Prop. 41 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2020.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2020 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 339 mill. kroner, å auka løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 31 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 4 962 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir redusert med 5 270 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 331 mill. kroner.

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking mv.

Post 22 Kunnskapsutvikling i IA-avtalen mv., kan overførast

Løyvinga for 2020 er 33 mill. kroner.

I tillegg er det overført 24,3 mill. kroner frå 2019. Løyvinga dekker utgifter til statistikkutviklingsprosjekt, forskingsprosjekt og evaluering av bransjeprogramma. Arbeid med desse har blitt forsinka som følge av koronapandemien. Oppdaterte anslag viser at berre deler av desse midla vil bli nytta i 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 24,3 mill. kroner.

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2020 er 34,5 mill. kroner.

Deler av løyvinga er knytt til midlar til Det europeiske arbeidsmarknadsbyrået (ELA). Arbeidet med samtykkeproposisjonen om å innlemme ELA i EØS avtalen er forsinka og vil etter planen bli fremma for Stortinget i 2021.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga for 2020 på post 21 er 72,9 mill. kroner.

Løyvinga for 2020 på post 45 er 361,3 mill. kroner.

Løyvinga på kap. 604 for 2020 gjeld Prosjekt 3 i IKT-moderniseringsprogrammet for Arbeids- og velferdsetaten. Samla ramme for Prosjekt 3 ligg fast, men det er behov for ei anna tidsmessig fordeling av midlane for prosjektet enn det som tidlegare låg til grunn. Arbeids- og velferdsetaten har i 2020 hatt behov for å trekke på ressursar frå Prosjekt 3 knytt til koronapandemien. Det medfører ei forseinking i prosjektet, jf. omtale i Prop. 1 S (2020–2021). Basert på estimert mindreforbruk i 2020 foreslår ein å redusere samla løyving under kap. 604 for 2020 med 94,2 mill. kroner. Basert på endeleg mindreforbruk for 2020 vil det bli gjort naudsynte endringar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på post 21 med 42,7 mill. kroner og å redusere løyvinga på post 45 med 136,9 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 22 Forskings- og utgreiingsverksemd

Løyvinga for 2020 er 58,6 mill. kroner.

Koronapandemien har påverka den ordinære drifta til Arbeids- og velferdsdirektoratet og forskingsmiljøa. Dette har ført til at kapasiteten til å gjennomføre forskings- og utgreiingsverksemd har blitt redusert, og omfanget av desse aktivitetane blir derfor lågare enn vanleg.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 26,4 mill. kroner.

Kap. 611 Pensjonar frå statskassa

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 16 mill. kroner.

Nytt anslag er basert på utbetalte pensjonar så langt i 2020 og prognose ut året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving

Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 på post 01 er 5 361 mill. kroner.

Løyvinga for 2020 på post 22 er -37 mill. kroner.

Løyvinga for 2020 på post 70 er 179 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 75 mill. kroner. Post 01 er foreslått redusert med 84 mill. kroner, post 22 er foreslått auka med 3 mill. kroner og post 70 er foreslått auka med 6 mill. kroner.

Reduksjonen kjem i hovudsak av at anslaget for utbetalte alderspensjonar er redusert.

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2020 er 32 mill. kroner.

Nytt anslag er basert på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 10 300 mill. kroner.

Anslag for utbetalte lån i 2020 er redusert med 3 000 mill. kroner. Nytt anslag skuldast ein reduksjon i innkomne søknader og at gjennomsnittleg utbetalt lån er redusert.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3 000 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Løyvinga for 2020 er 28 mill. kroner.

Nytt anslag er basert på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2020 er 10 800 mill. kroner.

Overslaget på posten er auka med 2 200 mill. kroner. Nytt anslag skuldast ein auke i talet på innfridde lån og at gjennomsnittleg innfridd beløp er auka.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 200 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga for 2020 er 904 mill. kroner.

Anslaget for renteinntekter er auka med 39 mill. kroner. Auken skuldast høgare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 39 mill. kroner.

Kap. 616 Gruppelivsforsikring

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 200 mill. kroner.

Nytt anslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2020 og prognose for utbetalingar ut året. Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år og er mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 70 Midlertidig kompensasjonsordning for førehandsgodkjente tiltaksarrangørar

Løyvinga for 2020 er 180 mill. kroner.

Ordninga blei skipa for å gi førehandsgodkjente tiltaksarrangørar kompensasjon for tapt omsetnad som følge av koronapandemien. Tilskott kan bli gitt for mars, april og mai, og søknadsfristen var 15. august. Det har blitt søkt om å få dekka mindre tap enn tidlegare lagt til grunn, og utgiftene vil derfor bli lågare.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.

Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

Løyvinga for 2020 er 7 002,5 mill. kroner.

Endringa i løyvinga som er foreslått, er knytt til omdisponering til kap. 634, post 79. Sjå omtale under den posten.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7,4 mill. kroner.

Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet

Løyvinga for 2020 er 73,9 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår eit meirbehov på 7,4 mill. kroner på denne posten i år.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7,4 mill. kroner.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 85 Innfordringar av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak

Løyvinga for 2020 er på 6 mill. kroner.

Inntekter frå innfordringar av feilutbetalingar blir berekna til 8 mill. kroner i 2020. Auken i inntekter kan henge saman med betre kontrollmoglegheiter og betre registerdata, som gjer at fleire feilutbetalingar blir avdekka.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 635 Venteløn

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 7 mill. kroner.

Anslaget er redusert som følge av endra utvikling i antal mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 3635 Venteløn mv.

Post 01 Refusjon statleg verksemd mv.

Løyvinga for 2020 er 6 mill. kroner.

Inntektene på denne posten blir berekna til 5 mill. kroner i 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga for 2020 er 750,7 mill. kroner.

Grunna effektar av koronapandemien er fleire av Arbeidstilsynet sine aktivitetar på IA-området forsinka, og det er venta at enkelte av IA-midlane som er bevilga i 2020 ikkje vil bli utbetalt før i 2021. Det er derfor behov for at løyvinga knytt til IA-tiltaka overførast til 2021. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår at posten får stikkordet «kan overførast» avgrensa til desse midlane midlertidig i 2020.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 05 Tvangsmulkt

Løyvinga for 2020 er 6,6 mill. kroner.

Det har for Arbeidstilsynet hittil i 2020 vore naudsynt å bruke tvangsmulkter oftare enn det som låg til grunn for løyvinga. Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2020 tilseier no ei auka inntekt på om lag 1,4 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner.

Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket

Løyvinga for 2020 er 27 mill. kroner.

Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Prognosen for 2020 tilseier ei inntekt på om lag 22 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 642 Petroleumstilsynet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

Løyvinga for 2020 er 296,4 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 640, post 01 med 1,1 mill. kroner, jf. også omtalen under kap. 3642, post 06, som følge av auka innbetaling knytt til hospitering og konferanseavgift i samband med Topplederkonferansen 2020.

Dette er ei parallelljustering av utgifts- og inntektskapitla. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2020 er 30,2 mill. kroner.

Prosjekt og aktivitetar under oppdrags- og samarbeidsverksemd er i hovudsak initierte av andre aktørar enn Petroleumstilsynet, og etaten har slik avgrensa innverknad på når aktivitetane vil bli gjennomførte. Det har i 2020, grunna koronapandemien, vore lågare aktivitet enn planlagt, tilsvarande ei redusert utgift på 4,6 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga for 2020 er 7,8 mill. kroner.

Koronapandemien har i sterk grad påverka aktivitetane på denne posten. I tillegg har Petroleumstilsynet avgrensa innverknad på når inntektene på posten vil inntreffe på grunn av at desse er avhengige av andre aktørar (mottakarlanda). Det har i 2020 derfor vore lågare aktivitet enn planlagt, tilsvarande ei redusert inntekt på 0,7 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner.

Post 03 Gebyr tilsyn

Løyvinga for 2020 er 78,6 mill. kroner.

Forventa prognose for inntekter på posten tilseier ein reduksjon på om lag 4,7 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak redusert aktivitet overfor enkeltaktørar grunna koronapandemien.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,7 mill. kroner.

Post 06 Andre innbetalingar

Det er ikkje løyving på posten.

Arbeids- og sosialdepartementet viser til omtalen under kap. 642, post 01. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår ei løyving på 1,1 mill. kroner.

Kap. 649 Treparts bransjeprogram

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga for 2020 er 2,4 mill. kroner.

Som følgje av arbeidssituasjonen knytt til koronapandemien vil det ikkje bli aktuelt å stille løyvinga til disposisjon for Arbeidstilsynet i 2020, og det er forventa eit mindreforbruk på posten.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår at posten får stikkordet «kan overførast» midlertidig i 2020.

Kap. 660 Krigspensjon

Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 140 mill. kroner

Anslaget på posten er redusert med 7 mill. kroner hovudsakleg som følge av at anslag for gjennomsnittleg stønad er lågare enn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2020 er på 35 mill. kroner.

Anslaget for statstilskott etter Lov om pensjonstrygd for fiskarar § 15 blir redusert med 1,1 mill. kroner. Inntektene ser ut til å bli litt høgare og utgiftene litt lågare enn lagt til grunn i vedtatt budsjett.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 2 756 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 6 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er på 321 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 1 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 46 149 mill. kroner.

Då førre anslag blei berekna, var det framleis mange ubehandla søknader om dagpengar. Det var derfor venta at antal mottakarar av dagpengar ville auke etter kvart som søknadene blei behandla, men det har i liten grad skjedd. Ei mogleg forklaring er at ein del personar har fått etterbetalt dagpengar i sommar, men ikkje inngår i den løypande statistikken fordi dei er tilbake i jobb. Færre mottakarar bidreg isolert sett til å trekke anslaget på utgifter til dagpengar ned med om lag 8,4 mrd. kroner.

Vidare blir effekten av midlertidige koronatiltak i dagpengeordninga no anslått til om lag 14,6 mrd. kroner, dvs. 1,4 mrd. kroner mindre enn førre anslag, i hovudsak som følge av færre mottakarar av dagpengar.

På grunn av svært mange søknadar om dagpengar som førte til lang saksbehandlingstid, blei det i vår innført ei ordning for forskottering av dagpengar for å sikre inntekt til arbeidslause og permitterte. Det er så langt betalt ut om lag 4,3 mrd. kroner i forskott på dagpengar i 2020, og om lag 800 mill. kroner er betalt tilbake. Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår at 3,5 mrd. kroner framleis vil vere uteståande ved årsskiftet. For at løyvinga til dagpengar skal gjenspegle dei faktiske utbetalingane i 2020, aukar anslaget tilsvarande netto utbetalt forskott. Samtidig blir det foreslått å gi ei fullmakt til å nettoføre tilbakebetaling av forskott som utgiftsreduksjon under kap. 2541, post 70, jf. forslag til romertallsvedtak. Regjeringa vil ved neste høve komme tilbake til budsjettverkingane for 2021.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4 869 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 1 090 mill. kroner.

Koronapandemien har skapt stor usikkerheit om utviklinga i antal konkursar. Veksten i antal konkursar i 2020 blir no anslått å bli noko svakare samanlikna med førre anslag.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Kap. 2543 Midlertidige stønadsordningar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og lærlingar

Post 70 Stønad til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 1 560 mill. kroner.

Regjeringa foreslo i Prop. 142 S (2019–2020) å avvikle kompensasjonsytinga frå og med 1. november 2020. Under behandlinga av proposisjonen bestemde Stortinget å forlenge kompensasjonsytinga ut 2020 og samtidig redusere kompensasjonsgraden til 60 pst., jf. Innst. 19 S (2020–2021). Det blei løyvd 160 mill. kroner meir enn regjeringas forslag for å ta høgde for auka utgifter som følge av forslaget.

Basert på observert utvikling, blir det no berekna at 1 540 mill. kroner vil komme til utbetaling i 2020. I og med at stønaden blir utbetalt på etterskot, vil kompensasjonen for desember bli utbetalt i januar 2021, jf. Prop. 1 S (2020–2021) Tillegg nr. 1.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 71 Stønad til lærlingar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 153 mill. kroner.

Ordninga blei avvikla for nye tilfelle frå og med 1. november 2020. Det har over dei siste månadene blitt færre mottakarar av stønaden, og det er venta at denne utviklinga vil fortsette ut året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 53 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 1 680 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 30 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 123 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 12 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 12 mill. kroner.

Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 48 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 8 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

Post 76 Bidragsforskott

Løyvinga for 2020 er 700 mill. kroner.

Anslaget på posten er redusert med 5 mill. kroner som følge av redusert anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 42 400 mill. kroner.

Statistikk over sjukefråværet og rekneskapen til og med september 2020 tilseier no ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2019 til 2020 på 4 pst. Dette er noko høgare enn anslått i Prop. 142 S (2019–2020). Samstundes er anslaga for meirkostnadene av dei midlertidige koronatiltaka i sjukepengeordninga på usikkert grunnlag auka frå om lag 3 080 mill. kroner til om lag 3 380 mill. kroner. Anslaga for forventa vekst i sjukepengegrunnlaget (lønnsvekst) og sysselsettinga er uendra.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 680 mill. kroner.

Post 72 Pleie-, opplæring og omsorgspengar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 3 160 mill. kroner.

I Prop. 142 S (2019–2020) blei meirkostnadene av dei midlertidige koronatiltaka i omsorgspengeordninga på usikkert grunnlag anslått til om lag 2 000 mill. kroner. Dette anslaget er nå redusert til om lag 1 670 mill. kroner. Anslaga for forventa volumvekst og lønnsvekst er uendra.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 340 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 2 190 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2020 blir noko høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 76 Tilskott til ekspertbistand og forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast

Løyvinga for 2020 er 102 mill. kroner.

Koronapandemien har i sterk grad påverka den ønskte opptrappinga av desse tiltaka. Mellom anna blei ressursar frå NAV Arbeidslivssenter, som administrerer tilskottet, omdisponert for å møte den store auken i arbeidsløysa. Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår at det vil blitt betalt ut mindre enn ti mill. kroner til desse ordningane i 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 102 mill. kroner. På grunn av overførte midlar vil det framleis vere nærare 50 mill. kroner disponibelt på posten.

Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 30 030 mill. kroner.

Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2020 er no anslått til å bli noko høgare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 142 S (2019–2020). Auken skuldast at avgangen frå arbeidsavklaringspengar er noko redusert. Samstundes er utbetalinga per mottakar noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Samla sett vil dette gi ein auke i utgiftene til arbeidsavklaringspengar.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 170 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 133 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2020 blir noko lågare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2020 er 360 mill. kroner.

Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2020 blir noko høgare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner

Kap. 2655 Uføre

Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 99 960 mill. kroner.

I Prop. 142 S (2019–2020) blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2020 på om lag 356 900. Dette anslaget er no redusert til om lag 356 700 mottakarar. Reduksjonen i gjennomsnittleg tal for mottakarar bidrar til ein reduksjon i utgiftsanslaget på om lag 60 mill. kroner. Utgiftsanslaget er også redusert med om lag 280 mill. kroner, som følge av at gjennomsnittleg yting er lågare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 142 S (2019–2020).

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 340 mill. kroner.

Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 69 mill. kroner.

På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 1 mill. kroner lågare enn berekna.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 40 mill. kroner.

På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 1 mill. kroner lågare enn berekna.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 1 610 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning

Løyvinga for 2020 er 127 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til bilar

Løyvinga for 2020 er 775 mill. kroner.

Det er no venta lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2020 er 3 560 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2020 er 310 mill. kroner.

Det meste av utgiftene under løyvinga gjeld kurs og opplæring, reiser og utprøving av ulike hjelpemiddel, tolkehjelp for høyrselshemma, døve og døvblinde og førarhundar. Som følge av koronapandemien har utgiftene til desse tenestene blitt redusert i 2020.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 35 mill. kroner

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2020 er 1 680 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2020 er 775 mill. kroner.

Det er no venta noko lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 79 Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år, kan overførast

Løyvinga for 2020 er 100,1 mill. kroner.

Kostnadene for dei fleste aktivitetshjelpemidla blir først regnskapsført frå tre til fire månader etter at vedtak er fatta. At det ofte tar relativt lang tid frå vedtak er fatta til utgiftene er regnskapsført, skuldast mellom anna at det ofte tek noko tid før brukarane har innbetalt eigenandelen (10 prosent av kostnaden for aktivitetshjelpemiddelet med ei øvre grense på 4 000 kroner) slik at det innvilga aktivitetshjelpemiddelet kan bestillast. Som følge av dette vil einskilde vedtak som er gjort i 2020 først bli utgiftsført i 2021.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår derfor at posten får stikkordet «kan overførast» midlertidig i 2020.

Kap. 2670 Alderdom

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 77 670 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 10 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 153 010 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 90 mill. kroner som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 90 mill. kroner.

Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 4 130 mill. kroner.

Anslaget på posten er auka med 50 mill. kroner som følge av høgare anslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2020 er 6 290 mill. kroner.

Posten dekker fleire ulike tillegg, der særtillegg utgjer om lag 70 pst. av løyvinga. Anslaget på posten er auka med 10 mill. kroner i all hovudsak som følge av oppjustert anslag for særtillegg.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2020 er 850 mill. kroner.

Innbetalingar av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2019 så langt i 2020 er på 840,6 mill. kroner. Det er ikkje forventa ytterlegare innbetalingar for resten av året.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9,4 mill. kroner.

Post 73 Refusjon frå bidragspliktige

Løyvinga for 2020 er 210 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til bidragsforskott på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene blir litt lågare enn tidlegare venta.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 80 Renter

Løyvinga for 2020 er 1,7 mill. kroner.

På grunn av inntektene så langt i år er anslaget på posten i 2020 redusert med 1 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar

Løyvinga for 2020 er 966 mill. kroner.

På grunn av inntektene så langt i år er anslaget på posten i 2020 auka til 1 290 mill. kroner. Meirinntekta skuldast mellom anna ein kraftig auke i antal uføre etteroppgjersaker.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å auke løyvinga med 324 mill. kroner.

Post 88 Hjelpemiddelsentralar mv.

Løyvinga for 2020 er 80 mill. kroner.

Det er no venta lågare volumvekst i 2020 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Til forsida av dokumentet