5 Enkelttilskot i Nansen-programmet i 2026
Under følgjer ein oversikt over Forsvarsdepartementet sine planlagde tilskot til internasjonale samarbeidsvedtak og finansieringsordningar som del av den militære støtta i Nansen-programmet for Ukraina. Regjeringa tar atterhald om at endeleg tilskotsbeløp for 2026 vert fastsett gjennom avtalar mellom Forsvarsdepartementet og tilskotmottakarane, og at beløpet er avhengig av valutakursar og periodisering av utgifter over år. Regjeringa arbeidar med ytterlegare tilskot for 2026, som per tid ikkje er endeleg avklart og difor ikkje står i oversikta under.
Stortinget er, i tråd med den politiske avtalen om Nansen-programmet, konsultert om tilskota gjennom forsvarsministeren sine orienteringar til utanriks- og forsvarskomiteen. Tilskot til anskaffing av militært materiell og deltaking i internasjonale initiativ for støtte til Ukraina krev tidlege forpliktingar og utbetalingar. Der det er naudsynt vert midlane forplikta og utbetalt på førehand, hovudsakeleg for å leggja til rette for hurtigare leveransar til Ukraina.
Som følgje av at delar av informasjonen er skjermingsverdig, er enkelttilskota gruppert på tilskotsmottakar. Omtala av føremålet med enkelttilskota er også tilpassa graderingsnivå.
Tabell 5.1 Tilskot til internasjonale samarbeidstiltak og finansieringsordningar
|
(i mill. kroner) |
||
|---|---|---|
|
Tilskotsmottakar |
Føremål |
Beløp |
|
Estland |
Militært materiell |
300 |
|
Frankrike |
Noreg bidreg med tilskot til Frankrike for finansiering av kapasitetar knytt til luftvern, glidebomber, og rombaserte prosjekt. |
4 106 |
|
NATO (PURL) |
Noreg bidreg til det USA- og NATO-initierte programmet Prioritized Ukraine Requirement List (PURL) for innkjøp av amerikansk materiell som Ukraina har behov for, mellom anna luftvernmateriell, ammunisjon og artilleri |
4 934 |
|
Storbritannia (IFU) |
I samarbeid med Storbritannia og andre land, bidreg Noreg mellom anna til finansiering av den maritime koalisjonen for Ukraina, inkludert anskaffingar av maritime kapasitetar for levering til Ukraina. Noreg bidreg også med eit tilskot til eit fond som skal dekke utgifter i NATO Security Assistance and Training for Ukraine (NSATU). |
980 |
|
Tsjekkia |
Artilleriammunisjon |
1 528 |
|
USA (JUMPSTART) |
Noreg bidreg til innkjøp av luftvernmateriell gjennom den amerikanske JUMPSTART-mekanismen |
1 889 |
|
Internasjonale samarbeidspartnarar |
Det er sette av midlar til å støtta Ukraina med militært materiell gjennom 2026, mellom anna gjennom tilskot til internasjonale samarbeidspartnarar. |
6 500 |