4 Andre saker
Sal av forvaltingsverksemda i Argentum Fondsinvesteringer AS
Argentum Fondsinvesteringer AS («Argentum») blei etablert i 2001 for å bidra til risikokapital til norsk næringsliv og ein velfungerande marknad for unoterte selskap i Noreg gjennom investeringar i private equity-fond. Argentum har oppfylt målet med å bidra til oppbygginga av ein velfungerande private equity-industri i Noreg. I tillegg har selskapet bidratt med store verdiar gjennom utbyter på totalt 8,5 mrd. kroner til fellesskapet.
Argentum er ein kapitalforvaltar med 29 tilsette og hovudkontor i Bergen og har vore 100 pst. eigd av staten sidan oppstarten. Argentum forvaltar kapital for staten (16,3 mrd. kroner) og for private investorar (5,3 mrd. kroner). Staten har sidan 2009 ikkje tilført kapital og selskapet har dei siste åra vektlagt å utvide forvaltinga av kapital retta mot eksterne private investorar gjennom suksessfull innhenting av kapital til nye fond.
Fordi Argentum opererer i ein konkurranseutsett private equity-marknad som fungerer godt og at Argentum har oppfylt si rolle med å bidra til oppbygginga av ein velfungerande private equity-industri i Noreg, har Nærings- og fiskeridepartementet konkludert med at den beste løysinga for selskapet og staten er at Argentum sel forvaltingsverksemda samtidig som statens investeringsportefølje ikkje gjer fleire nyinvesteringar. Statens kapital vil då over tid bli tilbakebetalt til staten som utbyter etter kvart som dei underliggjande fonda blir realiserte. Kapitalen som Argentum forvaltar for staten, forventast tilbakebetalt over dei neste sju til ti åra. Eit sal av forvaltingsverksemda til ein privat aktør er forventa å bidra til å føre vidare forvaltingsverksemdas vekststrategi i den private marknaden.
Departementet har, saman med styret i Argentum og med bistand frå finansiell og juridisk rådgjevar, gjennomført ein strukturert salsprosess der Argentum sel forvaltingsverksemda samtidig som ein inngår ein forvaltingsavtale mellom Argentum og kjøper som regulerer vidare forvalting av statens kapital i ein avviklingsperiode over sju år. Forvaltingsverksemda består av dotterselskapa Argentum Asset Management AS, Argentum Business Management AS og Argentum Alternative Investments AS. Målet med salet har vore høgast mogeleg pris etter fråtrekk for forvaltingskostnadar samtidig som omsynet til dei tilsette og forvalting av statens kapital skal ivaretakast.
For å nå eit bredt og representativt spekter av interessentar og marknadsmessig pris, blei både direkte konkurrentar, bankar, private equity-selskap og private eigarmiljø (family offices) i Norge og Norden invitert inn i salsprosessen. Argentum tok imot fleire bindande og konkurransedyktige bod. Til slutt blei EGD Holding AS (EGD Holding) sitt bindande bod på 225 mill. kroner vurdert som best for å oppnå målet med salet. EGD Holding hadde det høgaste bindande bodet og vurderast som ein god og robust framtidig forvaltar av statens kapital saman med forvaltingsverksemda.
Argentum er ei kompetanseverksemd. Med salet av forvaltingsverksemda til EGD Holding er det vektlagt at verdien av oppbygd kompetanse vil overførast til staten gjennom salsprovenyet, samtidig som organisasjonen opprettheld ein framleis profesjonell og forsvarleg ivaretaking av statens investeringsportefølje. Forvaltingsverksemda har betydeleg kunnskap om porteføljen, strukturen til den og oppbygging. Porteføljen er samansett av om lag 250 private equity-fond og om lag 1 500 underliggjande selskap strukturert gjennom eit mangfald av mellomliggjande investeringsstrukturar. Sjølv om det aktive investeringsarbeidet avsluttast for statens kapital gjennom salet av forvaltingsverksemda, er dette betydelege investeringar som skal forvaltast forsvarleg over fleire år, og det skal treffast investeringsrelaterte avgjersler undervegs. Departementet vurderer det som ein klar fordel at forvaltinga og oppfølginga av porteføljen vil gjerast av dei som har bygd den opp over mange år.
Styret i Argentum har vurdert tilbodet frå EGD Holding som marknadsmessig og tilrår å akseptere tilbodet. I si vurdering har styret mellom anna lagt vekt på at prisen reflekterer 25 gonger driftsresultat for 2024, noko som etter styrets vurdering er rimeleg («fair») frå eit finansielt perspektiv. Styret vurderer òg at EGD Holding, saman med organisasjonen i forvaltingsverksemda, vil vere ein god og robust forvaltar av statens kapital.
Finansiell rådgjevar Pareto Securities AS har vore departementet sin rådgjevar i salsprosessen og vurderer bodet frå EGD Holding som «fair» og marknadsmessig frå eit finansielt perspektiv.
Salet av Argentums forvaltingsverksemd (dotterselskapa Argentum Asset Management AS, Argentum Business Management AS og Argentum Alternative Investments AS) og nedbygginga av statens investerte kapital inneber i praksis ei avvikling av Argentums verksemd over tid. Nærings- og fiskeridepartementet har mellom anna på denne bakgrunn vurdert at ein slik transaksjon bør leggjast fram for Stortinget.
Transaksjonen er avhengig av godkjenningar frå Konkurransetilsynet og Finanstilsynet. Det er venta slike avklaringar innan utgangen av 2025
Eit sal vil gi eit brutto salsvederlag på 225 mill. kroner til Argentum. Det er venta at provenyet blir brukt til utbyter til staten, nedbetaling av gjeld og generelle selskapsføremål. Det er i forvaltingsavtalen avtalt at staten, i avtaleperioden på sju år, ikkje skal selje eller overføre eigarskapet i Argentum anna enn mellom departement.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei fullmakt om tilslutning til sal ved at Argentum Fondsinvesteringer as sel aksjane i dotterselskapa som utgjer forvaltingsverksemda, og at selskapet avsluttar sin aktive investeringsaktivitet og avviklar investeringsporteføljen over tid, jf. forslag til vedtak V.
Innskoten kapital i Statkraft SF
Det er ein differanse på 4 189,0 mill. kroner mellom innskoten eigenkapital i Statkraft SF sin balanse og det som er ført i kapitalrekneskapen. Dette skuldast disposisjonar i 2010 då eit kapitalinnskott på 14 mrd. kroner til føretaket delvis blei finansiert gjennom ei reversering av tidlegare motteke utbyte frå føretaket, jf. omtale i Prop. 24 S (2010–2011) Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Nærings- og handelsdepartementet. Dette innebar at løyvinga på kap. 5656 Aksjar i selskap under dåverande Nærings- og handelsdepartementet (NHD) si forvalting, post 85 Utbyte blei redusert med 4 189 mill. kroner.
Det tilbakeførte utbytebeløpet blei i Statkraft SF sin rekneskap handsama som ein auke av eigenkapitalen, og det totale beløpet på 14 mrd. kroner blei difor formelt meldt inn som kapitalauke til Føretaksregisteret, i samsvar med protokollen frå det ekstraordinære føretaksmøtet i desember 2010.
I kapitalrekneskapen blei 9 811 mill. kroner aktivert som kapitalinnskot, altså den delen av kapitalinnskotet som var løyvd på ein 90-post (formuesomplassering). Dette er i tråd med dei ordinære aktiveringsreglane for statsrekneskapen. Det blei i samband med Prop. 24 S (2010–2011) ikkje fremma nokon romartalsfullmakt om aktivering av den del av kapitalinnskotet som var finansiert gjennom redusert løyving av tidlegare motteke utbyte.
Nærings- og fiskeridepartementet har no i samråd med Finansdepartementet kome til at det kan vere føremålstenleg å endre kapitalrekneskapen slik at den samsvarar med eigenkapitalen i Statkraft SF og historisk kost av innskoten kapital.
Per 31. desember 2024 er innskoten eigenkapital i Statkraft SF bokført med 48 250 mill. kroner, medan kapitalrekneskapen syner 44 061 mill. kroner. Differansen på 4 189 mill. kroner svarer til reverseringa av motteke utbyte i 2010.
Departementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å kunne auke oppført kapital i Statskraft i kapitalrekneskapen i samband med utarbeidinga av statsrekneskapen for 2025, ved å korrigere kapitalen med 4 189,0 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen, jf. forslag til vedtak VI.