Del 1
Innleiande del

1 Satsingsområde

1.1 Eit sterkt og velfungerande kommunesystem

Eit sterkt og velfungerande kommunesystem er avgjerande for å sikre gode tenester, små forskjellar og like moglegheiter i heile landet. Når kommunane har kapasitet til å møte nye behov, styrkjer ein fellesskapet og tilliten i samfunnet. I ei tid med behov for store omstillingar – som følgje av endringar i demografi, klima og teknologi – må vi sørgje for at kommunane står godt rusta. Det handlar både om sikkerheit for folk i kvardagen og om å gi framtidstru gjennom gode velferdstilbod, ansvarleg økonomistyring og lokal utviklingskraft.

Mangel på arbeidskraft, aukande omstillingsbehov som følgje av demografiendringar og stram økonomi treffer alle kommunar, men nokre meir enn andre. Ulike kommunar har ulike føresetnadar for å møte desse utfordringane. Regjeringa vil bevare eit sterkt lokaldemokrati og eit kommunesystem basert på generalistkommuneprinsippet som leverer likeverdige tenester til innbyggarane i heile landet.

Kommunesystemet må vere i stand til å møte dei utfordringane kommunesektoren står overfor. Staten må sørgje for rammeføresetnadar som legg til rette for at kommunane kan møte utfordringane. Samstundes har kommunane sjølv ansvar for omstilling, og for å finne lokale løysingar på korleis utfordringane best kan møtast.

Noreg er eit langstrakt land med store lokale forskjellar i busetnad, samfunns- og næringsliv. Vi har eit velutvikla nasjonalt, regionalt og lokalt folkestyre og eit samfunn med høg tillit og relativt små forskjellar mellom folk. Det lokale folkestyret, både i kommunar og fylkeskommunar, gir innbyggarane moglegheit for innverknad på utviklinga av sine lokalsamfunn og si framtid.

Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart einskilt lokalsamfunn, tilpassa dei utfordringane ein står overfor. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert, hovudsakeleg gjennom frie midlar. Øyremerkte tilskot skal som hovudregel berre gå til viktige nasjonale prioriteringsområde i ein oppstartsfase, eller til finansiering av oppgåver som få kommunar har ansvar for. Regjeringa er opptatt av å gi kommunane handlingsrom til å løyse oppgåvene lokalt.

Regjeringa har sett ned ein kommisjon som skal foreslå endringar i den statlege styringa av kommunesektoren som legg til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen skal òg vurdere og foreslå tiltak om det er andre forhold som bind kompetanse unødvendig, bidrar til unødvendig høge kostnadar eller lite effektiv oppgåveløysing i kommunar og fylkeskommunar. Kommisjonen skal etter planen levere ein første rapport før jul i år, medan neste rapport skal kome i 2026.

Samanslåing til større kommunar kan i dei aller fleste tilfelle bidra til å løyse utfordringar med manglande kapasitet og kompetanse. Departementet har gode og føreseielege økonomiske verkemiddel tilgjengeleg for kommunar som vurderer å slå seg saman.

Regjeringa meiner at interkommunalt samarbeid er heilt nødvendig for at mange kommunar skal kunne løyse oppgåvene sine. Departementet vil derfor greie ut korleis regelverket kan legge betre til rette for at kommunar kan samle fleire oppgåver og tenester i same samarbeid, og framleis behalde demokratisk styring og kontroll gjennom ei folkevald leiing.

Nokre enkeltkommunar kan over tid stå i ein særleg krevjande økonomisk situasjon og langvarige styringsutfordringar. Generalistkommuneutvalet tilrådde at det blir greidd ut ei særskild oppfølgingsordning for kommunar med store og vedvarande utfordringar, jf. NOU 2023: 9. Regjeringa vil greie ut ei slik særskild oppfølgingsordning som skal førebygge at kommunar hamnar i svært krevjande situasjonar som kan utfordre legitimiteten til kommunesystemet.

I møte med nye utfordringar må offentleg sektor vere utviklingsorientert. Forsøksordninga for kommunar og fylkeskommunar, som regjeringa inviterte til i 2023, vil kunne bidra til å teste ut smartare organisering av kommunen sine oppgåver og verksemd gjennom fritak frå regelverk. Tolv søknadar vart valde ut i ordninga. Til no er seks forsøk godkjente. For dei resterande søknadane som vart valde ut, er arbeidet med å konkretisere prosjekta i gang.

Inntektssystemet er viktig for å sikre eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. Det nye inntektssystemet for kommunane, som regjeringa foreslo i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025, fekk verknad frå 2025. Endringane i inntektssystemet sikrar ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane, både gjennom endringar i skattegrunnlaga til kommunane og ved å auke utjamningsgraden i inntektsutjamninga. Endringane i skatteelementa i inntektssystemet blir fasa vidare inn og vil vere fullt implementerte i 2026.

Regjeringa foreslår ein vekst i frie inntekter i 2026 på 4,2 mrd. kroner. Veksten blir fordelt med 3,2 mrd. kroner til kommunane og 1,0 mrd. kroner til fylkeskommunane. Dei samla inntektene til kommunesektoren utgjer om lag 18,5 pst. av BNP for fastlands-Noreg. Om lag kvar femte sysselsette i landet er tilsett i kommunal sektor. Storleiken på kommunesektoren inneber at utviklinga i sektoren har stor betyding for utviklinga i norsk økonomi, og sektoren sin samla ressursbruk har stor verknad på heilskapen i økonomien. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2026 er omtalt i kapittel 2.

1.2 Ein aktiv bustadpolitikk

Noreg treng fleire bustader, og regjeringa har som mål at det blir tillate igangsetting av 130 000 bustader innan 2030. Regjeringa prioriterer derfor tiltak for å ta ned tida på plan- og byggesaksprosessar og gjere det meir føreseieleg å realisere gode bustadprosjekt. Samstundes jobbar regjeringa for å sikre at bustadene og buområda har god kvalitet – vi skal bygge bustader i eit hundreårsperspektiv. Kommunane er viktige i det bustadpolitiske arbeidet, og regjeringa vil gjere kommunane betre rusta til å ta sitt bustadpolitiske ansvar. Regjeringa sin bustadpolitikk er òg forankra i Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga – ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet. Målet er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. I bustadmeldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde som ligg til grunn for bustadpolitikken:

  1. Fleire skal få høve til å eige eigen bustad.

  2. Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg.

  3. Ta vare på bustadane vi har, og bygge dei vi treng.

  4. Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Regjeringa har sett i gang ei rekke grep for å få fart på bustadbygginga. For å ta ned tida på plan- og byggesaksprosessar, er rammene til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) styrkt, og regjeringa foreslår ei ytterlegare styrking i 2026, slik at dei kan forsterke arbeidet med å forenkle og digitalisere plan- og byggesaksprosessane. Effektive plan- og byggesaksprosessar kan redusere tidsbruk og kostnadar i byggeprosjekt, og vil gjere prosessane kortare og meir føreseielege for både utbyggarar og kommunar. I revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart DiBK styrkt med midlar til å automatisere byggesaksprosessar.

Vidare har departementet sendt på høyring lov- og forskriftsendringar som skal bidra til færre byggesøknader med manglar og til meir føreseieleg tidsfristberekning i byggesaksprosessen. Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå byggenæringa, kommunane og staten har utarbeidd ein rapport med forslag til tiltak for raskare plan- og byggesaksbehandling.

Departementet har òg etablert eit motsegnsprosjekt som skal sjå på korleis planprosessane kan bli betre. Gjennom god dialog og tydeleg rettleiing vil departementet bidra til at nasjonale interesser blir ivaretatt, samstundes som prosessane blir meir effektive. Departementet vil i dette arbeidet ha tett kontakt med sektordepartementa som er ansvarlege for å styre motsegnsmyndigheitene.

Stortinget har vedtatt lovendringar i plan- og bygningslova og matrikkellova som skal bidra til å gjere det enklare og raskare å bygge bustader i byar og tettstader, jf. Prop. 115 L (2024–2025). I lovendringane er det mellom anna lagt fram ei ny ordning for grunneigarfinansiering av infrastruktur. Lovendringane skal gi kommunane eit nytt verktøy som kan sikre ein meir heilskapleg planlegging og ei raskare og meir effektiv gjennomføring av desse planane. Det vil vere frivillig for kommunane om dei skal bruke ordninga.

Regjeringa bidrar til å halde hjula i gang når bustadbygginga er låg. Gjennom Husbankens låne- og tilskotsordningar blir det bygd fleire bustader med kvalitetar som vi som samfunn treng. Desse prosjekta har òg bidratt til at utbyggarar har klart seg gjennom ein periode med svært låg bustadbygging.

Regjeringa satsar på studentbustadbygging, og i 2025 vil 3 050 studentbustader kunne få tilskot, og storleiken på tilskotet har auka. Frå 1. juli 2025 er det opna for at kommunane kan fastsette studentbustader som eige arealformål. Gjennom boligdugnaden.no har regjeringa lagt til rette for at fleire private leiger ut.

Kommunane har eit stort bustadpolitisk ansvar. Dei skal drive heilskapleg bustadplanlegging og legge til rette for at det blir bygd nok bustader. Regjeringa vil bidra til at kommunane har dei føresetnadane og rammevilkåra dei treng for å kunne ta ei aktiv bustadpolitisk rolle ut frå lokale forhald, prioriteringar og nasjonale mål. Nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet er eit viktig verktøy for kommunane, jf. omtale under pkt. 1.3.

Husbanken fekk i 2025 eit fornya samfunnsoppdrag som inneber at dei skal forsterke og vidareutvikle rolla som støttespelar for kommunane i det heilskaplege bustadpolitiske arbeidet. Husbanken skal mellom anna bidra til at kommunane får eit betre kunnskapsgrunnlag for å analysere bustadbehov og effektar på bustadmarknader av bustadplanlegging og bustadpolitiske innsats i kommunane.

Regjeringa har òg sett i gang ein pilot saman med Oslo og Akershus om bustadbehov i bu- og arbeidsmarknadsregionar, og støtta etableringa av ein ny modell for bustadbehovsanalysar til bruk i fylkeskommunar og kommunar. Det er òg utvikla betre data og rettleiingar for kommunane sine analysar av bustadpotensialet. Departementet har vidare fremja eit lovforslag om å gi kommunane høve til å stille krav om at bustader skal organiserast som burettslag i nye bustadprosjekt.

Bustadpolitikken skal bidra til å redusere og jamne ut sosiale og geografiske forskjellar. Dei fleste bur godt og trygt i Noreg i dag. Fire av fem bur i ein bustad dei eig, og bustadmassen er generelt velhaldt og av god kvalitet. Fleirtalet av befolkninga er òg nøgde med bustaden sin. Samstundes har bustadsituasjonen blitt meir krevjande for mange. Det har vore ein nedgang i bustadbygginga, presset i leigemarknaden er høgt fleire stader i landet, og hushalda opplever aukande buutgifter. Særleg har dei samla buutgiftene til bustadeigarar med høge lån auka grunna høgare rente. Andelen med høg buutgiftsbelasting er likevel framleis høgare blant hushald som leiger bustad enn blant dei som eig. Det er særleg aleinebuande og einslege forsørgjarar som opplever buutgiftene som belastande. Dei som er aller mest vanskelegstilte på bustadmarknaden, er dei som ikkje har tilgang til eigd eller leigd bustad, dei bustadlause. Talet på bustadlause aukar og det er fleire som oppheld seg i mellombelse butilbod over lengre tid. Den nasjonale kartlegginga av bustadløyse som skulle vore gjennomført hausten 2024, vart utsett grunna utfordringar knytt til personvernreglar for innsamling og bruk av data. Departementet tar sikte på å gjennomføre ei ny kartlegging hausten 2025.

I bustadmeldinga foreslår regjeringa tiltak som gir fleire høve til å eige eigen bustad både i by og bygd. Regjeringa vidarefører forsøket der kommunane kan gi startlån til husstandar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som kommunane gir startlån til i dag. Regjeringa la i juni 2025 fram for Stortinget eit forslag om å gjere endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova for å legge betre til rette for bruk av leige- til eigemodellar og andre bustadkjøpsmodellar, og for å styrkje forbrukaromsynet i slike modellar.

Nær ein million innbyggarar leiger bustaden dei bur i. Regjeringa legg i bustadmeldinga fram ein fornya leigemarknadspolitikk med fire mål for leigemarknaden: trygge leigeforhold, eit tilstrekkeleg tilbod av leigebustader, solid kunnskap om leigemarknaden og ein berekraftig kommunal utleigesektor. Det skal vere føreseieleg både å leige og leige ut bustad. Regjeringa fornyar husleigelova, har forbetra bustøtta og reduserer talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval. Regjeringa vil òg satse på forsking for å skaffe meir kunnskap om leigemarknaden og leigeprisar.

Regjeringa vil slå saman Husbanken og Husleigetvistutvalet frå 1. januar 2026. Målet er å gjere saksbehandlinga av husleigetvister meir robust, og å vri innsatsen i større grad frå tvisteløysing til førebygging. Handsaminga av husleigetvister vil framleis vere uavhengig. Husbanken har fått ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden som dei allereie er godt i gang med å fylle. Kunnskap om husleigetvistar vil bli verdifull for Husbankens kunnskapsrolle. I tillegg foreslår regjeringa å styrkje rammene til Husleigetvistutvalet for å gjere dei i stand til å handtere det auka talet på innkomne sakar.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, vart bustøtta styrkt gjennom ei rekke tiltak. Dei årlege buutgiftstaka er auka med 4 000 kroner, og berekninga av eigendelen er forenkla. I tillegg vart det vedtatt at inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar ikkje skal telje med når bustøtta til ein husstand blir berekna. Alle mottakarar som ikkje har oppvarming inkludert i husleige eller fellesutgifter får eit årleg tillegg på over 7 000 kroner i buutgiftene når bustøtta blir utrekna.

Husbanken har utvikla eit digitalt fagsystem, Kobo, for å søkje, tildele og administrere kommunale utleigebustader. Kobo gjer det enklare for kommunane å finne rett bustad til kvar enkelt søkjar. Ved årsskiftet stod nær 8 850 kommunale leigebustader tomme, noko som tilsvarer om lag 8 pst. av den kommunale bustadmassen. Dette er bustader som kan utnyttast betre. Husbanken tilbyr Kobo til alle kommunar, og over 130 kommunar har inngått samarbeidsavtale med Husbanken. Interessen frå kommunane er stor, og Husbanken rullar ut så raskt som mogleg. Husbanken undersøker no om Kobo kan vidareutviklast for å betre samarbeidet mellom velferdssektorane og gi betre brukarreiser i sårbare overgangar.

Kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet vart klargjort i bustadsosiallova, som tredde i kraft 1. juli 2023. Husbanken gir kommunane støtte i arbeidet med å følgje opp lova, mellom anna gjennom webinarar og systemet Kobo. Departementet har bedt Husbanken vurdere kva for ytterlegare informasjon kommunane har behov for i arbeidet med å følgje opp lova.

1.3 Ein berekraftig arealpolitikk

Kommunar og fylkeskommunar er avgjerande for å realisere ein berekraftig arealpolitikk. Dei har rolla som samfunnsutviklar og er planmyndigheit med ansvar for arealforvalting, kart og geodata.

Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, vedtatt i juni 2023, seier at kommunane skal ta omsyn til nasjonale klimamål, naturmangfald og andre viktige samfunnsomsyn i planlegginga. Målet er å styrkje samanhengen mellom nasjonal politikk og lokal arealforvalting, slik at lokale planavgjerder bidrar til å nå overordna mål for ein heilskapleg arealpolitikk.

For å nå regjeringa sitt mål om igangsetting av 130 000 nye bustader innan 2030, må bustadpolitikken og arealbruken sjåast i samanheng. Ei heilskapleg samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova er avgjerande for å legge til rette for gode og berekraftige bumiljø. Regjeringa har derfor sett i gang fleire tiltak for å stimulere til bustadbygging, mellom anna ein brei dialog om korleis planprosessane kan forenklast og sakshandsaminga gjerast meir effektiv. Sjå òg omtale under pkt. 1.2. Digitalisering av planprosessane og bruk av Kartverkets fellesløysingar skal gi betre medverknad, meir open forvalting og meir effektive prosessar – til nytte for både innbyggarar, utbyggarar og kommunar.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å betre dei statlege og regionale myndigheitene sin medverknad i planprosessar, og vil sjå på om ein kan bruke motsegner på ein betre måte for å unngå at planarbeidet blir bremsa. Sjå òg omtale under pkt. 1.2. Regjeringa vil med arbeidet kring motsegner bidra til eit nærare samarbeid med dei meist sentrale arealdepartementa for å betre samordninga av statleg arealpolitikk.

Regjeringa la i juni 2025 fram ein ny nasjonal arkitekturstrategi Rom for kvalitet. Strategien framhevar kor viktig kvalitet i dei bygde omgivnadene er for folks kvardag og for samfunnsutviklinga. Regjeringa sin ambisjon er at vi saman skal forvalte og utvikle arkitektur med varierte nabolag, varsam ressursbruk, vakre omgivnadar og varige kvalitetar. Strategien er knytt til regjeringa sitt mål om auka bustadbygging, og beskriv statleg politikk, verkemiddel og bidrag for auka kvalitet i dei bygde omgivnadene.

Regjeringa ønskjer å følgje opp arkitekturstrategien med å sette i gang arbeidet med ei stortingsmelding om arealplanlegging og arkitektur. Målretta planlegging av arealbruk og det bygde miljøet er viktige verkemiddel som kan bidra til å finne framtidige løysingar på korleis vi kan redusere utslepp av klimagassar og tap av naturmangfald, møte demografiske endringar og tryggings- og beredskapsbehov, og dessutan omstille økonomien. Arbeidet med ei stortingsmelding vil inkludere ein brei medverkings- og innspelsprosess. Arkitekturstrategien vil òg bli følgt opp gjennom mellom anna ei styrkt samordning av statlege sektorar og verkemiddel, støtte til innovasjonsprogrammet FutureBuilt og vidareutvikling av DOGA sitt arbeid med kvalitet i dei bygde omgivnadene.

Våren 2025 vedtok Stortinget regjeringa sitt forslag til grunneigarfinansiering for å gjere kommunane i stand til raskare å få på plass nødvendig infrastruktur ved utvikling av nye område (Prop. 115 L 2024–2025). Desse endringane i plan- og bygningslova og matrikkellova styrkjer verkemidla ved fortetting og transformasjon av by- og tettstadsområde. Kommunane får no høve til å innføre omsynssoner med krav om grunneigarfinansiering av infrastruktur, og det er opna for at private kan søkje om ekspropriasjon med kommunestyrets samtykke. I tillegg er det gjort endringar i reglane om utbyggingsavtalar og eigedomsendringar for å sikre betre gjennomføring av arealplanar.

Nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet vart lagt fram i januar 2025. Desse erstattar dei tidlegare retningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Retningslinjene skal sikre samordna og berekraftig planlegging av bustader, areal og transport i heile landet. Målet er å fremje utvikling av kompakte, attraktive og klimavenlege byar og tettstader, samstundes som ein tar vare på natur, jordressursar og kulturmiljø. Ein viktig del av retningslinjene er å legge til rette for effektiv arealbruk gjennom fortetting og transformasjon i eksisterande by- og tettstadsområder, særleg i område med høgt utbyggingspress.

Kommunesektoren har ei viktig rolle i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn og skal bidra til å tilpasse samfunnet til klimaendringar og ta vare på natur. I desember 2024 vedtok Kongen i statsråd nye statlege planretningslinjer for klima og energi. Retningslinjene tydeleggjer korleis kommunane skal ta klimaomsyn og legge til rette for energiomstilling. Retningslinjene skal legge til rette for at planlegginga reduserer klimagassutslepp og bidra til eit lågutsleppssamfunn.

I stortingsmeldinga om klima, Meld. St. 25 (2024–-2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet, blir kommunane si viktige rolle i klimaomstillinga nærare omtalt. Stortingsmeldinga om natur, Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur – Norsk handlingsplan for naturmangfold, understrekar korleis kommunane, særleg som planmyndigheit, har ei nøkkelrolle i å ta vare på natur. Sjå òg omtale i del III om klima- og miljøpolitikk.

Regjeringa har avtalar med fleire store og mellomstore kommunar om områdesatsingar. I stortingsperioden har regjeringa utvida talet på kommunar med avtale om områdesatsing frå 4 til 14 kommunar. Områdesatsingar har som mål å betre bu- og nærmiljøa og tenestetilboda i byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar. Regjeringa fortset arbeidet med områdesatsingane, sjå nærare omtale under kap. 590, post 65.

I dei store byområda er det press på areal og på transportsystema. Byvekstavtalane er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig samordning av areal- og transportutviklinga. Avtalane går over om lag ti år og er langsiktige politiske intensjonsavtalar der staten, fylkeskommunar og kommunar forpliktar seg til ein felles innsats for å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Regjeringa samarbeider òg med dei mellomstore byane gjennom bypakkar og tilskot til ein miljøvenleg transportpolitikk. Det er inngått avtalar for sju byområde. Regjeringa vil på sikt vurdere om det er aktuelt å invitere Buskerudbyen (Drammensområdet) og Grenland til forhandlingar om byvekstavtalar.

Kommunal- og distriktsdepartementet støttar planarbeidet i fylkeskommunane og kommunane gjennom kompetansetiltak, kunnskapsdeling og ved å utvikle nye verktøy.

Over heile landet er det tilbod om rettleiing og etter- og vidareutdanning på planfeltet, i samarbeid med offentlege og private aktørar. Regjeringa oppmodar kommunane til samarbeid gjennom interkommunale plankontor og andre former for interkommunalt plansamarbeid for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsutvikling. Det er oppdatert og tilgjengeleg rettleiing og informasjon om planlegging etter plan- og bygningslova på regjeringa si nettside planlegging.no.

Regjeringa ønskjer å styrkje fellesløysingane i Kartverket. Desse løysingane leverer kart og kartdata til viktige samfunnsområde som sikkerheit og beredskap, klima og miljø, plan- og byggesaksprosessar, samferdsle og privat næringsliv. Over tid har datamengda som blir forvalta gjennom fellesløysingane auka mykje, og det blir sett stadig høgare krav til sikkerheit og kvalitet. Krava til funksjonalitet har òg økt. Tiltaket skal bidra til å vidareutvikle fellesløysingane med ny funksjonalitet og betre sikkerheit, og i tillegg styrkje drifta av løysingane. Regjeringa ønskjer å legge til rette for sikker registrering, lagring og deling av opplysningar for å sikre tilstrekkeleg oversikt over og kontroll med eigarskap til fast eigedom. Kartverket leverte ei konseptvalutgreiing om eigarskapsopplysningar i juni 2025 som regjeringa vil følgje opp vidare.

Regjeringa har støtta opp om Oslo, Trondheim og Stavanger sitt arbeid for grøn omstilling og klimanøytralitet innan 2030. EU-kommisjonen godkjente i 2025 klimakontraktane til dei tre byane, og tildelte dei Mission Label-merket under EU sitt samfunnsoppdrag for klimanøytrale og smarte byar. Dette markerer eit viktig steg i byane sitt klimaarbeid. For å bli godkjente, måtte byane utarbeide ein klimakontrakt med mål, tiltak og investeringsplanar.

1.4 Ein heilskapleg distrikts- og nordområdepolitikk

Målet for distrikts- og regionalpolitikken er at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa arbeider for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur, og vil legge til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – Distriktspolitikk for framtida.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ei samordningsrolle i saker som har betyding for distrikts- og regionalpolitiske mål, og skal bidra til at regjeringa sin politikk samla sett støtter opp under målet. Departementet har òg ansvar for å koordinere regjeringa sin nordområdepolitikk.

Regjeringa utforskar bygdevekstavtaler som distriktspolitisk verkemiddel. Det overordna målet for bygdevekstavtaler er å bidra til framtidsretta næringsutvikling, busetting og tilgang på kompetent arbeidskraft i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg. Avtalane legg til rette for styrkt utviklingskraft i distriktskommunar og samordnar offentlege aktørar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Kommunane testar nye tiltak på lokale utfordringar som vil kunne ha overføringsverdi til andre kommunar. Regjeringa har no signert 10 avtalar fordelt på 35 kommunar i 7 fylke.

Grøn omstilling og attraktive arbeidsplassar er viktig for framtida. Noreg treng næringar som gir landet verdiskaping og arbeidsplassar, som tar klimaomsyn og nyttar ressursane på ein berekraftig måte. Regjeringa vil føre ein aktiv næringspolitikk slik at små og mellomstore verksemder tar del i denne omstillinga. Fylkeskommunen har ansvar for å legge til rette for verdiskaping og samfunnsutvikling. Ressursgrunnlaget som finst regionalt og lokalt er viktige føresetnader når nye og eksisterande næringar skal utviklast.

Regjeringa arbeider med å følgje opp regionvekstavtalene med pilotfylka Nordland og Rogaland, som begge har valt grønt industriløft som overordna tema for sine avtalar. Avtalane vil styrkje gjennomføringa av nasjonal politikk og forsterke rolla til fylkeskommunen som samfunnsutviklar.

Reiselivsnæringa medverkar til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og utvikling over heile landet. Stortinget vedtok våren 2025 ei lov om besøksbidrag. Dette vil gjere det lettare for kommunar med høgt reiselivspress å finansiere reiselivsrelaterte fellesgode, og kan bidra til å legge grunnlaget for ei berekraftig utvikling i næringa.

Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for verdiskaping og sysselsetting i mange distriktskommunar. Regjeringa har i heile si periode prioritert ei auke i inntektsmoglegheitene i jordbruket. I jordbruksavtala Prop. 149 S (2024–2025) vart partane samde om å styrkje nasjonal sikkerheit og sjølvforsyning. Regjeringa vidareførar satsinga på Nord-Noreg og berekraftig matproduksjon og verdiskaping.

Alle innbyggarar skal ha tilgang til likeverdige tenester same kvar i landet dei bur. I pilot nærtenestesenter testar ni kommunar ut ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i område der innbyggarane har lang reiseveg.

Lokaliseringspolitikken har som mål å sikre ei god fordeling av statlege arbeidsplassar over heile landet. Dette bidrar til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle regionar og gir tilgang til statlege tenester. Regjeringa ønskjer å lokalisere fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området, og å legge betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Regjeringa vil òg vurdere korleis statlege arbeidsplassar som skal vere baserte i Oslo kan bli flytta frå sentrum til Groruddalen, Søndre Nordstrand og andre delar av kommunen.

I 2025 vart pilot Statens hus avslutta. Resultata viser at pilotkommunane i stor grad har styrkt og samla det offentlege kompetansemiljøet i regionane, og at kontorfellesskapa har spelt ei særskilt rolle i dette. Piloten har mellom anna løfta fram kommunane si viktige rolle som vertskap for statlege arbeidsplassar, og gitt verdifull innsikt for vidare utvikling av lokaliseringspolitikken for mindre stader.

Eit viktig mål for regjeringa er å få fleire i arbeid. Kombinasjonen av høg etterspørsel etter arbeidskraft og færre folk i arbeidsdyktig alder i distrikta gjer at tiltak for å få fleire utanfor arbeidslivet i jobb vil bli særleg viktig for distrikta framover.

Utdanning og kompetanseutvikling er ein føresetnad for tilgang på nok og kompetent arbeidskraft i offentleg og privat sektor. Regjeringa vektlegg utvikling av utdannings- og kompetansetilbod i distrikta basert på regionale kompetansebehov og prioriteringar. Studiesentera er her sentrale, då dei legg til rette for fleksible og desentraliserte utdanningstilbod.

Regjeringa la våren 2025 fram Meld. St. 11 (2024–2025) om høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga løfter fram behovet for å bygge ut kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning i tråd med kompetansebehova i heile landet. Fylkeskommunane har eit kompetansepolitisk ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga omfattar tiltak som støttar opp under dette ansvaret, som å vidareutvikle dialogen mellom Kunnskapsdepartementet og fylkeskommunane om forvalting og styring av høgare yrkesfagleg utdanning.

Merkur-programmet er eit viktig verkemiddel for å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Merkur-butikkar kan spele ei sentral rolle som beredskapsbutikk ved naturkatastrofar og andre akutte hendingar. Maksimalt støttebeløp til investeringsstøtte til Merkur sine daglegvarebutikkar blir auka frå inntil 600 000 kroner til inntil 800 000 kroner per butikk frå 2026.

Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer, flyplassar, breiband og mobilnett bind Noreg saman og er viktig for busetting og arbeidsplassar i heile landet. I Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036 legg regjeringa opp til å vri ressursbruken i planperioden mot drift, vedlikehald og fornying, samstundes som det er lagt opp til oppstart av fleire store riksvegprosjekt over heile landet. Regjeringa har langt på veg sikra alle husstandar og verksemder i Noreg tilgang til høghastigheitsbreiband.

I langtidsplanen for forsvarssektoren legg regjeringa opp til eit kraftig forsvarsløft for å styrkje evna til å førebygge, avverje og handtere krise og krig. Regjeringa vil satse på eit sterkt forsvar i heile landet ved å auke bemanninga og styrkje drifta, ikkje minst i nordområda og Finnmark. Langtidsplanen vil krevje store ressursar, fleire tilsette og store investeringar. Dette kan gi store verknader for busetting og næringsutvikling i lokalsamfunn dersom forholda blir lagt til rette og handlingsrommet utnytta.

I den rådande geopolitiske situasjonen er busetting og næringsaktivitet i nordområda avgjerande for å verne om norsk suverenitet, og for å sikre berekraftig forvalting av naturressursane. I nordområda heng utanriks-, sikkerheits- og innanrikspolitikk tett saman. I lys av dette har regjeringa lagt fram ny nordområdestrategi Norge i nord – Nordområdepolitikken i en ny virkelighet.

Det overordna målet i strategien er at Nord-Noreg skal ha livskraftige lokalsamfunn der folk ønskjer å bu, og som bidrar til sikkerheit og beredskap. Strategien set retning for regjeringa si vidare politikkutvikling og prioriteringar i nordområda, og har som mål å samordne innsatsen på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Dagens utfordringsbilete og den geopolitiske situasjonen tilseier at det er avgjerande at våre politiske mål, prioriteringar og initiativ trekk i same retning. Regjeringa foreslår tiltak innan fleire sektorar for å styrkje ringverknadane av forsvarssatsinga, styrkje beredskapskapasitet og -samarbeid, og dessutan styrkje lokalsamfunnsutvikling og næringsutvikling i nord.

Vekst, utvikling og beredskap i Aust-Finnmark er ikkje isolerte finnmarksforhold, men ein føresetnad for nasjonal sikkerheit og suverenitet. Regjeringa har styrkt den politiske og faglege dialogen med lokale og regionale aktørar i regionen, noko som har lagt grunnlag for prioriteringar i den nye nordområdestrategien. Vidareføring av dialogen blir sentral for den vidare innsatsen mot felles mål.

Fleire ordningar tar omsyn til dei særskilde utfordringane i Nord-Noreg. Regjeringa har i regjeringsperioden styrkt dei personretta ordningane i innsatssona for Finnmark og Nord-Troms, og har innført gratis barnehage, auka Finnmarksfrådraget og gjeldsletta for studielån. Det er etablert ein «fordelskalkulator» som skal synleggjere dei økonomiske fordelane ved å bu og arbeide i sona (sjå meir under del III Nordområdepolitikken).

Ei særleg viktig ordning i distriktspolitikken er den differensierte arbeidsgivaravgifta, med nullsats i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, og låg avgift i landsdelen elles. Provenytapet av dette tiltaket er estimert til om lag 25,2 mrd. kroner i 2026, sjå vedlegg 1 Den breie distriktspolitikken.

1.5 Gode rammevilkår for samar og nasjonale minoritetar

Samane har status som urfolk i Noreg. Jødar, kvener/norskfinnar, romar, romanifolk/taterar og skogfinnar er anerkjende som nasjonale minoritetar. Det er viktig for regjeringa at samar og nasjonale minoritetar i Noreg skal få utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.

Regjeringa er i gang med å følgje opp dei 16 oppmodningsvedtaka frå Stortinget etter handsaminga av rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen hausten 2024. Mange av vedtaka handlar på ulike måtar om språk og kultur. Regjeringa har i tillegg ein aktiv samepolitikk og ein aktiv politikk overfor dei nasjonale minoritetane som går utover oppmodningsvedtaka, og som regjeringa ønskjer å bygge vidare på og styrkje i forsoningsprosessen framover. Å motvirke hets, rasisme og diskriming av samar og nasjonale minoritetar står òg sentralt i regjeringa sitt arbeid. Videre forsoning er ein prosess som vil ta tid og som involverer ulike aktørar nasjonalt og lokalt, i tillegg til utstrekt kontakt med Sametinget, og med organisasjonar som representerer kvener/norskfinnar og skogfinnar. Sjå nærare omtale av oppfølging av oppmodingsvedtaka knytt til rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen i Del III og i budsjettforslaga frå dei enkelte fagdepartementa.

Denne stortingsperioden har det vore ein solid auke av midlar til Sametinget og til andre samiske føremål. Dette er med å styrkje det samiske samfunnet på fleire område – ikkje minst når det gjeld språk og kultur. Det er innført fleire gode språktiltak for både kvensk og for samiske språk som skal styrkje posisjonen deira. Regjeringa har mellom anna starta arbeidet med ein ny handlingsplan for kvensk språk, styrkt dei samiske språksentera og utviklinga av betre teknologiske verktøy. Språkreglane i samelova er endra slik at det er lettare for fleire kommunar å bli med i forvaltingsområdet for samiske språk. Kommunane i forvaltingsområdet skal sørgje for eit samisk språk- og kulturtilbod til barn, unge og eldre. I tillegg har regjeringa utvida den samiske vegviserordninga frå fire til seks vegvisarar frå hausten 2024 og styrkt dei nasjonale minoritetanes organisasjonar. Regjeringa vil fortsette å legge til rette for at omsynet til samane og dei nasjonale minoritetane blir vareteke på tvers av politikkområde og at dei folkerettslege forpliktingane blir etterlevde.

2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren

2.1 Kommunesektoren sine inntekter i 2025

I saldert budsjett for 2025 vart det lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene på 13 mrd. kroner rekna frå inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2024. Dette inkluderer tilleggsløyvinga på 5 mrd. kroner i Prop. 1 S Tillegg 1 (2024–2025).

Anslaget for skatteinntektene knytt til inntekt og formue er no på om lag same nivå som anslått til saldert budsjett for 2025. Då er det korrigert for at nedgangen i skatteinntektene på 250 mill. kroner som følgje av innføring av jordbrukskonto er kompensert gjennom auka rammetilskot.

Anslaget for den kommunale deflatoren er endra frå 4,1 pst. i Nasjonalbudsjettet 2025 til 4,0 pst. Dette trekker isolert sett inntektsveksten opp med om lag 0,5 mrd. kroner.

Rekna frå anslag på rekneskap for 2024, er realveksten i frie inntekter anslått til om lag 23,0 mrd. kroner. Dette inkluderer mellom anna 4,1 mrd. kroner i kompensasjon for auka pensjonskostnadar, inkludert ny offentleg AFP, og 1,6 mrd. kroner i auka frie inntekter i revidert nasjonalbudsjett for 2025. Denne betydelege auken må òg bli sett i samanheng med skattesvikten i 2024 knytt til inntekt og formue som var 8,5 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2024.

Anslaget for meirkostnadar til pensjon er no om lag 4,2 mrd. kroner utover anslått lønsvekst i 2025, noko som er 0,6 mrd. kroner høgare enn tidlegare anslått.

2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 2026

Signal i kommuneproposisjonen

I kommuneproposisjonen for 2026 la regjeringa opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i intervallet 4,2–4,9 mrd. kroner. Den foreslåtte veksten ville gi eit handlingsrom utover meirkostnadar til demografi på 1,3–2,0 mrd. kroner. Regjeringa foreslo at kommunane skulle få 85 pst. av handlingsrommet utover meirkostnadar til demografi, medan fylkeskommunane skulle få 15 pst. av handlingsrommet. Det vart vidare varsla at dersom det skulle kome vesentleg ny informasjon om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, kunne den foreslåtte veksten bli endra i forslaget til statsbudsjettet for 2026.

Demografi

I kommuneproposisjonen for 2026 vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine demografikostnadar på om lag 2,9 mrd. 2026-kroner, fordelt med om lag 2,1 mrd. kroner på kommunane og 0,8 mrd. kroner på fylkeskommunane.

Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) oppdaterte anslaget for demografikostnadar i juni 2025. Det er inga endring i anslaget samanlikna med kommuneproposisjonen for 2026.

Pensjon

I kommuneproposisjonen for 2026 vart det varsla at kompensasjon for vekst i pensjonskostnadar frå og med 2026 skulle inkluderast i anslaga på den kommunale deflatoren. Dette er følgt opp, og anslaget for den kommunale deflatoren i statsbudsjettet tar omsyn til meirkostnadar til pensjon. Realvekst i frie inntekter som blir foreslått i statsbudsjettet, er altså vekst utover anslått lønsvekst, prisvekst på varer og tenester og vekst i pensjonskostnadar.

Det vart vidare varsla i kommuneproposisjonen for 2026 at departementet tar sikte på ei gradvis justering av berekningsføresetnadar for pensjonskostnadane i åra framover. Målet er at pensjonskostnadane, gjennom forventningsrette anslag, over tid skal reflektere nivået på pensjonspremiane. Det er særleg forholdet mellom diskonteringsrenta og lønsvekst som har betyding for nivået på pensjonskostnadane.

I august sendte departementet ut Rundskriv H-4/25 Beregningsforutsetninger for pensjonskostnadene regnskapsåret 2026. I rundskrivet fastsette departementet at det såkalla forholdstalet mellom diskonteringsrente og lønsvekst blir redusert frå 1,0 til 0,88. Dette vil isolert sett innebere ein auke i dei rekneskapsmessige pensjonskostnadane. Denne auken er tatt omsyn til i anslaget på den kommunale deflatoren for 2026.

Vekst i frie inntekter

Tabell 2.1 viser den foreslåtte veksten i frie inntekter og handlingsrommet i 2026. Regjeringa foreslår ein realvekst i sektoren sine frie inntekter på 4,2 mrd. kroner, noko som svarer til ein realvekst på om lag 0,7 pst. Veksten tilsvarer nedre grense i intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen for 2026. Inntektsveksten er rekna frå inntektsnivået i 2025 slik det vart anslått etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2025.

Mange kommunar og fylkeskommunar opplever den økonomiske situasjonen som utfordrande. Særleg var 2024 eit krevjande år for kommunesektoren. For regjeringa er det viktig å sikre kommunesektoren eit godt og føreseieleg inntektsgrunnlag som bidrar til økonomisk balanse, slik at innbyggarane kan få eit godt tenestetilbod. I 2025 har sektoren fått betydeleg inntektsvekst. Mellom anna fekk sektoren 1,6 mrd. kroner i frie inntekter i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025. Desse midlane blir vidareført i 2026. Ein vekst på 4,2 mrd. kroner i 2026 vil ytterlegare bidra til å styrkje den økonomiske situasjonen i kommunesektoren. Når ein tar omsyn til auken på 1,6 mrd. kroner frå Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett, er inntektsveksten i 2026 høgare enn øvre grense i intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen for 2026.

Den foreslåtte veksten på 4,2 mrd. kroner vil gi eit handlingsrom utover meirkostnadar til demografi på 1,3 mrd. kroner. I tråd med signala i kommuneproposisjonen foreslår regjeringa at handlingsrommet på 1,3 mrd. kroner blir fordelt med om lag 85 pst. på kommunane og 15 pst. på fylkeskommunane. Kommunane vil få ein vekst i frie inntekter på 3,2 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 1,0 mrd. kroner.

Regjeringa vil streke under at kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å tilpasse aktivitetsnivået til inntektene dei har gjennom kloke prioriteringar, nødvendige omstillingstiltak og god økonomistyring, slik at drifta er berekraftig over tid. Kommunane og fylkeskommunane kan ut frå lokale behov og vurderingar bruke handlingsrommet til å betre den økonomiske balansen eller betre tenestetilbodet.

Tabell 2.1 Auka handlingsrom for kommunesektoren i 2026

Mrd. 2026-kroner

Vekst i frie inntekter

4,2

-Meirkostnadar til demografi

2,9

Handlingsrom etter meirkostnadar til demografi

1,3

Nærare om realveksten i samla inntekter

I tabell 2.2 er realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på 6,7 mrd. kroner dekomponert.

Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, blir kommunesektoren kompensert eller trekt i frie inntekter basert på endring i økonomisk belastning. Desse endringane blir haldne utanom berekna vekst i frie inntekter, men inngår i veksten i samla inntekter. For 2026 utgjer desse endringane i løyvingane samla sett ein auke på 2,2 mrd. kroner. Endringane er mellom anna knytt til vidareføring av maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2026.

Realveksten i øyremerkte tilskot er anslått til -0,2 mrd. kroner. Reduserte tilskot til mellom anna regional- og distriktspolitiske verkemiddel, vertskommunetilskot, breibandutbygging og energitiltak i kommunale bygg trekker veksten ned. I motsett retning trekker auka løyvingar til mellom anna toppfinansieringsordninga, driftstilskot til fagskular, investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar, tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og overføringar til Havbruksfondet.

Tabell 2.2 Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2026

Mrd. 2026-kroner

Frie inntekter

4,2

Frie inntekter knytt til endringar i oppgåver1

2,2

Øyremerkte tilskot

-0,2

Gebyrinntekter

0,5

Realvekst samla inntekter

6,7

1 Desse midlane blir løyvd som frie inntekter, men er ikkje med i veksten i frie inntekter fordi dei er knytt til endringar i pålagte oppgåver. Midlane er rekna med i veksten i dei samla inntektene.

Nærare om realveksten i frie inntekter

Tabell 2.3 viser anslag på kommunesektoren sine frie inntekter i 2025 og 2026 i løpande prisar. Inntektsnivået i 2025 er anslag på rekneskap i denne proposisjonen. Inntektsnivået i 2025 er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av kommunesektoren sine oppgåver. Hensikta med å korrigere for oppgåveendringar mv. er å gjere inntektsnivået i 2025 samanliknbart med inntektsnivået i 2026. Det er gjort nærare greie for korreksjonar i programkategori 13.70, tabell 5.4.

I kommuneproposisjonen for 2026 vart det varsla at den kommunale skattøyren skal fastsettast ut frå ei målsetting om at skatteinntektene skal utgjere om lag 40 pst. av dei samla inntektene for kommunesektoren. Anslaget på kommunesektoren sine skatteinntekter i 2026 bygger mellom anna på ein vekst i sysselsettinga på 0,7 pst. og ein årleg lønsvekst på 4,0 pst. frå 2025 til 2026.

Forslag til kommunale og fylkeskommunale skattøyrar for 2026 er lagt fram i Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026. Det er foreslått at den kommunale skattøyren blir 11,35 pst., medan den fylkeskommunale skattøyren blir 2,40 pst.

Etter dette er det anslått at skatteinntektene vil utgjere om lag 40 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter i 2026.

Tabell 2.3 Kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter

Mill. kroner. Nominelle prisar1

Kommunane2

Fylkeskommunane2

Kommunesektoren i alt

20253

2026

Pst. endr.

20253

2026

Pst. endr.

20253

2026

Pst. endr.

Skattar i alt

252 989

268 388

6,1

45 700

48 300

5,7

298 689

316 688

6,0

Av dette skatt på inntekt og formue

234 450

249 200

6,3

45 700

48 300

5,7

280 150

297 500

6,2

Rammetilskot4

200 169

203 464

1,6

54 021

55 554

2,8

254 190

259 017

1,9

Sum frie inntekter

453 158

471 851

4,1

99 721

103 854

4,1

552 879

575 705

4,1

1 Pris- og lønsveksten i kommunesektoren i 2026 (deflator) er anslått til 3,5 pst. Fra og med 2026 inngår meirkostnadar til pensjon i anslått deflator. For 2026 er det anslått nullvekst i meirkostnadar til pensjon. Anslaget på den kommunale deflatoren er dermed 3,5 pst. frå 2025 til 2026 både med og utan meirkostnadar til pensjon.

2 Oslo er delt i ein kommunedel og ein fylkeskommunedel

3 Anslag på rekneskap korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar, jf. tabell 5.3 under programkategori 13.70

4 Omfattar ikkje kap. 571, post 21 Særskilde driftsutgifter

Boks 2.1 Inntekter til kommunesektoren i 2026

Kommunesektoren sine samla inntekter er anslått til om lag 790 mrd. kroner i 2026. Tabell 2.4 viser samansettinga av inntektene i 2026 og nominell endring frå 2025. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap 2025 i denne proposisjonen, korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.

Kommunesektoren sine skatteinntekter og rammetilskot er sektoren sine frie inntekter. Dei frie inntektene utgjer om lag 73 pst. av dei samla inntektene. Desse inntektene kan disponerast fritt innanfor ramma av lover og forskrifter, og gir kommunesektoren rom for lokal tilpassing av verksemda.

Skatteinntekter er kommunesektoren sin del av skatt på alminneleg inntekt frå personlege skatteytarar, formuesskatt og eigedomsskatt i kommunar som har innført det. Nokre kommunar har inntekter frå naturressursskatt frå vasskraftverk. Storleiken på skatteinntektene avheng mellom anna av utviklinga i skattegrunnlaga og av dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrane. Rammetilskot blir løyvd på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett, kap. 571 og 572.

Øyremerkte tilskot skal nyttast i tråd med føremålet som er angitt for løyvinga. Øyremerkte tilskot utgjer om lag 5 pst. av dei samla inntektene.

Gebyrinntektene er kommunale avgifter og eigenbetalingar for tenester som kommunane leverer til innbyggarane, til dømes tekniske tenester, helse- og omsorgstenester og barnehagar, og utgjer om lag 14 pst. av dei samla inntektene.

Meirverdiavgiftskompensasjonen er refusjon til kommunesektoren for anskaffingar som er meirverdiavgiftspliktige, og utgjer om lag 4 pst. av dei samla inntektene.

Tabell 2.4 Kommunesektoren sine inntekter i 2026

Mrd. kroner

Del av samla inntekter (pst.)

Endring frå 20251 (pst.)

Frie inntekter

575,7

72,9

4,1

Skatteinntekter

316,7

40,1

6,0

Rammetilskot

259,0

32,8

1,9

Øyremerkte tilskot2

42,1

5,3

8,7

Gebyr

113,9

14,4

4,0

Meirverdiavgiftskompensasjon

33,6

4,3

1,5

Andre inntekter

24,9

3,2

3,5

Totalt

790,2

100,0

4,3

1 Nominell endring. Berekningsgrunnlaget er anslag på rekneskap for 2025 korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.

2 Ekskl. tilskot til kommunane sitt arbeid med flyktningar, personar med opphald på humanitært grunnlag og asylsøkarar.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025) meinte ikkje var kvittert ut. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Departementet har foreslått å avslutte rapporteringa på fleire vedtak der vedtaket gir føringar for politikkutforming på eit konkret område, og der departementet har omtala korleis dette skal følges opp i politikken framover. Orientering til Stortinget om det vidare arbeidet i desse sakene vil skje i den ordinære omtalen i dei årlege budsjettframlegga og i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2024–2025

17

Sannings- og forsoningskommisjonen – lokale språk- og kulturarenaer

Ja

2024–2025

19

Sannings- og forsoningskommisjonen – økonomiske rammer for kommunar og fylkeskommunar

Ja

2024–2025

28

Sannings- og forsoningskommisjonen – offentleg tilsette sin kunnskap

Ja

2024–2025

29

Sannings- og forsoningskommisjonen – forpliktande handlingsplanar

Nei

2024–2025

30

Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering om utvikling av kvensk språk

Ja

2024–2025

31

Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering til Stortinget

Ja

2024–2025

89

Distriktstilskot for kommunar i innsatssona i Nord-Troms

Ja

2024–2025

451

Sjølvkostregelverk: Forlenge maksimal avskrivingstid

Ja

2024–2025

452

Sjølvkostregelverk: Periode for tilbakeføring/framføring av overskot/underskot

Ja

2024–2025

524

Forsøks-/frikommuneprinsippet

Ja

2024–2025

525

Gjennomgang av kommunesektorens oppgåver

Ja

2024–2025

697

Gjennomgang av partilova

Nei

2024–2025

878

Mindre føringar i areal- og transportplanar

Ja

2024–2025

880

Enklare handsaming av byggesaker

Ja

2024–2025

885

Reduserte plankrav i plan- og bygningslova

Ja

2024–2025

1026

Grunneigarfinansiering: Pilotprosjekt med utval av kommunar

Ja

2024–2025

1027

Grunneigarfinansiering: Evaluere bruken av omsynssonar

Ja

2024–2025

1028

Grunneigarfinansiering: Unngå utvida bruk av omsynssonar

Ja

2024–2025

1103

Kommunalt sjølvstyre i plan-, areal- og byggesaker

Ja

2024–2025

1104

Forbetre ordninga for ressurskrevjande tenester

Ja

2024–2025

1105

Særskild rentekompensasjon for ferjeavløysingsprosjekt

Nei

2024–2025

1107

Tilskot til ressurskrevjande tenester – enklare utforming

Ja

2024–2025

1108

Vidareføring av ferjeavløysingsordninga

Ja

2024–2025

1148

Fordeling av auken i dei frie inntektene til fylkeskommunane

Ja

2024–2025

1221

Korttidsutleige av bustader

Ja

2024–2025

1234

Merkur-ordninga

Ja

2024–2025

1241

Frie inntekter til kommunesektoren

Ja

2024–2025

1258

Særskilte tiltak i innsatssonen

Ja

2023–2024

1

Endringar i partilova

Ja

2023–2024

74

Klimagassrekneskap

Ja

2023–2024

93

Ikkje-kommersielle bustader

Ja

2023–2024

155

Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser

Ja

2023–2024

156

Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushalding

Ja

2023–2024

456

Organisatoriske tiltak mot flaum

Ja

2023–2024

756

Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom

Nei

2023–2024

757

Forbod mot blankoskøyter

Ja

2023–2024

784

Styringsverktøy for områder med villrein

Ja

2023–2024

797

Gjeninnføre tilskot til utleigebustader

Ja

2023–2024

813

Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane

Ja

2023–2024

815

Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga

Ja

2023–2024

909

Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader

Nei

2022–2023

24

Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg

Ja

2022–2023

88

Husleigelovutval

Nei

2022–2023

454

Strategi for massehandtering

Ja

2022–2023

455

Digital marknadsplass for overskotsmassar

Ja

2022–2023

780

Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins

Nei

2022–2023

821

Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar

Ja

2022–2023

824

Evaluering av frikommuneforsøk

Ja

2022–2023

934

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg

Ja

2021–2022

35 nr. 35

Blankoskøyter og plikt til tinglysing

Ja

2021–2022

35 nr. 54

Studentbustader som eige føremål i kommunale arealplanar

Ja

2021–2022

726

Energifleksibel oppvarming

Ja

2018–2019

55

Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar

Ja

2015–2016

646

Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise

Ja

3.1 Stortingssesjon 2024–2025

Sannings- og forsoningskommisjonen – lokale språk- og kulturarenaer

Vedtak 17, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå status for aktive, lokale språk- og kulturarenaer for urfolk og nasjonale minoriteter og vurdere hva som er nødvendig for å sikre slike arenaer stabil drift over tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Departementet har sett i gang arbeidet med å gjennomgå status for kultur- og språkarenaer og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Sannings- og forsoningskommisjonen – økonomiske rammer for kommunar og fylkeskommunar

Vedtak 19, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen se på de økonomiske rammene for kommuner og fylkeskommuner sitt ansvar for språkutvikling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Departementet vil sjå på dei økonomiske føresetnadene kommunar og fylkeskommunar har for å ivareta språkutvikling og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Sannings- og forsoningskommisjonen – offentleg tilsette sin kunnskap

Vedtak 28, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen ta ansvar for en planmessig oppdatering av offentlig ansattes kunnskap om urfolks og nasjonale minoriteters rettigheter, språk, kultur og tradisjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Departementet har eit e-læringsprogram for offentleg tilsette om samar og nasjonale minoritetar, sist oppdatert i 2024. Departementet vil sjå på andre måtar å nå ut med informasjon om e-læringsprogrammet, i tillegg til å vurdere andre tiltak for å spreie informasjon om gruppene blant offentlege tilsette.

Departementet arbeider med å revidere rettleiar for kommunar og fylkeskommunar om konsultasjonar med samiske interesser.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Sannings- og forsoningskommisjonen – forpliktande handlingsplanar

Vedtak 29, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere effektene av gjeldende virkemiddelapparat og å utforme forpliktende handlingsplaner for å styrke språkene som ble utsatt for fornorsking, med et tilpasset ambisjonsnivå, for henholdsvis levende og utdødde språk.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Vedtaket er under oppfølging. Departementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for kvensk språk. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå kvenske organisasjonar og institusjonar og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar. Det er enno ikkje sett dato for når handlingsplanen skal vere ferdig.

Departementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for skogfinsk kulturarv med språklege element hausten 2025. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå dei skogfinske organisasjonane og institusjonane, og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar.

Departementet har planar om å sette i gang arbeid med handlingsplanar for dei samiske språka.

Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering om utvikling av kvensk språk

Vedtak 30, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen om en regelmessig rapportering om utviklingen av kvensk språk etter modell av dagens rapportering for de samiske språkene, og en vurdering av hva som er et hensiktsmessig omfang av en slik rapportering.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Det er i dag inga regelmessig rapportering om utviklinga av dei samiske språka som kan brukast som modell for rapportering på kvensk språk. Departementet svarer på dette vedtaket ved å vise til rapporteringa på oppmodningsvedtak 29.

Noreg har ratifisert Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk og rapporterer kvart femte år til Europarådet om oppfyllinga av forpliktingane, mellom anna når det gjeld kvensk språk og dei samiske språka.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering til Stortinget

Vedtak 31, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen melde tilbake til Stortinget ved fremleggelse av budsjettet hvert år om hvordan arbeidet overfor urfolk og nasjonale minoriteter følges opp i de respektive departementers ansvarsområder. Det skal i tillegg legges frem en helhetlig melding om forsoningspolitikken og status i oppfølgingsarbeidet. Meldingen legges fram for Stortinget en gang i hver stortingsperiode, første gang i 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Regjeringa sin politikk overfor samar og nasjonale minoritetar og oppfølginga av oppmodningsvedtaka går fram av dei årlege budsjettproposisjonane til departementa. Kommunal- og distriktsdepartementet har òg samanfatta rapportering på oppmodingsvedtaka i oppfølginga av Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, i del III Omtale av særlege tema.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil starte arbeidet med ei stortingsmelding om forsoning og status for oppfølginga oppmodningsvedtaka på nyåret 2026, slik at meldinga kan leggast fram i 2027.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Distriktstilskot for kommunar i innsatssonen i Nord-Troms

Vedtak 89, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen i kommuneproposisjonen for 2026 utrede behovet for at kommuner i innsatssonen i Nord-Troms skal få distriktstilskudd Nord-Norge mer lik satsene i Finnmark.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025 og Innst. 2 S (2024–2025).

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderingane i Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026, kap. 3.1.2, der det vart foreslått å ikkje endre satsane for distriktstilskot Nord-Noreg for kommunane i innsatssona i Nord-Troms. Fleirtalet på Stortinget hadde ingen merknader til dette, jf. Innst. 532 S (2024–2025).

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Sjølvkostregelverk: Forlenge maksimal avskrivingstid

Vedtak 451, 11. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen forlenge maksimal avskrivningstid på renseanlegg, pumpestasjoner, høydebasseng og ledningsnett i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommuner og fylkeskommuner mv. til 80 år i tråd med SØF-rapport nr. 06/24 Selvkost i kommunene – avskrivningstid, kalkylerente og framføringsperiode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå Anne Kristine Linnestad, Erlend Larsen, Liv Kari Eskeland, Mahmoud Farahmand og Turid Kristensen om lavere vann- og avløpsgebyr, jf. Dokument 8:21 S og Innst. 127 S (2024–2025).

Kommunal- og distriktsdepartementet sende 8. mai 2025 ut eit forslag til endringar i dei maksimale avskrivingstidene i budsjett- og rekneskapsforskrifta. Høyringsfristen var 3. september 2025. Forslaga fekk god støtte i høyringa. På bakgrunn av dette endra departementet 12. september 2025 forskrifta i tråd med høyringsforslaga. Endringa vil tre i kraft frå og med budsjett- og rekneskapsåret 2026.

Avskrivingstida for leidningsnett blir endra frå 40 til 80 år, og det vil gjelde for både tidlegare og framtidige anskaffingar.

For reinseanlegg, forbrenningsanlegg, pumpestasjonar og høgdebasseng blir gjeldande avskrivingstid på 40 år vidareført. Denne vart endra frå 20 til 40 år i 2020, men gjaldt då berre for nye investeringar. No vil òg investeringar som kommunane gjorde i slike anlegg fram til og med 2019, få ei maksimal avskrivingstid på 40 år.

Avskrivingar er per definisjon ei fordeling av investeringskostnaden over den forventa levetida til investeringa. Avskrivingstida må derfor samsvare med forventa levetid. Samsvar med forventa levetid er ein føresetnad for at avskrivingane skal gi eit rimeleg uttrykk for det årlege kapitalslitet, og for at nedbetalinga av investeringa skal skje over tida investeringa er i bruk, både når det gjeld nedbetaling av kommunen sine lån og den nedbetalinga som skal bli dekt av gebyr innanfor sjølvkostområda. Om avskrivingstida blir sett lengre enn forventa levetid, blir nedbetalingstida for lang.

NTNU Samfunnsforskning vurderte forventa bruks-/levetider for kommunale investeringar. Forslaga som departementet sendte på høyring, var i tråd med deira faglege anbefalingar. I SØF-rapport nr. 06/24 vart det peika på at pumpestasjonar, høgdebasseng og reinseanlegg har ei forventa levetid på ca. 50 år, men komponentar i desse anlegga har kortare levetid. Rapporten anbefalte ikkje konkrete endringar i avskrivingstider for desse anlegga. Rapporten gav altså ikkje fagleg grunnlag for å auke avskrivingstida på pumpestasjonar, høgdebasseng og reinseanlegg frå 40 til 80 år.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Sjølvkostregelverk: Periode for tilbakeføring/ framføring av overskot/underskot

Vedtak 452, 11. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen revidere forskrift om beregning av samlet selvkost for kommunale og fylkeskommunale gebyrer (selvkostforskriften) med mål om å forlenge perioden for når fremtidig overskudd må tilbakeføres eller underskudd kan fremføres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå Anne Kristine Linnestad, Erlend Larsen, Liv Kari Eskeland, Mahmoud Farahmand og Turid Kristensen om lavere vann- og avløpsgebyrer, jf. Dokument 8:21 S og Innst. 127 S (2024–2025).

Kommunal- og distriktsdepartementet sende 8. mai 2025 på høyring forslag om endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta for kommunane og i sjølvkostforskrifta. I høyringa ba departementet om synspunkt på framføringsperioden for under- og overskot i sjølvkostrekneskapen, sjølv om forslaget i høyringsnotatet var at gjeldande periode på fem år blir vidareført. Høyringsfristen var 3. september 2025.

Gjeldande regel er ei avveging mellom omsynet til at kostnadene ved dagens tenester skal bli dekte av dagens brukarar (generasjonsprinsippet) på den eine sida og omsynet til stabile gebyr og jamne gebyraukar på den andre. Høyringsinstansane meinte dagens framføringsperiode på fem år i hovudsak fungerer godt, og forslaget om å vidareføre dagens reglar på dette punktet fekk god støtte. På bakgrunn av dette vil departementet vidareføre gjeldande framføringsperiode på fem år.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Forsøks-/frikommuneprinsippet

Vedtak 524, 25. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at flere kommuner kan gjennomføre forsøk med nye måter å løse sine oppgaver på etter forsøks-/frikommuneprinsippet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur, Sandra Bruflot, Anne Kristine Linnestad og Charlotte Spurkeland om ein gjennomgang av kommunesektorens oppgåver og tilskot, jf. Dokument 8:38 S og Innst. 163 S (2024–2025).

I mai 2023 inviterte departementet kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk (frikommuneforsøk) – og dermed bli forsøkskommunar. Forsøka måtte vere innanfor rammene av eksisterande forsøksheimlar.

Det kom totalt 87 søknader frå 77 kommunar og tre fylkeskommunar, og 12 søknader vart tatt med vidare i forsøksordninga. Søknadane vart vurdert i samarbeid med dei aktuelle fagdepartementa. Til no er fire forsøk med unntak frå opplæringslova godkjente. I tillegg er det godkjent eit forsøk i Oslo kommune om delegering av myndigheit til å fatte vedtak i saker om nedsetting og ettergivnad av eigedomsskatt til eigedomsskattekontoret, og eit forsøk i fire kommunar i Indre Namdalen om felles legeteneste i eit kommunalt oppgåvefellesskap med myndigheit til å fatte vedtak. For dei resterande søknadane som vart valde ut, er arbeidet med å konkretisere prosjekta i gang. Årsaka til at mange søknader ikkje vart tatt med vidare i forsøksordninga var mellom anna at kommunar søkte om forsøk der det ikkje var naudsynt med unntak frå regelverk for å gjennomføre tiltaket, at det var i gang lovarbeid på området og at søknader var uklare om kva for regelverk ein søkte unntak frå. I nokre tilfelle opna ikkje forsøksregelverket for det forsøket det var søkt om.

Departementet har inngått avtale med Rambøll Management Consulting om å evaluere forsøksordninga. Det inneber å evaluere om rammene for forsøksordninga som regjeringa inviterte til, er ein føremålstenleg måte å legge til rette for forsøk på. Denne evalueringa vil òg kunne gi eit grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i forsøksregelverket på sikt, som igjen vil kunne ha betyding for kva for forsøk som bør bli iverksett.

Sett i lys av at regjeringa allereie har invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk, og at kommunar og fylkeskommunar når som helst kan søke om forsøk etter dei forsøksheimlane som gjeld i dag, meiner departementet at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Gjennomgang av kommunesektorens oppgåver

Vedtak 525, 25. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid med å gjennomgå kommunesektorens oppgaver, med sikte på at kommunene kan løse oppgaver mer effektivt, tiltrekke seg nødvendig kompetanse og øke det lokale handlingsrommet, slik at kommuner og fylkeskommuner får økt frihet til å prioritere og sikre innbyggernes rettigheter og tjenester av høy kvalitet. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur, Sandra Bruflot, Anne Kristine Linnestad og Charlotte Spurkeland om ein gjennomgang av kommunesektorens oppgåver og tilskot, jf. Dokument 8:38 S og Innst. 163 S (2024–2025).

Regjeringa har sett ned ein kommisjon som skal foreslå endringar i den statlege styringa av kommunesektoren som legger til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen skal òg vurdere og foreslå tiltak om det er andre forhold som binder kompetanse unødvendig, bidrar til unødvendig høge kostnader eller lite effektiv oppgåveløysing i kommunar og fylkeskommunar. Kommisjonen skal etter planen levere ein første rapport før jul i år, medan neste rapport skal kome i 2026.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Gjennomgang av partilova

Vedtak 697, 20. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av partiloven, herunder regelverket for finansiering av politiske partier, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur og Trond Helleland om økt openheit rundt bidrag i form av direkte kandidatstøtte og i form av naturalytingar, jf. Dokument 8:118 L og Innst. 275 L (2024–2025).

Regjeringa vil sette ned eit utval som skal foreslå ny partilov. Dei politiske partia på Stortinget skal bidra med innspel til mandatet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Mindre føringar i areal- og transportplanar

Vedtak 878, 4. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen påse at fylkeskommunenes areal- og transportplaner ikke legger så sterke føringer på kommunene og lokaldemokratiet at de hindrer boligbygging og gode lokale løsninger og bidrar til sentralisering og ensretting av boligtilbudet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Erlend Wiborg, Hans Andreas Limi, Per-Willy Amundsen og Terje Halleland om ein betre politikk for å eie bustad og få bustad- og byggebransjen i gang, jf. Dokument 8:183 S og Innst. 339 S (2024–2025).

Regjeringa visar til at fylkeskommunen etter plan- og bygningslova skal utarbeide regionale planar for spørsmål som er fastsett i regional planstrategi. Dei regionale planane er retningsgivande og skal bli lagt til grunn for kommunal og statleg planlegging.

Regjeringa legg til grunn at kommunane skal ha friheit til å styre eigen arealutvikling innanfor rammene som nasjonale og vesentlege regionale interesser sett. Der kor konfliktar om innhaldet i og praktiseringa av regionale planer ender med føresegn eller vesentlege innvendingar vil desse kunne komme til behandling i Kommunal- og distriktsdepartementet, kor statsråden vil ta stilling frå sak til sak.

Plan- og bygningslova seier at kommunane skal legge til rette for tilstrekkeleg bygging av bustader. Lova gir fylkeskommunane og kommunane fleksibilitet til å tilpasse planlegginga til behovet for ulike typar bustader. I dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet har regjeringa differensiert meir mellom kommunar i storregionar og øvrige kommunar. Når fylkeskommunane lager regionale planer, bør dei legge vekt på dette. Dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet inneheld ein eigen retningslinje 3.4 om bustad og bustadsamansetning som ivaretar og avveier hensyna bak oppmodningsvedtaket: «Det skal bli lagt til rette for tilstrekkeleg og variert bustadbusetnad. Planlegginga skal bidra til gode bumiljø for alle. Potensialet for fortetting i bustadområder og andre utbygde areal skal bli kartlagt og bør bli utnytta før det blir lagt til rette for utviding av eksisterande bustadområder og utbygging i nye områder».

Intensjonane i oppmodningsvedtaket vil bli følgt opp gjennom praksis knytt til plan- og bygningslova. I tillegg vil det vere naturlig å drøfte problemstillingane i oppmodningsvedtaket i samband med ei stortingsmelding om arealplanlegging og arkitektur som regjeringa vil igangsette, og som vil inkludere ein bred medverkings- og innspelsprosess.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Enklare handsaming av byggesaker

Vedtak 880, 4. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen avbyråkratisere og forenkle byggesaksbehandlingen og gjennomgå fordyrende tekniske krav med tanke på at slike ikke skal bidra til unødig høye kostnader. Innenfor godkjente reguleringsplaner bør prinsippet om forenklet byggesak gjelde.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Erlend Wiborg og Per-Willy Amundsen om dispensasjonar, motsegner og forenklingar i plan og bygningsloven for å skape vekst, jf. Dokument 8:185 S og Innst. 340 S (2024–2025).

Det har over fleire år vore jobba med å digitalisere og forenkle byggesaksprosessane, noko som har gitt store innsparingar for både næringa og kommunane. Digitalisering gjer sakshandsaminga enklare og raskare, og kan bidra til å synleggjere kompliserte, unødvendige eller motstridande reglar. Regjeringa styrkjer innsatsen for digitalisering av plan- og byggesaker. Våren 2025 leverte ei arbeidsgruppe med deltakarar frå byggenæringa, kommunane og staten fleire forslag til tiltak for raskare plan- og byggesaksprosessar. Arbeidsgruppa peikte ikkje på tekniske krav som særleg utfordrande for bustadbygging, og meinte desse i hovudsak ligg på eit fornuftig nivå. Likevel er det enkelte krav kan verke lite føremålstenlege og fordyrande. Dette følgjer departementet opp.

Det er eit betydeleg forenklingspotensial i å omstrukturere dei byggtekniske krava slik at regelverket blir betre tilrettelagt for digital bruk. Direktoratet for byggkvalitet er i gang med digitalisering av byggteknisk forskrift for å gjere det enklare å forstå når eit krav gjeld, kva kravet konkret inneber, og når det er oppfylt. Det er uklart kva som er meint med at prinsippet om forenkla byggesak skal gjelde innanfor godkjende reguleringsplanar. Eit slikt prinsipp og omgrepsbruk er ikkje etablert i plan- og bygningsregelverket. Departementet er oppteken av at byggesakshandsaminga skal vere enkel og effektiv. Våren 2025 vart eit forslag til lov- og forskriftsendringar som skal bidra til raskare og enklare handsaming av byggesøknader sendt på høyring. Forslaget skal gjere det lettare å utarbeide byggesøknaden på rett måte, slik at kommunane kan handsame han med ein gong. Det er i dag òg mogleg å sende inn byggesøknad som må avgjerast av kommunen innan tre veker dersom tiltaket er i samsvar med reguleringsplan, og ein ikkje treng ytterlegare løyve, samtykke eller fråsegn frå annan myndigheit, og naboar ikkje har merknader.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Redusere plankrav i plan- og bygningslova

Vedtak 885, 4. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om reduserte plankrav i plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heidi Greni, Kathrine Kleveland og Sigbjørn Gjelsvik om å gi kommunane større friheit til å løyse oppgåvene og å redusere det statlege styringstrykket, jf. Dokument 8:247 S og Innst. 415 S (2024–2025).

Asplan Viak AS har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein rapport om tidsbruk i plansaker, og har kome med forslag til tiltak som kan redusere tidsbruken. Rapporten peikar på at årsaka til auka tidsbruk ser ut til å vere meir komplekse planar og fleire krav til utgreiingar i tillegg til motsegn og klager. Rapporten peikar vidare på ei rekke forslag til tiltak som kan bidra til å redusere tidsbruken. Det vert i liten grad peika på behov for justeringar i regelverket. Mange kommunale planar har unødvendig mange og komplekse føresegner, men dette er ikkje ei nødvendig følgje av plan- og bygningslova. Lova gjev kommunane ei rekke verktøy til bruk i arealplanlegginga, og stor fleksibilitet og fridom til å bruke desse. I lova § 3-1 går det tydeleg fram at planar ikkje skal «vere meir omfattande enn nødvendig». Lova seier òg at det berre kan gjevast planføresegner i naudsynt utstrekning. Erfaringa er at det er praktiseringa av lovas føresegner som gjer at planane vert kompliserte og omfattande, ikkje lova i seg sjølv. Kommunane treng òg meir rettleiing om korleis praksis kan forbetrast.

Departementet har følgt opp rapporten og har i eit brev til kommunar, byggenæringa og statlege styresmakter oppmoda til auka innsats, raskare prosessar og betre oversikt. I brevet blir kommunane oppmoda om ha oversikt over framtidig bustadbehov og setje av nok areal. Brevet påpeikar òg at kommunane må vere medvitne om kva krav dei kan stille i plan- og byggesaker. Dei bør unngå å ta inn tekniske krav i planføresegner som høyrer heime i byggesaksbehandlinga, og ikkje bruke tid på å kontrollere krav som ansvarlege aktørar skal dokumentere. Departementet vil sjå på motsegnpraksis, vurdere byggtekniske krav og styrkje digitaliseringa av plan- og byggesaksprosessane, i tillegg til å innføre fleire fristar som kan redusere tidsbruken.

Departementet har saman med Klima- og miljødepartementet sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar. Det kan i den samanheng bli naudsynt med nokre endringar i plan- og bygningslova. Det kan då vere aktuelt å vurdere justeringar av lova sitt krav om bruk av planprogram.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Grunneigarfinansiering: Pilotprosjekt med utval av kommunar

Vedtak 1026, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for egnede og begrensede pilotprosjekter med et representativt utvalg av kommuner for å kunne høste tidlige erfaringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).

Kommunar som ønskjer å bruke den nye modellen for finansiering av infrastruktur er inviterte til å ta direkte kontakt med departementet for bistand. Vi vil blant anna på grunnlag av slik kontakt legge til rette for pilotering av modellen.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Grunneigarfinansiering: Evaluere bruken av omsynssonar

Vedtak 1027, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen evaluere bruken av hensynssoner med krav om grunneierfinansiering etter at ordningen har vært virksom i noe tid og komme tilbake til Stortinget ved behov for justeringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).

Vedtaket vil bli følgt opp med ei evaluering av ordninga når ho har vore i verksemd ei stund. Dersom departementet ser at det er behov for lovjusteringar vil vi kome tilbake til stortinget med eit forslag om det. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Grunneigarfinansiering: Unngå utvida bruk av omsynssonar

Vedtak 1028, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sørge for at reglene om hensynssone med krav om grunneierfinansiering av infrastruktur i praksis ikke gir kommunen et utvidet handlingsrom i vurderingen av hva som er nødvendig infrastruktur, sammenlignet med bruk av utbyggingsavtaler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).

Departementet vil i si rettleiing søkje å tydeleggjera kva som skal reknast som nødvendig infrastruktur. Når ordninga har vore i verksemd ei stund, vil departementet vurdere praksisen og behovet for å eventuelt å klargjere regelverket på dette punktet. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Kommunalt sjølvstyre i plan-, areal- og byggesaker

Vedtak 1103, 17. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vektlegge sterkere det kommunale selvstyret som en grunnleggende verdi i plan-, areal- og byggesaker enn dagens praksis.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).

Departementet vil setje i gang eit arbeid for å forbetre og effektivisere dialogen mellom kommunane og statlege og regionale styresmakter i planprosessane. Målet er å sikre at planane legg grunnlag for ønska lokal utvikling samstundes som nasjonale interesser blir ivaretatt. Departementet vil òg ta initiativ til eit tettare samarbeid med dei departementa som har størst interesser i arealplanlegginga, med mål om betre samordning av den statlege arealpolitikken. Som ein del av dette arbeidet vil departementet òg gå nøye gjennom motsegnspraksisen.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Forbetre ordninga for ressurskrevjande tenester

Vedtak 1104, 17. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen i forslaget til statsbudsjett for 2026 vurdere å forbedre toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester i kommunene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).

Toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester vart lagt om og forbetra frå 2025. I Prop. 1 S (2025–2026) blir det foreslått endringar i innslagspunktet i samband med at verdien for kriteriet i inntektssystemet for personar med utviklingshemming 16 år og over blir redusert. Departementet vurderer at det ikkje er behov for å gjere andre endringar i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester no. Sjå òg vedtak 815, 19. juni 2024, der regjeringa vart bedt om å evaluere omlegginga av ordninga og vurdere innslagspunktet i samband med ordinære budsjettprosessar.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Særskild rentekompensasjon for ferjeavløysingsprosjekt

Vedtak 1105, 17. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa vidareføre den særskilde rentekompensasjonsordninga for fergeavløsningsprosjektet som Stortinget har vedtatt, der fylkeskommunen får kompensert for inntil 50 prosent av dei faktiske årlige rentekostnadene de fem første åra etter at veiprosjektet er ferdig, også for prosjekt som vert ferdigstilte etter 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).

Den særskilde rentekompensasjonsordninga, som vart lagt fram i kommuneproposisjonen for 2022, kan kompensere fylkeskommunane for inntil 50 pst. av årlege, berekna rentekostnader dei første fem åra etter at vegprosjektet er ferdig, for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdig mellom 2022 og 2027. Det er ein føresetnad at finansieringa av ordninga ikkje skal gå ut over andre fylkeskommunar. Ordninga som vart omtalt i kommuneproposisjonen for 2022 hadde ein årleg ramme på inntil 50 mill. kroner.

Hittil er det Nordøyvegen-prosjektet i Møre og Romsdal som har vore aktuelt for dette tilskotet. Prosjektet har fått eit tilskot til dekking av kapitalkostnader for dei fem første åra etter at prosjektet vart ferdigstilt, men tilskotet vart utbetalt over to år (2024 og 2025).

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tilskot til ressurskrevjande tenester – enklare utforming

Vedtak 1107, 17. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen følge opp anbefalingene fra Riksrevisjonens rapport om tilskudd til ressurskrevende helse- og omsorgstjenester i kommunene, slik at tilskuddsordningen utformes enklere og mindre administrativt krevende for kommunene, og slik at en unngår forskjellsbehandling og ineffektiv ressursbruk. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget i kommuneproposisjonen for 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).

Regjeringa vil følgje opp Riksrevisjonen sin rapport der dette er relevant og hensiktsmessig. Departementet har mellom anna bedt Helsedirektoratet greie ut moglege forenklingar i ordninga.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget i kommuneproposisjonen for 2027 og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Vidareføring av ferjeavløysingsordninga

Vedtak 1108, 17. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at ferjeavløsningsordningen blir videreført som en del av finansieringen for å erstatte ferjesamband med fast forbindelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).

Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Ferjeavløysingsordninga inneber at fylkeskommunane kan delfinansiere slike prosjekt med midlane dei får for ferjesambandet gjennom inntektssystemet. Regjeringa meiner at ferjeavløysingsordninga er ei god ordning for fylkeskommunane som bidrar til ei stor, langvarig og føreseieleg delfinansiering av nye vegsamband. Det er òg viktig at fylkeskommunane er med på å delfinansiere eigne vegprosjekt.

Regjeringa foreslår inga endring i ferjeavløysingsordninga i statsbudsjettet for 2026, og vidarefører dermed ordninga.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Fordeling av auken i dei frie inntektene til fylkeskommunane

Vedtak 1148, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fordele midlene tilhørende bevilgning på kap. 572, post 60 på 250 mill. kroner for en satsing på samferdsel i fylkeskommunene etter tabell C-fk, kolonne 1, Opprusting og fornying av fylkesvegnettet i Grønt hefte 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2025, vedtok Stortinget å auke dei frie inntektene til fylkeskommunane med totalt 500 mill. kroner, med grunngiving i auka satsing på samferdsle. Kommunal- og distriktsdepartementet fordelte 250 mill. kroner av desse midlane etter tabell C-saka om opprusting og fornying av fylkesvegnettet i Grønt hefte 2025. Midlane vart utbetalte til fylkeskommunane 2. juli 2025.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Korttidsutleige av bustader

Vedtak 1221, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hjemler i løpet av 2026 for at kommuner kan forby kortidsutleie i hele eller deler av kommunen samt at borettslag og sameier bedre kan begrense og håndheve reglene om kortidsutleie.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).

Husbanken er beden om å auke kunnskapen om marknaden for kortidsutleige av bustader, og å vurdere behovet for rettleiing, presisering av reglane og nye tiltak. Ut frå tilrådingane frå Husbanken, vil departementet vurdere å foreslå for Stortinget å endre reglane for kortidsutleige av bustader. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Merkur-ordninga

Vedtak 1234, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gi føringer om å øke maksimal årlig støtteramme per butikk under Merkur-ordningen til 800 000 kroner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).

Departementet vil justere maksimalt tilskotsbeløp på Merkur-programmet si investeringsstøtte frå inntil 600 000 kroner per butikk per år til inntil 800 000 kroner per butikk per år. Før endringa kan settast i verk må Merkur-forskrifta justerast.

Departementet tar sikte på at endringa vil tre i kraft frå nyttår og meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Frie inntekter til kommunesektoren

Vedtak 1241, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at vekst i frie inntekter til kommunesektoren for 2026 skal regnes fra vedtatt nivå i revidert budsjett for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).

Det er vanleg praksis at vekst i frie inntekter i budsjettåret blir rekna frå vedtatt nivå i revidert nasjonalbudsjett året før. Vekst i frie inntekter for 2026 er rekna frå vedtatt nivå i revidert nasjonalbudsjett for 2025. I vedtatt nivå inngår mellom anna kompensasjon for meirkostnader til pensjon på 4,1 mrd. kroner og vekst i frie inntekter på 1,6 mrd. kroner.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Særskilte tiltak i innsatssonen

Vedtak 1258, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere innretningen av de særskilte tiltakene i Nord-Troms og Finnmark (innsatssonen) for å få bedre resultater for tilflytting og økt verdiskaping.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Bengt Rune Strifeldt, Carl I. Hagen, Dagfinn Henrik Olsen, Morten Stordalen, Per-Willy Amundsen og Sylvi Listhaug om ein tiltakspakke for å styrke næringsliv og befolkningsutvikling i Finnmark, jf. Dokument 8:175 S og Innst. 541 S (2024–2025).

Innsatssona (tidlegare Tiltakssona) er viktig for Noreg sin tryggleik og beredskap. Målet er at det skal bli meir attraktivt å bu og flytte til kommunar i sona. Det er stor etterspørsel etter arbeidskraft og kompetanse i både offentleg og privat sektor i sona. Regjeringa vurderer fortløpande tiltak som kan medverke til auka busetting og aktivitet. Regjeringa gjer fleire tiltak for å styrke og målrette dei særskilte tiltak i sona. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart det innført eit Finnmarkstillegg i barnetrygda. I budsjettet for 2026 foreslår regjeringa å auke Finnmarksfrådraget og satsen for gjeldsslette i innsatssonen aukar frå 30 000 til 60 000 kroner slik regjeringa varsla i samband med budsjettet for 2025.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

3.2 Stortingssesjon 2023–2024

Endringar i partilova

Vedtak 1, 5. oktober 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til endring av partiloven som sikrer at reelle bidragsytere av bidrag over de beløpsgrenser som loven fastsetter, innberettes og offentliggjøres. Regjeringen bes om å komme tilbake til Stortinget på egnet måte etter utredningen er gjennomført.»

Vedtaket vart fatta i samband med trontaledebatten 5. oktober 2023.

Regjeringa la i Prop. 144 L (2024–2025) Endringer i partiloven (innberetning og offentliggjøring av bidrag fra bakenforliggende givere) fram forslag til endringar i partilova. Departementet foreslo at bestemte vilkår må vere oppfylt for at parti og partiledd skal kunne ta imot bidrag frå juridiske personar som har som føremål eller ein vesentleg del av si verksemd å støtte politiske parti økonomisk, eller frå privatpersonar som har mottatt bidrag frå andre for å gi til politiske parti. Politiske parti og partiledd kan berre motta bidrag frå desse givarane viss dei har mottatt dokumentasjon frå givaren om kven givaren i inneverande og førre kalenderår har mottatt bidrag frå, og på storleiken på bidraget. I tillegg foreslo departementet at parti og partiledd skal rapportere identiteten til dei bakanforliggande givarane og storleiken på bidraga viss bidraga er over dei fastsette beløpa i lova.

Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa, jf. Innst. 528 L (2024–2025), og lovendringa trådde i kraft frå og med 1. juli 2025.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Klimagassrekneskap

Vedtak 74, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sikre at data fra klimagassregnskap, som det stilles krav om i TEK 17, samles inn slik at det kan bidra til en faglig utvikling av klimagassregnskapene og kravene som stilles i TEK 17.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).

Kravet i byggteknisk forskrift om at det skal utarbeidast klimagassrekneskap for bygging av bustadblokker og yrkesbygg har verknad frå 1. juli 2023, og gjeld for prosjekt som søkjer om byggeløyve etter dette. Ein klimagassrekneskap blir gjort ferdig først når byggeprosjektet er gjennomført, og det vil derfor ta tid før det finst data som kan bidra til fagleg utvikling som følgje av dette kravet.

Direktoratet for byggkvalitet har arbeidd med tiltak knytt til standardisering, rapportering og deling av informasjon frå byggeprosjekt, og vil etablere ei digital teneste for frivillig innsending av klimagassrekneskap.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Ikkje-kommersielle bustader

Vedtak 93, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen om å utrede hvordan ikke-kommersielle boliger, med pris- og omsetningskontroll, kan defineres, og komme tilbake på egnet måte innen 1. juli 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).

Regjeringa gjorde greie for korleis ikkje-kommersielle bustader kan definerast i Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga. I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til regjeringas tilbakemelding om at den i løpet av første halvår 2025 skal kome tilbake til Stortinget med eit forslag til korleis ikkje-kommersielle bustader, med pris- og omsetjingskontroll, kan definerast og brukast i innretninga av juridiske og økonomiske verkemidlar. På denne bakgrunn meiner fleirtalet rapporteringa ikkje kan avsluttast.

Departementet gjer under programkategori 13.80, mål 1 i denne proposisjonen greie for korleis ikkje-kommersielle bustader med og utan pris- og omsetjingskontroll, kan bli definert og brukt i juridiske og økonomiske verkemiddel.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser

Vedtak 155, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at kravene til registreringen av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser til enhver tid er minimum like strenge som kravene for stortingsrepresentanter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).

Registreringsplikta følgjer av forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser. Desse reglane er like strenge som reglane for stortingsrepresentantar. Se forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser § 3 som viser til reglement om register for stortingsrepresentantenes verv og økonomiske interesser.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushalding

Vedtak 156, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til registrering av verv og økonomiske interesser for regjeringspolitikeres medlemmer av husholdningen, inkludert ektefeller og samboere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).

Departementet har vurdert forslaget, men vil ikkje tilrå å innføre ei slik registreringsplikt for personar som ikkje sjølve er folkevalde. Departementet vurderer at behovet til allmenta er tilstrekkeleg tatt hand om ved at regjeringspolitikaren sjølve alltid må vurdere eigen habilitet, inkludert inhabilitet som følgje av til dømes ektefelle eller sambuar sin tilknyting til ei sak. Departementet har mellom anna lagt vekt på den nærståande sitt personvern da vedkommande ikkje sjølv har søkt eit offentleg verv. Forslaget er òg vanskeleg å avgrense. Det gjeld heller ikkje ei tilsvarande plikt for stortingsrepresentantar.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Organisatoriske tiltak mot flaum

Vedtak 456, 16. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen tillate at kommuner kan bruke organisatoriske tiltak fremfor permanent sikring for å sikre ny bebyggelse mot flom, i tråd med anbefalingene fra NVE.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Innst. 161 S (2023–2024).

Eit forslag til endringar i byggteknisk forskrift (TEK17) som vil opne for bruk av organisatoriske tiltak på gitte vilkår, vart sendt på høyring i juni, med høyringsfrist 3. oktober 2025. Departementet vil følgje opp saka vidare.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom

Vedtak 756, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre obligatorisk registrering av eierskap i fast eiendom»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).

Regjeringa ser dette i samanheng med vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021, der «Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.», og vedtak 757, 12. juni 2024 «Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt.». Ein eventuell innføring av pliktig eigedomsregistrering og eit forbod mot blankoskøyter må òg sjåast i samanheng med tinglysinga og dokumentavgifta. For at ei slik regelendring skal virke, må den òg koordinerast med anna arbeid knytt til kven som eiger eigedom og selskap.

Oppmodingsvedtakets underliggande problemstilling må sjåast i samanheng med den moglege bruken til styresmaktene av opplysningar om eigarskap til aksjar og fast eigedom. Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet ga Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Kartverket i oppdrag å kartlegge styresmaktene si moglege bruk av opplysningar om eigarskapsforhold til aksjar og fast eigedom.

Kartverket har som følgje av oppdraget frå departementa gjennomført ein konseptvalutredning om innsamling, lagring og deling av opplysningar for å sikre tilstrekkeleg oversikt over og kontroll med eigarskap til fast eigedom. Oppdraget bygger blant anna på rapporten Kartlegging av myndighetenes bruk av opplysninger om eierskap av aksjer og fast eiendom, og er gjennomført i samarbeid med Skatteetaten.

Utgreiinga vart levert 16. juni 2025 og er lagt ut på høyring på Kartverket sine heimesider. Det skal no gjennomførast KS1 hausten 2025 med leveranse av sluttrapport innan utgangen av november. Det må deretter tas stilling til konsept.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Forbod mot blankoskøyter

Vedtak 757, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).

Oppfølginga av vedtaket har nær samanheng med og vil bli følgt opp under vedtak 756, 12. juni 2024, og det vises til omtale under dette vedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Styringsverktøy for områder med villrein

Vedtak 784, 13. juni 2024

«Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein og Innst. 374 S (2023–2024).

Oppfølging av vedtaket vil sjåast i samanheng med dei andre oppmodingsvedtaka (783, 785, 786) knytt til stortingsmeldinga om villrein, og som Klima- og miljødepartementet har ansvar for.

Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet følgjer opp oppmodningsvedtaket saman. Eit forprosjekt, utført av Norsk villreinsenter, er gjennomført, der planstatusen i alle dei 24 villreinområda er kartlagt. Det er òg sett på korleis leveområda til villreinen blir forvalta gjennom arealplanar etter plan- og bygningslova, og verneområde etter naturmangfaldlova. Departementa samarbeider vidare om ei meir grundig hovudevaluering som skal gi eit fagleg grunnlag for å vurdere kva for typar styringsverktøy som er mest føremålstenlege, særleg med tanke på forvaltinga av dei villreinområda som i dag ikkje har regionale planar. Behovet for å revidere eksisterande planar blir òg vurdert i samband med evalueringa.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Gjeninnføre tilskot til utleigebustader

Vedtak 797, 14. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen gjeninnføre Husbankens tilskuddsordning for utleieboliger og tilhørende virkemidler for å gjøre det enklere å få tilgang på boliger i bosettingsarbeidet.»

Dokumenta som ligg til grunn er representantforslag frå stortingsrepresentantane Abid Raja, André N. Skjelstad, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Ola Elvestuen om ein tiltakspakke for å ruste norske kommunar i integreringsarbeidet, jf. Dokument 8:103 S og Innst. 382 S (2023–2024).

I Innst. 216 S (2024–2025) merkar fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen seg at oppmodningsvedtaket ikkje vart følgt opp i statsbudsjettet for 2025, og meiner derfor rapporteringa til Stortinget ikkje kan avsluttast.

På generelt grunnlag meiner regjeringa at offentlege tilskot vanskeleg kan løyse utfordringane med høge bustad- og leigeprisar og låg bustadbygging. Tiltak retta mot tilbodssida av marknaden er då meir effektivt. Vidare er det integreringstilskotet som skal dekke utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar, slik at flyktningane kan forsørge seg sjølve og ta del i samfunnet.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane

Vedtak 813, 19. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen evaluere det nye inntektssystemet for kommunene i løpet av 2029.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).

Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka seinast i samband med kommuneproposisjonen for 2030, som skal leggast fram våren 2029, og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga

Vedtak 815, 19. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen evaluere omleggingen av toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester og vurdere innslagspunktet for ressurskrevende tjenester i forbindelse med ordinære budsjettprosesser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).

Før 2025 kompenserte toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester kommunar for 80 pst. av netto lønsutgifter ut over innslagspunktet. Eigenandelen over innslagspunktet var dermed på 20 pst. Inntektssystemutvalet (NOU 2022: 10) tilrådde å legge om toppfinansieringsmodellen slik at han i større grad tar utgangspunkt i kommunen sine utgifter målt per innbyggar enn utgiftene for den enkelte mottakar. Bakgrunnen for dette var at i dåverande modell ville to kommunar med ulikt innbyggartal og like høge utgifter til ressurskrevjande tenester, få like stort tilskot. Dette til tross for at utgiftene til ein mindre kommune normalt vil vere ei større belasting for kommuneøkonomien enn for ein større kommune.

Toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester vart lagt om frå 2025. Eigenandelen over innslagspunktet for landet vil framleis vere 20 pst., men eigenandelen har blitt delt i to, ein eigenandel per innbyggar, som er variabel, og ein eigenandel som er fast. Eigenandelen per innbyggar tar omsyn til kommunar med høge utgifter til ressurskrevjande tenester i høve til innbyggartalet.

Kommunane som har rapportert inn låge utgifter til ressurskrevjande tenester per innbyggar i tilskotsordninga, har tapt på omlegginga. Kommunar som har lågare enn om lag 3 000 kroner i netto lønsutgifter over innslagspunktet per innbyggar, taper på den nye modellen. Desse kommunane har i gjennomsnitt tapt 78 kroner per innbyggar. Kommunar som har høgare enn 3 000 kroner per innbyggar i netto lønsutgifter over innslagspunktet, tener på den nye modellen. Denne gevinsten blir gravis høgare med auka lønsutgifter til ressurskrevjande tenester over innslagspunktet per innbyggar.

Når ein ser på kommunestorleiken, så er det dei minste kommunane (under 3 200 innbyggarar) som tener mest på den nye modellen. Nokre av desse kommunane får òg tilleggskompensasjon. I gjennomsnitt tener kommunar med under 3 200 innbyggarar 172 kroner per innbyggar på den nye modellen. Kommunar med mellom 3 200 innbyggarar og 50 000 innbyggarar tener i gjennomsnitt 43 kroner per innbyggar på den nye modellen, medan kommunar med over 50 000 innbyggarar taper i gjennomsnitt 60 kroner per innbyggar. Dette viser at omlegginga har ført til betre fordelingsverknader.

Innslagspunktet blir vurdert i samband med dei årlege budsjettprosessane. For 2026 er innslagspunktet foreslått sett til 1 921 000 kroner. Departementet viser til omtale under kap. 575 om korleis innslagspunktet er berekna.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader

Vedtak 909, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sende på høring endrede retningslinjer for tildeling av Husbanklån til studentboliger, slik at også ideelle stiftelser er berettiget husbanklån til bygging av studentboliger.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024 og Innst. 447 S (2023–2024).

Vedtaket er under oppfølging. Saka vart ikkje sendt på høyring i 2024. Regjeringa vil vurdere saka på nytt etter at lov om registrering av ideelle velferdsaktørar er på plass, jf. oppmodningsvedtak nr. 87 (2024–2025), som blir handsama av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

3.3 Stortingssesjon 2022–2023

Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg

Vedtak 24, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å midlertidig eller tidsbegrenset unnta mindre solenergianlegg fra søknadsplikt etter plan- og bygningsloven, med unntak for fredede og verneverdige bygg, og fjerne kravet om nettinnmelding på anlegg under 7 kW.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).

Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg blir forvalta av Justis- og beredskapsdepartementet. Kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit for mellom anna solenergianlegg, blir nærare regulert i § 14 i forskrifta. Av tredje ledd i føresegna går det fram at denne meldeplikta i hovudregelen ikkje gjeld for anlegg med ytingar på 10 kW eller lågare. Anlegg med ytingar under 7 kW er allereie unntatt frå kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit. Justis- og beredskapsdepartementet meiner med dette at denne delen av oppmodningsvedtaket er følgt opp.

Eit forslag til endringar i byggesaksforskrifta (SAK10) som vil gi unntak frå søknadsplikt for installasjon av solcellepanel og solfangarar på eksisterande småhusbygg innanfor ei branncelle, vart sendt på høyring 13. mars 2025. Høyringsfristen var 13. juni 2025. Departementet vil følgje opp saka vidare.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Husleigelovutval

Vedtak 88, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025), der regjeringa ikkje legger opp til at ei ny lov skal behandlast i inneverande stortingsperiode, slik oppmodningsvedtaket krev. Fleirtalet legg til grunn at ei ny lov behandlast i inneverande periode.

Husleigelovutvalet har levert ei grundig utgreiing som gir eit godt grunnlag for å fornye husleigelova. Utgreiinga viser tydeleg at det er delte meiningar om fleire saker, noko som òg kom fram i høyringa. Departementet arbeider no med ein lovproposisjon til Stortinget der alle forslag frå utvalet blir sett i samanheng. Eit mål for arbeidet er å finne den rette balansen mellom rettar og plikter for både leigarar og utleigarar. Begge partar skal oppleve lova som rettvis, trygg og pårekneleg. Lova må òg stå seg over tid, og fungere godt både i periodar med høgt og lågt press i leigemarknaden. Arbeidet med proposisjonen har høg prioritet, og regjeringa vil legge fram eit forslag for Stortinget når nødvendig førearbeid er gjort.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Strategi for massehandtering

Vedtak 454, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå relevant regelverk og utarbeide en tverrsektoriell strategi for massehåndtering i samarbeid med bygge- og anleggsnæringen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Departementet arbeider med ein rettleiar om handtering av overskotsmassar etter gjeldande lovverk. Rettleiaren skal bidra til at berekraftig masseforvalting vert sett på dagsorden tidleg i aktuelle planprosessar, og at sektorlovverket som rører masseforvalting vert praktisert likt. Rettleiaren er venta ferdig hausten 2025. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Digital marknadsplass for overskotsmassar

Vedtak 455, 12. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etableringen av en digital markedsplass for overskuddsmasser, etter modell fra Bærum ressursbank.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).

Departementet har innhenta ein rapport frå Asplan Viak AS (2025) som inneheld forslag til korleis staten kan legge til rette for etablering av digitale marknadsplassar for overskotsmassar ulike stader i landet. På kort sikt vurderer departementet, i samarbeid med andre relevante departement, å opprette eit nasjonalt samarbeidsforum for handtering av overskotsmassar. Samarbeidsforumet skal mellom anna bidra til erfaringsutveksling mellom regionane om berekraftig massehandtering og utbreiing av digitale marknadsplassar. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins

Vedtak 780, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at forhåndsstemmer og stemmer avgitt i en annen valgkrets enn der velger er manntallsført ved valgoppgjøret, fordeles på den krets der velgeren er manntallsført.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), Innst. 431 L (2022–2023) og Lovvedtak 96 (2022–2023).

Forslaget vil krevje endring i vallova om korleis kommunane tar imot stemmer og korleis oppteljing av stemmer skal gjerast. Det må difor gjerast ei større utgreiing for å sjå på korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp. Departementet har merka seg at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 347 L (2023–2024) understrekar at det er viktig at Stortinget får ei sak om korleis dette kan gjerast i god tid før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2027.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar

Vedtak 821, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av inntektssystemet for fylkeskommuner i forbindelse med fremleggelsen av kommuneproposisjonen våren 2027.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka i samband med kommuneproposisjonen for 2028, som skal leggast fram våren 2027 og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Evaluering av frikommuneforsøk

Vedtak 824, 13. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av frikommuneforsøk på egnet tidspunkt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).

Departementet har inngått avtale med Rambøll Management Consulting om å evaluere forsøksordninga. Det inneber å evaluere om rammene for forsøksordninga som regjeringa har invitert til, er ein hensiktsmessig måte å legge til rette for forsøk på. Denne evalueringa vil kunne gi eit grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i forsøksregelverket på sikt. Dei enkelte forsøka skal òg evaluerast i eigne oppdrag.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget om evalueringa av forsøksordninga og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg

Vedtak 934, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvår 2024 sende på høring et forslag med krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m2 utenfor LNF-områder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) er fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen einige om at regjeringa skal sende forslaget på høyring før 1. mai 2025.

Forslaget vart sendt på høyring i juni 2025, med høyringsfrist 26. september 2025. Forslaget er ein del av arbeidet med å gå gjennom energikrava i byggteknisk forskrift og relevante krav i byggesaksforskrifta, og vurdere moglege endringar som kan bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

3.4 Stortingssesjon 2021–2022

Blankoskøyter og plikt til tinglysing

Vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Oppfølginga av dette vedtaket har nær samanheng med og vil bli følgt opp under vedtak 756, 12. juni 2024. Det vises til omtale under dette vedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Studentbustader som eige føremål i kommunale arealplanar

Vedtak 35 nr. 54, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).

Eit forslag om å innføre studentbustader som nytt arealformål vart utgreidd og sendt på høyring 15. april 2024, med høyringsfrist 5. august 2024. Det nye arealformålet er teke inn i kart- og planforskrifta som nyleg er revidert. Forskrifta vart vedteken 20. januar 2025 og trådde i kraft 1. juli 2025.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Energifleksibel oppvarming

Vedtak 726, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å bygge opp ei kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiingar i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.

Direktoratet for byggkvalitet har greidd ut moglege endringar i krava til energifleksibel oppvarming. Utgreiingane syner at det ikkje er lønsamt å stramme inn kravet. Det er føremålstenleg å gjere andre endringar i energikrava i byggteknisk forskrift for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Dette er greidd ut i arbeidet med ei heilskapleg gjennomgang av energikrava i byggteknisk forskrift og relevante krav i byggesaksforskrift, eit arbeid som er sett i gang i samband med handlingsplanen for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

3.5 Stortingssesjon 2018–2019

Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar

Vedtak 55, 27. november 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).

Lov om registrering av regjeringsmedlemmars verv og økonomiske interesser vart endra i 2023 ved at det òg vart innført registreringsplikt for statssekretærar og politiske rådgivarar. Regjeringsmedlemmar, statssekretærar og politiske rådgivarar har med det den same plikta til å registrere eksisterande inntektsgivande forhold og avtalar med framtidige oppdragsgivarar som stortingsrepresentantar. Det følgjer av forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser § 2. Stortingspolitikarar er ikkje pålagde å registrere tidlegare oppdragsgivarar eller innhaldet i slike oppdrag.

Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut forslaget om å utvide registreringsplikta til òg å omfatte tidlegare oppdragsgivarar og oppdraga sitt innhald i situasjonar der regjeringspolitikaren har arbeidd med å fremje politiske eller næringsmessige interesser. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022.

Departementet har gått gjennom utgreiinga og vurderer at det ikkje er grunnlag for å sende eit slikt forslag på høyring no. Dagens regelverk for stortingsrepresentantar, som forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser viser til, gir eit godt balansert regelverk mellom omsynet til openheit og omsynet til den enkelte. Det ligg til den enkelte regjeringspolitikar å vurdere sin habilitet i den enkelte sak, inkludert om det er grunnlag for inhabilitet på grunn av tilknyting til tidlegare oppdragsgivar. Eit register over tidlegare oppdragsgivarar og oppdraga sitt innhald vil uansett ikkje gi ei uttømmande liste over alle forhold som kan medføre inhabilitet.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

3.6 Stortingssesjon 2015–2016

Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise

Vedtak 646, 10. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).

Stortinget har vedtatt mellombelse beredskapsheimlar i plan- og bygningslova for å avhjelpe situasjonar der mange flyktningar kjem til landet. Dei gjeld fram til 1. juni 2026. Departementet vil ikkje prioritere eit arbeid med nye reglar no, men vil vurdere saka på nytt når dei mellombelse heimlane løper ut.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

4 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Administrasjon

500

Kommunal- og distriktsdepartementet

431 127

459 572

462 845

0,7

Sum kategori 13.00

431 127

459 572

462 845

0,7

Distrikts- og regionalpolitikk

553

Regional- og distriktsutvikling

1 564 159

1 497 386

1 284 635

-14,2

554

Kompetansesenter for distriktsutvikling

107 924

117 618

118 870

1,1

Sum kategori 13.50

1 672 083

1 615 004

1 403 505

-13,1

Samiske føremål

560

Samiske føremål

687 790

769 903

796 076

3,4

563

Internasjonalt reindriftssenter

13 104

10 062

10 394

3,3

Sum kategori 13.60

700 894

779 965

806 470

3,4

Nasjonale minoritetar

567

Nasjonale minoritetar

72 283

83 435

90 447

8,4

Sum kategori 13.67

72 283

83 435

90 447

8,4

Kommunesektoren mv.

571

Rammetilskot til kommunar

181 391 472

192 232 534

203 487 714

5,9

572

Rammetilskot til fylkeskommunar

49 514 482

53 157 770

55 553 773

4,5

573

Kommunestruktur

213 700

0,0

575

Ressurskrevjande tenester

13 592 920

14 616 141

14 345 844

-1,8

577

Tilskot til dei politiske parti

533 990

575 605

596 262

3,6

578

Valdirektoratet

69 541

126 860

78 046

-38,5

579

Valutgifter

8 600

8 832

2,7

Sum kategori 13.70

245 316 105

260 717 510

274 070 471

5,1

Bustad, bumiljø og bygg

581

Bustad- og bumiljøtiltak

4 547 406

4 175 496

4 356 906

4,3

585

Husleigetvistutvalet

39 658

43 080

-100,0

587

Direktoratet for byggkvalitet

162 421

184 804

219 724

18,9

2412

Husbanken

23 595 535

29 034 189

31 925 510

10,0

Sum kategori 13.80

28 345 020

33 437 569

36 502 140

9,2

Planlegging, byutvikling og geodata

590

Planlegging og byutvikling

222 073

221 111

231 660

4,8

595

Statens kartverk

1 382 862

1 481 201

1 471 364

-0,7

Sum kategori 13.90

1 604 935

1 702 312

1 703 024

0,0

Sum programområde 13

278 142 447

298 795 367

315 038 902

5,4

Sum utgifter

278 142 447

298 795 367

315 038 902

5,4

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Samiske føremål

3563

Internasjonalt reindriftssenter

4 842

3 260

3 377

3,6

Sum kategori 13.60

4 842

3 260

3 377

3,6

Kommunesektoren mv.

3571

Tilbakeføring av forskot

140 575

0,0

5616

Kommunalbanken AS

700 000

700 000

700 000

0,0

Sum kategori 13.70

840 575

700 000

700 000

0,0

Bustad, bumiljø og bygg

3585

Husleigetvistutvalet

3 836

3 366

-100,0

3587

Direktoratet for byggkvalitet

41 926

40 990

41 203

0,5

5312

Husbanken

11 939 680

15 210 444

14 234 895

-6,4

5615

Husbanken

7 317 571

7 661 000

8 480 000

10,7

Sum kategori 13.80

19 303 013

22 915 800

22 756 098

-0,7

Planlegging, byutvikling og geodata

3595

Statens kartverk

834 157

850 614

868 305

2,1

5635

Electronic Chart Centre AS

2 389

3 000

3 000

0,0

Sum kategori 13.90

836 546

853 614

871 305

2,1

Sum programområde 13

20 984 976

24 472 674

24 330 780

-0,6

Sum inntekter

20 984 976

24 472 674

24 330 780

-0,6