Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengde og 74° og 81° nordleg breidde. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen er den største øya i Noreg og er omtrent på størrelse med fylka Nordland og Troms til saman. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear og under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten blei underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmannen på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene der.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at folkemengda på Svalbard auka med 8 pst. i 2019, og dette er den største folkeveksten dei siste ti åra.

Tabell 1.1 Befolkningstal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2 115

2 158

2 100

2 185

2 152

2 145

2 214

2 258

2 428

Kjelde: SSB

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det er registrert om lag 500 fastbuande i Barentsburg per 1. januar 2020. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund blei det registrert 10 busette på same tidspunkt.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

Kvart år blir det gjeve eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2020–2021) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480 post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2021 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Prioriteringar i 2021

Virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for befolkninga og verksemdene på Svalbard. Reiselivet er blant dei næringane som er hardast råka. Regjeringa har gjennom 2020 foreslått fleire tiltak for å bidra til at seriøse verksemder har gode rammevilkår for å kunne klare seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet.

Regjeringa har mellom anna foreslått å etablere ei tilskotsordning for reiselivsnæringa på Svalbard, for å bidra til omstilling og eit grunnlag for fortsatt lønnsam aktivitet.

Regjeringa fortset å leggje til rette for at Longyearbyen held fram som eit norsk lokalsamfunn. For at Longyearbyen også i framtida skal vere attraktiv for norske familiar, er det nødvendig å leggje til rette for at folk er trygge. Regjeringa foreslår difor å løyve 61,1 mill. kroner til skredsik-ring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen.

Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga til Sysselmannen. Auken på posten skal mellom anna gå til å etablere ei stilling som påtalejurist hos Sysselmannen. Stillinga som påtalejurist vil styrkje evna til Sysselmannen til å utøve myndigheit på øygruppa og bevare ro og stabilitet i området.

Regjeringa vil at arbeidslivet i Longyearbyen skal byggje opp under målet om norske samfunn på øygruppa. For å leggje til rette for eit sikkert og seriøst arbeidsliv, foreslår regjeringa å styrkje Arbeidstilsynet med 1 mill. kroner til aktivitet på Svalbard.

1.4 Om offentlege styresmakter på Svalbard

1.4.1 Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa, og er både politimeister og fylkesmann. Kjerneoppgåvene til Sysselmannen er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalemyndigheit og miljøforvaltning. Det gjer det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn slik at ein kan avdekke moglege brot på miljøregelverket for Svalbard.

Sysselmannen har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmannen er dermed både leiar av påtalemakta i politiet og for verksemda elles i politiet.

Sysselmannen har ansvaret for redningstenesta som leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS). Sysselmannen har ei sentral rolle for å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sysselmannen skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. Instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehandtering (fastsett ved kgl. res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere ikkje-planlagde hendingar som naturkatastrofar eller planlagde hendingar som kriminalitet og terrorisme. Sysselmannen legg vekt på samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmannen som fylkesmann leiar beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles bilete av risiko og sårbarheit og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard. Rådet skal òg vere førebudd på å hjelpe Sysselmannen ved krisehandtering. Sysselmannen utgjer ein statleg ressurs for oljevernberedskapen.

Sysselmannen er som fylkesmann òg regional statleg miljøvernstyresmakt på Svalbard og har ansvaret for handhevinga av miljøregelverket og oppsynet med at regelverket blir følgt. Miljøvernoppgåvene til Sysselmannen spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I samanheng med dette utfører Sysselmannen arbeid med arealplanar der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadshandsaming, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er òg viktige oppgåver for Sysselmannen på miljøvernsida.

Sysselmannen hjelper fleire statlege styresmakter i samband med informasjons- og tilsynsverksemd. Sysselmannen møter fast i Det interdepartementale polarutvalet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Oppgåvene svarar på fleire felt til dei oppgåvene ein kommune har på fastlandet.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året. Dialogen Longyearbyen lokalstyre har med departementet er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard, jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Forskrifta pålegg Longyearbyen lokalstyre sjølv å ta ansvar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sysselmannen på Svalbard fører tilsyn med Longyearbyen lokalstyre si oppfølging av pliktene i forskrifta.

Endringar i Svalbardlova kapittel 5 Longyearbyen lokalstyre, som følgje av ny kommunelov, blei sett i verk for ein del hausten 2019 og for resten 1. januar 2020.

Utfyllande informasjon om Longyearbyen lokalstyre er å finne i Prop. 43 L (2018–2019) Endringer i Svalbardloven m.m. (tilpasning til ny kommunelov)

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvt midlar til fleire statlege aktørar. Aktørane er fagleg styrt av respektive fagdepartement:

  • Svalbard kyrkje

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

Sjå elles dei respektive postomtalene i del II for nærmare omtale av statlege aktørar på Svalbard.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard blir lagde fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa

Behandlinga i Stortinget, jf. Innst. 88 S (2016–2017), viste igjen ei brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Å halde fram med ei langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, vil både medverke til tryggleik for folk i Longyearbyen, stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskaps- departementet sitt mål for polarpolitikken: Godt forvalta polarområde

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på og rundt øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det nødvendig med sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtala under punkt 4. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk. Utover måla som er fastsette i stortingsmeldinga, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar mellom anna å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å oppretthalde eksisterande norske samfunn i desse områda.

Målformuleringa er ny av året. For budsjettåret 2020 hadde Justis- og beredskapsdepartementet desse måla for Svalbard:

Tabell 2.1 

Mål

  • 1. God samhandling i beredskap og krisehandtering.

  • 2. God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk.

  • 3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen.

Desse måla blei mellom anna nytta i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet og blir rapporterte på nedanfor.

2.2.1 God samhandling i beredskap og krisehandtering

2.2.1.1 Generelt

Regjeringa har som mål at befolkninga skal ha stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima, gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar er det derfor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar skjer, er det viktig å ha system for å halde oppe den grunnleggjande funksjonsevna i samfunnet. Det er vidare viktig at alle som ferdast på og rundt Svalbard, er godt øvde og førebudde på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Som politimeister er Sysselmannen leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor / Svalbard lufthavn, Sysselmannen sin helikopteroperatør og frivillige frå Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Faglege rådgivarar kan gi spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplanen for redningstenesta.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentralt i dette arbeidet.

I mai 2019 deltok Sysselmannen i SAREX-øvinga, som tok utgangspunkt i eit maritimt scenario med masseevakuering frå Svalbard. Sysselmannen har òg delteke i lufthamnøving i Svea og skredøving. Luftfart- og skredulykke er blant risikoområda i Svalbard-ROS (risiko- og sårbarheitanalyse).

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Sysselmannen disponerte fartøyet «Polarsyssel» i ni månader i året frå 2016 til 2019. I samband med Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019, blei sesongen M/S «Polarsyssel» seglar, utvida frå ni til ti månader. Frå 2020 er løyvinga på kap. 480 post 50 auka med 10 mill. kroner samanlikna med 2019, slik at Sysselmannen disponerer «Polarsyssel» heile året. Midlane er plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0006 Sysselmannens transportteneste, post 01 Driftsutgifter.

Kontrakten for leige av Sysselmannens tenestefartøy «Polarsyssel» varer ut 2021, med opsjon til forlenging ut 2023.

Kontrakten med eksisterande helikopteroperatør for Sysselmannen går ut i 2022, med moglegheit for utløysing av opsjon fram til 2024.

Frå 2018 er det etablert ei vaktordning for anestesilege knytt til helikopteret til Sysselmannen, kombinert med styrking av medisinsk-teknisk utstyr i Longyearbyen. Tiltaket er mellom anna ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå punkt 4.4 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. I tillegg til styrkinga av helseberedskapen på Svalbard er luftambulansetenesta styrkt ved at ein har fått nye ambulansefly, mellom anna jetfly.

Sjå elles dei respektive postomtalane for nærmare omtale av arbeidet med samhandling i beredskap og krisehandtering.

2.2.1.2 Førebygging og beredskap ved skred og flaum

Klimaendringar har ført til større fare for skred i Longyearbyen. Særleg utsett er eit område i sentrum under fjellet Sukkertoppen og langs området Vannledningsdalen.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fullførte første del av sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen i 2018 til ein kostnad på 32,5 mill. kroner. Fleire bustader under Sukkertoppen lét seg ikkje sikre med fysiske tiltak som vollar, skjermar eller liknande. Norsk klimaservicesenter1 la i februar 2019 fram klimaprofil for Longyearbyen. I rapporten går det fram at auka nedbør som regn, og auka snø- og bresmelting, vil gi fleire og større flaumar, og snøskred og sørpeskred vil skje oftare.

Sysselmannen på Svalbard, NVE og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis ein kan førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. Fram til skredsikringstiltak og nye bustader er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Sysselmannen, i rolla som politimeister, er den som tek avgjerda om evakuering ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

Det har vore færre evakueringar i Longyearbyen i 2019 enn i dei føregåande åra: éin i samband med ekstremvêrvarsel i starten av januar, då om lag 100 personar blei evakuerte frå Lia og Nybyen, og éin i samband med skredfare og fare for nedfall av skavl då Gruvelageret i Sverdrupbyen blei stengd. Sysselmannen har samarbeidd med Longyearbyen lokalstyre om kommunikasjon i desse tilfella. Samarbeidet fungerer godt.

NVE har regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg er det lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar, og Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for bestilling av observasjonane. NVE er ansvarleg for dei skredfaglege vurderingane i varslinga.

NVE var i 2019 ferdig med erosjonssikring av Longyearelva. Totalkostnaden var på 25 mill. kroner finansiert over løyvinga til NVE på kap. 1820 post 22. Longyearbyen lokalstyre betalte distriktsdel på 20 pst. Det har vore stor flom i Longyearelva i 2020, og det er behov for noko oppgradering av sikringsanlegget i elva.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet å løyve 61,2 mill. kroner til ytterlegare skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Arbeidet med skredsikring inneber mellom anna prosjektering og grunnundersøkingar. Dei nye klimaframskrivingane fører med seg utfordringar innanfor geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. Sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen består av støtteforbygningar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke svalbardbudsjettet med 10 mill. kroner for å framskunde arbeidet med skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen. Regjeringa foreslo vidare ein bestillingsfullmakt på inntil 60 mill. kroner på kap. 0007 post 30 Skred og bustadtiltak på svalbardbudsjettet med same formål. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Olje- og energidepartementet nyttar midlane. NVE har rekna samla kostnad for skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen til 140 mill. kroner. Det ligg førebels an til at arbeidet vil bli ferdig i 2022.

NVE jobbar òg med prosjektering av moglege sikringstiltak i området Vannledningsdalen. Når Vannledningsdalen er sikra, reknar ein med at det ikkje er behov for fleire skredsikringstiltak i Longyearbyen. Sjå elles kap. 0007, post 30 for nærmare omtale av løyvingane til skredsikring.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) å auke løyvinga til Sysselmannen med 300 000 kroner for å sikre større beredskap av lavinehundar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Midlane blei nytta i 2019 til å gjennomføre periodar med hospitering på tre veker med lavinehundekvipasjar frå fastlandet. Målet var å auke beredskapen på Svalbard ved skred og å auke vinterkompetansen til ekvipasjane. Under hospitering i 2019 var ekvipasjane i beredskap for Sysselmannen ved eventuelle snøskred. I tillegg fekk politiavdelinga hos Sysselmannen støtte til daglege gjeremål. Første ekvipasje var godkjend narkotikahund og var mykje nytta i samband med innkomst på flyplassen og kontroll av post som kjem til Svalbard. Ekvipasjane har vidare støtta den lokale gruppa ved Røde Kors med trening av deira hundar.

2.2.1.3 Virusutbrot, smitteverntiltak og konsekvensane for Svalbard

Virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for befolkninga og verksemdene på Svalbard. Longyearbyen er eit lite samfunn, og viktige oppgåver er fordelte på relativt få personar. Eit større utbrot på Svalbard vil kunne skape ein utfordrande situasjon. Ressursar, lokal beredskap og kapasitet er ikkje dimensjonert for å kunne hanskast med ein epidemi over lengre tid, kor mange personar med grunnleggande funksjoner er sjuke samstundes.

Det er viktig å redusere sårbarheit for eit utbrot så mykje som mogleg. Som følgje av dette vart det blant anna innført kvantitative avgrensingar for reiselivet og etablert rutinar for evakuering av smitta personar til fastlandet. Fleire av smitteverntiltaka på fastlandet vart òg brukte på Svalbard.

Dersom ein smittesituasjon oppstår, må ein samstundes ha på plass system for å halde oppe dei viktigaste funksjonane i samfunnet. Som eit ledd i beredskapen blei det 13. mars 2020 innført heimekarantene på 14 dagar for alle som kom til Svalbard via flyplass, hamn eller på annan måte. Karanteneplikta varte til 1. juni 2020. Fleire av smitteverntiltaka på fastlandet blei nytta på Svalbard. Mellom anna blei barnehagane og skulane stengde frå 12. mars. Barnehagane opna att 20. april, mens skulane opna 27. april. Per 18. september 2020 er det ingen kjende tilfelle av viruset på Svalbard.

Regjeringa oppheva restriksjonane for innreise for turistar frå fastlandet 1. juni 2020. Reiselivsnæringa på Svalbard utarbeidde sjølv ein eigen bransjestandard for korleis reiselivet kan drive på ein måte som tek omsyn til smittevern. Det blei vidare opna for at ein frå 15. juni 2020 kunne gjennomføre kyst- og ekspedisjonscruise på Svalbard med maksimum 250 passasjerar om bord. I lys av erfaringar ein gjorde gjennom sommaren 2020, vurderte Helsedirektoratet regelverk og vegvisarar for kystcruise. Frå 2. september 2020 blei det innført forbod mot reiselivsaktivitetar i form av cruise på Svalbard, med unntak for dagscruise og cruise som startar og blir avslutta på Svalbard med fartøy som har inntil 30 personar (mannskap og passasjerar) om bord. Beredskapen, særleg helseberedskapen og den lange evakueringstida til fastlandet, set grenser for kor raskt og i kva omfang reiselivet kan ta opp att aktiviteten.

Reiselivet har vore hardt råka. Som følgje av smitteverntiltak blei det lite aktivitet i store delar av vintersesongen 2020. Sommarsesongen blei sterkt redusert som følgje av ein kraftig nedgang i talet på turistar som kom til Svalbard. Reiselivsnæringa er den største næringa på Svalbard og er ein stor bestillar av varer og tenester frå dei andre næringane. Ringverknadene frå nedgangen i talet på turistar som kjem til Svalbard, har vore store for heile økonomien.

Regjeringa har foreslått fleire tiltak for å bidra til at næringslivet klarar seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet. Sysselsetjing og aktivitet bidrar til at det er mogleg å halde oppe norske samfunn på øygruppa. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn er det avgjerande at reiseliv og anna næringsliv på Svalbard kan halde fram gjennom perioden med redusert aktivitet.

Regjeringa foreslo i Prop. 142 S (2019–2020) ei løyving på 25 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for reiseliv på Svalbard. Ordninga skal gi eit godt grunnlag for å bygge opp att og styrke den seriøse delen av reiselivsnæringa på Svalbard.

Tilskotsordninga skal ha ei brei tilnærming til omstilling. Ordninga skal treffe dei seriøse norske aktørane som, uavhengig av virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka, vil vere sentrale medspelarar i vidareutviklinga av reiseliv og anna næringsverksemd på øygruppa. Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærmare omtale.

2.2.1.4 Tidsavgrensa krisepakke for Svalbard på grunn av konsekvensane frå virusutbrotet

Finanskomiteen skreiv i Innst. 197 S, jf. Prop. 52 S (2019–2020):

«Komiteen er opptatt av at de ekstraordinære tiltakene som nå iverksettes, også må tilpasses for å bistå Svalbard-samfunnet. Som Norges nordligste region ligger Svalbard strategisk plassert i nordområdene med en godt utbygd infrastruktur gjennom bosettingene i Longyearbyen og Ny-Ålesund, i et i utgangspunktet potensielt sårbart og isolert område. Korona-pandemien utgjør en nasjonal krise for hele Norge, men Svalbard-samfunnet står likevel overfor særegne utfordringer. Sammenliknet med andre deler av landet utgjør for eksempel reiselivet en svært stor andel av arbeidsplassene på Svalbard. Komiteen mener derfor regjeringen snarest må legge fram en egen Svalbard-krisepakke for blant annet å sikre livsopphold til personer på Svalbard som blir stående uten inntekt. Krisepakken må være tidsavgrenset og knyttet til korona-smittefaren. Det må forutsettes at personer som har mulighet til å forlate Svalbard, så snart det er mulig reiser hjem, enten til fastlandet eller til sine hjemland».

Stortinget gjorde følgjande oppmodingsvedtak (vedtak 415 av fredag 19. mars 2020):

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en tidsavgrenset krisepakke for Svalbard på grunn av konsekvensene koronaviruset har hatt og vil få for bosetningen på Svalbard.»

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom fleire proposisjonar til Stortinget i 2020 foreslått både å auke eksisterande løyvingar og å løyve midlar til nye tiltak på Svalbard. Blant desse kan ein nemne følgjande:

  • Tilskotsordninga for utanlandske arbeidstakarar. Regjeringa foreslo i Prop. 67 S (2019–2020) å opprette ei eiga, tidsavgrensa tilskotsordning for permitterte utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen som ikkje er omfatta av nasjonale stønadsordningar, til dømes dagpengar. Regjeringa foreslo ei løyving på 7,0 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 216 S (2019–2020). Midlane blei plasserte i svalbardbudsjettet, på kap. 0003 post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Ordninga var tidsavgrensa og innebar at ein kunne gi tilskot til livsopphald og bustøtte etter sosialhjelpsatsar. Ordninga blei forvalta av Longyearbyen lokalstyre og tok slutt 20. juni 2020.

  • Tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) at løyvinga til den tidsavgrensa tilskotsordninga for permitterte utanlandske arbeidstakarar òg skal kunne nyttast til ei tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Ordninga tredde i kraft 7. august 2020 og varer til 15. november 2020. Sjå elles omtale under punkt 2.1.1.3.

  • Auka tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Regjeringa foreslo i Prop. 73 S (2019–2020) og i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med til saman 20,4 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre har hatt utgifter som følgje av handteringa av konsekvensane av virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka, og samstundes ein reduksjon i inntektene av same grunn. Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 233 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020).

  • Auka løyving til skredsikring av Longyearbyen. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga på kap. 0007 Tilfeldige utgifter post 30 Skred og bustadtiltak med 10,0 mill. kroner og å gi Olje- og energidepartementet ei bestillingsfullmakt på inntil 60,0 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). NVE nyttar løyvinga gjennom ei belastningsfullmakt. Den auka løyvinga gjer det mogleg å framskunde arbeidet med skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen. Sjå elles omtale under punkt 2.1.1.3.

  • Lønstilskot for arbeidsgivarar. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å løyve 167,0 mill. kroner i form av eit lønstilskot til område som har nullsats i arbeidsgivaravgifta, tiltakssona som omfattar det tidlegare Finnmark og Nord-Troms, og Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget jf. Innst. 360 S (2019–2020). Løyvinga blei foreslått for å kompensere for at ein elles ikkje får nokon effekt i desse områda av den reduserte arbeidsgivaravgifta som Stortinget vedtok, jf. oppmodingsvedtak 422 og 423. 7 mill. av løyvinga blei tildelte Svalbard. Skatteetaten administrerte kompensasjonsordninga.

  • Støtte for å ta permitterte tilbake i jobb. Regjeringa foreslo i Prop. 131 L (2019–2020) ei mellombels ordning med støtte for at verksemder kan ta permitterte tilbake i jobb. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 364 L (2019–2020). I forskrift til utfylling og gjennomføring av lov om tilskudd ved avbrutt permittering (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet) er ordninga gjort gjeldande for Svalbard, med nokre avgrensingar.

  • Lønskompensasjon til permitterte (dag 3–20), jf. midlertidig forskrift om lønnskompensasjon til permitterte for å avhjelpe konsekvenser av covid-19 (lønnskompensasjonsforskriften), midlertidig forskrift 29. mai 2020 nr. 1102 gjeld òg permitterte på Svalbard, så sant dei er omfatta av permitteringslønslova.

  • Støtte til sjølvstendig næringsdrivande, jf. midlertidig lov om kompensasjonsytelse for selvstendig næringsdrivende og frilansere som har mistet inntekt som følge av utbrudd av covid-19, jf. midlertidig lov 12. juni 2020 nr. 62, gjeld òg på Svalbard.

  • Auka løyving til Sysselmannen for å handtere gjenopning av reiselivet på Svalbard (3,0 mill. kroner). Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å styrkje kapasiteten hjå Sysselmannen for å følgje opp bransjestandarden for reiselivet for å ta hand om omsyn til smittevern. Regjeringa har samstundes foreslått å utstyre eit av helikoptera til Sysselmannen med ein såkalla Epi Shuttle, eit medisinsk transportsystem som gjer det mogleg å transportere smittsame pasientar på forsvarleg vis. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

  • Auka løyving til Statsbygg for vedlikehaldstiltak på Svalbard (8,8 mill. kroner). Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Statsbygg med 8,8 mill. kroner for å gjennomføre vedlikehaldstiltak på Svalbard. Den auka løyvinga og tiltaka vil mellom anna bidra til at ein held oppe økonomisk aktivitet på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

  • Auka løyving til Svalbard Museum (3,0 mill. kroner). Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Svalbard Museum med 3 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

  • Auka løyving til Kings Bay AS (18,0 mill. kroner). Regjeringa foreslo i Prop. 117 S (2019–2020) å auke løyvinga til Kings Bay AS med 18,0 mill. kroner for å kompensere for bortfall av inntekter frå besøkande forskarar. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

  • Etablering av tilskotsordning for reiselivsnæringa på Svalbard (25,0 mill. kroner). Regjeringa foreslo i Prop. 142 S (2019–2020) ei løyving på 25 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for reiseliv på Svalbard.

2.2.2 God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. Alle departement har ei rolle i gjennomføring og utforming av svalbardpolitikken. Forvaltninga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er mellom anna blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til større behov for koordinering mellom ansvarlege styresmakter. Auka aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse fram til 2019. Dette kjem av auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innanfor turisme og forsking.

2.2.2.1 Det interdepartementale polarutvalet

Krava til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så måte. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter «Instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen)» fastsett ved kgl.res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmyndet til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statstråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

2.2.2.2 Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard inneheld ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold talar imot dette eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, mellom anna for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilde tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det nødvendig med tilpassingar, til dømes fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard til dei på fastlandet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

2.2.2.3 Arktisk råd

I Arktisk råd samarbeider alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet blei etablert i 1996. Medlemmane deler på å ha formannskapet to år av gangen. Island har formannskapet frå 2019 til 2021. Russland vil ha formannskapet frå 2021 til 2023. Utanriksdepartementet har ansvar for å koordinere den norske deltakinga i Arktisk råd med dei ansvarlege sektordepartementa.

2.2.3 Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom Ny-Ålesund. Regjeringa vil at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2.3.1 Befolkning, skred og bustadbygging

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette og innbyggjartalet i Longyearbyen. Andre næringar har vore i vekst, til dømes reiseliv. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire vis, med ein større del utlendingar enn tidlegare år.

Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen. Tal frå SSB syner at befolkningsauken i Longyearbyen og Ny-Ålesund til saman var 170 personar i 2019. 116 var nordmenn, mens 54 var utlendingar.2

Personar frå land utanfor EU/EØS-området som oppheld seg på Svalbard, er ikkje omfatta av dagpengeordningane eller økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester. Regjeringa foreslo å etablere ei tidsavgrensa tilskotsordning for å bidra til livsopphald for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen som blei permitterte som følgje av virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka, og som ikkje har rett til dagpengar eller andre tilsvarande ytingar, jf. omtale under punkt 2.1.1.4. Ordninga gjaldt fram til 20. juni 2020.

For å sørgje for at Longyearbyen held fram som eit norsk familiesamfunn, er det nødvendig å leggje til rette for at folk kjenner seg trygge, og at bustadene har ein akseptabel standard. Regjeringa har vurdert forvaltninga av offentleg eigde bustadar i Longyearbyen. Med offentlege meiner ein her bustader som er eigde av Store Norske Boliger (heileigd statsaksjeselskap), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) (heileigd statsaksjeselskap), Statsbygg og Longyearbyen lokalstyre.

Bustadpolitikken skal bidra til å oppretthalde Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ein heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentlig tilsette og statlig kontroll med bustadmassen. Bustadmassen bør ha ein kvalitet og samansetning som er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar.

Regjeringa ønskjer ei effektiv forvaltning av bustadene i Longyearbyen. Ein tek derfor sikte på å redusere offentlege bustadforvaltarar. Regjeringa tek sikte på at Statsbygg og Store Norske Boliger held fram som bustadforvaltarar i Longyearbyen. Regjeringa legg opp til at UNIS sel sine bustadar til Statsbygg. Det vil skje ved eit direkte kjøp og sal til marknadspris mellom UNIS og Statsbygg. Statsbygg vil i 2021 ta over bustadane som UNIS eig på Svalbard. Sjå omtale under 4.8.1 Universitetssenteret på Svalbard og Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet. Justis- og beredskapsdepartementet har innleia dialog med Longyearbyen lokalstyre om forvaltning av Longyearbyen lokalstyre sine bustadar. Det er òg lagt til grunn at Longyearbyen lokalstyre ikkje sel bustadar til private aktørar.

Longyearbyen lokalstyre har planmynde for Longyearbyen arealplanområde. Regjeringa signaliserer at ein ikkje ønsker vekst i den samla bustadmassen i Longyearbyen. Ei eventuell utskifting av bustader bør fortrinnsvis skje gjennom transformasjon og fortetting, og ikkje ved å ta areal utan bygg i bruk.

Regjeringa har bede Statsbygg, Longyearbyen lokalstyre, UNIS og Store Norske Boliger om å etablere eit tettare samarbeidsforum for bustadforvaltninga. Statsbygg har ansvaret for at dette forumet møtest jamleg.

Området Nybyen i Longyearbyen vil ikkje bli prioritert for skredsikring. Kunnskapsdepartementet har derfor lagt som føring i tilskotsbrev for 2020 at studentbustadene som Arktisk Studentsamskipnad i dag eig i Nybyen, må bli tilbakeførte til staten, med sikte på riving.

Statsbygg har ført opp 60 nye bustader i Longyearbyen, jf. omtale i Prop. 1 S (2019–2020).

Regjeringa legg til rette for utflytting av fleire statlege arbeidsplassar til Svalbard. Norsk HelseNett SF har etablert ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar i 2020. Etableringa har vore forseinka på grunn av bustadmangel. Frå 1. april 2020 forvaltar Nærings- og fiskeridepartementet all statleg eigd grunn på Svalbard direkte. Departementet har oppretta to nye stillingar i Nærings- og fiskeridepartementet med fast tilhaldsstad i Longyearbyen.

2.2.3.2 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for leveranse av varme og elektrisitet i Longyearbyen.

Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik for energi er derfor spesielt viktig i Longyearbyen.

Energibehovet i Longyearbyen har auka som følgje av auka aktivitet på Svalbard. Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med straum og fjernvarme, blei sett i drift i 1983 og ber preg av den høge alderen. Vedlikehaldskostnader og risiko for avbrot har auka dei seinare åra. Gruve 7 syter for kolforsyninga til kraftverket som genererer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen. Sjå elles omtale under punkt 4.10.4.

Justis- og beredskapsdepartementet fekk ein risiko- og sårbarheitsanalyse av kolkraftverket frå Longyearbyen lokalstyre i starten av 2020. Analysen blei fagleg vurdert av NVE. Rapporten støttar opp under at risikoen for avbrot og store vedlikehaldskostnader aukar med alderen til kraftverket. Rapporten peikar òg på tiltak for betre drift av kraftverket som Longyearbyen lokalstyre vil følgje opp i dialog med Justis- og beredskapsdepartementet. Analysen viser at forsyningstryggleiken for kraft i Longyearbyen vil vere tilfredsstillande når det nye reservekraftverket er i drift.

I 2019 og 2020 blei det løyvd til saman 27,8 mill. kronar over Svalbardbudsjettet som statleg tilskot til Longyearbyen lokalstyre for å dekkje om lag halvparten av utgiftene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Etter nokre år med for lite reservekraft, vil det nye reservekraftverket medverke til god reservekraftkapasitet i Longyearbyen. Reservekraftverket er venta å vere ferdig ved årsskiftet 2020–2021.

I juli 2020 blei det oppdaga ei større innstrøyming av vatn i indre del av Gruve 7. Vatnet kom frå isbreen Foxfonna, som ligg over Gruve 7. Vatnet gav straumutfall og tilhøyrande pumpestopp. Gruve 7 var på dette tidspunktet i planlagd produksjonsstans som var venta å vere ferdig medio august 2020. Som følgje av innstrøyming av vatn i gruva blir produksjonsstansen utvida, og ein planlegg å starte opp produksjon i løpet av oktober 2020.

Gruva har samtidig kol på lager som inntil vidare sikrar forsyning av kol til kolkraftverket. Dersom stansen i gruva blir langvarig, vil Longyearbyen kunne bli forsynt med kraft både ved hjelp av importert kol og ved bruk av reservekraftanlegga når det nye reservekraftanlegget står ferdig.

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Olje- og energidepartementet har fått ansvar for denne utgreiinga. Som ein del av dette arbeidet blei ei ekstern utgreiing lagd fram i juli 2018. Den eksterne utgreiinga var konsentrert om realistiske alternativ innanfor det tidsperspektivet som dagens energiløysing legg for gjennomføring. I november 2018 heldt Olje- og energidepartementet eit ope innspelsmøte om utgreiinga. På innspelsmøtet kom det òg inn nye forslag til framtidig energiforsyning på Svalbard. Gjennom 2019 og 2020 har Olje- og energidepartementet og NVE arbeidde med å kvalitetssikre utgreiinga og innspela som har kome. Det er òg gjennomført tilleggsvurderingar, mellom anna av energiløysingar i ein overgangsfase mellom det noverande kolkraftverket og ei ny, langsiktig løysing.

Olje- og energidepartementet gjer no grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit mindre utval alternative energiløysingar og kombinasjonar av løysingar. Regjeringa legg til grunn at den framtidige energiforsyninga må vere sikker, berekraftig og kostnadseffektiv. Utgreiinga må bli sett i samanheng med andre aktuelle infrastrukturtiltak på Svalbard som kan påverke lønnsemda til nye alternative energiløysingar. Det er viktig at ein finn ei god felles løysing for energiforsyninga slik at energikostnadene ikkje blir høgare en nødvendig. Kunnskap om dei lokale forholda på Svalbard er viktig. Longyearbyen lokalstyre er involvert i arbeidet.

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande, og etterslep gir raskt høge vedlikehaldskostnader. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor grad frå 1970-åra. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. I 2019 investerte Longyearbyen lokalstyre mellom anna 13,2 mill. kroner i infrastruktur i bustadfeltet Gruvedalen. Middeltemperaturen og nedbørmengda på Svalbard har auka. Varmare klima fører til at meir av nedbøren kjem som regn og ikkje som snø. Auka temperatur i permafrosten fører til eit djupare aktivt lag, meir ustabil grunn under bygningar og i skråningar, auka potensial for erosjon og stor massetransport i elvane. Dette skaper utfordringar for infrastrukturen. Regjeringa foreslo i samband med Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Statsbygg med 8,8 mill. kroner til vedlikehaldstiltak på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

2.2.3.3 Reiseliv

Reiseliv er den største næringa på Svalbard. I 2019 var det registrert totalt 155 turoperatørar med verksemd på Svalbard, mot 130 operatørar i 2018. Av desse har 34 operatørar selskapsadresse i Longyearbyen.

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Visit Svalbard har om lag 80 verksemder som medlemmer, og medlemmene sysselsett om lag 600 årsverk.

Virusutbrotet og dei strenge reiserestriksjonane som blei innførte, ramma reiselivet på Svalbard hardt. Stort sett all reiselivsaktivitet på Svalbard stoppa opp omgåande. Reiselivsnæringa estimerer at dei på det meste permitterte om lag 90 pst. av dei tilsette. Delar av dei nasjonale økonomiske tiltaka bidrog til å hjelpe situasjonen på Svalbard. Samstundes er forholda på Svalbard spesielle, og ikkje alle insentiv som gjeld for fastlandet, er aktuelle for næringa der. Sjølv om det blei opna for reiser frå fastlandet til Svalbard 1. juni 2020, opplevde reiselivsnæringa ein svak sommarsesong. Næringa er avhengig av god inntening i høgsesongen mars–april og juni–august for å dekkje faste utgifter i lågsesongen. Situasjonen vil truleg halde fram med å vere krevjande for fleire aktørar utover i 2021 grunna årets svake vinter- og sommarsesong.

Talet på gjestedøgn auka fram til og med 2019. Frå 2018 til 2019 har det vore ein auke i talet på gjestedøgn på 4,3 pst. Talet på kommersielle gjestedøgn i Longyearbyen i 2019 var 162 949. Frå mars 2020 har det vore ein drastisk reduksjon i talet på gjestedøgn.

Tabell 2.2 Gjestedøgn i Longyearbyen per år

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Gjestedøgn

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

147 600

156 200

162 949

Kjelde:  SSB og Visit Svalbard AS, henta inn frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping

Regjeringa har peika på reiselivet som ei av dei næringane ein ønskjer å leggje til rette for i omstillingsprosessen for Longyearbyen. Regjeringa vil bidra til at reiselivsnæringa har gode og føreseielege rammetilhøve, for å sikre berekraftig utvikling i næringa som bidreg til ei stabil norsk busetjing på Svalbard. Reiselivsnæringa er ein viktig bidragsytar til sysselsetjinga i Longyearbyen, men belastar også lokalsamfunnet og utfordrar den lokale beredskapen. Ikkje minst belastar aktiviteten den sårbare villmarksnaturen, som turistane kjem for å sjå. Det er viktig å syte for at veksten i næringa skjer i tråd med dei føresetnadene som er lagde til grunn i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Nye område har blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil auke i takt med vekst i turisme, fiskeri og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard. Hausten 2019 hadde to ekspedisjonscruiseskip behov for assistanse frå Sysselmannen.

I 2019 melde totalt 17 oversjøiske cruiseskip at dei kom til Longyearbyen. 10 av dei hadde meir enn 1000 passasjerar. Det var ca. 40 000 registrerte passasjerar til Longyearbyen, ein nedgang på ca. 10 pst. frå 2018. I 2019 melde 76 ekspedisjonscruiseskip aktiviteten sin til Sysselmannen. For 2019 viser førebelse tal ein auke på ca. 30 pst. i talet på passasjerar innanfor dette segmentet i forhold til 2018, då talet passasjerar var ca. 17 500. På vegne av Visit Svalbard og Association of Arctic Expedition Cruise Operators (AECO) undersøkte analyseselskapet Epinion forbruket blant cruiseoperatørar som besøkjer Longyearbyen. Undersøkinga viser at ekspedisjonscruise og konvensjonelle cruiseskip bidrog til monaleg lokal verdiskaping, ved kjøp av varer og tenester for meir enn 110 mill. kroner i 2018.

Utviklinga i cruisetrafikken skaper òg utfordringar for tryggleik og beredskap og har ført til endringar i lokalsamfunnet i Longyearbyen. Det er viktig at utviklinga i reiselivet støttar opp om dei overordna måla i svalbardpolitikken. Dei sentrale styresmaktene følgjer derfor med på utviklinga og ser nærmare på moglege tiltak for å dreie utviklinga, og vurderer dei utfordringane kring beredskap og tryggleik som oppstår ved auka aktivitet på Svalbard. Dette inneber å vurdere om det er behov for ytterlegare førebyggjande tiltak. Regjeringa har satt derfor satt ned eit utval som skal sjå på utfordringar for beredskapen knytt til auka cruisetrafikk i norske farvatn.

Klima- og miljødepartementet vurderer endringar i regelverket om forstyrring av isbjørn, ferdsel og leiropphald. Regjeringa er oppteken av at det skal vere kvalitet i reiselivsprodukta framfor å bidra til ei auke i talet på turistar, og kvalitet i reiselivsnæringa, til dømes når det gjeld arbeidsvilkår.

Veksten i reiselivsnæringa på Svalbard og i nordområda vil utfordre helseberedskapen. Cruisetrafikken til Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske på Svalbard og områda rundt enn det helseberedskapen, inkludert evakueringskapasiteten, er dimensjonert for. Det same gjeld store grupper som deltek i risikoutsette reiselivsopplevingar som større skuterturar og ekspedisjonar på store opne hurtiggåande båtar. I høgsesongen skjer desse aktivitetane samtidig, noko som aukar risikoen for fleire ulykker på same tid.

2.2.3.4 Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Trafikken har auka dei siste åra. Kystverket leverte i 2016 ei utgreiing om ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen. Regjeringa la i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 opp til å setje av 300 mill. 2017-kroner til utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen i første del av planperioden.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2021

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2021 er på 570,2 mill. kroner, samanlikna med 566,3 mill. kroner i vedteke budsjett for 2020. Dette er ein auke på 3,9 mill. kroner, dvs. ein auke på 0,7 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2021 er stipulert til 378 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 post 50 Tilskot.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2020 var 385,8 mill. kroner. I samband med Prop. 67 S (2019–2020), jf. Innst. 216 S (2019–2020) (økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet) blei løyvinga auka med 7 mill. kroner. I samband med Prop. 73 S (2019–2020), revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) og Prop. 127 S (2019–2020) blei løyvinga auka med til saman 33,4 mill. kroner. Til saman er løyvinga auka til 426,2 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er løyvinga på kap. 480 post 50 redusert med 7,8 mill. kroner i 2021 samanlikna med saldert budsjett for 2020. Storleiken på løyvinga har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov, til dømes ved skred i 2017 og ved virusutbrotet i 2020.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480 post 50, er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala på kap. 3030. Skatteinntektene for 2021 er budsjetterte til 188,6 mill. kroner. Anslaget for 2020 var på 176,7 mill. kroner. Det er stor usikkerheit i Longyearbyen knytt til dei økonomiske verknadene av virusutbrotet. Ein går ut frå at skatteinngangen i 2020 blir langt lågare enn saldert budsjett for 2020. Skatteinngangen i 2021 vil avhenge av når den økonomiske aktiviteten kjem i gang igjen etter virusutbrotet. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2021.

Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 33,1 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det ein nærmare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2021 er det foreslått løyvt netto 1 181,0 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2020 var 1 137,3 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og sosialdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og sikkerheit

Arbeids- og sosialdepartementet har på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet ansvaret for mellom anna forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og sikkerheitsforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet si tilsynsverksemd på Svalbard blir foreslått styrkt med 1 mill. kroner i 2021 til 1,5 mill. kroner. Arbeidstilsynet skal arbeide for eit sikkert og seriøst arbeidsliv, mellom anna ved å følgje opp at verksemdene tek vare på arbeidsgivaransvaret sitt og arbeider systematisk for forsvarlege arbeidsmiljøforhold. Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard. Gruvedrifta i Svea og Pyramiden er lagd ned, men det er framleis byggje- og anleggsverksemd der som er underlagd mellom anna HMS-regelverket.

Aktivitetane til etaten blir gjorde gjeldande på same måten som for verksemder på fastlandet, men blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har mellom anna retta aktiviteten sin mot gruvedrift/byggje- og anleggsverksemd, og har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen og nye vekstnæringar på Svalbard. Reiselivet har vore ei veksande næring i endring, og kva for aktørar bransjen er sett saman av, har òg endra seg. Arbeidstilsynet har derfor intensivert innsatsen knytt til rettleiing og tilsyn for denne bransjen dei to siste åra. Den samla oppfølginga vil bli ført vidare i 2021.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barneverntiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Oppgåvene til barneverntenesta etter barnevernlova blir utførte av Sysselmannen, med mindre oppgåvene er delegerte til eit representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde blir utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernsstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barneverntiltak som blir sette i verk på fastlandet, då barn på Svalbard ikkje kan plasserast utanfor heimen på Svalbard. Barn som har institusjons- eller fosterheimstiltak blir plasserte på fastlandet. Longyearbyen lokalstyre må betale Bufetat for opphaldet, men får opphaldsutgiftene refunderte av Fylkesmannen i Troms.

Utgiftene til refusjon for barnevernutgifter for Svalbard er rekna til 2,1 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.2 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard og som er medlem av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2-3. I 2021 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 6,1 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstøttelova gjeld for personar som er busette på Svalbard og er medlem i folketrygda jf. kontantstøttelova § 2 og folketrygdlova § 2-3. Det er venta 600 000 kroner i utgifter til kontantstønad for barn busette på Svalbard på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.3 Finansdepartementet

4.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir løn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som til dømes kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er mellom anna å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.3.2 Svalbard skattekontor

Svalbard skattekontor har mellom anna som oppgåve å

  • fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale i punkt 4.3.3

  • rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

4.3.3 Statistisk sentralbyrå

God statistikk er viktig for å kunne ha tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga på Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar som jamleg blir oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekkjer Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

4.4 Helse- og omsorgsdepartementet

4.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord får løyving over statsbudsjettet kap. 732 post 75. Dette inneber at Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal syte for nødvendige helsetenester i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar. Dette skjer i samarbeid med Sysselmannen og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova.

I Barentsburg er det eiga helseteneste. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei veke, slik at situasjonen anten blir avklart for utskriving, eller at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleierteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste. Det er bestemt at det skal opprettast ei stilling for psykolog ved Longyearbyen sjukehus.

Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, vil få desse i heimkommunen sin på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste, akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning med helsepersonell på Sysselmannen sitt redningshelikopter og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har beredskapsplan for større hendingar. Dette gjeld utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar.

Longyearbyen sjukehus har samarbeid med Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE), som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand under vurdering og behandling av pasientar.

Styrkt helseberedskap

Luftambulansetenesta er styrkt gjennom innkjøp av nye ambulansefly, som også dekkjer Svalbard. Luftambulansetenesta HF har lagra noko medisinsk-teknisk utstyr på Svalbard.

Ved større ulykker kan Helsedirektoratet sine avtalar om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land løysast ut med tanke på transport av medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuering av skadde pasientar frå Longyearbyen.

Helsenettet

Norsk HelseNett SF etablerte i august 2020 ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar, jf. omtale under punkt 2.1.3.1 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. I samarbeid med Statsbygg er det på plass mellombels kontorlokale og bustader. I samanheng med etableringa syter Norsk HelseNett i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT for å knyte Longyearbyen sjukehus til det nye stamnettet, noko som styrkjer kapasiteten, sikkerheita og beredskapen vesentleg.

4.5 Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2020–2021) desse måla for miljøpolitikken på Svalbard:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd.

4.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmannen på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen arealplanområde.

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å verne om villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbart for belastninga av ferdsel.

Utfordringar

Klimaendringar får allereie konsekvensar, og vil få større konsekvensar, for både økosystema som blir meir sårbare for ferdsel, og for befolkninga på Svalbard.

Raske klimaendringar gir store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten «Climate in Svalbard 2100» reknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100 for å gje eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing.

Regjeringa vil leggje til rette for ei meir økosystembasert forvaltning også i Arktis i tråd med Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, jf. Innst. 294 S (2015–2016). Innanfor det tverrfaglege forskingsprosjektet SUSTAIN, som er leidd av Universitetet i Oslo, studerer Norsk Polarinstitutt korleis framtidige endringar i klima vil kunne påverke forvaltninga av haustbare arter på Svalbard. Til dømes er reinsdyr ein sentral art i økosystemet på Svalbard, og korleis klimaendringane vil påverke denne arten, vil få konsekvensar også for andre artar, spesielt dei som lever av reinkadaver.

Bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost, og i observasjonar ser ein kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken. Ein auke i temperatur i desse laga, som gjer at dei heile tida frys og tinar, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører også til at dei fleste typar skred vil kunne skje oftare.

I dag endar meir enn halvparten av isbreane på Svalbard inst i fjordarmar, men framtidig smelting vil føre til ein nedgang i talet på slike brear på Svalbard. Fjordisen har generelt minka på vestkysten av Svalbard dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir derfor stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utfluktar. Til dømes har isbjørn i Van Mijenfjorden ført til ferdsel av folk som forstyrrar dyrelivet der.

I nedre Adventdalen er det naturverdiar, særleg fugleliv, som er viktig for både reiselivet og lokalbefolkninga, og som kan ha behov for auka vern.

Framande artar er ein miljøtrussel i Arktis og på Svalbard. Fleire nye artar kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre artar blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skadar på dyr.

Klimaendringane gjer kulturminna meir utsette enn tidlegare. På grunn av auka erosjon, meir nedbør og fukt og høgare temperaturar, auka fare for flaum og skred og fordi grunnen tiner på grunn av mindre permafrost, får mange bygg og andre kulturminne skadar. Ferdsel med ilandstigning på populære stader er òg ei utfordring, med skadar og slitasje på terreng og kulturminne.

Tiltak

Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor framover. Det er òg viktig for reiselivet at dei unike natur- og kulturminneverdiane som trekkjer dei reisande til Svalbard blir tekne vare på.

Oppfølging av oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea er ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga på Svalbard også i 2021. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har utarbeidd avslutningsplanar for dei ulike delane av oppryddinga. Miljøvernstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår for opprydding frå miljøstyresmaktene.

Arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda er prioritert. Verneområda på Svalbard dekkjer om lag 65 pst. av landarealet og 84 pst. av territorialfarvatnet. På Svalbard er det sju nasjonalparkar, 21 naturreservat og eit geotopvernområde. Forvaltningsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene slik at ein tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for dei unike miljøkvalitetane på Svalbard. Samstundes skal dei medverke til lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande.

Sysselmannen har meldt oppstart av arbeidet med forvaltningsplan for Sentral-Spitsbergen, utviding av Nordenskiöld Land nasjonalpark og styrkt vern av nedre Adventdalen. Dette arbeidet vil halde fram i 2021. Døme på tiltak for å skjerme dyrelivet som treng islagde område for å finne mat og få ungar, er at Sysselmannen har innført mellombels ferdselsforbod i delar av fjordområda på vestkysten.

Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard. Ei ny forskrift om forureining og avfall på Svalbard er fastsett av Klima- og miljødepartementet. Sysselmannen vil følge opp arbeidet med å implementere nytt regelverk om forureining. Sysselmannen har i 2020 begynt på ei oversikt over arbeidet med marin forsøpling på Svalbard, basert på behovet for meir kunnskap, aktuelle tiltak og koordinering. Arbeidet med dette vil halde fram i 2021.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevinga, må dei vernast om. Skjøre kulturminne må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, mens andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i kulturminneplanen for Svalbard for 2013–2023. Arbeidet med å revidere kulturminneplanen for Svalbard skal framskundast, og det skal utarbeidast indikatorar for rapportering, slik at ein kan rapportere på det nasjonale miljømålet for kulturminne på Svalbard.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir derfor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet.

4.5.2 Svalbard miljøvernfond

Svalbard miljøvernfond gir tilskot til tiltak for å verne om naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond og vedtekta til fondet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmannen er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Både fondskapitalen og avkastninga blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål om å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekke forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

I 2019 blei det tildelt 18,6 mill. kroner over fondet. Oversikt over tildelingar er å finne på nettsidene til Sysselmannen. På grunn av situasjonen rundt virusutbrotet vil inntekta i 2020 bli lågare enn i 2019 som følgje av færre tilreisande til Svalbard.

Regjeringa foreslår ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbard miljøvernfond på 21,2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ei inntektsløyving på kap. 5578, post 70 Svalbard miljøvernfond på 20,7 mill. kroner.

4.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt tek vare på den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Vidare skal Norsk Polarinstitutt vere kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Det isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» vart overteke frå verftet og sett i operativ drift i 2018. Eigarskapen til båten skal overførast til Norsk Polarinstitutt. Havforskingsinstituttet skal ha ansvar for den daglege drifta. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø. Finansiering og bruk av fartøyet er fordelt mellom Universitetet i Tromsø, Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekke både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagde og opne farvatn til alle årstider.

For 2021 er om lag 131,0 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Meld. St. 32 (2015–2016)] Svalbard slår fast at Ny-Ålesund skal vere ei plattform for internasjonalt forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område. Regjeringa har fastsett ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, og ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund er utarbeidd av Noregs forskingsråd. Forskingsstrategien for Ny-Ålesund gir klare føringar for forskingsverksemda i Ny-Ålesund for å få auka kvalitet, meir samarbeid og deling av ressursane på tvers av institusjonar og nasjonalitetar. Samtidig legg strategien føringar for bruk og utviklinga av bygningsmassen på staden.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene for staten. Eigarskapen medverkar til å halde ved lag norske samfunn på øygruppa.

Målet med den statlege eigarskapen er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen til Kings Bay AS. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

I 2021 vil vidareutvikling og tilrettelegging av bygningsmassen og infrastrukturen til selskapet i samsvar med forskingsstrategien vere ei viktig oppgåve for selskapet. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som har oppgåva med å gjennomføre forskingsstrategien for Ny-Ålesund.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020) Klima- og miljødepartementet å auke drifts- og investeringstilskotet til Kings Bay AS med 12 mill. kroner i 2020, for å sikre at selskapet kan vidareutvikle forskingssamfunnet i samsvar med måla i Svalbardmeldinga og forskingsstrategiane. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 9 S (2019–2020).

På grunn av situasjonen kring virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka, svikta inntektene i Kings Bay AS i 2020. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å auke drifts- og investeringstilskotet til Kings Bay AS med 18 mill. kroner, grunna bortfall av inntekter i 2020 som følgje av virusutbrotet. Dette var naudsynt for å ta vare på viktige svalbardpolitiske målsettingar. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Samstundes måtte selskapet ta i bruk ein stor del av det ordinære drifts- og investeringstilskotet frå Klima- og miljødepartementet for å få dekt underskot i drifta. Dette gjer at planlagde investeringar og vedlikehald har fått eit etterslep. Det er usikkert når selskapet er tilbake i ein normalsituasjon når det gjeld inntekter, og selskapet må difor kontinuerleg vurdere situasjonen og ta grep som sikrar drifta av forskingsstasjonen i Ny-Ålesund.

Regjeringa foreslår ei løyving til Kings Bay AS på kap. 1473 post 70 på 36,0 mill. kroner.

4.5.5 Meteorologiske tenester

Drifta, med unntak av husleige, av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen blir finansiert over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). Det er satt av 20,1 mill. kroner til drifta i 2021.

Utgifter til husleige for Meteorologisk institutt sin del av dei statseigde bygningane på Bjørnøya og Hopen blir finansiert på kap. 0019 på svalbardbudsjettet.

4.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

4.6.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er sysselmannsgarden, post- og bankbygget, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannens administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard er på svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har tre tilsette.

Statsbygg fullførte 60 bustader i Gruvedalen på Svalbard i 2018 og 2019. Samla investeringskostnader til bustader og infrastruktur i Gruvedalsprosjektet er på om lag 390 mill. kroner. Sjå elles Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale.

Statsbygg starta opp arbeidet med ny inngangstunnel for Svalbard Globale frøkvelv i 2018, jf. Prop. 44 S og Innst. 220 S (2017–2018). Prosjektet blei fullført i 2019.

4.6.2 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk opna i 2018 eit nytt geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Arbeidet med å få i gang målingane med dei nye antennene er noko forseinka. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar, målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler endringar på jorda frå verdsrommet og jordplateforskyvingar. Dette gir òg grunnlag for overvaking av havis som smeltar og endringar i havnivå. Eit nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA. Når to år med parallelle målingar med gammalt og nytt anlegg er gjennomført, skal det gamle anlegget ved flystripa rivast. Samla budsjettramme for investeringane er på 355 mill. kroner. Sjå elles Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet.

Løyving til geodetisk observatorium i Ny-Ålesund skjer på kap. 595 Statens kartverk. Regjeringa foreslår ei løyving på post 30 Geodesiobservatoriet på 16,7 mill. kroner. Det er på post 01 Driftsutgifter sett av 10,9 mill. kroner til geodetisk observatorium i Ny-Ålesund i 2021.

4.6.3 Sjømåling

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. Det var i 2019 planlagt å etablere ein korridor rundt Nordaustlandet, men på grunn av istilhøva blei det berre målt i Storfjorden. Samla blei det målt 1936,6 km², som skal givast ut som kart i 2020. Det blei gjennomført fleire målingar på djupt vatn. Desse målingane krev mindre ressursar, og ein fekk målt eit stort areal.

Etter kommunikasjon med Sysselmannen blei det bestemt at den planlagde sjømålinga rundt Svalbard ikkje blir gjennomført i 2020. Målingane vil heller bli gjorde nærmare fastlandet. Dette skriv seg mellom anna frå avgrensinga på medisinsk tilbod i Longyearbyen til å behandle mannskapet på MS «Hydrograf» i tilfelle sjukdom som følgje av smitte.

Løyving til sjømåling skjer på kap. 595 Statens kartverk. Det er satt av 9,7 mill. kroner til Sjømåling Svalbard i 2021.

4.6.4 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit for tenester innanfor post og elektronisk kommunikasjon i Noreg. Nkom gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nkom har inngått samarbeid med Sysselmannen på Svalbard.

4.7 Kulturdepartementet

4.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard Museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum, blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementet sitt budsjett kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Regjeringa foreslår ei løyving på 3,5 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket, jf. Vedlegg 1. 1,5 mill. kroner av forslaget til løyving er ei ekstraordinær løyving for 2021 for å styrke museet og stimulere til auka aktivitet i samband med tiltaka som er innført som følgje av virusutbrotet.

Svalbard Museum har hatt inntektsfall i samband med virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Svalbard Museum med 2,9 mill. kroner på Kulturdepartementet sitt kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

I 2019 hadde Svalbard Museum om lag 48 100 besøk, ein nedgang på 7 pst. frå 2018.

4.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum driv Kunsthall Svalbard i Longyearbyen som eit utstillingslokale og prosjektrom for internasjonal samtidskunst.

4.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Kulturdepartementet skipa 2016, i lag med Fritt Ord og kulturnæringsstiftinga SpareBank 1 Nord-Noreg, stiftinga Artica Svalbard. Formålet med stiftinga er mellom anna å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet, styrkje den kulturelle og kreative næringa på Svalbard og setje søkjelys på kor viktige nordområda er.

Regjeringa foreslår ei løyving på 2,75 mill. kroner til Artica Svalbard på Kulturdepartementet sitt kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene.

4.7.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 180 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335 post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene og blir fastsett i oktober same året. Svalbardposten fekk 520 413 kroner i produksjonstilskot i 2019.

4.8 Kunnskapsdepartementet

4.8.1 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. Senteret er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar også til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar med familiar. Regjeringa foreslår å løyve 36,3 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt kap. 274 post 70.

Statsbygg vil i 2021 ta over bustadane som UNIS eig på Svalbard. Det vil skje ved eit direkte kjøp og sal til marknadspris mellom UNIS og Statsbygg. Ut frå marknadsverdi er det berekna at UNIS, etter nedbetaling av gjeld og skatt, vil ha inntekter på 110,7 mill. kroner som følge av salet. Statsbygg vil tilsvarande få tilført midlar til kjøp, sjå omtale under kap. 2445 post 24 i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til UNIS i 2021 med 110,7 mill. kroner. Løyvinga vil bli justert opp tilsvarande igjen i 2022. Sjå elles omtale i punkt 2.1.3.1.

Målet med tilskotet er at UNIS skal kunne tilby høgare utdanning og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Tilbodet ved UNIS er på universitetsnivå og utgjer eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. Senteret speler også ei sentral rolle i å vidareføre den norske polarforskingstradisjonen, i å utvikle Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

Virusutbrotet og dei påfølgjande smitteverntiltaka har påverka UNIS og moglegheitene UNIS har til å planleggje og gjennomføre haustsemesteret 2020. Til vanleg er målet at om lag halvparten av studentane ved UNIS skal vere frå utlandet og om lag halvparten frå norske fastlandsuniversitet. Mange av lærekreftene kjem også frå fastlandsinstitusjonane.

Med reise- og karantenereglar, stengde grenser og usikkerheit om korleis situasjonen ville utvikle seg, har det vore vanskeleg for UNIS å planleggje haustsemesteret, som korkje der eller hos fastlandsinstitusjonane blir som normalt. Nokre fastlandsuniversitet har avlyst utveksling i haust. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at tilsvarande avgrensingar får innverknad på samarbeidet mellom fastlandsuniversiteta og UNIS. Kunnskapsdepartementet legg også til grunn at UNIS gjer det som etter omstenda er mogleg for å fungere mest mogleg normalt, men at aktiviteten blir annleis som ein direkte konsekvens av virusutbrotet.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Tildeling (mill. kroner)

105,2

112,2

117,9

125,4

124,4

128,9

138,3

136,2

Tilsette (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar)

84 (28)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

106 (43)

90 (39)

91 (40)

Studentar (årsverk)

160

175

190

203

214

222,5

233

245

4.8.2 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. Om lag 25 pst. av norsk polarforsking (om lag 372 mill. kroner i 2019) blir finansiert gjennom Noregs forskingsråd og er fordelt på ulike generelle verkemiddel og handlingsretta program. Av dette er i underkant 30 pst. svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer i underkant av 5 pst. av norsk polarforsking og får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (64,4 mill. kroner i 2020, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (3,1 mill. kroner, kap. 1410, post 51).

Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemd på øygruppa. Svalbard Science Forum (SSF) er eit samarbeidsorgan organisert av Forskingsrådet, der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er medlemmer. Blant desse er Noregs forskingsråd (leiar), Norsk Polarinstitutt, UNIS, Kings Bay AS, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System, Ny-Ålesund Science Managers Committee og Meteorologisk institutt.

SSF er ein reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og gir støtte til internasjonalt samarbeid på Svalbard. Kunnskapsdepartementet fastsette nye, oppdaterte vedtekter for SSF våren 2019.

Databasen Research in Svalbard (RiS) (http://www.researchinsvalbard.no/) inneheld ein oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og havområda rundt og gir oversikt over pågåande forskingsaktivitet i felt.

4.8.3 Regjeringa sin overordna strategi for forsking og høgare utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga for Svalbard generelt og Longyearbyen spesielt. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund.

Regjeringa la i 2018 fram Strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard som set opp overordna rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Oppfølginga går ut på å gjere desse rammene kjende for alle aktuelle aktørar.

Forskingsrådet la fram ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund i april 2019, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee). Norsk Polarinstitutt har ansvar for å setje i verk strategien i Ny-Ålesund.

4.8.4 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskole starta opp hausten 2019 med 46 elevar fordelt på fleire ulike linjer, og har det første driftsåret halde til i mellombelse lokale. Etablering av skulen inneber ein auke i delen fastbuande nordmenn på Svalbard. Skulen har vore stengd på lik linje med andre folkehøgskular sidan 12. mars på grunn av virusutbrotet. Regjeringa foreslår eit samla tilskot i 2021 på 25,1 mill. kroner. 14,4 mill. kroner av tilskotet har skulen krav på etter folkehøgskulelova og 10,6 mill. kroner er det ikkje lovfesta ekstratilskotet som skulen får fordi det er dyrare å drive ein folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. Løyvinga skjer på Kunnskapsdepartementet kap. 253 post 70.

4.8.5 Bygging av studentbustader

Studentbustadene i Nybyen i Longyearbyen ligg i eit område med skredfare. Noregs arktiske studentsamskipnad skal avhende både bustadene i Nybyen og Brakke 4 til staten.

Kunnskapsdepartementet har i 2020 gitt samskipnaden tilsegn om 180 nye hybeleiningar for bygging på Elvesletta. I statsbudsjettet for 2018 vart tilskotssatsen for bygging av studentbustader på Svalbard i 2018 dobla, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Den dobla satsen er vidareført og justert med venta prisvekst til 722 000 kroner i 2020.

4.8.6 Barnehagar

Lov av 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane. Det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms og Finnmark gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som styresmakt for barnehagar.

Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilde utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.8.7 Integrated Earth Arctic Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, det vil seie forsking på samanhengane mellom havstrømmar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. Den årlege tildelinga frå Forskingsrådet er på 11,5 mill. kroner, og finansieringa går førebels ut 2021.

4.8.8 EISCAT

EISCAT er ei internasjonal vitskapeleg stifting som driv fire store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og jorda si øvre atmosfære i dei nordlege delane av Fennoskandia. EISCAT er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. Stiftinga har kontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard. For tida går det for seg ei oppgradering av EISCAT som heiter EISCAT3D. Denne omfattar nye radarstasjonar som skal auke forståinga av partikkelrørsler i tre dimensjonar i den øvre atmosfæren, mellom anna knytt til nordlys. Noregs forskingsråd dekker det norske bidraget til EISCAT3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024. EISCAT har gitt Universitetet i Tromsø i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard, og den nye radarstasjonen som kjem i Skibotn.

4.9 Landbruks- og matdepartementet

4.9.1 Svalbard Globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard Globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard. Frøkvelvet er verdas største sikkerheitslager for frø. Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått frå media og styresmakter i andre land, har medverka til å auke forståinga for kor viktig det er å ta vare på landbruket sitt biologiske mangfald og medverke til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard.

Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Nordisk Genressurssenter (NordGen) står for den faglege drifta.

4.10 Nærings- og fiskeridepartementet

4.10.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard. Sentrale delar av denne grunnen har sidan 2015 blitt forvalta av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) i medhald av leige- og forvaltningsavtala. Nærings- og fiskeridepartementet forvaltar frå 1. april 2020 all statleg eigd grunn på Svalbard direkte. Departementet har oppretta to nye stillingar i Nærings- og fiskeridepartementet, med fast tilhaldsstad i Longyearbyen. Endringa er provenynøytral. Betalingsforpliktingar som staten ved Nærings- og fiskeridepartementet har til SNSK i medhald av leige- og forvaltningsavtala, har med ny organisering falle bort frå 31. mars 2020. Desse midlane, saman med inntekter frå grunnleiga, dekker kostnadene til stillingane med tilhøyrande infrastruktur i Longyearbyen. Sjå elles Prop. 1 S (2020–2021) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

4.10.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925. DMF forvaltar vidare utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard og har tilsyn med opningar av nedlagde gruver. Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for ein langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen er eit av hovudmåla at DMF skal syte for at dei geologiske ressursane på Svalbard blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Dei andre hovudmåla er at DMF skal bruke verkemidla sine slik at forvaltninga av, utvinninga av og arbeidet med mineralressursar er langsiktig, forsvarleg og berekraftig, at verksemda til DMF skal gi god rettleiing til og kommunisere godt med brukarane innanfor verksemdsområdet til etaten, og at verksemda til DMF skal syte for at tidlegare mineralverksemd er forsvarleg sikra, og at det blir gjennomført tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd på heimfalne gruveeigedommar underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein også tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2020–2021).

4.10.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Regjeringa foreslo i samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2018 at Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) si kolverksemd i Svea og Lunckefjell skulle avviklast, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til vedtaket, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samtidig bestemt å setje i gang opprydding i området.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020), etter forslag frå SNSK og på bakgrunn av tilrådingar frå den eksterne kvalitetssikringa, å dele oppryddinga inn i to fasar, dvs. at Lunckefjell (fase 1) blir gjennomført først og deretter Svea (fase 2). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 8 S (2019–2020).

Nærings- og fiskeridepartementet har lagt til grunn at oppryddingsarbeidet i Svea blir delt inn i to delprosjekt, Svea fase 2A og 2B, etter tilrådingar frå SNSK og etter vurdering frå den eksterne kvalitetssikraren (KS2). Oppryddinga i Lunckefjell starta opp våren 2019 og er førebels i rute etter gjeldande tidsplan. Oppryddinga i Svea fase 2A starta opp våren 2020. Nærings- og fiskeridepartementet legg vidare til grunn at planlegginga og kvalitetssikringa av oppryddinga i Svea fase 2B blir sluttført i løpet av 2020, og at oppryddinga i Svea fase 2B etter planen startar opp i 2021 slik selskapet og kvalitetssikraren indikerer. Heile prosjektet er venta ferdigstilt hausten 2024.

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei løyving på 412,8 mill. kroner til SNSK for miljøtiltak i Svea fase 2A og 2B for 2021 på kap. 900 post 31 Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. I tillegg er det fremja forslag om fullmakt til å forplikte staten for inntil 1 171 mill. kroner ut over budsjettåret for gjennomføring av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. Denne fullmakta erstattar dagens fullmakt som handlar om oppryddinga i Lunckefjell (fase 1) og Svea fase 2A. For ytterlegare omtale av Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell viser ein til Nærings- og fiskeridepartementet Prop. 1 S (2020–2021).

4.10.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Statens mål med eigarskapen i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) går fram av Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – bærekraftigverdiskaping. Her står det blant anna at målet er «gjennom drift av Gruve 7 å bidra til at kraftverket i Longyearbyen har tilgang på stabil kullforsyning». Det går også fram at «Gruve 7 […] skal ha effektiv drift».

Gruve 7 står for kolforsyninga til kraftverket som leverer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen.

I Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet vart situasjonen i Gruve 7 skildra. Ein går ut ifrå at det ikkje vil lønne seg økonomisk å drive Gruve 7 vidare, og difor vart det løyvd midlar til gruvedrifta, med tanke på blant anna sysselsetjinga i Longyearbyen og levering av kol til kraftverket, jf. Prop. 52 S (2015–2016). Det vart samstundes lagt til rette for at drifta i Gruve 7 kunne utvidast til to skift. Omlegginga til to skift, som vart gjennomført i 2016, inneber at levetida til Gruve 7 er redusert til om lag ti år, noko som igjen vil påverke drifta av kraftverket. Regjeringa er merksam på dette, og følgjer situasjonen.

Med dagens kolprisar og eit rimeleg overslag på framtidige kolprisar, er det venta at drifta av Gruve 7 vil gå med underskot i åra som kjem. Ein reknar med at det i 2021 må tilførast om lag 35–40 mill. kroner for å møte likviditetsbehovet i Gruve 7. Storleiken på dei årlege underskota vil i stor grad avhenge av utviklinga i kolprisen og av kor lenge gruva skal halde fram.

Nærings- og fiskeridepartementet fremmar forslag om å løyve 40 mill. kroner i tilskot til SNSK i 2021, på kap. 950 post 71, for å dekke dette behovet.

I juli 2020 vart det oppdaga ei større vassinnstrøyming i den indre delen av Gruve 7 frå isbreen som ligg oppå gruva, Fox fonna. Vassinnstrøyming i sommarmånadene er ikkje uvanleg, og Gruve 7 er førebudd på å handtere vatnet med faste pumpesystem og røyrgater. I dette tilfellet var innstrøyminga større enn pumpekapasiteten, og vatnet bygde seg opp mot dagopninga og gjorde gruva utilgjengeleg. Vassmengdene ga straumutfall, og dermed stoppa pumpene.

SNSK sette i gang ein omfattande operasjon for å få ut vatnet. Gruve 7 var på dette tidspunktet i ein planlagd produksjonstans som var venta å vare til medio august 2020. Som følgje av vassinnstrøyminga i gruva blir produksjonsstansen utvida, og ein planlegg å starte opp att produksjonen i løpet av oktober 2020. SNSK har kolreservar på lager til å forsyne kraftverket i Longyearbyen i om lag eit halvt år. Selskapet har tett dialog med dei involverte partane og med departementet om situasjonen.

4.10.5 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av 75 verksemder med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Sjå nærmare omtale i punkt 2.1.3.3.

I 2020 vart det innført omfattande restriksjonar for å unngå spreiing av virusutbrotet til Svalbard. Reiselivsnæringa vart hardt ramma. Visit Svalbard fekk mykje arbeid i samband med nedstenging og gjenopning av reiselivsaktivitet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet slik at reiselivsaktiviteten på øygruppa medverkar til å nå hovudmåla i svalbardpolitikken. Tilskotet skal mellom anna nyttast til å skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området med tanke på vidare politikkutvikling og til fellesoppgåver som drift av heilårleg turistinformasjon, kompetansebygging blant aktørane og opplæring av guidar og turleiarar. Sjå nærmare omtale av reiseliv i punkt 2.1.3.3

Regjeringa foreslår å løyve 3,2 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900 post 74.

4.10.6 Næringsstrategi for Svalbard

Næringsutvikling i Longyearbyen er eit viktig verkemiddel for å nå måla i svalbardpolitikken. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som understøttar måla i svalbardpolitikken. I strategien Innovasjon og næringsutvikling på Svalbard synleggjer regjeringa sin politikk for næringsutvikling i Longyearbyen. Sjå elles nærmare omtale av strategien i Prop. 1 S (2019–2020) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,4 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2021. Forslaget til løyving fordeler seg som følgjer:

Kap. 920 Noregs forskingsråd post 50 Tilskudd til forsking 1,3 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Norge post 80 Næringstiltak Svalbard 2,05 mill. kroner.

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet post 75 Tilskudd til særskilte prosjekter, kan overførast 2,0 mill. kroner.

4.10.7 Romverksemd

Svalbard har ei sentral rolle i norsk romverksemd. Øygruppa har ei geografisk plassering som er gunstig både med tanke på utforsking av atmosfæren og nedlasting av satellittdata. Plasseringa er også grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg er med i romprogrammet til EU, noko som er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, og omsyn til klima og miljø. Regjeringa føreslår å løyve 594 mill. kroner til norsk deltaking i EU sitt romprogram i 2021 på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 922 post 73. Space Norway AS har starta eit prosjekt som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis via satellitt. Regjeringa har gitt tilsegn om kapital for å bidra til å realisere prosjektet.

4.10.8 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt opna i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.10.9 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane er av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

4.11 Olje- og energidepartement

4.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for flaum og skred. NVE kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene — om flom og skred.

NVE oppretta i 2016 ei regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Det er også etablert ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen. Den lokale varslingstenesta vil bli vidareført vinteren 2019/2020.

Longyearbyen lokalstyre har ifølgje beredskapsforskrifta ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir lokalstyret kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak. Oppfølgingstiltak kan vere auka overvaking eller evakuering. Sysselmannen hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmannen vedtek og set i verk ferdselsforbod viss det er aktuelt.

Sjå elles omtale i punkt 2.1.3.1 og kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

4.11.2 Utgreiing om framtidig energiforsyning

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Ei ekstern utgreiing vart lagd fram i juli 2018. I tillegg vart det halde eit ope innspelsmøte i november 2018. Gjennom 2019 og 2020 har Olje- og energidepartementet og NVE arbeidde med å kvalitetssikre utgreiinga og innspela som har kome. Det er òg gjennomført tilleggsvurderingar, mellom anna av energiløysingar i ein overgangsfase mellom det noverande kolkraftverket og ny, langsiktig løysing.

Olje- og energidepartementet gjer no grundigare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit mindre utval alternative energiløysingar, og kombinasjonar av løysingar. Sjå omtale under punkt 2.1.3.2.

4.12 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2021 knytt til plikter på Svalbard.

Svalbard Lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna hadde i 2019 eit overskot på 13,3 mill. kroner. Lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom Fastlands-Noreg og øygruppa i tillegg til lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og samfunna i Ny-Ålesund og Svea. I normalår er det i tillegg mange charterflyoperasjonar mellom Svalbard og europeiske hovudstader. Svalbard lufthamn er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og Fastlands-Noreg og har derfor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2021

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2019, vedteke budsjett for 2020 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2021. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Tala for 2020 viser ikkje endringar som følgjer av endringsproposisjonar i samband med virusutbrotet eller revidert nasjonalbudsjett 2020.

Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2019 finst i Meld. St. 3 (2019–2020) Statsrekneskapen 2019.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Utgifter

526 800

566 333

570 158

Inntekter

197 669

180 525

192 180

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 500

5 500

5 600

1,8

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

165 000

160 016

156 110

-2,4

0004

Tilskot til Svalbard Museum

12 900

13 312

13 700

2,9

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

70 568

71 817

74 500

3,7

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

208 526

224 100

228 557

2,0

0007

Tilfeldige utgifter

36 766

62 250

62 236

0,0

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 911

2 142

2 180

1,8

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 900

1 938

1 976

2,0

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

2 700

3 811

3 811

0,0

0018

Navigasjonsinnretningar

5 331

6 610

5 867

-11,2

0019

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

7 121

7 455

7 591

1,8

0020

Statsbygg, Svalbard

2 119

2 193

2 240

2,1

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

4 457

5 189

5 790

11,6

Sum kategori 06.80

526 800

566 333

570 158

0,7

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Driftsutgifter

302 373

320 586

328 701

2,5

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

36 273

62 008

61 136

-1,4

50–58

Overføringar til andre statsrekneskapar

168 700

163 827

159 921

-2,4

70–89

Overføringar til private

19 453

19 912

20 400

2,5

Sum under departementet

526 800

566 333

570 158

0,7

Tabellen over syner postgruppe for 2019 og 2020 på dei postane løyvinga er plassert på i 2021.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3005

Sysselmannen (jf. kap. 0005)

4 461

3 500

3 300

-5,7

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

1 435

0

0

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

804

0

0

0

3022

Skattekontoret Svalbard (jf. kap. 0022)

320

330

330

0

3030

Skattar og avgifter

190 648

176 695

188 550

6,7

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

305 834

385 808

377 978

-2,0

Sum kategori 06.80

503 502

566 333

570 158

0,7

Fotnotar

1.

Eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE, NORCE og Bjerknessenteret.

2.

SSB Befolkningen på Svalbard.

Til forsida