3 Omtale av forslag til inntektsendringar
Kap. 3900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post 03 Inntekter frå forvalting av grunneigedom på Svalbard
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner, til 11,9 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 900, post 26.
Endringa kjem av ei forventa meirinntekt som følgje av betre kontroll med bruken av grunn på Svalbard og fakturering av eit auka tal leigeforhold.
Kap. 3903 Norsk akkreditering
Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter
Avgrensa tilgang på interne ressursar gjer at Norsk akkreditering vil ha noko færre inntektsgjevande oppdrag i 2025 enn etaten elles ville hatt. Etaten har hatt nye sakshandsamarar som treng opplæring før dei fullt ut kan utføre gebyrbelagt verksemd. Det inneber at ein må kjøpe dyrare tenester til å utføre akkrediteringsoppdrag – i den grad dei er tilgjengelege – enn om dei hadde blitt utført av etaten sine eigne tilsette. Det medfører lågare inntekter enn Norsk akkreditering ville hatt i ein meir normal situasjon.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til 57,7 mill. kroner.
Kap. 3904 Brønnøysundregistra
Post 01 Gebyrinntekter
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 45,5 mill. kroner, til 690,1 mill. kroner. Nye prognosar frå Brønnøysundregistra tilseier gebyrinntekter for 2025 på 690,1 mill. kroner. Aukinga kjem av at det er venta fleire registreringar, med tilhøyrande gebyrinntekter, i Einingsregisteret, Føretaksregisteret og Lausøyreregisteret.
Post 02 Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 8,2 mill. kroner, til 44,1 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke under kap. 904, post 01. Endringa kjem av ei forventa meirinntekt som følgje av fakturering av utviklingsarbeid i Våpenregisteret, finansiert av Politidirektoratet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjettområde.
Kap. 3906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard
Post 02 Handsamingsgebyr
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 200 000 kroner, til 1,3 mill. kroner. Mindreinntekta kjem som følgje av lågare aktivitet enn venta.
Post 86 Straffegebyr og tvangsmulkt
Direktoratet sine prognosar tilseier at innbetalingane vil bli noko lågare i 2025 enn budsjettert. På dette grunnlag gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 000 kroner, til 800 000 kroner.
Kap. 3907 Norsk nukleær dekommisjonering
Post 02 (ny) Ymse inntekter
Etter at Norsk nukleær dekommisjonering har overteke atomanlegget i Halden, har etaten inntekter frå drift av eiga kantine. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å løyve 300 000 kroner på posten.
Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet
Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere gebyrinntektene med 9,3 mill. kroner. Årsaka er færre nybygg som søkast registrert og at allereie påbyrja byggeprosjekt har vore utsette. Trass i dette har direktoratet framleis måtte bruke ressursar knytt til sakshandsaming, irekna til ny teknologi.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,3 mill. kroner, til 251,4 mill. kroner.
Post 02 Maritime personellsertifikat
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner, til 27,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av driftutgiftene under kap. 910, post 01, jf. omtale under kap. 910.
Post 04 Gebyr for skip i NIS
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer departementet framlegg om å auke gebyrinntektene med 6,7 mill. kroner, til 78,7 mill. kroner. Auka er knytt til førstegangsgebyr og årsgebyr.
Post 86 Straffegebyr og tvangsmulkt
Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, til 7,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 910, post 01, jf. omtale under kap. 910.
Kap. 3911 Konkurransetilsynet
Post 03 Refusjonar og andre inntekter
Inntektene gjeld eksterne refusjonar for kurs og konferansar. Anslagsendringa gjeld eit lågare tal på deltakarar til Konkurransetilsynets årlege fagkonferanse enn venta. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 50 000 kroner, til 167 000 kroner.
Kap. 3912 Klagenemndssekretariatet
Post 01 Klagegebyr
Inntektene gjeld klagegebyr på rådgjevande anskaffingssaker og ulovlege direkte anskaffingar behandla av Klagenemnda for offentlege anskaffingar. Ved utgangen av august var det innbetalt om lag 0,7 mill. kroner i klagegebyr. Det er sannsynleg at det vil kome fleire innbetalingar i løpet av hausten. Samansetninga mellom rådgjevande klagesaker og ulovlege direkte anskaffingar gjer det vanskeleg å estimere nøyaktig kor mykje som vil bli innbetalt i klagegebyr. Prognosen er difor usikker.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 385 000 kroner, til 1,1 mill. kroner.
Post 02 Refusjonar og andre inntekter
Inntektene gjeld refusjonar for KOFA-konferansen i 2025. Påmeldingsavgiftene, og dermed estimerte inntekter, er auka i forhold til Saldert budsjett.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 533 000 kroner, til 750 000 kroner.
Post 87 Lovbrotsgebyr
Inntektene gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er pålagt brotsgebyr. Det var innbetalt 1,2 mill. kroner ved utgangen av august. Det er sannsynleg at det vil kome fleire innbetalingar i løpet av året.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner, til 3,2 mill. kroner.
Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
Post 05 Sakshandsamingsgebyr
Gebyrinntektene er ein funksjon av behandla saker og varierer frå år til år i tråd med mottatte saker til handsaming innanfor dei ulike områdane. Det er venta ei samla inntekt på 33,6 mill. kroner på posten i 2025, som er lågare enn budsjettert. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, til 33,6 mill. kroner.
Post 13 Inntekter frå sal av løyve til oppdrett
Posten gjeld inntekter frå sal av oppdrettsløyve til havbruksverksemd. Inntektene skal delast mellom staten, og kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd. Den kommunale delen av inntektene utgjer 55 pst. Ein viser òg til omtale under kap. 919, post 60.
I revidert budsjett blei løyvinga oppdatert i samsvar med inntekter frå sal av nye oppdrettsløyve. Prisen for nokre av desse nye oppdrettsløyva blei ved ein feil satt for høgt. Dette gjer at om lag 10,4 mill. kroner blei tilbakebetalt for å rette opp denne feilen. Samstundes har det blei seld nye oppdrettsløyve som har gitt inntekter på om lag 500 000 kroner.
Som følgje av dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,9 mill. kroner, til 55,2 mill. kroner.
Post 86 Forvaltingssanksjonar
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, til 3 mill. kroner.
Inntekter på denne posten gjeld tvangsmulkt og lovbrotsgebyr for fiskeria og havbruksnæringa. Prognosane tilseier ei mindreinntekt ved slutten av året.
Kap. 3935 Patentstyret
Post 01 Inntekter av informasjonstenester
Prognosen frå Patentstyret tilseier at inntektsløyvinga er lågare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2025. Dette skyldast ein generell nedgang i etterspurnaden etter forundersøkingar på områda varemerke og patent. Trenden syner ein jamn nedgang i omsetjing dei siste fire-fem åra. For å møte denne utviklinga har etaten satt i gang eit prosjekt med mål om å auke kjennskapen hos norske brukargrupper for desse typar tenester.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner, til 4 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 90 Avdrag på lån
I samband med restrukturering av Norwegian Air Shuttle (NAS) i mai 2021 gav staten to lån til selskapet, eit obligasjonslån på i overkant av 2,4 mrd. kroner og eit hybridlån på i overkant av 1,2 mrd. kroner. Låna kom til erstatning for ein garanti som staten hadde gitt selskapet i 2020 som følgje av koronapandemien, jf. nærare omtale i Prop. 27 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Nærings- og fiskeridepartementet. Stortinget har for 2025 gitt Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å redusere deltakinga i hybrid- og obligasjonslåna heilt eller delvis. 12. mai 2025 inngjekk departementet ein avtale med NAS om sal av 50 pst. av staten sine delar i hybridlånet. Delane som blei selt, hadde pålydande 615,8 mill. kroner, mens salssummen blei på 862,4 mill. kroner, som resulterte i ein gevinst på over 40 pst. Resterande 50 pst. av staten sine delar i hybridlånet blei samtidig konvertert til aksjar i NAS til ein kurs på 9,39 kroner per aksje, og staten blei eigar av 6,26 pst. av aksjane i selskapet. Aksjane blei deretter selt i sin heilskap i marknaden etter børsslutt 3. juni 2025 til ein kurs på 13,60 kroner per aksje, som gav staten 891,9 mill. kroner i samla salsvederlag og en gevinst på om lag 45 pst. Staten har totalt mottatt 1 754,3 mill. kroner for sine delar i hybridlånet.
Nærings- og fiskeridepartementet har i samråd med Finansdepartementet kome til at det med utgangspunkt i salsfullmakta vil vere mest korrekt å sjå oppgjeret av hybridlånet som ein samanhengande transaksjon og budsjettere begge innbetalingane knytt til lånet som avdrag på lån. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om auke løyvinga med 1,75 mrd. kroner, til 2,97 mrd. kroner.
Post 96 Sal av aksjar
Fleire av dei børsnoterte selskapa har tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. For desse tilfella er det etablert eit avtaleverk som inneber innløysing og sletting av eit slikt tal aksjar frå staten at staten sin eigardel i selskapet ikkje vert endra som følgje av tilbakekjøpsprogrammet.
Staten får eit vederlag for sletting av staten sine aksjar som svarar til det volumvekta gjennomsnittet av kursen selskapet har betalt for aksjane, pluss ein rentekompensasjon og justert for eventuelle utbyte. Så langt i 2025 utgjer vederlaga som staten har fått for sletting av staten sine aksjar 1 757,2 mill. kroner eksklusiv vederlag for sletting av staten sine aksjar i Equinor ASA, jf. kap. 3955, post 96. Desse er fordelt på 1 071,4 mill. kroner frå DNB Bank ASA og 685,8 mill. kroner frå Norsk Hydro ASA.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 1,76 mrd. kroner, til 3,47 mrd. kroner.
Kap. 3951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
Post 90 Avdrag
I Saldert budsjett 2025 er avdraga på Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS sine lån anslått til 19,9 mill. kroner. Lån til Store Norske i samsvar med låneavtale inngått den 15. oktober 2024, jf. Prop. 104 S og Innst. 447 S (2023–2024), inneber at avdraga blir 2,4 mill. kroner høgare enn tidlegare lagt til grunn. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, til 22,3 mill. kroner.
Kap. 3952 Investinor AS
Post 50 (ny) Tilbakeført kapital, pre-såkornfond m.m.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å føre tilbake 12,5 mill. kroner frå pre-såkornordninga i Investinor, jf. omtale under kap. 952, post 50.
Investinor har òg hatt eit overskot frå midlar knytt til ordninga med såkornfond. Midlar knytt til ordninga blir plassert i eit rentefond forvalta av Investinor. Dette har gitt om lag 30,8 mill. kroner som kan utbetalast frå Investinor. Det har ikkje vore budsjettert med dette tidlegare i budsjettet for 2025.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å løye til saman 43,3 mill. kroner.
Post 90 Tilbakeført kapital, såkorn- og koinvesteringsfond
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å føre tilbake midlar frå ulike ordningar i Investinor kor det framleis er uteståande investeringskapital ført som lån i statsrekneskapen. Dette gjeld 36 mill. kroner frå såkornfonda oppretta etter 2014 og 19,4 mill. kroner frå Koinvesteringsfondet for Nord-Noreg. Tilbakebetalingane frå desse fonda kjem frå realiseringar i ulike fond og er avdrag på lån, renter, utbyter og realiseringar.
Under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2025 blei det løyvd midlar for å gjere opp dei siste fonda som blei oppretta i periode 2006–2008 (bølje II). Dei ulike midla løyvd til desse fonda har vore plassert på ulike tapsfond og lånekontorar forvalta av Investinor og departementet. For å avstemme dei samla løyvingane og innbetalingane og endeleg avvikle låna til bølje II må tilbakeføring av lånekapital aukast ytterlegare. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke tilbakeføringa frå bølje II med 348,3 mill. kroner, til 484,3 mill. kroner.
Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 403,7 mill. kroner, til 539,7 mill. kroner.
Post 91 (ny) Tilbakeført kapital, Investeringsfond for Nordvest-Russland og Aust-Europa
Under handsaminga av endringar i Statsbudsjettet for 2024 fatta Stortinget følgjande vedtak:
«Stortinget samtykker i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2024 kan legge ansvaret for avviklinga av Investeringsfondet for Nordvest-Russland og Aust-Europa til Investinor AS.»
Fondet stammar frå dei to fonda Investeringsfond for Nordvest-Russland og Investeringsfond for Aust-Europa som blei oppretta i 1996 og 1997 av Utanriksdepartementet. Samla blei det løyvd 270 mill. kroner i investeringskapital til dei to fonda. I tillegg til investeringar skal fondet dekkje fondet sine forvaltingskostnader. Fondet blei opphavleg forvalta av Innovasjon Noreg, før forvaltingsoppdraget blei utlyst til ein privat forvaltar, jf. Dokument 8:103 S (2015–2016) og Innst. 58 S (2016–2017). Fondet har hatt svake resultat og blei vedteke avvikla ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023). Investinor har no fullført oppdraget ved å avhende selskapa i fondet sin portefølje og avvikla fondet. Eigardelane i to av selskapa som frå tidlegare var sameigde mellom investeringsfondet og andre fond Investinor forvaltar, blei avhenda til dei respektive fonda under Investinor. Resterande selskap blei selt til andre investorar. Som følgje av dette kan no 123 mill. kroner tilbakeførast til staten.
I tilknyting til avhendingane i ulike selskap er det fordringar og vilkår som både kan medføre at det blir meir tilgjengelege midlar for utbetaling til staten eller krav om kompensasjon dersom visse vilkår inntreff. Dersom det kjem tilleggsutbetalingar til fondet, kan dette utløyse tilleggshonorar til tidlegare forvaltar og Investinor. Investinor vil i så fall oppfylle honorarforpliktinga før resterande midlar blir tilbakeført til staten. Når det gjeld eventuelle krav om kompensasjon, er det rimeleg at staten gjer Investinor i stand til å handtere desse ettersom avviklinga er skjedd på oppdrag frå staten. Dette kan enten bli gjort ved at deler av fondet blir halde tilbake i Investinor, eller at staten gir ei erklæring om at Investinor vil bli kompensert for handsaminga av eventuelle slike krav i framtida. Departementet gjer framlegg om det siste og viser til forslag om vedtak IV. Dette tilseier at 123 mill. kroner frå fondet blir ført tilbake til staten i 2025, og at fondet gjerast opp i statsrekneskapen. Eventuelle ytterlegare inn- eller utbetalingar vil då bli handtert gjennom dei ordinære budsjettrundane.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 123 mill. kroner.
Kap. 3955 Equinor ASA
Post 96 (ny) Sal av aksjar
Ein viser til omtale under kap. 3950, post 96 om at børsnoterte selskap kan ha tilbakekjøpsprogram der selskapet blir gitt fullmakt til å kjøpe sine eigne aksjar i marknaden med sikte på seinare sletting av aksjane. Så langt i 2025 utgjer vederlaget som staten har fått for sletting av sine aksjar i Equinor ASA om lag 42,7 mrd. kroner. Staten sin eigardel i selskapet er vidareført med 67 pst.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 42,73 mrd. kroner.
Kap. 5325 Innovasjon Noreg
Post 53 Tilbakeføring av unytta tiltakspakkemidlar
Innovasjon Norge fekk i 2021 utbetalt 10,5 mill. kroner til å dekkje forvaltingskostnader for ordninga Stønad til store publikumsopne arrangement. Av desse midlane er 5,3 mill. kroner unytta. Det har ikkje påkome kostnader knytt til dette oppdraget hittil i 2025, og oppdraget blir sett på som ferdig.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 5,3 mill. kroner, til 79,2 mill. kroner.
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for lån under kap. 2421, post 90. Som følgje av lågare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2025 er det behov for å redusere løyvinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,4 mrd. kroner, til 62,7 mrd. kroner.
Kap. 5329 Eksportkredittordninga
Post 70 Gebyr m.m.
I Saldert budsjett 2025 blei det løyvd 30 mill. kroner. Inntektene består av ulike gebyr som blir avtalt i samband med utarbeidinga av lånekontrakten. Nytt anslag for gebyr er 25 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 25 mill. kroner.
Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet
Post 74 Fiskeriforskingsavgift
Fiskeriforskingsavgifta med tilhøyrande utgiftspostar bereknast som 1,35 pst. av førstehandsverdien av villfanga fisk. Eit oppdatert anslag tilseier at inntektene frå avgifta blir 440 mill. kroner i 2025. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 56,6 mill. kroner, til 440 mill. kroner.
Inntektene frå fiskeriforskingsavgifta motsvarast av løyvingar på tre utgiftspostar. Ein viser til omtale under kap. 917, post 22, kap. 919, post 76 og kap. 923, post 22.
Post 76 Kontrollavgift fiskeflåten
Avgifta blir trekke av fiskesalslaga i samband med førstehandsomsetning av fangst og blir videreformidla til Fiskeridirektoratet terminvis. Prognose for fangstverdi er auka sidan fastsetting av Saldert budsjett, og ein anslår no ei samla innbetaling på posten i 2025 på om lag 58 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner, til 58 mill. kroner.
Kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS
Post 80 Renter
I Saldert budsjett 2025 blei renteinnbetalingane anslått til 33,2 mill. kroner. Lån til Store Norske i samsvar med låneavtale inngått den 15. oktober 2024, jf. Prop. 104 S og Innst. 447 S (2023–2024), inneber at renta aukar med 8 mill. kroner i 2025. Departementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 8 mill. kroner, til 41,2 mill. kroner. Ein viser til omtale under kap. 3951, post 90.
Kap. 5613 Renter frå Siva SF
Post 80 Renter
Siva kan ta opp lån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innanfor ei låneramme på 700 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner, til 13,5 mill. kroner. Auken har hovudsakleg samanheng med at Siva våren 2025 tok opp eit nytt lån knytt til eit statspapir med låg rente og difor måtte betale eit betydeleg beløp i underkurs.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og ein rentesats som svarer til renta på statspapir med tilsvarande løpetid, for å finansiere si utlånsverksemd. Renteinnbetalingane har vore noko lågare enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2025. Dette skuldast mellom anna lågare rentesatsar enn budsjettert, færre nye innlån, færre avdrag og dermed færre renteforfall.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 85 mill. kroner, til 665 mill. kroner.
Kap. 5626 Renter av lån til Institutt for energiteknikk
Post 80 Renter
Det er inngått avtale mellom staten og Institutt for energiteknikk om lån for å finansiere flytting av laboratorier og infrastruktur ut av det konsesjonsbelagte området på Kjeller, jf. omtale under kap. 908, post 72. Lågare utbetaling av lån i 2025 enn det som blei lagt til grunn for Saldert budsjett, gjer at anslåtte renteinntekter blir lågare. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner, til 1,6 mill. kroner.
Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga
Post 80 Renter
I Saldert budsjett for 2025 er det løyvd 1 040 mill. kroner i renter frå lån under eksportkredittordninga. På grunn av redusert prognose for utlån i 2025 og lågare lånevolum blir det lågare renteinntekter. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner, til 1 000 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting
Post 85 Utbyte
Ved handsaminga av Prop. 146 S og Innst. 540 S (2024–2025) blei løyvinga satt til 28 780,2 mill. kroner. Nye tal viser at utbyte frå selskapa vil bli 181,1 mill. kroner høgare. Utbyte frå Akastor ASA, Argentum AS og Mesta AS blei høvesvis 11,6, 80 og 94 mill. kroner høgare, medan utbytet frå Baneservice AS blei 4,5 mill. kroner lågare.
Samla gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 181,1 mill. kroner, til 28 961,3 mill. kroner.
Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA
Post 85 Utbyte
Ved handsaminga av Prop. 146 S og Innst. 540 S (2024–2025) blei løyvinga satt til 37,78 mrd. kroner. Anslaget er oppdatert med siste vekslingskurs mot amerikanske dollar på 10,05 kroner per dollar. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,15 mrd. kroner, til 34,62 mrd. kroner.