Prop. 123 S (2020–2021)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortingets godkjenning til å starte opp fire (4) nye investeringsprosjekt, endre omfanget på eit (1) investeringsprosjekt, justere rammevilkåra for eit skytefelt, motta ei gåve for å fullfinansiere eit forprosjekt, og å orientere Stortinget om fem andre saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Dei nye investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren. Investeringsprosjektene sine utgifter blir haldne på kapittel 1710 og kapittel 1760 avhengig om det er eigedoms- bygge- og anleggsprosjekt eller om det er materiellprosjekt.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit (1) nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Oppgradering av VLF stasjon Novik.

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit (1) nytt materiellprosjekt: F-35 oppgraderinger.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to (2) nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Ørland – utbetring av hovudrullebanen, og Porsangmoen –- bustadar og forlegningar.

  • Godkjenning av omfangsendring av eit (1) pågåande materiellprosjekt: Vidareføring NSM, hovudvedlikehald og suppleringskjøp.

  • Godkjennning av endring av rammevilkåra for Regionfelt Østlandet.

  • Godkjenning av mottak av gåve frå venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum.

  • Andre saker: Oppmodingsvedtak om NH90, oppmodingsvedtak om bruken av tilleggstildelinga i 2020 til små og mellomstore teknologibedrifter i samband med korona-pandemien, ny parnerskapsavtale for F-35-programmet, sluttoppgjer for terminert prosjekt på Haakonsvern og NATOs vurdering av Noreg.