1 Innleiing
Regjeringa legg i denne proposisjonen fram forslag om naudsynte endringar av løyvingane under programområde 17 Militært forsvar, for å skapa best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet vart vedtatt.
Regjeringa foreslår endringar av teknisk karakter mellom kapittel og postar i forsvarsbudsjettet som til dømes flyttingar av oppgåver og ansvar. Vidare er det foreslått endringar av inntekter som til dels har ei motsvarande utgiftsside. Regjeringa legg også fram forslag til endringar for å handtera nye behov med flyttingar innanfor den gjeldande løyvinga frå Stortinget. Vidare foreslår regjeringa tekniske endringar i løyvinga til militær støtte til Ukraina. Endringane har til føremål å plassera midlane på dei kapittel og postar der dei vert nytta.