Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 30 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2015.

Dei reviderte anslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2015 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmar forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 98 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 75,3 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 193 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar er nedsett med om lag 19,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 32 mill. kroner.

Kap. 600 Arbeids- og sosialdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er på 187,7 mill. kroner.

Departementets driftskapittel vart styrka med 6 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett som følgje av meirutgifter knytt til samlokalisering av departementet i Akersgata 64, samt i betydeleg auke i utgiftene til utvalg. Nye prognosar for meirutgiftene knytt til samlokalisering og auke i utgiftene til utvalg gir eit ytterlegare meirbehov på 3 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 52,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å flytte 1,15 mill. kroner av midlane knytta til Intensjonsavtala for eit inkluderande arbeidsliv (IA) frå IA-råda til IA-kunnskapsutvikling, jf. omtale under kap. 605, post 01.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,15 mill. kroner.

Post 70 Tilskot

Løyvinga for 2015 er 47,1 mill. kroner.

Departementet foreslår å flytte 0,75 mill. kroner frå IA-råda, som er finansiert over kap. 605, post 01, til IA-kunnskapsutvikling under kap. 601, post 70, jf. omtale under kap. 605, post 01.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,75 mill. kroner.

Det er sett av 13 mill. kroner til utvikling av talegjenkjenning over kap. 601, post 70. Prosessen med utlysing og tildeling av tilskotet har tatt lengre tid enn planlagt. Dette inneber at det berre har vore mogleg å gjere seg nytte av ein mindre del av midlane i 2015. Departementet foreslår å overføre 10 mill. kroner til 2016.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår at stikkordet «kan overførast» er knytt til løyvinga på 10 mill. kroner på posten til utvikling av talegjenkjenning, jf. romertallsvedtak II.

Stikkordet er avgrensa til budsjettåret 2015 og gjeld berre den delen av løyinga som er til utvikling av talegjenkjenning. Midlane som ikkje nyttast i inneverande år, vil bli nytta i 2016.

«Stortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast» blir tilføydd løyvinga under kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m., post 70 Tilskot, i statsbudsjettet for 2015.»

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 11 224,5 mill. kroner.

Hittil i år er det registrert vekst i arbeidsløysa. Parallelt med auka arbeidsløyse har talet på søknadar om dagpengar også auka. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei styrking av Arbeids- og velferdsetaten for å halde saksbehandlingstida for dagpengesøknader nede og for å tilby tenester til fleire arbeidslause utan for lang ventetid. Departementet foreslår derfor å styrke Arbeids- og velferdsetaten med 29 mill. kroner til dette føremålet.

Arbeids- og sosialdepartementet har høve til å omdisponere inntil 40 mill. kroner frå kap. 634, post 76 til kap. 605, post 01, jf. Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 15 S (2014–2015). Omdisponeringsfullmakta er knytt til forsøket med kjerneoppgåver i Arbeids- og velferdsetaten der det er lagt opp til at Arbeids- og velferdsetaten i større grad gjennomfører avklarings- og oppfølgingstenester i eigen regi i staden for å kjøpe slike tenester frå eksterne leverandørar. Departementet foreslår derfor å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 40 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 634, post 76.

Oppfølgingsgruppa for IA-avtalen har drøfta fordelinga av midlar til kunnskapsutviklingsprosjekt og midlar til regionale IA-råd. Gruppa foreslår av omsyn til gjennomføring av kampanje i samband med den nasjonale IA-konferansen i 2015 og styrking av pågåande kunnskapsutviklingsprosjekt å endre i fordelinga. Departementet foreslår å flytte 1,9 mill. kroner frå IA-råda, som er finansiert over kap. 605, post 01, til IA-kunnskapsutvikling, som er finansiert over kap. 601, post 21 og kap. 601, post 70.

Arbeids- og velferdsetaten deltar i eID-programmet. Det er tidlegare rammeoverført midlar frå kap. 605, post 01 til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt kap. 540, post 22 for å dekke transaksjonskostnadene i programmet. Rammeoverføringa skal justerast når transaksjonsvoluma for 2015 er klare. Departementet foreslår å auke løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 771 000 kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt kap. 540, post 22.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår samla sett å auke løyvinga med 67,9 mill. kroner.

Kap. 606 Trygderetten

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 67,8 mill. kroner.

Saksinngangen til Trygderetten er venta å auke i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 på post 01 er 9 605 mill. kroner.

Løyvinga for 2015 på post 70 er 107 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 612 med totalt 93 mill. kroner. Post 01 er foreslått auka med 92 mill. kroner og post 70 er foreslått auka med 1 mill. kroner.

Auken har i hovudsak følgjande årsaker:

  • Anslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er redusert med 48 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg mellom anna frå at ein større del av premieinntektene for 2015 vil bli innbetalt i 2016, samanlikna med anslag i Revidert nasjonalbudsjett for 2015.

  • Refusjonar av pensjonar utbetalt på vegne av andre pensjonsordningar er redusert med 40 mill. kroner. Anslaget er basert på faktisk refunderte pensjonar så langt i 2015 og prognose ut året.

  • Andre endringar medfører ein netto auke av løyvingsforslaget med 5 mill. kroner.

Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 116 mill. kroner.

Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens pensjonskasse. Nytt anslag på posten kjem i hovudsak av ein generell auke i det berekna premiegrunnlaget.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 48 mill. kroner.

Nytt anslag baserer seg på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 8 700 mill. kroner.

Oppdaterte anslag for utbetalte lån i 2015 er redusert med 300 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at gjennomsnittleg utbetalt beløp er redusert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 300 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Løyvinga for 2015 er 40 mill. kroner.

Nytt anslag baserer seg på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2015 er 21 700 mill. kroner.

Nytt anslag skuldast ein auke i talet på innfridde lån og ein auke i størrelsen på gjennomsnittleg innfridd beløp og ein auke i ekstraordinære avdrag.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 6 500 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga for 2015 er 2 463 mill. kroner.

Oppdatert anslag er redusert med 121 mill. kroner til 2 342 mill. kroner. Nytt anslag har samanheng med reduksjon i hovudstol, jf. kap. 614 og 3614.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 121 mill. kroner.

Kap. 615 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 91 mill. kroner.

Det oppdaterte løyvingsforslaget er redusert med 11 mill. kroner til 80 mill. kroner. Anslaget er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2015 og prognose for utbetalingar ut året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.

Kap. 3615 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2015 er 154 mill. kroner.

Det oppdaterte inntektsanslaget er redusert med 31 mill. kroner til 123 mill. kroner. Anslaget er basert på fakturert premie i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 31 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 21 Forsøk, utviklingstiltak mv., kan overførast

Løyvinga for 2015 er på 43,7 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2015. Mindreforbruket er knytte til tilretteleggingstilskot og skuldast eit lågare behov enn det overførte midlar frå 2014 gir rom for.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

Løyvinga for 2015 er 6 320 mill. kroner.

I Prop. 1 S (2014–2015) gav Stortinget Arbeids- og sosialdepartementet høve til å omdisponere inntil 40 mill. kroner frå kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar til kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Fullmakta er knytt til forsøket med kjerneoppgåver i NAV. Omdisponeringsfullmakta vil bli nytta fullt ut.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar med 40 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter.

Post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser

Løyvinga for 2015 er 64,8 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2015. Mindreforbruket er knytt til lågare gjennomsnittlege kostnadar per brukar enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet

Løyvinga for 2015 er på 41,2 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2015. Mindreforbruket er knytt til lågare aktivitet enn venta i fyrste del av 2015. Bruken av ordninga har vore aukande gjennom 2015. Aktivitet mot slutten av året kjem ikkje til utbetaling før året etter, og høgare aktivitet i 4. kvartal 2015 gir derfor ikkje auka utgifter i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7,1 mill. kroner.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 85 Innfordring av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak

Løyvinga for 2015 er 0,6 mill. kroner.

Departementet anslår inntekter frå innfordringar av feilutbetalingar til å bli 1,4 mill. kroner i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner.

Kap. 635 Ventelønn

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 66 mill. kroner.

Departementet anslår utgifter til ventelønn til å bli 69 mill. kroner i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 3635 Ventelønn

Post 01 Refusjon av statleg verksemd mv.

Løyvinga for 2015 er 30 mill. kroner.

Departementet anslår refusjon av statleg verksemd til å bli 34 mill. kroner i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Post 85 Innfordring av feilutbetaling av ventelønn

Løyvinga for 2015 er 0,4 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2015 er 542 mill. kroner.

Arbeidstilsynet har sekretariatsfunksjonen for Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova. Denne oppgåva kjem i tillegg til tilsynet sine kjerneoppgåver. Nemnda har i 2015 hatt ekstra utgifter knytt til nye saker når det gjeld retten til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid, jf. arbeidsmiljølova § 14-4 a og endringane i arbeidsmiljølova jf. Prop. 83 L (2012–2013) og Innst. 348 L (2012–2013).

Lovendringane trådde i kraft frå 1. januar 2014. Lovendringane inneber at arbeidstakarar i deltidsstilling etter først og ha jobba eitt år i større stillingsprosent har mogleg rett til stilling tilsvarande faktisk arbeidstid. Ordninga har derfor ikkje hatt effekt for Tvisteløysingsnemnda si sakshandsaming før i 2015. Arbeidstilsynet har gjeve eit anslag som syner eit auka ressursbehov på 1,2 mill. kroner i 2015.

Som følgje av refusjonar av mellombelse utlegg for Arbeidstilsynet er det også gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 3640, post 06 Refusjonar.

Arbeids- og sosialdepartementet forelår å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 06 Refusjonar

Det er inga løyving på posten i 2015.

Som følgje av inntekter frå refusjonar av mellombelse utlegg for Arbeidstilsynet, foreslår Arbeids- og sosialdepartementet ei løyving på 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 640, post 01.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å løyve 2 mill. kroner.

Kap. 660 Krigspensjon

Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 110 mill. kroner.

Anslaget på posten vert oppjustert med 3 mill. kroner som følgje av at gjennomsnittleg yting per mottakar ser ut til å bli høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 71 Tilskot, sivile,overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 272 mill. kroner

Anslaget på posten oppjusterast med 3 mill. kroner hovudsakleg som følgje av at gjennomsnittleg yting ser ut til å bli høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

Post 70 Tilskot

Løyvinga for 2015 er 73 mill. kroner.

Anslaget for tilskot til ytingane som blir dekt av statstilskotet etter trygdelova for pensjon om sjømenn § 15 er nedjustert med 2 mill. kroner som følgje av endra prognosar. Nedjusteringa skuldast lågare anslag for gjennomsnittleg yting og gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 507 mill. kroner

I anslaga er det skilt mellom avtalefesta pensjon (AFP) etter reglane som var gjeldande til og med 2010 (gammal AFP), og dei nye reglane som gjeld for alle arbeidstakarar som tok ut AFP med verknadstidspunkt tidlegast 1. januar 2011 (ny AFP).

Anslaget blir justert opp hovudsakleg som følgje av at gjennomsnittleg yting til mottakarar av ny AFP ser ut til å bli høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. Anslaga for yting etter gammal AFP er justert litt ned som følgje av at gjennomsnittleg yting per mottakar ser ut til å bli litt lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 414 mill. kroner.

Anslaget blir justert opp hovudsakleg som følgje av at gjennomsnittleg yting per mottakar ser ut til å bli høgare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 6 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

Post 24 Driftsresultat

Løyvinga for 2015 er -17,769 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga under post 24 med 5,9 mill. kroner. Forslaget til justering av driftsresultatkravet er knytt til følgjande endringar:

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Departementet foreslår ein reduksjon i driftsutgiftene med 6 mill. kroner til 463,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast at det ikkje lenger blir berekna meirverdiavgift på dei utbetalingstenestene Statens pensjonskasse kjøper frå Arbeids- og velferdsetaten.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

Departementet foreslår ein auke av underpost 24.4 med 0,1 mill. kroner til 10,9 mill. kroner. Anslaget er basert på prognose for aktiveringar på post 45 i 2015.

Kap. 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 13 903 mill. kroner.

Med grunnlag i utbetalingane av dagpengar så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2541, post 70 Dagpengar med 303 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein lågare del av dei heilt og delvis ledige som har rett til dagpengar ein tidlegare anslått.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

Løyvinga for 2015 er 40 mill. kroner.

Med grunnlag i utviklinga så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5705, post 70 Refusjon av dagpengar med 10 mill. kroner.

Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg

Løyvinga for 2015 er 1 mill. kroner.

Med grunnlag i utviklinga så langt i år gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5705, post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg med 0,5 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 720 mill. kroner.

Hittil i år er utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga på om lag 603 mill. kroner. Det er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på konkursar totalt har gått ned med 4,2 prosent hittil i 2015 samanlikna med 2014. Samstundes har talet på tilsette som blir råka av konkurs auka med 4,8 prosent. Vidare er talet på saker til behandling i ordninga framleis høg.

Nedgangen i talet på konkursar isolert sett vil på sikt kunne gi reduserte utgifter i lønnsgarantiordninga, men auken i utbetalingar hittil i år, saman med auken i talet på tilsette som blir råka av konkursar og eit framleis høgt nivå for talet på saker til behandling i ordninga tilseier likevel eit høgare utgiftsnivå for 2015 enn tidlegare antatt.

Ut frå ei samla vurdering anslår departementet at det blir ei auke i utgiftene for 2015 på 110 mill. kroner frå 720 mill. kroner til 830 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 110 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

Post 02 Dividende

Løyvinga for 2015 er 187 mill. kroner.

Dei første ni månadene i 2015 er innbetalingane på 120 mill. kroner, det er omlag 23 prosent lågare enn på same tid i fjor. Det er likevel forventa at innbetalingane aukar noko mot slutten av året. Inntektene for 2015 er ut frå dette anslått til 180 mill. kroner, tilsvarande ein reduksjon på 7 mill. kroner i forhold til løyvinga som er gitt.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 2 512 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser at utbetalinga til overgangsstønad bør justerast noko samanlikna med vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 357,3 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser at utbetalt gjennomsnittleg stønad per mottakar har vore høgare enn tidlegare anslått. Løyvinga bør derfor aukast noko samanlikna med vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2015 er 52,7 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser færre mottakarar enn tidlegare anslått. Løyvinga bør derfor justerast noko.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner.

Post 75 Tilskot til flytting for å komme seg i arbeid

Løyvinga for 2015 er 0,3 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.

Post 76 Forskotering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2015 er 810 mill. kroner.

Anslaget på posten vert nedjustert med 45 mill. kroner hovudsakeleg som følgje av at talet på mottakarar ser ut til å bli lågare enn forventa.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 35 210 mill. kroner.

I Prop. 119 S (2014–2015) er det lagt til grunn nullvekst i talet på trygdefinansierte sjukepengedagar per sysselsett frå 2014 til 2015. Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2015 tilseier framleis ein nullvekst i talet på sjukepengedagar per sysselsett frå 2014 til 2015. Departementet legg i 2015 til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget for arbeidstakarar på 3,2 pst., som er noko høgare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 119 S (2014–2015). Samstundes er det lagt til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 0,5 pst., som er noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Dette inneber samla sett noko høgare sjukepengeutbetalingar i 2015 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 130 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 590 mill. kroner.

Det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Departementet legg i 2015 til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget for sjølvstendige på 2 pst., som er noko lågare enn det som vart lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 90 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 510 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2015 blir noko lågare enn venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 980 mill. kroner.

Utgiftene i 2015 blir noko lågare enn venta på bakgrunn av ein noko lågare feriepengedel enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 33 990 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2015 anslås til å bli noko høgare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 119 S (2014–2015). Samstundes er utbetalinga per mottakar noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Samla sett vil dette gi ein auke i utgiftene til arbeidsavklaringspengar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 310 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 322,5 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 17,5 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2015 er 370 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 76 265 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar av uføretrygd i 2015 er noko høgare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 119 S (2014–2015). Gjennomsnittleg tal på mottakarar av uføretrygd i 2015 anslås til å bli 311 750. Utbetalinga av gjennomsnittleg yting er også noko høgare enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 265 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 60 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 810 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 670 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning

Løyvinga for 2015 er 122,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20,5 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til bilar

Løyvinga for 2015 er 697,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7,5 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2015 er 2 799,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 79,7 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2015 er 256 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2015 er 1 278,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 21,3 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2015 er 564,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20,3 mill. kroner.

Post 79 Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Løyvinga for 2015 er 56,8 mill. kroner.

Det blei overført om lag 51,9 mill. kroner frå 2014 på posten. Totalt tilgjengeleg beløp på posten for 2015 er om lag 108,7 mill. kroner.

Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år blei innført 1. juli 2014. Ordninga er rammefinansiert, og brukar betaler ein eigendel for kvart hjelpemiddel. Mange av brukarane over 26 år er truleg ikkje vane med å vere i slik aktivitet som ordninga rettar seg mot. Ein ser likevel ein gradvis auke i dei månadlege utgiftene. Eit av tiltaka som er sett i verk er å gjera ordninga meir kjent overfor brukargruppene. Hjelpemiddelsentralane tilbyr kurs om aktivitetshjelpemiddel og held aktivitetsdager der brukaren kan prøva ut ulike typar aktivitetshjelpemiddel.

Det er venta at dei overførte midlane frå 2014 vil vere tilstrekkelege for å dekke behovet i 2015. Departementet foreslår derfor å redusere midlane til formålet tilsvarande løyvinga for inneverande år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 56,8 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

Det nye anslaget for 2015 på kap. 2670 er samla sett 417 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett.

Reduksjonen skuldast hovudsakleg redusert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar, som utgjer ein reduksjon på 431 mill. kroner. Anslaga for gjennomsnittleg yting er auka, og dette utgjer ein auke på 14 mill. kroner.

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 63 702 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 162 mill. kroner som følgje av nedjusteringar i anslaga for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 162 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 121 669 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 309 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av redusert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 309 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv.,overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 5 676 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 54 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av at gjennomsnittleg tal på mottakarar er noko høgare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 54 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 1 185 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 17 mill. kroner som følgje av oppjusteringar i føresetnadene for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 17 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 925 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 9 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av oppjustert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 92 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 1 mill. kroner som følgje av oppjustert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 74 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2015 er 0,8 mill. kroner

Utgiftene på denne posten varierer og er derfor vanskelege å anslå. På grunn av utviklinga så langt i år er anslåtte utgifter nedjustert med 0,2 mill. kroner i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

Post 70 Gravferdsstønad,overslagsløyving

Løyvinga for 2015 er 172 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 8 mill. kroner. Ein reknar med høgare utgifter i 2015, både til behovsprøvd gravferdsstønad og stønad til båretransport enn det som låg til grunn i løyvinga, hovudsakleg som følgje av oppjustert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner.

Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 06 Gebyrinntekter for fastseting av bidrag

Løyvinga for 2015 er 23,6 mill. kroner.

På grunn av utviklinga så langt i år er det lagt til grunn at inntektene blir til 27,5 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner.

Kap. 3616 Gruppelivsforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2015 er 109 mill. kroner.

Oppdatert inntektsanslag er redusert med 6 mill. kroner til 103 mill. kroner. Anslaget er basert på fakturert premie i 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 05 Tvangsmulkt

Løyvinga for 2015 er 2,3 mill. kroner.

Det er estimert ei samla inntekt på posten i 2015 på 6,3 mill. kroner, tilsvarande ein auke på om lag 4 mill. kroner. Dette skuldast at Arbeidstilsynet så langt har gitt fleire tvangsmulktar enn det som låg til grunn for løyvinga. Dei reelle inntektene på posten er avhengig av talet på saker der Arbeidstilsynet må bruke verkemiddelet.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Post 07 Byggesaksbehandling, gebyr

Løyvinga for 2015 er 20,3 mill. kroner.

Gebyra frå byggesaksbehandling er mellom anna konjunkturavhengig. Det er vanskeleg å seie på førehand kor mange byggesaker Arbeidstilsynet vil få til behandling, og dermed kva behovet for løyvinga vil bli.

Ein reknar nå med at gebyrinntektene blir noko lågare enn gjeldane løyving på posten.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet

Post 03 Gebyr tilsyn

Løyvinga for 2015 er 58,1 mill. kroner.

Behovet for endring av løyving er hovudsakleg knytt til at det er eit større etterslep av innbetalingar frå 2014 enn forventa. Det er og forskyvingar mellom gebyr og sektoravgift, kor det mellom anna har vore nødvendig å gjennomføre fleire granskingar hittill i år enn planlagt. Kombinasjonen av høgt aktivitetsnivå og store omstillingar hos mange aktørar i næringa har dessutan kravd større fokus frå Petroleumstilsynet retta mot enkeltaktørar enn forventa i planleggingsfasen.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 12. mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.

Løyvinga for 2015 er 55 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 12 mill. kroner.

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2015 er 907 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2014, som er innbetalt til folketrygda i 2015, er anslaget for 2015 2,9 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill.kroner.

Post 73 Refusjon frå bidragspliktige

Løyvinga for 2015 er 263 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til forskottering på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 86 Innkreving feilutbetalingar

Løyvinga for 2015 er 718 mill. kroner.

Det er innbetalt om lag 550 mill. kroner pr. 31. august 2015. Samla inntekter er på bakgrunn av utviklinga så langt venta å bli 824 mill. kroner for 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 106 mill. kroner.

Post 87 Diverse inntekter

Løyvinga for 2015 er 31 mill. kroner.

Det er innbetalt om lag 24 mill. kroner pr. 31. august 2015. Samla inntekter er på bakgrunn av utviklinga så langt venta å bli 35 mill. kroner for 2015.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet