Prop. 26 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2020 m.m.)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2020 m.m.)

I

I statsbudsjettet for 2020 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

01

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med

479 100 000

502

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde auka med

8 900 000

frå kr 195 000 000 til kr 203 900 000

II

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 16. september 2020 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 15. oktober 2020.

III

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 16. september 2020 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 15. oktober 2020.

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykker i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2020 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlige tjenestetvister av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

VI

Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.