Del 1
Innleiande del

1 Hovudoppgåver og organisering

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet blei oppretta med verknad frå 1. januar 2024. Departementet skal sikre eit høgt tempo på digitalisering i Noreg og bidra til å styrkje staten og samfunnet si evne til å utnytte potensialet og handtere utfordringane som digital teknologi skapar. Departementet har eit pådrivaransvar og ei samordningsrolle i dette arbeidet. Befolkningas tillit til bruken av digitale løysingar i det offentlege er avgjerande, og departementet skal arbeide målretta for å sikre at alle skal med, òg digitalt.

Departementet skal gjennom forvaltningspolitikken bidra til god og effektiv styring av fellesskapet sine ressursar og ein betre offentleg sektor til fordel for befolkninga, næringslivet og frivillig sektor. Departementet skal bidra til vidareutvikling av ein effektiv og høgt kompetent statleg sektor.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for fornying av offentleg sektor, digitaliseringspolitikk, elektronisk kommunikasjon og digital infrastruktur, nytt nødnett, oppfølging av berekraftsmåla, personvern, statleg arbeidsgivarpolitikk, sikkerheit og fellestenester for departementa, overordna ansvar for statlege bygg og statsforvaltarane og budsjettet for kongehuset.

Departementet har etatsstyringsansvaret for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, Statsforvaltaren og Statsforvaltarens fellestenester. I tillegg har departementet ansvaret for eigarstyringa av Norid AS, styring og forvaltning av departementet sine løyvingar til Noregs forskingsråd og det administrative ansvaret for Personvernnemnda. Vidare får Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Statens pensjonskasse oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets organisering i 2026:

Figur 1.1 Organisasjonskart for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med underliggande etatar og tilknytte verksemder

Figur 1.1 Organisasjonskart for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med underliggande etatar og tilknytte verksemder

2 Hovudprioriteringar

Noreg står overfor ei rekke utfordringar som utgjer bakteppet for regjeringa sine prioriteringar. I tida framover er det venta ein aukande mangel på arbeidskraft i takt med at befolkninga blir eldre. Vi vil få auka behov for helse- og omsorgstenester samstundes som det vil bli relativt færre som kan produsere desse tenestene, og vi vil få større konkurranse om arbeidskrafta. For å møte utfordringane må vi jobbe systematisk på brei front. Vi må få fleire i arbeid, vi må jobbe smartare, bygge kompetanse og vi må ta i bruk ny teknologi. Vi vil truleg òg måtte nedprioritere enkelte oppgåver til fordel for viktigare oppgåver og tiltak.

Dei aller fleste land har sidan 2008 opplevd ein nedgang i produktivitetsveksten. Dette gjeld òg Noreg. Dersom vi klarar å snu denne utviklinga og auke produktivitetsveksten, kan vi frigjere arbeidskraft utan at omfanget og kvaliteten på tenestene blir redusert. Dette vil redusere underskotet på arbeidskraft og i stor grad sette oss i stand til å handtere problema som følgjer av framtidige demografiske endringar.

Viktige verkemiddel i arbeidet med å auke produktiviteten er innovasjon og bruk av ny teknologi og nye arbeidsmåtar. Digitalisering, bruk av kunstig intelligens og automatisering ved hjelp av robotar (robotisering) kan både auke produktiviteten og løfte kvaliteten på det som blir produsert.

Erfaringane så langt viser at produktivitetsgevinstane i hovudsak har blitt nytta til betre tenester, og ikkje færre tilsette eller innsparingar. Framover må produktivitetsauken i større grad takast ut i form av færre tilsette eller redusert behov for nytilsettingar.

Noreg har gode forutsetningar for å lykkast med digitalisering, kunstig intelligens og andre djupe teknologiar. Vi har ei digitalt moden befolkning, ein solid digital infrastruktur, ein sterk og digitalisert offentleg sektor, tilgang på ei rekke data av høg kvalitet og verdsleiande kompetanse på ei rekke områder som til dømes innan energi, helse og det maritime.

Den enkelte verksemda må kontinuerleg vurdere moglege effektiviseringstiltak. Samstundes må offentleg sektor òg bli flinkare til å jobbe på tvers av sektorar. Vi er gode kvar for oss, men best saman, som det heiter i strategien for departementsfellesskapet Gode hver for oss. Best sammen.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det overordna ansvaret for koordinering av digitaliserings- og forvaltningspolitikken. I pkt. 2.1 gjer vi greie for pågåande og planlagde tiltak for auka digitalisering og bruk av teknologi som kunstig intelligens til det beste for samfunnet. I pkt. 2.2 gjer vi greie for arbeidet med tiltak for å effektivisere forvaltninga.

2.1 Eit digitalisert samfunn for alle

Digitalisering skal bidra til gode tenester for innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor, uansett kvar i landet ein bur. Digitalisering skal òg vere eit verktøy for å jobbe smartare i offentleg sektor. Regjeringa stakar i den nasjonale digitaliseringsstrategien Fremtidens digitale Norge – nasjonal digitaliseringsstrategi 2024–2030 ut retninga for den vidare digitaliseringa av Noreg. Målet med strategien er at vi skal bli det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. Det skal vi oppnå mellom anna gjennom sterkare styring og samordning av politikken, slik at vi utnyttar potensialet i digitaliseringa fullt ut. Ei førebels kartlegging som blei gjennomført før sommaren 2025, viser at regjeringa er godt i gang med arbeidet for å oppnå måla i digitaliseringsstrategien. Av dei 123 tiltaka i strategien er 99 igangsett, 6 fullført og 18 ikkje starta opp, sjå figur 2.1.

Figur 2.1 Status for dei 123 tiltaka i digitaliseringsstrategien

Figur 2.1 Status for dei 123 tiltaka i digitaliseringsstrategien

Noreg er eit av verdas mest digitale land. Figur 2.2 viser at OECD sin Digital Government Index1 plasserer Noreg som det fjerde best digitaliserte blant OECD-landa. Indeksen er sett saman av ei rekke indikatorar for innsatsen styresmaktene har gjort for å bygge det nødvendige grunnlaget for ei samanhengande, menneskeorientert digital omforming av offentleg sektor. På FN sin E-Government Development Index2 finn vi Noreg på 15. plass i verda – tilnærma med same poengsum som Sverige og New Zealand. Om ein samanliknar blant dei europeiske landa i same indeks, ligg Noreg på 9. plass. Danmark ligg på topp i verda, framfor Island og Finland.

Figur 2.2 OECD Digital Government Index, 2022

Figur 2.2 OECD Digital Government Index, 2022

Kilde: OECD (2022), Survey on Digital Government 2.0

Noreg er i front i verda på brukarretta digitalisering. Eit viktig aspekt ved brukarretta digitalisering er digitale løysingar som er enkle å bruke og som dekker dei reelle behova og ønska til brukaren. Eit anna aspekt er innovasjon for å betre arbeidsprosessar, auka effektivitet og å skape nye moglegheiter og tenester. Noreg skårar òg høgt på utbreiing av og kvalitet på digital infrastruktur i internasjonale samanlikningar. Noreg har med andre ord gode føresetnader for å digitalisere for auka velferd, innovasjon, næringsutvikling og verdiskaping over heile landet.

I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 blir kamp om arbeidskraft og behov for omstilling løfta fram som viktige samfunnsutfordringar. Regjeringa sin digitaliseringsstrategi speglar dette utfordringsbiletet og peikar mellom anna på ei aldrande befolkning, mangel på kompetent arbeidskraft, miljøutfordringar og sikkerheit. I omstillinga er digitalisering og bruk av ny teknologi sentrale verkemiddel for å løyse fleire av dei samfunnsutfordringane Noreg står overfor, særleg den aukande mangelen på arbeidskraft. Digital omstilling gjer det mogleg å effektivisere offentleg sektor, auke nytta for brukarane og frigjere ressursar.

Regjeringa ønskjer å tilby stadig betre tenester til innbyggarane og næringslivet. Det er over mange år investert store summar i digitalisering av offentleg verksemd og tenester, og store ressursar går til forvaltning, drift og vedlikehald av den digitale porteføljen. Kunstig intelligens byr på eit nytt stort potensial for meir effektiv bruk av arbeidskraft og for nye og betre tenester frå det offentlege. Store delar av effektiviseringspotensialet ved digitalisering av analoge prosessar er truleg utnytta, men det finst framleis rom for vidare forbetring gjennom meir avansert teknologi og meir radikal omlegging av arbeidsprosessar. Ein vesentleg del av digitaliseringsinvesteringane i dag gjeld utskifting av gamle og utdaterte system. Gammal og utdatert teknologi representerer ein risiko for offentlege tenester, og hindrar både utvikling av nye og forbetring av eksisterande tenester.

Vi må få meir igjen for det vi brukar til digitalisering i tida framover. Når digitalisering gjer det mogleg å frigjere arbeidskraft, må vi sørgje for at desse gevinstane faktisk blir realiserte. Vi må sjå etter om det kan jobbast smartare på tvers av sektorar og verksemder, og ikkje lage løysingar for same behov fleire gongar. Vi må evne å ta i bruk teknologi til å frigjere ressursar og endre tenestekjeder, og til dømes legge til rette for samanhengande tenester.

I digitaliseringsstrategien er forsterka styring og samordning definert som eit strategisk mål. For å nå målet må vi ta i bruk verkemiddel innan organisering, finansiering, regelverk og kompetansebygging. Ressursane må styrast mot dei områda der behovet er størst, og der innsatsen gir størst samfunnsnytte. Det er innført ein ny delprosess i budsjettprosessen der dei ulike forslaga til digitaliseringstiltak sjåast i samanheng og blir målt ut frå modnad, samfunnsøkonomisk gevinst og samsvar med digitaliseringsstrategien og digitaliseringsfaglege krav og føringar. Dette gir viktig kunnskap for å satse på dei riktige digitaliseringstiltaka.

Regjeringa vil sørgje for ei heilskapleg, langsiktig og meir strategisk prioritering av digitaliseringstiltak i offentleg sektor. Med utgangspunkt i eit godt kunnskapsgrunnlag om digitaliseringsarbeidet i sektorane skal prioriteringane bygge på faglege tilrådingar, konsistente og transparente kriterium og ha eit fleirårig perspektiv. Målet er å sikre at ressursane blir retta mot dei områda med størst behov og som gir størst samfunnsnytte.

Datasenter og mobil- og breibandnett (elektroniske kommunikasjonsnett) utgjer den digitale grunnmuren i Noreg, og er ein føresetnad for digitale løysingar og tenester på tvers av alle sektorar. Ein sikker, framtidsretta og tilgjengeleg digital grunnmur i heile landet er derfor avgjerande for å nå måla på digitaliseringsområdet. Noreg ligg langt framme i internasjonal målestokk med gode og sikre elektroniske kommunikasjonsnett. Likevel er det behov for betydeleg innsats framover.

Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder skal ha tilbod om breiband med hastigheit på minst 100 megabit per sekund (Mbit/s) nedlastingshastigheit og 10 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025, og tilbod om minst 1 gigabit per sekund (1 000 Mbit/s) nedlastingshastigheit og 100 Mbit/s opplastingshastigheit i 2030. Utbygginga går raskt og dekningsgraden aukar for kvart år. Tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at 99,1 pst. av husstandane hadde tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit ved utgangen av 2024, og dermed er regjeringa nære ved å nå målet om full dekning for denne hastigheita innan utgangen av 2025. Om lag 30 000 nye husstandar har fått eller vil få høghastigheitsbreiband gjennom den offentlege støtteordninga frå 2022 til 2025. Vidare hadde 96,2 pst. av husstandane tilbod om gigabit-breiband ved utgangen av 2024, medan 94,8 pst. av dei aktive verksemdene hadde det. I tettbygde strøk hadde 98,8 pst. av husstandane gigabit-tilbod, medan 82,4 pst. i spreiddbygde strøk hadde det. Sjølv om tala er høge, er det framleis betydelege geografiske forskjellar i breibanddekning. Det viktigaste verkemiddelet for å nå alle med raskt breiband er å legge til rette for kommersiell utbygging. Samstundes foreslår regjeringa i budsjettforslaget for 2026 midlar til utbygging i område utan kommersielt grunnlag for utbygging.

Den teknologiske utviklinga går raskt og 5G-utbygginga held fram. Ved utgangen av 2024 hadde 99,7 pst. av husstandane tilbod om 5G der dei bur, og 69,8 pst. av desse med hastigheit på over 100 Mbit/s. Regjeringa vil legge til rette for vidare utvikling og utbygging av mobilnetta der folk bur, jobbar og ferdast, mellom anna gjennom frekvensforvaltninga. Mobilnetta, og særleg 5G, mogleggjer saman med sensorar som kommuniserer med internett (tinga sitt internett, IoT) og kunstig intelligens nye løysingar for auka produktivitet og reduserte klimautslepp i industrien, gjennom forbetring og automatisering av prosessar. Noreg har òg fått eit breibandstilbod frå lågbanesatellittar. Saman med fullføringa av 5G-utbygginga, gir dette auka tilgjengelegheit og bidrar til eit breibandstilbod med god kapasitet mange plassar, særleg i spreiddbygde strøk.

Dekning for (tilbod om):

Dekning ved utgangen av 2024:

100 Mbit/s (husstandar)

99,1 pst.

100 Mbit/s (verksemder)

98,9 pst.

1 Gbit/s (husstandar)

96,2 pst.

1 Gbit/s (verksemder)

94,8 pst.

5G (basisdekning, husstander)

99,7 pst.

5G (100 Mbit/s, husstander)

69,8 pst.

Det er avgjerande for Noregs beredskapsevne at netta er sikre og robuste. Både Nasjonal sikkerhetsstrategi og Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen – Forberedt på kriser og krig vektlegg den store betydinga mobil- og breibandnett har for motstandskraft i krise og krig. Den nye ekomlova, som tredde i kraft frå 2025, legg mellom anna til rette for ei ytterlegare styrking av sikkerheita og robustheita i nett og tenester, og regulerer datasenter for første gang. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp sikkerheit og beredskap både etter ekomlova og sikkerheitslova, mellom anna gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing.

Regjeringa la i september 2025 fram Nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur – elektronisk kommunikasjon i fred, krise og krig. Regjeringa foreslår å auke innsatsen kraftig for å redusere sårbarheiter og heve motstandskrafta i den digitale infrastrukturen. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til telesikkerheit og -beredskap betydeleg i 2026, til totalt 421,2 mill. kroner. Dette skal mellom anna bidra til å forsere utbygginga av forsterka mobildekning i kommunane for auka beredskap for lokal kriseleiing og befolkninga elles. Vidare vil regjeringa auke innsatsen på å styrkje infrastrukturen i sårbare regionar, basert på grundige og systematiske risiko- og sårbarheitsanalysar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i samarbeid med ei rekke aktørar. Samla skal midlane til breiband og telesikkerheit og -beredskap bidra til ein tilgjengeleg og sikker digital grunnmur i ein ny sikkerheitspolitisk situasjon, og legge til rette for gode og trygge digitale tenester og løysingar i privat og offentleg sektor.

Sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastruktur på sokkelen er auka. Fiberforbindelsen til Svalbard er styrka. Det blir foreslått å auke løyvinga til styrka reserveløysing for kommunikasjon til Svalbard, noko som gjer kommunikasjon til og frå Svalbard meir robust. Vidare er løysinga for prioritetsabonnement for brukarar med samfunnsviktige oppgåver oppgradert til 4G og 5G.

Ein annan grunnleggande føresetnad for gode og trygge digitale tenester og løysingar, inkludert utvikling og bruk av mogleggjerande teknologiar, er datasenter. Datasenter er kritisk digital infrastruktur og datasenter som ligg i Noreg, saman med ein god og robust nasjonal digital grunnmur generelt, legg til rette for at kritiske digitale tenester kan produserast nasjonalt framfor i utlandet. Regjeringa la i juni 2025 fram strategien Datasenternæringa – ei berekraftig framtidsnæring for det digitale Noreg, som fokuserer på mål og tiltak for å sikre at datasenternæringa bidrar til verdiskaping og arbeidsplassar, og til eit sikrare og meir førebudd Noreg, og at næringa er berekraftig og bidrar til ei grønare framtid i Noreg. Eit av hovudmåla i den nye datasenterstrategien er at Noreg skal vere attraktivt for dei datasenteretableringane som bidrar til samla verdiskaping, auka sikkerheit og varetaking av norske interesser. Datasenter bidrar til sysselsetting og arbeidsplassar både direkte og indirekte. Datasenteretableringar kan variere i storleik, men i nokre tilfelle kan bygginga av eit datasenter skape fleire hundre arbeidsplassar, som ofte blir fordelt på ulike lokale underleverandørar. Etter at eit datasenter har komme i drift, bidrar det til sysselsetting ved å skape arbeidsplassar både i sjølve datasenteret og i tilknyting til det, og gjennom det private forbruket blant dei direkte og indirekte sysselsette. Eventuelt forbruk frå forretningsverksemd knytt til datasenteret bidrar òg.

Ei sterkare samordning på tvers av sektorane vil gi moglegheit for å realisere stordriftsfordelar og meir samanhengande tenester for innbyggarane og næringslivet. For å lykkast må vi ha strukturar og prosedyrar på tvers som forpliktar til samarbeid og felles prioriteringar. Fleire digitale fellessystem skal bidra til effektiv digitalisering i offentleg sektor, til dømes ID-porten, Digital postkasse til innbyggarane og Kontakt- og reservasjonsregisteret som skal gi ei samordna og brukarretta digitalisering. Rapporten Samfunnsøkonomisk utredning av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløsninger frå Oslo Economics viste at digitale fellesløysingar sparte samfunnet for meir enn 993 mill. kroner berre i 2024.

Altinn er ei viktig fellesløysing for digital dialog mellom offentlege etatar, næringsliv og privatpersonar. Altinn bidrar til effektivisering og har gjennom forenkla innrapportering og digital dialog spart næringslivet og offentleg sektor for over 13 mrd. kroner over dei ti siste åra. For å sikre eit framtidsretta og sikkert Altinn, er det etablert eit program, Nye Altinn, med Digitaliseringsdirektoratet, Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistera som skal modernisere Altinn-plattforma. Den nye plattforma skal vareta krava til sikkerheit, regulatoriske rammevilkår, etterleving av personvern og tenesteeigarane sine funksjonelle behov. Programmet skal òg flytte tenester frå Altinn II til den moderniserte plattforma. I dette arbeidet er det viktig å vareta behov for ei forsvarleg drift og forvaltning av løysinga. I 2024 blei det vedtatt ei kostnadsramme på 1 267 mill. kroner for heile programmet i programperioden ut 2026, jf. Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og Innst. 447 S (2023–2024).

Kunstig intelligens har på kort tid satt sitt preg på samfunnet. Teknologien skapar moglegheiter og utfordringar vi ikkje har sett tidlegare. Ved hjelp av kunstig intelligens er det mogleg å forbetre tenester, løysingar og arbeidsprosessar. I tråd med målsettingane i regjeringa si digitaliseringsstrategi blir norske verksemder i både offentleg og privat sektor oppmoda til ta i bruk kunstig intelligens for å realisere potensialet teknologien har for effektivisering, kvalitetsforbetring og innovasjon. Strategien peikar på at kunstig intelligens skal nyttast som eit verktøy for å møte store samfunnsutfordringar og styrkje både verdiskaping og tenesteutvikling. Regjeringa har gitt Forskingsrådet i oppdrag å greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, behovet for ein nasjonal infrastruktur og korleis ein nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens bør organiserast og finansierast. Regjeringa foreslår å løyve 90 mill. kroner til realiseringa av eit første steg i denne infrastrukturen, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet. Dette er viktig for å styrkje både forskinga, samfunnssikkerheita og konkurranseevna til Noreg. Regjeringa har òg initiert arbeidet med å etablere ein nasjonal infrastruktur for trening og tilgjengeleggjering av norske og samiske språkmodellar, inkludert tilgang til nødvendig reknekraft for utvikling og drift av slike grunnmodellar. Denne satsinga blir i 2026 foreslått auka med 45 mill. kroner til ein kompensasjonsordning for rettshavarar til data som modellane skal trenast på, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Regjeringa følgjer den internasjonale utviklinga på kunstig intelligens tett, særleg på regelverksområdet. Det er eit klart mål å innlemme EUs forordning om kunstig intelligens (KI-forordninga) i norsk rett så raskt som mogleg. Regjeringa tar sikte på at forslag til lov om kunstig intelligens (KI-lova), som var på høyring hausten 2025, skal tre i kraft i Noreg samstundes med hovuddelen av EUs KI-forordning seinsommaren 2026. For at dette skal skje, må forordninga bli innlemma i EØS-avtalen, noko som krev samtykke frå Stortinget.

Regjeringa vil legge til rette for at Noreg utnyttar moglegheitene som ligg i bruk av ny teknologi, kunstig intelligens og data, til å skape meir verdi, betre tenester og ein sterkare velferdsstat – på ein berekraftig måte. Regjeringa prioriterer derfor å etablere eit myndigheitsapparat for handheving av reglane for kunstig intelligens. Myndigheitsapparatet skal vere etablert og operativt frå tidspunktet ny lov om kunstig intelligens trer i kraft. Regjeringa vil legge til rette for ansvarleg innovasjon med kunstig intelligens, og opprettar KI Noreg – den nasjonale arenaen for ansvarleg innovasjon, utvikling og bruk av kunstig intelligens. KI Noreg skal vere ei eiga eining i Digitaliseringsdirektoratet, og regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til KI Noreg. Sjå nærare omtale under programkategori 01.40.

Det er òg viktig å ha gode rammevilkår som støttar deling og bruk av offentlege data. Betre utnytting av offentlege data kan bidra til effektivisering og innovasjon i offentleg sektor, næringsutvikling og verdiskaping, og eit opent og demokratisk samfunn. Vidarebruksutvalet leverte den offentlege utgreiinga NOU 2024: 14 Med lov skal data deles til departementet i juni 2024. Utgreiinga var på høyring hausten 2024, og regjeringa følgjer no opp utgreiinga og planlegg å legge fram eit lovforslag for Stortinget i løpet av 2025. Lova skal gjere det enklare å finne og ta i bruk offentlege data til å skape betre tenester, meir innovasjon og næringsutvikling.

Nasjonal strategi for eID i offentleg sektor set mål om at alle skal bli inkludert og kunne delta i det digitale samfunnet, mellom anna gjennom gode løysingar for fullmakt og representasjon. Digitaliseringsdirektoratet arbeider med ei digital fullmaktsløysing. Støtte for verjemål i Altinn skal vere klar innan utgangen av 2025, og ein heilskapleg fullmaktsløysing skal etter planen vere klar innan utgangen av 2028. Dette skal legge til rette for at ikkje-digitale brukarar kan la andre representere seg i digitale tenester. I 2026 foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner til arbeidet med fullmaktsløysinga, noko som vil sikre ferdigstillinga av ein nasjonal, heilskapleg løysing. I tillegg foreslår regjeringa 5 mill. kroner til å gjere ferdig og rulle ut ein teknisk løysing for å utferde MinID i skulen, inkludert å gi opplæring og hjelp til skolepersonell og ungdom så dei kan ta MinID i bruk. Ungdom treng eID mellom anna når dei skal søkje vidaregåande utdanning. Ved å ta i bruk eit tilpassa opplæringsopplegg vil skulen sørgje for å gi elevar og lærarar kompetanse i trygg bruk av eID og digitale tenester. Tiltaket har grunnlag i vellykka pilotprosjekt i utvalde skular i Oslo. Tildeling av eID til ungdom kan òg nyttast til aldersverifisering i sosiale medium.

Samstundes går det føre seg eit arbeid for å sikre at flest mogleg av dei som ønskjer det kan få eID på høgt sikkerheitsnivå. Dette arbeidet inngår i regjeringa sitt arbeid med å gjennomføre den reviderte eIDAS-forordninga i norsk rett og legge til rette for at staten skal kunne tilby innbyggarane ei digital lommebok, som mellom anna kan innehalde ein eID på høgt sikkerheitsnivå. Vi blir stadig meir avhengige av digitale løysingar og tenester frå både offentlege og private tenestetilbydarar. Mange av tenestene er avhengige av at det blir samla inn og behandla personopplysningar. Det er avgjerande for innbyggarane sin tillit til forvaltninga at dei kan stole på at desse opplysningane blir behandla på ein trygg og god måte. Gode digitale løysingar tek vare på brukarane sitt personvern på ein god måte. Offentleg sektor må ta eit særleg ansvar mellom anna gjennom å sikre innebygd personvern i sine løysingar.

Ny teknologi og digital omstilling gjer det mogleg å effektivisere offentleg sektor, forbetre brukartilpassing og frigjere ressursar. Ved å automatisere rutineoppgåver kan offentlege verksemder oppretthalde tenestenivået utan å auke bemanninga, og frigjere tilsette til meir krevjande oppgåver, føresett at gevinstpotensialet blir henta ut. Døme på teknologi som kan vere personellsparande, er velferdsteknologi og robotisering av administrative funksjonar.

Digitaliseringsdirektoratet har arbeidd eksperimentelt med utvikling av ein kunnskapsassistent som nyttar kunstig intelligens. Målet er å utnytte opne data ved hjelp av den offentlege dokumentsamlinga Kudos, som er utvikla av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Kunnskapsassistenten vil gi nye måtar å arbeide med kunnskapsutvikling i offentleg sektor. Det er inngått ei intensjonsavtale med Digitaliseringsorganisasjonen til departementa for å undersøkje og planlegge utprøving av kunnskapsassistenten i departementa og vurdere mogleg skalering.

Regjeringa har tatt viktige grep for å legge til rette for deling og bruk av offentlege data. Ei utgreiing frå vidarebruksutvalet blir no følgd opp slik at det skal bli enklare å finne og ta i bruk offentlege data.

Regjeringa arbeider for å beskytte norske brukarar, særleg barn og unge, på nett. Regjeringa har sendt forslag til lov om digitale tenester på høyring. Den nye lova vil gjennomføre EUs forordning om digitale tenester (DSA) i norsk rett. Lovforslaget skal sikre at norske forbrukarar får auka beskyttelse på nett. DSA skal førebygge ulovlege og skadelege aktivitetar på internett og motvirke spreiing av desinformasjon.

Regjeringa har òg sendt på høyring forslag til lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium. Her foreslår regjeringa å innføre ei absolutt aldersgrense på 15 år for bruk av sosiale medium, og at det regulerast i eigen lov. Hensikta er å beskytte barn og unge mot moglege skadeverknader ved bruk av sosiale medium, mellom anna kriminalitet.

Regjeringa arbeider òg for rammevilkåra for utviklinga av internett langs andre spor. I juni 2025 arrangerte Noreg Internet Governance Forum. I gjennomføringa av arrangementet blei verdiar som menneskerettar, ytringsfridom og personvern haldne høgt.

Om lag 1,6 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2026

Regjeringa foreslår ei offensiv satsing på digitalisering, og opprettheld eit høgt digitaliseringstempo. Budsjettforslaget til regjeringa inneber om lag 1,6 mrd. kroner til nye digitaliseringstiltak i 2026, jf. tabell 2.1. Regjeringa sitt forslag til satsingar og omprioriteringar vil gjere det mogleg å realisere digitaliseringstiltak som vil bidra til forenkling og effektivisering i offentleg sektor, betre offentlege tenester og auka IT-sikkerheit.

Budsjettforslaget viser at regjeringa satsar stort på digitalisering på tvers av alle sektorar.

Dei seinare åra har det blitt investert betydelege summar over statsbudsjettet til digitalisering. Dette gjeld både investeringar i nye og betre tenester til innbyggarar og næringsliv, betre og meir effektive prosessar i, og mellom, offentlege etatar, så vel som – og ikkje minst – erstatning og utbetring av gamle og utdaterte system for å sikre fortsett funksjonalitet, ta ned risiko ved digitale angrep og legge til rette for vidare utvikling av digitale tenester. Digitale løysingar krev òg mykje ressursar i verksemdene knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.

Ei rekke prosjekt blir gjennomførte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til verksemdene. I tillegg til dei nye digitaliseringstiltaka omtalte i tabellen og nedanfor, blir allereie vedtekne digitaliseringssatsingar på fleire sentrale område vidareførte.

Her er eit utval pågåande og gjennomførte tiltak som synleggjer breidden i digitaliseringa:

Schengen IT-systema er ein del av Noreg sine forpliktingar gjennom Schengen-avtala og Dublinavtala. Systema skal styrkje grensekontroll, informasjonsdeling og sikkerheit i Schengen-området. Schengen IT-systema inkluderer informasjonsdelingsplattforma Schengen Information System (SIS), visumregister, fingeravtrykkregister, interoperabilitet, inn- og utreisesystem og framreisesystem. Samla kostnadsramme er på om lag 3,6 mrd. kroner.

Digitaliseringsprogrammet Fremtidens innkreving og ny innkrevingslov (frå 2026) skal gjere innkreving enklare og meir effektivt for innbyggarar, verksemder, stat og kommune. I perioden 2022–2025 har det blitt løyvd 1,9 mrd. kroner til programmet.

Det statlege teknologiselskapet Entur skal gjere det enklare å velje kollektivtransport i heile Noreg. I perioden 2022–2025 har det blitt løyvd over 500 mill. kroner til selskapet. Målet er at dei reisande skal få ein enklare og meir saumlaus reisekvardag, og at aktørane i transportsektoren skal få betre data som grunnlag for å styre trafikk, utnytte kapasitet, handtere avvik og forbetre transportplanlegginga.

På ungdomsportalen ung.no kan barn og unge finne tilpassa informasjon, bruke spørjetenesta for å få svar på det dei lurer på eller finne ulike hjelpetenester på chat eller telefon. Dei kan òg bruke sjølvhjelpetenester eller digitale tenester som Helsestasjon for ungdom, gjennom tenesta «Hjelp nær deg». DigiUng og ung.no er eit breitt samarbeid mellom fleire departement og har resultert i at barn og unge lettare får informasjon dei treng og at nye tenester er tilgjengeleg via ung.no.

Kunnskapssektorens datafellesskap blei oppretta i 2022 og har i den siste fireårsperioden blitt finansiert med totalt 65 mill. kroner. Programmet har som mål å betre tilhøva for delinga og bruk av data innanfor kunnskapssektoren og mellom kunnskapssektoren og andre sektorar. Meir vidarebruk og gjenbruk av data skal mellom anna betre vilkåra for forsking, gi effektiviseringsgevinstar og betre grunnlaget for politiske avgjersler.

Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og Norsk helsearkiv på Tynset (Arkivverket) har bygd opp berekraftige kompetansemiljø for digitalisering av norsk kulturarv. I 2025 blei løyvinga til Nasjonalbiblioteket og Arkivverket auka med 20 mill. kroner kvar til å opprette om lag 20 nye arbeidsplassar i Mo i Rana og opptil 15 nye arbeidsplassar på Tynset for at verdifull kulturarv kan bli digitalisert og gjort tilgjengeleg i eit raskare tempo. Digitaliseringa er avgjerande for at kulturarvmateriale ikkje skal gå tapt for ettertida. Satsinga bidrar òg til å sikre statlege arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Dette er godt nytt for lokalmiljøa på Tynset og i Mo i Rana.

Tabell 2.1 Nye digitaliseringstiltak i 2026

Departement

Kort omtale av tiltaket

Forslag

(i mill. kr)

DFD

Telesikkerheit og beredskap

421,2

NFD

Secure Connectivity

184,9

AID

Prosjekt 5 – modernisering av pensjons- og uføreområdet i Arbeids- og velferdsetaten

114,0

DFD

Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme)

113,5

DFD

Nytt nødnett

100,0

SD

Statens vegvesen – drift og forvaltning av nye IT-system og -infrastruktur, og auka sikkerheit mot digitale angrep

100,0

FIN

Fremtidens tollbehandling

90,0

KD

Nasjonal infrastruktur for tungrekning

90,0

KDD

Fellesløysingar for geografisk infrastruktur

47,0

KD

Modernisering av IT-systema i Lånekassen

45,0

KUD

Vederlagsordning for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale i trening av norske og samiske språkmodellar

45,0

DFD

Utbygging av høghastigheits breiband

34,1

AID

Automatiske trekk av fagforeiningskontingent i ytingar i Arbeids- og velferdsetaten

30,0

DFD

Ny KI-lov, tilsyn, regulatorisk sandkasse og KI Noreg

30,0

JD

Forprosjekt for nasjonal skyteneste

30,0

KDD

Forenkle og digitalisere plan- og byggesaksprosessane

25,0

BFD

Digitale tilsynsverktøy – forbrukarvernet til barn

15,0

DFD

Digital inkludering

15,0

BFD

Nytt saksbehandlingssystem for familievernet

13,0

AID

Eit enklare Nav – systemutvikling

10,0

JD

Digitalisering i domstolane

10,0

Sum

1 562,7

1 Medfinansieringsordninga dekker berre halve investeringskostnaden, resten må søkjarverksemda finne rom for innanfor eiga ramme. Løyvinga til medfinansieringsordninga i 2026 vil kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringar med samla budsjett på minst 227 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til telesikkerheit og -beredskap betydeleg i 2026, til totalt 421,2 mill. kroner. Sjå nærare omtale på side 13.

Nedanfor følgjer ein kort omtale av enkelte av dei andre tiltaka i tabellen. Tiltaka er nærare omtalt i budsjettproposisjonane til dei enkelte departementa.

Regjeringa foreslår å løyve 47 mill. kroner til vidareutvikling av Kartverkets fellesløysingar for geografisk informasjon. Forslaget inneber ei løyving på 489 mill. kroner over 5 år til modernisering av løysingane. Desse løysingane understøtter sentrale samfunnsfunksjonar som sikkerheit og beredskap, klima og miljø, plan- og byggesaksbehandling, samferdsle og privat næringsverksemd. Moderniseringa vil gi betre datakvalitet, gjere det enklare for brukarar å ta i bruk og dele geografisk data, og IT-sikkerheita vil auke. Tiltaket vil gi meir effektiv saksbehandling, betre klimatilpassing, styrka beredskapsevne hos Forsvaret og sivile beredskapsmyndigheiter og auka innovasjon i privat sektor.

Regjeringa foreslår å løyve 45 mill. kroner til ein vederlagsordning for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale i trening av norske og samiske språkmodellar. Midlane skal gå til ei avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Mediebedriftenes Landsforening om vederlag for at Nasjonalbiblioteket kan bruke aviser til å trene språkmodellar. Satsinga heng saman med oppdraget Nasjonalbiblioteket fekk av regjeringa i 2025 om å trene, oppdatere og gjere tilgjengeleg norske og samiske språkmodellar. Oppdraget er sentralt i etableringa av ein nasjonal infrastruktur for kunstig intelligens, som er eitt av tiltaka i digitaliseringsstrategien.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Forbrukartilsynet med 15 mill. kroner for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy. Tiltaket er sentralt i regjeringa sitt arbeid med å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst, og følgjer opp regjeringa si gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium.

Regjeringa foreslår 380 mill. kroner over to år til auka kapasitet på tungrekning, som ein del av tiltaket om nasjonal infrastruktur for tungrekning. Infrastrukturen skal ta utgangspunkt i vidareutvikling av Sigma2 og byggast opp gradvis, med første fase i perioden 2026–2027. 90 mill. kroner blir foreslått løyvd i 2026, og same beløp vil bli foreslått vidareført i 2027-budsjettet. 200 mill. kroner blir foreslått tildelt gjennom øyremerking av tilsegnsramma for 2026-budsjettet på Kunnskapsdepartementets tilskuddspost til Forskingsrådet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet.

Regjeringa foreslår ein auke på 184,9 mill. kroner til norsk deltaking i EUs nye program for sikker satellittbasert myndigheitskommunikasjon (Secure Connectivity). Programmet skal sørgje for sikker og robust satellittbasert breibandkommunikasjon globalt, med låg forsinking og høg kapasitet. Tenestene skal betre tilgangen til sikre kommunikasjonstenester i mellom anna Europa, Arktis, Atlanterhavet og Afrika. Sjølv om tenesteporteføljen enno ikkje er fastsett, kan programmet skildrast som eit europeisk nødnett med eit breitt spekter av moglegheiter – til dømes for Forsvaret, beredskapsetatar, ambassadar og kommunikasjon med installasjonar på norsk sokkel. Deltaking i Secure Connectivity inneber òg deltaking i GOVSATCOM-komponenten i EUs romprogram, som er eit system for fordeling av kapasitetar frå Secure Connectivity og eksisterande satellittkommunikasjon.

2.2 Ein omstillingsdyktig og effektiv offentleg sektor

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medverknad. Regjeringa sitt mål for offentleg sektor er å oppnå meir velferd og mindre administrasjon, meir lokal fridom og mindre detaljstyring. Alle skal ha tilgang til tilpassa velferdstenester av god kvalitet gjennom det offentlege tilbodet.

Offentleg sektor sysselset om lag ein tredel av arbeidstakarane i Noreg. Det er nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittet i OECD. Når så store delar av arbeidskrafta og dei andre ressursane i økonomien blir nytta av stat og kommunar, får ressursbruken i offentleg sektor stor betyding både for økonomisk utvikling, produktivitet og velferd.

Innbyggarundersøkinga frå 2024 viste at tilliten til offentlege styresmakter framleis er på eit høgt nivå i Noreg, sjølv om den har gått noko ned sidan 2021. OECD peikar på tillit både som ein drivkraft for effektiv forvaltning og som eit mål på kor godt offentleg sektor lykkast. Når folket har høg tillit til forvaltninga, til dømes til at sensitive data blir handsama forsvarleg, er det enklare å levere effektive og brukarretta tenester. Samstundes blir innbyggarane sin tillit til styresmaktene påverka både av kor godt dei offentlege tenestene fungerer i kvardagen og av kor godt politikarane evnar å løyse store samfunnsutfordringar. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring vil publisere resultata frå ei ny innbyggarundersøking i 2026.

Tillitsreforma er regjeringa sitt prosjekt for å skape ein enda betre offentleg sektor for både tilsette og innbyggarar. Ein sektor der fagfolk får bruke kompetansen sin, og der innbyggarane møter tenester som er tilpassa deira behov. Tillitsreforma er eit svar på dei utfordringane offentleg sektor står overfor. Det handlar om behov for arbeidskraft, effektiv ressursbruk og digitalisering. Den norske modellen med eit sterkt partssamarbeid er ein strategisk fordel for Noreg i omstillinga vi står framfor. Partssamarbeidet skal òg framover vere ein berebjelke i arbeidet med tillitsreforma.

Det er dei enkelte departementa som skal sørgje for at tillitsreforma blir følgt opp i praksis i sektorane sine. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for å sette rammene og vere pådrivar i arbeidet. Regjeringa si tillitsreform skal ha eit langsiktig perspektiv. Dette er ikkje ei reform som skal rullast ut og avsluttast – det er ein ny måte å tenkje styring og leiing på i offentleg sektor.

I arbeidet er regjeringa oppteken av utvikling nedanfrå gjennom å bruke kompetansen til medarbeidarane. Ved å utvikle nye modellar for styring, finansiering, leiing og samordning vil offentleg sektor kunne omstille seg og innovere raskare. I dette arbeidet bidrar Digitaliseringsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Design og arkitektur Norge (DOGA) med innsikt, kompetanseheving og verkemiddel for innovasjon.

Det offentlege tenestetilbodet blir styrt gjennom budsjettrammer, men òg gjennom føringar, krav og reguleringar som påverkar korleis oppgåver kan løysast og ressursar kan brukast. Det kan vere bemanningsnormer, kompetansekrav, krav om organisering, prosess- og saksbehandlingskrav, individuelle rettar eller rapporteringskrav. Kvart krav kan ha si gode grunngiving, men når nye krav og rettar blir vedtekne, blir dei sjeldan sett i samanheng.

Forsøksordninga for kommunar og fylkeskommunar som regjeringa inviterte til i 2023, kan bidra til å teste ut smartare organisering av kommunane sine oppgåver og verksemd. Ordninga følgjer opp tidlegare oppmodingsvedtak frå Stortinget om å legge til rette for etablering av frikommuneforsøk etter inspirasjon frå Danmark. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer forsøksordninga, som er ein del av tillitsreforma, i samarbeid med departementa og KS.

Framover vil regjeringa, med bakgrunn i erfaringane frå arbeidet med tillitsreforma så langt, utvikle ein ny plattform for arbeidet. Det er behov for tydelegare styringssignal frå departementa slik at arbeidet med tillitsreforma får nødvendig prioritet. Vidare vil det bli ei sterkare kopling til digitaliserings- og effektiviseringsarbeidet. Det vil òg bli sett i gang tiltak for betre måling og evaluering undervegs, slik at vi får kunnskap om kva som verkar og kan justere kursen etter behov.

Velferdsstaten står overfor store utfordringar i åra framover, mellom anna fordi vi blir fleire eldre og det vil bli knappare tilgang på arbeidskraft. Dei økonomiske rammene vil bli mindre romslege og statlege verksemder står overfor store og krevjande omstillingar. Å utnytte potensialet som ligg i innovasjon og digitalisering er avgjerande for å realisere moglegheiter for auka produktivitet, verdiskaping og utvikling av nye forretningsmoglegheiter.

Samstundes har staten viktige og komplekse samfunnsoppdrag, som inneber krevjande avvegingar i tråd med både fagleg skjønn og skiftande politiske prioriteringar. For at statlege verksemder skal klare å levere tenester med høg kvalitet, er det avgjerande at dei har dyktige og initiativrike leiarar og velkvalifiserte medarbeidarar. God tenesteproduksjon og vellykka omstillingstiltak må derfor sjåast i nær samanheng med vidareutvikling av arbeidsgivarpolitikken.

Regjeringa arbeider for at alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. Dette krev at staten har evne til å rekruttere dyktige medarbeidarar, utvikle og halde på dei etter at dei er tilsette, og sikre kompetanseutvikling for både yngre og eldre arbeidstakarar. Arbeidsgivarpolitikken skal bidra til at staten har løns- og arbeidsvilkår som legg til rette for at verksemdene klarer å utnytte den arbeidskrafta som er tilgjengeleg i samfunnet. Dei statlege verksemdene må ta sin del av ansvaret for å legge til rette for arbeidsinkludering. Knappare tilgang på arbeidskraft gjer at inkludering berre blir viktigare i åra framover.

Verksemdene må møte kompetansebehova for framtida, med leiarar som er tydelege i utøvinga av arbeidsgivarrolla. Dei må òg legge til rette for godt partssamarbeid, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette. I 2024 presenterte Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet Grunnlag for god leiing i staten, eit strategisk dokument som uttrykker klare forventingar til leiarar i statleg sektor. Departementet har òg lansert Arbeidsgiverstrategi 2024–2027, som skal støtte statlege verksemder i arbeidet med å behalde, utvikle og rekruttere kompetente medarbeidarar. I lys av dei demografiske endringane og den raske teknologiske utviklinga, blir det stadig viktigare å legge til rette for at kompetansen til tilsette kan brukast på tvers av statleg sektor og mellom verksemder.

På oppdrag frå Digitaliserings- og forvatningsdepartementet blei rapporten Generativ KI i statlige virksomheter lagt fram våren 2025. Rapporten viser at statlege verksemder er godt i gang med å teste ut kunstig intelligens, men at det er behov for ein meir heilskapleg og strategisk tilnærming, og ein plan for å ta ut gevinstar. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet innhentar regelmessig kunnskap som er relevant for utvikling av arbeidsgivarpolitikken i staten. Dei siste åra har departementet gjennomført prosjekt om mellom anna berekraft, staten som arbeidsgivar, seniorpolitikk, inkludering og integrering. Fleire av prosjekta er gjennomførte i samarbeid med dei sentrale partane i staten.

I det offentlege er det eit stort tal innkjøparar spreidde på statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Mange av innkjøparane er små, og det er store gevinstar ved å samordne innkjøpa. Då kan det offentlege oppnå lågare prisar, frigjere administrative ressursar og sikre betre etterleving av regelverket.

Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring blei etablert for å effektivisere og profesjonalisere offentlege anskaffingar. Innkjøpssenteret inngår og forvaltar felles innkjøpsavtaler på vegne av staten. Det er om lag 190 statlege verksemder som er obligatorisk omfatta av ordninga. Statens innkjøpssenter har inngått 1 965 felles innkjøpsavtaler for staten innan 18 avtaleområde i regjeringsperioden. Dei legg til rette for at staten reduserer innkjøpskostnadar med om lag 350 mill. kroner i året. I tillegg kjem ein rekke andre positive verknader: Reduserte transaksjonskostnadar for leverandørar og verksemdene til staten, klima og miljø, annan berekraft og samfunnsomsyn og regelverksetterleving. Konkurranseforhold er forventa å vere uendra. Løyvinga til Statens innkjøpssenter blir foreslått auka med 18,1 mill. kroner, som legg til rette for fleire gevinstar, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Finansdepartementet.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har òg etablert marknadsplassen for skytenester som eit tiltak for å forenkle anskaffingane av skytenester, støtte digital omstilling, auka sikkerheit og etterleving av regelverk. Marknadsplassen forhandlar fram skybaserte tenester som skal vere tilgjengelege for innkjøparar i statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Det har vore stor etterspørsel etter tenestene frå marknadsplassen med over 400 tilslutta offentlege verksemder frå stat, fylkeskommunar og kommunar. Prosessane som marknadsplassen gjennomfører, fører til auka kvalitet og betre kontraktsvilkår, samstundes som konkurransesituasjonen i marknaden blir styrkt. Marknadsplassen vil vere eit viktig verkemiddel for å avgrense ein venta sterk auke i offentlege kostnadar knytt til skytenester og programvare.

Regjeringa oppnemnde i august 2022 eit utval (Støstadutvalet) som vurderte alternative løysingar til kommersiell drift for den delen av dei skattefinansierte velferdstenestene som blir levert av private, kommersielle aktørar. Støstadutvalet sin hovudrapport, NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester, har vore på offentleg høyring. Utvalet har mellom anna lagt fram forslag til juridisk definisjon og registrering av ideelle aktørar i offentleg finansierte velferdstenester. Regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga.

Regjeringa har gjort det klart at bruken av konsulentar i staten skal reduserast på område der det ligg til rette for å bygge opp intern kompetanse. Tala frå statsrekneskapen for 2024 viser at regjeringa har lykkast med å snu ei negativ utvikling med aukande konsulentutgifter. Frå 2021 til 2024 har konsulentutgiftene reelt gått ned med 1,28 mrd. kroner (9,1 pst.). Konsulentutgiftene i 2024 utgjorde 7,7 pst. av dei totale lønskostnadane. Dette er ein reduksjon frå 10 pst. i 2021. Verksemdene skal rapportere om bruken av konsulentar i årsrapportane for 2025.

Noreg har forplikta seg til å jobbe målretta for å nå berekraftsmåla innan 2030. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla, og la i juni 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. Meldinga vektlegg særleg dei områda der Noreg har størst forbetringspotensial, og trekker fram pågåande arbeid og prosessar for å vise kva regjeringa gjer for å betre måloppnåinga. Ein viktig del av meldinga er å synleggjere samanhengen mellom arbeidet med berekraftsmåla og sentrale samfunnsutfordringar.

Noreg har eit solid utgangspunkt for å nå mange av berekraftsmåla. Noreg ligg særleg godt an på mål relatert til infrastruktur, energi, utdanning, likestilling og velfungerande institusjonar. Samstundes fører særleg den høge levestandarden vår og det materielle forbruket vårt til klare utfordringar for ei berekraftig utvikling. Dette gjeld særleg delmål knytte til ernæring, ressursforbruk, avfallshandtering, klima, natur og samanhengen mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar.

I samband med meldingsarbeidet etablerte regjeringa Noregs første nasjonale folkepanel for å få råd om korleis vi kan få ned forbruket vårt og samstundes leve gode liv.

Statsforvaltarane skal arbeide for best mogleg samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og statleg verksemd i fylket. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet styrkjer samordningsrolla til statsforvaltarane gjennom å forenkle og forbetre styringa. Dei ulike departementa som styrer statsforvaltarane, er oppmoda om å fastsette færre og meir overordna krav til styring og rapportering, å gi fleire felles oppdrag og meir lik og felles utforming av styringskrava. Departementa må òg sjå til at omfanget av oppgåvene er i samsvar med løyvingane på sine fagområde.

Regjeringa ønskjer auka kostnadseffektivitet i bygge- og eigedomsverksemda i statleg sektor. Statsbygg arbeider målretta med å forsterke prosjektstyringa og med å redusere kompleksitet, arealbruk og kvadratmeterprisar i byggeprosjekt. Ei betre utnytting av bygningsmassen kan redusere behovet for nybygg og bidra til lågare klimaavtrykk og ressursbruk.

Etter løn er kostnadane til husleige den største driftskostnaden i staten. Leigeutgiftene staten har til kontorlokale i marknaden, utgjer i dag om lag 6 mrd. kroner per år. Det er eit mål å redusere desse utgiftene med 15 pst. frå 2020 til 2029. For å hente ut det identifiserte sparepotensialet er det viktig å finne nye og meir kostnadseffektive lokale.

Bruk av Statsbygg som rådgivar, og koordinering og standardisering av leigeforholda til staten, har allereie gitt store reduksjonar i leigeutgiftene. Frå 2022 til 2024 har rådgiving frå Statsbygg bidratt til å redusere statens leigeforpliktingar med over 1 mrd. kroner fordelt på 45 statlege verksemder.

Byggetrinn 1 i nytt regjeringskvartal, som vil gi dei innflyttande departementa forsvarleg sikkerheit, blir ferdigstilt i 2025. Statsministerens kontor og seks departement vil i 2026 flytte ut av eksisterande departementsbygg og inn i dei nye lokala. Samlokalisering av departementa i nytt regjeringskvartal vil legge til rette for nye arbeidsformer og tettare samspel mellom einingar og departement. Lokala skal bidra til trivsel, effektivitet og produktivitet for medarbeidarane. Det nye regjeringskvartalet vil forsterke departementsfellesskapet si evne til å samarbeide på tvers for å løyse komplekse samfunnsoppdrag.

For å utløyse potensialet i det nye regjeringskvartalet er det viktig med sikre og effektive digitale fellestenester med rett kvalitet. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa skal i nytt regjeringskvartal levere fleire nye tenester innan service og sikkerheit – mellom anna servicetorg, eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr og sikker teknisk infrastruktur. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa skal gjennom arbeidet i Program Felles IKT etablere ein felles sikker, funksjonell, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av informasjon for Statsministerens kontor, alle departementa, Noregs utanriksstasjonar og Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa skal i nytt regjeringskvartal levere nye digitale fellestenester og vere ein strategisk digitaliseringspartnar for departementsfellesskapet.

På ein del område bidrar organisering av fellestenester til meir effektiv oppgåveløysing. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa og Digitaliseringsorganisasjonen til departementa leverer høvesvis administrative fellestenester og digitale fellestenester til departementa. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring leverer løns- og/eller rekneskapstenester til 92 pst. av alle statlege verksemder.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har i år fått i oppdrag å gjennomføre eit kunnskapsarbeid om statlege fellestenester i løpet av 2025. Arbeidet skal bidra til kunnskap om eksisterande tenester, kvalitet og omfang, organisering og styring, kostnadsfordelingsmodellar med meir.

Kommunal- og distriktsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har samarbeidd om ei kartlegging av behovet for fellestenester for underliggande verksemder. Det er særskilt verksemder med under 100 tilsette som opplever sårbarheit på det administrative området.

Ein spissa områdegjennomgang om samordning av administrative tenester i departementa blei levert i mai 2025. Det blei utgreidd kva for administrative tenester i departementa som – heilt eller delvis – kan eigne seg som fellestenester. Rapporten gav tilrådingar om auka bruk av fellestenester innan områda HR, informasjonsforvaltning, sikkerheit og kontorstøtte og servicetenester. Vidare gav rapporten tilrådingar om ein ny styringsmodell for fellestenester i departementsfellesskapet og om val av kostnadsdelingsmodell (finansiering). Regjeringa har avgjort at det skal etablerast fellestenester på alle dei fire fagområda, med enkelte justeringar samanlikna med tilrådingane i områdegjennomgangen. Det skal òg etablerast ein ny styrings- og avgjerdsmodell for dei administrative tenestene i departementsfellesskapet, i tråd med forslaget i områdegjennomgangen. I tillegg skal ansvaret for regjeringa sitt representasjonsanlegg (dagens representasjonsanlegg og lokala i nytt regjeringskvartal) samlast i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for og skal lede arbeidet med å etablere fleire fellestenester.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2024–2025

86

Registreringsordning for ideelle velferdsaktørar

Nei

2024–2025

87

Ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar

Nei

2024–2025

493

Sløkking av 2G-nettet

Ja

2024–2025

615

Prioritere dei med funksjonshemming i stillingsutlysingar

Ja

2024–2025

639

Prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans

Ja

2024–2025

641

Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar

Ja

2024–2025

1087

Gjennomgang av instruks om handtering av bygge- og leigesakar i statleg sivil sektor

Ja

2023–2024

501

Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge

Ja

2023–2024

625

Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten

Ja

2023–2024

718

Forbod mot utvinning av kryptovaluta

Ja

2022–2023

196

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Ja

2022–2023

197

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Ja

2022–2023

583

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Ja

2021–2022

35 nr. 42

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Ja

2021–2022

35 nr. 43

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Ja

3.1 Stortingssesjon 2024–2025

Registreringsordning for ideelle velferdsaktørar

Vedtak nr. 86, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av inneværende stortingssesjon fremme forslag om en registreringsordning for ideelle velferdsaktører.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) for budsjettåret 2025 – Statsbudsjettet (Gul bok) og Innst. 2 S (2024–2025).

Regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga frå Støstad-utvalet, NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktørar. Eit sentralt forslag i utgreiinga er at det skal etablerast ei registreringsordning for ideelle velferdsaktørar. Regjeringa arbeider med lovgrunnlaget for registreringsordninga gjennom ei eiga lov om registrering av ideelle velferdsaktørar. Arbeidet skal òg avklare kva statleg myndigheit som skal vere registerfører, kva oppgåver og ansvar registermyndigheita skal ha og korleis sjølve registreringsordninga skal innrettast. Støstad-utvalet var ikkje satt opp som eit lovutval, og i arbeidet må fleire rettslege problemstillingar avklarast. Arbeidet har høg prioritet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar

Vedtak nr. 87, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til ny lov om registrering av ideelle velferdsaktører, som også inkluderer en juridisk definisjon av ideelle velferdsaktører. Lovproposisjonen fremmes for Stortinget i løpet av inneværende stortingssesjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) for budsjettåret 2025 – Statsbudsjettet (Gul bok) og Innst. 2 S (2024–2025).

Ei registreringsløysing og ei lov om registrering av ideelle velferdsaktørar må sjåast i samanheng, og arbeidet må skje parallelt. Regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga frå Støstad-utvalet, NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktørar, gjennom eit arbeid med ei ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar, som inkluderer ein juridisk definisjon av ideelle velferdsaktørar. Støstad-utvalet var ikkje satt opp som eit lovutval, og i arbeidet må fleire rettslege problemstillingar avklarast. Arbeidet har høg prioritet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Sløkking av 2G-nettet

Vedtak nr. 493, 6. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en konsekvensutredning for å få en oversikt over hvilke systemer av betydning for sikkerhet og beredskap som ikke vil virke etter at 2G-nettet slukkes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Helge André Njåstad, Tor André Johnsen, Morten Wold, Bengt Rune Strifeldt, Sivert Bjørnstad og Sylvi Listhaug om å utsette sløkking av 2G-nettet, jf. Dokument 8:23 S (2024–2025) og Innst. 147 S (2024–2025).

Telia har planlagt ei gradvis sløkking av sitt 2G-nett frå hausten 2025. Telenor vil vente med å sløkke sitt nett til utgangen av 2027. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet ga i tildelingsbrevet for 2025 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag mellom anna å kartlegge viktige løysingar/funksjonar som framleis var avhengige av 2G og forsikre seg om at aktørane som er ansvarlege for desse løysingane/funksjonane har ein plan for overgang til anna og framtidsretta teknologi. Med bakgrunn i Stortingets vedtak nr. 493, 6. mars 2025 bad departementet Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om å gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har innhenta informasjon frå aktørar i statleg, kommunal og privat sektor, og leverte rapport for utgreiinga 1. juli 2025. Denne viser at det ikkje er avdekt tilhøve som tyder på at det kan oppstå uhandterlege konsekvensar for system av betyding for sikkerheit og beredskap ved at Telia startar å sløkke sitt nett.

Dette tilseier at ei gradvis og kontrollert sløkking av Telias 2G-nett kan gjennomførast frå hausten 2025. Ei gradvis regional sløkking gir grunnlag for å avdekke eventuelle uventa konsekvensar på kontrollert vis og moglegheit til å gjere målretta avbøtande tiltak.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Prioritere dei med funksjonshemming i stillingsutlysingar

Vedtak nr. 615, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at utlysninger av stillinger i statens virksomheter utformes slik at stillingens krav og ansettelsesprosessen kan prioritere funksjonshemmede. Regjeringen bes også arbeide sammen med kommuner og fylkeskommuner for tilsvarende praksis i deres stillingsutlysninger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd og Innst. 150 S (2024–2025).

Regjeringa arbeider for at statlege verksemder skal kunne føre ein inkluderande rekrutteringspraksis og eit mangfaldig arbeidsliv. Det er gitt fleire reglar og iverksett fleire tiltak som skal støtte opp under dette. Det er utarbeidd ei mangfaldserklæring som mange statlege verksemder tar inn i stillingsutlysinga når dei lyser ut ledige stillingar. Mangfaldserklæringa signaliserer at alle er ønskte som søkjarar til ledige stillingar, og at eventuell nedsett funksjonsevne ikkje er ei hindring. Det er gitt reglar om at minst ein kvalifisert søkjar som oppgir å ha funksjonsnedsetting skal innkallast til intervju. Personar som oppgir å ha funksjonsnedsetting kan tilsettast dersom dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkjaren. Dette er reglar om positiv særbehandling, og som det blir opplyst om i utlysinga på rekrutteringsportalane som statlege verksemder brukar. Regelen om at minst ein kvalifisert søkjar som oppgir å ha funksjonsnedsetting skal innkallast til intervju skal bidra til at søkjarar med funksjonsnedsetting skal få synleggjort kompetansen sin, og at kompetansen deira skal bli reelt vurdert opp mot kvalifikasjonskrava i utlysinga.

Kvalifikasjonsprinsippet som gjeld for tilsettingar i staten blir styrt av kvalifikasjonskrava verksemdene stiller i utlysinga. Kvalifikasjonskrava i utlysinga avgjer derfor vurderinga av kven av søkjarane som er best kvalifisert, og moglegheita til å gjere bruk av positiv særbehandling ved tilsettinga. Regjeringa oppfordrar statlege verksemder til å gå kritisk gjennom kva for kvalifikasjonskrav som er nødvendige for dei enkelte stillingane, og til ikkje å stille høgare krav enn nødvendig. Unødvendig høge krav kan verke ekskluderande, og vil særleg kunne ramme personar med til dømes funksjonsnedsetting, som kan støyte på særskilde barrierar i arbeidslivet og i rekrutteringsprosessar. Oppfordringa til statlege verksemder om å vurdere kritisk kva for kvalifikasjonskrav som er nødvendig for kvar enkelt stilling blei formidla til dei statlege verksemdene under arbeidsgivarkonferansen i staten i september 2025. Alle statlege verksemder var invitert til konferansen. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil halde fram med å formidle dette i ulike forum framover, som i ulike seminar og møter med statlege verksemder.

Traineeprogrammet i staten for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en er ei av satsingane til staten på inkludering. Traineeprogrammet i staten fungerer slik at ordinære stillingar blir lyste ut som del av programmet, og berre personar med høgare utdanning og funksjonsnedsetting eller hol i CV-en kan søkje. Stillingane i programmet er midlertidige stillingar, men det er moglegheit for fast tilsetting i verksemda utan at stillinga må lysast ut dersom vedkommande er kvalifisert for arbeidet.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har hatt dialog med KS om dei ulike verkemidla for inkludering og erfaringar i statleg og kommunal sektor. Denne dialogen vil halde fram i regjeringa sitt vidare arbeid for at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal bli tilsett i staten.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans

Vedtak nr. 639, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans i en form og størrelsesorden som følger av digitaliseringstakten, samfunnets avhengighet av ekom og risiko- og trusselbildet i samfunnet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen og Innst. 242 S (2024–2025).

Gjennom å få på plass den nye ekomlova med forskrifter som tredde i kraft i starten av 2025, stiller regjeringa strengare krav til tilbydarane til sikkerheit og beredskap enn tidlegare. Ekomforskrifta stiller mellom anna krav til styringssystem for sikkerheit, risiko og sårbarheitsvurderingar, grunnsikring og skadeavgrensingstiltak, sikringsplanar, beredskapsplanar og øvingar. Vidare er ei rekke selskap i sektoren underlagt sikkerheitslova og ytterlegare sikkerheitskrav. Dette rammeverket er viktig for å bidra til å oppnå føremålet med oppmodingsvedtaket, men det er behov for auka innsats. Regjeringa la i september 2025 derfor fram ein nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur. Sikkerheitsplanen følgjer opp den nasjonale sikkerheitsstrategien og totalberedskapsmeldinga, og er nødvendig som følgje av digitaliseringa si betyding i det norske samfunnet og risiko- og trusselbiletet. Gjennom sikkerheitsplanen og ei foreslått dobling av løyvinga til telesikkerheit og -beredskap, prioriterer regjeringa å styrkje den digitale infrastrukturen gjennom ei lang rekke tiltak. Takta på tiltak som fungerer bra, mellom anna programmet for forsterka ekom og dei regionvise risiko- og sårbarheitsanalysane med tilhøyrande tiltak, blir auka. Dette inneber at om lag 100 kommunar etter planen får forsterka ekom innan 2030 og at det kan bli gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar i heile landet. I tillegg blir det sett i gang ei lang rekke nye tiltak, mellom anna ytterlegare forsterkingar av reservestraum i mobilnetta og pilot for å gjenopprette mobildekning med transportable basestasjonar.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar

Vedtak nr. 641, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen følge opp at virksomheter med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjoner inkluderer bortfall av ekom i sine risiko- og sårbarhetsanalyser og reduserer egen sårbarhet ved å anskaffe nødvendige reserveløsninger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen og Innst. 242 S (2024–2025).

Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar har eit ansvar for å vurdere risiko- og sårbarheiter og iverksette tiltak for styrka sikkerheit og beredskap. Bortfall av ekom er eit viktig område å inkludere i desse analysane.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir råd til offentlege og private verksemder om digital sikkerheit og beredskap, mellom anna gjennom arbeidet med årlege risiko- og sårbarheitsvurderingar for ekomsektoren (EkomROS). Målgruppa for EkomROS er myndigheiter, aktørar i ekomsektoren og i sektorar der elektronisk kommunikasjon har betyding for eige sikkerheits- og beredskapsarbeid, til dømes kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarane og private og offentlege verksemder.

I den nye nasjonale sikkerheitsplanen for digital infrastruktur som blei lagt fram i september 2025 har regjeringa prioritert arbeidet med råd om digital eigenberedskap. Regjeringa vil styrkje arbeidet med digital eigenberedskap for å vareta kommunikasjon og samhandling ved hendingar oppover i krisespennet, og utarbeide råd for digital eigenberedskap for offentlege og private verksemder. Råda skal peike på moglege tiltak for å oppretthalde viktige og kritiske samfunnsfunksjonar og nødvendig kommunikasjons- og samhandlingsbehov ved hendingar, i krise og i krig.

Vidare inneheld sikkerheitsplanen tiltak knytt til reduksjon av sårbarheit ved bruk av reserveløysingar. Mellom anna vil regjeringa at verksemder som har ansvar for eller understøttar kritiske samfunnsfunksjonar vurderer å skaffe satellittbaserte reserveløysingar for digital kommunikasjon i kriser og krig. Dette vil bli følgd opp vidare i gjennomføringa av sikkerheitsplanen.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Gjennomgang av instruks om handtering av bygge- og leigesakar i statleg sivil sektor

Vedtak nr. 1087, 13. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen, på bakgrunn av Riksrevisjonens undersøkelse, jf. Dokument 3:8 (2024–2025), igangsette en gjennomgang av instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor for å redusere risikoen for at det inngås leieavtaler med ulovlige forpliktelser for staten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 3:8 (2024–2025) Riksrevisjonens undersøkelse av statlige virksomheters leieavtaler for lokaler i markedet og Innst. 494 S (2024–2025).

Med bakgrunn i saka om låneopptak hos Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har departementet starta prosessen med å gå gjennom bygge- og leigesaksinstruksen. Av det som blir vurdert å ta inn i instruksen er at Statsbygg er obligatorisk rådgivar ved leige i marknaden. Statsbygg har mellom anna etablert ei standard leigeavtale, som vil redusere risikoen for ulovlege forpliktingar. Statsbygg jobbar òg systematisk i leigemarknaden for å få til fleksible og økonomisk fordelaktige avtaler for staten. Det er viktig at departementa tar ansvaret dei har for leigeavtaler som underliggande verksemder inngår. Ei tydeliggjering av ansvaret vil bidra til betre kontroll med dei avtalene som blir inngått. Aktiv involvering frå departementa vil bidra til ei betre oversikt over lokalbruken og gi eit godt grunnlag for styring av verksemdene sin lokalbruk.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

3.2 Stortingssesjon 2023–2024

Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge

Vedtak nr. 501, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med implementering av forordningen om digitale tjenester om å sikre et forbud mot adferdsbasert markedsføring rettet mot barn og unge.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om ei verifiserbar aldersgrense for sosiale medium og regulering av innhald og reklame retta mot barn, jf. Dokument 8:247 S (2022–2023) og Innst. 191 S (2023–2024).

Då Digital Services Act (DSA) var under utarbeiding i EU, fremja regjeringa ein posisjon frå Noreg der regjeringa mellom anna foreslo eit forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge. I forordninga som er vedtatt i EU ligg det inne eit forbod mot åtferdsbasert reklame til mindreårige basert på profilering ved bruk av personopplysningane deira, når plattforma med rimeleg sikkerheit kan fastslå at mottakaren av tenesta er mindreårig.

DSA er ei indre marknadsregulering, og er EØS-relevant og aktuell for innlemming i EØS-avtala. Ei eventuell nasjonal gjennomføring av forordninga vil krevje lovendring. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sende utkast til lov om digitale tenester på offentleg høyring i juli 2025, og dette legg til rette for at lova, inkludert eit forbod mot åtferdsbasert reklame mot mindreårige, kan tre i kraft og at DSA vil gjelde i Noreg frå sommaren 2026.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten

Vedtak nr. 625, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid for å utrede ytterligere og sterkere tiltak for å inkludere flere mennesker med funksjonshindre og flere mennesker med hull i CV-en i arbeidslivet i staten, inkludert tiltak i statens arbeidsgiverpolitikk samt tiltak for å bygge ned samfunnskapte funksjonshindre og diskriminering, og komme tilbake til Stortinget med forslag innen utgangen av vårsesjonen 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Henrik Asheim, Anna Molberg, Aleksander Stokkebø, Mudassar Kapur, Sveinung Rotevatn og Dag-Inge Ulstein om å innføre inkluderingsmål i statleg og kommunalt arbeidsliv, jf. Dokument 8:105 S (2023–2024) og Innst. 289 S (2023–2024).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp i Prop. 146 S (2024–205) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025 der regjeringa informerte om at arbeidet med å inkludere fleire personar med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV-en i arbeidslivet i staten skal styrkast gjennom aktiv formidling av dei moglegheitene statlege verksemder har til å føre ein inkluderande rekrutteringspraksis, og leite etter kompetanse i heile befolkninga.

Regjeringa vil òg arbeide for at statlege verksemder i samband med utlysing av ledige stillingar går kritisk gjennom kva krav som blir stilte til kvalifikasjonar. Regjeringa meiner det er viktig at verksemdene, samstundes som dei skal søkje etter den kompetansen som er nødvendig for å løyse samfunnsoppdraget, ikkje stiller unødvendige krav som kan verke ekskluderande, særleg for enkelte utsette grupper.

Regjeringa vil revitalisere traineeprogrammet gjennom aktiv promotering overfor dei statlege verksemdene for å gjere det betre kjent og auke bruken. Traineeordninga skal òg evaluerast. Evalueringa skal munne ut i enkelte tilrådingar knytte til korleis programmet kan nyttast meir.

Sjølv om faste heile stillingar er eit viktig mål, vil Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet undersøkje om utlysing av deltidsstillingar i større grad kan bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan bli tilsette i staten. Enkelte i målgruppa kan ha behov for dette. Dersom moglegheit for deltid blir synleggjort i utlysinga, vil departementet sjå om det kan bidra til at fleire i målgruppa søkjer og kan bli tilsette i staten.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Forbod mot utvinning av kryptovaluta

Vedtak nr. 718, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede et forbud mot utvinning av kryptovaluta i Norge og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad og Lars Haltbrekken om konsesjon på datasentre, jf. Dokument 8:106 S (2023–2024) og Innst. 383 S (2023–2024).

I Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet blei det informert om at regjeringa har ein klar intensjon om å avgrense utvinning av kryptovaluta mest mogleg, og at regjeringa har sett i gang eit arbeid for å vurdere handlingsrommet for korleis dette kan gjerast.

Utvinning av kryptovaluta er kraftkrevjande, og kastar lite av seg i lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar og inntekter. Noreg er eit attraktivt land for utvinning av kryptovaluta på grunn av kombinasjonen av låge kraftprisar, fornybar kraft, eit stabilt kraftsystem og eit kjølig klima, noko som betyr lågare kostnadar til kjøling. Kraftprisen er ein viktig lokaliseringsfaktor for kryptoaktørar.

Regjeringa har fått gjort ei brei vurdering av handlingsrommet for regulering av utvinning av kryptovaluta, mellom anna eit generelt forbod mot utvinning av kryptovaluta. Basert på dei EØS-rettslege vurderingane, meiner regjeringa at det er vanskeleg per no å sjå at grunnlaget for å innføre eit generelt forbod mot utvinning av kryptovaluta er til stades. Mindre inngripande ordningar enn eit generelt forbod vil vere lettare foreinleg med Noreg sine EØS-rettslege plikter enn eit totalforbod.

Regjeringa har av den grunn i staden utgreia eit mindre inngripande tiltak i form av eit mellombels forbod mot lokalisering av datasenter som i all hovudsak driv med kraftkrevjande utvinning av kryptovaluta. Tiltaket, som blei presentert i regjeringa sin nye datasenterstrategi i juni 2025, vil vere ei statleg planforskrift heimla i plan- og bygningslova. Forskrifta vil kunne innrettast slik at den legg til rette for at slike datasenter enten må få godkjenning frå Kommunal- og distriktsdepartementet som øvste planmynde, eller at det berre kan byggast dersom ein godkjend kommunal arealplan opnar for det ut frå krav gitt i den statlege planforskrifta. Statlege planforskrifter er juridisk bindande reglar og blir vedtekne som kongelege resolusjonar. Utforminga og effektane av ei slik ordning må utgreiast nærmare. Det same gjeld forholdet til EØS-retten. Kommunal- og distriktsdepartementet vil utgreie eit slikt forbod.

Målet med tiltaket er å frigjere kraft, nettkapasitet og areal til andre føremål. Vi må sikre oss at tiltak er effektive og treff utvinning av kryptovaluta. På same tid må ikkje tiltaka råke datasenter som er nødvendige for den ønskte digitaliseringa av samfunnet. Det er avgjerande for næringa å ha føreseielege og hensiktsmessige rammevilkår. Datasenter er ein viktig del av den digitale infrastrukturen og ein kritisk føresetnad for all digitalisering. Det er usikkert kor stort omfanget av kryptoutvinning vil vere i Noreg framover. Registreringsplikta i den nye datasenterforskrifta skal gjere det enklare å få oversikt, følgje med på utviklinga og føre tilsyn med datasenter, medrekna dei som vinn ut kryptovaluta.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

3.3 Stortingssesjon 2022–2023

Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame

Vedtak nr. 196, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilket handlingsrom Norge har til å regulere digitale tjenester utover reguleringen i Digital Services Act og Digital Markets Act, med tanke på å vurdere konsekvenser ved et norsk forbud mot reklame som er basert på masseinnsamling av personopplysninger, sporing og profilering av enkeltpersoner på digitale plattformer. Vurderingen skal omfatte både innhentingen, bruken og eventuelt salg/utlevering av personopplysningene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Departementet er opptatt av ein god digitaliseringspolitikk som tar vare på både personvernet og næringsinteresser. Det pågår for tida eit arbeid med å gjennomføre både Digital Services Act (DSA) og Digital Markets Act (DMA) i norsk rett. Regjeringa prioriterer dette arbeidet høgt og tar sikte på å legge fram lovforslag våren 2026. DSA er totalharmoniserande innanfor sitt område. Dette inneber at landa ikkje kan fastsette strengare eller meir vidtgåande krav nasjonalt enn dei krava som følgjer av DSA, med mindre DSA sjølve, eller eventuelt andre EU-rettsakter, opnar for det. Det er svært usikkert om Noreg har høve til å regulere atferdsbasert marknadsføring ut over det som følgjer av DSA. Når DSA blir innlemma i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett vil det gjelde strengare krav til atferdsbasert marknadsføring på nett. Det blir forbode å rette adferdsbasert, eller målretta, reklame mot mindreårige. Regelverket legg særleg vekt på å verne barn og unge mot skadeleg innhald og å førebygge at barn utviklar avhengigheit. I tillegg til eit forbod mot atferdsbasert marknadsføring retta mot barn, inneheld regelverket eit generelt forbod mot å vise atferdsbasert reklame basert på sensitive personopplysningar, til dømes opplysningar om legning, etnisitet og religion. DSA inneheld òg reglar om at det skal vere mogleg for brukarane å kjenne att reklame når dei ser det, og at det skal opplysast om kven som står bak reklamen, kven som har betalt for han, og kvifor ein blir vist ein bestemt reklame.

Dessutan inneheld DSA eit forbod mot såkalla manipulativt design. Dette skal hindre at plattformar utformar nettsider slik at dei «lurer» brukarane til å samtykke til noko dei eigentleg ikkje vil.

Gjennomføring av DSA i norsk rett vil gi norske forbrukarar eit godt vern mot atferdsbasert reklame. Regjeringa meiner vi no må sjå effekten av desse tiltaka før vi vurderer ytterlegare tiltak.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer

Vedtak nr. 197, 12. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede omfanget av og utfordringene rundt lagring av biometriske data fra norske forbrukere på sosiale medieplattformer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).

Biometriske data er i personvernforordninga art. 4 nr. 14 definert som «personopplysninger som stammer fra en særskilt teknisk behandling knyttet til en fysisk persons fysiske, fysiologiske eller atferdsmessige egenskaper, og som muliggjør eller bekrefter en entydig identifikasjon av nevnte fysiske person, f.eks. ansiktsbilder eller fingeravtrykksopplysninger». Personopplysningar om ein person sine fysiske, fysiologiske eller atferdsmessige eigenskapar, til dømes eit bilete, er i seg sjølv ikkje biometriske opplysningar. For å falle inn under definisjonen, må opplysningane bli behandla slik at eigenskapane blir målt og kategorisert på ein måte som eintydig identifiserer personen.

Dei fleste tilbydarar av sosiale medieplattformer er etablerte utanfor Noreg. Departementet har ikkje heimel til å pålegge desse selskapa å gi informasjon om si behandling av personopplysningar. For å kunne svare på Stortinget sitt oppmodingsvedtak, bad departementet derfor Datatilsynet om bistand. Tilsynet blei bede om å hente informasjon om innsamling og behandling av biometriske data frå eit utval av dei mest brukte sosiale media. I tilbakemeldinga frå Datatilsynet gjer dei greie for at heller ikkje dei kan pålegge dei sosiale media etablert utanfor Noreg å gi informasjon utanom i tilsynssamanheng. Datatilsynet har likevel bidratt med den informasjonen dei har som kan kaste lys over saka.

Etter det Datatilsynet kjenner til, og ut frå personvernerklæringane til selskapa, behandlar verken TikTok, Grindr eller Snapchat biometriske opplysningar. Tinder kan behandle biometriske opplysningar til verifisering av bilete for å bekrefte at brukaren er den vedkomande gir seg ut for å vere. Dette er ei valfri teneste som brukarane må samtykke til. Tilsynet opplyser vidare at Meta lar brukarar av deira teneste «Meta Verified» slå på ein type profilovervaking som bruker biometriske opplysningar til å finne og fjerne falske profilar som bruker bileta deira til svindel. Dette er ein valfri teneste som alle kan betale for, men den er først og fremst retta mot influensarar og andre kjente personar. Meta hadde tidlegare dessutan ei teneste som kunne kjenne att ansiktsbilete og foreslå kven som var avbilda på foto som blei lasta opp på Facebook, slik at ein kunne «tagge» dei i biletet. Denne tenesta har Meta fjerna i EØS-landa. Ut over dette opplyser tilsynet at dei ikkje kjenner til at Meta behandlar biometriske opplysningar om sine brukarar.

Med grunnlag i den informasjonen Datatilsynet har gitt til departementet i anledning oppmodingsvedtaket, meiner departementet det ikkje er grunn til å tru at dei sosiale medieplattformene behandlar biometriske data om norske forbrukarar, slik dette er definert i personvernregelverket, i særleg monn. I den grad det skjer, er det all grunn til å tru at det skjer med grunnlag i samtykke frå brukarane sjølve. I lys av dette, er det departementet si vurdering at dei sosiale medieplattformene si behandling av biometrisk informasjon om norske forbrukarar ikkje utgjer nokon utfordring for brukarane sitt personvern.

Departementet har gjort nærare greie for oppfølginga av oppmodingsvedtaket i Meld. St. 34 (2024–2025) Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2024, og meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar

Vedtak nr. 583, 13. april 2023

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at data gjøres tilgjengelig ved inngåelse av offentlige kontrakter, der det vurderes hensiktsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).

Statens standardavtaler (SSA) er dei mest brukte kontraktane når det offentlege inngår avtaler om kjøp av IT- og konsulenttenester. Som ein del av oppfølginga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – datadreven økonomi og innovasjon, fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring i 2022 i oppdrag å vurdere om det var behov for endringar i SSA-ane for å legge betre til rette for deling og gjenbruk av data. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring utarbeidde ein rapport med forslag til tiltak, som mellom anna inneheld forslag om endringar i enkelte kontraktsmalar, kombinert med betre rettleiing i bruken av desse. Det er komplekse problemstillingar knytte til gjennomføringa av dei nødvendige endringane i kontraktsmalane, og arbeidet har derfor teke lengre tid enn først planlagt. I 2025 har Direktoratet for forvaltning og økonomistyring fått i oppdrag å følgje opp forslaga frå den nemnde rapporten, og dette skal gjerast i samanheng med direktoratet si større gjennomgang og vidareutvikling av alle SSA-ane. Endringane skal vere gjennomførte innan utgangen av 2025.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

3.4 Stortingssesjon 2021–2022

Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Problemstillingane har blitt utgreia som ein del av Støstad-utvalet sitt arbeid. Utvalet la fram delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører i januar 2024. Sluttrapporten, NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester, blei levert i august 2024. Begge rapportar har vore på offentleg høyring og er no til oppfølging i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet viser til rapportering på oppmodingsvedtak nr. 86, 5. desember 2024 og oppmodingsvedtak nr. 87, 5. desember 2024.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester

Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Støstad-utvalet har hatt som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast strengare. Eit krav om organisering av slik verksemd som sjølvstendig rettssubjekt, er eitt av fleire døme på tiltak som utvalet har vurdert i NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester. Rapporten har vore på offentleg høyring og er til behandling i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet viser til rapportering på oppmodingsvedtak nr. 86, 5. desember 2024 og oppmodingsvedtak nr. 87, 5. desember 2024.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

4 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Det kongelege hus

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

279 250

303 869

294 197

-3,2

2

H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa

12 292

12 956

13 513

4,3

Sum kategori 00.10

291 542

316 825

307 710

-2,9

Sum programområde 00

291 542

316 825

307 710

-2,9

Administrasjon

1500

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

439 332

431 005

445 059

3,3

Sum kategori 01.00

439 332

431 005

445 059

3,3

Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor

1510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

1 209 071

853 660

929 622

8,9

1511

Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal

557 514

754 642

1 049 767

39,1

1512

Diverse fellestenester

161 738

179 054

1 071 369

498,3

1515

Digitaliseringsorganisasjonen til departementa

770 248

1 231 295

59,9

Sum kategori 01.10

1 928 323

2 557 604

4 282 053

67,4

Statsforvaltarane

1520

Statsforvaltarane

2 302 158

2 510 679

2 661 203

6,0

Sum kategori 01.20

2 302 158

2 510 679

2 661 203

6,0

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

1530

Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga

5 335 536

7 176 981

6 386 613

-11,0

1531

Eigedomar til kongelege føremål

65 525

87 104

89 881

3,2

1533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

58 355

63 708

105 007

64,8

1534

Erstatningslokale for departementa

154 050

100,0

2445

Statsbygg

7 965 143

7 477 548

5 322 515

-28,8

Sum kategori 01.30

13 424 559

14 805 341

12 058 066

-18,6

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

1540

Digitaliseringsdirektoratet

1 177 478

1 250 150

1 325 998

6,1

1541

IT- og ekompolitikk

480 977

578 477

88 513

-84,7

1542

Internasjonalt samarbeid

464 299

369 308

466 869

26,4

1543

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

485 767

492 538

847 151

72,0

Sum kategori 01.40

2 608 521

2 690 473

2 728 531

1,4

Personvern

1550

Datatilsynet

83 146

84 979

91 622

7,8

1551

Personvernnemnda

2 669

2 858

4 150

45,2

Sum kategori 01.50

85 815

87 837

95 772

9,0

Statleg arbeidsgivarpolitikk

1560

Tariffavtalte avsetningar mv.

287 239

276 600

311 000

12,4

1565

Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse

32 911 451

7 663 000

7 262 000

-5,2

1566

Yrkesskadeforsikring

97 824

95 000

95 000

0,0

1567

Gruppelivsforsikring

266 663

260 000

260 000

0,0

Sum kategori 01.60

33 563 177

8 294 600

7 928 000

-4,4

Sum programområde 01

54 351 885

31 377 539

30 198 684

-3,8

Sum utgifter

54 643 427

31 694 364

30 506 394

-3,7

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor

4510

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

226 494

88 413

90 147

2,0

4515

Digitaliseringsorganisasjonen til departementa

33 800

36 466

7,9

Sum kategori 01.10

226 494

122 213

126 613

3,6

Statsforvaltarane

4520

Statsforvaltarane

57 083

92 431

95 759

3,6

Sum kategori 01.20

57 083

92 431

95 759

3,6

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

4531

Eigedomar til kongelege føremål

178

0,0

4533

Eigedomar utanfor husleigeordninga

5 531

5 570

5 771

3,6

Sum kategori 01.30

5 709

5 570

5 771

3,6

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

4540

Digitaliseringsdirektoratet

354 623

352 972

392 457

11,2

4542

Internasjonalt samarbeid

3 495

3 335

3 529

5,8

4543

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

583 941

887 434

583 946

-34,2

5579

Sektoravgifter under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

265 931

295 614

312 377

5,7

Sum kategori 01.40

1 207 990

1 539 355

1 292 309

-16,0

Personvern

4550

Datatilsynet

-82 840

0,0

Sum kategori 01.50

-82 840

0,0

Statleg arbeidsgivarpolitikk

4565

Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse

14 508 244

15 546 000

17 245 000

10,9

4566

Yrkesskadeforsikring

84 718

89 000

97 000

9,0

4567

Gruppelivsforsikring

143 030

146 000

149 000

2,1

5607

Renter av bustadlånordninga i Statens pensjonskasse

4 078 392

3 944 000

3 663 000

-7,1

Sum kategori 01.60

18 814 384

19 725 000

21 154 000

7,2

Sum programområde 01

20 228 820

21 484 569

22 674 452

5,5

Sum inntekter

20 228 820

21 484 569

22 674 452

5,5

Fotnotar

1

Sjå rapporten Government at a Glance 2025

2

Sjå indikatoren E-Gov Development Index (UN EGDI) – Overall Score