Del 1
Innleiande del
1 Regjeringas justis- og beredskapspolitikk
1.1 Tryggleik for framtida
Regjeringa vil skape tryggleik for framtida. Når vi skaper tryggleik for framtida, blir det opna moglegheiter for alle. Dette er kjernen i Regjeringas plan for Noreg 2025–2029.
Eit trygt samfunn byggjer på styrken i dei små forskjellane, den høge tilliten og dei sterke fellesskapa som kjenneteiknar landet vårt. I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at ho vil stå opp for demokratiet og rettsstaten. Regjeringa vil utvikle forsvarsevna, samfunnsberedskap og politiet for ei ny tid.
Regjeringa slår vidare fast at ho vil skape tryggleik for barn og unge, ved å gi alle barn moglegheit til å lære, delta og utvikle seg. Barn og unge som begår kriminalitet skal bli møtt med ein rask reaksjon som verkar. Tidleg innsats og tett oppfølging er avgjerande for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Justis- og beredskapssektoren har ei sentral rolle i dette arbeidet.
Justis- og beredskapspolitikken skal bidra til å nå følgjande hovudmål i regjeringas plan for Noreg:
-
Tryggleik for landet
-
Tryggleik for barn og unge
Digitalisering og kunstig intelligens påverkar i aukande grad korleis justis- og beredskapssektoren løyser samfunnsoppdraget sitt. Teknologien gir nye moglegheiter til å levere betre tenester meir effektivt, som kan gi meir treffsikker førebygging, raskare saksbehandling, og styrkt evne til å førebyggje, etterforske og oppklara kriminalitet, samt sterkare totalforsvar for kriser og krig.
Samstundes blir samfunnet meir avhengig av digital infrastruktur og meir sårbart for cyberangrep, digital kriminalitet, påverknadsoperasjonar og andre samansette truslar, som er risikoar som må handterast. Derfor vil regjeringa leggje til rette for trygg, ansvarleg og innovativ bruk av ny teknologi.
Måla i regjeringas plan for Noreg uttrykkjer dei effektane regjeringa ønskjer å oppnå for innbyggjarane og samfunnet. Utviklinga i kriminalitet, opplevd tryggleik, tillit til offentlege institusjonar og samfunnets evne til å førebyggje, motstå og handtere kriser og krig er viktige indikasjonar på om politikken verkar etter intensjonen.
Regjeringas politikk på justis- og beredskapsområdet byggjer mellom anna på Regjeringas plan for Noreg 2025–2029, måla for justis- og beredskapssektoren, Totalberedskapsmeldinga og Nasjonal tryggleiksstrategi. Desse dokumenta legg dei overordna rammene for arbeidet med å styrkje rettsstaten, verne grunnleggjande nasjonale interesser, byggje motstandskraft og møte utfordringar knytte til tryggleik, teknologiutvikling og eit meir samansett risiko- og trusselbilete.
1.2 Utfordringsbildet i ei uroleg tid
I Noreg har vi byggja eit trygt land med små forskjellar og sterke fellesskap. Desse verdiane har bidrege til eit samfunn med høy tillit og låg kriminalitet, der innbyggjarane i stor grad stolar på kvarandre, på offentlege institusjonar, på rettsstaten og på demokratiet. Å verne og vidareutvikle desse verdiane er ei av dei viktigaste oppgåvene for justis- og beredskapssektoren, i tråd med Regjeringas plan for Noreg 2025-2029. Samstundes står samfunnet overfor større utryggleik og meir samansette utfordringar enn på lenge. Den tryggingspolitiske situasjonen er den mest alvorlege sidan andre verdskrig. Krig i Europa, auka samansette truslar, internasjonale teknologikappløp og digital sårbarheit, migrasjonsstraumar og klimaendringar påverkar tryggleiken, tilliten og samfunnets evne til å førebyggje og handtere kriminalitet, kriser og krig. I møte med ein krevjande tryggleikspolitisk situasjon har difor regjeringa styrka politiet og PST. I tråd med Nasjonal tryggleiksstrategi byggjer regjeringa Forsvaret videre opp, forbetrer samfunnets totalberedskap og styrkar vår økonomiske tryggleik.
For å nå måla i plan for Noreg om trykkleik for landet og trykkleik for barn og unge, prioriterer regjeringa særleg politikken som møtar følgjande fire samfunnsutfordringar.
1.2.1 Barn og unge må få moglegheiter, ikkje bli dregen inn i kriminalitet
Dei fleste barna i Noreg gjer ikkje kriminelle handlingar og kriminaliteten i Noreg er lav samanlikna med andre land. Men sidan 2015 har vi sett en auke i kriminalitet av unge under 18 år, der ei lita gruppe barn og unge utfører gjentekne og alvorlege lovbrot. Det har òg vore tilfelle der barn både under og over den kriminelle lågalderen har gjennomført valdshandlingar etter å ha blitt rekrutterte av kriminelle nettverk.
Når barn og unge blir rekrutterte inn i kriminalitet, aukar risikoen for nye lovbrot og svekt tryggleik i lokalsamfunna.
Derfor prioriterer regjeringa arbeidet med å raskt få ned kriminaliteten blant barn og unge og hindre nyrekruttering ved å førebyggje betre. Tidleg innsats og tett oppfølging er avgjerande for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.
1.2.2 Kriminelle nettverk utfordrar trygge lokalsamfunn
Noreg er eit trygt land, men trusselen frå kriminelle nettverk i Europa aldri har vore større. Kriminaliteten blir meir profesjonell, meir internasjonal og meir digital. Kriminelle nettverk står bak alvorleg vald, narkotikakriminalitet, økonomisk kriminalitet og kriminalitet som samla bidreg til å undergrave tilliten til offentlege institusjonar og fellesskapet sine ordningar.
Utviklinga utfordrar målet om trygge lokalsamfunn. Når kriminelle nettverk får større handlingsrom, aukar risikoen for vald, rekruttering av barn og unge og misbruk av tillitsbaserte ordningar.
Derfor prioritetar regjeringa å trappe opp kampen mot kriminelle nettverk. Regjeringa har styrkt politiets evne til å forebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet, for å stille dei som gjer kriminalitet for retten. Slik kan politiet avverje alvorlege valdshendingar, auke inndraginga av kriminelle sine verdiar og forbetre kontrollen med kriminelle nettverk. Det handlar om kriminalitetsbekjemping, tryggleik og vern av den norske samfunnsmodellen.
1.2.3 Noreg må vere betre rusta for kriser og krig
Verda har på kort tid blitt farlegare og meir uforutsigbar og Noreg står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen.
Vi har ein god grunnberedskap i Noreg, men for å vere rusta til å handtere også tryggleikspolitisk krise og krig må vi styrke beredskapen.
Vi må se samfunnets samla ressursar under eitt, og sikre samarbeid mellom stat og kommune, næringsliv og dei frivillige. Vi må sikre kritisk infrastruktur, øve meir på tvers av sektorar og byggje robuste lokalsamfunn som toler kriser betre. Vi må styrke arbeidet mot samansette truslar. Nordområda er Noregs viktigaste strategiske område.
Vår tryggleik blir best ivareteken i samarbeid med andre. Vi skal vidareutvikle det sivil-militære samarbeidet i Noreg og i NATO og vidareutvikle vårt tryggleiks- og forsvarspolitiske samarbeid med EU og andre allierte.
1.2.4 Ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring
Utviklinga internasjonalt som krig, konfliktar og politisk ustabilitet påverkar også migrasjon og innvandring til Noreg. Landet skal gi vern til menneske som treng det, samstundes som styresmaktene må ha kontroll med innvandringa og sikre effektiv retur av personar utan lovleg opphald.
Ei utlendingsforvaltning som er effektiv, rettssikker og føreseieleg er viktig både for tilliten til offentlege institusjonar og for oppslutninga om fellesskapet sine ordningar.
1.3 Regjeringas hovudsatsingar i 2027
1.3.1 Innleiing
I tråd med to av regjeringas hovudmål om trykkleik for barn og unge, og trykkleik for landet, har regjeringa følgande fire hovudprioriteringar for justis- og beredskapssektoren i 2027:
-
styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet
-
kamp mot kriminelle nettverk
-
styrke tryggleik, beredskap og motstandskraft, slik at vi er førebudde på krise og krig
-
kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring.
Hovudsatsingane i budsjettforslaget for 2027 tek utgangspunkt i desse prioriteringane.
1.3.2 Styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet
Regjeringa vil arbeide for raskt å få ned kriminaliteten blant barn og unge og hindre rekruttering til kriminalitet ved å førebyggje betre. Regjeringa vil sikre at barn og unge som gjer kriminalitet blir møtt med ein rask reaksjon som verkar. For å møte utfordringa skildra i kapittel 1.2.1 vil regjeringa gjennomføre tiltak som skal bidra til å forbetre oppfølginga av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har gjennomført, eller står i fare for å gjennomføre, kriminelle handlingar.
I 2025 satsa regjeringa på arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet med om lag 450 mill. kroner. Tiltaka i satsinga er målretta mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, og blir vidareført i 2027.
I 2026 prioriterte regjeringa ytterlegare tiltak. Innsatsen for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonane er under 18 år, såkalla hurtigspor, vart utvida til nye politidistrikt slik at ordninga no er etablert i Agder, Aust, Oslo, Sør-Aust, Sør-Vest, Trøndelag og Vest politidistrikt. Det er òg introdusert eit nytt straffebod om involvering og rekruttering av mindreårige til kriminalitet, som vart sett i kraft 1. juli 2026. Regjeringa har i tillegg hatt på høyring eit lovforslag om strengare straffer for ulovleg omgang med skytevåpen og eksplosiv mv. Vi har auka talet på plassar i ungdomseiningane, og ordninga med éin-til-éin-oppfølging vart etablert i ti kommunar. Institusjonsbarnevernet har fått fleire verktøy til å ta vare på og setje grenser for barn som gjer kriminelle handlingar eller står i fare for å gjere det.
Budsjettforslaget
I 2027 foreslår regjeringa 119,8 mill. kroner til ein styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i justissektoren, barnevernet og kommunane. Satsinga inkluderer 54,4 mill. kroner til tiltak under Justis- og beredskapsdepartementet og 65,4 mill. kroner til tiltak under Barne- og familiedepartementet. Sjå òg omtale under Barne- og familiedepartementet.
I satsinga inngår mellom anna:
-
20 mill. kroner til arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK), inkludert å utvide arbeidet til Agder politidistrikt
-
15 mill. kroner til styrkt oppfølging av barn i konfliktrådet, med særleg fokus på oppfølginga av barn under 15 år
-
13,4 mill. kroner til å vidareføre arbeidet med hurtigspor og sikre tilstrekkeleg kapasitet i konfliktrådet og domstolane
-
6 mill. kroner til nytt ungdomsteam i kriminalomsorga, som gir forsterka oppfølging av innsette mellom 18 og 24 år.
Forventa effekt
Å kome tidleg inn og hindre at konfliktar eskalerer, kan ha ein kriminalitetsførebyggjande effekt. Barn og unge som utfører eller står i fare for å utføre gjenteke kriminalitet, har ofte sjølv vore utsette for vald i nære relasjonar, vore vitne til vald eller har opplevd andre traumatiske hendingar. Tidleg innsats mot vald i nære relasjonar er difor heilt avgjerande i det førebyggjande arbeidet.
Kortare ventetid frå lovbrot til reaksjon er venta å kunne redusere belastning for både ungdommen, dei fornærma og dei pårørande, og å redusere risikoen for at ungdommen gjer seg skuldig i nye lovbrot.
1.3.3 Kamp mot kriminelle nettverk
Regjeringa har trappa opp kampen mot kriminelle nettverk, slik at politiet kan avverje alvorlege valdshendingar, auke inndraginga av kriminelle sine verdiar og forbetre kontrollen med kriminelle nettverk.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.2 har regjeringa styrka politiet med 600 mill. kroner i 2025. I tillegg fekk politiet 90 mill. kroner til styrka innsats mot kvitvasking og korrupsjon same år, og 70 mill. kroner til å styrke arbeidet mot narkotika- og økonomisk kriminalitet i 2026.
Regjeringa vil i 2027 fortsette å prioritere tiltak som styrker politiet si evne til å førebyggje, avdekkje og etterforske kriminalitet, og som reduserer kriminaliteten sitt økonomiske grunnlag.
Regjeringa har lansert at eit Nasjonalt senter mot økonomisk kriminalitet (Økrimsenteret), eit tverretatleg senter leidd av Økokrim skal opprettast frå 2027.
Satsinga mot organisert kriminalitet og kriminelle nettverk gjer det viktig å ruste opp kriminalomsorga og sikre tilstrekkeleg fengselskapasitet.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
-
500 mill. kroner til heilskapleg digitalisering av politiet
-
246,1 mill. kroner i oppstartsløyving til bygging av nytt Oslo fengsel på Grønland
Forventa effekt
Programmet for heilskapleg digitalisering av politiet skal utvikle ein ny, sikker og framtidsretta digital grunnmur, og moderne løysingar med særleg vekt på kriminalitetsbekjemping og politiberedskap. Det skal sikre tryggleik, kvalitet og rettstryggleik for innbyggjarane.
Økrimsenteret skal bl.a. hindre at organiserte kriminelle utnyttar tillitsbaserte velferdssystem ved å manipulere offentlege register.
Eit nytt fengsel på den gjeldande fengselstomta på Grønland skal sikre god kapasitet for varetekt og straffegjennomføring. Fengselet skal òg gi betre soningsforhold som støttar målet om at fleire skal leve eit liv utan kriminalitet etter lauslating.
1.3.4 Styrkt tryggleik, beredskap og motstandskraft
Regjeringa vil styrke samfunnets evne til å førebyggje, motstå, handtere og kome seg gjennom alvorlege hendingar, kriser og krig. Eit meir motstandsdyktig samfunn er avgjerande for tryggleik, demokrati og vern av grunnleggjande nasjonale interesser.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.3 vil regjeringa i 2027 prioritere vidare oppfølging av Totalberedskapsmeldinga og Nasjonal tryggleiksstrategi. Innsatsen omfattar styrkt digital tryggleik, vern av kritisk infrastruktur, modernisering av politiet og auka støtte til sentrale beredskapsaktørar.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
-
250 mill. kroner til PST
-
188,9 mill. kroner til NSM
-
500 mill. kroner til heilskapleg digitalisering av politiet
-
294,8 mill. kroner til drift av redningshelikoptertenesta
-
85,0 mill. kroner for å skjerme frivillige og kommunale brukarar av Nødnett mot auka kostnader
-
10 mill. kroner for å auke tilskotet til frivillige organisasjonar i redningstenesta
-
15 mill. kroner til Senter for motstandskraft i nord.
Forventa effekt
Tiltaka skal bidra til eit meir motstandsdyktig samfunn, til å handtere samansette truslar, redusere kritiske sårbarheiter og styrkje evna til å handtere alvorlege kriser og tryggingstruande hendingar.
1.3.5 Kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring
Regjeringa vil føre ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk som bevarer tilliten til fellesskapet sine ordningar og samtidig varetek Noregs internasjonale forpliktingar.
I 2025 vart det løyva 155 mill. kroner til handtering av innkomstar frå Ukraina, 137,7 mill. kroner til implementering av EUs pakt for migrasjon og asyl (pakta), 84,5 mill. kroner til modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga og 30 mill. kroner til saksbehandling av utvisingssaker i utlendingsforvaltninga.
I 2026 har regjeringa mellom anna prioritert handtering av fordrivne frå Ukraina, styrkt returarbeid, vidare utvikling av det europeiske migrasjonssamarbeidet og skjerpa vilkår for familieinnvandring. Regjeringa har og gjennomgått reglene om bortvising og utvising for å sikre at utlendingar som gjer kriminalitet sendast ut av landet.
For å møte utfordringa som er skildra i kapittel 1.2.4 vil regjeringa i 2027 prioritere kontroll, rettstryggleik og effektiv forvaltning. Innsatsen omfattar mellom anna handtering av fordrivne frå Ukraina, vidare oppfølging av satsinga på modernisering og digitalisering av utlendingsforvaltninga, returarbeid og vidare utvikling av det europeiske migrasjonssamarbeidet.
Budsjettforslaget
Regjeringa foreslår:
-
323 mill. kroner til saman til UDI, UNE og politiet til handtering av innkomstar frå Ukraina
-
351,1 mill. kroner til modernisering og digitalisering av utlendingsforvaltninga
Forventa effekt
Tiltaka skal bidra til betre kontroll, raskare saksbehandling, meir effektiv ressursbruk og bevare tilliten til utlendingsforvaltninga.
1.4 Justis- og beredskapssektorens samfunnsoppdrag
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, konfliktrådet, politiet og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsmyndigheitene. Departementet har òg samordningsansvar for samfunnstryggleik og sivil rikstryggleik, og ansvar for samordning av norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet
Gjennom desse ansvarsområda skal departementet bidra til å styrkje rettsstaten og tilliten til offentlege institusjonar, førebyggje og kjempe mot kriminalitet, sikre kontrollert innvandring, vareta norske tryggingsinteresser og styrkje samfunnets motstandskraft. Dette omfattar mellom anna vern av kritisk fysisk og digital infrastruktur, beredskap mot alvorlege hendingar og kriser og trygg og rettssikker myndigheitsutøving.
Digitalisering og kunstig intelligens påverkar alle delar av justis- og beredskapssektoren. Ny teknologi gir moglegheiter for betre tenester, meir effektiv oppgåveløysing og styrkt førebygging, men stiller samstundes større krav til digital tryggleik, personvern, informasjonstryggleik og eit framtidsretta lovverk.
Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidreg til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren
Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet
1.5 Mål for justis- og beredskapssektoren
For 2027 gjeld desse måla for justis- og beredskapssektoren:
Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet
For nærmare omtale av tilstanden for dei seks måla, sentrale utfordringar og tiltak, viser vi til kapittel 1.6.
1.6 Nærmare om tilstandsvurdering og tiltak
1.6.1 Rettstryggleik
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at tryggleik for framtida forutset at regjeringa står opp for demokratiet og rettsstaten. Rettstryggleik handlar mellom anna om at alle skal vere like for lova og ha reell tilgang til sine rettar, uavhengig av økonomi, bakgrunn eller bustad. Ei sterk rettsstat styrkar tilliten til fellesskapet, vernar den enkelte mot vilkårleg maktbruk og bidreg til tryggleik og stabilitet i samfunnet.
Rettstryggleik inneber mellom anna at befolkninga i Noreg er trygg på at alle rettsforholda mellom offentlege myndigheiter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte skal vere baserte på lover og reglar, og det skal vere openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Myndigheitene skal opptre upartisk, og reglane for saksbehandling skal følgjast. Alle skal ha reelt høve til å forsvare interessene sine overfor myndigheitene og kvarandre.
Som omtalt i kapittel 1.1 er høg tillit, sterke fellesskap og ein sterk rettsstat grunnleggjande føresetnader for tryggleik for framtida. For sektormålet om rettstryggleik inneber dette særleg behov for å sikre likebehandling, høg kvalitet i straffesakskjeda, effektive domstolar og reell tilgang til rettar og rettshjelp.
Sjølv om tilliten til politi og rettsvesen framleis er høg i internasjonal samanheng, utfordrast rettstryggleiken av straffesakers aukande kompleksitet, høgare krav til kvalitet og press på kapasitet i etterforskinga.
Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Advokattilsynet, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.
Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Døme på slike ordningar er fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelpstiltak, fri sakførsel i straffesaker, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med straffeforfølging og verjemålsordninga.
1.6.1.1 Tilstandsvurdering og tiltak
Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i dei internasjonale forpliktingane Noreg har, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik.
Noreg er eit land med svært høg tillit samanlikna med andre land. Denne tilliten blir spegla i resultata i undersøkingar om tillit til både politiet og rettsvesenet. Likevel står justissektoren framfor fleire utfordringar knytte til rettstryggleik på både kort og lang sikt.
Politiet og påtalemakta
Hovudmålet for påtalemakta og politiet er å medverke til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, samstundes som ein innfrir krava til høg kvalitet og rettstryggleik. Rettstryggleik i vid forstand er av avgjerande betydning, også i eit tillitsperspektiv til påtalemakta og politiet. Det betyr bl.a. at etterforskinga skal vurdere bevis som taler for mistenkte si uskyld og bevis som trekkjer i retning av skyld. Vidare at det skal arbeidast for høg oppklaringsprosent i alvorlege saker og at det ikkje er store ulikskapar i oppklaringsprosent for likearta lovbrot mellom dei ulike politidistrikta.
Frå tidleg 2000-tal og fram til pandemien var det ein trend med nedgang i melde lovbrot til politiet, men dei siste åra har det vore ein auke, sjå figur under sektormål «Låg kriminalitet».1
Det er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte, både for offer og for mistenkte, at lovbrot blir oppklarte innan rimeleg tid. Høg oppklaringsprosent for lovbrot er også avgjerande for den generelle rettsoppfatninga i samfunnet. Spesielt for alvorlege lovbrot er det sentralt at dei blir oppklarte på ein rettstrygg måte.
Lovbrot utan tydelege personoffer blir i hovudsak melde av politiet og administrative kontrolletatar, og det er i stor grad kontrollverksemda deira som avdekker slike lovbrot. Døme på slike lovbrot er rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og fleire typar ordens- og integritetskrenkingar. For rettstryggleiken til den einskilde og den generelle rettsoppfatninga i samfunnet er det avgjerande at alle typar alvorlege saker blir etterforska på ein rettvis og legitim måte. Dei siste åra har det vore ein auke i melde saker som blir lagde bort av politiet og påtalemakta.
Handtering av den tryggingspolitiske situasjonen har kravd mykje av politiet si merksemd dei siste åra, noko som setter press på kapasiteten til å etterforske lovbrot. Regjeringa har sett i gang tiltak for å auke kapasiteten og kvaliteten på etterforskinga, mellom anna ved å etablere eit eige årsstudium for etterforsking som starta opp i september 2026, retta mot personar med ulike fagbakgrunnar. Regjeringa har dei siste åra styrkt politiet og påtalemyndigheitas budsjett. Vidare ventar regjeringa at den heilskaplege digitaliseringa av politiet på sikt vil effektivisere oppgåveløysinga i politiet generelt, og slik frigjere kapasitet. Arbeidet med heilskapleg digitalisering startar for fullt i 2027, jf. omtale under Hovudsatsingar.
Domstolsbehandling
Tilgjengelege og effektive domstolar er ein grunnleggjande føresetnad for rettstryggleiken til den enkelte. Saksbehandlingstid, kvaliteten på avgjerdene og reell tilgang til domstolane er sentrale forhold for både offer, tiltalte og partar i sivile tvistar. Vidare er ivaretaking av domstolane sin uavhengigheit ein grunnleggjande føresetnad for å bevare det gode norske demokratiet i tida som kjem.
Domstolane skal levere avgjerder med høg kvalitet og effektivitet, men fleire domstolar har utfordringar knytte til saksbehandlingstid. I tingrettane har saksbehandlingstida i straffesaker auka noko dei siste åra, og fleire domstolar ligg over målsetjinga. For lagmannsrettane er utviklinga meir samansett. Saksbehandlingstida i sivile ankar er innanfor måla, medan fleire lagmannsrettar framleis har utfordringar med behandlingstida i fleire typar straffeankar sett opp mot måla som gjaldt i 2025.
Tilgangen til domstolane er også avhengig av at kostnadene ved å føre ei sak ikkje blir for høge. Ny modell for behovsprøvd rettshjelp vart sett i kraft i 2025. Modellen tek utgangspunkt i den samla betalingsevna til søkjaren og er venta å utvide ordninga frå å omfatte om lag 16 til 33 prosent av hushalda. Reformen er eit bidrag til å betre tilgangen til juridisk bistand og styrkje tilgangen til domstolane. Det er også behov for andre tiltak for å sikre reell tilgang til domstolane. Mellom anna tek den vidare digitaliseringa av domstolane sikte på å redusere kostnadane ved domstolsbehandling.
Resultata frå straffesaksbehandlinga viser gjennomgåande høg grad av stadfesting i domstolane. Over tid har meir enn 90 prosent av tiltalar enda med straffereaksjon i domstolane, noko som indikerer høg kvalitet i behandlingsgrunnlaget frå politiet og påtalemakta. Samstundes er det framleis behov for å styrkje oppklaringa og bevisføringa i enkelte sakstypar, særleg innan vald og seksuallovbrot.
Fleire tinghus har behov for rehabilitering eller utskifting. Regjeringa vil i 2027 vidareføre arbeidet med rehabilitering av Bergen tinghus og førebu nytt tinghus i Stavanger. Dette skal bidra til moderne og eigna lokale for domstolane si verksemd.
Regjeringa vil òg varig styrkje kapasiteten i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker for å redusere restansar og saksbehandlingstid i ei tid med fleire og meir krevjande saker.
Straff i fengsel
Rettstryggleik og tillit til rettsstaten er avhengig av at straff blir gjennomført på ein rettssikker og human måte. Kriminalomsorga skal gjennomføre straff innanfor rammene av menneskerettane og straffegjennomføringslova. Tapet av fridom skal vere straffa, ikkje tap av andre grunnleggjande rettar.
Kriminalomsorga står overfor ei meir krevjande innsettepopulasjon enn tidlegare. Fleire innsette er dømde for alvorlege valdslovbrot og seksuallovbrot, og ein stor del har samansette utfordringar og behov for psykisk helsehjelp. Arbeidet med å førebyggje sjølvmord, sjølvskading og andre alvorlege hendingar er derfor eit prioritert område. Tal frå kriminalomsorga viser ein nedgang i sjølvmordsforsøk og alvorleg sjølvskading i 2024 og 2025.
Som omtalt under sektormålet «Låg kriminalitet» har regjeringa prioritert arbeidet mot alvorleg barne- og ungdomskriminalitet. Dette har òg ført til fleire unge under 18 år i varetekt og fengsel. Regjeringa har derfor styrkt kapasiteten ved ungdomseiningane frå 8 plassar i 2023 til 21 plassar i 2026, og vil vidareføre innsatsen for å sikre god oppfølging av unge i varetekt og fengsel.
Stortinget vedtok våren 2026 endringar i straffegjennomføringslova og helse- og omsorgstenestelova for å redusere bruken av isolasjon og styrkje oppfølginga av innsette. Lovendringane skal bidra til meir tid utanfor celle, meir menneskeleg kontakt og betre rettstryggleik under straffegjennomføringa. Regjeringa si satsing på bemanning og kompetanse i kriminalomsorga skal støtte opp under gjennomføringa av reformene.
Det skal vere høg terskel for bruk av varetekt og fengselsstraff overfor barn og unge. Ny heimel for varetekt med elektronisk kontroll bidreg til fleire alternative reaksjonar der dette er forsvarleg. Barn og unge skal som hovudregel ikkje gjennomføre fengselsstraff saman med vaksne.
1.6.2 Tryggleik i samfunnet
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at ho vil skape tryggleik for landet i ei ny tid. Den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen, krig i Europa, samansette truslar, aukande digital sårbarheit og fleire naturhendingar stiller større krav til tryggleiken og beredskapen i samfunnet enn tidlegare.
For justis- og beredskapssektoren betyr dette å styrkje samfunnets motstandskraft. Noreg må vere betre rusta til å førebyggje, motstå, handtere og kome seg gjennom alvorlege hendingar, kriser og krig. Ei sterk motstandskraft byggjer på tett samspel mellom stat, kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og innbyggjarane sjølve.
Motstandskraft handlar om å verne kritiske samfunnsfunksjonar som straumforsyning, elektronisk kommunikasjon, transport, helse, finansielle tenester og offentleg forvaltning. Digital teknologi er i dag ein føresetnad for at desse funksjonane skal fungere. Samtidig gjer auka digitalisering samfunnet meir sårbart for cyberangrep, sabotasje, etterretning og påverkningsoperasjonar.
Eit trygt, motstandskraftig og robust digitalt samfunn er derfor ein føresetnad for nasjonal tryggleik, økonomisk verdiskaping og tilliten til offentlege tenester. Digital tryggleik handlar ikkje berre om teknologi. Det handlar om å verne demokratiet, sikre grunnleggjande samfunnsfunksjonar og styrkje evna til å førebyggje og handtere alvorlege hendingar.
Eit samfunn med høg motstandskraft gjer Noreg tryggare, reduserer sårbarheiter og styrkjer evna til å verne liv, helse, demokrati og grunnleggjande nasjonale interesser.
For sektormålet om tryggleik i samfunnet inneber dette særleg behov for å styrkje beredskapen, verne kritisk fysisk og digital infrastruktur og vidareutvikle evna til å førebyggje, handtere og komme seg gjennom alvorlege kriser og hendingar.
Verksemder som gjer eit viktig arbeid for å trygge samfunnet, er politiet og politiets tryggingsteneste (PST), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsmyndigheit (SKM) (Klareringsdirektoratet frå 1. januar 2027) og Hovudredningssentralen (HRS). Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar og bidrar ved hendingar der livet eller helsa til menneske er i fare. Dei samla beredskapsressursane inkluderer i tillegg til stat og kommune/fylkeskommune, eigenberedskapen vår, næringsliv og dei frivillige organisasjonane sin kapasitet til krisehandtering.
1.6.2.1 Tilstandsvurdering og tiltak
Tryggingspolitisk utvikling
Stormaktsrivalisering, rask teknologiutvikling og alvorlege hendingar knytte til den tryggingspolitiske situasjonen påverkar i stor grad det nasjonale trusselbiletet og utfordrar tryggleiken vår. Den tryggingspolitiske situasjonen i verda går i ei negativ retning. Krigen i Ukraina og krigføringa i Midtausten har globale ringverknader som også treffer Noreg. Noreg si rolle som energileverandør og den auka strategiske verdien av nordområda, gjer oss særleg utsette for etterretnings-, påverkings- og sabotasjeverksemd frå mellom anna Russland. Kina har òg betydeleg etterretningskapasitet, med cyberaktivitet, investeringar og oppkjøp som sentrale verkemiddel. Situasjonen i Midtausten kan ha ein radikaliserande effekt som påverkar trusselbiletet i Noreg, også på lang sikt. Terrortrusselen i Noreg er prega av eit utfordringsbilete som blir meir komplekst. Dette kjem fram i trussel- og risikovurderingane frå Etterretningstenesta, PST og NSM for 2026.
Ein trygg kvardag for innbyggjarane
Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er å tryggje samfunnet og innbyggjarane. Politiet har i perioden 2021–2026 blitt styrkt med cirka 6,5 mrd. kroner, som gjer at dei er betre i stand til mellom anna å førebyggje, redusere sårbarheiter og handtere hendingar og ein auke i vakt- og sikringsoppdrag i samband med den tryggingspolitiske situasjonen.
Over tid har utviklinga i trussel- og kriminalitetsbiletet skapt eit aukande gap mellom politiet sine behov og dei digitale verktøya dei har tilgang til. Det gjer politiet sårbart og svekkjer evna til effektiv innsats. Regjeringa foreslår difor frå 2027 ei kraftfull satsing på heilskapleg digitalisering av politiet, med 500 mill. kroner i oppstartsløyve og ei investeringsfullmakt på 5 675 mill. kroner. Programmet skal utvikle ein ny, sikker og framtidsretta digital grunnmur, og moderne løysingar med særleg vekt på kriminalitetsbekjemping og politiberedskap. Heilskapleg digitalisering av politiet handlar ikkje om teknologi for teknologien si skuld, men om å sikre tryggleik, kvalitet og rettstryggleik for innbyggjarane.
Dei aller fleste som bur i Noreg føler seg trygge i sitt nærmiljø. I politiet si siste innbyggjarundersøking (publisert mars 2026) oppgjer 86 prosent at dei føler seg svært eller ganske trygge (eit prosentpoeng lågare enn i 2024). Undersøkinga syner òg at tilliten til politiet har auka sidan året før, og at fleire opplever at politiet kjem ved akutte behov.
Med eit krevjande trusselbilete og eit kriminalitetsbilete i endring er det viktig at politiet har tilgang på dei maktmidla og verkemidla som er naudsynte. Regjeringa la i mars 2026 fram eit lovforslag om innføring av permanent generell væpning av norsk politi, som vart vedteke av Stortinget i juni. Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit lovforslag i 2026 om endringar i straffegjennomføringslova for varsel til fornærma og etterlatte om domfeltes straffegjennomføring.
Terrorisme og valdeleg ekstremisme må møtast med tiltak frå tidleg førebygging til handtering av dei mest alvorlege trusselsituasjonane. Regjeringa arbeider med ein ny strategi mot valdeleg ekstremisme og terror, som følgjer opp Meld. St. 13 (2024–2025) Forebygging av ekstremisme – Trygghet, tillit, samarbeid og demokratisk motstandskraft og Nasjonal tryggleiksstrategi (2025). Den nye strategien vil mellom anna adressere utfordringane med å beskytte barn og unge mot radikalisering og rekruttering på internett. Arbeidet med strategien vil byggje på brei involvering av fleire sektorar og aktørar, mellom anna kommunesektoren, akademia og representantar frå næringsliv og sivilt samfunn. Strategien vil rette seg mot alle former for valdeleg ekstremisme.
Det er behov for eit tett samarbeid mellom politiet og helseteneste, skulane, barnevernet, PST og kriminalomsorga. Regjeringa følgjer opp høyringa av eit forslag til endring i lova om psykisk helsevern og politilova m.m. som utvidar helsepersonell si rett og plikt til å levere opplysningar til politiet og PST om personar med psykiske lidingar og anteken valdsrisiko.
Redningstenesta er viktig for tryggleik i befolkninga, særleg i eit land som Noreg med lange kystlinjer, store fjellområde og krevjande vêrforhold. Kunnskapen om at hjelp er tilgjengeleg når noko alvorleg skjer, gjer at folk kan kjenne seg sikrare i kvardagen. Det vart i 2013 inngått kontrakt for levering av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King-maskiner. Anskaffinga er no gjennomført, og dei nye SAR Queen-helikoptera er sette i drift på alle dei seks redningsbasane. I tillegg til dei nye redningshelikoptera omfattar kostnadsramma utgifter til bl.a. bygningsmessige tilpassingar ved redningshelikopterbasane og tilpassing av landingsmoglegheitene ved enkelte sjukehus. Regjeringa foreslår å løyve om lag 250,1 mill. kroner til dette arbeidet i 2027.
Dei nye redningshelikoptera gir Noreg auka beredskap. Samstundes er moderne helikoptersystem meir krevjande å drifte enn dei gamle Sea King-maskinane. I 2027 blir det foreslått å auke løyvinga til redningshelikoptertenesta med til saman 294,8 mill. kroner. Forslaget legg til rette for å oppretthalde beredskapsnivået til redningshelikoptera.
Stortinget vedtok i februar 2026 at Forsvaret skal ta over som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø. Dette inneber anskaffing av to nye redningshelikopter av typen AW101 SAR Queen, og etablering av naudsynt bygningsmasse i Tromsø. Det er i 2026 inngått kontrakt om levering av desse nye helikoptera. Basen er planlagd ferdigstilt i 2030. Regjeringa foreslår å løyve om lag 294,4 mill. kroner til dette arbeidet i 2027.
Sjølv om det meste av ulovleg droneflyging i Noreg knyt seg til uansvarleg hobbybruk, kan Noreg ikkje undervurdere risikoen for at dronar kan nyttast til ulovleg etterretning, sabotasje og annan kriminell aktivitet. Regjeringa opprettar difor eit nasjonalt kompetansesenter mot ulovleg droneflyging, som skal vere ein felles arena for politiet og andre relevante verksemder, for kunnskapsdeling, rådgjeving og informasjon om risikoreduserande tiltak knytte til ulovleg droneflyging. Desse aktivitetane vil bidra til å motverke både uvettig og truande bruk av dronar. Stortinget løyvde 30 mill. kroner til investeringar i senteret i samband med nysaldering av budsjettet for 2025.
Nødnett er eit viktig verktøy for kommunikasjon og samhandling slik at sentrale nød- og beredskapsaktørar kan etablere ei felles situasjonsforståing, løyse oppgåvene sine og hjelpe befolkninga ved behov. Det er viktig at beredskapsaktørane har ei god sambandsløysing over heile landet og regjeringa har difor sørga for at staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2031. Avtalen har ein opsjon om forlenging i to år. Regjeringa foreslår å løyve 85 mill. kroner til å skjerme dei kommunale og frivillige brukarane for høgare brukarbetaling og tilretteleggje for fortsatt bruk av Nødnett. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har ansvaret for å utgreie, etablere og drifte nytt Nødnett, jf. omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Sivil motstandskraft
Motstandskraft er eit uttrykk for evna eit samfunn har til å halde ut og handtere store hendingar, vinne att viktige funksjonar etter at noko har hendt og, om naudsynt, tilpasse seg endra føresetnader. Motstandskrafta vår kan bli utfordra av samtidige kriser og eit meir samansett trusselbilete enn før. Eit land med stor motstandskraft vil vere mindre sårbart for samansette truslar, men òg for naturhendingar og ulukker.
Noreg er eit land som har stor evne til å handtere større hendingar og kriser. Eit viktig grunnlag for denne motstandskrafta er den høge tilliten til myndigheitene. Innbyggjarundersøkinga til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) frå 2026 viser at tilliten til politikarar og offentleg forvaltning, bl.a. domstolane og politiet, framleis er høg. Ein nyleg offentleggjort OECD-rapport viser likeins at Noreg ligg 17 prosentpoeng over OECD-gjennomsnittet når det gjeld å ha tillit til nasjonale myndigheiter. Offentlege verksemder arbeider med å utvikle og halde ved like evna til å handtere hendingar som set liv og helse i fare, på tvers av sektorar og nivå. For å byggje eit trygt samfunn krevst det samarbeid mellom offentlege ressursar, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, lokalsamfunn og kvar og ein av oss.
Riksrevisjonen la i mai 2025 fram ein rapport om totalforsvaret i tryggingspolitisk krise og krig, med tilråding om tydelegare styring, betre samordning og auka framdrift i totalforsvarsarbeidet. Rapporten vart behandla i ei open høyring i kontroll- og konstitusjonskomitéen i februar 2026, jf. Innst. 178 S (2025–2026). Oppfølginga av funna er godt i gang gjennom oppfølging av totalberedskapsmeldinga og gjennomføringa av totalforsvarsåret i 2026.
I totalberedskapsmeldinga (Meld. St. 9 (2024–2025)) set regjeringa retninga for den sivile motstandskrafta. Regjeringa legg opp til eit heilskapleg vernekonsept for sivilbefolkninga, der tilfluktsstader er eitt av verkemidla. Eit forslag til ny forskrift om tilfluktsstader er sendt på høyring, med frist 30. oktober 2026.
Regjeringa tek sikte på å fremje den første langtidsplanen for sivil beredskap i 2026. Planen skal bidra til å styrkje den sivile beredskapen, med særleg vekt på situasjonar høgt i krisespekteret og dei kritiske samfunnsområda kraftforsyning, digital infrastruktur (ekom) og transport. Sentrale tema vil vere den sivile evna til å understøtte militær innsats, evna til å halde oppe funksjonalitet innanfor dei kritiske samfunnsområda også høgt i krisespekteret, og vern av sivilbefolkninga.
Regjeringas arbeid med EUs direktiv om fysisk motstandsdyktigheit, CER-direktivet, held fram. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med eit høyringsnotat med forslag til ei ny lov som skal gjennomføre direktivet.
I samband med totalberedskapsmeldinga og nordområdestrategien utviklar regjeringa ei nasjonal tiltakssone for beredskap i Troms og Finnmark. Den statlege samlingsstaden i Kirkenes som blei oppretta i 2026, har fått namnet «Senter for motstandskraft i nord». Det blir føreslått å auke løyvinga med til saman 15 mill. kroner til Senter for motstandskraft i nord.
Som ein del av oppfølginga av totalberedskapsmeldinga har Justis- og beredskapsdepartementet gitt politiet og PST i oppdrag å vurdere eigne kapasitetar, oppgåver og prioriteringar i krise og krig. Arbeidet skal setje politiet og PST betre i stand til å møte den tryggingspolitiske situasjonen.
For å auke sivil motstandskraft har PST, politiet og NSM ein særleg viktig rolle i å formidle trussel- og risikobiletet til både publikum generelt og til trugsmålutsette grupper spesielt. Dette er eit grunnleggande premiss for at andre skal identifisere gode forebyggande tryggingstiltak.
Det overordna målet med Totalforsvarsåret 2026 er å styrkje Noreg si evne til å førebyggje og handtere tryggingspolitiske kriser og krig. DSB og Forsvaret har hatt ansvaret for å planleggje og gjennomføre fleire tverrsektorielle sivil-militære aktivitetar i totalforsvarsåret, innanfor kompetanseheving, rettleiing, planverk og øvingar for situasjonar høgt i krisespekteret. I tillegg er det eit mål at store delar av samfunnet, frå enkeltpersonar, kommunar, frivillige organisasjonar og verksemder skal tenkje gjennom eigen beredskap og korleis ein konkret kan bidra og øve. DSB har utarbeidd råd og materiell som kan nyttast i dette arbeidet og vil gjennomføre eit nasjonalt erfaringsseminar i 2027, slik at læringspunkt etter øving og andre aktivitetar kan følgjast opp. Alle øvingane i Totalforsvarsåret skal evaluerast. Internasjonalt samarbeid er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid med tryggleik og beredskap. Det omfattar nordisk samarbeid, arbeid innanfor NATO, EU og andre allierte. Det er og viktig å sørgje for at beredskapsplanar er oppdaterte og at øvingar blir prioriterte.
Den tryggingspolitiske situasjonen grip inn i alle ansvarsområda under PST. Regjeringa foreslår derfor varig å auke løyvinga til PST med 250 mill. kroner frå 2027.
Kommunane har ansvar for og oppgåver innan samfunnstryggleik i spennet frå cyberhendingar til flaum og skred, og dei må ha kunnskap og evne til å kunne handtere ei rekkje truslar. I Kommuneundersøkinga til DSB for 2026 rapporterer eit stort fleirtal av kommunane at dei har etablert strukturar for beredskap, mellom anna har 86 pst. etablert kommunalt beredskapsråd eller er knytte til eit beredskapsråd i ein annan kommune.
Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å modernisere klareringsarbeidet i Noreg – i det såkalla «Klareringsløftet». Stortinget har vedtatt endringar i sikkerhetsloven i tråd med Prop. 76 L (2025–2026) Endringer i sikkerhetsloven (organisering av klareringsmyndigheten) 9. juni 2026. Endringane legg til rette for oppretting av ei felles sivil-militær klareringsmyndigheit (Klareringsdirektoratet – KDIR). Klareringsløftet inneheld modernisering gjennom omorganisering, digitalisering og fleire regelverksendringar. Desse tiltaka skal særleg bidra til å løyse utfordringane knytte til lang saksbehandlingstid, men òg auka samordning og likebehandling, heilskapleg fagutvikling, og modernisering i takt med utviklinga i samfunnet.
Digital tryggleik
Som omtalt i kapittel 1.6.1 er digital tryggleik ein sentral del av samfunnets motstandskraft. Auka digitalisering gjer samfunnet meir effektivt, men skaper òg nye sårbarheiter. For dette sektormålet inneber det særleg behov for å redusere risikoen for cyberangrep, sabotasje, etterretning og påverknadsoperasjonar mot kritiske samfunnsfunksjonar.
Stadig fleire verdiar som er viktige for nasjonal tryggleik, er digitaliserte og blir forvalta og behandla ved bruk av datasystem og internett. Digitalisering og teknologiutvikling fører til meir effektivisering og fornying, men det introduserer samstundes nye sårbarheiter og avhengnader. Den raske utviklingstakta og endringane i den tryggingspolitiske situasjonen gjer det stadig meir krevjande for både offentlege og private verksemder å halde oppe eit forsvarleg tryggingsnivå gjennom heile krisespennet, dvs. i fred, krise og krig. Cyberoperasjonar som metode for bl.a. etterretning og påverknad er forsterka av den nye tryggingspolitiske situasjonen som Russland sitt angrep på Ukraina har skapt. Slike operasjonar vil kunne gi stor effekt utan særleg risiko for den som står bak. Statlege aktørar har vist evne til å bruke heile verkemiddelapparatet sitt for å oppnå politiske mål, gjennom såkalla samansett verkemiddelbruk. Regjeringa foreslår å styrke Nasjonalt tryggingsorgan med 178,9 mill. kroner. Styrkinga inneber tekniske og organisatoriske tiltak for å møte det digitale risikobildet, og under dette ei vidareutvikling av NSM sin digitale infrastruktur.
Næringslivet har viktige kapasitetar, kunnskap og kompetanse og utgjer ein sentral del av totalforsvaret. Det er viktig at næringslivet sine ressursar vert integrerte som ein del av våre samla cyberkapasitetar. Regjeringa foreslår å etablere eit næringsberedskapsråd for digital tryggleik. Formålet med ordninga er å leggje til rette for at den samla evna til å handtere hendingar skal vere større enn det styresmaktene kan levere åleine. NSM skal følgje opp det vidare arbeidet med å byggje opp denne ordninga. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga til NSM med 10 mill. kroner i 2027.
Formålet med nasjonal skytenester er å sikre auka nasjonal kontroll mede kritisk digital infrastruktur, viktige samfunnsfunksjonar og digitale verdiar. Før oppstart av eit forprosjekt gjennomførast det ei avklaringsfase for å vurdere om føringar og rammevilkår fortsatt står seg, sett i lys av den teknologiske utviklinga, endringar i tryggingspolitiske forhold og utviklinga i marknaden for skytenester.
Lova om digital tryggleik med tilhøyrande forskrift vart sett i kraft 1. oktober 2025. Regelverket skal bidra til å sikre grunnleggjande krav til digital tryggleik i verksemder med særleg betyding for samfunnet. NIS2-direktivet er planlagt gjennomført ved endringar i denne lova.
Klima og naturhendingar
Det blir meir ekstremt vêr, og klimapanelet i FN er tydeleg på at auken i ekstremvêr kjem av klimaendringane. Ekstreme hendingar som storm, mykje nedbør, flaum og tørke vil bli kraftigare, meir uføreseielege, og dermed true liv og helse, materielle verdiar og nødvendig infrastruktur i større grad enn før. Grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar kan påverke samfunnstryggleiken i Noreg. Tørke, ekstrem nedbør og flaum kan føre til matmangel, menneskeleg liding og økonomisk samanbrot i andre land, og dette kan føre til migrasjon og spreiing av sjukdommar.
Kommuneundersøkinga til DSB (2026) viser korleis kommunane arbeider med risiko knytt til klima- og naturhendingar gjennom heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar og ROS-analysar i arealplanlegginga. Undersøkinga kartlegg mellom anna om kommunane har gjennomført og forankra heilskapleg ROS, og om beredskapskoordinatoren blir involvert i ROS-arbeidet for utbyggingsplanar og reguleringsplanar. Statsforvaltaren skal rettleie kommunane og vere ein pådrivar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
På lokalplanet må kommunane førebyggje dei mest alvorlege utfalla av klimaendringane, bl.a. gjennom god arealplanlegging. Lokale myndigheiter må òg kunne handtere alvorlege klimarelaterte hendingar.
1.6.3 Låg kriminalitet
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 er tryggleik for landet og tryggleik for barn og unge grunnleggjande mål. Under sektormålet «Låg kriminalitet» vil trygge lokalsamfunn, sterke fellesskap og moglegheiter for barn og unge vere viktige faktorar for å nå målet. Kriminalitet rammar enkeltmenneske, skaper utryggleik og undergrev tilliten som samfunnet vårt er bygd på. Særleg viktig er arbeidet med å hindre at barn og unge blir rekrutterte til kriminalitet og å redusere handlingsrommet til kriminelle nettverk.
Låg kriminalitet inneber at omfanget av lovbrot, og særleg alvorlege lovbrot, som enkeltpersonar og verksemder blir utsette for, er lite.
Som omtalt i kapittel 1.3 er innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet og kriminelle nettverk blant regjeringas viktigaste prioriteringar. For sektormålet om låg kriminalitet handlar utfordringsbiletet særleg om å førebyggje rekruttering til kriminelle miljø, redusere alvorleg organisert kriminalitet og styrkje tryggleiken i kvardagen.
Verksemder som er viktige for at ein skal ha låg kriminalitet, er politiet, domstolane, Den høgare påtalemakta, kriminalomsorga og konfliktrådet. Samstundes krev det innsats frå fleire aktørar i samfunnet, frå verksemder som arbeider med eller har ansvar for tidleg førebygging av kriminalitet, som utdanningssektoren, barnevernet, helsesektoren, frivillige organisasjonar m.m.
1.6.3.1 Tilstandsvurdering og tiltak
Omfanget av kriminalitet
Det er klare samanhengar mellom kriminalitet og alder, kjønn og ulike sosioøkonomiske faktorar. Særleg unge menn utanfor arbeid og utdanning har klart større risiko for å utføre lovbrot enn resten av befolkninga. Den same gruppa er òg den som sjølv oftast er registrert som offer for lovbrot. Det er òg ein samanheng mellom kriminalitet og geografi: Det er meir kriminalitet i byar. Men skilnadene mellom byar og mindre stader har blitt mindre over tid. Ulike økonomiske drivkrefter og levekårsforhald påverkar omfanget av kriminalitet. Digitalisering og internasjonalisering er òg drivkrefter som gjer at verkemiddel og omfang av kriminalitet endrar seg. Kriminaliteten i Noreg er låg i internasjonal samanheng, og det var lenge ein trend i retning av mindre kriminalitet i Noreg. Det har derimot dei siste åra vore ein auke i meld kriminalitet, og ei bekymring kring auken i alvorleg organisert kriminalitet, som utgjer ein trussel mot grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet. Rekruttering av barn og unge til slik kriminalitet er òg ei utfordring.
Det er utfordrande å få eit fullstendig bilete av omfanget av kriminalitet, då det blir påverka av kor tilbøyelege folk er til å melde lovbrot og av politiet sin kontrollinnsats. Figuren under syner utviklinga i meld kriminalitet fordelt på ulike typar lovbrot. Det er særleg i kategoriane tjuveri, vald og mishandling, skadeverk og økonomisk kriminalitet at det er ein auke i melde saker dei siste åra. Både vald og alvorleg økonomisk kriminalitet kan vere knytte til organiserte kriminelle nettverk, sjå nærmare omtale under. Økonomisk kriminalitet omfattar også mindre bedrageri, som til dømes nettsvindel, der den enkelte saka også kan inngå som del av organisert forsøk på massebedrageri mv. Politiet er merksame på utviklinga med digital økonomisk kriminalitet. Ulike nyare satsingar som bedragerieininga, søker derfor å utvikle korleis politiet kan etterforske og handtere denne typen lovbrot. Økokrim, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og teletilbydarane samarbeider for å iverksette risiko- og sårbarheitsreduserande tekniske tiltak. I 2025 har dei lukkast med å stanse ca. 90 millionar svindelanrop.
Figur 1.3 Utvikling i melde lovbrot per 1000 innbyggjarar.
Kjelde: SSB tabell 08484.
Regjeringa har møtt utviklinga i kriminalitetsbiletet med ei kraftfull satsing på politiet. Som nemnd under «Tryggleik i samfunnet» over er driftsbudsjettet til politiet auka med om lag 6,5 mrd. kroner sidan regjeringa tiltredde, og blir nå føreslått styrka med ytterlegare 500 mill. kroner til programmet heilskapeleg digitalisering og 20 mill. kroner til arbeid mot vald i nære relasjonar. Forutan om å handtere den tryggingspolitiske situasjonen har ein stor del av styrkinga hittil vært retta mot å kjempe mot alvorleg organisert kriminalitet. Styrkinga har òg mogleggjort forbetring av politiet sine tenester. Det er mellom anna utvikla digitale løysingar for å melde ei rekkje typar lovbrot.
Kunnskap om mørketal, eller kriminalitet som ikkje blir meld til politiet, er òg viktig for å ha oversikt over det reelle omfanget av kriminalitet. Sidan 2020 har det årleg blitt gjennomført ei nasjonal tryggleiksundersøking2, som kartlegg omfanget av opplevde lovbrot retta mot den vaksne befolkninga i løpet av eit år. Delen som har opplevd lovbrot har vore rimeleg stabil sidan 2022, som er første tilnærma «normalår» etter pandemien, der undersøkinga vart gjennomført. Undersøkinga syner uansett at det er betydelege mørketal, noko som understrek viktigheita av satsinga på politiet.
Regjeringa har òg sørgt for at Politihøgskolen opprettar fleire plassar på den ordinære bachelorutdanninga, og har oppretta eit eige årsstudium i etterforsking for studentar med annan bachelorutdanning enn politi, for å styrke kvaliteten i etterforskinga. Hausten 2026 er det oppretta 25 nye plassar ved Politihøgskolen i Oslo. Vidare oppretta regjeringa i 2025 eit prøveprosjekt med desentralisert politiutdanning i Alta, for å leggje til rette for auka rekruttering til politiet i nord. Hausten 2025 starta 24 studentar i Alta, og hausten 2026 vart ordninga styrkt ved opptak av eit nytt kull på 24. Regjeringa vil vurdere auka opptak i 2027.
Barne- og ungdomskriminalitet
Omfang og utfordringar
Etter ein lang periode med reduksjon har det frå 2015 vore ei utvikling med auke i registrert kriminalitet blant barn og unge3. Endringa i den registrerte kriminaliteten har vore mest tydeleg for valdskriminalitet. Auken har vore særleg stor blant barn under 15 år, der talet på sikta meir enn dobla seg frå 2015 til 2024. Blant unge i alderen 15–17 år auka talet på sikta i perioden med om lag 2 pst. korrigert for auke i befolkninga. Tala på sikta barn i begge aldersgrupper gjekk noko ned frå 2023 og 2024, og dei nyaste tala frå politiet viser og ein nedgang i barne- og ungdomskriminalitet i 2025 og første halvår 2026, særleg blant dei yngste. Nivået ligg likevel framleis høgare enn for ti år sidan.
Sjølv om dei fleste barna i Noreg ikkje gjer kriminelle handlingar og tala på registrert kriminalitet blant unge ser ut til å bevege seg i riktig retning, er regjeringa bekymra for ei utvikling der ei lita gruppe av unge utfører gjentekne og alvorlege lovbrot. Det har òg vore tilfelle der barn både under og over den kriminelle lågalderen har gjennomført valdshandlingar etter å ha blitt rekrutterte av kriminelle nettverk.
Gjennomførte tiltak og resultat
Arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet er ei viktig prioritering i Regjeringas plan for Noreg 2025–2029, og regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak. Satsinga frå 2025 på om lag 450 mill. kroner til arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet blir vidareført også i 2027. Tiltaka i denne satsinga er målretta mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, og det inneber bl.a. ein særskilt innsats i behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år i enkelte politidistrikt, såkalla hurtigspor. Sjå òg omtale under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet. I 2026 har regjeringa prioritert midlar til ein-til-ein-oppfølging i ti kommunar med særlege utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet. Sjå omtale under Barne- og familiedepartementet.
Regjeringa har òg prioritert lovendringar i arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Det er mellom anna introdusert eit nytt straffebod om involvering og rekruttering av mindreårige til kriminalitet, som vart sett i kraft 1. juli 2026. Regjeringa har i tillegg hatt på høyring eit lovforslag om strengare straffer for ulovleg omgang med kniv, skytevåpen og eksplosiv mv.
Kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) er samansett av sju departement. Det er òg etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar deltek i eit felles etatssamarbeid. Kriminalomsorgsdirektoratet, Politidirektoratet, Sekretariatet for konfliktråda og Utlendingsdirektoratet deltek i samarbeidet frå justissektoren.
Nye tiltak
Regjeringa foreslår frå 2027 ei ytterlegare styrking på 119,8 mill. kroner til innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i kommunar, barnevernet og justissektoren. Innsatsen skal bidra til å forbetre og styrke oppfølginga av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har gjennomført, eller står i fare for å gjennomføre, kriminelle handlingar. Av satsinga på 119,8 mill. kroner skal 54,4 mill. kroner gå til tiltak i justissektoren:
-
20 mill. kroner til å styrke arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK)
-
15 mill. kroner til å styrke oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på barn under 15 år
-
13,4 mill. kroner til å styrke innsatsen for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonane er under 18 år, såkalla hurtigspor, i domstolane og konfliktrådet
-
6 mill. kroner til eit nytt ungdomsteam i kriminalomsorga
Sjå nærmare omtale under kap. 410 Domstolane, kap. 430 Kriminalomsorga, kap. 433 Konfliktrådet og kap. 440 Politiet, i tillegg til under Barne- og familiedepartementet.
Kriminelle nettverk
Omfang og utfordringar
Kriminelle nettverk er eit samleomgrep for miljø, gjengar, grupperingar eller individ som er knytte saman gjennom kriminalitet. Slike nettverk kan vere både kortvarige og langvarige og ha varierande grad av struktur og organisering. Digitaliseringa har gjort kriminaliteten meir global, anonym og tilgjengeleg, og ho påverkar både rekrutteringa til kriminelle nettverk og organiseringa av dei. Den organiserte kriminaliteten omfattar bl.a. alvorlege narkotikalovbrot, bedrageri, kvitvasking, datakriminalitet, arbeidslivskriminalitet og menneskehandel. Kriminaliteten er profittmotivert og har ofte òg eit stort valdspotensial.
Trusselvurderingane til politiet dei siste åra peikar på at fleire kriminelle nettverk opererer i Noreg, og at kriminaliteten er prega av meir profesjonelle aktørar som utnyttar den teknologiske utviklinga og opererer på tvers av landegrenser. Kripos har identifisert meir enn 70 aktive kriminelle nettverk i Noreg. Det siste året har aktiviteten frå svenske gjengkriminelle på norsk jord blitt synleg, og det er identifisert svenske nettverk i dei fleste politidistrikt. Det er særleg det auka konfliktnivået som uroar politiet, og trusselen frå svenske organiserte kriminelle peikar seg ut. Kriminelle nettverk og gjengar er ei betydeleg utfordring, bl.a. ved at dei bruker vald og truslar som ein del av den kriminelle verksemda, og fordi dei rekrutterer og utnyttar unge personar til å utføre kriminalitet. Gjennom valdslovbrot eller truslar og andre lovbrot skaper slike miljø utryggleik både i lokalsamfunnet og i befolkninga elles.
Gjennomførte tiltak og resultat
Personar som gjer seg skuldige i alvorleg kriminalitet, skal møtast med kontant straffeforfølging. Utbytte frå kriminelle handlingar må bli inndratt i alle dei tilfella det er høve til det. I det førebyggjande sporet er det viktig med tidleg intervensjon og samarbeid med andre relevante aktørar som har eigna verkemiddel.
Av den varige styrkinga til politiet har det sidan 2025 vore sett av om lag 600 mill. kroner til ein særskild innsats mot dei kriminelle nettverka. Det gjer at politiet kan handtere trusselen frå organiserte kriminelle nettverk meir treffsikkert og effektivt. I tillegg fekk politiet i 2025 90 mill. kroner til auka innsats mot kvitvasking og korrupsjon. I 2026 fekk politiet 70 mill. kroner til styrkt etterforskingskapasitet innan digitalt politiarbeid og styrkt arbeid mot narkotika- og økonomisk kriminalitet. Det er lagt til rette for ein varig forsterka nasjonal innsats med koordinert oppgåveløysing mellom riksadvokaten, politidistrikta og særorgan som KRIPOS og Økokrim, og arbeidet held fram i 2027. Innsatsen dei siste åra har gitt resultat. Fleire alvorlege valdshendingar er avverja, lange fengselsdommar er idømde, og inndraging av utbytte frå kriminalitet aukar, både i talet på saker og beløp. Arbeidet er venta å bidra til å redusere trusselen frå dei kriminelle nettverka og gjere det vanskelegare å utøve kriminalitet i Noreg.
Det er gjennomført mykje arbeid med endringar i regelverket for å styrke verkemiddel til å nedkjempe økonomisk kriminalitet. Frå 1. juli 2026 blei det innført fleire endringar i finansforetaksloven og tilhøyrande forskrifter, der det mellom anna er nye reglar om deling av informasjon i arbeidet med å kjempe mot økonomisk kriminalitet. Det er og foreslått endringar i straffelova sine føresegner om inndraging, der Prop. 27 L (2025–2026) blei vedteken av Stortinget juni 2026. Ei av endringane går ut på å innføre ei ny ordning for meir effektiv inndraging utan straffedom, såkalla sjølvstendig inndraging. Det er og gjennomført fleire endringar av politiregisterforskrifta, mellom anna om klargjering av politiet sin tilgang til å dele opplysningar med banker og finansinstitusjonar og om informasjonsdeling mellom fleire relevante aktørar for å nedkjempe kriminalitet.
Regjeringa gjennomfører òg regelverksarbeid for å sikre at utlendingar som utfører kriminalitet, blir sende ut av landet. Det er mellom anna gitt ein instruks til UDI om utvising av kriminelle som ikkje er straffa, men som er knytte til kriminelle nettverk og utgjer ein ekstraordinær kriminalitetstrussel. Det har òg vore på høyring eit forslag til regelendringar som vil senke terskelen for utvising av utlendingar som det er grunn til å frykte at vil utføre straffbare handlingar som kan føre til fengsel, eller som utgjer ein alvorleg trussel mot offentleg orden eller tryggleik. Politiet har vist til at prioritering av utsending har ei førebyggjande effekt både ved at det fører til at kriminelle blir sende ut av landet og ved at det motverkar etablering og styrking av kriminelle nettverk. Det har i 2025 blitt utvist fleire personar med tilknyting til kriminelle nettverk.
Godt samarbeid med andre land har ofte avgjerande betydning for effektiv førebygging og nedkjemping av kriminalitet, og for innhenting av bevis på tvers av landegrensene. Internasjonalt rettsleg samarbeid er særleg sentralt i kampen mot grensekryssande organisert kriminalitet, økonomisk kriminalitet og cyberkriminalitet. I aukande grad er det òg behov for å hente inn bevis frå utlandet i saker der kriminaliteten i sin heilskap er utført i Noreg. Noreg samarbeider difor med andre land innanfor rammene av mellom anna EU, FN, OECD og Europarådet. Regjeringa inngår i tillegg bilaterale avtalar der dette er formålstenleg. 1. juli 2026 tok to nye avtalar om utlevering og gjensidig hjelp i straffesaker med Dei sameinte arabiske emirata til å gjelde. Avtalane vil gjere det vanskelegare for kriminelle å unndra seg straffeforfølging ved å reise til eller opphalde seg i Dei sameinte arabiske emirata.
På operativt nivå er det tett samarbeid mellom norsk og utanlandsk politi og påtale. Noreg deltar i Schengen-samarbeidet, har samarbeidsavtaler med Europol og Eurojust, og samarbeider også med Interpol. I tillegg forhandlar departementet med Sverige om eit utdypa politisamarbeid og vil snart starte forhandlingar med Finland om det same. Politidirektoratet har intensjonsavtalar for å effektivisere arbeidet mot grensekryssande kriminalitet med mellom andre Filippinene og Colombia.
Nye tiltak
Økonomisk kriminalitet begått av kriminelle nettverk skal prioriterast særskilt. Regjeringa lanserte i juni 2026 at det skal opprettast eit nasjonalt senter mot økonomisk kriminalitet (ø-krimsenter), med planlagt etablering 1. januar 2027. I senteret skal offentlege og private aktørar jobbe saman med Økokrim for å bidra til betre og meir treffsikker førebygging og avdekking av økonomisk kriminalitet. Ein samla innsats frå fleire aktørar er avgjerande for å lykkast. Regjeringa vil elles i samråd med politiet vurdere effekt av regelverksendringane som nyleg er gjort og halde fram med å vurdere fleire endringar i regelverket som kan styrke evna til å nedkjempe økonomisk kriminalitet.
Satsinga mot organisert kriminalitet og kriminelle nettverk gjer det også viktig å ruste opp kriminalomsorga og sikre tilstrekkeleg fengselskapasitet. Domfelte som er del av kriminelle nettverk, er ei gruppe som krev ekstra sikringstiltak i kriminalomsorga, og som er særleg ressurskrevjande.
Etter ein brannteknisk gjennomgang, vart Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt stengt i 2024. Eit nytt kvinnefengsel på den same tomta er under planlegging. Det nye fengselet skal ha likeverdig moglegheit for arbeid, helse og utdanning som for menn. Tilstanden ved Oslo fengsel har vore kritisk, og regjeringa har ei tredelt løysing på dette. Mens delar av kapasiteten er erstatta av eit nytt fengselsbygg ved Romerike fengsel avdeling Ullersmo, planlegg regjeringa for eit nytt fengsel i Oslo med sikte på opning i 2031. Det foreslås 246,1 mill. kroner i oppstartsløyving til nytt Oslo fengsel på Grønland i 2027. Regjeringa prioriterer også nybygg ved Innlandet fengsel, Ilseng avdeling. Dette skal stå ferdig i 2028.
Regjeringa si satsing på kriminalomsorga skal òg gi eit nødvendig løft for auka bemanning og kompetanse. Derfor har regjeringa foreslått å gjere den tidlegare fengselsbetjentutdanninga til ei bachelorutdanning i straffegjennomføring frå 2027. Regjeringa vil utdanne fleire som vil arbeide i kriminalomsorga, inkludert eit desentralisert utdanningstilbod som vil gjere utdanninga meir fleksibel og auke rekrutteringa på kort sikt i heile landet. For å betre bemanninga og arbeidsforholda i kriminalomsorga vil regjeringa også vurdere fleire tiltak for å styrke rekrutteringa til kriminalomsorga, og om det bør opnast for fleire vegar inn i yrket. Tiltaka skal gi betre kvalitet i straffegjennomføringa, redusere omfanget av isolasjon i fengsla og bidra til at innsette i fengsel får tilbod om meir tid utanfor fengselscella, meir meiningsfull tid og meir menneskeleg kontakt.
Vald og overgrep
Vald i nære relasjonar er eit vedvarande alvorleg samfunnsproblem. I 2025 registrerte politiet om lag 4 pst. fleire meldingar om mishandling i nære relasjonar samanlikna med året før. Mange barn veks opp i vald, og barn under 18 år utgjorde nær 60 pst. av dei unike fornærma i melde saker om mishandling i nære relasjonar i 2025.
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet og blant dei lovbrota som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Frå 2025 fekk politiet ein varig auke av løyvinga til bl.a. Statens barnehus og utrulling av ein tverrfagleg modell for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK) i distrikta Sør-Aust, Sør-Vest og Nordland, etter modell frå Oslo politidistrikt. Politiet skal prioritere dette arbeidet i 2027 også. Sjå i tillegg omtale under Barne- og ungdomskriminalitet om forslag om 20 mill. kroner til styrking av arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK), inkludert å utvide arbeidet til Agder politidistrikt.
Valdtekt er eit uløyst samfunnsproblem som krev ein styrkt og meir målretta innsats. Valdtektsutvalet si utgreiing NOU 2024: 4, syner at det framleis er betydelege veikskapar i handteringa av valdtektssaker, både i politiet og i hjelpeapparatet. Regjeringa vil derfor setje i gang arbeidet med en ny, heilskapleg handlingsplan hausten 2026. Planen skal leggjast fram i 2027.
1.6.4 Kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 slår regjeringa fast at tryggleik for landet krev kontroll med innvandringa, tillit til fellesskapet sine ordningar og eit berekraftig velferdssamfunn. Innvandringspolitikken skal bidra til å sikre vern for menneske som treng det, samtidig som styresmaktene har kontroll med kven som kjem til landet, kven som får opphald og kven som skal returnere.
Som omtalt i kapittel 1.2 påverkar internasjonale konfliktar, migrasjonspress og tryggingspolitiske utviklingstrekk utviklinga på utlendingsfeltet. For sektormålet om kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandring inneber dette særleg behov for god grensekontroll og ei effektiv utlendingsforvaltning med rettssikker behandling av søknader.
Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å forme og samordne innvandringspolitikken, med eit særskilt ansvar for bl.a. vern (asyl), familieinnvandring, visum, bortvising, utvising og kontroll. Det sentrale juridiske rammeverket som regulerer innvandringa til Noreg, er utlendingslova, grenselova, Den europeiske menneskerettskonvensjonen, flyktningkonvensjonen og ei rekkje internasjonale forpliktingar i samband med EØS-avtalen, Schengen- og Dublin-samarbeidet og FN.
Dei operative oppgåvene som saksbehandling og kontroll blir utførte i Utlendingsdirektoratet (UDI), i Utlendingsnemnda (UNE), i utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), i politiet ved politidistrikta og Politiets utlendingsenhet (PU), i Politiets tryggingsteneste (PST) og på utanriksstasjonane.
Andre departement med særleg ansvar innanfor utlendingsforvaltninga er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (arbeidsinnvandring, innvandring frå EØS-land, busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkarar under 15 år) og Utanriksdepartementet (samarbeid med opphavsland og utanriksstasjonar som førstelinje for søknader om visum og opphald).
1.6.4.1 Tilstandsvurdering og tiltak
Fordrivne i verda
Ifølgje tal frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) var det nesten 118 millionar tvangsfordrivne i verda ved utgangen av 2025. Dette er ein nedgang på 4 pst. samanlikna med utgangen av 2024, og første gong på eit tiår at det er ein reduksjon i talet på menneske på flukt. Denne endringa speglar ein kraftig auke i retur og tilbakevending av flyktningar og internt fordrivne personar, bl.a. til og i Afghanistan, Den demokratiske republikken Kongo, Sudan og Syria. Over halvparten av dei fordrivne er menneske på flukt i eige land. Dei fleste tvangsfordrivne i 2025 var frå Sudan, Ukraina, Venezuela og Sør-Sudan. Samanlikna med 2024 var det i 2025 ein nedgang i talet ukrainarar som søkte om mellombels kollektivt vern i Europa. I 2025 var det om lag 822 000 menneske som søkte asyl i Europa, ein markant nedgang frå året før. Dei fleste søknadene om vern kom frå Venezuela, Afghanistan og Syria.
Noreg skal ta ei aktiv rolle i det europeiske migrasjonssamarbeidet for å sikre ei meir berekraftig innvandring til Europa. Regjeringa prioriterer derfor auka internasjonalt samarbeid om nye løysingar og tiltak på migrasjonsfeltet. Noreg har mellom anna teke på seg å leie eit målretta arbeid som ser på konkrete moglegheiter for eit nordisk samarbeid om utreisesenter eller andre ordningar i trygge tredjeland.
Regjeringa held fram innsatsen for å betre forholda for menneske på flukt ved å utvikle samspelet mellom humanitær støtte, utviklingsbistand og fredsinnsats på flukt- og migrasjonsfeltet, og gjennom Nansen-programmet for Ukraina. Sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Utanriksdepartementet.
Regjeringa vil òg halde fram å støtte europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress, bl.a. ved å sende ut ekspertar i støtteoperasjonar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. Vidare har Noreg gjennom EØS-midlane bidratt til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Samarbeid innan asyl, migrasjon og integrering er eit av dei prioriterte programområda for EØS-midlane 2021–2028. Sjå òg omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2026–2027) for Utanriksdepartementet.
Innvandring til Noreg
Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på personar som har innvandra til Noreg (dvs. blitt bustadregistrerte og fått fødselsnummer) dei siste åra, fordelte etter innvandringsgrunn. Innvandringa til Noreg auka betrakteleg i 2022 og 2023 som følgje av at det kom fleire som søkte om vern, primært fordrivne frå Ukraina (sjå nærmare omtale nedanfor). Det var om lag 41 000 personar som vart registrerte som innvandra til Noreg i 2025.4 Dette er ein nedgang på 21 pst. samanlikna med året før. Den nest største gruppa innvandrarar, etter flukt, var personar som søker om familieinnvandring (31 pst.), og dernest arbeidsinnvandrarar (26 pst.).
Figur 1.4 Innvandring til Noreg etter innvandringsgrunn og år
Kjelde: SSB
Nærmare om innkomstar til Noreg
Innkomstane til Noreg gjekk ned i 2025 samanlikna med dei to føregåande åra, men arbeidet knytt til ukrainarar som allereie er i Noreg, krev mykje ressursar i utlendingsforvaltninga og i det offentlege tenestetilbodet elles.
Noreg samarbeider med UNHCR og andre organisasjonar om å overføre flyktningar til Noreg frå aktuelle vertsland. Det blir fastsett ein årleg kvote for slike overføringsflyktningar. Krigen i Ukraina har medført at mange fordrivne har komme til Noreg, og det er press på tenestetilbodet i kommunane der personane blir busette. Derfor reduserte regjeringa kvoten for overføringsflyktningar m.m. frå 500 plassar i 2025 til 100 plassar i 2026. I 2027 foreslår regjeringa ein kvote på 100 plassar.
I ein massefluktsituasjon opnar utlendingslova for ei ordning med mellombels kollektivt vern. Regjeringa sette i verk denne ordninga for fordrivne frå Ukraina i mars 2022.
Frå fullskalainvasjonen av Ukraina starta og til juni 2026, er det innvilga løyve om mellombels kollektivt vern til 105 000 personar, og 85 500 har gyldig opphaldsløyve etter ordninga med kollektivt vern. Regjeringa har sidan slutten av 2023 innført fleire innstrammingstiltak for at innkomstane til Noreg skulle vere meir på nivå med nabolanda våre. Sidan september 2024 har Noreg ikkje gjeve mellombels kollektivt vern til personar frå område i Ukraina som er vurderte som trygge i asylrettsleg forstand. I mai 2026 innskrenka regjeringa ordninga med mellombels kollektivt vern ytterlegare, slik at menn mellom 18 og 60 år, med enkelte unntak, ikkje lenger får kollektivt vern i Noreg. Vidare er det innført endringar i saksbehandlingsreglane for kollektivt vern. Føremålet er å leggje til rette for ei meir effektiv saksbehandling.
Talet på ukrainske fordrivne til Noreg har gått ned det siste året. Det same gjeld Noreg sin del av dei ukrainske fordrivne som kjem til Norden. I første halvår 2026 kom 20 pst. av dei fordrivne frå Ukraina til Norden til Noreg. Til samanlikning låg denne delen i 2025 på 27 pst. og i 2024 på 35 pst., medan han hausten 2023 låg på om lag 60 pst. Per juni har Noreg teke imot om lag 4 450 søknader om vern frå ukrainarar i 2026, og 5 100 personar har fått innvilga løyve om mellombels kollektivt vern. Første halvår 2026 har det vore dei lågaste innkomstane frå Ukraina sidan starten på Russlands fullskala invasjon. Dette kjem truleg dels av dei innstrammande tiltaka, men må òg sjåast i samanheng med lågare tal på fordrivne frå Ukraina til Europa. Det er samstundes fleire ukrainarar som ikkje oppfyller vilkåra for mellombels kollektivt vern i Noreg, og som må få saka si vurdert individuelt. Svært få har fått innvilga opphaldsløyve etter individuell saksbehandling. Mange søknader blir trekte eller lagt vekk.
Det er framleis uvisst korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover. Regjeringa har førebels ikkje fastsett nokon dato for når ordninga med mellombels kollektivt vern skal opphøyre. Regjeringa vil med løyvingsforslaget sitt leggje til rette for å handtere fordrivne frå Ukraina, både dei som har komme til no, og dei som ut frå prognosen er venta å komme i 2027. Regjeringa foreslår derfor ei løyving til UDI, UNE og politiet på 323 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre ramma for overskridingsfullmakt til innkvartering av asylsøkarar på 3 mrd. kroner, jf. forslag til vedtak.
Sjå òg omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina under programkategori 06.90, 06.40 og i Prop. 1 S (2026–2027) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I 2025 vart det registrert 3 628 søknader om vern frå ordinære søkarar. Det er ein nedgang på 27 pst. samanlikna med 2024. Per 30. juni er det registrert 1 128 ordinære søknader om vern i 2026, som er ein nedgang på 32 pst. samanlikna med same periode i 2025. Dei største søkargruppene er personar frå Ukraina (dei som ikkje er omfatta av mellombels kollektivt vern), Syria og Colombia. Innkomstane frå Syria var tydeleg lågare i 2025 enn i 2024. Dette må sjåast i samanheng med endringar i Syria. I tillegg vart syriske asylsaker sette på vent og deretter formelt sette på pause frå juni til desember 2025, og det har vore ein låg andel innvilga søknader etter saksbehandlinga vart teken opp igjen 25. desember 2025.
Talet på familieinnvandrarar heng som regel saman med talet på flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Dei største gruppene som har fått innvilga søknad om familieinnvandring til Noreg dei seinaste åra frå land utanom EØS-området, er personar frå Syria og India. Når det gjeld innvilga søknad om arbeid frå land utanom EØS, er personar frå India og Storbritannia dei største gruppene.
For å sikre ei berekraftig innvandring og hindre uønskt innvandring prioriterer regjeringa å skjerpe vilkåra for familieinnvandring. Regjeringa har allereie fremma fleire forslag om innstrammingar i vilkåra for familiesameining med barn, mellom anna i vilkåra for familiesameining med einslege mindreårige barn som har fått vern (asyl) i Noreg. Fleire innstrammingar i vilkåra for familieinnvandring er til vurdering i departementet, mellom anna innføring av eit krav om språkkunnskapar i saker om familieinnvandring.
Ei meir effektiv utlendingsforvaltning
Aldrande IT-system krev stadig meir vedlikehald for å fungere, og er til hinder for effektiv behandling av saker. Det er aukande kostnader med å halde systema i drift, og det er òg risiko knytt til nedetid, informasjonstryggleik og personvern. Regjeringa har derfor sett i gang eit fleirårig investeringsprogram for å modernisere IT-løysingane i utlendingsforvaltninga, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet. Programmet vil etter kvart bidra til betre og meir effektiv saksavvikling, som vil gi gevinstar for både søkarane, forvaltninga og samfunnstryggleiken. Regjeringa arbeider med forenklingar i utlendingsregelverket, bl.a. for å sikre at regelverket blir tilrettelagt og oppdatert i tråd med utviklinga av moderniserte IT-løysingar.
Verksemdene i utlendingsforvaltninga har dei siste åra hatt mykje arbeid med å implementere felleseuropeiske IT-system knytte til Schengen- og Dublin-avtalane. Systema vil gi styrkt grense- og migrasjonskontroll og betre og meir effektiv informasjonsdeling og tryggleik. Schengen informasjonssystem recast (SIS), vart sett i kraft våren 2023 og har bl.a. ført til raskare saksbehandling og styrkt kontroll på returområdet. Det felleseuropeiske inn- og utreisesystemet Entry/Exit System (EES) inneber nye rutinar og infrastruktur ved grenseovergangar og vart innført fullt ut i Noreg og dei andre Schengen-landa frå 10. april 2026. Systemet vil bidra til betre kvalitet og effektivitet i grensekontrollen på yttergrensa til Schengen-området og i kontrollen på territoriet. Det vil gi meir målretta førebygging, avdekking og etterforsking av kriminalitet og terrorisme, og færre personar utan lovleg opphald. Dei tre første vekene systemet var i full drift, registrerte Schengen-landa opplysningar frå 38 millionar reisande, samt 78 millionar grensepasseringar; 42 millionar innreiser og 35 millionar utreiser. Det vart òg registrert 35 720 avslag på innreise. Fleire endringar i dei felleseuropeiske IT-systema er planlagde framover, og med det fleire vinstar.
Regelverka i EUs pakt for migrasjon og asyl vart sette i kraft 12. juni 2026 med formål om å styrke kontrollen med yttergrensa og gjere asyl- og migrasjonssystemet meir effektivt, sjå omtale under programkategori 06.90. Det vart løyva om lag 338 mill. kroner til politiet, UDI og UNE i 2025 og 2026 for iverksetjing av regelverka som Noreg er bunden av. Nye tiltak for innkomstscreening av tredjelandsborgarar og nye saksbehandlingsreglar for nokre typar asylsøknader har vore verksame i prosessane til politiet, UDI og UNE sidan 12. juni. Innkomstscreeninga bidrar til betre kvalitet i grensekontrollen, og politiet nyttar sentrale felleseuropeiske databasar som viktige informasjonskjelder under screeninga. Dei andre tiltaka i pakta knytt seg til eit oppdatert og utvida felleseuropeisk IT-system og regelverk for registrering av opplysningar om asylsøkarar (Eurodac recast) og klarare reglar for å avklare kva for land som har ansvaret for å behandle ein asylsøknad. Dette vil bidra til klårare ansvarsfordeling, betre føreseielegheit for alle involverte og motverke misbruk av asylinstituttet. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.
Styrkt returarbeid og kontroll
Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Europa og Noreg, er viktig for at utlendingsmyndigheitene skal gjere riktige vedtak i utlendingssaker, og det er ein føresetnad for å nå målet om kontrollert innvandring og for å vareta rettstryggleiken til søkarane. For å handtere utfordringane med irregulær migrasjon og misbruk av reglane om innvandring vil regjeringa prioritere styrkt returarbeid og betre kontroll i utlendingssaker. Dette er òg viktig for å hindre uønskt innvandring.
Eit viktig grep for betre kontroll er utviklinga av dei nemnde felleseuropeiske IT-systema, som gir betre tilgang på informasjon om utlendingar ved at fleire typar opplysningar blir registrerte og at ein deler informasjonen effektivt mellom EU-landa, jf. omtale over.
Dei som ikkje har gyldig opphaldsgrunnlag, skal returnere til heimlandet eller eit anna land der dei har lovleg opphald. Regjeringa er oppteken av å oppretthalde tilliten til asylordninga gjennom eit effektivt returarbeid, med nødvendig kapasitet i politiet, UDI og UNE til arbeidet med returar, og å halde fram med insentivordningar for personar som samarbeider om retur.
Som Schengen-medlem vil Noreg ta del i den nye returforordninga. Forordninga vil bidra til eit meir heilskapleg og effektivt system for retur av personar som ikkje har lovleg opphald i Schengen-området, noko som òg er i norsk interesse. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at gjennomføringa av returforordninga i norsk rett kan skje så raskt som mogleg i 2027.
Det var i 2026 eit behov for å ha beredskap for å behandle fleire søknader om frivillig retur til Syria og Ukraina. Automatisering av retursaksbehandling vil bidra til å sikre ei effektiv behandling av søknader om støtte til retur, og returane vil truleg kunne gjennomførast raskare. Dette kan òg bidra til at fleire vel å søkje. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2026 vart derfor løyvinga til automatisering av retursaksbehandling auka med 10 mill. kroner for 2026, sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.
Departementet har gitt ei ny forskrift om stønad til retur og reintegrering for personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, som utvidar målgruppa samanlikna med tidlegare forskrift om tilskot til assistert retur og tvangsretur. Formålet er å oppmuntre fleire utlendingar som oppheld seg utan lovleg opphald i Noreg til å samarbeide om retur ved å tilby stønad til retur og reintegrering. Eit anna formål er å forenkle reglane for kven som kan få stønad. Saman med den auka løyvinga til automatisering av saksbehandlinga av slike søknader, er dette ei styrking av returarbeidet.
Talet på returar er relativt stabilt, med ein gradvis auke sidan 2022. Ved utgangen av 2025 hadde 202 personar reist heim med tilskot til assistert retur. Totalt 2 388 personar vart uttransporterte frå Noreg, og Ukraina, Romania, Storbritannia, Colombia og Russland utgjorde dei største nasjonalitetane. Fleire enn halvparten av dei som vart tvangsreturnerte (1 236 personar) vart returnerte til andre Schengen-land. Dei seks største returdestinasjonslanda utanfor Schengen var Colombia, Tyrkia, USA, Russland og Kosovo. Ved utgangen av 2025 budde det 353 personar med utreiseplikt i mottak, mot 332 året før. Ukrainske borgarar utgjorde den største gruppa, etterfølgd av personar frå Eritrea og Iran.
Ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk er nødvendig for å bevare tilliten til både rettsstaten og velferdsstaten. Irregulær migrasjon og misbruk av innvandringsregelverket er utfordringar som set dette systemet på prøve. Regjeringa er derfor oppteken av at personar som bryt norsk lov, skal utvisast, og at utlendingsforvaltninga særleg prioriterer utvisingssaker for dei som har gjort seg skuldige i alvorleg og gjenteken kriminalitet. Dette er òg eit sentralt tiltak for å motverke kriminelle nettverk. Justis- og beredskapsdepartementet har, i samarbeid med UDI, UNE og politiet, gått igjennom sentrale spørsmål knytte til regelverk, praksis og saksgang i saker om utvising av kriminelle utlendingar. Saksgangen er allereie effektiv og god i saker som skal prioriterast, men enkelte tiltak er gjennomførte eller er i prosess. Departementet arbeider også med fleire forslag til oppfølging i regelverket, sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.
Gjennomføring av returar krev samarbeid med opphavsland og andre tredjeland. Regjeringa vil derfor halde fram innsatsen med å legge til rette for samarbeid med relevante tredjeland for å få til retur, sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.
Noreg har ei ordning med å gi økonomisk stønad til personar som har opphald med fluktbakgrunn, og som ønskjer å vende tilbake til heimlandet. Tilbakevendingsordninga var lite brukt før det vart mogleg for ukrainarar å søke på ordninga frå september 2022. Talet på personar som har reist tilbake med tilbakevendingsstønad, auka frå nokre få i 2021 til 1 600 i 2024, 2 600 i 2025 og om lag 1 000 i første halvår 2026. Det var i all hovudsak ukrainarar som vende heim med tilbakevendingsstønad, men også andre nasjonalitetar, bl.a. syrarar.
Regjeringa planlegg å overføre forvaltningsansvaret for Trandum utlendingsinternat frå politiet til kriminalomsorga frå 1. januar 2027. Dette er ein del av arbeidet med å betre tilbodet til dei internerte, samstundes ligg målsettingane for returarbeidet fast. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.30 og 06.40.
1.6.5 Godt forvalta polarområde
Godt forvalta polarområde inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse måla handlar om bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.
Justis- og beredskapsdepartementet er det overordna departementet for Sysselmeisteren på Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og varetek dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar.
Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre får tildelt løyving over svalbardbudsjettet. Longyearbyen lokalstyre har oppgåver av same type som kommunane på fastlandet, men Longyearbyen lokalstyre har eit snevrare ansvarsområde og yter færre velferdstenester.
På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar som er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa. I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet.
Justis- og beredskapsdepartementet har budsjettansvaret for og koordinerer drifta av Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som igjen er ei avdeling i Forsvaret. I tillegg har fleire statlege verksemder ansvar for eller verksemd på Jan Mayen.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk for Jan Mayen, Bouvetøya og dei norske bilanda Dronning Maud Land og Peter I øy i Antarktis.
1.6.5.1 Tilstandsvurdering og tiltak
Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Stortinget behandla meldinga jf. Innst. 36 S (2024–2025) og voterte over ho 21. november 2024.
Meldinga inneheld to gjennomgåande tema som eit einstemmig Storting har slutta seg til:
-
sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard
-
styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet
Regjeringa vil i 2027 og framover prioritere å følgje opp tiltak som mellom anna er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard.
Regjeringa vil vidareføre ordninga med Svalbardpris. Løyvinga legg til rette for ein pris til privatpersonar og frivillige organisasjonar på 1,26 kr/kWt for straum og 0,63 kr/kWt for fjernvarme. Løyvinga skal òg bidra til reduserte energiprisar for næringslivet i Longyearbyen.
Det er foreslått å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med til saman 16,7 mill. kroner til vedlikehald av skredsikringstiltak i Longyearbyen, husleigekompensasjon og auka ressursar til planarbeid i lokalstyret. Det er også forslått å auke løyvinga til Sysselmesteren for å leggje til rette for gode planprosessar i Longyearbyen.
Energiforsyninga i Longyearbyen er organisert i selskapet Svalbard Energi AS (SEAS), eigd av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), som igjen er heileigd av Nærings- og fiskeridepartementet. Store Norske vil som eigar av SEAS oppgradera energiforsyninga i Longyearbyen. Energioppgraderinga er eit komplekst prosjekt som går over om lag ti år. Sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærmare omtale.
Regjeringa foreslo i Prop. 47 S (2024–2025) å gi Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å skaffe nytt sjøfibersamband til Svalbard og Jan Mayen frå Space Norway AS. Stortinget slutta seg til forslaget. Arbeidet med å etablere sambandet er i gang. Sambandet skal vere operativt frå 2028.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å starte opp ein avklaringsfase for fyste byggetrinn for bygging av nye statlege bustadar i Longyearbyen. Konseptet som blir greia ut er at Statsbygg over ein 30-årsperiode erstattar bustadar bygd før 2018/19 med nybygg.
Samferdselsdepartementet ga i mars 2026 Avinor i oppdrag å setje i gang eit arbeid med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Svalbard lufthamn. Ein skal greie ut ulike konsept som sørgjer for at lufthamna framleis er eit robust transport- og beredskapstilbod. Konseptvalutgreiinga skal etter planen vere ferdig i 2027.
Arbeidet med eit byggjeprosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen vart starta opp i 2024. Prosjektet har ei prisjustert kostnadsramme på 1 828 mill. kroner, og framdrifta er i tråd med planen. Sjå elles Prop. 1 S (2026–2027) for Forsvarsdepartementet.
Norsk Polarinstitutt, som er underlagt Klima- og miljødepartementet, driv forsking i Antarktis. Instituttet har heilårsdrift på forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land og har med nokre års mellomrom forskingstokt i Sørishavet med FF «Kronprins Haakon». Troll-stasjonen nærmar seg slutten av levetida si og treng oppgradering. Forprosjektfasen for arbeidet vil vere ferdig tidleg i 2027. Sjå Prop. 1 S (2026–2027) Klima- og miljødepartementet for informasjon om oppgradering av Troll-stasjonen.
1.6.6 Godt og tilgjengeleg lovverk
I Regjeringas plan for Noreg 2025–2029 blir rettsstaten, demokratiet og tilliten peikte på som grunnleggjande verdiar. Eit godt (teknologinøytralt) lovverk er avgjerande for å sikre rettstryggleik, føreseielegheit og effektiv samfunnsstyring. Lovverket må vere forståeleg, tilgjengeleg og tilpassa ei tid prega av teknologiutvikling, internasjonale bindingar og nye tryggingsutfordringar.
Som omtalt i kapittel 1.1 er høg tillit, sterke fellesskap og ein sterk rettsstat grunnleggjande føresetnader for tryggleik for framtida. Eit godt lovverk er avgjerande for å ta vare på desse verdiane. Klare og føreseielege reglar gjer det mogleg for innbyggjarar, næringsliv og offentlege styresmakter å kjenne sine rettar og plikter, og bidreg til tillit til demokratiske institusjonar og offentleg forvaltning. Samtidig står samfunnet overfor raske endringar. Teknologiutvikling, digitalisering, kunstig intelligens, nye tryggingsutfordringar og internasjonale plikter stiller stadig større krav til lovverket. For justis- og beredskapssektoren handlar dette sektormålet om å sikre at lovverket er forståeleg, tilgjengeleg og tilpassa ei ny tid, samtidig som rettstryggleik, demokratiske prinsipp og grunnleggjande rettar blir ivaretekne. Eit godt, tilgjengeleg og framtidsretta lovverk styrkjer rettsstaten, fremjar føreseielegheit og gjer samfunnet betre rusta til å møte framtidige utfordringar.
Det er Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lovene i Noreg, men regjeringa speler ei nøkkelrolle i lovprosessen. Det er som oftast regjeringa som fremmar lovforslag for Stortinget, og lovforslaga er utarbeidde av det departementet som har ansvaret for det aktuelle området. Alle lovforslaga skal formast ut i tråd med utgreiingsinstruksen og med utgangspunkt i rettleiinga Lovteknikk og lovforberedelse frå lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Dette er sentrale utgangspunkt for å sikre god kvalitet på lovene og at relevante omsyn og konsekvensar blir vurderte og varetekne.
Lovgivinga må vere av god kvalitet dersom ein skal oppnå dei formåla lovene er meinte å vareta. Meininga bak lovføresegnene bør komme tydeleg fram, og lovteksten bør vere tilgjengeleg for flest mogleg. Dette oppnår ein typisk ved å byggje opp lovene og dei enkelte paragrafane på ein logisk og oversiktleg måte, tilpasse dei godt til andre regelverk og bruke eit tydeleg og forståeleg språk. Lovverket bør formast ut teknologinøytralt der det er mogleg og naturleg.
Lovverket i Noreg er langt meir tilgjengeleg og forståeleg enn i mange andre land når det gjeld både språk og struktur. Lovtekstane er gjennomgåande relativt kortfatta, og detaljane finn ein i hovudsak i forskriftene. Mange land har langt meir detaljerte og omfattande lover, noko som kan gjere det vanskelegare å finne fram til reglane og setje seg inn i dei. Enkelte land baserer seg dessutan i større grad på sedvanerett, noko som gjerne er vanskelegare tilgjengeleg enn skriftlege lover. Store delar av det norske lovverket har i seinare tid blitt bytt ut med nye lover, og ein har dermed fått eit meir moderne og oppdatert lovspråk. Lov- og forskriftsvedtak er gratis tilgjengeleg elektronisk på lovdata.no.
1.6.6.1 Eit framtidsretta lovverk
Eit godt lovverk må vere framtidsretta og i takt med utviklinga og nye behov. Reglane må – i tillegg til å møte behova ein kjenner i dag – vere eigna til å møte nye former for behov, utfordringar og kriser, samstundes som dei demokratiske prinsippa og rettsstaten blir haldne fast ved. Eit framtidsretta lovverk må òg spegle dei samfunnsendringane ein ønskjer å fremje. Lover er ikkje berre rammer for handling, men òg verkemiddel for å understøtte endringar.
Innafor teknologiutviklinga skjer det til dømes store endringar. Digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi slik som kunstig intelligens, kan gi betre tenester, meir effektiv ressursbruk og nye løysingar på samfunnsutfordringar. Samstundes må utviklinga skje innanfor trygge rammer. Rettstryggleik, personvern, openheit og andre grunnleggjande rettar må varetakast når nye teknologiar blir tekne i bruk.
Det naudsynt å styrkje lovarbeidet og rettleiinga til andre departement i lovsaker, mellom anna for å fremje betre innlemming og gjennomføring av EØS-regelverk. Det er òg særleg behov for å styrkje lovarbeidet innan samfunnstryggleik og beredskap. Det foreslås å auke løyvinga på kap. 400 post 01 med 10 mill. kroner.
1.6.6.2 Gjennomføring av EØS-rett og andre internasjonale plikter
Lovverket blir stadig meir omfattande. Dette kjem i stor grad av gjennomføring av EØS-regelverk. Ein viktig del av eit godt og tilgjengeleg lovverk er at internasjonale plikter er gjennomførte på ein klar og forståeleg måte. Det kan vere særleg utfordrande å sørge for at internasjonale plikter går klart og forståeleg fram, bl.a. fordi det er ulike tradisjonar for regelutforming i Noreg og utlandet. Når EØS-rettsakter skal gjennomførast i Noreg, kan til dømes omsynet til å forme ut reglar på ein måte som er tilpassa norske forhold, og som harmonerer med norsk lovgiving elles, stå i motstrid til omsynet til nøyaktig og fullstendig gjennomføring og ein einsarta rettstilstand i heile EØS.
Når vage eller fleirtydige internasjonale reglar skal gjennomførast i Noreg, må omsynet til korrekt gjennomføring vegast opp mot omsynet til klare reglar. Desse omsyna må balanserast på ein god måte. I tilfelle der regelverk må gjennomførast i norsk rett utan omarbeiding (inkorporasjon), slik som til dømes EØS-forordningar, kan ikkje reglane tilpassast på same måte. Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har publisert ei oppdatert rettleiing om EØS-gjennomføring for å vise i kva for tilfelle det er mogleg å supplere forordningar for å gjere regelverket meir tilgjengeleg, og korleis ein generelt kan sikre klare og føreseielege reglar ved gjennomføring av EØS-rett i norsk rett. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider òg saman med Utanriksdepartementet med bl.a. å betre kvaliteten på tilpassingstekstar og å utgreie høvet for konsoliderte versjonar av EØS-rettsakter.
Justis- og beredskapsdepartementet arbeider generelt for å medverke til at internasjonale plikter blir gjennomførte på ein god måte, både på eigne ansvarsområde og gjennom hjelp med lovarbeid i andre departement. I tillegg er departementet med i internasjonale forum der sentralt regelverk blir forma ut, og søker såleis å medverke til utforminga av internasjonalt regelverk.
Forholdet til EØS-retten skal, der det er aktuelt, vurderast grundig i samband med førebuinga av nye lover og anna regelverk. Det same gjeld forholdet til Grunnlova og menneskerettane. Den eksisterande lovgivinga må dessutan kontinuerleg vurderast for å sikre at ho framleis er i samsvar med menneskerettskonvensjonane og EØS-retten, særleg i samband med at det kjem nye dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, EFTA-domstolen og EU-domstolen.
2 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 S (2025–2026) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.
I den fjerde kolonnen i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen til neste år òg.
Sjølv om det i tabellen blir opplyst at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.
Tabell 2.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapporteringa blir avslutta (ja/nei) |
|---|---|---|---|
|
2025–2026 |
463 |
Teknologi frå autoritære statar |
Nei |
|
2025–2026 |
509 |
Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn |
Nei |
|
2025–2026 |
566 |
Styrke det operative samarbeidet med EU-byrå |
Ja |
|
2025–2026 |
567 |
Avhopparprogram for unge lovbrytarar |
Ja |
|
2025–2026 |
619 |
Evaluering av samfunnsstraff |
Nei |
|
2025–2026 |
620 |
Meir bruk av gjenopprettande prosess |
Ja |
|
2025–2026 |
621 |
Rekruttere tilsette med anna fagkompetanse i kriminalomsorga |
Ja |
|
2025–2026 |
622 |
Heilskapleg gjennomgang av kriminalomsorga |
Nei |
|
2025–2026 |
624 |
Retningslinjer for opphald på tryggingscelle |
Ja |
|
2025–2026 |
675 |
Innføring av hovudregel om nabosjekk av EØS-regelverk |
Ja |
|
2025–2026 |
705 |
Betre integrering av familieinnvandrarar – henteekteskap |
Nei |
|
2025–2026 |
706 |
Betre integrering av familieinnvandrarar – underhaldskrav |
Nei |
|
2025–2026 |
788 |
Opptrapping av talet påtalejuristar i politiet |
Ja |
|
2025–2026 |
789 |
Følgjeevaluering av nye reglar for sivilrettsleg inndraging |
Nei |
|
2025–2026 |
790 |
Reglar for å auke inndraging av kriminelt utbyte |
Nei |
|
2025–2026 |
791 |
Vidareføring av pilotordning for politiutdanning i Alta |
Ja |
|
2025–2026 |
793 |
Tryggleik for eit nasjonalt program for avhopparar |
Ja |
|
2025–2026 |
794 |
Utløyse opsjon på tre nye politihelikopter |
Ja |
|
2025–2026 |
796 |
Rettstryggleik for barn |
Nei |
|
2025–2026 |
797 |
Rettstryggleik for barn |
Nei |
|
2025–2026 |
839 |
Dyrevennleg nyttårsfeiring |
Nei |
|
2025–2026 |
842 |
Forelding av grov mishandling i nære relasjonar |
Nei |
|
2025–2026 |
843 |
Verne folk mot gjeldsfeller |
Nei |
|
2025–2026 |
862 |
Førebyggjande skjulte etterforskingssteg |
Nei |
|
2025–2026 |
864 |
Fjerne hinder i teieplikta om unge i risikosona for kriminalitet |
Nei |
|
2025–2026 |
908 |
Skjulte tvangsmiddel ved etterforsking av involvering av mindreårige i kriminalitet |
Nei |
|
2025–2026 |
909 |
Informasjon om involvering av mindreårige i kriminalitet |
Nei |
|
2025–2026 |
911 |
Krav om skikkaheit før opptak til årsstudium ved Politihøgskolen |
Nei |
|
2025–2026 |
912 |
Samanslåing av klareringsmyndigheitene |
Nei |
|
2025–2026 |
913 |
Bruk av ansiktsdekkande plagg i publikumsretta offentlege institusjonar |
Nei |
|
2025–2026 |
975 |
Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje |
Nei |
|
2025–2026 |
976 |
Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje |
Nei |
|
2025–2026 |
1001 |
Forsvarsløftet – auka rammer og prioriteringar i Langtidsplanen for forsvarssektoren |
Ja |
|
2025–2026 |
1026 |
Beredskapsevna til kommunane |
Nei |
|
2025–2026 |
1052 |
Sjå til at PST er riktig dimensjonert for å møte den tryggingspolitiske situasjonen |
Ja |
|
2025–2026 |
1053 |
Sikre at PST si oppgåveløysing innan trygging av myndigheitspersonar ikkje går ut over andre kjerneoppgåver |
Ja |
|
2025–2026 |
1145 |
Senter for motstandskraft i nord |
Nei |
|
2024–2025 |
26 |
Vurdering av endringar i namnelova |
Ja |
|
2024–2025 |
47 |
Oppretthalde flyfraktkapasitet mellom fastlandet og Svalbard |
Nei |
|
2024–2025 |
463 |
Teknologi frå autoritære statar |
Nei |
|
2024–2025 |
473 |
Gjere det enklare å inndra verdiar som er eit resultat av kriminelle handlingar |
Ja |
|
2024–2025 |
474 |
Skjerping av straffenivået for ulovleg våpenhald |
Nei |
|
2024–2025 |
475 |
Kriminalisering av utnytting av barn og unge i kriminell verksemd |
Ja |
|
2024–2025 |
476 |
Prøveprosjekt for automatisk skotdeteksjon i Oslo |
Nei |
|
2024–2025 |
478 |
Raskare bortvising eller utvising av utlendingar som har utført, eller som det er grunn til å tru vil komme til å utføre, kriminalitet |
Ja |
|
2024–2025 |
479 |
Visitasjonssoner for våpenkontroll |
Nei |
|
2024–2025 |
517 |
Fri rettshjelp i barnevernssaker |
Ja |
|
2024–2025 |
600 |
Barnets beste i krise- og beredskapslover |
Ja |
|
2024–2025 |
624 |
Dekningsrom – bruk av eksisterande infrastruktur |
Ja |
|
2024–2025 |
626 |
Stortingsmelding om langtidsplan for politiet |
Nei |
|
2024–2025 |
627 |
Organisasjonar med omsorgsberedskap i kriser og katastrofar |
Ja |
|
2024–2025 |
628 |
Kartlegging av frivillige beredskapsressursar |
Ja |
|
2024–2025 |
633 |
Tilfluktsrom – forenkling i regelverk |
Nei |
|
2024–2025 |
634 |
Dispensasjon frå plikt til å byggje tilfluktsrom |
Nei |
|
2024–2025 |
637 |
Tilgang til flyplasstenester for beredskapsressursar |
Nei |
|
2024–2025 |
721 |
Innstrammingar på innvandringsområdet |
Ja |
|
2024–2025 |
722 |
Samanlikning med andre land om innvandring |
Ja |
|
2024–2025 |
724 |
Innstramming på familieinnvandringsområdet |
Ja |
|
2024–2025 |
782 |
Informasjonsdeling om økonomisk kriminalitet |
Ja |
|
2024–2025 |
783 |
Politiutdanning innanfor økonomisk kriminalitet |
Nei |
|
2024–2025 |
789 |
Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet |
Ja |
|
2024–2025 |
794 |
Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet |
Ja |
|
2024–2025 |
800 |
Politiet si deltaking i a-krimsamarbeidet |
Ja |
|
2024–2025 |
927 |
Det strafferettslege vernet til vektarar |
Nei |
|
2024–2025 |
928 |
Effekten av endringar i valdtektsføresegna |
Nei |
|
2024–2025 |
930 |
Førstelinjeteneste for rettshjelp |
Nei |
|
2024–2025 |
931 |
Endringar i forvaringsstraffa |
Nei |
|
2024–2025 |
948 |
Saksbehandlingstida i klareringssaker |
Ja |
|
2024–2025 |
960 |
Endringar i straffelova og legemiddellova |
Nei |
|
2024–2025 |
963 |
Endringar i straffelova og legemiddellova |
Ja |
|
2024–2025 |
964 |
Politiet si tvangsmiddelbruk i narkotikasaker |
Nei |
|
2024–2025 |
966 |
Forvaltningslova – personalsaker i interkommunale selskap som enkeltvedtak |
Nei |
|
2024–2025 |
967 |
Forvaltningslova – beredskapsheimelen |
Nei |
|
2024–2025 |
968 |
Forvaltningslova – automatisert saksbehandling |
Nei |
|
2024–2025 |
969 |
Forvaltningslova – rettleiingsplikta |
Ja |
|
2024–2025 |
970 |
Forvaltningslova – saksbehandlingstid |
Ja |
|
2024–2025 |
971 |
Forvaltningslova – administrative sanksjonar |
Nei |
|
2024–2025 |
1061 |
Generell væpning av norsk politi |
Ja |
|
2024–2025 |
1219 |
Strengare og meir effektiv praksis for bortvising, utvising og utsending |
Ja |
|
2023–2024 |
83 |
Advokatordning for innsette i fengsel |
Ja |
|
2023–2024 |
109 |
Forbod mot marknadsføring av kreditt |
Nei |
|
2023–2024 |
136 |
Omvendt valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn |
Ja |
|
2023–2024 |
137 |
Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod |
Ja |
|
2023–2024 |
140 |
Betre reintegrering av ekstremistar |
Ja |
|
2023–2024 |
562 |
Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel med og produksjon av mat i kriser |
Nei |
|
2023–2024 |
613 |
Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar |
Nei |
|
2023–2024 |
616 |
Utvide målgruppa for barnehusa |
Nei |
|
2023–2024 |
617 |
Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år |
Nei |
|
2023–2024 |
618 |
Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar |
Nei |
|
2023–2024 |
634 |
Endringar i politilova og vaktverksemdlova |
Ja |
|
2023–2024 |
658 |
Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse |
Nei |
|
2023–2024 |
719 |
Organisering av advokatverksemd |
Nei |
|
2023–2024 |
753 |
Førehandsdeklarering av inn- og utførsel av kontantar |
Ja |
|
2023–2024 |
755 |
Fleirårige planar for politiet |
Ja |
|
2023–2024 |
758 |
Utgreiing av søknadsplikt ved kjøp av visse eigedommar i Noreg, |
Ja |
|
2023–2024 |
766 |
Forelding av krav som er under klagebehandling |
Ja |
|
2023–2024 |
767 |
Bevisførsel om opplysning som er underlagd teieplikt hos Sivilombodet |
Nei |
|
2023–2024 |
771 |
Utanlandske kvinner som blir utsette for vald, vidare opphald |
Nei |
|
2023–2024 |
916 |
Lov om forbrukarleige av ting |
Nei |
|
2022–2023 |
132 |
Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap |
Ja |
|
2022–2023 |
133 |
Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar |
Ja |
|
2022–2023 |
139 |
Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde |
Nei |
|
2022–2023 |
616 |
Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid |
Nei |
|
2022–2023 |
618 |
Sakskostnader i sivile saker |
Nei |
|
2022–2023 |
644 |
Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort |
Nei |
|
2022–2023 |
729 |
A-krimsenter |
Ja |
|
2021–2022 |
504 |
Organisering av advokatverksemd |
Nei |
|
2021–2022 |
506 |
Organisering av advokatverksemd |
Nei |
|
2021–2022 |
581 |
Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar |
Nei |
|
2021–2022 |
582 |
Regelverk om varsling frå kriminalomsorga |
Ja |
|
2021–2022 |
654 |
Tryggleik for personar med funksjonshindring |
Ja |
|
2021–2022 |
795 |
Forbod mot sal av forfalne fordringar |
Nei |
|
2020–2021 |
47 |
Utviding av avverjingsplikta |
Nei |
|
2020–2021 |
50 |
Forelding av lovbrot mot mindreårige |
Nei |
|
2020–2021 |
64 |
Tilgjengelege dopingopplysningar |
Nei |
|
2020–2021 |
65 |
Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping |
Ja |
|
2020–2021 |
206 |
Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern |
Nei |
|
2020–2021 |
443 |
Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet |
Nei |
|
2020–2021 |
627 |
Fornyingsordning for barneomsorgsattest |
Nei |
|
2020–2021 |
628 |
Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga |
Nei |
|
2020–2021 |
682 |
Identitetsskjerming for polititilsette |
Nei |
|
2020–2021 |
848 |
Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga |
Ja |
|
2020–2021 |
983 |
Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren |
Ja |
|
2020–2021 |
1159 |
Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn |
Nei |
|
2020–2021 |
1162 |
Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel |
Nei |
|
2019–2020 |
515 |
Reklamasjonsfrist på bustader |
Nei |
|
2017–2018 |
795 |
Eige lovverk for Statens barnehus |
Nei |
|
2016–2017 |
523 |
Korrupsjonsføresegnene i straffelova |
Nei |
2.1 Stortingssesjonen 2025–2026
Teknologi frå autoritære statar
Vedtak nr. 463, 10. februar 2026
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en oversikt over teknologi fra autoritære stater og andre stater Norge ikke har sikkerhetspolitisk samarbeid med, som brukes til å sikre flyplasser og annen kritisk infrastruktur i Norge»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er dokument 8:27 S (2025–2026) og Innst. 94 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn – forbod mot å generere og spreie ulovleg innhald
Vedtak nr. 509, 5. mars 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som forbyr å generere og spre ulovlig innhold, deriblant seksualiserte «deepfake»-bilder av personer, og dessuten gjennomgå regelverket og fremme forslag for å sikre en effektiv håndheving av personers vern mot manipulert innhold av egen person, herunder bøtelegging av teknologiselskaper som sprer slikt innhold»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 32 (2024–2025) og Innst. 137 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Styrke det operative samarbeidet med EU-byrå
Vedtak nr. 566, 24. mars 2026
«Stortinget ber regjeringen styrke det operative samarbeidet med EU-byråer, som Europol og Eurojust, så langt det er mulig innenfor rammene av Norges tilknytningsforhold til EU.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:12 S (2025–2026) og Innst. 175 S (2025–2026)
Vedtaket har blitt følgt opp. Samarbeid om grensekryssande barne- og ungdomskriminalitet skjer innanfor rammene av det alminnelege internasjonale samarbeidet i straffesaker og gjennom politi- og påtalesamarbeid i konkrete enkeltsaker. Samarbeidet skjer mellom anna innanfor ramma av Europol, EUs sentrale politiorgan, som skal gi støtte til dei nasjonale politimyndigheitene i medlemslanda. Støtta blir gitt gjennom innsamling, analyse og bearbeiding av informasjon om alvorleg kriminalitet. Europol har etablert ei operativ arbeidsgruppe (Operational Task Force) for å motverke den aukande trenden med valdshandlingar på oppdrag formidla via nettet og rekruttering av unge personar til alvorleg kriminalitet. Gruppa blir leidd av Sverige og består elles av politi frå Noreg, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland og Nederland. I andre halvdel av 2025 vart talet på utsende til den norske desken i Europol auka med to personar. Tilsvarande er det vedteke å styrkje den norske tilstadeveringa med ytterlegare éin person frå første halvår 2027. I 2026 vart det òg etablert ei ordning for auka informasjonsutveksling mellom Noreg og Europol.
Eurojust er det europeiske organet for styrking av det strafferettslege samarbeidet på påtalesida og vart oppretta for å styrkje kampen mot alvorlege former for internasjonal kriminalitet. Her samarbeider Noreg mellom anna med Sverige i såkalla Joint Investigation Teams (JIT) i arbeidet med konkrete saker knytte til kriminelle nettverk. Noreg bidreg òg til EUs grense- og kystvaktbyrå (Frontex), og ordninga for sivil beredskap (UCPM. Deltakinga og bidraga våre i desse ordningane medverkar alle til å styrkje arbeidet mot grensekryssande kriminalitet.
Noreg er også aktive i det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system innanfor området fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA). Byrået utvikler, forvalter og koordinerer implementering av ei rekkje felleseuropeiske IT-system som vil gi styrkt grense og migrasjonskontroll og betre og meir effektiv informasjonsdeling og tryggleik. Dei fleste av desse systema er Schengen-relevante, og blir implementert i systema til politiet og utlendingsmyndigheiter. Representanter frå Politidirektoratet (POD) og Utlendingsdirektoratet (UDI) deltek i byrået sitt styre, der dei er fullverdige medlemmer med stemmerett. Vidare deltek IT-ressurser fra POD og UDI i ulike advisory groups som omhandler utvikling og forvaltning av dei enkelte IT-systema.
Vidare er det etablert eit tett samarbeid med svensk politi, og Kripos har stasjonert ein sambandsrepresentant i Sverige hos den svenske motparten sin, Nationella operativa avdelningen (NOA) i Polismyndigheten. Føremålet med ei slik utplassering er å leggje til rette for eit effektivt operativt samarbeid, der raskare informasjonsdeling kan bidra til å førebyggje og motverke felles nordiske kriminelle truslar. Tenestepersonar frå Finland, Danmark og Noreg sit samla og har tilgang til operativ informasjon og ressurspersonell i Sverige. Erfaringane så langt har vore utelukkande positive for alle partar.
Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad når kriminaliteten ikkje lenger er lokal, men opererer uavhengig av nasjonale grenser. Dei gode samarbeidsstrukturane norsk politi allereie har etablert med svensk og europeisk politi, gjer politiet godt rusta til å følgje utviklinga tett på fleire kriminalitetsområde, mellom anna kriminelle nettverk og kriminalitet som handelsvare i andre land.
Noreg har ein tilknytningsavtale med EU sitt asylbyrå EUAA, og har eit aktivt samarbeid med det. UDI deltar i ei rekkje av byrået sine aktiviteter, som opplæring og kunnskapsoverføring. I tillegg deltar representanter frå UDI i asylstøtteteam som bistår medlemsland som som er utsette for eit særleg press på sitt asyl- og migrasjonssystem.
Styrking av det operative samarbeidet utover det vi allereie er involverte i, blir vurdert løpande på grunnlag av det til kvar tid gjeldande trusselbiletet.
Avhopparprogram for unge lovbrytarar
Vedtak nr. 567, 24. mars 2026
«Stortinget ber regjeringen styrke eksisterende og opprette flere avhopperprogrammer for unge lovbrytere.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:12 S (2025–2026) og Innst. 175 S (2025–2026) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å styrke tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak med 5 mill. kroner. Formålet med ordninga vil utvidast til å gjelde avhopparprogram. Sjå elles omtale under kategori 06.30.
Evaluering av samfunnsstraff
Vedtak nr. 619, 21. april 2026
«Stortinget ber regjeringen igangsette en evaluering av samfunnsstraff som straffereaksjon, med sikte på videreutvikling av ordningen. I evalueringen skal det særlig vurderes hvordan ordningen benyttes overfor unge lovbrytere.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling. Departementet får i 2026 ei kunnskapsoversikt om relevant forsking på intensjon og juridisk rammeverk, innhald og effekt av samfunnsstraff. Rapporten skal òg systematisere forskingsresultat som viser likt og ulikt innhald og utfall for samfunnstraff framfor ungdomsstraff. Til slutt, ei strukturert oversikt over det vi ikkje veit, men som likevel er viktige problemstillingar på dette feltet. Kunnskapsoversikta skal gi eit godt grunnlag for kommande evaluering av samfunnsstraffa.
Meir bruk av gjenopprettande prosess
Vedtak nr. 620, 21. april 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i kriminalomsorgen som kan bidra til økt bruk av gjenopprettende prosess, særlig i saker som gjelder personer under den kriminelle lavalder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut behovet for ein heimel som gir politiet høve til å overføre saker med gjerningsperson under 15 år til konfliktrådet utan samtykke. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å løyve 15 mill. kroner til å styrke oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på bruk av gjenopprettande prosess for barn under 15 år. Sjå omtale under kategori 06.30.
Rekruttere tilsette med anna fagkompetanse i kriminalomsorga
Vedtak nr. 621, 21. april 2026
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til etablering av desentraliserte fagskoletilbud for å øke rekrutteringen til kriminalomsorgen og for å rekruttere ansatte med annen fagkompetanse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa arbeider aktivt med tiltak for å auke rekrutteringa til kriminalomsorga og for å sikre tilgang på relevant fagkompetanse. Det er bl.a. etablert ei desentralisert utdanning for å gjere det enklare å ta fengselsbetjentutdanning fleire stader i landet. Kriminalomsorgsdirektoratet har fått i oppdrag i 2026 å vurdere og foreslå ytterlegare tiltak for å auke rekrutteringa til kriminalomsorga. I dette arbeidet skal direktoratet òg vurdere kompetansebehov, utdanning og andre moglegheiter for forbetringar i oppgåveløysinga og kompetansebruken. Målet er å sikre god rekruttering og at tilsette med anna fagbakgrunn kan nyttast.
Heilskapleg gjennomgang av kriminalomsorga
Vedtak nr. 622, 21. april 2026
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en helhetlig gjennomgang av kriminalomsorgens forvaltningsstruktur og organisering.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 31 (2024–2025) og Innst. 194 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Retningslinjer for opphald på tryggingscelle
Vedtak nr. 624, 21. april 2026
«Stortinget ber regjeringen sikre at det gis retningslinjer som presiserer at opphold på sikkerhetscelle i fengsler for å forhindre selvmord og selvskading, kun kan brukes som akutt skadeavverging i korte tidsrom med strenge forholdsregler.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 165 L (2024–2025), Innst. 193 L (2025–2026) og Lovvedtak 37 (2025–2026).
Vedtaket er følgt opp. Kriminalomsorgsdirektoratet arbeider med nye retningslinjer til straffegjennomføringsloven som oppfølging av Lovvedtak 37 (2025–2026), og Justis- og beredskapsdepartementet har bede direktoratet om å ta med ei slik tydeleggjering som Stortinget oppmodar om i vedtaket.
Innføring av hovudregel om nabosjekk av EØS-regelverk
Vedtak nr. 675, 28. april2026
«Stortinget ber regjeringen gjøre det til en hovedregel å gjennomføre sammenligninger med andre lands, særlig de nordiske, praktisering av EØS-relevant regelverk i proposisjoner som skal fremmes for Stortinget.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er lnnst. 190 S (2025-2026) fra utenriks- og forsvarskomiteen.
Vedtaket blir følgt opp i samband med pågåande nye EØS-prosesser. Det blir vurdert endringar i Lovavdelingas lovteknikkrettleiar og i utredningsinstruksen.
Betre integrering av familieinnvandrarar – henteekteskap
Vedtak nr. 705, 12. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som sikrer at en person fratas retten til nytt henteekteskap dersom vedkommende er dømt for mishandling av tidligere ektefelle.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 144 S (2025–2026) og Innst. 230 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Betre integrering av familieinnvandrarar – underhaldskrav
Vedtak nr. 706, 12. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen øke underholdskravet for familiegjenforente fra minst 3,2 ganger grunnbeløpet i folketrygden til minst 4 ganger grunnbeløpet i folketrygden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 144 S (2025–2026) og Innst. 230 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Opptrapping av talet på påtalejuristar i politiet
Vedtak nr. 788, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen lage en plan for opptrapping av påtalejurister og komme tilbake til Stortinget i forslag til statsbudsjett for 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).
Vedtaket er følgt opp. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 vart løyvinga til påtalemakta og politiet auka med totalt 145 mill. kroner. Av denne summen gjekk 40 mill. kroner særskilt til påtalemakta i politiet for å møte eit aukande press og ei større oppgåvemengd. Frå 2024 til 2025 auka talet på påtalejuristar i politiet med 100 årsverk, noko som svarar til ein vekst på 10 prosent.
Følgeevaluering av nye reglar for sivilrettsleg inndraging
Vedtak nr. 789, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen igangsette en følgeevaluering av innføringen av de nye reglene for sivilrettslig inndragning. Evalueringen skal belyse hvilken effekt lovendringen har for omfanget av inndratte formuesgoder som stammer fra kriminalitet, og i hvilken grad de nye inndragningsreglene viser seg egnet til å ramme kriminelle nettverk og bakmenn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling, og heng saman med vedtak nr. 790.
Reglar for å auke inndraging av kriminelt utbyte
Vedtak nr. 790, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen, parallelt med evalueringen av de nye reglene for sivilrettslig inndragning, utrede regler for å øke inndragning av kriminelt utbytte, herunder et forslag om sivil inndragning av formuesgoder med omvendt bevisbyrde innenfor rammene av Grunnloven og våre internasjonale forpliktelser, og legge frem et lovforslag innen utgangen av 2028.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 27 L (2025–2026) og Innst. 214 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Vidareføring av pilotordning for politiutdanning i Alta
Vedtak nr. 791, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sørge for at pilotprosjektet for desentralisert politiutdanning i Alta videreføres i full skala, og at det foretas nye opptak av kull årlig i hele perioden fram til våren 2028. Dette for å få godt nok grunnlag for en fullgod evaluering av desentralisert politiutdanning i fremtiden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 8: 84 S (2025–2026) og Innst. 249 S (2025–2026).
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa har utvida opptaket ved den desentraliserte politiutdanninga i Alta med 24 plassar hausten 2026. Regjeringa vil vurdere auka opptak i 2027.
Tryggleik for eit nasjonalt program for avhopparar
Vedtak nr. 793, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sikre et nasjonalt avhopperprogram og at eksisterende tilbud ikke legges ned før en ny og forutsigbar søknadsordning er på plass.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:95 S (2025–2026) og Innst. 253 S (2025–2026) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 å styrke tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak med 5 mill. kroner. Formålet med ordninga vil bli utvida til å gjelde avhopparprogram. Sjå elles omtale under programkategori 06.30.
Utløyse opsjon på tre nye politihelikopter
Vedtak 794, 27. februar 2026
«Stortinget ber regjeringen, senest i forslaget til statsbudsjett for 2027, legge fram et forslag til oppfølging av Politidirektoratets anbefalinger i KVU og KS1 om økt helikopterkapasitet for politiet, herunder igangsetting av et forprosjekt for nye helikopterbaser, hangarfasiliteter og dronesatsing.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:138 S (2025–2026) og Innst. 293 S (2025–2026).
Vedtaket er følgt opp. Arbeidet med å sjå på luftkapasitetane i politiet held fram, men av hensyn til mange saker i justissektoren foreslår regjeringa ikkje å løyve midlar til å utløyse opsjon på nye politihelikopter.
Rettstryggleik for barn
Vedtak nr. 796, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen sende på høring et forslag om hvordan barns rettssikkerhet kan styrkes, herunder om man bør sikre retten til prosessuell representasjon. Forslaget skal sendes på høring innen 1. januar 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 L (2025–2026) og Innst. 291 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Rettstryggleik for barn
Vedtak nr. 797, 26. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan rettighetene til barn som utsettes for vold og overgrep, kan styrkes, med sikte på å fremme forslag om dette for Stortinget. Herunder bes regjeringen vurdere tiltak for styrking av politiets og påtalemyndighetens arbeid samt innføring av rett til bistandsadvokat og selvstendig representasjon i rettsprosessen for barn som er døde som følge av en straffbar handling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 L (2025–2026) og Innst. 291 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Dyrevennleg nyttårsfeiring
Vedtak nr. 839, 1. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen gi kommunene adgang til å regulere eller forby privat fyrverkeri i hele kommunen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:176 S (2025–2026) og Innst. 320 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har fått oppdrag om å greia ut om kommunane skal få utvida fullmakter til å kunne forby privat bruk av fyrverkeri, inkludert å kunne gje totalforbod i kommunen.
Forelding av grov mishandling i nære relasjonar
Vedtak nr. 842, 2. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å avskaffe foreldelse av straffansvar for grov mishandling i nære relasjoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:160 S (2025–2026) og Innst. 287 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Verne folk mot gjeldsfeller
Vedtak nr. 843
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med implementering av forbrukerkredittdirektivet vurdere rentetak og kostnadstak på usikret forbruksgjeld.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:254 S (2025–2026) og Innst. 332 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Førebyggjande skjulte etterforskingssteg
Vedtak nr. 862, 3. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag som åpner for bruk av forebyggende skjulte etterforskningsskritt ved mistanke om overtredelse av flere straffebud etter erfaringer fra andre nordiske land.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 368 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Fjerne hindre i taushetsplikten om unge i risikosonen for kriminalitet
Vedtak nr. 864, 4. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen raskt fremme forslag om nødvendige lovendringer for å fjerne hindre i taushetsplikten som gjør at vesentlige personopplysninger ikke kan utveksles mellom politi, kommune, fylkeskommune, skole og barnevern om unge i risikosonen for kriminalitet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 79 L (2025–2026), Innst. 356 L (2025–2026) og Lovvedtak 67 (2025–2026)
Vedtaket er under behandling.
Skjulte tvangsmiddel ved etterforsking av involvering av mindreårige i kriminalitet
Vedtak nr. 908, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som sikrer at mistanke om overtredelse av straffeloven §§ 200 og 200 a gir adgang til skjulte etterforskningsskritt som kommunikasjonsavlytting og dataavlesning.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 57 L (2025–2026) og Innst. 351 L (2025–2026) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Endringar i politiregisterloven – barneomsorgsattest (involvering av mindreårige i kriminalitet)
Vedtak nr. 909, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at flere straffbare forhold som har sammenheng med organisert kriminalitet, fremkommer på barneomsorgsattest, herunder blant annet straffeloven §200 om involvering av barn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 57 L (2025–2026), Innst. 351 L (2025–2026), Lovvedtak 77 (2025–2026) og Lovmerknad 2 (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Krav om skikkaheit før opptak til årsstudium på Politihøgskolen
Vedtak nr. 911, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at Politihøgskolen også kan fastsette krav om skikkethet før opptak til årsstudie på PHS på lik linje med krav om plettfri vandel.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 L (2025–2026), Innst. 382 L (2025–2026) og Lovvedtak 80 (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Samanslåing av klareringsmyndigheitene
Vedtak nr. 912, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen evaluere sammenslåingen av klareringsmyndighetene samt se på tiltak som kan korte ned saksbehandlingstiden og sikre uavhengig klageadgang og økt mulighet for innsyn i egen sak»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 76 L (2025–2026) og Innst. 353 L (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Bruk av ansiktsdekkande plagg i publikumsretta offentlege institusjonar
Vedtak nr. 913, 9. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kartlegging av bruken av heldekkende ansiktsplagg i publikumsrettede offentlige institusjoner, og på grunnlag av kartleggingen vurdere å utvide forbudet mot heldekkende ansiktsplagg for andre publikumsrettede offentlige institusjoner i den hensikt å sikre kommunikasjon og samhandling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:245 S (2025–2026) og Innst. 423 S (2025–2026) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje
Vedtak nr. 975, 12. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke beløpsgrensen for når statsforvalteren overtar forvaltningen av finansielle eiendeler som eies av barn eller annen person med verge, og komme tilbake til Stortinget om ny beløpsgrense.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2025–2026) og Innst. 379 S (2025–2026) frå Finanskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Kapitalforvaltningsordninga for personar med verje
Vedtak nr. 976, 12. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere om det bør åpnes for flere plasseringsalternativer enn bankinnskudd for midler som forvaltes på vegne av en personer med verge.
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2025–2026) og Innst. 379 S (2025–2026) frå Finanskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Statens sivilrettsforvaltning mottok i 2024 ein rapport frå KPMG, som vurderte alternative modellar for kapitalforvaltning for personar med verje. Statens sivilrettsforvaltning har i 2026, på oppdrag frå departementet, vurdert tilrådingane i KPMG sin rapport. Statens sivilrettsforvaltning støttar tilrådinga frå KPMG om å utvide dagens kapitalforvaltningsmodell til å òg å omfatte ei standardisert fondsløysing.
Forsvarsløftet – Auka rammer og prioriteringar i Langtidsplanen for forsvarssektoren
Vedtak nr. 1001, 12. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen legge frem for Stortinget prinsippene og kriteriene som legges til grunn for hvilke sivile utgifter og tiltak som skal regnes inn under 1,5-prosentmålet til forsvarsrelaterte formål.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 440 S (2025–2026).
Vedtaket er følgt opp. Målet om 1,5 prosent inngår i NATOs overordna mål for byrdefordeling, der medlemslanda skal nytte minst 5 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) til forsvar og tryggleik innan 2035, fordelt på minst 3,5 prosent til militære forsvarsutgifter og inntil 1,5 prosent til andre forsvars- og tryggleiksrelaterte utgifter.
Regjeringa legg til grunn NATO sine kriterium og retningslinjer for kva utgifter som kan inngå i 1,5-prosentmålet. Justis- og beredskapsdepartementet har, i samarbeid med dei andre departementa, kartlagt utgifter som kan inngå i 1,5-prosentmålet. Kartlegginga viser at Noreg i 2026 vil nytte om lag 1,5 prosent av BNP til slike føremål. Det inneber at målet blir oppfylt allereie i inneverande år. Beløpet består mellom anna av løyvingar knyte til veg, jernbane og maritim infrastruktur, løyvingar til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, delar av verksemda til politiet og tiltak retta mot førebygging av terrorhandlingar, tryggingstiltak knyte til kritisk infrastruktur slik som drift av gassbehandlingsterminalar og flysikringstenester for både sivil og militær luftfart, utgifter til krigskirurgisk kapasitet og det nasjonale beredskapslageret for legemiddel. Det er òg rapportert inn utgifter til tiltak som skal styrke evna samfunnet har til å førebyggje og handtere cyberåtak, sabotasje og andre samansette truslar. Rapporteringa viser at Noreg har betydelege sivile bidrag til totalforsvaret som styrker både nasjonal og alliert forsvarsevne.
Beredskapsevna til kommunane
Vedtak nr. 1026, 16. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen legge frem en helhetlig gjennomgang av kommunenes beredskapsevne, herunder sivil beredskap, helseberedskap, kritisk infrastruktur og forsyningssikkerhet, samt forslag til nødvendige tiltak og finansiering.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 94 S (2025–2026) og Innst. 448 S (2025–2026).
Vedtaket er under behandling.
Sjå til at PST er riktig dimensjonert for å møte den tryggingspolitiske situasjonen
Vedtak nr. 1052, 18. juni 2026
«I lys av Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i politiets sikkerhetstjeneste (PST) ber Stortinget regjeringen sørge for at PST er riktig dimensjonert med hensyn til organisering, styring og rammevilkår for å møte den sikkerhetspolitiske situasjonen, særskilt med hensyn til kjerneoppgaver som kontraterror, kontraetterretning og beskyttelse av myndighetspersoner i Norge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 3:6 (2025–2026) og Innst. 445 S (2025–2026)
Vedtaket er følgt opp. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2027 å auke løyvinga til PST med 250 mill. kroner. Tiltaka som er naudsynte for å sikre at PST er riktig dimensjonert, handlar om rammevilkår som mellom anna budsjett og regelverk, det krev derfor oppfølging over fleire år.
Regjeringa meiner at denne styrkinga vil gjere PST rusta til å møte den tryggingspolitiske situasjonen. Samstundes er trusselbiletet komplekst og stadig i endring, og utviklinga har vore negativ dei siste åra. Vi må derfor arbeide kontinuerleg med å vidareutvikle tenesta slik at PST kan møte eit trusselbilete i utvikling og fylle rollene sine innanfor både kontraterror, kontraetterretning og vern av myndigheitspersonar i Noreg.
Justis- og beredskapsdepartementet følgjer og opp at PST har dei riktige rammevilkåra i form av regelverk; her er varsla forslag til endringar i politilova og straffelova viktige tiltak. Vidare vil vi følgje opp at PST er riktig dimensjonert i både fred, krise og krig gjennom arbeidet med langsiktig planlegging for PST. Her vil til dømes ytterlegare regelverksendringar, planverks- og teknologiutvikling inngå.
Sikre at PST si oppgåveløysing innan trygging av myndigheitspersonar ikkje går ut over andre kjerneoppgåver
Vedtak nr. 1053, 18. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen etablere tiltak for å sikre at PSTs oppgaveløsning innenfor beskyttelse av myndighetspersoner ikke går på bekostning av andre kjerneoppgaver som kontraterror og kontraetterretning, fore eksempel ved et organisatorisk skille, samt vurdere ytterligere tiltak for å begrense PSTs kostnader ved myndighetspersoners reiser til høyrisikoland.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dok 3:6 (2025–2026) og Innst. 445 S (2025–2026).
Vedtaket er følgt opp. PST må kunne organisere verksemda si og prioritere ressursane sine slik at tenesta kan oppfylle samfunnsoppdraget på en best mogleg måte. Derfor er det ikkje formålstenleg å innføre eit organisatorisk skilje av PST sine oppgåver innanfor vern av myndigheitspersonar utover det som allereie finst. Under kontrollhøyringa vart også dette diskutert, der det kom fram at det å skilje det ut frå PST, vil ha fleire uheldige sider. Eit slikt skilje vil gjere drifta av PST mindre fleksibel og avgrense handlingsrommet til verksemda. Regjeringa jobbar også med tiltak for å sikre at oppgåvene blir gjennomførte så effektivt som mogleg.
Senter for motstandskraft i nord
Vedtak nr. 1145, 19. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede statens EBA-behov i Kirkenes som følge av etableringen av Senter for motstandskraft i nord, og i den forbindelse også vurdere synergier med kommunens arbeid med et beredskapens hus. Stortinget ber regjeringen også bidra til en utredning av en felles satsing på beredskap i Kirkenes for blant annet spesialisthelsetjenesten, brann og redning, DSB og politiet. Det skal særlig vektlegges fokus på totalberedskap og et felles øvings- og treningssenter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026)
Vedtaket er under behandling. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Senter for motstandskraft i nord med 15 mill. kroner. Som ein del av arbeidet med å vidareutvikle senteret vil EBA-behov og moglege synergieffektar med andre lokale aktørar vurderast.
2.2 Stortingssesjonen 2024–2025
Vurdering av endringar i namnelova
Vedtak nr. 26, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere endringer i navneloven, slik at etterkommere av urfolk og/eller nasjonale minoriteter lettere kan ta tilbake sin families opprinnelige etternavn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 19 (2022–2023) og Innst. 30 S (2024–2025) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Departementet har vurdert dei aktuelle reglane i lova og tilhøyrande rundskriv. Det blir ikkje foreslått lovendringar. Justis- og beredskapsdepartementet har vurdert at regelen i namnelova § 4 første ledd nr. 9, som gir høve til å ta eit etternamn ein har «særlig tilknytning til» sjølv om namnet elles er beskytta, gir tilstrekkeleg moglegheit til å ta namn som er gått ut av bruk i slekta. Forarbeida til føresegna legg til grunn at namnemyndigheitene må utøve eit særleg romsleg skjønn der eit namn har gått ut av bruk i slekta på grunn av fornorsking.
Det er generelt ikkje ønskjeleg å lage eigne lovreglar for enkelte etniske grupper. Departementet har gått gjennom praksis for å vurdere om reglane blir praktiserte slik det er føresett. Tilbakemeldingane frå statsforvaltarane, som er klageinstans for skattekontora sine vedtak i namnesaker, tilseier at dei eksisterande unntaka i lova er tilstrekkelege til å sikre at det er mogleg å ta tilbake gamle slektsnamn, samtidig som nasjonale minoritetar i størst mogleg grad får same vern for sine beskytta etternamn som majoritetsbefolkninga har. Departementet vil vurdere om ein bør gi nærare føringar i rundskriv til lova.
Oppretthalde flyfraktkapasiteten mellom fastlandet og Svalbard
Vedtak nr. 47, 21. november 2024
«Stortinget ber regjeringen sørge for at flyfrakt-kapasitet mellom fastlandet og Svalbard opprettholdes inntil en permanent løsning er på plass.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, og Innst. 36 S (2024–2025) frå utanriks- og forsvarskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Regjeringa foreslo i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet å auke løyvinga på kap. 0003, post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre på svalbardbudsjettet med 15 mill. kroner, til støtte for å halde oppe flyfraktkapasiteten mellom Svalbard og fastlandet. Den auka løyvinga vart foreslåttsom eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kunne skaffe til vegar naudsynt flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane hadde komme fram til ei langsiktig løysing. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å løyve 10,0 mill. kroner til å vidareføre tiltaket. Departementet greier ut korleis ein skal sikre ei varig ordning som sikrar fraktkapasiteten mellom Svalbard og fastlandet.
Gjere det enklare å inndra verdiar som er eit resultat av kriminelle handlingar
Vedtak nr. 473, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag for å gjøre det enklere for påtalemyndigheten å inndra verdier som er frembrakt ved kriminelle handlinger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa la 5. desember 2025 fram forslag om endringar i straffelova, jf. Prop. 27 L (2025–2026). Det viktigaste forslaget i proposisjonen gjekk ut på å innføre ei ny ordning for inndraging utan straffedom – kalla sjølvstendig inndraging. I tillegg vart det foreslått nokre mindre justeringar i dei andre inndragingsreglane. Stortinget har gjort lovvedtak i tråd med forslaget frå regjeringa, jf. Innst. 214 L (2025–2026) og lov 12. juni 2026 nr. 28.
Skjerping av straffenivået for ulovleg våpenhald
Vedtak nr. 474, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovendringsforslag for å sikre en skjerpelse av straffenivået for ulovlig våpenbesittelse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 87 S (2024–2025), Dokument 8:10 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Regjeringa sende 17. desember 2025 på høyring forslag til skjerping av straffene for ulovleg omgang med skytevåpen, eksplosiv m.m. Høyringa vart avslutta i mars 2026.
Kriminalisering av utnytting av barn og unge i kriminell verksemd
Vedtak nr. 475, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å kriminalisere utnyttelse av barn og unge til ulovlig virksomhet i et eget straffebud. Lovverket bør gjøre det straffbart å rekruttere, betale, instruere, overlevere eiendeler til eller på annen måte involvere noen som er under 18 år, i kriminell virksomhet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025), Dokument 8:10 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Etter forslag frå regjeringa i Prop. 57 L (2025–2026) vedtok Stortinget ved endringslov 23. juni 2026 nr. 71 eit nytt straffebod i straffelova om involvering av mindreårige i kriminalitet. Straffebodet rettar seg mot den som involverer ein mindreårig i nærmare fastsette straffbare handlingar eller straffbare handlingar som kan medføre fengsel i 3 år eller meir. Etter forslag frå justiskomiteen i Innst. 351 L (2025–2026) rammar straffebodet også den som rekrutterer ein mindreårig til å gjere ei straffbar handling som nemnd. Strafferamma i det nye straffebodet er bot eller fengsel inntil 3 år. I tillegg vart det vedteke ei eiga føresegn om grovt brot med ei strafferamme på fengsel inntil 6 år. Lovendringane vart sette i kraft 1. juli 2026.
Prøveprosjekt for automatisk skotdeteksjon i Oslo
Vedtak nr. 476, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et prøveprosjekt for automatisk skuddeteksjon i Oslo.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Politiet arbeider no med å førebu eit stort, fleirårig omstillingsarbeid knytt til heilskapleg digitalisering av politiet, der det bl.a. skal etablerast ein ny digital grunnmur. Når ein framtidsretta, sikker og robust digital grunnmur er etablert, er det formålstenleg å vurdere utviklinga av nye strategiske og operative kapasitetar som legg til rette for effektar som kjem både samfunnet, publikum og politiet til gode.
Eit automatisk skotdeteksjonssystem vil krevje tilknyting til politiet sine datasystem og må ha ein robust digital grunnmur som har kapasitet til å handtere eit slikt system. Oppfølginga av vedtaket om eit prøveprosjekt vil derfor bli sett i samanheng med heilskapleg digitalisering.
Raskare bortvising eller utvising av utlendingar som har utført, eller som det er grunn til å tru vil komme til å utføre, kriminalitet
Vedtak nr. 478, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at utlendinger som har begått eller som det er grunn til å tro at vil komme til å begå kriminalitet, bortvises eller utvises fra landet raskere.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Gjennom instruks GI 01/2026 av 23. januar 2026 klargjorde departementet handlingsrommet for utvising av ein utlending som er omfatta av EØS-regelverket, dersom utlendingen har tilknyting til eit kriminelt nettverk og representerer ein ekstraordinær kriminalitetstrussel, utan vilkår om at utlendingen tidlegare er straffa.
Våren 2026 hadde departementet òg på høyring eit forslag til nye reglar for utvising av utlendingar som det er grunn til å frykte vil gjere konkrete straffbare handlingar, eller som elles utgjer ein trussel mot offentleg orden eller tryggleik. Departementet arbeider no med oppfølging i ein lovproposisjon.
Politiet og Utlendingsdirektoratet har vidare hatt i oppdrag å gjennomgå saksflyten i utvisingssaker for å identifisere og følgje opp eventuelle effektiviseringstiltak.
Gjennomgangen har vist at saksflyten i saker om utvising på grunn av ilagd straff som utgangspunkt er svært god. Blant tiltaka som er identifiserte og følgde opp våren 2026, er mellom anna at utvisingssak blir oppretta og sett i gang tidlegare, også i dei tilfella der utlendingen skal sone lengre fengselsstraff, og at fleire saker enn tidlegare blir innlemma i ein allereie etablert hurtigprosedyre.
Visitasjonssoner for våpenkontroll
Vedtak nr. 479, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen innen 1. september 2025 fremme de nødvendige lovendringsforslag for å sikre innføring av visitasjonssoner for våpenkontroll.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:7 S (2024–2025) og Innst. 133 S (2024–2025) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Ei utgreiing med lovforslag vart sendt på høyring 9. mars 2026, med frist 9. juni.
Fri rettshjelp i barnevernssaker
Vedtak nr. 517, dato 18. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i rettshjelploven som vil gi private parter rett til fri rettshjelp fra og med undersøkelsesfasen i barnevernet i samværssaker og i tvangssaker som går for Barneverns- og helsenemnda.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp. Departementet viser til Rettshjelputvalet si utgreiing NOU 2020: 5 punkt 27.6.6, der det vart lagt til grunn at dersom alle som var gjenstand for ei undersøking skulle få rettshjelp, ville dette omfatte svært mange, bli svært kostbart og heller ikkje verke konfliktdempande. Departementet sluttar seg til vurderingane frå Rettshjelpsutvalet og vurderer det ikkje formålstenleg å gå vidare med slike endringar no. Departementet viser òg til at det allereie er rett til fri sakførsel utan behovsprøving etter rettshjelplova § 17 tredje ledd nr. 2 i saker som blir behandla av barneverns- og helsenemnda etter kapittel 14 i barnevernslova, at partane har rett til fritt rettsråd i nærmare bestemte tilfelle etter rettshjelpslova § 11 nr. 2 bokstav a og b, at det kan søkjast om rettshjelp etter skjønnsføresegna i rettshjelpslova § 11 fjerde ledd, og at det i tillegg hender at barnevernstenesta dekker advokatbistand for partar i barnevernssaker dersom dei meiner dette er formålstenleg for å oppnå god dialog, jf. NOU 2020: 5 punkt 27.6.6.
Barnets beste i krise- og beredskapslovar
Vedtak nr. 600, 29. april 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå alle krise- og beredskapslover og, der det er naturlig, fremme forslag om en bestemmelse som sikrer at hensynet til barnets beste og å bevare en mest mulig normal hverdag for barn og unge skal vektlegges i all krisehåndtering.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 151 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp. Regjeringa er opptatt av å ivareta barns behov i oppfølginga av det nasjonale arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og legg til grunn at bestemmingar om barns rettar og krav til beskyttelse er retningsgivande for dette. I direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps nasjonale rettleiar om kommunar og fylkeskommunars roller og ansvar i tryggleikpolitisk krise og krig er det fastslått at barns rettar etter Grunnlova §104 og FNs barnekonvensjon skal leggjast til grunn for arbeidet med beredskap og krisehandtering.
Dekningsrom – bruk av eksisterande infrastruktur
Vedtak nr. 624, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan man kan ta i bruk eksisterende infrastruktur som tunneler og underjordiske stasjoner på jernbane og T-bane, som mulige tilfluktsrom.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa sende 19. juni 2026 på høyring eit utkast til ny forskrift om tilfluktsstader, der det blir foreslått fleire tiltak. Eitt av forslaga er å gjere det mogleg for kommunane å setje i gang arbeid med å kartleggje og peike ut dekningsrom i eksisterande bygningar.
Stortingsmelding om langtidsplan for politiet
Vedtak nr. 626, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen basert på politidirektørens faglige råd og politirolleutvalget fremme en stortingsmelding om langtidsplan for politiet så snart som mulig og gi en orientering om fremdrift i forbindelse med statsbudsjettet for 2026.».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket er under behandling. Den kommande utgreiinga til politirolleutvalet vil vere eit sentralt bidrag, saman med anna relevant kunnskapsgrunnlag som blir utarbeidd, mellom anna Politidirektørens faglege råd. Fleire av utgreiingsoppdraga kjem fram i eit eige styringsdokument til politidirektoratet, som er vedlegg til tildelingsbrevet for 2026. Den langsiktige planen vil bli lagd fram for Stortinget. Sjå elles omtale under kategori 06.40.
Organisasjonar med omsorgsberedskap i kriser og katastrofar
Vedtak nr. 627, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med organisasjoner som står for omsorgsberedskap i kriser og katastrofer, deriblant Norske Kvinners Sanitetsforening og Norges Bygdekvinnelag, og etablere ordninger som bedre ivaretar deres økonomiske behov.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa innførte i 2026 ei tilskotsordning for til mat- og måltidsberedskap, omsorgsberedskap og psykososial støtte ved ulukker, kriser og katastrofar. Tilskotsordninga skal medverke til å styrkje kapasiteten i frivillige organisasjonar til å planleggje, byggje opp, halde ved lag og mobilisere ressursar for å vareta grunnleggjande behov hos råka og sårbare grupper.
Kartlegging av frivillige beredskapsressursar
Vedtak nr. 628, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen kartlegge de frivillige beredskapsressursenes omfang, kapasitet og tilgjengelighet, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom samarbeidet mellom Hovudredningssentralen, politiet og dei frivillige organisasjonane god og løpande oversikt over dei frivillige ressursane som inngår i redningstenesta. Felles ressursregister gir oppdatert informasjon om personell, materiell, geografisk plassering og tilgjengelegheit. Oversikta blir supplert gjennom øvings- og samvirkeaktivitet. Regjeringa arbeider samstundes for at frivillige beredskapsressursar skal inngå i beredskapsplanlegginga på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Kommunar, regionale aktørar og frivillige organisasjonar er oppmoda om å styrke samarbeidet og nytte etablerte samhandlingsarenaer. Organisasjonane er òg oppmoda om å delta aktivt i øvingar i Totalforsvarsåret 2026. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til de frivillige organisasjonane i redningstenesta med 10 mill. kroner i 2027.
Tilfluktsrom – forenkling i regelverk
Vedtak nr. 633, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre forenklinger i relevant forskrifts- og regelverk for å sikre kostnadsreduserende tiltak som tilsvarer om lag de økte kostnadene ved å innføre en plikt til å bygge tilfluktsrom.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket er under behandling. Forslag til ny forskrift om tilfluktsstader prioriterer dei raskaste og mest kostnadseffektive tiltaka for auka vern for sivilbefolkninga. Konkrete og lokale behovsvurderingar, kartlegging og vedlikehald av eksisterande tilfluktsrom og klassifisering av dekningsrom vil være dei viktigaste første grepa for å auke vernet for befolkninga. Det blir ikkje foreslått å gjeninnføre ein allmenn plikt til å byggje tilfluktsrom i nybygg over 1000 m2.
Dispensasjon frå plikt til å byggje tilfluktsrom
Vedtak nr 634, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen, når nytt regelverk og kriterier er vedtatt, oppheve den gjeldende midlertidige dispensasjonen fra plikten til bygging av tilfluktsrom gitt i forskrift om tilfluktsrom, for offentlige og private tiltakshavere.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025), Innst. 242 S (2024–2025)
Vedtaket er under behandling. Regjeringa har 19. juni 2026 sendt på høyring eit utkast om ny forskrift om tilfluktsstader. Det blir ikkje foreslått å gjeninnføre ei allmenn plikt til å byggje tilfluktsrom i nybygg over 1000 m2. Forholdet til gjeldande regulering om byggjeplikt og tilhøyrande dispensasjonsregime vil bli vurdert nærmare før fastsetting av ei forskrift.
Tilgang til flyplasstenester for beredskapsressursar
Vedtak nr. 637, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre beredskap på flyplasser som gjør at redningshelikoptre, luftambulanser og andre helikoptre som bidrar i søk, redning og transport av skadde og syke, har en forutsigbarhet når det gjelder tilgjengelighet av flyplasstjenester»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025), og Innst. 242 S (2024–2025).
Vedtaket er under behandling. HRS har gjennomført ei kartlegging av døgnkontinuerleg tilgang til drivstoff for redningstenesta og luftambulanse. Samferdselsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Helse-og omsorgsdepartementet, vil følgje opp utgreiinga HRS har gjort.
Innstrammingar på innvandringsområdet
Vedtak nr. 721, 22. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med konkrete forslag til innstramminger på innvandringsområdet som kan iverksettes raskt ved behov.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:94 S (2024–2025) og Innst. 282 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp gjennom fleire lov- og forskriftsendringar. I 2025 kom fleire innstrammingar i retten til permanent opphaldsløyve og familieinnvandring på plass, og i mai 2026 avgrensa regjeringa mellombels kollektivt vern mot menn mellom 18 og 60 år. Det er også gjort endringar i saksbehandlingsreglane for mellombels kollektivt vern. Vidare er relevante delar av Eurodac-forordninga 2024, forordninga om asyl- og migrasjonshandtering og kriseforordninga gjennomført i norsk rett. Regelverket er ein del av EUs Pakt for migrasjon og asyl («Pakten») og innfører fleire tiltak for å bekjempe ulovleg migrasjon og forhindre sekundærmigrasjon i Europa. Departementet vurderer også å foreslå eit språkkrav som vilkår for familieinnvandring. Departementet arbeider elles med førebuingar til gjennomføringa av den nye returforordninga, som skal erstatte det gjeldande returdirektivet frå 2008. Politisk semje mellom dei lovgivande institusjonane i EU (Rådet og Europaparlamentet) vart oppnådd 1. juni 2026, og det er grunn til å tru at rettsakta vil bli formelt vedteken i løpet av hausten 2026. Returforordninga vil bidra til eit meir heilskapleg og effektivt system for retur av personar utan lovleg opphald i EU og Schengen-området. Departementet tek sikte på å fremje Prop. LS for Stortinget i første halvår 2027. Departementet har også gitt to instrukser som strammer inn reglene om utvising; GI 01/2026 om utvising etter EØS-regelverket i tilfeller hvor det ikkje er ilagt straff og GI 03/2026 om tolkning av utlendingslovens bestemmelse om utvising av mindreårige EØS-borgere. Vidare er det sendt på høyring eit forslag til lovendring om utvida adgang til å utvise utlending utan opphaldsløyve før straffbar handling faktisk er begått. I tillegg har UDI og politiet på oppdrag frå departementet gjennomgått saksflyten i saker om utvising og har identifisert enkelte forbedringstiltak, av desse er fleire sette i verk.
Vedtaket bør sjåast i samanheng med vedtak nr. 722 frå 22. mai 2025.
Samanlikning med andre land om innvandring
Vedtak nr. 722, 22. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av hvilke områder på innvandringsfeltet der Norge skiller seg ut fra sammenlignbare land, for eksempel i Norden og Europa, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag om innstramminger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:94 S (2024–2025) og Innst. 282 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp, og må sjåast i samanheng med anmodingsvedtak nr. 721 frå 22. mai 2025. I arbeidet med lov- og forskriftsendringane nemnt der er det gjort ei vurdering av tilsvarande regelverk i andre land.
Innstramming på familieinnvandringsområdet
Vedtak nr. 724, 22. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å stramme inn vilkårene for familieinnvandring.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:156 S og Innst. 284 S (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Det er gjort endringar i bestemmelsen som gir foreldre og søsken rett til familiesameining med barn under 18 år som har fått vern i Noreg, jf. Prop. 113 L (2024–2025). Endringane skal bl.a. motverke utøving av bigami. I juni 2026 fremma regjeringa forslag til endringar i reglane om foreldre og søskens rett til familiesameining med mindreårig barn i Noreg, jf. Prop. 108 L (2025–2026). Forslaga skal bl.a. hindre at foreldre og søsken gis opphaldsløyve dersom personen i Noreg har etablert seg med eigen kjernefamilie gjennom ekteskap e.l. Det er også forslag om at opphaldsløyve i familiesameining mellom einsleg mindreårig med vern i Noreg og deira foreldre og søsken kan nektast dersom omsynet til barnets beste tilseier det. Vidare er det forslag om eit krav til samtykke dersom eit mindreårig søsken søker familiesameining med barnet, og berre ein av foreldra får opphaldsløyve i Noreg. Formålet er å sikre at norsk regelverk om familieinnvandring ikkje legg til rette for barnebortføring eller i realiteten avgjer konfliktar mellom foreldre om barnefordeling. I Plan for Noreg står det at regjeringa vil skjerpe vilkåra for familieinnvandring, og eitt forslag som er til vurdering er å krevje språkkunnskapar for å få familieinnvandring. Regjeringa vil óg vurdere å heve underhaldskravet i familieinnvandring. Samla vil desse og andre tiltak føre til innstramming i regelverket om familieinnvandring.
Informasjonsdeling om økonomisk kriminalitet
Vedtak nr. 782, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag og utarbeide forskrifter som gjør det mulig for politiet, Skatteetaten, registerenhetene, finansinstitusjoner, teleoperatører og Nav å dele informasjon ved berettiget mistanke om økonomisk kriminalitet, hvor hensynet til personvern også ivaretas.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:129 S (2024–2025) og Innst. 364 S (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa etablerer eit nasjonalt senter mot økonomisk kriminalitet (ø-krimsenteret), med planlagt verknad frå 1. januar 2027. I senteret vil ressursar frå offentleg og privat sektor jobbe saman i Økokrim sine lokale, for å kjempe mot økonomisk kriminalitet. Vidare er forslag til forskrift om deling av opplysingar omfatta av teieplikt og behandling av personopplysningar i arbeidet mot økonomisk kriminalitet (ø-kriminformasjons-forskrifta) sendt på høyring. Forslaget skal sikre at relevante offentlege organ får naudsynt tilgang til å dele og behandle slike opplysningar, slik at ein kan førebyggje og kjempe mot økonomisk kriminalitet på ein effektiv måte. Høyringsfristen er 20. november 2026.
Politiutdanning innan økonomisk kriminalitet
Vedtak nr. 783, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå politiutdanningen og vurdere hvordan etterforskningskompetansen innen økonomisk kriminalitet kan styrkes og spesialiseres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:129 S (2024–2025) og Innst. 364 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp. Det er gjort fleire grep ved Politihøgskolen for å sørge for betre kompetanse om økonomisk kriminalitet i politiet. I samarbeid med Skatteetaten er det utvikla ein ny studieplan om avdekking av og bistand til etterforsking av økonomisk kriminalitet. Målgruppa er tilsette i sivile kontrolletatar, og første gjennomføring av vidareutdanninga er planlagd i 2026. Politihøgskolen er òg i dialog med Universitetet i Søraust-Noreg om moglegheitene for at studium om økonomisk kriminalitet kan inngå i bachelorgradar ved universitetet, som kan vere eigna for etterforskarar/kontrolletater.
Vidare er det etter oppdrag frå departementet oppretta eit etterforskingsstudium ved Politihøgskolen, for personar utan politiutdanning. Studiet har 60 plasser og hadde oppstart hausten 2026. Det kom inn 1919 søknader til studiet. Vidare har Politihøgskulen inngått et samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kunnskap gjennom eit bransjeprogram for finansnæringa. Politihøgskolen skal her utvikle to vidareutdanningar for tilsette i bank, knytte til avdekking og oppfølging av svindel og kvitvasking. På denne måten kan høgskolen bidra til å styrke privat sektor sin kompetanse i arbeidet mot økonomisk kriminalitet. Første gjennomføring var våren 2026.
Politiet si deltaking i A-krimsamarbeidet
Vedtak nr. 789, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for fullverdig deltakelse i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og komme tilbake til Stortinget senest innen revidert nasjonalbudsjett for 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. I regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet frå august 2025 er tiltaket «Styrke og vidareutvikle det tverretatlige samarbeidet for å forebygge og kjempe mot arbeidslivskriminalitet» sentralt. Oppfølging av tiltaket er leidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i samråd med Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Det er allereie innført betre heimlar for Arbeidstilsynet sine verkemiddel, der det bl.a. er gjort tydeleg at politiet kan vere til hjelp med å gjennomføre vedtak. Jf. Prop. 80 L (2025–2025) som tredde i kraft 1. juli 2025.
Politiets deltaking i A-krimsamarbeidet
Vedtak nr. 794, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre tiltak, herunder eventuelle nødvendige regelverksendringer, for å sikre at politiet deltar i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene gjennom gode og effektive ansvars- og oppgavedelinger med de øvrige akrim-etatene, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789 frå same sesjon.
Politiet si deltaking i A-krimsamarbeidet
Vedtak nr. 800, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for fullverdig deltakelse i både kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og komme tilbake til Stortinget senest innen statsbudsjettet for 2026.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025) og Lovvedtak 74 (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789 frå same sesjon.
Det strafferettslege vernet til vektarar
Vedtak nr. 927, 6. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen vurdere helhetlig hvorvidt vektere og andre yrkesgrupper bør omfattes av det særlige strafferettslige vernet i straffeloven §§ 265 og 286 eller om det bør innføres et generelt sterkere vern av yrkesutøvere med særlig risiko for å utsettes for trusler, vold og kroppskrenkelser i forbindelse med utøvelse av yrket.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:203 S (2024–2025) og Innst. 507 S (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Effekten av endringane i valdtektsføresegna
Vedtak nr. 928, 6. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen igangsette en systematisk følgeforskning, herunder studier av rettspraksis, bevisvurdering samt effekten på rettssikkerheten av endringene i voldtektsbestemmelsene i straffeloven, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en vurdering av hvordan loven fungerer etter at den har vært i kraft en tid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 132 L (2024–2025) og Innst. 451 S (2024–2025).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil lyse ut eit forskingsprosjekt med tentativ oppstart tidleg i 2027. På det tidspunktet vil dei endra valdtektsføresegnene ha verka i eitt og eit halvt år, og det vil vere eit grunnlag for å hente inn kunnskap om korleis føresegnene verkar. Prosjektet skal mellom anna gi kunnskap om domstolane sine bevisvurderingar i valdtektssaker, fornærma si stilling etter ny lovgiving, varetaking av tiltalte sin rettstryggleik, kva for erfaringar og synspunkt politi, påtalemakt, forsvararar, bistandsadvokatar, dommarar og eventuelt andre har med dei endra føresegnene, og moglege forklaringar på eventuelle endringar i kriminalstatistikken. Departementet vil, som oppfølging av resultat av forskingsprosjektet, komme tilbake til Stortinget på eigna vis med ei vurdering av korleis lova fungerer.
Førstelinjeteneste for rettshjelp
Vedtak nr. 930, 6. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen følge opp utredningen om en førstelinjetjeneste for rettshjelp fra 2023 og komme tilbake til Stortinget på egnet vis med forslag til etablering av en førstelinjetjeneste for rettshjelp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 103 L (2024–2025) og Innst. 468 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling. Statens sivilrettsforvaltning er gitt i oppdrag av departementet å greie ut korleis ein kan innrette ei digital og telefonisk førstelinjeteneste for rettshjelp. Fristen for utgreiinga er 15. oktober 2026.
Endringar i forvaringsstraffa
Vedtak nr. 931, 6. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til endring av forvaringsstraffen, herunder innstramning i reglene for å begjære prøveløslatelse, krav til bruk av elektronisk kontroll ved permisjon og prøveløslatelse og en sikrere risikovurdering av domfelte med forvaringsstraff.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:209 L (2024–2025) og Innst. 482 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Saksbehandlingstida i klareringssaker
Vedtak 948 6 juni 2025
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 7 (2024–2025), Innst. 393 S (2024–2025),
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte og innen rimelig tid komme tilbake til Stortinget med konkrete tiltak for å redusere saksbehandlingstiden i klareringssaker.»
Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til Stortinget si behandling og innstillinga frå justiskomiteen til Prop. 76 L om endringar i tryggingslova (organisering av klareringsmyndigheita). Justis- og beredskapsministeren, saman med forsvarsministeren har sett i gang eit arbeid med å modernisere klareringsarbeidet i Noreg – det såkalla «Klareringsløftet». Det er avgjort å opprette eit felles sivil-militært klareringsdirektorat (Klareringsdirektoratet (KDIR)). Endring i organisering er eit naudsynt steg på vegen mot ein meir framtidsretta, sikker og effektiv klareringsinstitusjon. Andre viktige føresetnader for å redusere saksbehandlingstida er auka digitalisering i saksbehandlinga og vidare utvikling av regelverket. Dette vil òg føre til betre samordning og likebehandling, heilskapleg fagutvikling og modernisering i takt med samfunnsutviklinga. Sjå nærmare omtale i programkategori 06.50.
Endringar i straffelova og legemiddellova
Vedtak nr. 960, 10. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen, innen våren 2026, utrede og sende på høring et lovforslag som sikrer at politiet ikke straffeforfølger narkotikaovertredelser etter legemiddelloven og mindre alvorlige overtredelser av straffeloven § 231, der lovbryteren yter assistanse, er til stede eller tilkaller nødetater i akutte nødsituasjoner, eller der en slik overtredelse avdekkes hos fornærmede ved anmeldelse av andre straffbare forhold, med sikte på deretter uten unødig opphold å komme tilbake til Stortinget med et lovforslag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.
Vedtaket er under behandling.
Endringar i straffelova og legemiddellova
Vedtak nr. 963, 10. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre regelverket om tilbakekall av førerrett på grunn av rusmiddelbruk og gi veiledning om praksis for å sikre at hensynet til rettssikkerhet og forholdsmessighet ivaretas.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.
Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet, i samråd med Samferdselsdepartementet, som har forvaltningsansvaret for vegtrafikklova, har bede om Politidirektoratets vurdering og forslag til ei slik tydeleggjering og rettleiing om praksis som Stortinget oppmodar om i vedtaket.
Politiet sin tvangsmiddelbruk i narkotikasaker
Vedtak nr. 964, 10. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennom tildelingsbrev legge til rette for at Den høyrere påtalemyndighet følger med på politiets tvangsmiddelbruk i mindre alvorlige narkotikasaker, herunder ved å føre en åpen statistikk over omfanget og resultatene av narkotikatesting. Videre bes regjeringen legge til rette for at Den høyere påtalemyndighet gjennomfører en undersøkelse av tvangsmiddelbruk, tilsvarende den som ble gjennomført i 2022, etter at de foreslåtte endringene i legemiddelloven har virket i ett år.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 L (2024–2025), Innst. 518 L (2024–2025) og Lovvedtak 118.
Vedtaket er følgt opp. Det er i tildelingsbrev til Den høgare påtalemakta for 2026 gitt oppdrag med tilhøyrande rapportering.
Forvaltningslova – Personalsaker i interkommunale selskap som enkeltvedtak
Vedtak nr. 966, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen vurdere om personalsaker i interkommunale selskaper og oppgavesamarbeid fortsatt skal defineres som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, eller om det er mest hensiktsmessig at det utelukkende reguleres gjennom arbeidsmiljøloven.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Forvaltningslova – beredskapsheimel
Vedtak nr. 967, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene for bruk av beredskapshjemmelen i forvaltningsloven og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Forvaltningslova – automatisert saksbehandling
Vedtak nr. 968, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen evaluere virkningene av lovendringene i forvaltningsloven om automatisert saksbehandling og automatiserte avgjørelser innen tre år etter lovens ikrafttredelse.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Forvaltningslova – rettleiingsplikta
Vedtak nr. 969, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen følge opp overfor forvaltningen gjennom forskrift, veiledninger etc. og understreke at veiledningsplikten først kan anses som oppfylt når informasjonen er mottatt og forstått av den enkelte.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket blir følgt opp gjennom veiledning og opplæring knytt til ny forvaltningslov.
Forvaltningslova – saksbehandlingstid
Vedtak nr. 970, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte innskjerpe overfor forvaltningen at forvaltningslovens bestemmelser vedrørende krav til saksbehandlingstid og personer og virksomheters rett til svar blir ivaretatt.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket blir følgt opp gjennom veiledning og opplæring knytt til ny forvaltningslov.
Forvaltningslova – administrative sanksjonar
Vedtak nr. 971, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sørge for at rettssikkerheten ivaretas når staten ilegger privatpersoner og virksomheter administrative sanksjoner, og ber regjeringen utrede hvordan kravene til saksbehandling som EMK artikkel 6 oppstiller for slike saker, kan ivaretas.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 478 L (2024–2025).
Vedtaket er under behandling.
Generell væpning av norsk politi
Vedtak nr. 1061, 12. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige lovendringer for å innføre generell bevæpning av politiet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:89 S (2024–2025) og Innst. 523 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp. Regjeringa foreslo oppfølging av vedtaket i Prop. 81 L (2025–2026) om endringar i politilova for generell væpning av politiet. Endringa erstattar heimelen Politidirektoratet har til å avgjere at politiet skal vere væpna i den daglege tenesta, med ei føresegn om at politiet som hovudregel skal vere væpna med skytevåpen i tenesta. Lovendringa er vedteken, og vil bli sett i kraft snarleg.
Strengare og meir effektiv praksis for bortvising, utvising og utsending
Vedtak nr. 1219, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen påse at utlendingsmyndighetene sammen med politiet foretar en gjennomgang av mulighetene for en strengere og mer effektiv praksis for bortvisning, utvisning og utsendelse av utlendinger uten lovlig opphold og uten sterk familietilknytning, som politiet har konkrete holdepunkter for at også er involvert i kriminalitet, herunder narkotikakriminalitet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025).
Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har saman med politiet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda gått gjennom sentrale sider ved regelverket og praksisen for utvising av utlendingar som kan knytast til kriminalitet i Noreg. Som del av dette arbeidet har etatane gått gjennom saksgangen i dei aktuelle sakene og vurdert moglegheitene for forbetringar.
Departementet gav 27. januar 2026 ut instruks GI-01/2026 Utvising etter EØS-regelverket i tilfelle der det ikkje er ilagd straff. Vidare gav departementet 29. mai i år ut GI-03/2026 Instruks om tolking av utlendingslova si føresegn om utvising av mindreårige EØS-borgarar.
Departementet sende òg 16. mars 2026 på høyring eit framlegg om utvida heimel for utvising av utlendingar som det er grunn til å frykte vil gjere seg skuldige i kriminalitet, og vil fremje ein lovproposisjon som følgjer opp dette framlegget så raskt som mogleg.
Det er også varsla at det blir arbeidd med ei rekkje andre innstrammande tiltak som vil bli lagde fram fortløpande så snart dei er tilstrekkeleg førebudde.
2.3 Stortingssesjonen 2023–2024
Advokatordning for innsette i fengsel
Vedtak nr. 83, 21. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen opprette en advokatordning for innsatte i norske fengsler innen 1.1.2025, og komme tilbake til hvordan en slik ordning kan innrettes i løpet av 2024.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Regjeringa kom tilbake til Stortinget med forslag til oppfølging i Prop. 103 L (2024–2025) Endringer i rettshjelpsloven mv. (prioriterte sakstyper for rettshjelp) punkt 5. Ved lov 20. juni 2025 nr. 82 om endringer i rettshjelpsloven mv. (prioriterte sakstyper for rettshjelp mv.) er innsette gitt rett til advokatbistand i nærmare definerte tilfelle av utelukking frå fellesskap, bruk av tryggingsseng og tryggingscelle. Desse sakene er valde ut fordi dei er dei viktigaste sakstypane, og fordi det er ein avgrensa ressurssituasjon. For saker som ikkje er omfatta av det som er teke inn som prioriterte område etter rettshjelpslova, vil det vere mogleg å søke om rettshjelp etter unntaksføresegna i rettshjelpslova § 11. Det er presisert i forarbeida til denne føresegna, jf. Prop. 103 L (2024–2025) punkt 14.4, at det er fleire sakstypar knytte til gjennomføringa av straff som det kan vere aktuelt å søkje om rettshjelp i, til dømes klage på andre tvangsmiddel eller kontrolltiltak som inneber element av tvang, klage over vedtak om ufrivillig overføring til eit anna fengsel, klager i saker om avbrot i straffa grunngitt i den innsette si fysiske eller psykiske helse med vidare. Det går vidare fram at departementet legg til grunn at vilkåra for å innvilge fritt rettsråd etter unntaksføresegna oftare vil vere oppfylte for innsette under 18 år.
Lovendringane er sette i kraft, og det er løyvd midlar til kriminalomsorga for å leggje til rette for at innsette skal bli informerte om og kunne nytte seg av advokatbistanden. Kriminalomsorgsdirektoratet har informert dei ulike regionskontora om endringane i rettshjelpslova, og fengsla skal sørge for at føresegna blir gjort kjend for dei innsette. Direktoratet har òg oppdatert malverket for relevante vedtak, med informasjon om retten til advokatbistand i desse sakstypane.
Behovet befolkninga har for advokatbistand som heilt eller delvis blir finansiert av det offentlege, bør i hovudsak søkast dekt gjennom rettshjelpsordninga. Rettshjelpsordninga rettar seg ikkje mot grupper, men mot nærmare bestemte sakstypar. Dersom alle sakstypar som innsette kan ha behov for bistand i, skulle vore prioriterte sakstypar etter rettshjelpsordninga, ville det vore svært kostbart. I fleire sakstypar er det likevel, for innsette som for store delar av befolkninga elles, behov for bistand av eit meir avgrensa omfang. I tråd med det departementet skriv i Prop. 103 L (2024–2025) punkt 3, er departementet i gang med å vurdere om det finst høve til å levere lett tilgjengeleg rettshjelp av avgrensa omfang til eit breiare lag av befolkninga. Såkalla «førstelinjebistand» til befolkninga, mellom anna innsette, blir derfor følgd opp i samband med oppfølginga av vedtak nr. 930, 6. juni 2025.
Forbod mot marknadsføring av kreditt
Vedtak nr. 109, 7. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot markedsføring av kreditt (usikret lån) og forbrukslån.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2023–2024) og Innst. 81 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nytt direktiv om forbrukarkredittavtalar, (EU) 2023/2225, som bl.a. inneheld reglar om marknadsføring av kredittavtalar. Frist for iverksetjing av direktivet i EU er 20. november 2026. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med eit høyringsnotat.
Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn
Vedtak nr. 136, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av omvendt voldsalarm før beslutning om at barn må flytte og bo på hemmelig adresse/kode 6.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. På bakgrunn av ei risikovurdering i den enkelte sak, avgjer politiet kva slags vernetiltak som er mest eigna og minst inngripande for den som skal vernast. Dersom omvend valdsalarm blir vurdert som eigna i ei sak, er det dette vernetiltaket som vil bli sett i verk. I andre tilfelle der trusselbiletet tilseier at omvend valdsalarm ikkje gir tilstrekkeleg vern, må andre tiltak, t.d. adressesperre eller bruk av fiktiv identitet vurderast.
Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod
Vedtak nr. 137, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om at det skal fremgå direkte av loven at hensynet til barn skal ha særlig vekt i vurderingen av om elektronisk kontroll ved besøksforbud er nødvendig og forholdsmessig.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Det følgjer av Grunnlova § 104 at kva som er best for barnet, skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som vedkjem barn. Prinsippet om barnet sitt beste er òg slått fast i Barnekonvensjonen artikkel 3. Her går det fram at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn, inkludert handlingar som blir gjorde av domstolar eller andre offentlege myndigheiter. Barnekonvensjonen er gjort til norsk lov gjennom menneskerettslova, og har ved motstrid forrang framfor føresegner i anna lovgiving, jf. § 3 i lova. Ved brev 20. mars 2024 har riksadvokaten gitt nærmare retningslinjer for påtalemakta sine vurderingar av om elektronisk kontroll ved besøksforbod er naudsynt og forholdsmessig. Her blir det understreka at moglege konsekvensar for involverte barn veg tungt, og at påtalemakta så langt det er mogleg må kartleggje om det er behov for flytting, skulebyte, opphald på krisesenter, eller om barnet sitt kvardagsliv på annan måte blir påverka negativt utan elektronisk kontroll, sjå punkt 4.2. Desse retningslinjene legg til rette for at den lovfesta norma om at det beste for barnet skal tilleggjast særleg vekt, vert følgd opp i praksis. Heimelen for å ileggje elektronisk kontroll ved besøksforbod er straffeprosesslova § 222 g. Det vil vere lovteknisk uheldig å ta inn omsynet til barnet sitt beste direkte i denne føresegna, sidan det allereie følgjer av andre føresegner at barnet sitt beste er eit særleg tungtvegande omsyn. Det vil òg kunne skape ein meir uoversiktleg og uklar rettstilstand, og reise spørsmål om kva vekt omsynet til barnet sitt beste skal ha i vurderingar etter andre lovføresegner.
Betre reintegrering av ekstremistar
Vedtak nr. 140, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre bedre reintegrering av ekstreme gjennom forbedrede exit-program, blant annet gjennom å oppdatere veilederen for exit-arbeid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).
Vedtaket har blitt følgt opp. I Noreg har vi ikkje eit eige nasjonalt exit-program for enkeltpersonar som søker bistand for å trekkje seg ut av ekstreme miljø. Dette arbeidet blir handtert i dei etablerte strukturane som har ansvar for og kompetanse til å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Exit-arbeidet blir skreddarsydd til den enkelte som ønskjer seg ut av eit ekstremistisk miljø eller tankesett, og blir gjennomført på tvers av etatar og fagmiljø. Regjeringa vil, som nemnt i Meld. St. 13 (2024–2025), gi relevante underliggjande verksemder i oppdrag å oppdatere rettleiaren for exit-arbeid.
Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel med og produksjon av mat i kriser
Vedtak nr. 562, 18. april 2024
«Stortinget ber regjeringen sikre at kritiske samfunnsfunksjoner gis fortrinn ved kriser slik at blant annet handel og produksjon av matvarer går mest mulig normalt under en krise.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer vedtaket i samband med arbeidet med oppfølginga av Totalberedskapsmeldinga og regjeringa sin nye Nasjonale tryggleiksstrategi. Regjeringa har identifisert ni kritiske samfunnsområde som vi er avhengige av også i krise og krig. Matforsyning er eitt av desse. Eit hovudformål med utpeikinga er å sikre evna til å oppretthalde funksjonalitet innanfor desse ni områda i krise og krig. Dette arbeidet er i gang, og blir bl.a. sett i samanheng med utarbeidinga av den første langtidsplanen for sivil beredskap som regjeringa vil fremje i 2026.
Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar
Vedtak nr. 613, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til lovfesting av kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner og sende lovforslag på høring innen våren 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Det har vore sett ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe med oppdrag å utgreie lovfesting av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. I tillegg til å utgreie moglegheitene for lovfesting av kommunale handlingsplanar, har arbeidsgruppa òg vurdert andre tiltak som kan bidra til at kommunane utviklar slike planar. Den tverrdepartementale arbeidsgruppa leverte sin rapport i 2025. Parallelt med arbeidet med forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar, har regjeringa sett ned ein kommisjon som skal foreslå endringar i staten sin styring av kommunesektoren. Forslag til endringar skal leggje til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen leverte sin første rapport NOU 2026: 1 En bærekraftig kommunesektor ved årsskiftet, og andre delrapport er venta i løpet av 2026. Den vidare oppfølginga av vedtaket blir sett i samanheng med oppfølginga av kommunekommisjonen sitt arbeid, og vil etter planen fortsetje våren 2027.
Utvide målgruppa for barnehusa
Vedtak nr. 616, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av planperioden (2024–2028) utvide målgruppen for barnehusene til å gjelde mistenkte barn, innenfor de lovbruddstyper som gjelder for utsatte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Frå 2024 er målgruppa for barnehusa utvida slik at mistenkte under 16 år i saker som gjeld seksuelle overgrep, òg er omfatta. Vidare utviding av målgruppa vil blir vurdert når det er henta inn et breiare erfaringsgrunnlag.
Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år
Vedtak nr. 617, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvdel av planperioden (2024–2028) utrede og komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide målgruppen for barnehusene, slik at også barn mellom 16 og 18 år kan få tilrettelagte avhør på lik linje med andre barn».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket krev ei nærmare utgreiing som førebels ikkje er sett i gang. Det må bl.a. greiast ut om ei utviding av målgruppa for tilrettelagt avhøyr vil innebere ei utviding av tilgangen til å forklare seg utanfor retten òg, sidan fleire då vil bli omfatta av føresegna om tilrettelagde avhøyr.
Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar
Vedtak nr. 618, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene om dødsstedsundersøkelse når barn dør plutselig og uventet, og vurdere behovet for lovendringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024) (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. I ei tolkingsfråsegn frå 2009 har Lovavdelinga gitt uttrykk for at det er tvilsamt om ein kan etablere ei ordning med obligatorisk dødsstadsundersøking innanfor ramma av Grunnlova § 102 (og EMK artikkel 8), men det er ikkje gjort ei full ny vurdering av dette spørsmålet. Det kan ikkje utelukkast at det kan vere rom for å gi reglar som opnar for dødsstadsundersøking i fleire tilfelle enn i dag, men det føreset krevjande rettslege vurderingar.
Før det eventuelt blir sett i gang nærmare vurderingar av det rettslege handlingsrommet, må behovet for obligatorisk dødsstadsundersøking, og korleis ei slik ordning bør avgrensast, greiast ut.
Endringar i politilova og vaktverksemdlova
Vedtak nr. 634, 14. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med nytt forslag til endringer i vaktvirksomhetsloven § 2. I arbeidet med et nytt forslag må berørte parter involveres, med hensikt å unngå negative følger for yrkesgrupper som jobber på lufthavner.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2023–2024) og Innst. 275 L (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Justis- og beredskapsdepartementet har følgt opp oppmodingsvedtaket i samarbeid med Samferdselsdepartementet. Etter ei omfattande involvering av aktørar det vedkjem og framlegging av nytt forslag med justeringar og modifiseringar av det opphavelege forslaget, registrerer departementa framleis ein betydeleg motstand frå NHO Service og Handel, Norsk Arbeidsmandsforbund og Parat mot å gjere endringar i verkeområdet til vaktverksemdslova. Justis- og beredskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet har etter ei samla vurdering konkludert med at det ikkje vil bli fremma eit nytt forslag til endringar i verkeområdet til vaktverksemdlova på noverande tidspunkt. Ein går ut frå at den teknologiske utviklinga på sikt vil auke automatiseringa av den rolla som tryggleikskontrollørar ved flyplassar har når det gjeld mellom anna analyse av røntgenbilete, mens det vil vere behov for menneskeleg kontakt og skjønn ved fysiske kontrollar og handtering av kriser.
Regjeringa foreslår å oppheve vedtaket, jf. forslag til vedtak.
Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse
Vedtak nr. 658, 23. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at det ved familiegjenforening stilles krav om erklæring om at ekteskapet er inngått av egen fri vilje og at man anerkjenner hverandres like rett til skilsmisse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Organisering av advokatverksemd
Vedtak nr. 719, 6. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen forskriftsfeste at forsikringsadvokater kan utøve advokatvirksomhet som en del av rettshjelpforsikringen i tråd med forslag til ny forskrift § 9 som tidligere foreslått i høring.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 L (2023–2024) Lov om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.), Innst. 392 L (2023–2024) og Lovvedtak 84 (2023–2024).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd løper ut.
Førehandsdeklarering av inn- og utførsel av kontantar
Vedtak nr. 753, dato 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen stille krav om elektronisk forhåndsdeklarering av større pengeverdier som skal fraktes inn og ut av landet, samt innføre krav om å opplyse om pengenes opprinnelse, og komme tilbake til Stortinget om dette innen revidert nasjonalbudsjett for 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet ga hausten 2025 eit oppdrag til Politidirektoratet om i samarbeid med Tolletaten å greie ut moglege løysingar. Svar på oppdraget vart levert 15. juni 2026 og er no til oppfølging i departementet.
Fleirårige planar for politiet
Vedtak nr. 755, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for flerårige planer for politiet og komme tilbake i statsbudsjettet for 2025 med forslag om hvordan dette skal gjennomføres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Sjå elles omtale under vedtak 626 frå stortingssesjon 2024-2025, og omtale under kategori 06.40.
Utgreiing av søknadsplikt ved kjøp av visse eigedommar i Noreg
Vedtak nr. 758, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede en plikt til å søke tillatelse til kjøp av visse eiendommer, herunder om det bør være begrensninger i hvem som kan kjøpe eiendom nær viktige militære installasjoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. I totalberedskapsmeldinga går det fram at regjeringa vil auke kontrollen med eigedom av omsyn til nasjonal tryggleik. Regjeringa vil greie ut pliktig eigarskapsregistrering for å oppnå tilstrekkeleg oversikt over og kontroll med eigarskap til fast eigedom, og vil foreslå naudsynte regelendringar som sikrar ein godkjenningsmekanisme for kjøp av visse eigedommar. Kartverket har gjennomført ei konseptvalutgreiing for pliktig eigarskapsregistrering. Rapporten vart overlevert til kommunal- og distriktsministeren 19. juni 2025. Regjeringa arbeider med å finne ei formålstenleg innretning på ein godkjenningsmekanisme for kjøp av visse eigedommar.
Forelding av krav som er under klagebehandling
Vedtak nr. 766, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå lovendringer for å sikre at foreldelsesfristen ikke begynner å løpe så lenge et krav er gjenstand for klagebehandling i forvaltningen eller gjenstand for klagebehandling hos privat motpart.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:75 S (2023–2024) og Innst. 418 S (2023–2024).
Vedtaket er følgt opp. Departementet har utgreia spørsmålet, og eit forslag til lovendringar vil bli sendt på høyring hausten 2026 eller vinteren 2027.
Bevisførsel om opplysning som er underlagd teieplikt hos Sivilombodet
Vedtak nr. 767, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen følge opp brev til Stortingets presidentskap fra Sivilombudet av 20.april 2023 om – Oppfølging av Dokument 21 (2020–2021) – bevisførsel om opplysning underlagt taushetsplikt hos Sivilombudet – og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som ivaretar intensjonen i brevet.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 352 L (2023–2024).
Vedtaket er under behandling.
Utanlandske kvinner som blir utsette for vald, vidare opphald
Vedtak nr. 771, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med nødvendige endringsforslag vedrørende oppfølgingen av kvinner som utsettes for vold, men som ikke tør å be om hjelp av bekymring for å bli sendt til hjemlandet. Saken må inkludere en vurdering av utlendingsloven § 53 b, som i dag regulerer fortsatt opphold etter samlivsbrudd på bakgrunn av vold.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger) og Innst. 427 L (2023–2024).
Vedtaket er under behandling og blir følgt opp i samband med oppfølginga av NOU 2024: 13 Lov og frihet.
Lov om forbrukarleige av ting
Vedtak nr. 916, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget i løpet av vårsesjonen 2026 med forslag om en forbrukerlovgivning for leie av ting, for å sikre et heldekkende forbrukervern for leie, leasing og delingstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet sende 22. desember 2025 eit forslag til ei ny leigelov på høyring. Forslaget vil regulere avtalar om leige av ting mellom forbrukarar og næringsdrivande og skal gi forbrukarane tydelege rettar, skape føreseielegheit for næringslivet og bidra til grøn omstilling. Lovforslaget inneheld òg særskilde reglar om privatleasing. Høyringsfristen var 30. mars 2026. Departementet arbeider no med ein lovproposisjon om ny leigelov.
2.4 Stortingssesjonen 2022–2023
Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap
Vedtak nr. 132, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket har blitt følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet er i dialog med den nyetablerte direktoratsgruppa som følgjer arbeidet mot vald mot barn og vald i nære relasjonar, for utforming av eit nasjonalt førebyggingsprogram. Statens sivilrettsforvaltning (SRF), som har sekretariatsansvar for partnardrapskommisjonen, deltek i direktoratsgruppa. Ein tek sikte på å starte arbeidet med programmet i løpet av hausten 2026.
Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar
Vedtak nr. 133, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Vedtaket blir sett i samanheng med vedtak 613 frå stortingssesjon 2023-2024, sjå omtale under dette vedtaket.
Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde
Vedtak nr. 139, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling. Eit forslag som følgjer opp oppmodingsvedtaket, vart sendt på høyring 8. mai 2024, sjå høyring av forslag til endring av straffegjennomføringsloven og forskrift om straffegjennomføring mv. (bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i kriminalomsorgen), punkt 7.7. I høyringsnotatet foreslo departementet å opne for bruk av digitale kontrolltiltak, mellom anna sporingsteknologi (til dømes fotlenke med GPS-sendar), dersom slik kontroll er naudsynt for å sikre ein forsvarleg straffegjennomføring, utgang eller prøvelauslating, eller slik kontroll er formålstenleg for å kontrollere føresetnader eller vilkår for den aktuelle straffegjennomføringa, utgangen eller prøvelauslatinga. Høyringsfristen var 2. september 2024. Departementet følgjer no opp høyringa.
Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid
Vedtak nr. 616, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Sakskostnader i sivile saker
Vedtak nr. 618, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort
Vedtak nr. 644, 9. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Tydeleige heimlar for politiets samarbeid på arbeidskriminalitetsfeltet
Vedtak nr. 729, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp. Sjå omtale under vedtak 789, 794 og 800 under Stortingssesjon 2024–2025.
2.5 Stortingssesjonen 2021–2022
Organisering av advokatverksemd
Vedtak nr. 504, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd går ut.
Vedtak nr. 506, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov, ny advokatforskrift og overgangsreglar, irekna for internadvokatar (bl.a. forsikringsadvokatar), har tredd i kraft. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket krev at ein vurderer endringar i lov og forskrift. Vurderinga er påbyrja. Oppmodingsvedtaket blir følgt opp så raskt som mogleg, og i god tid før overgangsregelen i advokatlova § 73 trettande ledd går ut.
Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar
Vedtak nr. 581, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet ser denne saka i samanheng med forslaget frå EU om å innføre ei tilsvarande plikt, men arbeidet i EU er forseinka, då det ikkje er semje om heile forordninga. Ei mellombels forordning er vedteken, som gir tenestetilbydarane ein heimel til å melde frå om mogleg overgrepsmateriale, og forordninga vil bli teken inn i norsk rett ved ikraftsetjinga av den nye e-komlova. I samband med arbeidet er det gjennomført ein høyring av eit tidlegare utkast frå EU-kommisjonen, og ei interdepartemental arbeidsgruppe har hatt fleire møte, også med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Kripos og Datatilsynet. Oppmodningsvedtaket vil bli følgt opp innanfor den endelege forordninga i EU når denne er vedteken.
Regelverk om varsling frå kriminalomsorga
Vedtak nr. 582, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Eit forslag om varslingsplikt for kriminalomsorga om straffegjennomføringa til domfelte har vore på høyring. Høyringsfristen gjekk ut 1. april 2025. Regelverksarbeidet er gjennomført og regjeringa tek sikte på å leggje fram eit lovforslag i 2026 om endringar i straffegjennomføringslova.
Tryggleik for personar med funksjonshindring
Vedtak nr. 654, 3. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Forslag til ny forskrift om tilfluktsstader er sendt på alminneleg høyring 19. juni 2026 med frist 30. oktober. Det er foreslått at utsette kommunar skal vurdere behovet for tilfluktsstader og utarbeide konkrete planar. Kommunane skal særleg ta omsyn til behovet for vern i bygg berekna for sårbare grupper som etter folkeretten har krav på særleg vern, slik at mellom anna personar med funksjonshindringar får eit tilfredsstillande vern. Høyringsforslaget er sendt til bl.a. organisasjonar som representerer personar med funksjonshindringar. Omsynet til sårbare grupper, inkludert personar med funksjonshindringar, vil også vere ein del av det pågåande arbeidet med utvikling av nytt vernekonsept. Dette er den delen av arbeidet som er prioritert no.
Forbod mot sal av forfalne fordringar
Vedtak nr. 795, 15. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere vedtaket i samanheng med reglar i direktiv (EU) 2021/2167 om kredittenestefirma og kredittkjøparar og direktiv (EU) 2023/2225 om forbrukarkredittavtalar.
2.6 Stortingssesjonen 2020–2021
Utviding av avverjingsplikta
Vedtak nr. 47, 3. november 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300,301, 302, 304 og 305.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Lovbrot som nemnde i straffelova § 293 (grov valdtekt), § 300 (minstestraff for valdtekt til samleie av barn under 14 år) og § 301 (grov valdtekt av barn under 14 år) var omfatta av avverjingsplikta allereie då oppmodingsvedtaket vart fatta, jf. at § 291 (valdtekt) og § 299 (valdtekt av barn under 14 år) er, og var, nemnde i § 196. Straffelova § 292 er oppheva med verknad frå 1. juli 2025. Resten av vedtaket er under behandling. Lovutvalet om negativ sosial kontroll m.m. har i NOU 2024: 13 foreslått at avverjingsplikta blir utvida til å omfatte lovbrota som er nemnde i straffelova § 261 (omsorgsunndraging). Regjeringa har i handlingsplanen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald for 2025–2028 forplikta seg til å gjennomgå utvalet sitt forslag i løpet av handlingsplanperioden.
Forelding av lovbrot mot mindreårige
Vedtak nr. 50, 3. november 2020
«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159 av 7. juni 2021.
Tilgjengelege dopingopplysningar
Vedtak nr. 64, 10. november 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Kultur- og likestillingsdepartementet sende 30. juni 2026 forslag til lov om antidopingarbeidet og arbeidet mot manipulering av idrettskonkurransar på høyring. Eit lovforslag vil kunne følgje opp vedtaket.
Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping
Vedtak nr. 65, 10. november 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Som nemnt i brevet til justiskomiteen 25. mars 2019, frå dåverande konstituert justis- og innvandringsminister Jon Georg Dale, i fråsegn til det nemnde representantforslaget, er fleire former for omgang med dopingmidlar straffbart, og det strafferettslege ansvaret er vidtrekkande. Som óg uttalt i nemnde brev, kan bruk av dopingmidlar etter tilhøva óg straffast som bedrageri etter straffelova § 371 mv.
Ein idrettsutøvar som vinn ein konkurranse ved hjelp av doping, og dermed tek imot ein premie med økonomisk verdi, kan etter tilhøva gjere seg skuldig i bedrageri. Utøvaren kan seiast å utnytte ein «villfarelse» hos arrangørar og konkurrentar om at utøvaren ikkje er dopa, og dermed skaffe seg ein «uberettiget vinning». Arrangørar kan seiast å bli «forlede[t]» til å feilaktig betale ut ein premie som skulle ha gått til ein konkurrent, mens konkurrentane kan seiast å bli «forlede[t]» til å unnlate å protestere mot sigeren til den dopa utøvaren. Ein eller fleire konkurrentar av utøvaren lir dermed «tap eller fare for tap». Tredjepersonar som bidreg, vil etter tilhøva kunne straffast for medverking til slikt bedrageri. Medverkingsansvaret i norsk strafferett er vidtrekkande, og kan ramme personar frå til dømes sponsorar, forbund, støtteapparat, som hjelper utøvaren i å utføre bedrageri som nemnd, med kjennskap til at vedkommande er dopa. Andre som utfører etterfølgjande bistand for å sikre eller ta i mot utbytte frå slikt bedrageri, kan etter tilhøva straffast for heleri etter straffeloven § 332. Etter regjeringas vurdering er det ikkje behov for nye reglar i straffeloven for å kunne straffeforfølgje desse tilfella.
For handlingar som inneber at tredjepersonar på andre måtar tener pengar som en følgje av idrettsprestasjonane til ein dopa utøvar, til dømes gjennom auka sal av varer, rettar, eller billettar, vil det vere meir usikkert om vilkåra i straffeloven § 332 eller § 371 er oppfylte. Etter regjeringas syn er det likevel ikkje tenleg å gå vidare med ein vurdering av om dette tilseier endringar i straffeloven no. For det første kan det vere usikkert om slike personar i praksis vil vere kjende med at utøvaren er dopa, noko som truleg ofte vil bli heldt skjult for flest mogleg. For det andre bør ein mogeleg vurdering av om straffeansvaret for slike handlingar bør utvidast, ta utgangspunkt straffeloven § 332 og § 371 meir generelt, og ikkje vere avgrensa til vinning og utbytte i samband med bruk av doping i idretten. Regjeringa vurderer fortløpande om samfunnsutviklinga tilseier at det er behov for endringar i straffelova.
Når det gjeld inndraging, vil dei generelle inndragingsreglane i straffelova kunne gi heimel for å inndra utbytte frå bedrageri som nemnd. I tillegg la regjeringa 5. desember 2025 fram forslag om å innføre ei ny ordning for inndraging utan straffedom, jf. Prop. 27 L (2025–2026), som vil gi eit meir effektivt inndragingsregelverk.
Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern
Vedtak nr. 206, 7. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Det blir lagt til grunn at intensjonen bak oppmodingsvedtaket er å avgrense talet på asylsøkarar med rett til subsidiært vern til Noreg, gjennom å ha eit regelverk for denne gruppa som ikkje fråvik i betydeleg grad frå regelverket i andre land vi naturleg samanliknar oss med (dvs. at Noreg ikkje verkar som eit meir «attraktivt» land å søke asyl i). Noreg er det einaste landet i Europa som har et såkalla «utvida» flyktningomgrep, der det ikkje skilst mellom personar med rett til status som flyktning etter flyktningkonvensjonen og personar med rett til subsidiært vern. Vi har ikkje ei folkerettsleg forplikting til å ha eit felles flyktningomgrep for alle med rett til internasjonalt vern.
Dei aller fleste som i dag får vern, anerkjennast likevel som konvensjonsflyktningar. I 2020 vart det dessutan innført auka mellombelsordningar for alle flyktningar, ved at flyktningar no først kan få rett til permanent opphaldsløyve etter fem års butid (tidlegare var kravet til butid tre år). Det betyr at noko av det ein truleg har ønskt å oppnå, nærmare bestemt utvida bruk av mellombelsordningar og tilgang til å vurdere opphøyr av flyktningstatus og tilbakekall av opphaldsløyve over eit noko lengre tidsrom, allereie er nådd – og det både for konvensjonsflyktningar og for personar med subsidiært vern. Ei eventuell innføring av eit skilje mellom ulike kategoriar av vern vil og innebere auka ressursbruk hos Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE), dvs. at UDI vil bruke noko lengre tid på å avgjera kva kategori søkaren fell i, og dei må truleg og bruke tid på å førebu fleire klager, og at UNE må behandle fleire klager.
Samla sett meiner departementet at effekten av tiltaket vil være svært avgrensa, samtidig som saksbehandlinga vil bli meir ressurskrevjande. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på egna vis.
Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet
Vedtak nr. 443, 18. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Fornyingsordning for barneomsorgsattest
Vedtak nr. 627, 18. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 S (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628 av 18. februar 2021.
Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga
Vedtak nr. 628, 18. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 S (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar av ulike digitale forenklingsmoglegheiter. I samråd med andre involverte departement vurderer Justis- og beredskapsdepartementet behovet for å utvide barneomsorgsattesten slik at han gir merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627 av 18. februar 2021.
Identitetsskjerming for polititilsette
Vedtak nr. 682, 25. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. NOU 2024: 5 Maktens ansikt – Skjermet identitet for ansatte i politiet og kriminalomsorgen?, som vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet 21. mars 2024, har vore på høyring med frist 15. august 2024. Departementet arbeider med forslag til lovproposisjon.
Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga
Vedtak nr. 848, 27. april 2021
«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 S (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skulle vurderast nærmare. Fleire endringar i lova, bl.a. i terminologien, vart foreslått i eit høyringsnotat datert 18. november 2024, med høyringsfrist 14. februar 2025. Departementet arbeider no vidare med oppfølginga av høyringa og den vidare gjennomgangen av ordninga. Vidare vart det innført ein ny modell for godtgjering til verjer frå og med 1. januar 2025. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70. Arbeidet med den vidare revisjonen av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.
Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren
Vedtak nr. 983, 25. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Stortinget vedtok i februar 2026 at Forsvaret skal ta over som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø. Dette inneber anskaffing av to nye redningshelikopter av typen AW101 SAR Queen, og etablering av naudsynt bygningsmasse i Tromsø. Det er i 2026 inngått kontrakt om levering av desse nye helikoptera. Basen er planlagd å vere ferdig i 2030.
Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn
Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50 av 3. november 2020.
Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel
Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet tek sikte på å vurdere spørsmålet i samanheng med eit større arbeid knytt til regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet.
2.7 Stortingssesjonen 2019–2020
Reklamasjonsfrist på bustader
Vedtak nr. 515, 21. april 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).
Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nye forbrukarvernreglar som gjer at ein bør vurdere norske reglar om absolutte reklamasjonsfristar i ein større samanheng.
2.8 Stortingssesjonen 2017–2018
Eige lovverk for Statens barnehus
Vedtak nr. 795, 29. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil i samarbeid med Politidirektoratet setje i gang eit utgreiingsarbeid om eit eige lovverk for Statens barnehus. Oppstarten av ei slik utgreiing vil skje etter at Politidirektoratet har avslutta revisjonen av Felles retningslinjer for Statens barnehus i samarbeid med Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Revisjonen av retningslinjene skal gjerast ferdig innan utgangen av 2026.
2.9 Stortingssesjonen 2016–2017
Korrupsjonsføresegnene i straffelova
Vedtak nr. 523, 23. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om å utvide ansvaret som selskap har for korrupsjonshandlingar.
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet gav ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og har vore på høyring. Rapporten er til oppfølging i departementet.
Utgifter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
Administrasjon |
|||||
|
400 |
Justis- og beredskapsdepartementet |
606 265 |
639 435 |
593 224 |
-7,2 |
|
Sum kategori 06.10 |
606 265 |
639 435 |
593 224 |
-7,2 |
|
|
Rettsvesen |
|||||
|
61 |
Høgsterett |
146 196 |
145 381 |
151 699 |
4,3 |
|
410 |
Domstolane |
3 522 126 |
3 768 390 |
3 921 620 |
4,1 |
|
411 |
Domstoladministrasjonen |
94 931 |
0,0 |
||
|
414 |
Forliksråd og andre domsutgifter |
432 481 |
427 082 |
479 274 |
12,2 |
|
Sum kategori 06.20 |
4 195 734 |
4 340 853 |
4 552 593 |
4,9 |
|
|
Straffegjennomføring og konfliktråd |
|||||
|
430 |
Kriminalomsorga |
6 652 416 |
6 938 115 |
7 502 128 |
8,1 |
|
431 |
Kriminalomsorgsdirektoratet |
185 199 |
0,0 |
||
|
432 |
Høgskolen for kriminalomsorg |
294 032 |
335 145 |
318 807 |
-4,9 |
|
433 |
Konfliktrådet |
234 844 |
314 483 |
382 675 |
21,7 |
|
Sum kategori 06.30 |
7 366 491 |
7 587 743 |
8 203 610 |
8,1 |
|
|
Politi og påtalemakt |
|||||
|
440 |
Politiet |
26 116 790 |
27 152 266 |
28 260 697 |
4,1 |
|
441 |
Politidirektoratet |
394 229 |
0,0 |
||
|
442 |
Politihøgskolen |
770 092 |
746 529 |
812 551 |
8,8 |
|
443 |
Påtalemakta i politiet |
1 787 359 |
1 740 400 |
1 832 359 |
5,3 |
|
444 |
Politiets tryggingsteneste (PST) |
1 944 932 |
1 964 650 |
2 273 451 |
15,7 |
|
445 |
Den høgare påtalemakta |
409 237 |
406 623 |
417 650 |
2,7 |
|
446 |
Den militære påtalemakta |
71 |
0,0 |
||
|
448 |
Grensekommissæren |
7 155 |
7 617 |
7 850 |
3,1 |
|
Sum kategori 06.40 |
31 429 865 |
32 018 085 |
33 604 558 |
5,0 |
|
|
Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap |
|||||
|
451 |
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap |
2 419 874 |
2 527 334 |
2 880 661 |
14,0 |
|
452 |
Sentral krisehandtering |
29 804 |
31 088 |
29 624 |
-4,7 |
|
453 |
Klareringsdirektoratet |
69 147 |
70 673 |
124 610 |
76,3 |
|
454 |
Redningshelikoptertenesta |
1 864 938 |
2 015 385 |
2 410 324 |
19,6 |
|
455 |
Redningstenesta |
622 240 |
607 070 |
636 177 |
4,8 |
|
457 |
Nasjonalt tryggingsorgan |
551 679 |
587 258 |
785 787 |
33,8 |
|
Sum kategori 06.50 |
5 557 682 |
5 838 808 |
6 867 183 |
17,6 |
|
|
Andre verksemder |
|||||
|
460 |
Spesialeininga for politisaker |
75 139 |
79 060 |
81 217 |
2,7 |
|
461 |
Advokattilsynet |
76 311 |
56 891 |
90 095 |
58,4 |
|
466 |
Særskilde straffesaksutgifter m.m. |
1 812 699 |
1 858 677 |
2 155 335 |
16,0 |
|
467 |
Norsk Lovtidend |
10 852 |
14 284 |
14 713 |
3,0 |
|
468 |
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker |
31 016 |
31 718 |
32 579 |
2,7 |
|
Sum kategori 06.60 |
2 006 017 |
2 040 630 |
2 373 939 |
16,3 |
|
|
Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. |
|||||
|
470 |
Fri rettshjelp |
770 694 |
1 017 163 |
1 019 798 |
0,3 |
|
471 |
Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning |
188 313 |
304 141 |
315 222 |
3,6 |
|
473 |
Statens sivilrettsforvaltning |
945 078 |
786 141 |
940 566 |
19,6 |
|
475 |
Bubehandling |
202 549 |
182 855 |
238 797 |
30,6 |
|
Sum kategori 06.70 |
2 106 634 |
2 290 300 |
2 514 383 |
9,8 |
|
|
Svalbardbudsjettet m.m. |
|||||
|
480 |
Svalbardbudsjettet |
571 062 |
648 148 |
13,5 |
|
|
481 |
Samfunnet Jan Mayen |
70 682 |
64 559 |
66 420 |
2,9 |
|
Sum kategori 06.80 |
70 682 |
635 621 |
714 568 |
12,4 |
|
|
Vern og innvandring |
|||||
|
490 |
Utlendingsdirektoratet |
5 140 133 |
5 114 191 |
5 337 922 |
4,4 |
|
491 |
Utlendingsnemnda |
305 921 |
307 636 |
349 103 |
13,5 |
|
Sum kategori 06.90 |
5 446 054 |
5 421 827 |
5 687 025 |
4,9 |
|
|
Sum programområde 06 |
58 785 424 |
60 813 302 |
65 111 083 |
7,1 |
|
|
Sum utgifter |
58 785 424 |
60 813 302 |
65 111 083 |
7,1 |
Inntekter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
Administrasjon |
|||||
|
3400 |
Justis- og beredskapsdepartementet |
5 045 |
6 819 |
3 458 |
-49,3 |
|
Sum kategori 06.10 |
5 045 |
6 819 |
3 458 |
-49,3 |
|
|
Rettsvesen |
|||||
|
3061 |
Høgsterett |
273 |
0,0 |
||
|
3410 |
Domstolane |
257 743 |
251 315 |
264 923 |
5,4 |
|
3411 |
Domstoladministrasjonen |
78 |
0,0 |
||
|
Sum kategori 06.20 |
258 094 |
251 315 |
264 923 |
5,4 |
|
|
Straffegjennomføring og konfliktråd |
|||||
|
3430 |
Kriminalomsorga |
210 305 |
176 655 |
186 052 |
5,3 |
|
3432 |
Høgskolen for kriminalomsorg |
1 637 |
829 |
860 |
3,7 |
|
3433 |
Konfliktrådet |
25 |
6 |
6 |
0,0 |
|
Sum kategori 06.30 |
211 967 |
177 490 |
186 918 |
5,3 |
|
|
Politi og påtalemakt |
|||||
|
3440 |
Politiet |
2 357 578 |
2 525 536 |
2 655 026 |
5,1 |
|
3442 |
Politihøgskolen |
54 814 |
39 010 |
45 454 |
16,5 |
|
3444 |
Politiets tryggingsteneste (PST) |
18 659 |
17 372 |
18 015 |
3,7 |
|
Sum kategori 06.40 |
2 431 051 |
2 581 918 |
2 718 495 |
5,3 |
|
|
Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap |
|||||
|
3451 |
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap |
1 042 682 |
955 491 |
1 112 045 |
16,4 |
|
3453 |
Klareringsdirektoratet |
423 |
800 |
800 |
0,0 |
|
3454 |
Redningshelikoptertenesta |
32 476 |
33 645 |
34 890 |
3,7 |
|
3455 |
Redningstenesta |
5 133 |
0,0 |
||
|
3457 |
Nasjonalt tryggingsorgan |
39 387 |
49 205 |
51 026 |
3,7 |
|
Sum kategori 06.50 |
1 120 101 |
1 039 141 |
1 198 761 |
15,4 |
|
|
Andre verksemder |
|||||
|
3461 |
Advokattilsynet |
93 768 |
57 204 |
91 118 |
59,3 |
|
Sum kategori 06.60 |
93 768 |
57 204 |
91 118 |
59,3 |
|
|
Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. |
|||||
|
3470 |
Fri rettshjelp |
9 685 |
11 227 |
11 643 |
3,7 |
|
3473 |
Statens sivilrettsforvaltning |
7 152 |
6 995 |
7 254 |
3,7 |
|
Sum kategori 06.70 |
16 837 |
18 222 |
18 897 |
3,7 |
|
|
Svalbardbudsjettet m.m. |
|||||
|
3481 |
Samfunnet Jan Mayen |
15 197 |
7 675 |
7 959 |
3,7 |
|
Sum kategori 06.80 |
15 197 |
7 675 |
7 959 |
3,7 |
|
|
Vern og innvandring |
|||||
|
3490 |
Utlendingsdirektoratet |
2 224 769 |
1 988 973 |
1 948 614 |
-2,0 |
|
3491 |
Utlendingsnemnda |
196 |
0,0 |
||
|
Sum kategori 06.90 |
2 224 965 |
1 988 973 |
1 948 614 |
-2,0 |
|
|
Sum programområde 06 |
6 377 025 |
6 128 757 |
6 439 143 |
5,1 |
|
|
Sum inntekter |
6 377 025 |
6 128 757 |
6 439 143 |
5,1 |