Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag til finansiering av ei bypakke for Bergen i Hordaland, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Staten ved Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune underteikna i september 2017 ein byvekstavtale for Bergen for perioden 2017-2023. I avtalen er det mellom anna lagt til grunn statleg medfinansiering av vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen. For å sikre midlar til å følgje opp lokale styresmakter sin del av byvekstavtalen, blei det parallelt med forhandlingane om byvekstavtalen arbeidd fram ei ny bypakke for Bergen. Den nye bypakka som skal avløyse Bergensprogrammet, har ein innkrevjingsperiode på 20 år, frå 2018 til utgangen av 2037.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget