Prop. 22 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2016.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2016 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 37,6 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 796,3 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 693 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir sett ned med 1 526,9 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 207,4 mill. kroner.

Kap. 601 Utreiingsverksemd, forsking m.m.

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2016 er 30,1 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2016. Mindreforbruket er knytt til lågare utgifter til EU-kontingentar enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner.

Kap. 604 Utviklingstiltak i Arbeids- og velferdsforvaltninga

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

Det er ingen løyving på posten i 2016.

Postane 21 og 45 under kap. 604 har gjensidig stikkordet «kan nyttast under.» For å bringe løyvinga på den enkelte posten i samsvar med forventa forbruk, foreslår ein å omdisponere 42,5 mill. kroner frå post 45 til post 21.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 42,5 mill. kroner.

Post 45 Større ustyrsanskaffingar, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga for 2016 er 150 mill. kroner.

Postane 21 og 45 under kap. 604 har gjensidig stikkordet «kan nyttast under.» For å bringe løyvinga på den enkelte posten i samsvar med forventa forbruk, foreslår ein å omdisponere 42,5 mill. kroner frå post 45 til post 21.

I tillegg har utgiftene til revidert Prosjekt 1 i IKT-moderniseringa blitt 3,2 mill. kroner lågare enn forventa.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45,7 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2016 er 11 377 mill. kroner.

I Prop. 1 S (2015–2016) ga Stortinget Arbeids- og sosialdepartementet tilgang til å omdisponere inntil 40 mill. kroner frå kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Fullmakta er knytt til forsøket med kjerneoppgåver i NAV. Fullmakta til å omdisponere vil nyttast i sin heilskap.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 605, post 01 med 40 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 634, post 76 med 40 mill. kroner.

I tillegg blir 2 mill. kroner foreslått omdisponert frå kap. 605, post 22, jf. omtale under kap. 605, post 22.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 42 mill. kroner.

Post 22 Forskings- og utreiingsaktivitetar

Løyvinga for 2016 er 41,9 mill. kroner.

Da posten blei oppretta i 2016, blei 2 mill. kroner av lønns- og personalkostnadene feilaktig overført frå kap. 605, post 01 til denne posten.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving

Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 på post 01 er 10 823 mill. kroner.

Løyvinga for 2016 på post 22 er -3 mill. kroner.

Løyvinga for 2016 på post 70 er 120 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 612 med totalt 183 mill. kroner. Post 01 er foreslått auka med 166 mill. kroner, post 22 er foreslått auka med 15 mill. kroner og post 70 er foreslått auka med 2 mill. kroner.

Auken har i hovudsak følgande årsaker:

  • Overslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er redusert med 126 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg mellom anna frå at ein større del av premieinntektene for 2016 vil bli innbetalt i 2017, samanlikna med overslag i Revidert nasjonalbudsjett for 2016.

  • Oppdaterte overslag for utbetalte AFP-pensjonar er auka med 93 mill. kroner.

  • Oppdaterte overslag for utbetalte pensjonar (alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar) er redusert med 34 mill. kroner.

  • Inntekter frå refusjonar frå andre pensjonsordningar er auka med 20 mill. kroner.

  • Oppdaterte overslag for sluttoppgjer på post 22 er auka med 15 mill. kroner til 12 mill. kroner. Overslaget gjeld utbetaling av to sluttoppgjer.

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2016 er 37 mill. kroner.

Nytt overslag er basert på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 4 800 mill. kroner.

Overslag for utbetalte lån i 2016 er redusert med 1 300 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at talet på innkomne søknader er redusert og ein reduksjon i gjennomsnittleg utbetalt beløp samanlikna med overslag i Revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 300 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Løyvinga for 2016 er 30 mill. kroner.

Nytt overslag baserer seg på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2016 er 18 600 mill. kroner.

Nytt overslag skuldast ein auke i talet på innfridde lån. I motsett retning viser oppdaterte overslag at gjennomsnittleg innfridd beløp og innbetalte avdrag er redusert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 700 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga for 2016 er 1 684 mill. kroner.

Overslaget for renteinntekter er redusert med 190 mill. kroner. Nytt overslag har samanheng med reduksjon i hovudstol og lågare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 190 mill. kroner.

Kap. 615 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 92 mill. kroner.

Nytt overslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2016 og prognose for utbetalingar ut året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 3615 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2016 er 148 mill. kroner.

Inntektsoverslaget er redusert med 16 mill. kroner og er basert på fakturert premie i 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 16 mill. kroner.

Kap. 616 Gruppelivsforsikring

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 189 mill. kroner.

Nytt overslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2016 og prognose for utbetalingar ut året. Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år og er mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 27 mill. kroner.

Kap. 3616 Gruppelivsforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2016 er 108 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 21 Forsøk, utviklingstiltak mv., kan overførast

Løyvinga for 2016 er 16,2 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2016. Mindreforbruket er knytt til at ordninga med tilretteleggingstilskott for arbeidssøkarar er på veg til å bli fasa ut. Frå 2017 er formålet med midlane foreslått løyvde over kap. 634, post 76.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 634, post 21 med 16,1 mill. kroner.

Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast

Løyvinga for 2016 er 7 125 mill. kroner.

Løyvinga gir rom for 65 000 plasser i gjennomsnitt per månad, delt på 16 500 plassar for heilt ledige og 48 500 plassar for personer med nedsett arbeidsevne. For året samla sett anslår direktoratet ei gjennomføring av tiltaksplasser på om lag 64 700 plasser, inklusive forsøk med kjerneoppgåver i NAV-kontor.

Samla tiltaksgjennomføring for dei to målgruppene er i tråd med dei føringane som Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått. Det ligg an til noko fleire tiltaksplasser for ledige og noko lågare gjennomføring av tiltak for personar med nedsett arbeidsevne enn planlagt. Dette har samanheng med at i en periode med stor auke i arbeidsløysa blei fokuset i større grad retta mot denne gruppa.

Behovet for utbetalingar for rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet i 2015 til utbetaling i 2016 blei mindre enn lagt til grunn for løyvinga. Det ligg derfor an til eit mindreforbruk på posten på 37 mill. kroner i forhold til løyvinga for 2016. I tillegg viser endeleg oppgjer av rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet i 2015 til utbetaling i 2016 at det ikkje er behov for overført beløp frå 2015 på 117 mill. kroner. Vidare foreslår ASD i tråd med fullmakt å omdisponere 40 mill. kroner frå kap. 634 til kap. 605 til finansiering av tiltak i egen regi.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 194 mill. kroner.

Post 77 Varig tilrettelagt arbeid, kan overførast

Løyvinga for 2016 er på 1 290 mill. kroner.

Løyvinga til varig tilrettelagt arbeid gir rom for å gjennomføre eit samla tiltaksnivå på om lag 9 400 plassar i gjennomsnitt i 2016. Samla tiltaksgjennomføring bereknast til å bli 9 700 plasser som er om lag 300 plassar høgare enn planlagt.

Det blei overført 54 mill. kroner frå 2015 for å dekke rekneskapsmessig etterslep frå aktivitet i 2015 med utbetaling i 2016. Endeleg oppgjer av rekneskapsmessig etterslep frå 2015 viser at det ikkje er behov for 44 mill. kroner av det overførte beløpet.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 44 mill. kroner.

Post 78 Tilskott til arbeids- og utdanningsreiser

Løyvinga for 2016 er 62,7 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2016. Mindreforbruket er knytt til lågare gjennomsnittlege kostnader enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 85 Innfordring av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak

Løyvinga for 2016 er 0,2 mill. kroner.

Inntekter frå innfordring av feilutbetalingar bereknast til 0,79 mill. kroner i 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,588 mill. kroner.

Kap. 635 Ventelønn

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2016 er 48 mill. kroner.

Utgifter til ventelønn bereknast til 49 mill. kroner i 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 3635 Ventelønn mv.

Post 85 Innfordring av feilutbetaling av ventelønn

Løyvinga for 2016 er 0,2 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2016 er 570,9 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 2,5 mill. kroner, som følgje av ei meirinntekt på 5 mill. kroner på kap. 3640, post 06 Refusjonar grunna mellombelse utlegg for Arbeidstilsynet og ei mindreinntekt på 2,5 mill. kroner på kap. 3640, post 07, Byggesaksbehandling, gebyr.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 05 Tvangsmulkt

Løyvinga for 2016 er 2,3 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 3,7 mill. kroner som følge av ei meirinntekt på posten. Meirinntekta skuldast at Arbeidstilsynet har ilagt fleire tvangsmulkter enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3,7 mill. kroner.

Post 06 Refusjonar

Det er inga løyving på posten i 2016.

Det er forventa ei inntekt på posten grunna refusjonar for mellombelse utlegg for Arbeidstilsynet.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 5 mill. kroner.

Post 07 Byggesaksbehandling, gebyr

Løyvinga for 2016 er 20,9 mill. kroner.

Det er forventa ei mindreinntekt på posten som skuldast færre saker til behandling enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregleverket

Det er ingen løyving på posten i 2016.

Det er forventa ein inntekt på posten grunna gebyr ilagt verksemder for brott på arbeidsmiljøregelverket.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 1 mill. kroner.

Kap. 642 Petroleumstilsynet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2016 er 27,7 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 1,3 mill. kroner, som følge av ei mindreinntekt på kap. 3642, post 02. Det visast til omtale under kap. 3642, post 02.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga for 2016 er 6,9 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 1,3 mill. kroner, som følge av ei mindreinntekt på posten. Mindreinntekta skuldast i hovudsak ei forskyving i planlagde aktivitetar frå 1. til 2. halvår. Deler av inntekter tilhøyrande 2. halvår vil komme til innbetaling i 2017. Prosjekta blir initierte av andre aktørar, slik at Petroleumstilsynet har avgrensa innverknad på når inntekter vil inntreffe.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Post 03 Gebyr tilsyn

Løyvinga for 2016 er 71,5 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 7 mill. kroner som følge av ei forskyving mellom gebyr og sektorinntekter. Dette skuldast at ein større del av aktivitetane enn antatt vil vere retta mot grupper i petroleumsnæringa og vil bli gjennomførte som sektorfinansierte aktivitetar. Ein visar til omtale under kap. 5571, post 70.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 660 Krigspensjon

Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 96 mill. kroner.

Nytt overslag aukar hovudsakleg som følge av at gjennomsnittleg stønad ser ut til å bli litt høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 240 mill. kroner

Gjennomsnittleg stønad er anslått høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2016 er 62 mill. kroner.

Overslaget for tilskott for stønadene som blir dekte av statstilskottet etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15, er justert ned med 1 mill. kroner, hovudsakleg som følge av redusert overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 1 650 mill. kroner

Gjennomsnittleg stønad ser ut til å bli lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. I tillegg er utgiftene til etterbetalingar og etteroppgjer etter reglane som var gjeldande til og med 2010 (gammal AFP), noko lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er på 380 mill. kroner.

Talet på mottakarar ser ut til å bli lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

Post 24 Driftsresultat

Løyvinga for 2016 er -27,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ein reduksjon i driftsutgiftene med 15 mill. kroner til 453,9 mill. kroner mot tilsvarande auke av underpost 24.5 Til investeringsføremål.

Underpost 24.5 Til investeringsføremål

Underposten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ein auke av løyvinga med 15 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av underpost 24.2 Driftsutgifter. Auken skriv seg mellom anna frå systemløysingar til etteroppgjer for uførepensjonistar, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.2, post 45 og kap. 5470, post 30.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga for 2016 er 32,2 mill. kroner.

Dei eigenfinansierte investeringane har auka, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.2, underpost 24.5 og kap. 5470, post 30.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 5470 Statens pensjonskasse

Post 30 Avsetning til investeringsføremål

Løyvinga for 2016 er 18,1 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.2, underpost 24.5 og post 45.

Kap. 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 15 998 mill. kroner.

Nye overslag tilseier at det vil bli færre mottakarar av dagpengar og noko høgare gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar i 2016 enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 648 mill. kroner.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

Løyvinga for 2016 er 25 mill. kroner.

Med grunnlag i utviklinga så langt i år foreslår Arbeids- og sosialdepartementet å auke løyvinga med 5 mill. kroner i 2016.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 880 mill. kroner.

Hittil i år er utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga på om lag 601 mill. kroner.

Auken i talet på konkursar, talet på tilsette som blir råka og auken i talet på innkomne saker vil kunne gje auka utgifter i lønnsgarantiordninga i 2016. Men utviklinga hittil i år tyder på at auken i utgiftene frå 2015 til 2016 vil bli mindre enn forventa.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

Post 70 Dividende

Løyvinga for 2016 er 200 mill. kroner.

Hittil i år er innbetalingane på 122 mill. kroner. Dekningsgraden er samtidig relativt låg både i 2015 og hittil i 2016. Inntektene for 2016 blir ut frå dette berekna til 195 mill. kroner, tilsvarande ein reduksjon på 7 mill. kroner i forhold til løyvinga som er gitt.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einslig mor eller far

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløvying

Løyvinga for 2016 er på 2 480 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år gir grunnlag for å redusere løyvinga som blei vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 140 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløvying

Løyvinga for 2016 er 370 mill. kroner.

Færre mottakarar og lågare gjennomsnittleg stønad enn tidlegare antatt gir grunnlag for å redusere løyvinga som blei vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 120 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2016 er 42,2 mill. kroner.

Færre mottakarar enn tidlegare antatt gir grunnlag for å redusere løyvinga som blei vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 11,2 mill. kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2016 er 720 mill. kroner.

Overslaget på posten er oppjustert med 15 mill. kroner hovudsakleg som følge av at talet på mottakarar ser ut til å bli høgare enn forventa.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 36 140 mill. kroner.

I Prop. 122 S (2015–2016) er det lagt til grunn nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2015 til 2016. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2016 tilseier no ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret frå 2015 til 2016 på 3 pst., og ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 2,4 pst. Dette inneber lågare sjukepengeutbetalingar i 2016 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 080 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 1 400 mill. kroner.

Det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, og det er no lagt til grunn ein reduksjon på 8 pst. i 2016. Departementet legg til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget for sjølvstendige på 2,4 pst., som er høgare enn det som ble lagt til grunn i vedtatt budsjett. Dette inneber samla sett lågare utbetalingar i 2016 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 580 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2016 blir noko høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 2 040 mill. kroner.

Utgiftene i 2016 blir noko lågare enn venta på bakgrunn av ein noko lågare feriepengedel enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 55 mill. kroner.

Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 34 120 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2016 er venta å bli noko høgare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 122 S (2015–2016). Samtidig er overslaga for etterbetaling knytt til dei tidlegare ordningane rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad auka.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 220 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 309,8 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2016 blir noko lågare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 14,8 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2016 er 405 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år er noko lågare enn det som blei lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 79 570 mill. kroner.

Gjennomsnittleg uføretrygd per mottakar i 2016 er noko høgare enn lagt til grunn i Prop. 122 S (2015–2016). Samtidig er gjennomsnittleg tal på mottakarar av uføretrygd i 2016 venta å bli noko høgare enn det som ble lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 510 mill. kroner.

Post 75 Mènerstaning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 100 mill. kroner.

Talet på saker er justert ned samanlikna med det som låg til grunn for løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 45 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning

Løyvinga for 2016 er 138 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til bilar

Løyvinga for 2016 er 660 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga. Dette skuldast i hovudsak at det no vert lagt til grunn ein volumvekst på 8 prosent, medan det i vedtatt budsjett blei lagt til grunn nullvekst.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 70 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2016 er 2 810 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2016 er 265 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2016 er 1 350 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2016 er 670 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 67 160 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 80 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 128 830 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar i 2016 ser ut til å bli noko lågare enn i vedtatt budsjett. Samtidig ser det ut til at gjennomsnittleg stønad blir noko høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. Samla sett gir overslaga ein auke i utgiftene til tilleggspensjon på 20 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 72 Ventetillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 128 mill. kroner.

Overslaget på posten er auka med 2 mill. kroner, hovudsakleg som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 5 800 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 40 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 1 170 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 10 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 900 mill. kroner.

Overslaget på posten er redusert med 10 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 88 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 74 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2016 er 0,6 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner.

Post 75 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 6 mill. kroner

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 2686 Stønad ved gravferd

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2016 er 185 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 06 Gebyrinntekter for fastsetting av bidrag

Løyvinga for 2016 er 24,6 mill. kroner.

På grunn av utviklinga så langt i år er inntektene berekna til 22,7 mill. kroner for 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner.

Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeids- og sosialdepartementet

Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift

Løyvinga for 2016 er 83,6 mill. kroner.

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 7 mill. kroner som følge av ei forskyving mellom gebyr og sektorinntekter. Dette skuldast at ein større del av aktivitetane enn venta vil vere retta mot grupper i petroleumsnæringa og vil bli gjennomførde som sektorfinansierte aktivitetar. Det visast til omtale under kap. 3642, post 03.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2016 er 897 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2015, som er innbetalt til folketrygda i 2015, blir overslaget for 2016 33,9 mill. kroner høgare enn budsjettert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 33,9 mill. kroner.

Post 73 Refusjon frå bidragspliktige

Løyvinga for 2016 er 250 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til bidragsforskott på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 86 Innkreving feilutbetalingar

Løyvinga for 2016 er 820 mill. kroner.

Overslaga på denne posten er usikre. I løpet av 2015 var det ein klar auke i inntektene. På bakgrunn av utviklinga i 2015 og byrjinga av 2016 blei løyvinga auka med 102 mill. kroner i vedtatt budsjett. Utviklinga utover i 2016 har vist seg å bli noko svakare enn tidlegare antatt.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 52 mill. kroner.

Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.

Løyvinga for 2016 er 67 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Til forsida av dokumentet