Del 3
Omtale av særlege tema

6 Sannings- og forsoningskommisjonens rapport – oppfølging av oppmodingsvedtak

Stortinget ber regjeringa melde tilbake til Stortinget i samband med budsjettproposisjonen kvart år, om korleis arbeidet overfor urfolk og nasjonale minoritetar blir følgt opp i dei ulike departementa sine ansvarsområde.

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaka er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannings- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).

Under er det ei samla oversikt over departementa si oppfølging av oppmodingsvedtaka knytt til Sannings- og forsoningskommisjonens rapport. For handsaming av vedtaka visast det til ansvarleg departement for kvart vedtak.

Vedtak 16, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede en organisering av et nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett, med ansvar for forskning, dokumentasjon, formidling og forsoningsarbeid. Arbeidet må bygge videre på eksisterende kompetanse-, forsknings- og formidlingsmiljøer og gjøres i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljøer.»

Kunnskapsdepartementet vil be Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet om å greie ut mogleg organisering av eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett. Dette er i tråd med føresetnadene frå Stortinget om å bygge på eksisterande fagmiljø, og i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljø. Regjeringa tilrår å tildele 7 millionar kroner på kapittel 260, post 50, til arbeid med kompetansesenteret.

Vedtaket er under oppfølging.

Vedtak 17, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå status for aktive, lokale språk- og kulturarenaer for urfolk og nasjonale minoriteter og vurdere hva som er nødvendig for å sikre slike arenaer stabil drift over tid.»

Kommunal- og distriktsdepartementet har sett i gang arbeidet med å gjennomgå status for kultur- og språkarenaer og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 18, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå språkopplæringen i samisk og kvensk, og iverksette tiltak for at flere barn skal lære språkene i opplæringsløpet. Samarbeidet mellom språksentre, kommuner, fylkeskommuner og andre relevante aktører innen språkopplæring bør styrkes. I dette arbeidet må hindringer identifiseres og tiltak for rekruttering av samisk og kvensk språkkompetanse til barnehage og skole forbedres..»

Kunnskapsdepartementet har valt å sjå oppmodingsvedtaka 18, 20 og 21 under eitt og dermed sjå oppfølginga av desse tre vedtaka i samanheng.

For samisk fell oppfølginga av vedtaka saman med oppfølginga av innsatsområda i Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning.

For kvensk vil Kunnskapsdepartementet mellom anna følgje opp oppmodingsvedtaka gjennom handlingsplanen for kvensk språk.

Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak 19, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen se på de økonomiske rammene for kommuner og fylkeskommuner sitt ansvar for språkutvikling.»

Kommunal- og distriktsdepartementet vil sjå på dei økonomiske føresetnadene kommunar og fylkeskommunar har for å ivareta språkutvikling og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 20, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med forslag til en nasjonal satsing på gjennomgående språkopplæring for kvensk og samiske språk fra barnehage til voksenopplæring.»

Kunnskapsdepartementet svarer ut dette vedtaket ved å vise til rapporteringa på oppmodingsvedtak 18.

Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak 21, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen aktivt støtte opp under teknologiutvikling og nye undervisningsmuligheter som kan bidra til bedre tilgang på utdanning i og på kvensk og samiske språk, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Kunnskapsdepartementet svarer ut dette vedtaket ved å vise til rapporteringa på oppmodningsvedtak 18.

Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak 22, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kompetansemiljøet rundt det skogfinske museet gis ressurser til å arbeide videre med skogfinnenes språkhistorie.»

Norsk skogfinsk museum (NSM) får fast driftstilskot over budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet, kap. 328, post 78. Driftstilskotet i 2025 var 9,8 mill. kroner, og tilnærma dobla frå 2024 for å setje museet i stand til å opne og drive det nye formidlingsbygget på Svullrya. NSM prioriterer bruken av ressursane, og opplyser i samband med budsjettsøknad for 2025 at dei finansierer ei halv prosjektstilling – «finskspråkleg stilling» – ved museet. Regjeringa vil vurdere ressurssituasjonen ved museet gjennom dei årlege budsjettbehandlingane.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil hausten 2025 starte arbeidet med ein handlingsplan for skogfinsk språk og kulturarv med språklege element. Norsk skogfinsk museum og dei skogfinske organisasjonane er inviterte til å delta i ei referansegruppe som skal gi innspel i arbeidet med handlingsplanen. Handlingsplanen er òg ein del av oppfølginga av oppmodingsvedtak 29.

Kultur- og likestillingsdepartementet reknar oppmodningsvedtak 22 som følgt opp.

Vedtak 23, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp Sannhets- og forsoningskommisjonens forslag til tiltak under pilar 3 og komme tilbake til Stortinget med forslag til prioriteringer i statsbudsjettet for 2026.»

Kultur- og likestillingsdepartementet vil forlengje prosjektet Dávvirat Duiskkas – Gjenstandar i Tyskland - med to år, jf. kap. 328, post 78. Formålet er å få oversikt over samiske samlingar i tyske museum, og gi det samiske folket tilgang til eigen kulturarv. Prosjektet skal òg bidra til kunnskapsbasert formidling av samisk kultur nasjonalt og internasjonalt.

I 2026 foreslår regjeringa å auke tildelinga til det samiske kunstnarkollektivet Dáiddádallu med 1,2 mill. kroner, som i samarbeid med Riddu Riđđu Festivála opprettar eit eksportkontor/Agency for samisk kunst, jf. kap. 325, post 72. Eksportkontoret skal fungere som eit samisk agentur og koordinerande instans for internasjonal formidling av samisk kunst.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Internasjonalt samisk filminstitutt (ISFI) med 3 mill. kroner, som ei oppfølging av tilrådinga til departementet om å gi ISFI eit særleg ansvar for samisk film i Noreg, jf. kap. 334, post 78.

Prioriteringane til regjeringa for 2026 vil på ulike måtar styrkje samiske kulturnæringar og kunstnarar, og bidra til auka samarbeid over landegrensene og til internasjonal formidling av samisk kunst og kultur.

I 2025 har ei ny forskrift om tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium vore på høyring. Den nye forskrifta skal erstatte dagens forskrift om tilskot til samiske aviser. Dei foreslåtte forskriftsendringane er i tråd med kommisjonsforslaget under pilar 3 om å utvikle medietilbodet til urfolk og nasjonale minoritetar, og sikre tilgangen på viktig informasjon på morsmåla deira. Målet er at ny forskrift trer i kraft 1. januar 2026.

Regjeringa vil vurdere vidare tiltak under pilar 3 gjennom dei årlege budsjettbehandlingane, og gjere greie for status og vidare oppfølging av tiltak under pilar 3 i stortingsmeldinga om forsoningspolitikken som skal leggast fram for Stortinget i 2027, jf. oppmodingsvedtak 31.

Kultur- og likestillingsdepartementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp, og rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 24, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen oppfordre nasjonale institusjoner til å etablere tettere samarbeid med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske institusjoner og til å bidra til synliggjøring, ivaretakelse og formidling av samisk, kvensk/norskfinsk og skogfinsk kultur.»

Regjeringa bidrar i dag til at etatar og tilskotsmottakarar ivaretar og synleggjer samars, og nasjonale minoritetars språk og kultur gjennom retningslinjer, oppdrag og mål.

Kulturdirektoratet har sidan 2020 hatt rolla som nasjonal koordinator for auka mangfald i kultursektoren. Samane og nasjonale minoritetar er blant målgruppene, og Kulturdirektoratet utviklar oppdraget sitt i dialog med dei. I kjølvatnet av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen har direktoratet både intensivert og systematisert dette arbeidet.

Kultur- og likestillingsdepartementet stiller krav til alle underliggjande etatar om «mangfald, likestilling og deltaking». Kulturtanken og Norsk filminstitutt har i tillegg fått spesifikke oppdrag om å styrkje samisk og nasjonale minoritetars kultur, språk og identitet, gjennom samarbeid og innhaldsproduksjon. Eit hovudmål for Språkrådet er å «verna og fremja» nasjonale minoritetsspråk.

NRKs oppdrag inneheld krav om at NRK skal styrkje samisk språk, identitet og kultur. NRK skal ha daglege sendingar for den samiske befolkninga og program for nasjonale og språklege minoritetar. Språkoppdraget til NRK er styrkt frå 2023 med eit krav om å tilby innhald på samisk og nasjonale minoritetsspråk. NRK skal òg ha program for barn og unge på samisk. I samband med nye fireårige styringssignal for mediestøtta vil regjeringa vurdere endringar i oppdraget til NRK i budsjettproposisjonen for 2027.

Regjeringa vil halde fram dette arbeidet i 2026, og gjere greie for status og vidare oppfølging av tiltak under pilar 3 i stortingsmeldinga om forsoningspolitikken som skal leggast fram for Stortinget i 2027, jf. oppmodingsvedtak 31.

Kultur- og likestillingsdepartementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp, og rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 25, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen ta ansvar for at det etableres en helhetlig forvaltning av kunstverkene Sannhets- og forsoningskommisjonen overleverte til Stortinget, på en slik måte at disse også kan brukes i formidlingen av fornorskingshistorien.»

Kultur- og likestillingsdepartementet har gitt KORO - Kunst i offentlege rom, i oppdrag å forvalte kunstverka. KORO er godt rusta til å legge til rette for bruk av kunstverka i formidlinga av fornorskingshistoria.

Kultur- og likestillingsdepartementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp, og rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 26, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere endringer i navneloven, slik at etterkommere av urfolk og/eller nasjonale minoriteter lettere kan ta tilbake sin families opprinnelige etternavn.»

Vedtaket er under handsaming. Justis- og beredskapsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måta.

Vedtak 27, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et forslag til endring i kulturminneloven som sikrer automatisk fredning av kvenske/norskfinske og skogfinske kulturminner i tråd med bestemmelsen for samiske kulturminner.»

Klima- og miljødepartementet vil følgje opp oppmodingsvedtaket i handsaminga av NOU 2025: 3 Ny kulturmiljølov. Utvalet har greidd ut og foreslått ei ny kulturmiljølov. Ifølge mandatet skulle utvalet mellom anna vurdere varetaking av samiske og nasjonale minoritetars kulturmiljø.

Klima- og miljødepartementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak 28, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen ta ansvar for en planmessig oppdatering av offentlig ansattes kunnskap om urfolks og nasjonale minoriteters rettigheter, språk, kultur og tradisjoner.»

Kommunal- og distriktsdepartementet har eit e-læringsprogram for offentleg tilsette om samar og nasjonale minoritetar, sist oppdatert i 2024. Departementet vil sjå på andre måtar å nå ut med informasjon om e-læringsprogrammet, i tillegg til å vurdere andre tiltak for å spreie informasjon om gruppene blant offentlege tilsette.

Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å revidere rettleiar for kommunar og fylkeskommunar om konsultasjonar med samiske interesser.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 29, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere effektene av gjeldende virkemiddelapparat og å utforme forpliktende handlingsplaner for å styrke språkene som ble utsatt for fornorsking, med et tilpasset ambisjonsnivå, for henholdsvis levende og utdødde språk.»

Vedtaket er under oppfølging. Kommunal- og distriktsdepartementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for kvensk språk. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå kvenske organisasjonar og institusjonar og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar. Det er enno ikkje sett dato for når handlingsplanen skal vere ferdig.

Kommunal- og distriktsdepartementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for skogfinsk kulturarv med språklege element hausten 2025. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå dei skogfinske organisasjonane og institusjonane, og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar.

Kommunal- og distriktsdepartementet har planar om å sette i gang arbeid med handlingsplanar for dei samiske språka.

Vedtak 30, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen om en regelmessig rapportering om utviklingen av kvensk språk etter modell av dagens rapportering for de samiske språkene, og en vurdering av hva som er et hensiktsmessig omfang av en slik rapportering.»

Det er i dag inga regelmessig rapportering om utviklinga av dei samiske språka som kan brukast som modell for rapportering på kvensk språk. Kommunal- og distriktsdepartementet svarer på dette vedtaket ved å vise til rapporteringa på oppmodningsvedtak 29.

Noreg har ratifisert Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk og rapporterer kvart femte år til Europarådet om oppfyllinga av forpliktingane, mellom anna når det gjeld kvensk språk og dei samiske språka.

Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

Vedtak 31, 12. november 2024

«Stortinget ber regjeringen melde tilbake til Stortinget ved fremleggelse av budsjettet hvert år om hvordan arbeidet overfor urfolk og nasjonale minoriteter følges opp i de respektive departementers ansvarsområder. Det skal i tillegg legges frem en helhetlig melding om forsoningspolitikken og status i oppfølgingsarbeidet. Meldingen legges fram for Stortinget en gang i hver stortingsperiode, første gang i 2027.»

Regjeringa sin politikk overfor samar og nasjonale minoritetar og oppfølginga av oppmodningsvedtaka går fram av dei årlege budsjettproposisjonane til departementa.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil starte arbeidet med ei stortingsmelding om forsoning og status for oppfølginga oppmodningsvedtaka på nyåret 2026, slik at meldinga kan leggast fram i 2027.

Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.

7 Klima- og miljøprofil

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

Fleire viktige verkemiddel og verktøy for å ta omsyn til klima og miljø ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet har mellom anna ansvar for plan- og bygningslova, samelova, kommuneøkonomi, lokalforvalting og regional- og distriktspolitikken. Gjennom vidareutvikling av desse verkemidla arbeider Kommunal- og distriktsdepartementet, i samarbeid med andre departement, for ein heilskapleg og effektiv klima- og miljøpolitikk.

Areal- og samfunnsplanlegging

Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruk av areala i Noreg, og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir ivareteke og kor mykje klimagassar som blir sloppe ut. Som planmyndigheit har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når dei nasjonale natur- og klimamåla, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng. Regjeringa har i 2024 og 2025 lagt fram stortingsmeldingar om klima og natur, som begge beskriv klima- og naturpolitikken til regjeringa, og kommunane si rolle i å ta klima- og naturomsyn1.

Nye utbyggingar av næring, bustader, fritidsbustader og infrastruktur kan føre til inngrep i naturen. Nokre av omsyna som må bli tatt i arealplanlegginga er verknaden av foreslått arealbruk på naturmangfald, landskap, jordvern, friluftslivsinteresser, og samisk natur- og kulturgrunnlag. I regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal verknader for miljø og samfunn konsekvensutgreiast i tråd med regelverket om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiingar skal sikre at styresmaktene har eit godt og dekkande kunnskapsgrunnlag når planar blir vedtatt. Der planane får følgjer for naturmangfald eller vassmiljø, skal dei òg vurderast etter naturmangfaldlova og vassforskrifta. Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å revidere forskrift om konsekvensutredninger med sikte på å sende eit forslag på høyring i løpet av 2025.

Areal- og samfunnsplanlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningslova kan vere med på å avgrense utslepp av klimagassar frå transport, arealbruksendringar, bygg og energibruk. Planar etter plan- og bygningslova skal ta klimaomsyn, slik det mellom anna går fram av føremålsparagrafen, § 3-1 . Regjeringa har starta ei utgreiing av korleis omsynet til klima i plan- og bygningslova kan styrkjast. Nærare omtale av dette går fram av St. Meld. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet.

Regjeringa sine nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten, og skal vektleggast i all planlegging etter plan- og bygningslova. I dokumentet legg regjeringa mellom anna vekt på at planlegginga skal bygge opp under berekraftsmåla og dei nasjonale klima- og miljømåla. Grøn omstilling, jordvern og samfunnssikkerheit og beredskap er òg framheva som viktige tema. Det er lagt vekt på at planlegginga skal tilpassast regionale og lokale forhold. Dei konkrete føringane for korleis klima skal ivaretakast i planar går mellom anna fram av statlege planretningslinjer for klima og energi.

Regjeringa fastsette i desember 2024 reviderte planretningslinjer der det går tydelegare fram korleis klimaomsynet skal ivaretakast i planlegging og anna verksemd i kommunane, og ansvarsdelinga mellom forvaltingsnivå. Eit av føremåla med retningslinjene er å sørgje for at klimagassreduksjon, klimatilpassing, energi og natur sjåast i samanheng.

Kommunal- og distriktsdepartementet har òg vedteke nye retningslinjer for arealbruk og mobilitet. Dei nye retningslinjene skal fremje eit samfunn med låge utslepp gjennom utvikling av berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstader. Dei skal bidra til at vi planlegg slik at vi tar vare på kulturmiljø, og hindrar at dyrka mark, natur-, villrein- og friluftsområde og karbonrike areal blir bygd ned.

Arealplanlegginga er òg avgjerande for å førebygge framtidige skadar forårsaka av klimaendringar. Kommunane som planmyndigheit må ta klimaomsyn gjennom tilpassing til framtidige klimaendringar, og legge klimaframskrivingane til grunn når dei vurderer korleis eit planområde vil bli påverka av framtidige klimaendringar.

Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje planlegginga i kommunane. Rettleiingsarbeidet gjeld alle delar av planlegginga, med vekt på heilskapleg og berekraftig arealplanlegging der òg omsyn til miljø og klima blir ivaretatt. Kommunal- og distriktsdepartementet saman med Miljødirektoratet har i 2024 og 2025 hatt ein webinarserie for å rettleie om klima og natur i planlegging etter plan- og bygningslova. Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeider oppdatert rettleiing til dei nye statlege planretningslinjene for klima og energi. Kommunal- og distriktsdepartementet sin rettleiar om nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet er formidla gjennom eigne kanalar, og departementet vil fortsette med dette i tida framover.

Kommunal- og distriktsdepartementet har òg gitt ut ein rettleiar om arealrekneskap i kommuneplan. Dette skal legge grunnlaget for felles metodikk for bruk av arealrekneskap i kommuneplanprosessar, som òg omfattar tema som natur og klima, og for lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. Planar skal vere realistiske og gjennomførlege, og arealrekneskap er eit verktøy som er nyttig for å kunne gjere vurderingar rundt disponering av areal og omsyn til klima og natur i kommuneplan. Det skjer mykje rundt bruk av ulike typar arealrekneskap i planprosessar, og dette er første versjon av rettleiaren. Framover vil departementet oppdatere rettleiinga.

Strandsona langs sjøen og langs vatn og vassdrag er viktig for naturmangfald, friluftsliv, næringsliv og busetnad. At miljøverdiar og allmenne interesser blir tatt vare på, er eit viktig nasjonalt omsyn som dei statlege planretningslinjer for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen skal bidra til. I delar av landet er strandsona langs sjøen under stort utbyggingspress, og store delar av strandsona er lite tilgjengeleg. Her må det førast ein restriktiv praksis når det gjeld ny utbygging. Arealbruken i strandsona langs sjøen og langs vatn og vassdrag skal vurderast i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Mange enkeltinngrep i strandsona påverkar naturen og landskapet over tid, og reduserer kvalitetane til områda. Arealbruken må i størst mogleg grad avklarast gjennom planlegging, og ikkje gjennom dispensasjonar.

Planlegging i kystnære sjøområde er framleis eit tema som blir følgt tett opp. Sjølv om det er utarbeidd både rundskriv og rettleiar om planlegging i sjøområda, er det behov for å avklare nærare forholdet mellom planlegging etter plan- og bygningslova og sektorlover. I Havbruksmeldinga (Meld. St. 24 (2024–2025)) som vart handsama av Stortinget våren 2025, har regjeringa varsla at det skal utarbeidast statlege planretningslinjer for planlegging i kystnære sjøområde. Regjeringa vil følgje opp dette.

Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om bruk av plan- og bygningslova for å ta vare på naturmangfald. Dette omfattar mellom anna oppfølging av tiltaksplanen for Oslofjorden og dei regionale vassforvaltingsplanane etter vassforskrifta, i tillegg til dei regionale planane for villreinfjella. Nesten heile den europeiske villreinbestanden held til i Noreg, og er ein viktig del av norsk natur og kultur. Klassifiseringar etter kvalitetsnorm i 2022 viste dårleg tilstand i alle dei kartlagde villreinområda. Stortingsmeldinga om villrein (Meld. St. 18 (2023–2024)) vart lagt fram i april 2024 og departementet deltar i oppfølginga mellom anna gjennom evaluering av regionale og kommunale planar. Evalueringa skal gi råd om betre bruk av arealplanar. Departementet samarbeider òg med Klima- og miljødepartementet om oppfølginga av Stortingsmeldinga om natur (Meld. St. 35 (2023–2024)) og Noregs forpliktingar under den globale naturavtalen.

God planlegging er nøkkelen til berekraftig bruk og vern av fjell- og utmarksområda. Fritidsbustader og reiseliv er viktig for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg kome i konflikt med eksisterande næringar som reindrift og landbruk. Slike inngrep kan òg få negative konsekvensar for friluftsliv, landskap og naturmangfald. Derfor er det viktig at planlegginga blir vurdert i eit regionalt perspektiv, slik at arealbeslaget blir balansert. I fjellområda er det særleg viktig å ta vare på større, samanhengande område utan bygningar. Ny utbygging bør skje i tilknyting til eksisterande byggeområde og infrastruktur og bør tilpassast bygningar, landskap og terreng. Det er viktig å unngå ny, omfattande fritidsutbygging i viktige landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde og utbygging på myr. Særleg bør ein unngå ny fritidsbusetnad i og over skoggrensa og på myr, då slike inngrep truer sårbar natur, svekker viktige karbonlager og medverkar til auka risiko for flaum.

Potensialet for fortetting eller utviding av eksisterande fritidsbustadområde bør vurderast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område, særleg der det er utbyggingspress, for å redusere inngrep i urørt natur og sikre ei meir heilskapleg arealforvaltning.

Bustad- og bygningspolitikk

Bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa står direkte og indirekte for ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg, og er òg den største enkeltkjelda til avfall. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavenleg materiale og ombruk av byggevarer.

Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvenlege. Regjeringa er opptatt av at bygging skal bli meir klimavenleg. Samstundes er det viktig å halde byggekostnadene så låge som mogleg. Forslag til krav i byggteknisk forskrift som kan redusere klimafotavtrykket frå bygging og legge til rette for auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon, vil bli sende på høyring. Regjeringa, ved kommunal- og distriktsministeren og klima- og miljøministeren, inngjekk i 2024 eit klimapartnarskap med byggenæringa for ein periode på to år. Klimapartnarskapsavtalen med byggenæringa skal synleggjere korleis klimaavtrykket frå bygging kan reduserast, og kva som må til for at verdikjeda i næringa som heilskap skal lykkast med grøn omstilling. Med avtalen har staten forplikta seg til tettare involvering av byggenæringa i arbeidet med klima- og energikrav til bygg og digitalisering. Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken bidrar i arbeidet frå staten si side. I samband med klimapartnarskapet bidrar regjeringa med finansiering til næringa si kunnskaps- og kompetanseutvikling om redusert klimafotavtrykk frå bygging.

8 Oppfølging av berekraftsmåla

Berekraftsmåla vart vedtatt av FN sine medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla. I juni 2021 vart Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 presenterte Noreg sin andre rapport om nasjonal implementering av Agenda 2030 i FN. Kommunal- og distriktsdepartementet er koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtalar innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.2) Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

Dei nasjonale indikatorane er andelen personar i hushald med vedvarande låginntekt, andelen barn i hushald med vedvarande låginntekt og andelen innvandrarar i hushald med vedvarande låginntekt. Frå 2012 til 2017 økte desse andelane. Sidan 2019 har alle gått ned, men er enno på eit høgare nivå enn i 2015. Andelen personar over 16 år med fattigdomsproblem har derimot gått opp.

I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Områdesatsingar er eit verkemiddel for å gjere ein ekstra innsats for tenesteutvikling og betre nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område, som mellom anna kan ha ein høgare andel innbyggarar med låg inntekt enn andre område. I stortingsperioden 2021–2025 er talet på kommunar med avtale med staten om områdesatsing auka frå 4 til 14. At fleire kommunar no får støtte til å gjennomføre slike satsingar, er eit viktig steg i arbeidet med å redusere ulikskap og styrkje samfunnsdeltaking i utsette område.

Delmål 1.3) Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å motverke effekten av auken i levekostnader, mellom anna gjennom å auke bustøtta. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Frå desember 2021 til mars 2024 var regelverket mellombels endra, slik at opp til 25 000 fleire enn vanleg fekk bustøtte. Dei som fekk bustøtte, fekk òg ekstra utbetalingar som hjelp til å dekke høge straumrekningar i fleire omgangar i denne perioden. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at alle bustøttemottakarar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, skal få lagt 590 kroner til buutgiftene kvar månad ved berekning av bustøtte. Tiltaket vart iverksett frå og med september 2024 og er varig.

I tillegg vart det gjort ei rekke andre endringar i bustøtta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det vart mellom anna vedtatt å auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner, og frå og med oktober 2024 har ikkje inntekta til 18- og 19-åringar telt med i berekninga av bustøtte, viss dei ikkje er hovudperson i eiga hushald. Dette gjer at unge vaksne kan tene pengar utan at det går utover foreldras bustøtte. Desse tiltaka vart gjort varige i samband med statsbudsjettet for 2025. Frå januar 2025 er det òg innført ei skjermingsordning som hindrar at dei som har inntekt frå arbeidsavklaringspengar og dagpengar får mindre eller mistar bustøtta når dei får tre utbetalingar i same kalendermånad.

Delmål 1.4) Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

Offentlege velferdstenester skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Universelle og gode velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje sjølve klarar å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.

Om lag tre firedelar av husstandane i Noreg bur i ein bustad dei eig sjølv. Startlån frå Husbanken og lån til utleigebustader gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Husbanken blir 32 mrd. kroner for 2026. Låneramma går mellom anna til startlån og lån til utleigebustader for vanskelegstilte. Regjeringa gjer òg eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag.

Regjeringa la våren 2024 fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga tar mellom anna for seg eige- og leigemarknadane, bustadutfordringar i distrikts- og pressområde og arbeidet for særskilt sårbare grupper. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken: 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og bygge dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei eit relevant og reelt læringsutbytte

Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer skulelosordninga som blir drifta av Oslo kommune. Skulelosane følgjer opp romske elevar som bur i Oslo, Lørenskog og andre nærliggande kommunar. Skulelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna til i koordineringa mellom skolen, eleven og heimen.

Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

Regjeringa arbeider kontinuerleg med å oppnå likestilling i det politiske livet generelt og i leiande stillingar og verv spesielt. Som eit av dei første landa i verda, innførte Noreg røysterett og rett til å stille til val ved kommunestyreval for kvinner. Det var ein viktig milepæl for å bli eit fullverdig demokrati.

Etter lokalvalet i 2019 var delen kvinner i kommunestyra for første gang på 40 pst. i landsgjennomsnitt, og 35 pst. av ordførarane i landet var kvinner. Ved lokalvalet i 2023 var det i gjennomsnitt 41 pst. kvinner i kommunestyra, og 37 pst. av ordførarane var kvinner. Utviklinga går rett veg, og Noreg har kome langt òg når det gjeld å bruke dei formelle rettane i praksis. Vi er likevel ikkje i mål når det gjeld kjønnsbalanse i politiske verv i lokalpolitikken. Det er store variasjonar mellom kommunane. For å få merksemd om dette, har departementet laga eit representasjonsbarometer på regjeringa.no. For å skape merksemd om kjønnsbalansen i lokaldemokratiske organ og i leiande verv i lokalpolitikken fram mot nominasjonane til lokalvalet i 2023, relanserte departementet representasjonsbarometeret 8. mars 2022. Barometeret viser kjønnssamansetninga i kommunestyre og formannskap, og om ordføraren er kvinne eller mann, i alle kommunane i landet. I tillegg viser det delen kvinnelege kandidatar som partia ga stemmetillegg på vallistene til 2019-valet. Barometeret vil bli oppdatert med resultata frå 2023-valet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ved lokalvalet i 2023 var 42 pst. av alle kandidatane kvinner, mot 43 pst. i 2019. Blant kandidatane som fekk stemmetillegg av partiet, er 43 pst. kvinner, medan 33 pst. av kandidatane på førsteplass på listene er kvinner. Det er store variasjonar mellom partia når det gjeld kvinner både på listene som heilskap, og på dei øvste plassane med stemmetillegg.

Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gi dei tilgang til finansielle tenester

Under berekraftsmål 8 har departementet fleire næringspolitiske verkemiddel retta mot utvikling av verksemder, innovasjon og sysselsetting over heile landet. Verkemidla gir verksemdene tilgang på kapital, rådgiving og nettverk, med mål om vekst i sysselsetting, lønnsemd og produktivitet. Fleire av ordningane har òg som mål å bidra til å realisere det grøne skiftet, og ruste norsk økonomi for framtida. Ordningane kan vise til gode resultat for økonomisk utvikling, innovasjon og sysselsetting, og mange prosjekt har konkrete resultat for kutt av klimagassutslepp, energieffektivitet og avfallsreduksjon.

Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

Regelverket på bygningsområdet, byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskrifta (SAK10), skal vere enkelt å forstå og bruke. Digitalisering av plan- og byggesakprosessar er med på å legge til rette for meir effektive byggeprosessar. God flyt av digital data i verdikjeda er sentralt. Gjennom digitalisering og vidareutvikling av regelverket, bidrar Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) til å omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar.

Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgiving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskap i og mellom land. Gjennom tilskot til fylkeskommunane ønsker regjeringa å auke kompetansen hos fylkeskommunane og kommunane til å planlegge for eit universelt utforma samfunn som ikkje diskriminerer fysisk og kognitiv funksjonshemming. Statens kartverk får årleg tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit i kommunesentra og friområde for å gjere desse tilgjengelege for alle.

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut skilnader i levekår. Den statlege bustøtta skal sikre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I 2024 fekk i snitt 99 400 husstandar bustøtte kvar månad. Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Husbanken formidlar startlån til kommunane, og i 2024 vidareformidla kommunane startlån til om lag 8 030 husstandar. Barnefamiliar og personar med funksjonshemming er prioriterte grupper for startlån. Fleire studiar har dokumentert diskriminering på leigemarknaden og i bustadmarknaden. Diskriminering er ifølgje husleigelova forbode. Husleigelovutvalet drøfta i NOU 2024: 19 Ny boligleielov tiltak som kan bidra til å redusere diskriminering på leigemarknaden. Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å følgje opp NOU-en. Kommunale bustader er eit verkemiddel for hushald som ikkje klarer å skaffe seg ein bustad på eiga hand, til dømes på grunn av diskriminering. Kommunane disponerte totalt 117 598 leigebustader per 1. januar 2024.

Mykje tyder på at levekåra for den nasjonale minoriteten romar er langt dårlegare enn i befolkninga elles. Kommunal- og regionaldepartementet finansierer Romano Kher, som er både eit kultursenter og eit ressurssenter for romar. Ressurssenteret skal arbeide for at romar får likeverdige tenester gjennom helse- og sosialfagleg innsats.

Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer òg tiltak i Lørenskog kommune for å redusere utfordringane som romar opplever i møte med det kommunale tenesteapparatet og i nærmiljøet. I 2024 har kommunen vore opptatt av å nå barn og unge med tiltaka og legge til rette for god tilknyting til skulen.

Delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

Berekraftsmål 11 handlar om å gjere byar og lokalsamfunn trygge, robuste og berekraftige, og delmål 11.1 går ut på å sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader til ein overkommeleg pris. Regjeringa vil at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Gjennom bustadpolitikken vil regjeringa legge til rette for velfungerande bustadmarknader, slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Bustøtteordninga skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Startlån frå Husbanken gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og lån til utleigebustader frå Husbanken bidrar til fleire eigna utleigebustader. Husleigetvistutvalet (HTU) bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad i heile landet gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter til leigetakarar og utleigarar. Husbanken har ein innsats for bustadutvikling i distriktskommunar. Husbanken skal òg medverke til å skaffe fleire eigna bustader til eldre, og har personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som ei prioritert målgruppe. For å samle og styrkje verkemidla på leigemarknaden, har regjeringa bestemt å slå saman HTU og Husbanken frå 1. januar 2026. Det vil bidra til gjere sakshandsaminga av husleigetvistar meir robust, og Husbanken og HTU kan saman bruke meir ressursar på å førebygge konfliktar.

Den nasjonale indikatorane er mellom anna talet på personar i førebels butilbod og andelen av hushaldsinntekta som går til kommunale tenester. Sistnemde er stabil på om lag 1,5 pst. Det har vore ein klar auke i folk som bur i førebelse butilbod i meir enn tre månader.

Det er ingen slumområde i Noreg, men nokre byar har område med opphoping av dårlege levekår. I 2025 har staten avtalar med 14 kommunar om ein ekstra innsats for levekårsutsette område gjennom områdesatsingar.

Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å legge til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

Gjennom arbeidet med byvekstavtalane vil regjeringa framleis satse på kollektivtransport, sykling og gange i dei store byområda. Kommunal og regional arealplanlegging må sikre ein effektiv arealbruk og tilstrekkeleg bustadbygging i tråd med nullvekstmålet, og bidra til god by- og stadutvikling. Regjeringa vil derfor arbeide med å få areal- og parkeringspolitikken betre integrert med anna verkemiddelbruk i byvekstavtalane. Areal- og parkeringspolitikken er derfor ein integrert del av byutgreiingane. Resultat frå utgreiingane vil danne eit betre kunnskapsgrunnlag for reforhandlingar og oppfølging av avtalane.

Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og legge til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvalting i alle land

Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at òg barn, eldre og personar med funksjonshemming kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.

Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

Klimaendringar fører til stigande temperaturar, meir nedbør og havnivåstiging, og aukar risikoen for naturfarar som flaum og skred, overfløymingar ved stormflo og overvatn ved ekstremnedbør. Sjølv om det er relativt få dødsfall i Noreg som følgje av naturkatastrofar, forårsakar naturhendingar som skred og flaum betydelege samfunnsøkonomiske tap kvart år. Klimaendringane vil føre til at konsekvensane ved naturfarar som flaum og skred vil auke i alvor framover, og det er behov for å gjere kommunane betre rusta til å ta omsyn til naturfarar i arealplanlegging og byggesak.

Tilgang til oppdatert informasjon og geografiske data er avgjerande for å ta omsyn til naturfarar i arealplanlegging. Ein ny paragraf 2-4 i plan- og bygningslova, gjeldande frå 1. januar 2025, set krav til innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til Noregs geologiske undersøking og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Lovendringa følgjer opp ei av tilrådingane frå Gjerdrumutvalet for å førebygge kvikkleireskred og vil gi betre kunnskap om grunnforhold og naturfarar.

Delmål 11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi

Ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging er eit tiltak for å redusere dei nasjonale klima- og miljøutfordringane. For å bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane og til å redusere utslepp av lokal forureining og klimagassar, har regjeringa inngått byvekstavtalar. Ni byområde er omfatta av ordninga med byvekstavtalar. Det er i dag inngått avtalar for sju av desse: Oslo-området, Bergensområdet, Trondheimsområdet, Nord-Jæren, Tromsø, Nedre Glomma og Kristiansandsregionen. I tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036 vil det på sikt òg vere aktuelt å invitere Buskerudbyen (Drammensområdet) og Grenland til forhandlingar. Den forventa vidare veksten i og rundt dei største byane vil krevje effektiv arealbruk og ei relativt sterk utbygging av alle typar infrastruktur. Kompakt byutvikling er ein viktig strategi for å redusere klimagassutsleppa og fremje gode livsvilkår for innbyggarane òg i små og mellomstore byar. Norske byar har i internasjonal samanheng relativt lite luftforureining, og Noreg er blant landa i Europa som har minst risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken.

Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom

Tilgang til grøntområde i byen er viktig for helse, trivsel og livskvalitet. I 2024 vart eit nasjonalt grønstrukturkart lansert. Gjennom tilskot frå Kommunal- og distriktsdepartementet gir Statens kartverk kommunar, fylkeskommunar og frivillige organisasjonar opplæring i kartlegging av tilgjengelegheit i kommunale offentlege uterom, friområde, parkar og område i marka. Med denne kartlegginga blir manglar oppdaga og tiltak iverksett for å gjere alle desse områda tilgjengelege, og nokre, dessutan universelt utforma. Denne kartlegginga blir vidareført.

Regjeringa la i juni 2025 fram ein nasjonal arkitekturstrategi Rom for kvalitet. Strategien handlar om utforming av byar og nabolag, og framhevar tydinga av kvalitet i dei bygde omgivnadene for kvardagen til folk og for samfunnsutviklinga.

Regjeringa gir støtte til fylkeskommunane til opplæring i eigen organisasjon og i kommunane i universell utforming i planlegging, og bidrar slik til at samfunnet blir universelt utforma og får trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom.

Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar

Planlegging er det viktigaste verktøyet kommunen og fylkeskommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsetje areal for utbygging i by og bygd. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir det lagt vekt på at kommunane og fylkeskommunane legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga. Departementet la i 2022 ut ei oppdatert rettleiing om korleis berekraftsmåla kan takast i bruk i planlegging etter plan- og bygningslova på nettsida planlegging.no.

Dei siste åra har Distriktssenteret arbeidd mykje med lokalt og regionalt planarbeid for berekraftig samfunnsutvikling. Rettleiaren enkelplanlegging.no bidrar til at planleggarar i små distriktskommunar gjer gode val og har gode prosessar for planlegging i kommunen. I 2025 vart rettleiaren utvida med rettleiing om kommunal arealplanlegging. I prosjektet «Opplæring i plan for politikarar» i Møre og Romsdal testar Distriktssenteret saman med statsforvaltar og fylkeskommunen ut nye samarbeidsmåtar med distriktskommunar i fylket, for å gjere kommunane i betre stand til å utøve rolla som samfunnsutviklar i medhald av plan- og bygningslova. Fleire fagmodular er relevante og tilgjengelege for alle kommunar i heile landet.

Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte

Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg gir støtte til å kutte utslepp i byar og tettstader gjennom Verden handelsorganisasjon, Verdsbanken og Koalisjonen for klima og rein luft. Noreg arbeider for robuste og berekraftige byar i dei minst utvikla landa gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og budsjetteringsprogram. Noreg støtter òg tiltak for smarte byar, klimatilpassing og betre buforhold gjennom FNs busettingsprogram i Ghana og Mosambik.

Delmål 12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

Bygg og byggeverksemd spiller ei rolle i å gjere økonomien meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) jobbar aktivt med å utvikle regelverket i byggteknisk forskrift (TEK17) og informere om regelendringar som tillét meir ombruk. Bruk av byggemateriale på ein måte som reduserer avfall på byggeplassen, handtering av avfall og digitale avfallsplanar er òg sentralt i DiBK sitt arbeid.

Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

Regjeringa la våren 2025 fram ei stortingsmelding om klima jf. St. Meld. 25 (2024-2025) Klimamelding 2035 - på vei mot lavutslippssamfunnet. I stortingsmeldinga blir det lagt fram klimatiltak på fleire av Kommunal- og distriktsdepartementet sine ansvarsområde. Mellom anna er kommunane si rolle i klimaomstillinga, og arealpolitikk viktige delar av meldinga.

Regjeringa har fastsett reviderte statlege planretningslinjer for areal og mobilitet, og for klima og energi. I dei reviderte planretningslinjene om klima og energi går det tydelegare fram korleis klimaomsynet skal ivaretakast i planlegging og anna verksemd i kommunane, og ansvarsdelinga mellom forvaltingsnivå. Retningslinjene om arealbruk og mobilitet skal mellom anna fremje eit samfunn med låge utslepp gjennom utvikling av berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstader, og skal bidra at vi planlegg for å avgrense at mellom anna dyrka mark, natur og karbonrike areal blir bygd ned.

Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Direktoratet har fått oppdrag om å greie ut moglege krav i byggteknisk forskrift som kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert. Gjennom klimapartnarskap med byggenæringa er det etablert dialog om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Vidare gir Husbanken lån til å oppgradere og bygge miljøvenlege bustader, og regjeringa vil vurdere å oppdatere kriteria for slike lån. Endringar i plan- og bygningslova, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn, er døme på tiltak for å styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar.

For næringspolitiske verkemiddel har regjeringa innført prinsippet om at all støtte skal bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Prinsippet er implementert både strategisk og operativt. Kommunal- og distriktsdepartementet har fleire slike verkemiddel, som òg omfattar arbeidet med å utvikle klassifisering og rapportering av berekraftige prosjekt i næringslivet.

Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

Moglegheita til å medverke i planprosessar styrkjer og utviklar lokaldemokratiet. Det sikrar at viktige omsyn kjem fram og gir den enkelte moglegheit til å påverke avgjerder om samfunnsutviklinga og arealbruken. Planprosessar som er opne og kan etterprøvast er dessutan viktig for tilliten mellom innbyggarar og styresmakter. Medverknad gir såleis betre planar, færre konfliktar og ei meir effektiv gjennomføring av planar som er vedtatt.

For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova, som vart sett i kraft 1. juli 2021, forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltingsnivå, òg kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene. Departementet reviderer no rettleiaren for kommunane for å sikre at dette blir gjennomført på ein god måte.

Myndigheitene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Dialogen mellom myndigheitene og organisasjonane skjer i Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale myndigheiter, gjennom årlege dialogmøte med organisasjonane enkeltvis og gjennom kontakt i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptatt av.

Delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og private og i det sivile samfunn som bygger på partnarskapane sine erfaringar og ressursstrategiar

Husbanken bidrar til mål 17, som handlar om å stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet gjennom sitt samarbeid med mellom anna kommunar, brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag, utbyggarar og andre velferdsdirektorat. Tverrsektorielt samarbeid på direktoratsnivå sikrar at kommunane får god informasjon og opplæring på det bustadsosiale feltet. Samarbeidet gjeld mellom anna innsatsen retta mot ulike utsette grupper på bustadmarknaden.

Gjennom avtaler med kommunar om områdesatsingar om ekstra innsats i levekårsutsette område bidrar Kommunal- og distriktsdepartementet til partnarskap i det offentlege og mellom det offentlege, sivilsamfunn og private.

DOGA sitt arbeid med eit nasjonalt knutepunkt for innovasjon og kunnskapsutvikling i EU-samfunnsoppdraget om klimanøytrale og smarte byar bidrar til samarbeid mellom ulike aktørar om å kutte klimagassutslepp.

9 Nordområdepolitikken

Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske satsingsområde. Nordområdepolitikken omfattar både innanriks-, sikkerheits- og utanrikspolitikk, og strekk seg over forvaltingsnivå, sektorar og landegrenser. Dei siste åra har vore prega av geopolitiske omveltingar, krig i Europa og stadig større konsekvensar som følgje av klimaendringar. Utviklinga har aktualisert behovet for å løfte nordområda høgare på den politiske dagsordenen. Russland sin folkerettsstridige fullskalakrig mot Ukraina har ført til den mest alvorlege sikkerheitspolitiske trusselen mot Europa og Noreg sidan andre verdskrig, og understrekar behovet for ein styrkt og samordna nordområdepolitikk. I tillegg grip konsekvensane direkte inn i samfunns- og næringsliv i nordområda. Nordområdepolitikken til regjeringa er omtala i strategien Norge i nord – Nordområdepolitikken i en ny virkelighet. Kommunal- og distriktsdepartementet har hovudansvar for koordineringa av nordområdepolitikken til regjeringa. Arbeidet skjer i samarbeid med Utanriksdepartementet.

Strategi for nordområdepolitikken

Regjeringa har lagt fram strategien Norge i nord – Nordområdepolitikken i en ny virkelighet. Strategien set retning for regjeringa sin politikk i nordområda framover, og skal legge grunnlaget for styrka samarbeid lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Busetting og næringsaktivitet i nordområda er avgjerande for å verne om norsk suverenitet og for å sikre berekraftig forvalting av naturressursane. Det overordna målet i strategien er at Nord-Noreg skal ha livskraftige lokalsamfunn der folk ønskjer å bu, og som bidrar til sikkerheit og beredskap. Samstundes peikar strategien på fleire strukturelle utfordringar som pregar landsdelen. Avstandar, folketalsnedgang og ein demografi med mange eldre gjer situasjonen krevjande for mange kommunar. Desse forholda stiller store krav til både lokal og nasjonal politikk, og evna til å utvikle løysingar som styrkjer den heilskaplege samfunnsstrukturen i Nord-Noreg.

Regjeringa prioriterer innsatsen på fem område:

  • Norsk handlefridom og innverknad i nordområda.

  • Eit totalforsvar som skaper sikkerheit, aktivitet og beredskap.

  • Gode og trygge lokalsamfunn.

  • Infrastruktur som bygger samfunn.

  • Eit næringsliv som skapar verdiar.

Norsk handlefridom og innverknad

Økt geopolitisk spenning, klimaendringar og miljøutfordringar påverkar Noreg si evne til å handheve suverenitet, samt fremje stabilitet og berekraftig utvikling. Noreg vil framleis vere tent med eit sterkt internasjonalt samarbeid basert på folkeretten og felles verdiar. Samarbeidet i Arktisk råd er ei viktig prioritering for Noreg, som har hatt leiarskapen i Arktisk råd i perioden mai 2023–mai 2025, med dei fire prioriterte områda «Hav», «Klima og miljø», «Berekraftig økonomisk utvikling» og «Folk i nord». I tillegg vil regjeringa styrkje samarbeidet med nordiske og europeiske allierte, USA og Canada.

For å legge til rette for langsiktig vidareføring av miljøsamarbeidet i nord, foreslår regjeringa ei rammeoverføring av midlar til nordområda som tidlegare er stilt til rådigheit i form av ei belastningsfullmakt frå Utanriksdepartementet. Midlane skal òg legge til rette for aktiv norsk deltaking i Arktisk råd på prosjekt- og ekspertnivå, vidareføring av langsiktig miljøovervaking i nordområda, og samarbeid om internasjonalt kunnskapsgrunnlag om klima og miljø i Arktis og Barentsregionen.

Kommunal- og distriktsdepartementet overtar ansvaret for Utanriksdepartementet si Arktis 2030-ordning, og vil jobbe vidare med ein målretta innsats i nord som bygger opp under regjeringa sin nordområdestrategi. Grensesnittet mot andre relevante ordningar vil òg vurderast.

Interreg-programma som gjeld nordområda (Interreg Nordlig Periferi og Arktis samt Interreg Aurora) har innovasjon og entreprenørskap, miljø og klima, utdanning, kultur og berekraftig reiseliv, samt styrkt administrativ kapasitet til utvikling og grenseoverskridande samarbeid som viktige satsingsområde. Programma støttar samarbeid mellom FoU-institusjonar, offentlege aktørar og næringsaktørar i nordområda, og bidrar mellom anna til det grøne skiftet, kapasitetsbygging og utvikling av lokalsamfunn.

I 2024 vart ansvaret for tilskotsmidlane som det norske Barentssekretariatet forvaltar overført frå Utanriksdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Ordninga dei forvaltar er retta mot internasjonalt samarbeid i Nord-Noreg og aktørar i finske og svenske regionar i nord, inkludert urfolkssamarbeid i heile Sápmi. Målet med ordninga er å fremje samfunnsutvikling i Nord-Noreg gjennom grensekryssande samarbeid i Barentsregionen.

Noreg er ein leiande polarnasjon. Regjeringa vil styrkje norsk forsking i arktiske farvatn, og støttar forskingsprosjektet Polhavet 2050 med 1 mrd. kroner over ti år. Prosjektet består av Noreg sine fremste polarforskarar frå 18 ulike institusjonar og vil stadfeste Noreg som ein av dei fremste polarforskingsnasjonane dei neste ti åra. Det vil òg styrkje forskingsmiljøa i Nord-Norge.

Dei raske klimaendringane i polarområda aukar behovet for oppdatert miljøkunnskap som grunnlag for forvalting, klimatilpassing og samfunnsplanlegging. Regjeringa vil styrkje Norsk Polarinstitutt med til saman 50 mill. kroner for å oppretthalde instituttet sitt forskingsfaglege nærvær i polarområda. Satsinga omfattar forskingsinfrastruktur i polarområda, med vekt på det isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon, og styrkt norsk forskingsleiing på Svalbard.

Eit totalforsvar som skaper sikkerheit, aktivitet og beredskap

Våren 2025 la regjeringa fram Nasjonal sikkerhetsstrategi 2025 – en helhetlig tilnærming til et tryggere Norge, som skal sikre eit fritt og sjølvstendig Noreg, eit sterkt demokrati og eit samfunn prega av sikkerheit og tillit. Strategien legg vekt på å styrkje forsvarsevna raskt, og styre utviklinga av strategisk viktige område, inkludert nordområda. Gjennom strategien tar regjeringa eit heilskapleg grep for å møte ei meir uføreseieleg og farleg verd, og for å sikre at Noreg står sterkt – både i fred, krise og krig.

Den alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa gjer nordområda si geografiske plassering til eit strategisk viktig område for Forsvaret. Stortinget vedtok i Innst. 426 S (2023–2024) å styrkje forsvarsbudsjettet til ei samla økonomisk ramme på 1 635 mrd. 2024-kroner fram til 2036. Det er ei betydeleg satsing på Forsvaret i Nord-Noreg, som òg får ringverknader for andre sektorar i landsdelen. Regjeringa vil sørgje for at forsvarsløftet skal gi regionale ringverknader og skape sterke og attraktive lokalsamfunn i tilknyting til Forsvaret sine aktivitetar.

Regjeringa styrkjer det militære nærværet i Nord-Noreg gjennom Forsvarsløftet, med auka nærvær av NATO og etablering av eit nytt luftoperasjonssenter i Bodø. Finnmark landforsvar skal utvidast til ein brigade innan 2032, og Heimevernet får nye innsatsstyrkar i Troms og Finnmark. Samarbeidet med USA blir intensivert gjennom avtalar som opnar for auka amerikansk nærvær i Bardufoss og Setermoen. I tillegg blir det satsa på felles øvingar med nordiske land for å styrkje beredskapen.

Regjeringa legg til rette for å sikre kompetanseheving og leverandørutvikling i lokalt næringsliv, slik at små og mellomstore verksemder i regionen er godt rusta til å bli leverandørar til Forsvaret. Leverandørutvikling retta mot Forsvaret sine investeringar og aktivitetar vil vere viktig for å få fram fleire lokale og regionale leverandørar, noko som styrkjer både den sivile beredskapsevna og lokalsamfunnet. Regjeringa styrkjer samarbeidet mellom forsvarskommunar. Dette skal bidra til å utvikle attraktive bustadkommunar gjennom å kombinere Forsvaret sin lokale innsats med kommunen, og andre aktørar sin innsats.

I starten av 2025 la regjeringa fram Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen. I meldinga peikar regjeringa ut retning for omlegginga av den sivile delen av totalforsvaret, og for arbeidet med den sivile motstandskrafta. I møte med kriser og krig, er det avgjerande å ha eit sivilsamfunn som støttar opp under militære aktivitetar og tar vare på sivile behov. Det er viktig med samfunnsstrukturar som handterer utfordringane og kan tilpassast desse. Ei satsing på beredskap i nord er avgjerande for nasjonal og lokal sikkerheit.

Regjeringa vil utvikle ei nasjonal tiltakssone for beredskap i Troms og Finnmark, med utgangspunkt i NATO sine grunnleggande forventningar til motstandskraft i kritiske sivile samfunnsfunksjonar. Regjeringa vil auke det statlege nærværet på beredskapsfeltet i Aust-Finnmark, gjennom å opprette ein statleg samlingsstad i Kirkenes for ulike sektorars arbeid med sivil motstandskraft og sivilt-militært samarbeid i nordområda. Dette inneber å auke totalforsvarssamarbeidet med Finland og Sverige, styrkje kommunane i Aust-Finnmark sitt beredskapsarbeid og styrkje Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sitt arbeid med totalforsvar og oppfølging av totalberedskapsmeldinga.

Gode og trygge lokalsamfunn

Regjeringa har gjennom regjeringsperioden styrkt dei personretta verkemidla i innsatssona med vel 700 mill. kroner. Innsatssona, som omfattar alle kommunane i Finnmark og Nord-Troms, har spesifikke økonomiske og personretta verkemiddel som skal skape ein meir attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. For 2026 utgjer verkemidla i innsatssona vel 7 mrd. kroner, og fritak frå arbeidsgjevaravgift er det største verkemiddelet. For 2026 foreslår regjeringa å auke gjeldslette av utdanningslån med 60 000 kroner per år, samt å auke Finnmarksfrådraget (skattefrådrag) frå 30 000 til 45 000 kroner. I tillegg er det tidlegare innført gratis barnehage, og eit Finnmarkstillegg i barnetrygda som utgjer 6 000 kroner per barn, per år. Den totale innsatsen i sona er foreslått auka med 350 mill. kroner for budsjettåret 2026.

Regjeringa har inngått fire bygdevekstavtaler i Nord-Noreg. Bygdevekstavtaler er eit distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsliv i dei minst sentrale regionane i Noreg. Bygdevekstpiloten i Midt-Finnmark (Nordkapp, Porsanger, Gamvik og Lebesby) har gått saman med Forsvaret, fylkeskommunen, Utdanningsdirektoratet og den vidaregåande skulen for å utforske moglegheitene for oppretting av ei forsvarslinje med studiespesialisering.

Bustader tilpassa innbyggarane og lokalsamfunnet sine behov er eit viktig fundament for å styrkje kommunane i Nord-Noreg sin attraktivitet. Regjeringa styrkjer derfor arbeidet med å legge til rette for tilstrekkeleg og variert bustadbygging og -utvikling i Nord-Noreg. Husbanken får ei større rolle med å betre samhandlinga mellom kommunane, statlege aktørar og næringsliv i dei nordlegaste fylka for å stimulere til bustadutvikling lokalt.

Regjeringa har inngått regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune om grøn industriutvikling. Avtalen inneber ein ny måte å jobbe saman på, som tar utgangspunkt i årlege politiske samråd. Gjennom avtalen ønskjer regjeringa å styrkje fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar og som bindeledd mellom nasjonal politikk og lokal gjennomføring.

Gode arenaer for samarbeid mellom utdanning- og kompetansemiljø, arbeidsgivarar og dei som søkjer utdanning, blir viktig for å møte utfordringane med manglande kapasitet og kompetanse. I perioden 2023–2026 er det sett i gang tiltak for å styrkje fagskuletilbodet i Aust-Finnmark, gjennom Aust-Finnmark kunnskapssenter, studietilbodet ved Samisk høgskole og UiT Noregs arktiske universitet. Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 65 mill. kroner i 2026 til forprosjekt for Noregs arktiske universitetsmuseum.

Regjeringa har sendt forslag om endring i opplæringslova på høyring. Forsøket i Finnmark, kalla «Lokal Opplæring i Samarbeid med Arbeidslivet» (LOSA), har fått lov til å bruke meir fjernundervisning enn opplæringslova gir høve til. For at slike tilbod skal kunne bli ei fast ordning, foreslår regjeringa å utvide høvet til å bruke fjernundervisning på yrkesfaglege utdanningsprogram, avgrensa til område med få folk og store avstandar.

Regjeringa har innvilga eit pedagogisk forsøk med grunnskulelærarutdanning ved Nord universitet. Ordninga skal gjere det lettare for små skular å rekruttere lærarar med undervisningskompetanse i fleire fag og på fleire trinn. Regjeringa har tildelt midlar til evaluering av ordninga for å dokumentere verknadane og dele erfaringane. Hausten 2025 er eit pilotprosjekt med desentralisert politiutdanning i Alta etablert. Målet med prosjektet er å sikre stabil og god rekruttering til dei nordlegaste politidistrikta.

Nord-Noreg har mangfaldige samfunn, med store språklege og kulturelle skilnader. For å styrkje kunnskapen om samisk helse og levekår, har det vore løyvd totalt 95,5 mill. kroner til helse- og levekårsundersøkinga SAMINOR 3 frå arbeidet starta i 2023 og ut 2025. Regjeringa foreslår å løyve 13,9 mill. kroner i 2026 til etterarbeid og oppfølging.

Regjeringa har støtta utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Finnmark, som mellom anna skal fremje samisk kulturoverføring, utvikle læringsmateriell og spreie kunnskap om samiske helse- og omsorgstilhøve. Det visast til omtale av utviklingssentera i Helse- og omsorgsdepartementets Prop. 1 S (2025–2026).

Helse Nord RHF har særskilde utfordringar, og har behov for endring og omstilling. I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd 573 mill. kroner ekstra til Helse Nord RHF. Dette kjem i tillegg til dei ordinære løyvingane. Økonomien til Helse Nord RHF er styrkt mellom anna for å kunne oppretthalde kirurgisk akuttberedskap i Narvik og Lofoten, styrkje samhandlinga mellom sjukehus og kommunar, og for å nå målet om redusert ventetid. Klinikk Alta er òg styrkt for å sikre fødetilbodet og for å styrkje poliklinikk, psykisk helsevern og andre dagtilbod. Helse Nord RHF er i Tilleggsdokument til Oppdragsdokument 2025 bedt om å utarbeide ein forpliktande plan for vidare utvikling av Klinikk Alta – inkludert ein opptrappingsplan for å auke aktiviteten for funksjonar som blir brukt ofte av innbyggarane i området.

For idrettslag og idrettsutøvarar i Nord-Noreg er reisekostnadene ved å delta på ordinære aktivitetar, arrangement, turneringar og seriar svært høge. Regjeringa vil styrkje innsatsen for å redusere kostnader knytt til deltaking i idrettsaktivitet.

Infrastruktur som bygger samfunn

Transportsystemet i Nord-Noreg har særskilde utfordringar. Eit velfungerande transportsystem er viktig for å gjere arbeidskvardagen til innbyggarane enklare, for å binde regionen saman med resten av landet, og som ei transportåre til naboland. I mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036.

Vegnettet har stor betyding for befolkninga og næringslivet i Nord-Noreg. Det går føre seg ein betydeleg utbyggingsaktivitet langs vegnettet i nord som vil bidra til å auke framkomsten og trafikktryggleiken, mellom anna langs E6 Helgeland sør i Nordland, E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullefjordsbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms, og E8 Sørbotn–Laukslett i Troms. Anleggsarbeida på prosjektet E6 Megården-Sommerset i Nordland starta opp i august 2025. Med budsjettforslaget er det lagt opp til anleggsstart på prosjektet E45 Kløfta i Finnmark i løpet av 2026.

Jernbanen i nord har fått ei viktigare rolle som del av den grunnleggande nasjonale transportfunksjonen, og for å gjere transporten av varer og personar langs vest-aust og nord-søraksen tilgjengeleg og trygg. Betydinga av Ofotbanen har auka, både for sivil og militær beredskap. For å auke kapasiteten til gods- og persontransport skal det difor byggast meir infrastruktur. Aktuelle tiltak er forlenging av kryssingsspor, samt å auke aksellasta frå 31 til 32,5 tonn.

Lufthamnene og det regionale flyrutetilbodet spelar ei viktig rolle i den økonomiske utviklinga av næringslivet og busettinga i distrikta. Det er planlagt to store lufthamnprosjekt i Nordland: ny lufthamn Mo i Rana og flytting av Bodø lufthamn.

Eit næringsliv som skapar verdiar

Nord-Noreg treng eit lønsamt og mangfaldig næringsliv som bidrar til busetting, verdiskaping og beredskap. Regjeringa har etablert Statens fond i Tromsø, som gir viktige arbeidsplassar til Nord-Noreg. Fondet styrkjer kapitalforvaltingsmiljø og kompetansen om næringslivet i nord, og gjer det meir attraktivt for andre forvaltarar å etablere seg i regionen.

Klimaendringar påverkar arktisk natur og næringsliv, og regjeringa vil ta med lokalkunnskap om nordområda i sitt vidare arbeid. Innan 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppssamfunn, jf. Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet. Samstundes må samfunnsplanlegging i nord ta høgde for klimarisiko og klimatilpassing.

Sjømatnæringa i Nord-Noreg må handtere utfordringar som kvotenedgang og sesongvariasjonar. Sjømatindustrien konkurrerer på ein global marknad, og ovannemnte utfordringar gjer det utfordrande å oppretthalde heilårleg drift med god lønsemd. For å møte utfordringane satsar regjeringa på omstilling, innovasjon og bruk av artar som tidlegare ikkje har blitt brukt i særskild grad. Regjeringa har mellom anna avgjort å setje ned eit utval som skal vurdere pliktsystemet for torsketrålarane. Vidare vil regjeringa følgje opp tiltak knytt til sjømatindustrien i kvotemeldinga, og opprette ei ekspertgruppe som skal foreslå konkrete tiltak for å auke råstoffkvaliteten.

Havbruksnæringa i dei nordlegaste produksjonsområda har fått auka produksjonskapasitet grunna låg miljøpåverknad. Regjeringa vil kartlegge økosystem og sjøbotn, mellom anna i Varangerfjorden, for å legge til rette for berekraftig sameksistens. Slik kan det på ein trygg måte opnast for ny næringsaktivitet innan sektoren.

Jordbruket og næringsmiddelindustrien i Nord-Noreg er viktig for beredskap, busetting og matproduksjon. Regjeringa har hatt ei sterk satsing på landbruket i Nord-Noreg på fleire område. Jordbruksavtalen i 2025 bygger vidare på denne satsinga. Regjeringa satsar på berekraftig landbruk, med styrkt investeringstilskot og tiltak for å sikre rekruttering og økonomisk sikkerheit for produsentane. Det er sett av ei eiga rekrutteringskvote på 4 mill. liter kumjølk for Troms og Finnmark. For investeringsverkemidla er tilskotsandelen for investeringar i omlegging til lausdrift og i svineproduksjon heva til 65 pst. i heile Nord-Noreg. I tillegg er den særskilde satsinga på berekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord vidareført. Satsinga skal bidra til å styrkje sårbare produsentmiljø i nord, motverke bruksnedgang, og utnytte regionale fortrinn og moglegheiter innan arktisk landbruk.

Reindriftsnæringa utnyttar marginale utmarksressursar i nordområda, og næringa er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Reindriftsavtalen for 2025/2026 prioriterer dei direkte tilskota til næringa, ivaretaking av reindrifta sine areal, rådgiving, klimatilpassing og beredskap. Regjeringa vil legge til rette for å vidareutvikle reindrifta som ei berekraftig næring, og gjennomføre tiltak i tiltakspakka for reindrift og energi for å legge til rette for betre ivaretaking av reindrifta sine beiteareal. Reindriftslova er endra for å støtte økonomisk, økologisk og kulturell berekraft. Regjeringa legg òg til rette for næringsutvikling basert på samisk kultur og kreativ næring, mellom anna innan samisk filmproduksjon og reiseliv.

Reiselivsnæringa i nord veks raskt og gir store moglegheiter for lokal verdiskaping. Samstundes fører auka turisttrafikk til press på infrastruktur og fellestenester. For å gi kommunane eit verktøy til å møte desse utfordringane, har Stortinget vedtatt besøksbidragslova som gir kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet høve til å innføre overnattingsavgift. Lova gir òg regjeringa ein heimel til å innføre ei cruiseavgift. Målet er å sikre god besøksforvalting og berekraftig utvikling av reiselivet.

Snøhvit Future-prosjektet og utbygging av kraftlinjer til Melkøya er viktige industrisatsingar som gir store regionale sysselsettingseffektar og reduserer CO2-utslepp. Samstundes blir det lagt til rette for vidare olje- og gassverksemd i nordlege havområde, med mål om langsiktig verdiskaping og arbeidsplassar.

Gjennom olje- og gassaktivitetar på sokkelen blir nordnorsk leverandørindustri involvert gjennom leveransar av varer og tenester til sektoren. Verksemdene er lokaliserte langs heile kysten av Nord-Noreg. I regjeringsperioden 2021–2025 er det tatt betydelege avgjerder om å investere i nye og eksisterande felt i Norskehavet og Barentshavet, til dømes utbyggingsprosjekt tilknytt Snøhvit, Norne, Skarv og Aasta Hansteen. Johan Castberg-feltet kom i produksjon våren 2025 med ein forventa driftsperiode på 30 år. Feltet har driftsorganisasjon i Harstad og forsynings- og helikopterbase i Hammerfest. Dette gir moglegheiter for leverandørindustrien og aktivitet, sysselsetting og ringverknader på land i Nord-Noreg. Det vil gi eit auka aktivitetsnivå i dei nordlege havområda, og bidra til eit meir stabilt grunnlag for leverandørverksemdene i ein lang driftsfase.

Som eit første trinn i kraft- og industriløftet fekk Statnett i august 2025 konsesjon for ei ny 420 kV-leidning frå Skaidi til Lebesby. Forsyningstryggleik var vektlagd i konsesjonsvurderinga. Tiltaket kan òg legge til rette for ny kraftproduksjon og, saman med oppfølgingstiltak, auka forbruk i Aust-Finnmark. NVE og Statnett er bedt om å lage ein felles framdriftsplan for handsaminga av leidninga lenger austover i Finnmark. Statnett er vidare bedt om å prioritere arbeidet med utgreiing og eventuell søknad om ei ny styringseining som gjer det mogleg å utnytte leidninga mellom Aust-Finnmark og Finland betre. Dette tiltaket legg til rette for nytt og auka forbruk i Aust-Finnmark.

Regjeringa følgjer opp strategiar for mineralutvinning på sokkelen og på land. Mineralprosjekt som Nussir og Sydvaranger gruve kan bli realiserte dei nærmaste åra og skape ny aktivitet i landsdelen. Ei ny minerallov for mineralressursar på land skal gjere det enklare å utvikle prosjekt, samstundes som samiske rettar blir ivaretatt.

Romverksemd og jordobservasjon er i vekst i nord, med Andøya Spaceport som sentralt knutepunkt. Regjeringa styrkjer tryggleiken og rammevilkåra for romrelatert næring, og har fremja ei ny lov for å støtte innovasjon og næringsutvikling. Regjeringa har etablert ei ny ordning som skal støtte opp om eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø. Senteret skal bidra med kunnskap om klima, naturfare og aktivitet i nordområda.

Utbygging av fornybar energi, næring og infrastruktur er viktig for å utvikle livskraftige lokalsamfunn i nord, men må skje med omsyn til natur, samiske interesser og anna arealbruk. Regjeringa vil sikre gode og føreseielege prosessar med brei medverknad. Tiltakspakka for reindrift og energi skal styrkje medverknad, betre konsekvensutgreiingar og kompensere for ulemper. Samstundes har regjeringa sett mål om å redusere nedbygging av viktige naturareal innan 2030 og har fremja prinsipp for berekraftig arealforvalting, der samfunnskritisk infrastruktur skal vektast tungt ved eventuelle arealkonfliktar.

Svalbard

Langsiktig forvalting av Svalbard er i tråd med dei stortingsforankra måla, og medverkar til sikkerheit for befolkninga, stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

I mai 2024 la regjeringa fram Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard. Svalbardmeldinga signaliserte regjeringa sine mål og moglege tiltak på Svalbard, tilpassa samfunnsutviklinga og andre relevante utviklingstrekk. Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard legg grunnlaget for ei stabil og føreseieleg forvalting og legg føringar for aktiviteten framover. Meldinga inneheld to gjennomgåande tema som eit einstemmig Storting har slutta seg til: sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard, samt styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet.

Nasjonal kontroll bidrar mellom anna til å nå dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken. Å halde oppe norske samfunn på øygruppa er eitt av desse måla, og mykje av stortingsmeldinga er retta mot dette målet. Den praktiske oppfølginga av svalbardmeldinga skjer ved gjennomføring av konkrete tiltak og i arbeidet med svalbardsaker i departementa. Sjå nærare omtale av meldinga i Prop. 1 S (2025–2026) Svalbardbudsjettet.

Jan Mayen

Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde ved lag. Verksemda på Jan Mayen medverkar til norsk nordområdepolitikk, mellom anna innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytt til oppfølging av internasjonale pliktar, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU, og ein seismisk målestasjon for overvaking av avtalen om prøvestans. Forsvaret driftar Samfunnet Jan Mayen på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Forsvarsbygg bygger nytt hovudbygg, ny storgarasje og to naust på Jan Mayen, slik at aktiviteten på øya kan vidareførast. Arbeidet starta opp våren 2025. Ein ventar at nytt hovudbygg blir fullført i 2028.

Regjeringa foreslo i Prop. 47 S (2024–2025) å etablere nytt sjøfibersamband mellom Svalbard, Jan Mayen og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 174 S (2024–2025). Nytt sjøfibersamband har ei kostnadsramme på 2,8 mrd. kroner og skal etter planen vere operativt i 2028.

10 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder

Electronic Chart Centre AS

Lønskostnaden for administrerande direktør utgjorde 1 362 030 kroner i 2024. Andre ytingar utgjorde 16 208 kroner, medan pensjonskostnaden var 170 254 kroner. Pensjonsordninga er sikra gjennom Statens Pensjonskasse. Det er ikkje avtalt noko etterlønsordning for administrerande direktør.

Kommunalbanken AS

Administrerande direktør fekk utbetalt fastløn på 3 693 000 kroner i 2024, og fekk i tillegg 251 000 kroner i resultatbasert variabel løn. Andre ytingar utgjorde 70 000 kroner. Pensjonskostnaden var 216 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel løn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadsløner og føreset at styrefastsette måltal er nådd.

Administrerande direktør har ei etterlønsavtale tilsvarande eitt års fastløn som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjersle til administrerande direktør går fram av lønsrapport for leiande tilsette i Kommunalbanken for 2024. Rapporten er publisert på Kommunalbanken si nettside.

11 Likestilling i verksemdene

Tabell 11.1 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder.

Kjønnsbalansen i departementet når ein ser alle stillingskategoriar under eitt, er 66 pst. kvinner og 34 pst. menn. Departementet arbeider for lik løn mellom kjønna innan alle stillingskategoriar. Delen som arbeider deltid har gått opp for kvinner, men har gått ned for menn. Delen som er mellombels tilsett har auka både for kvinner og menn. I 2024 var det berre kvinner som tok ut foreldrepermisjon, men både kvinner og menn har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeld sjukefråvær enn menn.

For nærare omtale av dei underliggande verksemdene blir det vist til årsrapportane deira.

Tabell 11.1 Tilstandsrapportering i departementet og underliggande verksemder

Kjønnsbalanse

Kvinners løn i % av menn

Deltid

Mellombels tilsetting

Foreldrepermisjon (fordeling)

Legemeld sjukefråvær

M%

K%

Total

(kr/%)

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Kommunal- og distrikts- departementet

2024

34

66

250

96,5

1,2

4,2

4,3

4,8

0

100

0,8

3,8

2023

39

61

375

98,4

2,1

2,3

1,3

2,8

20 80

3,41

5,13

Direktoratet for byggkvalitet

2024

40

60

93

94

2,7

7,1

2,7

5,4

10

90

2,2

6,5

2023

40

60

92

92

2,7

1,8

0

1,8

0

100

2,7

4,9

Kompetansesenter for distriktsutvikling

2024

30

70

27

100,4

0

0

0

0

0

100

0

5,5

2023

32

68

28

101

3,7

0

0

0

0

100

0

9

Husbanken

2024

46,5

53,5

303

90,4

4,3

7,4

2,1

0

39

61

3,2

5,3

2023

48,1

51,9

285

91,4

4,4

8,8

2,9

1,4

37

63

2,5

5,8

Husleigetvistutvalet

2024

21

79

42

81,7

0

3

11,1

15,2

0

100

0,6

4,4

2023

25,7

74,3

35

87

0

7,7

11,1

7,7

25

75

0

8,2

Internasjonalt reindriftssenter

2024

55

45

11

81

9,1

18,2

18,2

18,2

0

0

18,2

9,1

2023

54

46

13

73,1

57,1

50

28,6

66,7

0

100

5,7

23,9

Kartverket

2024

48,7

51,3

803

90,9

1,5

5,9

1,9

2,4

44,3

55,7

3

6,2

2023

48,5

51,5

808

91

1,2

5,8

1,8

1,1

34,6

65,4

2,5

6,1

Valdirektoratet

2024

63,9

36,1

35

100,3

0

0

4,3

15,4

56,2

43,8

3,8

6,1

2023

59,5

40,5

33

100,9

0

0

9,1

13,3

100

0

0,3

1,3

Fotnotar

1

Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur – Norsk handlingsplan for naturmangfold og Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet