Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen er den største øya i Noreg. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear. Under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag vart Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og varetek dei statlege interessene der.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at folkemengda i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2023 var på 2 530 personar, ein auke på 1,0 pst. frå året før.

Tabell 1.1 Befolkningstal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

År

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023

Personar

2 152

2 145

2 214

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

Kjelde: SSB. «Befolkningen på Svalbard», https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 11. mai 2023.

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det var registrert til saman 357 fastbuande i Barentsburg og Pyramiden per 1. januar 2023. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2024 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Prioriteringar i 2024

1.3.1 Stortingsmelding om Svalbard

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om Svalbard i 2024. Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard har tidlegare vore lagde fram med om lag åtte til ti års mellomrom. Den siste meldinga vart lagd fram i 2016. Den nye stortingsmeldinga om Svalbard skal leggje grunnlag og føringar for aktiviteten på og forvaltninga av Svalbard i tida framover. Den heilskaplege gjennomgangen vil bidra til ei balansert utvikling innanfor måla for svalbardpolitikken, som er nærmare omtalte i kapittel 2.1. Dei overordna måla for svalbardpolitikken har lege fast gjennom lang tid, og fordrar at verkemiddel blir vurderte, tilpassa, og nytta etter samfunnsutviklinga og etter andre relevante utviklingstrekk.

1.3.1.1 Auka aktivitet

Stortingsmeldinga om Svalbard som regjeringa vil leggje fram i 2024, skal bl.a. ta føre seg nokre hovudutfordringar som har blitt meir aktuelle sidan førre stortingsmelding 2016. Aktiviteten på og rundt Svalbard er i vekst. Veksten skjer samstundes med raske klimaendringar. Blant anna har nye havområde blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. Reiselivsaktiviteten i 2022 var om lag på nivå med toppåret 2019. Veksten i aktivitet fører til press på naturmiljø, infrastruktur, helseberedskap og redningsressursar. I stortingsmeldinga vil regjeringa vurdere utfordringane som den auka aktiviteten fører med seg.

1.3.1.2 Befolkning

Tabell 1.1 syner at innbyggartalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund har vokse kraftig sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram. Det har samstundes vore ein auke i talet på utlendingar i Longyearbyen. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen. Befolkningsutviklinga har òg gitt grobunn for forventingar om eit lokalt tenestetilbod utover det som er tilgjengeleg. Tenestetilbodet i Longyearbyen er avstemd bl.a. mot dei relativt låge skattesatsane for Svalbard, og det faktum at ikkje alle lover som gjeld på fastlandet, gjeld på Svalbard. Tenestetilbodet skal medverke til at Longyearbyen er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar. Samstundes gir svalbardpolitikken føresetnader som inneber at tilbodet i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med Fastlands-Noreg. I meldinga til Stortinget om Svalbard vil regjeringa gjere greie for sitt syn på utviklinga.

1.3.1.3 Statleg eigarskap

Statleg eigarskap til grunn, eigedom og infrastruktur er eitt av staten sine viktigaste verkemiddel i samfunnsutviklinga på Svalbard. Det er vedvarande interesse for Svalbard frå aktørar frå ei rekke land. Interessa kjem til uttrykk bl.a. ved regelmessige besøk til øygruppa, ønske om etablering og samarbeid med norske, lokale aktørar og ved interesse for eigedom og eigarskap til bl.a. infrastruktur.

Regjeringa er opptatt av å sikre norsk eigarskap til bl.a. viktig infrastruktur og eigedom på Svalbard. Kontroll med infrastruktur og eigedom legg bl.a. til rette for langsiktig planlegging og forvaltning, og god forsyningstryggleik. I stortingsmeldinga vil regjeringa foreslå retninga for vidare utvikling i statleg eigarskap på Svalbard.

1.3.2 Andre prioriteringar i 2024

Longyearbyen lokalstyre har ansvar for energiproduksjon i Longyearbyen. Lokalstyret planlegg å leggje ned kolkraftverket i 2023/2024 og erstatte det med dieselkraft. Ein skal gradvis og forsvarleg fase inn meir fornybar energi på sikt.

Oppryddinga etter gruveverksemda i Svea går etter planen og vil vere ferdig hausten 2023.

Regjeringa innførte både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå Svalbard i mai 2022, bl.a. for å gi norske myndigheiter betre moglegheit og evne til å føre kontroll på Svalbard. Kontrollordningane er operative på Svalbard, og gjennomførast av respektive Sysselmeisteren og Tolletaten. Regjeringa vil prioritere å følgje opp dei nye kontrollordningane.

Svalbard er hardt råka av klimaendringane, bl.a. har faren for ekstremvêr og skred auka. Regjeringa foreslår å løyve midlar i 2024 for å gjere ferdig skredsikringa i Vannledningsdalen i Longyearbyen.

For å vareta miljømåla for Svalbard vil regjeringa sjå til at miljøregelverket blir utvikla vidare. Auken i aktivitet utfordrar òg beredskapen på Svalbard, og regjeringa vil derfor arbeide vidare med reglar om tryggleik i felt. Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til forskrift om å innføre beredskapslova på Svalbard.

1.4 Om offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa. Sysselmeisteren er både politimeister og statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalemakta og ansvar for miljøforvaltning.

Sysselmeisteren er leiar både av påtalemakta i politiet og for verksemda elles i politiet. Sysselmeisteren har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.2 om beredskap på Svalbard for nærmare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

Sysselmeisteren er som statsforvaltar òg regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt. Miljøvernoppgåvene til Sysselmeisteren spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I samanheng med dette utfører Sysselmeisteren arbeid med arealplanar der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadsbehandling, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er òg viktige oppgåver for Sysselmeisteren på miljøvernsida.

Sysselmeisteren som statsforvaltar utfører ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren gjer det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

Som følgje av Russland si krigføring i Ukraina er det innført restriktive tiltak mot russiske personar og verksemder og for handel og interaksjonar med russiske motpartar. Norske myndigheiter er opptekne av å bevare ro og orden på Svalbard. Sysselmeisteren varetek sine politioppgåver, redningsberedskap og forvaltningsoppgåver over heile Svalbard. Dei grunnleggjande behova til lokalbefolkninga skal varetakast, og det blir ikkje gjort skilnad mellom ulike grupper utlendingar busette på Svalbard. Sysselmeisteren har jamleg kontakt med det russiske selskapet Trust Arktikugol og generalkonsulatet i Barentsburg gjennom faste kontaktmøte og kontordag i Barentsburg som eit tilbod til lokalbefolkninga. Sysselmeisteren har prioritert ekstra ressursar til kontordagar og patruljering i Barentsburg.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret, er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng, og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum og Svalbard kyrkje får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet, bl.a.:

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

  • Statens kartverk

  • Svalbard globale frøkvelv

  • Norsk helsenett SF

  • Forbrukartilsynet

  • Tolletaten

  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard med lokalt tilsette.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken, og dei overordna måla har lege fast i lang tid, noko Stortinget si behandling av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte. Desse måla er

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla, medverkar til tryggleik for folk i Longyearbyen og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa. Regjeringa vil innanfor dei stortingsforankra måla, vidareutvikle svalbardpolitikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetjing, og som varetek ei berekraftig utvikling i Arktis.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk. Alle departementa har ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 4. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til sine departement på Svalbard som på fastlandet. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Ein føresetnad for god forvaltning av polarområda er at ein ser verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv.

2.2.1 Koordinering av norsk polarpolitikk

2.2.1.1 Det interdepartementale polarutvalet

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i polarpolitikken. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen), fastsett ved kgl.res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

2.2.1.2 Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

Auka aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Stortinget har slutta seg til at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt som på fastlandet, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler imot dette eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I særskilde tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det nødvendig med tilpassingar, t.d. fordi det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard motsvarande dei på fastlandet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

FN sitt tryggingsråd kan vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar, med folkerettsleg bindande verknad. EU vedtar òg restriktive tiltak, som Noreg har slutta opp om med nokre få unntak. EU-sanksjonar som Noreg har slutta opp om gjeld på Svalbard, med mindre noko anna er angitt i den relevante forskrifta. Det er særleg sanksjonane mot Russland som er relevante på Svalbard. Det er innført restriktive tiltak mot russiske personar og verksemder og for handel og interaksjonar med russiske motpartar. Ein utfyllande omtale av tiltaka finst i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet. Sanksjonane mot Russland gjennomførast i forskrift 15. august 2014 nr 1076 om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet («sanksjonsforskrift Ukrainia»).

2.2.1.3 Endringar i regelverk

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. Endringane i regelverk som er omtalte nedanfor, vil leggje til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard held fram.

Forskrift om lokalstyrevalg i Longyearbyen § 2-1 andre ledd vart endra ved kongeleg resolusjon 17. juni 2022 og tok til å gjelde 21. juli 2022. Endringa går ut på at det for andre enn norske statsborgarar skal stillast krav om tre års butid i ein norsk kommune for å kunne ha stemmerett og vere valbar til Longyearbyen lokalstyre. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale.

Forskrift om kontroll av reisende til og fra Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022, sjå pkt. 2.2.2.5.

Forskrift om vareførselskontroll på Svalbard tok til å gjelde 1. januar 2023, sjå punkt 2.2.2.6.

Kunnskapsdepartementet fastsette nye forskrifter med reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen 17. juni 2022. Forskriftene tok til å gjelde 1. august 2022. Sjå punkt 4.8.1 for nærmare omtale.

Pakkereiselova i sin heilskap vart ved kgl.res. 25. november 2022 gjort gjeldande for Svalbard frå 1. januar 2023. Barne- og familiedepartementet er ansvarleg for lova. Tidlegare gjaldt berre reglane om reisegaranti for pakkereiser. At heile lova gjeld, inneber at personar på Svalbard har dei same rettane som personar på fastlandet, utan omsyn til kvar seljaren av pakkereisa er etablert. Desse rettane omfattar bl.a. tydelege krav til ein pakkereiseavtale, reglar om avbestillingar og gebyr, bistandsplikt for arrangøren og reglar om prisavslag og erstatning. Arrangørar som er etablerte på Svalbard, har no dei same pliktene som arrangørar etablerte på fastlandet, utan omsyn til kven dei sel pakkereiser til.

Ferielova tok til å gjelde for Svalbard 1. januar 2022. Innføring av ferielova på Svalbard gir tryggare og meir stabile arbeidsforhold for tilsette på Svalbard. Då ferielova vart innført på slutten av 1980-talet, vurderte departementet det slik at det ikkje var behov for å gjere lova gjeldande på Svalbard. Sidan då har samfunn og næringsliv på Svalbard gått frå å vere prega av éin industri og éi stor verksemd, til å vere meir differensiert, med verksemder i fleire ulike storleikar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard. Saka blir no behandla i departementet.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 29. mars 2023 på høyring eit forslag til forskrift om å gjere beredskapslova gjeldande for Svalbard. Høyringsfristen var 22. mai 2023. Sjå punkt 2.2.2.1 for nærmare omtale.

Forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard var på høyring frå 31. august 2021 til 1. mai 2022. Sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023). Justis- og beredskapsdepartementet arbeider vidare med saken.

Forslag om endringar i svalbardmiljølova med forskrifter som følgje av auka ferdsel var på høyring frå 3. september 2021 til 1. mai 2022. Klima- og miljødepartementet fekk i januar 2023 tilråding frå Miljødirektoratet, og forslaget ligg no til behandling i departementet.

Klima- og miljødepartementet sende 25. november 2022 på høyring eit forslag til endringar i svalbardmiljølova knytte til lovbrotsgebyr, delegeringsheimlar og opprydding etter stans eller opphøyr av verksemd, med høyringsfrist 25. februar 2023. Forslaget ligg til behandling i departementet.

2.2.1.4 Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet

Regjeringa la i desember 2022 fram ei stortingsmelding om nasjonal kontroll og digital motstandskraft. I meldinga viste regjeringa til at det er viktig å tenke langsiktig for å sikre nasjonal kontroll. Nasjonal kontroll bidrar bl.a. til å nå dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken. På Svalbard nyttar ein verkemiddel som ein ikkje nødvendigvis nyttar på same vis på fastlandet. Dette har samanheng med at det er særlege rammer for Svalbard og svalbardpolitikken.

Staten sine viktigaste verkemiddel i samfunnsutviklinga på Svalbard, i tillegg til lovgivinga, er dei heilskaplege meldingane til Stortinget om Svalbard, økonomiske verkemiddel, og ulike formar for statleg eigarskap, bl.a. til eigedom, grunn og infrastruktur.

Staten eig direkte eller indirekte fleire selskap på Svalbard. Blant dei selskapa som er eigd direkte av staten, finn ein Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Universitetssenteret på Svalbard AS, som alle er statsaksjeselskap. Bakgrunnen for staten sitt eigarskap i desse selskapa er bl.a. å bidra til å nå måla for svalbardpolitikken.

Staten eig det meste av grunnen på Svalbard. Sjå punkt 4.10.1 for nærmare omtale av grunnforvaltinga på Svalbard.

Regjeringa er opptatt av å sikre norsk eigarskap til bl.a. viktig infrastruktur og eigedom på Svalbard. Kontroll med infrastruktur og eigedom legg til rette for god forsyningstryggleik for til dømes energi, vatn og mat. Svalbard er ei øygruppe utan større energi- eller vassystem, og den lokale tilgangen av slike tenester er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik er difor spesielt viktig på Svalbard.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å legge til rette for nasjonal kontroll for å nå dei stortingsforankra måla i svalbardpolitikken.

2.2.2 Beredskap på Svalbard

2.2.2.1 Overordna om beredskapen på Svalbard

Dei naturgitte og geografiske føresetnadene til Svalbard gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet. Den lokale beredskapen er god, men han er ikkje dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar legg ein derfor til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Sysselmeisteren skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. instruks for statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl.res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere ikkje-planlagde hendingar som naturkatastrofar, eller planlagde hendingar som kriminalitet og terrorisme. Sysselmeisteren som statsforvaltar leier beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles bilete av risiko og sårbarheit. Målet er ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik. I beredskapsrådet deltek bl.a. Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen sjukehus, Kings Bay AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Visit Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta og er som politimeister òg leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard.

Sysselmeisteren la i 2022 fram ein revidert risiko- og sårbarheitsanalyse for Svalbard (SvalbardROS). Analysen tar for seg dei tre risikoområda naturhendingar, store ulukker og tilsikta handlingar. SvalbardROS er presentert i beredskapsrådet. Analysen handlar om atomhendingar, akutt forureining, ulukker til sjøs, skred, flaum, overvatn og regn på snø, sterk vind og cyberangrep. Analysen har bl.a. kartlagd risikoreduserande tiltak.

Justis- og beredskapsdepartementet har foreslått å innføre beredskapslova på Svalbard. Beredskapslova § 21 slår fast at Kongen kan bestemme at lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard. I utgangspunktet bør det rettslege rammeverket for Svalbard vere det same som på fastlandet. Ei vesentleg del av formålet med beredskapslova er å regulere ulovfesta prinsipp om konstitusjonell naudrett på førehand. Beredskapslova gir rammene for regjeringa sine fullmakter i situasjonar der Stortinget er avskore frå å utøve si verksemd, og inneheld enkelte lovbestemte særordningar. Lova gir òg heimlar for sentrale forskrifter om nasjonalt beredskapssystem.

Regjeringa er opptatt av å sikre norsk eigarskap til bl.a. viktig infrastruktur og eigedom på Svalbard. Sjå punkt 2.2.1.4 for nærmare omtale.

Kostnaden for drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har auka. Sysselmeisteren har måtte avpasse bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2024 prioritere bruk av helikoptera og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.

Større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Det har vore ein monnaleg auke i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard i 2022 samanlikna med åra før. Ein må vente at det kan bli fleire redningsaksjonar i framtida.

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, post 70 Telesikkerhet og -beredskap med 5,0 mill. kroner for å forsterke reservesatellittsambandet mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). Reservesatellittsambandet har vore operativt frå august 2022. Løysinga er i utgangspunktet etablert for tre år. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar midlane.

2.2.2.2 Skred og flaum

Longyearbyen er utsett for snø- og sørpeskred. Det er venta at auka nedbør som regn og auka snø- og bresmelting vil gi fleire og større flaumar, og at snøskred og sørpeskred vil skje oftare i framtida1.

Sysselmeisteren på Svalbard, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis ein kan førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. Sysselmeisteren får i vintersesongen daglege vurderingar av lokal snøskredfare i Longyearbyen. NVE bidreg med dei skredfaglege vurderingane i varslinga. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for bestilling av observasjonane. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, tek avgjerder om evakuering og forbod mot ferdsel ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

Området Lia under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen er særleg utsett for snøskred. Det er løyvd til saman 170 mill. kroner til sikring under Sukkertoppen. Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Arbeidet starta opp i 2019 og blei avslutta i 2023. NVE har hatt ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaka.

Området Nybyen i Longyearbyen vil ikkje bli prioritert for skredsikring. Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Samla kostnad for dette sikringstiltaket er rekna til 90 mill. kroner. Regjeringa foreslår å løyve 35 mill. kroner til den avsluttande delen av sikringstiltaket i 2024. NVE har ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaket.

Sjå elles omtale av svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30, og pkt. 4.11.1 for nærmare omtale av løyvingane til skredsikring.

2.2.2.3 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem. Tilgang på energi er avgjerande for annan infrastruktur. Forsyningstryggleik har derfor svært høg prioritet.

Energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023; Svalbard Energi AS (SEAS). Energiverket gjekk frå å vere ei integrert eining i Longyearbyen lokalstyre til å bli eit heileigd AS under Longyearbyen lokalstyre.

Omstilling til eit sikkert og fornybart energisystem i Longyearbyen

Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med kraft og varme, vart sett i drift i 1983. Kraftverket ber preg av den høge alderen og må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Det vidare arbeidet med ny energiforsyning blir følgt opp av Longyearbyen lokalstyre, i dialog med Justis- og beredskapsdepartementet og Olje- og energidepartementet.

Longyearbyen lokalstyre er etter Svalbardlova ansvarleg for infrastruktur i Longyearbyen når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre, til dømes energiforsyning. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for å etablere ny energiforsyning i Longyearbyen. Lokalstyret har utarbeidd ein energiplan for Longyearbyen som vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet og Olje- og energidepartementet tidleg i mars. I føringane for arbeidet med energiplanen vart Longyearbyen lokalstyre bede om å sjå på korleis overgangen til ei mest mogleg fornybar energiforsyning kan gjennomførast på ein så sikker, skånsam og kostnadseffektiv måte som råd. Departementa og lokalstyret vurderer no den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

2.2.2.4 Kontroll med reisande til og frå Svalbard

Forskrift om kontroll av reisande til og fra Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022. Relevante delar av grenselova er dermed gjorde gjeldande for Svalbard, med nødvendige tilpassingar og føresegner grunngitt i dei særlege kontrollbehova på øygruppa. Stortinget løyvde midlar til kontrollordninga i 2022 og for 2023. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet for nærmare informasjon.

Reisande til og frå Svalbard skal framstille seg for kontroll når det blir kravd av Sysselmeisteren. Under kontrollen skal den reisande gjere greie for identiteten sin med pass som er gyldig for innreise i Noreg. Reisande til og frå Svalbard kan bli kontrollerte når dei kjem til Svalbard eller der dei melder seg eller blir trefte på, og i territorialfarvatnet om bord i sjøfartøy på veg til hamn eller indre farvatn på Svalbard. Sysselmeisteren kan overvake territorialfarvatnet og stadene der reisande kan kontrollerast, for å motverke at personar unndrar seg inn- og utreisekontroll.

Sysselmeisteren har samarbeidd med Avinor om etablering av eit mellombels bygg for å sikre lokale til kontroll med reisande ved Svalbard lufthamn. Bygget vart sett i drift vinteren 2023. Kontroll med reisande i hamna skjer gjennom besøk om bord på båt eller ved kai.

2.2.2.5 Kontroll med vareførselen til og frå Svalbard

Forskrift om vareførselskontroll på Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022, same dag som forskrifta om kontroll av reisande til og frå Svalbard. Forskrifta hadde heimel i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tollova) § 1-3 fjerde ledd. Gjennom forskrifta vart Svalbard etablert som eige tollområde, og tollstyresmaktene fekk heimel til å føre kontroll med varer som blir førte inn til og ut frå Svalbard.

Då ny lov om vareførsel tredde i kraft 1. januar 2023, blei det gitt ei ny forskrift om vareførselskontroll på Svalbard heimla i denne lova. Samstundes blei forskrifta som var gitt med heimel i tollova, oppheva.

Tolletaten starta opp med kontroll med vareførselen på Svalbard i mai 2022. Sjå punkt 4.3.3 for nærmare omtale.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 44,5 mill. kroner på kap. 1610, post 01 og 45 til vareførselskontroll på Svalbard.

2.2.3 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet blir i hovudsak oppfylt gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom Ny-Ålesund. På denne måten skal Longyearbyen vere eit samfunn som medverkar til å oppfylle og støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken. Det er ikkje eit mål at samfunnet skal vekse utover dagens nivå, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Ein konsekvens av dette er at det ikkje er ønskeleg å legge til rette for vekst som gir behov for å gjere større investeringar i ny infrastruktur.

1. januar 2023 var det i følgje SSB registrert 2 530 innbyggarar i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Av desse var 894 utanlandske statsborgarar, noko som utgjer 35,3 pst av befolkninga. Til samanlikning var tala for 1. januar 2022 2 504 innbyggarar kor 875 var utanlandske statsborgarar, noko som utgjorde 35,0 pst av befolkninga.

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har medført ei stor omstilling for Longyearbyen, men har ikkje hatt særleg innverknad på det samla talet på sysselsette eller innbyggjartalet. Samstundes er samansetjinga av befolkninga i endring, med ein større del utlendingar enn tidlegare år.

Longyearbyen er, og skal vere, eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Regjeringa følgjer derfor med på utviklinga i Longyearbyen.

2.2.3.1 Smitteverntiltak og konsekvensane for Svalbard

Sjå Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet, Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet og Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale av virusutbrotet, smitteverntiltak og økonomiske tiltak for Svalbard i perioden.

Gjennom rammetilskotet til kommunane har det vore gitt midlar til å dekke kostnader til koronavaksinering i kommunane. Ettersom Svalbard ikkje er ein kommune, har det vore nødvendig med særskilde løyvingar til Svalbard for å finansiere vaksinering. Regjeringa foreslo å auke løyvinga til Sysselmeisteren i 2022 med 500 000 kroner, mot same reduksjon på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 710, post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, jf. Prop. 51 S (2021–2022). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 119 S (2021–2022).

2.2.3.2 Reiseliv

Reiselivsnæringa er den største næringa på Svalbard, og ein stor bestillar av varer og tenester frå andre næringar. 2022 var prega av gjenoppbygging etter konsekvensane covid-19 hadde for næringa. Talet på gjestedøgn ved kommersielle gjestestader var 148 000 i 2022, ein auke frå 2021 på 87 pst. I 2019, det siste normalåret før covid-19, var tilsvarande tal 161 000. I 2022 var cruiseaktiviteten nesten tilbake til nivået frå 2019. I 2022 kom om lag 43 500 gjester via Longyearbyen hamn, 19 500 frå konvensjonelle cruiseskip og 24 000 frå ekspedisjonscruiseskip. I 2019 var tilsvarande tal 55 000 gjester totalt, fordelte på 39 000 frå konvensjonelle cruiseskip og 16 000 frå ekspedisjonscruiseskip.

Figur 2.2 Seglingar nord for den 79. breiddegraden

Figur 2.2 Seglingar nord for den 79. breiddegraden

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

2.2.3.3 Hamn

I Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) er det førebels teke høgd for 406,0 mill. kroner til prosjektet med å utbetre Longyearbyen hamn for å støtte opp om eksisterande næringsliv og framtidig utvikling i den første seksårsperioden av NTP 2022–2033. Føresetnadene har endra seg, og behova må vurderast på nytt.

2.2.3.4 Bustad

Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Statsbygg har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg har òg ansvaret for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustader til tilsette i offentleg verksemd. Det er eit mål for myndigheitene at det ikkje skal skje vekst i den samla bustadmassen i Longyearbyen. Eventuell utskifting av bustader bør løysast gjennom transformasjon og fortetting. Nye bustader bør ha ein kvalitet og ei samansetjing som medverkar til at Longyearbyen er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar.

Justis- og beredskapsdepartementet har innleidd dialog med Longyearbyen lokalstyre om statleg kjøp av bustadene til Longyearbyen lokalstyre. Det er lagt til grunn at Longyearbyen lokalstyre ikkje sel bustader til private aktørar.

Det er ikkje ønskeleg å legge til rette for ei vekst som raskt utløyser behov for store investeringar i ny infrastruktur. Etablering og vedlikehald av infrastruktur i eit arktisk klima er kostnadskrevjande, og Longyearbyen lokalstyre har allereie utfordringar med å vedlikehalde eksisterande infrastruktur.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2024

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2024 er på 611,9 mill. kroner, samanlikna med 581,9 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2023. Dette er ein auke på 30,0 mill. kroner, dvs. ei endring på 5,2 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2024 er stipulert til 406,5 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 480, post 50 Tilskudd.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2023 var 376,4 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet har ein foreslått å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 30 mill. kroner i 2024 samanlikna med saldert budsjett for 2023. Storleiken på løyvinga har variert frå år til år. Løyvinga har blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov som virusutbrotet i 2020–2021 og i samband med krigen i Ukraina i 2022. I 2022 vart løyvinga auka bl.a. som følgje av eingongsutgifter i samband med at staten hadde inngått kontrakt om ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø med felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480, post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen på kap. 3030. Skatteinntektene for 2024 er budsjetterte til 200 mill. kroner. Anslaget for 2023 var òg på 200 mill. kroner. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2024. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 32,9 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det ein nærmare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2024 er det foreslått å løyve netto 1 283,3 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på kap. 480 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2023 var 1 207,2 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet2

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet ansvaret for bl.a. forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard.

Arbeidstilsynet utøver dei same oppgåvene på Svalbard som på fastlandet, men aktiviteten blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har bl.a. retta aktiviteten sin mot gruvedrift og byggje- og anleggsverksemd, og dei har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen på Svalbard. Arbeidstilsynet planlegg auka tilsynsverksemd samanlikna med nivået i åra før pandemien.

4.1.2 Ferielova og allmenngjeringslova

Ferielova tredde i kraft på Svalbard 1. januar 2022. Sjå nærmare omtale under punkt 2.2.1.3.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard. Saka blir no behandla i departementet.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er etablert med eit kontor i Longyearbyen, som organisatorisk og budsjettmessig er ein del av tilsynet sitt kontor i Tromsø. Dei tilsette ved kontoret er del av ei hospiteringsordning. For tida er det fire hospitantar ved kontoret i Longyearbyen, som medverkar i den samla tenesteproduksjonen til Forbrukartilsynet og hovudsakleg varetek landsdekkjande oppgåver knytte til mekling i klagesaker. Kontoret fungerer òg som kontaktpunkt for det lokale næringslivet på Svalbard og gir rettleiing til forbrukarar som bur i Longyearbyen. Kontoret med hospiteringsordninga har vore i drift sidan 2017.

4.2.2 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om barnevernslovens anvendelse på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som blir sette i verk på fastlandet. Alle krav om refusjon skal fremmast for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2024 rekna til 1,85 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstønadlova gjeld for personar som er busette på Svalbard, og som er medlemmer i folketrygda, jf. kontantstønadlova og folketrygdlova §§ 2–3. Frå august 2024 føreslår regjeringa å forkorte kontantstønadperioden samanlikna med noverande ordning, slik at stønaden held fram dei første sju månadene av stønadperioden og vert avvikla dei fire siste månadene. Med denne endringa kan familiar med barn i alderen 13 til 19 månader, som ikkje nyttar barnehageplass med offentleg driftstilskot, få kontantstønad. Barn i alderen 20 til 23 månader vil ikkje kunne få kontantstønad.

Det er i 2024 venta 0,3 mill. kroner i utgifter til kontantstønad for barn busette på Svalbard på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskudd.

Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre maksprisen for barnehage på 3 000 kroner frå 1. januar 2024. Frå 1. august 2024 foreslår regjeringa å redusere maksprisen med 1 000 kroner per månad. Regjeringa foreslår å løyve 0,5 mill. kroner til dette på kap. 480 kap. 50.

4.2.4 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard, og som er medlemmer av folketrygda, jf. barnetrygdlova og folketrygdlova §§ 2–3. Ifølgje tal frå SSB budde det 464 barn på Svalbard per mai 2023. I 2024 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 7,8 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskudd.

4.3 Finansdepartementet

4.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som t.d. kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er bl.a. å hindre at nokon utnyttar det gunstige skattenivået på Svalbard for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.3.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale i kap. 0022 Skattekontoret Svalbard. Svalbard skattekontor har bl.a. følgjande oppgåver:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • å gi refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale i punkt 4.5.2

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

  • Frå 2023 utfører skattekontoret oppgåver med omregistrering av køyretøy, utstedelse av førarkort og gjennomføring av teoriprøvar for Statens vegvesen. Oppgåvene blei tidlegare gjorde av Sysselmeisteren.

4.3.3 Vareførselskontroll

Tolletaten fekk i mai 2022 heimel til å drive kontroll med vareførselen på Svalbard, jf. Forskrift om vareførselskontroll på Svalbard. Svalbard blei etablert som eige tollområde. Kontrollen starta opp same månad. Då ny lov om vareførsel tredde i kraft 1. januar 2023, blei det òg gitt ei ny forskrift om vareførselskontroll på Svalbard heimla i denne lova.

Kontroll med vareførselen er viktig bl.a. for å hindre grensekryssande kriminalitet og å sikre at Noreg møter våre internasjonale pliktar, mellom anna hindre at Svalbard blir nytta til omgåing av sanksjons- og eksportkontrollregelverket. Tolletaten er etablert på Svalbard, og gjennomfører fysisk kontroll med varesendingar, både i Longyearbyen og i Barentsburg. Dagens kontroll er basert på ei minimumsløysing utan mellom anna dei varslings-, melde- og opplysningsplikter som gjeld på fastlandet. Etter kvart er det nødvendig at tollmyndigheitene får etablert oversikt over aktørane som fører varer inn til og ut frå Svalbard, og får etablert ordningar som sikrar at Tolletaten får tilgang til desse opplysningane. Tolletaten vil i 2024 fortsette arbeidet med å vidareutvikle kontrollen med vareførselen til og frå Svalbard, bl.a. vurdere behov for regelverksutvikling. Det er lagt opp til at kontrollen med tida, med enkelte moglege tilpassingar til dei lokale forholda på Svalbard, i størst mogleg grad bør svare til kontrollen på fastlandet, med dei plikter det inneber for aktørane i vareførselen. Eventuelle forslag til endringar i regelverk vil verte sende på høyring.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 44,5 mill. kroner på kap. 1610, post 01 og 45 til vareførselskontroll på Svalbard.

4.3.4 Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar som jamleg blir oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

4.4 Helse- og omsorgsdepartementet

4.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 732, post 75. Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal sørge for akuttmedisinsk beredskap og andre helsetenester på Svalbard i den grad dette er nødvendig og tilpassa dei lokale forholda. Dette gjeld likevel ikkje helsetenester som arbeidsgivaren pliktar å sørge for etter kgl.res. 7. august 1925 nr. 3767 om bergverksordninga for Spitsbergen (Svalbard). Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar, i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova. I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. Det blir utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa slik at situasjonen blir avklart, anten for utskriving eller for at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet. Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om bl.a. videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE), som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand under vurdering og behandling av pasientar.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste, akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning med anestesilege på Sysselmeisteren sitt redningshelikopter frå Longyearbyen sjukehus, og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har ein beredskaps-plan for større hendingar. Dette gjeld utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar. Longyearbyen sjukehus er knytt til Sysselmeisteren sitt nødkommunikasjonssystem, men ikkje til nødnettet på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, bl.a. allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har tannlegeteneste. Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, skal få desse i heimkommunen sin på fastlandet eller i heimlandet.

Helse Nord RHF er representert i arbeidet i EPPR (emergency prevention preparedness and response), eit arktisk samarbeid for å skape større redundans på behandling i arktiske forhold på tvers av landa i staden for å evakuere pasientane til fastlandet.

4.4.2 Helseberedskap

Luftambulansetenesta sine ambulansefly dekker Svalbard. Tenesta er eigd, organisert og finansiert av dei regionale helseføretaka, som har lagra medisinsk-teknisk utstyr på Svalbard. Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, er det etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, bidra i beredskapen knytt til Svalbard. Ved større ulukker kan Helsedirektoratet sine avtalar om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land løysast ut med tanke på transport av medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuering av skadde pasientar frå Longyearbyen.

4.4.3 Helsenettet

Norsk helsenett SF har ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar. I 2022 flytta Norsk helsenett SF inn i Statens hus i Longyearbyen. I samanheng med etableringa har Norsk helsenett SF i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrkt kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

4.5 Klima- og miljødepartementet

4.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard, med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen planområde.

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal verne om villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er blitt meir sårbare for belastninga frå ferdsel og anna lokal verksemd. Reduksjon av påverknadsfaktorar som ferdsel, naturinngrep, forureining og hausting er den mest effektive, og ofte den einaste moglege, forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard.

Utfordringar og resultat

Målet om å halde omfanget av villmarksprega område på Svalbard ved lag er følgt opp gjennom eit utstrekt vern av område, og strenge reglar når det gjeld nye naturinngrep som kan påverke villmarksprega område. Det har ikkje vore vesentlege reduksjonar av villmarksprega område på Svalbard dei siste tiåra.

Klimaendringane på Svalbard skjer raskt og har allereie merkbare konsekvensar for naturen og kulturmiljøa på Svalbard. Konsekvensane vil bli større etter kvart som temperaturen held fram med å stige og sjøisen minkar. Spesielt utsette er artar som er avhengige av sjøis, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljøet, slik som sjøfugl. Klimaendringane fører med seg endringar i terrenget og vegetasjonen og kan gjere terrenget og vegetasjonen meir sårbare for slitasje frå ferdsel.

Sterk vekst i turisme, særleg cruiseturisme, og forsking på Svalbard over mange år har òg ført til auka belastning på sårbare natur- og kulturmiljø. Det er dokumentert at forstyrring hos fleire artar kan føre til redusert bruk av viktige leveområde. Når isdekket minkar, blir dei fjordområda som framleis har sjøis, viktigare for dyrelivet. Samstundes er desse områda attraktive turmål, noko som kan føre til forstyrring av dyrelivet. Å avgrense forstyrring og påverknad frå lokal verksemd på sårbare artar er såleis ei hovudutfordring.

Dei fleste artane på Svalbard er freda, men det er ope for avgrensa jakt, fangst og fiske på nokre artar. Klimaendringane endrar livsvilkåra for desse artane, noko som gjer det meir krevjande å sikre at dei blir forvalta i samsvar med målet om at naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet. Introduserte, framande artar kan lettare etablere seg når klimaet blir varmare. Dette utgjer ein aukande miljøtrussel i Arktis og på Svalbard.

Forsøpling, særleg plastavfall i havet og på land, er ein vesentleg trussel mot bl.a. dyreliv i nordområda, og kan auke med aukande skipstrafikk. Mikroplastforureininga i Arktis er vesentleg, med særleg høge nivå i is.

Særeigne forhold knytte til vêr, infrastruktur og geografi gjer det praktisk utfordrande og kostnadskrevjande å ta vare på kulturminne på Svalbard. Klimaendringar i form av høgare temperaturar og meir nedbør medverkar til auka kysterosjon. Dette utgjer ein aukande trussel mot kulturmiljø og kulturminne som ligg langs kysten.

Freda bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost. Ein kan måle ein kontinuerleg temperaturauke i dei øvre laga i bakken, og laget som tiner kvar sommar, blir stadig djupare. Dette skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur og forsterkar naturlege nedbrytingsprosessar. Klimaendringar fører òg til at flaum og skred vil kunne skje oftare og påføre bygg og andre kulturminne skade. I grunnen på Svalbard ligg forureining og avfall frå tidlegare tiders gruveverksemd, oljeleiting, deponi, utslepp av PFAS frå brannøvingsfelt m.m. Klimaendringar fører til smelting av permafrosten og auka erosjon, som vidare kan føre til auka utvasking og spreiing av forureining som ligg i grunnen.

Tiltak

Overvaking og forvaltning ser til at ferdsel, hausting og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Vidare utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar er viktig i den samanhengen. Ein gjennomgang av regelverka om hausting og framande artar vil vere ein del av dette.

Forvaltninga vil vurdere om det er aktuelt med tiltak eller overvaking for å følgje med på utviklinga av forureining i grunnen. Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard.

Sysselmeisteren held fram arbeidet med å redusere marin forsøpling på Svalbard. Arbeidet inkluderer kartlegging av avfall og å sjå dette i samanheng med kunnskap om leveområde for sårbare artar.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevingar, må ein verne om dei. Miljømyndigheitene arbeider med å revidere kulturminneplanen for Svalbard. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i planen. Planen skal bl.a. gi grunnlag for prioriteringar som er nødvendige for å nå målet om å sikre dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard. Kartlegging og tilstandsregistrering av staten sine freda hytter på Svalbard er døme på eit viktig arbeid for å få eit betre grunnlag for å prioritere dei tilgjengelege ressursane på området.

Folk som bur på Svalbard, blir òg ramma direkte av klimaendringane, som fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir derfor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegginga tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområda.

4.5.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak som har til formål å beskytte miljøet på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskudd fra Svalbards miljøvernfond, vedtektene til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Fondskapitalen og avkastninga blir i samsvar med svalbardmiljølova § 98 nytta til undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemd, til å rette opp att miljøtilstanden, til tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, og til informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Fondet skal ikkje brukast til å dekke forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

Inntektene til fondet frå miljøavgifta har i 2022 teke seg opp att til 2019-nivå.

Regjeringa foreslår for 2024 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 15,0 mill. kroner.

Kap. 1472, post 50 skal nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Posten er auka med om lag 2,6 mill. kroner fordi talet på reisande til Svalbard er forventa å ta seg opp.

4.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis. Instituttet gir råd til sentralforvaltninga, Miljødirektoratet og Sysselmeisteren på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal bidra til å fremme norske interesser på Svalbard, i Polhavet og i dei nordlege havområda, og skal ta vare på infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt tek hand om den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund, med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område. Instituttet har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund og er kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

For 2024 er om lag 144,0 mill. kroner av forslaget til løyving til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og dei har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene. Eigarskapen medverkar til å understøtte dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund, jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Statens mål som eigar er at drifta, vedlikehaldet og utviklinga av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen til selskapet skjer så effektivt som mogleg, for å leggje til rette for Ny-Ålesund forskingsstasjon som ei norsk plattform for internasjonalt naturvitskapeleg forskingssamarbeid i verdsklasse. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene det er pålagt. Tilskotet skal dekke investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Utviklinga og forvaltninga av bygningsmassen, infrastrukturen og tenestetilbodet i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Innst. 88 S (2016–2017), jf. Meld. St. 32 (2015–2016) og Noregs forskingsråd sin strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon frå 2019.

I 2024 vil framleis vedlikehald og reparasjonar av bygningsmassen og infrastrukturen i Ny-Ålesund vere ei viktig oppgåve for selskapet. Den økonomiske situasjonen til selskapet er krevjande. Forskingsbygga i Ny-Ålesund er hardt ramma av klimaendringane. For at selskapet skal kunne gjennomføre nødvendige investeringar og vedlikehald av bygningar og infrastruktur slik at Ny-Ålesund kan driftast vidare som ein trygg og driftssikker norsk forskingsstasjon, har regjeringa foreslått å auke tilskotet til selskapet varig med 20 mill. kroner innan 2024. I 2024 foreslår regjeringa å løyve 79,2 mill. kroner på kap. 1473 post 70. Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Trepartssamarbeidet om flytransport mellom Lufttransport, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK) og Kings Bay AS tok slutt 1. august 2022 på grunn av nedlegging av gruvedrifta i Svea. Ein ny avtale der Kings Bay AS må bere heile kostnaden sjølv, vart dyrare for selskapet. Frå og med 2023 er heilårseffekten av den nye flytransportavtalen 17 mill. kroner, og tilskotet vart auka tilsvarande. I 2023 har Kings Bay AS forhandla fram ein ny flytransportavtale med Lufttransport FW AS, som skal gjelde frå 1. august 2024 til 1. august 2030.

4.5.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). I 2024 er det foreslått å nytte 20,2 mill. kroner til formålet. jf. Vedlegg 1. Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleiga for staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansierte på kap. 19 på svalbardbudsjettet. Det er foreslått ei løyving på svalbardbudsjettet kap. 19, post 01 på 8,1 mill. kroner.

4.6 Kommunal- og distriktsdepartementet3

4.6.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisteren sitt administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og forskingsbygget til Norsk Polarinstitutt (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard er på svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har ni tilsette. Tre av desse stillingane er finansierte over svalbardbudsjettet.

4.6.2 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk driftar eit geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar og målingar mot kvasarar og måle endringar i det lokale tyngdefeltet og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner.

Observatoriet måler endringar på jorda frå verdsrommet og jordplateforskyvingar. Dette gir òg grunnlag for å overvake havis som smeltar, og endringar i havnivået. Eit nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA, og første del av det nye anlegget vart installert i april 2022.

Ei rekke utgifter er flytta frå 2023 til 2024 på grunn av seinare leveranse av ein vesentleg komponent.

Når to år med tilfredsstillande parallelle målingar med gammal og ny antenne er gjennomførte, skal den gamle antenna ved flystripa rivast. Det er planlagt å rive den i 2023.

Samla budsjettramme for investeringane er på 411,7 mill. 2022-kroner. Midlar til det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Regjeringa foreslår ei løyving på 31,5 mill. kroner på post 30 Geodesiobservatoriet, jf. vedlegg 1. Det er foreslått å løyve 12 mill. kroner til det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund i 2024 på post 01 Driftsutgifter.

4.6.3 Sjømåling

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2022 har det vore utført 70 måledøgn. Farvatna rundt Nordaustlandet har vore prioriterte. For 2024 er det planlagt 70 måledøgn ved Svalbard, som er det ein med sikkerheit kan rekne med å rekkje innanfor den isfrie perioden på Svalbard.

Midlar til sjømåling blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Det er sett av om lag 500 000 kroner til å prosessere og gi ut kart over Svalbard i 2023. Midlane er ikkje øyremerkte.

Regjeringa foreslår tilsvarande at om lag 11,5 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til sjømåling, og til å prosessere og gi ut kart i 2024, jf. vedlegg 1. Auken frå 2023 skuldast at talet på måledøgn etter planen går frå 0 til 70.

4.6.4 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit samarbeider med Sysselmeisteren på Svalbard.

4.6.5 Kartverket på Svalbard

Landkartlegginga på Svalbard ligg til Norsk Polarinstitutt. For matrikkelføringa av eigedommar har Kartverket det same ansvaret som på fastlandet. Kartverket har delteke i eit prosjekt om påliteleg matrikkelføring saman med Longyearbyen lokalstyre. Saman med Polarinstituttet, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Noregs vassdrags- og energidirektorat gjennomfører Kartverket eit prosjekt knytt til kontinuerleg vedlikehald av kartdata og betre høgdegrunnlag. Kartverket sitt bidrag i dette arbeidet er om lag 150 000 kroner.

4.7 Kultur- og likestillingsdepartementet4

4.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Museet er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum, får museet midlar over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

I 2022 hadde Svalbard Museum om lag 44 000 besøkande, ein auke på vel 200 pst. frå 2021, og dermed på same nivå som før covid-19.

For 2023 er det løyvd. 2,1 mill. kroner i ordinært driftstilskot på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett til Svalbard Museum. Regjeringa foreslår ei løyving på 2,2 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket i 2024, jf. vedlegg 1.

4.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum tok i bruk nye og utvida lokale for visuell kunst i Longyearbyen i 2022. Museet har ansvar for programmering for det nystarta Nordover Kunstsenter som opna i november 2022. Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Longyearbyen lokalstyre og Nordnorsk Kunstmuseum.

4.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Formålet med stiftinga er bl.a. å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet og å styrke den kulturelle og kreative næringa på Svalbard. Regjeringa foreslår ei løyving på 3,0 mill. kroner til Artica Svalbard på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1.

4.7.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 230 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala. Svalbardposten fekk 952 000 kroner i produksjonstilskot i 2022

4.8 Kunnskapsdepartementet

4.8.1 Barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1219) og forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1044) vart fastsette ved kgl.res. 17. juni 2022. Dei tok til å gjelde 1. august 2022. Forskriftene vart utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk. Det er viktig at barn og unge i Longyearbyen har eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet, og at tilbodet kan danne grunnlag for den vidare utdanninga og arbeidslivet deira. Samstundes gir svalbardpolitikken føresetnader som inneber at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med Fastlands-Noreg. Forskriftene uttrykkjer balanse mellom desse omsyna.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å nedjustere maksimalprisen i barnehage til 2 000 kroner frå 1. august 2024. Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre maksprisen på 3 000 kroner frå 1. januar 2024. Det blir foreslått å løyve 0,5 mill. kroner til dette over post 480 kap. 50.

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, plikta Longyearbyen lokalstyre har til å ha eit barnehagetilbod, og i kva utstrekning barnehagelova med forskrifter gjeld for barnehagetilbodet i Longyearbyen. Forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, rett og plikt til grunnskuleopplæring og i kva utstrekning opplæringslova med forskrifter gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Forskriftene gjeld for barnehage- og grunnopplæringsverksemd innanfor Longyearbyen arealplanområde.

Midlar til drift av barnehagar og skular på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre.

4.8.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. UNIS vart etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studiar og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. Senteret medverkar òg til å representere og sikre norske interesser i Arktis og skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, med studentar og fastbuande forskarar med familiar.

Målet med tilskotet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske utdanningsinstitusjonar. I 2022 var det studentar frå 46 nasjonar ved UNIS. 45 pst. av studentane kom frå studieprogram ved norske universitet. 31 pst. av studentane ved UNIS i 2022 var norske statsborgarar. Det vart i 2022 utført 208 studentårsverk, som er på same nivå som i 2018. Det var 23 stipendiatar og 4 postdoktorar ved UNIS i 2022. Etter to år med redusert aktivitet, og der det økonomiske handlingsrommet vart nytta til investeringar i forskingsinfrastruktur, var 2022 eit normalår med full drift. Per 31. desember 2022 hadde UNIS 148 tilsette.

Regjeringa foreslår å løyve 168,4 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 274, post 70, jf. vedlegg 1.

4.8.3 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. Om ein ser bort frå store nasjonale investeringar i t.d. forskingsfartøy og -stasjonar, blir om lag 25 pst. av norsk polarforsking (om lag 360 mill. kroner i 2022) finansiert gjennom Noregs forskingsråd. Av dette er i underkant av 30 pst. svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer om lag 5 pst. av norsk polarforsking og får midlar frå Kunnskapsdepartementet (om lag 64 mill. kroner i 2022, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (8 mill. kroner, kap. 1410, post 51). Med den nye porteføljestyringa i Forskingsrådet blir polarforskingsprogrammet sett i samanheng med andre relevante program, særleg program knytte til klima/miljø og hav. Det gjeld òg forsking som skjer på Svalbard, og forsking om Svalbard. Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemda på øygruppa.

Svalbard Science Forum (SSF) er eit verktøy for strategisk, fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard. SSF administrerer to støtteordningar som stimulerer til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard og rekruttering av neste generasjon polarforskarar.

Nettportalen Research in Svalbard (RiS) inneheld ei oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og i havområda rundt. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsaktivitet, og gir oversikt over den forskingsaktiviteten som skjer i felt.

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk. Denne rolla er styrkt i samband med utfasinga av store delar av gruveverksemda. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktivitet i Ny-Ålesund.

Forskingsrådets forskingsstrategi for Ny-Ålesund blir følgd opp av Norsk Polarinstitutt, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee).

4.8.4 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule hadde sitt fjerde driftsår skuleåret 2022–2023 og medverkar til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Hausten 2022 gjekk det 73 elevar ved skulen, ein auke på åtte elevar frå 2021. Skulen har halde til i mellombelse lokale fram til tidleg i 2023. No held skulen til i nye lokale som dei leiger av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Det nye skulebygget, kalla Campus Sjøskrenten, vart offisielt opna 2. mars 2023.

Svalbard folkehøgskule får eit ekstratilskot fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. I 2023 fekk skulen 15,2 mill. kroner i ekstratilskot. Det ordinære tilskotet til Svalbard folkehøgskule i 2024 blir fastsett etter at denne proposisjonen er lagd fram. Det er foreslått å løyve midlane på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 253, post 70, jf. vedlegg 1.

4.8.5 Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) leverer bl.a. tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR).

4.8.6 EISCAT

EISCAT er ein internasjonal vitskapleg organisasjon som driv fire store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og jorda sin øvre atmosfære i dei nordlege delane av Fennoskandia. Medlemmene i EISCAT er forskingsråd og institutt i Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. EISCAT har hovudkontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, Finland, Fastlands-Noreg og på Svalbard. For tida blir det gjennomført ei oppgradering av EISCAT kalla EISCAT_3D. Oppgraderinga omfattar nye radarstasjonar som skal auke forståinga av partikkelrørsler i den øvre atmosfæren, bl.a. knytte til nordlys. EISCAT_3D gjer det mogeleg å studere partikkelrørsler i større område av atmosfæren til same tid. Noregs forskingsråd dekker det norske bidraget til EISCAT_3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024.

4.9 Landbruks- og matdepartementet

4.9.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er verdas største tryggingslager for frø til mat og landbruksformål. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard, og eit kjøleanlegg sørger for at lagringstemperaturen for frøa blir ideell. Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Landbruks- og matdepartementet driftar frøkvelvet saman med partnarane Nordisk Genressurssenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust.

4.10 Nærings- og fiskeridepartementet

4.10.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard, og forvaltar all statleg eigd grunn på Svalbard direkte gjennom lokalt nærvær i Longyearbyen. All bruk av statens grunn på Svalbard krev samtykke frå Nærings- og fiskeridepartementet. Gjennom eigarskap til grunnen kan departementet bidra til å leggje til rette for ei utvikling i tråd med rammene for svalbardpolitikken.

Oppryddinga etter gruvedrifta i Svea og Lunckefjell blir avslutta i 2023. Etter at oppryddinga er avslutta, vil det stå igjen tre bygningar i Svea eigde av Nærings- og fiskeridepartementet. Bygga vil bli stilte til disposisjon for Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) gjennom ein langsiktig leigeavtale. For at UNIS skal kunne nytte bygga til forsking og undervisningsaktivitet, er det gjort enkelte tilpassingar. Utgiftene er rekna til 10 mill. kroner fordelte på 2021 og 2022. UNIS har forplikta seg til å dekke kostnadene til oppgradering i løpet av ti år, med faste årlege avdragsinnbetalingar som blir inntektsførte på kap. 3900, post 03.

4.10.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925. DMF forvaltar òg utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF tildeler utmål, gir råd og rettleiing om og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med pågåande verksemd og med opningar av nedlagde gruver. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).

DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Etter gjeldande praksis skal Sysselmeisteren i slike saker fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument i samråd med DMF.

DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for ein langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen skal DMF sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard i størst mogleg grad blir forvalta og utnytta heilskapleg, i tråd med dei svalbardpolitiske måla og bergverksordninga.

4.10.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Statens mål som eigar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) går fram av Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap — Statens direkte eierskap i selskaper. Her står det bl.a. at målet er «kostnadseffektiv og stabil produksjon av kull til kullkraftverket i Longyearbyen». Drifta av Gruve 7 har gått med underskot dei siste åra, dels grunna låge kolprisar. Stortinget har løyvd tilskot til å dekke underskotet. For 2022 vart det løyvd 51 mill. kroner til formålet. Grunna høgare kolprisar i 2022 enn venta viste det seg å ikkje vere behov for tilskot for 2022 likevel. Løyvinga vart derfor redusert, jf. Prop. 26 S (2022–2023), jf. Innst. 129 S (2022–2023).

Longyearbyen lokalstyre avgjorde hausten 2021 at dagens kolkraftverk skal stengast ned, og lokalstyret sa samstundes opp avtalen med SNSK om levering av kol. Som følgje av dette og den økonomiske situasjonen til Gruve 7 bestemte styret i SNSK våren 2021 at produksjonen i gruva skal avsluttast og oppryddinga av gruva starte så snart kolkraftverket i Longyearbyen er stengt ned. Med bakgrunn i dagens marknadssituasjon for kol kom SNSK i 2022 til semje med ein av dei store industrikundane sine om framleis å levere kol til industriproduksjon fram til sommaren 2025. Avtalen gjer at SNSK får teke ut dei tilgjengelege kolreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag, og at det ikkje er behov for driftstilskot frå staten i resten av driftsperioden.

Samstundes med at drifta i Gruve 7 er forlengd, arbeider SNSK vidare med planlegginga av oppryddinga etter kolverksemda. Dette er ei vesentleg oppgåve for selskapet, og oppryddinga vil bidra til å oppretthalde arbeidsplassar litt lenger. Avviklinga av Gruve 7 blir eit ytterlegare steg på vegen i omstillinga av SNSK. Oppryddingskostnadene og framdrifta vil avhenge av kva krav som blir sette av miljømyndigheitene. Nærings- og fiskeridepartementet avventar styret sine vurderingar av korleis oppryddinga kan gjennomførast på ein effektiv og god måte, irekna storleiken på oppryddingskostnadene og forslag til finansiering.

4.10.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Stortinget har bestemt at kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) i Svea og Lunckefjell skal avviklast, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samstundes bestemt å setje i gang opprydding i området. Målet for oppryddingsprosjektet er at det skal gjennomførast så kostnadseffektivt som mogleg innanfor dei rammene som miljømyndigheitene har sett. Arbeidet er delt opp i tre fasar: Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B. Dei to første fasane er gjennomførte. Oppryddinga i Svea fase 2B starta opp våren 2021 og er venta ferdig hausten 2023.

Regjeringa foreslår ei løyving på 48,3 mill. kroner til SNSK for miljøtiltak i Svea for 2024 på kap. 900, post 31 Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. For nærmare omtale av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell, sjå Nærings- og fiskeridepartementet Prop. 1 S (2023–2024).

4.10.5 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Svalbard Reiselivsråd hadde 84 verksemder som medlemmer ved årsskiftet 2022/2023.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet og å byggje opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken, bl.a. å samle næringa for å utvikle tenlege retningslinjer for reiselivsaktiviteten, skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området, og ta hand om fellesoppgåver som drift av heilårleg turistinformasjon. Tilskotet skal vidare nyttast til implementering av nasjonal politikk om berekraftig reiseliv og opplæring av guidar og turleiarar. Sjå nærmare omtale av reiseliv under punkt 2.2.3.2.

Regjeringa foreslår å løyve 3,5 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 74.

4.10.6 Næringstiltak

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som underbyggjer måla i svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,7 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2024. Forslaget fordeler seg slik:

  • 1,4 mill. kroner på kap. 920 Norges forskningsråd, post 50 Tilskudd til næringsrettet forskning

  • 2,3 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Norge, post 50 Tilskudd til etablerere og virksomheter, inkl. tapsavsetninger

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 75 Tilskudd til særskilte prosjekter, kan overføres.

4.10.7 Romverksemd

Svalbard har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For programperioden 2021–2027 har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Romprogrammet vart teke inn i EØS-avtalen hausten 2021. Norsk deltaking i EU sitt romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Space Norway AS har starta eit prosjekt som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis via satellitt.

Regjeringa foreslår å løyve 886,7 mill. kroner til norsk deltaking i romprogrammet til EU på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

4.10.8 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) i nærleiken av Longyearbyen vart offisielt opna i 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner, og styrer òg desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.10.9 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund er eigd av Andøya Space AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi.

4.11 Olje- og energidepartementet

4.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for førebygging av flaum og skred. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

NVE har regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Det er òg etablert ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen. Den lokale varslingstenesta blir vidareført vinteren 2023–2024.

Longyearbyen lokalstyre har ifølgje forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre eit ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir lokalstyret kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak, t.d. auka overvaking eller evakuering. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod dersom det er aktuelt.

Sjå elles omtale i punkt 2.2.2.2 og kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

4.11.2 Ny energiløysing for Longyearbyen

Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med kraft og varme, må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Longyearbyen lokalstyre har utarbeidd ein energiplan for Longyearbyen som dei overleverte til Justis- og beredskapsdepartementet og Olje- og energidepartementet tidleg i 2023. Departementa og lokalstyret vurderer no den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing. Sjå pkt. 2.2.2.3.1 for nærmare informasjon.

4.12 Samferdselsdepartementet

Posten Bring AS, tidlegare, Posten Noreg AS, utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2024 knytt til plikter på Svalbard.

Svalbard Lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og Fastlands-Noreg og har derfor avgjerande betydning både lokalt og nasjonalt. Frå lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom Fastlands-Noreg og øygruppa, i tillegg til chartertrafikk og lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og samfunna i Ny-Ålesund. Det var lokaltrafikk frå lufthamna til Svea lufthamn fram til denne vart stengd i august 2022. Aktiviteten i Ny-Ålesund har vore noko høgare i 2022 enn i 2021. Forbodet mot charterflygingar vart oppheva i april 2022, og samanlikna med 2019 vart det sommaren 2022 ei dobling av talet på charterflygingar.

Svalbard lufthamn hadde i 2022 eit underskot på 65,6 mill. kroner, samanlikna med eit underskot på 2,7 mill. kroner i 2021 og eit underskot på 1,7 mill. kroner i 2020. I 2019 hadde lufthamna eit overskot på 13,3 mill. kroner. Resultatet for 2022 inkluderer ei avsetning på 99,5 mill. kroner knytt til opprydding av massar forureina med PFAS (per- og poly-fluor-alkyl-stoff, brukt i brannskum ved lufthamna). Dei første månadene av 2022 var prega av redusert trafikk som følgje av covid-19. Resten av året var det auke i talet på passasjerar.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2024

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2022, vedteke budsjett for 2023 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2024. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2022 finst i Meld. St. 3 (2022–2023) Statsrekneskapen 2022.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Utgifter

629 726

581 877

611 921

Inntekter

236 908

205 470

205 373

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Pst. endr. 23/24

0001

Tilskudd til Svalbard kirke

5 650

5 750

6 000

4,3

0003

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

160 290

165 180

174 200

5,5

0004

Tilskudd til Svalbard Museum

14 000

14 420

14 900

3,3

0005

Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

88 028

86 195

90 100

4,5

0006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

291 844

245 160

258 000

5,2

0007

Tilfeldige utgifter

42 970

36 100

38 200

5,8

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 310

2 260

2 400

6,2

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

2 205

2 240

2 450

9,4

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

3 800

3 900

4 100

5,1

0018

Navigasjonsinnretninger

2 672

4 340

4 500

3,7

0019

Meteorologisk institutt – husleie Bjørnøya og Hopen

7 516

7 782

8 100

4,1

0020

Statsbygg, Svalbard

2 306

2 340

2 400

2,6

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

6 135

6 210

6 570

5,8

Sum kategori 06.80

629 726

581 877

611 921

5,2

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Pst. endr. 23/24

01–23

Driftsutgifter

402 616

356 127

374 121

5,1

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

42 350

36 500

38 600

5,8

50–58

Overføringer til andre statsregnskaper

164 090

169 080

178 300

5,5

70–89

Overføringer til private

20 671

20 170

20 900

3,6

Sum under departementet

629 726

581 877

611 921

5,2

Tabellen ovanfor syner postgruppe for 2022 på dei postane løyvinga er plassert på i 2024.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Pst. endr. 22/23

3005

Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

7 563

3 300

3 300

0

3006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

1 751

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

540

270

0

0

3030

Skatter og avgifter

227 054

201 400

201 571

0,1

3035

Tilskudd fra statsbudsjettet

391 268

376 407

406 548

8,0

Sum kategori 06.80

628 175

581 877

611 921

5,2

Fotnotar

1.

Klimaprofil for Longyearbyen, Norsk klimaservicesenter 2019

2.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Arbeids- og sosialdepartementet.

3.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

4.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Kulturdepartementet.

Til forsida