føreslo mellom anna krav om barnevernsfagleg eller anna relevant masterutdanning for tilsette som har oppgåver knytte til å leie, gjere utgreiingar og ta avgjerder. Høyringsnotatet inneheldt òg forslag om å stille krav om mastergrad for institusjonsleiarar og krav om bachelorutdanning for nytilsette i barnevernsinstitusjonane. Departementet vurderer no innspel frå høyringa og planlegg å leggje fram dei endelege forslaga i framlegget til ny barnevernslov våren 2021.

Kunnskapsdepartementet har fastsett nye retningslinjer for læringsutbytte i bachelor i barnevern og sosialt arbeid, slik at bachelorutdanningane blir meir tilpassa kompetansebehova i tenestene. I tillegg er det sett i verk arbeid med å utvikle innhaldet i barnevernsfaglege masterutdanningar. Det er lagt vekt på at masterutdanningane skal bidra til auka analytisk kompetanse, forvaltingskompetanse og praksisretta ferdigheiter. Forslag til retningslinjer om læringsutbytte har vore på høyring, og departementet har starta opp dialogen med høgskular og universitet om studiekapasiteten i utdanningane. Det er i samråd med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) føreslått nasjonal eksamen i juss ved dei to masterutdanningane. Målet er at nye masterutdanningar skal starte opp frå hausten 2022.

Ansvaret barnevernet har, og moglegheita dei har for inngrep i familielivet, gjer at det er viktig at dei tilsette forstår lovverket likt. Bufdir vil frå 2021 setje i verk tiltak for å auke rettstryggleiken og sikre ei grunnleggjande forvaltingsforståing i tenestene. Det skal bidra til likare forståing av regelverket.

Departementet gav i 2019 Helsetilsynet i oppdrag å undersøkje barnevernet si oppfølging av to jenter som døydde etter opphald på Vestlundveien behandlingssenter. Institusjonen blei lukka i 2018 etter at den var funnen å drive uforsvarleg. Helsetilsynets undersøking blei innretta med tanke på at den skal kunne bidra til samfunnsmessig læring og utvikling på barnevernsområdet. Rapporten blei levert til BFD i januar 2020. Helsetilsynet fann alvorleg svikt både i barnevernstenesta og Bufetat sitt arbeid i begge sakene. Byrjinga på sakene ligg 12–18 år tilbake i tid, og i desse åra har det skjedd ei utvikling av barnevernet sitt arbeid både fagleg og organisatorisk. Helsetilsynet summerer opp svikten gjennom fleire tema dei meiner er sentrale for vidare læring. Desse er mellom anna å fange opp behovet til barn tidleg nok, ha tilstrekkeleg kunnskap om behovet og møte behova til barn med gode tiltak. Vidare peikar Helsetilsynet på sentrale innsatsområde som tverrfagleg samarbeid, val av rett plasseringstiltak og ruskompetanse i barnevernet. I tillegg stiller Helsetilsynet spørsmål ved Bufetats handtering av risikoinformasjon om institusjonstiltak og vurderingane til fylkesnemndene. Departementet har vurdert dei konkrete tilrådingane og behovet for oppfølging. Departementet har pågåande utviklingsarbeid som følgjer opp fleire av tilrådingane. Departementet føreslår mellom anna tydelegare krav til barnevernstenestene sine undersøkingar i forslag til ny barnevernslov. Høyringsnotat om betre velferdstenester for barn og unge som har behov for samansette tenester, inneheld forslag som skal bidra til at barn og unge får rett hjelp til rett tid, og at tenestene som blir ytte, er heilskaplege og samordna. Vidare er kompetanse i å avdekkje og identifisere behova til barna ein sentral del av kompetansesatsinga for kommunalt barnevern.

Departementet førte i 2020 vidare støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige i regi av Norsk Psykologforening. Utdanninga er evaluert, og Bufdir skal gi departementet tilrådingar på området. I det vidare arbeidet med tilrådingane vil departementet mellom anna vurdere alternative modellar for vidareutvikling av utdanningsprogrammet og oversikta over barnefaglege sakkunnige. Eit høyringsnotat om tiltak for bruk av sakkunnige i barnevernet har vore på høyring. Departementet føreslo der å innføre ein heimel i barnevernlova om at det kan bli gitt forskrifter om krav til sakkunnige sine mandat, rapportar og eigenerklæringar. Målet er å heve kvaliteten og styrkje tilliten til det sakkunnige arbeidet og til avgjerdene som barnevernet tek. Departementet vil arbeide vidare med forslaga på bakgrunn av innspel frå høyringa og tek sikte på å leggje fram forslaga i framlegget til ny barnevernslov våren 2021.

Barne- og familiedepartementet har ansvar for mindreårige offer for menneskehandel, medan Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for menneskehandelsfeltet. Hausten 2019 blei det etablert ein nasjonal funksjon i Bufdir for rettleiing til tenester som kan komme i kontakt med mindreårige offer for menneskehandel. Funksjonen skal bidra til å heve kompetansen, gi råd og rettleiing til tilsette i tenestene, dokumentere erfaringar og bidra til å utvikle kunnskap. Eit viktig føremål med funksjonen er å styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar i saker som dreier seg om mindreårige offer for menneskehandel. Vidare skal funksjonen bidra til godt koordinerte tenester, slik at fleire mindreårige offer blir identifiserte og får den hjelpa og støtta dei har krav på. Dette er ei oppfølging av tiltak i handlingsplanen mot menneskehandel, men òg ei oppfølging av tilrådingar frå Europarådets overvakingsorgan GRETA.

Fleire studiar viser at mange med samisk bakgrunn opplever kulturelle utfordringar og språklege barrierar i møte med det offentlege tenesteapparatet. I barnevernet, men òg i familievernet og det kommunale krisesentertilbodet, er det behov for betre kompetanse om samisk språk og kultur. For å betre desse tenestene sitt tilbod til den samiske befolkninga blir Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) styrkt med 10 mill. kroner i 2021. Midlane skal nyttast til å vidareutvikle senteret til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for både det statlege og det kommunale barnevernet, familievernet og det kommunale krisesentertilbodet. Hovudoppgåver for RESAK vil vere fagutvikling, opplæring og rettleiing av tenestene. Sjå nærare omtale under RESAK – Nasjonalt samisk kompetansesenter under programkategori 11.10.

Nye digitale løysingar

Det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern blei starta i 2016 for å gi det kommunale barnevernet digitale løysingar. Dette vil gi kommunane betre føresetnadar for å kunne gi god og effektiv hjelp til barn og unge. DigiBarnevern skal i tillegg leggje til rette for betre styringsinformasjon for leiarar i barnevernet og den øvste leiinga i kommunen. Løysingane skal òg bidra til å ta vare på retten barna har til medverknad. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bufdir, KS og fleire kommunar. Prosjektet er organisert i eitt statleg prosjekt, leidd av Bufdir, og eitt kommunalt prosjekt, leidd av KS og Trondheim kommune.

Den statlege delen av DigiBarnevern skal utvikle eit nasjonalt barnevernsfagleg kvalitetssystem, ein modell for informasjonsutveksling og ein rapporteringsbank som mellom anna vil sørgje for automatiske uttrekk av data frå sakshandsamingssystemet til barnevernstenesta. Gjennomføringsfasen av den statlege delen av DigiBarnevern starta 1. januar 2019. Den statlege delen av DigiBarnevern vil framover prioritere vidareutvikling av det barnevernsfaglege kvalitetssystemet. Etableringa av felles løysingar for rapportering av nøkkelinformasjon frå kommunalt barnevern vil òg prioriterast. Dette vil erstatte dagens løysingar for halvårsrapportering frå kommunane.

Ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar blei lansert våren 2020. Portalen gjer det mogleg for privatpersonar og tilsette i det offentlege å sende inn bekymringsmeldingar digitalt. Ansvaret for utvikling og drift av portalen blei i 2019 overført frå det statlege prosjektet til det kommunale, ved KS. Bufdir har ansvaret for det faglege innhaldet i portalen. Portalen gir raskare og sikrare innsending av meldingar, og meldingar av betre kvalitet.

I 2021 vil Bufdir prioritere å skape gode samanhengar i tenestekjedene mellom direktoratet sine eigne fagsystem og dei digitale systema i kommunal sektor. I arbeidet med den vidare utviklinga av eigne IT-system vil Bufdir samarbeide med andre offentlege verksemder. Integrasjon med andre system og tenester kan gi gevinstar for dei systema som Bufdir sjølv har utvikla for barnevern, fosterheim og familievern. Det er ei målsetting at brukarane av tenestene skal få løyst oppgåvene sine trygt og effektivt.

Forsking og utvikling på barnevernsområdet

Forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle tenestene i barnevernet, slik at barna og familiane deira får hjelp som verkar. Det er behov for eit betre kunnskapsgrunnlag mellom anna om korleis tenestene bør vere organiserte, om god samhandling mellom tenester og om kva slags hjelp ulike målgrupper i barnevernet treng. Særleg er det behov for meir kunnskap om korleis ein best kan innrette tilbodet til barn med alvorlege og samansette utfordringar. Det meste av midlane til forsking på barnevernsområdet blir forvalta av Bufdir og Noregs forskingsråd.

Eit stort forskingsprosjekt, Fra bekymring til beslutning, har mellom anna sett på om malar for undersøking påverkar kvaliteten i arbeidet med bekymringsmeldingar og undersøkingar, kva som har påverka om det blir teke ei avgjerd om tiltak, og korleis barn og foreldre medverkar i undersøkingssakene. Relevante funn blir fortløpande inkluderte, mellom anna i Bufdirs arbeid med å utarbeide eit barnevernsfagleg kvalitetssystem for kommunalt barnevern. Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire miljø, under leiing av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Nord (RKBU Nord).

NTNU Samfunnsforsking har i 2020 lagt fram hovudresultata frå eit forskingsprosjekt om frivillige tiltak etter fylte 18 år for unge som har hatt tiltak frå barnevernet. Rapporten viser at det er behov for å styrkje tilbodet, og peikar mellom anna på kor viktig det er med eit godt samarbeid med andre tenester. Funn og tilrådingar i rapporten vil utgjere viktige innspel til mellom anna arbeidet med ein grunnmodell for hjelpetiltak, sjå nærare omtale under Tiltak i barnevernet.

I 2020 kom det ein litteraturgjennomgang av forsking på arbeidet barnevernet gjer mot vald og overgrep. Gjennomgangen viser at dei fleste barn og unge som opplever vald og overgrep, òg ganske alvorleg vald, ikkje er i kontakt med barnevernet. Gjennomgangen er den fyrste publikasjonen frå eit fleirårig prosjekt om barnevernet sitt arbeid i saker med vald og overgrep, og blir gjennomført av NOVA.

I 2020 blei det sett i verk ny forsking på prioriterte område. Mellom anna skal vi få betre kunnskap om verknad og omfang av ulike typar hjelpetiltak, eit oppdrag som VID vitenskapelige høgskole og NTNU driv i samarbeid. Vidare vil vi få kunnskap om tiltaka for å gi barnevernsbarn betre psykisk helsehjelp har fungert etter hensikta. Ein større studie av samvær etter omsorgsovertaking blei òg sett i gang i 2020. Studien skal vere ferdig ved utgangen av 2022. Forsking på barnevernsinstitusjonar er òg prioritert, særleg einetiltak og rustiltak, der det er starta eit fleirårig forskingsprosjekt som mellom anna skal sjå på tvang og forsvarleg verksemd i einetiltak og rustiltak. OsloMet/NOVA leier prosjektet i samarbeid med andre miljø. Barna sine stemmer er viktige i dette oppdraget. Forskinga vil vere eit viktig innspel for utviklinga av institusjonstilbodet i Noreg.

I tillegg blir det gjennomført ein omfattande kvantitativ registerstudie på barnevern. Studien skal inkludere alle barn og unge i Noreg som har vore i kontakt med barnevernet i perioden frå 1993 til 2018. Registerdata om barnevern, helse, utdanning og arbeid vil nyttast. Studien blir gjennomført av Frischsenteret og vil mellom anna sjå nærare på effektar av barnevernstiltak.

Det strategiske arbeidet med forsking og utvikling, inkludert støtta til ulike kunnskaps- og kompetansemiljø, er nærare omtalt i del III.

Brukarmedverknad i barnevernet

Barnevernlova stadfestar at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til å medverke i alle tilhøve som vedkjem dei etter lova. At barnet får høve til å gi si meining, er ein viktig føresetnad for å finne fram til kva som er det beste for barnet, og det er ein viktig del av rettstryggleiken til barnet. Medverknad skal skje i alle fasane av ei barnevernssak.

Ein forskingsrapport om barnevernet sitt arbeid med undersøkingar viser at barnevernet berre snakkar med barna i 60 prosent av sakene, og i 73 prosent av sakene med barn over 6 år. Skriftleg grunngiving for kvifor dei ikkje snakka med barna, var berre gitt i ein femtedel av sakene. Resultat frå brukarundersøkingar og fleire tilsyn viser at mange barn og unge òg sjølv melder om liten grad av medverknad i kontakten med barnevernet. Alle aktørar i barnevernet er ansvarlege for å oppfylle måla og arbeide kontinuerleg med medverknad. Departementet har sett i gang fleire tiltak for at barn skal bli tilstrekkeleg involverte i alle delar av ei barnevernssak. Det er likevel behov for å halde fram med å rette oppmerksemda mot medverknad, for at det skal bli ein integrert del av alt arbeidet i barnevernet.

Departementet har derfor fastsett følgjande mål:

  • Betre vareta retten barna har til medverknad i det kommunale og det statlege barnevernet.

Barnet sin rett til medverknad inneber at det skal ha høve til å komme med eigne synspunkt. I sakshandsaminga må det vere synleg korleis innspel frå barnet er blitt tekne omsyn til. Gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern skal det utviklast nye digitale løysingar. Ei av løysingane er eit nasjonalt barnevernsfagleg kvalitetssystem som skal rettleie dei tilsette i arbeidet og mellom anna bidra til at barn får medverke i alle fasar av ei barnevernssak. Sjå nærare omtale under Nye digitale løysingar.

Satsinga på familieråd er ei høgt prioritert oppgåve. Familieråd brukast mellom anna for å rekruttere fleire fosterheimar i slekt og nettverk. Erfaringar har vist at familieråd kan stimulere til auka medverknad i eiga sak, både for barnet og for familien. Dette kan igjen medverke til å styrkje rettstryggleiken for dei involverte i ei barnevernssak. Bruk av familieråd i akuttsaker kan redusere omfanget av akuttsaker, og plasseringane synast å vere meir skånsame. Bufdir har i 2019 og 2020 arbeidd med å auke bruken av familieråd i kommunane. Til dømes er det etablert nettverk i kommunane for å samarbeide og dele erfaringar om familieråd. Bufdir har òg utarbeidd informasjonsmateriell og lagt til rette for bruk av videokommunikasjon for å gjennomføre familieråda. Arbeidet med å implementere familieråd i kommunane held fram i 2021.

I fylkesnemnda medverkar barn via ein talsperson, ved samtale direkte med nemnda eller som part i eiga sak. I høyringsnotat om ny barnevernslov føreslo departementet å tydeleggjere at barn utan partsrettar skal ha høve til å samtale direkte med nemnda. Departementet føreslo òg å utvide høvet til at barn under 15 år kan vere part i si eiga sak. Departementet vurderer no innspela frå høyringa og planlegg å leggje fram forslaga i proposisjonen om ny barnevernslov. Ordninga med talsperson for barnet er viktig for rettstryggleiken til barn når barnevernssaker blir handsama i fylkesnemnda. Dette gjeld særleg for barn under 15 år som ikkje har partsstatus, og ikkje ønskjer å møte i nemnda sjølv. For å vurdere om ordninga fungerer godt nok, har departementet bede Bufdir om innan utgangen av 2021 å innhente ei evaluering av ordninga med bruk av talsperson i barnevernet. Samstundes skal òg ordninga med tillitsperson evaluerast.

Samtaleprosess er ein alternativ prosessform for saker i nemnda som kan vere godt eigna til å ta vare på barn sin rett til medverknad. Prosessforma er meir fleksibel og uformell og kan tilpassast slik at barnet kan medverke på ein meiningsfylt måte. Ved handsaminga av Prop. 84 L (2019–2020) slutta Stortinget seg til forslaget om at alle nemndene kan ta i bruk samtaleprosess, sjå nærare omtale under Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.

Synspunkta til barna blir innhenta og vektlagde ved val av institusjon og formidling av fosterheimar. Bufetat har rutinar for at barn skal bli inviterte til avklaringsmøte når Bufetat hjelper kommunane med å formidle fosterheimar. I løpet av 2018 skulle alle barnevernsinstitusjonane ha innført effektmålingar og brukarundersøkingar. Det blei vurdert mest hensiktsmessig å løyse dette digitalt. Derfor blei det behov for juridiske og tekniske avklaringar, samt opplæring i fagsystemet, før arbeidet kunne setjast i gang. Dei tekniske løysingane og opplæring blir klart i 2020, slik at systemet kan realiserast i 2021. I barnevernsinstitusjonane skal innføringa av standardiserte forløp bidra til å ta hand om retten barna har til medverknad. Gjennom forløpa skal det leggjast til rette for at barn blir gitt moglegheiter til å delta aktivt i alle tilhøve som omhandlar dei. Det gjeld både ved inntak, under opphaldet og ved førebuing til utflytting frå barnevernsinstitusjonen.

Departementet har arbeidd med å styrkje moglegheita barn i barnevernet har til å klage på tenestene dei får. For at barn skal kunne klage, må dei òg ha tilstrekkeleg og tilpassa informasjon om rettane sine. Departementet har bede Bufdir om å utarbeide meir barnevennleg informasjon om klageretten i barnevernssaker, og bede direktoratet vurdere kva for tekniske endringar som kan gjerast for å gjere høvet til å klage meir tilgjengeleg for barn. Dette arbeidet skal leggjast fram for departementet i 2020. Fylkesmennene sin fellesadministrasjon har i samarbeid med Bufetat utarbeida meir barnevennleg informasjon om klageretten i barnevernssaker, som skal publiserast på fylkesmannen si nettside.

Departementet fører vidare løyvinga til Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. I tråd med Bestemmelser for økonomistyring i staten har departementet fått gjennomført ei evaluering av ordningane, utført av Agenda Kaupang. Evalueringa viser at tilskotsordningane er nyttige, og at treffsikkerheita, forvaltinga og måloppnåinga deira er tilfredsstillande. Rapporten har tilrådingar til tilskotsforvaltinga til Bufdir og ei generell tilråding om varsam bruk av øyremerking av tilskotsmottakarar. Departementet vil ta med seg tilrådingane i evalueringa i den vidare vurderinga av innrettinga av tilskotsordningane. Rapporten er send Bufdir, som er tilskotsforvaltar for ordningane.

Organisering i barnevernet og samarbeid med andre sektorar

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Ved handsaminga av Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) slutta Stortinget seg til forslaget om å opne for større fleksibilitet knytt til fylkesnemndene sitt stadlege verkeområde. Som ei tilpassing til endra fylkesgrenser frå 1. januar 2020 blei talet på nemnder redusert frå 12 til 10. Fylkesnemnda i Oslo og Viken har lokale i tre byar.

Frå 1. juli 2020 er samtaleprosess innført som ei fast ordning. Samtaleprosess er ein alternativ prosessform for handsaming av barnevernssaker i fylkesnemndene. Målet er å gi partane moglegheit til å bli samde om frivillige løysingar til det beste for barnet, som fullstendig eller delvis løysing av ei sak. Dersom saka ikkje blir løyst gjennom ein samtaleprosess, vil saka bli handsama etter ordinær prosess. Samtaleprosess er særleg eigna til å betre kommunikasjonen og dialogen mellom partane. Dette er ei løysning fleire foreldre er meir fornøgde med enn den tradisjonelle handsaminga av saker i nemndene.

Riksrevisjonen la i 2015 fram Dokument 3:10 (2014–2015) Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandling i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Departementet har saman med Sentraleininga for fylkesnemndene sett i verk ei rekkje tiltak som følgje av tilrådingane frå Riksrevisjonen og av merknader til dokumentet frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for saker med forhandlingsmøte har i perioden frå 2014 og fram til og med 2019 blitt redusert med 40 prosent, frå 85 dagar i 2014 til 51 dagar i 2019. Forskjellar i sakshandsamingstid mellom nemndene har òg blitt jamna ut.

Ny ansvarsdeling i barnevernet

Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) til forslaga om ei barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Ansvarsendringane som følgjer av reforma, skal ta til å gjelde i 2022 og vil gi kommunane eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Departementet samarbeider med KS, Bufdir og fylkesmannsembeta om å førebu iverksetjinga av endringane i ansvarsdelinga.

Sidan april 2016 har kommunane Alta, Røyken og Færder (tidlegare Nøtterøy) delteke i eit forsøk med auka kommunalt ansvar for barnevernet. Erfaringar og kunnskap frå forsøket skal bidra til gode endringsprosessar ved gjennomføringa av den nasjonale reforma. Røyken avslutta forsøksverksemda ved utgangen av 2019, då kommunen blei ein del av nye Asker kommune. Alta og Færder held fram med forsøket inntil den nasjonale reforma skal tre i kraft. Kommunane har gjennom forsøket styrkt tilgangen sin på kompetanse og tiltak, og dei opplever at dette gir betre moglegheiter til å tilpasse hjelpa til barna sine behov enn tidlegare. Følgjeevalueringa av forsøket viser nokre viktige lærdommar for andre kommunar som skal få eit auka ansvar for barnevernet. Auka finansielt ansvar styrkjer dei økonomiske insentiva til å drive førebygging, men førebygging krev tydeleg prioritering og ansvarleggjering i alle nivåa i kommunen. Erfaringane frå forsøket viser òg at godt førebyggjande arbeid ikkje utan vidare fører til færre inngripande saker på kort sikt, fordi ein gjennom det førebyggjande arbeidet avdekkjer fleire alvorlege saker. Det er ein klar lærdom frå forsøket at kommunar har mykje å hente ved å prioritere eit systematisk arbeid med fosterheimar i familie og nettverk.

I Prop. 73 L (2016–2017) varsla departementet ein gjennomgang av rammevilkåra for dei private aktørane i barnevernet. Departementet har på bakgrunn av gjennomgangen føreslått endringar i rammevilkåra. Forslaga var på høyring våren 2020. Departementet føreslo mellom anna å lovfeste tilgangen til å nytte private aktørar i det kommunale barnevernet, og ei innstramming i kva private aktørar kan brukast til på fosterheimsområdet. Innstrammingane er grunngitte i omsynet til rettstryggleiken til barna og familiane deira. Departementet føreslår òg tiltak som skal gjere det enklare for kommunane å nytte private aktørar på ein god måte. På institusjonsområdet er det behov for å sjå på meir generelle utfordringar før det kan setjast i verk større endringar i rammevilkåra for private aktørar. Departementet vurderer no innspel frå høyringa og planlegg å fremje dei endelege forslaga i den nye barnevernslova, våren 2021.

Eit ekspertutval som vurderte overføring av oppgåver til fylkeskommunane, føreslo å overføre Bufetat sine oppgåver til fylkeskommunane. På bakgrunn av Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner, som varsla at ei eventuell overføring av oppgåver skulle utgreiast nærare, har Vista Analyse gjennomført ei utgreiing for departementet av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av ei eventuell overføring. Utgreiinga konkluderer mellom anna med at ei overføring av oppgåvene medfører risiko for redusert kvalitet i tilbodet til dei mest sårbare barna. Ei overføring av oppgåvene vil òg innebere store omstillingskostnader i ein overgangsperiode, og det er høgst usikkert om fylkeskommunane på sikt vil kunne sørgje for tenester til same kostnad og kvalitet som det staten leverer. Regjeringa går derfor ikkje vidare med forslaget om å overføre oppgåver i barnevernet til fylkeskommunane, sjå nærare omtale i Kommuneproposisjonen 2021 og Innst. 383 S (2019–2020).

Akuttberedskapen i barnevernet

I 2017 hadde 52 prosent av kommunane formalisert akuttberedskap. I 2018 hadde denne delen auka til 69 prosent og i 2019 til 95 prosent. Den resterande delen er små kommunar som utgjer ein svært liten del av befolkninga.

Det førebyggjande arbeidet til barnevernet er viktig for å redusere akutte hendingar. Samstundes må arbeidet til barnevernet ha høg kvalitet, uavhengig av når på døgnet behovet oppstår. Regjeringa har dei siste åra lagt stor vekt på å følgje opp ansvaret kommunane har for å sikre eit forsvarleg tilbod om hjelp i akutte saker heile døgnet. Eit forslag om å lovfeste ansvaret kommunen har for akuttberedskap, har vore på høyring i forslaget til ny barnevernslov. Departementet arbeider vidare med forslaget på bakgrunn av innspel frå høyringa. Departementet tek sikte på å leggje fram proposisjon om ny barnevernslov våren 2021.

Bufdir har laga ei rettleiing om akuttarbeid i kommunane. Rettleiinga skal vere eit verkemiddel for at dei tilsette skal kjenne seg trygge på kva dei skal gjere i dei ulike fasane i akuttarbeidet. På grunnlag av mellom anna eit pågåande forskingsprosjekt om praksis for akuttarbeid i det kommunale barnevernet vil Bufdir utvikle faglege tilrådingar på området.

Helsetenester for barn og unge i barnevernet

Forsking har vist at om lag tre av fire barn i barnevernsinstitusjonar har psykiske vanskar. Det same gjeld for om lag halvparten av barna i fosterheim. Mange får ikkje eit godt nok tilbod om utgreiing og behandling av helseutfordringane sine, eller dei blir vurderte til ikkje å vere tilstrekkeleg motiverte eller mottakelege for slik behandling. Helsetenestene er ofte ikkje innretta fleksibelt nok til å møte behova desse barna har for hjelp. Hjelpetilbodet kan opplevast som fragmentert, lite oppsøkjande og i for liten grad tilpassa behovet til det einskilde barnet.

Regjeringa føreslår 30 mill. kroner i 2021 som i hovudsak skal nyttast til å kartleggje helseutfordringar gjennom rutinemessig, tverrfagleg utgreiing av barn som er plasserte utanfor heimen. Løyvinga er fordelt mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Bufdir og Helsedirektoratet har utvikla pakkeforløp som omhandlar psykisk helse og rus hos barn og unge i barnevernet. Målsettinga er at barn og unge med psykiske vanskar og rusmiddelproblem ved behov kan få enklare tilgang til naudsynt helsehjelp. I 2020 skal ein utvide pakkeforløpet til òg å innehalde somatisk helse. Helsetenestene skal bidra til utgreiinga, og dei har ansvaret for å tilby naudsynt helsehjelp. Regjeringa vil òg styrkje det oppsøkjande helsetilbodet til unge i 2021 gjennom fleksibel, aktiv, oppsøkjande behandling ved såkalla «FACT-team» (Flexible Assertive Community Treatment). Sjå nærare omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

Bufdir har saman med Helsedirektoratet greidd ut behovet for å lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til å be om helsekartlegging av barn som flyttast ut av heimen. Dei har òg vurdert behovet for ei korresponderande plikt for helsetenestene til å gjennomføre ei kartlegging. Direktorata tilrår ei slik lovfesting. Departementet vil i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet vurdere tilrådingane frå direktorata.

Det er oppretta to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn og unge som har behov for både psykisk helsehjelp og langvarig og/eller spesialisert omsorg utanfor heimen. I institusjonane samarbeider barnevernsfagleg og helsefagleg personell med høg kompetanse for å gi eit godt omsorgs- og helsetilbod. Institusjonane har spesialutdanna miljøterapeutar og helsepersonell med psykiatrisk kompetanse, og psykolog og lege er tilgjengeleg. Institusjonane skal medverke til at barn med store og komplekse behov får eit tilbod av høg kvalitet som er godt tilpassa deira behov. BFD fekk i byrjinga av sommaren ein evalueringsrapport om dei to institusjonane, utført av SINTEF og NTNU Samfunnsforsking. Rapporten tar for seg oppstartsfasen for dei to institusjonane og vil vere del av grunnlaget for det vidare arbeidet med utviklinga av dei.

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) har kartlagt praksis og har forslag til utvikling av tiltak for å bruke digitale verktøy for psykisk helsehjelp til barn i barnevernsinstitusjon. Dei er no i gang med ein pilot der dei nyttar video i behandling og oppfølging av barn og unge i barnevernsinstitusjon. Piloten starta hausten 2018, og Bufdir og Helsedirektoratet vurderer no tilrådingane i sluttrapporten som blei lagt fram sommaren 2020. Rapporten gir tilrådingar om kva som skal til for å komme i gang med videobasert behandling av unge som bur i barnevernsinstitusjonar. UNN vil vurdere nærare om klinisk bruk av video er gunstig for målgruppa, i ein tilleggsrapport som vil leverast innan utgangen av året.

Betre samordning av tenester for barn og unge i barnevernet

Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeida eit høyringsnotat med forslag til regelverksendringar som skal sikre betre samarbeid mellom velferdstenester for barn og unge som har behov for samansette tenester. Einskilde tenester har i dag berre plikt til å samarbeide med andre tenester når dette vil bidra til å løyse deira eigne oppgåver. Departementa meiner at det er behovet til barnet som skal vere avgjerande for om velferdstenestene har plikt til å samarbeide. Det er derfor føreslått lovendringar for å klargjere, harmonisere og styrkje plikta velferdstenestene har til å samarbeide, innanfor og på tvers av sektorane når dette er til det beste for barnet. Det er òg føreslått å lovfeste ei samordningsplikt for velferdstenestene. Kommunen skal ha ei tydeleg plikt til å avklare kva for ei teneste som skal ha ansvaret for å samordne tilbodet der barn og unge får tenester frå fleire, og der samarbeid er naudsynt for å yte heilskaplege og koordinerte tenester. Forslaga skal bidra til tydelegare ansvarsplassering. Forslaga blei sende på høyring 30. juni 2020 med frist 1. november 2020.

Barn og unge med tiltak i barnevernet har lågare skuleprestasjonar og fullfører i mindre grad vidaregåande skule enn andre barn på same alder. Ei kartlegging av haldningar til skulegang for desse barna viser at det framleis er store forskjellar i forventningane til skulegang blant dei tilsette i skule og barnevern. Medan tilsette i skulen har dei same forventningane til barn med barnevernstiltak som andre barn, har dei tilsette i barnevernet lågare forventningar. Tilsette i barnevernet meiner i større grad at det er vanskeleg for desse barna å nå dei same læringsresultata som andre barn, gitt dei daglege utfordringane desse barna møter. Å fullføre skulen er ei sterk trygging mot utanforskap i vaksen alder. Det er derfor sett i verk ulike tiltak dei seinare åra for å møte desse utfordingane, og Bufdir har arbeidd for å skape haldningsendringar hos tilsette i både barneverns- og skulesektoren.

Det er innført skuleansvarlege ved alle statlege og private institusjonar. Det nye hjelpetiltaket i barnevernet, Skolelos, blir i 2020 testa ut i tre barnevernstenester i 13 kommunar. Målgruppa for tiltaket er unge i alderen 12–18 år som har behov for støtte til å meistre skulekvardagen. Målet med tiltaket er å betre skulesituasjonen og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Utprøvinga viser opplevd nytte både for dei i målgruppa og for tilsette som har gjennomført opplæringa og teke skulelosmodellen i bruk. I 2019 blei rettleiinga for samarbeid mellom skule og barnevern revidert og lansert på ny. I 2019 blei det òg lansert eit e-læringsprogram om skule og to kurs om skule og barnevern. Det eine er retta mot tilsette i skule og kommunal barnevernsteneste, medan målgruppa for det andre kurset er tilsette i institusjon.

Stortinget har slutta seg til forslaget om å utvide aldersgrensa for rett til ettervern frå barnevernet frå 23 til 25 år, sjå nærare omtale under Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet. Dette vil gjere det mogleg for unge med erfaring frå barnevernet å få støtte i overgangsfasen mot vaksenlivet. Det kan bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring, og at unge får hjelp til å kontakte andre tenester.

Barn og unge som har gjort seg skuldige i, eller står i fare for, å gjere lovbrot

Regjeringa har ei satsing i barnevernet i Oslo retta mot barn mellom 10 og 15 år som står i fare for å gjere, eller gjer, lovbrot. Målet er å hindre at barn hamnar i kriminelle miljø og å hjelpe barn ut av kriminelle miljø. Satsinga skal òg bidra til tettare samarbeid mellom barnevern og politi. Ei rekkje tiltak i bydelane Alna og Søndre Nordstrand skal prøvast ut, i tillegg til at ein skal vidareutvikle og prøve ut eit institusjonstilbod til barn mellom 12 og 15 år som har gjort seg skuldige i alvorlege eller gjentekne lovbrot. NOVA ved OsloMet skal evaluere tiltaka gjennom ei eiga følgjeevaluering. Som ein del av satsinga skal dei nye retningslinjene om ansvaret barnevernet har for barn som gjer kriminelle handlingar, implementerast i tenestene.

Regjeringa har etablert eit samarbeid mot barne- og ungdomskriminalitet på tvers av fleire departement og etatar. Samarbeidet er innlemma i regjeringa sitt 0–24-samarbeid. Arbeidet skal gi grunnlag for å vurdere tiltaka som finst i dag i dei aktuelle sektorane, om det er behov for endringar i regelverket, og kva som bør vere ansvaret til barnevernet og andre sektorar, slik at barn og unge som gjer lovbrot får best mogleg hjelp. Bufdir har fått eit særskilt oppdrag om å vurdere behovet og føresetnadene for barnevernsinstitusjonar med rørslerestriksjonar for barna. Vidare er Bufdir bede om å vurdere kva for effektar høg grad av tryggleik på barnevernsinstitusjonar kan ha på generell bruk av tvang på institusjonar. Oppdraget skal leverast hausten 2020. Regjeringa utarbeider òg ein handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet, som er planlagd ferdig ved slutten av 2020.

Eit høyringsnotat om varsling til fornærma eller etterlatne når barn under 15 år har gjort eit alvorleg lovbrot, har vore på offentleg høyring. Departementet føreslo å innføre reglar i barnevernlova for å kunne gi informasjon til dei fornærma eller etterlatne om kva som skjer med lovbrytarar som vert plasserte i institusjon i barnevernet som følgje av lovbrotet. Departementet vil arbeide vidare med forslaga på bakgrunn av innspel frå høyringa og tek sikte på å leggje fram forslag i den nye barnevernslova våren 2021.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

232 299

234 427

234 765

0,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 088 473

1 160 428

1 190 821

2,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 245 547

7 112 860

7 218 350

1,5

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

121 057

118 729

118 693

0,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

312 507

610 536

617 986

1,2

Sum kategori 11.20

8 999 883

9 236 980

9 380 614

1,6

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

471

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 480 057

1 505 441

1 543 803

2,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

105 864

113 082

116 118

2,7

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

5 610

499

515

3,2

Sum kategori 11.20

1 592 002

1 619 022

1 660 436

2,6

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Drift

7 623 191

7 787 679

7 881 705

1,2

30–49

Nybygg og anlegg

16 487

20 116

10 029

-50,1

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

16 131

17 411

18 590

6,8

60–69

Overføringar til kommunar

1 205 917

1 253 230

1 298 611

3,6

70–98

Overføringar til private

138 157

158 544

171 679

8,3

Sum kategori 11.20

8 999 883

9 236 980

9 380 614

1,6

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

227 744

234 427

234 765

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

4 555

Sum kap. 0853

232 299

234 427

234 765

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevernlova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar med åtferdsvanskar. Over 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer fylkesnemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og tvangstiltak for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klager på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i alle fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og i Sentraleininga for fylkesnemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 234,8 mill. kroner i 2021.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

471

Sum kap. 3853

471

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

74 775

76 772

69 424

22

Barnesakkunnig kommisjon

6 610

7 814

7 524

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

11 932

20 116

10 029

50

Forsking og utvikling

16 131

17 411

18 590

60

Kommunalt barnevern

773 010

800 000

820 000

61

Utvikling i kommunane

49 891

53 871

66 872

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

17 967

25 900

26 703

71

Utvikling og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

40 162

37 026

38 211

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

97 995

121 518

133 468

Sum kap. 0854

1 088 473

1 160 428

1 190 821

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak i barnevernet. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet og tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet.

Posten dekkjer mellom anna tiltak i kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Dette gjeld utgifter til dialogmøte fylkesmannen har med kommunane, og oppgåver med å koordinere kompetansetiltak overfor kommunane. Midlane skal òg dekkje utgifter fylkesmannen har ved å leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere posten med 8,5 mill. kroner til tilbodet om rettleiingsteam, mot ein tilsvarande auke på post 72. Rettleiingsteam skal følgje opp kommunar og barnevernstenester med store utfordringar i barnevernet. Sjå nærare omtale under post 72.

For å styrkje kommunane sitt arbeid med rekruttering av fosterheimar i familie og nære nettverk føreslår departementet å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Løyvinga skal finansiere eit halvt årsverk i kvart fylkesmannsembete. Hos Fylkesmannen i Oslo og Viken føreslår departementet å finansiere eitt årsverk. Løyvinga skal bidra til at fylkesmannen i større grad kan følgje opp, rettleie og vere ein pådrivar i kommunane sitt arbeid med å rekruttere fosterheimar.

Departementet vil heve kvaliteten på det førebyggjande arbeidet barnevernet gjer. Departementet fører vidare satsinga som mellom anna skal dekkje utgifter til å prøve ut ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Målet er å betre kvaliteten på hjelpetiltak til barn og familiar, mellom anna gjennom å førebyggje akuttsaker og saker som gjeld omsorgsovertaking. Sjå òg kap. 854, post 61 og 72, for ytterlegare omtale av denne satsinga.

For å sikre korrekt postbruk blir posten føreslått redusert med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61. Midlane skal nyttast til å halde fram med arbeidet med det nye hjelpetiltaket Skolelos, med føremål om å betre skulesituasjonen og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Sjå nærare omtale under kap. 854, post 61.

Posten dekkjer òg utgifter til framhald av arbeidet med barn og unge som er skuldige i eller står i fare for å bli skuldige i lovbrot. Midlane dekkjer utgifter Bufdir har til å følgje opp og evaluere den auka innsatsen til barnevernet i Oslo retta mot barn i målgruppa og familiane deira. Bufdir skal òg utarbeide eit oppdatert kunnskapsgrunnlag på feltet. Sjå kap. 854, post 61, for ytterlegare omtale av denne innsatsen.

Departementet føreslår å auke posten med 2,25 mill. kroner i 2021 for å betre tenestetilbodet til den samiske befolkninga. Midlane inngår i ei samla styrking på 10 mill. kroner til å vidareutvikle Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for det statlege og det kommunale barnevernet, familievernet og det kommunale krisesentertilbodet. Sjå òg omtale under kap. 840, post 21 og post 70, kap. 842, post 01, og kap. 854, post 61.

Posten dekkjer òg midlar til eit prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar.

Departementet føreslår ei løyving på 69,4 mill. kroner i 2021.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetsvurdere rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane. Statens sivilrettsforvalting er sekretariat og disponerer løyvinga for kommisjonen.

Som ei følgje av at det har komme inn færre rapportar dei siste åra, føreslår departementet å redusere posten med om lag 0,3 mill. kroner for å prioritere andre tiltak på barnevernsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2021.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir nytta til Bufdir sitt arbeid med digitaliseringstiltak. Gjennom prosjektet DigiBarnevern skal kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga i det kommunale barnevernet hevast. Midlane skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå eksterne konsulentar til systemutvikling og innføringsstøtte til kommunane.

På grunn av endra behov for kompetanse i prosjektet blir delar av midlane nytta til andre føremål enn eksterne konsulentar, mellom anna til interne ressursar i Bufdir. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å redusere posten med 7 mill. kroner, mot ein auke på kap. 858, post 01 og kap. 858, post 21. Sjå òg omtale under desse postane.

På grunn av reduserte utviklingskostnader i 2021 knytte til DigiBarnevern, føreslår departementet å redusere posten med om lag 3,5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 10 mill. kroner i 2021.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten går til Noregs forskingsråd. Midlane skal mellom anna dekkje ei løyving til arbeid med praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som inngår i programmet Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester, barnevern og familievern. Midlane på posten skal òg nyttast til å finansiere delar av forskingsprogrammet Velferd, arbeid og migrasjon II (VAM II). Føremålet med programmet er å forske på samfunnsutfordringar på desse områda og å finne moglege løysingar på utfordringane.

I budsjettet for 2020 blei om lag 0,7 mill. kroner overførte frå kap. 854, post 50, til Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 55, for å finansiere Forskingsrådet si sekretariatsrolle i BarnUnge21-prosessen. Midlane skal tilbakeførast til kap. 854, post 50, frå 2021. Sjå òg omtale under kap. 846, post 50.

Departementet føreslår ei løyving på 18,6 mill. kroner i 2021.

Post 60 Kommunalt barnevern

Tal frå SSB viser at kommunane bruker meir ressursar på årsverk i barnevernet. I perioden 2013–2019 har talet på årsverk auka med i underkant av 30 prosent. Dette utgjer ein auke på rundt 1 400 nye årsverk, medan endringa frå 2018 til 2019 utgjer ein auke på 90 årsverk. Samstundes som tala frå SSB viser at kommunane bruker meir ressursar på stillingar i barnevernet, føreslår departementet at dei øyremerkte midlane til årsverk i kommunane skal førast vidare i 2021. Løyvinga på posten skal dekkje særskilde tilskot til om lag 1 020 årsverk i kommunane. Løyvinga går til stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2018.

Departementet føreslår ei løyving på 820 mill. kroner i 2021.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og fylkesmannsembete. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barnevernet.

Departementet føreslår å føre vidare løyvinga til tilskotsordninga til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk, som er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Målet med ordninga er å styrkje tilbodet i kommunane om tenester og tiltak til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging. Delar av løyvinga skal brukast til å etablere betre kommunale tilbod om rettleiing og oppfølging av fosterheimar.

Som ein del av den styrkte innsatsen for barn og unge som er skuldige i eller står i fare for å bli skuldige i lovbrot, fører departementet vidare løyvinga av midlar til Oslo kommune for å styrkje barnevernet sitt arbeid med målgruppa og familiane deira. Midlane skal mellom anna nyttast til å etablere tverrfaglege team, til å styrkje samarbeidet mellom barnevernstenesta og skulane, til foreldrerettleiingstilbod og til vidareutvikling av institusjonstilbodet. Sjå òg kap. 854, post 21, for omtale av denne satsinga.

Departementet fører vidare midlar til utprøving av ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet, i tillegg til å styrkje satsinga med 3 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å dekkje kostnader kommunar har til deltaking i utprøvinga, mellom anna til å frigjere kapasitet, slik at dei kan ta i bruk nye arbeidsformer som kan gi barn og familiar betre hjelp.

Departementet føreslår å auke posten med 0,5 mill. kroner i 2021 for å betre tenestetilbodet til den samiske befolkninga. Midlane skal nyttast til å styrkje Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) og vidareutvikle senteret til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for både det statlege og det kommunale barnevernet, familievernet og det kommunale krisesentertilbodet. Sjå òg omtale under kap. 854, post 21, kap. 840, post 21 og post 70, og kap. 842, post 01.

Departementet føreslår òg å auke posten med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21. Midlane skal nyttast til arbeidet med det nye hjelpetiltaket Skolelos, og skal dekkje lønnsutgifter barnevernstenestene har i samband med arbeidet. Målet med tiltaket er å betre skulesituasjonen og hindre fråfall frå vidaregåande opplæring. Sjå òg omtale under kap. 854, post 21.

Løyvinga på posten dekkjer òg driftsmidlar til Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for. Under utbrotet av covid-19, har det vore ein markant auke i talet på sårbare barn og unge som har tatt kontakt med tenesta. Tilbodet blei i 2020 derfor utvida med ei døgnope chatteteneste og telefonteneste. Departementet føreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner i 2021 for å vidareføre auken frå revidert nasjonalbudsjett for 2020 med heilårseffekt.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvaktene og politiet i 2021. Denne barnevernsvakta vil få midlar over denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 66,9 mill. kroner i 2021.

Post 62 Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet. Målet med vidareutdanningane er å heve kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette høve til å fordjupe seg innanfor prioriterte fagområde i barnevernet. Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot til å dekkje vikarutgifter, reisekostnader, litteraturkjøp o.l. Kommunar vil bli prioriterte, men arbeidsgivarar for tilsette i statlege og private barnevernsinstitusjonar kan òg søkje om tilskot. I 2021 gjeld dei prioriterte vidareutdanningane desse temaa: barnevernsfagleg rettleiing, kultursensitiv kompetanse i barnevernet, juss i barnevernsfagleg arbeid, vurdering av det beste for barnet og relasjonsarbeid i samarbeid med barn og familiar. Regelverket for tilskotsordninga vil bli utdjupa i retningslinjer i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 26,7 mill. kroner i 2021.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid m.m., kan nyttast under post 21

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Ordningane skal bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordningane på posten finst i Prop. 1 S (2017–2018) for Barne- og likestillingsdepartementet. Nærare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil komme fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordningane. Det er mogleg å søkje om tilskot for inntil tre år om gongen. Innanfor ordningane er 4,5 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken og 4,5 mill. kroner sette av til Landsforeningen for barnevernsbarn. Det er òg sett av midlar til SOS-barnebyer sitt fireårige prosjekt Under samme tak. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknadar frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Posten dekkjer òg den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (Children at Risk, CAR).

Departementet føreslår ei løyving på 38,2 mill. kroner i 2021.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø og midlar til vidareutdanningar som medverkar til å auke kunnskapsnivået.

Om lag 53 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU har eit nasjonalt ansvar for tenestestøtte, for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Både barnevernet og andre relevante tenester er i målgruppa til senteret. NUBU skal utvikle, halde ved like og spreie kompetanse om førebygging og metodar for behandling. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir òg finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegner av dei to departementa.

Løyvinga til opplæringstilbod retta mot barnevernstenestene, i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet, blir vidareført. Delar av denne løyvinga blir gitt som tilskot til RKBU Nord, RKBU Vest, RKBU Midt-Noreg, RBUP Aust og Sør og RVTS Sør, som har ansvaret for å gjennomføre Tjenestestøtteprogrammet om undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid. Dette kjem i tillegg til dei generelle tilskota til kompetansemiljøa, som er omtalte ovanfor.

Som ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet er det løyvd midlar til rettleiingsteam. Rettleiingsteama skal følgje opp kommunar og barnevernstenester med store utfordringar i barnevernet. Midlar til rettleiingsteama skal brukast til å utvikle og å drifte desse, mellom anna gjennom å lære opp rettleiarar. Rettleiarane er i hovudsak barnevernsleiarer i andre kommunar. RKBU Midt-Noreg har det einaste fagmiljøet i landet på barnevernsleiing. Departementet føreslår derfor å tildele tilskotet til RKBU Midt-Noreg. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å auke posten med 8,5 mill. kroner til RKBU Midt-Noreg sitt arbeid med rettleiingsteam, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21. Desse midlane kjem i tillegg til det generelle tilskotet til kunnskapssenteret.

Departementet fører vidare finansieringa av seks vidareutdanningstilbod, på til saman om lag 350 studieplassar innanfor barnevern i 2021. Det er eit mål at fleire tilsette i barnevernet har utdanning på masternivå. Dei barnevernsfaglege vidareutdanningane har òg hatt høge søknadstal. Unytta midlar til vidareutdanningstilbod kan brukast på andre tiltak i kompetansestrategien.

Posten omfattar òg løyvinga som Norsk Psykologforening blir tildelt til sakkunnig opplæring, og dekkjer i tillegg løyvinga til mentorordninga Nattergalen.

Posten har òg dekt Bufdirs finansiering av kompetansehevingstiltaket Rosa kompetanse barnevern som Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) tilbyr tilsette i barnevernet. For å medverke til at barnevernet blir ein integrert del av innsatsen på LHBTIQ-feltet, føreslår departementet å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av tilskotsordninga for å betre levekåra og livskvaliteten blant lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnspersonar på kap. 351, post 72. Det er Bufdir som forvaltar tilskotsordninga for Kulturdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 133,5 mill. kroner i 2021.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

4 049 326

3 942 140

3 960 974

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

26 323

24 768

25 433

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 804 849

2 772 493

2 846 907

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

365 049

373 459

385 036

Sum kap. 0855

7 245 547

7 112 860

7 218 350

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i det statlege barnevernet. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Løyvinga blei auka i 2020 grunna ein auke i talet på barn med samansette utfordringar og eit omfattande omsorgs- og behandlingsbehov. Auken i 2020 gjer at løyvinga no er betre tilpassa behovet i sektoren, og departementet ventar ikkje at det blir behov for ytterlegare auke i 2021 grunna talet på barn med samansette utfordringar.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner til arbeidet med betre helsetenester til barn i barnevernet. Midlane skal i hovudsak nyttast til utvikling av arbeidsmåtar og modellar for rutinemessig, tverrfagleg utgreiing av barn som blir plassert utanfor heimen, i eit samarbeid mellom barnevern og helse. Nærare fordeling av kostnader mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet skal greiast ut. Departementa vil komme tilbake til endeleg fordeling av midlane i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 3 961 mill. kroner i 2021.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 25,4 mill. kroner i 2021.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Løyvinga blei auka i 2020 grunna ein auke i talet på barn med samansette utfordringar og eit omfattande omsorgs- og behandlingsbehov. Auken i 2020 gjer at løyvinga no er betre tilpassa behovet i sektoren, og departementet ventar ikkje at det blir behov for ytterlegare auke i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 2 846,9 mill. kroner i 2021.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Løyvinga blei redusert i 2020 grunna ein reduksjon i talet på barn i forsterka fosterheimar. Reduksjonen i 2020 gjer at løyvinga no er betre tilpassa behovet i sektoren, og departementet ventar ikkje at det blir behov for ytterlegare reduksjon i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 385 mill. kroner i 2021.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

8 145

16 534

8 863

02

Barnetrygd

2 448

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 469 464

1 484 948

1 530 981

Sum kap. 3855

1 480 057

1 505 441

1 543 803

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den einskilde bebuaren ved plassering i statlege tiltak, når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten, til dømes refusjonar for reise.

Det er gjort endringar i praksisen for kommunal betaling av klientutgiftene. I tillegg er det gjort andre endringar som gjer at fleire av dei tilfeldige inntektene (framleigeavtalar, samarbeidsprosjekt og salsinntekter frå bilsal) vil falle bort frå og med 2021. Departementet føreslår å redusere posten med om lag 8 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 8,9 mill. kroner i 2021.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2021.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen. Departementet legg opp til ei prisjustering av dei kommunale eigendelane per barn per månad for opphald i institusjonstiltak og for barn i andre typar tiltak til høvesvis 76 900 kroner og 36 200 kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 1 531 mill. kroner i 2021.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

121 057

118 729

118 693

Sum kap. 0856

121 057

118 729

118 693

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet og søkt vern utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og eventuelle kjøp av plassar i private omsorgssenter, arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeid med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Prognosane for talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år tilseier at det i gjennomsnitt vil vere om lag 24 barn i omsorgssentera i 2021. Det er uvisse knytt til talet på barn som til kvar tid har behov for å bu i omsorgssentera. Talet på barn i omsorgssentera kan derfor variere i løpet av året. Løyvinga legg til rette for å dekkje drift av 50 plassar i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 118,7 mill. kroner i 2021.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

142

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

105 722

113 082

116 118

Sum kap. 3856

105 864

113 082

116 118

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at alle barn i omsorgssenter vil ha ei butid under eitt år i 2021.

Departementet føreslår at 116,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 116,1 mill. kroner i 2021.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

297 328

590 813

592 934

21

Spesielle driftsutgifter

15 179

19 723

25 052

Sum kap. 0858

312 507

610 536

617 986

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje moglegheita det einskilde mennesket har til meistring og utvikling gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering. Bufdir skal òg vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for fagområda

  • barnevern

  • familievern

  • adopsjon

  • likestilling og ikkje-diskriminering

  • arbeid mot vald og seksuelle overgrep

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA). Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Bufdir skal òg nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Løyvinga inkluderer 15 mill. kroner som er øyremerkte til rekruttering av fosterheimar. Midlane har vore nytta til nasjonalt kampanje- og marknadsføringsarbeid. Departementet føreslår at posten blir redusert med 5,5 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 854, post 21, for å styrkje fylkesmannen i arbeidet med å følgje opp kommunane si rekruttering av fosterheimar i familie og nære nettverk.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,8 mill. kroner. Midlane skal gå til forvalting av satsinga på samlivskurs og til satsinga på nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Sjå nærare omtale under kap. 841, post 70, og kap. 846, post 61.

Grunna auka bruk av interne ressursar i Bufdir i samband med digitaliseringsprosjektet DigiBarnevern, føreslår departementet å auke posten med 2,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 45. Sjå òg omtale under kap. 854, post 45, og kap. 858, post 21.

For å styrkje arbeidet mot negativ sosial kontroll i direktoratet føreslår departementet å auke posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 291, post 60 under Kunnskapsdepartementets budsjett. Midlane skal nyttast til å styrkje kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll, som ligg under Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 592,9 mill. kroner i 2021.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir, mellom anna DigiBarnevern. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmane i fordelingsutvalet.

Grunna auka bruk av interne ressursar i Bufdir i samband med digitaliseringsprosjektet DigiBarnevern føreslår departementet å auke posten med 4,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 45. Sjå òg omtale under kap. 854, post 45, og kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 25 mill. kroner i 2021.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Diverse inntekter

5 610

499

515

Sum kap. 3858

5 610

499

515

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i foreldrekurset Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 0,5 mill. kroner i 2021.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal styrkje forbrukarane si stilling. Oftast står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Eitt av føremåla med forbrukarpolitikken er å vege opp for denne ubalansen. Forbrukarane skal sikrast gode rettar, og ha eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Det gjeld òg i samband med handel på nett. I kjøpssituasjonar skal forbrukarane vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Den teknologiske utviklinga med omfattande digitalisering har ført til store endringar innanfor dei fleste samfunnsområde – òg i forbrukaråtferda. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og kommunikasjon gjennom digitale medium gir forbrukarane nye moglegheiter, men òg utfordringar. På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene. Dei kan òg enkelt gjennomføre kjøp og sjølve by fram varer og tenester for sal eller utleige. På den andre sida må forbrukarane handtere aukande mengder informasjon, som kan vere motstridande. Forbrukarane må òg i aukande grad meistre digitale verktøy for å delta på alle marknadene der varer og tenester berre er tilgjengelege digitalt. Ei anna utfordring er at personopplysingane til forbrukarane blir nytta som ei handelsvare mellom næringsdrivande, ofte utan at forbrukarane er klar over eller ønskjer det.

Sjølv om alle forbrukarar under visse tilhøve og i visse situasjonar kan vere sårbare, er barn og unge, mange eldre og personar med funksjonsnedsetjingar truleg ekstra utsette i denne utviklinga. Samstundes som barn og unge er aktive brukarar av sosiale medium, er dei ofte i mindre grad enn vaksne i stand til å forstå ulike former for påverknad og marknadsføring. Bruk av sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for mobbing og annan skadeleg påverknad. For mange eldre og personar med funksjonsnedsetjingar kan det vere utfordringar knytt til at dei oftare manglar grunnleggjande ferdigheiter til å utnytte moglegheitene som ligg i digitaliseringa.

Regjeringa vil møte desse og andre utfordringar med ein aktiv forbrukarpolitikk. I juni 2019 la regjeringa fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital. Målet er å løfte forbrukarpolitikken og føreslå tiltak som kan styrkje forbrukarane si stilling på område med særlege utfordringar. Innrettinga av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet, medverknad i utforminga av ein felles europeisk forbrukarpolitikk, den digitale kvardagen til forbrukarane, gjeld og kreditt, bustadmarknaden, berekraftig forbruk, daglegvaremarknaden og forbrukarutfordringar i samband med arbeidslivskriminalitet er tema som blir omtalte særskilt i meldinga. Meldinga og handsaminga til Stortinget peiker ut ei retning for forbrukarpolitikken og legg føringar for tiltak som skal gjennomførast dei neste åra.

Med heimel i gjeldsinformasjonslova blei det frå 1. juli 2019 sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar eit betre grunnlag for kredittvurderingar. Gjeldsinformasjonen blir formidla av føretak med konsesjon frå BFD til å drive med slik verksemd. Gjennom at bankar får meir korrekt informasjon om kor mykje usikra kreditt einskildpersonar har frå før, er det lagt eit grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

BFD er i gang med å revidere gjeldsordningslova frå 1993. Gjeldsordningslova ber i dag preg av å vere utarbeidd i ei anna tid. Departementet vil særleg sjå på om dei noverande prosessane kan forenklast, slik at det blir raskare å få fastsett ei gjeldsordning for dei som fyller vilkåra.

Finansportalen er eit viktig verkemiddel for at forbrukarane skal kunne områ seg og samanlikne bank-, forsikrings-, pensjons- og fondsprodukt frå ulike tilbydarar. Regjeringa føreslår å styrkje arbeidet med Finansportalen med 6 mill. kroner for å sikre at tenesta held høg kvalitet og sørgje for at Forbrukarrådet, som forvaltar portalen, skal kunne gjere naudsynt utviklingsarbeid for å sikre ei framtidsretta løysing.

Tannhelseportalen, som Forbrukerrådet òg forvaltar, gir informasjon om prisane på ulike tannhelsetenester. I mai 2020 stengte Forbrukarrådet portalen ned midlertidig. Innskrenkingar i tannhelsetenesta som følgje av virusutbrotet førte til manglande innrapportering av prisar til portalen. Det er viktig å få Tannhelseportalen tilbake i ordinær drift, fornye tekniske løysingar og utvide portalen med prisar på tannregulering. Regjeringa føreslår derfor 5 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett til å styrkje arbeidet med Tannhelseportalen, jf. Prop. 1 S (2020–2021) Helse- og omsorgsdepartementet.

Som ein del av arbeidet med å motverke kroppspress mot barn og unge er BFD i gang med å vurdere om marknadsføringslova bør endrast, slik at det blir innført eit krav om at retusjert reklame må merkjast.

For betre å kunne møte utfordringane som er knytte til digitale tenester og produkt, skal BFD i 2021 gå i gang med å lage ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen. Strategien skal leggje føringar for aktivitetar og tiltak på dette området framover. For å sikre ei heilskapleg tilnærming til forbrukarutfordringane i den digitale økonomien skal det òg etablerast eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsyn som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt.

Regjeringa sette i 2018 ned eit ekspertutval (Etikkinformasjonsutvalet) til å greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet leverte i november 2019 innstillinga si og forslag til ei openheitslov9. I innstillinga føreslår utvalet mellom anna at verksemder ved førespurnad skal informere om korleis dei arbeider med å ta vare på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Forslaga har vore ute på høyring, og saka er no til vurdering i BFD.

1. juli 2020 blei endringar i marknadsføringslovas handhevingsreglar sette i verk. Endringane følgjer opp forordning nr. 2017/2394 om forbrukarvernsamarbeid som stiller ei rekkje krav til korleis forbrukarvernreglar skal handhevast. Lovendringane gir Forbrukartilsynet utvida undersøkings- og handhevingsmynde. Med lovendringane vil Forbrukartilsynet mellom anna enklare kunne undersøkje og stanse brot på forbrukarvernreglar i den digitale sfæren.

For å forbetre og effektivisere verkemiddelapparatet på forbrukarområdet har regjeringa bestemt at handsaminga av forbrukarklagar i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal samlast i Forbrukartilsynet frå 1. januar 2021. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon. Ansvaret som Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har med å førebu saker for Marknadsrådet, skal overførast til Klagenemdssekretariatet i Bergen. Før meklingsoppgåvene kan samlast under Forbrukartilsynet, er det naudsynt med lovendringar. BFD fremja våren 2020 Prop. 55 L (2019–2020) med forslag til ny lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget (forbrukarklagelova). Lova blei vedteken 8. juni 2020 og trer i kraft 1. januar 2021.

Virusutbrotet har auka risikoen for at pakkereisearrangørar skal gå konkurs. Dei fleste pakkereisearrangørane sel få nye pakkereiser, samstundes som forskotsbetalingar for avbestilte pakkereiser må betalast tilbake til dei reisande innan 14 dagar. Etter pakkereiselova har dei reisande særlege rettar (reisegaranti) ved konkurs hos reisearrangør. Reisegarantien skal sikre reisande tilbakebetaling for reisetenester som ikkje blir leverte som følgje av konkurs. Reisegarantiordninga blir administrert av Reisegarantifondet. Etter forslag frå regjeringa blei det i mars 2020 vedteke eit tilskot på 100 mill. kroner til Reisegarantifondet, og ei overskridingsfullmakt på ytterlegare 200 mill. kroner. Midlane skal gjere Reisegarantifondet i stand til å betale tilbake forskotsbetalingar for reiser som ikkje blir leverte på grunn av konkurs. I april 2020 blei det òg fastsett ei mellombels forskrift til pakkereiselova som forlenga fristen for pakkereisearrangørar til å betale tilbake forskotsbetalingar frå forbrukarar for reiser frå 14 dagar til 3 månader. Føremålet med fristforlenginga var å lette situasjonen for reisearrangørane i ein svært krevjande økonomisk situasjon og å gi regjeringa tilstrekkeleg tid til å få på plass ei låneordning som kan motverke konkursar. Departementet vil følgje utviklinga framover og vurdere Reisegarantifondets økonomiske situasjon.

Virusutbrotet har aktualisert kor viktig det er å ha gode forbrukarrettar og eit velfungerande forbrukarapparat som kan informere og gi bistand til dei som har behov. Mange forbrukarar har kjøpt reiser og ferieopphald eller billettar til ulike arrangement, og har avtalar eller medlemskap for aktivitetar og tenester som ikkje kan leverast eller nyttast. Mange har hamna i ein krevjande økonomiske situasjon. Korleis dette hittil er blitt handtert av selskap og seljarar, varierer. Forbrukarrådet har registrert fleire klare brot på viktige forbrukarrettar og fått inn mange klagesaker som er relaterte til at store delar av samfunnet har vore stengt ned. BFD og verksemdene i forbrukarapparatet vil derfor framover rette stor oppmerksemd mot konsekvensane av virusutbrotet for forbrukarane.

På forbrukarområdet har BFD desse måla for 2021:

Mål

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte under overskriftene Klagehandsaming og tilsyn og Informasjon og kunnskap nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Reglar og rammevilkår

Nedanfor blir relevant lovarbeid i BFD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalt. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2019 og hittil i 2020, og for planlagde tiltak i 2021.

Regelverksarbeid

Det som skjer i EU, har mykje å seie for utforminga av det norske regelverket på forbrukarområdet. Å delta i arbeidet EU gjer med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk, er derfor avgjerande for å sikre eit godt forbrukarvern. Det ligg ikkje føre arbeidsprogram for EU-institusjonane for 2021, men aktuelle tema å setje på dagsordenen er korleis forbrukarane kan bidra inn i den sirkulære økonomien. Dette kan skje ved tiltak som bidreg til lengre levetid for produkt, og til at forbrukarar får meir informasjon om levetida og om dei kan reparerast, slik at dei kan gjere berekraftige val. Det vil òg komme nye reglar som skal bidra til at marknadsføring som spelar på berekraft og miljø, er sannferdig.

A New Deal for Consumers

EU-kommisjonen la i april 2018 fram A New Deal for Consumers. Dette var ei pakke med to direktivforslag som skulle modernisere forbrukarregelverket, styrkje handhevinga av det og medverke til at forbrukarane i større grad får det dei har krav på. Det dåverande BLD sende begge direktivforslaga på nasjonal høyring sommaren 2018.

Det eine forslaget, «moderniseringsdirektivet», innebar ei modernisering av fire direktiv, mellom anna for å tilpasse reglane betre til digitaliseringa. Forslaget skulle mellom anna sikre betre informasjon i den digitale sfæren, til dømes om dei ein handlar med, er næringsdrivande eller forbrukarar, eller om næringsdrivande har betalt for høg plassering i prissamanlikningstenester. Eit anna sentralt element er å styrkje handhevinga ved nokre felles prinsipp og minstestandardar for fastsetjing av økonomiske sanksjonar ved brot på regelverket. Etter ei nasjonal høyring utarbeidde Noreg saman med EFTA-partnarane Island og Liechtenstein ein felles posisjon til forslaget og arbeidde for å fremje synspunkta i EU. Dei var mellom anna skeptiske til eit forslag om å innskrenke angreretten. Moderniseringsdirektivet blei vedteke 27. november 2019. Det endelege direktivet innskrenkar ikkje angreretten og er i stor grad i samsvar med posisjonen til Noreg og EFTA-partnarane. Etter BFDs vurdering inneber direktivet ei naudsynt styrking av forbrukarrettane. Direktivet er handsama i Spesialutvalet for forbrukarspørsmål, som fann det EØS-relevant og akseptabelt. BFD utarbeider no forslag til lovendringar som gjennomfører reglane i norsk rett.

Det andre forslaget i pakka var direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene. Forslaget inneber at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om å få stoppa brot på forbrukarvernreglar. I tillegg skal dei kunne krevje til dømes erstatning, ny vare, prisavslag eller reparasjon for forbrukarane som er ramma. Dette skal òg gjelde over grensene og for brot på til saman 59 rettsakter. Forslaget reiser prinsipielle spørsmål, noko som òg kom fram i den nasjonale høyringa det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet gjennomførte sommaren 2018. Rådet vedtok i november 2018 sin «general approach» (førebels haldning), med betydelege endringar i kommisjonens forslag. I desember det same året blei ein felles EØS/EFTA-posisjon publisert. Etter forhandlingar mellom EU-partane blei det 22. juni 2020 oppnådd politisk semje om forslaget. Direktivet vil bli formelt vedteke og publisert i løpet av 2020. BFD vil saman med Justis- og beredskapsdepartementet vurdere innlemming av direktivet i EØS-avtalen.

Forordning om forbrukarvernsamarbeid

Forordning om forbrukarvernsamarbeid blei vedteken 12. desember 2017 og tok til å gjelde i EU 17. januar 2020. Forordninga erstattar forordning nr. 2006/2004 og inneheld meir detaljerte og forpliktande reglar om samarbeidet mellom handhevingsorgana i EU/EØS-området ved grenseoverskridande forbrukarsaker. Vidare gir forordninga handhevingsorgana utvida undersøkings- og handhevingsmynde. Nasjonale handhevingsorgan omfatta av forordninga er mellom andre Forbrukartilsynet, Helsedirektoratet, Luftfartstilsynet, Medietilsynet og Sjøfartsdirektoratet.

Forordninga blei innlemma i EØS-avtalen i juni 2019 med atterhald om samtykke frå Stortinget. I november 2019 blei ein proposisjon om gjennomføringa av forordninga i norsk rett lagt fram for Stortinget. Stortinget vedtok lovendringane i april 2020, og gav samstundes samtykke til innlemminga av forordninga i EØS-avtalen. Lovendringane gir Forbrukartilsynet utvida undersøkings- og handhevingsmynde, som forordning nr. 2017/2394 om forbrukarvernsamarbeid krev. Forbrukartilsynet vil mellom anna enklare kunne undersøkje og stanse brot på forbrukarvernreglar i den digitale sfæren. Via ein domstol vil tilsynet kunne fjerne innhald på nettsider og appar, eller eventuelt stengje tilgangen til dei. 1. juli 2020 blei endringar i marknadsføringslovas handhevingsreglar sette i verk. Grunna forseinkingar i gjennomføringa i andre land er avgjerda som innlemmar forordninga i EØS-avtalen, ikkje sett i verk.

Revisjon av gjeldsordningslova

Gjeldsordningslova tredde i kraft i 1993 og har som føremål å gi personar med alvorlege gjeldsproblem moglegheit til å få kontroll over eigen økonomi. Sjølv om det etter 1993 er gjort endringar, ber lova preg av å vere utarbeidd i ei anna tid. Kredittmarknadene og situasjonen for forbrukarane har endra seg mykje. Den teknologiske utviklinga har opna nye moglegheiter for informasjonsformidling og kommunikasjon. Regjeringa ser behov for å gå gjennom lova med sikte på å skape ei klarare, meir moderne og effektiv lov. Det er derfor satt i gang ein revisjon.

BFD tek sikte på å sende eit lovforslag på høyring i løpet av 2020. BFD vil særleg sjå på om prosessreglar kan forenklast, slik at det blir raskare å få fastsett ei gjeldsordning for dei som fyller vilkåra. Ofte må ei gjeldsordning òg endrast etter at ho er kommen i gang, noko som kan leggje store byrder på namsmennene, sjølv i etter måten små saker. Departementet vil derfor vurdere om handsaminga av endringssaker kan forenklast. Eit anna sentralt tema i revisjonen er korleis skyldnarar kan sikrast oppfølging i samband med søknad om og gjennomføring av ei gjeldsordning.

Gjeldsinformasjonsordninga («gjeldsregister»)

Gjeldsinformasjonslova skal leggje til rette for sikker, ordna og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysingar. Med heimel i denne lova blei det 1. juli 2019 sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar eit betre grunnlag for kredittvurderingar. Gjeldsinformasjonen blir formidla av føretak med konsesjon frå BFD til å drive med slik verksemd. Gjennom at bankar får meir korrekt informasjon om kor mykje usikra kreditt einskildpersonar har frå før, er det lagt eit grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem. BFD vil evaluere gjeldsinformasjonsordninga når ho har vore i ordinær drift i to år, det vil seie i 2021.

Ny kredittopplysingslov med forskrift

BFD har i 2020 teke over ansvaret for den nye kredittopplysingslova, som blei vedteken i desember 2019. Lova, som ikkje har tredd i kraft, set rammer for utlevering og anna handsaming av opplysingar i samband med kredittopplysingsverksemd. I stor grad vidarefører lova gjeldande rett. Eit utkast til forskrift til lova var ute på høyring våren 2020. Saka er no til vurdering i departementet.

Covid-19 og pakkereiser

Store delar av næringslivet har opplevd bortfall av omsetnad som følgje av virusutbrotet. For pakkereisenæringa er situasjonen spesiell. Dei fleste pakkereisearrangørane sel ingen nye pakkereiser, samstundes som forskotsbetalingar for avbestilte pakkereiser må betalast tilbake til dei reisande. Når forskotsbetalingane etter pakkereiselova skal betalast tilbake innan 14 dagar, utan frådrag av avbestillingsgebyr, blir pakkereisearrangørane stilte i ein vanskeleg økonomisk situasjon. For å unngå konkursar og at forbrukarane ikkje får betalt tilbake forskotsbetalinga sine, blei det i april 2020 vedteke ein mellombels forskriftsheimel til å forlenge tilbakebetalingsfristen på 14 dagar i pakkereiselova § 24. Ei mellombels forskrift til pakkereiselova som forlenger fristen for pakkereisearrangørane til å betale forskotsbetalingar tilbake til dei reisande frå 14 dagar til 3 månader, blei deretter fastsett. Fristforlenginga gjaldt alle pakkereiser som var avbestilte eller avlyste frå 1. mars til 14. juni 2020. Frå 15. juni 2020 blei tilbakebetalingsfristen igjen på 14 dagar. Føremålet med fristforlenginga var å gi reisearrangørane eit pusterom i ein krevjande økonomisk situasjon, og samstundes gi regjeringa tilstrekkeleg tid til å få på plass ei låneordning til arrangørane. Ei kombinert låne- og tilskotsordning til pakkereisearrangørane med ei samla ramme på 2 mrd. kroner blei vedteken i juni 2020. Ordninga, som blir administrert av Innovasjon Noreg, skal setje reisearrangørane betre i stand til å betale forskotsbetalingar tilbake til dei reisande og motverke konkursar. Låne- og tilskotsordninga er nærare omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Etter pakkereiselova har dei reisande særlege rettar (reisegaranti) ved konkurs hos reisearrangør. Reisegarantien skal sikre reisande tilbakebetaling for reisetenester som ikkje blir leverte som følgje av konkurs. Reisegarantien blir vareteken ved at arrangørane må stille individuelle garantiar i favør av Reisegarantifondet og betale inn ei årsavgift.

Reisegarantifondet skal ha ein eigenkapital på 15 mill. kroner, som kan trekkjast på om garantiane ikkje er tilstrekkelege. Ved mange konkursar samstundes, som det er auka risiko for som følgje av virusutbrotet, er eigenkapitalen til fondet truleg ikkje stor nok til å dekkje krava frå alle reisande. Etter forslag frå regjeringa blei det derfor i mars 2020 vedteke eit tilskot på 100 mill. kroner til Reisegarantifondet, og ei overskridingsfullmakt på ytterlegare 200 mill. kroner. Midlane frå tilskotet og fullmakta skal tildelast Reisegarantifondet, i den grad fondet ikkje er i stand til å dekkje tilbakebetalingane dei reisande har krav på etter pakkereiselova.

Forbrukarane i den digitale økonomien

Forbrukarstyresmaktene har dei siste åra sett søkjelyset på problemstillingar som har med forbrukarrettar i den digitale økonomien å gjere.

BFD gav i 2019 støtte til eit nytt prosjekt i regi av Forbrukarrådet om forbrukarkonsekvensar av kommersiell overvaking på nett (Digilab 2019). Gjennom prosjektet undersøkte Forbrukerrådet ti appar og ei rekkje tredjepartsaktørar som desse samarbeider med. Forbrukarrådet presenterte funna i rapporten Out of Control i januar 2020. Rapporten avdekkjer korleis næringsdrivande i annonseindustrien samlar inn store mengder sensitiv personinformasjon via ulike appar, og korleis informasjonen blir delt vidare. Forbrukarrådet konkluderer i rapporten med at ein stor del av datainnsamlinga, handsaminga og delinga til disse appane er i strid med GDPR.

For betre å kunne møte utfordringane knytt til digitale tenester og produkt skal BFD i 2021 gå i gang med å lage ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen. Strategien skal leggje føringar for aktivitetar og tiltak på dette området framover. Viktige tema vil mellom anna vere forbrukarrettar, personvern, konkurranse og IKT-tryggleik i digitale tenester, digital marknadsføring, den digitale kvardagen til barna, digital kompetanse og netthandel.

Det skal òg etablerast eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsyn som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt. Føremålet er mellom anna å sikre ei heilskapleg tilnærming til forbrukarutfordringane i den digitale økonomien.

Digital tryggleik for barn og unge

Barn og unge bruker digitale verktøy og tenester aktivt. Dette gjer at dei utviklar gode IKT-ferdigheiter. Samstundes gjer den digitale teknologien barn sårbare. På nettet kan barn kommunisere, bli underhaldne og lære, men samstundes bli utsette for skadeleg innhald og mobbing. Som nemnt over vil regjeringa utarbeide ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen. Her vil den digitale tryggleiken for barn og unge bli eit sentralt tema.

Framveksten av sosiale medium, bloggar, spel og andre digitale plattformer har skapt nye marknadsføringskanalar for næringsdrivande. Marknadsføringa gjennom desse tenestene ser ofte ut som nøytral informasjon, men kan vere betalt reklame. Barn og unge er i mindre grad enn vaksne i stand til å identifisere og forstå reklame. Dette gjer barn sårbare, særleg for skjult reklame. BFD bad i 2019 Forbrukartilsynet om særleg å prioritere tilsynsoppgåver knytte til marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar. Dette omfatta mellom anna tilsyn med marknadsføring i sosiale medium og bloggar som rettar seg mot barn og unge. Forbrukartilsynet følgde i 2019 med på nye kanalar som utset barn for marknadsføring, mellom anna YouTube Kids og TikTok. I mai 2019 gjennomførte Forbrukartilsynet ein tilsynsaksjon der dei undersøkte om rundt 7 000 innlegg på Snapchat og Instagram var korrekt merkte som reklame. Totalt blei profilane til 66 påverkarar undersøkte. Aksjonen viste at nokre innlegg mangla eller var mangelfullt merkte som reklame. Samanlikna med tidlegare aksjonar viste aksjonen likevel at merkinga har blitt betre, og at tilsyn og rettleiing om reglane fungerer.

Bruk av sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar uheldige kroppsideal. Forbrukartilsynet lanserte i 2019 ei rettleiing for marknadsføring av skjønnheitsprodukt og -behandlingar, og gjennomførte to tilsynsaksjonar for å avdekkje næringsdrivande som bruker «påverkarar» med mindreårige følgjarar til å marknadsføre skjønnheitsbehandlingar og produkt som ueigna for unge. Ei rekkje klinikkar fekk etterpå beskjed frå tilsynet om å vere varsame med å bruke påverkarar for å marknadsføre behandlingar som er ueigna for unge. Forbrukartilsynet vil i 2021 halde oppe innsatsen på dette området og slå ned på ulovleg marknadsføring retta mot barn og unge i digitale medium.

Regjeringa tok i 2018 initiativ til å få utarbeidd eigne etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. I 2019 blei retningslinjene ferdigstilt av Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Annonsørforeningen (ANFO), som representerer bransjen. Retningslinjene gjeld for påverkarar, nettverk og annonsørar og blir handheva av eit fagleg utval (Fagutvalget for influencermarkedsføring). Fagutvalet blei oppretta i oktober 2019 og starta for fullt opp i januar 2020 med å publisere vedtak for brot på retningslinjene og å gi førehandsvurderingar av marknadsføring frå påverkarar. Målet er å få bransjen til å ta eit større ansvar for den påverknaden dei har på barn og unge i sosiale medium. BFD gav både i 2019 og 2020 tilskot til etableringa og drifta av fagutvalet. Departementet føreslår at fagutvalet òg skal få støtte i 2021.

I desember 2019 sendte BFD på høyring eit forslag om å innføre eit krav i marknadsføringslova om at retusjert reklame må merkjast. Departementet arbeider med å følgje opp innspela frå høyringa.

Matbransjens faglige utvalg (MFU) er ei ordning for sjølvregulering av marknadsføring av mat og drikke retta mot barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) følgjer opp MFU med årlege kontaktmøte, der Helsedirektoratet og BFD deltek. Ei evaluering i 2019 viste at matbransjen, frivillig sektor, forbrukarorganisasjonar og styresmakter har ulike oppfatningar om aldersgrenser og i kva grad ordninga gir tilstrekkeleg vern for barn og unge. Det er likevel semje om at barn skal beskyttast mot marknadsføring av usunn mat og drikke, og at det er behov for meir kunnskap om omfanget av slik marknadsføring i digitale medium.

I løpet av 2020 tek regjeringa òg sikte på å leggje fram ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep. Strategien er nærare omtalt under overskrifta Den digitale kvardagen til barna i programkategori 11.10.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardane blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i utviklinga. Talet på forbrukarrepresentantar i relevante standardiseringsprosjekt var i 2019 stabilt samanlikna med året før.

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BFD, Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2019 og 2020. Målet med samarbeidet er mellom anna å få fleire forbrukarrepresentantar til å ta del i utviklinga av standardar, gjennom informasjon og nettverksarbeid. Forbrukarsekretariatet har koordinert og formidla kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering. Dei har òg rettleidd deltakarar i standardiseringsarbeid og tildelt reisestønad.

BFD vil i 2021 føre vidare samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å fremje forbrukarinteressene i relevant standardiseringsarbeid.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har i mange år vore ein sentral kunnskapsprodusent på forbrukarområdet. Ei viktig kjelde til kunnskap og prioriteringar i forbrukarpolitikken er studiane EU-kommisjonen gjennomfører under rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Materialet supplerer norske rapportar og analyser. SIFO er i denne samanhengen eit viktig nasjonalt fagmiljø som over tid har følgt opp og forvalta dette datamaterialet.

Consumers Conditions Scoreboards (CCS) som EU-kommisjonen publiserer, gir mellom anna grunnlag for samanlikningar over tid. CCS for 2018 blei publisert i november 2019. SIFO har summert opp dei norske funna i ein rapport10. I rapporten kjem det fram at Noreg er blant landa der forbrukarane har høgast tillit til forbrukarstyresmaktene. Norske forbrukarar har høgare tillit til forbrukarstyresmaktene enn til tilbydarane i marknaden. I EU-landa (EU28) er det motsett. Samstundes er forbrukaranes kunnskap om forbrukarrettar svak i Noreg. Rapporten viser òg at om ein skal lukkast med det grøne skiftet, må tilliten til miljømerking bli betre. Ein hovudtrend er at tilliten til netthandel steig i 2018, medan norske forbrukarar er dei som er mest utsette for svindel på nett.

Forskinga til SIFO på personleg økonomi skal mellom anna gi styresmaktene eit betre grunnlag for å vurdere tiltak som kan styrkje økonomiforståinga i befolkninga. I 2019 leverte SIFO ein rapport om lånefinansiert forbruk som viste at nordmenn har ein omfattande bruk av både sikra og usikra låneprodukt. Bruk av kredittkort i kombinasjon med forbrukslån er svært vanleg. Dette medverkar til at mange forbrukarar får problem med å kontrollere gjeldsutviklinga og oppfylle låneforpliktingane sine11. SIFO leverte i 2019 òg ein rapport om konfliktnivået i bustadmarknaden som mellom anna viste at kunnskapen om regelverket er mangelfull, og at minst ein av fem var misnøgde med bustadkjøpet sitt.12

I 2021 vil SIFO mellom anna leggje fram resultata frå ein kvalitativ studie om kva erfaringar skuldnarar har med prosessen fram mot ei gjeldsordning. Instituttet skal òg kartleggje omfanget av utanrettslege gjeldsordningar gjennom Nav, og finne ut kva som kjenneteiknar slike saker.

Det er viktig at forbruksforskinga framover gir styresmaktene betre kunnskapar om kva konsekvensar, moglegheiter og utfordringar digital utvikling og ny teknologi har for forbrukarane, med særleg vekt på barn og unge. I 2019 leverte SIFO ein rapport om kjønn, kropp og marknadsføring i sosiale medium13 som mellom anna synte at ungdom møter tydeleg kjønnsdelt marknadsføring på sosiale medium. SIFO leverte òg ein rapport om individualisert prising og marknadsføring.14 SIFO fann i studien ingen døme på personleg prising, sjølv om deltakarane trudde at dei hadde vore utsette for det.

SIFO deltek i 2020 i ein internasjonal studie med sju deltakarland i regi av Verdshelseorganisasjonen (WHO) for å kartleggje digital marknadsføring av usunn mat til barn og unge. Studien kan gi eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid i 2021 og åra framover med å verne barn og unge mot slik marknadsføring.

BFD vil i 2021 halde fram med å gi SIFO forskingsoppdrag som medverkar til kunnskapsgrunnlaget for forbrukarpolitikken.

Klagehandsaming og tilsyn

Nedanfor blir det fyrst orientert om omorganiseringa av systemet for klagehandsaming. Deretter blir arbeidet til Forbrukarrådet, Forbrukarklageutvalet, Forbrukartilsynet, Marknadsrådet og Forbrukar Europa omtalt. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2019 og hittil i 2020, og for planlagde tiltak i 2021.

Omorganisering av systemet for klagehandsaming

Regjeringa har bestemt at systemet for klagehandsaming på forbrukarområdet skal omorganiserast. Endringsprosessen skal vere sluttført 1. januar 2021.

Handsaminga av forbrukarklagar som i dag skjer i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, skal samlast under Forbrukartilsynet, som elles skal behalde oppgåvene det har i dag. Det utvida tilsynet ein dermed får, skal organiserast med utgangspunkt i kontora som Forbrukarrådet no har i Tromsø, Stavanger og Skien. Hovudkontoret til det nye Forbrukartilsynet vil liggje i Porsgrunn, dit alle tilsynsoppgåvene skal flyttast. Her skal òg Forbrukar Europa, som no er plassert i Forbrukarrådet, liggje. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon. Ansvaret som Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har med å førebu saker for Marknadsrådet, skal overførast til Klagenemdsekretariatet i Bergen, som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg til å ha ansvaret for dei nemnde oppgåvene vil det nye Forbrukartilsynet få eit særleg ansvar for kunnskapsgrunnlaget i forbrukarsektoren.

Endringane skal medverke til ei meir heilskapleg og tydeleg styring av forvaltingsoppgåvene i forbrukarsektoren, og til eit meir effektivt og brukarvennleg klagehandsamingstilbod til forbrukarane. Utflyttinga av delar av forbrukarapparatet frå Oslo skal leggje til rette for vekst og utvikling i heile landet og ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar.

I 2019 blei det etablert ein interimorganisasjon under leiing av direktøren for Forbrukartilsynet til å leie arbeidet med gjennomføringa av omorganiseringsprosessen. Interimorganisasjonen har fungert godt, og representantar for både Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har delteke aktivt.

For å dekkje eingongskostnader ved omorganiseringa føreslo regjeringa i revidert nasjonalbudsjett 2020 å løyve 7,1 mill. kroner i omstillingsmiddel til Forbrukartilsynet og 1 mill. kroner i omstillingsmiddel til Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Stortinget vedtok dette. I budsjettforslaget for 2021 er det føreslått flytta budsjettmiddel frå Forbrukarrådet til Forbrukartilsynet knytt til oppgåvene som blir overført. Midlane som tidlegare har vore løyvde til Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, blir òg føreslått overførte til Forbrukartilsynet, bortsett frå eit mindre beløp som skal gå til Klagenemndsekretariatet i Bergen.

For å samle meklingsoppgåvene til Forbrukarrådet og saksførebuinga for Forbrukarklageutvalet under det nye Forbrukartilsynet har det vore naudsynt med lovendringar. BFD fremja i mars 2020 Prop. 55 L (2019–2020) med forslag til ny lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget (forbrukarklagelova). Lova blei vedteken av Stortinget 8. juni 2020 og trer i kraft 1. januar 2021. Den nye lova samlar og fører i all hovudsak vidare dei gjeldande klagehandsamingsreglane for meklinga til Forbrukarrådet og saksførebuinga til Forbrukarklageutvalet. Forbrukartilsynets faglege uavhengigheit i klagehandsaming er lovfesta.

I 2021 blir det ei sentral oppgåve for det nye Forbrukartilsynet å ta ut potensialet som ligg i at ansvaret for klagesaker, tilsynet med forbrukarvernreglar og kunnskapsoppbygging er samla innanfor same organisasjon.

Handsaminga av forbrukarklagar

Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande handlar ofte om små beløp, og domstolshandsaming vil derfor ofte vere for ressurskrevjande. På bakgrunn av dette er det over fleire år utvikla eit system for utanrettsleg handsaming av slike saker. Dette systemet er Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet sentrale delar av. Sidan det ikkje er mogleg å føreseie talet på klagesaker, kan det vere utfordrande å unngå at sakshandsamingstida blir lang. I tillegg er det sannsynleg at mange forbrukarar ikkje har god nok kjennskap til systemet for klagehandsaming. Skal systemet tene føremålet og bli brukt, må det over tid fungere godt og vere kjent for forbrukarar som opplever problem.

Departementet har derfor dette målet for arbeidet med klagehandsaming:

  • Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane.

Talet på saker som er handsama, delen løyste saker, handsamingstider og brukarundersøkingar er indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming er. I tillegg kan talet på innkomne saker indikere kor godt kjent systemet er.

Forbrukarrådet meklar per i dag i nær sagt alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. I 2019 fekk Forbrukarrådet inn 9 805 klagesaker frå forbrukarar som opplevde problem. Blant desse sakene som blei kategoriserte, handla rundt 77 prosent om kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. Rundt 6 prosent gjaldt tenester som ikkje fall inn under forbrukarlovene eller ei klagenemnd. Rundt 850 saker fall utanfor ansvarsområdet til Forbrukarrådet og blei derfor viste vidare til rett klageorgan, eller avviste. Forbrukarrådet klarte å løyse 64 prosent av klagesakene innanfor ansvarsområdet sitt.

For å redusere handsamingstida for klagesakene etablerte Forbrukarrådet mot slutten av 2018 prosjektet Køfri 2020. Prosjektet romma rekruttering av nye meklarar for ein periode, effektivisering av sakshandsamingsrutinar og forbetring av metodikken i meklinga. Gjennom prosjektet klarte Forbrukarrådet å redusere handsamingstida. Den reelle meklingstida var i 2019 på 17 dagar i snitt, rekna frå det tidspunktet rådet hadde fått naudsynt dokumentasjon frå partane. Dette er 11 dagar mindre enn i 2018. Tek ein med ventetida frå sakene fyrst blei tekne imot, var handsamingstida på 89 dagar i snitt. Dette er 23 dagar mindre enn i 2018.

Brukarundersøkingar som Forbrukarrådet gjennomførte i 2019, viste at mange – både av klagarane og av dei klagane retta seg mot – var tilfredse med klagehandsaminga. På ein skala frå 0 til 5, der 0 var dårlegast, fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på 3,65.

Saker som dreier seg om varer, handverkartenester og angrerett, og som Forbrukarrådet ikkje klarer å løyse, kan klagast vidare til Forbrukarklageutvalet. I 2019 fekk Forbrukarklageutvalet inn 1 918 saker, mot 1 440 i 2018. Frå og med august blei kravet om handsaming innan 90 dagar ikkje lenger oppfylt for sakene til Forbrukarklageutvalet. Mot slutten av 2019 var handsamingstida på mellom sju og åtte månader, rekna frå sakene kom inn. Auken i handsamingstida har særleg samanheng med at erfarne medarbeidarar i Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har slutta, fordi dei ikkje ønskjer å følgje med oppgåvene sine over til det nye Forbrukartilsynet. Nye sakshandsamarar har komme på plass, men det tek tid før verksemda kan handsame sakene like effektivt som tidlegare. Arbeidet med omstillinga legg òg beslag på mykje sakshandsamingskapasitet.

Hittil i 2020 har Forbrukarrådet hatt ein klar auke i talet på innkomne klagesaker samanlikna med 2019. Forbrukarrådet meiner auken i hovudsak har samanheng med lanseringa av eit nytt elektronisk meklingsskjema som gjer det enklare å fremje klagar. I tillegg har Forbrukarrådet teke imot mange klagesaker som har opphav i at forbrukarar har betalt for varer og tenester dei ikkje kan nytte på grunn av virusutbrotet. På grunn av saksinngangen reknar Forbrukerrådet heller ikkje i 2020 med å oppfylle kravet om handsamingstid på under 90 dagar.

Forbrukarklageutvalet har hittil i 2020 fått inn færre saker enn på same tid i 2019. Nedgangen har truleg samanheng med at Forbrukarrådet har lagt større vekt på å løyse saker ved mekling. Få av sakene til Forbrukarklageutvalet har hittil vore knytte til virusutbrotet. Til tross for den reduserte saksinngangen er handsamingstida for sakene til Forbrukarklageutvalet venta å bli på mellom eitt og to år mot slutten av 2020. Årsaka er den lågare handsamingskapasiteten gjennom omstillingsprossessen, jf. omtalen over.

I 2020 er det i interimorganisasjonen for omorganiseringsprosessen sett i gang eit prosjekt, Leveranse i balanse, som skal sjå på korleis utfordringar med restansar i verksemdene skal handterast. Som eit ledd i gjennomføringa av omorganiseringa har òg nye tilsette ved Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet fått tilhald ved det som no er lokalkontora til Forbrukarrådet i Tromsø, Skien og Stavanger.

Frå 1. januar 2021 er det det nye Forbrukartilsynet som får ansvaret for å handsame både meklingssakene som no går til Forbrukarrådet, og sakene som går til Forbrukarklageutvalet. Trass i tiltaka som er sette i verk for å få restansane ned, ventar departementet at Forbrukartilsynet vil overta svært mange saker frå Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet som ikkje er avslutta. I tillegg kjem meklingssakene Forbrukarrådet har fått inn, men ikkje handsama ferdig. Særleg ein del av dei sistnemnde sakene kan ein vente vil vere relaterte til virusutbrotet. For begge sakstypane må ein rekne med lang handsamingstid i tida framover. Frå dag éin vil det derfor vere ei sentral oppgåve for det nye Forbrukartilsynet å redusere restansane og sakshandsamingstidene.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Kontoret i Noreg, Forbrukar Europa, registrerte 2 859 klagar og førespurnader i 2019, ein nedgang på om lag 20 prosent frå 2018. Rundt ein fjerdedel var klagar, og rundt tre fjerdedelar var førespurnader. Klagane og førespurnadene kom både frå norske forbrukarar som hadde handla i utlandet, og frå utanlandske forbrukarar som hadde handla i Noreg. Nedgangen frå 2018 hadde i stor grad samanheng med at fleire klagar mot flyselskapet Norwegian blei plukka opp av klagehjelp-selskap og gjekk vidare til nemnder og domstolar. Talet på førespurnader til Forbrukar Europa vil venteleg halde seg på eit høgt nivå. BFD er nøgd med at mange nyttar Forbrukar Europa.

Forbrukar Europa er utnemnd som norsk kontaktpunkt for den europeiske klageportalen. Forbrukar Europa er òg kontaktpunkt for tenestemottakarar etter tenestedirektivet/-lova og blir nytt kontaktpunkt for forbodet mot forskjellshandsaming av internettbrukarar basert på geografisk tilhald, frå det tidspunktet forbodet trer i kraft. Forbrukar Europa blir frå 1. januar 2021 overført frå Forbrukarrådet til det nye Forbrukartilsynet i Porsgrunn.

Tilsynet med forbrukarvernreglane

Forbrukarane blir dagleg utsette for store mengder marknadsføring, ikkje berre gjennom trykte medium, radio og TV, men òg gjennom Internett og sosiale medium. Meir av marknadsføringa går føre seg i kanalar og med metodar som for få år sidan var ukjende. Meir eller mindre tydeleg marknadsføring på sosiale medium og bloggsider er døme på det siste. Ein del marknadsføring, til dømes av kreditt, opplever mange som meir aggressiv enn før. Mange bransjar nyttar òg bærekraftargument i marknadsføringa. Er det ikkje god nok dokumentasjon for argumenta, er marknadsføringa villeiande.

Både av omsyn til forbrukarar og andre næringsdrivande set marknadsføringslova rammer for marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande. Sidan lova åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikre gode tilhøve, har Forbrukartilsynet fått i oppgåve å føre tilsyn med at varer og tenester blir marknadsførte i samsvar med lova, og med at vilkåra næringsdrivande nyttar i avtalar med forbrukarar, ikkje er urimelege.

Dei nemnde utviklingstrekka gjer at ansvaret til Forbrukartilsynet er blitt meir omfattande og utfordrande, og departementet har derfor dette målet:

  • Eit effektivt tilsyn på prioriterte område.

Forbrukartilsynet skal gjennom forhandlingar og einskildvedtak få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre lover som vernar forbrukarane.

Forbrukartilsynet heldt i 2019 fram med å prioritere tilsyn med marknadsføring av forbrukslån og kreditt. Tilsynet sende brev til bransjen om bruk av lånekalkulatorar, og det blei gjennomført to større tilsynsaksjonar som fokuserte på kredittmarknadsføring på internett og i radio. I tillegg blei fleire saker tekne opp, mellom anna saker om manglande prisopplysingar og saker om at det blei fokusert på fordelar knytte til kredittilbodet. Alle aktørane som tilsynet tok opp saker med, har endra marknadsføringa.

Forbrukartilsynet har i dialog med Finansieringsselskapenes forening følgt opp avtalevilkår og marknadsføring for leasing av bil. Forbrukartilsynets arbeid på feltet har vist at det er behov for lovregulering av rettane forbrukarane har ved leasing, sidan dette er noko som har relativt stor økonomisk betyding for stadig fleire norske forbrukarar.

I 2021 vil Forbrukartilsynet halde fram med å arbeide for at marknadsføring av finansielle tenester skjer i samsvar med lovverket, og at kontraktane som blir brukte, er rimelege og balanserte. Særleg vekt vil bli lagt på forbrukslån og forbrukskreditt. Tilsynet vil nytte økonomiske sanksjonar overfor aktørar som bryt lova i saker der det er grunnlag for det.

Innanfor bustadmarknaden utarbeidde Forbrukartilsynet i 2019 ei ny rettleiing om marknadsføring av eigedomsmeklingstenester. Denne rettleiinga blei lansert våren 2020 og gir meklarane betre oversikt over gjeldande forbrukarvernreglar og praksis.

Forbrukartilsynet prioriterte òg å gi innspel til forslaget til endringar i avhendingslova og forskriftsreguleringa av tilstandsrapportar for å sørgje for trygge rettslege rammer for bustadhandel.

I 2021 vil Forbrukartilsynet halde fram med å medverke til at marknadsføring og annan informasjon til forbrukarane ved bustadhandel er riktig og tilstrekkeleg, og at kontraktane som blir nytta, er rimelege og balanserte.

Det er framleis mange digitale utfordringar for forbrukarar. Forbrukartilsynet samarbeidde i 2019 med Datatilsynet om ei rettleiing om digitale tenester og personopplysingar om forbrukarane. Denne rettleiinga blei lansert i februar 2020 og tek for seg det viktigaste dei som utviklar, marknadsfører eller tilbyr digitale tenester, må kunne om forbrukar- og personvernreglane.

I 2019 lanserte tilsynet òg ei ny temaside om tilkopla produkt og tenester (IoT). Her kan næringsdrivande finne ei oversikt over viktige problemstillingar dei må fokusere på ved marknadsføring og avtalevilkår for slike produkt og tenester.

Forbrukartilsynet vil i 2021 arbeide med problemstillingar som den digitale utviklinga reiser. Det overordna målet er å få aktørane til å respektere at reglane som vernar forbrukarar, òg gjeld i den digitale økonomien. Forbrukartilsynet vil avklare korleis regelverket skal nyttast på nye problemstillingar, gjennom rettleiing, dialog og handsaming av einskildsaker i Noreg og internasjonalt.

Reklame i sosiale medium har vore høgt prioritert i Forbrukartilsynet, særleg i tilfelle der barn er i målgruppa. Oppfølging av korleis «påverkarar» og annonsørar må innrette marknadsføringa si, særleg ved merking av reklame, har stått høgast på agendaen. Tilsynet har òg arbeidd med problemstillingar knytte til reklame som medverkar til kroppspress overfor barn og unge. Sjå nærare omtale i avsnittet over om digital tryggleik for barn og unge.

I 2019 har Forbrukartilsynet fokusert på berekraft brukt som argument i marknadsføring. I løpet av året tok tilsynet opp saker med ei rekkje ulike bransjar om villeiande bruk av berekraftpåstandar, og saker om at produkt er «miljøvennlege», «berekraftige», «grøne» eller liknande, utan at det konkrete fortrinnet er nærare forklart i marknadsføringa. Forbrukartilsynet vil i 2021 halde fram med å medverke til at informasjon til forbrukarane ved bruk av påstandar om berekraft i marknadsføring er riktig og tilstrekkeleg.

Dei aller fleste sakene som Forbrukartilsynet handsamar, løyser seg ved at næringsdrivande frivillig går med på endre praksis i samsvar med krava i lovgivinga. I nokre få saker er det naudsynt for tilsynet å bruke sanksjonane som er heimla i marknadsføringslova. Forbrukartilsynet fatta i 2019 seks vedtak med tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr mot næringsdrivande.

Hittil i 2020 har Forbrukartilsynet handsama nokre få saker der virusutbrotet er nytta på ein tvilsam måte i samband med marknadsføring. Det er ikkje mogleg å føreseie om det vil bli naudsynt for tilsynet å handsame slike saker i 2021.

Marknadsrådet fekk i 2019 inn fem saker frå Forbrukartilsynet til full handsaming. Forutan desse sakene handsama Marknadsrådet i 2019 to saker frå 2018. To av sakene blei ikkje handsama innanfor fristen på tre og ein halv månad i snitt, fordi dei kom inn kort tid før sommarferien. Handsamingstida for alle sakene blei derfor på fire og ein halv månad i snitt. Sakene til Marknadsrådet er ulike i innhald og omfang, og handsamingstida varierer derfor frå år til år. Talet på saker varierer òg, utan at det alltid verkar inn på handsamingstida.

Sekretariatfunksjonen for sakene til Marknadsrådet blir frå 1. januar 2021 overført til Klagenemndssekretariatet i Bergen. Som eit ledd i førebuinga av denne overføringa forbetra Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet i 2019 rutinane for handsaminga av sakene til Marknadsrådet.

Informasjon og kunnskap

Informasjon og kunnskapsoppbygging er viktige verkemiddel i forbrukarpolitikken. Særleg i store og kompliserte marknader kan det vere krevjande for forbrukarane å samanlikne prisar og kvalitetar og gjere gode val. Det kan òg vere utfordrande å vite kva konsekvensar produksjonen og bruken av varer og tenester har for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Mange forbrukarar kan ikkje nok om eigne rettar og plikter, eller om korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med kjøp.

Departementet har derfor dette målet for den delen av forbrukarpolitikken som handlar om informasjon og kunnskap:

  • Betre informasjonsløysingar som er godt kjende for forbrukarane.

Både informasjonsløysingane Forbrukarrådet har ansvar for, og miljømerka Svana og EU Ecolabel er omfatta av dette målet.

Nedanfor blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta meir informerte val og betre kjenne rettane og pliktene sine. Det blir gjort greie for utviklingstrekk og resultat i 2019 og fyrste halvdel av 2020, og for planlagde tiltak i 2021.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Ei viktig oppgåve for Forbrukarrådet er å gi forbrukarane relevant informasjon som dei kan nytte både før og etter kjøp. Forbrukarrådet fekk i 2019 rundt 49 200 førespurnader frå forbrukarar via telefon, e-post, sosiale medium og ei chat-løysing. Gjennom dei same kanalane fekk rådet òg førespurnader frå næringsdrivande. Forbrukarrådet gav i tillegg forbrukarar og næringsdrivande indirekte hjelp via media og nettsidene sine og gjennom samarbeid med andre aktørar.

Nettstaden forbrukerradet.no hadde i 2019 i snitt 53 600 unike brukarar kvar veke, mot 51 250 i 2018. At mange nyttar eller kjenner nettstaden, er ein viktig føresetnad for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

Forbrukarrådet har dei seinare åra utvikla fleire digitale informasjonsløysingar. Løysingane skal medverke til at forbrukarane får tilgang til god og oppdatert informasjon om kva som er tilgjengeleg i ulike marknader. Pris- og marknadsoversikter skal medverke til å styrkje konkurransen til fordel for forbrukarane og skape betre balanse mellom profesjonelle aktørar og einskilde forbrukarar. Slik skal marknadene bli meir velfungerande.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester innanfor bank, forsikring, fond og pensjon. Portalen leverer òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester (distributørar). Medrekna dei som kom inn via distributørar, hadde Finansportalen i snitt 33 800 unike brukarar kvar veke i 2019, mot 31 900 i 2018. I juli 2019 blei ei oppdatert forsikringsløysing med kalkulatorar for bil-, innbu- og reiseforsikringar lansert i portalen, etter at forsikringstenesta i eit år hadde vore avpublisert for å sikre kvaliteten. I desember 2019 blei òg ein forbetra husforsikringskalkulator lansert i portalen. Finansportalen er eit viktig verkemiddel for at forbrukarane skal kunne områ seg og samanlikne bank-, forsikrings-, pensjons- og fondsprodukt frå ulike tilbydarar. Regjeringa føreslår å styrkje arbeidet med Finansportalen med 6 mill. kroner for å sikre at tenesta held høg kvalitet og sørgje for at Forbrukarrådet, som forvaltar portalen, skal kunne gjere naudsynt utviklingsarbeid for å sikre ei framtidsretta løysing. Det er viktig at alle delar av Finansportalen blir vidareført med høg kvalitet, slik det òg er føresett i Meld. St. 24 (2018–2019) Finansmarkedsmeldingen 2019 og Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen 2020.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) blei etablert i 2013 som eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 35 (2006–2007) Framtidas tannhelsetjenester. SSB reknar til at eigenbetaling av tannhelsetenester utgjorde om lag 13,4 mrd. kroner i 2019. Tannhelseportalen er den einaste informasjonskanalen innbyggjarane har om prisnivået på tannhelsetenester, og den einaste staden der prisar mellom tilbydarar kan samanliknast. Portalen er dermed eit viktig verkemiddel for å bidra til god konkurranse i tannhelsetenestemarknaden.

I 2019 hadde Tannhelseportalen 235 000 brukarar. På vekebasis varierte talet på brukarar mellom 4 300 og 7 000. I mai 2020 var 1 333 private tannklinikkar registrerte med prisane sine på portalen.

Tilbydarar av tannhelsetenester har i marknaden fri prissetjing. Dette gjeld både i privat sektor og i fylkeskommunane. Helse- og omsorgsdepartementet går ut frå at virusutbrotet har ført til auka prisar og auka eigenbetaling for pasientane. Som følgje av innstramming i folketrygdstønaden til tannregulering har prisane på tannregulering òg truleg blitt høgare.

Forbrukarrådet stengte i mai 2020 ned Tannhelseportalen midlertidig. Innskrenkingar i tannhelsetenesta som følgje av virusutbrotet førte til manglande innrapportering av prisar til portalen. Det er viktig å få Tannhelseportalen tilbake i ordinær drift, fornye tekniske løysingar og utvide portalen med prisar på tannregulering. Regjeringa føreslår derfor å styrkje arbeidet med Tannhelseportalen med 5 mill. kroner over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett, jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Helse og omsorgsdepartementet.

Straumprisportalen (strømpris.no) skal gjere det enklare å samanlikne prisane og vilkåra frå ulike straumleverandørar. I snitt hadde portalen kvar veke 8 700 unike brukarar i 2019, mot 21 100 i 2018. Brukartalet for 2018 inkluderer brukarar som kom via distributørar, noko talet for 2019 ikkje gjer. Bruken av Straumprisportalen blir i stor grad påverka av prisaukar og presseoppslag knytte til det.

Forbrukarrådet vil i 2021 arbeide vidare med å forbetre og utvikle dei digitale informasjonsløysingane. Rådet vil særleg arbeide med å sikre god datakvalitet, men òg leggje vekt på å tilpasse portalane etter den teknologiske utviklinga og forbrukarbehov.

Forbrukarrådet har arbeidd for å realisere ei felles merkevareplattform for dei digitale informasjonsløysingane. Arbeidet med plattforma er knytt til Forbrukarrådets verksemdsstrategi for åra 2020–2025.

Forbruk og miljø

Regjeringa vil vere ein pådrivar for frivillig samarbeid og frivillige ordningar som kan medverke til berekraftig forbruk. Forbrukarar, næringsdrivande og andre aktørar treng informasjon og kompetanse for å ta steg i berekraftig retning.

Miljømerka Svana og EU-miljømerket

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking), er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta miljømedvitne val. Regjeringa støttar opp om arbeidet til Miljømerking for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Miljømerking arbeider for å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg, og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

I 2019 var det ein klar auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden – frå 24 000 ved utgangen av 2018 til 27 409 ved utgangen av 2019. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav. Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor ulike produktgrupper. Størst auke var det for tonarkassettar, følgt av tekstilar, møbel, bygningsplater og utemøbel. Departementet er nøgd med at forbrukarane får stadig fleire miljøtilpassa produkt å velje blant.

Ei kjennskapsundersøking i 2019 viste at 92 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 94 prosent i 2018). Den same undersøkinga viste at 23 prosent kjende til EU Ecolabel (same som i 2018). Utbreidd kjennskap til miljømerka kan tyde på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

Miljømerking får årleg løyvingar over både BFDs og Klima- og miljødepartementets (KLDs) budsjett. Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget ved handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Miljømerking over KLDs budsjett, kap. 1420 Miljødirektoratet, post 77, med 2 mill. kroner. Midlane skal støtte opp under Miljømerkings arbeid med å utvikle kriterium for miljøvenlege produkt og tenester.

Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking vil i 2021 halde fram med å arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis skal auke, og informere både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval.

Matsvinn

Matsvinn er eit miljømessig, kostnadsmessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. Sidan godt over halvparten av svinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere matsvinnet sitt. Samstundes blir resultata i forbrukarleddet betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere svinnet.

Det blei i 2017 inngått ein bransjeavtale om å redusere matsvinnet mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største organisasjonane i matbransjen. Ved utgangen av 2019 hadde 103 bedrifter skrive under på ein eigen tilslutningsavtale til bransjeavtalen. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

BFD har i 2019 og 2020 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Matvett er eigd og stifta av sentrale aktørar i matbransjen. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. I 2019 gav Forbruksforskingsinstituttet SIFO på oppdrag av BFD ut ei kunnskapsoppsummering der ei av dei viktigaste tilrådingane er at ein bør arbeide for ei meir heilskapleg tilnærming til matsvinnreduksjon i hushalda.15

Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2021 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

Andre informasjonstiltak

Etikkinformasjon

Etikkinformasjonsutvalet blei sett ned av regjeringa i juni 2018. Bakgrunnen var to oppmodingsvedtak i Stortinget, vedtak nr. 890 av 13. juni 2016 og vedtak nr. 200 av 12. desember 2017. Utvalet har hatt i oppgåve å greie ut om næringsdrivande bør påleggjast ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet leverte i november 2019 innstillinga si og forslag til ei openheitslov16.

Utvalet meiner at ei lovpålagt informasjonsplikt vil kunne bidra til meir openheit og innsyn i globale verdikjeder, og på sikt eit betre vern av menneskerettar og arbeidsvilkår. Utvalet føreslår mellom anna at alle verksemder skal påleggjast ei plikt til å ha kunnskap om vesentleg risiko for negativ påverknad på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Utvalet føreslår vidare at verksemdene ved førespurnad skal informere forbrukarar, organisasjonar og andre om korleis dei arbeider med å ta vare på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Utvalet føreslår òg at større verksemder skal påleggjast å utføre og offentleggjere aktsemdsvurderingar, og at verksemder som omset varer til forbrukarar, skal påleggast å offentleggjere produksjonsstader. Utvalet føreslår at Forbrukartilsynet skal få ansvar for rettleiing, tilsyn og sanksjonar. Forslaga har vore ute på høyring, og saka er no til vurdering i BFD.

Sanntidsinformasjon om norske leverandørar (eBevis)

Nasjonal teneste for dokumentasjonsbevis (eBevis) blei etablert i april 2019. Tenesta gir offentlege oppdragsgivarar digital tilgang til sanntidsinformasjon frå offentlege register om norske tenesteytarar ved anskaffingar og oppfølging av kontraktar. BFD har lagt opp til å greie ut om òg forbrukarar kan og bør få digital tilgang til sanntidsinformasjon om norske tenesteytarar. Utgreiinga til BFD var planlagt sett i gang i 2020, men er sett på vent til konklusjonane etter høyringa av rapporten frå byggkvalitetutvalet ligg føre. Arbeidet til byggkvalitetutvalet overlappar med det BFD hadde lagt opp til å greie ut. I rapporten sin rår byggkvalitetutvalet mellom anna til at ordninga med eBevis blir utvida til å omfatte alle innkjøparar17. Målet med ein eventuell tilgang til sanntidsinformasjon for forbrukarane er at det skal bli lettare for dei å velje seriøse tenesteytarar og dermed medverke til mindre arbeidslivskriminalitet.

Undervising i forbrukaremne

Tverrfaglege forbrukaremne

BFD vidareførte i 2019 arbeidet for at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremne er tverrfaglege, og opplæringa skal gi elevane digital kompetanse, kunnskapar om personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar og mediebruk. I dei nye læreplanane i skulen er folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling løfta fram som tverrfaglege emne som skal prioriterast i alle fag der det er relevant. Elevane skal få innsikt i utfordringar og dilemma innanfor desse emna og lære om konsekvensar av ulike handlingar. Det vil vere viktig for elevane å få kunnskap om til dømes mediebruk, forbruk og personleg økonomi. BFD vil i 2021 føre vidare arbeidet med å heve kunnskapen om og forståinga av desse emna.

Samarbeid med Høgskolen i Innlandet

BFD har i mange år samarbeidd med Høgskolen i Innlandet om undervising i forbrukaremne. Hovudvekta i 2019 låg på forbrukartema knytte til folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. I 2019 arrangerte høgskulen seminar for lærarar, fagdagar og lærarstemne. Høgskulen har òg utvikla og distribuert undervisingsmateriell. Gjennom desse aktivitetane når høgskulen breitt ut til målgruppa, og dei rapporterer om positive tilbakemeldingar frå lærarar. Høgskulen har òg leidd ei gruppe som gir departementet råd i arbeidet med forbrukarundervising. Denne gruppa er frå 2020 endra til å bli ei rådgivande gruppe til bruk for høgskulen i arbeidet med forbrukarundervising. BFD vidareførte samarbeidet med høgskulen i 2020, og vil halde fram med det i 2021.

Samarbeid med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2019 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing av berekraftig forbruk. Om lag 2 500 elevar i sju fylke deltok i opplegget i 2019. Vel 2 000 elevar gjennomførte elevbedrifter med bakgrunn i ei innføring i berekraftig forbruk. Undervisingsopplegget gir ringverknader, og UE har òg anna samarbeid om berekraftig utvikling. BFD vidareførte samarbeidet med UE i 2020, og vil halde fram med det i 2021.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

860

Forbrukarrådet

155 094

154 256

109 731

-28,9

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 630

10 915

11 264

3,2

865

Forbrukarpolitiske tiltak

19 761

16 232

17 259

6,3

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

14 731

14 361

-100,0

868

Forbrukartilsynet

35 338

34 078

104 370

206,3

Sum kategori 11.30

235 554

229 842

242 624

5,6

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3868

Forbrukartilsynet

2 500

Sum kategori 11.30

2 500

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Drift

53 091

50 743

107 186

111,2

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapa

164 635

160 178

115 812

-27,7

70–98

Overføringar til private

17 828

18 921

19 626

3,7

Sum kategori 11.30

235 554

229 842

242 624

5,6

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Basisløyving

134 924

133 545

82 465

51

Marknadsportalar

20 170

20 711

27 266

Sum kap. 0860

155 094

154 256

109 731

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å setje fram ein klage. Forbrukarrådet har per i dag òg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan. Meklingsoppgåvene blir frå 1. januar 2021 overført til Forbrukartilsynet, slik at Forbrukarrådet frå same dato blir ein meir reindyrka interesseorganisasjon. Frå 1. januar 2021 blir òg Forbrukar Europa overført frå Forbrukarrådet til Forbrukartilsynet.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet, med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjering til styremedlemmane, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett inn for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Løyvinga kan òg nyttast til å dekkje kostnader knytte til den pågåande omorganiseringa av forbrukarapparatet.

I samband med at ansvaret for handsaminga av forbrukarklagar frå 1. januar 2021 blir flytta frå Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet til Forbrukartilsynet, må budsjettmidlane fordelast om mellom dei involverte verksemdene. Basisløyvinga til Forbrukarrådet blir som følgje av dette føreslått redusert med 54,7 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 868, post 01. Basert på det endelege resultatet av prosessen kan det bli aktuelt å justera overføringa.

Departementet føreslår ei løyving på 82,5 mill. kroner i 2021.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (strømpris.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no).

Løyvinga på posten er føreslått auka med 6 mill. kroner til utvikling og drift av Finansportalen.

Departementet føreslår ei løyving på 27,3 mill. kroner i 2021.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Driftstilskot

10 630

10 915

11 264

Sum kap. 0862

10 630

10 915

11 264

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmane er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2019 10,6 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet blei om lag 1,9 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking 1,2 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 40 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Posten dekkjer tilskot til Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei løyving på 11,3 mill. kroner i 2021.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

3 022

2 304

2 816

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

9 541

5 922

6 081

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 675

1 492

1 640

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

5 523

6 514

6 722

Sum kap. 0865

19 761

16 232

17 259

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Frå og med 2021 skal posten òg nyttast til å dekkje utgifter til sakskostnader som Klagenemndssekretariatet i Bergen får når næringsdrivande får medhald i klagar på vedtak fatta av Forbrukartilsynet. Klagenemdsekretariatet vil årleg få fullmakt til å belaste posten for slike utgifter. I samband med dette føreslår departementet å overføre 0,451 mill. kroner frå kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet til kap. 865, post 21.

I 2021 skal ein del av løyvinga på posten nyttast til å dekkje eingongskostnader knytt til at Klagenemndssekretariatet frå 1. januar 2021 overtek sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet.

Departementet føreslår ei løyving på 2,8 mill. kroner i 2021.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som blir utførte av Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet, inntil 5 mill. kroner, blir òg dekte over denne posten.

Posten blir vidare nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2021 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisingsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 6,1 mill. kroner i 2021.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa.

Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fire særskilde tiltak i 2021:

  • Støtte til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge. Delar av tilskotet kan nyttast til ei tilskotsordning for reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsarbeid. Tilskotet blir fordelt etter kriterium kunngjorde på nettstaden til Standard Norge (standard.no). Fagrådet for forbrukarsaker fører kontroll med tilskotet.

  • Støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk .

  • Støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sest i samanheng med samarbeidet mellom styresmakter og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn.

  • Støtte til Fagutvalget for influencermarkedsføring. Midlane skal medverke til god og ansvarleg marknadsføringspraksis for dei som jobbar med influensar-marknadsføring.

Departementet føreslår ei løyving på 1,6 mill. kroner i 2021.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, Consumer Programme 2014–2020. Frå 2021 vil løyvinga òg dekkje vidareføring av forbrukarprogrammet som ein del av det indre marknadsprogrammet 2021–2027. Ei endeleg avgjerd om Noreg si deltaking i rammeprogram i EU i perioden 2021–2027 blir teken etter at langtidsbudsjettet til EU er vedteke. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet. Posten kan òg nyttast til eventuell etterbetaling for deltaking i Consumer Programme 2007–2013.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programma om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA), programperioden 2014–2020, og ev. etterbetalingar for programperioden 2007–2013.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å talfeste utgiftene.

Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2021.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

14 731

14 361

Sum kap. 0867

14 731

14 361

Post 01 Driftsutgifter

Som ein del av omorganiseringa av verkemiddelapparatet på forbrukarområdet blir Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet lagt ned 1. januar 2021. Frå og med 2021 blir det derfor ikkje føreslått noko løyving på denne posten. Mesteparten av midlane som har vore løyvde på posten, 13,6 mill. kroner, blir føreslått flytta til Forbrukartilsynet på kap. 868, post 01. Forbrukartilsynet skal overta sekretariatsfunksjonen for sakene til Forbrukarklageutvalet. Klagenemndsekretariatet i Bergen overtek frå 1. januar 2021 sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet. Klagenemndssekretariatet ligg under Nærings- og fiskeridepartementet, og 814 000 kroner blir derfor føreslått overførte til kap. 912 Klagenemndssekretariatet, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

35 338

34 078

104 370

Sum kap. 0868

35 338

34 078

104 370

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og gjennom rettleiing og informasjonsverksemd. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane til forbrukarane blir tekne hand om, og at forbrukarane kan ta informerte val.

Frå 1. januar 2021 får Forbrukartilsynet òg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan. Denne oppgåva ligg i dag under Forbrukarrådet. Frå same dato overtek Forbrukartilsynet òg ansvaret som Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet i dag har med å førebu sakene til Forbrukarklageutvalet. Frå 1. januar 2021 blir òg Forbrukar Europa, som no er plassert i Forbrukarrådet, overført til Forbrukartilsynet.

Per i dag regulerer marknadsføringslova verksemda til Forbrukartilsynet. Oppgåvene som er knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet, som tilsynet overtek frå 1. januar 2021, blir regulerte av lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget (forbrukarklagelova), som trer i kraft 1. januar 2021.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet, i tillegg til godtgjering m.m. til medlemmane av Forbrukarklageutvalet. Som følgje av dei nye oppgåvene Forbrukartilsynet får ansvar for frå 1. januar 2021, blir posten føreslått auka med 70,3 mill. kroner. Sjå omtale under kap. 860, post 50, kap. 867, post 01, og kap. 3868, post 02.

Departementet føreslår ei løyving på 104,4 mill. kroner i 2021.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Tilskot

2 500

Sum kap. 3868

2 500

Post 02 Tilskot (Ny)

Departementet føreslår å opprette ein ny post 02 Tilskot under kap. 3868 Forbrukartilsynet. Forbrukar Europa får årleg eit tilskot frå EU. Forbrukar Europa er per i dag ein del av Forbrukarrådet. Sidan Forbrukarrådet er ei nettobudsjettert verksemd, er ikkje tilskotet ført opp på ein egen inntektspost i statsbudsjettet. Når Forbrukar Europa blir ein del av Forbrukartilsynet frå 1. januar 2021, må tilskotet frå EU bli ført opp på ein eigen inntektspost. Tilskotet frå EU til Forbrukar Europa er venta å bli på 2,5 mill. kroner i 2021.

Departementet føreslår ei løyving på 2,5 mill. kroner i 2021. Departementet føreslår òg at Forbrukartilsynet får fullmakt til å overskride kap. 868, post 01 tilsvarande meirinntekter under kap. 3868, post 02.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

«Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.»

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua eller livssynet sitt. Ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk legg til rette for eit livssynsope samfunn. Trus- og livssynssamfunna speler ei viktig rolle i livet for mange. Trus- og livssynssamfunna er dessutan viktige fellesskap i lokalmiljøa. Dei tilbyr mellom anna aktivitetar for barn og unge og omsorgs- og hjelpetenester. I stor grad byggjer verksemda i trus- og livssynssamfunna på frivillig innsats.

I 2012 oppheva Stortinget dei paragrafane i Grunnlova som hadde regulert statskyrkjeordninga sidan 1814, og frå 1. januar 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Denne rettslege sjølvstendige stillinga vil frå 1. januar 2021 bli ytterlegare styrkt. Stortinget vedtok våren 2020 ny lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), jf. Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 130 L (2018–2019), der føresegnene om Den norske kyrkja er gitt i form av ei rammelov i eit eige kapittel. Kyrkjelova av 1996 vil frå same tid bli oppheva. Lovendringa vil gi kyrkja stor fridom til sjølv å regulere kyrkjeordninga si, og er på mange måtar siste leddet i det mangeårige arbeidet med å gjere Den norske kyrkja til ei sjølvstendig folkekyrkje, fri frå statleg styring. Sjølv om Den norske kyrkja er eit sjølvstendig trussamfunn, står ho likevel etter Grunnlova § 16 i ei særleg stilling. Det er eit krav at Den norske kyrkja er organisert i samsvar med demokratiske prinsipp, og at ho skal halde fram som folkekyrkje.

Ny felles lov for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har òg bakgrunn i behovet for å forenkle og sameine dei ulike ordningane som i dag gjeld for dei offentlege tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Frå den nye lova vert sett i kraft 1. januar 2021, vil kommunane ikkje lenger ha finansieringsansvar for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Forvaltinga av tilskotsordninga, som vil bli reint statleg, vil i tillegg bli samla ved to fylkesmannsembete, Fylkesmannen i Oslo og Viken og Fylkesmannen i Agder, slik at ein kan byggje opp sterkare og meir robuste kompetansemiljø og sørgje for ei meir effektiv forvalting av ordninga. Den nye lova vil frå same dato erstatte gjeldande særlovgiving om trus- og livssynssamfunn og vere betre tilpassa det trus- og livssynsmessige mangfaldet.

Det følgjer av Grunnlova § 16 at alle trus- og livssynssamfunn skal bli støtta på lik linje. Reglane i den nye trussamfunnslova er utforma i tråd med dette, slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje offentlege tilskot som om lag svarer til dei tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under resultatrapport og strategiar og omtalen av kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for tilskotsordninga.

Den offentlege finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmar av kyrkja kan gå til gudsteneste og få del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta alle stader ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like. Kyrkjebygga gir identitet til den einskilde bygda eller bydelen, og mange har stor kulturhistorisk verdi.

Departementet ser verksemda i trus- og livssynssamfunna som eit gode for det norske samfunnet. Dette ligg til grunn for trus- og livssynspolitikken, som skal støtte opp om trus- og livssynssamfunna. Med offentleg støtte vil dei einskilde samfunna betre kunne leggje til rette for at medlemmane får praktisert trua si eller livssynet sitt. Trus- og livssynssamfunna har ei viktig rolle i å skape fellesskap og velferdssamfunn lokalt. Mange medverkar òg til å byggje bru mellom ulike kulturar og er aktive bidragsytarar til det frivillige arbeidet.

I Grunnlova § 2 heiter det at lova skal «tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane». Den offentlege støtta til trus- og livssynssamfunna skal byggje opp under dette. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit demokratisk samfunn.

I dei seinaste tiåra har det vore ein auke i talet på trussamfunn i Noreg som får offentleg støtte, særleg som følgje av innvandring frå ulike delar av verda. Kontakt og dialog mellom samfunna er viktig for å auke kunnskapen om dei ulike trusretningane og stimulere til toleranse og gjensidig forståing. Det er etablert paraplyorganisasjonar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Dei eldre kyrkjebygga er synlege uttrykk for den kristne kulturarven og står i ei særstilling som nasjonale kulturminne. Av dei 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peika ut som kulturhistorisk viktige kyrkjer. Mange av kyrkjene er i dårleg stand og ikkje sikra godt nok mot brann. I budsjettframlegget for 2021 er den statlege innsatsen for sikringa av verneverdige kyrkjer auka til om lag 70 mill. kroner. Innsatsen er nærare omtalte under overskrifta Kyrkjebygga og under omtalen av kap. 882.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan lokale organ for Den norske kyrkja står for forvaltinga dei fleste stadene. I takt med samfunnsutviklinga er det viktig stadig å sjå på behovet for å revidere regelverket og ha kunnskap om korleis gravplassane vert drifta og forvalta. På denne bakgrunnen er det vedteke justeringar i lovverket som vil tre i kraft 1. januar 2021, jf. Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 130 L (2018–2019). Endringane er nærare omtalte under overskrifta Gravplassane og under omtalen av kap. 882.

Opplysningsvesenets fond blei skipa ved lov i 1821 av det som er omtalt i Grunnlova § 116 som «det benefiserte godset til presteskapet». Det meste av dette godset er avhenda, men fondet er framleis mellom dei største grunneigarane i landet og har ein etter måten stor finanskapital. Eigedomsretten til fondet har vore eit omstridt spørsmål sidan fondet blei skipa. I Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond gjekk departementet inn for at eigedommar av særskild verdi for Den norske kyrkja blei overførte til kyrkja som eigar. Andre eigedelar, som vil utgjere størstedelen av verdiane i fondet, skulle staten vere eigar av, mot at staten auka innsatsen for å setje i stand og sikre dei innpå 1 000 kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i landet. Ved behandlinga av meldinga våren 2020 slutta familie- og kulturkomiteen seg til denne løysinga av eigarspørsmålet, sjå Innst. 209 S (2019–2020).

Covid-19

Trus- og livssynsamfunna si verksemd

Trus- og livssynsamfunna er viktige fellesskap og sosiale møteplassar for menneske i alle aldersgrupper over heile landet. Avgrensinga i talet på personar som kan vere samla som følgje av smitteverntiltak, førte til at det blei krevjande å gjennomføre seremoniar som dåp, vigslar og gravferd. Etter virusutbrotet har det òg vore fleire religiøse høgtider som heller ikkje har blitt gjennomførte på vanleg måte. Dette gjeld mellom anna påske og id al-fitr. Aktivitetar for barn og unge har blitt avlyste, og trus- og livssynssamfunna, som ofte har kontakt med og besøkjer eldre, sjuke og einsame, har ikkje kunna gjennomføre dei diakonale oppgåvene sine slik dei vanlegvis gjer.

For å kunne nå ut til medlemmane sine har trus- og livssynssamfunna vore raske til å omstille seg og tenkje nytt. Det har blitt laga digitalt innhald og samlingar som har gjort at dei i mange tilfelle har nådd fleire menneske enn dei har hatt som besøkjande på dei vanlege samlingane sine. Paraplyorganisasjonane, mellom andre Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, var tidleg ute med god informasjon om covid-19, på fleire språk og i ulike kanalar. I februar, før nedstenginga, var det berre nettoverføring av gudstenester i Den norske kyrkja i 7 prosent av kommunane. Ein månad seinare, etter at alle gudstenester blei avlyste på ubestemt tid, var det om lag 50 prosent av kyrkjelydane som publiserte opptak av gudstenester og andakter på nett, og fleire sa dei planla å byrje med det. Dei har òg klart å gi folk ei kjensle av fellesskap, gjennom til dømes å arrangere drive-in id-feiring for å markere avslutninga på ramadan. Store arrangement som Kyrkjemøtet, er utsette til hausten.

Ulike grupper av befolkninga har blitt påverka av covid-19-tiltaka i ulik grad. Ein del eldre er ikkje så fortrulege med digitale hjelpemidlar og har derfor mista tilgangen til gudstenester, andakter og faste bønner som har blitt flytta til digitale flater. Mange eldre som vanlegvis er trufaste deltakarar i kyrkjer og moskear, opplever auka einsemd når dei ikkje kan eller tør komme til trussamfunnet sitt. Barn har blitt råka av at undervisingstilbod har blitt avlyste eller flytta til nettundervising. I moskeane er slik undervising med på å førebyggje ekstremisme og radikalisering. Vidare har covid-19-tiltak i små moskear ramma kvinner ved at det er mindre plass til deltakarar ved fredagsbønna og då blir menn prioriterte framfor kvinner, og i nokon grad framfor barn og unge. Dei fleste melder likevel om at det ikkje er nokon forskjell i tilbod basert på kjønn. Generelt er det ein overvekt av kvinner som deltek jamleg i religiøse ritual, og då blir det truleg slik at fleire kvinner enn menn har blitt påverka av nedstenginga.

Virusutbrotet har ført til økonomiske utfordringar for trus- og livssynssamfunna. Fordi det i ein periode ikkje har vore mogleg å halde vanlege samlingar og aktivitetar, har samfunna mista gåve- og leigeinntekter og inntekter frå ulike former for arrangement. Mange organisasjonar har òg inntekter frå sommarfestivalar og sommarleirar, som det i år ikkje har vore mogleg å gjennomføre.

Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet, er blant dei som har fått ekstraløyvingar i samband med virusutbrotet. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 fekk Sjømannskyrkja 16 mill. kroner for å dekkje tap av inntekter, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Tilskotet skal gjere at Sjømannskyrkja kan halde oppe nærværet sitt for nordmenn i utlandet.

Som ledd i å få økonomien i gang og fordi det er eit stort vedlikehaldsetterslep, blei det òg gitt ei løyving på 52 mill. kroner til sikring og vedlikehald av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, jf. Prop. 127 S (2019–2020). Løyvingane til Sjømannskyrkja og til kyrkjebygg er nærare omtalte under kap. 880, post 71, og kap. 882, post 61.

Langsiktige konsekvensar

Virusutbrotet har vist kor viktig trus- og livssynssamfunna er for mange menneske. På lang sikt vil det vere viktig å følgje utviklinga i samfunna, både i periodar der ein vil nærme seg full gjenopning og normalt aktivitetsnivå, og i periodar der det vil vere strengare avgrensingar knytte til smittevern. Trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja er omfatta av regjeringa si kompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, jf. forskrift om midlertidig kompensasjonsordning for frivillighets- og idrettssektoren som følge av covid-19-utbruddet.

Under pandemien har gravplasstyresmaktene og kommunane fått prøvd ut beredskapsplanane sine. I Noreg har ein framleis ikkje vore i ein situasjon der pandemien har sett kapasiteten ved gravplassane og krematoria på prøve. Ein omfattande smittesituasjon anten lokalt eller nasjonalt kan skape kapasitetsutfordringar. Personell ved gravferdsbyråa, krematoria og ved dei lokale gravplass-styresmaktene har fått status som samfunnskritisk personell for nettopp å kunne vere rusta for ein slik situasjon. I den grad gravplass-styresmaktene og seremonileverandørane vil måtte gjennomføre utsette seremoniar og gravleggingar, typisk der den avlidne blei kremert med sikte på gravferdsseremoni når eit stort tal menneske igjen kan delta, bør dette ikkje reise meir enn lokale kapasitets- og logistikkutfordringar.

Mål

Barne- og familiedepartementet har for 2021 dessa måla for trus- og livssynspolitikken:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019).

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten deira.

Måla og bakgrunnen for dei er nærare omtalte nedanfor under Resultatrapport og strategiar.

Målet for Opplysningsvesenets fond er omtalt i samband med den generelle orienteringa om Opplysningsvesenets fond som kjem etter postomtalen.

Resultatrapport og strategiar

Den norske kyrkja

I heile etterkrigstida har Den norske kyrkja gradvis vore gjennom reformer som har gitt kyrkja meir sjølvstyre og tydeleggjort at Den norske kyrkja òg er eit trussamfunn. Etter grunnlovsendringane i 2012 og lovendringar frå 2017 fekk Den norske kyrkja ei rettsleg sjølvstendig stilling overfor staten. Siste ledd i å sjølvstendiggjere Den norske kyrkja kom til gjennom Stortingets lovendringar våren 2020. Då vedtok Stortinget ny lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), jf. Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 130 L (2018–2019), der føresegnene om Den norske kyrkja er gitte i form av ei rammelov i eit eige kapittel. Lova tek til å gjelde 1. januar 2021. Som følgje av dette vil Den norske kyrkja få mynde til å treffe avgjerder på eige og fritt grunnlag, mellom anna om korleis kyrkja skal organisere seg i tenlege einingar, og om korleis dei kyrkjelege vala bør leggjast opp.

Den norske kyrkja blir finansiert av staten og kommunane. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over kommunebudsjetta og statsbudsjettet blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda) og gir tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane. Det økonomiske ansvaret for Den norske kyrkja skal som no vere delt mellom staten og kommunane, òg etter at den nye lova trer i kraft.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmar av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje blir kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og kulturberar. Dette byggjer på at prestetenesta har gode vilkår, og at kyrkjebygga blir haldne i hevd. Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmane. Då er det er ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan i kyrkja.

Staten si oppgåve er å gi kyrkja høvelege rettslege og økonomiske rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv utforme.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i nær 1 200 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Ei landsdekkjande presteteneste er eit vilkår for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje. Talet på årsverk for prestar har dei seinare åra lege stabilt på om lag 1 250, men i 2017 og 2018 har talet gått noko ned.

I 2019 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 6,4 mrd. kroner. Over statsbudsjettet blei det løyvd om lag 2,2 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,2 mrd. kroner.

Rekneskapen for den delen av Den norske kyrkja som staten finansierer, det vil seie den rettslege eininga som blei oppretta då Den norske kyrkja blei skild ut frå staten 1. januar 2017, viser eit overskot på 16,6 mill. kroner i 2019. Eigenkapitalen ved årsskiftet 2019/2020 var på 311 mill. kroner, ein auke på 86,6 mill. kroner frå året før. Av dette er 70 mill. kroner eit ekstraordinært tilskot frå staten ved Barne- og familiedepartementet til dekning av solvenspremie til Statens pensjonskasse. Etter at den nye kyrkjelege eininga blei oppretta, har det i regi av Kyrkjerådet vore arbeidd mykje med å forenkle og effektivisere dei administrative funksjonane på regionalt og sentralt nivå.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna) i kommunen. Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og gjennom avgifter i samband med den offentlege gravplassforvaltinga, som fellesråda har ansvaret for. Tabell 4.9 viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2018 til 2019.

Tabell 4.9 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2018–2019

(i mill. kroner)

2018

2019

Endring i pst. 18/19

Driftsinntekter

4 688

4 879

4,1

Driftsutgifter

4 562

4 758

4,3

Investeringsinntekter

1 031

1 102

6,9

Investeringsutgifter

1 080

1 084

0,4

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå

Driftsinntektene auka med 191 mill. kroner frå 2018 til 2019 og driftsutgiftene med 196 mill. kroner. Netto driftsresultat, som viser driftsoverskotet etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 87 mill. kroner i 2019 mot 84 mill. kroner i 2018.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,16 mrd. kroner i 2019. Frå 2018 var det ein auke på 2,3 prosent. Auken er mindre enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same periode er rekna til 3,0 prosent. Det blei overført 754 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2019, mot 699 mill. kroner i 2018.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmar, oppslutninga om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking. Tabell 4.10 viser utviklinga frå 2018 til 2019.

Tabell 4.10 Nøkkeltal for oppslutninga om Den norske kyrkja i 2019

2019

Endring frå 2018

Medlemmar og tilhøyrande

3 686 715

-35 142

Del av befolkninga (prosent)

69

-1

Innmelde

3 353

1 257

Utmelde

19 037

7 160

Døypte

28 011

-586

Døypte av talet på fødde (prosent)

51,4

-0,5

Konfirmerte

34 513

-735

Konfirmerte av alle 15-åringar (prosent)

54,4

-1,9

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (prosent)

81

-1,5

Vigslar

6 214

-834

Gravferder

34 765

-918

Del av alle gravferder totalt (prosent)

85,5

-1,9

Deltakarer på alle gudstenester

5 249 069

-69 124

Deltakarar per gudsteneste

87,2

-0,1

Kjelde: SSB og medlemsregisteret til Den norske kyrkja

Tala over stadfestar at Den norske kyrkja framleis har stor tilslutnad, men nøkkeltala for dei tradisjonelle folkekyrkjeindikatorane viser jamt over ein nedgang. Det er stor auke i talet på utmelde. Dette heng saman med at det i 2019 blei gjennomført val i kyrkja og alle medlemmar fekk tilsendt valkort. Det blei òg registrert ein større auke i talet på innmelde. Nedgangen i deltaking på gudstenester på søn- og heilagdagar held framleis fram, men Oslo har dei to siste åra hatt ein auke i talet på gudstenester og deltakarar.

Tala viser at delen som blir døypte av talet på fødde, går ned, men det er stor variasjon mellom bispedømma. Nokre melder om høgare oppslutnad. Talet på gravferder i regi av Den norske kyrkja har lenge halde seg stabilt på om lag 36 000 i året. Målt i prosent av talet på avlidne har det vore ein svak nedgang dei seinare åra. I 2019 blei det gjennomført om lag 6 200 vigslar i Den norske kyrkja. Det nominelle talet på vigslar i kyrkja går ned, men som del av alle inngåtte ekteskap har prosentdelen vigslar i regi av Den norske kyrkja halde seg stabil på om lag 31 dei siste tre åra. Hovudtrenden er at nedgangen i tilslutnad til kyrkjelege handlingar og gudstenestedeltaking er lågare enn han har vore dei siste åra.

Den norske kyrkja er ei folkekyrkje ikkje minst gjennom den kulturarven kyrkja er berar av, og gjennom dei kunst- og kulturuttrykka kyrkja formidlar. Omfanget av profesjonelt og frivillig arbeid er stort, mellom anna innanfor diakonale tenester og kulturarrangement for barn, ungdom, vaksne og eldre. Kyrkja har frå 2019 styrkt det diakonale arbeidet med 20 mill. kroner. I 2019 blei det arrangert over 14 000 konsertar og andre kulturarrangement i Den norske kyrkja, med om lag 1,7 mill. deltakarar i alt. I 2019 var det over 94 000 frivillige i kyrkjelydane.

Trusopplæringa i kyrkja er eit systematisk og samanhengande tilbod til alle døypte fram til dei fyller 18 år. Den systematiske opplæringa blei sett i verk i 2004 ved statlege tilskot, i samband med at ei reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja kom i gang. Alle kyrkjelydane tilbyr i dag ei systematisk trusopplæring.

Rapporteringa ovanfor viser at Den norske kyrkja på fleire område har utfordringar som på lang sikt kan svekkje kyrkja si rolle som folkekyrkje. Nedgangen i dåpstala som vi har sett over fleire år, er særskilt utfordrande. Likevel er det framleis ein relativt stor del av medlemmane i kyrkja som vel å døype barna sine. Bemanninga i kyrkja er krevjande, fleire prestestillingar må lysast ut fleire gonger, og nokre står vakante over tid. Ved utgangen av 2019 var det 100 vakante prestestillingar. Med svak rekruttering til prestetenesta og store årskull som nyleg har nådd eller i nær framtid når pensjonsalder, vil gudstenestetilbodet kunne bli svekt i åra framover.

Det kyrkjelege demokratiet er basert på dåpen som det einaste vilkåret for å kunne vere medlem, ha stemmerett og vere valbar. Medlemmar som i valåret vil ha fylt 15 år, har stemmerett, medan ein må ha stemmerett og ha fylt 18 år for å vere valbar. Valperioden er fire år. I 2019 blei det gjennomført val i kyrkja. Oppslutninga om valet var på 12,6 prosent – ein nedgang frå 16,7 prosent frå det førre valet i 2015.

Kyrkjemøtet vedtok våren 2019 ny kyrkjeordning som kan tre i kraft samstundes med at den nye trussamfunnslova tar til å gjelde. Den nye kyrkjeordninga fører langt på veg vidare det som følgjar av den gjeldande kyrkjelova. Kyrkjerådet har starta eit arbeid med å greie ut ei framtidig kyrkjeordning, som mellom anna ser på korleis ei tenleg organisering bør sjå ut i framtida. Ulike modellar for eit felles kyrkjeleg organ på prostinivå som kan ha arbeidsgivaransvar for både embets- og rådslinja, er blant dei tinga som skal greiast ut.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Noreg har i etterkrigstida bevega seg frå å vere eit relativt einsarta samfunn til å bli langt meir mangfaldig og meir sekulært. Det religiøse livet vert i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida, og eit større trus- og livssynsmangfald og sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig å sikre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som opnar for at folk skal leve med trua si som heile menneske. Eit samfunn som set grenser for religiøs praksis og religiøse uttrykk i det offentlige rom, vil bli mindre inkluderande og mangfaldig. Det er derfor eit mål for trus- og livssynspolitikken at han ikkje berre skal fylle vilkåra i Grunnlova § 16 om å støtte alle samfunna på lik linje. Dei rettslege og økonomiske rammene skal òg, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Den nye trussamfunnslova som trer i kraft 1. januar 2021, vil medverke til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten tek over dei kommunale utbetalingane. I tillegg arbeider fellesadministrasjonen for fylkesmannsembeta med å leggje til rette for ei digital løysing for innsending av krav om tilskot. Ei slik løysing vil føre til at søknadsprosessen blir enklare for både staten og samfunna. Forvaltinga av tilskotsordninga vil i tillegg bli samla ved to fylkesmannsembete: Fylkesmannen i Oslo og Viken og Fylkesmannen i Agder. Dermed kan ein byggje opp sterkare og meir robuste kompetansemiljø og sørgje for ei meir effektiv forvalting av ordninga.

Ny lov om tros- og livssynssamfunn tek sikte på å bringe lovgivinga i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn. Grunnlaget for tilskota vil i hovudsak vere som i dag, det vil seie at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og kunne krevje offentleg støtte dersom samfunna fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet.

Departementet har på denne bakgrunnen sett dette målet for tilskotsordninga for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal forvaltast effektivt og leggje til rette for eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje tilskot frå både staten og kommunane ut 2020. I 2019 blei det utbetalt 382 mill. kroner i statleg tilskot, utrekna etter ein sats på 589 kroner per medlem. Om lag 860 trus- og livssynssamfunn fremja krav om tilskot for i alt 678 000 tilskotsteljande medlemmar. Det samla kommunale tilskotet per medlem er som regel noko høgare enn det statlege tilskotet per medlem. I 2019 utbetalte kommunane 414 mill. kroner i tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Det samla tilskotet frå staten og kommunane summerte seg dermed til 796 mill. kroner i 2019.

Tabell 4.11 Medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2006

2013

2019

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

9 934

2,6

16 001

2,9

21 044

3,1

Islam

72 023

18,8

120 882

22,0

175 507

25,9

Kristendom

216 141

56,4

312 925

57,0

365 851

53,9

Andre religionar

8 141

2,1

13 531

2,5

19 755

2,9

Livssynssamfunn

77 271

20,1

86 061

15,7

96 276

14,2

I alt

383 510

100,0

549 400

100,0

678 433

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmar i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabell 4.11, har det vore ein stor auke av medlemmar i trussamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2006 til 2019. Talet på medlemmar i både buddhistiske og muslimske trussamfunn har meir enn dobla seg i perioden, og desse utgjorde høvesvis 3,1 prosent og 25,9 prosent av alle medlemmar i trussamfunn utanom Den norske kyrkja i 2019. Kategorien «andre religionar» har òg hatt ein dobling av medlemmar frå 2006 til 2019. Likevel høyrer meir enn 50 prosent av medlemmane utanom Den norske kyrkja til blant kristne kyrkjesamfunn. Om lag 81 prosent av alle innbyggjarane i landet er medlem av eit trus- eller livssynssamfunn. Av desse høyrer i underkant av 13 prosent til eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssyna, både mellom samfunna og ut mot sivilsamfunnet. Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femner om både religiøse og sekulære livssyn. Paraplyorganisasjonane byggjer dialog og samarbeid på tvers av livssyn og er viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål.

Departementet gav i 2019 driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) og Norges Kristne Råd med i alt nær 8,5 mill. kroner. For 2019 blei det innarbeidd ein auke på 2 mill. kroner til tiltak som kan styrkje arbeidet med mangfald, inkludering og arbeidet mot fattigdom. Desse midlane blei fordelte på Muslimsk Dialognettverk (0,5 mill. kroner), Norges Kristne Råd (0,5 mill. kroner) og Samarbeidsrådet for tros- og livssynsamfunn (1 mill. kroner).

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 5,1 mill. kroner i 2019, fordelt på 22 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn.

Kyrkjebygga

Kyrkjebygga har gjennom historia spelt ei viktig rolle som ramme om det kristne truslivet og dei kyrkjelege handlingane. Saman med inventaret og landskapet rundt er dei kulturminner som synleggjer viktig norsk historie gjennom fleire hundre år. Samstundes er så godt som alle soknekyrkjene framleis i vanleg bruk, som samlingsstad og som ein stad å feire gudsteneste for kyrkjelyden. Fleire stader har dei òg karakter av å vere eit kulturhus for lokalsamfunnet. For mange er kyrkja ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulukker og andre kriser som råkar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja, er nær 1 000 freda eller peika ut som kulturhistorisk viktige. Det inneber at forvaltinga av desse bygga må ta høgde for både kyrkjelege behov og interesser, og nasjonale og lokale kulturminnevernomsyn.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga. Det er ikkje gjort endringar i dette i den nye trussamfunnslova. Den daglege forvaltinga er det fellesorganet for soknet som har ansvaret for. Det er ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet og ikkje er godt nok sikra mot brann. Dette gjeld òg for dei eldste kyrkjene, sjølv om den samla innsatsen for å vareta kyrkjebygga har vore av stort omfang i seinare år. Dei fleste kyrkjebygga er eigde av sokna i Den norske kyrkja. Nokre få er i statleg eller privat eige. Fortidsminneforeininga eig fleire kyrkjer.

For å komme vedlikehaldsetterslepet i møte har staten gjennom mange år gitt kommunar tilskot til istandsetjingsprosjekt, i fyrste rekkje gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg. Riksantikvaren har vidare gitt tilskot til restaurering av einskilde kyrkjer av særleg kulturhistorisk verdi, i tillegg til eit eige program for brannsikring av kyrkjer i stein frå mellomalderen. Innsatsen er likevel ikkje stor nok til å sikre den kulturhistoriske arven som desse bygga representerer. Staten tek derfor eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturminneverdi.

Departementet har på denne bakgrunnen sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har dei siste åra lege på rundt 600–700 mill. kroner. I 2019 var investeringane på 670 mill. kroner. I perioden 2005–2019 har investeringsramma under rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blitt utvida fleire gonger. I denne perioden er det gitt tilsegner om rentekompensasjon for prosjekt med ei samla investeringsramme på nær 5 mrd. kroner. Av denne ramma har 3,8 mrd. kroner danna grunnlag for utbetaling av rentekompensasjon. I retningslinjene for rentekompensasjonsordninga har dei eldste kyrkjene prioritet dersom ramma ikkje er stor nok for alle søknadene.

Frå ordninga blei sett i verk i 2005 til og med 2019, er det gitt tilsegner om rentekompensasjon til prosjekt i 999 kyrkjer i 342 kommunar.

I 2019 blei det løyvd 20 mill. kroner som tilskot til brannsikring, istandsetjing og klimasikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, særleg til kyrkjer i stein som er frå mellomalderen. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det løyvd ytterlegare 20 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer, og det blei løyvd 20 mill. kroner til det same føremålet i 2020. Som del av ei tiltakspakke som følgje av covid-19-pandemien blei det våren 2020 gitt ei ekstra løyving på 52 mill. kroner til tiltak for kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850. Midlane skal primært brukast til sikring og istandsetjing av klimaskal (veggar, tak og tårn) og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar. Til saman har det i 2019 og 2020 dermed vore løyvd 112 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. For 2021 gjer departementet eit framlegg om ei løyving på 69,3 mill. kroner til sikring av verneverdige kyrkjer, sjå kap. 882, post 61.

Det er Riksantikvaren som forvaltar løyvingane til kyrkjebygg, i samarbeid med Den norske kyrkja og departementet. I Prop. 1 S (2019–2020) går det fram at dei skal gå til brannsikring, klimasikring og istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til vanleg vedlikehald. I 2020 blei 99 av dei eldste kyrkjene våre, som alle er oppførte før år 1800, inviterte til å søkje om midlar til istandsetjing og/eller brannsikring. Det er kyrkjene med det mest presserande vedlikehaldsbehovet etter analysar og standardar frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder som ligg til grunn for utvalet. Nokre av midlane er òg øyremerkte ytterlegare undersøkingar av tilstanden til eit utval kyrkjer. Det kom inn 40 søknader, og alle desse blei innvilga. Tiltaka som får tilskot frå løyvingane i 2020, skal vere gjennomførte innan 31. oktober 2021.

I tråd med Innst. 209 S (2019–2020), jf. Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond og Stortingets vedtak i denne saka, skal staten auke innsatsen sin for å sikre dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Ein slik innsats må gå over mange år. Korleis han i praksis bør innrettast, vil departementet komme tilbake til, sjå elles omtalen av Opplysningsvesenets fond til sist i programkategorien.

Den nye trussamfunnslova erstattar kyrkjelova, som mellom anna har heimlar om forvalting av kyrkjene. I trussamfunnslova § 15 er det gitt føresegner som slår fast at kyrkjebygget er eigd av soknet og at Kyrkjemøtet kan gi reglar om mellom anna forvaltinga av kyrkjebygget og om inventar og utstyr. Kongen er gitt mynde til å gi særskilde reglar om korleis kulturhistorisk verdifulle kyrkjer som ikkje er freda etter kulturminnelova, skal forvaltast. Slike reglar vil bli gitte i forskrift som tek til å gjelde samstundes med den nye lova. Utfyllande reglar for sakshandsaming som erstattar rundskriv T-3/2000, vil på same tid bli gitte av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med Klima- og miljøverndepartementet.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om dei verdiane og den kulturen som historisk har prega landet, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane er slik i ei særstilling som kulturminne, fordi dei fortel historier om heile samfunn, slekter og einskildmenneske.

I Noreg har vi i liten grad private gravplassar eller eigne gravplassar for ulike trusretningar. Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie med ei sterk nasjonal kyrkje, og etter kvart som det kom andre trusretningar til, blei det vanleg at òg medlemmar av desse blei gravlagde på dei offentlege gravplassane. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, har blitt eit styrande og viktig prinsipp i gravplassforvaltinga. Regelverket og drifta på dei offentlege gravplassane skal femne ulike religiøse og livssynsmessige behov i samband med gravlegging.

Det er viktig at dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten deira. Det inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane vert tekne vare på som kulturlandskap og kulturminne. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Gravplassane frå mellomalderen har særleg høg kulturminneverdi. Vern bør likevel, så langt det lar seg gjere, ikkje hindre bruk. Forvaltinga må derfor vere både brukarvennleg og framtidsretta, samstundes som ein tek omsyn til kulturminneverdiane.

Departementet har på denne bakgrunnen fastsett dei følgjande måla for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i samsvar med eigenarten deira.

Undersøkingar viser at gravplassane i det store og heile er godt stelte, og at dei etterlatne og innbyggjarane generelt er godt nøgde med den offentlege tenesteytinga på området. Det er Den norske kyrkja lokalt som normalt har forvaltingsansvaret for gravplassane, om det ikkje er avtalt lokalt at kommunen skal ha ansvaret. Ifølgje tal frå SSB var det tolv kommunar som i 2019 hadde teke over ansvaret for drifta/forvaltinga av gravplassane. I tillegg er det inngått lokale tenesteytingsavtalar med godt og vel ein tredjedel av kommunane.

Ved handsaming av Prop. 130 L (2018–2019) våren 2020 vedtok Stortinget at forvaltingsansvaret for gravplassane framleis skal liggje til eit lokalt kyrkjeleg organ, og framleis med rom for lokale avtalar mellom kyrkja og kommunen, jf. Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 130 L (2018–2019). Det vil likevel ikkje lenger vere eit vilkår at ein treng samtykke frå kyrkja for å overføre forvaltingsansvaret til kommunen. I lova, som tek til å gjelde 1. januar 2021, er fylkesmannen gitt mynde til etter søknad å fastsette forskrift om at ansvaret som lokal gravplasstyresmakt skal liggje til kommunen.

Trussamfunnslova legg dei oppgåvene i gravferdslova som i dag ligg til regionale organ i kyrkja, til fylkesmannsembeta. Dette gjeld mellom anna oppgåvene som godkjennings- og klageinstans. Føremålet er å understreke at gravplassane skal vere for alle, og at kyrkja forvaltar dette området på vegner av det offentlege.

I Prop. 130 L (2018–2019) tok departementet òg til orde for å samle oppgåvene som fylkesmannen overtek, ved eitt embete. Det er avgjort at frå 1. januar 2021 skal oppgåvene samlast hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, med Tønsberg som arbeidsstad.

I Noreg har det frå gamalt av vore tradisjon for å velje kistegravlegging framfor kremasjon med urnenedsetjing. Dette speglar seg òg av i gravferdslova, som slår fast at kremasjon berre kan skje dersom det er kjent at dette ikkje er i strid med avlidne sitt ønske. Framleis er det fleire som vel kistegravlegging enn kremasjon, men dei siste 25 åra har delen som vel kremasjon, gradvis auka, og han hadde i 2019 passert 44 prosent. Den høgaste delen finn vi på Austlandet, ved dei store byane. I Bærum kommune var talet på kremerte av alle avlidne i kommunen på 80 prosent i 2019. Tilsvarande tal for Oslo kommune var på 76 prosent.

I dag er det ikkje lenger tenleg at kremasjon og kistegravlegging skal ha ulik juridisk status. Med bakgrunn i Prop. 86 L (2019–2020) vedtok derfor Stortinget våren 2020 å oppheve heimelen om at kremasjon berre kan skje dersom det er kjent at dette ikkje er i strid med den avlidne sitt ønske, sjå Innst. 313 L (2019–2020). Endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2021.

530 urner blei utleverte til oskespreiing i 2019. Fylkesmennene, som har ansvar for å godkjenne søknader om oskespreiing, melder om ein aukande interesse for denne forma for gravlegging. Talet på utleverte urner til oskespreiing stadfestar denne tilbakemeldinga. Sidan reglane for oskespreiing blei mjuka opp i 2012, har talet på utleverte oskeurner meir enn dobla seg.

Med bakgrunn i Prop. 86 L (2019–2020) vedtok òg Stortinget våren 2020 igjen å opne for bruk av urnevegg som gravferdsform. Bakgrunnen for lovendringa, som tek til å gjelde 1. januar 2021, er primært eit ønske om at regelverket om dei offentlege gravplassane skal opne for fleire alternativ. Dette har sjølvstendig verdi i eit aukande trus- og livssynsmangfald.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2019 hadde fellesråda 894 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 836 mill. kroner i 2018. Investeringsutgiftene var på 390 mill. kroner, mot 378 mill. kroner i 2018. Investeringsutgiftene går mellom anna til utbetring og utviding av gravplassar. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei 12 kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå SSB var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 147 mill. kroner i 2019, mot 1 081 mill. kroner i 2018. Fordelt på talet på gravleggingar utgjer dette i snitt nær 28 200 kroner i driftsutgifter per gravlegging. Om lag 39 prosent av utgiftene i 2019 blei finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna festeavgift). Dette er tilsvarande del som i 2018.

Utgiftene i gravplassektoren er fordelte på kommunerekneskapane og kyrkjerekneskapane. Frå 2016 har SSB publisert nøkkeltal som stiller saman desse rekneskapane, medan Norsk forening for gravplasskultur hentar inn og stiller saman tal på kremasjonar og utleverte oskeurner. Framleis er det rom for å hente inn meir detaljerte statistiske data om forvaltinga, noko som kan medverke til å utvikle gode tenester og halde ein effektiv produksjon. Våren 2020 vedtok Stortinget ei endring i gravferdslova som skal gi heimel for å hente inn statistiske data om gravplassane og verksemda knytt til desse, jf. Innst. 208 L (2019–2020) og Prop. 130 L (2018–2019).

Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond er ein formuemasse som blir forvalta av eit særskilt forvaltingsorgan under departementet. Dei måla og strategiane som gjeld for forvaltinga, er omtalte nedanfor, etter postomtalane, i samband med ein breiare omtale av fondet og årsresultatet for 2019. Oppfølginga av Meld. St. 29 (2018–2019) og Stortingets handsaming av meldinga, jf. Innst. 209 S (2019–2020), er òg omtalt der.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

880

Den norske kyrkja

2 356 800

2 302 901

2 365 123

2,7

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

401 871

434 949

963 528

121,5

882

Kyrkjebygg og gravplassar

59 138

98 631

87 782

-11,0

Sum kategori 11.50

2 817 809

2 836 481

3 416 433

20,4

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Drift

2 621

60–69

Overføringar til kommunar

36 455

80 741

69 320

-14,1

70–98

Overføringar til private

2 781 354

2 755 740

3 344 492

21,4

Sum kategori 11.50

2 817 809

2 836 481

3 416 433

20,4

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 254 900

2 198 279

2 257 153

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

101 900

104 622

107 970

Sum kap. 0880

2 356 800

2 302 901

2 365 123

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja. Tilskotet skal dekkje driftsutgiftene for den nye rettslege eininga som blei danna i 2017 då kyrkja blei skild ut frå staten. Verksemda femner i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. I tillegg skal tilskotet gå til mellom anna trusopplæringa og diakonien i kyrkjelydane. Det er Kyrkjemøtet som rår over tilskotet og gjer vedtak om korleis det skal nyttast. Tilskotet kan ikkje nyttast til å avlaste kommunane for dei utgiftene dei er pålagde etter den nye trussamfunnslova § 14.

I framlegget er det, som tidlegare år, innarbeidd midlar til pensjonspremie. Dei kyrkjelege vala blir haldne kvart fjerde år. Frå 2020 er ein fjerdedel av det særskilte tilskotet til kyrkjevala lagd inn i rammetilskotet, slik at det ikkje vil vere behov for noko ekstratilskot til kyrkja det året det er val. Det har vore eit krav i kyrkjelova at kyrkjevala skal vere på same stad og til same tid som dei offentlege vala. Frå 1. januar 2021 vil kyrkjelova bli erstatta av ny lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Ifølgje trussamfunnslova § 13 kan Kyrkjemøtet sjølv avgjere når og kvar dei skal halde kyrkjevala.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,3 mrd. kroner i 2021.

Post 71 Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet. Sjømannskyrkja tek hand om den kyrkjelege tenesta for nordmenn i utlandet, og gjennomfører kyrkjelege handlingar i tråd med liturgien i Den norske kyrkja. Den diakonale tenesta utgjer ein viktig del av arbeidet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet om å yte bistand til nordmenn i utlandet.

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå mellom anna oljeselskap og reiarlagsnæringa. Konsernrekneskapen for Sjømannskyrkja, som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2019 samla utgifter på 238 mill. kroner.

Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett 2020 å auke tilskotet til Sjømannskyrkja med 16 mill. kroner for å dekkje tap av inntekter pga. virusutbrotet i 2020, jf. Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020.

Departementet føreslår ei løyving på 108 mill. kroner i 2021.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter

2 621

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

382 361

414 915

940 232

75

Tilskot til private kyrkjebygg

5 000

5 135

5 299

78

Ymse faste tiltak

14 510

14 899

15 376

Sum kap. 0881

401 871

434 949

963 528

Post 21 (Ny) Spesielle driftsutgifter

Dette er ein ny post som skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og når det gjeld gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten kan òg bli nytta til andre tiltak innanfor programkategori 11.50. Til saman er det sett av 900 000 kroner til forsking og utviklingstiltak på posten. I tillegg er det flytta 1,7 mill. kroner frå kap. 800, post 21, til kontingentar og avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien.

Departementet føreslår ei løyving på 2,6 mill. kroner i 2021.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er frå 1. januar 2021 heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Etter at det nye lovverket tek til å gjelde, skal trus- og livssynssamfunna få eit samla tilskot frå staten som svarer om lag til kva staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem.

Løyvinga på posten følgjer dermed av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmar i Den norske kyrkja og talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. Lovendringar som kjem med den nye trussamfunnslova, inneber at det berre er medlemmar og ikkje tilhøyrande i Den norske kyrkja som skal inngå i reknestykket. Det er òg berre trus- og livssynssamfunn med minst 50 medlemmar som får tilskot.

I framlegget til løyving for 2021 er det teke omsyn til dei omtalte lovendringane. Størstedelen av grunnlaget for tilskotssatsen for 2021 gjeld utgiftene under kap. 880 Den norske kyrkja og dei kommunale tilskota til Den norske kyrkja i kommunane. I grunnlaget for 2021 er det som tidlegare år gjort frådrag for tilskota som den lokale kyrkja får frå kommunane for å drifte dei offentlege gravplassane, og for ein del av det statstilskotet til Den norske kyrkja som går med til å dekkje pensjonspremien som kyrkja har. Det er òg gjort frådrag for den delen av statstilskotet til Den norske kyrkja som er ein følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane blei avvikla i 2015.

På grunn av oppgåveoverføringa frå kommunane til staten blir det gjort eit uttrekk frå rammetilskotet til kommunane tilsvarande eit prisjustert overslag for dei kommunale tilskota til trus- og livssynssamfunn i 2020. Uttrekket frå kommuneramma på 467,8 mill. kroner er overført til kap. 881, post 70.

Departementet føreslår ei løyving på til saman 940,2 mill. kroner i 2021.

Post 75 Tilskot til private kyrkjebygg

Tilskotet til private kyrkjebygg blir tildelt etter søknad og går til kjøp eller bygging av kyrkjebygg til trussamfunn utanom Den norske kyrkja, og til private stiftingar og frivillige organisasjonar innan Den norske kyrkja. Føremålet med tilskotsordninga er å gi dei aktuelle trussamfunna høve til å kjøpe eller byggje kyrkjebygg med lågare eigenfinansiering. Det blir gitt tilskot per kvadratmeter til nybygg, kjøp av lokale eller utviding av lokale. Det er reglar for største og minste tilskotsareal.

Departementet føreslår ei løyving på 5,3 mill. kroner i 2021.

Post 78 Ymse faste tiltak

Posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet. Driftstilskotet er særleg grunngitt i oppgåvene desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Verksemda til organisasjonane er òg retta inn mot sivilsamfunnet for å auke kunnskapen om dei ulike trus- og livssynssamfunna. Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn er det sett av 5 mill. kroner, til Norges Kristne Råd er det sett av 3,8 mill. kroner, og til Muslimsk dialognettverk er det sett av eit tilskot på 600 000 kroner.

Under posten er det sett av ei ramme på inntil 5,38 mill. kroner som tilskot til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Midlane blir tildelte på grunnlag av kunngjering og søknad. I Prop. 130 L (2018–2019) har departementet omtalt eit pilotprosjekt med livssynsmedarbeidarar i kriminalomsorga. Prosjektet er under førebuing og vil vere eit samarbeidsprosjekt mellom Barne- og familiedepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Dersom prosjektet blir sett i verk i 2021, vil ein del av ramma på 5,38 mill. kroner bli disponert til føremålet.

Det er òg lagt opp til å vidareføre kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg med utanlandsk bakgrunn. Det er sett av eit tilskot på 600 000 kroner til kurset i 2021.

Posten blir i tillegg nytta til tiltak som kan styrkje arbeidet med mangfald, inkludering og arbeidet mot fattigdom.

Departementet føreslår ei løyving på 15,4 mill. kroner i 2021.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

36 455

60 741

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

20 000

69 320

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

22 683

17 890

18 462

Sum kap. 0882

59 138

98 631

87 782

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Rentekompensasjonsordninga for istandsetting av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja. Det er ikkje føreslått nokon ny investeringsramme i 2021.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Oppdaterte overslag for rentenivået i ordninga er null for 2021. Dersom det faktiske rentenivået i ordninga òg blir null, vil det ikkje vil bli utbetalt midlar til kommunane under ordninga i 2021.

Departementet føreslår derfor ikkje løyving på posten i 2021.

Post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga under posten skal nyttast til brannsikringstiltak, klimasikring og istandsetting av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, men ikkje til løpande vedlikehald. Det er dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene med det mest presserande sikringsbehovet som skal ha prioritet ved tildeling av midlar. Dei faglege vurderingane som må gjerast for prioritering og utpeiking av tiltak, vil liggje til Riksantikvaren i dialog med kyrkjelege instansar. Det er ein føresetnad for tildeling av tilskot at kyrkjeeigarane eller kommunen på vegner av kyrkjeeigaren er med på å finansiere tiltaka. I 2020 blei det vedteke to nye tiltak som følgje av virusutbrotet, og departementet føreslår å vidareføre desse i 2021. Det eine tiltaket er tilskot til istandsetjing av klimaskal for kyrkjer frå før 1850. Det andre tiltaket er tilskot til utskifting av el-anlegg og røyromnar i kyrkjene frå før 1850 som har størst behov. For å kunne fullføre arbeidet og dekkje fleire kyrkjer med stort behov er det føreslått 50 mill. kroner til desse to tiltaka i 2021. 1,3 mill. kroner blir føreslått overførte til Riksantikvaren på kap. 1429, post 01 til forvalting av midlane. Departementet foreslår óg 20,6 mill. kroner til andre tiltak for freda og verneverdige kyrkjebygg.

Departementet føreslår ei samla løyving på 69,3 mill. kroner på posten i 2021.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Det er sett av 12 mill. kroner på posten til KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder sine oppgåver innan kyrkjebyggfeltet og til rådgiving og særlege prosjekt innan gravplassforvaltinga. Ved tilskot frå posten har KA gjennom fleire år bygd opp eit nasjonalt kompetansemiljø som er til hjelp for sokneråd, kyrkjelege fellesråd og kommunar i forvaltinga av kyrkjebygg som høyrer til Den norske kyrkja. Tilskotet skal mellom anna nyttast til dokumentasjon av kyrkjebygga, drifta av kyrkjebyggdatabasen (opplysingar om det einskilde kyrkjebygget), kurs og rettleiingsmateriell innan brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak. Mellom anna kan det vere aktuelt å gi tilskot til bygningstekniske undersøkingar av einskilde kyrkjebygg.

Frå posten er det òg sett av eit beløp til oppgåvene som Fylkesmannen i Vestfold og Telemark frå 2021 har innan gravplassforvaltinga. Desse oppgåvene vil bli overførte frå bispedøma frå 1. januar 2021.

Posten finansierer òg delvis ei undervisingsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) for å undervise landskapsarkitektstudentar i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforming av desse. 200 000 kroner frå posten går til finansiering av stillinga.

Departementet føreslår ei løyving på 18,5 mill. kroner i 2021.

Opplysningsvesenets fond

Innleiing

Opplysningsvesenets fond har sitt opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet til underhald av presten. I Grunnlova § 116 er desse eigedommane – det benefiserte godset til presteskapet – gitt eit særleg vern, mellom anna ved at kjøpesummar og inntekter berre skal nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysninga.

Fondet blei oppretta ved lov i 1821 og er i dag regulert i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Fondet har eigedommar i dei fleste kommunane i landet. Eigedommane fordeler seg på prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Det samla arealet av skog og utmark er på om lag 920 000 dekar. Jordbruksareala er på om lag 25 000 dekar, som er under forpakting eller blir drivne som jordleigebruk. Fondet har om lag 1 310 bygningar med eit samla bygningsareal på 227 000 m2. 310 av bygningane er prestebustader. Om lag 280 bygningar er freda. Talet på festekontraktar i fondets eige er om lag 6 300, og av desse er om lag 3 800 tomter til bustad- og fritidshus. Til fondet høyrer ein finanskapital på om lag 2,8 mrd. kroner som i hovudsak er plasserte i verdipapir. Gjennom dotterselskap og felleskontrollert verksemd har fondet eigardelar i småkraftverk og i selskap som skal utvikle eigedommar til bustad- og næringsføremål.

Opplysningsvesenets fond er eit sjølvstendig rettssubjekt som er eigar av eigedommane og finanskapitalen. Fondet blir forvalta av Kongen. Kongens mynde er delegert til departementet. Den daglege forvaltinga av fondet er lagt til eit forvaltingsorgan med om lag 60 tilsette og eit eige styre som departementet peikar ut. Forvaltinga av fondet skal skje på forretningsmessige vilkår, vere etisk forsvarleg og gi tilfredsstillande avkastning med moderat risiko. Sentrale retningslinjer for forvaltinga er omtalte i ulike stortingsdokument, særleg St.meld. nr. 64 (1984–85) Forvaltning av Opplysningsvesenets fonds eiendommer og Ot.prp. nr. 68 (1994–95) Om lov om Opplysningsvesenets fond. Lovverket set rammer for korleis fondet sine midlar kan brukast. Den årlege direkteavkastninga frå eigedommane og finanskapitalen skal dekkje fondet sine utgifter og elles leggjast til grunnkapitalen, til disposisjonsfondet eller bli gitt til kyrkjelege føremål. Grunnkapitalen er verna etter Grunnlova § 116 og kan ikkje brukast opp.

Salsverdien av fondet er frå tidlegare vurdert til å vere på om lag 12 mrd. kroner, men denne verdien er usikker, sidan eit sal må gå over mange år og ikkje alle eigedommar kan seljast fritt. Noverdien av fondet er ifølgje årsrapporten for 2019 frå fondet rekna til 7 mrd. kroner. Noverdien er rekna ut etter kva eigedelane i fondet i åra framover vil gi av årlege inntekter (kontantstrømmar) etter frådrag for kva det i åra framover kostar å drifte og investere i dei. I noverdien er det rekna med at det ikkje vil skje noko større sal av eigedommar framover.

Konsulent- og revisjonsselskapet BDO har på oppdrag frå departementet i 2020 gjort ei uavhengig vurdering av verdiane i fondet per 1. januar 2020. BDO meiner at salsverdien er på mellom 11,6 mrd. kroner og 12,8 mrd. kroner, men salsverdien er som nemnt usikker og mest ein teoretisk verdi. BDO har rekna noverdien til å vere på mellom 8,2 mrd. kroner og 9,0 mrd. kroner, dvs. noko høgare enn det som går fram av årsrapporten for 2019 frå fondet.

Fondet sitt bidrag til Den norske kyrkja

Fondet har opphaveleg hatt som oppgåve å holde tenestebustader for prestane. Buplikta for prestane blei avvikla 1. september 2015, men prestane kunne etter dette tidspunktet velje å bu i tenestebustaden med den same husleiga som før, inntil dei skifta stilling eller gjekk av med pensjon. Fondet sine utgifter til prestebustader er større enn det prestane betaler i husleige, noko som er å rekne som ein økonomisk fordel for Den norske kyrkja. Frå fondet blir det tildelt eit årleg tilskot på noko over 40 mill. kroner til Kyrkjemøtet til rådvelde for felleskyrkjelege tiltak og om lag 5 mill. kroner til kommunar som held tenestebustad for prest. Fondet sitt årlege bidrag til Den norske kyrkja kjem i tillegg til løyvingane til Den norske kyrkja over statsbudsjettet og kommunebudsjetta.

Innst. 209 S (2019–2020) og Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond

Spørsmålet om eigedomsretten til Opplysningsvesenets fond har vore omdiskutert sidan 1800-talet. Frå kyrkjeleg hald har det vore hevda at fondet høyrer til Den norske kyrkja, medan andre meiner staten har eigedomsretten. I Meld. St. 29 (2018–2019) tok departementet til orde for at eigedelane i fondet blei delte mellom staten og Den norske kyrkja. Departementet meinte at eigedommar i fondet som har ein særskilt verdi for Den norske kyrkja, til dømes mange av prestebustadene, burde bli overført til kyrkja. Dei eigedelane som blei igjen i fondet, ville staten vere eigar av. Vilkåret for ei slik deling var at staten auka innsatsen sin for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av. I Innst. 209 S (2019–2020) slutta familie- og kulturkomiteen seg til denne løysinga av eigarspørsmålet. Etter forslag frå komiteen gjorde Stortinget fleire vedtak i saka, jf. omtalen av oppmodingsvedtak under kap. 3 i del I.

Departementet har dette målet for Opplysningsvesenets fond i 2021:

  • Eigedelane i Opplysningsvesenets fond skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019)

Departementet er i gang med å følgje opp resultatet av Stortingets handsaming av Meld. St. 29 (2018–2019), sjå Innst. 209 S (2019–2020) og omtalen av denne saka ovanfor. For identifisering og utskilling av eigedommar frå fondet til Den norske kyrkja er det etablert eit femårig prosjekt der representantar for fondet og kyrkja er med. Siktemålet er at dei lovendringane som saka krev, blir fremja for Stortinget våren 2021. I samarbeid med mellom anna Den norske kyrkja og Riksantikvaren er departementet i gang med å utforme planar og program for istandsetjing og sikring av dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga, sjå elles omtalen av kap. 882, der det under post 61 er gjort framlegg om ei løyving på 69,3 mill. kroner til freda og verneverdige kyrkjebygg i 2021. I arbeidet med å sikre kyrkjene vil steinkyrkjer frå mellomalderen ha ein særleg prioritet, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 708 av 16. juni 2020 og Innst. 379 S (2019–2020).

Utfordringar for fondet og forvaltingsstrategiar

Kontrakts- og kapitalforvaltinga, skog- og jordbruksforvaltinga, drifta av kontoreigedommar til kyrkjeleg bruk og vedlikehaldet av fondet sine bygningar krev store ressursar. Vedlikehaldsetterslepet er stort. Som følgje av avviklinga av prestane si buplikt vil mange av prestebustadene bli selde. Bustader med ein særleg kyrkje- og kulturhistorisk verdi er aktuelle å ha i fondet sitt eige eller overføre til Den norske kyrkja. Desse bustadene bør sikrast som levande kulturminne, helst som prestebustad. For å unngå at avviklinga av prestane si buplikt skal gjere det vanskeleg å rekruttere prestar til stillingar i visse område, skal fondet kunne tilby tenestebustad der, dvs. fram til prestebustader er overførte til Den norske kyrkja og kyrkja sjølv får ansvaret for å tilby tenestebustader til prestane.

Inntektene frå eigedommane er ikkje store nok til å dekkje fondet sine utgifter til eigedommane. Eigedommane er ein del av fondet sin grunnkapital som ikkje kan brukast opp, og verdiar som ikkje kan bli gitte bort. Av denne grunnen kan ikkje fondet selje eigedommar til lågare pris enn marknadsprisen (eventuelt konsesjonsprisen) eller tilby festeavgifter og innløysingsprisar for bustad- og fritidstomter som er meir gunstige enn det som følgjer av tomtefestelova og den einskilde festekontrakten. Når ein eigedom blir seld, skal salssummen bli lagd til grunnkapitalen.

Feste- og finansinntektene er dei største inntektskjeldene for fondet. Festeinntektene er i hovudsak stabile, medan finansinntektene kan svinge mykje frå år til år. Det har derfor vore arbeidd med verdiskaping og betre utnytting av verdiane som fondet har i eigedommane, for å få sikrare og meir stabile inntekter. Gjennom ei meir aktiv eigedomsforvalting er det teke initiativ til å regulere om tomter og å vere med i utbyggingsprosjekt til mellom anna bustad-, nærings- og småkraftføremål. Delar av eigedelane til fondet er overførte til heil- og deleigde selskap under fondet, organisert etter forretningsområde, mellom anna småkraft, som på forretningsmessige vilkår utviklar kommersielle satsingar. Forretningsområda er i ulik grad eksponerte for risiko av strategisk, operasjonell og finansiell art. Det er investert nær 1 mrd. kroner i forretningsområdet småkraft, finansiert dels ved tilførsel av eigenkapital frå Opplysningsvesenets fond, dels ved lån frå fondet og dels ved ekstern finansiering. Ved sal av aksjar i 2017 kom det inn ein ny deltakar (eigar) i småkraftsatsinga.

Det er ei utfordring å sikre ein betre balanse mellom fondet sine inntekter og utgifter. Å auke inntektsgrunnlaget og kontantstrømmen, og å redusere forvaltingskostnadene, er prioriterte oppgåver framover.

Rapport 2019

Fondet hadde i 2019 eit årsresultat på 164,5 mill. kroner, medan resultatet i 2018 var på 102,5 mill. kroner. Hovudårsaka til endringa frå 2018 er ein auke i gevinst ved sal av eigedom, lågare driftsutgifter og eit betre resultat frå finansforvaltinga.

Eigedom

Gevinsten ved sal av eigedom var netto på 127,7 mill. kroner i 2019 mot 99,2 mill. kroner i 2018 og 176,9 mill. kroner i 2017. Driftsresultatet, når inntekter frå sal av eigedom ikkje blir rekna med, var negativt med 42 mill. kroner i 2019. I resultatet er det medrekna eit samla finansielt tilskot til kyrkjelege føremål på om lag 47 mill. kroner. Til samanlikning var dette driftsresultatet negativt med 54 mill. kroner og tilskotet til kyrkjelege føremål på 48 mill. kroner i 2018.

Driftsinntektene frå tomtefeste var på 127 mill. kroner i 2019. Festarar av bustadtomter kan kjøpe (løyse inn) tomta. Det blei i 2019 selt festetomter for netto 84,9 mill. kroner, og av dette var 1,2 mill. kroner tomter til næringsføremål. Dei tilsvarande salssummane i 2018 var på 45,4 mill. kroner og 3,5 mill. kroner.

I 2019 brukte fondet 86 mill. kroner (brutto før husleigeinntekter) på drift, vedlikehald, rehabilitering og modernisering av eigne prestebustader. Det blei kjøpt 2 nye bustader i 2019 for i alt 6 mill. kroner, og det blei selt 20 bustader for til saman 72 mill. kroner.

Finansforvaltinga

Netto finansresultat var på 78,8 mill. kroner i 2019, mot 57,5 mill. kroner i 2018, 162 mill. kroner i 2017 og 77 mill. kroner i 2016.

Finansporteføljen er strukturert for å redusere svingingsrisiko. Kapitalen er for det meste plassert i ein kjerneportefølje som femner ulike verdipapirfond, med ein marknadsverdi på om lag 2,7 mrd. kroner ved siste årsskifte. I tillegg kjem ein avviklings- og føremålsportefølje på til saman 123 mill. kroner, medrekna mellom anna driftslikviditet og utlån til kyrkjelege føremål. Kjerneporteføljen hadde ei samla verdijustert avkasting i 2019 på 12,1 prosent, noko som er 0,3 prosent lågare enn referanseindeksen. Departementet har fastsett eit avkastingskrav på finanskapitalen på 3 prosent over risikofri rente. Ved utgangen av 2019 hadde fondet ein kursreserve på 437 mill. kroner. Reserven var på 208 mill. kroner på same tid i 2018.

Forvaltingsutgiftene

Utgiftene til forvaltinga av fondet, dvs. forvaltingsorganet sine utgifter på 83,2 mill. kroner og betalinga til eksterne tenesteleverandørar (8,7 mill. kroner) og finansforvaltarar (9 mill. kroner), var på 101 mill. kroner i 2019. Til samanlikning var desse utgiftene på 104 mill. kroner i 2018, 112 mill. kroner i 2017 og 110 mill. kroner i 2016.

Gjennom eit internt prosjekt (Prosjekt Varig Resultatbetring) er fleire tiltak gjennomførte for å auke inntektene og redusere kostnadene. Effekten av slike tiltak i perioden 2017–2019 er rekna til å utgjere om lag 26,5 mill. kroner målt mot tilsvarande storleikar per 2016, og vil ha verknad òg i åra framover. Det er i åra 2017–2019 utgiftsført eksterne kostnader til prosjektet på rundt 15 mill. kroner knytte til fyrste del av prosjektet. Det er i åra 2018–2019 i tilknyting til fase to i prosjektet gjennomført investeringar i nye økonomisystem med 4,1 mill. kroner, og utgiftsført eksterne kostnader på 4,3 mill. kroner, der det er venta effekt av tiltaka frå og med 2021.

Resultatrekneskapen – disponering av årsresultatet

Tabell 4.12 Resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond 2018 og 2019

(i 1 000 kr)

2018

2019

Inntekter

Salsinntekt eigedom

99 237

127 663

Driftsinntekt

206 051

206 476

Anna driftsinntekt

10 034

15 289

Sum inntekter

315 322

349 428

Utgifter

Av- og nedskriving varige driftsmidlar

-22 505

-21 866

Refusjon forvaltingsorganet

-82 216

-83 192

Annan driftskostnad

-117 541

-111 779

Sum utgifter

-222 262

-216 837

Tilskot kyrkjelege føremål

-48 048

-46 928

Driftsresultat, inkl. sal av eigedommar

45 012

85 662

Finansrekneskap

Renteinntekter, aksjeutbytte og inntekt på investering

46 351

45 622

Gevinst og tap verdipapir

-5 488

32 823

Nedskriving av andre finansielle omløpsmidlar

11 587

42 384

Annan finanskostnad

5 072

-3 868

Netto finansinntekter

57 521

78 816

Årsresultat

102 533

164 478

Disponering av årsresultatet:

Avsetjing av netto salsinntekter til kapitalfondet

91 6521

120 5511

Til/frå disposisjonsfond

10 882

43 927

Sum disponert

102 533

164 478

1 Netto gevinst ved sal av eigedom, der varekostnad og bokført verdi er trekte ut.

Netto inntekter ved sal av eigedom er etter § 5 i lov om Opplysningsvesenets fond lagde til kapitalfondet. Kapitalfondet var per 31. desember 2019 på 3,847 mrd. kroner. Kapitalfondet er bunden eigenkapital (grunnkapital). Disposisjonsfondet, som er den frie eigenkapitalen, var ved inngangen til 2020 på 190 mill. kroner.

Opplysningsvesenets fond har ein konsernstruktur, med dotterselskap og felleskontrollert verksemd innan småkraft og eigedom. For Opplysningsvesenets fond, medrekna dotterselskapa, var driftsinntektene på 448,5 mill. kroner i 2019. Driftsresultatet, utanom vinstar ved sal av eigedom, var negativt med 28 mill. kroner. Årsresultatet for 2019 (resultat etter skatt) for heile verksemda (konsernet) var på 171,6 mill. kroner, mot 68,2 mill. kroner i 2018, 310,6 mill. kroner i 2017 og 43 mill. kroner i 2016. I 2017 blei det selt aksjar i Clemens Kraft Holding AS, noko som gav eit ekstraordinært resultat. Dotterselskapa og dei felleskontrollerte selskapa (fondet sin eigardel) hadde i 2019 eit samla negativt resultat etter finanskostnader på om lag 20 mill. kroner.

Fondet har ein trekkfasilitet i kredittinstitusjon som er utnytta med 50,3 mill. kroner per 31. desember 2019. Fondet sin tilførsel av eigenkapital og lån til dotterselskap og tilhøyrande selskap innan eigedom og småkraft var ved årsskiftet 2019/2020 på 1,035 mrd. kroner. Av desse var 835 mill. kroner gitt som eigenkapital og 200 mill. kroner som lån. Konsernet har stilt sikkerheit for lån frå kredittinstitusjonar på 521 mill. kroner og stilt garantiar til andre selskap i konsernet på 66 mill. kroner.

Verdiane i fondet (konsern) i form av bokført eigenkapital har auka med 83 mill. kroner frå 2018 til 2019. Vurdering etter noverdimetoden (ikkje bokførte storleikar) viser ein auke i verdiar i den same perioden på om lag 1 mrd. kroner. Det er verdien av festetomtene som har hatt ein vesentleg auke.

Den samla gjelda i dotterselskapa var på 471 mill. kroner ved siste årsskifte. Frå 2018 til 2019 er den renteberande gjelda i kredittinstitusjonar auka med om lag 117 mill. kroner. I Clemens Kraft AS, som er ei felleskontrollert verksemd, er det ei obligasjonsgjeld på 450 mill. kroner.

Det finansielle tilskotet til Den norske kyrkja var på 42 mill. kroner i 2019. I tillegg kjem fondets netto utgifter til eigne og kommunale prestebustader (medrekna forvaltingsutgiftene) på 68,4 mill. kroner og subsidieeffekten av utlån til kyrkjelege føremål på 1,4 mill. kroner. Fondets økonomiske bidrag til Den norske kyrkja blir rekna med i grunnlaget for tilskot frå staten til andre trus- og livssynssamfunn. I grunnlaget for tilskotet til andre trus- og livssynssamfunn i 2019 var bidraget frå fondet til Den norske kyrkja rekna inn med 115 mill. kroner, basert på rekneskapstal for 2017.

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er ei nettobudsjettert verksemd. Sidan utgiftene heilt ut blir dekte av fondet, er det ikkje ført opp løyvingar til forvaltingsorganet i statsbudsjettet. Frå 2009 har det vore ein felles prosedyre for nettobudsjetterte verksemder om rapporteringa i statsbudsjettet av kontantbehaldninga for desse verksemdene per 31. desember. Standardtabellane med nøkkeltal for Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond er tekne inn i kap. 11.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa vil ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for barna sine.

Mål

BFD har for 2021 dette målet innanfor programkategorien:

Mål

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Dette målet er nærare omtalt nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Foreldrepengar

Foreldrepengar er ei yting frå folketrygda som erstattar arbeidsinntekt under permisjon ved fødsel og adopsjon, slik at foreldra kan vere heime med små barn. Retten til og nivået på ytinga baserer seg på tidlegare tilknyting til arbeidsmarknaden: Vedkomande må ha vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadane før uttaket startar.

Foreldre kan til saman ta ut foreldrepengar anten i 49 veker med 100 prosent inntektsdekking eller i 59 veker med 80 prosent. Folketrygda betaler ikkje foreldrepengar for den delen av inntekta som stig over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Foreldrepengar er i si innretting ei ordning som tener ulike føremål. Fyrst og fremst sikrar ordninga stabile økonomiske rammer og gode levekår i ein periode der foreldre er heime med heilt små barn. Det gir familiar høve til å byggje gode relasjonar og gir barn ein trygg start på livet.

Samstundes gjer ordninga det mogleg å kombinere det å få barn med å vere aktiv i yrkeslivet. Med foreldrepengar unngår ein at arbeidstakarar forlèt arbeidsmarknaden for å danne familie. Såleis legg ordninga til rette for ein god bruk av arbeidskraftressursane og for ei høgare sysselsetjing. Det er viktig for norsk økonomi og for berekrafta i velferdsstaten.

Ei godt organisert foreldrepengeordning er utgangspunktet for gode løysingar for familieliv og arbeidsliv. Med ei god utforming har ordninga legitimitet blant brukarane, og ho gjer tilhøva føreseielege for både arbeidstakarar og arbeidsgivarar når tilsette får barn.

Ved å dele inn foreldrepengeperioden i kvotar som er reserverte for far og mor, kan ordninga bidra til å få ei balansert fordeling av omsorg heime. Det gir kvar forelder høve til å utvikle relasjonen sin til barnet.

Bruk av foreldrepengeordninga

I løpet av 2019 var det om lag 82 000 mødrer og 57 000 fedrar som gjorde nytte av foreldrepengeordninga. Frå 1. juli 2018 blei det endringar i utforminga av ordninga. Heile perioden etter fødsel er no delt opp i tre delar: 15 veker er øyremerkte mor, 15 veker er øyremerkte far, og ein del på 16 veker er felles. Fellesdelen er det opp til foreldra sjølve å fordele mellom seg. Frå 1. januar 2019 gjeld ny inndeling òg for foreldre som vel 80 prosent inntektsdekking: Kvotane er no på 19 veker til kvar forelder, og fellesdelen er 18 på veker.

Føremålet med endringane er at fedrar skal auke bruken sin av foreldrepengar og slik signalisere at foreldra er likeverdige omsorgspersonar. Det gjorde ein ved å redusere talet veker i fellesdelen og auke kvotene for både mor og far.

Departementet har dette målet for foreldrepengeordninga:

  • Fedrar skal ta ein større del av foreldrepengedagane.

Det fedrane tek ut av foreldrepengar, følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten. Fellesdelen blir som regel teken ut av mor. Lengda på fedrekvoten har vist seg å vere normdannande: Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt.

I figur 4.13 ser ein korleis uttak av foreldrepengedagar har utvikla seg frå 2010 til 2018. Grafane viser gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mor og far, gruppert etter kva for eit halvår barnet blei fødd. Då fedrekvoten blei redusert i 2014, reduserte fedrane talet på dagar med foreldrepengar.

Foreldrepengar kan takast ut i løpet av dei tre fyrste åra til barnet, og mødrer er oftast heime med barnet fyrst. Det vil derfor ta noko tid før ein kan sjå kva for effektar endringane frå 2018 og 2019 har for kor mykje foreldrepengar fedrane tek ut. Foreldre med barn fødde frå andre halvår 2017 kan framleis ta ut foreldrepengar.

Ser ein på alle foreldrepengedagane som blei tekne ut i kalenderåret 2019, finn ein at fedrar tok ut 25,6 prosent av alle foreldrepengedagane. Dette er 5,6 prosentpoeng høgare enn i 2018. Delen fedrar som tek ut akkurat 10 veker (fedrekvoten etter regelendringa i 2014), er redusert betydeleg frå 2018 til 2019, medan delen fedrar som tek ut akkurat 15 veker (fedrekvoten etter regelendringa i 2018), har auka betydeleg frå 2018 til 2019. Det er viktig å understreke at statistikken over uttak i eit einskilt kalenderår viser ein tendens, men ikkje viser det heile og fulle biletet av fedrar og mødrer sitt uttak av foreldrepengar, fordi uttaket strekkjer seg over fleire kalenderår.

Figur 4.13 Gjennomsnittlege talet dagar med foreldrepengar for mor (blått) og far (raudt). Barn fødde i det aktuelle halvåret.

Figur 4.13 Gjennomsnittlege talet dagar med foreldrepengar for mor (blått) og far (raudt). Barn fødde i det aktuelle halvåret.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tre fjerdedelar av dei som tok imot foreldrepengar i 2019, valde 100 prosent dekningsgrad. Dei siste ti åra har det vore ein klar auke i talet på foreldre som vel full dekning, sjå figur 4.14. Auken heng sannsynlegvis saman med at 100 prosent dekningsgrad er meir økonomisk lønnsamt for foreldra enn uttak med 80 prosent. For meir informasjon om bruken av foreldrepengar, sjå tabell 4.13.

Figur 4.14 Delen kvinner med 100 prosent dekningsgrad ved foreldrepengar, 2010 til 2019. Prosent.

Figur 4.14 Delen kvinner med 100 prosent dekningsgrad ved foreldrepengar, 2010 til 2019. Prosent.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tabell 4.13 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2016–2019

2016

2017

2018

2019

Endring 2018–2019

Talet på levandefødde barn

58 890

56 633

55 120

54 495

-625

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

80,8

80,3

79,9

74,5

-5,4

Menn, prosent

19,2

19,7

20,1

25,5

5,4

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

87 802

84 765

82 353

82 009

-344

Del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

69,1

70,1

70,7

73,8

3,1

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

56 607

55 346

53 788

56 855

3 067

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

378 314

389 281

404 580

441 289

36 709

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

428 760

427 281

463 556

509 836

46 280

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

5,1

4,9

4,7

4,3

-0,4

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

22,8

22,1

21,2

21,3

0,1

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 242

1 238

1 458

1 641

183

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 436

10 957

10 355

10 409

54

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel

Eingongsstønad er ein minstegaranti for mødrer utan opparbeida rett til foreldrepengar. Ytinga kjem i form av ei einskild utbetaling og skal bidra til å sikre ei inntekt for mødrer som frivillig eller ufrivillig ikkje er i yrkesaktivitet, og som då ikkje er omfatta av foreldrepengeordninga. Mottakarar av eingongsstønad er ofte svakare økonomisk stilt enn foreldre med foreldrepengar.

Regjeringa føreslår å auke løyvingane med om lag 70 mill. kroner og heve eingongsstønaden til 90 300 kroner frå 1. januar 2021. Satsen for eingongsstønad er auka fleire gonger sidan 2013, sjå tabell 4.14. Store kontantoverføringar frå det offentlege kan redusere insentiva til å søkje eller stå i arbeid. Ein auke i eingongsstønaden kan dermed tenkjast å verke negativt inn på arbeidstilbodet.

Det har likevel ikkje vore store utslag i talet på mottakarar av eingongsstønad i perioden 2013 til 2020, trass i auken i satsen. Statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at talet på mottakarar har lege stabilt rundt 10 000 gjennom heile 2010-talet. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar gjennom perioden. Effektane av auken i eingongsstønaden er ikkje eintydige, og det kan vere fleire faktorar som verker inn i denne samanhengen.

Tabell 4.14 Sats for eingongsstønad ved fødsel i perioden 2013–2021

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

2018

63 140

2019

83 140

2020

84 720

2021

90 300

Sak om foreldrepengar for EFTA-domstolen

ESA tok ut stemning til EFTA-domstolen med påstand om at den norske foreldrepengeordninga var i strid med likestillingsdirektivet, sidan det er ulike krav til uttak av foreldrepengar for mor og far. EFTA-domstolen avgjorde saka 13. desember 2019 og konkluderte med at foreldrepengeordninga ikkje var omfatta av likestillingsdirektivet og derfor ikkje var i strid med direktivet.

Praksis ved handsaming av søknader om foreldrepengar

I august 2020 orienterte Arbeids- og velferdsdirektoratet departementet om handsaming av saker der fedrar har søkt om foreldrepengar. I nokre saker har Nav feilaktig gitt avslag på søknad om fedrekvote der etaten ikkje har fått inntektsopplysingar i tide. Etaten har no lagt om praksisen sin i saker der inntektsmelding frå arbeidsgivar manglar. Fedrar som har søkt om foreldrepengar i tide, vil få innvilga foreldrepengar frå det fyrste søknadstidspunktet. Dermed vil ikkje fedrar som har søkt innan dei fristane som gjeld, miste foreldrepengedagar. Departementet vil sende forslag om endringar i reglane for utsetjing av foreldrepengar på høyring.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

19 095 558

19 230 000

20 167 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

825 626

825 000

888 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

480 133

485 000

515 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

49 931

49 000

54 000

Sum kap. 2530

20 451 248

20 589 000

21 624 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Foreldrepengar blir forvalta av arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på fødslar vil bli redusert.

Departementet føreslår ei løyving på 21 624 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir opptening til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønnskompensasjon) eller 59 veker med redusert sats (80 prosent lønnskompensasjon), jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2019 utgjorde grunnbeløpet 99 858 kroner. Trygdeoppgjeret for 2020 blei avslutta 2. september. Nytt grunnbeløp med verknad frå 1. mai 2020 er 101 351 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 573 023 kroner per stønadstilfelle med denne G-verdien. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Viss foreldra har valt 80 prosent lønnskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker. Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og vekene før fødsel kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 16 eller 18 veker avhengig av kva dekningsgrad foreldra har valt.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40 eller 50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uføretrygd, kan far ta ut inntil 15 eller 19 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktiviteten til mor, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden i visse tilfelle. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir gitte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Når eingongsstønaden aukar (sjå omtale under post 71), gir det innsparing i foreldrepengar fordi personar med lågt foreldrepengegrunnlag vil få eingongsstønad i staden for foreldrepengar. Departementet bereknar at auken i satsen for eingongsstønad vil medføre ein reduksjon i løyvinga til foreldrepengar ved fødsel med om lag 13 mill. kroner i 2021.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2020 på 84 720 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å auke satsen for eingongsstønad til 90 300 kroner frå 1. januar 2021. Endringa vil medføre ein auke i løyvinga med om lag 83 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitte i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitte etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønnskompensasjon er kvar av kvotane på 19 veker.

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Sjå rapporten Utprøvingen av Familie for første gang. Sluttrapport fra en fireårig følgeevaluering av «Nurse-family partnership» i Norge frå Arbeidsforskingsinstituttet AFI, OsloMet (2019).

2.

Sjå SSB-rapporten Økonomi og levekår for lavinntektsgrupper 2019 frå oktober 2019. I dette tilfellet bruker SSB EU-definisjonen av vedvarande låginntekt.

3.

Sjå rapporten Barnefamilienes inntekter, formue og gjeld 2004–2014 av Epland og Kirkeberg ved SSB frå 2016.

4.

Sjå studien Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier – en kunnskapsoppsummering (2018) frå Velferdsforskingsinstituttet NOVA, skriven på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.

5.

Sjå rapporten Fra deltakelse til mestring – evaluering av nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom (2018) ved forskingsstiftinga Fafo, skriven på oppdrag av Barne- og familiedepartementet.

6.

Eriksen, Hansen, Jávo, og Schei (2015): Emotional, physical and sexual violence among Sami and non-Sami populations in Norway: The SAMINOR 2 questionnaire study.

7.

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS)

8.

Sjå rapporten Fallende fruktbarhet i Norge av Hart og Kravdal ved Folkehelseinsituttet frå 2020.

9.

Utredning fra Etikkinformasjonsutvalet: Åpenhet om leverandørkjeder (2019).

10.

Lisbet Berg: Tillit og forbrukerforhold i EU28 og Norge – Resultater fra EU-kommisjonens Consumer Condition Scoreboard. SIFO-rapport 4-20

11.

Christian Poppe: Lånefinansiert forbruk i Norge anno 2019. SIFO-rapport 13-19

12.

Alexander Schøll og Christian B. Holth Thorjussen: En bolig til besvær?Konflikter ved kjøp av brukt bolig i Norge. SIFO-rapport 16-19

13.

Kamilla Knutsen Steinnes, Helene Fiane Teigen og Annechen Bahr Bugge: Photoshop, fillers og falske glansbilder?En studie blant ungdom om kjønn, kropp og markedsføring i sosiale medier. SIFO-rapport 3-19

14.

Lisbet Berg: Utnyttes digitale sport til personlig prising av varer og tjenester? SIFO-rapport 7-19

15.

Kunnskapsoppsummering om temaet matsvinn på forbrukernivå i Norge og Europa. SIFO-rapport 14-19

16.

Utredning fra Etikkinformasjonsutvalet: Åpenhet om leverandørkjeder.

17.

Forsvarlig byggkvalitet – kompetanse, kontroll og seriøsitet. Rapport fra byggkvalitetutvalet (2020)

Til forsida