Del 3
Omtale av særlege tema

7 Innspel frå pensjonistorganisasjonane til utforminga av eldrepolitikken

Innspel frå pensjonistorganisasjonane til utforminga av eldrepolitikken.

Regjeringa meiner at pensjonistane skal kunne komme med innspel til utforminga av eldrepolitikken og politikken på andre område som vedkjem dei. Regjeringa inngjekk 20. juni 2022 ein avtale med organisasjonane til pensjonistane og arbeidstakarane om fire årlege møte om statsbudsjetta, for at regjeringa gjennom desse årlege møta kan nyttiggjere seg kompetansen til organisasjonane og innsikta dei har på eit viktig politikkområde. Regjeringa sin politikk på område som vedkjem eldre, vil på denne måten vere betre forankra i ønska og behova til pensjonistane, og verkemidla i politikken for dei eldre kan slik innrettast til det beste for levekåra og livssituasjonen deira. Sjå òg omtale i Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling), kap. 10.

Pensjonist- og arbeidstakarorganisasjonane har til budsjettet for 2027 fremma krav på områda til fleire departement. Regjeringa viser til ønska frå organisasjonane om høgare minstepensjon, betre alderspensjon til uføre og sjukepengerettar etter fylte 67 år. Dette er område som òg er behandla i Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil, Innst. 233 S (2023–2024) frå Arbeids- og sosialkomiteen og i pensjonsavtalen mellom dei daverande regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Departementet arbeider med eit høyringsnotat om oppfølging av pensjonsforliket. Som følge av avtalen om revidert nasjonalbudsjett for 2026 mellom Arbeidarpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne blir satsane for minstepensjon auka med 8 000 kroner i året utover ordinær regulering. Auken skal etter planen utbetalast i september månad 2026, men med etterbetaling frå 1. mai 2026.

Pensjonistorganisasjonane har i møta med regjeringa fremma krav om styrkt kommuneøkonomi. Kommuneøkonomi er eit prioritert område for regjeringa, og dei frie inntektene til kommunane er derfor auka betydeleg dei seinare åra. I 2027 foreslår regjeringa ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 3,2 mrd. kroner, samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2026. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Organisasjonane meiner òg at bustøtta bør styrkast. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning som gjer det enklare for husstandar med låge inntekter å behalde ein eigna bustad. Førre stortingsperiode styrkte regjeringa bustøtta med varige tiltak for om lag 630 mill. kroner, i tillegg til foreløpige tiltak i samanheng med dyrtid og høge straumprisar. Da minstenivåa for alderspensjon blei auka i samanheng med Revidert nasjonalbudsjett for 2026, blei bustøtteregelverket justert for å sikre at einslege mottakarar av alderspensjon ikkje skulle miste bustøtte. Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal vurdere formålet og rolla til bustøtta, både for hushalda, og som ein del av bustad- og sosialpolitikken. Utvalet skal levere ein rapport innan 31. desember 2026.

Organisasjonane har fremma krav om styrking av Husbanken for å bidra til fleire aldersvennlege bustader. Noreg treng fleire bustader, inkludert aldersvenlege bustader, og regjeringa har som mål at det blir tillate å sette i gang bygging av 130 000 bustader innan 2030. Regjeringa tar ei rekke grep for å få fart på bustadbygginga, sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Regjeringa foreslår ei låneramme i Husbanken på 34 mrd. kroner i 2027. Låne- og tilskotsordningane i Husbanken bidrar til fleire aldersvennlege bustader. Regjeringa har òg utvida Husbanken sitt mandat til å støtte kommunane i det bustadpolitiske arbeidet deira. Under Eldreløftet har regjeringa etablert ei ny tilskotsordning til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad. Videre følger regjeringa opp Eldrebustadprogrammet, som regjeringa starta i 2024, jf. Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Programmet skal bidra til at alle har tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. I 2025 har regjeringa dessutan etablert ein eldrebustadallianse, som bl.a. har levert ein rapport med forslag til tiltak for at fleire kan bu heime lenger, jf. tidlegare omtale.

Pensjonistorganisasjonane har vidare fremma krav om ein auke i heildøgns omsorgsplassar. Regjeringa har i 2026 innført og føreslår no fleire forenklingar og forbetringar av investeringstilskotsordninga for heildøgns omsorgsplassar. Regjeringa vil òg legge til rette for at kommunane fornyar og bygger heildøgns omsorgsplassar i takt med framtidige behov og foreslår ei tilskotsramme tilsvarande 1 750 heildøgns omsorgsplassar. Om lag 30 pst. av ramma blir reservert for plasser som gir netto tilvekst.

Det kjem til å bli knappleik på arbeidskraft i åra framover. Samfunnet står overfor store utfordringar, med satsing på forsvar og beredskap, grøn omstilling og ei aldrande befolkning. Samtidig blir barne- og ungdomskulla mindre, og arbeidsstyrken vil ikkje lenger vekse. Det gir oss eit samanfall av større behov for, og lågare tilbod av, kompetent arbeidskraft. Som del av regjeringa sin plan for Noreg (2025–29) utviklar regjeringa kompetansebudsjettet, som blir lagt fram første gong i kapittel 5 i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet. Det vil vere eit prioriteringsverktøy som skal utviklast dei neste fire åra og skal gjere det lettare for institusjonane å jobbe aktivt med dimensjonering av studietilboda, arbeidsdeling og omprioriteringar. Regjeringa la i 2025 fram Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, der eit av tiltaka er å bygge ut kapasiteten i fagskolane i samsvar med kompetansebehova i heile landet. Behova for helsepersonell er store i kommunane, og regjeringa har i rammeløyvinga til universiteta og høgskolane ført vidare bu- og reisestønad til helse- og sosialfagstudentar og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar langt frå campus. Vidare vil regjeringa frå 2027 bl.a. auke kapasiteten ytterlegare i helsefagutdanningane (sjukepleiar-, vernepleie-, bioingeniør- og jordmorutdanningane). Det er ei oppfølging av Helsepersonellplan 2040 og kjem i tillegg til den styrkte kapasiteten i medisin, fysioterapi, vernepleie og sjukepleie dei siste åra. Vi viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet.

På Kultur- og likestillingsdepartementets område er det fremma krav om auke i tilskot til frivilligsentralane og full meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar. Regjeringa foreslår å løyve 3 250 mill. kroner til meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, og legg med det opp til full kompensasjon av godkjente søknader. Regjeringa foreslår òg nær 13 mill. kroner meir i tilskot til frivilligsentralane. Sjå også nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

På Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets område er det fremma krav om heving av den digitale kompetansen blant eldre, medrekna digitalisering og tilgjengeleggjering av offentlege tenester.

Regjeringa foreslår for 2027 at det blir løyva 8 mill. kroner til tilskot til hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Formålet med ordninga er å bidra til at alle innbyggarar skal settast i stand til å bruke digitale verktøy og tenester frå offentlege og private aktørar. Digitaliseringsdirektoratet forvaltar ordninga. Målet med driftstilskotet til Seniornett Norge er å styrke aktivitetar retta mot målgruppa svake eller ikkje-brukarar av internett over 65 år over heile landet. Regjeringa foreslår eit driftstilskot på 5,3 mill. kroner for 2027. Departementet viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

8 Fordrivne frå Ukraina

Regjeringa si handtering av fordrivne frå Ukraina

Over fire og eit halvt år har gått sidan Russland sin fullskalainvasjon i Ukraina, som har drive millionar av menneske på flukt. Frå fullskalainvasjonen til utgangen av juni 2026 hadde om lag 4,4 millionar ukrainarar fått midlertidig kollektivt vern i EU-landa, Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein. I same periode har over 110 000 ukrainske borgarar søkt om vern i Noreg. Noreg har sidan våren 2022 bidratt til felles europeiske tiltak for å avlaste Ukraina og nabolanda ved å overføre 500 fordrivne ukrainarar frå Moldova, og ta imot 550 ukrainske pasientar gjennom EU si ordning for medisinsk evakuering (Medevac).

Regjeringa innførte 11. mars 2022 ei ordning med midlertidig kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal bli vurdert individuelt. Opphaldsløyvet gir ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiesameining og rett til å arbeide. Opphald blir gitt for eitt år om gongen og kan bli fornya eller forlenga i inntil fem år. Det følger av utlendingslova § 34 at ein deretter kan få eit nytt opphaldsløyve innanfor ordninga med kollektivt vern, som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Regjeringa førebur overgangen til nytt opphaldsløyve for fordrivne som når fem års opphaldstid i Noreg. Regjeringa har foreløpig ikkje fastsett nokon dato for når ordninga med midlertidig kollektivt vern skal opphøyre. Det er Kongen i statsråd som avgjer når ordninga ikkje lenger gjeld.

Regjeringa har gjort fleire justeringar i ordninga med midlertidig kollektivt vern dei siste åra. Bl.a. gjeld ikkje ordninga med kollektivt vern lenger for asylsøkarar frå område i Ukraina som utlendingsstyresmaktene vurderer som tilstrekkeleg trygge. Sidan mai 2026 omfattar ordninga heller ikkje menn i alderen 18 til 60 år. Nye asylsøkarar som fell utanfor ordninga med kollektivt vern, får asylsøknaden vurdert individuelt. Mykje tyder på at tiltaka har hatt effekt på innreisetala. Talet som kjem til Noreg har i seinare tid vore lågt, noko som bidrar til å redusere presset på kommunane.

Våren 2026 var det ein nedgang i talet på fordrivne frå Ukraina til Noreg, etter ein auke seinhausten 2025. Det kan likevel oppstå situasjonar der mottakssystemet kjem under svært stort press, f.eks. dersom innreisetala aukar og busettingskapasiteten minkar. Samtidig kan det også komme færre fordrivne frå Ukraina enn venta.

Regjeringa sendte hausten 2026 på høyring eit forslag om ei særordning for vidare opphald for fordrivne på grunnlag av arbeid. Forslaget inneber at fordrivne med midlertidig kollektivt vern som er i arbeid og har hatt ei tilstrekkeleg arbeidsinntekt i løpet av dei siste tolv månadene, kan søke om opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphald. Formålet med ordninga er å legge til rette for overgang til opphald på grunnlag av arbeid for å gi meir føreseielege rammer for den enkelte, arbeidsgivarane og kommunane. Samtidig vil ordninga òg stimulere til auka sysselsetting og sjølvforsørging blant ukrainarar.

Regjeringa forventar at fordrivne frå Ukraina raskt kjem ut i jobb, og har tatt fleire grep for å gjere introduksjonsprogrammet for fordrivne frå Ukraina meir arbeidsretta, sjå omtale under Raskt ut i arbeid og annan aktivitet. Tal frå SSB viser at 48 pst. av dei fordrivne i alderen 20-66 år var i arbeid i juli 2026.

For å legge til rette for rask busetting og integrering av eit høgt tal fordrivne frå Ukraina, vedtok Stortinget 7. juni 2022 midlertidige endringar i fleire lover, inkludert barnevernlova, opplæringslova, helselovgivinga, barnehagelova, plan- og bygningslova og integreringslova, jf. Prop. 107 L (2021–2022) og Innst. 352 L (2021–2022). Dei midlertidige reglane er seinare forlenga og justerte fleire gonger, og er no vidareførte til 1. juli 2028, jf. Prop. 51 L (2025–2026) og Innst. 336 L (2025–2026). Dei midlertidige reglane skal samla bidra til å gjere det enklare for kommunane å handtere og planlegge for ein situasjon med framleis høge innkomstar.

Prop. 1 S (2026–2027) bygger på dei siste innkomstprognosane utarbeidde sommaren 2026 av fagmiljø i utlendingsforvaltninga. Ifølge desse prognosane kan vi forvente om lag 7 800 fordrivne frå Ukraina til Noreg i 2026 og 7 400 fordrivne i 2027. Det er ei rekke budsjettpostar under fleire departement som blir påverka av desse prognosane, og derfor blir prognosane sette på eit tidleg tidspunkt. Det er stor usikkerheit knytt til prognosane, da det er vanskeleg å berekne kor mange som kjem.

Regjeringa foreslår ei rekke løyvingar i 2027 for å kunne handtere innkomstane frå Ukraina. Det er integreringstilskotet som utgjer hovudfinansieringa av arbeidet med busetting og integrering i kommunane, saman med tilskot til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, tilskot til busetting av personar med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar, og særskilt tilskot til busetting av einslege mindreårige flyktningar.

Regjeringa har vidare lagt til rette for at fordrivne frå Ukraina skal kunne nytte gjeldande ordningar for tilbakevending og retur, der Utlendingsdirektoratet gir tilskot til personar som vender heim. Tilbakevending og retur av fordrivne frå Ukraina vil ha konsekvensar for busettingskommunane. Sjå nærmare omtale om tilbakevending og retur i Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Registrering og mottak

Pga. dei mange fordrivne frå Ukraina har det vore nødvendig å utvide mottakskapasiteten vesentleg. Det siste året er noko av denne kapasiteten tatt ned. Dette har bl.a. samanheng med lågare tal på innkomstar av ukrainske fordrivne. Det er venta om lag 10 800 bebuarar i mottak i gjennomsnitt i 2026 og om lag 9 200 i 2027, medan det i åra før krigen braut ut var under 3 000. Regjeringa foreslår ei løyving til asylmottak i tråd med prognosane, men det er usikkert korleis innkomsttala vil utvikle seg. I 2026 har regjeringa ei overskridingsfullmakt knytt til mottakspostane for at kapasiteten skal kunne bli skalert i tråd med endringar i talet på fordrivne og andre asylsøkarar som kjem. Ei slik fullmakt blir foreslått også i 2027, med ei beløpsgrense på 3 mrd. kroner.

Behovet for kapasitet til å handtere innreisetala og ukrainarar som allereide er i Noreg er framleis stort. Regjeringa foreslår ei løyving på 212 mill. kroner til Utlendingsdiretoratet (UDI) si handtering av asylsøkarar frå Ukraina i 2027, i tillegg til eigne løyvingar til politiet og Utlendingsnemda (UNE) på 85 og 34 mill. kroner. Løyvinga til UDI inkluderer 8 mill. kroner til ei eventuell innføring av særordning for vidare opphald for fordrivne fra Ukraina på grunnlag av arbeid. Sjå meir om registrering og mottak av flyktningar og fordrivne frå Ukraina i Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Busetting i kommunane

Personar som har fått innvilga midlertidig kollektivt vern, er omfatta av tilbodet om å bli busette med offentleg hjelp. Det er busett svært mange fordrivne frå Ukraina og andre flyktningar over heile landet dei siste åra. I perioden 2022 til 1. september 2026 blei det busett om lag 110 000 personar, der over 95 000 var fordrivne frå Ukraina.

Busettinga av eit svært høgt tal flyktningar over fleire år har stilt mange kommunar overfor utfordringar, særleg knytte til bustadtilgang og planlegging av tenestetilbod. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak for å støtte kommunane. Som ein del av oppfølginga har Husbanken prioritert å gi kommunar kunnskap og rettleiing for å støtte arbeidet deira med busetting og utvikling av lokale bustadløysingar. Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i fleire lovar som skal gjere det enklare for kommunane å busette og handtere mange flyktningar. Det er vedtatt vidareføring av midlertidige beredskapsheimlar i plan- og bygningslova som følge av mange fordrivne frå Ukraina, med verknad til 1. juli 2028. Desse gjer det mogleg å etablere flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar, skolar, og raskare tilgang på bustader. Beredskapsheimlane gir kommunane moglegheit til å gi midlertidige unntak frå bl.a. krav til søknad om løyve og frå kommunale planar. Det er også vedtatt ein midlertidig heimel i husleigelova, som opnar for at fritidsbustader kan leigast ut som bustad med ei minstetid på eitt år, i staden for tre år, som er hovudregelen. Dei midlertidige heimlane er viktige for å gi kommunane handlingsrom og fleksibilitet i ein ekstraordinær situasjon. I 2026 blei låneramma til Husbanken i samanheng med revidert nasjonalbudsjett auka til 36 mrd. kroner. Lån til utleigebustader er eit av dei prioriterte formåla innanfor Husbanken si låneramme.

Sidan 2022 har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) fått auka midlertidig løyving til arbeidet med busetting, kartlegging og kvalifisering av ekstraordinært mange fordrivne frå Ukraina. For at IMDi skal ha kapasitet til å handtere ein stor pågang også neste år, foreslår regjeringa at IMDi får ei midlertidig ekstraløyving på 32 mill. kroner i 2027.

Regjeringa vurderer behovet for ytterlegare tilpassingar kontinuerleg i lys av talet på fordrivne som kjem, kunnskap om korleis situasjonen utviklar seg, og samansettinga av dei som kjem til Noreg. Tett dialog og kommunikasjon med statsforvaltarane, fylkeskommunane og kommunesektoren er nødvendig, og praksisendringar blir drøfta med KS.

Raskt ut i arbeid og annan aktivitet

Regjeringa er opptatt av at fordrivne frå Ukraina kjem raskt i arbeid. Arbeidsplassen er ein viktig arena for integrering, språktrening og inkludering i fellesskapet.

Tal frå SSB viser at nær 25 000 fordrivne frå Ukraina i alderen 20 til 66 år var sysselsette i juli 2026. Dette utgjer 48 pst. av alle dei busette i denne aldersgruppa. Til samanlikning var sysselsettinga 41 pst. i juli i 2025. Om lag seks av ti jobbar innan helse- og sosialtenester, overnatting og servering, varehandel eller industri. Sysselsettinga aukar med butid. Tal frå Arbeids- og velferdsetaten viser at 66 pst. av dei som kom i 2022, er sysselsette.

Majoriteten av dei fordrivne har behov for kvalifisering og norskopplæring før dei er klare til å gå over i arbeid. Regjeringa har derfor lagt til rette for at ukrainske fordrivne får tilnærma same kvalifiseringstilbod som andre flyktningar, sjølv om dei har midlertidig opphald. Personar med kollektivt vern har rett, men ikkje plikt, til å delta i introduksjonsprogram og norskopplæring. Tilbodet er tilpassa situasjonen til dei fordrivne frå Ukraina og er òg gjort meir arbeidsretta.

Dei fleste fordrivne har nytta seg av tilbodet om introduksjonsprogram og norskopplæring. Om lag halvparten går direkte over i arbeid eller vidare utdanning etter fullført introduksjonsprogram. Fire av ti går over til arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav eller andre kvalifiserande tiltak med mål om arbeid.

Norskkunnskapar er viktige for deltaking i arbeidslivet. For å auke tilgangen til fleksibel opplæring lanserte regjeringa i 2024 eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring som kan kombinerast med arbeid.

Fordrivne frå Ukraina som ikkje kan sørge for eige livsopphald gjennom arbeid eller andre økonomiske rettar, har krav på økonomisk sosialhjelp. Utgiftene til sosialhjelp har auka betydeleg dei siste åra. Ein medverkande årsak er det historisk høge talet fordrivne frå Ukraina etter Russlands fullskalainvasjon i februar 2022.

Frivillige organisasjonar arbeider for inkludering av fordrivne frå Ukraina

Frivillige organisasjonar gjer eit viktig arbeid når det gjeld integrering og inkludering av flyktningar. Organisasjonane arbeider både i mottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv. Det frivillige arbeidet bidrar til å skape tillit og tilhøyrsel, i tillegg til å løyse viktige samfunnsoppgåver.

Mange av dei som kjem til Noreg frå Ukraina, er barn og unge som har behov for ein stabil kvardag. Dei treng å bli inkluderte i aktivitetar med andre barn og ta opp igjen aktivitetar dei gjorde i heimlandet. Dei vaksne skal òg få høve til å delta i fellesskap og meiningsfulle aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar.

Oppfølging av barn og unge

Russlands fullskala invasjon av Ukraina har ført til at fleire utsette barn og unge har komme til Noreg. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som er nødvendige for å sikre gode tilbod til barn og unge som kjem til Noreg.

Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i barnehagelova og opplæringslova som skal bidra til å gjere det lettare for kommunane å busette mange barn og unge. Det blei løyvd 20,9 mill. kroner i 2024 og 20 mill. kroner i 2025 og 19 mill. kroner i 2026 til tiltak som skal bidra til betre bemanning og auka kompetanse i barnehage og skole om nykomne barn, unge og vaksne. Ifølge kommunane er den største utfordringa å skaffe nok og kvalifisert personale. Løyvinga skal bl.a. bidra til å utvikle og drive etter- og vidareutdanningstilbod i innføring i norsk barnehage og skole for personar som har relevant pedagogisk utdanning frå utlandet, og til ordninga med fleksibel opplæring. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga på same nivå i 2027.

Ungdom som har fullført grunnskole eller tilsvarande, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Som hovudregel er søknadsfristen 1. mars, men fylkeskommunen kan ta omsyn til søknader som kjem seinare. Alle fylkeskommunane har ulike typar innføringstilbod og språkopplæring til ungdom som søker vidaregåande opplæring, som dei kan ta del i mens dei ventar på ordinær plass. Mange har også løpande inntak, men det er ei utfordring for dei å ha tilstrekkeleg oversikt over målgruppa for vidaregåande opplæring, slik at dei kan planlegge for eit tilbod. Nokre fylkeskommunar har kapasitetsutfordringar fordi dei allereie har mange ungdommar i vidaregåande opplæring. Framleis tar ein del ungdommar imot digital opplæring frå Ukraina eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane. Sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet for omtale av tiltak retta mot å gi opplæring til fordrivne barn, unge og vaksne i barnehage og skole.

Høgare utdanning

I 2022 blei det løyvd midlar tilsvarande 1 000 studieplassar ved universitet og høgskolar retta mot studentar som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Løyvinga er midlertidig og skal bli fasa ut med normal studieprogresjon eller dersom plassane ikkje blir brukte, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Løyvinga blei redusert til 500 plassar i 2023 fordi talet på studentar som til da hadde fått tilbod, og anslag på antal fordrivne som kom frå Ukraina, tydde på at behovet var mindre. På bakgrunn av rapportering frå dei institusjonane som fekk midlar til studieplassane, blei løyvinga redusert ytterlegare i 2024, og midlar tilsvarande 277 studieplassar blei vidareførte. Løyvinga blir foreslått fasa heilt ut i 2027.

Innanfor godkjenning av høgare utdanning er både Ukraina og Noreg omfatta av Lisboakonvensjonen om godkjenning av kvalifikasjonar. Studentar med flyktningstatus har tilgang til finansiering frå Lånekassa tilsvarande norske studentar.

Russland er suspendert frå gjeldande strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU.

I juni 2025 lanserte regjeringa to nye satsingar for kunnskap og utdanningssamarbeid med Ukraina. Målet er å støtte Ukraina sin europeiske integrasjon og bidra til den langsiktige gjenoppbygginga av landet. Satsingane er finansierte gjennom Nansen-programmet og blir administrerte av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i samarbeid med Norad og Utanriksdepartementet.

Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP) skal styrke tverrfagleg og samfunnsrelevant kunnskap om Ukraina i Noreg. Programmet rettar seg mot politikarar, forvaltning, næringsliv, akademia og allment interesserte, og skal bidra til betre forståing av situasjonen i Ukraina og tilhøva for fordrivne ukrainarar i Noreg. Programmet har ei ramme på 45 mill. kroner for perioden 2025–2026. Det har vore to utlysingar i programmet for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP), og den tredje er ute no.

Nansen EDU skal styrke det faglege samarbeidet mellom norske og ukrainske utdanningsinstitusjonar. Programmet skal bidra til å utdanne den kompetansen Ukraina treng for gjenoppbygging, og støtte utvikling av godt kvalifisert arbeidskraft innanfor prioriterte fagområde, tilpassa regionale behov. Samtidig skal programmet sikre varig samarbeid innanfor høgare utdanning mellom dei to landa. 16 prosjekt har fått støtte i opptil tre år til kompetansebygging som Ukraina treng for motstandskraft og gjenoppbygging. Til saman deltar 11 norske og 34 ukrainske universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet har slutta seg til Coalition for Ukraine, eit initiativ som vart lansert under Ukraine Recovery Conference i Roma i 2025. Deltakinga er i tråd med den overordna norske Ukraina-politikken og bygger på ei vurdering av at betre koordinering mellom land og organisasjonar kan bidra til meir effektiv ressursutnytting og ein meir målretta og kraftfull innsats på særleg viktige område.

Helse- og omsorgstenester for personar med midlertidig kollektivt vern

Asylsøkarar og personar med midlertidig kollektivt vern i Noreg har same rett til helsetenester som resten av befolkninga. Helse- og omsorgsdepartementet følger situasjonen med innkomstar frå Ukraina nøye, bl.a. for å følge med på at det er stor nok kapasitet i helse- og omsorgstenestene. Helse- og omsorgstenesta handterer dagens innreisebilde når det gjeld kapasitet.

For å bidra til at kapasiteten i tenestene ikkje blir overskriden, har Stortinget gjort midlertidige endringar i helselovgivinga som opnar for at Helse- og omsorgsdepartementet kan gjere heilt eller delvis unntak frå enkelte plikt- og rettsreglar i pasient- og brukarrettslova, spesialisthelsetenestelova og helse- og omsorgstenestelova. I tannhelsetenestelova er det gjort endring i lova som stiller krav om fem års botid i riket for vaksne personer i alderen 19 til og med 28 år med midlertidig opphaldsløyve, for rett til nødvendig tannhelsehjelp. I møte med innkomstane frå Ukraina har spesialisthelsetenestene tatt høgde for større tilstrøyming til tenestene og utfordringar. Det kan gjelde manglande dokumentasjon om sjukdom og tidlegare behandling, behov for ekstraordinære smitteverntiltak, særlege behov for tenester innan psykisk helse og rettleiing av kommunehelsetenesta innan traume- og krisehandtering. Noreg deltar også i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EUs ordning for sivil beredskap UCPM (Medevac). Ordninga omfattar alvorleg sjuke og skadde pasientar, og nokre av dei blir følgde av pårørande. Sidan august 2022 har Noreg tilbydd faste flygingar kvar veke til europeiske land for å evakuere ukrainske pasientar. Per 22. juli 2026 hadde Noreg bidratt med transportkapasitet til 4 105 pasientar og pårørande til Noreg og andre europeiske land. Per 22. juli 2026 har det komme 521 pasientar og 295 pårørande til Noreg.

Norsk helsesektor bidrar med donasjonar av bl.a. legemiddel, vaksinar og medisinsk utstyr til Ukraina, i hovudsak gjennom UCPM. Som ledd i eit ønske om eit meir langsiktig perspektivsamarbeid inngjekk Noreg og Ukraina ein avtale om eit helsepartnarskap 1. juli 2025. Helsepartnarskapsavtalen har mål om djupare samarbeid, betre helse og å motvirke dei negative konsekvensane i helsesektoren som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Avtalen legg opp til erfaringsutveksling mellom helseforvaltninga, utdanningsinstitusjonar og helsesektoren i Noreg og Ukraina.

9 FNs berekraftsmål

2030-agendaen med berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. Regjeringa la 20. juni 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. I meldinga er det ein samla omtale av status for nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla. Det er òg ei samla rapportering på berekraftsmåla i vedlegg til Prop. 1 S (2026–2027) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som har ansvar for koordineringa av arbeidet med berekraftsmåla.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for koordineringa av berekraftsmål 1. Departementet har også eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmåla 5 og 8. Kapittelet omtalar primært innsatsen under berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Berekraftsmål 1 Utrydde fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for å koordinere innanlandsk oppfølging av berekraftsmål 1 om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 blir følgt opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og utjamne forskjellar. Oppfølginga av mål 1 må sjåast saman med oppfølging av dei andre berekraftsmåla, særleg mål 8 om anstendig arbeid m.m. og mål 10 om mindre ulikskap.

Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar og like moglegheiter. Regjeringa vil redusere sosiale og geografiske forskjellar og motverke fattigdom. Dei viktigaste grepa for å redusere forskjellar og fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode og universelle velferdsordningar, og meir rettferdig og omfordelande skatt.

Trass i høg sysselsetting og ein godt utbygd velferdsstat, blir enkeltpersonar og familiar ramma av fattigdom og andre levekårsutfordringar. Fattigdom er eit samansett og komplekst problem, og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar, som manglande deltaking i arbeidsmarknaden. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte si årsak i utfordringar knytte til helse, låg utdanning og låge kvalifikasjonar, eller manglande norskferdigheiter. Fattigdom og låginntekt kan ha konsekvensar for buforhold, helse og andre område i livet.

Offentlege og universelle velferdsordningar som barnehage, skole og helse- og omsorgstenester bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår. Velferdstenestene skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Helsepolitikken, utdanningspolitikken, integreringspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken mfl. har derfor også stor betydning for å motverke ulike årsaker til og konsekvensar av fattigdom.

Den samla innsatsen mot fattigdom omfattar innsatsar og tiltak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Prinsippet om sektoransvar gjeld, og inneber at omsynet til fattigdom skal følgast opp innanfor ansvarsområda til dei ulike fagdepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2027:

  • Regjeringa foreslår å auke løyvingane til ulike arbeidsretta tiltak med 290,5 mill. kroner i 2027, sjå del I, punkt 2.2 Satsingar og hovudprioriteringar (Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet).

  • 480 mill. kroner til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Barne- og familiedepartementet).

  • 10 mill. kroner til Tilskot til å inkludere barn og unge (Barne og familiedepartementet).

  • 7 mill. kroner til auka grunnstønad til barne- og ungdomsorganisasjonane (Barne- og familiedepartementet).

  • 119,3 mill. kroner til styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet (Barne- og familiedepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet).

  • Følge opp Opptrappingsplan for psykisk helse (Helse- og omsorgsdepartementet):

    • 60 mill. kroner til utvikling, tilpassing og etablering av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusmiddelfeltet.

    • 80 mill. kroner i auka rammetilskot til kommunane grunngitt med psykisk helse og rus.

    • 70 mill. kroner til døgnkapasitet i psykisk helsevern, bl.a. nye døgnplassar for barn og unge med rusmiddellidingar og eteforstyrringar.

    • 50 mill. kroner til spesialisert rusbehandling for barn og unge.

    • 20 mill. kroner til implementering av tiltak i handlingsplan for å heve levealderen for menneske med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem.

    • 20 mill. kroner til modellar for systematisk samhandling mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunehelsetenesta (Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet).

  • 105,8 mill. kroner til nominell vidareføring av maksimalpris i barnehage (Kunnskapsdepartementet).

  • 465,4 mill. kroner til ei særskild satsing på grunnleggande ferdigheiter til smågruppeundervisning i skolen (Kunnskapsdepartementet).

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2027 også å redusere inntektsskatten og gjere det litt meir lønnsamt å arbeide for det store fleirtalet skattytarar.

Nedanfor er det ein omtale av innsatsar og tiltak som har særleg betydning for innsatsen mot fattigdom og oppfølging av berekraftsmål 1. Sjå budsjettproposisjonane til dei ulike departementa for ein meir utførleg omtale.

Delmål 1.2 Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar, og redusert fattigdom. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er i risiko for fattigdom, er kor mange som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, f.eks. 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemd periode (EU60). Desse har økonomiske ressursar som ligg betydeleg under det generelle inntektsnivået i samfunnet. Om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå del I, punkt 3.6 Utviklinga for låginntektsgrupper.

Forskjellane i inntekt og levekår er mindre i Noreg enn i andre land, men også her har enkeltpersonar og familiar utfordringar som er knytte til låg inntekt og fattigdom. Andelen med vedvarande låginntekt har vore relativ stabil, men har auka noko etter 2010. Andelen med vedvarande låginntekt var 9,5 pst. i treårsperioden 2022–2024, ein auke på 0,3 prosentpoeng frå treårsperioden før.

Det er små forskjellar i omfanget av vedvarande låginntekt mellom menn og kvinner. Forskjellane har også blitt mindre over tid. I 2007–2009 var andelen kvinner med vedvarande låginntekt 2,1 prosentpoeng høgare enn for menn. I perioden 2022–2024 er forskjellen 1,1 prosentpoeng, der 10,1 pst. av kvinner og 9,0 pst. av menn høyrde til hushald med vedvarande låginntekt. Forklaringa, når ein nyttar EU60 for å måle låginntekt, er i første rekke at det er ein større andel kvinner enn menn i gruppene einslege minstepensjonistar og einslege med barn.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er andelen barn i hushald med ei inntekt under 60 pst. av medianinntekta over ein periode på tre år. Sidan tusenårsskiftet har andelen barn i hushald med vedvarande låginntekt auka, med eit toppunkt på 11,7 pst. i 2018–2020. Deretter følgde ein periode med nedgang. Lågare innvandring til Noreg i åra etter 2016 og lengre butid blant innvandrarar, medverka til nedgangen. Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Dei siste tilgjengelege tala viser igjen ein auke i indikatoren. I treårsperioden 2022–2024 var andelen barn i hushald med vedvarande låginntekt 10,2 pst. Auken er i hovudsak grunna i tilstrøyminga av fordrivne frå Ukraina og at dette no blir fanga opp i treårsstatistikken. Samtidig har utviklinga vore positiv for fleire andre grupper, bl.a. som følge av betre inntektsutvikling for barnefamiliar og auka barnetrygd.

Seks av ti barn som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn, og andelen er størst blant flyktningar med kort butid, sjølv om nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter lengre butid.

Over tid har gjennomsnittsinntekta i låginntektsgruppa auka, men ikkje i takt med den generelle inntektsveksten. Når grensa for låginntekt blir låst til eit bestemt år og berre blir justert for prisstigning (fast låginntektsgrense), går andelen personar med låginntekt ned. Dette er illustrert i figur 9.1.

Figur 9.1 Andel av befolkninga i hushald med vedvarande låginntekt 2007–2024 (EU-skala: 60 pst. av medianinntekta, treårsperiode). Fast og løpande låginntektsgrense

Figur 9.1 Andel av befolkninga i hushald med vedvarande låginntekt 2007–2024 (EU-skala: 60 pst. av medianinntekta, treårsperiode). Fast og løpande låginntektsgrense

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tilgang på offentlege, subsidierte velferdstenester har stor betydning for levekår, og spesielt for hushald med låginntekt.

Arbeid og inntekt

For personar i yrkesaktiv alder er det ein nær samanheng mellom låginntekt og manglande eller låg deltaking i arbeidsmarknaden. Det viktigaste tiltaket mot fattigdom er å få fleire i jobb. Regjeringa vil legge til rette for at alle som kan og vil arbeide, får moglegheit til det. Å vere i jobb gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og også sosial tilhøyrsel og fellesskap. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide.

Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørge seg sjølve gjennom arbeid. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje la regjeringa fram ei rekke tiltak for å fremme arbeidslinja. Regjeringa har også styrkt innsatsen for å få fleire unge i arbeid og utdanning gjennom eit ungdomsløft. Ungdomsløftet samlar eksisterande og planlagde arbeidsretta innsatsar for unge. Som ein del av ungdomsløftet har regjeringa inngått ein intensjonsavtale med partane i arbeidslivet, store verksemder og brukarorganisasjonar for personar med funksjonsnedsetting. Intensjonsavtalen forpliktar partane til å arbeide saman om å skape jobbmoglegheiter og mestringsarenaer for unge.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til ulike arbeidsretta tiltak med 290,5 mill. kroner i 2027. Målet er å få fleire i arbeid og færre på trygd. Sjå nærmare omtale under del I, punkt 2.2 Satsingar og hovudprioriteringar.

Det er høg førekomst av låginntekt blant innvandrarar med flyktningbakgrunn. Mange nykomne flyktningar har ei svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova av 1. januar 2021 legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og lova stiller tydelegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Auka sysselsetting og deltaking på andre samfunnsområde vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Vidare er det gjort ei rekke tiltak for å styrke kvalifiseringstilbodet for fordrivne frå Ukraina. Det er også innført minstekrav for omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, og i mars 2024 blei det etablert eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring. Dette vil gjere det enklare å kombinere arbeid med norskopplæring.

Skatt

Skattesystemet bidrar til omfordeling gjennom å finansiere offentlege tenester og overføringar. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med låge og middels inntekter, og både marginalskatten og gjennomsnittleg skattesats er redusert for personar med låg inntekt. I 2027-budsjettet foreslår regjeringa å redusere inntektsskatten og gjere det litt meir lønnsamt å arbeide for det store fleirtalet skattytarar. Samtidig blir dei omfordelande eigenskapane til inntektsskatten oppretthaldne.

Utdanning

Utdanning og kunnskap legg grunnlaget for ein varig og stabil tilknyting til arbeidslivet for enkeltpersonar og er dermed heilt sentralt for å førebygge fattigdom. Utdanning og kunnskap bidrar til å skape likeverdige moglegheiter for alle uavhengig av bakgrunn, og til å fremme sosial mobilitet. Eit godt barnehagetilbod og ein god fellesskole er ein nøkkel til å motverke sosiale forskjellar og til å skape eit meir rettferdig samfunn. Utdanning skal bidra til eit berekraftig samfunn med små forskjellar og høg tillit.

Barnehagar og skolar som løftar alle barn og unge, uavhengig av bakgrunnen til foreldra, er viktig for å skape likeverdige moglegheiter for alle. Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skolefritidsordning (SFO). Maksimalprisen i barnehagar blei 1. august 2025 redusert frå 2 000 kroner til 1 200 kroner per månad nasjonalt og til 700 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6. I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å løyve 105,8 mill. kroner for å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå. Frå 1. august 2023 blei det innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samtidig med søsken, og gratis barnehage for alle barn i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms. Dette blir vidareført i 2027.

Regjeringa vil føre vidare moderasjonsordninga med redusert foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Regjeringa fører også vidare ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt.

Det blir foreslått 224,9 mill. kroner i 2027 til å føre vidare tilskotet til auka pedagogtettleik og grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Det resterande tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage blir foreslått overført til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge.

SFO er ein viktig arena som gir alle barn, uavhengig av bakgrunn, tilgang til ein felles arena for leik, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Likevel er det framleis elevar som ikkje deltar i SFO pga. familien sin økonomi. Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2022 blei det innført tolv timer gratis SFO for alle elevar på 1. trinn, frå hausten 2023 blei ordninga utvida til også å gjelde 2. trinn, og frå hausten 2024 blei ordninga utvida til også å omfatte 3. trinn. Frå 1. august 2026, er retten til tolv timer gratis SFO kvar veke for 1.–3.-trinn òg lovfesta. Det gjer at alle elevar på 1.–3. trinn får høve til å gå på SFO. Vidare blei det oppretta ei tilskotsordning frå hausten 2026 som gir elevar på 4. trinn i område som er ein del av statens områdesatsing tolv timar gratis SFO.

Regjeringa vil gi alle barn og unge like høve til å lære, delta og utvikle seg i ein fellesskole som gir meir og betre læring, jf. omtalen av «Tryggheit for barn og unge» i regjeringa sin plan for Noreg. Regjeringa arbeider for å snu den negative utviklinga i skoleresultat, og særleg prioritere lesing, skriving og rekning. Det blir i statsbudsjettet for 2027 foreslått 465,4 mill. kroner til ei særskild satsing på grunnleggande ferdigheiter til smågruppeundervisning i skolen. Dette skal gi målretta innsats og tett oppfølging av elevane si utvikling i lesing, skriving og rekning. Det blir òg foreslått ytterlegare midlar til Leseløftet for barn og unge, inkludert særskild støtte til barn med særskilde behov som dysleksi eller svake norskferdigheiter, slik at alle barn skal ha moglegheit for videre deltaking i utdanning og arbeidsliv. Regjeringa jobbar vidare med og har ei rekke tiltak for å skape ein meir praktisk skolekvardag, bl.a. for å førebygge utanforskap og sikre at alle skal kunne ta del i fellesskolen.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring er viktig for å få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Med innføring av fullføringsrett, som tredde i kraft i august 2024, har alle rett til opplæring til dei har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Samtidig blei målgruppa til oppfølgingstenesta utvida til å gjelde fleire unge. Regjeringa vidarefører innsatsen for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, bl.a. ved å vidareføre tilskot til Fagbrev på jobb. For å legge betre til rette for fullføring, har regjeringa dei siste åra styrkt stipendordningar i Lånekassen.

Utdanning og forsking av høg kvalitet vil gi meir tryggheit for økonomien, for arbeids- og næringslivet og for barn og unge vil det bidra til å gi oss eit meir motstandsdyktig og berekraftig samfunn. For barn og unge er utdanning ein viktig veg inn i arbeidslivet og til deltaking i samfunnet. Arbeidskrafta blir knappare i åra framover som følge av ei aldrande befolkning, mindre barne- og ungdomskull og ein arbeidsstyrke som ikkje lenger veks. Det gjer det enda viktigare at flest mogleg av dei om lag 300 000 studentane ved norske universitet og høgskolar fullfører utdanninga og tek del i arbeidslivet.

Sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

Helse

Ei friskare befolkning er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Målet er å jamne ut sosiale helseforskjeller, redusere sjukefråvær og fråfall, og dessutan redusere behovet for helse- og omsorgstenester. Prosjektet satsar særleg på førebygging, meistring og støtte til arbeidsdeltaking. Eit styrkt folkehelsearbeid for alle aldersgrupper skal redusere helsetap gjennom livet og bidra til å oppretthalde arbeidsevna.

Regjeringa har lagt fram Helsepersonellplan 2040 med målretta og spissa tiltak for å bidra til ei berekraftig personellutvikling i helse- og omsorgstenestene. Planen skal bidra til å sikre nok personell med rett kompetanse, og særleg hjelpe kommunane med å møte personellutfordringane i tenestene både på kort og lang sikt. Tiltaka vil også kunne gjere det lettare for menneske med helseproblem å stå i arbeid, og til å rekruttere personell som i dag står utanfor arbeid og utdanning, til helse- og omsorgstenestene.

Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar ligg til grunn for arbeidet med å redusere sosiale ulikskapar i helse. Tiltaka er innretta slik at dei verkar best for dei som treng det mest, men samtidig er universelle og gode for alle. Regjeringa følger opp den nasjonale strategien for livskvalitet og den reviderte folkehelselova, og det strategiske samarbeidet mellom helse- og arbeidsmiljømyndigheitene blir vidareført for å fremme betre helse i arbeidslivet.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 55 mill. kroner for å innføre eit gratis tilbod for å verne spedbarn mot RS-virus (RSV) frå 1. juli 2027. Tiltaket skal gi eit likeverdig tilbod over heile landet for å bidra til å redusere alvorleg sjukdom blant dei yngste barna, og det vil vere sosialt utjamnande. Tiltaket vil redusere talet på sjukehusinnleggingar og dempe belastninga på helsetenesta under den årlege RSV-sesongen.

Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) blir følgd opp med tiltak innan helsefremmande og førebyggande arbeid, gode lokale tenester og eit styrkt tilbod til personar med langvarige og samansette behov. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til opptrappingsplanen med 300 mill. kroner i 2027. Løyvingane til psykisk helse-feltet er med det auka med om lag 1,5 mrd. kroner så langt i planperioden. Oppfølginga av førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet, medrekna det nasjonale programmet for rusførebyggande arbeid blant barn og unge, blir vidareført.

Forsøksordninga i Helse Nord for pasientar med lang reiseveg til spesialisthelsetenester – med høgare stønad til overnatting og auka kilometergodtgjersle for å redusere dei økonomiske barrierane for helsehjelp – er etablert og blir planlagt vidareført i 2027.

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene og fastlegeordninga er styrkte for å sikre god og likeverdig tilgang for heile folket. Oppfølginga av Meld. St. 23 (2024–2025) Fornye, forsterke, forbedre – Framtidens allmennlegetjeneste og akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus held fram i 2027. Tiltak som tverrfaglege allmennlegetenester (refusjon for konsultasjonar utførte av sjukepleiar på delegasjon frå fastlege) og utprøving av kommunal nettlege blir vidareførte og evaluerte. Hevinga av aldersgrensa for eigenandelsfritak hos fastlege, legevakt og fysioterapi til og med fylte 17 år (iverksett frå 1. august 2026) har heilårseffekt og blir vidareført i 2027 for å gjere tenestene meir tilgjengelege for barnefamiliar og ungdom.

Utvidinga av den offentlege tannhelsetenesta blir følgd opp vidare i 2027. Den lovfesta retten til nødvendig tannhelsehjelp for 25- til 28-åringar, saman med styrkinga av fylkeskommunane sitt arbeid med tannpleiarar og rettleiing om rettar, blir vidareført som eit sentralt bidrag til å redusere levekårsforskjellar og betre tannhelsa i befolkninga.

Regjeringa arbeider saman med budsjettpartnarane for ei tannhelsereform. Sosiale helseforskjellar er særleg tydelege innan tann- og munnhelse, og målet med ei tannhelsereform er å jamne ut desse forskjellane. Budsjettpartnarane er samde om at regjeringa skal sende ulike modellar på høyring hausten 2026, og dette arbeider no regjeringa med.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Familie, oppvekst og fritid

Dei fleste barn i Noreg har gode oppvekstvilkår og bur i familiar med ein trygg økonomi. Samtidig er det nokre barn og familiar som fell utanfor fellesskapet. Låg inntekt og dårlege levekår kan påverke barna og ha konsekvensar for dei langt fram i tid. I treårsperioden 2022–2024 høyrde 10,2 pst. av alle barn til i eit hushald med vedvarande låginntekt. Sjå nærmare omtale i del I, punkt 3.6 Utviklinga for låginntektsgrupper.

Barn og unge som har foreldre med låg inntekt, har oftare svakare skoleprestasjonar enn andre, og det er mindre sannsynleg at dei gjennomfører eit utdanningsløp. Dei har auka risiko for låg inntekt sjølv og for å bli ståande utanfor arbeidslivet som vaksne. Ein oppvekst i fattigdom inneber òg auka risiko for lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse og dårlegare buforhold.

Regjeringa la 6. juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga har ein brei førebyggande og sektorovergripande inngang til politikken for å jamne ut sosiale forskjellar og legge til rette for like moglegheiter gjennom oppveksten. Hovudmåla i meldinga er at alle barn og unge får ein god start på livet og gode oppvekstvilkår, og at dei får utvikle seg, lære, meistre og skape seg et godt liv, uavhengig av sosial bakgrunn. Meldinga løftar fram fem innsatsområde: arbeid og økonomisk tryggleik, ein god start på livet, like moglegheiter gjennom utdanningsløpet, på fritidsarenaer og inn i arbeidslivet, laget rundt barn og unge, og meir kunnskap og samarbeid. Meldinga er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, og Kultur- og likestillingsdepartementet.

Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023) blei ført vidare av regjeringa i 2024. I januar 2025 leverte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) sluttrapportering på oppfølginga av tiltaka i vidareføringa av strategien.

Som eit tiltak for betre førebygging for barn og unge i kommunane og for å styrke insentiva til samarbeid, har regjeringa i 2026 etablert eit Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet). Dette er ei tilskotsordning for førebyggande innsats i kommunane retta mot barn og unge, der tilskot som tidlegare har vore øyremerkte eit bestemt tiltak eller område, er samla i éi større ordning. Målet er å legge til rette for gode oppvekstvilkår og førebygge at barn og unge fell utanfor, og ordninga skal støtte opp under det førebyggande arbeidet til kommunane og bidra til verksam innsats for barn og unge, på tvers av sektorar. Ordninga er ledd i regjeringa sin ambisjon om eit heilskapleg og godt tilbod frå dei viktige 1 000 første dagane, gjennom barndom og ungdomstid og inn i vaksenlivet. Omlegginga er i tråd med tillitsreforma sine intensjonar om mindre statleg styring og større fridom til å velje tiltak i kommunane. Barne- og familiedepartementet har hovudansvaret for ordninga, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Regjeringa foreslår å utvide det kommunale førebyggingsprogrammet med 480 mill. kroner i 2027. Midlane blir flytta frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag går til kommunane, Tilskot til foreldrestøttande tiltak og Tilskot til minoritetsspråklege i barnehage. Samla er løyvinga til førebyggingsprogrammet 1 025 mill. kroner i 2027. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet, kap. 846 Familie- og oppveksttiltak, post 63 Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge.

Mange familiar med låginntekt og svak tilknyting til arbeidslivet har samansette utfordringar, og har behov for oppfølging frå ulike delar av arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester i kommunen. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) vil regjeringa prøve ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. Sjå nærmare omtale i del II, under kap. 621, post 63.

Regjeringa har sett i gang eit samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktige overordna målet er at ingen barn og unge blir ståande utanfor, og at utanforskap er vesentleg redusert innan 2035. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet.

Deltaking i fritidsaktivitetar er ein viktig del av oppveksten for barn og unge. Gjennom slike aktivitetar får barn og unge oppleve samkjensle, meistring og sosial tilhøyrsle. Samtidig viser undersøkingar at barn som veks opp i låginntektsfamiliar i mindre grad enn andre deltar i fritidsaktivitetar. Gjennom ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge har kommunar, frivillige organisasjonar og andre ideelle aktørar kunna få støtte til tiltak som ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og sommar- og deltidsjobbar for ungdom. Regjeringa foreslår i 2027 å overføre heile delen av tilskotsordninga som i dag går til kommunane, til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge, som blei etablert i 2026. Dette inneber at det vil bli gjort endringar i forskrifta for tilskot til å inkludere barn og unge, med verknad frå 2027, bl.a. at kommunane ikkje lenger kan søke på ordninga. Regjeringa foreslår samtidig å auke tilskotsordninga med 10 mill. kroner i 2027, i tillegg til midlane som blir førte over frå den gamle ordninga på kap. 846, post 61. Med forslaget blir tilskot til å inkludere barn og unge i underkant av 495 mill. kroner i 2027.

Det blir foreslått å auke grunnstønad til barne- og ungdomsorganisasjonane med 7 mill. kroner i 2027.

Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) blei det i 2026 løyvd midlar til å sette i gang ei fleirårig effektevaluering av inkluderingstiltak på fritidsfeltet. Evalueringa har ei samla ramme på i underkant av 10 mill. kroner for perioden 2026–2029.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet, programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Deltaking i fritidsaktivitetar innan idrett, kunst og kultur gir barn og unge fysiske, kulturelle og sosiale opplevingar. Dei med meir økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltar i større grad i frivilligheita enn andre. Eit overordna mål i kultur-, idretts- og frivilligheitspolitikken er å bygge ned denne forskjellen. Det viktigaste grepet for brei deltaking er å oppretthalde dei universelle ordningane. Dei viktigaste universelle ordningane er meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar, Frifond-ordningane og LAM-ordninga (lokale aktivitetsmidlar) til lokale lag og foreiningar på idrettsområdet.

Regjeringa la i 2024 fram Alle inkludert! Handlingsplan for like muligheter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter 2024–2026. Planen inneheld 43 tiltak for å få fleire barn og unge med i aktivitetar innanfor kultur, idrett og friluftsliv. Tiltaka skal bidra til å redusere kostnader, utvikle fleire tilbod, styrke samarbeid og medverknad, samt dele kunnskap og spreie informasjon om gode eksempel. Planen er laga i eit breitt samarbeid med barn og unge, lag og foreiningar og offentleg sektor. Planen støttar opp om arbeidet med intensjonsavtalen Fritidserklæringen, som regjeringa har underteikna saman med KS og frivilligheita. Målet med erklæringa er at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre.

Sidan 2023 er tilskotet til arbeidet med å fremme inkludering i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar auka med over 1 mrd. kroner ekstra frå statsbudsjettet og frå spelemidlar. Midlane er bl.a. fordelte gjennom Frifond, Lokale aktivitetsmidlar (LAM) til idretten og som ekstrainnsats til idretten i område med mange barn i familiar med vedvarande låginntekt. Det er også gitt tilskot til eit krafttak for mangfald i kulturfrivilligheita, til ordninga Inkludering i kulturliv og til Ungdom og Fritids Fond. Tilskota bidrar til deltaking i idrett, korps, kor, kulturfrivilligheit og fritidsklubbar.

I 2026 er det fordelt over 4 mrd. kroner av Norsk Tipping sitt overskot til idrettsformål og over 1,1 mrd. kroner i spelemidlar til kulturformål. Midlane styrker rammevilkåra for idretten og kulturfrivilligheita. Tiltak for barn og unge er prioriterte, slik at fleire kan delta i, skape og oppleve idrett og kultur, uavhengig av bakgrunn og økonomi.

Gode anlegg og arenaer er ein føresetnad for deltaking i fritidsaktivitetar. Den gjennomsnittlege ventetida for spelemidlar til anlegg er på veg ned mot eit halvt år, frå over tre år i 2021. Regjeringa arbeider òg med ein nasjonal strategi for kulturarenaer som skal legge betre til rette for deltaking i kulturlivet lokalt. Strategien kjem i 2027.

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei viktig nasjonal ordning som sikrar at alle barn og unge får oppleve kunst og kultur av høg kvalitet gjennom skolen. Det statlege tilskotet til DKS er auka dei seinare åra og er ført vidare med totalt 390 mill. kroner i 2026. Biblioteka er inkluderande arenaer som sikrar fri og lik tilgang til kunnskap, informasjon og kultur for alle. Biblioteka er viktige møteplassar der folk treffest på tvers av alder, kjønn, kulturell og sosioøkonomisk bakgrunn, og ulike arrangement finn stad. Frivilligsentralane bidrar til frivillig deltaking, fellesskap og aktivitetar for barn, unge, vaksne og eldre i heile landet. Regjeringa har prioritert frivilligsentralane gjennom å få på plass ei øyremerka ordning på budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet og har styrkt ordninga i kvart einaste budsjett i regjeringsperioden. 336 kommunar har fått vedtak om tilskot for til saman 601 frivilligsentralar i 2027. I 2024 la regjeringa fram ein leselyststrategi for barn og unge. Strategien gjeld for perioden 2024–2030 og inneheld tiltak retta mot skolebibliotek, trykte lærebøker, leseopplæring, tilgang til variert litteratur og formidling av litteratur. I regjeringa sin plan for Noreg er eit leseløft ei viktig prioritering. Arbeidet med oppfølginga av leselyststrategien for barn og unge og leselyststrategien for vaksne held fram i 2027.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Førebygging av barne- og ungdomskriminalitet

Det er sett i gang fleire tiltak for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet. I 2025 blei det løyvd om lag 450 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Innsatsen blei auka med 230 mill. kroner i 2026. Det blir i statsbudsjettet for 2027 foreslått ytterlegare 119,3 mill. kroner til styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet. Sjå nærmare omtale av regjeringa sitt arbeid for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet og i Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Bustad

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje sjølve klarer å skaffe og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.

Om lag tre firedelar av befolkninga i Noreg bur i ein bustad dei eig. Startlån frå Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad, og lån til utleigebustader gjer at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Bustad- og bygningsdirektoratet blir 34 mrd. kroner for 2027. Startlån og lån til utleigebustader er prioriterte formål innanfor låneramma. Regjeringa gjer òg eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Sjå omtale av bustøtte under delmål 1.3.

Regjeringa la våren 2024 fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk, Meld. St. 13 (2023–2024). Meldinga tar for seg bl.a. eige- og leigemarknadene, bustadutfordringar i distrikts- og pressområde, og arbeidet for spesielt sårbare grupper. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken; 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og bygge dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Områdesatsing i byar

Områdesatsingar er avtalebaserte langsiktige samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i geografisk avgrensa område med eit visst folketal og med konsentrasjon av levekårsutfordringar. 14 kommunar har avtale med staten om områdesatsing. Nytt statleg mål for områdesatsingar frå 2027 er å bidra til auka sysselsetting, gode oppvekst- og nærmiljø og varige tenesteforbetringar.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

Noreg har universelle velferdsordningar og godt utbygde offentlege velferdstenester. Inntektssikringsordningane i folketrygda gir økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide. Stønadsordningane sikrar inntekt og kompenserer for særlege utgifter ved arbeidsløyse, fødsel, sjukdom, uførleik og alderdom. Folketrygda bidrar til utjamning av inntekt og levekår over livsløpet til den enkelte og mellom grupper av personar. Saman med tilgang til gratis eller sterkt subsidierte offentlege tenester som barnehage, skole og helsevesen, bidrar dette til at situasjonen til personar med låginntekt er betre i Noreg enn i mange andre land.

Ei rekke ytingar til livsopphald blir kvart år justert i tråd med endringar i grunnbeløpet. Dette gjeld bl.a. uføretrygd og arbeidsavklaringspengar. Endringane i grunnbeløpet skal sikre at ytingane held tritt med lønnsveksten i arbeidslivet.

Frå 1. juli 2022 er regelen om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 pst. av inntekta før mottakarane blei uføre, avvikla. Frå 2024 påverkar ikkje lenger barn sine eigne inntekter eller barnepensjon barnetillegga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad. Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad blei oppjusterte frå 1. juli 2024. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar er auka, og utgjer 38 kroner per barn per dag frå 1. januar 2026.

Økonomisk stønad og dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav) er det nedre tryggleiksnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid og sosial inkludering. Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i det heilskaplege tenestetilbodet til personar som opplever sosiale problem, men også i arbeidet i kommunane for å førebygge at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har tatt initiativ til eit program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt.

Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp blei auka ekstraordinært med 10 pst. frå 1. juli 2023. Dette omfatta òg satsane for livsopphald til barn.

For å ivareta og styrke barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltninga er det sett i gang fleire tiltak, bl.a. opplæring og utvikling av kompetansemateriell. Det er utarbeidd ein rettleiar for Nav-tilsette om når og korleis arbeids- og velferdsforvaltninga skal vurdere det beste for barnet.

For nærmare omtale sjå programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m.

Barnetrygda er auka betydeleg under denne regjeringa, særleg for barn over 6 år og for einslege forsørgarar. Ordningane trygger og betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane. Under regjeringsperioden har barnetrygda for dei yngste barna auka frå 1 654 kroner i månaden til 2 012 kroner i månaden, og for dei eldste barna frå 1 054 kroner i månaden til 2 012 kroner i månaden. Sjå nærmare omtale av barnetrygda under programkategori 11.10 Familie og oppvekst i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet.

Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Regjeringa har styrkt bustøtta i fleire omgangar. Frå og med oktober 2024 har inntekta til heimebuande 18- og 19-åringer ikkje vore tald med i berekninga av bustøtte, noko som gjer at unge vaksne kan tene pengar utan at det går ut over bustøtteutbetalinga for husstanden. Frå januar 2025 er det innført ei skjermingsordning som hindrar at dei som har inntekt frå arbeidsavklaringspengar og dagpengar får mindre eller mistar bustøtta når dei får tre utbetalingar i same kalendermånad. Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere formålet og rolla til bustøtta, både for hushalda og som del av bustad- og sosialpolitikken. Utvalet skal levere ein rapport innan 31. desember 2026. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.4 Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

Den norske velferdsmodellen med universelle velferdsordningar og velferdstenester bidrar til like moglegheiter og til å redusere fattigdom og forskjellar i levekår. Sjå omtale under delmål 1.2.

Offentlege velferdstenester skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Velferdsordningar og tenester for å fremme arbeid, inkludering og sosial tryggleik er omtalte i del II i denne proposisjonen.

Delmål 1.b) Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå baserte på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tar omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

Det politiske rammeverket i Noreg, med ein godt utbygd velferdsstat som sikrar alle tilgang til gratis utdanning og helsetenester samt stønadsordningar ved bortfall av arbeidsinntekt, gir eit godt rammeverk for å motverke fattigdom.

Berekraftsmål 5.3

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følge opp delmål 5.3 Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det er eit stort problem på verdsbasis, men er òg eit alvorleg problem for dei som blir utsette for det i Noreg. Flyktningar og innvandrar frå land der dette er vanleg, og barna deira i Noreg, er spesielt utsette.

Delmålet blir bl.a. følgt opp gjennom regjeringa sin nye handlingsplan Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028). Viktige innsatsområde er kompetanseheving for tilsette i tenesteapparatet og styrking av rettsvernet for utsette personar. Arbeidet blir også følgt opp gjennom Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028).

Det finst fleire særskilde tenester som skal bidra til å førebygge negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, herunder kjønnslemlesting, tvangsekteskap og ufrivillige utanlandsopphald. Tenestene er tilgjengelege både for dei som treng akutt hjelp og for dei som treng langsiktig støtte, og inkluderer Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold, IMDis mangfaldsrådgivarar, spesialutsendingane for og IMDis fagteam for førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (IMDis fagteam). Dei særskilde tenestene bidrar også med kompetanseheving for tilsette i dei ordinære tenestene, som politi, barnevern og lærarar, slik at dei er betre rusta til å avdekke saker og bistå utsette som dei møter i jobben sin.

Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedtatt at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg. Straffeloven har også eigne føresegner mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om å redusere prosentandelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller under opplæring.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sysselsettinga for unge er høg, og det er få ledige, samanlikna med mange andre land. Samtidig er det ein andel av dei unge som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET). I 2025 var NEET-raten 6,9 pst., ifølge arbeidskraftundersøkinga. NEET-raten er lite endra over tid og var i 2025 om lag som gjennomsnittet for den siste tiårsperioden. NEET-raten er lågast for dei under 20 år.

NEET-gruppa er samansett. Ho består bl.a. av arbeidsledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tar ein pause frå arbeid og skole. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det også godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som tar imot helserelaterte stønader, er overrepresenterte i NEET-gruppa.

Ungdomsløftet, som er regjeringa si satsing for unge, skal bidra til at fleire unge kjem i arbeid og til å betre tilgangen på arbeidskraft. Det er sett i gang fleire forsøk retta mot unge, bl.a. arbeidsretta ungdomsprogram og rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren. Hausten 2026 er det også planlagt oppstart av forsøk med aktivitetspengar for unge og fireårig lønnstilskot for unge.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har del i ansvaret for delmål 8.8 om å verne arbeidstakarrettar og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar, særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold, og arbeidsvilkåra er jamt over betre enn i andre land. Likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar, jf. omtale av arbeidsmiljøtilstanden i punkt 3.3 og omtale under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit. Eit sentralt utviklingstrekk i arbeidslivet handlar om at fleire arbeider i yrke med kunde-, brukar- og pasientrelasjonar. Desse yrka inneber både fysiske og psykososiale belastningar. Aukande digitalisering av arbeidslivet medfører at arbeidet blir mindre stadbunde. Dette er endringar som kan påverke arbeidsmiljøet, og som vi treng meir kunnskap om. Regjeringa vil legge fram ein nasjonal arbeidsmiljøstrategi for å styrke det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet.

Regjeringa følger opp handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet som blei lagd fram i 2025. Handlingsplanen peiker bl.a. på utfordringar for utanlandske arbeidstakarar med liten kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet, som kan vere særleg utsette for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Regjeringa vil gå gjennom regelverk, styrke arbeidet med informasjon og vurdere tiltak for å styrke bistanden til arbeidstakarar som blir utnytta, og som kan vere offer for menneskehandel til tvangsarbeid. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi mot menneskehandel for perioden 2025-2030. Målet er å gjennomføre ein koordinert innsats, der det offentlege og ideelle organisasjonar arbeider saman for å redusere handlingsrommet for slik utnytting.

På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. I ein del tilfelle skjer det systematiske lovbrot som bl.a. inneber utnytting av arbeidstakarar og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet samarbeider om førebygging og kontroll for å motverke arbeidslivskriminalitet. Regjeringa har styrkt Arbeidstilsynet slik at dei kan vere meir synlege og tydeleg til stades i arbeidslivet.

Tilstrekkelege språkkunnskapar i norsk og engelsk er ofte ein føresetnad for at innvandrarar skal ha kjennskap til rettar og plikter og kunne delta varig i arbeidslivet. Myndigheitene har her ei sentral rolle som pådrivarar og samordnar av kvalifiseringstiltak for innvandrarar. Det blir bl.a. gjort ein særleg innsats for at fleire kvinner skal komme i arbeid eller utdanning, i tillegg til ein innsats mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

Regjeringa har fått gjennomført fleire endringar i regelverket for å styrke hovudregelen om faste og direkte tilsettingar i arbeidslivet. Regjeringa vil styrke rettane for dei som utfører arbeid som blir formidla gjennom digitale plattformer, eller som på andre måtar har ein arbeidskvardag som blir styrt gjennom bruk av algoritmer. Dette inkluderer også korleis handhevinga av regelverket kan styrkast på dette området.

Gjennom Treparts bransjeprogram blir det lagt vekt på samarbeid med partane i arbeidslivet for å følge opp bransjar med særlege utfordringar. Det er oppretta bransjeprogram innan reinhald, uteliv, delar av transportnæringa, bilbransjen og jordbruk- og gartnerinæringa, der ein finn mange utanlandske sesongarbeidarar.

Regjeringa legg vekt på å føre ein politikk som stimulerer til auka organisasjonsgrader og utbreiing av tariffavtalar i arbeidslivet. Dei siste åra har det vore ein auke i organisasjonsgradene for arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Eit organisert arbeidsliv, saman med dei lovene, føresegnene og handlingsplanane som er utarbeidde og blir implementerte, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8.

For nærmare omtale av regjeringa sin innsats når det gjeld rettar for arbeidstakarar og omtale av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå Programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit om oppfølging av målet om eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

10 Likestilling og mangfald

Arbeids- og inkluderingsdepartementets arbeid med likestilling som offentleg myndigheit

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider breitt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering gjennom dei ulike ordningane og tiltaka vi rår over.

Folketrygdlova er utforma slik at alle ytingar skal vere kjønnsnøytrale. F.eks. er svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar og foreldrepengar likestilte med arbeidsinntekt som grunnlag for rett til dagpengar ved arbeidsløyse, sjukepengar og pleiepengar. Sjukepengar og pleiepengar blir gitte med 100 pst. av berekningsgrunnlaget opp til 6 gonger grunnbeløpet. Dette taket gjer at personar med låg og middels inntekt får dekt heile inntektstapet ved f.eks. sjukdom, og det har derfor ein omfordelande verknad.

Departementet følger med på utviklinga på variablar som kjønn, alder og fødeland der dette er relevant.

Ordningane med hjelpemiddel til betring av funksjonsevna i arbeidslivet og dagleglivet skal gjere det enklare for personar med nedsett funksjonsevne å delta i arbeidsliv og i samfunnet på lik linje med alle andre.

Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt for personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller behalde arbeid. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få arbeidsavklaringspengar. Personar med låg eller inga inntekt får ei minsteyting. Inntekt over seks gonger grunnbeløpet blir ikkje rekna med. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Reglane er kjønnsnøytrale. Fleire kvinner enn menn tar imot arbeidsavklaringspengar, sjå omtale under del II, kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar. Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått inntektsevna varig nedsett pga. sjukdom, skade eller lyte. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få uføretrygd. Personar med låg eller inga inntekt får ei minsteyting. Øvste grense for opptening er 6 G. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Dersom ein person har fått opptening til alderspensjon på grunnlag av omsorgsarbeid i åra som inngår i berekningsgrunnlaget for uføretrygd, kan ein sjå bort frå desse åra når berekningsgrunnlaget blir fastsett. Regelen kan auke berekningsgrunnlaget for personar som har gått ned i inntekt i omsorgsåra og deretter blir ufør.

Omsorgspengar blir gitte for like mange dagar til begge omsorgspersonane til barnet, slik at både mor og far har same rett til å vere borte frå arbeidet for å ta vare på eit sjukt barn.

Ordninga med pleiepengar ved omsorg for sjukt barn blei revidert i 2017. I evalueringa av endringane blei bl.a. effektar på fordelinga mellom mødrer og fedrar undersøkt. Kvinner tar framleis imot pleiepengar i større grad enn menn, men utviklinga har gått i riktig retning.

Regelverket i folketrygda for alderspensjon er kjønnsnøytralt, i den forstanden at pensjonen blir berekna på same måte for kvinner og menn. Kjønnsnøytrale oppteningssatsar og kjønnsnøytrale delingstal sikrar at kvinner og menn med same oppteningshistorikk får same årlege pensjon. Sjølv om regelverket for å berekne pensjon er kjønnsnøytralt, er gjennomsnittleg utbetalt pensjon frå folketrygda høgare for menn enn for kvinner. Dette kjem av faktorar som forskjellar i arbeidsmarknadsdeltaking, lønnsnivå, stillingsprosent og avgangsalder. Alderspensjon i folketrygda har element som fører til auka likskap mellom kjønna trass forskjellar i arbeidsdeltaking, lønn og omsorgsarbeid. Slike element er eksempelvis minstenivå, oppteningstak og omsorgsopptening. Alderspensjon i folketrygda fører totalt sett til ei klar omfordeling frå menn til kvinner. Dette gjeld både for gammal og ny oppteningsmodell. Kvinner tener på dei generelle omfordelingselementa, fordi dei i gjennomsnitt har lågare inntekter enn menn, og dei lever lenger.

Arbeidsmarknadstiltaka skal bidra til å betre moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Dei skal også hindre at personar fell ut av arbeidslivet. Innvandrarar frå land utanfor EØS-området, unge og langtidsledige kan oppleve særlege utfordringar med å komme i arbeid og deltar oftare i arbeidsmarknadstiltak enn andre. Vidare er enkelte av arbeidsmarknadstiltaka innretta for å støtte og legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne vere i jobb, som tiltaka funksjonsassistanse i arbeidslivet og arbeids- og utdanningsreiser. Vi viser til omtale av arbeidsmarknadstiltak under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.

Integreringspolitikken skal bidra til at fleire kjem i arbeid og lærer seg norsk, og samtidig fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll.

Retten til opplæring etter integreringslova skal gi nykomne flyktningar grunnlag for å komme i arbeid, skaffe seg vidare utdanning og bli aktive deltakarar i samfunnet. Jobbsjansen er eit individuelt retta kvalfiseringsprogram som skal auke sysselsettinga og derigjennom økonomisk sjølvstende blant kvinner med innvandrarbakgrunn.

Lov om offentlege organer sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) bidrar til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk.

I november 2023 la regjeringa fram ein overordna handlingsplan mot rasisme og diskriminering som gjeld ut 2027. I tillegg gjer regjeringa ein særskild innsats mot hets og diskriminering av bestemte etniske og religiøse minoritetar. Regjeringa la fram to nye handlingsplanar i 2024, éin mot antisemittisme og éin mot muslimfiendskap, og dessutan éin i 2025 mot hets og diskriminering av samar. Desse tre handlingsplanane gjeld ut 2030.

Ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for perioden 2025–2028 blei lansert våren 2025. Arbeidet med å kjempe mot negativ sosial kontroll handlar om å ivareta grunnleggande rettar, sikre fridom og likestilling for alle og kjempe mot vald og overgrep. Arbeidet på dette området skal bl.a. bidra til auka kompetanse om negativ sosial kontroll og æresmotivert vald i det offentlege tenestetilbodet, slik at fleire saker kan bli avdekte og fleire utsette kan få hjelp. Våren 2026 la regjeringa fram eit lovforslag for Stortinget. Lova blei vedtatt og gir dei særskilde tenestene, mangfaldsrådgivarane, Kompetanseteamet og spesialutsendingane for integreringssaker, betre høve til å samarbeide og dele opplysningar på tvers.

Forboda mot diskriminering i arbeidslivet er regulert i arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova. Arbeidsmiljølova regulerer forbod mot diskrimering pga. alder, seksuell orientering, politiske oppfatningar og medlemskap i fagforeiningar eller politiske organisasjonar, deltidstilsette og midlertidig tilsette. Verksemdene er ifølge arbeidsmiljølova ansvarlege for at det blir gjennomført eit førebyggande arbeidsmiljøarbeid, noko som òg omfattar tema knytte til likestilling og diskriminering.

Utanlandske arbeidstakarar med manglande kunnskap om rettigheiter og pliktar i det norske arbeidslivet er særleg utsette for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle aktørar til svart og ulovleg arbeid. Regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet har fleire tiltak som bidrar til å avgrense desse problema, og til å betre vilkåra for utanlandske arbeidstakarar.

Manglande heiltidskultur er etter regjeringa sitt syn eit stort problem i deler av både offentleg og privat sektor, og det rammar særleg kvinner. Heiltid er viktig både i et likestillings- og samfunnsøkonomisk perspektiv, for å utnytte arbeidskraftpotensialet best mogleg, og det er viktig for den enkelte arbeidstakaren. Regjeringa jobbar saman med partane i arbeidslivet for at hovudregelen i arbeidslivet skal vere tilsetting på heiltid.

ILO-konvensjon nr. 190, som blei ratifisert av Stortinget i 2023, er ein internasjonal arbeidslivsstandard og anerkjenner alles rett til eit arbeidsliv fritt for vald og trakassering. Konvensjonen har relevans for likestilling og arbeidsliv og har bl.a. fokus på kjønnsbasert vald og trakassering, herunder seksuell trakassering. Samtidig som Stortinget samtykka til ratifiseringa vedtok dei også lovendringar som bl.a. presiserte at vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova også inneber eit vern mot seksuell trakassering.

Arbeids- og velferdsetaten

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til Arbeids- og velferdsetaten er å medverke til eit inkluderande arbeidsliv med plass for alle.

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering når etaten møter brukarane, går føre seg kontinuerleg. Det blir jobba med å få meir systematikk i oppfølginga av aktivitetsplikta, og å strukturere arbeidet slik at det får ei breiare involvering og forankring.

Behova til kvar enkelt brukar blir lagde til grunn for kva type bistand dei får. Arbeidssøkarar med innvandrarbakgrunn utanfor EØS har som gruppe høgare deltaking på tiltak enn arbeidssøkarar elles. Dei som har utfordringar med f.eks. helse, skal få bistand som hjelper dei over i arbeid. Det er fastsett retningslinjer for å motverke diskriminering i samanheng med formidling til arbeid. Retningslinjene gjeld alle grupper som kan oppleve diskriminering i samanheng med arbeidsformidling i regi av etaten, f.eks. pga. kjønn, alder, kjønnsidentitet, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne eller etnisitet. Som følge av tiltak 6 i Regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering, har Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet tilbydd kurs om diskriminering for tilsette i Arbeids- og velferdsetaten og tematisert diskriminering i arbeidslivet i faglege forum.

Arbeids- og velferdsetaten har utvikla ei rettleiingsplattform som skal gi rettleiarane god kompetanse i å tilby tenester som treffer dei ulike behova til brukarane. Ein av fordjupingsmodulane tematiserer rettleiing av brukarar med innvandrarbakgrunn. Målet med modulen er å gi tilsette i etaten fleirkulturell kompetanse for å sikre god kommunikasjon i møte med brukarar med svake norskferdigheiter og andre migrasjonsrelaterte utfordringar. Nye tilsette blir gjort kjende med etaten si rolle som samfunnsaktør, samfunnsoppdraget og skal settast i stand til å skjønne kven som er brukarar. Det blir også gitt opplæring som skal gjere dei tilsette medvitne om at brukarane har ulike behov og føresetnader, og auke forståinga av kva for utfordringar ulike funksjonsnedsettingar kan innebere. Dei som jobbar i Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging får f.eks. tilbod om e-læring om «Kjønnsdelte hjelpemiddel». Det skal gi praktisk kunnskap og verktøy for å sikre likeverdige offentlege tenester gjennom auka medvit rundt normer om kjønn og funksjonsevne.

Den fysiske tilgangen til sjølve Nav-kontoret kan vere ein risiko for diskriminering av f.eks. rullestolbrukarar og synshemma. Regelverk om universell utforming skal leggast til grunn for prosjektering og gjennomføring av bygg, og Norsk Standards til ei kvar tid gjeldande versjon.

Det er også brukarar som slit med å bruke digitale tenester, og som ikkje utan vidare kan nytte den digitale løysinga for skjema og kommunikasjon med etaten. Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider med å redusere faren for digitalt utanforskap. Etaten arbeider òg for at nav.no skal oppfylle krava til universell utforming. Det blir utarbeidd tilgjengeerklæringar som seier noko om i kva grad nettstaden innfrir krava. På denne måten får brukaren f.eks. informasjon om brot på krav til universell utforming, og utfordringar det kan føre til. Brukaren kan melde frå om feil og manglar direkte til etaten, og eventuelt sende klage til Diskrimineringsnemnda.

Omorganiseringa av Arbeids- og velferdsdirektoratet våren 2025, med bl.a. opprettinga av ei avdeling for brukaroppleving, prioriterte omsynet til lovkrav og løysingar for likestilling, diskriminering og universell utforming. Målsettinga er at betre samspel mellom digitale/fysiske flater, universell utforming/tilgjenge og klart språk, skal sikre at etaten sine tenester er betre tilgjengelege for alle.

Gjennom seviceklagesystem til etaten kan brukarar klage på servicen dei har fått, f.eks. dersom dei meiner seg utsette for diskriminering eller seksuell trakassering. Systemet skal bidra til å sikre at uheldig praksis både på individ- og systemnivå blir fanga opp.

Statistikk som etaten utarbeider har med variablar som kjønn, alder og fødeland. Denne informasjonen er også med i dei fleste analysane som blir produserte og publiserte. Dette kan vere med på å avdekke eventuelle systematiske forskjeller i tilbodet til ulike grupper.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

IMDis visjon er å fremme like moglegheiter, rettar og plikter for alle i eit mangfaldig samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av IMDis samfunnsoppdrag og er ein integrert del av all verksemd i IMDi. Rasisme og diskriminering er barrierar for deltaking på alle samfunnsarenaer, og arbeidet på dette feltet er ein viktig del av innsatsen for å få til vellykka integrering.

IMDi er eit fagdirektorat, forvaltningsorgan og nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet. IMDi tar hand om arbeidet med å busette flyktningar og legg til rette for at fleire innvandrarar deltar i arbeids- og samfunnslivet. Dei gir faglege innspel til vidareutvikling av integreringspolitikken og sørger for god samordning på integreringsfeltet. Dei forvaltar tilskotsordningar retta mot kommunane og frivillige organisasjonar. Dei produserer og formidlar forsking, utgreiingar, statistikk og god praksis. Dei medverkar også til ein profesjonell og serviceinnstilt offentleg sektor. IMDi er fagstyremakt for tolking i offentleg sektor. Dei jobbar òg mot negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnlemlesting.

IMDi skal medverke til auka deltaking i og bruk av sivilsamfunnet for å oppnå målet om at innvandrarar har høg deltaking i samfunnslivet og lever eit fritt liv. IMDi skal særleg medverke til at fleire innvandrarkvinner deltar i samfunnslivet, tar utdanning og kjem i arbeid.

IMDi skal gjennomføre integreringspolitikken til regjeringa. Dei skal styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar når det gjeld integrering og mangfald. IMDi har ei sentral rolle som pådrivar og samordnar overfor aktørar på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå for å styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar om mangfald og innvandrarar i Noreg.

Regjeringa vil fortsette innsatsen for å auke kunnskap om mangfald som ressurs blant arbeidsgivarar gjennom ulike tiltak i regi av IMDi, og i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet og partane i arbeidslivet. Viktige verkemiddel i dette arbeidet er IMDis tilskotsordning til private og offentlege arbeidsgivarar og informasjon og rettleiingsteneste for arbeidsgivarar.

Regjeringa ønsker meir mangfald i arbeidslivet, IMDi initierer og formidlar kunnskap, utviklar og tilbyr verktøy og deler erfaringar om korleis verksemder kan auke det etniske mangfaldet på arbeidsplasser.

Negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan ramme begge kjønn, men kvinner og jenter er meir utsette. Offentlege styresmakter har plikt til å handle når nokon blir utsett, og IMDi medverkar i det førebyggande arbeidet.

IMDi forvaltar ei rekke tilskotsordningar som har som formål å fremme likestilling og/eller motverke diskriminering.

IMDi har delansvar for gjennomføringa av fleire av handlingsplanane til regjeringa innanfor arbeidet for likestilling og mot diskriminering.

IMDi jobbar aktivt for å auke kunnskapsgrunnlaget om diskriminering og likestillling blant innvandrarar.

Maritim pensjonskasse (MPK)

Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er forankra i MPK sitt arbeid med rettferdig og likeverdig tenesteyting. Dette kjem til uttrykk i verksemdsstrategien, som legg vekt på kvalitet, rettferd og føreseielegheit for interessentane, og blir operasjonalisert gjennom interne retningslinjer for kommunikasjon, saksbehandling, universell utforming og brukardialog.

Den maritime næringa er i stor grad dominert av menn, og det er ei stor overvekt av menn blant medlemmene i ordninga. Kvinner utgjer berre i overkant av 10 prosent av medlemmene. Over 20 pst. av kvinnene har stillingar som gir eit lågare pensjonsgrunnlag. Dette er forhold MPK ikkje kan påverke direkte. Derfor legg verksemda stor vekt på at omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering blir ivaretatt i alt arbeid. Kundar og medlemmer i ordninga, og andre som er i kontakt med MPK, skal få eit likeverdig tilbod og likeverdig service. Medlemmer og kundar skal kunne melde frå dersom dei opplever trakassering eller uønskt åtferd i møte med verksemda, og tilsette som møter medlemmer og kundar, skal kunne melde frå om uønskt åtferd frå eksterne. Regelverket for ordninga er kjønnsnøytralt, og vedtak blir fatta etter same kriterium uavhengig av kjønn og annan bakgrunn.

Universell utforming og klart språk er ein del av arbeidet med å utvikle og forbetre tenestene til MPK. I august 2025 lanserte verksemda ein ny versjon av nettstaden for å betre brukarvenlegheita, og tilgjengelegheitserklæringa viser at mpk.no er i samsvar med krava til universell utforming av ikt. Både i tekst og bildebruk skal nettsidene vere balanserte og nøytrale med omsyn til kjønn, slik at kommunikasjonen ikkje bygger opp under stereotype framstillingar av yrke og roller i næringa. Viktig informasjon om ordninga finst på både nynorsk og engelsk. Innsikt frå brukarar og frå kunde- og medlemsundersøkinga blir nytta i arbeidet med å utvikle tenester og informasjon.

Ordninga skal framstå som kjønnsnøytral, og det skal takast omsyn til likestilling i kommunikasjonen med medlemmene. Frå 1. januar 2023 endra ordninga namn frå Pensjonstrygden for sjømenn til Maritim pensjonskasse.

Resultata av arbeidet blir vurderte gjennom løpande brukarhenvendingar, kunde- og medlemsundersøkinga, oppfølging av nettstaden, klarspråkarbeid og intern oppfølging av kommunikasjon og tenester. Verksemda vurderer at tenestene er tilgjengelege og likeverdige. Det er ikkje registrert saker i 2025 der forskjellsbehandling eller manglande tilgjenge har vore tema.

Framover vil MPK halde fram med å vidareutvikle digitale tenester, informasjon og rettleiing slik at dei er tilgjengelege, forståelege og likeverdige for alle brukargrupper, og halde tilgjengelegheitserklæringa oppdatert. Verksemda vil elles vidareføre arbeidet med klart språk og med å sikre at kommunikasjonen er balansert og nøytral.

Statens pensjonskasse (SPK)

Likestillingsarbeid i Statens pensjonkasse er forankra i eigen strategi, verktøy og retningslinjer. Dei har eigne retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingssystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er elles inkludert i personalpolitikken.

Som offentleg verksemd er Statens pensjonskasse opptatt av at omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering skal ivaretakast i alt løpande arbeid. Statens pensjonkasse har som mål at kundane og medlemmane av ordninga, og andre som er i kontakt med Statens pensjonskasse, skal få likeverdig tilbod og service. Visjonen til Statens pensjonskasse er at alle brukarane skal ha like moglegheiter til å bruke tenestene og forstå innhaldet uavhengig av ferdigheiter, føresetnader og situasjon.

Statens pensjonskasse har fokus på kommunikasjon som ikkje fremmer stereotypiar, og sørger for god opplæring blant tilsette i haldningar og mot diskriminering.

Universell utforming – inkludert klart språk – er ein del av prosessen med å utvikle og forbetre tenestene til Statens pensjonskasse. Dei har jobba med å forenkle strukturen på nettsidene, forenkle og forkorte tekstar og innhald, og redusert talet på nettsider for å forenkle navigasjon og søk. Vidare jobbar Statens pensjonskasse tett saman med brukarane, og innsikt frå brukartesting er ein viktig del av arbeidet med å utvikle tenester. Dette for at Statens pensjonskasse sine tenester skal bli meir tilgjengelege for alle. Statens pensjonskasse er opptatt av at nettsidene skal fylle EU sitt webdirektiv om universell utforming, og tilgjengelegheitserklæringa viser at Statens pensjonskasse er på god veg til å fylle krava.

Statens pensjonskasse har tatt tak i og utbetra fleire utfordringar med dei sjølvbetente digitale løysingane, og jobbar vidare med eit nytt designsystem, som har universelt forma ut kodebibliotek og modellar til bruk i utviklingsoppgåver. Det er også klare planar for når dei manglande krava i tilgjengelegheitserklæringa skal vere oppfylte.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet skal legge til rette for eit trygt og seriøst arbeidsliv for alle. Gjennom tilsyn, rettleiing, byggesaksbehandling, digitale tenester og kunnskapsformidling bidrar etaten til å fremme likestilling, mangfald og inkludering og til å redusere risikoen for diskriminering og utanforskap i arbeidslivet. Arbeidet rettar seg mot forhold som kan påverke moglegheita til å få, behalde og delta i arbeid uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne, religion, seksuell orientering eller andre diskrimineringsgrunnlag.

Arbeidstilsynet har særleg merksemd på at verksemder skal arbeide systematisk med førebygging av trakassering, eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og likeverdige arbeidsvilkår. Gjennom informasjon, rettleiing og tilgjengelege tenester arbeider etaten også for at arbeidstakarar med ulike føresetnader skal kunne ivareta rettane sine og delta på lik linje i arbeidslivet.

Eit velfungerande arbeidsmiljø, vern mot trakassering, tilrettelegging for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne og innsats for å nå ut til sårbare og utsette arbeidstakargrupper er døme på område der Arbeidstilsynet sine verkemiddel bidrar til å styrke likestilling og inkludering i arbeidslivet.

Vern mot diskriminering og trakassering

Arbeidstilsynet har innhald på nettsidene om vern mot diskriminering og gir verksemder råd og rettleiing for å fremme likestilling og førebygge og handtere diskriminering på norske arbeidsplassar. Arbeidstilsynet kan rettleie nærare om føresegnene i likestillings- og diskrimineringsregelverket, men har ikkje myndigheit til å gi pålegg. Eit unntak gjeld trakassering, der Arbeidstilsynet har tilsynsmyndigheit etter føresegner i arbeidsmiljølova.

Gjennom tilsyn, rettleiing og kunnskapsformidling bidrar Arbeidstilsynet til at verksemder arbeider systematisk for å førebygge og handtere trakassering. Dette støttar opp under målet om eit arbeidsliv der arbeidstakarar blir møtte med respekt og har like moglegheiter til å delta og utvikle seg.

Universelt utforma arbeidsplassar

Bygningsmessige løysingar kan ha stor betydning for like moglegheiter i arbeidslivet. Gjennom byggesaksbehandlinga kontrollerer Arbeidstilsynet bl.a. at arbeidsplassar og personalfasilitetar, så langt det er rimeleg og mogleg, er tilrettelagde for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Arbeidet bidrar til å redusere barrierar for deltaking i arbeidslivet og legge til rette for at fleire kan delta på lik linje med andre, uavhengig av funksjonsevne.

Universell utforming av digitale tenester

Arbeidstilsynet arbeider systematisk med universell utforming av digitale tenester for å sikre at dei er tilgjengelege for eit mangfald av brukarar. Ved utvikling og vidareutvikling av digitale løysingar blir det lagt vekt på brukskvalitet, universell utforming og klarspråk.

I utforming av skjema og digitale tenester blir det lagt vekt på klarspråk, føreseieleg navigasjon og tydelege feilmeldingar. Det blir særleg tatt omsyn til brukargrupper som kan møte barrierar i digitale tenester, til dømes brukarar med lese- og skrivevanskar, avgrensa norskkunnskapar eller andre behov for tilrettelegging. Dette bidrar til at fleire kan nytte Arbeidstilsynet sine tenester og ivareta rettane sine.

Informasjon og rettleiing til utanlandske arbeidstakarar

Gjennom Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA) samarbeider Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet og Utlendingsdirektoratet om å gi informasjon og rettleiing til utanlandske arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira om norsk arbeidsliv.

Arbeidstilsynet tilbyr også informasjon om arbeidsmiljø, rettar og plikter på fleire språk. Dette bidrar til at utanlandske arbeidstakarar får betre tilgang til relevant informasjon, styrker moglegheita deira til å ivareta eigne rettar og kan bidra til å motverke diskriminering, utnytting og utanforskap i arbeidslivet.

Likestilling i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

I alle offentlege verksemder skal arbeidsgivarar undersøke om det finst risikoar for diskriminering eller andre hinder for likestilling i verksemda, og annakvart år kartlegge lønn fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig tidsavgrensa arbeid.

I tillegg til aktivitetsplikt følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26 a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for iverksette eller planlagde tiltak for å fremme formålet om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Under følger ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og dei underliggande verksemdene. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir alle arbeidsgivarar pålegg om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering innanfor eiga verksemd.

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder1

AID

AV- etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

Totalt i verksemda2

2025

216

15 457

77

17

480

744

280

2024

228

14 965

67

20

470

719

283

Kvinneandel i pst:

I verksemdene

2025

69,9

70

61

35

52,5

60

67,9

2024

71,9

70

60

45

53,6

60

68,2

Toppleiarar

2025

44

51

100

0

54,5

60

75

2024

44

53

100

0

50

56

71,4

Mellomleiarar

2025

55

66

66

50

55,8

63

46,7

2024

61

65

80

50

60

64

60

Alternativ karriereveg

2025

66,7

70

58

-

45,1

0

55,6

2024

65,2

66

58

-

45,2

0

52,4

Saksbehandlarar

2025

73,1

70

80

33

60

67

70,2

2024

75,1

69

80

57

61,7

66

70,3

Konsulentar/kontorstillingar

2025

100

74

-

-

-

74

100

2024

100

75

-

-

-

78

0

Slutta

2025

87

70

83

60

79

61

62,2

2024

73

70

73

0

55

57

69

Nytilsette

2025

56

78

83

50

41,2

60

60

2024

80

71

50

-

38,5

63

71

Deltidstilsette

2025

75

85

-

-

33,3

77

80

2024

100

84

-

50

31,3

71

66,7

Midlertidig tilsette

2025

75

73

100

-

40

73

88,9

2024

92,9

76

80

-

50

100

87,1

Foreldrepermisjon

2025

100

85

67

-

54,5

67

70,4

2024

100

85

60

-

52,2

83

80,6

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Maritim pensjonskasse (MPK), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I kategorien alternativ karriereveg er fagdirektørar, spesialrådgivarar, rettsmedlemmar og rettsfullmektigar. I AID består toppleiinga av ein departementsråd, ekspedisjonssjefar, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. I TR og MPK er det berre éin toppleiar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønt permisjon.

Gjennomsnittleg antal veker foreldrepermisjon for kvinner og menn

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2025

11

22

15

20

15

18

18

0

14

16

10

15

4

11

2024

17

18

14

20

15

23

0

0

13

24

13

22

12

17

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinners andel av lønna til menn etter stillingskategori per 31. desember1

AID

AV- etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2025

92,9

94

89

95,0

93,6

98

94,6

2024

91,9

94

102

90

93,1

97,6

95,2

Toppleiarar

2025

105,0

98

100

-

94,7

100,7

100,6

2024

105,5

103

100

-

96,2

103,9

99,7

Mellomleiarar

2025

101,4

95

112

90

92,5

99,3

101,0

2024

101,1

95

99

88

92,8

99,7

96,5

Alternativ karriereveg

2025

95,5

89

100

-

96,2

-

92,5

2024

97,7

93

100

-

96,6

-

94,1

Saksbehandlarar

2025

101,7

93

93

99,5

98,4

96,8

97,0

2024

101,3

93

92

103,1

96,9

96,8

95,8

Konsulentar/kontorstillingar

2025

100

101

-

-

-

100,1

-

2024

100

101

-

-

-

99,5

-

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær i departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

2025

3,5

6,4

6,3

1,8

3,0

4,5

7,3

2024

3,3

6,9

4,6

4,3

4,2

5,6

5,4

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Det har vore ein auke i sjukefråværet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Trygderetten og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet frå 2024 til 2025.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet var 3,5 pst. i 2025 mot 3,3 pst. i 2024. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3,0 pst. i 2025.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,3 pst. i 2025. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 6,0 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2025 ligg over nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Legemeldt sjukefråvær i pst. for menn og kvinner per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2025

3,5

3,5

3,9

7,4

0

6,3

1,1

2,8

2,2

3,8

3,0

5,5

3,3

7,7

2024

1,3

4,2

4,0

8,1

0,9

7,0

5,4

3,0

3,0

5,5

3,5

7,0

4,3

7,3

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor forskjell mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i dei fleste verksemdene i sektoren.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,7 pst. i 2025, medan det var 3,7 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Det legemelde sjukefråværet blant menn var høgare enn 2,7 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 5,8 pst. i 2025, medan det var 7,0 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Sjukefråværet blant kvinner var høgare enn 5,8 pst. i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Frå 2024 til 2025 har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant menn i alle verksemdene, bortsett frå i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Blant kvinner har det i same periode vore ein nedgang i sjukefråværet i alle verksemdene, bortsett frå i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Det var 216 tilsette i departementet ved utgangen av 2025, og 69,9 pst. av dei var kvinner.

Av dei nyrekrutterte i 2025 var kvinnedelen 56 pst., og av dei som slutta var 87 pst. kvinner.

Kjønnsperspektivet er ein del av personalpolitikken i departementet. Departementet fokuserer særleg på at kvinner og menn får same høve til fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane, bortsett frå blant toppleiarane, der delen kvinner er 44 pst. Blant mellomleiarane er delen kvinner 55 pst. og i stillingskategorien alternativ karriereveg er 67 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 73 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner.

Prinsippet om likelønn skal løysast gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 92,9 pst., ein auke på 1 prosentpoeng frå 2024. Som tala i tabellen over viser, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i alle stillingskategoriane bortsett frå i stillingskategorien alternativ karriereveg. Det er ei stor overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til forskjellen i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Utvida lønnskartlegging

Med den forsterka aktivitets- og utgreiingsplikta er det no krav om å undersøke om det førekjem diskriminering på grunnlag av kjønn der menn og kvinner utfører «likt arbeid» eller «arbeid av lik verdi». Departementet gjennomførte ei utvida lønnskartlegging i 2021, 2023 og 2025 og undersøkte lønnsutviklinga blant saksbehandlarane etter kjønn dei fire siste åra. I lønnskartlegginga blei det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønnsutviklinga mellom kjønna.

Ufrivillig deltid handlar om at medarbeidarar er tilsette i ei deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet har ikkje tilsette som jobbar ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

Departementet deltar i det statlege traineeprogrammet for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Andelen søkarar som oppgav at dei hadde nedsett funksjonsevne til ordinære stillingar var 3,7 pst. i 2025, og andelen som oppgav å ha hol i CV-en var 1,8 pst.

Av totalt 1 091 søkarar til stillingar i departementet i 2025 opplyste 15 pst. at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2, og 12,5 pst. av dei nytilsette opplyste om at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 8,2 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2025. Andelen tilsette med innvandrarbakgrunn gjeld for både landgruppe 1 og landgruppe 2.

Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta har ikkje departementet avdekt risikoar for diskriminering på nokon av personalområda. Samtidig er departementet saman med dei tillitsvalde einige om at departementet framleis bør ha særleg merksemd på området rekruttering – vegen inn i departementet.

Det legemelde sjukefråværet var 3,5 pst. i 2025, ein auke på 0,2 prosentpoeng frå 2024.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten hadde 15 457 tilsette ved utgangen av 2025, og 10 884 er kvinner. Kvinnedelen har lege stabilt på om lag 70 pst. dei siste åra.

Fordelinga av kvinner og menn varierer mellom dei ulike einingane. Det er flest kvinner i Arbeids- og tenestelina (Nav-kontora), med over 75 pst. kvinner i fleire fylke og færrast i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Der er kvinnedelen 51 pst. Endringa frå 2024 skuldast i hovudsak flytting av klage- og ankelinja til direktoratet. I direktoratet er IT eit stort område som tiltrekker seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Delen kvinner er størst i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane er 51 pst. i 2025, og blant mellomleiarane ligg den stabilt på 66 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 94 pst. av menns lønn. Menn har høgare gjennomsnittleg årslønn enn kvinner i alle stillingskategoriar, med unntak av blant toppleiarane og konsulentane.

Personalpolitikken i etaten viser at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan ha høgare lønn enn leiarar. Ved rekruttering av nye medarbeidarar skal kompetansebehovet i etaten supplerast, og målsettinga om inkludering og mangfald skal følgast opp.

Utvida lønnskartlegging

Det er slått fast i personal- og lønnspolitikken i Arbeids- og velferdsetaten at det ikkje skal vere forskjell i lønna mellom kvinner og menn, utan at det er sakleg grunn til det. Tala i tabellen over kan likevel tyde på lønnsforskjellar. Menn tener i snitt meir enn kvinner i stillingskategoriane mellomleiarar, saksbehandlarar (rådgivarar), alternativ karriereveg og blant deltidstilsette. Blant konsulentane tener kvinner i snitt meir enn menn, men det er stillingskategorien med lågast lønn generelt.

I den utvida lønnskartlegginga har Arbeids- og velferdsetaten undersøkt om det er forskjellar mellom kvinners og menns gjennomsnittlege lønn etter ansiennitetsintervallar på to år. Resultata av undersøkinga viser at menn i snitt tener meir enn kvinner i alle ansiennitetsintervalla.

Isolert sett kan tala tyde på at det er systematiske lønnsforskjellar mellom kjønna, men tala gir ikkje eit fullstendig bilete av lønnsforskjellane. Det som er med i lønnskartlegginga er kjønn, lønn, ansiennitet og arbeidsstilling, og andre faktorar som kan påverke resultata er ikkje vurderte. Systematiske lønnsforskjellar ligg føre dersom kvinner tener mindre enn menn, medan alt anna er likt, som utdanning, alder og arbeidserfaring frå andre verksemder. Dette er faktorar som i stor grad kan påverke lønna. Det kan òg vere «usynlege» faktorar som det er vanskeleg å kvantifisere eller måle som påverkar lønna. Etaten har så langt ikkje godt nok datagrunnlag til å analysere dette nærmare.

Ufrivillig deltid

Arbeids- og velferdsetaten har ikkje opplysningar om ufrivillig deltid. Det er nokre få saker der deltidstilsette hevdar fortrinnsrett til heiltidsstillingar, men det betyr ikkje at deltidsstillinga er ufrivillig i utgangspunktet.

Arbeids- og velferdsetaten har ein jamn andel av deltidstilsette, med eit gjennomsnitt i 2025 på om lag 4 pst. Etaten kunngjer i stor grad heiltidsstillingar og reduserer dermed risikoen for at nokon jobbar ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald når det gjeld kjønn og andre diskrimineringsgrunnlag. Dette er òg eit prinsipp som kjem til uttrykk i etatens nulltoleranse for diskriminering og i sentrale dokument om økonomistyring, lønnspolitikk, generelle kompetansetiltak og opplæring av nytilsette.

Tilsette i etaten møter eit mangfald av brukarar i forbindelse med samfunnsoppdraget. Mangfaldet skal òg speglast internt, og verksemda stiller krav til arbeidet med inkludering og mangfald. Etaten stiller dei same krava til universell utforming for interne IKT-løysingar som for eksterne. I tillegg til generell tilrettelegging i bygg og teknologi set etaten i verk individuelle tiltak lokalt for den enkelte medarbeidaren. Sentrale normer, retningslinjer for arbeid med brukarar og opplæring av tilsette i inkludering og mangfald gir retning for arbeidet i etaten på tvers av alle diskrimineringsgrunnlag.

Frå 2022 har etaten utarbeidd ei oversikt over seks utvalde mangfaldsmarkeringar dei ønsker å framheve. Dei seks dagane er Pride, samane sin nasjonaldag, den internasjonale kvinnedagen, Verdsdagen for psykisk helse, FN-dagen og FN-dagen for funksjonshemma. Sentralt markerer etaten religiøse høgtider som er forankra i lovverket, og følger føringane i Statens personalhandbok.

I 2025 var det 91 789 personar som søkte jobb i Arbeids- og velferdsetaten, ein kraftig auke frå 2024. I 2025 oppgav 2 524 søkarar at dei hadde hol i CV-en, 1 740 søkarar oppgav å ha nedsett funksjonsevne og 8 030 søkarar opplyste om at dei hadde innvandrarbakgrunn. Av 2 025 nytilsette hadde 3,1 pst. hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne og 1,4 pst. opplyste at dei hadde innvandrarbakgrunn.

Antal søkarar frå målgruppa har gått ned, samtidig som antal søkarar totalt har auka kraftig i 2025. Det inneber at konkurransen om ledige stillingar i etaten blir tøffare. I tillegg utgjer kvalifikasjonsprinsippet og manglande kandidatar frå målgruppa ei utfordring.

Etaten har ambisjonar om å auke delen tilsettingar i målgruppa, og for å oppnå betre resultat i 2026 videreførast tiltaka som allereie er satt i gang.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket, og deltar i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Traineeprogrammet er eit viktig tiltak for å sikre inkludering i arbeidslivet. I 2025 tilsette etaten to nye traineear gjennom statens traineeprogram.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste ti åra, særleg frå landgruppe 2. I 2025 hadde 14 pst. av dei tilsette i etaten innvandrarbakgrunn, med noko større spreiing i landbakgrunn enn gjennomsnittet i staten. Av desse høyrde 9,5 pst. til landgruppe 2.

Nav-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet har ein høgare andel tilsette med innvandrarbakgrunn, samanlikna med dei andre einingane. Dette speglar befolkninga i området.

Det legemelde sjukefråværet var 6,4 pst. i 2025, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå 2024.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 77 tilsette ved utgangen av 2025 og 61 pst. av dei tilsette er kvinner. Toppleiaren er ei kvinne og kvinnedelen blant mellomleiarane er 66 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg er delen kvinner 58 pst. og blant saksbehandlarane er delen kvinner 80 pst.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 89 pst. i 2025, mot 102 pst. i 2024.

Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn.

Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 112 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn, mens den gjennomsnittlege lønna til kvinner utgjer 93 pst. blant saksbehandlarane. Det er ikkje avdekt lønnsforskjellar baserte på kjønn.

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytte til likestilling. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal behandlast likt, uavhengig av kjønn. I tilpassingsavtalen om medråderett er det nedfelt at «uansett kjønn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle tilsette får like moglegheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar».

Ingen tilsette i Trygderetten har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Aktuelle verkemiddel er bl.a. å la eldre, erfarne rettsmedlemmar vere fadrar for nytilsette og arbeide med praksisundersøkingar og anna utgreiingsarbeid i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor og ha ei positiv haldning til graderte stillingar.

Trygderetten har ikkje hatt ei positiv utvikling i talet på tilsette med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne. Det kan vere fleire årsaker til dette, bl.a. at verksemda ikkje har sett konkrete mål for rekruttering av personar i målgruppa. Situasjonen er annleis når det gjeld tilsetting av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Her er tilfanget av kvalifiserte søkarar stort. I samarbeid med dei tillitsvalde vil Trygderetten etablere ei arbeidsgruppe som skal greie ut og foreslå tiltak for å auke delen tilsette med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne.

For embetet som rettsmedlem (dommar) og stillinga som rettsfullmektig, er det eit lovkrav at den som blir tilsett har norsk statsborgarskap.

Det legemelde sjukefråværet var 6,3 pst. i 2025, ein auke på 1,7 prosentpoeng frå 2024.

Maritim pensjonskasse

Maritim pensjonskasse er ei lita verksemd med 17 tilsette, og ein kvinnedel på 35 pst. Kvinnedelen er 50 pst. i leiargruppa og 33 pst. blant saksbehandlarane.

Maritim pensjonskasse gjennomfører årleg ei kartlegging og ein intern analyse av forholda for å sikre likestilling og hindre diskriminering. Dei legg stor vekt på omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering i den lokale lønns- og personalpolitikken og arbeider for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Utvida lønnskartlegging

Den utvida lønnskartlegginga vart gjennomført i 2026. Resultata av lønnskartlegginga viser at det er liten forskjell i gjennomsnittslønna mellom kvinner og menn. Kvinners andel av menns lønn utgjer 95 pst. når øvste leiar er medrekna., ein auke på 5 prosentpoeng frå 2024.

I leiargruppa utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 90 pst. av menns lønn. Små endringar kan slå betydeleg ut på lønnsstatistikken i ei så lita verksemd som Maritim pensjonskasse.

Kartlegginga og analysen har ikkje avdekt kjønnsbaserte forskjellar, eller nokon risiko for diskriminering eller hindre for likestilling når det gjeld lønn eller andre forhold.

Ingen tilsette i Maritim pensjonskasse har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Maritim pensjonskasse har som mål å auke mangfaldet, men i ei lita verksemd med få rekrutteringar er det utfordrande å talfeste eit mål. Utlysingstekstane blir gjennomgått for å sikre eit inkluderande språk og krav som er sakleg grunngjevne ut frå oppgåvene i stillinga.

Verksemda har svært få søkarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en

I 2025 var det legemelde sjukefråværet 1,8 pst., ein nedgang på 2,5 prosentpoeng frå 2024.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 480 tilsette, og ein kvinnedel på 52,5 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 54,5 pst., blant mellomleiarane 55,8 pst., 45,1 pst. i stillingskategorien alternativ karriereveg og 60 pst. blant saksbehandlarane.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 93,6 pst. av menns lønn i 2025, ein auke på 0,5 prosentpoeng frå 2024. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner i alle stillingsgruppene.

Verksemda analyserer lønnsforholda jamleg. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn innanfor kvar stillingskategori er relativt små og har halde seg stabile. Under lønnsforhandlingane har verksemda fokus på ikkje å diskriminere medarbeidarar i permisjon eller deltidsstillingar. Verksemda vurderer det slik at utfordringar og barrierar knytte til likestilling er små.

Statens pensjonskasse har liten eller ingen grad av ufrivillig deltid. Statens pensjonskasse har god praksis for at medarbeidarar som har behov for midlertidig eller fast reduksjon av stillinga si får det.

Inkludering og mangfald

I 2018 utarbeidde verksemda nye retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingssystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er også inkludert i personalpolitikken og i iverksette tiltak.

Verksemda har eigne tilrettelagde rom som blir brukt til bønn og kvile. Toalett- og garderobeløysingar er godt tilrettelagd for kvinner, tilsette med nedsett funksjonsevne og transpersonar.

Statens pensjonskasse har tidlegare sett på korleis dei skal jobbe meir fleksibelt og vidareutvikle hybride arbeidsformer. Det er stadfesta at Statens pensjonskasse skal vere ein moderne arbeidsplass, der tillit er grunnsteinen i kulturen. Verksemda har jobba særskild med tilrettelegging for å gjere det lettare å kombinere arbeid med familieliv.

Statens pensjonskasse kommuniserer aktivt i utlysingar at dei har ei kontorløysing med universell utforming, og dei bruker ein tekst om mangfald i alle utlysingar. I tillegg er det gjennomført informasjonstiltak om inkludering retta mot leiarane. I 2024 rekrutterte verksemda ein trainee gjennom statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, med oppstart i 2025.

Det er få søkarar i nokre kategoriar til dei utlyste stillingane i verksemda. Utover dette er det ikkje avdekt nokon utfordringar med likestillingsarbeidet.

I 2025 var det legemelde sjukefråværet 3 pst., ein nedgang på 1,2 prosentpoeng frå 2024.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 744 tilsette, og ein kvinneandel på 60 pst. Andelen menn og kvinner har vore relativt stabil dei siste åra. Blant toppleiarane er delen kvinner 60 pst., blant mellomleiarane er kvinnedelen 63 pst. og blant saksbehandlarane er kvinnedelen 67 pst. Arbeidstilsynet har ein god kjønnsbalanse i stillingar som kan samanliknast. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten.

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna til kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn og utgjer 98 pst. av menns lønn. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 100,7 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 99,3 pst. og blant saksbehandlarane 96,8 pst. Lønnspolitikken til Arbeidstilsynet sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn. Innanfor kvar stillingskategori er det tilnærma lik lønn mellom kvinner og menn.

Arbeidstilsynet har valt å vidareføre ordninga med heimekontor inntil to dagar i veka som eit tiltak for å auke fleksibiliteten for dei tilsette. Meir fleksibilitet kan legge betre til rette for å kombinere arbeid og familieliv. Dei fleste tilsette i Arbeidstilsynet har i dag valt å inngå ein tilleggsavtale om frivillig heimekontor.

Utvida lønnskartlegging

Arbeidstilsynet rapporterte på ufrivillig deltid og kartlegging av likt arbeid av lik verdi i 2022 og 2024, og neste rapportering på desse områda vil vere i 2026. Dette arbeidet vil bli gjort saman med dei tillitsvalde, og det skal utarbeidast eit fullstendig lønnsbilete for 2024.

Mange tilsette har same stillingskode, men ulike arbeidsoppgåver og fagleg bakgrunn. Stillingskoder alene gir derfor ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å kartlegge likt arbeid og arbeid av lik verdi. Arbeidstilsynet har saman med dei tillitsvalde vald å sjå på lønn og kjønn internt i avdelingar og seksjonar, og tatt utgangspunkt i at tilsette i same seksjon har like arbeidsoppgåver og kan samanliknast. Gjennom statistikken blei det identifisert avdelingar og seksjonar kor kvinner i snitt tente mindre enn menn. Dette har no vore praksis i nokre år.

Det er få tilsette i Arbeidstilsynet som jobbar deltid, men dei som jobbar deltid gjer det etter eige ønske.

Inkludering og mangfald

Arbeidstilsynet vil arbeide meir systematisk med aktivitetsplikta i 2026, og gjennomføre ein systematisk gjennomgang av personalområda med omsyn til likestilling og ikkje-diskriminering.

Det er ein samanheng mellom likestilling, ikkje-diskriminering og mangfald opp mot enkelte av FN sine berekraftsmål. I 2024 blei det lagt særleg vekt på berekraftsmål 5 om likestilling mellom kjønna og i 2025 er satsinga vidareført med særleg vekt på sosial berekraft. Mangfald og inkludering er òg tema på leiarsamlinga i 2026.

På nokre område er det jobba godt med tiltak og planar for å fremme likestilling og hindre diskriminering og trakassering. Eit av tiltaka har vore å utarbeide ei rutine for mangfaldsmarkeringar. Nokre viktige markeringar som er framheva på etatsnivå er den internasjonale kvinnedagen, Pride, FN-dagen, FN-dagen for menneske med funksjonshemming og Verdsdagen for psykisk helse.

I rekrutteringsprosessane blir det lagt stor vekt på likebehandling og inkludering av grupper som kan ha vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet. Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, opplever Arbeidstilsynet at dette er ei vanskeleg gruppe å nå gjennom ordinære rekrutteringsprosessar. I 2024 reforhandla verksemda personalreglementet med dei tillitsvalde og opna opp for administrative tilsettingar inntil eitt år for personar i målgruppa. Dette kan vere ein av fleira løysingar for å nå målsettinga om å auke mangfaldet i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet har gode erfaringar med traineeprogrammet i staten, og rekrutterte to nye traineear i 2025.

I 2025 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,5 pst., ein nedgang på 1,1 prosentpoeng frå 2024.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har 280 tilsette, og ein kvinnedel på 67,9 pst. Blant toppleiarane er delen kvinner 75 pst. og 46,7 pst. blant mellomleiarane. I kategorien alternativ karriereveg er kvinnedelen 55,6 pst. og blant saksbehandlarane er 70,2 pst. kvinner.

Utvida lønnskartlegging

Blant toppleiarane tener kvinner i snitt 100,6 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 101 pst. og 97 pst. blant saksbehandlarane. I kategorien alternativ karriereveg tener kvinner i snitt 92,5 pst. av menns lønn.

Sjølv om det er relativt små forskjellar i lønna mellom kjønna innanfor dei fleste stillingsgruppene, resulterer kjønnsfordelinga i direktoratet til at kvinner totalt sett tener 94,6 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er merksame på likelønn mellom kjønna ved lokale lønnsforhandlingar og ved lønnsfastsetting i rekrutteringsprosessar.

Det er ikkje registrert ufrivillig deltid i verksemda i 2025.

Inkludering og mangfald

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som visjon å fremme like moglegheiter, rettar og plikter i eit mangfaldig samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av samfunnsoppdraget og er ein integrert del av verksemda til direktoratet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som mål å ha ei samansetning av medarbeidarar som speglar befolkninga med omsyn til etnisk bakgrunn, kjønn, alder, funksjonsevne og seksuell orientering. IMDi har som mål at 5 pst. av dei nytilsette skal vere personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne. Som eit tiltak for å nå dette målet inngjekk verksemda eit samarbeid med Nav om inkluderande rekruttering. Verksemda har ikkje nådd målet om at 5 pst. av dei nytilsette skal vere frå målgruppa i 2024 eller i 2025. Arbeidet held fram i 2026. Direktoratet er merksame på denne målsettinga ved rekruttering, i individuell oppfølging og i ein livsfaseorientert personalpolitikk med fleksible og individuelt tilpassa løysingar.

I 2023 utarbeidde direktoratet ein mangfaldspolicy for internt bruk, som skal bidra til at verksemda jobbar strategisk for at mangfald skal gi meirverdi.

Verksemda har som mål at minimum 30 pst. av dei tilsette har innvandrarbakgrunn på alle nivå i organisasjonen. I rekrutteringsprosessane skal det viast særskild merksemd mot kva krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som blir stilte, for ikkje å ekskludere søkarar. Alle utlysingar inneheld oppfordring til personar i målgruppene om å søke på ledige stillingar.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har ein betydeleg andel tilsette med innvandrarbakgrunn, totalt 31,5 pst. Dette er ein høg andel samanlikna med staten sett under eitt. Av dei tilsette med innvandrarbakgrunn er 74 pst. frå landgruppe 2.

I 2025 var det legemelde sjukefråværet 7,3 pst., ein auke på 1,9 prosentpoeng frå 2024.

11 Samfunnstryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt overordna ansvar for samfunnstryggleik og beredskap omfattar:

  • Å ivareta pensjonar og ytingar frå folketrygda, offentleg tenestepensjon, yrkesskade med meir, ved kriser eller katastrofar i fredstid og krig.

  • Arbeidsmiljø og tryggleik i arbeidslivet på land (ansvaret for storulykker ligg hos Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)).

  • Å medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i fredstid og krig.

  • Eit særleg ansvar for introduksjonsordninga for nykomne vaksne innvandrarar og busetting av flyktningar.

  • Ansvar for saker som gjeld statsborgarlova, av betydning for samfunnstryggleiken.

Krav til arbeidet går fram av instruks for departementa sitt arbeid med samfunnssikkerheit (samfunnssikkerheitsinstruksen) av 1. september 2017. Instruksen legg til grunn at departementa på sine fagområde skal arbeide systematisk med beredskap, og mål for Arbeids- og inkluderingsdepartementets arbeid på området er utvikla i tråd med krava i samfunnssikkerheitsinstruksen.

Departementet har som mål å førebygge uønskte krisehendingar innanfor vårt sektoransvar, og å styrke samordninga i sektoren og med andre departement. Eit godt samarbeid på tvers av sektoren og med andre styresmakter, forvaltningsnivå og aktørar er ein føresetnad, både i det førebuande arbeidet og ved krisehandtering. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har òg som mål å kunne handtere og redusere konsekvensane av alle typar krisehendingar i eigen sektor, samt å medverke til at kriser i andre sektorar og samfunnsviktige funksjonar blir handterte på ein god måte. Ein viktig del av dette er å ha evne til god kontinuitetsplanlegging og å kunne lære av øvingar og tidlegare hendingar.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken innanfor sine ansvarsområde, og for at samfunnstryggleik er ein integrert del av arbeidet i sektoren. Departementet har stilt instruksfesta krav til verksemdene sitt arbeid på dette området og samfunnstryggleik er en viktig del av styringsdialogen. Instruksane er samordna med krav, oppgåver og prioriteringar i samfunnssikkerheitsinstruksen og Nasjonal strategi for digital tryggleik frå 2019. Arbeid i verksemdene som òg gjeld samfunnstryggleik, er nærare omtalt under dei ulike programkategoriane i del II.

Totalforsvarsåret

Dei siste åra har vore prega av ein alvorleg global tryggleikssituasjon. I den nasjonale tryggleiksstrategien frå mai 2025 peiker regjeringa på strategiske hovudprioriteringar i møte med dei tryggingspolitiske utfordringane. Hovudprioriteringane i strategien handlar om raskt å styrke forsvarsevna, gjere samfunnet meir motstandsdyktig og styrke den økonomiske tryggleiken i Noreg. Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldinga – førebudd på kriser og krig har samanliknbare hovudmål. Måla i meldinga er å oppretthalde eit sivilt samfunn som er førebudd på kriser og krig, som står imot samansette truslar, og som støttar opp under militær innsats. Oppfølginga av den nasjonale tryggleiksstrategien og totalberedskapsmeldinga må dermed sjåast i samanheng. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i 2026 hatt stor merksemd om dette, og dette arbeidet vil halde fram i 2027.

Eit viktig tiltak i totalberedskapsmeldinga er at 2026 skal vere eit totalforsvarsår. I løpet av året er det lagt opp til eit tettare samarbeid mellom det militære og det sivile samfunnet, med mål om å styrke evna i Noreg til å førebygge og handtere tryggingspolitiske kriser og krig. Gjennom året er det gjennomført ei rekke aktivitetar på tvers av sektorane. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har deltatt i fleire av desse, og det er òg gitt føringar om dette i tildelingsbreva til dei største verksemdene i sektoren. I tillegg er det internt i sektoren gjennomført både konsekvensvurderingar knytt til ulike scenario, kompetansetiltak og andre aktivitetar som kan bidra til å styrke samarbeidet for å møte dagens trusselbilete.

Regjeringa og partane i arbeidslivet underteikna 26. mai 2026 ei samarbeidserklæring om å styrke trepartssamarbeidet som ein sentral ressurs i den nasjonale beredskapen. Målet er at god dialog og samordning mellom regjeringa og partane i arbeidslivet skal bidra til å styrke samfunnet si motstandskraft og oppretthalde tillit, sikre rask mobilisering av arbeidskraft og kompetanse, samt bidra til koordinert kommunikasjon og krisehandtering på tvers av sektorar. Avtalen skal sikre ei heilskapleg, fleksibel og tillitsbasert samordning i møte med omfattande kriser som rammar grunnleggjande samfunnsfunksjonar, i alt frå tryggingspolitisk krise og krig til naturkatastrofar, helsekriser og økonomiske sjokk.

Ein viktig del av totalforsvarsåret 2026 er øvingar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeidstilsynet og Statens pensjonskasse deltatt i totalforsvarsøvinga TDX26. Gjennom øvinga er det gjennomført analysar og vurderingar, og det er utarbeidd tilrådingar om korleis aktuelle konsekvensar av eit tryggingspolitisk scenario ved kriser og krig skal handterast. Det er òg arbeidd med sektoren sine planar for ulike tryggingspolitiske scenario. Det førebuande utgreiingsarbeidet som vart gjort i forkant av sjølve øvinga, har vore ein like viktig del som erfaringane frå sjølve gjennomføringa. Evalueringa av øving TDX26 er i gang, og læringspunkta for sektoren vil bli følgde opp i 2027.

Sivil arbeidskraftberedskap

I ein væpna konflikt kan regjeringa få behov for å mobilisere og prioritere tilstrekkeleg med arbeidskraft for å støtte opp om forsvaret av landet, ivareta sivilsamfunnets grunnleggande funksjoner og verne om sivilbefolkninga. Mobilisering av sivil arbeidskraftberedskap kan i ein gitt situasjon òg få betydning for evna til å ta imot allierte forsterkingar frå NATO.

Endringar i lov om sivil beskyttelse og beredskap (sivilbeskyttelseslova) trådde i kraft 1. juli 2025. Det er teke inn ei rammeregulering av sivil arbeidskraftberedskap til bruk når riket er i krig, krig truar eller riket sitt sjølvstende er i fare. Sivilbeskyttelseslova sorterer under Justis- og beredskapsdepartementet sitt ansvarsområde, men Arbeids- og inkluderingsdepartementet har òg ansvar for å følge opp korleis vi kan førebu oss på bruk av sivil arbeidskraftberedskap i tryggingspolitisk krise og krig.

Det er etablert eit breitt samarbeid mellom sektorane for å følge opp lova. Det er gitt eit oppdrag til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Forsvaret og Helsedirektoratet om å greie ut og foreslå moglege mekanismar for prioritering av sivil arbeidskraft til bruk når riket er i krig, krig truar eller riket sin tryggleik er i fare, og korleis bruk av sivil arbeidskraftberedskap bør førebuast i fredstid. Arbeidet vart fullført i september 2026. Utfordringar knytte til eventuell bruk av sivil arbeidskraftberedskap i ei tryggingspolitisk krise eller krig har elles vore belyst i samband med totalforsvarsøvinga TDX26. Med utgangspunkt i tilrådingane frå verksemdene og drøftingane under TDX26 vil Arbeids- og inkluderingsdepartementet fortsette arbeidet med å utarbeide forskrifter med heimel i sivilbeskyttelseslova.

Førebuande tryggingsarbeid

Arbeidet med å følge opp lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) er eit viktig verkemiddel for å halde oversikt over og styrke beredskapen knytt til kritiske verdiar i sektoren. Det er krav i sikkerheitslova om å trygge nasjonale tryggingsinteresser og til å førebygge, avdekke og motverke tryggingstrugande verksemd. Alle departementa har ansvar for å gjennomføre og følge opp desse krava for å verne om dei nasjonale tryggingsinteressene til Noreg. Lova slår fast at alle departement skal identifisere grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, avdekke verksemder som har avgjerande betydning for dei grunnleggjande nasjonale funksjonane slik at dei kan leggast under sikkerheitslova, og gjennomføre nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar.

Følgande grunnleggjande nasjonale funksjonar har blitt identifiserte i arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor:

  • Departementet si verksemd, handlefridom og vedtaksførleik. Denne funksjonen går på tvers av sektorar og omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder.

  • Kritiske offentlege ytingar til befolkninga. Fleire av dei største ytingane Arbeids- og velferdsetaten forvaltar, er avgjerande for livsopphaldet til mottakarane. Manglande utbetaling av slike ytingar kan på kort tid føre til uro og ustabilitet i befolkninga, noko som kan påverke nasjonale tryggingsinteresser. Funksjonen er knytt til evna til å utbetale slike ytingar.

Det er prioritert å vidareutvikle sektoren sitt arbeid med oppfølging av sikkerheitslova og ansvaret for grunnleggjande nasjonale funksjonar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har vurdert og meldt inn skjermingsverdige objekt og infrastrukturar til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) i tråd med dei grunnleggjande nasjonale funksjonane i sektoren. Arbeidet med dette er ein kontinuerleg prosess, der det kan skje endringar i identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, i vurderingane av kva verksemder som har vesentleg eller avgjerande betydning, og i vurderingane av kor avhengige verksemdene er av eksterne ressursar og andre verksemder. Kva som er nødvendig for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå, kan òg endre seg over tid.

Informasjonstryggleik

Trusselsituasjonen på IKT- og digitaliseringsområdet i Noreg er vedvarande høg og alvorleg. Statlege aktørar, digital sårbarheit og lausepengevirus utgjer dei største farane. Situasjonen rammar ikkje berre verksemdene i sektoren. Den siste tida har vi sett fleire døme på at digitale fellesløysingar som sektoren er avhengig av for å fungere, har blitt råka av angrep, noko som òg har fått konsekvensar for sektoren til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Nasjonal strategi for digital sikkerheit og den tilhøyrande handlingsplanen slår fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ta vare på tryggleiken i IKT-infrastrukturen i sin sektor. I tråd med krava i denne strategien er det etablert responsmiljø i sektoren for å handtere digitale angrep og andre uønskte digitale hendingar. Responsmiljøa arbeider kontinuerleg med informasjonsdeling og forbetringar på tvers av dei digitale infrastrukturane til deltakarane.

Departementet, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeidstilsynet og Statens pensjonskasse, deltok hausten 2025 i øvinga Digital 2025. Evna til departementet, verksemdene og responsmiljøa til å handtere og koordinere komplekse digitale hendingar vart testa i samanheng med denne øvinga. Evna til å kommunisere og samarbeide om å handtere samfunnskonsekvensane av eit omfattande digitalt angrep vart òg testa. Ei evaluering av denne øvinga vart fullført tidleg i 2026, og sektoren er no i gang med å følge opp læringspunkta.

12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av kontantbehaldningane i nettobudsjetterte verksemder per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samanheng med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter i verksemda ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2023

Rekneskap 2024

Rekneskap 2025

Budsjett 2026

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

115 692 930

124 702 871

138 058 773

126 983 117

Varer og tenester

56 354 788

61 912 077

64 773 167

63 242 860

Sum driftsutgifter

172 047 718

186 614 948

202 831 940

190 225 978

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

8 712 383

14 314 242

16 333 169

9 828 800

Sum investeringsutgifter

8 712 383

14 314 242

16 333 169

9 828 800

Sum utgifter

180 760 101

200 929 190

219 165 109

200 054 778

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

7 767 915

5 589 282

6 311 466

5 176 100

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

7 767 915

5 589 282

6 311 466

5 176 100

Investeringsinntekter

Salg av varige driftsmidler

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

168 440 000

174 350 000

182 440 000

186 521 000

Andre innbetalingar

21 589 906

9 717 605

14 644 242

0

Sum overføringsinntekter

190 029 906

184 067 605

197 084 242

186 521 000

Sum inntekter

197 797 821

189 656 887

203 395 709

191 697 100

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

17 037 720

-11 272 303

-15 769 400

-8 357 678

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2023

Rekneskap 2024

Rekneskap 2025

Budsjett 2026

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget:

Løyvingar frå fagdepartementet

168 440 000

175 250 000

182 440 000

186 521 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

2 147 250

1 017 263

3 629 450

5 788 232

Løyving frå Forskingsrådet

6 598 816

4 353 091

3 767 156

5 091 954

Sum løyvingar

177 186 066

180 620 354

189 836 606

197 401 186

Offentlege og private bidrag:

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

499 340

586 454

612 908

146 000

Bidrag frå private

3 046 225

1 026 403

3 997 491

5 022 683

Løyvingar frå internasjonale organisasjonar

9 298 276

1 834 394

2 637 238

7 463 502

Sum bidrag

12 843 840

3 447 251

7 247 636

12 632 185

Oppdragsinntekter:

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

7 767 915

5 589 282

6 311 466

6 676 100

Sum oppdragsinntekter

7 767 915

5 589 282

6 311 466

6 676 100

Sum inntekter

197 797 821

189 656 887

203 395 709

216 709 471

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Forskingsrådet og andre forskingsfond.

Kontantbehaldninga i verksemda per 31. desember i perioden 2021–2023 med spesifikasjon av formålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2023

2024

2025

Endring 2024–2025

Kontantbehaldning:

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

169 831 000

158 558 000

142 789 000

-15 769 000

Behaldning på andre bankkontoar, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

169 831 000

158 558 000

142 789 000

-15 769 000

Avsetningar til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

10 858 000

10 869 000

11 859 000

990 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

10 400 000

10 301 000

11 175 000

874 000

Gjeld til leverandørar

8 623 000

12 764 000

13 483 000

719 000

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

-1 722 000

-6 193 000

-8 579 000

-2 386 000

Sum til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår

27 886 000

27 741 000

27 938 000

197 000

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår:

Prosjekt finansierte av Forskingsrådet mv.

22 495 000

9 827 000

2 591 000

-7 236 000

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 044 000

4 044 000

3 571 000

-473 000

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå fagdepartement

107 133 000

108 946 000

100 689 000

-8 257 000

Andre avsetningar til vedtatte, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

133 672 000

122 817 000

106 851 000

-15 966 000

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål /ikkje spesifiserte formål

8 000 000

8 000 000

8 000 000

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

8 000 000

8 000 000

8 000 000

0

Langsiktige forpliktingar (netto):

Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

169 831 000

158 558 000

142 789 000

-15 769 000

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjonsinnskot frå arbeidsgivaren inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta. Kontantbehaldninga inneheld også delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapleg utstyr i tillegg til dekning av periodevise høgare kostnader.

13 Nye internasjonale standardar frå ILO

På ILO si generalforsamling som blei held i Genève i juni 2026 blei følgande konvensjon vedteke. Sjå omtale under del II, programkategori 09.40.

Konvensjon om anstendig arbeid i plattformøkonomien

Generalkonferansen til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen,

som er blitt kalla saman i Genève av styret i Det internasjonale arbeidsbyrået og har møtt til sin 114. sesjon den 1. juni 2026,

som anerkjenner at særtrekka og veksten til plattformøkonomien, særleg digitale arbeidsplattformer, fører med seg store endringar i arbeidslivet,

som merkar seg at plattformøkonomien har skapt moglegheiter for bedrifts- og næringsutvikling, opna for nye måtar å formalisere arbeid på og gjeve arbeids- og inntektsmoglegheiter,

som anerkjenner at det finst manglar i plattformøkonomien når det gjeld anstendig arbeid,

som merkar seg at når digitale arbeidsplattformer opererer på tvers av landegrenser, kan kundane, arbeidarane og plattformene vere i ulike land,

som understrekar at arbeid via digitale arbeidsplattformer har visse særtrekk som gjer det ønskjeleg å vedta særlege standardar som, saman med andre internasjonale arbeidsstandardar, vil bidra til å realisere anstendig arbeid i plattformøkonomien fullt ut,

som erkjenner rollene til digitale arbeidsplattformer, mikrobedrifter og små og mellomstore bedrifter og behovet for å fremme berekraftige bedrifter og rettvis konkurranse mellom bedrifter,

som anerkjenner skilnadene mellom medlemsstatane når det gjeld utviklinga av plattformøkonomien, så vel som mangfaldet av forretningsmodellar og arbeidsordningar,

som har bestemt seg for å vedta visse forslag knytte til anstendig arbeid i plattformøkonomien, som er det femte punktet på dagsordenen til sesjonen, og fastsett at desse forslaga skal vere i form av ein internasjonal konvensjon,

vedtek den 12. juni 2026 denne konvensjonen, som kan visast til som konvensjonen om anstendig arbeid i plattformøkonomien av 2026:

I. Definisjonar

Artikkel 1

I denne konvensjonen tyder

  1. «digital arbeidsplattform» ein juridisk person eller, når det følgjer av nasjonal lovgjeving, ein fysisk person som, ved hjelp av digital teknologi og bruk av automatiserte avgjerdssystem,

    1. organiserer og/eller legg til rette for arbeid utført av personar mot vederlag eller betaling, for å yte tenester på førespurnad frå parten som mottek eller ber om tenestene,

    2. utan omsyn til om arbeidet blir utført via internett eller på ein spesifikk geografisk stad,

  2. «digital plattformarbeidar» ein person som er tilsett eller har fått oppdrag for å arbeide

    1. med tenesteyting som er organisert og/eller tilrettelagt via ei digital arbeidsplattform,

    2. mot vederlag eller betaling,

    3. utan omsyn til korleis tilsetjingsstatusen til vedkommande er klassifisert,

  3. «formidlar» ein juridisk person eller, når det følgjer av nasjonal lovgjeving, ein fysisk person som gjer ein digital plattformarbeidar sitt arbeid tilgjengeleg

    1. gjennom kontraktsforhold med den digitale arbeidsplattforma og den digitale plattformarbeidaren, eller

    2. som del av ei underleverandørkjede mellom den digitale arbeidsplattforma og den digitale plattformarbeidaren,

  4. «vederlag» eller «betaling» beløpet som ein digital plattformarbeidar har krav på etter nasjonale lover og forskrifter, tariffavtaler eller kontraktsforpliktingar, alt etter klassifiseringa av plattformarbeidaren sin tilsetjingsstatus, i byte for utført arbeid. Vederlag inkluderer ikkje eventuell kompensasjon for utgifter eller andre kostnader som digitale plattformarbeidarar har hatt i samband med utføringa av arbeidet.

II. Verkeområde

Artikkel 2

  1. Denne konvensjonen gjeld for

    1. alle digitale arbeidsplattformer,

    2. alle digitale plattformarbeidarar, med mindre anna er oppgjeve i denne konvensjonen, utan omsyn til om dei arbeider i den formelle eller den uformelle økonomien.

  2. I tilfelle der det oppstår særlege vesentlege problem, kan kvar medlemsstat, etter samråd med representative arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar og, der slike finst, med organisasjonar som representerer digitale arbeidsplattformer og digitale plattformarbeidarar, heilt eller delvis utelukke frå bruksområdet til konvensjonen

    1. avgrensa kategoriar av digitale arbeidsplattformer eller

    2. avgrensa kategoriar av digitale plattformarbeidarar.

  3. I tilfelle av utelukking etter nr. 2 i denne artikkelen, og der det er praktisk mogleg, skal medlemsstaten setje inn tiltak for å gradvis utvide bruksområdet til konvensjonen slik at han blir gjeldande for dei aktuelle kategoriane av digitale arbeidsplattformer og digitale plattformarbeidarar.

  4. Kvar medlemsstat som nyttar seg av høvet til å utelukke kategoriar etter nr. 2 i denne artikkelen, skal, i sin første rapport om bruken av konvensjonen i samsvar med artikkel 22 i konstitusjonen for Den internasjonale arbeidsorganisasjonen,

    1. oppgje dei avgrensa kategoriane av digitale arbeidsplattformer eller digitale plattformarbeidarar som er utelukka etter nr. 2 i denne artikkelen,

    2. oppgje årsakene for utelukkinga og korleis lovgjevinga og praksisen til medlemsstaten stiller seg til kategoriane som er utelukka, og skildre dei respektive standpunkta til organisasjonane som er nemnde i nr. 2 i denne artikkelen.

  5. I seinare rapportar om bruken av konvensjonen etter artikkel 22 i konstitusjonen skal medlemsstaten presisere eventuelle tiltak som er sette inn med sikte på å utvide bruksområdet til konvensjonen slik at han blir gjeldande for dei aktuelle kategoriane av digitale arbeidsplattformer og digitale plattformarbeidarar.

III. Grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet

Artikkel 3

Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å respektere, fremje og realisere dei grunnleggjande prinsippa og rettane i arbeidslivet i plattformøkonomien, nemleg

  1. foreiningsfridom og effektiv anerkjenning av forhandlingsretten,

  2. avskaffing av alle former for tvangsarbeid,

  3. effektiv avskaffing av barnearbeid,

  4. avskaffing av diskriminering i sysselsetjing og yrke,

  5. eit trygt og sunt arbeidsmiljø.

IV. Sikkerheit og helse i arbeidslivet

Artikkel 4

  1. Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å førebyggje arbeidsulukker, yrkessjukdomar og andre helseskadar hos digitale plattformarbeidarar som er forårsaka av, knytte til eller oppstår i samband med arbeidet.

  2. Når medlemsstatane treff tiltak etter nr. 1 i denne artikkelen, skal dei presisere dei respektive funksjonane og ansvarsområda til dei offentlege styresmaktene, dei digitale arbeidsplattformene, dei digitale plattformarbeidarane og andre aktuelle aktørar, og ta omsyn til

    1. den komplementære karakteren til ansvarsområda,

    2. nasjonale tilhøve og praksis og klassifiseringa av digitale plattformarbeidarar sin tilsetjingsstatus,

    3. behovet for å vurdere yrkesrisikoar og setje inn passande førebyggande tiltak og vernetiltak.

Artikkel 5

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar har rett til å fjerne seg frå ein arbeidssituasjon som dei har rimeleg grunn til å tru at inneber overhengande og alvorleg fare for livet eller helsa deira, utan å bli utsett for urimelege konsekvensar, og at dei snarast råd skal informere den digitale arbeidsplattforma.

V. Vald og trakassering

Artikkel 6

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å effektivt verne alle digitale plattformarbeidarar mot vald og trakassering i arbeidslivet, inkludert vald og trakassering utøvd via internett eller av tredjepartar som til dømes kundar.

VI. Fremjing av anstendig arbeid

Artikkel 7

Kvar medlemsstat skal, i sin nasjonale politikk og i samsvar med nasjonale forhold, treffe tiltak for å fremje høve til anstendig arbeid og oppmuntre til karriere- og kompetanseutvikling i plattformøkonomien.

Artikkel 8

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å leggje til rette for formalisering av arbeid via digitale arbeidsplattformer, inkludert registrering av arbeidarar som er sjølvstendig næringsdrivande.

VII. Klassifisering av digitale plattformarbeidarar sin tilsetjingsstatus

Artikkel 9

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å sikre korrekt klassifisering av digitale plattformarbeidarar med omsyn til om dei har eit tilsetjingsforhold eller ikkje, hovudsakleg på grunnlag av fakta som gjeld mellom anna utføring av arbeid og vederlaget eller betalinga den digitale plattformarbeidaren får, og på ein måte som tek omsyn til særtrekka til arbeid via digitale arbeidsplattformer.

VIII. Vederlag eller betaling

Artikkel 10

  1. Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å sikre at vederlaget eller betalinga som digitale plattformarbeidarar har krav på etter nasjonale lover og forskrifter, tariffavtaler eller kontraktsforpliktingar, blir betalt til rett tid og fullt ut, fråtrekt dei lovlege trekk og frådrag som nasjonale lover og forskrifter eller tariffavtaler tillèt, og med lovlege betalingsmiddel, inkludert elektronisk pengeoverføring der nasjonale lover og forskrifter tillèt det.

  2. Kvar medlemsstat skal òg treffe tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar i eit tilsetjingsforhold

    1. får i vederlag eit beløp som, eksklusive eventuelle tips eller tilsvarande, ikkje i noko fall skal vere lågare enn ei eventuell gjeldande lovpålagd eller framforhandla minsteløn,

    2. får kompensasjon for utgifter eller andre kostnader dei har i samband med utføringa av arbeidet i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.

  3. Kvar medlemsstat skal vurdere om tiltaka som er vedtekne, særleg tiltaka i nr. 2 bokstav a i denne artikkelen, også skal gjelde for digitale plattformarbeidarar som ikkje er i eit tilsetjingsforhold.

Artikkel 11

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å setje krav om at digitale arbeidsplattformer til rett tid skal gje digitale plattformarbeidarar nøyaktig og lettfatteleg informasjon om vederlaget eller betalinga deira og eventuelle frådrag.

IX. Trygd

Artikkel 12

Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar har tilgang til trygdeordningar på vilkår som ikkje er dårlegare enn dei som gjeld for andre arbeidarar med same klassifisering av tilsetjingsstatus.

X. Verknader av bruk av automatiserte system

Artikkel 13

Kvar medlemsstat skal setje krav om at digitale arbeidsplattformer skal informere digitale plattformarbeidarar, før dei blir tilsette eller får oppdrag, og deira representantar eller representative arbeidstakarorganisasjonar og, der slike finst, organisasjonar som representerer digitale plattformarbeidarar, om

  1. bruken av automatiserte system baserte på algoritmar eller liknande metodar til overvaking eller evaluering av arbeid, eller til å generere avgjerder om arbeid,

  2. i kor stor grad bruken av slike automatiserte system påverkar digitale plattformarbeidarar sine arbeidstilhøve eller deira tilgang til arbeid.

Artikkel 14

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å sikre at digitale arbeidsplattformer som definert i artikkel 1 bokstav a bruker automatiserte system på ein ansvarleg måte i samsvar med medlemsstatane sine forpliktingar om å respektere, fremje og realisere grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet.

Artikkel 15

  1. I tilfelle der avgjerder blir genererte av eit automatisert avgjerdssystem, skal kvar medlemsstat treffe passande tiltak for å setje krav om at digitale arbeidsplattformer skal sikre at digitale plattformarbeidarar, samstundes som ein tek omsyn til klassifiseringa av tilsetjingsstatus, på førespurnad og utan urimeleg opphald har tilgang til

    1. ei skriftleg grunngjeving for viktige avgjerder som påverkar arbeidsordningane deira og tilgangen til arbeid i negativ retning,

    2. dersom det er relevant, ei gjennomgang av avgjerder som resulterer i at beløp som digitale plattformarbeidarar har til gode, ikkje blir utbetalte, eller at kontoen deira blir suspendert eller deaktivert, eller at tilsetjinga eller oppdraget hos ei digital arbeidsplattform blir avslutta.

  2. For å gi verknad til nr. 1, skal kvar medlemsstat sikre passande menneskeleg involvering hos dei digitale arbeidsplattformene.

XI. Vern av personopplysningane og privatlivet til digitale plattformarbeidarar

Artikkel 16

  1. Kvar medlemsstat skal etablere effektive og passande garantiar for å verne digitale plattformarbeidarar sine personopplysningar og sikre at dei blir behandla for det legitime formålet dei blei innsamla for, og ikkje blir vidarebehandla på ein måte som strir mot rettane og vernetiltaka som denne konvensjonen fastset.

  2. Kvar medlemsstat skal sikre at digitale plattformarbeidarar har rett til å be om innsyn i, og retting og sletting av, personopplysningar som blir behandla av digitale arbeidsplattformer, i samsvar med gjeldande lovgjeving om datalagring.

XII. Suspensjon eller deaktivering av konto og avslutting av tilsetjingsforhold eller oppdrag

Artikkel 17

Kvar medlemsstat skal treffe passande tiltak for å forby suspensjon eller deaktivering av digitale plattformarbeidarar sin konto eller avslutting av arbeidsforholdet eller oppdraget hos ei digital arbeidsplattform på grunnlag av diskriminerande eller andre ulovlege grunnar.

XIII. Vilkår for tilsetjing eller oppdrag

Artikkel 18

Kvar medlemsstat skal, i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, treffe tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar får verifiserbar og lettfatteleg informasjon til rett tid om vilkåra for tilsetjinga eller oppdraget.

Artikkel 19

Vilkåra for tilsetjing av eller oppdrag til digitale plattformarbeidarar skal fortrinnsvis vere underlagde lovene og forskriftene i det landet der arbeidet blir utført, med mindre anna er fastsett i nasjonale lover og forskrifter, internasjonale instrument eller multilaterale eller bilaterale avtaler, samtidig som ein tek omsyn til ordningar fastsette i kontraktar.

XIV. Vern av migrantar og flyktningar

Artikkel 20

Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å hindre misbruk og sikre tilstrekkeleg vern av migrantar og flyktningar i samband med rekruttering eller oppdraget og i deira arbeid som digitale plattformarbeidarar.

XV. Tvisteløysing og rettsmiddel

Artikkel 21

Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar og digitale arbeidsplattformer har lett tilgang til trygge, rettferdige og effektive tvisteløysingsmekanismar og passande og effektive rettsmiddel.

XVI. Etterleving og handheving

Artikkel 22

Kvar medlemsstat skal treffe tiltak for å sørgje for å ha mekanismar som sikrar at relevante nasjonale lover og forskrifter og tariffavtaler blir etterlevde og handheva.

XVII. Ikkje mindre gunstig behandling

Artikkel 23

Når konvensjonen blir gjennomført, skal kvar medlemsstat treffe tiltak for å sikre at digitale plattformarbeidarar får vern som ikkje er mindre gunstig enn for andre arbeidarar med same klassifisering av tilsetjingsstatus.

XVIII. Gjennomføring

Artikkel 24

  1. Kvar medlemsstat skal gjennomføre føresegnene i konvensjonen i samråd med dei mest representative arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane gjennom lover og forskrifter, tariffavtaler, rettsavgjerder, ein kombinasjon av desse midla, eller på anna vis som samsvarer med nasjonal praksis.

  2. Kvar medlemsstat skal gjennomføre føresegnene i konvensjonen når det gjeld digitale arbeidsplattformer og formidlarar som driv verksemd, og digitale plattformarbeidar som arbeider, på medlemsstaten sitt territorium.

  3. Der det er tillate å bruke formidlarar, skal medlemsstatane avgjere og fordele ansvaret for å sikre at føresegnene i konvensjonen blir etterlevde mellom digitale arbeidsplattformer og formidlarar.

  4. Når dei gjennomfører konvensjonen, skal kvar medlemsstat setje i verk passande tiltak som vernar sensitiv forretningsinformasjon hos digitale arbeidsplattformer.

XIX. Normativt språk

Artikkel 25

I denne konvensjonen skal all bruk av den generiske hankjønnsforma tolkast som ikkje-eksklusiv og som at forma òg omfattar kvinner, med mindre noko anna går klart fram av samanhengen.

XX. Avsluttande føresegner

Artikkel 26

Dei formelle ratifikasjonane av denne konvensjonen skal meldast til generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået for registrering.

Artikkel 27

  1. Denne konvensjonen skal berre vere bindande for dei medlemsstatane i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen som har fått registrert ratifikasjonen sin hos generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået.

  2. Konvensjonen skal tre i kraft tolv månader etter den datoen då ratifikasjonane frå to medlemsstatar er registrerte hos generaldirektøren.

  3. Deretter skal denne konvensjonen tre i kraft for ein medlemsstat tolv månader etter den datoen då ratifikasjonen frå medlemsstaten er registrert.

Artikkel 28

  1. Ein medlemsstat som har ratifisert denne konvensjonen, kan seie han opp etter utløpet av ein periode på ti år frå den datoen då konvensjonen først tredde i kraft, ved å sende eit skriftleg dokument til generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået for registrering. Ei slik oppseiing skal ikkje få verknad før eitt år etter den datoen då ho er registrert.

  2. Medlemsstatar som har ratifisert denne konvensjonen, og som ikkje nyttar seg av retten til å seie opp konvensjonen i samsvar med denne artikkelen innan det året som følgjer den tiårsperioden som er nemnd i førre nummer, skal vere bundne av konvensjonen i ein ny tiårsperiode og kan deretter seie opp konvensjonen innan det første året av kvar nye tiårsperiode, på dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen.

Artikkel 29

  1. Generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået skal underrette alle medlemsstatar i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen kvar gong det blir registrert ratifikasjonar, erklæringar og oppseiingar som er melde inn av medlemsstatane i organisasjonen.

  2. Når generaldirektøren underrettar medlemsstatane i organisasjonen om at den siste av ratifikasjonane som krevst for ikraftsetjing, er meld inn og registrert, skal generaldirektøren informere medlemsstatane i organisasjonen om datoen då konvensjonen trer i kraft.

Artikkel 30

Generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået skal sende generalsekretæren for Dei sameinte nasjonane fullstendige opplysningar om alle ratifikasjonar, erklæringar og oppseiingar som er blitt registrerte i samsvar med føresegnene i dei føregåande artiklane, for registrering i samsvar med artikkel 102 i pakta til Dei sameinte nasjonane.

Artikkel 31

Styret i Det internasjonale arbeidsbyrået skal, når det finn det nødvendig, leggje fram for konferansen ein rapport om korleis denne konvensjonen har verka, og skal vurdere om det er ønskjeleg å setje spørsmålet om revisjon av konvensjonen opp på dagsordenen til konferansen.

Artikkel 32

  1. Dersom konferansen vedtek ein ny konvensjon som inneber ein revisjon av denne konvensjonen, skal, med mindre den nye konvensjonen fastset noko anna,

    1. ein medlemsstat sin ratifikasjon av den nye reviderande konvensjonen ipso jure innebere ei direkte oppseiing av denne konvensjonen, utan omsyn til føresegnene i artikkel 28 ovanfor, dersom og når den nye reviderande konvensjonen har tredd i kraft,

    2. denne konvensjonen ikkje lenger vere open for ratifikasjon av medlemsstatane frå den datoen då den nye reviderande konvensjonen trer i kraft.

  2. Denne konvensjonen skal i alle tilfelle halde fram med å gjelde i si noverande form og med sitt noverande innhald for dei medlemsstatane som har ratifisert han, men som ikkje har ratifisert den reviderande konvensjonen.

Artikkel 33

Den engelske, den franske og den spanske versjonen av teksten til denne konvensjonen har same gyldigheit.