2 Omtale av forslag til utgiftsendringar
Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans blei i september 2024 ført over frå Fiskeridirektoratet sin klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er berekna at utgiftene knytt til dette ansvaret vil vere 1,1 mill. kroner i 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, til 540,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 917, post 01.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, til 67,7 mill. kroner. Løyvinga er knytt til utgifter i samband med fjerning av det lengeliggjande russiske fartøyet LLV Azurit ifrå Båtsfjord hamn, samt til aktørar som har teke arrest i fartøyet.
Post 25 Drift og forvalting av kompensasjonsordningar
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, til 8,3 mill. kroner. Lågare forbruk kjem av at både reelt behov for sakshandsaming og kostnader til forvalting og drift generelt er lågare enn berekna da løysinga blei sett i produksjon.
Post 26 Forvalting av grunneigedom på Svalbard, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner, til 11,8 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 3900, post 03. Endringa kjem av ei forventa meirinntekt som følgje av betre kontroll med bruken av grunn på Svalbard og fakturering av eit auka tal leigeforhold.
Post 27 Etablering av støtteregister, tilføying av stikkordet «kan overførast»
Det vart i Saldert budsjett 2025 løyvd 14,3 mill. kroner til etablering av eit støtteregister. I påvente av endringar i forskrift, har det vore låg aktivitet i prosjektet i 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om at stikkordet «kan overførast» føyast til posten, jf. framlegg til vedtak II. Dette vil gjere det mogleg å overføre ubenytta midlar til 2026 slik at ein har løyving til å kunne foreta utbetalingar i første halvår 2026.
Post 71 Miljøtiltak Raufoss
For 2025 er det løyvd 7,6 mill. kroner til refusjon av utgifter til pålagde miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss og i Mjøsa. Basert på oppdatert informasjon vil det samla behovet utgjere 4,2 mill. kroner i 2025. Hovudgrunnen til reduksjonen er justerte overslag knytt til særskilde prosjekt i 2025 der kostnadane vil bli fordelte over fleire år. Det er framleis stor usikkerheit knytt til kostnadsanslaget og om alle resterande kostnader vil koma i 2026.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner, til 4,2 mill. kroner.
Post 80 (ny) Kompensasjonsordning for utgifter til innreisekarantene ved bruk av utanlandsk arbeidskraft
Departementet gjer framlegg om å løyve 1,2 mill. kroner.
Ordninga innebera at føretak som hadde utgifter til gjennomføring av innreisekarantene for utanlandske arbeids- eller oppdragstakarar under koronapandemien, kunne søke om tilskot til dekking av slike meirkostnadar. Det er ikkje løyvd midlar til denne ordninga i Saldert budsjett 2025. Det ligg ei klage til handsaming hos Nærings- og fiskeridepartementet, som kan det resultere i ei utbetaling i 2025.
Post 85 (ny) Mellombels kompensasjonsordning for føretak med stort omsetningsfall som følgje av koronapandemien, overslagsløyving
Departementet gjer framlegg om å løyve 1,3 mill. kroner.
Det er ikkje løyvd midlar til ordninga i Saldert budsjett 2025. Så langt i år er det utbetalt 1,3 mill. kroner i tilskot som tidlegare var tilbakebetalt, men som er utbetalt på nytt etter klagehandsaming og nye vedtak.
Kap. 904 Brønnøysundregistra
Post 01 Driftsutgifter
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 8,2 mill. kroner, til 564,4 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 3904, post 02. Endringa kjem av ei forventa meirinntekt som følgje av fakturering av utviklingsarbeid i Våpenregisteret, finansiert av Politidirektoratet på Justis- og beredskapsdepartementets budsjettområde.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Brønnøysundregistra anslår at prosjektet for ny registerplattform (BRsys) vil liggje om lag eit tertial bak gjeldande plan ved utgangen av 2025. Hovudårsaka er at prosjektet har utført eit større arbeid for linja knytt til ein ny sakshandsamingsautomat for maskinell og automatisk handsaming av meldingar til eit register, Automat 2.0. Brønnøysundregistra forventar at Automat 2.0 vil gje positiv effekt på framdrift og kostnadseffektivitet frå og med 2026. Samstundes er det risiko for at dette ikkje inntreff. Departementet følgjer prosjektet tett. Samanlikna med gjeldande budsjett for 2025 har BRsys eit mindreforbruk på 32,9 mill. kroner.
Prosjektet for brukarvennlege registertenester (BVR) er avhengig av BRsys-prosjektet, særleg sidan ein del av løysingane for BVR må innførast etter at BRsys er ferdig. Som følgje av at prosjektperioden til BRsys blir forlenga i 2025, har Brønnøysundregistra replanlagt og utarbeidd eit vedlegg om endring til det sentrale styringsdokumentet for BVR. Endringa, som er godkjent av departementet, inneber at prosjektperioden for BVR utvidast frå slutten av 2028 til oktober 2029. Dette gjer at forventa forbruk per år blir lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Samanlikna med gjeldande budsjett for 2025, har BVR eit mindreforbruk på 26,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med til saman 59,7 mill. kroner til 134,1 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke av løyvinga seinare i prosjektperioden.
Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 31 Miljøtiltak Løkken, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 9,2 mill. kroner.
Endringa kjem som følgje av at etablering av ein ny rammeavtale som har teke lengre tid enn planlagt. Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard har gjennomført tiltak for å leggje til rette for auka aktivitet på området framover, som vil ha full effekt frå budsjettåret 2026.
Post 32 Miljøtiltak Folldal, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 7,7 mill. kroner, til 10,4 mill. kroner.
Endringa kjem som følgje av lågare kapasitet hos DMF, som mellom anna skuldast at etablering av ein ny rammeavtale og rekruttering av ny prosjektleiing har teke lengre tid enn planlagt. DMF har gjennomført tiltak for å leggje til rette for auka aktivitet på området framover som vil ha full effekt frå budsjettåret 2026.
Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering
Post 01 Driftsutgifter
Ein del tilsetjingsprosessar teke lengre tid enn planlagt, mellom anna på grunn av utfordringar med tilgang på kvalifiserte søkarar. I tillegg har kostnadene til konsulentbistand i samband med overdraging av atomanlegget i Halden frå Institutt for energiteknikk (IFE) til Norsk nukleær dekommisjonering (NND) har blitt lågare enn budsjettert. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, til 310,2 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Eit oppdatert anslag frå NND tilseier at behovet for løyving til oppryddingsprosjekt i 2025 vil vere 40 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På grunn av behovet for å prioritere andre prosessar, har arbeidet med å planlegge fysisk demontering av anlegga blitt utsett. I tillegg er det lågare framdrift enn føresett i fleire av prosjekta som finansierast av denne posten. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner, til 370,7 mill. kroner.
Post 30 Opprydding Søve, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 35 mill. kroner, til 16 mill. kroner. Endringa kjem som følgje av at arbeida i fase 1 (samspillsfasen) som gjeld aktivitetar med å utarbeide søknader for å få innvilga nødvendige løyve frå relevante styresmakter har teke lengre tid enn først antatt, og vil gå føre seg ut i andre kvartal 2026. Først når løyva er innvilga, kan sjølve oppryddingsarbeida starte opp.
Dette inneber samstundes at bestillingsfullmakta må aukast tilsvarande. Departementet gjer framlegg om å auke bestillingsfullmakta med 35 mill. kroner, frå 40,5 til 75,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.
Post 60 Tilskot til kommunar
Tilskotsordninga er retta mot kommunar som er eller planlegg å bli vertskommune for atomanlegg. Søknadsinngangen har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 5,7 mill. kroner.
Kap. 908 Institutt for energiteknikk
Post 71 Tilskot til sikring av atomanlegg
Innafor løyvinga blei det sett av midlar til sikringstiltak ved atomanlegget i Halden. Norsk nukleær dekommisjonering tok over dette anlegget 1. april 2025. Sikringstiltak knytt til anlegget i Halden vil bli dekt over løyvinga på kap. 907, post 21. I tillegg har ein del av sikringstiltaka knytt til IFE sitt anlegg på Kjeller blitt gjennomførde til lågare kostnad enn budsjettert, og nokre planlagde tiltak vil ikkje bli sette i gong i 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 31,9 mill. kroner, til 58,6 mill. kroner.
Post 72 Lån til flytting av laboratorium og infrastruktur
Det er inngått avtale mellom staten og Institutt for energiteknikk om lån på 120 mill. kroner for å finansiere flytting av laboratorier og infrastruktur ut av det konsesjonsbelagde området på Kjeller. Oppdatert framdriftsplan tilseier at det vil bli utbetalt 17,5 mill. kroner i 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 17,5 mill. kroner, til 17,5 mill. kroner.
Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk
Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 90 mill. kroner, til 2 549 mill. kroner. Tilskotsordninga er regelstyrt og rettsbasert, og løyvinga er ei overslagsløyving. Den avhenger av talet på sjøfolk i ordninga og deira lønn.
Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner til 530,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 3910, post 02 og post 86. Auken i inntekter skyldast fleire sertifikatsøknader, fleire tilsyn utan varsel og meirarbeid knytt til brot på reglement. Ein viser til omtale under kap. 3910.
Kap. 912 Klagenemndssekretariatet
Post 21 (ny) Særskilde driftsutgifter
Stortinget har samtykka i at Nærings- og fiskeridepartementet kan overskride løyvinga for å dekkje eventuelle saksomkostningar knytt til endring av innklaga vedtak til fordel for ein part i medhald av forvaltingslova § 36, i saker som handsamast av nemnder Klagenemndssekretariatet betener. Det er ikkje løyvd midlar til denne ordninga i Saldert budsjett 2025.
Ved utgangen av september var det fatta vedtak om dekking av slike saksomkostningar på til saman om lag 13,4 mill. kroner, som vil bli utbetalt i løpet av året. Vedtaka om dekking av saksomkostningar er knytt til seks ulike saker, som har vore handsama i Marknadsrådet og Konkurranseklagenemnda. Det er uklart om det vil bli fatta fleire vedtak om dekking av slike utgifter i løpet av året, og i så fall kor mykje som vil bli dekt.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å løyve 13,4 mill. kroner.
Kap. 913 Daglegvaretilsynet
Post 01 Driftsutgifter, tilføying av stikkordet «kan overførast»
Regjeringa har foreslått å leggje ned Daglegvaretilsynet i 2026 og flytte ansvaret for handheving av lov om god handelsskikk til Konkurransetilsynet.
Endringa vil påføre tilsyna fleire eingongskostnadar. Det er stor usikkerheit om storleiken på utgiftene, og når dei vil oppstå.
På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om at kap. 913, post 01 føyast til stikkordet «kan overførast». jf. framlegg til vedtak II.
Kap. 915 Regelrådet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner, til 11,3 mill. kroner.
I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2025 blei løyvinga redusert med 2 mill. kroner, med det føremål å leggje ned Regelrådet. Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak blei det den 15. august fastsett ein kongeleg resolusjon om nedlegging av Regelrådet frå 1. mars 2026.
Nedlegging av ei offentleg verksemd krev ei rekke avklaringar, mellom anna som følgje av lover, avtalar og retningsliner for omstilling. Dette gjer at prosessen tek tid, òg fordi nedlegginga ikkje hadde blitt utreda på førehand. Ei innsparing på 2 mill. kroner i andre halvår 2025 er ikkje oppnådd. Dette skuldast at størsteparten av Regelrådet sitt driftsbudsjettet går til løn til faste tilsette og husleige.
Kap. 916 Kystverket
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, til 89,5 mill. kroner. Løyvinga er knytt til Kystverkets utgifter i samband med fjerning av det lengeliggjande russiske fartøyet LLV Azurit ifrå Båtsfjord hamn, som inkluderer tømming, klargjering og slep av fartøyet.
Kap. 917 Fiskeridirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet gjer framlegg om å om å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner, til 533,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 900, post 01, jf. omtale under kap. 900.
Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans, blei i september 2024 ført over frå Fiskeridirektoratet sin klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er berekna at innsparinga hos Fiskeridirektoratet vil utgjere 1,1 mill. kroner i 2025.
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 19,8 mill. kroner, til 154,0 mill. kroner, som følgje av auka anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, som finansierer utbetalingane over denne posten. Se nærare omtale under kap. 5574, post 74 Fiskeriforskingsavgift.
Kap. 919 Ymse fiskeriføremål
Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar
Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får utbetalt 55 pst. av inntektene frå sal av nye oppdrettsløyve, i tillegg til produksjonsavgifta på laks, aure og regnbogeaure i sin heilskap. Produksjonsavgifta utbetalast etterskotsvis.
I Saldert budsjett blei det løyvd 1 244 mill. kroner. Dette var basert på eit anslag for inntekter frå produksjonsavgifta i 2024. I samband med revidert nasjonalbudsjett blei løyvinga auka til 1 415 mill. kroner, då inntektene frå produksjonsavgifta blei høgare enn anslaget, og det blei seld nye oppdrettsløyve mot betaling. Prisen for nokre av desse løyvene blei satt for høgt, og noko av innbetalinga har blitt tilbakebetalt. Ein viser til omtalen under kap. 3917, post 13.
Som følgje av dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner, til 1 409,9 mill. kroner.
Post 74 Erstatningar, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4 mill. kroner, til 5,9 mill. kroner.
Det er forventa høgare kostnader i samband med utbetaling av erstatningar over posten enn det som er budsjettert. Det er estimert ei samla utbetaling i 2025 på 5,9 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til fiskeriforsking, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, til 8,7 mill. kroner, som følgje av auka anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, som finansierer utbetalingane over denne posten. Se nærare omtale under kap. 5574, post 74 Fiskeriforskingsavgift.
Kap. 920 Noregs forskingsråd
Post 70 Tilskot til næringsretta forsking, kan overførast
Det blei i 2025 avsett 8,1 mill. kroner til Forskingsrådet sitt eige arbeid med Mineralstrategien (5 mill. kroner) og Prosess21 (3,1 mill. kroner). Midlane blei overført frå kap. 920, post 50 til kap. 285, post 21. Dei siste prognosane tilseier eit lågare forbruk enn det som blei budsjettert.
På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 2,9 mill. kroner, til 1 015,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 21.
Kap. 922 Romverksemd
Post 51(ny) Eigenkapital Andøya Space, kan overførast
Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) eit vilkårsbunden tilsegn om inntil 282,6 mill. kroner i eigenkapital til etablering av Andøya Spaceport (post 51) og eit vilkårsbunden tilsegn om inntil 83 mill. kroner i regionalstøttetilskot til Andøya Space AS (post 76). Begge tilsegna var knytt til etablering av Andøya Spaceport. Det er inngått ei investeringsavtale mellom Andøya Space AS og eigarane Nærings- og fiskeridepartementet og Kongsberg Defence & Aerospace AS, og kapitalen blir utbetalt til selskapet på grunnlag av framdrifta i prosjektet. Nærings- og fiskeridepartementet har hittil tilført Andøya Space 209,6 mill. kroner av eigenkapitalen og 56,5 mill. kroner av tilskotet. Resten av løyvinga (73 mill. kroner i eigenkapital og 26,5 mill. kroner i tilskot) skal etter vilkåra utbetalast når Andøya Space AS framforhandlar ein langsiktig kundekontrakt for den andre oppskytingsrampa.
Begge postane har stikkord «kan overførast», men fordi løyvinga er frå 2023 og det berre er anledning til å overføre for to budsjettår av gangen (jf. løyvingsreglementet § 5 tredje ledd), vil løyvingane bli tilbakeført til statskassa ved utgangen av 2025 om dei ikkje blir utbetalt i løpet av året. Det er framleis behov for løyvingane. Selskapet er i ferd med å utvikle ein revidert forretningsplan, og tidsplanane selskapet har skissert, tilseier at det er sannsynleg at det ikkje vil oppstå behov for utbetaling av midlar i 2025, men i løpet av første halvår 2026.
Departementet gjer difor framlegg om å løyve dei gjenståande midlane på dei to postane på nytt for 2025, slik at det er mogleg å overføre midlane og kunne utbetale dei i første halvår 2026 om det skulle bli behov for det. Det gjenståande av løyvingane frå 2023 vil bli tilbakeført til statskassa ved årsslutt. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å løyve 73 mill. kroner.
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i ESA blir utbetalt i euro. Valutakursen blei høgare enn den som var lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025. I tillegg har pensjonskostnadar i ESA auka samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett for 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,0 mill. kroner, til 286,3 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Norske utbetalingar til ESA blir betalt i euro. Valutajusteringar for utbetaling til ESA og tilbakebetaling grunna lågare framdrift enn forventa har ført til auka kostnad samanlikna med det som låg til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025. Posten skal òg dekkje kostnader til Radarsat-avtalen som utbetalast i dollar. Det blir lagt til grunn ein noko lågare valutakurs på uteståande betaling samanlikna med kursen som blei brukt i revidert nasjonalbudsjett 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, til 469,3 mill. kroner.
Post 73 EU sine romprogram
Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Høgare eurokurs ved utbetalingsdato i august enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025 tilseier eit høgare løyvingsbehov.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner, til 606 mill. kroner.
Post 75 Tilskotsordning knytt til nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø – tilføying av stikkordet «kan overførast»
Direktoratet for romverksemd forvaltar ein tilskotsordning, som skal nyttast som prosjektmidlar knytt til utviklinga av eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø. Tilskotsmidlane skal bidra til innovasjon, knoppskyting og nyetableringar innan romrelatert næringsliv i og utanfor regionen, og medverke til å utvikle nye bruksområde for jordobservasjonsdata.
Det er utarbeidd ei forskrift for ordninga, som vart vedteken av Kongen i statsråd før sommaren, og Direktoratet for romverksemd har lyst ut midlane med frist 1. oktober. 2025. Aktørane kan ikkje starte opp arbeidet før søknad om midlar er sendt. Det er dessutan viktig at handsaminga av søknadane får tilstrekkeleg tid, slik at ikkje mindre gode prosjekt får støtte. Samla sett fører dette til stor uvisse rundt utbetalingstakten i 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om at post 75 får stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II. Det har vore betydelege forseinkingar i oppstarten av arbeidet, og det vil difor vere noko etterslep i ordninga, utan at det inneber at behovet for løyvingar blir redusert.
Post 76 (ny) Tilskot Andøya Space, kan overførast
Ein viser til nærare omtale under post 51. På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om å løyve 26,5 mill. kroner, slik at det er mogleg å overføre midlane for ei eventuell utbetaling i første halvår 2026. Det gjenståande av løyvinga frå 2023 vil bli tilbakeført til statskassa ved årsslutt.
Kap. 923 Havforskingsinstituttet
Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 35,7 mill. kroner til 277,3 mill. kroner, som følgje av auka anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, som finansierer utbetalingane over denne posten. Sjå nærare omtale under kap. 5574, post 74 Fiskeriforskingsavgift.
Kap. 924 Internasjonale samarbeidsprogram
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekker Noreg sin del av utgiftene til EU sitt investeringsprogram InvestEU og dei samla utgiftene for deltaking i programdelane som Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for under EU sitt program for den indre marknaden. Utanriksdepartementet utbetalar programmidlar til EU og ber om refusjon frå dei ansvarlege departementa i etterkant. Dei totale utbetalingane til dei to programma utgjer om lag 364,3 mill. kroner for 2026, fordelt med 289 mill. kroner til InvestEU og om lag 75,3 mill. kroner til program for den indre marknaden.
Departementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner, til 364,3 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I Saldert budsjett 2025 er det løyvd 33,1 mill. kroner til å dekkje utgifter til fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2025 er anslått til om lag 49,1 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 16 mill. kroner, til 49,1 mill. kroner.
Kap. 952 Investinor AS
Post 50 (ny) Risikokapital
Forslaget inneber å auke Investinors rammer under mandatet for fonds- og matching-investeringar som følgje av tilbakebetaling frå pre-såkornordninga, jf. forslag under kap. 3952, post 55.
Ordninga med pre-såkornfond blei overført frå Innovasjon Noreg til Investinor i 2020, og det blei oppretta eit nytt mandat for fonds- og matchinginvesteringar i Investinor. Stortinget vedtok i 2020 at det ikkje skulle opprettast nye fond under den opphavelege pre-såkornordninga, og at det nye mandatet i Investinor mellom anna kunne ivareta føremålet med ordninga med pre-såkornfond framover. Det blei lagt til grunn at tilbakebetalte utlån frå pre-såkornfond kunne nyttast som inndekking for løyvingar til risikokapital til det nye mandatet i Investinor. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2019–2020) under «Saker i tilknytning til enkeltselskaper» og under kap. 950, post 54 om Investinors mandat for forvalting av fonds- og matchinginvesteringar. Tilbakeførte pre-såkornmidlar er såleis blitt konvertert til risikokapital i mandatet for fonds- og matchinginvesteringar både i 2021, 2023 og 2024.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å nytte tilbakebetaling frå pre-såkorn-ordninga til å løyve 12,5 mill. kroner til risikokapital i Investinor. Ein viser òg til omtale under post 95 der det i tillegg blir gjort framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot til mandatet med 23 mill. kroner, i tråd med etablert budsjettpraksis der 35 pst. av midlane blir løyvd på ein tilskotspost (såkalla over streken), medan 65 pst. blir løyvd som formuesplassering (90-post, såkalla under streken). Mandatet blir med dette tilført totalt 35,5 mill. kroner i 2025.
Post 51 Tapsfond såkornkapital
Under Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2025 blei det løyvd 166 mill. kroner til tap utover tapsfond i ordninga med såkornfond frå 2006–2008 (bølje II). Løyvinga skulle mellom anna dekkje nedskriving av lån kor det var usikkert om Investinor ville få tilbakebetaling frå fonda. Midvestfonda har no tilbakebetalt det resterande lånet. Dette gjer grunnlag for å redusere løyvinga til tap utover tapsfond med 31,1 mill. kroner. Dei ulike midla løyvd til bølje II-fonda har vore plassert på ulike tapsfond og lånekontoar forvalta av Investinor og departementet. Avsemmingar av kontoane har synt at løyvinga til tapsavsetjing ut over tapsfond blei satt 25,2 mill. kroner for lågt i samband med revidert nasjonalbudsjett.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med netto 5,9 mill. kroner, til 160,1 mill. kroner.
Post 95 (ny) Kapitalinnskot
Ein viser til omtale under post 50. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til mandatet for fonds- og matchinginvesteringar med totalt 35,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om å løyve 23 mill. kroner til kapitalinnskot.
Kap. 2421 Innovasjon Noreg
Post 50 Tilskot til etablerarar og verksemder, inkl. tapsavsetjingar
I samband med nysalderinga for 2024 blei det, som ei mellombels løysing, vedteke å løyve 6 mill. kroner for å dekkje administrasjonskostnader knytt til forvaltinga av den då nyetablerte risikolåneordninga Grøn industrifinansiering. Løyvinga blei gitt under føresetnad om tilbakebetaling i 2025, når ordninga var venta å ha tilstrekkelege renteinntekter til å dekkje administrasjonskostnadene. Ordninga er no operativ. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til 1 067,6 mill. kroner.
Post 70 Basiskostnader
Ekstraordinære kostnader knytt til omstilling
I Prop. 1 S (2025–2026) er det gjort framlegg om å redusere løyvingane på fleire postar under kap. 2421 på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, som gjeld tilskot til Innovasjon Noreg. Det blir òg foreslått reduksjonar i fleire lånerammer og løyvingar på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett. Samla sett vil desse endringane føre til redusert aktivitetsnivå og mindre rammer for Innovasjon Noreg sin verksemd og evne til å tilby finansiering og tenester til næringslivet.
Innovasjon Noreg har ikkje eigenkapital til å dekke omstillingskostnader som vil kome til i denne samanhengen, og oppdragsgjevarane er forplikta til å dekke verksemda sine forpliktingar, jf. Lov om Innovasjon Noreg og Vedtekter for Innovasjon Noreg § 9. Avsetting til nedbemanning og omstilling må gjerast i Innovasjon Noreg sitt rekneskap det året avgjerda blir tatt.
Organiseringa av verksemda ligg til selskapet sjølv. Det er styret som skal gjere prioriteringane i ein ny omstillingsprosess.
Regjeringa har i proposisjonen varsla om å kome tilbake til spørsmålet om løyvingar til omstillingskostnader i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2025, som følgje av dei føreslåtte løyvingsreduksjonane og påfølgjande omstillingsbehov.
Reduksjonen i aktivitetsnivå gjer det nødvendig for verksemda å gjennomføre organisatoriske endringar for å sikre ei kostnadseffektiv utføring av dei reduserte oppdraga. Endringane vil mellom anna innebere ein betydeleg reduksjon i talet på medarbeidarar.
Det vil difor vere behov for å løyve midlar i 2025 til å dekkje desse kostnadene. Det er førebels uvisst kor store dei endelege omstillingskostnadene vil bli. Det blir lagt til grunn at beløpet som blir sett av til omstilling, blir avgrensa til det som er naudsynt for å dekkje forpliktingar som følgje av løyvingsreduksjonane. Det vil bli stilt krav om sluttrapport for omstillingsarbeidet. Beløp som ikkje går til omstilling, vil bli tilbakeført til statskassa. Anslag på kva som er nødvendig løyving for å gjennomføre omstillinga er anslått til 90 mill. kroner.
Ekstraordinære kostnader knytt til avsetjing til pensjon
Ei planendring som er vedteken for avtalefesta pensjon (AFP) for tilsette i offentleg sektor knytt til livsvarig AFP, fører med seg ein ekstraordinær eingongskostnad for Innovasjon Norge. Kostnaden må førast i rekneskapen for 2025.
Styret i Innovasjon Noreg har fastsett nivået for «forsvarleg eigenkapital» til mellom 8 og 12 pst. av dei årlege offentlege og eksterne inntektene til selskapet. Eigenkapitalandelen var per første kvartal 2025 på 7,7 pst. og dermed utanfor det styrefastsette nivået. Innovasjon Noreg har ikkje moglegheit til å byggje opp eigenkapitalen med dei rammevilkåra som ligg til grunn i dag. Det går fram av lov om Innovasjon Noreg og eigaravtalen at eigarane (Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane) er ansvarlege for å sikre at selskapet har ein forsvarleg eigenkapital. Eigarane må difor bidra med finansiering for å dekkje dei auka kostnadene i samband med ny livsvarig offentleg AFP-ordning.
Det er førebels anslått frå Staten sin pensjonskasse at denne eingongskostnaden vil vere på om lag 81,3 mill. kroner. Etter eigaravtalen mellom departementet og fylkeskommunane vil departementet sin del av dette vere om lag 49,6 mill. kroner.
Oppsummering
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 139,6 mill. kroner, til 322,6 mill. kroner.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Noreg finansierer si utlånsverksemd ved å ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer sin utlånsportefølje ved å ta opp korte og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntektsført kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa, og akkumulert. Løyvinga vil variere som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna, men vil òg vere avhengig av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325 og rentene på kap. 5625. Løyvingsendringane på statsbudsjettet for 2025 er basert på anslag om marknadsutvikling, fordeling av flytande/faste lån, porteføljeutvikling og innbetalingar av avdrag og renter frå kundar. Innlåna er anslått å bli lågare enn det som låg til grunn ved Saldert budsjett 2025. Departementet gjer òg framlegg om å redusere avdraga, jf. omtale under kap. 5325, post 90, og rentene, jf. omtale under kap. 5625, post 80.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,4 mrd. kroner, til 61,9 mrd. kroner.
Kap. 2429 Eksportkredittordninga
Post 90 Utlån
I Saldert budsjett 2025 er det løyvd 15,8 mrd. kroner til utlån under eksportkredittordninga. Prognosen for utlån i 2025 er redusert på grunn av lågare utbetalingar av lån enn forventa. Dette gjeld særleg lån til fornybar industri, maritim sektor og havbruksnæringa. Fleire skipssaker har òg blitt finansiert av private bankar med garanti frå Eksportfinansiering Noreg. På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,3 mrd. kroner, til 8,5 mrd. kroner.
Kap. 2440 og 5440 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
Tabell 2.1 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda1
|
(i mill. kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Kap./post/ underpost |
Nemning |
Gjeldande løyving2 |
Forslag til ny løyving |
Endring1 |
|
Kap. 2440 |
||||
|
Post 30 |
Investeringar |
35 000 |
35 300 |
300 |
|
Post 31 |
Kjøp av eigardelar |
-2 046 |
-1 866 |
180 |
|
Sum kap. 2440 |
32 954 |
33 434 |
480 |
|
|
Kap. 5440 |
||||
|
U.post 24.1 |
Driftsinntekter |
332 900 |
319 700 |
-13 200 |
|
U.post 24.2 |
Driftsutgifter |
-43 200 |
-44 800 |
-1 600 |
|
U.post 24.3 |
Leite- og feltutviklingsutgifter |
-2 100 |
-2 800 |
-700 |
|
U.post 24.4 |
Avskrivingar |
-33 500 |
-37 800 |
-4 300 |
|
U.post 24.5 |
Renter av staten sin kapital |
-5 000 |
-5 200 |
-200 |
|
Post 24 |
Driftsresultat |
249 100 |
229 100 |
-20 000 |
|
Post 30 |
Avskrivingar |
33 500 |
37 800 |
4 300 |
|
Post 80 |
Renter av staten sin kapital |
5 000 |
5 400 |
400 |
|
Sum kap. 5440 |
287 600 |
272 300 |
-15 300 |
|
|
SDØE sin kontantstraum: |
||||
|
Innbetalingar3 |
332 900 |
319 700 |
-13 200 |
|
|
Utbetalingar4 |
78 254 |
81 034 |
-2 780 |
|
|
Netto kontantstraum frå SDØE |
254 646 |
238 666 |
-15 980 |
|
1 Beløpa i tabellen er runda av til nærmaste 100 mill. kroner. Det kan difor førekomme avvik når tala summerast.
2 Revidert budsjett, jf. Prop. 146 S og Innst. 540 S (2024–2025)
3 Innbetalingar = driftsinntekter
4 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter + investeringar
Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er auka med 300 mill. kroner, til 35,3 mrd. kroner. Auken kjem i hovudsak av endringar i fasing av produksjonsboring på enkelte felt.
Endringa for kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar kjem av vederlaget for Visund i samband med harmonisering av eigarstrukturen i Visund-området, jf. omtale nedanfor.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 13,2 mrd. kroner, til 319,7 mrd. kroner. Reduksjonen kjem av lågare prisføresetnader for olje og gass i 2025. Prisen på gass er redusert frå 5,1 kr/Sm3 til 4,8 kr/Sm3, medan prisen på olje er redusert frå 807,8 kroner per fat til 720,1 kroner per fat.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 1,6 mrd. kroner, til 44,8 mrd. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka utgifter til kjøp av tredjepartsgass, delvis motverka av lågare kraftprisar og reduserte miljøavgifter.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 700 mill. kroner, til 2,8 mrd. kroner, som følgje av forventa høgare aktivitet og kostnader.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er auka med 4,3 mrd. kroner, til 37,8 mrd. kroner, som følgje av høgare anslag for olje- og gassproduksjon.
Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av staten sin kapital er auka med 200 mill. kroner, til 5,2 mrd. kroner, som følgje av endra rentesats.
Endringane fører samla til at driftsresultatet for SDØE er redusert med 20 mrd. kroner, til 229,1 mrd. kroner.
Netto kontantstraum frå SDØE er rekna til 238,7 mrd. kroner, ein reduksjon på 16 mrd. kroner frå 254,6 mrd. kroner.
Tabell 2.2 Prisføresetnader
|
Produkt |
Gjeldande føresetnader for 2025 |
Nye føresetnader for 2025 |
|---|---|---|
|
Olje (NOK/fat) – laupande |
807,8 |
720,1 |
|
Olje (USD/fat) – laupande |
76,2 |
69,1 |
|
Gass (NOK/Sm3) – laupande |
5,1 |
4,8 |
|
Kondensat (NOK/Sm3) – laupande |
4 826,7 |
4 135,0 |
|
NGL (NOK/tonn) – laupande |
6 145,3 |
5 144,9 |
|
Valutakurs (NOK/USD) |
10,6 |
10,4 |
Harmonisering av eigarstrukturen i Visundområdet
Energidepartementet har inngått avtalar om kjøp av delar i utvinningsløyve 120 og 120 CS frå dei andre rettshavarane. Avtalane inneber ei harmonisering av eigarstrukturen i Visundområdet og er inngått som del av eit forlik i eit pågåande søksmål frå ConocoPhillips Skandinavia AS og Repsol Norge AS.
Deltakardelar i Visundfeltet og utvinningsløyve 120 – bakgrunn
Dei fleste utvinningsløyva for petroleumsverksemd på norsk kontinentalsokkel blei i perioden 1974 til 1993 tildelte med vilkår om at staten sin deltakardel kunne aukast i felt som seinare blei bygde ut. Ordninga blei avvikla for nye utvinningsløyve frå og med den 14. konsesjonsrunden, jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 6 (1992–93), side 5. For utvinningsløyve som alt var tildelte med slike vilkår, blei retten til auka statleg deltaking fråfallen etter forslag frå regjeringa, jf. St.prp. nr. 1 (1994–1995), side 207–212.
Unntaket gjaldt utvinningsløyve der det alt var lokalisert felt over ein viss storleik. I desse løyva blei retten til auka statleg del nytta med éin gong for dei aktuelle felta, medan retten blei fråfallen for dei andre delane av løyvet. Eitt av felta der staten auka sin del, var Visundfeltet i utvinningsløyve 120.
Ved at staten nytta retten til auka del i Visundfeltet, samstundes som retten blei fråfallen i dei andre delane av utvinningsløyvet, oppstod det ein situasjon med ulike deltakardelar i Visundområdet. Staten har dermed ein høgare del i sjølve Visundfeltet enn i resten av utvinningsløyve 120. Dette er framleis den gjeldande situasjonen.
Tabell 2.3 Dagens fordeling av delar
|
Rettshavar |
Visundfeltet |
Utvinningsløyve 120 |
|---|---|---|
|
Equinor Energy AS |
53,20 pst. |
59,064516 pst. |
|
Petoro AS (SDØE) |
30,00 pst. |
16,935484 pst. |
|
ConocoPhillips Skandinavia AS |
9,10 pst. |
13 pst. |
|
Repsol Norge AS |
7,70 pst. |
11 pst. |
Kjøp av deltakardelar i utvinningsløyve 120 og 120 CS
I heile perioden etter at staten auka sin del i Visundfeltet, har det vore usemje om avgrensinga av feltet, og dermed kva delar av utvinningsløyve 120 staten har høgare del i. I 2023 reiste rettshavarane ConocoPhillips Skandinavia og Repsol Norge søksmål mot Petoro og staten ved Energidepartementet for å få avklart kva delar av utvinningsløyve 120 som er omfatta av den auka statlege deltakinga. Sør-Rogaland tingrett avsa dom i saka i august 2024, der staten ved Energidepartementet og Petoro blei frikjende. Dommen er anka, og ankeforhandlingane er fastsett til oktober 2026.
Ei avklaring av eigartilhøva i Visundområdet vil kunne ha positiv betydning for ressursforvaltinga. Energidepartementet har difor gjennomført sonderingar med rettshavarane i utvinningsløyve 120 og har på denne bakgrunnen oppnådd semje om ei løysing for å harmonisere eigarstrukturen i Visundområdet. Løysinga inneber at staten kjøper seg opp til ein 30 pst. del i utvinningsløyve 120 og 120 CS, gjennom kjøp av forholdsmessige deltakardelar frå dei andre rettshavarane. Dette vil gi eit balansert eigarskap i Visundområdet slik at rettshavarane får like insentiv. Ei slik struktur legg til rette for betre ressursutnytting og auka verdiskaping frå området.
Energidepartementet har inngått sals- og kjøpsavtalar med Equinor Energy AS, ConocoPhillips Skandinavia AS og Repsol Norge AS om kjøp av deltakardelar i utvinningsløyve 120 og 120 CS. Avtalane omfattar høvesvis 5,864516 pst. frå Equinor, 3,9 pst. frå ConocoPhillips og 3,3 pst. frå Repsol. Utvinningsløyve 120 CS er eit tilgrensande løyve til utvinningsløyve 120 og har identiske deltakardelar. Det er avtalt eit samla vederlag på 170 mill. kroner etter skatt. I tillegg er det rekna renter frå effektiv dato 1. januar 2025 til tidspunktet for oppgjer på om lag 8 mill. kroner. Avtalane er inngått med atterhald om Stortinget si godkjenning. Petoro har ytt bistand til Energidepartementet i verdsetjingsprosessen.
Dei auka statlege delane i utvinningsløyva 120 og 120 CS vil, på same måte som dei eksisterande delane staten har i desse løyva, inngå i SDØE-ordninga med Petoro som forvaltar og rettshavar. Overdragingane kan medføre enkelte eingongskostnader for Petoro, til dømes knytt til eksterne juridiske tenester og andre utgifter i samband med gjennomføringa. På same måte som ved tidlegare transaksjonar, er det lagt opp til at Petoro belastar SDØE-budsjettet for transaksjonsrelaterte eingongsutgifter.
Vederlaget og dei budsjettmessige konsekvensane av overdraginga blir dekte under kontantstraumen til SDØE, jf. kap. 2440/5440. Ved gjennomføring av transaksjonane vil det òg bli gjort justeringar for kontantstraumane i perioden mellom effektiv dato 1. januar 2025 og tidspunktet for sluttføring av overdragingane i 2025. Desse kontantstraumane omfattar mellom anna seljarane sine inn- og utbetalingar og blir omtala som eit «pro et contra»-oppgjer. Netto utbetaling knytt til dette oppgjeret er anslått til om lag 2 mill. kroner.
Ettersom gjennomføringsdatoen ligg nær eitt år etter effektiv dato, vil utbetalinga frå staten, som blir belasta SDØE under kap. 2440, post 31 Kjøp av deltakardelar, vere noko høgare enn det avtalte vederlaget med tillegg av renter og pro et contra-oppgjer. Kontantstraumane for 2025 som inngår i pro et contra-oppgjeret, er ikkje endeleg kjende på noverande tidspunkt. Rentejusteringane av vederlaga og kontantstraumane fram til oppgjersdato er førebelse estimat. Dette inneber at samla løyvingsbehov og tidspunkt for gjennomføring av transaksjonane ikkje er kjende på førehand.
Det blir difor gjort framlegg om å auke løyvinga med 180 mill. kroner under kap. 2440, post 31 Kjøp av deltakardelar, til -1 866,4 mill. kroner. Etterfølgjande avrekning og endeleg pro et contra-oppgjer vil skje i 2026, og budsjettkonsekvensane vil bli innarbeidde i revidert budsjett for 2026 til våren.
Statleg eigarskap i sentral gassinfrastruktur
Hovudmålet i petroleumspolitikken er å leggje til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. For å nå målet er eit samordna, heilstatleg eigarskap for den sentrale gassinfrastrukturen vurdert å vere mest hensiktsmessig, seinast ved utløp av konsesjonstida. Dette fordi det legg best til rette for effektiv bruk og rasjonell vidareutvikling av systemet, jf. Energidepartementet sin Prop. 1 S (2024–2025), omtale av kjøp av eigendelar i gasstransportsystemet i Prop. 27 S (2024–2025) Endringar i statsbudsjettet 2024 under Nærings- og fiskeridepartementet og Energidepartementet sin Prop. 1 S (2025–2026).
I etterkant av Stortinget si handsaming av Prop. 27 S (2024–2025), jf. Innst. 102 S (2024–2025), blei ei rekkje transaksjonar gjennomført. Staten sitt tilbod blei ikkje akseptert av alle selskapa i interessentskapa Nyhamna og Polarled. Som følgje av dette blei også Equinor sittande igjen med ein mindre eigarpost i desse i interessentskapa. Staten har i dag 100 pst. eigarskap i Gassled, 90 pst. i Polarled og 81,3 pst. i Nyhamna. Målet er framleis å oppnå heilstatleg eigarskap av infrastrukturen i interessentskapa Polarled og Nyhamna. Dette vil seinast skje ved konsesjonstida sitt utløp, det vil seie i 2041 for desse to anlegga.
På initiativ frå ein av dei attverande rettshavarane har Energidepartementet hatt sonderingar om ei mogleg løysing der staten byter ein SDØE-del i eit utvinningsløyve mot rettshavaren sin eigardel i gassinfrastruktur. Stortinget har gitt fullmakt til at Nærings- og fiskeridepartementet kan godkjenne overdraging (sal, kjøp eller byte) av deltakardelar for Petoro, som forvaltar av SDØE, der ein reknar med at ressursane i deltakardelane som blir overdrege på tidspunktet for overdraginga er mindre enn 3 mill. Sm3 oljeekvivalentar, jf. Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2024–2025), vedtak XXIII. Det blir lagt til grunn same metodikk for verdsetjing av gassinfrastruktur som for transaksjonane som blei gjennomført i 2024.
Med grunnlag i denne fullmakta vil Energidepartement arbeide vidare for å sjå om det er grunnlag for å oppnå semje om ein verdinøytral bytehandel av delar.
Equinor beheldt ein 5 pst. eigardel i Nyhamna og Polarled etter transaksjonane hausten 2024. Det blei samstundes inngått ein avtale mellom staten og Equinor som gir staten rett til å kjøpe, og Equinor rett til å selje til staten, desse eigardelane når Equinor er siste attverande private eigar i dei to i interessentskapa. Det vil seie at dersom staten overtek dei andre eigardelane i desse anlegga, vil staten inngå avtale om å kjøpe Equinor sin attverande eigardel slik at ein oppnår heilstatleg eigarskap. For berekning av vederlag vil det nyttast same metodikk som låg til grunn for transaksjonane som blei gjennomført i 2024. Ein slik avtale om kjøp vil bli inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykkje, på same måte som i 2024.
Dersom ein oppnår semje om ein bytehandel av eigardel som nemnt ovanfor, vil staten kjøpe Equinor sin attverande eigardel på 5 pst. i Polarled slik at ein oppnår 100 pst. statleg eigarskap i Polarled. Energidepartementet vurderer det som høgst usikkert om transaksjonen vil skje i 2025, og gjer difor ikkje framlegg om å endre løyvinga på posten. Dersom det likevel let seg gjere å gjennomføre transaksjonen i 2025, meiner departementet at dette vil vere ønskjeleg. Det gjerast difor framlegg om ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 2440, post 31, jf. forslag til vedtak VII, 1. Storleiksorden for vederlaget er 100–150 mill. kroner etter skatt.
Ved en transaksjon vil staten også kompensere for noverdi av attverande avskrivingar (skattebalansar) i petroleumsskatteregimet knytt til eigardelane, og det vil bli gjennomført et Pro et Contra-oppgjer for kontantstraumar mellom effektiv dato og sluttføring.
Vederlag og pro et contra-oppgjeret vil på same måte som for transaksjonane som ble gjennomført i 2024 bli utgiftsført netto under kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar, jf. forslag til vedtak VII, 1.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om fullmakt til å kjøpe Equinor sin attverande eigardel på 5 pst. i Polarled. Avtale blir inngått med atterhald om at bytehandel som nemnt over gjennomførast.
Transaksjon kan medføre enkelte eingongskostnader for Petoro, til dømes knytt til eksterne juridiske utgifter mv. i samband med transaksjonane. Som for transaksjonane som blei gjennomført i 2024, blir det lagt opp til at Petoro kan belaste SDØE for slike transaksjonsrelaterte eingongskostnader som følgje av overtaking av eigardelar i interessentskap mv., jf. forslag til vedtak VII, 2.