Prop. 121 L (2021–2022)
Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av ny kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 3. juni 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjonen inneheld eit framlegg til endringar av namnet Sivilombodsmannen og variantar av dette til Sivilombodet som følgje av at tittelen «sivilombodsmann» vart endra til det kjønnsnøytrale «sivilombod» i den nye sivilombodsloven. Lovframlegget i denne proposisjonen følgjer opp dette ved å endre Sivilombodsmannen og variantar av dette i andre lover.