Prop. 193 S (2020–2021)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

Til innhaldsliste

4 Særskilde transporttiltak

4.1 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes

Staten har frå 2021 til og med 2030 avtalar med Hurtigruten Cruise AS (Hurtigruten) og Havila Kystruten AS (Havila) om å segle Kystruten Bergen–Kirkenes, med høvesvis sju og fire skip. I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 941,7 mill. kr til desse kontraktane. På grunn av stor svikt i etterspørselen som følgje av pandemien er det for dei to første kvartala i 2021 inngått ein tilleggsavtale med Hurtigruten om at selskapet seglar fem skip med god godskapasitet og mottar ein tilleggskompensasjon på 14,1 mill. kr i kvartalet. Etterspørselen etter distansereiser og godstransport blir dekt ved desse skipa, slik at det primært er talet på avgangar og regulariteten som blir påverka av endringane.

Havila som er ny leverandør frå 2021, har framleis sine fire skip under bygging i Tyrkia. Dei to første skipa er no venta å vere seglingsklare sommaren 2021 og dei to siste våren 2022, men dette avhenger m.a. av korleis pandemien utviklar seg.

Normalt skulle Havila hatt to skip klare for segling frå kontraktsstart og to erstatningsskip for dei to siste fram til dei er ferdige. Pandemien har påverka marknadssituasjonen for kystrutereiarlaga. Havila har derfor bedt om at selskapet ikkje blir pålagt å stille med erstatningsskip, men seglar med dei skipa som finst, fram til alle fire skipa er på plass.

Regjeringa har gitt Havila fritak for å stille med erstatningsskip, viss reiarlaget i løpet av andre kvartal 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to første skipa er klare til å segle i tredje kvartal 2021, og tilsvarande viss det innan utgangen av 2021 klarer å sannsynleggjere at dei to siste skipa blir seglingsklare innan 1. mai 2022. Havila sine to første skip vil ha tilnærma lik kapasitet for reisande og gods som krava til fire skip i kontrakten. Gods og passasjerkapasiteten som staten kjøper vil derfor være godt dekka.