Prop. 144 L (2019–2020)

Endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til endringar i burettslagslova, eigarseksjonslova og visse andre lover. Proposisjonen inneheld forslag om å innføre ein ny regel i burettslagslova som vil gi andelseigarar ein rett til – på visse vilkår – å setje opp ladepunkt for elbil. Departementet foreslår også presiseringar i den eksisterande regelen i eigarseksjonslova som gjer seksjonseigarar ein tilsvarande rett. Proposisjonen inneheld vidare eit forslag om å senke kravet for å kunne slå saman to eller fleire eigarseksjonssameige, frå semje til to tredels fleirtal på årsmøtet. Formålet med forslaget er å gjere det enklare for eigarseksjonssameige å slå seg saman til meir formålstenlege driftseiningar.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget