Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 800 – 882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Forsking og utvikling

Kunnskap frå forsking er eit viktig grunnlag for å utvikle politikk og lovverk, og for å utvikle tiltak og tenester slik at barn, unge og familiar som treng det, kan få betre hjelp. Budsjettmidlane departementet har til rådvelde til forsking og utvikling, skal nyttast slik at dei best mogleg bidreg til å vareta BFDs sektoransvar for forsking.

I oktober 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. For nærare omtale av forslaget frå regjeringa til oppfølging av langtidsplanen i 2021 og den samla FoU-innsatsen, sjå del III, kap. 5, i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet. Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 gir, saman med forskingsstrategien til departementet, eit viktig grunnlag for forskingsinnsatsen til departementet.

BFD har sett desse måla for forskingsarbeidet sitt:

  • langsiktig og målretta oppbygging av kunnskap

  • høg kvalitet

  • eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting

I dette ligg ein ambisjon om ei strategisk oppbygging av kunnskapsgrunnlaget på områda innanfor departementet sitt ansvar. Forskingsrådet har vurdert BFDs sektor til å vere forskingssvak, og det er behov for ei langsiktig og målretta styrking av forskingsaktiviteten. Mange av ansvarsområda må sjåast i samanheng med ansvaret som ligg i andre departement.

Det vil vere eit kontinuerleg behov for å utvikle kunnskapsgrunnlaget på områda til departementet. Å byggje forskingskunnskap krev ofte langsiktige investeringar i større prosjekt. Departementet har òg ei viktig rolle i å bidra til god forskingsinfrastruktur på sine område. God og sikker tilgang til data av høg kvalitet, gjerne med lange tidsseriar og internasjonalt komparative data, er avgjerande for at forskingsaktivitet skal gi resultat som bidreg til å utvikle politikk og samfunn.

For å ta hand om måla departementet sjølv har sett seg på forskingsområdet og for å byggje opp den sektorovergripande forskingskunnskapen om utsette barn og unge, sette departementet i gang strategien BarnUnge21 i 2019. Strategien skal leggje grunnlaget for ein målretta, heilskapleg og sektorovergripande nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. Utsette barn og unge må bli møtte av ei kunnskapsbasert forvalting på tvers av sektorar. For å lukkast er det naudsynt med betre koplingar mellom forsking, profesjonsutdanningane og praksisutøving. Strategien skal bidra til eit godt grunnlag for prioriteringane som regjeringa skal gjere framover, med mål om at færre barn og unge skal falle utanfor gjennom livsløpet. Departementet har forventingar til at strategien vil gi eit godt grunnlag for vidare politikkutvikling og forvalting. Strategien skal vere eit vesentleg bidrag i kunnskapsoppbygginga på feltet. Strategigruppa skal levere sine tilrådingar tidleg i 2021. I samarbeid med dei relevante departementa vil BFD vurdere dei ulike tilrådingane.

Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av at tilgjengelege ressursar blir brukte mest mogleg effektivt. For å kunne målrette tiltak, tenester og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og familiar må vi òg kjenne effektane av dei. Departementet styrkte i 2020 forskingsinnsatsen om effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester retta mot barn, unge og familiar. Midlane er forvalta av Noregs forskingsråd. Midlane inngår i ei større utlysing til kompetanse- og samarbeidsprosjekt mellom forskarar og relevante aktørar, med søknadsfrist hausten 2020. Prosjekta som får innvilga midlar, vil ha eit fleirårig perspektiv, og dette har medført ei styrking av tildelinga frå BFD til Noregs forskingsråd. Innsatsen held fram i 2021.

Forskingsstrategien til departementet peikar på behovet for ein god dialog med Forskingsrådet. Tilsvarande er det naudsynt med ein god dialog med Barne- ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). På kvart sitt vis forvaltar dei ein stor del av forskingsmidlane til departementet. BFD vil i 2021 arbeide med ein ny forskingsstrategi.

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda til Forskingsrådet er omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2021.

BFD har gjennom ei rekkje år gitt midlar til to program i regi av Forskingsrådet: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL) og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM I og II). Dette vil halde fram i 2021. Midlane har bidrege til tverrsektoriell forsking som er viktig for å utvikle kunnskapsgrunnlaget om barn, familiar og familieliv, og forsking om velferdstenestene. Til dømes fekk Universitetet i Bergen i 2020 midlar gjennom VAM til eit prosjekt om legitimiteten til samfunnsinstitusjonar, på bakgrunn av kritikken mot barnevernet dei seinare åra. Prosjektet skal mellom anna undersøkje og samanlikne meiningane til innbyggjarar i ulike land knytt til familieverdiar og barn sine rettar. Prosjektet skal vere ferdig i 2025.

Departementet har starta eit arbeid i samarbeid med Bufdir for å få kartlagt kunnskapshòl, viktige utfordringar og relevante forskingsmiljø på områda til departementet. Dette skal gi grunnlag for ei meir systematisk og langsiktig forvalting av arbeidet med forsking og utvikling.

Bufdir har utvikla ein kunnskapsstrategi for perioden 2019–2021. Strategien tek utgangspunkt i forskingsstrategien til departementet og identifiserte utfordringar på området. Strategien har som mål at kunnskapen skal vere relevant og lett å nytte for brukarane, for dei som skal ta viktige avgjerder, i utdanningssektoren, på praksisfeltet og i ålmenta. Eit sentralt mål er at målretta og langsiktig kunnskapsoppbygging skal liggje til grunn for praksis- og politikkutvikling.

Bufdir har halde fram arbeidet med å utvikle indikatorar og gjere statistikk tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte, til dømes gjennom kommunemonitorar for barnefattigdom og barnevern. Indikatorane gir kommunar, forskingsmiljø og andre interesserte eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag, til dømes for politiske avgjerder og utvikling av tenester.

Departementet gir òg midlar til ei rekkje kunnskaps- og kompetansemiljø som bidreg til kunnskapsutviklinga på departementsområda, mellom anna gjennom å auke kvaliteten på tenestene og gi tenestestøtte. Dei fire regionale kunnskapssentera for barn og unge si psykiske helse (RKBU/RBUP) har forskingsaktivitetar og driv tenestestøtte, formidling og kompetanseheving. Mellom anna gjer RKBU Vest ein viktig studie om psykisk helse og tilgang til spesialisthelsetenester for barn i fosterheimar. Det er venta fleire publikasjonar i 2020.

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) arbeider for at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular skal få hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU har mellom anna gjennomført ein studie av meistringskurs for ungdom, finansiert gjennom FINNUT-programmet i Noregs forskingsråd. Det er allereie publisert ein artikkel frå studien, som tyder på at tiltaket førebyggjer utvikling og tilbakefall av depresjon og reduserer fråfall i den vidaregåande skulen. Det vil komme fleire artiklar frå studien i løpet av 2020.

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) skal bidra til å auke kunnskapen og styrkje kompetansen om menneske som har vore utsette for vald og overgrep. Mellom anna har NKVTS nyleg publisert ei nasjonal skulebasert undersøking blant ungdom mellom 12 og 16 år, for å kartleggje omfanget av vald, seksuelle overgrep, psykisk vald og omsorgssvikt. Dei kartlegg òg om ungdommane har søkt hjelp og korleis dei har blitt møtte av tenestene. Sjå omtale av resultata under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

BFD har òg eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha eit solid kunnskapsgrunnlag om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har ei sentral rolle i forbruksforskinga. SIFO får midlar frå BFD til konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver. Målet med forskingsoppdraga er å kaste lys over sentrale problemstillingar i prioriterte saker og å setje nye tema på dagsordenen. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå. For at departementet skal få eit godt og meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for utvikling av forbrukarpolitikk, vil eit utvida Forbrukartilsyn på sikt få eit særleg ansvar for kunnskapsgrunnlaget i sektoren.

Ny lov om tros- og livssynssamfunn blir sett i kraft 1. januar 2021. Lova tydeliggjer mellom anna vilkåra for å kunne nekte eit trus- eller livssynsamfunn tilskot. Det er behov for forsking på og evaluering av verknadene av lova, mellom anna for å sjå til at lovgivinga verkar i tråd med føremåla, som at trus- og livssynsamfunna blir støtta på lik linje, og sjå på i kor stor grad Den norske kyrkja blir kompensert for dei oppgåvene som ikkje gjeld for andre trus- og livssynssamfunn. Det kan òg vere aktuelt med følgjeforsking på området.

I gravplassektoren er det behov for meir kunnskap om korleis sektoren legg til rette for dei behova trus- og livssynsminoritetar har. Det er òg behov for større kunnskap om jordbotntilhøve, nedbryting og gjenbruk av kistegraver.

Norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking gir tilgang til ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. I 2020 blei EUs forskingsprogram Horisont 2020 avslutta. Resultata viser at det at Noreg har delteke i programmet, har medverka til at ein når dei fire måla regjeringa har sett seg i strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU: auka kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og økonomisk vekst, betre velferd og bærekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av vår eigen forskings- og innovasjonssektor. EUs neste rammeprogram for forsking, Horisont Europa (2021–27), har tre hovudområde: framifrå forsking, globale utfordringar og eit konkurransedyktig europeisk næringsliv, og eit innovativt Europa. I tillegg kjem ein tverrgåande del: breiare deltaking og styrking av Det europeiske forskingsområdet. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet.

6 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa har som mål å lukkast med mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Nedanfor er dei mest sentrale tiltaka for å fremje fornying, forenkling og forbetring på politikkområda til BFD.

Digitalisering er eit sentralt verkemiddel for å fremje fornying, forenkling og forbetring på fagområda til BFD. BFDs arbeid med digitalisering tek utgangspunkt i krav om og føringar for digitalisering i offentleg sektor. Gjennom digitalisering skal departementet, og verksemdene, leggje til rette for at eksisterande tenester og arbeidsprosessar kan leverast på ein betre, meir effektiv måte. Digitalisering skal òg nyttast til utvikling av nye tenester og arbeidsprosessar. I arbeidet med digitalisering skal behova til brukarane vektleggjast. Det skal utviklast tenester og arbeidsprosessar som heng godt saman. Dette set krav til samarbeid på tvers av verksemder og sektorar.

Bufdir jobbar systematisk med tiltak som skal bidra til meir effektiv ressursbruk, mellom anna gjennom å standardisere tenesteforløp, effektivisere arbeidsprosessar, utvikle digitale tenester på fleire fagområde og effektivisere administrative prosessar. Bufdir har òg revidert styringsmodellen for si eiga verksemd og særleg styrkt oppfølginga av dei statlege barnevernsinstitusjonane. Viktige mål for arbeidet er å klargjere ansvaret til leiarane og å forbetre styringsinformasjonen frå etaten.

Det er stor oppslutnad om det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern. Målet er å auke det kommunale barnevernet si evne til å gi god og effektiv hjelp til barn og unge gjennom betre digitale løysingar. DigiBarnevern skal i tillegg leggje til rette for betre styringsinformasjon for leiarar i barnevernet og den øvste leiinga i kommunen. Prosjektet starta i 2016 og er eit samarbeid mellom Bufdir, KS og fleire kommunar. Prosjektet er organisert i eitt statleg prosjekt, leidd av Bufdir, og eitt kommunalt prosjekt, leidd av KS og Trondheim kommune. Våren 2020 lanserte den statlege delen av DigiBarnevern, i samarbeid med KS, ein felles, nasjonal portal for digital bekymringsmelding. Portalen gir raskare og sikrare innsending av meldingar, og meldingar av betre kvalitet. I tida som kjem, vil den statlege delen av DigiBarnevern prioritere å vidareutvikle eit barnevernsfagleg kvalitetssystem og etablere felles løysingar for å rapportere nøkkelinformasjon frå kommunalt barnevern. Dette vil erstatte dagens løysingar for halvårsrapportering frå kommunane.

I 2021 vil Bufdir prioritere å skape gode samanhengar i tenestekjedene mellom direktoratet sine eigne fagsystem og dei digitale systema i kommunal sektor. I arbeidet med den vidare utviklinga av IT-systema vil Bufdir samarbeide med andre offentlege verksemder. Integrasjon med andre system og tenester kan gi gevinstar for dei systema som Bufdir sjølv har utvikla for barnevern, fosterheim og familievern. Bufdirs offentlege nett-tenester som bufdir.no, foreldrehverdag.no og ung.no vil òg bli utvikla vidare. Det er ei målsetjing at tenestene skal vere trygge og effektive.

Regjeringa vil leggje fram forslag til ei ny barnevernslov som skal styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre og gi barnevernstenesta eit betre arbeidsverktøy gjennom eit forståeleg, tidsriktig og brukarvennleg lovverk. Våren 2019 var forslag til ny barnevernslov på høyring. Forslaget bygde på NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse, der utvalet hadde som mål å gjennomgå barnevernlova for å gjere ho enklare. Departementet arbeider vidare med forslag til ny lov på bakgrunn av innspel frå høyringa og planlegg å leggje det endelege forslaget fram for Stortinget våren 2021.

Stortinget har vedteke endringar i barnelova for å leggje til rette for at far kan erklære farskap digitalt, utan krav om personleg frammøte, jf. Prop. 97 L (2019–2020). Lovendringa vil ta til å gjelde frå 1. januar 2021, og ho vil på sikt gjere det enklare for barn og foreldre og samstundes leggje til rette for effektivisering i helsetenestene, arbeids- og velferdsetaten (Nav) og skatteetaten. Dei digitale løysingane for å gjennomføre farskapserklæringa og registrere ho i folkeregisteret er førebels ikkje utvikla.

For å forbetre og effektivisere verkemiddelapparatet på forbrukarområdet har regjeringa bestemt at handsaminga av forbrukarklagar i Forbrukarrådet og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal samlast i Forbrukartilsynet frå 1. januar 2021. Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal avviklast, og Forbrukarrådet skal reindyrkast som interesseorganisasjon. Ansvaret som Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har med å førebu saker for Marknadsrådet, skal overførast til Klagenemdssekretariatet i Bergen. Omorganiseringa med bakgrunn er nærare omtalt i Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital. Sjå òg omtale under programkategori 11.30 i del II ovanfor.

Ordninga med tilskot til trus- og livssynssamfunn har tidligare vore todelt og bestått av både eit kommunalt og eit statleg tilskot. Frå 2021 vil ordninga bli forenkla ved at heile tilskotet vil bli samla og gitt som eit statleg tilskot. Samstundes skal ordninga digitaliserast, og det er sett i gang prosjekt i samarbeid med Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA) for å utvikle dei tekniske løysingane. Departementet tek sikte på at løysinga skal setjast i drift frå 1. januar 2021.

7 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for stønadsordningar retta mot barnefamiliane, foreldrepengar ved fødsel, kontantstøtte og barnetrygd. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til.

BFD arbeider for å følgje opp inkluderingsdugnaden til regjeringa, der målet er at minst fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar som har nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Verksemdene under BFD har fått vidareformidla desse føringane og rapporterer i årsrapporten om korleis rekrutteringsarbeidet har vore innretta for å nå femprosentsmålet og dei andre måla for inkluderingsdugnaden.

Virusutbrotet har sett sitt preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka som er sette i verk for å forhindre smitte og halde oppe aktiviteten i samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av til dømes kjønn, alder, etnisitet, religion, livssyn og funksjonsnedsetting. Stortinget har i oppmodingsvedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartleggje effekten av virusutbrotet på likestillingsfeltet, og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Omtalen under gir òg ei førebels oversikt over likestillingsmessige konsekvensar av virusutbrotet så langt i 2020 på Barne- og familiedepartementets område. Kulturdepartementet vil komme tilbake til vidare oppfølging av vedtaket.

7.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman.

Regjeringa sette 7. desember 2018 ned barnelovutvalet, som skal gjennomgå og modernisere barnelova og føreslå ei tidsriktig barnelov. Utvalet skal mellom anna vurdere kva utforminga av systemet for barnebidrag har å seie for likestilt foreldreskap, og med utgangspunkt i det som er best for barna, vurdere korleis foreldre kan bli sikra like rettar som omsorgspersonar. Utvalet starta arbeidet sitt 1. mars 2019 og skulle opphaveleg leggje fram forslag til ein ny og moderne barnelov innan 1. september 2020. På grunn av virusutbrotet er fristen utsett til 1. desember 2020.

Foreldrepengeordninga skal sikre inntekt for foreldre i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon. Saman med retten til permisjon etter arbeidsmiljølova bidreg ordninga til at både mødrer og fedrar kan kombinere omsorg for små barn med yrkesaktivitet. Foreldrepengeperioden er delt i ein mødrekvote, ein fedrekvote og ein fellesdel. Det fedrane tek ut av foreldrepengar, følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten; fellesdelen blir ofte teken ut av mor. Frå 1. juli 2018 er fedrekvoten og mødrekvoten auka frå 10 til 15 veker, og fellesdelen er på 16 veker. Frå 1. januar 2019 er kvotane auka til 19 veker for foreldre som vel 80 prosent dekning. Fellesdelen er på 18 veker. Endringane legg til rette for at fedrar skal ta ut ein større del av foreldrepengeperioden. Ved at perioden blir delt i tre like delar, blir det signalisert at foreldra er likeverdige omsorgspersonar. Sjå elles omtale under programkategori 28.50.

Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Valdtekt rammar særleg kvinner. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2019 budde 1 800 vaksne på krisesentera. Av dei var 147 menn. I tillegg budde det 1 450 barn på sentera. 63 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Talet på dagsbesøk aukar og var på 12 454 i 2019, medan talet på bebuarar og dagbrukarar (2 637) er stabilt.

Det er risiko for auka vald i familien som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka med isolering i heimen. I samband med utbrotet av covid-19 blei krisesentera rekna som ein samfunnskritisk funksjon. Under krisa er det meldt om noko mindre pågang. Ifølgje ein rapport frå koordineringsgruppa som ser på tenestetilbodet til barn og unge under koronakrisa, seier nesten alle krisesentera at tilgjenget ikkje er endra som følgje av virusutbrotet. Eit fåtal senter oppgir at dei har noko mindre kapasitet, medan nokre senter har større kapasitet. På spørsmål om sentera har fått fleire eller færre førespurnader frå valdsutsette med barn under virusutbrotet, svarer 41 prosent at det er ei uendra mengde førespurnader. Litt over halvparten av sentera seier at dei har færre førespurnader enn før. Regjeringa vil følgje nøye med på situasjonen og tenestetilbodet til familiar som lever med vald.

Regjeringa arbeider med å vidareutvikle hjelpetilboda til valdsutsette. Sjå omtale under programkategori 11.10 av krisesentera, støttesentera mot incest og seksuelle overgrep, Alternativ til Vold og arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald.

7.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og uavhengig av kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2018 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2019 var det rundt 55 prosent gutar og 45 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var ikkje veldig store kjønnsskilnadar i 2019 når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar, eller i bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Det var òg fleire gutar enn jenter som fekk tiltak for å styrkje utviklinga si og der foreldra fekk tiltak for å styrkje foreldreferdigheita, til dømes Parent Management Training Oregon (PMTO). Departementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar. Departementet legg til grunn at smitteverntiltaka som er sette i verk som følgje av utbrotet av covid-19, ikkje har likestillingsmessige konsekvensar i barnevernet. Det gjeld òg tiltak for å gi forsvarleg drift etter utbrotet av covid-19.

Blant dei tilsette i barnevernet er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2019 vore om lag ein fjerdedel, men med ein liten nedgåande trend dei siste åra. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå 4,7 prosent i 2008 til 8,8 prosent i fjerde kvartal 2019. Endringa frå 2018 til 2019 var liten. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn er kjønnsdelinga jamn. I 2019 var 47 prosent av dei tilsette med innvandrarbakgrunn menn.

Sidan 2015 har Bufdir finansiert kompetansehevingstiltaket Rosa kompetanse barnevern som Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) tilbyr tilsette i barnevernet. Tilbodet er evaluert med gode resultat. I 2020 har Bufdir samordna dette tiltaket med dei andre kompetansetiltaka som er forankra i kompetansestrategien for kommunalt barnevern. Midlane blir under programkategori 11.20 føreslått flytta til tilskotsordninga på LHBTIQ-området under Kulturdepartementet.

7.3 Den norske kyrkja

Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering, jf. Strategiplan for likestilling 2015–2023, som blei vedteken av Kyrkjemøtet i 2015. For å betre det strukturerte arbeidet med LHBTIQ-spørsmål er det sett ned eit utval som skal ha funksjonstid i to år, frå 2018 til 2020. Utvalet skal mellom anna arbeide med å utvikle eit kurs- og samtaleopplegg, gjennomføre ei arbeidslivsundersøking og elles støtte Kyrkjerådet på fagfeltet.

Delen kvinner i bispekollegiet er på 58,3 prosent. Det vil seie at 7 av 12 biskopar er kvinner. Delen kvinnelege prostar, derimot, låg i 2019 på vel 30 prosent. Frå 2017 har det vore minst ein kvinneleg prost i alle bispedømma. På bispedømmekontora var 35,5 prosent av leiarane kvinner.

Kjønnsbalansen i dei kyrkjelege verksemdene sett under eitt var i 2019 på 39,5 prosent kvinner og 60,5 prosent menn (årsverkstal for prestetenesta pluss dei administrative funksjonane). Målt i talet på personar var fordelinga på 41 prosent kvinner og 59 prosent menn. Forskjellane kjem av at fleire kvinner enn menn jobbar deltid.

Ser vi på prestetenesta åleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har likevel auka jamt dei siste 25 åra og var i 2019 på 35,9 prosent. Det er ein auke på 1,9 prosentpoeng frå 2018. Framleis er det forskjellar mellom bispedømma, med lågast kvinnedel i bispedømma på Vestlandet. I Oslo og Hamar låg kvinnedelen på nærare 46 prosent i 2019.

Med bakgrunn i covid-19 og smitteverntiltaka har tidvis alle medlemmane av Den norske kyrkja hatt den same sterkt avgrensa tilgangen til kyrkjerom og kyrkjelege handlingar. Den norske kyrkja, både lokalt og nasjonalt, har derfor jobba for å auke nærværet sitt på andre flater, særleg på nett og i sosiale medium. Samstundes med at fleire som tidlegere har hatt problem med å oppsøkje kyrkja pga. fysiske, psykiske eller sosiale omstende, har fått enklare tilgang til tilboda til kyrkja, har virusutbrotet òg understreka at universell utforming i det digitale tilbodet er naudsynt, med mellom anna teksting og synstolking. Etter at kyrkjene blei opna att, har det vore ei likestillingsutfordring at personar i risikogruppene har vore avskorne frå å delta i kyrkjelege handlingar og vitje kyrkjelyden sin, for å unngå smitte av covid-19.

7.4 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2019

Tabell 7.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, likestilling) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

33,3

66,7

159

152

93,3

Toppleiing (departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef)

33,3

66,7

6

6

90,8

Avdelingsdirektør

40

60

15

14

95,5

Fagdirektør, fagrådgivar, spesialrådgivar

44

56

25

24,6

97,6

Seniorrådgivar

32,1

67,9

81

73

98,1

Rådgivar

30

70

10

10

102,1

Fyrstekonsulent2

20

80

5

5

103,7

Merkantilt tilsette (seniorkonsulent og fyrstekonsulent)

25

75

16

15,8

95,8

1 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn

2 Utanom merkantilt tilsette

Tabell 7.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

Deltid 1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

5,7

6,6

3,1

8,2

1

5,4

2,5

3,2

1 Prosentdelen menn og kvinner som arbeider deltid pga. graderte permisjonar (AFP, omsorg for barn, osv.)

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2019

3 Prosentdelen av legemeldt sjukefråvær i 2019

Tabell 7.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, likestilling) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

36,0

64,0

6 221

3 761,0

108,1

Direktørar og avdelingsdirektørar

48,4

51,6

62

60,0

98,8

Seksjonssjefar

21,2

78,8

33

31,5

103

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

31,9

68,1

113

107,0

99,5

Avdelingsleiarar i institusjonar

27,7

72,3

213

196,4

101,9

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

22,8

77,2

871

652,4

95,8

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

31,3

68,7

635

530,9

97

Rådgivarar

16,8

83,2

546

444,1

99,4

Fagstillingar høgskule lågare grad

36,2

63,8

2 065

1 055,7

99

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

7,0

93,0

171

135,3

99,7

Miljøarbeidarar

59,8

40,2

1 399

479,4

100,6

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

14,9

85,1

87

55,3

102,1

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

30,8

69,2

26

12,6

97,5

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 7.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette2

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

17,7

15,8

42,2

28,9

0,8

1,9

6,3

7,6

1 Alle tilsette med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 768 tilsette på timelønn, 828 menn og 940 kvinner.

2 Alle tilsette

Tabell 7.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

29

71

132

126

80,4

Dagleg leiar / nemndleiar

33

67

12

12

98,7

Direktør

0

100

1

1

-

Fagsjef/nemndleiar

0

100

1

1

-

Fyrstekonsulent

7

93

27

23,9

97

Konsulent

0

100

8

6,7

-

Kontorsjef

50

50

2

1,8

94

Nemndleiar

43

57

60

59,1

100

Rådgivar

100

0

4

4

-

Seniorkonsulent

0

100

11

10,8

-

Seniorrådgivar

0

100

5

5

-

Stabssjef

100

0

1

1

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 7.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

2019

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

10,6

3,5

5,6

1,5

2,2

1,2

4,8

Tabell 7.7 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

31

69

32

32

96

Toppleiing (direktør)

0

100

1

1

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

40

60

5

5

94

Seniorrådgivar

50

50

12

12

93,5

Rådgivar

16,7

83,3

12

12

102,4

Fyrstekonsulent

0

100

2

2

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 7.8 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

0

0

9,4

2

4,2

1,4

6,3

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2019

Tabell 7.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

18,3

81,7

21

19,7

103,3

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 7.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt

sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

0

0

0

0

3,6

0,4

4,2

Tabell 7.11 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (kjønn, lønn) per 31. desember 2019. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Totalt (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

25

75

12

12

96,3

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 7.12 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2019. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

0

0

0

14

5

0

8

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2019

7.5 Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet (BFD) har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BFD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet, og prosentdelen av menn i BFD har det siste året auka med tre prosentpoeng. Prosentdelen av menn som søkjer på stillingar i BFD, har auka med sju prosentpoeng frå 2018 til 2019.

Rekruttering er det viktigaste området for å nå målet om større mangfald. Det er arbeidd med annonsetekst, intervjusituasjon og innkalling av kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hòl i CV-en. BFD samarbeider med Nav og har nytta seg av lønnstilskot og praksisplassar. Departementet legg til grunn prinsippet om moderat kvotering av underrepresenterte grupper som òg er omfatta av diskrimineringsgrunnlaga i likestillings- og diskrimineringslova.

BFD har ikkje funne lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Per 31. desember 2019 arbeidde 5,7 prosent av mennene og 6,6 prosent av kvinnene deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som har ein deltidsstilling, og til dei som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent pga. permisjon (til dømes delvis AFP, AAP/uføre eller omsorg for barn). Alle stillingar blir lyste ut i 100 prosent.

Barne- og familiedepartementet har oppretta ei partssamansett arbeidsgruppe som arbeider med å kartleggje, analysere og føreslå tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering.

7.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda. Kvinnene utgjorde 64 prosent av dei tilsette per 31. desember 2019. I 2018 utgjorde kvinnene 62,9 prosent. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen.

Det er overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 59,8 prosent menn. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda, bortsett frå i kategorien direktørar og avdelingsdirektørar, der det er ei jamn kjønnsfordeling. Bufetat har ei jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. Samla for verksemda tener kvinner 108,1 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar, der det er ein overrepresentasjon av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga, og som har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa.

Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar. Bufetat ønskjer å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som utnyttar det samla potensialet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar blir derfor oppmoda til å søkje jobb i etaten.

Bufetat arbeider for å realisere inkluderingsdugnaden. Søkjarar blir derfor oppmoda til å opplyse om dei har funksjonsnedsettingar, ikkje-vestleg bakgrunn eller hòl i CV-en. Bufetat er i tillegg representert med deltakarar i det statlege mangfaldsnettverket saman med andre statlege verksemder.

7.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2019 var 29 prosent av dei tilsette i verksemda menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 43 prosent av dei tilsette var menn.

Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker arbeider for å realisere inkluderingsdugnaden. Dei følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle kvalifiserte, uansett etnisk bakgrunn, kjønn, funksjonsevne eller hòl i CV-en, til å søkje ledige stillingar.

Det er eit mål at alle lokala skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

7.8 Forbrukartilsynet

Per 31. desember 2019 hadde Forbrukartilsynet 32 tilsette, 69 prosent kvinner og 31 prosent menn.

Forbrukartilsynet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Forbrukartilsynet arbeider for å realisere målet for inkluderingsdugnaden. Når tilsynet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hòl i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Per 31. desember 2019 hadde Forbrukartilsynet to tilsette med minoritetsbakgrunn.

For at Forbrukartilsynet skal nå betre ut til grupper med framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk.

7.9 Barneombodet

Situasjonen i 2019 var i det store og heile som i 2018. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette. Per 31. desember 2019 var 81,7 prosent av dei tilsette kvinner. Alle dei fire medlemmane i leiargruppa er kvinner.

Når det gjeld personar med funksjonsnedsetjingar, har dei ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. Ti prosent av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn. Ved nyrekruttering oppfordrar Barneombodet alle kvalifiserte søkjarar til å søkje stillingane, uavhengig av funksjonsevne. I dei seinaste utlysingane har ombodet også oppfordra dei med hol i CV-en om å søkje stillinga.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 103,3 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at barneombodet er kvinne, og at alle dei fire i leiargruppa er kvinner.

7.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

Per 31. desember 2019 hadde sekretariatet 12 tilsette – ni kvinner (75 prosent) og tre menn (25 prosent). Sekretariatet har fastsett mål om å rekruttere fleire menn ved nytilsetjingar.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Per 31. desember 2019 hadde sekretariatet to tilsette med minoritetsbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Sekretariatet kan enkelt leggje tilhøva til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

For at Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet skal nå betre ut til grupper med framand språkbakgrunn, er viktig informasjon på nettsidene deira omsett til engelsk. Nettsidene er òg utforma slik at dei skal vere lette å lese for svaksynte.

7.11 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Ved utgangen av 2019 var det 51,6 prosent kvinner totalt i verksemda. Delen kvinner i leiarstillingar var på 42,9 prosent. Tre av fem i den øvste leiinga er kvinner. I styret til fondet sit tre menn og to kvinner. I tillegg er representanten for dei tilsette ein mann. Det blir lagt vekt på likestilling ved rekruttering og lønning av leiarar og medarbeidarar i Opplysningsvesenets fond. Det er ikkje funne indikasjonar på systematisk forskjellshandsaming mellom kjønna ved lønnsfastsetjing eller lønnsutvikling.

Opplysningsvesenets fond skriv i årsmeldinga si at dei ikkje diskriminerer på bakgrunn av etnisitet, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Dei skriv òg at dei er opptekne av å vareta aktivitetsplikta si på områda, og at dei har gode rutinar ved tilsetjing.

7.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i sin egen årsrapport.

8 FNs berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. I Nasjonalbudsjettet for 2021 er det gitt ein samla omtale av alle berekraftsmåla. Det er òg omtale av dei ulike måla i budsjettproposisjonane til dei departementa som har koordineringsansvar for målet. Ein nasjonal handlingsplan for berekraftsmåla skal leggjast fram som ei stortingsmelding i 2021. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for denne.

Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av måla. Sjå omtale nedanfor.

FNs berekraftsmål nr. 1: Utrydde fattigdom: Utrydde alle former for fattigdom i heile verda

Arbeidet i BFD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «før 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen kvinner, menn og barn i alle aldrar som lever i fattigdom». Låg inntekt heng for ein stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har peika på auka yrkesdeltaking som det fremste tiltaket for å redusere barnefattigdom. Strategien Barn som lever i fattigdom (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. I haust legg regjeringa fram ein ny samarbeidsstrategi for barn og unge som veks opp i låginntekt. Målet for strategien er å redusere ulikskap i høvet barn og ungdommar har til å delta og utvikle seg, og å førebyggje at levekårsulempene går i arv.

Vi viser til programkategori 11.10 Familie og oppvekst for meir omtale av arbeidet. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og sosialdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.

FNs berekraftsmål nr. 5: Likestilling mellom kjønna: Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner i samfunnet

Kulturministeren tok over ansvaret for koordinering av likestillingspolitikken til regjeringa, medrekna koordineringsansvaret for oppfølginga av FNs berekraftsmål nr. 5, frå 22. januar 2019.

Delmål 5.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og kvinner. Kvinner blir i større grad enn menn utsette for vald i nære relasjonar, for seksuell trakassering, valdtekt, sterk sosial kontroll og tvangsekteskap.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar i 2020. Denne skal ha ein eigen del om vald i samiske område. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

Forslag om bruken av sakkunnige i foreldretvistsaker har nyleg vore på høyring. Eit av forslaga er at barnesakkunnig kommisjon skal kvalitetsvurdere rapportar i foreldretvistsaker slik kommisjonen i dag gjer i barnevernssaker. Dette vil gi retten eit betre grunnlag for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep. Sjå omtalen av saka under programkategori 11.10 Familie og oppvekst og overskrifta Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid.

Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av fleire handlingsplanar på feltet. BFD koordinerer Opptrappingsplan mot vold og overgrep 2017–2021, jf. Prop. 12 S (2016–2017). Planen skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. BFD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

I 2019 rapporterte Noreg for fyrste gong på konvensjonen frå Europarådet om vern av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk (Lanzarote-konvensjonen). 15. september 2020 leverte Noreg sin fyrste rapport på konvensjonen frå Europarådet om førebygging av og kamp mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar (Istanbul-konvensjonen).

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap, og kjønnslemlesting» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Departementet har sendt på høyring framlegg om endringar i ekteskapslova, mellom anna eit forslag om å innføre ein hovudregel om ein 18-årsgrense for å anerkjenne ekteskap inngått i utlandet. Føremålet er å beskytte mindreårige som kjem til Noreg, mot å bli rekna som gifte her. Dette vil òg gi eit signal til andre styresmakter om at Noreg ikkje aksepterer desse ekteskapa. Aldersgrensa vil på den måten kunne bidra inn i arbeidet med å avskaffe den uønskte praksisen med ekteskap mellom mindreårige – òg i andre land. Høyringsnotatet inneheld vidare eit forslag om å utvide fristen for å reise sak om tvangsekteskap. Framlegga er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan Retten til å bestemme over eget liv – handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Sjå omtalen av saka under programkategori 11.10 Familie og oppvekst og overskrifta Barne- og familierettsleg utviklingsarbeid. Sjå òg budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.3.

FNs berekraftsmål nr. 12: Ansvarleg forbruk og produksjon: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis skal halverast innan 2030, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting.

I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale mellom det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og dei største bransjeorganisasjonane i matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat med 50 prosent innan 2030. Etter at avtalen blei inngått, har einskildbedrifter underskrive ein eigen tilslutningsavtale til bransjeavtalen. Ved utgangen av 2019 var til saman 103 bedrifter tilslutta avtalen. Gjennom bransjeavtalen vil BFD i 2021 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir meir medvitne om å redusere matsvinnet.

BFD har i 2019 og 2020 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. I 2019 gav forbruksforskingsinstituttet SIFO, på oppdrag frå BFD, ut rapporten Kunnskapsoppsummering om temaet matsvinn på forbrukernivå i Norge og Europa (SIFO-rapport 14-19). Ei av dei viktigaste tilrådingane i rapporten er at det bør arbeidast for ei meir heilskapleg tilnærming til matsvinnreduksjon i hushalda.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital. Berekraftig forbruk er eit av temaa i meldinga.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for omtale av korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FNs berekraftsmål nr. 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar: Fremje fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «vesentleg redusere vald i alle former og dødstal som skriv seg frå vald, i heile verda», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar òg om å få slutt på menneskehandel.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) over melde lovbrot i 2019 viser at det er ein nedgang i melde tilfelle av vald, mishandling og seksuallovbrot mot barn.

Hausten 2019 la Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) fram den fyrste studien av omfanget av vald og overgrep der barn og unge ned til 12 år sjølve kunne avgjere om dei ville delta eller ikkje. Denne studien gir ny informasjon om omfanget av vald og overgrep mot barn og unge. Undersøkinga viser at omfanget er stort. I alt har ein av fem av ungdommane i undersøkinga vore utsette for meir enn ein form for vald eller overgrep. Berre ein av fem av ungdommane som hadde vore utsette for vald eller overgrep, fortel at dei har vore i kontakt med hjelpeapparatet i samband med erfaringar med vald og/eller overgrep. Det er òg ein samanheng mellom å vere utsett for vald og å oppleve symptom på fysisk og psykisk uhelse, saman med søvnvanskar og skulefråvær.

BFD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep (2017–2021). Planen har særleg vekt på barn. BFD koordinerer òg oppfølginga av barnevaldsutvalets NOU 2017: 12 Svikt og svik. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

9 Klima og miljøprofil

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådde. For omtale av dei samla klima- og miljørelevante sakene til regjeringa, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

9.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Alt forbruk har direkte eller indirekte konsekvensar for miljø og klima. Dei siste tiåra har det samla forbruket til norske hushald auka monaleg.

Det er eit mål at forbrukarane skal kunne gjere medvitne val i marknadene dei handlar i. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester kan gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som gir mindre belasting på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BFD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved forbruket. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking).

I 2019 var det ein klar auke i talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden – frå 24 000 ved utgangen av 2018 til 27 409 ved utgangen av 2019. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt og tenester blir produserte etter strenge miljøkrav.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor ulike produktgrupper i 2019. Størst auke var det for tonarkassettar, følgt av tekstilar, møbel, bygningsplater og utemøbel. BFD er nøgd med utviklinga der forbrukarane får stadig fleire miljøtilpassa produkt å velje blant.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD vidareførte i 2019 arbeid med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Godt over halvparten av svinnet kjem frå private hushald. I 2017 blei det inngått ein bransjeavtale om matsvinn mellom styresmaktene og dei største organisasjonane i matbransjen. Ved utgangen av 2019 hadde 103 bedrifter skrive under på ein eigen tilslutningsavtale til bransjeavtalen.

BFD deltek i arbeidet og har i 2019 og 2020 støtta organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Støtta frå BFD går til forbrukarretta tiltak for å redusere matsvinn. I 2019 gav Forbruksforskingsinstituttet SIFO på oppdrag av BFD ut rapporten Kunnskapsoppsummering om temaet matsvinn på forbrukernivå i Norge og Europa (SIFO-rapport 14-19). Ei av dei viktigaste tilrådingane i rapporten er at det bør arbeidast for ei meir heilskapleg tilnærming til matsvinnreduksjon i hushalda.

I juni 2019 la BFD fram Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital. Berekraftig forbruk er eit av temaa i meldinga.

9.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BFD vil føre vidare arbeidet for å gjere det enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Miljømerka Svana og EU Ecolabel vil framleis vere dei sentrale verkemidla for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Miljømerking, som forvaltar desse ordningane i Noreg, skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

BFD vil i 2021 arbeide vidare med å redusere matsvinnet i samfunnet gjennom bransjeavtalen om matsvinn. Bransjeavtalen gjeld fram til 2030 og byggjer på ein felles definisjon av matsvinn og eigne grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til å arbeide for å nå, er det i bransjeavtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

Departementet vil i 2021 òg arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne, medrekna undervising om berekraftig forbruk og berekraftig utvikling.

9.3 Kyrkjebygg og gravplassar

Kyrkjebygga og gravplassane er ein del av Noregs kulturarv. Dei skal forvaltast med respekt for det føremålet dei skal tene, og i samsvar med den kulturhistoriske rolla si. Sjå nærare omtale under programkategori 11.50.

Storparten av Den norske kyrkja sine 1 630 kyrkjer er eldre bygg, som har høge kostnader til oppvarming. KA – Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder arbeider saman med Riksantikvaren for å finne nye varmesystem som kan gi både energisparing og eit betre bevaringsmiljø for bygg og interiør. Det er òg etablert regionale energinettverk for kyrkjebygga for å auke kompetansen på området. I 2019 og 2020 er det samla løyvd i overkant av 110 mill. kroner til brannsikring, istandsetjing og klimasikring av dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene. Store delar av desse midlane har gått til sikring og istandsetjing av klimaskal (veggar, tak og tårn) og utskifting av gamle el-anlegg. Sjå nærare omtale under kap. 882.

9.4 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond (Ovf) eig og forvaltar ein stor eigedoms- og bygningsmasse. Fondet er i dag òg ein av dei største skogeigarane i landet. Omsynet til klima og miljø er viktig i den finansielle og praktiske forvaltinga av Ovf. Ovf har dei siste åra ført klimarekneskap. Det samla karbonavtrykket er lavt. I hovudsak er det oppvarming av lokala, byggeaktivitet, utslepp frå dyrehald og reising som fører til utslepp av CO2. Den årlege tilveksten av skogane til fondet bind CO2 tilsvarande årlege utslepp frå 78 000 bilar. Fondet har småkraftverk med ein samla produksjonskapasitet tilsvarande 23 000 husstandar. Arbeid med miljøtiltak på prestegardane er ført vidare i 2019. Gjennom forvalting og investeringar ønsker Ovf å bidra til ei meir berekraftig utvikling og eit reinare miljø.

10 Oversikt – opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Tabellen under gir ei oversikt over tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep, ansvarleg departement og status, jf. omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Det blir òg rapportert i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarlege for tiltak i planen, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Kulturdepartementet (KUD) og Kunnskapsdepartementet (KD). Fleire tiltak er i år merka som «løpande». Det er tiltak som går føre seg kontinuerleg, òg utover planperioden.

Tabell 10.1 Status for tiltak i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) per 1. juni 2020

Ansvarleg departement

Tiltak

Status

Alle

1. Gjennomgå etablerte strukturar og system for å vurdere korleis dei betre kan vareta arbeidet mot vald og overgrep

Påbyrja

Alle

2. Sørgje for at vald og overgrep blir teke inn i samfunnsoppdraget til dei relevante underliggjande etatane

Påbyrja – løpande

BFD

3. I samband med struktur- og kvalitetsreforma i barnevernet leggje fram ein lovproposisjon som klargjer forventingane til det førebyggjande arbeidet i kommunane

Ferdig

KD

4. Gjere rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen tydelegare når det gjeld arbeidet mot omsorgssvikt, vald og overgrep

Ferdig

BFD

5. Greie ut endringar i krisesenterlova med sikte på å klargjere kva ansvar kommunane har når det gjeld å førebyggje vald og overgrep

Påbyrja

HOD

6. Gjere det tydelegare i spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova kva ansvar dei regionale helseføretaka, kommunane og fylkeskommunane, inkludert leiinga, har for å bidra til at vald og seksuelle overgrep blir førebygd, avdekt og avverja ved yting av helse- og omsorgstenester

Ferdig

JD/Alle

7. Bidra til at kommunar utarbeider kommunale eller interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Påbyrja – løpande

JD

8. Vurdere behovet for å utvide føresegn om avverjeplikta

Ferdig

HOD

9. Sørgje for at RVTS-ane (Regionale sentre for vald og traumatisk stress) i større grad bidreg til lokalt og regionalt samarbeid og samordning av valdsarbeidet

Påbyrja – løpande

Alle

10. Bidra til systematisk samarbeid mellom relevante tenester, til dømes konsultasjonsteam

Påbyrja – løpande

KUD

11. Prøve ut ein modell for handtering av vald og overgrep mot sårbare vaksne, TryggEst

Påbyrja

BFD/JD

12. Styrkje samarbeidet mellom politi og barnevern

Påbyrja

BFD/HOD

13. Styrkje samarbeidet mellom familieverntenesta og helsestasjonane

Påbyrja – løpande

BFD

14. Klargjere og forenkle avgjerda om opplysingsplikt til barnevernet

Ferdig

KD

15. Vurdere korleis tema som er knytte til vald, kan inkluderast i 0–24-samarbeidet

Påbyrja

JD

16. Føre vidare årleg tiltakspakke for å førebyggje vald i nære relasjonar

Påbyrja – løpande

HOD

17. Utarbeide indikatorar for vald og overgrep slik at kommunane kan følgje med på utviklinga og setje i verk førebyggjande tiltak

Påbyrja – løpande

HOD

18. Avklare korleis Folkehelseinstituttet kan vareta temaet vald og overgrep

Ferdig

HOD

19. Gjere det tydelegare kva ansvar RVTS-ane har for å hjelpe kommunal sektor i å førebyggje vald og overgrep

Påbyrja – løpande

HOD

20. Sikre at jordmødrer ved alle fødeavdelingar informerer foreldre om risikoen ved å riste spedbarn

Påbyrja

HOD

21. Revidere forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta med tydeleggjering av ansvar for å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep

Ferdig

HOD

22. Styrkje satsinga på helsestasjons- og skulehelsetenestene

Påbyrja – løpande

BFD

23. Utvikle ein nasjonal strategi for foreldrestøttande tiltak

Ferdig

BFD

24. Styrkje tilskot til kommunar til foreldrestøttande tiltak

Ferdig

BFD/HOD

25. Utvide programmet Nurse Family Partnership dersom evalueringa viser gode resultat

Påbyrja

BFD

26. Greie ut ei lovfesting av det førebyggjande arbeidet til familieverntenesta

Ferdig

BFD

27. Revidere Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn

Påbyrja

BFD

28. Utvikle digitalt informasjonsmateriell mot vald og overgrep til bruk i barnehage og skule

Ferdig

KD

29. Styrkje innsatsen mot mobbing og digitale krenkingar

Påbyrja – løpande

JD

30. Gjennomføre dialoggrupper mot vald i asylmottak

Ferdig

JD

31. Gjennomføre opplæring for bebuarar i mottak om temaa vald i nære relasjonar, vald og overgrep mot barn og unge, og seksuell helse

Ferdig

JD

32. Styrkje den barnefaglege kompetansen i mottak

Ferdig

Alle

33. Sørgje for informasjon om nettrelaterte overgrep og opprette ein nettressurs med eigne nettkurs for foreldre, barn og profesjonelle aktørar

Påbyrja – løpande

KD

34. Gjere barnehagane og skulane betre i stand til å informere barn og foreldre om nettvett og korleis ein kan avverje Internett-relaterte overgrep

Påbyrja – løpande

BFD

35. Styrkje tematikken om Internett-relaterte overgrep i foreldrestøttande tiltak

Ferdig

BFD

36. Greie ut korleis krav til politiattest kan omfatte yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikkje fell inn under særlovgivinga

Ferdig

BFD/Alle

37. Utvikle ein felles nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep

Påbyrja

KD

38. Fremje forslag om ein felles rammeplan for dei helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningane der kunnskap om vald og overgrep er blant dei temaa som skal inngå

Ferdig

BFD

39. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i familievernet

Påbyrja – løpande

BFD

40. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i barnevernet

Påbyrja – løpande

JD

41. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i politiet og domstolane

Ferdig

KD

42. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i barnehagar og i skular

Påbyrja – løpande

KD/JD

43. Styrkje kompetansen om vald og overgrep blant tilsette i asylmottak og tilsette i kommunane som arbeider med integrering og kvalifisering av flyktningar og innvandrarar

Påbyrja – løpande

HOD

44. Styrkje kompetansen om vald og overgrep i helse- og omsorgstenesta

Påbyrja – løpande

BFD/HOD

45. Utvikle eit nasjonalt opplæringsprogram for kommunane i å samtale med barn og unge om vald og overgrep

Ferdig

Alle

46. Gi betre informasjon om vald og overgrep til befolkninga generelt og til særskilde grupper

Påbyrja – løpande

Alle

47. Greie ut vidare forskingsbehov og utarbeide ein plan for meir forsking på vald i nære relasjonar generelt og vald og overgrep mot barn, eldre og sårbare grupper spesielt

Påbyrja

JD

48. Føre vidare forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar utover den noverande femårsperioden (2014–2019)

Påbyrja – løpande

HOD

49. Styrkje forsking på vald og overgrep gjennom HELSEVEL- programmet til Forskingsrådet

Påbyrja

Alle

50. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i samiske område

Påbyrja – løpande

Alle

51. Bidra til meir kunnskap om vald og overgrep i befolkninga med innvandrarbakgrunn

Påbyrja – løpande

JD

52. Gjennomføre ei ny omfangsundersøking om vald i nære relasjonar som ein del av forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar

Påbyrja

HOD

53. Vurdere regulering av høvet barn har til å delta i forsking om sensitive tema

Ferdig

JD

54. Auke kunnskapen om Internett-bruken blant norske barn ved å delta i internasjonal datainnsamling om risiko og tryggleik for barn på Internett (EU-Kids Online-undersøkinga 2017), og sørgje for forsking på og analysar av tematikken ved hjelp av relevante FoU-miljø

Påbyrja – løpande

Alle

55. Leggje til rette for at ny forskingsbasert kunnskap om Internett- bruken blant barn blir nytta i relevant politikkutvikling

Påbyrja – løpande

Alle

56. Føre vidare arbeidet med å betre statistikkgrunnlaget på valds- og overgrepsfeltet

Påbyrja – løpande

BFD

57. Utarbeide faglege tilrådingar om kvaliteten og innhaldet i krisesentertilbodet, inkludert tilbodet til barn

Ferdig

BFD

58. Vidareutvikle krisesentertilbodet for utsette grupper

Påbyrja – løpande

HOD

59. Vurdere korleis samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og krisesentera fungerer og kan betrast

Påbyrja

BFD

60. Evaluere sentera mot incest og seksuelle overgrep

Ferdig

BFD

61. Halde fram med å støtte Stine Sofie Senteret

Ferdig

HOD

62. Utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for behandling og greie ut forløp for valdsutsette og for valdsutøvarar

Påbyrja

HOD

63. Innføre kompetansekrav i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m., mellom anna ved krav til at kommunen må ha knytt til seg psykolog, lege, jordmor, helsesøster og fysioterapeut

Ferdig

HOD

64. Styrkje dei kommunale tenestetilboda gjennom auka psykologkompetanse og helsestasjonsverksemd

Ferdig

HOD

65. Leggje til rette for eit meir teambasert helsetenestetilbod

Påbyrja – løpande

HOD

66. Vurdere effekten av integrert rus- og valdsbehandling og vurdere korleis brukarar ser på arbeid med valds- og traumeerfaringar i rusbehandling

Påbyrja

HOD

67. Styrkje behandlingstilbodet for menneske med utfordringar når det gjeld rus og/eller psykisk helse. Dette inkluderer òg menneske med traumeerfaringar.

Påbyrja – løpande

HOD

68. Utvikle verktøy for å kartleggje valdsrisiko

Ferdig

HOD

69. Sikre at valds- og overgrepserfaringar inngår i arbeidet med pakkeforløp for psykisk helse og rus, ved utgreiing, tiltak og behandling

Påbyrja

BFD

70. Sørgje for at barn og unge ved barnevernsinstitusjonar som slit med traume, blir oppdaga og får naudsynt helsehjelp

Påbyrja

HOD

71. Betre behandlingstilbodet til unge overgriparar og føre vidare arbeidet med å spreie gode behandlingsmetodar

Påbyrja

HOD

72. Vurdere å etablere eit nasjonalt klinisk nettverk for behandling av barn og unge med seksuelle åtferdsproblem

Ferdig

HOD

73. Føre vidare arbeidet med å utvikle behandlingstilbod for personar som er dømde for å ha utført seksuelle overgrep

Ferdig

BFD

74. Styrkje tilbodet frå familievernet til familiar der det blir utøvd vald, og styrkje samarbeidet mellom familievernet og Alternativ til Vold (ATV)

Påbyrja – løpande

KD/Alle

75. Bidra til at fleire kommunale tenester og statlege etatar etablerer bestillingssystem og rutinar som kan auke bruken av kvalifisert tolk i tenesteytinga

Påbyrja – løpande

JD

76. Opprette offeromsorgskontor som er knytte til politiet, i dei 12 politidistrikta i landet

Ferdig

JD

77. Sørgje for at det i alle politidistrikta blir etablert eigne fagmiljø for nedkjemping av kriminalitet innanfor vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep

Ferdig

JD

78. Evaluere prøveprosjektet SARA for barn med tanke på å spreie verktøyet til alle politidistrikta

Ferdig

JD

79. Evaluere besøksforbodet, inkludert korleis politiet følgjer opp brot på besøksforbod

Ferdig

JD

80. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal samarbeide med andre tenester ved bruk av omvend valdsalarm

Påbyrja

JD

81. Etablere retningslinjer for korleis politiet skal bruke kode 6 (strengt fortruleg adresse), inkludert korleis dei skal samarbeide med andre tenester

Ferdig

JD

82. Setje ned ei gruppe / ein kommisjon som skal gå gjennom eit utval av partnardrapssaker

Påbyrja

JD

83. Styrkje kapasiteten og kompetansen ved Statens barnehus og ved etterforsking av vald og overgrepssaker mot barn

Påbyrja – løpande

JD

84. Utarbeide nasjonale retningslinjer for Statens barnehus

Ferdig

HOD

85. Utarbeide retningslinjer for medisinske undersøkingar / tannhelseundersøkingar ved Statens barnehus

Ferdig

HOD

86. Gå gjennom betalingspraksisen for medisinske undersøkingar ved barnehusa for å sikre likskap mellom barnehusa

Ferdig

JD

87. Greie ut om avhøyr av barn og unge under 16 år som er mistenkte for seksuelle overgrep, skal gjennomførast ved Statens barnehus

Påbyrja

BFD

88. Greie ut ei lovendring med sikte på å endre foreldreretten og samværsretten til barn der far/stefar eller mor/stemor har blitt dømd for alvorlege overgrep mot eigne barn eller stebarn

Ferdig

11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

11.1 Forbrukarrådet

Tabell 11.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet

Utgifter/inntekter

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2017

2018

2019

2020

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

95 882 695

105 591 155

115 903 266

111 130 000

Varer og tenester

52 407 238

53 504 638

52 965 246

47 925 783

Sum driftsutgifter

148 289 933

159 095 794

168 868 512

159 055 783

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

5 762 393

-10 686 015

2 617 050

575 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

5 762 393

-10 686 015

2 617 050

575 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

1 828

5 524

1 916

25 000

Sum finansielle aktivitetar

1 828

5 524

1 916

25 000

Sum utgifter

154 054 154

148 415 302

171 487 478

159 655 783

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

0

0

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

152 809 252

143 044 051

156 144 000

153 609 000

Andre innbetalingar

2 265 484

4 022 477

3 468 026

2 500 000

Sum overføringar til verksemda

155 074 736

147 066 528

159 612 026

156 109 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

155 074 736

147 066 528

159 612 026

156 109 000

Netto endring i kontantbehaldninga

1 020 582

-1 348 774

-11 875 452

-3 546 783

Tabell 11.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2017

2018

2019

2020

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

152 434 592

142 794 051

155 644 000

153 609 000

Løyvingar frå andre departement

37 500

250 000

500 000

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

152 472 092

143 044 051

156 144 000

153 609 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 945 644

1 826 180

2 251 978

2 500 000

Sum bidrag

1 945 644

1 826 180

2 251 978

2 500 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

656 999

2 196 297

1 216 048

0

Andre inntekter

656 999

2 196 297

1 216 048

0

Sum oppdragsinntekter mv.

155 074 735

147 066 528

159 612 026

156 109 000

Sum inntekter

152 434 592

142 794 051

155 644 000

153 609 000

Tabell 11.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet

Balansedag 31. desember

2017

2018

2019

Endring

Beløp i NOK

2018–2019

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

40 438 492

39 152 867

27 225 042

-11 927 825

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

118 338

55 189

107 563

52 373

Sum kontantar og kontantekvivalentar

40 556 830

39 208 056

27 332 605

-11 875 452

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

9 379 774

8 629 651

9 223 236

593 585

Skattetrekk og offentlege avgifter

7 041 122

7 611 713

7 569 203

-42 510

Gjeld til leverandørar

7 193 434

7 331 189

6 411 601

-919 588

Gjeld til oppdragsgivarar

-540 000

-66 667

1 871 472

1 938 139

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

2 919 956

5 130 154

2 018 270

-3 111 884

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

25 994 286

28 636 039

27 093 782

-1 542 257

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

72 377

0

0

0

Fri verksemdskapital

14 490 168

10 572 018

238 823

-10 333 195

Sum andre avsetjingar

14 562 545

10 572 018

238 823

-10 333 195

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

Anna langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

40 556 830

39 208 056

27 332 604

-11 875 452

11.2 Forvaltingsorganet for Opplysningsvesenets fond

Tabell 11.4 Utgifter og inntekter fordelte på art – Ovf

Rekneskap

Budsjett

Utgifter/inntekter

2017

2018

2019

2020

Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

64 308

67 856

63 474

69 390

Varer og tenester

22 009

23 360

26 674

19 589

Sum driftsutgifter

86 317

91 216

90 148

88 979

Investeringsutgifter

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

0

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

0

Overføringar frå verksemda

0

0

0

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

Andre utbetalingar

Sum overføringsutgifter

0

0

0

Finansielle aktivitetar

0

0

0

Kjøp og sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

Andre finansielle utgifter

Sum finansielle utgifter

Sum utgifter

86 317

91 216

90 148

88 979

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

Refusjonar

88 278

93 992

90 012

88 979

Andre driftsinntekter

0

0

0

Sum driftsinntekter

88 278

93 992

88 979

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

0

0

0

Andre innbetalingar

0

0

0

Sum overføringsinntekter

0

0

0

Finansielle aktivitetar

86 317

91 216

90 148

88 979

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

Sum inntekter

88 278

93 992

90 012

88 979

3. Netto endring i kontantbehaldninga (2–1)

1 962

2 775

-136

0

Tabell 11.5 Inntekt etter inntektskjelde – Ovf

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2017

2018

2019

2020

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

0

0

0

0

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

0

0

0

0

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter

88 278

93 992

90 012

88 979

Sum oppdragsinntekter mv.

88 278

93 992

90 012

88 979

Sum inntekter

88 278

93 992

90 012

88 979

Tabell 11.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember i perioden 2017–2018, med spesifikasjon av kva føremål kontantbehaldninga skal nyttast til – Ovf

Balansedag 31. desember

2017

2018

2019

Endring

Beløp i NOK

2018–2019

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

9 047

11 822

11 686

-136

Behaldning på andre bankkonti

0

Andre kontantbehaldningar

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

9 047

11 822

11 686

-136

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

5 448

5 452

5 401

-50

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 045

6 102

5 439

-662

Gjeld til leverandørar

959

1 156

932

-224

Gjeld til oppdragsgivarar

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

-2 405

-886

-87

800

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

9 047

11 822

11 686

-136

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetjingar

0

0

0

0

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

9 047

11 822

11 686

-136

Til forsida av dokumentet