4 Fullmakter
Tilsegnsfullmakt kap. 1700, post 72 Tilskot til Noregs forskingsråd
Prognosane for tilskota som går gjennom Forskingsrådet er uvisse, sidan utbetalingane følgjer framdrifta i prosjekt. For å ta omsyn til oppdaterte prognoser vert det foreslått å auka tilsegnsfullmakta på posten med 12,1 mill. kroner til 462,1 mill. kroner.
Investeringsfullmakter kap. 1760, post 45
Nye materiellprosjekt for godkjenning
Prosjekt 1164 Simulator til P-8A Poseidon
Dei maritime patruljeflya P-8A Poseidon er ein strategisk kapasitet for Noreg og sentrale for evna til å etablera god nasjonal og alliert situasjonsforståing i nordområda.
I Prop. 87 S (2023–2024) Forsvarsløftet – for Norges trygghet – Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 prioriterer regjeringa ei gjennomgåande satsing på simulatorar i forsvarssektoren som eit relevant supplement til anna trenings- og øvingsaktivitet.
Plattformene og systema til Luftforsvaret er kostbare i drift og krev mykje trening og øving. Den vedtekne langtidsplanen identifiserer behovet for å auka effekten av dei maritime patruljeflya P-8A Poseidon gjennom tilgang til simulator. For å auka utnyttinga av operative P-8-fly skal det skaffast ein P-8-simulator som skal plasserast på Evenes flystasjon. Tilgang til simulator vil styrkje evna til styrkeproduksjon gjennom høve til å trena meir og på ulike typar oppdrag.
I tillegg medverkar simulatoren til å redusera havforureininga frå forsvarssektoren knytt til utdanning og trening. Simulatoren vil òg gje betre ressursutnytting i drifta og redusera belastninga på personellet, som i dag reiser utanlands for å trena i simulator.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinjene for store statlege investeringar. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den foreslåtte kostnadsramma. Forsvarsdepartementet følgjer opp dei forholda som kvalitetssikraren har peikt på, i den vidare styringa av prosjektet og i oppfølginga av eigedom, bygg og anlegg-prosjektet.
Simulatoren til P-8 omfattar tryggingsgradert materiell av amerikansk opphav som er underlagt amerikanske eksportrestriksjonar. Anskaffinga er planlagd gjennomført som ei direkte anskaffing frå amerikanske styresmakter gjennom regelverket Foreign Military Sales (FMS).
I samband med anskaffinga av P-8-flya vart det etablert ein avtale om industrisamarbeid med leverandøren av flya. Denne avtala vert justert fortløpande ved ytterlegare anskaffingar knytte til P-8. Det vil stillast krav til leverandøren av simulatoren om ein avtale om industrisamarbeid. Kontrakten er planlagd signert i januar 2027, med levering i perioden 2031–2034.
Den foreslåtte kostnadsramma for prosjektet (P85) er 4 818 mill. 2027-kroner, inkludert meirverdiavgift, avsetjing for uvisse og gjennomføringskostnader, samt kostnader knytte til kravet om avtale om industrisamarbeid. Kostnadsramma er basert på valutakursen per 1. juli 2026 og vil justerast ved endringar i valutakursane. Styringsramma for prosjektet er 3 990 mill. 2027-kroner, inkludert meirverdiavgift.
Omfangsendring av pågåande materiellprosjekt for godkjenning
Prosjekt 7821 Erstatning til bakkebasert luftvern
Prosjektet vart vedteke då Stortinget handsama Innst. 133 S (2023–2024) til Prop. 17 S (2023–2024). Prosjektet omfattar anskaffing av ein kombinasjon av kortdistanseraketten AIM-9X, mellomdistanseraketten AMRAAM 120C og raketten AMRAAM Extended Range (ER) med lengre rekkjevidd til det bakkebaserte luftvernet. Luftvernet skal kunne verne kampflybasen på Ørland, basen på Evenes, kritisk infrastruktur og allierte mottaksområde, samt styrkane til Hæren, mot truslar som kjem frå lufta.
Prosjektet tek vare på tre forhold: å erstatta dagens AMRAAM 120B med nye og moderne rakettar, å ta vare på ambisjonen om auka volum og ein kombinasjon av rakettar med ulik rekkjevidd til bakkebasert luftvern og å skaffa nye rakettar som følgje av donasjonar til Ukraina. Levering er planlagd i perioden 2027–2032.
I Prop. 87 S (2023–2024) Forsvarsløftet – for Norges trygghet – Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036 prioriterer regjeringa ei auka satsing på luftvern. I tråd med den vedtekne langtidsplanen for forsvarssektoren skal våpenleveransane til bakkebasert luftvern styrkjast. I langtidsplanen er det sett av midlar til anskaffing av stridsavgjerande ammunisjon, der ein del er rekna til fleire våpen til bakkebasert luftvern for å styrkja evna luftvernet har til beredskap og oppdragsløysing.
For å styrkja evna luftvernet har til beredskap, oppdragsløysing og uthald treng Forsvaret fleire luftvernrakettar av typane AIM-9X, AMRAAM 120C og AMRAAM ER (Extended Range), som er godkjende i luftvernsystemet NASAMS.
Regjeringa har, i tråd med fullmakta frå Stortinget, vedteke å donera luftvernrakettar. Samstundes skal materiellet skaffast på nytt så raskt som mogleg. Omfanget av gjenanskaffinga er innarbeidd i den planlagde omfangsendringa av prosjektet.
Samla sett foreslår regjeringa å auka anskaffinga av rakettar i tråd med ambisjonen i gjeldande langtidsplan. Ut over éin-til-éin-gjenanskaffing av donerte luftvernrakettar er prosjektet rammestyrt. Talet på og samansetjinga av rakettar som skal skaffast, vil tilpassast operative behov, einingskostnader og leveringstider for dei enkelte delbestillingane.
Finansdepartementet har, i dialog med Forsvarsdepartementet, tidlegare vedteke at prosjektet skal vere unnateke konseptvalutgreiing og ekstern kvalitetssikring av konseptvalg (KS1). Det sentrale styringsdokumentet for prosjektet gjennomgjekk ekstern kvalitetssikring hausten 2023, i tråd med krava frå Finansdepartementet til store statlege investeringar. Som ein del av kvalitetssikringa vart òg framtidige omfangsendringar i prosjektet vurderte. Prosjektet er fleksibelt nok til å tola ei monaleg auke i omfanget.
Anskaffing av luftvernrakettar til NASAMS omfattar tryggingsgradert materiell av amerikansk opphav som er underlagt amerikanske eksportrestriksjonar. Delanskaffingane i omfangsendringa må difor gjennomførast som direkte anskaffingar frå amerikanske styresmakter gjennom regelverket Foreign Military Sales (FMS), jf. forskrift om forsvars- og tryggingsanskaffingar.
I samband med dei første bestillingane av luftvernrakettar i prosjektet vart det etablert avtalar om industrisamarbeid med leverandøren. Avtalane vert justerte fortløpande ved ytterlegare anskaffingar av luftvernrakettar. Kontrakten for delanskaffinga av AMRAAM-rakettar er planlagd signert innan utgangen av 2026, med levering i perioden 2032–2036. Anskaffinga av dei andre rakettane, som AIM-9X og AMRAAM ER, vert gjennomført fortløpande innanfor ramma av prosjektet og i tråd med langtidsplanen. Det vil stillast krav om industrisamarbeidsavtale til leverandøren av AMRAAM-rakettane for kontrakten som allereie er framforhandle. Krav om industrisamarbeidsavtalar for dei andre delanskaffingane vil bli vurdert heilskapleg i eit kost-nytteperspektiv når forhandlingar om kontraktar startar opp.
Den foreslåtte kostnadsramma for prosjektet (P85) er 21 259 millionar 2027-kroner, inkludert meirverdiavgift, avsetjing for uvisse og gjennomføringskostnader, samt kostnader knytte til kravet om avtale om industrisamarbeid. Kostnadsramma er basert på valutakursen per 1. juli 2026 og vil justerast ved endringar i valutakursane. Styringsramma for prosjektet er 19 501 millionar 2027-kroner, inkludert meirverdiavgift, fordelte med 14 368 millionar 2027-kroner over nasjonale investeringsmidlar og 5 134 millionar 2027-kroner finansierte av midlar frå ramma for den militære støtta til Ukraina.